
5 minute read
FØREORD FRÅ STYRET ARBEID I PERIODEN
I årets som gjekk, kunne me feire oss sjølve som 125-åringar. Eitthundreogfemogtjue år med frilyndt kulturarbeid i by og bygd.
Planlegginga av det store jubileet tok til allereie i 2019. Lenge før pandemien tok oss. Planane måtte dimed endrast, og me fekk inga stor felles feiring. Men feiring blei det likevel.
Advertisement
Heile 25 lag frå TUIL Tromsdalen Ungdomslag i nord til Vennesla frilynde Ungdomslag i sør fekk pengar frå jubileumsfondet til å arrangere lokale jubileumsfeiringar i løpet av hausten 2021. Det blei mykje kake, moro, dans, fram- syningar, mimring, ja til og med eit olabilløp. Me har fått laga ny NU-låt med tilhøyrande song og dans, og me har fått Olaug Nilssen til å nyskrive Hulda Garborgs Rationelt fjøsstell. Så alt i alt har me feira oss sjølve godt, trass pandemi, restriksjonar og nedstenging.
I dei to månadene landet opna opp om hausten, sette laga i gang aktivitetane igjen. Som nysprungne blomar om våren når snøen smeltar. Folk verkar etter å kome igang med kulturaktivitetar, møte kvarandre fysisk, og le og kose seg i lag. Så sjølv om landet på nytt stengte ned desember, så er me vonfulle for framtida.
Landsmøtet i 2018 vedtok ein langtidsplan for perioden 2019-2022 med sju overordna strategiar, og ein nærare omtale av utfordringane knytte til desse strategiane. I tillegg har landsmøtet i 2020 vedtatt eit arbeidsprogram med mål for perioden 2021-2022.
Langtidsplanen Sitt Overordna M L
Sikre posisjonen til Noregs Ungdomslag som ein organisasjon for lokalkultur og levande lokalmiljø.
Langtidsplanstrategi 1: Styrke medlemmene sin tilgang
P M Teplassar Og Oppl Ringsarenaer
Det lokale ungdomslagsarbeidet er grunnsteinen for alt arbeid i Noregs Ungdomslag. Vi er avhengig av at alle medlemmer har god tilgang både på møteplassar og arenaer for læring og utvikling, for at ungdomslaget skal vere noko som held på medlemmer over lengre tid.
MÅL: Ta ei aktiv rolle å støtte lokallag med alternative idear for å gjennomføre aktivitetar så lenge smitteverntiltak gjeld.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021:
Det vart arrangert fleire nettmøte gjennom året for å inspirere laga innan tema som dans, teater, bunad samt husdrift.
På heimesida vart det publisert ei liste over tips til alternative aktivitetar som laga kunne ta i bruk. Det vart oppretta eigne digitale forum for dans og teater på Facebook.
Kontoret har bidratt med tips og triks til lag som har kontakta sentralleddet direkte.
Langtidsplanstrategi 2: og leiarane sin kompetanse for å drive og skape meir aktivitet
MÅL: Fire instruktørkurs i dans og fire teaterkurs kvart år.
Dei lokale eldsjelene er viktig for å drive og utvikle aktiviteten i lokallaga. Det er viktig at Noregs Ungdomslag legg til rette for at eldsjelene får auka kompetansen sin, for at aktiviteten også kan auke. Berre på denne måten kan ein legge til rette for at nytt engasjement veks fram, slik at ein også har eldsjeler i framtida.
Langtidsplanstrategi
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: I 2021 vart det ikkje mogleg å gjennomføre fysiske danse- eller teaterkurs grunna smitteverntiltak, men fleire nettmøte vart gjennomførte.
MÅL: Tilby lokallaga åtte kurs i året (gjesteinstruktørkurs).
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Det vart gjennomført fem kurs innan dans og musikk og to kurs innan teater.
Bergen Juniorspelmannslag var med og spelte da Bergen UL Ervingen arrangerte jubileumshelg i Gimle. Helga 22.-24. oktober heldt ungdomslaget konsert, arrangerte fleire kortkurs i folkemusikk, dans, song og baking, og heldt danse- og familiefolkedanskveld. Foto: Johanne Mjøs

Lokallaga og ungdomshusa skal også i framtida vere viktige arenaer for den lokale kulturaktiviteten.
Noregs Ungdomslag vil arbeide for at laget og huset kan drivast på ein effektiv måte, slik at mest mogleg av laget sine ressursar kan gå til å auke aktiviteten.
MÅL: Utvide Huset Bygda (HiB) prosjektet til fleire fylke.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: HiB vart etablert som eit treårig prosjekt Trøndelag frå 2021. I tillegg vart prosjektet utvida til å gjelde heile Vestland fylke.
MÅL: Arrangere huskonferanse hausten 2021.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Grunna korona-pandemien var det ikkje mogleg å arrangere huskonferanse. Vestland fylke har gitt tilskot til konferanse i 2022, som vi håper å få arrangert i samarbeid med lokale og regionale aktørar.
MÅL: Samordne hus-prosjekta våre (Huset i Bygda og NU kulturformidling).
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Christoffer Knagenhjelm tok over ansvaret for NU kulturformidling i september 2021 etter AnneMarte Før. I 2021 hadde vi fleire temabaserte kurs for kursdeltakarane, med positive tilbakemeldingar. Dette ønsker vi å utvikle vidare 2022. Det er samstundes potensiale for betre samhandling mellom prosjekta, det gjeld særleg nettsida (ungdomshus.no) og formidling av informasjon om ungdomshus eigd av lokallag. Dette vil vi sjå nærare på i samband med utvikling av ny nettside 2022.
Langtidsplanstrategi 4: Styrke folkedansen, folkemusikken, bunaden og amatørteateret som folkelege kulturuttrykk
MÅL: Utvikle ein strategi for dansefeltet NU.
Vi har ei viktig oppgåve å formidle og utvikle den immaterielle kulturarven som lever i den lokale aktiviteten. Tradisjonane spesielt innanfor folkedans og amatørteaterarbeid er lange i ungdomslaga, og det må vere ei nasjonal bevisstheit rundt forvaltninga av denne kulturarven.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Strategien vart utvikla i 2020 og 2021 og vedtatt av styret mars 2021. Den seier noko om satsingsområda knytte til dans i tida framover, med ei brei satsing på det faglege, samt den sosiale samværsdansen i Noregs Ungdomslag.
MÅL: Etablere ei fagsamling for teater i samband med NU-helga.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: I 2021 starta vi arbeidet med ei fagsamling. I mars 2021 vart det sett ned eit teaterutval som bidrog med planlegginga av kva ei slik fagsamling skulle vere. Den første samlinga skulle vere i oktober 2021, men vart avlyst grunna lite påmeldingar og usikkerheit rundt koronasituasjonen.
Langtidsplanstrategi 5: Styrke
Mange ungdomslag har lite utskifting av tillitsvalde, fordi medlemmene ofte er meir opptekne av å vere med på aktiviteten i laget, enn å drive sjølve laget. NU har eit særleg ansvar for å løfte fram den viktige rolla dei tillitsvalde i både lokallag og fylkeslag har, for å drive både laget og organisasjonen vidare.
MÅL: Utvikle ei kursrekke for organisasjonsopplæring.

GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Dette vil utviklast og setjast i gong i 2022.
Langtidsplanstrategi 7: Fremme lokallaga sine interesser i den nasjonale kultur- og frivilligheitspolitikken
MÅL: Samle og synleggjere medlemsfordelane i NU.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Det har vore jobba med å få laga ein brosjyre som synleggjer fordelane betre, samt at avtalane er samla og kategoriserte på nettsida. Det skal også komme på plass bilde og ei enda betre organisering på nettsida i 2022.
For at den lokale ungdomslagsaktiviteten skal ha gode rammevilkår, må behova deira synleggjerast i den nasjonale kultur- og frivilligheitspolitikken. NU må difor ta ei sentral rolle innanfor dei ulike paraplyorganisasjonane som arbeider interessepolitisk, og overfor nasjonale politikarar.
MÅL: Samordne nettressursane i NU.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Dette har vore mykje diskutert og løfta fram både styret og administrasjonen, og vi vil starte opp den store jobben saman med ny informasjonsrådgivar frå 2022.
Fylkeslaga Noregs Ungdomslag har ikkje lenger den same plassen i organisasjonsstrukturen som før. Dette heng saman med at det ikkje er alle lokallag som er knytte til noko fylkeslag, fordi fleire har lagt ned drifta dei seinare åra. Dette gjer det utfordrande å nå fram til alle lokallaga med det same tilbodet.
MÅL: Gå i dialog med fylkeslag om tilsetting av fylkessekretær som bidreg til å styrke organisasjonen regionalt.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Det har vore dialog med Hordaland Ungdomslag og Sogn og Fjordane Ungdomslag om ein felles tilsett i Vestland fylke. Denne dialogen held fram 2022.
MÅL: Fullføring av satsing Nordland.
GJENNOMFØRTE TILTAK 2021: Arbeidet med satsingsfylke Nordland har vorte utsett til 2022 grunna koronapandemien.