NETT NO - ÅRG 4 / UTG 1 / 2016

Page 30

DET ÅRET MYKJE VART SNUDD PÅ HOVUDET Av: Kjetil Haanes

Offshorenedturen snudde det meste på hovudet i fjor. Vinnarar vart taparar, og ytredominansen vart brått viska ut.

NEDTUR: Ulstein-baserte World Wide Supply var første offshoreselskapet som gjekk på ein smell. Her speglar eitt av skipa seg i Diamanten, der Havila Shipping held til, eit anna selskap som slit. Men her har også Åge Remøy og In Nor Vest flytta inn, det siste offshoreseselskapet som er oppstarta.

Dette viser NETT NO sine næringslivsstatistikkar for 2015, der vi har sett på ei rekkje forhold som viser aktiviteten i næringslivet i dei 23 kommunane på Nordvestlandet. I 2014 trona Ålesund, Herøy og Ulstein på topp på mange av statistikkane. I år ligg desse tre næringstunge kommunane på botnen når det gjeld gjennomsnittsresultatet i bedriftene før skatt. STORE ULSTEIN-TAP

Aller verst er det i Ulstein der kvar bedrift i snitt tapte over 27 millionar kroner i fjor, men det er ikkje stort betre i Herøy der snitt-tapet var 17 millionar kroner. Situasjonen hadde vore endå verre om det 30

NETT NO

ikkje samstundes var gode tider i fiskeri og oppdrett, spesielt for Herøy sin del.

nedskrivingar. Den negative utviklinga for offshoreselskapa har halde fram i år.

Det er verfts- og offshoreindustrien med tilhøyrande underleverandørar som dreg snittet kraftig ned. Kleven Verft tapte i fjor 230 millionar kroner, Ulstein Verft tapte 113 millionar, medan Island Drilling Company hadde eit resultat før skatt på formidable 2,7 milliardar kroner. I minus.

SYKKYLVEN OG STRANDA

I Herøy hadde eit selskap som Havila Shipping eit negativt resultat før skatt på 774 millionar kroner, medan Bourbon Ship ikkje var mykje betre med minus 471 millionar. I Ålesund gjekk Farstad-selskapa på solide smellar i fjor, mykje på grunn av

Ein må til indre deler av Nordvestlandet for å finne dei bedriftene som leverte best resultat i fjor. Aller best er nabokommunane Sykkylven og Stranda. Også Ørsta skårar høgt, det same med Haram. I Sykkylven dreg J. E. Ekornes og Ekornes ASA godt opp snittet, men selskap som IMG Group og Møre Trafo bidreg også sterkt. I Stranda driv selskap som Norsk Sjømat, Platina Seafood og K. Nordang godt.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.