Issuu on Google+

er

l

Spinde

b o t k o . 0 3 . 8 Aurland 2

Maria Parr

Jon Hjørnevik

Erling Lægreid Odd Njøs Rita Eriksen Lars Mæhle Petter von Krogh Arnhild Skre Kristin Hatledal Rune Timberlid Hilde K. Kvalvaag Idar Lind Tom Dybwad Finn Loftesnes Lars Ove Seljestad Anna R. Folkestad Ragnar Hovland Gabriel Fliflet m.fl. Kai Martin Brekke Bjarte Sindre Egon Askvik m.fl. Signe Olaug Pedersen

heim

m Sylfest Lo

Ensemble Fa

nfaronner

www.nynorskelitteraturdagar.no


Karlsens, www.karlsens.no

HEIMEBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLE BANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREB EN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN OSTEBANKEN VERDSARVBANKEN AURLANDSBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜ BANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN STUDENTBANK OSTEBANKEN VERDSARVBANKEN AURLANDSBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIOR BANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBA DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN OSTEBANKEN VERDSARVBANKEN AURLANDSBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBANKE UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAR BANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBAN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN OSTEBANKEN VERDSARVBANKEN AURLANDSBAN EN BYGDEBANKEN HEIMEBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN NYNORSKBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN T BANKEN VANDREBANKEN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN OSTEBAN VERDSARVBANKEN AURLANDSBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBANKEN NYNORSKBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBAN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIOR BANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBA EN DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN OSTEBANKEN VERDSARVBANKEN KULTURBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBANKE UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAR BANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBAN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN OSTEBANKEN VERDSARVBANKEN AURLANDSBAN KULTURBANKEN HEIMEBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJO BANKEN FELLESBANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBA VANDREBANKEN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN NÆRINGSBANKEN OSTEBANKEN VERD SARVBANKEN AURLANDSBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBANKEN UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN NYNO SKBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAREBANKEN BYGGEBANKEN SENIORBA EN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBANKEN ETABLERERBANKEN FERIEBANKEN DRAUMEBANKEN STUDENTBANKEN NÆRINGSBANKEN VERDSARVBANKEN AURLANDSBANKEN BYGDEBANKEN HEIMEBA UNGDOMSBANKEN FJELLBANKEN SKOBANKEN FAMILIEBANKEN GRÜNDERBANKEN FJORDBANKEN FELLESBANKEN SPAR BANKEN BYGGEBANKEN SENIORBANKEN UTFLYTTERBANKEN SUTALAUSBANKEN TOGBANKEN VANDREBANKEN ROBAN

Me er aktiv støttespelar til både Nynorske Litteraturdagar og Aurlandskonferansen


anisasjon

tsorg Arrangemen

rske står bak Nyno kommune som som eit rt se ni Det er Aurland ga ementet er or ng ra Ar . ar ag n: litteraturd jektorganisasjo følgjande pros prosjekt, med entet rdal ge for arrangem Haakon Skje osjektansvarle pr sin e un m Aurland kom teneste AS Arve Tokvam rland Prosjekt innleigd frå Au r, ia le kt je os Pr m glum Skahje øring Ragnhild Hau og marknadsf ia ed m ar id be ar ed m kt Prosje dal Hallgeir Høy beidar ar ed m Prosjekt

agar e litteraturd asjon Nynorsk rm fo tin ak nt Ko e billettsal) (NB! Gjeld ikkj .no litteraturdagar post@nynorske 95 11 63 57 o 907 85 950 / eraturdagar.n .nynorskelitt w w w s le el å Sj Facebook eller føl oss på

(c) Maria Gilje Torheim

Mat er ein del av opplevinga.

(c) Maria Gilje Torheim

(c) Maria Gilje Torheim

Ein sveitt Jon Schau vert takka av Haakon.

Ola Bremnes held konsert i 2010.

noko å leve opp til Vår vesle litteraturfestival inst i Sognefjorden borar seg gjennom haustmørket, strekkjer armane i veret og ser atter ein gong dagens lys. Etter å ha arbeida oss gjennom konstruktive møte med forlag og andre samarbeidspartnarar, intense diskusjonar i prosjektgruppa og teke del i kreative prosessar har vi endeleg nådd målet - Nynorske litteraturdagar 2011. På sjette året er Litteraturdagane igjen klare for å skape liv i den stille tida, samle bygdefolk og tilreisande, og sørgje for at alle får gode opplevingar. Verdiane våre folkeleg – raus – levande er avgjerande for eit godt arrangement. Det er eit mål at programmet skal famne breitt, og nå ulike aldersgrupper. Programmet i år spriker frå reine litterære bokbad med mellom anna Erling Lægreid, til diktopplesing og ein stor porsjon humor med Jon Hjørnevik og Odd Njøs, via ein vilter operabarnetime, Meir himmel Meir jord i Vangen kyrkje, ein liten språkdebatt med Sylfest Lomheim, forbi eit kriminelt vaffelmøte, for til slutt å ende opp i ein storkonsert i Aurlandshallen. Og innimellom er det sjølvsagt fullspekka av andre spennande postar! I intime omgjevnader på Fretheim Hotel og Flåmsbrygga ligg alt til rette for ein avslappa atmosfære, der publikum og kulturaktørar kan ha det som plomma i egget. (c) Maria Gilje

Me ynskjer deg hjarteleg velkomen til Nynorske litteraturdagar 2011!

Torheim

Linn bakar på

3

barnearrangem

entet i 2010.


Billettinformasjon

Opningsarrangement

Kjekt å sjå deg!

Førehandssal Aurland Rådhus, resepsjonen, måndag – fredag 08:00 – 15:30 Tlf. 57 63 29 00 E-post: billett@nynorskelitteraturdagar.no

Opninga av dei sjette Nynorske litteraturdagar skjer som vanleg på Fretheim Hotel. Denne gongen er det Sylfest Lomheim som får æra av å ”klippe snora”. Tidlegare språkdirektør og ikkje minst evig aktuell språkpolitikar besøkjer festivalen for andre gong, og vil vere svært deltakande heile helga. Akkompagnert av vossadiktar Jon Hjørnevik og folkemusikkduoen Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken frå Spindel DUO, gjev han deg smakebitar på den innhaldsrike kulturhelga som er i vente.

Billettkjøp ved oppmøte i resepsjonen må betalast kontant. Vi sender billettar i posten til publikum busett utanfor kommunegrensene, dersom desse ikkje kan hente billettane sjølve. Betalingsinformasjon vert opplyst ved bestilling.

Vi avrundar opninga med bokslepp av Opptur Nærøyfjorden frå Selja forlag. Du vil finne eigen omtale av boka annan stad på sida.

Billettsal under arrangementet Under heile arrangementet føregår billettsalet i billettsekretariatet i konferansedelen på Fretheim Hotel. I tillegg vert det selt billettar ved inngangen til dei ulike arrangementsstadene ein time før arrangementsstart.

- Det blir i alle fall kjekt å sjå deg! Fredag Tid: 18.00 – 19.30 Stad: Fretheim Hotel Pris: 100 kr

Fleire av arrangementa har eit avgrensa tal publikumsplassar og kan bli utselt før festivalen startar.

Anna R. Fo

lkestad

rsen

Signe Olaug Pede

forlag

Skulearrangementet går som vanleg på dagtid fredag, og i år får elevane besøk av forfattarane Anna R. Folkestad, Hilde K. Kvalvaag, Signe Olaug Pedersen og Sylfest Lomheim. Finn Loftesnes

Anna R. Folkestad frå Stord vil underhalde barnetrinnet med debutboka Henrik And. Boka har ein enkel tekst med regleelement og gjentakingar, slik ungar likar, og med enkle, fargesterke illustrasjonar.

Tom Dy

bwad

Sentrumsvandring i Flåm

Opptur Nærøyfjorden

Mellomsteget får besøk av forfattar og lærar Signe Olaug Pedersen, som i haust kjem ut med boka Mysteriet med treningsnarkomanen, ei lettlest spenningsbok illustrert av Mona Brekke. Pedersen er frå Aurland og debuterte som barnebokforfattar i 2010 med boka Sprett i håret – sug i magen.

ndsen

Hilde K. Kvalvaa

g

im

Sylfest Lomhe

(c) Språkrådet

(c) Paul Sigve Amu

(c) Selja

Litteratur til elevane

(c) Samlaget

(c) Samlaget

Skulearrangement

Opptur Nærøyfjorden er den femte boka i den populære Opptur-serien til Selja Forlag. Tidlegare bøker har teke for seg fylka Sogn og Fjordane og Hordaland, og områda Jotunheimen og Geirangerfjorden, og no kjem altså ei Opptur-bok om eit anna verdsarvområde, Nærøyfjorden. Forfattarane av boka er Tom Dybwad, som til vanleg er rådgjevar ved miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og forfattar og fotograf Finn Loftesnes som er pensjonert lærar frå Sogndal folkehøgskule.

Sylfest Lomheim aktualiserar språket og talen sin posisjon i høve framveksten av teknologiske nyvinningar og digital kommunikasjon. Ungdomsskuletrinnet tek føre seg boka Tale er gull, og vil nytte dagen med den tidlegare språkdirektøren. I tillegg vil forfattar Hilde K. Kvalvaag også besøke ungdomstrinnet, og med seg har ho boka Fengsla, som ho fekk Brage-prisen for i fjor. Dette er ei forteljing om to kusiner i tenåra som sprengjer grenser.

I godt samarbeid med Nærøyfjorden Verdsarvpark, har dei plukka ut dei beste turane og gjort den nødvendige kvalitetssikringa. Til saman er heile 88 turar skildra, inkludert sentrumsturar nede i bygdene, frå Vik i vest til Lærdal i aust. Det fylgjer også med eit graderingsystem som viser kor krevjande dei ulike turane er. Det mest spesielle med Opptur-bøkene, er at alle turane er flyfotograferte, og at rutene er teikna inn på bileta. Dette gir lesarane spesielt god oversikt over rutene og terrenget dei går i. Boksleppet for Opptur Nærøyfjorden finn stad under opninga av Litteraturdagane. Laurdag vil forfattarane ta dei som ynskjer det, med på ei vandring i Flåm sentrum, som også er med i boka. Eit krav til tekstane i boka er at dei alltid skal fortelje noko meir enn at ruta går frå punkt A til B. Det kan vere kulturhistorie, spesiell vegetasjon eller anna som er kjekt å vite. Ved å vere med på sentrumsvandringa laurdag, blir publikum meir kjent med bygda der Nynorske litteraturdagar går føre seg. Forfattarane vil vere med som guidar.

Programoversikt for Nynorske litteraturdagar 2011 finn du på baksida av dette magasinet.

4

Laurdag Tid: 13.30 – 14.30 Oppmøtestad: Fretheim Hotel Gratis Forlag: Selja forlag


Erling Lægreid har lang og allsidig røynsle frå ulike sentrale posisjonar i norsk kultur- og samfunnsliv. Han var med og skipa Forsøksgymnaset, og var styreformann i Dag og Tid i 25 år. Mest kjend er meiningane og røysta hans frå uredde, kunnskaps- og perspektivrike kommentarar og program frå dei mange åra i NRK. Fredag Tid: 20.15 – 21.15 Stad: Fretheim Hotel Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget

Vossingen debuterte med den humoristiske diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001, og har sidan helde fram med å skrive dikt om usikkerheit, tabbar og triste opplevingar, men også om kjærleik, draumar og glede. Andre utgjevingar er Den vanskelege andreboka (2002), Hjørneviks Store Norske Leksikon (2004), Shortsen til far min (2005), Mor mi står i glaset (2008) og til sist Dikt i oppsamling (2008). Opplev ei diktopplesing med ulne rim og hårreisande forteljingar, som eigentleg burde blitt verande innanfor huset sine fire veggar.

Odd Njøs

Det beste og litt nytt frå Odd Njøs

Han har fått pris for allsidig kulturarbeid og flittig kjeftbruk – og han gir seg ikkje. No er han bokstaveleg tala Kjapp i kjeften. Odd Njøs er fødd i Leikanger i 1931, og er ei kjend stemme for mange i fylket som kåsør i NRK Sogn og Fjordane, og i lyd og lag. Etter at han vart pensjonist i 1996, har han vore med på eit omfattande arbeid med å samla stubbar, anekdotar og replikkar frå Sognebygdene. Odd har tidlegare gitt ut bøkene …. berre praten gaor (1996), De’kje nøye om du lyge litt (1997), Sommarliv på Berget (2000), Godt paosmurt (2005) og lydboka De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor (2006). I den nye utgjevinga Kjapp i kjeften har forlaget valt ut dei beste av dei nærare 600 stubbane Njøs tidlegare har fått på trykk, og i tillegg ein del anekdotar og replikkar som ikkje har vore presenterte i bokform før. Tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim er begeistra og omtalar boka på følgjande vis: Skald tappar frå tidlegare Njøskjelder og sper på med ny, frisk produksjon: - nyt det! Boka er illustrert av Janne Nes (f. 1954) frå Hamar. Ho har hovudfag frå Kunsthøgskolen i Bergen og har mellom anna vore representert på Høstutstillingen og Tendenser på Galleri F15. Ho arbeider innan både tekstilkunst og teikning, og mange tekstilarbeid er innkjøpte til offentlege og private bygg. I tillegg til bøkene av Odd Njøs, har ho illustrert songboka til Olav Stedje, Syng meg heim (2009).

Olsen

Årdølen og NRK-personlegdomen Erling Lægreid, har i det lange yrkeslivet sitt møtt uvanleg mange personar som har prega vår nære fortid. I boka Nærgåande skisser, minnest han møte med avdøde diktarar, politikarar og mediefolk som har hatt innverknad på vår tid. Han fortel no meir om møta med mellom anna Olav H. Hauge, Jens Bjørneboe, Agnar Mykle, Halldis Moren Vesaas, Einar Gerhardsen, Marie Takvam, Mosse Jørgensen, Per Aabel, Erik Bye, Wenche Foss og Einar Førde. Lægreid gjev oss historier og skildringar slik han opplevde dei, noko som ikkje alltid samsvara med måten dei vart framstilte på i offentlegheita. Dette har resultert i eit utval av varme, ærlege og utleverande portrett. Jan H. Landro, kulturredaktør i Bergens Tidende, møter Lægreid i samtale om boka og menneska – slik han opplevde dei.

Forfattaren Jon Hjørnevik har freista å flykte frå det meste her i livet. Mellom anna overbetalte og kjedelege jobbar, fjerne slektningar som vert for nære, snille kjærestar som vert for snille, alt for kåte hundar, illsinte tyskarar og godt isolerte rekkehus. Alt med blanda hell. Flukta har som regel enda med at han har fått eit nytt problem, og dette gjentek seg. No har Hjørnevik for femte gongen rota seg vekk, no i diktsamlinga Flukta frå rekkehuset.

(c) Siri Vaggen

Erling i møte med store norske

Jon Hjørnevik og Flukta frå rekkehuset

(c) Lars Nes

d Erling Lægrei (c) Dag og Tid

Nærgåande skisser

To kjappe kjeftar mellom to permar

Jon Hjørnevik

Fredag Tid: 21.30 – 22.30 Stad: Ægir Bryggeri og Pub Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget (Hjørnevik), Skald (Njøs)

Spindel BAND

(c) Magnus Skrede

Eksklusiv SPINDEL-konsert Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad står i spissen for folkemusikkgruppa Spindel, som byr på ein sjeldan konsert i Flåm. Solokarrierar, studiar og andre prosjekt har resultert i at det er nærare to år sidan heile bandet spelte konsert saman. Bandet består i tillegg til Kroken og Moldestad, av Olav Tveitane (gitar/cister og contrabass), Dagfinn Andersen (piano/trøorgel) og Ivar Kolve (perkusjon). Dei har to plater bak seg, og har mellom anna spelt i Canada, USA, Danmark og Spania. Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken var også med i Eurosong 2006 saman med Christine Gulbrandsen. Den vestlandske slåttemusikken på hardingfele er utgangspunktet i musikken til Spindel. Her bør det nemnast at låta Vare Gamle Vals stadig surrar på NRK P1. Fleire i bandet bidreg med nye låtar og saman spinn dei eit univers med impulsar frå mange musikalske sjangrar.

Spindel BAND, her representert av Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad

Les meir om Spindel på www.solidmusikk.com og www.myspace.com/spindelfiddles

5

Fredag Tid: 23.00 – 00.00 Stad: Ægir Bryggeri og Pub Pris: 200 kr


Sogn og Fjordane fylkeskommune • • • • • •

Næringsutvikling Kulturtiltak Vidaregåande opplæring Samferdsle Tannhelse Regional planlegging

Sogn og Fjordane fylkeskommune – ein regional utviklingsaktør med breidde.

© Sakte. Petter Solheim

www.sfj.no

I Nærøyfjorden Verdsarvpark dyrkar me møta mellom landskap, kultur og menneske gjennom godt vertskap, lokalt mathandverk og spektakulære turopplevingar. Engasjer deg for verdas vakraste fjordlandskap – bli med som partnar eller besøk oss som gjest. Verdiskaping skjer i møtet! naroyfjorden.no

6

© Sakte. Petter Solheim

www.karlsens.no

Foto: © Svein Ulvund

Saman for ein berekraftig verdsarv


(c) Johan B. Skre

Språkpolitikar om talen si framtid

Hei e-boka! Kjem du snart?

Superaktuelt foredrag om e-bokmarknaden

Talen er den avgjerande reiskapen for oss menneske, og det mest verdifulle vi har – i privatlivet, i samfunnslivet og i yrkeslivet. Mennesket har plassert seg i eit triangel som består av tale, tekst og teknologi, og den teknologibaserte kommunikasjonen er på frammarsj med stormsteg. Dialogen - den fysiske talen ansikt til ansikt, blir gradvis meir marginalisert - er vi laga for ei slik utvikling? Toler vi konsekvensane av det som skjer med oss og rundt oss? Desse spørsmåla stiller tidlegare språkredaktør Sylfest Lomheim i den nye boka Tale er gull. Han hevdar at aldri før har mennesket stått i ein slik situasjon – mellom langsam biologi og eksplosiv teknologi. Under frukostarrangementet vil Jan H. Landro, kulturredaktør

Arnhild Skre

Hulda Garborg etter 22.juli

Den nasjonale strategen

Sylfest Lomheim

Historikar, kulturjournalist og forfattar Arnhild Skre gjev i haust ut ein nær og usminka biografi om Hulda Garborg (1862-1934), med tittelen Hulda Garborg - nasjonal strateg. Ho var ein populær dramatikar med ein stor forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Eit ungdomsidol, kosthaldsog livsstilsreformator og husflidsgründer er andre karakteristikkar brukt om grunnleggjaren av Det Norske Teateret.

(c) Språkrådet

– Hulda Garborg var ein sterk trendsetjar for ungdomen. Ho var radikal, og var ikkje redd for å bryte med tradisjonen. Ho fekk med seg dei unge, særleg når det gjaldt folkedans, men ho var også ein trendsetjar innan bunader, heimeinnreiing og teater, fortel forfattaren.

i Bergens Tidende, intervjue Lomheim for å få utdjupa desse synspunkta endå meir, og gjerne seie noko om framtidsutsiktene til det norske språket generelt, og nynorsken spesielt. Lomheim (f. 1945) er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder, og tidlegare direktør i Språkrådet. Han har gjeve ut fleire bøker, mellom anna Språkteigen, Skrifta på skjermen og Språkreisa.

Laurdag Tid: 10.30 – 11.30 Stad: Peisestova på Furukroa Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget

E-bokteknologien har vore på marknaden i over ti år, men tok ikkje av før Amazon lanserte lesebrettet Kindle på seinhausten 2007. Etter fem og ein halv time var alle lesebretta rivne vekk, og mange medium meinte at ein no hadde sett det siste av papirboka. Tre år seinare kom iPad’en på marknaden, og denne har - saman med ei rekkje andre nettbrett - utvida e-bokmarknaden mykje. Sjølv om e-boksalet frå nettbutikken Amazon overgår salet av fysiske bøker, er stoda ei ganske anna her heime. I april i år blei den norske e-boktenesta Bokskya lansert, men fekk dårleg mottaking. - Bokskya er verre enn ingenting, skreiv teknologinettstaden NRK Beta. Men e-boka i seg sjølv kan då vel ikkje vere så ille? Rådgjevar ved Buskerud fylkesbibliotek, Petter von Krogh, vil halde eit foredrag om nettopp dette. Han legg opp til ei generell innføring i bruken av e-bøker og om e-boka sitt potensiale. Petter vil òg oppdatere oss på utviklinga på den norske marknaden - for det er ting i emning! Etter foredraget blir det høve til å prøve ulike lesebrett og nettbrett. Den tidlegare prosjektmedarbeidaren for Nynorske Litteraturdagar, sit no i prosjektgruppa for det nasjonale e-bokprosjektet E-lån (http://ebok.dbib.no/).

Under Litteraturdagane vil Skre halde eit foredrag med fokus spesielt på Garborg si vidstrekte reiseverksemd i inn - og utland. - Der samla ho impulsar til å skape det vi i dag kallar norsk drakt, norsk dans, norsk mat og norsk teater. Få nordmenn i hennar samtid kan ha vore meir reisevande og meir opne for andre kulturar enn ho, fortel forfattaren som sjølv har reist i Garborg sine fotspor. Skre spør også kva vi kan læra av Garborg sitt møte med fascismen. Dei tragiske hendingane på Utøya og i regjeringskvartalet 22. juli i år, vart utløyste av eit menneske med sterke nasjonalistiske haldningar. I føredraget vil biografen setje søkjelyset på kva som gjer at Garborg ikkje enda opp som fascist, sjølv om ho var omgjeven av menneske som støtta Mussolini, der ein del hamna i Nasjonal Samling (NS). Gjennom Garborg som døme, vil Skre fortelja om korleis kulturnasjonalisme kan dyrkast fjernt frå framandhat og vald. Laurdag Tid: 12.00 – 13.00 Stad: Peisestova på Furukroa Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget

7

(c) Beate Ranheim

Tale er gull

Petter von Krogh Laurdag Tid:12.00 – 13.00 Stad: Flåmsbrygga Hotell, konferansesalen Pris: 100 kr


Kriminelt vaffelmøte

Ei vaffelsuperstjerne og to detektivar, pluss litt trøyst I den første barneprogramposten får borna treffe barnebokforfattarane Maria Parr og Lars Mæhle.

Harry og Ivars detektivbyrå handlar om to karar i sin beste alder, som har starta eit detektivbyrå. Når skrinet med Leonaro da Vincis store løyndom blir stole frå bymuseet, får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei til. Museumsdirektøren har lova finnarlønn til det beste detektivlaget, og Ivar får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv. Laget til Harry, Harrys grandiosa dektektyvbyrå, vil finne travhesten Halte-Blessen, som er kidnappa frå Lady Rosalind Pettersen. Deira evige fiende Kameleonen kan ikkje stå bak, men kven er då den nifse typen i finlandshetta? Her er det ugler i termosen! Boka er illustrert av Per Dybvig.

Parr (f.1981) er omtala som norsk barnelitteratur si nye superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. Bøkene er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har Parr vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho er også vorte samanlikna med Astrid Lindgren!

Som høgtlesing passar både Vaffelhjarte og Harry og Ivars detektivbyrå frå 5 år og oppover.

(c) Marthe Bjerke

Mæhle (f. 1971) er forfattaren bak boka Keeperen til Tunisia, som vart filmatisert med stor suksess med tittelen Keeperen til Liverpool. Han har også skrive sju lettlestbøker om Østfold sitt dårlegaste fotballag, Knoterud FK. No er han igjen bokaktuell med Harry og Ivars detektivbyrå. Dette er den fjerde boka i serien om dei to heltane i sin beste alder – som denne gongen har starta eit detektivbyrå. På arrangementet vårt vert borna delte inn i to grupper, ei for dei yngste og ei for dei litt eldre. Begge gruppene vil få anledning til å oppleve høgtlesing frå både Parr og Mæhle.

For dei yngste Har du nokon gong vore så trist at du trudde ingen ting i heile verda kunne trøyste deg? Eller at pappaen din har vore sjuk og trengde mest av alt ein stor, stor klem? Og kan du førestille deg at det finst nokon som aldri har fått ein klem i sitt liv? Trøysteboka er den tredje boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Etter dei to prislønna bøkene Godnattboka og Eventyrboka skriv forfattarane i denne boka om det å trengje trøyst og om å gi trøyst til andre. Nokre av forfattarane skriv om kvardagssituasjonar som dei fleste barna vil kjenne seg att i, andre tek oss med i ei verd fylt av trøystande fantasi. Parr og Mæhle er begge bidragsytarar i Trøysteboka, og dei minste vil få høyre høgtlesing herifrå.

Operabarnetimen

Fanfaronenes superfamilieshow

For dei litt eldre Vaffelhjarte har blitt ein klassikar, der vi følgjer dei to oppfinnsame niåringane Trille og Lena gjennom liv og vaffelrøre i eit heilt år. Lena er tøff og nesten ikkje redd for nokon ting, men ho er ikkje spesielt sterk heller. Alle slår henne i handbak, og det kan hende at Trille må redde livet hennar. Parr skriv lett og morosamt om glede og alvor, venskap og sorg, og om lengten etter å vite heilt sikkert at den du er glad i er like glad i deg. I haust går forteljinga om Trille og Lena som tv-serie på NRK Barne-TV. Det kan difor vere ekstra kjekt for borna om dei har sett episodane som vert sende før dei får høve til å møte forfattaren på Litteraturdagane.

Den andre programposten ut er Operabarnetimen med Ensemble Fanfaronner. Dette er ei energisk, humoristisk og engasjerande førestilling der målet er å introdusere dei yngste til klassisk musikk generelt og operasjangeren spesielt.

(c) Siri Juell Rasmussen

Gjennom song, spel, tull og tøys tek dei tre fanfaronene borna med inn i ei verd fylt av ein misnøgd alt frå Polen, ei bortskjemt og blærete sopran-prinsesse, eit par bøllete hekser og ein pianist som slett ikkje er det ho gjev seg ut for å vere. I beste barnetimeånd vil det informerast og inspirerast – og showet er sjølvsagt ikkje komplett utan lausbartar, flotte kostyme og trylletriks! Ensemble Fanfaronner består av dei tre fanfaronene Charlotte Lund Sager (sopran), Ingvild Storhaug (alt) og Marita Vårdal Igelkjøn (klaver). Musikarane har laga ei spennande historie, henta ariar og duettar frå ulike operaer og skrive nynorske tekstar. Dette er ei familieframsyning som passar ypparleg for både små og store, men aller best frå ca tre år og oppover på grunn av eit par skumle hekser... Laurdag Tid: 1400 – 15.15 Stad: Fretheim Hotel Pris: 100 kr

Maria Parr

8

Ensemble Fanfaronner

Laurdag Tid: 12.00 – 13.15 Stad: Fretheim Hotel Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget (Vaffelhjarte og Harry og Ivars detektivbyrå), Skald (Trøysteboka)


Stor bloddråpesvermar på raudknapp, Aurland

Landskap – Plan – Prosess Heilskaplege prosjekt innanfor natur, landskap og miljø

N Y T T: Ægi r B r yg g som va er i r kå

Kontakt oss for: Kartlegging og analysar. Skjøtselsplanar, Regulering og detaljprosjektering.Formidlingsstrategiar og bygdeutvikling. Me har fagkompetanse innan arealplanlegging, landskapsforvalting, biologi, geografi, kulturminne/arkeologi, samfunnsfag/bygdeutvikling og landskapsarkitektur.

brygge ripub» ra til «årets og 201   i 2008, 200 Ægir B 0 opnar 9 renner Før jul i e r d e n ten kla r. Vi tilbførste akevit y og ake vittsmar ølsmaking k in gruppe g for r.

post@naturverkstad.no tlf: 57 63 36 29 www.naturverkstad.no

HAUSTEN 2011

Ditt naturlege val, lokalt og regionalt

Stå-opp-poesi og rakfiskbuffé i Ægir 22. OKTOBER 2011 ( L AURDAG )

Vi tek opp att suksessen frå 2009 og 2010! Her skal det diktast, drikkast og etast i Ægir si ånd! Spontanpoesien kjem ut i bokform; Ægir sine husdikt. Pris: kr 495,-

Konsert - Spindel BAND 28. OKTOBER 2011 ( FREDAG )

Konsert på Ægir. Sjå www.nynorskelitteraturdagar.no

Ragnar Hovland og Finn Tokvam

Ein leiande kraftprodusent - kompetent og skapande

29. OKTOBER 2011 KL. 16:30 ( L AURDAG )

Bokbad på Ægir. Sjå www.nynorskelitteraturdagar.no

Julebord FRÅ 26. NOVEMBER ➝

Tradisjonelt julebord i Flåmstova Restaurant eller julebord med ny vri:: Lokal tapasbuffet i Ægir Bryggeri. Kombiner ølsmaking og akevittsmaking med julebordsarrangement. Pris julebord: Frå kr 525,- pp

Weekendtilbo d oktober – desember 201 1: ROM / FRUKO S T: frå kr 595,pp

Les meir: www.flamsbrygga.no

Tlf.: 57 63 20 50 | booking@flamsbrygga.no

www.e-co.no

9


Idar Lind

Fjorden

Eit steg vidare

Kvinner i krig

Ei ukjend kvinnehistorie

Oddingen Lars Ove Seljestad brakdebuterte med romanen Blind i 2005, og vart nominert til fleire litterære prisar. Året etter gav han ut boka Bastard, eit essay om klassereise. I 2009 kom romanen Frægd, og han fekk i 2010 Bokhandelens forfattarstipend. No er han aktuell med romanen Fjorden. - Med Fjorden tar eg litterært, menneskeleg og eksistensielt eit steg vidare, skriv Seljestad i sine ord til lesarane. Boka handlar om eit forsøk på å forma eit liv i skuggen av ein far - den levande faren, så vel som den døde. Mest av alt er det ein roman om ei reise ein far og den åtte år gamle sonen gjer for å hente ein båt som dei skal køyre tilbake til Odda ein grå-våt bølgjesterk sommardag. Båtturen blir som eit bilete på livet sjølv - ei intenst sansa skildring av naturkrefter og vaksenverda slik eit barn ser det.

Heilt frå Rinnanbanden vart etablert på nyåret 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle. Sydama Ragnhild Strøm frå Steinkjer var den første kvinna som vart verva av Henry Rinnan, og seinare kom fleire til. Av drygt 70 medlemmar i det som blei den mest berykta gruppa av quislingar og kollaboratørar, var meir enn ein femdel kvinner. Nokre av desse kvinnene trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla, medan andre sympatiserte ope med fienden. Aleinemora Solveig Kleve frå Molde forelska seg i Rinnan, som spelte rolla som ekte jøssing. Ei blanding av kjærleik og frykt for konsekvensane gjorde at ho ikkje greidde å komma seg ut av banden. Ho vart ei av tretten kvinner som vart dømde for medlemskap i Rinnanbanden, medan to døydde før landssvikoppgjeret.

I motsetnad til vanlege bokbad vil dette arrangementet ta ei meir musikalsklitterær retning. Seljestad vil både lese og prate frå Fjorden, i tillegg til at folkemusikar og hardingfelespelar Benedicte Maurseth spelar musikk frå Fjorden.

I boka Kvinnene i Rinnanbanden får du historia som ikkje er fortalt tidlegare. Forfattar Idar Lind tilbakeviser myten om at kvinnene berre hadde roller som ”lokkeduer”. Dei var på same vis som mennene kurerar, agentar, angivarar, provokatørar, infiltratørar og spionar. Lind (f. 1954) debuterte som romanforfattar med Stengde dører i 1983, og har sidan den gongen skrive ungdomsbøker, kriminalromanar, historiske romanar, dramatikk og sakprosa.

Laurdag Tid: 15.00 - 16.00 Stad: Flåm Panorama Pris: 100 kr

Lars Ove Se

ljestad

Ein livsfarleg kamp Historikaren Kristin Hatledal syner at norsk motstandskamp under krigen også var kvinnene sin kamp. I alt 26 norske kvinner mista livet på grunn av motstandsverksemd, og alt frå husmora med 14 ungar til ungjenta på 15 år kasta seg inn i kampen mot okkupantane. I boka Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner, gir Hatledal oss eit breitt bilete av norske kvinner sin innsats, samstundes som ho portretterer sentrale motstandskvinner som Anne Marie Breie, Dagmar Lahlum, Ingeborg Refling Hagen og systrene Helga og Aasta Stene.

To menn og ei flaske vin

Stille natt

Ein forfattar er i trøbbel. Han er ein av til saman fem brør, den eine er advokat og sit i fengsel etter noko advokatjuks, den andre har det skjedd noko mystisk med og sit stort sett berre inne i leilegheita si, mens dei to siste, vel, ingen veit kor det blei av dei.

Hatledal har skrive om den store foreldreaksjonen og hovudkvinnene der. – Dette var mest sannsynleg den største masseaksjonen under krigen, men er lite kjent i dag. Det var berre kvinner som stod bak, og dei nytta seg av utradisjonelle metodar for å drive motstand, fortel forfattaren. Det var også ein viss skilnad i kor aktive kvinnene var innanfor dei forskjellige motstandsaktivitetane. Veldig mange av dei dreiv med kurerteneste, gav ut illegale aviser eller skjulte andre motstandsfolk, medan færre var involvert innanfor dei meir militære motstandsgreinene. Boka er tenkt å gje eit meir heilskapleg bilete av kvinnene sin motstandsinnsats enn det som tidlegare har vore kjent.

Ragnar Hovland er i vinden igjen og er no bokaktuell med romanen Stille natt. Her skildrar han ein forfattar som prøver å leve eit så skikkeleg liv som mogleg, komme seg opp før halv elleve, drikke eit par koppar kaffi med fløyte før han set seg ved maskina for å arbeide. Men så ein dag blir han oppringd av Tomas D., som vil at han skal komme heim til Vik, heimbygda. Og han kastar seg i bilen og køyrer til Vestlandet. Det er mellom anna her han hentar stoffet til romanane sine, og vi får høyre mykje kjekt om forfattarlivet. Men snart begynner underlege ting å skje. Tilbake i byen blir forfattaren etter kvart heimsøkt av sine eigne karakterar.

Kristin Hatledal (f. 1983) har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo. Masteroppgåva handla om Dagmar Lahlum.

Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar, og har til dags dato gjeve ut over 40 bøker i alle sjangrar. Han er ein av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur, full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar. Over ei vinflaske vert Hovland intervjua av kamerat, forfattar, musikar og journalist Finn Tokvam.

Forfattarane Lind og Hatledal vert i dette fellesarrangementet intervjua av Johs. B Thue. Laurdag Tid: 13.30 – 14.30 Stad: Flåm Panorama Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget

Kristin Hatledal

Laurdag Tid: 16.30 – 17.30 Stad: Ægir Bryggeri og Pub Pris: 100 kr Forlag: Det Norske Samlaget

10

Ragnar Hovland


Ragnar Hovland og Finn Tokvam

Åresong

Fosse og Fliflet har funne tonen Hausten 2008 kontakta Festspillene i Bergen Jon Fosse og bad han skrive ei samling songtekstar. Gabriel Fliflet vart beden om å setje tonar til, velje ut og lage ein heilskap av dette. Resultatet vart bestillingsverket Åresong. Urpremieren på Festspillene i Bergen 2010, gav ståande applausar, glimrande pressekritikkar og ein del grining i salen. No står Flåm for tur.

Popquiz

Quizdoktorane tek ordet

Musikarane i Åresong

- Vi skal ikkje gjere narr av dei som er svake på pop - dei som derimot trur dei veit meir enn oss om pop, skal ikkje kjenne seg for trygge. Quiz-doktorane Ragnar Hovland og Finn Tokvam lovar ein underhaldande popquiz laurdag kveld. Det vert lagt opp mykje likt dei tradisjonelle quizane som Popquiz på NRK P1 og vanlege pubquizar, med spørsmål i ulike kategoriar. Litteraturdagar og nynorsk er gode stikkord når spørsmåla skal lagast, men elles har duoen ein lei tendens til å lage spørsmål kring musikk dei likar. - Er vi i det rette lune, kjem det kanskje spørsmål om andre saker også, som kanskje ikkje nett har så mykje med pop å gjere, i alle fall ikkje ved fyrste augekast, innrømmer Tokvam.

Quiz-doktorane lovar med dette ein gild kveld i laget. Laurdag Tid: 22.30 – 23.30 Stad: Fretheim Hotel Pris: 150 kr

Foto: Margrethe Myhrer

Gabriel Fliflet er kjend for stemningsfulle konsertar og den smittande spelegleda si. - Med Åresong var eg oppteken av å spegle Fosse sine tekstar som små glimt og brokkar av livet vårt, av verda vår. Difor var det viktig at musikarane skulle ha stemmer med karakter og særpreg, slik at dei kunne byte på å fortelje denne historia, fortel Fliflet som framfører Åresong med ei knippe av favorittmusikarane sine. Saman med Per Jørgensen (trompet, song), Benedicte Maurseth (hardingfele, song), Stein Urheim (strengeinstrument, munnspel, song) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) vil han sitje i ein halvsirkel der alle byter på å vere hovudsongar. Den eine overtek når den andre har sunge sin song, og det vert som ein vev av stemmer.

Og meldinga er klar: - Deltakarane lyt skjerpe seg, og bannskap og klaging på quiz-doktorane er fåfengt. Det er Hovland og Tokvam som har ordet. Det er dei som styrer musikken. Det er ikkje lov å klage på musikken. Det blir minst eitt spørsmål om Olav Stedje. Det er ikkje lov å jukse, og viss ein på død og liv skal jukse, bør ein passe på at det ikkje blir oppdaga.

B at e s u n i t e d

Fosse sine tekstar har titlar som Månesong, Vil bort-song og Vindsong. I Åresong finst både voggesongar, kjærleiks- og alderdomssongar som alle følgjer ein danserytme. Fliflet fortel at han har leita etter ei poetisk og ettertenksam musikalsk hovudstemning. Noko enkelt, men samstundes mangetydig. - Eg har forsøkt å lage noko som er songbart og melodiøst, utan å vere prega av klisjear. Noko imøtekommande, men litt uventa...og innimellom bryt ein meir fandenivoldsk energi gjennom!

Jon Fosse gav ut tekstane til verket i boka Songar på Det Norske Samlaget hausten 2009. To år seinare vart cd’en Åresong (NORCD 1102) utgjeven, med overveldande gode kritikkar i norsk og utanlandsk presse. Nynorske litteraturdagar gjev deg med dette høve til å oppleve viser med røter i mang slags folkemusikk og eit skot med jazz! Laurdag Tid: 18.00 – 19.15 Stad: Fretheim Hotel Pris: 200 kr

Kan ein få meir når ein tek vekk noko?

Bordseta

Velkomen til bords! Vi tek opp att tradisjonen med felles festivalmiddag for festivalaktørar, publikum og arrangørar. Etter ein lang og innhaldsrik laurdag, gler vi oss til å setje oss ned for å nyte eit godt måltid saman på ærverdige Fretheim Hotel. På mange måtar er dette kjernen i Nynorske litteraturdagar, der dei gode opplevingane og den intime kontakten mellom publikum og aktørar står svært sentralt. Alle festivalmiddagar med respekt for seg sjølv har sjølvsagt nokre ess i ermet – dette har også vi teke høgde for. Mellom kulinariske rettar frå Fretheim Hotel sitt bevisste kjøkken, vert det kulturelle innslag og overraskingar av ulikt slag. Viseverten for kvelden er kjend i kulturkretsen, folkeleg og raus – men førebels ein løyndom... Laurdag Tid: 20.00 – 22.00 Ta del i årets festivalmiddag og lat oss berre nyte! Stad: Fretheim Hotel Pris: 430 kr

I Lerums utan tilsett sukker har vi teke vekk sukkeret og erstatta det med enno meir frukt og bær. Det gir ei unik smaksoppleving, samtidig som du lever sunnare. Ein kan få meir når ein tek vekk noko. Mindre sukker, meir bær og meir smak. Meir eple-pære, meir blåbær, meir bringebær-eple og meir jordbær. Lerums utan tilsett sukker inneheld søtstoff.

11

Lev lettare med Lerum


Framover... saman Flåm, 19. – 20. oktober 2011 Ikkje gå glipp av den årlege næringskonferansen, der me byr på mange spennande tema, formidla av dyktige føredragshaldarar. Aurlandskonferansen føl opp innhaldet frå tidlegare år, med hovudfokus på utfordringar og moglegheiter for eksisterande og nye næringar i distrikta. Aurlandskonferansen skal vere prega av slagorda Framover … saman, ei vektlegging av at framgang ofte blir skapt gjennom godt samarbeid, felles mål og retning. Aurlandkonferansen er eit samarbeid mellom Aurland Næringsutvikling AS, Aurland Sparebank og Nynorske litteraturdagar. Sjå www.aurlandnu.no for fleire detaljar om Aurlandskonferansen.

Påmeldingsfrist onsdag 12. oktober

Støttespelar for lokalsamfunnet & lokal leverandør av rein energi Tlf: 57 63 20 80 • Feilmelding: 57 63 20 88 • post@aev.no

F:57632080 FAX:57632081 post@aev.no

N LOKALE KRAFTLEVERANDØR

12

aurland-energiverk.no


Foto: La rs Nes

Odins smykke Tredje mann ut med søndagsspenning er Bjarte Sindre, som har skrive fire bøker i serien Odins smykke, som alle har kome ut det siste året. Den fjerde boka kom like før sommarferien, og har tittelen Møyfrid.

Krim på agendaen Rune Timberlid, Kai Martin Brekke og Bjarte Sindre presenterer krim frå notid og fortid i samtale med Hans Jakob Reite. Knallsterk krim frå det mektige Vestkapp Politibetjent Rolf Randen er i Selje for å patruljere kysten på jakt etter islamistiske terroristar som trugar nasjonen. Så finn han eit lik i strandkanten, og deretter skjer det ei rekkje uforklarlege hendingar i området. Rolf Randen blir dregen inn i sak som har forgreiningar både tilbake til eit dramatisk forlis under andre verdskrigen, Stalin sine GULag-leirar i Sibir og til Den spanske armadaen. Løysinga på det som skjer finst ein eller annan stad i den mektige naturen rundt det lunefulle Stadhavet.   Sanct Svithuns gåte er den sjette boka med politibetjent Rolf Randen i hovudrolla. Rune Timberlid (f. 1950) er tidlegare journalist, men bur no i Førde der han jobbar som kommunikasjonsmedarbeidar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Kald finale Ein betjent frå det lokale lensmannskontoret var i ferd med å fortøya den vesle robåten til bryggja på Aurlandsvangen då Mikkel Holo stega over politisperringa, tok eit raskt oversyn og fanga blikket til lensmann Lars Erisbakken. Lensmannen kom han i møte med ei bekymra mine. – Det var rutebåten som oppdaga han. Mikkel Holo nikka, bøygde seg utover kaikanten og såg mot den døde. Kroppen låg i fosterstilling midt i den vesle robåten. Blikket som stira ut i kuldegradene hadde eit ubestemmeleg preg. Kanskje redsle. Kanskje resignasjon. Munnen var berre halvt open, som til eit halvkvalt rop om hjelp. Den blåaktige, nakne kroppen var dekt av eit lett rimlag. Berre det fyldige håret reagerte på vindkasta som pressa seg ned fjellsida. Mikkel Holo festa seg ved andletet. Han kjende det frå fleire avisoppslag.

Odins smykke er ei forteljing frå 920-talet, om hovudpersonen Asgeir Åsason som veks opp på øya Bru i Sunnfjord, dagens Svanøy. Asgeir veit ikkje kven som er far hans. Som ættelaus er han nokså verdilaus, og han strever veldig med å finne ut av kvar han kjem frå. Sannsynlegvis er han av høg byrd, men dette er ikkje sikkert. Mykje av handlinga føregår på Vestlandet, både Avaldsnes, Sunnfjord og Sunnmøre, men Asgeir er også på reise langt nord i Troms og heilt til Bjarmeland, som var dåtidas namn på landet ved Kvitsjøen. Odins smykke er ein bokserie som passar for både vaksne og ungdommar. Søndag Tid: 12.00 - 13.30 Stad: Peisestova på Furukroa Pris: 100 kr

Den nye krimmen til Kai Martin Brekke, Kald finale, er den tredje boka om politietterforskar Mikkel Holo. Brekke kjem frå Flåm, men bur på Leikanger, og er til vanleg journalist i Sogn Avis.

Bjarte Sindre

Søndagsspenning frå Fjordfylket

Meir himmel – Meir jord

Rita Eriksen m. band

Perler frå kyrkjeskatten

Festivalfinale med Eriksen

Egon Askvik var prest i Aurland på nittitalet, og aurlendingane kjenner han både som prest og som musikar i Aurland spelemannslag. I framsyninga Meir himmel – Meir jord møter me både den jordnære presten og dei himmelske tonane. Askvik har også skrive bøkene Skatten og perlene og Kristuskransen for konfirmantar. Bøkene er gjevne ut på Verbum forlag og seld i over 30.000 eksemplar. Astri Sudmann er profesjonell forteljar, og Kjell Bergsvik medverkar på saksofon, medan Jan Holden styrer lys og lyd. Regissør for framsyninga har vore Arvid Ones, som mellom anna har regissert Ylvis, Kvinner på randen, Tyl med fleire Framsyninga vil ta oss med inn i mange kjenslerom som gjev gjenklang i liva våre: undringa, gleda, leiken, dansen, men også sorga og fortvilinga sine rom. Perlene i Kristuskransen vert lyfta fram, og det viser seg at skatten er å finna i ein åker. Målet med framsyninga er å gje tilhøyrarane eit nytt og annleis møte med klassisk kristen tru, samstundes som ein kjenner att tonane frå kyrkjeskatten og dei heilage tekstane. Framsyninga er ein del av Nynorske litteraturdagar, men er eit eige arrangement i regi av Kyrkja i Aurland. Søndag Tid:14.00 – 15.00 Stad: Vangen kyrkje, Aurland Pris: 100 kr NB! Billettsal i resepsjonen på Aurland rådhus

Rita Eriksen er rekna for å ha ei av dei vakraste stemmene i landet, og har i løpet av sin 20 år lange karriere fenga publikum med slagarar som Karl Johan, The water is wide, Sønnavindsvalsen, Kanarifogelens song og Sei det te meg. For mange er ho mest kjend som eine parten i duoen Eriksen, saman med broren Frank. Ho er også den kvinnelege vokalisten på Vamp-låta Tir n`a Noir. Sidan den fyrste plateutgjevinga i 1988 har ho helde stødig fast ved roots/country sjangeren, både som soloartist, i duo og trio. Eriksen er kjend for å tolke andre sine tekster og gjere dei om til sine eigne særeigne songperler. Ho er også flittig nytta av det norske musikkmiljøet, og har samarbeida med mellom anna Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Jonas Fjeld, Tre Små Kinesere og Vamp som allereie nemnt. Hausten 2008 feira Eriksen 20-års jubileum som artist, og gav ut soloalbumet Hjerteslag. Alle hennar tre album sidan har seld til Platina, og ho har hatt travle år med konsertar land og strand rundt. På repertoaret denne kvelden står slagarar frå heile hennar karriere, framført på klingande stavangerdialekt. Eriksen kjem til Aurland med fullt band, klare for å gje oss ei flott konsertoppleving i haustmørket, og ikkje minst ei verdig avslutning av Nynorske litteraturdagar. Søndag Tid: 16.00 – 17.30 Stad: Aurlandshallen Pris: 250 kr


Svært mange bidreg til planlegging og gjennomføring av Nynorske litteraturdagar. Vi i arrangementsorganisasjonen vil svært gjerne få retta ei stor TAKK til alle som på ein eller annan måte er involverte i arrangementet. • • • • • •

Forlaga, forfattarane og alle dei andre aktørane som skapar innhald til festivalen Tilskotsytarane Aurland kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk Kulturråd Generalsponsor Aurland Sparebank og sponsor E-CO Dei som har kjøpt annonseplass i festivalavisa vår Alle dei flotte arrangementsstadene og dei som jobbar der Dei som er med som frivillige under arrangementet

For informasjon om overnatting sjå www.nynorskelitteraturdagar.no

Og sist men ikkje minst, vårt kjære PUBLIKUM!

(c) Oskar Andersen

Tusen takk til alle for at de gjer det mogeleg for oss å gjennomføra Nynorske litteraturdagar!

Kart over Flåm sentrum 3. 2.

4. 5.

1. Fretheim Hotel 2. Flåm stasjon (tog/buss)

6.

3. Flåm Panorama 4. Ægir Bryggeri og Pub 5. Flåmsbrygga Hotell 6. Furukroa/Flåmstova 7. Flåm hamn

7.

1.

14


Vill og vakker natur · Foto: VisitFlåm/M.Rakke, P.Eide

- verdas beste grunn til å besøke

FLÅM

Vakre Flåm finn du heilt innerst i Aurlandsfjorden, ein sidearm av den 204 kilometer lange og opptil 1308 meter djupe Sognefjorden.

LESEGLEDE

Flåmsbana er den eventyrlege togreisa mellom Flåm og Myrdal ved Bergensbanen, og er kåra til ei av verdas vakraste togreiser. Rederiet Sognefjorden inviterar til ein minnerik båttur mellom Flåm og Gudvangen i verdsarvområdet rådet Nærøyfjorden. ÅLESUND Lat inntrykka frå ein spennande dag synke inn ved tradisjonsrike Fretheim Hotel, som i dag er eit VOSS FLÅM HEMSEDAL av Fjord Norges mest særprega BERGEN MYRDAL GEILO og komfortable hotell. OSLO Flåm ynskjer alle velkomne, uansett alder og årstid.

STAVANGER LARVIK

Nynorske Litteraturdagar 28 – 30 okt. 2011

KRISTIANSAND

www.visitflam.com

Opningsarrangement, bokslepp, forfattarsamtale, barnearrangement, konsert, festivalmiddag og popquiz er noko av programmet på Fretheim Hotel.

Tel: (+47) 57 63 21 00 e-mail: flaamsbana@visitflam.com www.flaamsbana.no

Vitje Sivlebiblioteket til inspirasjon og leselyst alle dagar under festivalen! Tel: (+47) 57 63 32 00 e-mail: post@sognefjorden-as.no www.sognefjorden-as.no

Velkomen! Sjå meir på:

Tel: (+47) 57 63 63 00 e-mail: mail@fretheim-hotel.no www.fretheim-hotel.no

www.fretheim-hotel.no · Tlf: 57 63 63 00 · mail@fretheim-hotel.no

15


G A S TA www.gasta.no

Programoversikt Fredag 28. oktober

Laurdag 29. oktober

Søndag 30. oktober

10.00 – 13.00 Skulearrangement Ulike arrangement for skuleelevar. Med Hilde K. Kvalvaag, Sylfest Lomheim, Anna R. Folkestad og Signe Olaug Pedersen.

10.30 – 11.30 Bokfrukost Sylfest Lomheim i samtale med Jan H. Landro. Peisestova på Furukroa, kr 100

12.00 – 13.30 Søndagsspenning frå Fjordfylket Krim frå notid og fortid. Kai Martin Brekke, Rune Timberlid og Bjarte Sindre i samtale med Hans Jakob Reite. Peisestova på Furukroa, kr 100

20.15 – 21.15 Nærgåande skisser Erling Lægreid i samtale med Jan H. Landro. Fretheim Hotel, kr 100 21.30 – 22.30 To kjappe kjeftar mellom to permar Jon Hjørnevik og Odd Njøs. Ægir Bryggeri og Pub, kr 100 23.00 – 00.00 Spindel BAND Konsert med Spindel BAND. Ægir Bryggeri og Pub, kr 200

Festivalpass Helgepass: 1200 kr Fredag: 350 kr Laurdag: 600 kr

12.00 – 13.00 Hei, e-boka! Kjem du snart? Petter von Krogh oppdaterer deg om stoda for lesebrett og e-bøker. Flåmsbrygga Hotell, kr 100 12.00 – 13.00 Hulda Garborg etter 22. juli Kva kan vi læra av kulturnasjonalisten Hulda Garborg sitt møte med fascismen? Føredrag ved forfattaren Arnhild Skre. Peisestova på Furukroa, kr 100 13.30 – 14.30 Kvinner i krig Om kvinnene i Rinnanbanden og kvinner i motstandskamp under andre verdskrigen. Forfattarane Kristin Hatledal og Idar Lind i samtale med Johs. B. Thue. Flåm Panorama, kr 100 13.30 – 14.30 Sentrumsvandring i Flåm Tom Dybwad og Finn Loftesnes gaidar deg gjennom ein tur i sentrum av Flåm. Turen er henta frå boka Opptur Nærøyfjorden. Oppmøte ved Fretheim Hotel. 14.00 – 15.15 Operabarnetimen – Fanfaronenes superfamilieshow Ei laussleppt familieframsyning i operasjangeren med prinsesser, gutelus og heksetriks! For dei små og dei litt større. Fretheim Hotel, kr 100 15.00 – 16.00 Ved fjorden Om ein båttur på Hardangerfjorden, eit dødsfall og eit sjølvoppgjer. Med forfattaren Lars Ove Seljestad, akkompagnert av Benedicte Maurseth. Flåm Panorama, kr 100 16.30 – 17.30 To menn og ei flaske vin Ragnar Hovland og Finn Tokvam snakkar om ei sattans god bok. Ægir Bryggeri og Pub, kr 100

14.00 – 15.00 Meir himmel – Meir jord Ei framsyning med perlene i kristuskransen. Egon Askvik (piano), Kjell Bergsvik (saksofon) og Astri Sudmann (forteljing). Vangen kyrkje, kr 100 Framsyninga er ein del av Nynorske litteraturdagar, men er eit eige arrangement i regi av Kyrkja i Aurland. NB! Billettsal i resepsjonen på Aurland rådhus 16.00 – 17.30 Rita Eriksen m. band Avslutningskonsert med Rita Eriksen m. band. Aurlandshallen, kr 250

Med atterhald om at det kan kome endringar i programmet.

Generalsponsor

Sponsor

Nynorske litteraturdagar får tilskot frå

18.00 – 19.15 Åresong Konsert basert på tekstar av Jon Fosse. Tingingsverk under Festspillene i Bergen i 2010. Med Gabriel Fliflet m. fl. Fretheim Hotel, kr 200

Føl oss på Facebook

20.00 – 22.00 Bordseta Festivalmiddag med kulturkrydder. Fretheim Hotel, kr 430 22.30 – 23.30 Popquiz Med Ragnar Hovland og Finn Tokvam. Fretheim Hotel, kr 150

www.nynorskelitteraturdagar.no

Kontaktinformasjon: post@nynorskelitteraturdagar.no• tlf: 57 63 11 95 / 907 85 950 • www.nynorskelitteraturdagar.no

18.00 – 19.30 Kjekt å sjå deg! Opningsarrangement med Sylfest Lomheim, Jon Hjørnevik og Spindel DUO Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken. Bokslepp frå Selja forlag. Fretheim Hotel, kr 100

12.00 – 13.15 Kriminelt vaffelmøte Barnearrangement med forfattarane Maria Parr og Lars Mæhle. For dei små og dei litt større. Fretheim Hotel, kr 100


Nynorske litteraturdagar Festivalavis 2011