Kjelda, nr. 2 â 2016, Ă„rgang 25
FÞr i tida hadde alle svin pÄ skogen. Av Kristian Solvang
Stamfaren til den norske kongeĂŠtta heitte Sigurd Syr og budde pĂ„ Ringerike. Han var stefar til Heilag-Olav og far til Harald HardrĂ„de. Han gjekk for Ă„ vere ein heidersmann, men det er pĂ„fallande at han hadde eit lite smigrande etternamn â Syr, som tyder «sugge, sue, grisepurke». Historikaren P.A.Munch meinte at tilnamnet kom av at han var ein dugande bonde og oppteken med Ă„ grave i jorda. Ei gate i Oslo er faktisk oppkalla etter han. VĂ„r lokale variant mĂ„ vel vere plassemannen Sugge-Jo i Utvik i Stryn. Der finn vi bĂ„de SuggegjĂžlet og Suggegrova. PĂ„ Helset ved Lovatnet ligg Suggesteinen. Dette ordet for «grisepurke» er nesten heilt ute av bruk i dag, men fjellfolk i Jotunheim kjenner godt til fjellet Surtningssui (2368 m), som mykje truleg har tydinga «den svarte purka». To andre fjell heiter GrĂ„sui og Langsua. Ivar Aasen har notert talemĂ„ten: «Dei hava korkje Ku elder Su» = dei har ikkje dyr pĂ„ garden. I dag heiter dette husdyret anten gris, svin, galte, purke eller sugge. At det var viktige dyr i bygdene vĂ„re, er det ikkje tvil om. Grisen har lang tradisjon som god mat og godt flesk! Allereide i norrĂžn mytologi heitte det at dei krigarane som fall og kom til Valhall, kvar dag Ă„t opp galten SĂŠhrimnir nĂ„r Odin baud dei til etegilde. Neste dag var galten like heil og feit. «Flesket var godt» stĂ„r det i Den yngre Edda. Jau, det var saker! Det finst ca. 350 stadnamn med «gris-» i Sogn og Fjordane. Vidare 300 stadnamn med «svin», 150 namn med «purke» og 50 namn med «galte». Totalt 850 slike namn viser kor stor rolle dette husdyret spela i jordbruket i bygdene. Dei fleste av orda viser nok til at grisane gjekk pĂ„ beite pĂ„ innmark eller utmark, det var vanleg fĂžr i tida. DĂžme pĂ„ slike namn er Svinhola, SvinĂžyna, Svinakleivi, Svinshidler, 44
Svinaledet, Svinevika, Svinegytten, SvinegjĂžlet, Grisegeilane, GrisagrĂž, GrisabĂžygen. Ofte er namnet knytta til steinar, hillarar og skorer, t.d. Svinesteinen og Svinebolsteinen, som kunne tene som naturlege «grisehus» i utmarka. Nokre namn har ei spesiell forklaring, som Svinesteinen i LĂŠrdal, der ei purke fekk ungar, eller der svinet vart utsett for ei ulukke â i Svinaskori i Aurland datt svina pĂ„ sjĂžen.
inn. Med andre ord â stadnamn med «svin-» kan bety at ein lokalitet, ein veg o.l. vart trong eller smalna inn. Namnet Svinesmottet pĂ„ Reme i Innvik (namn pĂ„ eit led i ei rĂ„s) kan ha den forklaringa. Men dette er vanskeleg Ă„ finne ut av.
PÄfallande ofte er «svin-» brukt i stadnamn, der det er bratt, trong, smalt og stygt Ä gÄ, slik som Svinestigen i Aurland, som har kommentaren «vanskeleg Ä gÄ, ein svineveg». Svinegytten i Askvoll er eit bratt skar, det same er SvinegjÞlet pÄ Storesunde i Stryn. Det kan hende at «svin-» vart brukt i nedsetjande meining, som nÄr vi seier «kjÞkkenet sÄg ut som ein svinesti», «svinever» (tysk Sauwetter) eller «det var noko skikkeleg svineri». Tidlegare vart usedeleg litteratur kalla «svinsk litteratur». For ikkje Ä snakke om uttrykket «gammal gris» om eldre mannfolk. Dei hadde kanskje sine «svin pÄ skogen».
SvÊrt mange samanlikningsnamn er knytta til dette dyret: Svineryggen (Bremanger), Svinsrumpa (Sogndal), Svinetranten ( JÞlster). Men stÞrst frekvens har «Purka» og «Galten». Dei finst det svÊrt mange av langs kysten, men og inne pÄ land. Dette er namn pÄ steinar, skjer og grunner i sjÞen, og fjellskoltar pÄ land. Namna er ei Ätvaring: Pass deg her - sÄ det ikkje gÄr gale! Det var elles gammal folketru at ein ikkje skulle nemne dyr med deira rette namn pÄ sjÞen (tabuord). Men nokre purke-namn har andre tydingar: I PurkehÞlen i Innvik kunne ein legge grisehudene i blÞyt, ved Purkura i Gulen miste dei eit lass med griser, som rÞmde opp i ura. Tresko vart og kalla «purker», det skal vere bakgrunnen for Purkehamn i Solund, der dei ein gong fann masse tresko.
Men verbet «Ä svine» kunne ogsÄ tyde «avta, svinne inn», slik vi brukar det i ordet «forsvinne», og nÄr vi seier at det er svinn i varelageret. I vÄr dialekt har vi det beslekta ordet «Ä svÊne» - mest brukt nÄr ein hevelse eller svull minkar
Dei som ikkje ligg og «purka og sÞv» om morgonane, kan stÄ opp og rope pÄ grisane. I Sveits ropar dei «suggi, suggi, suggi!». Kva seier grisebÞndene i Nordfjord, tru? Er det nokon av dei som har svin pÄ skogen?