5 minute read

Glasvegg spesialistkontor

Øyvind Torseter – 1972

Øyvind Torseter 150 x 460 cm 2021

Advertisement

Øyvind Torseter er ein norsk biletkunstnar, illustratør, teikneserieskapar og forfattar som er fødd og busett i Oslo. Han har si utdanning frå m.a. Skolen for Grafisk Design i Oslo og Kent Institute of Art and Design i Maidstone i England. Øyvind Torseter vert i dag av mange sett på som ein av Noregs fremste, unge biletbokkunstnarar og teiknarar. Han arbeider både med tradisjonelle og digitale biletteknikkar, med vekt på teikning, og han eksperimenterer også ofte med grafiske og tredimensjonale effektar. Øyvind Torseter har avvikla fleire separatutstillingar, og han har skrive og illustrert ei lang rekkje bøker. Fleire av desse bøkene har vunne både nasjonale og internasjonale bokprisar.

Betongnisje ved heis

Gerhard

Stoltz – 1948

Gerhard Stoltz

”Enkelt landskap med tre utganger” 100 x 300 cm

2021

Gerhard Stoltz er ein norsk biletkunstnar, illustratør og forfattar som er fødd i Bergen, men som frå 1988 har vore busett på Tysnes i Sunnhordland. Som biletkunstnar arbeider han både med maleri, teikning og grafikk. Gerhard Stoltz er ein veletablert kunstnar med ei lang rekkje utstillingar bak seg – både kollektive og separate. Dessutan har han omfattande og variert erfaring som kunstnarisk utøvar i mange offentlege utsmykkingsprosjekt. Ved sida av dette har han også, både som forfattar og illustratør, gitt ut eit tjuetals bøker for born og vaksne. Sjølv seier han om det kunstneriske bidraget han har tilført RNH: «Jeg har i grunnen ingen klar oppfatning av «meningen» med kunst, hverken i sin alminnelighet eller når det gjelder de enkelte kunstverkene – det være seg musikk, litteratur eller billedkunst. Jeg tror imidlertid at (god) kunst stimulerer betrakteren (eller lytteren eller leseren) til å ta i bruk sin egen fantasi og forestillingsevne, til å utvide sin egen horisont og til å oppleve ting de ellers ikke ville ha opplevd».

Når det gjeld maleriet i tredje etasje i RNH, så er det akkurat dette: Eit tilbod til den enkelte om å kunne bruka sin eigen fantasi. Det finst ingen fasit. Det er inga gåte som har ei løysing, inga meining som skal tolkast. Opplevinga av biletet er det du gjer ho til. Stoltz har alltid likt seg best ein stad mellom det konkrete og det abstrakte, mellom det som er verkeleg og det som er uverkeleg. Det gjeld også dette maleriet. På den eine sida er det jo berre liner og fargar, på den andre sida kan det minna om eit slags landskap. Men han trur han kan garantera at det berre er i tredje etasje i RNH du finn eit landskap med blå skyer og tre portopningar gjennom solnedgangen... Dei som kan ha glede av ein tur i eit slikt landskap er velkomne til å sleppa fantasien laus. Og for dei som ikkje bryr seg noko særleg om å spasera rundt i eit slikt eventyr vonar han i det minste at dei synest det friskar litt opp i korridoren. Etter hans oppfatning er også det ei av oppgåvene til ei utsmykking.

150 x 910 cm

Trude Tjensvold – 1964

Trude Tjensvold er ein norsk biletkunstnar, illustratør og designar som er fødd i Stryn, men som i dag bur og arbeidar i Oslo. Ho har utdanninga si frå Chelsea College of Art and Design i London, og har lang erfaring både som illustratør og biletkunstnar. Frå 1994 har ho vore knytt til arbeidsfellesskapet «Illustratørene» i Oslo. I 2016 debuterte ho også som forfattar med biletboka «Bo flyttar ut», som mellom anna vann gull i fagkonkurransen Visuelt 2017. Trude Tjensvold har ein spesiell kjærleik for det som ofte vert omtala som lågkulturelle fenomen i form av teikneseriar, nostalgiske leikar og amerikanske bilar med meir. Sjølv uttalar ho: «Jeg lar meg forundre og begeistre av merkelige ting. Jeg blir lykkelig hver gang jeg ser noe veldig rart på loppemarked». Trude Tjensvold har også deltatt på ei rekkje kollektive utstillingar i tillegg til at ho har avvikla fleire separatutstillingar.

Vigdis Fjellheim

DIORAMA

100 x 300 cm 2021

Vigdis Fjellheim – 1975

Vigdis Fjellheim er ein norsk biletkunstnar som er fødd i Genève i Sveits og som bur og arbeider i Oslo. Ho starta kunstutdanninga si på Kunstakademiet i Oslo, og ho vart uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2001. Sidan då har ho arbeidd fulltid som biletkunstnar. I tillegg til deltaking på ei rekkje gruppeutstillingar, og med fleire separatutstillingar bak seg, har ho utført mange offentlege utsmykkingsoppdrag på mellom anna skular, barnehagar og sjukeheimar. Sjølv reflekterer ho rundt sitt kunstneriske virke på denne måten: «I kunst-prosjektene mine er det ofte en samling som danner utgangspunktet for større serier av malerier og tegninger. Det kan være samlinger av gjenstander eller av fotografier som jeg har tatt selv eller funnet. Jeg er opptatt av hvordan vi til ulike tider har sett, samlet, klassifisert og representert natur. Både gjennom metodene for naturvitenskapelig forskning og i estetikken som preger naturvitenskapen og naturhistoriske museer, finner jeg inspirasjon til egen arbeidsprosess og kunstproduksjon».

Diorama er tittelen på det tredelte verket ho har levert til RNH. Ordet kjem frå det greske dia, som betyr ”gjennom”, og horama, som betyr ”syn”. I verka reflekterer ho rundt betrakterrolla. Eitt av motiva er henta frå eit fuglediorama ved Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo. Eit anna viser to gutar som ser på ein tiger gjennom ei glasrute. Hovudverket er plassert i betongnisja og koplar saman motivkretsane frå dei to andre maleria. Scena for dette maleriet er eit diorama som består av dyr og vegetasjon, men også av menneskefigurar som det kan vera vanskeleg å oppdaga i tablået, - mellom, utanfor eller i sjølve monteren saman med dyra og plantane. Dei påførde blitzlysa ”limer” på eit vis sjikta i motiva saman og tilfører noko til ideen om åskodaren som ein medskapar. Det antydar ein usynleg betraktar som står utanfor og fotograferer heile scena.

Kjersti Isdal – 1972

Kjersti Isdal er ein norsk biletkunstnar, illustratør og designar som er fødd i Bergen, og i dag bur og arbeider i Alver kommune. Ho er utdanna frå Kunsthøgskolen i Bergen, og ho arbeider med ulike teknikkar innan maleri, grafikk, teikning og keramikk. Kjersti Isdal har delteke på mange kollektive utstillingar, og ho har avvikla fleire separatutstillingar – spesielt i Nord-Noreg og i Nordhordlandsregionen. I tillegg til aktiviteten som biletkunstnar har ho også illustrert og utforma fleire biletbøker.

Ho er opptatt av at menneska vert forma av landskapet og landskapet formast av menneska, og ikkje minst korleis dette kjem til uttrykk gjennom myter, segn og forteljingar. Hennar kunstnariske bidrag til RNH har fått tittelen «Villsauværar». Verket er inspirert av den gamalnorske villsauen og kulturlandskapet i Nordhordland. Denne sauen har tilpassa seg landskap og klima på Vestlandet gjennom generasjonar. Han vert kjenneteikna ved at han er hardfør og nøysam, og at han har eit mangfald av fargar og mønster. Dette medverkar til å gje kvart einskild dyr ein personlegdom. Sauene har eit sterkt flokkinstinkt, og står saman i ver og vind på kysten –ikkje så ulikt de menneska som bur her.

100 x 300 cm

Glasvegg spesialistkontor 05

Elisabeth

Moseng – 1967

Elisabeth Moseng

150 x 680 cm

Elisabeth Moseng er ein norsk illustratør, designar og forfattar som er fødd og busett i Oslo. Ho har illustrasjonsutdanning si frå mellom anna Kensington University i London, England og forfattarutdanning frå Norsk barnebokinstitutt. Sidan 1993 har Elisabeth Moseng vore tilknytt arbeidsfellesskapet «Illustratørene» i Oslo, og ho har gitt ut ei lang rekke bøker – både som forfattar og illustratør.

This article is from: