Misjonstidende nr. 3 2022

Page 19

TEMA | Verdens viktigste jobb

Ein stille motstand NMS vart kritisert for å gjere for lite motstand mot apartheidregimet. Stemmer det?

Helene Reite Uglem Illustrasjonsfoto: Kristian Mjølsneset

Hans P. Schreuder og NMS kom til Zululand i 1843. Området ligg søraust i Sør–Afrika og utgjer i dag provinsen KwaZulu–Natal. Men, la oss spole 100 år fram, til 1954, då ei sjølvstendig zulukyrkje blir oppretta i eit land prega av apartheidregimet. Korleis forheldt NMS seg til dette? Kvifor verka dei passive sett frå utsida? Anne Karin Kristensen, misjonsekretær for Sør–Afrika på 90–talet, ønskjer å få fram eit meir nyansert bilete av NMS sin apartheid­motstand. SVARTE OG KVITE

– Då zulukyrkja vart oppretta i 1954, vart den organisert som ein føderasjon av regionale kyrkjer. Men regionane var rasedelte, og det same vart difor kyrkjene. Det fekk langsiktige konsekvensar ein ikkje hadde sett for seg, byrjar Kristensen. NMS sam­arbeidde med den svarte zulukyrkja. I 1975 vart den landsdekkande kyrkja, The Evangelical Lutheran Church of Southern Africa (ELCSA) og NathalTransvaal (ELCSA–NT), oppretta. – NMS samarbeidde med ELCSA, som i hovudsak var svart og knytt til det søraustre

bispedømmet. ELCSA–NT var kvit og tyskdominert. NMS OG ELCSA

ELCSA blir etter kvart medlem av kyrkje­ rådet i Sør–Afrika (SACC) og engasjerer seg mot apartheid der. Også i Noreg veks engasjementet, men i NMS seier misjonær­ instruksen at «du skal ikkje engasjere deg politisk. NMS skal ikkje splitte, men forene.» – Kvifor denne regelen? – NMS kunne blitt sendt ut av landet, og enkeltmenneske kunne fått straff og represaliar. Misjonærane kjende på ein enorm lojalitet overfor ELCSA i KwaZuluNathal, som dei først og fremst var der for, svarer Kristensen og legg til: – Det viktigaste var å forkynne Guds ord. I dag tenker ein meir integrert om misjon, at det å utrydde fattigdom og kjempe mot urett er ein del av evangelieformidlinga. NMS–misjonærane budde i kvite område. Barna gjekk på kvite skular, og familiane hadde fleire privilegium, men med ein bismak. Brev heim viser sterk misnøye med regimet. ELCSAS MOTSTAND

I KwaZulu–Natal var provinsleiar Prins Buthelezi engasjert i Inkatha, ei av fleire

Anne Karin Kristensen, tidlegare misjonssekretær for Sør-Afrika

motstandsrørsler i landet. Var du verkeleg zulu, var du med her, meinte han. Ikkje alle i ELCSA støtta rørsla som etter kvart fekk valdelege og zulunasjonalistiske tendensar. Det er delte meiningar om Buthelezi klarte å gjennomføre ei ikkje–valdeleg linje, men sjølv seier 93–åringen at han aldri deltok i dette. – Han vart opplært av fredsprisvinnar Albert Luthuli og vert i dag sett på som ein av dei store frigjerings­ heltane av zuluane. MISJONSTIDENDE 03/ 2022

19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Misjonstidende nr. 3 2022 by Det Norske Misjonsselskap - Issuu