Brimi Fjellstugu–Gråvåhøi
V
ed Tessevatnet, med historie og buplassar attende til steinalderen, ligg den gamle setergrenda Nordsætre, der ein enno kan oppleva gamal seterkultur. Her ligg òg Brimi Fjellstugu, og det er her denne turen startar. Brimi Fjellstugu har eit rikt og variert tilbod. I Brimiskogen kan ein prøve seg som Tarzan i ein nybygd klatrepark. Ein kan ta sykkelturar etter setervegen eller gå turar i fin fjellnatur. Og ikkje minst, sitje ved eit bål, få bålkaffi og mat laga over bålet. Fylg god stig frå fjellstugu, merka «Koppen». Dei fyrste to kilometrane går i lett terreng, så blir det jamn stigning opp til Koppflyområdet. Nesten opp komen deler stigen seg, den mot nord er merka «Koppen», og stigen rett fram er merka «Steinbue». Her bryt ein av frå stigen og går vestover Søre Koppflyi, og så i lett og variert terreng mot sørsida av Gråvåhøi. I den siste delen er det jamn stigning. Vel oppe flatar landskapet ut, ein ser innover IlveJotunheimen
flyi og er snart framme ved det største av dei fire fangstanlegga som ligg rundt Gråvåhøi. Anlegget har 20 dyregraver, ni bågåstelle, 29 vardar og i tillegg tuft etter ei stor bu. Elva som renn i dalen, heiter Ilva. Frå fangstanlegget og nedover mot Tesse renn Ilva i ein djup og trong dal og dannar såleis eit naturleg hinder eller sperre for reinen på denne sida. På nordsida ligg Gråvåhøi, med grov ur langt nedover fjellsida. Frå ura går fangstanlegget nærmast i rett linje ned til Ilva. 12 av gravene midt i anlegget ligg tett saman med berre to–tre meters avstand. Omtrent alle gravene er samanrasa no, berre ei av dei øvste er i fin stand. Nede i denne grava vart det for nokre år sidan funne trespiler som hadde vore bruka til kamuflasjedekke den gong grava var i bruk. Datering viste at trespilene var frå år 1000. I den øvste delen av fangstanlegget er det mura eit «oppbevaringskammer». Opninga er på ca. 30 x