
3 minute read
01 Kantine, gang
Rune Johansen – 1957
Rune Johansen er ein nord-norsk kunstfotograf og forfattar som er fødd og oppvaksen i Bodø. Han arbeider i ein dokumentarisk sjanger, og er spesielt kjent for dei folkelege og frodige portretta av menneske og heimane deira langs kysten i Nord-Noreg. Rune Johansen har fotografert sidan 1976, men han hadde fram til 2003 det daglege virket sitt som planleggjar i Telenor. Han debuterte som kunstfotograf på Høstutstillingen i 1990 og har seinare vore representert ved ei rekkje utstillingar nasjonalt og internasjonalt. Han kom med si første fotobok Hiv mannskjiten i 2004, og boka som er ei kulturhistorisk reise i nord, vart ein stor publikumssuksess.
Advertisement



7 verk, 100 x 150 cm
Typisk for bileta til Rune Johansen, er at dei skildrar menneske i utkantstrok i nøye utvalde motiv og komposisjonar. Bileta inneheld nære og fargeglade dokumentariske skildringar av liv, minner og draumar, reflektert i interiør, landskap og miljø. I respekt for menneska framom kameraet fotograferer Johansen objekta sine med ein stor porsjon varme, humor og eit ope og nysgjerrig sinn. Kunstutvalet fekk idéen om å invitera Rune Johansen til Nordhordland for at han skulle kunne skildra regionen her på sin heilt spesielle kunstfotografiske måte. Dette resulterte i eit av RNH sitt kunstnariske hovudverk - dei store og fargerike fotografia og montasjane som er montert sentralt i bygget.



Turid Vikene SIRKUS MAIANDREA
170 x 420 cm 2021

Turid Vikene – 1958
Turid Vikene er ein norsk keramikar og biletkunstnar. Ho er fødd i Bergen, men etter avslutta utdanning ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen i 1988, flytta ho til Stord og bygde opp sin eigen keramikkverkstad i grenda Ådland. Der arbeider ho for det meste med høg-brend steingods og porselen, men også med andre materiale som tre, glas, plast og metall. Vikene likar å jobba i både små og store format, og er opptatt av mønster, farge, rørsle og form. Ho meiner at leira har uendelege moglegheiter og store avgrensingar, men elskar utfordringane som ligg i materialet. M.a. svært store og skulpturelle arbeid, i tillegg til mindre og meir bruksvenlege ting.
Arbeida hennar har ofte ein tittel som antydar kva ho vil formidla, men ho likar godt når andre ser noko som ho ikkje har tenkt på. «Det er så kjekt når noen helt ærlig liker det jeg har laget. Da føler jeg meg privilegert som får lov til å ha dette yrket!». Om verket, Sirkus Maiandrea, som er montert sentralt i første etasje i RNH, uttaler ho: «Idéen til verket fikk jeg da jeg hadde barnebarna mine på besøk på verkstedet, og så hvordan de uten hemninger gikk løs på leire, former og farger. Det bare trillet ut av dem! Som en stor glede - som bobler! Og da bare satte jeg i gang. Barnebarna mine heter Maia og Andrea – derav tittelen på verket Sirkus Maiandrea».
Bård Breivik – 1948-2016
Bergensaren Bård Breivik var ein norsk skulptør og biletkunstnar som vert rekna som ein av dei mest markante norske kunstnarane i nyare tid. Han vaks opp på Laksevåg, og var utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen og Central Saint Martins College of Art and Design i London.

Han starta karriera si som ein av pionerane innan konseptkunsten i Noreg, og han gjekk vidare i mange retningar, alltid globalt orientert. Bård Breivik jobba både i små og store, monumentale format. Han var først og fremst bilethoggar og skulptør, samstundes som kunsten hans utfalda seg i grenselandet mot arkitektur, landskapskunst og byplanlegging. Som kunstnar var han opptatt av ulike handverkstradisjonar og solide materialar som stein og metall. Opp gjennom åra, og under fleire omfattande utanlandsreiser, studerte og brukte han difor mange forskjellige handverksteknikkar i arbeida sine.
Han stilte ut over heile verda, og fekk sitt internasjonale gjennombrot på det vidgjetne Guggenheim-museet i New York i 1982. Då han døydde i 2016 hadde han avvikla ca. 70 internasjonale utstillingar, og var innkjøpt av mange prestisjetunge museer og samlingar både i Europa og USA. Bård Breivik utførde også ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit av hans større prosjekt i det offentlege rom var utsmykkinga av Torgallmenningen i Bergen. Steinsøylene, som vart avdekka 17. mai 1999, vart seinare bytta ut med dagens søyler i høgpolert stål. Mot slutten av livet sitt budde og arbeidde Bård Breivik i Oslo, men han hadde tidlegare også hatt lange arbeidsopphald i Williamsburg i New York i USA, i Beijing og Xiamen i Kina og Sibbhult i Sør-Sverige.