3 minute read

UNGDOMSHUS OG LAGSBRUK

Mange av laga i Noregs Ungdomslag er eigar eller medeigar av eit ungdomshus eller lagsbruk. Det kan vere økonomisk og praktisk utfordrande å halde desse bygga i den stand som laga sjølv ønsker. Å yte sørvis i huslaga er derfor ei prioritert oppgåve. Under covid-19 pandemien har dette arbeidet vore spesielt viktig, ettersom mange av laga mista høve til å drive inntektsgenererande aktivitetar som loppemarknad, basar og utleige.

Huset I Bygda

Advertisement

Noregs Ungdomslag fekk i 2020 ein auke statsbudsjettet 2021 på 200 000 kr til vidare arbeid med å kartlegge organisasjonseide hus og kulturbygg. Vi tek det som ei anerkjenning av jobben som alt er gjort gjennom prosjekt som Huset i Bygda og NU kulturformidling.

Huset i Bygda (HiB) vart starta 2010 som eit initiativ frå Sogn og Fjordane Ungdomslag. HiB har som mål å få kartlagt organisasjonseige hus, og elles yte sørvis til huseigarane. Ein viktig del av dette har vore å arrangere hussamlingar for kompetanseheving og nettverksbygging.

I dag er HiB aktiv Vestland fylke og Trøndelag fylke. I Vestland fylke er HiB framleis organisert under Sogn og Fjordane Ungdomslag. I Trøndelag er Jomar Ertsgaard prosjektleiar med ei styringsgruppe sett saman av NU, Sør-Trøndelag Ungdomslag, Trøndelag fylkeskommune, Trøndelag musikkråd og Norsk revyfaglig senter.

I 2021 vart HiB avslutta Møre og Romsdal. Her vil prosjektet bli vidareført internt NU. Opphaveleg var planen for 2021 å gjennomføre hussamlingar på Nordmøre. Med koronakrisa måtte desse avlysast. Utover dette vart ressursane i prosjektet omdisponert til å gi informasjon og oppfølging til huseigarar som mista inntektsgrunnlaget sitt. Prosjektleiar deltok òg i to arbeidsverkstadar samband med Møre og Romdal fylkeskommune sitt arbeid med ny fylkeskulturstrategi. Sluttrapport for

HiB har jobba mykje med å få ut relevant informasjon om støtteordningar og gjeldande smittereglar under heile koronakrisa, både ved å arrangere webinar, sende e-post til lag og organisasjonar og dele jamlege oppdateringar.

Vi har lagt ned eit stort arbeid for å synleggjere dei negative konsekvensane dette har hatt for frivilligheita og kontakt med styresmaktene har difor vore prioritert høgt. Dette har m.a. resultert i at Kulturdepartementet i august 2021 delegerte ansvar for ei kompensasjonsordning for organisasjonseigde hus som fell utanfor dei ordinære ordningane til HiB.

Vi deltok og under Kulturytring Drammen med videoinnspel, sesjonen “Tid for kultur: tid for å gjenreise den kulturelle grunnmuren.”

Koronakrisa har òg synt viktig det er med oppdatert oversikt over både tal hus og kven som eig husa for å nå ut med relevant informasjon. Denne oversikten er òg viktig for å synleggjere behova overfor styresmaktene. Til dømes har HiB estimert at det er om lag 5 000 organisasjonseigde hus Norge med eit minimums vedlikehaldsbehov på ca. 2 milliardar kroner.

Totalt har HiB i 2021 grovkartlagt om lag 1 900 kulturhus i Vestland fylke, Møre og Romsdal og Trøndelag. Husa vert fortløpande lagde inn ein GIS-database som vert oppdatert jamleg på nettet (https://storymaps.arcgis.com/stories/ e51e1e25cb894d37a2200ada1bcfd3fe).

Dette gjer det òg enklare for huseigarar å gi tilbakemelding og oppdatere informasjon om husa sine. Databasen inneheld blant anna oversikt over hus, huseigar, fasilitetar, organisasjonsform, adresse, e-post, kommune og ev. nettstad/Facebookside.

Nu Kulturformidling

Prosjektet NU Kulturformidling jobbar for å bygge opp turné-nettverk av arrangørar og scener blant ungdomshusa som er tilknytt Noregs Ungdomslag. I 2021 samarbeidde åtte lokallag gjennom digitale arbeidsmøte, kor prosjektleiaren rettleia dei gjennom kunstnarleg booking og søknadsskriving til Kulturrådet. Sluttrapport vart sendt september 2021 til Kulturrådet. NU og prosjektleiar Anne Marte Før, fekk gode tilbakemeldingar på rapportering og gjennomføring.

Lokallaga skal få tilført arrangørkompetanse og draghjelp gjennom prosjektet. Ved oppstart av prosjektet, vart det etablert ein nettportal for å synleggjere både ungdomshus og lokallaga for utøvarar og setje dei i kontakt med kvarandre. Nettsida har ikkje svart til forventingane og vi arbeider med å oppdatere og endre innhaldet slik at det vert meir relevant, både for huseigarar og potensielle interessentar.

Nettm Te

I august gjennomførte NU-kontoret ei digital idémyldring om koronavenleg aktivitet ungdomshusa. I denne perioden var smittetala låge, men det var stor usikkerheit rundt korleis lag og medlemmer kunne kome i gang att med aktivitet på trygt vis. Det har kome mange gode idear og innspel under møtet. Vidare synte nettmøtet at ein digital møteplass også er verdifull for lokallag som har behov for inspirasjon og erfaringsutveksling.

I september vart det gjennomført nettmøte med HiB-rådgivar Christoffer Knagenhjelm. Her fekk deltakarane informasjon om relevante støtteordningar for huseigarar, og spesielt om korona-kompensasjonsordninga. Deltakarane fekk stille spørsmål og høve til å få bistand frå NU-kontoret og HiB i etterkant av møtet.

Kaffikoppens Kulturelle Kraft

I 2021 lanserte Noregs Ungdomslag boka ”Kaffikoppens kulturelle kraft”, der Nils Seland gir ei historisk oversikt over lagsbruka - forretningsverksemdene innan Noregs Ungdomslag og Noregs Målag frå 1901 til 2020. Kaffikoppens kulturelle kraft gir den komplette presentasjonen av alle dei kjende og populære kaffistovene og bondeheimane landet rundt. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, men lite om kor dei fekk pengane frå.

Nils Seland presenterer dei frilynde pengemaskinene: kaffistovene, bondeheimane og andre forretningar landet rundt. Desse «ungdomshusa i byane» var eigde av ungdomslag og mållag, og var svært viktige møtestader og pengekjelder for norskdomsrørsla lokalt, på fylkesplan og landsplan. Det var også kaffikoppens kulturelle kraft frå desse idealistiske forretningstiltaka som blei den økonomiske grunnmuren i Det Norske Teatret.

This article is from: