EIN GUIDE TIL KUNSTEN REGION NORDHORDLAND HELSEHUS
1
FØREORD
Styret i Region Nordhordland Helsehus IKS vedtok i byggjeprosessen at bygget skulle utsmykkast med kunst, og sette av budsjettmidlar i prosjektet til dette. Det vart sett ned eit kunstutval, og dei hadde gjennom Hordaland kunstsenter ute eit anbod på oppdrag som kunstkonsulent for Region Nordhordland Helsehus. Etter ein prosess vart Lasse Berntzen vald, og han har bistått kunstutvalet med å finna og velja ut kunst til bygget. Lasse Berntzen har allsidig bakgrunn og har arbeidd med kunstprosjekt i offentlege rom både som kunstkonsulent, produsent og kunstnar.
Kunstutvalet har hatt som mål å gje både brukarar, tilsette og andre besøkjande til bygget gode opplevingar. Med denne guiden kan du enkelt oppdaga kunsten i Region Nordhordland Helsehus, etasje for etasje. Kunstverka kan opplevast i dei mange fellesområda i bygget, frå kantina i første etasje, gjennom heis- og trapperom heilt opp til Kunnskapssenteret i sjette etasje.
Ha ein riktig god oppleving – og ta gjerne med deg guiden heim!
Med venleg helsing
Håkon Matre
Rune Heradstveit
Styreleiar Dagleg leiar
(ISBN 978-82-303-5849-8)
Forside: ”Sirkus Maiandrea” (detalj) av Turid Vikene, 2021. Foto: K. Isdal/Region Nordhordland IKS.
2
3 INNHALD Kunstnar side Pøbel, Ingrid Haukelisæter, Øyvind Hovland, 6 Yngve Henriksen, Turid Vikene, Rune Johansen, Bård Breivik Augon Johnsen, Øyvind Torseter, Vigdis Fjellheim 14 Gerhard Stoltz, Trude Tjensvold 17 Vigdis Fjellheim 19 Kjersti Isdal, Elisabeth Moseng 20 Augon Johnsen, Øyvind Hovland, Rune Johansen, 22 Elin Alver Almenning 27 Bård Breivik Etg 01 02 03 04 05 06 UTE
Den kunstneriske utsmykningen i Region Nordhordland Helsehus
Kulturhistorisk sett har plassane vore minst like viktige som palassa. Frå heilt attende til steinaldermenneska sitt leirbål har samlingsplassane hatt, og har stor betydning for oss menneske. Torget, marknadsplassen, kyrkjeplassen, slottsplassen og paradeplassen har framleis sentrale funksjonar på stader og i byar over heile verda. Men offentleg kunstnarisk utsmykking bestod, i si første og mest tradisjonelle form, i å plassera ryttarstatuar, pompøse monument, minnesmerke eller springvatn på slike plassar - det monumentale og det representative var det som stod fram. Som regel vart dette gjort for å underbyggja og eksponera nasjonal og lokal patriotisme, felles religiøsitet og ideologi, historisk tradisjon og makt.
I vår tid har kunst i offentlege rom fått heilt andre uttrykk og bruksformer, men fellestrekket med fortida er at kunsten framleis ofte er meint å inneha ei felles betydning og at han vert plassert der folk ferdast.
Når store offentlege bygg skal planleggjast i Noreg i dag, vert det ofte sett av ein prosentvis sum til kunstnarisk utsmykking av bygget. Denne utsmykkinga kan enten koma til etter at bygget er ferdig, eller han kan integrerast i sjølve arkitekturen - i tett dialog med arkitektar og utbyggjarar.
Tanken med å plassera kunst ute i offentlegheita er at han skal venda seg direkte til brukarane. Enten han er figurativ eller abstrakt, tradisjonell og konvensjonell eller nyskapande og eksperimentell, så skal han vera tilgjengeleg for alle. Dette føreset at han har form, storleik, tydelegheit og materiale som gjer at han vert lagt merke til, også i situasjonar der folk hastar forbi.
Meininga med offentleg kunstnarisk utsmykking er at det skal auka folk sin livskvalitet, bidra til refleksjon, engasjement og dialog, synleggjera historier og identitet, og styrka folk si arkitektoniske oppleving av rom og omgjevnader.
Etableringa og bygginga av Region Nordhordland
Helsehus er eit stort interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Nordhordlandsregionen. Bygget ligg i Knarvik som er kommunesenteret i Alver kommune og er også eit regionsenter i Vestland. Staden, med ca. 6000 innbyggjarar, har utvikla seg til bygdeby i løpet av dei siste 40 åra. Den generelle karakteristikken av staden er at han først og fremst er bygd opp på reint funksjonelle og kommersielle premissar. Knarvik manglar difor ein samlande sentral og estetisk utforma plass. Knarvik er bilbasert og vert dominert av preglause, modulbaserte forretningsgardar, kjøpesenter og parkeringsplassar –med få, eller ingen, kulturhistoriske, arkitektoniske og estetiske kvalitetar. Det er difor ei uttalt målsetjing at etableringa av Region Nordhordland Helsehus, med si kunstnariske utsmykking, sitt parkanlegg og godt utforma uteområde, skal bli eit viktig bidrag for å auka den estetiske standarden og styrka stads-identiteten til Knarvik.
RNH har også eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld å skapa gode rom og omgjevnader for brukarane av bygget, og det vart difor etablert ein fagleg dialog mellom arkitektane og kunstutvalet.
Bygget inneheld tenester innafor alle viktige helsesektorar, og det uttalte samfunnsmålet for prosjektet er: «Å realisera eit Helsehus som legg til rette for brukarvenlege, bærekraftige og fremtidsretta løysingar, der kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester vert samlokalisert og samarbeider på tvers av tenester og nivå».
Kunstutvalet for RNH har bestått av styremedlem og politikar Aud Rita Tveiten, styremedlem og lege Steinar Hunskår, dagleg leiar Rune Heradstveit og biletkunstnar/kunstkonsulent Lasse Berntzen. Det er kunstutvalet som har føreslått og valt ut kunstnarane, og det er kunstutvalet som har drøfta og gjort alle viktige vedtak knytt til den kunstnariske utsmykkinga av huset.
4
Ingen kan leva i eit moderne samfunn utan å gjera bruk av offentlege helsetenester. Breidda i brukargruppene som skal nytta RNH vil difor vera svært stor og variert – frå born og unge til gamle, akutt sjuke og ulike pasientgrupper med fysiske og mentale lidingar. Grovt sett kan alle desse brukargruppene delast inn i tre hovudkategoriar; tilsette, pasientar og pårørande, men med den kunstnariske utsmykkinga er også bygget blitt eit kunstgalleri for heile regionen.
Tradisjonelt sett har utforminga av sjukehus og helseinstitusjonar hatt eit nøkternt, kaldt institusjonspreg, med fokus på teknisk medisinsk funksjonalitet. Fellesområde, opphaldsrom og venterom har ofte vorte lågt prioritert – med preg av tilfeldig og dårleg utforming.
I boka «Godt nok er ikke nok» - synspunkt på offentleg design og arkitektur skriver den danske designprofessoren Per Mollerup om hospitalet: «Et hospital kan designes som et sted hvor man er syg, eller et sted hvor man bliver rask. Hvilken model der vælges, er et spørgsmål om vilje og ledelse».
Mykje er likevel i endring på dette området.
I dagens planlegging og gjennomføring av nye sjukehus og helsebygg, legg ein meir og meir vekt på at det er viktig å skapa gode og gjennomtenkte miljø for brukarane. No vert det meir fokusert på heilskapskonsept som inneheld gode samspel mellom arkitektur, design og kunst – i felles regi.
I ein artikkel med tittelen: «Helbredende kunst –finnes det?» - betydninga av utsmykking og estetikk i helseinstitusjonar, reflekterer psykolog Arnulf Kolstad rundt problematikken. Her påpeikar han at fysiske og estetiske omgjevnader har innverknad på sinnstilstanden og helsa vår. Han argumenterer for at det på helseinstitusjonar er særs viktig med tiltalande miljø der pasientar, pårørande og tilsette opplever å verta tatt vare på, og at kunst kan bidra til dette. Omgjevnadane kan signalisera ei venleg, aksepterande atmosfære, og framkalla kjensle av tryggleik, openheit, klarheit og hjelpsamheit. Han
meiner at ved hjelp av estetiske verkemidlar og utsmykking kan ein redusera nervøsitet, angst og depresjon. Men han påpeikar også faren ved at kunst i helseorganisasjonar ofte kan verta for «snill og hyggeleg» - rein estetisering, dekorasjon og pynt utan emosjonell påverknad eller kontroversiell gjennomslagskraft.
Nordhordlandsregionen har rike ressursar og ein markant og mangfaldig historie og kulturarv. Regionen er prega av variert og vakker natur og stolte tradisjonar innanfor landbruk, industri, fangst og fiske. For kunstutvalet var det difor naturleg at kunsten i RNH skulle avspegla det stadspesifikke. Men det var også semje om at me måtte tenkja vidare enn som så. Basert på plattforma av at kunsten skulle vera variert og mangfaldig med høg kvalitet på utføring, meiningsinnhald og estetiske kvalitetar, inviterte og engasjerte me kunstnarar på nasjonalt nivå - med stor geografisk, aldersmessig og uttrykksmessig breidde.
I vårt val av kunstnarar og kunstuttrykk arbeidde me i kunstutvalet etter desse felles definerte og formulerte retningslinene:
• Kunsten skulle understreka bygget og institusjonen sine verdiar knytt til pasient og pårørande - «Ein god stad å koma til, ein god stad å vera, ein profesjonell og moderne stad for hjelp, omsorg og lindring».
• Kunsten skulle bidra til å skapa stoltheit rundt arbeidsplassen og eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette.
• Kunsten skulle engasjera og supplera bygget sine arkitektoniske kvalitetar. Kunsten skulle tilføra utvalde område auka identitet, eigenkarakter og opplevingsverdiar for brukarane.
5
Lasse Berntzen, Kunstkonsulent
Pøbel
Pøbel er namnet på ein norsk kunstnar frå Jæren med ukjent identitet. Det er først og fremst som gatekunstnar Pøbel er kjent, men arbeidet hans består også mellom anna av maleri, skulpturar, stadutvikling og stadspesifikke prosjekt. Nokre av dei første verka hans oppstod i Stavanger, men han fekk det nasjonale gjennombrotet då han begynte å dekorera forlatne bygningar i Lofoten på midten av 2000-talet. I dag er han ein internasjonalt kjent og etablert kunstnar som har gjennomført mange store prosjekt i Nord-Noreg og rundt om i verda.
I 2006 starta han kunstprosjektet «Øde dekor» saman med Olav Kvalnes. Øde dekor-prosjektet var opphavleg meint som ein spøk; berre eitt hus vart malt i starten, men så vart det laga ein katalog som viste ei rekkje forlatne bygningar med kunstverk på veggane for å lura både turistar og lokale til å reisa ut i distrikt der dei berre ville finna gamle, falleferdige hus. Ideen var å få folk til å tenkja på meininga av forlatne bygningar og fråflyttinga i distrikt i NordNoreg. I 2007 vart kunstkollega Dolk (Andreas Hamran Færø) invitert til å vera med i prosjektet som då vart omdøypt til «Ghetto Spedalsk». Verket av Pøbel, som no er montert i RNH, har sitt direkte opphav frå eit av dei store prosjekta hans i Lofoten.
6
01
Kantine
Pøbel 230 x 170 cm 2021
01 Kantine
Ingrid Haukelidsæter
100 x 115 cm 2021
Ingrid Haukelidsæter – 1968
Ingrid Haukelidsæter er ein norsk biletkunstnar som er fødd og busett i Stavanger. Ho arbeider vekselvis med grafikk og maleri og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Rogaland og Villa Arson Nice, L`ecole International d`Arte et Recher- che i Frankrike. Ingrid Haukelidsæter arbeider i eit abstrakt formspråk. Ho er opptatt av rørsle og brukar erfaringane sine frå dans i den kunstnariske uttrykksforma si. Ho er opptatt av å fanga augneblinken, konsentrasjonen og deltakinga, og ho oppfattar grafikk som «forenklingens kunst». Det er først og fremst det formale - biletspråket - som inspirerer og utfordrar henne. Avgrensinga og utfordringa ved å skapa spenning, balanse og rørsle innafor ei definert, todimensjonal flate er ein kontinuerleg og interessant prosess. Motstanden teknikkane gir, er også ein viktig del av arbeidet, som både er prega av raske, presise avgjersler og eit meditativt element. Med transparente lag og kraftfull koloritt byggjer ho opp bileta sine. Ingrid Haukelidsæter har halde ei rekkje separatutstillingar, både nasjonalt og internasjonalt, og ho er innkjøpt av fleire offentlege og private muséer og institusjonar.
7
Øyvind Hovland – 1977
Øivind Hovland er ein norsk illustratør, oppvaksen på Sotra, men sidan 2006 har han vore busett i England i byen Bath. Han har si kunstnariske utdanning frå Edinburgh College of Art i Skottland i tillegg til at han har studert kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Etter studiane arbeidde han ei tid som grafisk designar i Bristol, England, før han gjekk over til å arbeida med illustrasjonar på heiltid. I dag er han ein internasjonalt etablert og anerkjent illustratør, som har vunne ei rekkje prisar, og som leverer illustrasjonar til store og kjende aviser, magasin og bokforlag over heile verda.
8
200
2021 01
Øyvind Hovland 200
x
cm
Kantine
01 Kantine
Yngve Henriksen – 1965
Yngve Henriksen er ein nord-norsk biletkunstnar som er fødd og busett i Svolvær. Han er utdanna frå Kunstskolen i Kabelvåg og Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen. Han arbeider mest med malerier i abstrakt form, og seier sjølv om kunsten sin: «Mine bilder ligner hverandre. Jeg maler det samme om og om igjen, og iblant noe helt annet. Det handler om jord, pigment. Jord, luft, ild og vann, lys og vindpinte skygger. Mørke. Ikke spesielt originalt. Ingen ironi, men alvor. ”Jeg gir faen i hele kunstforvirringen”, for å sitere den danske maleren Oluf Høst. Jeg utkjemper mine egne slag i atelieret. Ikke så mye å snakke om egentlig». Yngve Henriksen er ein godt etablert kunstnar med ei lang rekke separat- og gruppeutstillingar bak seg.
9
100 cm 2021
Yngve Henriksen 150
x
01 Kantine, gang
Rune Johansen – 1957
Rune Johansen er ein nord-norsk kunstfotograf og forfattar som er fødd og oppvaksen i Bodø. Han arbeider i ein dokumentarisk sjanger, og er spesielt kjent for dei folkelege og frodige portretta av menneske og heimane deira langs kysten i Nord-Noreg. Rune Johansen har fotografert sidan 1976, men han hadde fram til 2003 det daglege virket sitt som planleggjar i Telenor. Han debuterte som kunstfotograf på Høstutstillingen i 1990 og har seinare vore representert ved ei rekkje utstillingar nasjonalt og internasjonalt. Han kom med si første fotobok Hiv mannskjiten i 2004, og boka som er ei kulturhistorisk reise i nord, vart ein stor publikumssuksess.
10 1 2 5 6
7 verk, 100 x 150 cm
Typisk for bileta til Rune Johansen, er at dei skildrar menneske i utkantstrok i nøye utvalde motiv og komposisjonar. Bileta inneheld nære og fargeglade dokumentariske skildringar av liv, minner og draumar, reflektert i interiør, landskap og miljø. I respekt for menneska framom kameraet fotograferer Johansen objekta sine med ein stor porsjon varme, humor og eit ope og nysgjerrig sinn. Kunstutvalet fekk idéen om å invitera Rune Johansen til Nordhordland for at han skulle kunne skildra regionen her på sin heilt spesielle kunstfotografiske måte. Dette resulterte i eit av RNH sitt kunstnariske hovudverk - dei store og fargerike fotografia og montasjane som er montert sentralt i bygget.
11
1. Hope, Masfjorden
2. Ulvsnesøy, Osterøy
3. Skjerjebakken Mjanger, Masfjorden
4. Skjelanger, Holsnøy i Alver
5. Fedje
6. Gjerde, Radøy i Alver
3 4 7
7. Fylkesvei 605, Eivindvikveien mellom Guløyna/Flolid, Gulen
Rune Johansen
2021
Turid Vikene SIRKUS MAIANDREA
170 x 420 cm 2021
Turid Vikene – 1958
Turid Vikene er ein norsk keramikar og biletkunstnar. Ho er fødd i Bergen, men etter avslutta utdanning ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen i 1988, flytta ho til Stord og bygde opp sin eigen keramikkverkstad i grenda Ådland. Der arbeider ho for det meste med høg-brend steingods og porselen, men også med andre materiale som tre, glas, plast og metall. Vikene likar å jobba i både små og store format, og er opptatt av mønster, farge, rørsle og form. Ho meiner at leira har uendelege moglegheiter og store avgrensingar, men elskar utfordringane som ligg i materialet. M.a. svært store og skulpturelle arbeid, i tillegg til mindre og meir bruksvenlege ting.
Arbeida hennar har ofte ein tittel som antydar kva ho vil formidla, men ho likar godt når andre ser noko som ho ikkje har tenkt på. «Det er så kjekt når noen helt ærlig liker det jeg har laget. Da føler jeg meg privilegert som får lov til å ha dette yrket!». Om verket, Sirkus Maiandrea, som er montert sentralt i første etasje i RNH, uttaler ho: «Idéen til verket fikk jeg da jeg hadde barnebarna mine på besøk på verkstedet, og så hvordan de uten hemninger gikk løs på leire, former og farger. Det bare trillet ut av dem! Som en stor glede - som bobler! Og da bare satte jeg i gang. Barnebarna mine heter Maia og Andrea – derav tittelen på verket Sirkus Maiandrea».
12
01
Kantine
Bård Breivik – 1948-2016
Bergensaren Bård Breivik var ein norsk skulptør og biletkunstnar som vert rekna som ein av dei mest markante norske kunstnarane i nyare tid. Han vaks opp på Laksevåg, og var utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen og Central Saint Martins College of Art and Design i London.
Han starta karriera si som ein av pionerane innan konseptkunsten i Noreg, og han gjekk vidare i mange retningar, alltid globalt orientert. Bård Breivik jobba både i små og store, monumentale format. Han var først og fremst bilethoggar og skulptør, samstundes som kunsten hans utfalda seg i grenselandet mot arkitektur, landskapskunst og byplanlegging. Som kunstnar var han opptatt av ulike handverkstradisjonar og solide materialar som stein og metall. Opp gjennom åra, og under fleire omfattande utanlandsreiser, studerte og brukte han difor mange forskjellige handverksteknikkar i arbeida sine.
Han stilte ut over heile verda, og fekk sitt internasjonale gjennombrot på det vidgjetne Guggenheim-museet i New York i 1982. Då han døydde i 2016 hadde han avvikla ca. 70 internasjonale utstillingar, og var innkjøpt av mange prestisjetunge museer og samlingar både i Europa og USA. Bård Breivik utførde også ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit av hans større prosjekt i det offentlege rom var utsmykkinga av Torgallmenningen i Bergen. Steinsøylene, som vart avdekka 17. mai 1999, vart seinare bytta ut med dagens søyler i høgpolert stål. Mot slutten av livet sitt budde og arbeidde Bård Breivik i Oslo, men han hadde tidlegare også hatt lange arbeidsopphald i Williamsburg i New York i USA, i Beijing og Xiamen i Kina og Sibbhult i Sør-Sverige.
13
1985
Bård Breivik 100 x 50 cm
Betongnisje trappeoppgang mellom 1. og 2.etasje
Betongnisje ved heis
Augon Johnsen – 1953
100 x 300 cm 2021
Augon Johnsen er ein norsk biletkunstnar, designar og illustratør som er fødd i Skien men som i dag bur og arbeider i Bergen. Han er utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen. Augon Johnsen har ei lang og variert yrkeserfaring bak seg. Som illustratør har han arbeidd for nokre av dei største avisene og bokforlaga i landet, og som biletkunstnar har han avvikla mange separatutstillingar og deltatt på store og viktige kollektivutstillingar. Augon Johnsen omtalar sjølv bileta sine som motiv som i hovudsak kretsar omkring ei handfull faste tema: «Det er stort sett erindringsbilder som delvis er satt sammen av mine indre bilder av landskaper og natur jeg har opplevd. De viktigste: Bevegelse i vann. Vannet som det livgivende og fruktbare. Havet som “den andre verdenen” som vi mer og mer oppdager kanskje er den viktigste delen av vår planet.
Landet møter havet. Landskap ut mot havet. Primært inspirert av Helgelandskysten hvor fjellformasjoner bryter havflaten på overraskende vis og skaper dramatiske kontraster mellom storhavet og skjermede bosetninger.
Det lille i det store i naturen. Like viktig som alle millionene av år som har formet landskapet er den evige prosessen frå time til time, frå dag til dag, frå år til år. Betraktninger uten forankring i konkrete arter, men et sinnbilde (opplevelse) av naturen.
Vitalitet og dynamikk. Ein enslig hund eller ein hest med rytter plassert i et åpent landskap med hint av horisont og fjellformasjoner. På vei til noe eller frå noe eller bare fredelig kontemplasjon. Ett individ stolt alene i ei stor verd
Park. Det urbane menneskets behov for natur. Selv i verdensmetropolene finnes det store områder med park. Og følelsen av nærheten til naturen er faktisk sterkt til stede også der. Mange vil si det er ein menneskeskapt “natur”. Jeg vil hevde at også der viser naturen oss sin fruktbarhet og livsvilje. Park er også på sin måte natur akkurat som det øvrige kulturlandskapet».
14 02
Augun Johnsen
Ventesone ved glasvegg
Vigdis Fjellheim – 1975
Vigdis Fjellheim
DIORAMA
2 verk, 60 x 80 cm 2021
Vigdis Fjellheim er ein norsk biletkunstnar som er fødd i Genève i Sveits og som bur og arbeider i Oslo. Ho starta kunstutdanninga si på Kunstakademiet i Oslo, og vart uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2001. Sidan då har ho arbeidd fulltid som biletkunstnar. I tillegg til deltaking på ei rekkje gruppeutstillingar, og med fleire separatutstillingar bak seg, har ho utført mange offentlege utsmykkingsoppdrag på mellom anna skular, barnehagar og sjukeheimar. Sjølv reflekterer ho rundt sitt kunstneriske virke på denne måten: «I kunst-prosjektene mine er det ofte en samling som danner utgangspunktet for større serier av malerier og tegninger. Det kan være samlinger av gjenstander eller av fotografier som jeg har tatt selv eller funnet. Jeg er opptatt av hvordan vi til ulike tider har sett, samlet, klassifisert og representert natur. Både gjennom metodene for naturvitenskapelig forskning og i estetikken som preger naturvitenskapen og naturhistoriske museer, finner jeg inspirasjon til egen arbeidsprosess og kunstproduksjon».
Diorama er tittelen på det tredelte verket ho har levert til RNH. Ordet kjem frå det greske dia, som betyr ”gjennom”, og horama, som betyr ”syn”. I verka reflekterer ho rundt betrakterrolla. Eitt av motiva er henta frå eit fuglediorama ved Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo. Eit anna viser to gutar som ser på ein tiger gjennom ei glasrute. Hovudverket er plassert i betongnisja og koplar saman motivkretsane frå dei to andre maleria. Scena for dette maleriet er eit diorama som består av dyr og vegetasjon, men også av menneskefigurar som det kan vera vanskeleg å oppdaga i tablået - mellom, utanfor eller i sjølve monteren saman med dyra og plantane. Dei påførde blitzlysa ”limer” på eit vis sjikta i motiva saman og tilfører noko til ideen om åskodaren som ein medskapar. Det antydar ein usynleg betraktar som står utanfor og fotograferer heile scena.
15
02
Glasvegg spesialistkontor
Øyvind Torseter – 1972
Øyvind Torseter 150 x 460 cm 2021
Øyvind Torseter er ein norsk biletkunstnar, illustratør, teikneserieskapar og forfattar som er fødd og busett i Oslo. Han har si utdanning frå m.a. Skolen for Grafisk Design i Oslo og Kent Institute of Art and Design i Maidstone i England. Øyvind Torseter vert i dag av mange sett på som ein av Noregs fremste, unge biletbokkunstnarar og teiknarar. Han arbeider både med tradisjonelle og digitale biletteknikkar, med vekt på teikning, og han eksperimenterer også ofte med grafiske og tredimensjonale effektar. Øyvind Torseter har avvikla fleire separatutstillingar, og han har skrive og illustrert ei lang rekkje bøker. Fleire av desse bøkene har vunne både nasjonale og internasjonale bokprisar.
