Syn og Segn_1.21

Page 1

SYN og SEGN 1 . 21 TIDSSKRIFT FOR KULTUR, SAMFUNN & POLITIKK

DET NORSKE SAMLAGET / PRIS KR 129 / 126. ÅRGANG

tema

771011 9

770039

RETURUKE 20

TIDSAM 1322-01

01

norske tabu

lars-henrik paarup michelsen tek for seg dei tre største tabua i den norske klimadebatten

olaug nilssen om metoo i den norske forlagsbransjen

lars holm-hansen om filosofen Martin Heideggers åndelege nasjonalsosialisme


leiar

Redaktør Astrid Sverresdotter Dypvik

DET VI IKKJE S NA K K A R OM I ei tid som feirar tabubrot, er det eigentlege tabuet å hevde at tabu kan vere bra for oss.

SYN OG SEGN ADRESSE Syn og Segn Postboks 4672 Sofienberg 0506 Oslo ISSN 0039-7717 ISBN 978-82-340-0639-5 Organisasjonsnummer 935 305 314 Kontonummer 8101 07 00159

4 | SYN OG SEGN 1–2021

ANSVARLEG REDAKTØR Astrid Sverresdotter Dypvik Tlf: 91809653 E-post: astrid@synogsegn.no Foto til leiar: Ketil Blom Haugstulen EIGAR Litteraturselskapet Det Norske Samlaget Postboks 4672 Sofienberg 0506 Oslo

i dag er vi alle opne, opplyste og tolerante. Brot med tidlegare tiders konvensjonar og skamkjensle blir feira med hjarte og likes i sosiale medium. Det eigentlege tabuet blir kanskje å insistere på at eit tabu også kan vere av det gode? Thomas Hylland Eriksen, som er professor i sosial­ antropologi ved Universitetet i Oslo, påpeikar i denne utgåva av Syn og Segn at det er gode grunnar til at ein som samfunn opererer med tabu. Hos Sigmund Freud er tabuet det som siviliserer mennesket og tek det vekk frå den dyriske naturen. I boka Totem og tabu framhevar han fadermordet og incest som tabu. Og dei fleste av oss er einige om at dette er tabu det er god grunn til å halde fast på. For dei aller fleste av oss er også det å vere rasist, fascist, antisemitt eller nazist tabu. Vi ser ingen grunn til at det skal vere sosialt akseptert. Det siste året har eg arbeidd med ei bok om høgreekstremisme. Eg har brukt mykje tid med folk som kan skildrast med både ein og fleire av desse merkelappane. Mange av dei har omtrent same tabu som oss. Eg har snakka med folk som uttrykker soleklart rasistiske synspunkt, men som vegrar seg mot å bli kalla rasist. Eg har også møtt personar med politiske synspunkt som ligg så tett opp til nasjonalsosialismen at ein må ha spesiell inte­ resse for politisk idéhistorie for å få auge på forskjel­ lane. Men også dei uttrykte forakt for militærboots og snauskallekultur hos dei som sjølv omtalar seg som nazistar. Dei blir like dødeleg fornærma som alle andre om nokon skulle finne på å kalle dei rasist, fa­ scist, antisemitt eller nazist. Samfunnsforskarar ser aukande framandfrykt og rasisme som ein reaksjon på usikre tider og eskale­ rande sosiale forskjellar. Filosofen Theodor Adorno skildra tilhengarane av slike idear som personar med ein autoritær karakter.

REDAKSJONSRÅD: Cecilie Seiness Marit Eikemo Inger Johanne Sæterbakk Sindre Hovdenakk Anja Sletteland Håkon Kolmannskog

TRYKK BK Grafisk AS FRAMSIDE 1/2021 Illustrasjon: Björk Bjarkadottir

SPRÅKVASK Aud Søyland

ABONNEMENT Ordinært årsabonnement: 425 kr Studentar og elevar: 350 kr Institusjonar og bedrifter: 625 kr

DESIGN OG ILLUSTRASJON Blæst | Björk Bjarkadóttir

Abonnement kan du bestille her: www.synogsegn.no/abonnement


Dette er personar som er konvensjonelle, lite fleksible, overkontrollerte og upersonlege. I tillegg er den auto­ ritære karakteren utprega hierarkisk. Han bøllar med dei han meiner å ha under seg, og kryp for dei han oppfattar står over han. Ideen er vidareutvikla av sam­ funnsvitaren Karen Stenner. Ho skildrar hangen til det autoritære som ein psykologisk disposisjon. Han kan bli trigga av politisk uro og store omveltingar. Innanfor desse forklåringsmodellane blir den høgre­ radikale eit slags offer for samfunnet, eigen person­ legdom eller begge delar. Men det er litt vanskeleg å sjå filosofen Martin Heidegger i det lyset. Heidegger er ein del av den vestlege filosofiske kanon. Han er eit obligatorisk namn for alle som skal ta ex.phil. på uni­ versitetet. Og han var nazist. Filosofen og forleggjaren Lars Holm-Hansen er for tida i gang med å omsetje Heideggers svarte hefte til norsk. Desse hefta vart skrivne i åra 1931–1959, men vart først publiserte i 2014, etter Heideggers eige ønske. I dei svarte hefta trer Heideggers nazisme og den sterke antisemittismen hans svært tydeleg fram. Holm-Hansen fortel i artikkelen sin kva det er som gjer at han vil publisere hefta. Dei tabubrota som får hjarte og likes på sosiale me­ dium, er av eit anna slag. Mange handlar om at den eines tabu er nokon andre sin fridom. Det er denne forståinga av tabu som er bakgrunnen for å intervjue Geir Hagland her i Syn og Segn. Han var den første opne homofile på Helgeland, og ein av dei mange pionerane som var med på å gjere homofile til ein synleg del av den norske kvardagen. Andre tabubrot handlar om å plassere skuld og an­ svar. Heiarop frå sidelinja er med på å frigjere den som har vore offer for handlingar som ikkje er sosialt akseptable, frå den skamma dei sjølv føler på grunn av det dei har blitt utsette for. Dette er ein premiss

Abonnementet gjeld til det blir sagt opp. Abonnentar er medlemmer av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Dei som ikkje ønskjer medlemskap, må seie ifrå om det. Det Norske Samlaget er eit uavhengig litteraturselskap som gjev ut bøker på nynorsk.

Medlemmene kan kjøpe bøker frå Det Norske Samlaget med minst 12,5 % rabatt.

for metoo-kampanjen. I spalta Nett no skriv Olaug Nilssen om metoo i norsk forlagsbransje. Eg er ny som redaktør i Syn og Segn. Dagen før eg fekk vite at eg hadde fått jobben, sykla eg i full fart nedover ein bakke. Det enda med eit brak. Eg flaug over styret og landa i asfalten med hovudet først. Etterpå børsta eg støvet av jakka og hasta vidare. Det viste seg å vere det dummaste eg kunne ha gjort akkurat då. Krasjet hadde gitt meg hjerneristing. Det at eg ikkje stoppa opp, gjorde at han utvikla seg til å bli av det vondarta slaget. Så der sat eg, med ein spennande jobb og eit hovud som slett ikkje fungerte. Difor: Syn og Segn er framleis i ferd med å finne ei ny form. Det

DET ER GODE GRUNNAR TIL AT EIN SOM SAMFUNN OPERERER MED TABU.

blir ingen revolusjon i nummer 1/2021, men det vil bli evolusjon gjennom året. Kvifor fortel eg så detaljert om eige hovud? Truleg handlar det om eit særnorsk tabu. Den tyske journa­ listen Alva Gehrmann, som har budd i Noreg i fem år, set ord på det i essayet ho har skrive for Syn og Segn. Gehrmann skriv at det som synest å vere det mest uglesette av alt her i landet, er å sitte inne og å ikkje gjere noko. Tittelen på artikkelen er «Stillstand for­ bode». Eg satsar på å gjere det til motto for Syn og Segn. l

Syn og Segn er ikkje ansvarleg for materiale som ikkje er bestilt.

LAUSSAL Syn og Segn kan kjøpast i Narvesen og andre storkioskar rundt om i landet. Pris: 129 kr.

Syn og Segn er eit frittståande tidsskrift. Syn og Segn er medlem i Norsk Tidsskrift­forening, tidsskriftforeningen.no og i Eurozine, eurozine.no

MANUS Framlegg til artiklar kan sendast på e-post til post@ synogsegn.no

Syn og Segn blir gjeve ut med økonomisk støtte frå Norsk kulturråd, Stiftelsen Fritt Ord og Stiftinga Det Norske Samlaget.

Syn og Segn er ikkje eit organisasjonstidsskrift, men er eit frittståande kulturtidsskrift og arbeider etter reglane for god presseskikk i Ver Varsam-plakaten. Den som kjenner seg urettmessig råka, blir oppmoda om å ta kontakt med redaksjonen.

TEMA: NORSKE LEIAR TABU | 5


D E T ST O R E B I L E T E T

KIRSTEN OPSTA D / Kaktus

6 | SYN OG SEGN 1–2021


EMNE NORSK SKRIFEKULTUR | 7

TEMA

Norske tabu vi lever i ei tid der brot med tidlegare tiders tabu blir feira med tommel opp og smilefjes i sosiale medium. Men tabua si tid er ikkje over. Lars-Henrik Paarup Michelsen viser korleis klimadebatten er full av dilemma dei fleste politikarar ikkje vågar å snakke om. Samstundes finst det tabu vi vil halde fast på. Lars Holm-Hansen bryt med eit av dei og gir ut Martin Heideggers «Svarte hefte», tekstane som viser kor integrert nasjonalsosialismen er i filosofens tenking. Alva Gehrmann fortel om korleis ho oppdaga dagens norske tabu.


