Metaforum - Mars 2021

Page 10

R e f l e k s jo n a r g y l d ig k u n Det du ser , er al dr i fr åk opl a fr å k ven du er , seier Kn au sgår d i sjette og siste bin d av «M in k am p». Ei så en k el for m u l er t og k an sk je sjøl vsagt påstan d, dan n ar gr u n n l aget for ein vik tig r efl ek sjon over det essen siel l e og k om pl ek se. For k ven er eigen tl eg den som ser ? Tek st : Arnstein Søvik Lat oss byrje denne refleksjonen med ei biletleg forteljing. Ifølgje historia hende det noko betydeleg, men likevel heilt naturleg, ein mild haustdag rundt 1680. Ein ung mann har akkurat sett seg godt til rette under eit stort tre, ein stad på landsbygda i Woolsthorpe, England . Der, under treets frodige lauvkrone, dekorert med runde, raude frukter, har den unge søkt ly frå den heite sola. Han kviler seg. Både kropp og sinn trengde det no. Omgjevnadene, mjuke for alle sansar, er skapt for rekreasjon. Forholdet mellom desse to, treet og mannen, skulle syne seg å verte opphav til ny lærdom. Lauva raslar forsiktig i den milde brisen. Frukta er moden no. Stadig inntak av næring, vekst, etterfylgt av fleire dagar med tøke, har alt gjort sitt. Naturen har gjeve sitt. Treet har utført denne operasjonen så

10

Metaforum - Mars 2021

lenge nokon kan hugse. Ein sprø liten stilk. Den som ein gong gav livsviktig næring til ein liten bukett av blomar, har endeleg spelt ut si rolle. Gradvis har stilken tørka og hardna. Så, heilt ut av det blå. Eit vindpust snur seg og kjem mot treet frå ei annan retning. Pusten frå naturen løftar opp ei grein. Nokre eple setjast i bevegelse. Mannen myser refleksivt tilbake mot sola som lyste på han. Sinnet vert klart. No hugsar han kva oppgåve han hadde føre seg. Då, nøyaktig då, skjer det. Augneblikken. Kva eller kven som har regien i denne akta er enno ikkje kjent. Mannens blikk heng tomt i lufta. Stilken slepp taket i greina si. Laust, der i lufta kvilar det raude eplet. Men ikkje lenge nok til at noko auge kan sjå det. Jorda har alt kalla det til seg. Det fell. Gjennom lauv, forbi greiner og med andre


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.