
1 minute read
Kunnskapssenter, møterom Nordhordland
Elin Alver – 1947
Elin Alver er ein norsk biletkunstnar og kunsthandverkar som er fødd i Bergen, men som i dag bur og arbeider i Knarvik i Alver kommune. Ho har utdanninga si frå mellom anna Bergen industriskole og Kunsthåndverkskolen i Bergen. Elin Alver har arbeidd som kunsthandverkar i meir enn 50 år, og i vev-arbeida hennar står både tradisjonen og fornyinga sentralt. Ho har eit solid grunnlag i norsk vev- og handverkstradisjon, men ho eksperimenterer og gjerne med nye mønstre, materialar og uttrykksformer. Elin Alver si inspirasjonskjelde har alltid vore naturen - i vidaste forstand. Verket som ho bidrar med på RNH har fått tittelen «Lyset, Regnet og Frodigheten». Om verket uttalar ho: ”Inspirasjonen til arbeidet mitt er det skiftende været, ofte bare i løpet av en dag. De farger og stemninger det skaper i naturen gir alltid en indre glede”. I tillegg til at ho har avvikla separatutstillingar er mange av hennar kunstverk vorte offentleg innkjøpt. Elin Alver vart tildelt Alver kommune sin Kulturpris for 2021.
Advertisement
Bård Breivik – 1948-2016
Bergensaren Bård Breivik var ein norsk skulptør og biletkunstnar som vert rekna som ein av dei mest markante norske kunstnarane i nyare tid. Han vaks opp på Laksevåg, og var utdanna frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen og Central Saint Martins College of Art and Design i London.

Han starta karriera si som ein av pionerane innan konseptkunsten i Noreg, og han gjekk vidare i mange retningar, alltid globalt orientert. Bård Breivik jobba både i små og store, monumentale format. Han var først og fremst bilethoggar og skulptør, samstundes som kunsten hans utfalda seg i grenselandet mot arkitektur, landskapskunst og byplanlegging. Som kunstnar var han opptatt av ulike handverkstradisjonar og solide materialar som stein og metall. Opp gjennom åra, og under fleire omfattande utanlandsreiser, studerte og brukte han difor mange forskjellige handverksteknikkar i arbeida sine. Han stilte ut over heile verda, og fekk sitt internasjonale gjennombrot på det vidgjetne Guggenheim-museet i New York i 1982.
Då han døydde i 2016 hadde han avvikla ca. 70 internasjonale utstillingar, og var innkjøpt av mange prestisjetunge museer og samlingar både i Europa og USA. Bård Breivik utførde også ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit av hans større prosjekt i det offentlege rom var utsmykkinga av Torgallmenningen i Bergen. Steinsøylene, som vart avdekka 17. mai 1999, vart seinare bytta ut med dagens søyler i høgpolert stål. Mot slutten av livet sitt budde og arbeidde Bård Breivik i Oslo, men han hadde tidlegare også hatt lange arbeidsopphald i Williamsburg i New York i USA, i Beijing og Xiamen i Kina og Sibbhult i Sør-Sverige.