8 | SYN OG SEGN 4–2020

KIRSTEN OPSTA D / Kaktus

Filosofen Martin Heidegger (1889–1976) påverka filosofar som Hans-Georg Gadamer, Hannah Arendt og Jean-Paul Sartre. Illustrasjon: Björk Bjarkadottir


TEM A / Nor ske tabu

ÅNDELEG NASJONALSOSIALISME OG ANDRE TABU Kan ein forsvare å omsetje og gi ut ein filosof som stadig oftare blir kalla nazist? Eller kastar ein då glør på bålet i ei farleg tid som vår, der den radikale høgresida er på frammarsj over heile den vestlege verda?

av LARS HOLM-HANSEN filosofen det er snakk om, er Martin Heidegger. For tida omset eg den første samlinga av notatbøkene hans, dei såkalla svarte hefta. Tittelen er Overveielser II–VI (Svarte hefter 1931–1938), og boka kjem ut på mitt eige forlag. Det er ganske sikkert dei som meiner det er kritikkverdig – ja, kanskje forkasteleg, eller direkte farleg – å gi ut desse tekstane. Men kanskje er det nett i ei tid som denne, der det vestlege sivilisasjons­ prosjektet syner teikn til å vakle, at det kan vere noko å hente i Heideggers tenking. Vestens undergang, og denne undergangen som ein mogleg revolusjonær overgang til ei heilt anna menneskeleg samfunnsform, er eit hovudtema i Heideggers tenking. Ein kan difor seie at Heideggers tenking er meir aktuell enn nokosinne. Men dette kjem sjølvsagt an på auga som ser. For dei som er opptekne av å forsvare og ta vare på den eksisterande globale, liberale ordenen mot dei trugsmåla han møter i dag, vil all revolusjonær tenking – anten ho kjem frå venstre eller høgre, eller frå ein heilt annan og ukjend stad – vere farleg og uønskt. Men for alle som er opne for eit radikalt alternativ til dagens røyndom, kan det vere noko å hente i Heideggers tenking, og kanskje særleg i dei svarte hefta, der den politiske Heidegger trer tydelegare fram enn elles.

Eg hevdar altså at Heideggers nazisme – og den kan ein ikkje nekte for – ikkje er uttømmande for tenkinga hans. Heidegger siktar mot ei radikal endring av den kollektive veremåten hjå menneska, ein veremåte som ikkje berre er i strid med nazismen. Han er så rikhaldig at han kanskje kan vise veg mot eit kommande post-vestleg samfunn. Såpass radikal er Heideggers tenking, og såpass radikalt bør ein lese henne.

Skiljet mellom filosofien og politikken Heidegger blei fødd i småbyen Messkirch i Sør-Tyskland i 1889, som son av ein tønnemakar og kyrkjetenar. Han studerte til prest før han gjekk over til filosofien. Han blei berømt med eitt slag i 1927, då hovudverket hans Væren og tid kom ut. I 1933 støtta han Adolf Hitlers maktovertaking. Kort tid etter tok han over som rektor ved Universitetet i Freiburg. Deretter forsøkte han å bli leiar for eit påtenkt nasjonalt akademi for universitetslærarar, der desse skulle få filosofisk skulering for å kunne leie an i det «åndelege oppdraget» som det tyske folket no hadde fått. I denne perioden kom han med illgjetne utsegner som at «Føraren sjølv og berre han er dagens og framtidas tyske verkelegheit og lov». Men utan politisk røynsle hadde Heidegger inga moglegheit til å hamle opp med dei garva politikarane og byråkratane i Det tredje riket. Han trekte seg som rektor etter eitt år, utan å ha fått utretta noko av det

TEMA: NORSKE TABU | 9


STILLSTAND FORBODE Den tyske forfattaren Alva Gehrmann har budd i Noreg i fem år. På reisene sine gjennom landet har ho oppdaga ein del tabu. Og nokre av dei misunner ho oss.

a v A LVA G E H R M A N N viss eg overlever denne turen, blir det sikkert ei flott historie, går det gjennom hovudet mitt, før eg hukar meg saman på dørken og klamrar meg til det høgre beinet til Morten. Lofothavet er opprørt, og mange av bølgjene er høgare enn den vesle, opne motorbåten vår. Men Morten og Hugo lar seg ikkje skremme av det. Tvert imot. Dei to vennane har vore på mykje dristigare turar før. Til dømes då dei sat i ein RIB med stinkande agn og jakta på 600 kilos håkjerringar. Så kvifor ikkje ta ein fisketur i sterk sjøgang og med truande skyer? Eg har panisk angst for å falle over bord og bli slukt – enten det er av havet eller av ein hai.

14 | SYN OG SEGN 1–2021

I denne augneblinken merkar eg at det å ikkje ta den norske naturen på alvor høyrer til dei største tabua. At livet i Noreg skulle føre spenning med seg, burde eg ha skjønt. Det er trass alt mange eventyrarars heimland: Vikingane, Fridtjof Nansen, Roald Amundsen og Erling Kagge er med på å definere biletet av landet like mykje som den forrivne kysten, dei djupe fjordane og fjellkjedene.

God reportasjefangst Det er byrjinga av april, og på same tid går VM i skreifiske føre seg. Medan dei festglade hobbyfiskarane søv ut rusen, ser vi om dei har latt det vere noko til overs til oss. I starten sit eg attmed Morten A. Strøksnes på den smale tofta på 14-fotaren, medan Hugo Aasjord sit framme og styrer den 30-hestars motoren. Ut frå Skrova


TEM A / Nor ske tabu

I ein bitte liten båt på den urolege Vestfjorden forstod den tyske journalisten Alva Gehrmann kvifor det er tabu å ikkje ta den norske naturen på alvor. Biletet viser Vestfjorden med Skrova fyr i bakgrunnen. Foto: Morten Strøksnes

køyrer vi forbi skjer og mot det opne havet. Mørke skyer heng blytungt over oss, under oss er 500 meter djupt hav. Vi har kurs mot den vidgjetne Lofotveggen, som sjøfararane har frykta og kunstnarane teikna. Heldigvis er Hugo så kjend i Vestfjorden at han kan orientere seg sjølv når skumsprøyten står mot dei stålinnfatta brillene hans. På eit tidspunkt slår han av motoren. Dei to tek fram fiskesnøra sine og sular dei saman med plastikkagna ut over ripa. Eg sit i den kraftig gyngande båten og stirer på bølgjene. Plutseleg ser eg stenger som stikk opp av vatnet, og vi driv langsamt mot dei. Straks etter dreg dei to vennane snøra inn utan eit ord. Hugo startar motoren og snur i ein fart. Det er augneblinken då eg hukar meg ned og klamrar meg til Mortens bein. Inne i Skrovabukta lausnar eg langsamt grepet.

Det er augneblinken då eg hukar meg ned og klamrar meg til Mortens bein.

TEMA: NORSKE TABU | 15


Alva Gehrmann skildra sine eventyr i Noreg i boka I did it Norway, som kom i 2019.

Hugo forklarer at stengene markerer fjelltoppar under vatnet, og at ein må passe særs godt på, for det er lett å skade motoren eller båten. Dessutan tjukna vêret til. Hugo understreka seinare over middagen at denne turen verkeleg var harmlaus. «Eg har opplevd mykje verre enn dette!» Morten nikka. Eg trudde dei begge utan vidare, også fordi eg hadde lese Havboka, der Morten skildrar fleire slike turar. Fangsten eg fekk under dei fire dagane på Skrova, var ein usedvanleg magasinreportasje og seinare eit kapittel i sakprosaboka mi, I did it Norway!, der eg portretterte det nordiske levesettet.

mellom dei nordiske nasjonane. Medan den typiske islendingen helst ligg i timesvis og plaskar i varme kjelder, og den klassiske finnen slappar av i saunaen, må mange nordmenn først gå i fleire timar med eller utan ski på føtene før dei har fortent ein pause. Dei fleste eg kjenner, er alltid på tur. Unge mødrer går i Nordmarka med babyane sine bundne fast på magen, bakfulle fyrar midt i førtiåra arrangerer konkurransar om å nå Gaustadtoppen fortast, og folk som jobbar i Oslo, gjer eit sykkelritt av vegen til arbeid og tek del i «Tour de Finance». Sidan naturen alltid er rett rundt hjørnet, har dei tydelegvis dårleg samvit om dei ikkje erobrar han. Nesten like viktig som sjølve turen, ser det ut til, er det å dokumentere opplevingane på sosiale medium. Dei står på hovudet framfor den faretruande avgrunnen eller får vennar til å hjelpe seg med å slepe ei toalettskål opp på fjelltoppen, der dei kan setje seg og posere medan dei les ei avis midt i dei imponerande kulissene. #påtur, #friluftsliv. Men ingenting er likevel betre enn eit foto av løypa. Jo meir folketom, jo betre. Allereie dei første vekene i Oslo blei eg spurd om eg hadde ski. Det var om sommaren! For nykomlingar i Noreg kan berre det å gi seg ut på dei nedisa gatene vere risikabelt. Eg måtte lære å gå på nytt. NRKvideoar tilrår å vagge som ein pingvin – altså legge tyngdepunktet lenger framme, med armane lett utslått. Og framfor alt skal du ver så god ikkje vere redd for å ramle, det er då du ramlar skikkeleg. «Broddar er for gamlingar og utlendingar», sa ein osloensar til meg ein gong, og det er sant å seie forbausande mange enkle turnsko som stig over dei spegelglatte fortaua. Den som vil skildre den norske livskjensla, må naturlegvis stille seg på dei to plankane som betyr alt i verda. «Skiløbningen er den mest nationale af alle

Ut på tur, aldri sur Så redd som eg var på den båtturen, har eg aldri sidan vore. Eg trudde at åra mine på Island og i Finland hadde gjort meg retteleg godt førebudd på Noregseventyret. På Island opplevde eg snøstormar og kjempa meg gjennom oskeskya frå Eyjafjallajökull, og i 40 minusgrader i den finske øydemarka stod eg på langrennsski for første gong. Dei siste fem åra har eg dykka ned i det norske levesettet – og eg oppdagar stadig nye nyansar og skilnader

16 | SYN OG SEGN 1–2021

Forfattaren Morten Strøksnes for anledninga på land, ikkje til sjøs. Foto: Alva Gehrman


Alva Gehrmann på tur med Jostein Gaarder og kledd etter norske ver- og føreforhold. Foto: Einar Aslaksen

norske idrætter», skreiv Fridtjof Nansen i Paa ski over Grønland. Det fekk også det dansk-britiske kongeparet oppdage. For å vinne hjarta til nordmennene må de kunne gå på ski, skal Nansen ha rådd dei til i 1905. Dermed tok dei kongelege med seg den knapt treårige sonen Olav til Fefor Høifjellshotell og let seg undervise av ein lokal skilærar, tidvis med Nansen i følgjet. Rundt 110 år seinare følgde eg dei kongelege spora til Gudbrandsdalen. Passande til nasjonalromantikken som blomstra på den tida, er det raudmåla hotellet bygd i drakestil. Å gå inn i bygget er som å stige tilbake til den tida. På dei trekledde veggane i salongen, attmed ein kopi av Knud Bergsliens måleri «Birke­ beinerne», heng talrike svart-kvitt-foto av Haakon VII, kronprins Olav og grasiøse Maud med den stramt tilsnørte midja si, der dei går på ski. Slik dei òg ein gong gjorde, ser vi ut gjennom hotellvindauga på den tilfrosne innsjøen Fefor. Skilæraren min, kjærasten hans og eg gjekk rundt han på ein solfylt føremiddag. Skogane rundt var pakka inn i kvitt, den centimetertjukke snøen trykte bjørkegreinene ned. Knea mine skalv etter den andre skituren min, men eg var lykkeleg. Og eg skjønte kvifor denne sporten

er så identitetsbyggande – stilla, den friske lufta og den vide einsemda hadde noko frigjerande over seg. Då ein norsk politikar med innvandrarbakgrunn innrømte i eit intervju at ho knapt kunne stå på ski, bad ho meg til slutt om at eg ikkje måtte offentleggjere det. Det er altså ei form for tabu.

Ikkje eit land, men eit oljefirma Eg skal innrømme at evnene mine på ski, så vel som til sjøs, har stort forbetringspotensial, og eg har framleis ikkje eigne ski. Endå eit tabu, eg veit det! Når eg er så open, følgjer eg eit råd frå Jostein Gaarder: «Nordmenn og tyskarar er vennar», sa han på den vinterlege spaserturen vår. «Og vennar skal vere ærlege og kritiske mot kvarandre.» Null problem, tenkte eg. Heilt til eg stadig vekk blei stilt til veggs. Særleg når eg blei spurd ut som representant for «tyskarane». Slik som: Kvifor spring landslagstrenaren dykkar, Jogi Löw, rundt i underbuksa under ein EM-kamp? Stemmer det at de har begynt å bruke bokstaven Ø? Og kvifor er de så galne etter kongefamilien vår? På det første spørsmålet anar eg ikkje svaret. Til det

TEMA: NORSKE TABU | 17


Foto: Alva Gehrmann. Foto nedst til høgre: Einar Aslaksen

Den som sit på kontoret etter klokka tre på ein fredag, er ikkje ein førebiletleg tilsett, men ein som forsømmer familien.

18 | SYN OG SEGN 1–2021


andre kan eg opplyse at det ikkje stemmer, utanom enkelte verksemder som kneipa Møbelverk i Leipzig, og enkelte gonger ironisk meint. Til dømes når Süddeutsche Zeitung lovpriser måljegeren Erling Haaland med overskrifta «Wø ein Wille ist, då ist ein Nørweger» («Der det er ei vilje, er det ein nordmann»). På det tredje spørsmålet sa eg i starten at utanom ivrige tabloidlesarar er dei færraste tyskarar særleg interesserte i kongefamilien. Reaksjonen var irriterte blikk. Om eg ikkje hadde skjønt det før, innsåg eg at den brå ærlegdommen vår lett kan misforståast. Og at eg hadde gjort meg skuldig i ei form for majestets­ fornærming. Teneste i diplomatiet ville eg sikkert ikkje ha kvalifisert meg til. I utlandet blir du likevel automatisk utnemnd til ambassadør for heimlandet ditt. Etter kvart har det blitt eit tabu for meg å uttale meg kritisk utan nærare forklaring på førehand. Eg pakkar det heller inn i fleire lag lovord, som at eg set stor pris på det familieorienterte, likestilte samfunnet, før eg kjem til poenget. Vi kjenner alle fenomenet at vi kan kritisere vår eigen sprø onkel, men når utanforståande gjer det, forsvarer vi han likevel. På den andre sida, når eg er på besøk i Tyskland, spør vennane mine korleis nordmennene rettferdiggjer paradokset at dei dekker sitt eige energibehov med fornybare kjelder som vasskraft, på same tid som dei utvinn miljøskadeleg olje og gjer seg rike på det. Då gjentek eg dei vanlege argumenta, men yndlingssvaret mitt kom Martin Norman frå Greenpeace med: «Noreg er ikkje eit land, men eit oljefirma», meinte han då eg trefte han på kontoret hans i Oslo. «Vi er den sjuande største eksportøren av utslepp i verda.» På spørsmål om kva heimlandet hans hadde vore utan oljen, sa han: «Som Sverige eller Finland. Altså slett ikkje så verst.» Ein må legge til at Martin har budd lenge på Island, og at akkurat som i Finland er det der ei allmenn sportsgrein å gjere narr av eigen heimstad. Då eg budde i Helsingfors, spurde finnane meg stadig kvar eg kom frå. «Hæ? Du har budd i Reykjavík og Berlin, kva gjer du her då? Helsingfors er jo gørr.» I løpet av eit år høyrde eg dette minst femti gonger. I Noreg har det så langt knapt vore nokon som har undra seg på kvifor eg bur her.

Sann rikdom i 20 minusgrader Men mange liker Berlin, og nokre nordmenn har til og med ei «hytte», altså ei eiga leilegheit, i den tyske hovud­ staden. Då eg deita ein norsk bankmann, spanderte han middag i Berlin og sa ironisk at han måtte jo bruke «oljepengane» sine. «Berlin er fattig, men sexy», lydde slagordet til Klaus Wowereit, borgarmeisteren i Berlin for 17 år sidan. Dette slagordet har prega imaget til

metropolen sidan. Rett nok har levekostnadene stige med åra, men etter norske tilhøve er det framleis svært rimeleg der. Medan nokre nordmenn utnyttar dette til eigen fordel, går eg i stikk motsett retning og lever av tyske honorar i dobbelt så dyre Noreg. Det betyr at eg må jobbe dobbelt så mykje. Dermed bryt eg det neste tabuet i landet til verdsmeistrane i aktiv fritid: å arbeide for mykje! Den som sit på kontoret etter klokka tre på ein fredag, er ikkje ein førebiletleg tilsett, men ein som forsømmer familien. Balansen mellom jobb og privatliv og dei sikre, godt betalte jobbane misunner folk dykk – som de veit – over heile verda. På den andre sida har eg eit spennande arbeid, der skiturar og fjellturar høyrer med, og der eg møter herlege menneske som lar meg ta del i livet deira. Enten det er Morten og Hugo i Lofoten, ein samefamile i Kjøllefjord eller ei bondekone i Sør-Fron som forsikrar meg, idet ho blunkar med eitt auge, at ho er ein etterkommar av den ekte Peer Gynt. Uforgløymelege for meg er iallfall nobelpris-seremonien i Rådhuset i Oslo, dagane på Vinjerock og dei seks dagane i Karasjok under «Reinflytting minutt for minutt». Då det gjekk fleire dagar før reinsdyra ville starte, lærte eg halve staden å kjenne i ventetida. Ein kveld sat eg i 20 minus­ grader under den opne stjernehimmelen i lag med ei gruppe rundt eit leirbål. Til ære for den tyske gjesten spelte vertane Nenas «99 Luftballons», og forbløffande nok kunne dei fleste synge med på teksten. Opplevingar som dette er for meg ein sann rikdom. Då eg fortalde om det til ein nordmann, kalla han meg ein «hippie frå Grünerløkka».

På villspor i Nordmarka Samanlikna med islandske tilhøve har eg rett nok ein ganske vanleg jobb. Óttarr Proppé til dømes er bokhandlar og rockestjerne, han har sete i Alltinget og til og med vore helseminister. Krimforfattar Yrsa Sigurðardóttir jobbar ved sida av som byggingeniør, og eg har blitt fortald om ein bankmann som var bussjåfør for turistar i høglandet, berre fordi han syntest det var gøy. Innbyggarane på vulkanøya er alltid fleksible, og sjølv forretningsmøte kan avtalast på kort varsel. Då eg ein fredag i juni i fjor sende ein intervjuførespurnad til presidentparet, kom svaret på måndag. Møtet i presidentbustaden fann stad få dagar seinare. Med vennane sine gjer ein for det meste avtaler same dag, planlegging er bannlyst. Til samanlikning lever dei fleste nordmenn eit heller konformt liv. Mange veit allereie i starten av januar kva dei gjer i kalenderveke 28. I helgene dreg dei stadig på hytta eller i det minste på ei lang dagsutflukt. Men det finst sjølvsagt unntak. Som Are Kalvø, som i Hyttebok frå helvete gjer narr av friluftsgalskapen til

TEMA: NORSKE TABU | 19


TEM A / Nor ske tabu

KVA ER TABU FOR DEG? a v K JA R TA N H E L L E V E

CAMARA LUNDESTAD JOOF (f. 1988) Skodespelar, dramatikar og forfattar Foto: Maria Gossé

I dag er det meir offerrolla som er nærast det å vera eit tabu.

22 | SYN OG SEGN 1–2021

– Eg har vakse opp med tabu, mellom anna at far sat i fengsel. Då eg var 15, var eg med i ein paneldebatt, og ein frå FpU sa at det ikkje var rart at eg var med i SU, sidan eg ville at fleire kriminelle skal koma til landet, og visste folk forresten at far min sat i fengsel? Eg reagerte med å seia at «eg tek sterk avstand frå han, og me har ingen kontakt!». Så ikkje berre var han kriminell, eg gjorde han også til ein fråverande far, nok ein stereotypi. Ei veke seinare åt eg middag med far, drakk kaffi og snakka om det som stod i avisa. Eg greidde ikkje fortelja om hendinga. Eg skamma meg. Og korleis kunne eg driva med antirasisme, når eg levde med stereotypien på kvifor ein måtte avgrensa innvandringa til Noreg? Det tok lang tid før eg tok tak i dette. Eg ville at kulturlivet skulle tru at også eg berre kom sigande inn frå ein eller annan middelklassevilla. I mitt tilfelle handla det om å forstå korleis det var for far å koma til Europa som attenåring ein gong på 70-talet. Det er dette eg har arbeidd med og skrive om seinare, det å ikkje kunna snakka om slike ting. Om oppveksttabu, det å skamma seg over foreldra sine, kvar ein kjem frå, det å lata som om ein kjem frå ein annan stad, og om klassereiser. I dag er det meir offerrolla som er nærast det å vera eit tabu. Den avvisinga ein møter når ein snakkar om at ein har blitt utsett for noko, for så å bli skulda for å trekka offerkortet. Det gjer at ein heile tida må seia at «eg er sterk» og «eg er komen vidare». Det er liksom ikkje lov å seia at «eg vart skikkeleg lei meg» eller at «det gjorde skikkeleg vondt». Ein blir så fort skulda for å ta offerrolla for å oppnå noko. Offerrolla høyrest ut som eit kostyme ein kan ta av og på. I staden prøver ein heile tida å vera rakrygga og blir kanskje i overkant hard. Dette er moglegvis noko allment, frykta for å bli avvist når ein snakkar om noko som er vanskeleg. Redsla for at ein skal bli sett på som veik, er så stor at ein heller prøver å stå fram som sterk. Så det å vera avhengig av hjelp kan nok vera eit tabu.


Tidlegare var det enklare å sjå når nokon hadde fått nok.

SIRI DOKKEN (f. 1966) Avisteiknar og illustratør Foto: Thea Hegg – Sidan Muhammed-teikningane i 2005 har eg ofte fått spørsmål om det er noko eg ikkje kan teikna. Det er to feil med det spørsmålet. For det første er det ordet «kan». Eg kan i utgangspunktet teikna det eg vil, med mindre eg skulle koma til å bryta norsk lov ved å oppfordra til vald eller noko. «Vil» er eit mykje meir presist ord. Poenget med satire er å retta han mot staden der han trengst. For det andre endrar dette seg heile tida. Om ein heile tida retta satiren mot den same staden, så er ein udugeleg. Desse tinga er flytande, makta flyttar seg. Til dømes homofile kan vera ei utsett gruppe i nokon samanhengar, men om homofile par kjøper tenester av ei surrogatmor i India, er det annleis. Satire skal sparka oppover, men kva som er opp og ned, er heller ikkje konstant. I religionar er prestar moglegvis opp, medan kvar enkelt truande er ned. Men om det er ei gruppe med truande, er det då opp eller ned? Og når er ei gruppe stor nok til å vera ei dominerande gruppe? Difor må eg heile tida finna ut kven som har makt. Det må eg finna ut kvar dag. Makt er ikkje på ein gitt stad til kvar tid. Men det er likevel til kvar tid tema eg er forsiktig med. Til dømes er minoritetar ofte sett ned på, og ungdom er som regel sårbare. Eg er merksam på folk som har vore utsette for dramatiske ting, det ligg eg unna. Og folk som har fått veldig mykje juling. Tidlegare var det enklare å sjå når nokon hadde fått nok. No kan ein person få veldig mykje hets og truslar som me ikkje ser, av di det kjem i sosiale medium. Så eg har fått eit anna medvit om desse tinga. Der er eg blitt meir vaken. Stundom blir det snakk om sjølvsensur. Alle skal vel driva med sjølvsensur, elles blir me jo idiotar. Men det kan ikkje vera så mykje sjølvsensur at ein ikkje får gjort det ein skal. Eg har ein jamn diskusjon med meg sjølv om kvar grensa går.

TEMA: NORSKE TABU | 23


26 | SYN OG SEGN 4–2020

TRE TABU I DEN NORSKE KLIMADEBATTEN I norsk klimadebatt er det ikkje plass til tema som skaper dårleg stemning. Tre tabu hindrar oss i å forstå og gjere det vi må.


TEM A / Nor ske tabu

a v L A R S - H E N R I K PA A R U P MICHELSEN

Isen smeltar, men norske politikarar vik unna alvoret knytt til klimaendringane, skriv Lars-Henrik Paarup Michelsen. Foto: Unsplash / Roxanne Desgagnes

klimapolitikk var lenge eit tema berre for dei spesielt interesserte, eit tema ein aktivt måtte oppsøke for å bli eksponert for det. Slik er det ikkje lenger. Klimapolitikk har blitt mainstream – på linje med helse, skatt og skule. At klima har blitt eit breiare tema, er heilt naudsynt. Det er ikkje mogleg å handtere klimakrisa utan at også dei store aktørane innanfor politikk, organisasjonsliv, næringsliv og finans blir med på laget. Samtidig er det noko som skjer når eit tema blir allment og «alle skal med»: For ikkje å skyve frå seg dei store, etablerte samfunnsaktørane utviklar det seg ei ramme for kva det er «greitt» å diskutere, og korleis. Umedvetande prøver nok dei fleste av oss å halde seg innanfor denne ramma, for å bli tekne seriøst og lytta til. Denne artikkelen handlar om den norske klimadebatten og om spørsmål som burde ha fått meir plass. I dag er det ikkje full aksept for å diskutere desse spørsmåla på alle nivå i samfunnet. Det første spørsmålet handlar om alvoret i klimakrisa. Det andre handlar om dei naudsynte endringane i norsk oljepolitikk. Det tredje er knytt til folks forbruk og vanar. Det første handlar om at det er ubehageleg – at vi ikkje vil skremme folk. Dei to siste handlar om at vi ikkje vil bli upopulære. Klimapolitikken må ikkje skape dårleg stemning.

TEMA: NORSKE TABU | 27


Når skal vi eigentleg slutte å leite etter meir olje og gass?

«Dei menneskeskapte klimaendringane vil føre til alvorlege og irreversible konsekvensar for dyr, natur og menneske over heile kloden (…).» Slik opnar regjeringa den ferske klimameldinga – Klimaplan for 2021–2030. Bodskapen er alvorleg, men dramatikken forsvinn når det omtrent blir med desse få linjene, og neste avsnitt startar slik: «Noreg tek ansvar.» Klimameldinga inneheld mykje god politikk, men illustrerer også den aversjonen vi har mot å kommunisere alvoret i klimakrisa på ein grundig og usminka måte. Eg merkar det sjølv. Vi vil ikkje bli tekne for å skremme og fare med dommedagsprofetiar. I staden endar ein opp med å skåne offentlegheita for viktig kunnskap.

Alvoret ved klimakrisa Noko av det som burde blitt sagt tydeleg, er at klimakrisa vi har skapt, er langt meir alvorleg enn det som blir kommunisert. Vidare burde det ha kome fram at det er ingenting med dagens klimainnsats som tilseier at vi kjem til å klare å halde temperaturstiginga ned mot 1,5 gradar. Koronapandemien bidrog til at globale CO2-utslepp i 2020 gjekk ned med om lag sju prosent samanlikna med 2019. Men daglege utslepp mot slutten av 2020 viser at vi var omtrent tilbake på nivået som blei registrert året før (Global Carbon Project, 2020). I ein nyleg publisert artikkel i tidsskriftet Nature Communications Earth & Environment kan vi lese at karbonbudsjettet for 1,5-gradarmålet mest truleg er brukt opp før 2030 med dagens utsleppsnivå. I verste fall er det allereie brukt opp. Det store, skremmande spørsmålet er om vi har passert – eller er i ferd med å passere – det nivået der oppvarminga utløyser hendingar som kan endre naturens økosystem for alltid, såkalla vippepunkt. Her er noko av det forskarane fryktar:

28 | SYN OG SEGN 1–2021

• •

I Vest-Antarktis er isbremmane utstabile. Kollapsar dei, vil det gi vesentlege bidrag til havstiginga. På Grønland smeltar innlandsisen. Sjølv med berre to gradars oppvarming kan han kollapse heilt over fleire hundre år. Det vil få store konsekvensar for havnivået. I permafrost-område risikerer ein betydeleg karbonlekkasje. Ifølgje FNs klimapanel vil om lag ein fjerdedel av all permafrost globalt tine opp ved to gradars oppvarming – og med det frigjere store mengder karbon som i dag ligg lagra i den frosne bakken. I Amazonas kan oppvarminga bidra til endra nedbørsmønster i regnskogen – som igjen kan få store delar av skogen til å døy. I Arktis risikerer ein at sommarisen forsvinn heilt. I dag har han ein nedkjølande effekt fordi isen sender varmestrålane frå sola tilbake. Havstraumane i Nord-Altanteren som flyttar varme frå sør til nord og driv store vêrsystem, bremsar opp. Det kan få følgjer for både vêr og matforsyning i store delar av verda.

Å lese om vippepunktet for klimasystemet er over­ veldande. Det er stor usikkerheit, men poenget er dette: Vi har ikkje sett så brå oppvarming på fleire titals millionar år. Vi lever i eit eksperiment med usikkert utfall. Men vippepunkt er også ein del av utfallsrommet. Det må vi ta omsyn til. Og vi må kunne snakke om det.

Endringar i norsk oljepolitikk At vi dyssar ned alvoret ved klimakrisa, står godt til måten Noreg stiller seg til den største næringa si. «Jevn, forutsigbar tilgang på nytt areal i konsesjonsrunder er avgjørende for å nå hovedmålet for politikken – nemlig lønnsom produksjon av olje og gass i et lang­ siktig perspektiv.» Slik avslutta olje- og energiminister Tina Bru (H) talen ho heldt for oljeindustripolitisk


seminar 19. januar i år, før ho annonserte tildelinga av 61 nye utvinningsløyve på norsk sokkel. Nøyaktig to månader tidlegare lyste ho ut 25. konsesjonsrunde – der åtte nye område i Barentshavet og eitt nytt område i Norskehavet blei opna. Det er ingen teikn til at norsk petroleumspolitikk blir skjerpa med det første. Vi held det gåande som vi alltid har gjort – med høgt tildelingstempo, rause skatte­ ordningar og ekstra tiltak når næringa ber om det, som oljeskattepakka under koronakrisa. Argumenta for

status quo er under konstant utvikling for å tilpasse seg skiftande forventingar. Akkurat no er det klima­ omstilling vi ønsker oss. Då heiter det at omstillinga skal skje via oljeselskapa, og at det å endre ramme­ vilkåra for olje og gass er det same som å svekke kampen mot klimaendringa. Å stille spørsmål ved petroleumspolitikken i norsk offentlegheit er ikkje beint fram. Ein må vege sine ord for å unngå å bli stempla som industrifiendtleg. Då stortingsrepresentant Espen Barth Eide (Ap) tenkte

Norske politikarar vågar ikkje ta debatten om olja, skriv Lars-Henrik Paarup Michelsen. Foto: Unsplash / Zachary Theodore

TEMA: NORSKE TABU | 29


32 | SYN OG SEGN 4–2020

Den første

HOMOEN

på Helgeland På mindre enn ein mannsalder har homo­fili gått frå å vere eit tabu til å bli feira i norske gater under Pride-festi­valen. Geir Hagland er ein av pionerane i homorørsla. I dette intervjuet fortel han om vegen fram dit.

A ST RID SVERR E SD OT T E R DY PVI K i sa mta le me d G E I R H A G L A N D FOTO K E TI L BLO M H AUG ST UL E N


EMNE NORSK SKRIFEKULTUR | 33


Geir Hagland fann ut at det var noko som heitte homofili, då han las i boka Seksuell opplysning av Karl Evang. «Slik er eg», tenkte Hagland.

34 | SYN OG SEGN 1–2021


Det verkar kanskje overraskande, men eg har aldri kjent skam over at eg er homofil.

det var ein sommarkveld. Storfamilien var samla på ei hytte ved sjøen, ein stad på Helgelandskysten. Foreldra mine var der, veslesøster mi, eit par søskenbarn og vår felles bestemor. Eit av søskenbarna mine skulle gifte seg neste dag, og stemninga var på topp. Ein gong i løpet av kvelden sa bestemor mi at «eg er så glad for at det aldri nokon gong har vore nokon homofile i min familie». Det slo meg at det var ei merkeleg utsegn. Ho var formulert utan noka form for avgrensing. Som om det var noko som galdt frå Harald Hårfagres tid og fram til i dag. Eg tenkte straks at ho sjølvsagt ikkje kunne vite det. Så kremta far min og sa: «Men kva med han Geir? Du er jo i slekt med han. Han er definitivt homofil.» Bestemora mi avviste påstanden på det sterkaste. For denne Geir var slett ikkje homofil, sa ho, han var berre litt spesiell.

Ein psykiatrisk diagnose Eg hadde aldri høyrt om Geir Hagland før då. Men han var den første opne homofile på Helgeland. Han stod fram som opent homofil i januar 1973. Då var han 21 år gamal og budde i Bodø. Sidan brukte han eit tiår av livet sitt på å reise rundt i Noreg for å snakke dei homofiles sak. I tre år var han formann i Forbundet av 1948, organisasjonen for dei homofile i Noreg på 1970-talet. Då han vart fødd, slo paragraf 213 i den norske straffe­ lova fast at «utugtig omgjængelse (…) mellem personer af mandkjøn» kunne straffast med fengsel i inntil eitt år. Same straffeparagraf omtalte også utuktig omgang med dyr. Rettnok var det ein sovande paragraf. Politiet dreiv ikkje med aktiv etterforsking. Lovteksten gjorde det klart at handlingane berre skulle bli straffa om det var påkravd av «almene hensyn».

Denne paragrafen stod i den norske straffelova fram til 1972. I nordisk samanheng var regelen uvanleg. I Danmark var homofili blitt avkriminalisert i 1933, i Sverige i 1944. Då det norske Stortinget fjerna para­ grafen, skjedde det etter ein politisk kampanje frå Forbundet av 1948 med den svært så taleføre Kim Friele i spissen. Fram til 1977 var homofili på Norsk psykiatrisk forenings liste over mentale tilstandar og avvik. I WHOs offisielle diagnosehandbok ICD stod homofili oppført som ei psykiatrisk liding heilt fram til 1990. I dag er Geir Hagland pensjonist, og Noreg er eit anna land for homofile. Vi har ei ekteskapslov som regulerer homofilt samliv og heterofilt samliv likt. Homofile kan adoptere og få assistert befruktning. Pride-festen har gått frå å vere eit lite opptog for nokre få til å bli ein folkefest der også ein sittande KrF-leiar har deltatt. I dag kappast store selskap og konsern som DNB og IKEA om å markere Pride med regnbogefarga tilbod. På mindre enn ein mannsalder har homofili gått frå å vere tabu til å bli ein synleg del av samfunnet.

Helvetes pinsle på bedehuset Syn og Segn møter Geir Hagland i leilegheita hans på Øvre Grünerløkka for å snakke om korleis det kjennest. Veggene her inne er dekte av minne frå eit langt liv som politisk aktivist. I ei ramme heng avisoppslag med titlar som «Kastes ut av hybler fordi de er homofile», med bilete av Hagland frå den tida han var Helgelands einaste opne homofile. Eit anna oppslag har tittelen «Når skal vi bli godtatt som naturlige mennesker?». Artikkelen er illustrert med bilete av Hagland og Kim Friele. – Det verkar kanskje overraskande, men eg har aldri kjent skam over at eg er homofil, seier Hagland. Han forklarer at mor hans var sjukepleiar og hadde Karl Evangs Seksuell opplysning i bokhylla. Evang var

TEMA: NORSKE TABU | 35


HUSP OETEN

K R I S T I N A L EG A NG ER I V ERSEN

Eg visste kva eg gjorde Eg visste kva eg gjorde då eg fødde ho gjorde eg ikkje Då eg lærte ho alle namna Då eg gav ho boka om dyra Då eg gav ho dei små figurane visste eg det Her er løvene Her er sjiraffane Her er ulvane Då eg song om søvnen og ho var bjørnen Bjørnen søver Bjørnen søver i sitt lune hi Visste eg kva eg gjorde då eg viste ho verdas venleik Eg peikte på trea Eg peikte på blada Eg peikte på himmelen

56 | SYN OG SEGN 1–2021

No spirer trea No fell blada No står trea i brann Då eg fødde ho til ei verd i endring utan å kunne svare på korleis vi skulle endre oss visste eg det Flaumen vil renne Skogen vil brenne Vinden vil blåse alt bort Då eg gav meg barnet for venleikens skuld for det underet av venleik si skuld, som ho er


Å sjå lyset i ansiktet hennar stråle i regnet Regnskogen vil brenne Isbreen vil renne Havet vil stige opp Eg tenkte på å bli medlem i ein organisasjon Eg ville ha eit flygeblad på kjøleskapet eg kunne vise til Eg samla saman argument om mitt eige liv Som eit karakterkort over eigen manglande innsats Eg tenkte det speler ei rolle kva val individet tar då eg kutta ut kjøt og mjølkeprodukt Då eg tok ho med på flyet til besteforeldra tenkte eg individet kan ikkje løyse dette åleine Eg lurte på kva ho ville bebreide meg mest når ho blei vaksen om det var ting eg ikkje let ho få på grunn av miljøavtrykket Eller omvendt: Om ho ville sjå på meg og seie, Mamma, kvifor kjøpte du alle dei tinga Så tenkte eg: No får du alt til å handle om deg sjølv igjen. Det handlar jo om ho, og om alle dei andre, som ho, nye som med nye stemmer og nye kroppar skal stille nye krav

Gjere nye ting heilt opplagde Eg visste ikkje kva eg gjorde då eg gav ho livet For korleis kunne eg vite korleis ho ville endre mi verd og verda si i sine hender? Kva kan ein love om ikkje å tru Kva kan ein love om ikkje å håpe Kva kan ein love sitt barn om ikkje å gå ut i verda og velje å rope og velje å strekke hendene ut til andre hender orda til andre ord Om ikkje å sjå med milde auge mot menneska mot verda Blåmeisen kjem til vindauget for å ete han syng ei trille eg trur han seier De klarer det De klarer det Det må de

TEMA: NORSKE TABU | 57


58 | SYN OG SEGN 1–2021


SAMFUNN O G KULTUR

AU D GU NN OLT EDA L N I L S A A RSÆT H ER V I DA R YS TA D

Den venlege populismen Populisme er nesten blitt eit skjellsord i politikken. Det har blitt eit synonym for det som er enkelt, aggressivt og polariserande. Men i Noreg har populismen også hatt eit venleg ansikt.

Boka Norsk populisme vart skriven av miljøet rundt PAG i Bergen og gitt ut av Det Norske Samlaget i 1972. Foto: Det Norske Samlaget

turnhallen i bergen: 29. april 1970. Salen er fullsett. Tre kandidatstyre, det konservative (Arne Njøsen), det radikale (Audgunn Oltedal), og Rød Front (Oddmund Søilen) slost om makta i Studentersamfunnet hausten 1970. Vi i det radikale styret kalla oss populistar. Med i styret var folk frå Studentvenstrelaget, Senter­ ungdommen og fleire som ikkje tilhøyrde noko parti. Dei konservative rauk ut i fyrste valrunde. Ml-arane var sikre på sigeren. Dei oste av nedlatande forakt overfor oss populistar. Så gjekk nestformannen i vårt kandidatstyre, Terje Steen Edvardsen, på talarstolen. Han brukte si retorisk kraft og all den ironiske snert ein bergensar kan ha. Det gjorde utslaget. Audgunn Oltedal vann med god margin over Oddmund Søilen. Det var duka for ein populistisk haust i Studentersamfunnet i Bergen. Den politiske prosessen fram til valet og tida i Studentersamfunnet la grunnlaget for at Populistiske arbeidsgrupper (PAG) vart

skipa i Bergen 15.2.1971. PAG i Bergen oppretta ei rekkje arbeidsgrupper, organiserte sommarleirar, dreiv PAG-avisa, trykte artikkelsamlingar og gav ut boka Norsk popu­ lisme, som kom i to opplag på Samlaget. Etter etableringa av PAG i Bergen i 1971 kom det PAG-grupper i studentmiljøa fleire stader i landet. Studiesirklar i popu­ lisme var særleg populære, mange ville vite meir om denne politiske retninga. Folk frå PAG-miljøet var aktive i mange typar aksjonsarbeid, og særleg viktig var inn­ satsen i Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC, eller Folkerørsla mot norsk medlemskap i EEC (1970–72). Her var PAG-folk pådrivarar for å styrke grasrotprofilen i Folkerørsla sitt arbeid, ved å organisere lokallag og lokale aksjonar. Men mot slutten av 1970-talet stilna det. Å gå attende til tida kring 1970 og sjå kva vi vektla, er tankevekkjande. Det er som å stige inn i ei anna verd, der ordbruk og kontekst er ein heilt annan enn i dag, men på

SAMFUNN OG KULTUR | 59


Frå reising av utstillings- og møtetelt under Kritisk veke, oktober 1970. Frå venstre: Hans Pedersen, Magnar Rønstad og Hartvig Sætra. Foto: Vidar Ystad

same tid opplever ein at kjernen i det vi meinte, er merkeleg aktuell.

Ei anna verd Korleis kom vi på å kalle oss populistar? Vi tok det ikkje ut av lause lufta. Vi skaffa oss kunnskapar om rørsler i USA, Russland og i andre delar av verda, rørsler som hadde kalla seg populistar. Og her til lands hadde Ottar Brox lansert parolen «populisme mot teknokrati» i boka Hva skjer i Nord-Norge?, som kom i 1966. Med popu­ lisme forstod vi både ein politisk teori og strategi: Det handla om anti-kapitalisme, elitekritikk og om politiske løysingar som svarte på dei problema vanlege folk opplevde i kvardagen, i byen og i distrikta. Å jobbe på grasrota, i lokalsamfunnet, og å mobilisere på tvers av etablerte partiskiljeliner var viktig i den politikk­ forståinga vi utvikla. Gjennom dette arbeidet blei også populismen fornya, ved at økologi- og miljø­ dimensjonen og tenking kring «motekspertise» blei sentrale delar av den populistiske argumentasjonen. Vi var ikkje åleine om å kalle oss populistar. Ottar Brox og Hartvik Sætra brukte begge ordet populisme i sin samfunnskritikk og i dei analysane dei la fram. Allereie i 1967 hadde Brox og Sætra fått gjennomslag for populistisk tenking i det distriktspolitiske programmet til Sosialistisk Folkeparti. Stortingsrepresen-

60 | SYN OG SEGN 1–2021

tantane Bjørn Unneberg (Sp) og Arne Kielland (Ap) og seinare stortingsrepresentant John Dahle (Sp) brukte populisme om det synet dei stod for.

Ei antikapitalistisk rørsle Med populisme forstod vi systemkritikk. To sentrale parolar i det programmet vi gjekk til val på i Studentersamfunnet, var: Nei til kapitalismen Populisme i staden for marxisme-leninisme Det var særleg tre utviklingstrekk i samfunnet som gjorde oss til antikapitalistar. Det første var sentraliseringa. Dei mange landsdelsplanane som kom frå Arbeidarparti-regjeringa på 1960-talet, varsla auka tempo i avfolking og sentralisering av distrikta. Vi las Ottar Brox si bok Hva skjer i Nord-Norge?. Her var ikkje berre ramsalt kritikk av regjeringas visjon for Noreg, men òg ein samfunn­s­ analyse som vi tok til oss og slutta oss til. Vi var opptatt av økologi og miljø. Vi kjente oss att i den kritikken Hartvig Sætra målbar i Populismen i norsk sosialisme; boka handla om den miljø- og ressurskrisa som truga framtida og eksistensgrunnlaget vårt. Det andre var kapitalismekritikk. Tyngdepunktet i


VI KRITISERTE BÅDE KAPITALISMEN OG KOMMUNISMEN FORDI BEGGE SYSTEM KVILTE PÅ STADIG MEIR VEKST OG AUKA FORBRUK.

grupperinga vår låg i Studentvenstrelaget. Meir og meir opplevde vi at gapet vaks mellom det Venstre stod for, og det vi vektla og var opptatt av. Vi formulerte mellom anna kritikken vår slik: «Studentvenstrelaget meiner det i dag er gale for det politiske arbeid vi ynskjer å utføre å byggje på liberalismen som ideologi. Tener kapitalismen slik den utviklar seg i vårt land og internasjonalt dei interessene som liberalismen sa seg å vilje fremje: Så som fridom, rettferd, menneskeverd for einskildmennesket, likskap? Skal ein i dag kunne gjennomføre ein politikk som garanterer eit menneske­ verdig liv, må vi angripe dei lover som styrer vårt økonomiske system.»1 Vi forstod politikk som noko meir grunnleggjande enn å administrere den rådande utviklinga. «Vårt økonomiske system er ikkje naturnødvendig», var overskrifta vi brukte på presentasjonen av programmet vårt i Studentersamfunnet. På spørsmål om kva popu­ lismen står i motsetnad til, vektla vi desse to avgrensingane: «1) til rasjonaliteten i vårt noverande økono-­ miske system, det kapitalistiske, og 2) til marxismenleninismen med sin dogmeliknande fasttømra teori om den einaste sanne vegen til det gode samfunn, dvs. gjennom proletariatets diktatur til det klasselause kommunistiske samfunn.»2 Det tredje utviklingstrekket vi reagerte mot, var miljø­krisa. Vårt syn her formulerte vi mellom anna slik: «Ei politisk rørsle som ikkje spør etter kva ressursar jorda stiller til rådvelde, korleis dei i dag vert brukt, kva konsekvensar dagens ressurspolitikk får, og korleis desse ressursane i framtida skal disponerast, har hoppa over hovudsaka: Korleis skal vi unngå økologisk krise som trugar med å rive eksistensgrunnlaget bort ikkje berre for vår generasjon, men som gjer det absurd å planleggje for etterslekter av di livsgrunnlaget for seinare slekter er øydelagt … Kanskje blir vår generasjon skulda for å gjere det same som kyrkjas menn i Russland gjorde då revolusjonen kom: Dei drøfta dei liturgiske fargane på prestedraktene.»3 Vi kritiserte både kapitalismen og kommunismen fordi begge system kvilte på stadig meir vekst og auka forbruk. Vi sa at ml-arane ikkje var opptatt av

Under Kritisk veke var «Bergensmafiaen», her representert ved menn i flosshatt, peika ut som fiende.

SAMFUNN OG KULTUR | 61


70 | SYN OG SEGN 1–2021


SAMFUNN O G KULTUR

G U RI I DSØ V I KEN

Kven vil høyre sanninga? Korfor lagar ein eigentleg dramafilmar framfor nøyaktige dokumentarar om historiske hendingar? I ei tid då historikarar ser ut til å vere mest opptekne av å krangle om faktafeil, stiller filmen Den sorte jord nokre interessante spørsmål om kva som eigentleg er sant, og kor langt ein kan gå for å fortelje. Filmen gir oss ei anna og djupare sanning.

Filmen Den sorte jord fortel om journalisten Gareth Jones' kamp for å fortelje om Stalins utsvelting av Ukraina. Men filmen er ingen dokumentar. Foto: Another World Entertainment

«sann mine ord. Dersom vi lèt han sleppe unna med dette, kjem det andre av same slag», seier den walisiske journalisten Gareth Jones på eit tidspunkt i filmen Den sorte jord1. I filmen skildrar den polske filmskaparen Agnieszka Holland journa­ listen si reise til Moskva og Ukraina i 1933 og korleis han forsøkte å få engelske aviser til å trykke artiklane om Stalins utsvelting av ukrainarar, holodomor. I perioden 1932–1933 førte holodomor, «hungerspesten», til at ein stad mellom 7 og 10 millionar ukrainarar2 svalt i hel midt i Sovjetunionens kornkammer. Ukraina har den mest fruktbare landbruks­ jorda i Europa, den svarte jorda. Stalin ville innføre jordreformer og ta makt og jord frå dei ukrainske bøndene, som han kalla kulakkane. Han stengde grensene, frakta mat ut av republikken og tvinga ukrainarane til å

arbeide. Sovjetunionen nekta for at det fanst hungersnaud, rydda av vegen dei som sa noko anna, og hadde Storbritannia og USA i ryggen. Talet på omkomne ukrainarar er så unøyaktig fordi ingen talde. Få gav dei døde ei grav. Få dokumenterte. Få andre enn Gareth Jones, og han skulle kjempe hardt for spalteplassen.

Kampen om sanninga Filmen er konsentrert rundt den mangelfulle informasjonen om Sovjetunionen den tida, og han viser korleis England og USA var lite villige til å kritisere Stalin, av økonomiske årsaker. I Moskva møter Gareth Jones den Pulitzer-vinnande Sovjet-korrespondenten for The New York Times, Walter Duranty, som forsøker å halde han frå å skrive sanninga. Duranty kalla Jones’ reportasjar for oppdikta skremselspropaganda.

SAMFUNN OG KULTUR | 71


78 | SYN OG SEGN 1–2021


SAMFUNN O G KULTUR

H ÅVA RD KLY V E PA RR

Panikken for Herøy-pesten Frykta for pesten har følgt oss siden svartedauden. På 1860-talet dokumenterte lækjaren Sophus Marius Peter Høegh korleis ein død­bringande difteri-epidemi spreidde seg på Sunnmøre. Håvard Klyve Parr følgjer distriktslækjarens fotspor.

Epidemien spreidde seg raskt, og det var dei yngste som vart hardast råka av sjukdommen. Foto: Unsplash / Fay Marin

den gamle idrettshallen minner mest om noko frå krigen. Mykje anna minner eigentleg òg om krig når eg ser rundt meg. Munnbinda dekkjer halve andleta til dei frivillige frå Raudekrossen som vinkar bilane inn på rekkje. Det kunne vore ein grenseovergang – ei siste mogelegheit til å kome seg ut av landet. Men her eg sit, er det ikkje jodtablettar eg knaskar, men hals­ pastillar. I uroa over kva denne pinnen som skal stakast inn i nasen, kjem til å finne, er det ei skildring frå heimtraktene mine eg tenkjer på. Ei historie eg vart var då eg kom over ein gamal medisinsk artikkel, men som brått kjem nærare i frykta korona­ pandemien har planta i oss. Våren 1862 spreidde ein stygg difteri­ epidemi seg frå gard til gard på søre Sunnmøre. 56 av dei 63 som døydde av «Herøpesten», var under 16 år. Midt i kampen

mot denne epidemien stod distriktslækjar Sophus Marius Peter Høegh åleine med det medisinske ansvaret for 8700 innbyggarar. I eit uvanleg framsynt arbeid skildra lækjaren sjølv epidemien og kampen sin mot han. Det er denne teksten som sviv gjennom meg desse timane i kø mot teststasjonen.

Halsesykje I slutten av mars 1862, den 23. om vi skal vere pinleg presise, hadde ein båt frå Stadt funne le for havbårene yst i Vanylvs-gapet på Sunnmøre. Ein 12 år gamal gut var med i båtlaget som hadde kome inn til Kvamsøya. Både guten og far hans hadde vondt i halsen. I seg sjølv var ikkje dette noko å undrast over, eller merke seg ved. Men heime i stova på Stadt låg også eit av syskena til guten sjuk, og frå båtlaget fekk folket på øya vite at det herja «Halsesyge»

SAMFUNN OG KULTUR | 79


N OV E L L E

Hugse det gode INGRID SEN JE

86 | SYN OG SEGN 1–2021


Alle foto: Unsplash

– endeleg k jem du! Stemma til kusina slår mot Jonas då han kjem ut på kyrkjetrappa, blanda med trafikksus og fuglesong. Han må myse for å sjå i det skarpe sollyset, auga hans har vent seg til mørket. Døra til kyrkja er tung å skyve att, det er berre så vidt han får lukka ho. Klara står på det nedste trinnet i steintrappa, lener seg inntil gelenderet. Fingeren hennar pirkar på strømpebuksekneet, der eit skrubbsår er synleg gjennom stoffet. Bak ho ligg gravlunden stor og open, grøn og litt rosa og gråleg. Blomar er planta i rekker langs grusvegen mellom gravsteinane, og buskar veks oppover mot gjerdet. Og utanfor det att er den vilt­ veksande skogen, dei høge og lysegrøne lauvtrea. – Eg har venta skikkeleg lenge, seier Klara. – Du kunne godt ha vore litt kjappare. Krøllene hennar bølgjar seg når ho vender på hovudet, skin blankt i den sterke sola. – Eg måtte vente til det ikkje var så stille, seier Jonas og ser ned på skoa sine, som er nye og svarte og blanke. Det er vanskeleg å liste seg med sånne glatte sko, dei sklir når han løftar føtene. Og dressen er for stor, den òg, han faldar seg rundt leggane, og ermene glir ut over hendene. Det går så bra, så, sa mora i klesbutikken. Det er betre at han er til å vekse i. Det er best å gå langsamt ned dei høge trappetrinna, passe på å ikkje snuble. Men Klara er alt nede på grusen, står der og trippar med føtene. – Skal du vere med, eller? seier ho. – Vere med kvar? – Inn i skogen, vel. – Men skulle vi ikkje vente her? seier Jonas og ser opp mot kyrkja. Då han snur seg att, er Klara forsvunnen. Ho er halvvegs borte ved gravsteinane før han får auge på ho att, roper: – Blir du med, eller ikkje?

Jonas spring etter ho ned trappa og på grusen, bortover mot buskane langs gjerdet. Bakken er mjuk under føtene på den fuktige plenen, gjørma ligg gøymd under graset. Då han klatrar over gjerdet, hektar buksa seg fast, han må rive ho laus frå ein ståltråd. Det blir ei rift der, men ho er nesten usynleg, kanskje kjem ingen til å sjå det. Då han landar på utsida, står Klara i skog­kanten, ved stien som leiar mot skogen. – Kvar skal vi? spør han igjen, men Klara svarer ikkje no heller, spring berre inn mellom trea. – Har du vore her før? spør han, og ho roper attende: – Så klart. Det har du òg! Og det veit han jo eigentleg, når han tenkjer seg om, at dei brukte å leike her saman. Dei kom alltid frå den andre kanten når han var og vitja bestefaren, men trea og skogen var den same. Ein gong såg dei eit rådyr i ei lysning her, det stod der og beita mellom trea. Det sprang vekk då det fekk auge på dei, men dei hadde sett det, sjølv om bestefaren ikkje hadde trudd på dei. Jonas var høgare enn Klara då, og kjappare òg, det var han som var best til å klatre. Det er annleis no, som har ho vakse og han krympa, brått er det ho som er høgast. Når ferien er over, skal ho byrje på skulen, ho har allereie fått skulesekk. Og ho spring fortare enn han i dei blanke, kvite penskoa, dei er ikkje glatte slik hans er. Han slit med å halde følgje over tuene og røtene, må stoppe for å heise opp buksa. Ja, men vent på trappa, då, kviskra mor hans då han spurde om å få gå ut. Lover du å ikkje gå lenger?

NOVELLE | 87


Først då dei kjem til ei lysning, stoppar Klara opp, set seg på ein halvròten stubbe. Kvistar ligg spreidde over skogbotnen der Jonas set seg, dei stikk gjennom stoffet på buksa. – Fekk du sjå han? spør Klara. – Sjå kven? – Bestefar, vel? – Eg såg han i vår, seier Jonas og ser for seg skjegget hans, det som alltid stakk sånn mot kinna. Dei strenge leppene når bestefar sa namnet hans, kor stramt dei kunne snurpe seg saman. – Ja, men etterpå, seier Klara. – Etter at han døydde. Og då er det som han er der att, i sofaen med mora, den dagen ho fortalde kva som hadde hendt. Det har skjedd noko dumt med bestefar, sa ho og trekte Jonas inntil seg. Han har sovna i senga si, veldig, veldig tungt, og no kjem han aldri til å vakne meir. Alle kjenslene som hopa seg opp i han då, alle bileta som dukka opp i hovudet. Den mørke, harde stemma og rynkene i panna, lukta som alltid hang i stova. Listinga over knirkegolvet når bestefar som middag, å gøyme bort brokkoli under bordet. Dei svarte brillene som kunne sjå så langt dei ville, and­letet hans innramma i vindauget. Så mora si stemme under middagen den kvelden: Det er viktig å hugse det gode. – Eg såg kista, seier Jonas og plukkar opp ein kongle. – Det er ikkje det same. Klara har reist seg no og knekt av ei grein, trekker borken av i lange strimlar. Under er greina heilt kvit og blank, under alt det rue og brune. Konglen er hard mot handflata når Jonas klemmer på den, og spissen er skarp mot tommelen. – Eg såg han, seier Klara. – Då dei kom for å hente han.

88 | SYN OG SEGN 1–2021

– Korleis såg han ut, då? – Heilt kvit. Og hovudet hans var på skeiva. – Sånn her, seier ho og tiltar på hovudet, stikk tunga si ut av munnen. Jonas knip saman auga, vil få vekk att biletet, tunga til bestefar i skjegget. For no kjem han på orda, dei til presten i kyrkja: Ein som var til glede for så mange. Han vil hugse noko fint, sånn som mor hans sa, ikkje hugse på alt det dumme. At bestefaren sat i godstolen med ryggen heilt rak, bad Jonas om å kome opp på fanget. Nei, på bærtur om hausten, berre dei to i skogen, rett før han fekk blåbær på buksa. Nei, det blir feil, det òg, han må hugse noko betre, det store portrettet på veggen. Han kan hugse han sånn, berre andletet på biletet, dei store og mørke auga. Dei som mora sa skulle passe på han om natta, gjorde det vanskeleg å sove. – Eg trur ikkje på deg, seier Jonas og legg armane i kors. – Mamma sa at han sovna. – Du får tru det du vil, svarer Klara. – Eg seier berre det som er sant, eg. Ho løftar pinnen att, lagar striper i skogbotnen, fram og tilbake i jorda.


– Kva var det du ville vise meg? spør Jonas. – Same det, seier Klara. – Du kjem ikkje til å tore det, uansett. Ho set seg på huk og stikk pinnen i bakken, byrjar å grave i skogbotnen. – Du berre let som, du! seier Jonas og klemmer rundt konglen. – Du har ikkje noko å vise meg! – Har eg vel! seier Klara. – Eg skal fortelje noko hemmeleg. Men du må gjere noko først for å få vite det. - Kva då? seier Jonas. - Kan du ikkje berre fortelje det? Klara grev hardt i bakken med den spisse pinnen, så jorda sprutar opp på leggen. Ho får mørke flekkar på den lyse strømpebuksa, og tuppane på penskoa blir skitne. Viss bestefar var her, ville han brukt den stemma – men nei, han ligg jo i kista. – Sei det, då! roper Jonas, og då held Klara opp med gravinga, plukkar opp noko med fingrane. – Svelg denne, seier ho og strekker fram handa. I handflata ligg det ein meitemark. – Det er ikkje vanskeleg, seier Klara. – Eg har gjort det sjølv mange gongar. Ho lukkar handa til ein knyttneve og trekker ho til seg, seier: – Elles seier eg det aldri. – Du må fortelje det først, seier Jonas og bit seg i leppa. – Så lover eg å svelgje han etterpå. Klara opnar handa att, og marken kjem til syne, han buktar seg der inne mellom fingrane. Ein klump stig oppover i magen til Jonas, får han til å sleppe konglen. – Lover du? seier ho og gjer seg smal i auga. – Ja, seier han. – Kors på halsen. – Ok, seier Klara og trekkjer inn pusten. – Bestefar er framleis levande.

Han vil hugse noko fint, sånn som mor hans sa, ikkje hugse på alt det dumme.

NOVELLE | 89


Han må berre svelgje han, berre svelgje med ein gong, men klumpen i halsen er i vegen.

Ho lagar ein pause etter at ho har sagt det, og så slepper ho pusten langsamt ut att. – Er han vel ikkje, seier Jonas, men det strammar seg i brystet, så han legg til: – Kva er det du meiner? – Eg såg det då dei kom for å hente han, seier Klara og gnissar tennene saman. – At auga hans framleis var opne. Og då er andletet til bestefaren der att, og rynkene på hendene, den ekle og stikkande barten. Dei senka augebryna når han såg på dei frå vindauget – nei, vent, han må tenkje på portrettet. – Det er ikkje sant! seier han så høgt han kan. – Du seier det berre for å skremme meg. Men han kjenner det i magen, at han har kome att no, den store og harde klumpen. Berre rett over gjerdet, opp trappa til kyrkja, inne bak den store, tunge døra. Over golvet til alteret, under haugen av blomar, inne i den kvite kista. Kanskje kan bestefaren sjå dei gjennom eit kikkhòl i sida. Kanskje kan han høyre dei gjennom lokket. – Det er ikkje ein ordentleg løyndom, seier Jonas. – Då treng eg ikkje ete marken. – Men du lovde, seier Klara. – Du laga kors på halsen. Ho slepper taket i pinnen og rettar opp ryggen, set hendene bestemt i sida. – Eg seier det til bestefar, seier ho. – Det med marken. Eg seier det høgt i kyrkja. Den tunge stilla mellom radene av slektningar, presten som står der i midten. Klumpen stig oppover i brystet no, og hjartet til Jonas bankar kjempefort. Kanskje han kan gøyme marken i munnen og spytte han ut att når ho snur seg? – Ok, då, seier han og strekker fram handa. – Eg skal gjere det. Klara blir ståande og sjå på han litt, så gir ho han marken i handa. – Du må svelgje han med ein gong han kjem inn i munnen, seier ho. – Elles kan han kravle opp i nasen. Jonas held pusten og løftar opp marken, gapar opp og legg han på tunga. Han kan kjenne han vikle seg mot

90 | SYN OG SEGN 1–2021


fortennene nede, i ekle og buktande rørsler. Den kalde, salte jorda når han lukkar att munnen, det glatte og våte og slimete. Han må berre svelgje han, berre svelgje med ein gong, men klumpen i halsen er i vegen. – Svelg, då! seier Klara. – Eg ser jo at du ikkje har gjort det! – Eg gjer det no, seier Jonas og lagar svelgjelyd, men gøymer bort marken bak jekslane. Han stikk tunga ut så langt han klarer, så Klara skal sjå at marken er borte. Ho ser lenge på tunga hans med augebryna senka, så seier ho: – Eg ser det viss du spyttar ut. Ho løftar fingeren strengt mens han lukkar att munnen, ser på han med samanknipne lepper. Kan ho ikkje snu seg snart, eller plukke opp pinnen, sjå i ei anna retning? Då rungar ein høg lyd gjennom skogholtet og trea, ei klirring frå klokker som kimar. – Kom! roper Klara og trekker han i armen, og så byrjar dei begge å springe. Marken hoppar opp og ned i munnen til Jonas på veg over skogbotnen, over gjerdet og graset, langs grusvegen oppover mot kyrkja. Føtene kippar i dei glatte penskoa, buksekanten hektar seg i hælen. Og heile tida er Klara ved sida hans, passar på at han ikkje spyttar ut. Det er fullt av folk på kyrkjetrappa, overalt er det slektningar. Der er tante i den lange, svarte kjolen, der er grandtante med stokken, og fetrane med nystrokne skjorter. Når Jonas ser ned på si eiga skjorte, er ho brun i ermene, og dei glatte, blanke

NOVELLE | 91


skoa har blitt matte. Rifta i buksa er ein hudfarga flekk, han skundar seg å vri litt på foten. Og marken er framleis i munnen, men han buktar seg mindre no, når skal han eigentleg få spytta ut? Klara står nedst i trappa ved sida av tante, stirar rett på han gjennom mengda. Og der er mor hans også, med lommetørkleet i handa, det ho alltid har med seg i lomma. Ho trekker han inntil seg då han kjem bort til ho, leiar han nærmare trappa. – No kjem dei med kista, seier ho og peikar mot kyrkja, der døra er open mot mørket. Jonas grip handa hennar då kista kjem til syne, held fast i den trygge armen. Der er onkelen og far hans, og ein onkel til, og nokon han ikkje kjenner. Dei ber kista mellom seg, og ho ser stor og tung ut, som løftar dei ein kjempestor koffert. Blikket hans søkjer langs sida av kista, leitar og leitar etter kikkhòl. Han prøver å lytte, etter kviskring og banking, men alt han kan høyre, er skritta. Dei mørke auga til bestefar på biletet, dei tynne og strenge leppene. Tvers over trappa står Klara med armane i sida, halvt skjult bak skjørtet til tante. Ho ser på han framleis, med heilt smale auge, og så tiltar ho hovudet til sida. Ho stikk tunga ut av munnen og utover mot kinnet, ser på han med oppsperra auge. Jonas kjenner ikkje marken røre seg lenger no, det er slutt på dei buktande rørslene. Han ligg heilt stille når han dyttar med tunga, kanskje han faktisk har døydd der. Han vil stikke inn fingeren og sjekke at han lever, pirke han ut att og spytte. Men han kan jo ikkje det, for då vil alt bli øydelagt, og alle vil få auge på marken.

Tenk viss bestefar reiser seg, viss han har høyrt alt saman, alt det dumme dei sa om han i skogen. Klumpen stig oppover i halsen når han tenkjer på det, gjer det umogleg å snakke. Mora klemmer hardare rundt handa hans no, idet kista blir løfta inn i bilen. Ho sklir rett inn i det store bagasjerommet, blir borte bak dei blankpussa vindauga. Då dørene blir lukka, byrjar folk å gå mot bilane, men Klara har endå ikkje rørt seg. Ho blir ståande heilt til tanta drar ho vekk, trekker ho mot den ventande bilen. Der sperrar ho opp auga ein siste gong, før leppene sprekk opp i latter. Så er ho borte, bak glaset i bilen, og Jonas kan sleppe handa.

92 | SYN OG SEGN 1–2021


Tenk viss bestefar reiser seg, viss han har høyrt alt saman, alt det dumme dei sa om han i skogen.

Han kjenner slimet på tunga då han lener seg framover, let marken falle ut mellom leppene. Han landar på den venstre skoen før han sklir ned på bakken, vaskar eit spor i det skitne. Bak dei kan han høyre gravferdsbilen starte opp, køyre ut i den lange innkøyrsla. Og så er skritta der, av slektningar som går bort, stilla legg seg tung over gravlunden. Far hans står att der bilen nett stod, ser på han med våte auge. Då byrjar det å røre seg i grusen, berre litt først, men snart kjem det fleire rørsler. Marken kryp langsamt

mot graset og steinane, etterlet seg glinsande slimspor. Og då slepper klumpen òg taket, han krympar til ei ert, let seg svelgje i den tronge halsen. Auga renn over når han rettar opp hovudet, ser opp på andletet til mora. – Men Jonas, då, seier ho og tørkar han over kinnet. – Blei du så lei deg? – Er de heilt sikre på at bestefar er død? spør han med den dumme, tynne stemma. – Ja, seier mora. – Heilt, heilt sikre. l

NOVELLE | 93


NYTT TIDA Nytt og nyttig: framtida.no Nytt utgangspunkt: startsida.no Nytt for skulen: magasinett.no Nytt for barnehagen: pirion.no Nytt for nye: framtidajunior.no Nytt om oss: LNK.no

Landssamanslutninga av nynorskkommunar Organisasjonen for kommunar som brukar nynorsk Kontakt: post@LNK.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.