
4 minute read
OPPLÆRINGSARBEIDET
Sentralleddet i Noregs Ungdomslag tilbyr lokallaga ulike opplæringstiltak, ressursar og møtestader. Føremålet er å auke kompetansen og kunnskapen til medlemmer og lokallag.
VERKTØY FOR OPPLÆRINGSARBEIDET TIL LAGA
Advertisement
NASJONALE INSTRUKTØRKURS I DANS
I tråd med målet i langtidsplanen om å styrke tilgangen på opplæringsarenaer, arrangerer NU fire til fem instruktørkurs innan dans kvart år.
I 2021 fekk vi ikkje gjennomført instruktørkurs grunna COVID-19. Vi prøvde å arrangere instruktørkurs i Oslo med tema barne- og ungdomsinstruksjon + folkedans på scena, samt Steinkjer med tema barneinstruksjon hausten 2021, men alle tre vart avlyste grunna smitteverntiltak eller for få deltakarar.
NASJONALE TEATERKURS
Teaterstrategiutvalet leverte sitt forslag til teaterstrategi for NU hausten 2019. Styret vedtok denne i november 2019. I strategien forslår ein å gå vekk frå instruktøropplæringa på teater, da deltakinga på denne ikkje har vore stor nok. I staden planla vi å gjennomføre fire nasjonale kurs der alle som er interesserte i teater, var målgruppa. Hausten 2021 var det planlagt eit kurs –teaterfagleg helg Oslo. Denne helga skal på sikt bli ei etablert fagsamling på teater tråd med langtidsprogrammet. Men grunna lite påmelding og usikkerheit rundt COVID-19 vart denne dessverre avlyst.
Gjesteinstrukt Rordning Til
LOKAL- OG FYLKESLAG
Alle lag i NU har høve til å søke om å få tilsendt ein gjesteinstruktør av topp kvalitet på anten dans, musikk, teater eller organisasjon mot ein liten eigenandel.
Gjesteinstruktøren legg opp eit kurs på inntil ti timar innan det temaet som laget ønsker seg. Det er om lag åtte til ti kurs tilgjengelege kvart år.
På teater vart det gjennomført to kurs: Jan Fredrik Grøndal Henriksen instruerte under sommarteaterskolen Sandeid UL i juni.
Helga Haga var gjesteinstruktør i teater for ungdom for Nordland Ungdomslag i september.
Det skulle også vere eit kurs i barne- og ungdomsteater i Skare (Skare UL). Dette vart ikkje gjennomført, fordi vêret over fjellovergangen var for dårleg til at instruktøren kom seg til Skare.
Innan dans og musikk vart det gjennomført fem kurs:
• 7.-9. mai i Lakselv: Felespel med juniorspelemannslaget med Leif Egil Barth (Lakselv Ungdomslag)
• 3.-5. september Tromsdalen: Linedance med Cato Larsen (Tromsdalen Ungdomslag)
• 10.-12. september i Bodø: Tradisjonelle dansar frå Nordland med Dina Bruun Arnesen (Nordland Ungdomslag)
• 19.-21. november i Kristiansand: Kontradans med Folke Flateland (BUL Kristiansand)
• 4. desember i Greipstad: Telespringar med Arnhild Brennesvik (Greipstad Ungdomslag)
Eit kurs dans måtte avlysast i Haugen Ungdomslag grunna COVID-19.
FOLKEPEDIA
Folkepedia laga 2021 ein samlefilm for prosjektet med innhald frå om lag alle stader som er filma fram til no. Filmen er 1:46 lang og vart lansert våren 2021. Det vart også laga ein kortare versjon på eitt minutt.
Det fleirårige prosjektet Møre og Romsdal skulle etter planen ha siste innspelingshelg i 2020, men denne vart utsett grunna COVID-19 til 2021. Først planla vi å filme på våren, men det var først på hausten at det vart mogleg å gjennomføre. I oktober fekk vi endeleg filma dei siste dansane i Molde med Romsdalsmuseets Leikarring og Hornindal med songgruppa til Oline Løvlid i Hornindal spelemannslag. 13 nye filmar blir lanserte i 2022.
Andre Nasjonale Oppl Ringstiltak Nettm Te
For å stimulere til fleire treffpunkt mellom sentralledd og lokal,- og fylkeslag, samt til dialog mellom laga, gjennomførte vi i 2021 ei rekke nettmøte med ulike tema. Om lag 500 personar har vore med på desse møta.