16
02
Betongnisje ved heis
Gerhard
Stoltz – 1948
Gerhard Stoltz
”Enkelt landskap med tre utganger” 100 x 300 cm
2021
Gerhard Stoltz er ein norsk biletkunstnar, illustratør og forfattar som er fødd i Bergen, men som frå 1988 har vore busett på Tysnes i Sunnhordland. Som biletkunstnar arbeider han både med maleri, teikning og grafikk. Gerhard Stoltz er ein veletablert kunstnar med ei lang rekkje utstillingar bak seg – både kollektive og separate. Dessutan har han omfattande og variert erfaring som kunstnarisk utøvar i mange offentlege utsmykkingsprosjekt. Ved sida av dette har han også, både som forfattar og illustratør, gitt ut eit tjuetals bøker for born og vaksne. Sjølv seier han om det kunstneriske bidraget han har tilført RNH: «Jeg har i grunnen ingen klar oppfatning av «meningen» med kunst, hverken i sin alminnelighet eller når det gjelder de enkelte kunstverkene – det være seg musikk, litteratur eller billedkunst. Jeg tror imidlertid at (god) kunst stimulerer betrakteren (eller lytteren eller leseren) til å ta i bruk sin egen fantasi og forestillingsevne, til å utvide sin egen horisont og til å oppleve ting de ellers ikke ville ha opplevd».
Når det gjeld maleriet i tredje etasje i RNH, så er det akkurat dette: Eit tilbod til den enkelte om å kunne bruka sin eigen fantasi. Det finst ingen fasit. Det er inga gåte som har ei løysing, inga meining som skal tolkast. Opplevinga av biletet er det du gjer ho til. Stoltz har alltid likt seg best ein stad mellom det konkrete og det abstrakte, mellom det som er verkeleg og det som er uverkeleg. Det gjeld også dette maleriet. På den eine sida er det jo berre liner og fargar, på den andre sida kan det minna om eit slags landskap. Men han trur han kan garantera at det berre er i tredje etasje i RNH du finn eit landskap med blå skyer og tre portopningar gjennom solnedgangen... Dei som kan ha glede av ein tur i eit slikt landskap er velkomne til å sleppa fantasien laus. Og for dei som ikkje bryr seg noko særleg om å spasera rundt i eit slikt eventyr vonar han i det minste at dei synest det friskar litt opp i korridoren. Etter hans oppfatning er også det ei av oppgåvene til ei utsmykking.
17
03
150 x 910 cm
Trude Tjensvold – 1964
Trude Tjensvold er ein norsk biletkunstnar, illustratør og designar som er fødd i Stryn, men som i dag bur og arbeidar i Oslo. Ho har utdanninga si frå Chelsea College of Art and Design i London, og har lang erfaring både som illustratør og biletkunstnar. Frå 1994 har ho vore knytt til arbeidsfellesskapet «Illustratørene» i Oslo. I 2016 debuterte ho også som forfattar med biletboka «Bo flyttar ut», som mellom anna vann gull i fagkonkurransen Visuelt 2017. Trude Tjensvold har ein spesiell kjærleik for det som ofte vert omtala som lågkulturelle fenomen i form av teikneseriar, nostalgiske leikar og amerikanske bilar med meir. Sjølv uttalar ho: «Jeg lar meg forundre og begeistre av merkelige ting. Jeg blir lykkelig hver gang jeg ser noe veldig rart på loppemarked». Trude Tjensvold har også deltatt på ei rekkje kollektive utstillingar i tillegg til at ho har avvikla fleire separatutstillingar.
18 Glasvegg Mor/Barn
Trude Tjensvold
03
2021
Vigdis Fjellheim
DIORAMA
100 x 300 cm 2021
Vigdis Fjellheim – 1975
Vigdis Fjellheim er ein norsk biletkunstnar som er fødd i Genève i Sveits og som bur og arbeider i Oslo. Ho starta kunstutdanninga si på Kunstakademiet i Oslo, og ho vart uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2001. Sidan då har ho arbeidd fulltid som biletkunstnar. I tillegg til deltaking på ei rekkje gruppeutstillingar, og med fleire separatutstillingar bak seg, har ho utført mange offentlege utsmykkingsoppdrag på mellom anna skular, barnehagar og sjukeheimar. Sjølv reflekterer ho rundt sitt kunstneriske virke på denne måten: «I kunst-prosjektene mine er det ofte en samling som danner utgangspunktet for større serier av malerier og tegninger. Det kan være samlinger av gjenstander eller av fotografier som jeg har tatt selv eller funnet. Jeg er opptatt av hvordan vi til ulike tider har sett, samlet, klassifisert og representert natur. Både gjennom metodene for naturvitenskapelig forskning og i estetikken som preger naturvitenskapen og naturhistoriske museer, finner jeg inspirasjon til egen arbeidsprosess og kunstproduksjon».
Diorama er tittelen på det tredelte verket ho har levert til RNH. Ordet kjem frå det greske dia, som betyr ”gjennom”, og horama, som betyr ”syn”. I verka reflekterer ho rundt betrakterrolla. Eitt av motiva er henta frå eit fuglediorama ved Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo. Eit anna viser to gutar som ser på ein tiger gjennom ei glasrute. Hovudverket er plassert i betongnisja og koplar saman motivkretsane frå dei to andre maleria. Scena for dette maleriet er eit diorama som består av dyr og vegetasjon, men også av menneskefigurar som det kan vera vanskeleg å oppdaga i tablået, - mellom, utanfor eller i sjølve monteren saman med dyra og plantane. Dei påførde blitzlysa ”limer” på eit vis sjikta i motiva saman og tilfører noko til ideen om åskodaren som ein medskapar. Det antydar ein usynleg betraktar som står utanfor og fotograferer heile scena.
19
04
Betongnisje ved heis
Kjersti Isdal – 1972
Kjersti Isdal er ein norsk biletkunstnar, illustratør og designar som er fødd i Bergen, og i dag bur og arbeider i Alver kommune. Ho er utdanna frå Kunsthøgskolen i Bergen, og ho arbeider med ulike teknikkar innan maleri, grafikk, teikning og keramikk. Kjersti Isdal har delteke på mange kollektive utstillingar, og ho har avvikla fleire separatutstillingar – spesielt i Nord-Noreg og i Nordhordlandsregionen. I tillegg til aktiviteten som biletkunstnar har ho også illustrert og utforma fleire biletbøker.
Ho er opptatt av at menneska vert forma av landskapet og landskapet formast av menneska, og ikkje minst korleis dette kjem til uttrykk gjennom myter, segn og forteljingar. Hennar kunstnariske bidrag til RNH har fått tittelen «Villsauværar». Verket er inspirert av den gamalnorske villsauen og kulturlandskapet i Nordhordland. Denne sauen har tilpassa seg landskap og klima på Vestlandet gjennom generasjonar. Han vert kjenneteikna ved at han er hardfør og nøysam, og at han har eit mangfald av fargar og mønster. Dette medverkar til å gje kvart einskild dyr ein personlegdom. Sauene har eit sterkt flokkinstinkt, og står saman i ver og vind på kysten –ikkje så ulikt de menneska som bur her.
100 x 300 cm
20 Betongnisje
heis 05
ved
Isdal VILLSAUVÆRAR
Kjersti
2021
Glasvegg spesialistkontor 05
Elisabeth
Moseng – 1967
Elisabeth Moseng
150 x 680 cm
Elisabeth Moseng er ein norsk illustratør, designar og forfattar som er fødd og busett i Oslo. Ho har illustrasjonsutdanning si frå mellom anna Kensington University i London, England og forfattarutdanning frå Norsk barnebokinstitutt. Sidan 1993 har Elisabeth Moseng vore tilknytt arbeidsfellesskapet «Illustratørene» i Oslo, og ho har gitt ut ei lang rekke bøker – både som forfattar og illustratør.
21
2021
Kunnskapssenter, betongnisje ved heis 06
Augon Johnsen – 1953
Augun Johnsen
100 x 300 cm
Augon Johnsen er ein norsk biletkunstnar, designar og illustratør som er fødd i Skien men som i dag bur og arbeider i Bergen. Han er utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen. Augon Johnsen har ei lang og variert yrkeserfaring bak seg. Som illustratør har han arbeidd for nokre av dei største avisene og bokforlaga i landet, og som biletkunstnar har han både avvikla mange separatutstillingar og deltatt på store og viktige kollektivutstillingar. Augon Johnsen omtalar sjølv bileta sine som motiv som i hovudsak kretsar omkring ei handfull faste tema: «Det er stort sett erindringsbilder som delvis er satt sammen av mine indre bilder av landskaper og natur jeg har opplevd. De viktigste: Bevegelse i vann. Vannet som det livgivende og fruktbare. Havet som “den andre verdenen” som vi mer og mer oppdager kanskje er den viktigste delen av vår planet.
Landet møter havet. Landskap ut mot havet. Primært inspirert av Helgelandskysten hvor fjellformasjoner bryter havflaten på overraskende vis og skaper dramatiske kontraster mellom storhavet og skjermede bosetninger.
Det lille i det store i naturen. Like viktig som alle millionene av år som har formet landskapet er den evige prosessen frå time til time, frå dag til dag, frå år til år. Betraktninger uten forankring i konkrete arter, men et sinnbilde (opplevelse) av naturen.
Vitalitet og dynamikk. Ein enslig hund eller ein hest med rytter plassert i et åpent landskap med hint av horisont og fjellformasjoner. På vei til noe eller frå noe eller bare fredelig kontemplasjon. Ett individ stolt alene i ei stor verd
Park. Det urbane menneskets behov for natur. Selv i verdensmetropolene finnes det store områder med park. Og følelsen av nærheten til naturen er faktisk sterkt til stede også der. Mange vil si det er ein menneskeskapt “natur”. Jeg vil hevde at også der viser naturen oss sin fruktbarhet og livsvilje. Park er også på sin måte natur akkurat som det øvrige kulturlandskapet».
22
2021
Kunnskapssenter
Øyvind Hovland – 1977
Øivind Hovland er ein norsk illustratør, oppvaksen på Sotra, men sidan 2006 har han vore busett i England i byen Bath. Han har si kunstnariske utdanning frå Edinburgh College of Art i Skottland i tillegg til at han har studert kunsthistorie ved universitetet i Bergen. Etter studiane arbeidde han ei tid som grafisk designar i Bristol, England, før han gjekk over til å arbeida med illustrasjonar på heiltid. I dag er han ein internasjonalt etablert og anerkjent illustratør, som har vunne ei rekkje prisar, og som leverer illustrasjonar til store og kjende aviser, magasin og bokforlag over heile verda.
23 Øyvind Hovland 200 x 400 cm 2021
06
Kunnskapssenter, gang
Rune Johansen – 1957
Rune Johansen er ein nord-norsk kunst-fotograf og forfattar som er fødd og oppvaksen i Bodø. Han arbeider i ein dokumentarisk sjanger, og er spesielt kjent for dei folkelege og frodige portretta av menneske og heimane deira langs kysten i Nord-Noreg. Rune Johansen har fotografert sidan 1976, men han hadde fram til 2003 det daglege virket sitt som planleggjar i Telenor. Han debuterte som kunstfotograf på Høstutstillingen i 1990 og har seinare vore representert ved ei rekkje utstillingar nasjonalt og internasjonalt. Han kom med si første fotobok Hiv mannskjiten i 2004, og boka, som er ei kulturhistorisk reise i nord, vart ein stor publikumssuksess.
Typisk for bileta til Rune Johansen sine er at dei skildrar menneske i utkantstrok i nøye utvalde motiv og komposisjonar. Bileta inneheld nære og fargeglade dokumentariske skildringar av liv, minner og draumar, reflektert i interiør, landskap og miljø. I respekt for menneska framom kameraet fotograferer Johansen objekta sine med ein stor porsjon varme, humor og eit ope og nysgjerrig sinn. Kunstutvalet fekk idéen om å invitera Rune Johansen til Nordhordland for at han skulle kunne skildra regionen her på sin heilt spesielle kunstfotografiske måte. Dette resulterte i eit av helsehuset sitt kunstnariske hovudverk - dei store og fargerike fotografia og montasjane som er montert sentralt i bygget.
Rune Johansen
3 verk, 70 x 70 cm
2021
24
06
Kunnskapssenter, møterom Nordhordland
25
Rune Johansen 28 x 850 cm
06
2021
Kunnskapssenter, møterom Nordhordland
Elin Alver – 1947
Elin Alver er ein norsk biletkunstnar og kunsthandverkar som er fødd i Bergen, men som i dag bur og arbeider i Knarvik i Alver kommune. Ho har utdanninga si frå mellom anna Bergen industriskole og Kunsthåndverkskolen i Bergen. Elin Alver har arbeidd som kunsthandverkar i meir enn 50 år, og i vev-arbeida hennar står både tradisjonen og fornyinga sentralt. Ho har eit solid grunnlag i norsk vev- og handverkstradisjon, men ho eksperimenterer og gjerne med nye mønstre, materialar og uttrykksformer. Elin Alver si inspirasjonskjelde har alltid vore naturen - i vidaste forstand. Verket som ho bidrar med på RNH har fått tittelen «Lyset, Regnet og Frodigheten». Om verket uttalar ho: ”Inspirasjonen til arbeidet mitt er det skiftende været, ofte bare i løpet av en dag. De farger og stemninger det skaper i naturen gir alltid en indre glede”. I tillegg til at ho har avvikla separatutstillingar er mange av hennar kunstverk vorte offentleg innkjøpt. Elin Alver vart tildelt Alver kommune sin Kulturpris for 2021.
26 Elin Alver LYSET; REGNET OG FRODIGHETEN 100 x 300 cm 2021
06
Bård Breivik – 1948-2016
Bergensaren Bård Breivik var ein norsk skulptør og biletkunstnar som vert rekna som ein av dei mest markante norske kunstnarane i nyare tid. Han vaks opp på Laksevåg, og var utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen og Central Saint Martins College of Art and Design i London.
Han starta karriera si som ein av pionerane innan konseptkunsten i Noreg, og han gjekk vidare i mange retningar, alltid globalt orientert. Bård Breivik jobba både i små og store, monumentale format. Han var først og fremst bilethoggar og skulptør, samstundes som kunsten hans utfalda seg i grenselandet mot arkitektur, landskapskunst og byplanlegging. Som kunstnar var han opptatt av ulike handverkstradisjonar og solide materialar som stein og metall. Opp gjennom åra, og under fleire omfattande utanlandsreiser, studerte og brukte han difor mange forskjellige handverksteknikkar i arbeida sine. Han stilte ut over heile verda, og fekk sitt internasjonale gjennombrot på det vidgjetne Guggenheim-museet i New York i 1982.
Då han døydde i 2016 hadde han avvikla ca. 70 internasjonale utstillingar, og var innkjøpt av mange prestisjetunge museer og samlingar både i Europa og USA. Bård Breivik utførde også ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit av hans større prosjekt i det offentlege rom var utsmykkinga av Torgallmenningen i Bergen. Steinsøylene, som vart avdekka 17. mai 1999, vart seinare bytta ut med dagens søyler i høgpolert stål. Mot slutten av livet sitt budde og arbeidde Bård Breivik i Oslo, men han hadde tidlegare også hatt lange arbeidsopphald i Williamsburg i New York i USA, i Beijing og Xiamen i Kina og Sibbhult i Sør-Sverige.
27
UTE Bård Breivik 100 x 70 cm 2000
Almenning
EIN GUIDE TIL KUNSTEN
REGION NORDHORDLAND HELSEHUS
Kunstkonsulent: Lasse Berntzen
Kunstutval: Rita Tveiten, Steinar Hunskår, Rune Heradstveit
Region Nordhordland Helsehus IKS 2022
ISBN 978-82-303-5849-8
28
Grafisk utforming: Kjersti Isdal, Region Nordhordland IKS