
9 minute read
APARTHEID
Ein stille motstand
NMS vart kritisert for å gjere for lite motstand mot apartheidregimet. Stemmer det?
Helene Reite Uglem Illustrasjonsfoto: Kristian Mjølsneset
Hans P. Schreuder og NMS kom til Zululand i 1843. Området ligg søraust i Sør–Afrika og utgjer i dag provinsen KwaZulu–Natal. Men, la oss spole 100 år fram, til 1954, då ei sjølvstendig zulukyrkje blir oppretta i eit land prega av apartheidregimet. Korleis forheldt NMS seg til dette? Kvifor verka dei passive sett frå utsida? Anne Karin Kristensen, misjonsekretær for Sør–Afrika på 90–talet, ønskjer å få fram eit meir nyansert bilete av NMS sin apartheidmotstand.
SVARTE OG KVITE – Då zulukyrkja vart oppretta i 1954, vart den organisert som ein føderasjon av regionale kyrkjer. Men regionane var rasedelte, og det same vart difor kyrkjene. Det fekk langsiktige konsekvensar ein ikkje hadde sett for seg, byrjar Kristensen.
NMS samarbeidde med den svarte zulukyrkja. I 1975 vart den landsdekkande kyrkja, The Evangelical Lutheran Church of Southern Africa (ELCSA) og NathalTransvaal (ELCSA–NT), oppretta. – NMS samarbeidde med ELCSA, som i hovudsak var svart og knytt til det søraustre bispedømmet. ELCSA–NT var kvit og tyskdominert.
NMS OG ELCSA ELCSA blir etter kvart medlem av kyrkjerådet i Sør–Afrika (SACC) og engasjerer seg mot apartheid der. Også i Noreg veks engasjementet, men i NMS seier misjonærinstruksen at «du skal ikkje engasjere deg politisk. NMS skal ikkje splitte, men forene.» – Kvifor denne regelen? – NMS kunne blitt sendt ut av landet, og enkeltmenneske kunne fått straff og represaliar. Misjonærane kjende på ein enorm lojalitet overfor ELCSA i KwaZuluNathal, som dei først og fremst var der for, svarer Kristensen og legg til: – Det viktigaste var å forkynne Guds ord. I dag tenker ein meir integrert om misjon, at det å utrydde fattigdom og kjempe mot urett er ein del av evangelieformidlinga.
NMS–misjonærane budde i kvite område. Barna gjekk på kvite skular, og familiane hadde fleire privilegium, men med ein bismak. Brev heim viser sterk misnøye med regimet.
ELCSAS MOTSTAND I KwaZulu–Natal var provinsleiar Prins Buthelezi engasjert i Inkatha, ei av fleire

Anne Karin Kristensen, tidlegare misjonssekretær for Sør-Afrika
motstandsrørsler i landet. Var du verkeleg zulu, var du med her, meinte han. Ikkje alle i ELCSA støtta rørsla som etter kvart fekk valdelege og zulunasjonalistiske tendensar. Det er delte meiningar om Buthelezi klarte å gjennomføre ei ikkje–valdeleg linje, men sjølv seier 93–åringen at han aldri deltok i dette. – Han vart opplært av fredsprisvinnar Albert Luthuli og vert i dag sett på som ein av dei store frigjeringsheltane av zuluane.
Relasjonen til NMS–misjonærane har vore viktig støtte både i og kyrkjearbeidet og motstandskampen hevdar han i dag.
HEMMELEGE MØTER Grunna valdelege tendensar i Inkhata, kunne ikkje NMS sine fastbuande misjonærar engasjere seg i denne. Ei liknande motstandsrørsle, ANC, fekk støtte frå Desmond Tutu, Den anglikanske kyrkja og etter kvart Den norske kyrkje (DNK). –Fleire bøker skildrar DNKs innsats i ANC, dei nære relasjonar til leiarane og pengar som vart smugla over grensa i regi av kyrkjerådet. Fleire lutheranarar i Noreg og i Sør–Afrika stussa over at DNK ikkje kopla seg på lutherske ELCSA, påpeiker Kristensen.
I Noreg vaks engasjementet, men også debatten. Kor var NMS? –Eg har sjølv tenkt at NMS skulle hatt ei sterkare røyst i denne tida, fortset Kristensen. –Men motstandarar i Noreg hadde fordelar som fastbuande misjonærar ikkje hadde. Dei gjekk inn og ut av landet i kortare periodar og hadde ein brei opponion i ryggen. Det var farleg, men likevel noko anna enn å bu midt i kampens hete.
Så NMS–misjonærane valde ein annan strategi. –Dei var først og fremst saman med folket i kyrkjelydane, men eg har også funne fleire bilete av ANC–leiar Albert Luthuli i møter på NMS sin store misjonsstasjon Umpumulo. Det vart ein slags fristad for motstandarar som hadde hemmelege møter. Nokre NMSmisjonærar deltok også, har ho sett. –Her diskuterte ein korleis kyrkjene kunne forhalda seg til den stadig meir tilspissa situasjonen for dei svarte. Sidan det var hemmeleg, er det sparsamt med referat, fortel Kristensen som undrar seg over at ingen vart arresterte. Såg myndigheitene mellom fingrane? – På eit møte i 1968, der representantar frå fleire kyrkjesamfunn, inkludert lutheranarane, var til stades, vart Umpumulo–erklæringa vedteken. Den seier at dei forkasta apartheids ideologi og politikk.
I 1961 fekk Luthuli Nobels fredspris for sin kamp mot apartheid. –NMS–misjonærane støtta opp om kandidaturet, og han vart den første afrikanaren som fekk prisen. Diverre vart han tatt av dage av regimet, fortel Kristensen.
Brev og papir som har kome fram i ettertid viser at misjonærane også engasjerte seg lokalt. –Ella Wohlberg underviste svarte i skjul på farmen sin, trass i at ho risikerte arrestasjon og fengsel. Fleire år etter at apartheid tok slutt, vart mannen hennar skoten i heimen av kriminelle og døydde.
1994 Apartheidregimet vart oppløyst i 1994. Same år vert Anne Karin misjonssekretær. –Noko av det første eg var med på, var partnarmøte med ELCSA og Den svenske kyrkja i Jerusalem. Framtida såg lys ut. Det var entusiasme og glede. Likevel skulle det vise seg at ikkje alt var så enkelt.
Apartheid var slutt, men det var få planar for vegen vidare. Nelson Mandela samla folket, men trass i mykje støtte, vart oppgåva krevjande. For i kjølvatnet av regimet stod ulike grupper som ikkje snakka saman. Naboar hadde blitt fiendar. Kampar, hemn og hat gjekk i arv til neste generasjon. –Det skjedde mykje bra gjennom erkebiskop Tutus Truth and Reconsiliation Commission, men tilgjeving og forsoning tek tid, legg ho til.
Mange kvite hadde flytta frå landet då regimet vart oppløyst. Dei etterlet seg store farmar, og det var ikkje lett å få organisert landbruket på nye måtar. –Mykje kompetanse for ut av landet. Dei kvite som var igjen mista pengar og posisjon, og fleire av dei er fattige i dag, seier Kristensen og legg til: –HIV/Aids ramma hardt. Ikkje minst har mangelen på skule og utdanning for svarte, både under og etter apartheid, gjort sitt. Dei økonomiske ressursane strakk ikkje til, og det var for mykje av dei eksisterande strukturane som blei skrota. Kriminaliteten auka, valdtekter og drap blei daglegdags. Det har vore mykje politisk usemje. Konsekvensen av apartheid ser ein i dag i form av den svært skeive fordelinga av ressursar, berre mellom andre grupper enn under apartheid.
FOREINING Som misjonssekretær var Anne Karin observatør i samtalar mellom ELCSA og ELCSA–NT. Kunne dei no foreinast? –Under regimet var ELCSA–NT passive i frykt for å miste privilegium. Dei er framleis redde for å miste posisjon, og svarte fryktar å bli underlegne, spesielt når det gjeld utdanning. Dei to kyrkjene har lenge samarbeidd om presteutdanning, men dei siste åra er fleire presteutdanningar lagt ned og ELCSA har stor prestemangel. Samtalar om foreining av dei to kyrkjene har ikkje ført fram til denne dag, kan Kristensen fortelje.
På partnarmøtet i Jerusalem i 1994, kom det fram at ELCSA heller ønskte kyrkjelege partnarar framfor organisasjonar. –Og i Noreg gjekk debatten om kor lenge ein misjonsorganisasjon skulle halda på i eit land. Var det tid for å trekke seg ut? Slik gjekk det til at DNK fekk NMS sin plass som formell partnar for ELCSA.
Men NMS fortsette å ha misjonærar i landet, og NMS og ELCSA samarbeidde vidare om presteutdanning, HIV/Aids, leiaropplæring, kvinners rettar og utveksling.
VEGEN VIDARE ELCSA har i dag 560 000 medlemmar, men få prestar. Difor vitja NMS ELCSA i mars. Gjensynsgleda mellom dei to partnarane, eit 180 år gammalt venskap, var stor. –Kor går vegen vidare for samarbeidet? –ELCSA ønskjer å samarbeide med NMS og DNK for å få på plass presteutdanning. Dei planlegg å bruke den gamle misjonsstasjonen Umpumulo. Det er også snakk om å samarbeide om ulike former for utveksling. No er samtalane kring dette i gang, svarer generalsekretær Helge Gaard som merka at det framleis er eit sterkt band mellom ELCSA og NMS. –Som biskop Myaka sa om møtet: Det var som om vår felles historie vart levande og ga oss ny energi.
Lagleder, ikke sjef
– Vi er ikke bedre enn det vi får til sammen, sier Siri Bloch Lindtveit (48) som denne våren tar over som daglig leder i NMS Gjenbruk.
Trond Hjorteland
Siri er trebarnsmor, gift med en bonde og bor på en gård i Klepp på Jæren. Hun er ikke den mest «tittgjengde» i grisefjøset, men engasjement for gjenbruk har hun, om det er snakk om oldemors gamle møbler eller lekre, franske metallstoler anskaffet på Finn. – Jeg hater å skru! Derfor er gjenbruk helt genialt. Når Ikea har hatt problemer med å levere under pandemien, har jeg bare bestilt på Finn og fått brukte, ferdigmonterte møbler til en billig penge – helt strålende! – Mannen min frykter at han må bygge på huset nå som jeg blir daglig leder i NMS Gjenbruk, sier Siri og ler.
2500 FRIVILLIGE Med 2500 frivillige, 51 gjenbruksbutikker, ett lysstøperi og seks ansatte er det en stor lederoppgave som venter på Siri. Selv har hun KrF-leder Olaug Bollestad sitt mantra om å «være lagleder, ikke sjef» som kompass for oppdraget. I bagasjen har hun ledererfaringer som gruppeleder i Klepp KrF, styreleder i Søndagsskolen og jobben som daglig leder i Sola menighet som hun nå slutter i. – Hvordan blir det å lede en virksomhet med 2500 frivillige medarbeidere? – Det blir kjempespennende! Det er en litt annen greie enn å lede ansatte. Det er noe med å være fri og villig. Det er ikke det samme som driver hver enkelt. Målet må være å finne motivasjonen hos den enkelte og vite hva som skal til for at folk blir med. Det er viktig å ha et overordnet mål som de frivillige kan slutte seg til, uavhengig av personlig drivkraft. I Søndagsskolen har vi «Jesus til barna», en visjon som samler bredt og gir retning.

GJENBRUK: Siri Bloch Lindtveit på besøk i NMS Gjenbruk på Sola. Foto: Joan Rege
FASCINERT Selv søkte Siri jobben etter å ha fulgt med på utviklingen i gjenbruksbransjen en del år. Da hun fikk tilsendt jubileumsboka til NMS Gjenbruk, ble hun fascinert over utviklingen som har vært. – Jeg jobbet i NMS da Rune Rasmussen og Kurt Johansen styrte på for få i gang gjenbruksbutikker. Jeg husker at vi som jobbet med økonomi i NMS var i villrede om hva vi skulle gjøre med alle kontantene som kom inn fra de første butikkene. Det var en bratt læringskurve, men det ble en suksesshistorie. NMS får inntekter til arbeidet, samtidig som butikkene er et kinderegg av fellesskap, misjon og miljø. Det å få være med på et oppdrag som gir mening, trigger meg, sier Siri.
Hun vender tilbake til misjonsbefalingen i Matteus 28 og opplever at oppgavene hun står i, både i Søndagsskolen, politikken, Den norske kirke og NMS, er en del av det store misjonsoppdraget. – Tenker du på deg selv som en misjonær? – Jeg har grunnet litt på det og kom til å tenke på boka «Der du er» av Ole-Magnus Olafsrud. Den handler om at du kan utføre en tjeneste eller oppgave akkurat der du er. Det perspektivet tror jeg er sant og viktig. I en slik definisjon av det å være misjonær, vil jeg svare ja. – Hvor er NMS Gjenbruk om fem år? – Jeg håper det fremdeles er det økono miske beinet NMS trenger, og at vi får enda flere butikker og dyrker tilhørighet, fellesskap, misjon og miljø. I tillegg håper jeg NMS Gjenbruk har styrket sin posisjon i det stadig økende gjenbruksmarkedet.