
1 minute read
FEIRAR FORTSETTINGA

I 2021 vart Noregs Ungdomslag 125 år, og dette var feira i alle krikar og krokar av landet. Det vart òg markert med nokre nasjonale prosjekt. Mellom anna vart det laga ein eigen jubileumssong. Den var det Runar Gudnason i Hovdebygda Ungdomslag som skreiv saman med Jorun Marie Kvernberg og Knut Sævik.
Advertisement
– Vi feirar 125 år, men det stoppar ikkje der. Vi feirar jo òg at vi held fram og er framtidsretta, seier Runar Gudnason.
Gudnason er medlem av Hovdebygda Ungdomslag, rappar i gruppa Side Brok, der han lagar musikk med mellom anna Knut Sævik som òg er med på jubileumssongen.




Bestillinga var eit møte mellom det moderne og folkemusikken, noko som ifølge Gudnason kan vere vanskeleg å lage utan at det blir for “opplagt”.
– Eg tok arbeidet med teksten veldig seriøst, den måtte handle om noko, seier han.
For han var det openbert å skrive om dansen og husa. Han er engasjert i Hovdebygda, som mellom anna jobbar med å sette stand lagshuset igjen. Dermed kan ein høyre at han syng om golv, tak og vindauge.
Men sjølv om husa var inspirasjonen, kan teksten òg handle om samfunnet, om at Noreg er langt og stort, men at ein finn stader å høyre til i eit fellesskap.
Med på laget var òg dansar og koreograf Sigurd Johan Heide, som vart involvert arbeid et med songen tidleg i prosessen. Han skulle nemleg lage jubileumsdansen som skulle høyre til den nye songen. Sjølve dansen tok form etter at songen var høveleg ferdig, men Heide var med på å arbeide ut tempo, rytme og taktart.
Gudnason håper at songen kan gi merksemd til ungdomslaga, kva vi driv med og kvifor.
– Eg håper songen kan minne folk om at ungdomslag er liv laga, seier han.