1 minute read

Ventesone ved glasvegg

Vigdis Fjellheim – 1975

Vigdis Fjellheim

Advertisement

DIORAMA

2 verk, 60 x 80 cm 2021

Vigdis Fjellheim er ein norsk biletkunstnar som er fødd i Genève i Sveits og som bur og arbeider i Oslo. Ho starta kunstutdanninga si på Kunstakademiet i Oslo, og vart uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2001. Sidan då har ho arbeidd fulltid som biletkunstnar. I tillegg til deltaking på ei rekkje gruppeutstillingar, og med fleire separatutstillingar bak seg, har ho utført mange offentlege utsmykkingsoppdrag på mellom anna skular, barnehagar og sjukeheimar. Sjølv reflekterer ho rundt sitt kunstneriske virke på denne måten: «I kunst-prosjektene mine er det ofte en samling som danner utgangspunktet for større serier av malerier og tegninger. Det kan være samlinger av gjenstander eller av fotografier som jeg har tatt selv eller funnet. Jeg er opptatt av hvordan vi til ulike tider har sett, samlet, klassifisert og representert natur. Både gjennom metodene for naturvitenskapelig forskning og i estetikken som preger naturvitenskapen og naturhistoriske museer, finner jeg inspirasjon til egen arbeidsprosess og kunstproduksjon».

Diorama er tittelen på det tredelte verket ho har levert til RNH. Ordet kjem frå det greske dia, som betyr ”gjennom”, og horama, som betyr ”syn”. I verka reflekterer ho rundt betrakterrolla. Eitt av motiva er henta frå eit fuglediorama ved Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo. Eit anna viser to gutar som ser på ein tiger gjennom ei glasrute. Hovudverket er plassert i betongnisja og koplar saman motivkretsane frå dei to andre maleria. Scena for dette maleriet er eit diorama som består av dyr og vegetasjon, men også av menneskefigurar som det kan vera vanskeleg å oppdaga i tablået - mellom, utanfor eller i sjølve monteren saman med dyra og plantane. Dei påførde blitzlysa ”limer” på eit vis sjikta i motiva saman og tilfører noko til ideen om åskodaren som ein medskapar. Det antydar ein usynleg betraktar som står utanfor og fotograferer heile scena.

This article is from: