6 minute read

Den kunstneriske utsmykningen i Region Nordhordland Helsehus

Kulturhistorisk sett har plassane vore minst like viktige som palassa. Frå heilt attende til steinaldermenneska sitt leirbål har samlingsplassane hatt, og har stor betydning for oss menneske. Torget, marknadsplassen, kyrkjeplassen, slottsplassen og paradeplassen har framleis sentrale funksjonar på stader og i byar over heile verda. Men offentleg kunstnarisk utsmykking bestod, i si første og mest tradisjonelle form, i å plassera ryttarstatuar, pompøse monument, minnesmerke eller springvatn på slike plassar - det monumentale og det representative var det som stod fram. Som regel vart dette gjort for å underbyggja og eksponera nasjonal og lokal patriotisme, felles religiøsitet og ideologi, historisk tradisjon og makt.

I vår tid har kunst i offentlege rom fått heilt andre uttrykk og bruksformer, men fellestrekket med fortida er at kunsten framleis ofte er meint å inneha ei felles betydning og at han vert plassert der folk ferdast.

Advertisement

Når store offentlege bygg skal planleggjast i Noreg i dag, vert det ofte sett av ein prosentvis sum til kunstnarisk utsmykking av bygget. Denne utsmykkinga kan enten koma til etter at bygget er ferdig, eller han kan integrerast i sjølve arkitekturen - i tett dialog med arkitektar og utbyggjarar.

Tanken med å plassera kunst ute i offentlegheita er at han skal venda seg direkte til brukarane. Enten han er figurativ eller abstrakt, tradisjonell og konvensjonell eller nyskapande og eksperimentell, så skal han vera tilgjengeleg for alle. Dette føreset at han har form, storleik, tydelegheit og materiale som gjer at han vert lagt merke til, også i situasjonar der folk hastar forbi.

Meininga med offentleg kunstnarisk utsmykking er at det skal auka folk sin livskvalitet, bidra til refleksjon, engasjement og dialog, synleggjera historier og identitet, og styrka folk si arkitektoniske oppleving av rom og omgjevnader.

Etableringa og bygginga av Region Nordhordland

Helsehus er eit stort interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Nordhordlandsregionen. Bygget ligg i Knarvik som er kommunesenteret i Alver kommune og er også eit regionsenter i Vestland. Staden, med ca. 6000 innbyggjarar, har utvikla seg til bygdeby i løpet av dei siste 40 åra. Den generelle karakteristikken av staden er at han først og fremst er bygd opp på reint funksjonelle og kommersielle premissar. Knarvik manglar difor ein samlande sentral og estetisk utforma plass. Knarvik er bilbasert og vert dominert av preglause, modulbaserte forretningsgardar, kjøpesenter og parkeringsplassar –med få, eller ingen, kulturhistoriske, arkitektoniske og estetiske kvalitetar. Det er difor ei uttalt målsetjing at etableringa av Region Nordhordland Helsehus, med si kunstnariske utsmykking, sitt parkanlegg og godt utforma uteområde, skal bli eit viktig bidrag for å auka den estetiske standarden og styrka stads-identiteten til Knarvik.

RNH har også eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld å skapa gode rom og omgjevnader for brukarane av bygget, og det vart difor etablert ein fagleg dialog mellom arkitektane og kunstutvalet.

Bygget inneheld tenester innafor alle viktige helsesektorar, og det uttalte samfunnsmålet for prosjektet er: «Å realisera eit Helsehus som legg til rette for brukarvenlege, bærekraftige og fremtidsretta løysingar, der kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester vert samlokalisert og samarbeider på tvers av tenester og nivå».

Kunstutvalet for RNH har bestått av styremedlem og politikar Aud Rita Tveiten, styremedlem og lege Steinar Hunskår, dagleg leiar Rune Heradstveit og biletkunstnar/kunstkonsulent Lasse Berntzen. Det er kunstutvalet som har føreslått og valt ut kunstnarane, og det er kunstutvalet som har drøfta og gjort alle viktige vedtak knytt til den kunstnariske utsmykkinga av huset.

Ingen kan leva i eit moderne samfunn utan å gjera bruk av offentlege helsetenester. Breidda i brukargruppene som skal nytta RNH vil difor vera svært stor og variert – frå born og unge til gamle, akutt sjuke og ulike pasientgrupper med fysiske og mentale lidingar. Grovt sett kan alle desse brukargruppene delast inn i tre hovudkategoriar; tilsette, pasientar og pårørande, men med den kunstnariske utsmykkinga er også bygget blitt eit kunstgalleri for heile regionen.

Tradisjonelt sett har utforminga av sjukehus og helseinstitusjonar hatt eit nøkternt, kaldt institusjonspreg, med fokus på teknisk medisinsk funksjonalitet. Fellesområde, opphaldsrom og venterom har ofte vorte lågt prioritert – med preg av tilfeldig og dårleg utforming.

I boka «Godt nok er ikke nok» - synspunkt på offentleg design og arkitektur skriver den danske designprofessoren Per Mollerup om hospitalet: «Et hospital kan designes som et sted hvor man er syg, eller et sted hvor man bliver rask. Hvilken model der vælges, er et spørgsmål om vilje og ledelse».

Mykje er likevel i endring på dette området.

I dagens planlegging og gjennomføring av nye sjukehus og helsebygg, legg ein meir og meir vekt på at det er viktig å skapa gode og gjennomtenkte miljø for brukarane. No vert det meir fokusert på heilskapskonsept som inneheld gode samspel mellom arkitektur, design og kunst – i felles regi.

I ein artikkel med tittelen: «Helbredende kunst –finnes det?» - betydninga av utsmykking og estetikk i helseinstitusjonar, reflekterer psykolog Arnulf Kolstad rundt problematikken. Her påpeikar han at fysiske og estetiske omgjevnader har innverknad på sinnstilstanden og helsa vår. Han argumenterer for at det på helseinstitusjonar er særs viktig med tiltalande miljø der pasientar, pårørande og tilsette opplever å verta tatt vare på, og at kunst kan bidra til dette. Omgjevnadane kan signalisera ei venleg, aksepterande atmosfære, og framkalla kjensle av tryggleik, openheit, klarheit og hjelpsamheit. Han meiner at ved hjelp av estetiske verkemidlar og utsmykking kan ein redusera nervøsitet, angst og depresjon. Men han påpeikar også faren ved at kunst i helseorganisasjonar ofte kan verta for «snill og hyggeleg» - rein estetisering, dekorasjon og pynt utan emosjonell påverknad eller kontroversiell gjennomslagskraft.

Nordhordlandsregionen har rike ressursar og ein markant og mangfaldig historie og kulturarv. Regionen er prega av variert og vakker natur og stolte tradisjonar innanfor landbruk, industri, fangst og fiske. For kunstutvalet var det difor naturleg at kunsten i RNH skulle avspegla det stadspesifikke. Men det var også semje om at me måtte tenkja vidare enn som så. Basert på plattforma av at kunsten skulle vera variert og mangfaldig med høg kvalitet på utføring, meiningsinnhald og estetiske kvalitetar, inviterte og engasjerte me kunstnarar på nasjonalt nivå - med stor geografisk, aldersmessig og uttrykksmessig breidde.

I vårt val av kunstnarar og kunstuttrykk arbeidde me i kunstutvalet etter desse felles definerte og formulerte retningslinene:

• Kunsten skulle understreka bygget og institusjonen sine verdiar knytt til pasient og pårørande - «Ein god stad å koma til, ein god stad å vera, ein profesjonell og moderne stad for hjelp, omsorg og lindring».

• Kunsten skulle bidra til å skapa stoltheit rundt arbeidsplassen og eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette.

• Kunsten skulle engasjera og supplera bygget sine arkitektoniske kvalitetar. Kunsten skulle tilføra utvalde område auka identitet, eigenkarakter og opplevingsverdiar for brukarane.

Pøbel

Pøbel er namnet på ein norsk kunstnar frå Jæren med ukjent identitet. Det er først og fremst som gatekunstnar Pøbel er kjent, men arbeidet hans består også mellom anna av maleri, skulpturar, stadutvikling og stadspesifikke prosjekt. Nokre av dei første verka hans oppstod i Stavanger, men han fekk det nasjonale gjennombrotet då han begynte å dekorera forlatne bygningar i Lofoten på midten av 2000-talet. I dag er han ein internasjonalt kjent og etablert kunstnar som har gjennomført mange store prosjekt i Nord-Noreg og rundt om i verda.

I 2006 starta han kunstprosjektet «Øde dekor» saman med Olav Kvalnes. Øde dekor-prosjektet var opphavleg meint som ein spøk; berre eitt hus vart malt i starten, men så vart det laga ein katalog som viste ei rekkje forlatne bygningar med kunstverk på veggane for å lura både turistar og lokale til å reisa ut i distrikt der dei berre ville finna gamle, falleferdige hus. Ideen var å få folk til å tenkja på meininga av forlatne bygningar og fråflyttinga i distrikt i NordNoreg. I 2007 vart kunstkollega Dolk (Andreas Hamran Færø) invitert til å vera med i prosjektet som då vart omdøypt til «Ghetto Spedalsk». Verket av Pøbel, som no er montert i RNH, har sitt direkte opphav frå eit av dei store prosjekta hans i Lofoten.

01 Kantine

Ingrid Haukelidsæter

100 x 115 cm 2021

Ingrid Haukelidsæter – 1968

Ingrid Haukelidsæter er ein norsk biletkunstnar som er fødd og busett i Stavanger. Ho arbeider vekselvis med grafikk og maleri og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Rogaland og Villa Arson Nice, L`ecole International d`Arte et Recher- che i Frankrike. Ingrid Haukelidsæter arbeider i eit abstrakt formspråk. Ho er opptatt av rørsle og brukar erfaringane sine frå dans i den kunstnariske uttrykksforma si. Ho er opptatt av å fanga augneblinken, konsentrasjonen og deltakinga, og ho oppfattar grafikk som «forenklingens kunst». Det er først og fremst det formale - biletspråket - som inspirerer og utfordrar henne. Avgrensinga og utfordringa ved å skapa spenning, balanse og rørsle innafor ei definert, todimensjonal flate er ein kontinuerleg og interessant prosess. Motstanden teknikkane gir, er også ein viktig del av arbeidet, som både er prega av raske, presise avgjersler og eit meditativt element. Med transparente lag og kraftfull koloritt byggjer ho opp bileta sine. Ingrid Haukelidsæter har halde ei rekkje separatutstillingar, både nasjonalt og internasjonalt, og ho er innkjøpt av fleire offentlege og private muséer og institusjonar.

Øyvind Hovland – 1977

Øivind Hovland er ein norsk illustratør, oppvaksen på Sotra, men sidan 2006 har han vore busett i England i byen Bath. Han har si kunstnariske utdanning frå Edinburgh College of Art i Skottland i tillegg til at han har studert kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Etter studiane arbeidde han ei tid som grafisk designar i Bristol, England, før han gjekk over til å arbeida med illustrasjonar på heiltid. I dag er han ein internasjonalt etablert og anerkjent illustratør, som har vunne ei rekkje prisar, og som leverer illustrasjonar til store og kjende aviser, magasin og bokforlag over heile verda.

This article is from: