Jobben er grunnmuren i m Me har studentar på jobben min nett no. Dei er eit kjærkomme årleg innslag. Først snur sola, så er det nytt år- og så kjem studentane. Som eit lite vårslepp får me besøk av unge krefter som jagar mørketida ut og får oss til å ville visa oss frå vår beste og mest faglege side.
Fordelen med studentar er jo at dei framleis er «ny i nasen» som bestemor sa det. Dei har nye auge, opne hjarte og vakne hovud. ? Me i teamet oppfordrar dei til å sette ord på det dei observerer på arbeidsplassen vår og ynskjer at dei spør oss ut på kvifor me gjer som me gjer. Me tilsette set vår ære i å gje svar som er fagleg forankra. Det fine er at leiinga også ser at å ha studentar er god strategi. Det forsterkar faglegheita, motvirkar fastgroing og «just because»- tiltak som ikkje kan fagleg begrunnast. I det store biletet tenkjer eg det er arbeidsplassen som går i pluss på å ta studentane imot. Så var det grunnen til at eg har fått anledning til å skriva i Metaforum. Eg har sjølv kasta meg utpå og blitt student igjen. Og eg tenkte at no må eg bruka ny-blikket medan eg har det. Og eg såg? og eg såg og eg såg og eg såg? . og oppdaga at det eg såg var at eg er heilt aleine. Ikkje aleine som menneske- studiet er
40
Metaforum - Mars 2021
krutlande fullt av usedvanleg kjekke folk. Men som representant for mitt felt- arbeid og inkludering- er eg så langt eg kjenner til heilt aleine på kullet. Så kan ein jobbspesialist med utdanning i organisasjon og leiing henga litt med nebbet over å ikkje ha helse og sosialfagleg bakgrunn og heller ingen fagfeller på kullet. I eit svakt augeblikk begynte eg å tvila på om eg var på rett plass. Men det varte heldigvis ikkje så lenge før eg fant ut det var mykje nyttigare å tenka at i familieterapien er eg eit nisjeprodukt! Det neste eg gjorde var å bla meg bakover i Metaforum. Så langt eg har greidd å sjå i tidlegare utgåver har eg ikkje funne artiklar skriven med utgangspunkt i arbeidsinkludering. -Kanskje eg i framtida kan vere med og endre på det. Eg heldt fast på at eg er på rett plass, til rett tid. Arbeidsinkluderinga har gjennomgått eit paradigmeskifte siste åra. Me har gått frå eit reparasjonsfokus der individet skulle takast til sides og