• 11. januar: Nettmøte om koronastøtte med Christoffer Knagenhjelm
• 14. januar: Nettmøte om NU Kulturformidling med Anne-Marte Før
• 19. januar, 22. februar og 11. mars: Korleis snakke om bunad? (i samarbeid med Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon)
• 11. februar: Dialektbruk, musikk og streaming av amatørteaterproduksjonar med Dramas
• 15. februar: Djupdykk polsdanstradisjonar frå Lofoten og Vesterålen med Sigurd Heide (i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans)
• 22. mars: Frå tom scene til full dekk
– kva trengs? Med Åshild Mjelde Nordås
• 23. mars: Rekruttering og kontinuitet barne- og ungdomsaktivitetar med Anette Figenschou
• 13. april: Dansetradisjonar frå Oslo med Dag og Vegar Vårdal
• 14. april: Nysgjerrig på om Bunad og berekraft kan vere noko for deg og di bedrift? (I samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon og Norges Husflidslag)
• 28. april: Glupe pedagogiske og metodiske triks i folkedansen med Siri Mæland og Sigurd Heide (I samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans)
• 10. mai: Samtale om springleik med Inga Myhr, Vegar Vårdal og Øyvind Sandum
• 25. mai: Eit tydeleg standpunkt
– korleis skape ein trygg organisasjonskultur (i samarbeid med FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans)
• 15. juni: Korleis tenke heilskapleg og kreativt om kostyme med Mette Gøransson
• 31. august: Korleis starte opp med teateraktivitet igjen etter korona med Sebastian Haugland
• 20. oktober: Gammalt blir nytt – om å modernisere manus med Olaug Nilssen
UNGT DEMOKRATI
I 2018 og 2019 satsa vi på unge leiartalent i NU gjennom Ungt Leiarskap. I 2020 vart prosjektet vidareutvikla til UngtDemokrati med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og LNU. Målet er å drive demokratiopplæring tillegg til leiarutvikling, og rekruttere deltakarar frå breidda av organisasjonar som driv med immateriell kulturarv. Deltakarane skulle ha fysiske samlingar gjennom året, på arenaer som landsmøtet, sommarleiren og Arendalsveka. På grunn av COVID-19 vart UngtDemokrati avlyst både 2020 og 2021.
Oppl Ring I Samarbeid Med Andre Organisasjonar
BUNADOPPLÆRINGA
I samarbeid med Norsk Folkedraktforum, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon tilbyr Noregs Ungdomslag ei modulbasert kursrekke som gir deltakarar ei brei innføring i praktisk bunadssaum. Kvar modul er fem dagar lang, og kursdeltakarane kan velje mellom ordinært løp eller intensiv kursrekke.
Bunadopplæringa kan vere ein del av løpet til sveinebrev.
I 2021 vart det gjennomført sju kurssamlingar, med til saman 95 deltakarar. To av desse samlingane vart gjennomførte på Fagernes, og fem av dei var på Raulandsakademiet.
SCENEROM
Scenerom er ei kursrekke retta mot teaterprodusentar og instruktørar. Kursrekka består av fire helgar gjennom eit år med definert kurstema for kvar helg. Det er Noregs Ungdomslag, Frilynt Norge, Norsk Amatørteaterforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon som samarbeider om denne kursrekka. Hausten 2021 starta den opp, og i løpet av 2021 vart det halde to av fire kurs. Begge kursa hadde god deltaking. På modul 1 var det 12 deltakarar og på modul 2 var det 14.
Folkedansstrategi
Ein heilt ny folkedansstrategi vart vedtatt av styret i mars 2021. Strategien vart utarbeidd og jobba mykje med også 2020. Strategien har vore gjort tilgjengeleg for medlemmer og lag gjennom nyheitsbrev og nettsida. Innhaldet strategien er bygd på mange gode innspel frå lag og medlemmer.
SEMINAR PÅ FOLKELARM
Saman med FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans, arrangerte vi eit felles seminar under Folkelarm 25. november. Tema var “Mangfald på dansescena” med debattleiar Siri Mæland. I panelet sat Ådne Kolbjørnshus, Torill Steinjord og Margrete Kvalbein. Ca. 20 personar deltok på seminaret.
Vi ønsker å halde fram med eit fast seminar om dans på Folkelarm gjennom dette samarbeidet.