
3 minute read
EIN DANSE KAN!
BULder og Brak er ei gruppe med ivrige, unge hallingdansarar. Gruppa vart danna i 2009, og er eit lag under Leikarringen i BUL Oslo. Da koronakrisa ramma hovudstaden igjen i 2021, tok dei ansvar for eigen dans og vart kreative.
Tekst: Tone Ingvaldsen
Advertisement
Denne tysdagen er det tolv dansarar som har møtt opp i Teatersalen Nynorskens hus Rosenkrantz gate 8 i Oslo. Jon Bugge Mariussen leiar øvinga aleine i dag fordi makkeren Nikolaj Bo Fischer Nielsen sit i karantene.
Dei jobbar med koreografiar, og testar kor store bevegelsar dei kan gjere yndlingsturane sine. Det er ti gutar og to jenter på dansegolvet. Den yngste er 10 år gammal og den eldste er 19 år. Alle dansar saman, og viser kvarandre triks og tips i dansen. Mellom anna er det populært å stå på hendene, og dei utfordrar kvarandre i å stå lengst.
Nokre Gonger M Ein Berre Vere Kreativ
2021 vart eit innhaldsrikt år for den unge hallinggjengen, som trass i kraftig nedstenging i hovudstaden klarte å gjennomføre nesten alle øvingane som var sette opp i planen. Dei såg nemleg ikkje grunn til å stoppe aktiviteten. Når hallingdans er hovuddansen, finst det nemleg mange moglegheiter om ein er kreativ nok.
Den engasjerte gruppa gjekk nemleg ut i Slottsparken og hadde øvingar der når avstandsreglar og avgrensingar kor mange som kunne vere med, stoppa dei frå å komme inn i øvingslokala.
For Bugge Mariussen var det ekstra stas at dei klarte å gjennomføre så mange av dei planlagde øvingane.
– Eg trur vi berre mista to eller tre øvingar, seier han.
Øvingane i den royale parken førte til at dei fekk mykje merksemd frå forbipasserande som vart nysgjerrige på kva desse spreke ungdommane dreiv på med, der dei hoppa og spratt mellom trea. Kanskje titta til og med kongen ut mellom gardinene for å sjå kva som stod på?
– Folk som gjekk forbi, fekk jo sjå det vi held på med, seier Eivind Killie.
Da Bulder dansa ute, var mellom anna ein av aktivitetane å lage mønster å danse etter i snøen.
Foto: Jon B. Mariussen
Gruppa møttest både i finvêr og uvêr, og på ein snøtung dag laga dei mønster i snøen som dei dansa etter. Ofte hadde dei med seg ein høgtalar ut parken, men det var òg spelemenn som spelte til fingrane vart blå i kulda. Blant anna var Trygve Liahagen sprek nok til å ta utfordringa. Gruppas eigne dansarar, som i tillegg er dyktige musikarar, Jonathan Jansson og Kjetil Myren, tok òg med fela ut nokre gonger.
Ein annan gong arrangerte dei hovudstift-konkurranse, som nesten enda ein battle med ein yoga-klasse som òg hadde tatt treninga med seg ut.
– Og så var det nokon som held på å ta hovudstiften rett oppi ein grill, seier Kåre Peter Krohn Gjessing.
EIT INNHALDSRIKT ANNLEISÅR
Der mange andre danselag og andre fritidsgrupper sleit med å finne moglegheiter til å drive aktiviteten sin, klarte altså Buldergjengen å drive med sitt. Og det var ikkje det einaste dei fekk til i annleisåret 2021.
I tillegg vann dei nemleg den gjeve Gnistprisen saman med Leikarringen BUL Oslo og TrøBUL. Dette var eit høgdepunkt for fleire av dansarane.
– Og så dansa vi på 17. mai, seier Tiki Hernes.
Det var nemleg ikkje lov å danse pardans saman eller ha planlagde framsyningar på 17. mai, men fordelen med halling er at ein klarer å halde minst ein meter avstand, noko som var eit krav på den tida. Når dei tillegg gjennomførte “gerilja-dans” eller “pop-ups” kunne dei glede heldige Oslo-borgarar som var på rett tid til rett stad.

Snart Ten Ring
Bulder og brak vart starta på ei tid da hallingdansen var veldig i vinden. Mellom anna var Frikars dans til MGP-songen Fairytale av Alexander Rybak ein farsott i Noreg og resten av Europa. Åra har gått, og gruppa ser ut til å stadig vere like populær.
No har gruppa eksistert tolv år, og er dermed snart tenåring. Mange har komme og gått, men av dei som starta, er det instruktør Jon og dansaren Frederick Brevig som framleis er att.
Mange ulike instruktørar har vore innom gjennom åra dei har eksistert, men etter kvart har Jon og Nikolaj vorte fast inventar som instruktørar. Dette hindrar dei likevel ikkje å hente inn gjesteinstruktørar som òg kan inspirere dansarane.
I 2021 hadde gruppa besøk av dei prominente halling-dansarane Torkjell Lunde Børsheim, Ulf-Arne Johanessen, Håkon Odden og Ådne Kolbjørnshus.
At desse unge dansarane held fram og blir å sjå på fleire scener framover, er det nok ingen tvil om.
Det er høge hopp som gjeld når dei unge musikarane dreg til på felene.
Foto: Tone Ingvaldsen