
1 minute read
Kunnskapssenter, gang
Rune Johansen – 1957
Rune Johansen er ein nord-norsk kunst-fotograf og forfattar som er fødd og oppvaksen i Bodø. Han arbeider i ein dokumentarisk sjanger, og er spesielt kjent for dei folkelege og frodige portretta av menneske og heimane deira langs kysten i Nord-Noreg. Rune Johansen har fotografert sidan 1976, men han hadde fram til 2003 det daglege virket sitt som planleggjar i Telenor. Han debuterte som kunstfotograf på Høstutstillingen i 1990 og har seinare vore representert ved ei rekkje utstillingar nasjonalt og internasjonalt. Han kom med si første fotobok Hiv mannskjiten i 2004, og boka, som er ei kulturhistorisk reise i nord, vart ein stor publikumssuksess.
Advertisement



Typisk for bileta til Rune Johansen sine er at dei skildrar menneske i utkantstrok i nøye utvalde motiv og komposisjonar. Bileta inneheld nære og fargeglade dokumentariske skildringar av liv, minner og draumar, reflektert i interiør, landskap og miljø. I respekt for menneska framom kameraet fotograferer Johansen objekta sine med ein stor porsjon varme, humor og eit ope og nysgjerrig sinn. Kunstutvalet fekk idéen om å invitera Rune Johansen til Nordhordland for at han skulle kunne skildra regionen her på sin heilt spesielle kunstfotografiske måte. Dette resulterte i eit av helsehuset sitt kunstnariske hovudverk - dei store og fargerike fotografia og montasjane som er montert sentralt i bygget.
Rune Johansen
3 verk, 70 x 70 cm
2021