
2 minute read
Siste skanse i Finnmark
I Lakselv bur det 2 214 innbyggarar, og ein av dei er Gro Raatama. Ho jobbar for ein breiare folkekultur i den vesle Finnmarks-byen.
Tekst: Tone Ingvaldsen
Advertisement
Gro Raatama speler sjølv fele og dansar folkedans. Ho jobbar kulturskolen, og er ein eldsjel som forsøker å rekruttere Lakselvingane til dans og spel. Det er fem som dansar i leikarringen, om lag ni eller ti som speler i spelemannslaget og åtte som speler i juniorspelemannslaget.
Lakselv Ungdomslag vart skipa da leikarringen vart oppretta i 1975. Raatama har eit ønske om å rekruttere fleire unge inn i miljøet, men dette er lettare å få til i spelmiljøet enn i dansemiljøet.
– Juniorspelemannslaget er litt i etableringsfasen, det er nokon faste på øvingane, men òg nokon som kjem innimellom. Men no er det ein liten flokk bar- neskoleelevar som nettopp har begynt, som vi håper kan bli faste etter kvart, seier Raatama.
Mangel P Lokale
Eit av dei store problema for Raatama og Ungdomslaget, er mangel på gode lokale. Hovudsakleg er det danselokale som er vanskelegast å finne. Sjølv om spellokala heller ikkje alltid har vore i topp stand, og verken er lydtette eller godt isolerte.
I Lakselv ligg det ein kultursal som blir brukt når den er ledig. Problemet er at den blir brukt til mykje, og det er ein uoversiktleg timeplan. Leikarringen har mellom anna opplevd å kome dit til planlagd tid berre for å måtte snu i døra på grunn av eit anna arrangement.
– I fem år har vi tenkt at Ungdomslaget burde ha sitt eige lokale, men å gjennomføre det frå ide til praksis er eit langt steg, seier Raatama.
Aktivitet I 2021
Koronaåret 2021 har stort sett gått som normalt i Lakselv, bortsett frå heilt starten da det òg vart forbode å halde fritidsaktivitetar i gang heile landet.
– I mai hadde vi helgekurs for juniorane, og så hadde vi ein sommarleir og eit nytt helgekurs i november, seier Raatama.
Sommarleiren som vart arrangert i sommar, starta i 2020. Da vart nemleg ein av Nord-Noregs høgdepunkt innanfor folkemusikk og folkedans – Kalottspelfestivalen Målselv, avlyst. Dette fekk Raatama og dei andre vite om mars/april, og dermed hadde dei tida til å kaste seg rundt og lage sin eigen aktivitet til sommaren. Dette vart ein leir for barn og unge, der dei fekk med seg alle dei engasjerte Lakselv-området.

– Vi hadde sosiale aktivitetar, natursti, dans i pausane, og turdag med grilling. Leiren vart så populær, at sjølv om
Kalottspel heldt festival i 2021 så fann ein ut at ein måtte halde leiren også denne sommaren, men litt seinare. Det var viktig å ikkje krasje med festivalen i Målselv, og dermed vart den lagd til første helga i september.
M L For Ret
No gleder Raatama seg til meir aktivitet, og håper at dei kan få til spel på 17. mai, på gamleheimen eller på biblioteket.
– Vi har mellom anna bestemt oss for at juniorspelemannslaget skal spele til dans på Kalottspel i 2022, saman med Bodø juniorspelemannslag, seier Raatama.
Dottera vart med til Kalottspel fjor, med instrumentet på slep dei 70-80 mila ned til Målselv, men trass i det, vart det ikkje mykje speling på henne. Ei heller på dei andre unge spelefolka som var der.
– Det er litt lettare for dei vaksne som kan ha buskspel og så vidare, men ideen vår er at ungane skal få spele meir når dei først er på festival, seier Raatama. Ho seier at dei unge som har vorte med til Kalottspel alltid held fram, og dermed er festivalen ei enorm gulrot for dei.
Dei eldste deltakarane på sommarleiren i Lakselv.
Øverst frå venstre: Farfar Jakob Bjerkem, farmor Berit Bjerkem, mormor Astrid Hernes, mor Torunn Hernes Bjerkem og far Johan Einar Bjerkem. Fremst: Astri Andrea og Jakob Steinar. Bildet blei tatt på konfirmasjonen til Astri Andrea i 2014. Foto: Privat.
