7 minute read

FAMILIEN BJERKEM I GENERASJONAR

To av dei har vore NU-leiar, og alle tre generasjonane har vakse opp på NU-stemne. Ei av dei vart til og med døypt under eit stemne.

Bjerkemslekta er djupt forankra i historia til Noreg Ungdomslag.

Advertisement

Korleis har det vore å vere NU-slekt?

Tekst: Tone Ingvaldsen

Som eit siste snev av korona-restriksjonar, lyser andleta til eit knippe av familien Bjerkem opp frå skjermen. I dei små firkantane inne i appen sit farfar Jakob Bjerkem, og i same rom men i ein eigen firkant, er farmor Berit Eldbjørg Bjerkem (født Larsen). Mamma Torunn Hernes Bjerkem sit noko som ser ut som ein korgstol heime, og pappa Johan Einar Bjerkem har slått seg ned på kontoret. Astri Andrea er Oslo saman med underteikna, hennar bror Jakob Steinar er ikkje med.

Tre generasjonar med engasjerte NU-medlemmer fortel om historia deira i organisasjonen, og korleis det var å få NU, dans, bunad og teater inn med morsmjølka.

Dei to eldste generasjonane bur på heimgarden Bjerkem, der det blir produsert økologisk mjølk, kjøtt og gamle kornsortar. Det er òg ein gourmetrestaurant på garden, og Bunadburet – med utstillingar og bunadsproduksjon.

Lokallaget deira er Bagabu Ungdomslag, som vart skipa i 1899. Det var 100 år før Astri Andrea kom til verda.

H Vdingen

Jakob er ein bauta historia til Ungdomslaget, og var sjølv leiar for organisasjonen frå 1981 til 1983. I 2009 vart han tildelt Hulda-prisen under Norsk amatørteaterfestival. Huldaprisen blir gitt til ein person som har arbeidd for å fremme norsk amatørteater. Arbeidet skal vere tufta på grunntankane i Noregs Ungdomslag om opplæring, formidling og tru på enkeltpersonar som ressurs.

Da Jakob var ung, var det Knut Eik-Nes som var prest Sparbu,, ein kjent Grundtvigianar og tidlegare NU-leiar. Johan Kr. Bjerkem, far til Jakob, var organist.

– Etter messa brukte medhjelparen, klokkaren, presten og organisten å møtast i sakristiet for å prate eit kvarter, tjue minutt om preika, så eg var med på slike Grundvig-diskusjonar veldig tidleg, seier Jakob.

Han vaks opp med ein heil familie som hadde engasjert seg i ungdomsmøta, nynorsk og dans. Han vaks opp med å bli tatt med på møte som fann stad i bygda, og vart etter kvart sjølv engasjert i miljøet, noko han aldri har slutta med.

Faktisk går det igjen hos alle desse folka. Dei har eigentleg aldri begynt, dei berre aldri slutta.

– Jakob er kanskje det nærmaste Henning kjem ein høvding, seier Torunn. Eit livslangt engasjement i ungdomslaget gjer at han kjenner alle og står sentralt om mangt og mykje for å samle bygda og få ting til å skje.

K Rkjerringa

Farmor Berit har også vakse opp med ungdomslagsrørsla frå ho var lita. Berit fekk sin første bunad da ho var 4 år, og ho fekk delta på leikkurs da ho gjekk 7.klasse, sjølv om du helst skulle vere konfirmert før du kunne delta på leikkurs, men dei eldre brørne tok ho med seg. Der fekk ho danse med storgutane, og det var artig! seier Berit.

Ho fortel om si eiga mor som vaks opp i Ålesund og var aktiv i leikarringen Ivar Åsen si ungdomstid før ho flytta til Verdal. Til slutt enda familien i Verdal.

Etter at Berit gjekk på folkehøgskole Elverum, drog ho på NU-stemnet i Vågå 1965, og det var her at den felles historia til desse seks menneska for alvor tok til. Her møtte nemleg Berit og Jakob kvarandre.

Etter stemnet flytta ho til Steinkjer for å gå handelsskolen. Der byrja ho òg i Inntrønderringen, leikarringen på Steinkjer.

Sommaren etter tok Berit leikleiarkurs, og i tida etter det reiste ho mykje rundt som leikleiar. Dette gav henne eit stort nettverk i miljøet, og dei reiste mykje rundt på stemne og andre tilstellingar.

At dei fekk barn, var ikkje noko hinder. – Ungane var med frå dei var nyfødde, og vi tok dei med oss etter kvart som dei vaks til. Det var ikkje mange andre som hadde med seg ungar på den tida, så vi var vel forholdsvis tidleg ute, seier Berit.

Mellom anna var sonen deira Johan Einar med på stemne Trondheim som toåring.

Der var det ein annan toåring, som heitte Torunn. Dei hadde felles barnevakt på ein hybel i Trondheim, for NU hadde nemleg ordna det slik at dei som hadde ungar, kunne få barnepass.

I dag eig og driv Berit Nord-Trøndelag Folkedraktsaum på Bunadburet. Ho har mellom anna fått Scheiblers Legats ærespris, Steinkjer kommunes kulturpris og

Kongens fortenestmedalje for arbeidet ho har gjort med rekonstruksjon og produksjon av bunaden frå Nord-Trøndelag.

Familien I Oslo

Torunn Hernes Bjerkem vaks opp i Leikarringen BUL Oslo, som ho seier sjølv. Dei reiste mykje rundt, og det var sjølvsagt denne Torunn som som toåringen Johan Einar delte barnevakt med på NU-stemna Trondheim. Miljøet Oslo var tett og trygt.

– Sånn som eg har opplevd mamma, så var nok leikarringen mykje av redninga hennar, seier Torunn.

Mor til Torunn var litt yngre enn 14 år da ho byrja å danse, utan at mora og faren hennar dreiv med dette. Da ho hadde fylt 14, døydde mor hennar, og da trakk ho veldig inn i miljøet Oslo og følte på eit fellesskap med gode, felles verdiar i et stort miljø. dette miljøet dansa ho mykje og enda opp med å møte far til Torunn.

– Pappa sat mykje i styret, mamma dreiv med Olivant, altså lagsbladet. Dei var veldig sentrale og var veldig enga - sjerte, og hadde eit veldig stort nettverk Leikarringen BUL Oslo, seier Torunn.

Berre sju år gammal skulle ho oppleve kor viktig det tette, trygge miljøet NU vart for familien. På midten av 70-talet ramma nemleg ei forferdeleg ulykke familien på fem. Torunns far hamna i ei ulykke på reise, og kom aldri heimatt.

Da dette skjedde, var det lagsmiljøet som omfamna mora og dei tre søskena som stod att utan ein mann og ein pappa.

– Vi opplevde at hele leikarringen berre omfamna heile familien, og vi fekk veldig mykje støtte i det felleskapet, seier Torunn.

Det er dermed kanskje ikkje så rart at ho ser på BUL-gjengen som ein heilt ekte familie.

Nordlek og det nordiske miljøet var viktig for Torunn og hennar familie, og dei fekk med seg Johan Einar. Til saman har ho vore på nesten alle NORDLEK-stemna som har vore gjennom livet hennar.

Etterf Lgaren Og Arven

Johan Einar følgde farens fotspor i mangt, og var mellom anna leiar i NU frå 2000 til 2004.

På same måte som hans eigne foreldre, reiste Johan Einar på NU-leir, lukkeleg uvitande om at han skulle bli håplaust forelska.

Torunn er nemleg ei som tør å vise kva ho kan, og da ho kunne rive fleire vers av songdansane som Johan Einar er så glad i, var løpet køyrt. Paret, og etter kvart familien, er utruleg glade i stordans, og ei av dei viktigaste arrangementa for dei i løpet av året, er stordanskvelden starten av januar.

Johan Einar fann altså sin betre halvdel, men dei måtte gjennom eit par turbulente år før dei fann ordentleg saman, stifta familie og busette seg saman i Oslo, kor både Jakob Steinar og Astri Andrea vart fødde mot slutten av 90-talet.

Dei første åra av Astri Andrea sitt liv var far hennar leiar i Noregs Ungdomslag. Han har følgt i far Jakobs fotspor, og bror til Astri, Jakob Steinar var ein bekymra seksåring som lurte på når han måtte ta over etter faren.

Etter nokre år i hovudstaden pakka familien saman og flytta heim til Henning, bygda der familien Bjerkem har budd i generasjonar. Der Jakob er blitt som ein høvding å rekne i lokalmiljøet. På denne tida er det teaterlaget i Bagabu Ungdomslag som engasjerer mest, og da Astri Andrea var fire år, stod ho første gong på scena, i teaterstykket ”Oliver”. Medan farfar var produsent for framsyninga, var mor koreograf. Det vart mange gode teaterår i Bagabu, og eitt av dei siste stykka Astri fekk med seg, stod ho saman med farfar Jakob på scena «Folk og røvere Kardemomme by».

For Astri har det vore todelt tilknyting til Ungdomslaget. Det lokale i Bagabu og det nasjonale og nordiske på store stemner rundt om Noreg og Norden.

– VI HAR NOK VORE LITT EGOISTISKE

Med unntak av Berit Eldbjørg har alle dei andre vorte dregne med på NU-arrange ment frå fødselen, og sikkert litt før også. Broren til Johan Einar låg i barnevogna og skreik medan Jakob og Berit sat i møte. Astri Andrea hugsar at ho hadde med sovepose på arrangementa og la seg til å sove i eit hjørne eller under eit bord når ho vart trøytt.

– Eg elska å sovne til lyden av alle menneska eg var glad i, musikken dansen og gleda, seier Astri.

Astri Andrea vart til og med døypt på NU-stemne – i Sunndalsøra i 1999. Ho fortel at dei ikkje har noka spesiell til knyting til staden, og at det ikkje hadde vore aktuelt å døype ho der om det ikkje hadde vore for NU-stemnet.

Ein må likevel spørje seg om korleis til knytinga ungane fekk til organisasjonen vart til, hadde dei noko val?

– Vi var nok litt egoistiske når det kom til ungane. Vi har vore med fordi vi liker det sjølve, og så har det vore ei moglegheit til å ta med generasjonane – og så får dei velje sjølve om dei liker det eller ikkje, seier Torunn.

På arrangementa var ungane godt kjende med alle dei vaksne, anten det var familie, utvida familie eller valt familie i form av venner.

– Eg hugsar NU-stemnet i Asker da Astri Andrea sat på skuldrane mine mykje av tida.

Etter kvart som ungane vaks opp, fann dei ut at miljøet var verdt å bruke tida si på, og er sjølve engasjerte NU-medlemmer.

Jakob Steinar vaks til og skjønte at han ikkje måtte føre arven etter farfaren og faren vidare ved å bli NU-leiar, noko som må ha vore lettande for ein bekymra seksåring.

Familien er stadig tydeleg til stades i miljøet, og no er det Astri Andrea som held fram med dansen familien Leikar

Bestemor Og Barnebarn

Da korona kom i vegen for ei årleg dansesamling før jul, arrangerte Bjerkemfamilien sin eigen vesle fest. Her dansar Berit og Andrea. Dansen kan du sjå via qr-koden.

This article is from: