Kjelda nr. 2 2016

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 2 - Desember 2016. Ă…rgang 25

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkivet.no


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Når uhellet først er ute Arbeidsdagen den 11. august i haust starta ikkje som alle andre dagar. Det som ikkje skulle skje, hadde skjedd. Følgjande avisoverskrifter frå lokalpressa i fylket slo i mot meg: «Brann i kommunehuset i Gloppen i natt». Dette er arkivaren sitt verste mareritt. Nå hadde dette altså hendt hjå ein av våre eigarar. Som med alt anna, er dette klart verst for dei som står nærast dramatikken. Eg var difor svært spent då arkivleiar i Gloppen kommune, ringde meg ut på dagen. Ho kunne fortelje meg at ho hadde følgt brannutviklinga med eigne auge frå sitt stovevindauge. Ho visste nøyaktig kva arkiv og kva dokumentasjon som var i faresona. Vi vart samde om at eg og arkivleiar saman med skadestadsleiaren skulle inspisere huset dagen etter, og vurdere skadeomfanget. Då eg møtte arkivleiaren morgonen etter, kunne ho fortelje at ho tok for gitt at det eldre saksarkivet til teknisk etat var gått tapt, sidan det sto plassert omtrent der det brann mest. I dette arkivet fanst mellom anna dokumentasjon knytt til utbygginga av Anda flyplass. Etter å ha synfart lokalet konstaterte ho at svært mykje materiale var brann-, røyk, vatn- og fuktskada, men ingen­ ting, eller svært lite bevaringsverdig materiale var brent opp. Dette var ei stor lette opp i det heile. Det digitalt skapte materialet såg heldigvis også ut til å ha klart seg. På slutten av synfaringa gjorde vi endå ei særs gledeleg oppdaging. Saksarkivet vi hadde rekna

som tapt, viste seg likevel, mirakuløst, å ha overlevd brannen! Rett nok svært brannskada, men ikkje tapt for alltid. Dagen som byrja med pessimisme vart, trass omstenda, avslutta med eit optimistisk oppsving. Tida etter brannen har vore prega av hektisk aktivitet, både hjå fylkesarkivet og kommunen, for å få berga det skadde materialet. Vi er godt i gang med å berge det mest kritisk skadde materialet, men det vil ta fleire år før vi er i mål med alt bergingsarbeidet. Eg har gjort meg nokre refleksjonar etter brannen i Gloppen. For det første må eg rose Gloppen kommune sine aksjonar i dagane etter brannen. Eg er på ingen måte sikker på at alle kommunar ville ha vist ei slik handlekraft på alle nivå som det Gloppen kommune gjorde når krisa først var eit faktum. Her har heile kommunen, med arkivleiar i spissen, stått på frå første stund. Dette har vore heilt avgjerande for at ein har klart å berge arkiva til kommunen. For det andre må eg også gje honnør til Gloppen kommune for tidleg å ha vist «arkivvett» ved å flytte arkivmateriale, i samspel med fylkesarkivet, over i stadig tryggare omgjevnader. Ein prosess som starta med medlemskapet i fylkesarkivet si kommunearkivordning frå midten av 80-talet. Omtrent alt det eldste materialet er plassert i arkivmagasina hjå fylkesarkivet på Hermansverk. Mykje av det materialet som er hardast råka av brannen, har tidsavgrensa bevaringsverdi eller er mykje i aktiv bruk. Dette materialet er ikkje underlagt så strenge sikkerheitskrav som til dømes eldre

Redaksjon Arnt Ola Fidjestøl (red.), Per Olav Bøyum og Kjerstin Risnes Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 2 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00. Fax. 57 65 61 01 fylkesarkivet@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkivet.no FRAMSIDEBILETE: Olai Fauske (sjølvportrett)

2

Av fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl

avslutta arkiv. Sjeldan har vel verdien av eit langvarig samarbeid mellom Fylkesarkivet og Gloppen kommune vore meir synleg! Den tredje refleksjonen eg har gjort meg, er kor lite råka administrasjonen vart av brannen i den daglege sakshandsaminga. Dette er verdt å merke seg, og ville ha vore utenkeleg for berre få år attende. Årsaka til dette er at Gloppen kommune har fullelektronisk arkiv. Så og seie all sakshandsaming skjer elektronisk. Det at materialet er lagra elektronisk, er ingen garanti for at det ikkje skal gå tapt i brann. Når eg spør IKT-eksperten på Fylkesarkivet om ein kommentar til dette, seier han at dette ikkje var uventa. Gloppen har etter hans syn vore blant dei beste i klassen på elektronisk arkivhandtering, og det har dei verkeleg fått mykje att for i denne samanhengen. Avslutningsvis kan det seiast at sjølv om ein brann aldri er velkomen, så er det grunn for ein Fylkesarkivar å gle seg over resultatet av det lange samarbeidet mellom Gloppen kommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Sjølv om det er Gloppen kommune som skal ha æra for at det trass alt har gått så bra som det har gått, så trur eg situasjonen hadde vore ein heilt annan dersom kommunen ikkje hadde vore så «arkivrobust». Der meiner eg Fylkesarkivet har spelt ei medverkande rolle.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Innhald Når uhellet først er ute   2 Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944   4 «Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune   10 Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal   11 Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune.   12 Julegrisen i Nordfjord   15 Kvalstasjon i Vågane   16 Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness    19 Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule.   22 Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet   27 Alden, Orkja og Bjørga   30 Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting   31 Haarklou-operaene   32 Sunnfjordingen   35 Folket på Korsvollen   35 Tidsnok    36 Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik   37 Elsa Horne heidra med kulturpris   40 Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane   41 Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet   42 Før i tida hadde alle svin på skogen.   44 Dyr for domstolen   45 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv   46 Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016   50 Besøk frå UWC    51

3


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Sjølvportrett frå tidleg i fotografkarriera.

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944 Av Asbjørn Tyssen

Kva var det som fekk ein ung gut, fødd og oppvaksen på ein litt avsidesliggande gard i Sunnfjord kring siste hundreårskiftet, til å bli fotograf ? Det var eit yrkesval som låg milevis unna det andre ungdomar på denne tida kunne tenkje seg. For dei som ikkje hadde gard å gå til var draumen om Amerika meir lokkande, anten som eit høve til å legge seg opp pengar på hardt arbeid nokre år, eller som ein stad å byggje heile framtida si på. Yrkesvalet Men Olai valde å satse på ei framtid som fotograf. Det var eit val han gjorde sjølv, men med rådgjevarar både i bygda heime og, som vi skal sjå, på andre sida av Atlanteren. Olai Fauske var fødd på bruk 5 på garden Fauske i dåverande Naustdal kommune. Mora heitte Kristiane Mari Salomonsdotter og kom frå Klopstad på nordsida av fjorden. Ho kom til garden som kone til Elias Martinus 4

Olson Fauske og fekk 5 born med han. Han drukna og ho gifte seg opp att i 1878 med Anders Matiasson Reikvam og dei fekk 4 born. Olai var den eldste av desse, men som eldste gut i andre ekteskap fekk ikkje Olai overta garden. Den gjekk til mora sin svoger frå første ekteskap. Olai hadde dessutan dårleg helse, slik at hardt fysisk gardsarbeid var ein uaktuell livsveg for den unge guten. I eit brev han sende i 1904 til Martinus

Olai, ein eldre halvbror i Naustdal, gjorde han greie for dette. Han hadde på det tidspunktet bestemt seg for å satse på ei framtid som fotograf så sant det praktisk let seg gjere. Han skreiv: ”Ja jeg forstaar godt at jeg ikke kan gaa her og ikke have noget at bestille, og hva skal jeg saa begynde med? Dette er noget som jeg lenge har tenkt paa, og efter som min helbred ikke tillader mig det, kan jeg ikke overgaa til noget tungt arbeide, og ved et eller andet lettere fagarbeide, vil der alltid i begyndelsen medgaa en del penger. Efter som jeg tengt mig forskjellig, har jeg nu foreløpig stanset ved: ”En stilling som Fotograf. Til dette ville medgaa ca kr. 500,00. Dette arbeid er nu ikke saa strengt, og behøver kun smaa legemskrefter til.” I tillegg til å gjere greie for yrkesvalet


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

sitt og å filosofere over om dette var eit yrke som var liv laga, var nok brevet og meint som ei bøn om økonomisk støtte. Det var trass alt eit handverk som skulle lærast, og ein del utstyr som skulle kjøpast. Bøna har nok hjelpt, for alt året etter drog han til Bergen med ein lærlingkontrakt hjå fotograf Otto Talle i bagasjen. I Bergen var det eit stort fotografmiljø, og den næraste staden for ein ung sunnfjording som ville lære eit slikt yrke. Olai hadde både sysken og andre jamaldrande sambygdingar frå Fauskegrenda som drog til Amerika. Fleire av dei var Olai jamleg i kontakt med og dei var nok viktige i samband med det yrkesvalet han gjorde. Meldingane attende var fleirtydige; nokre angra på valet dei hadde gjort og klaga over det meste, medan andre fann seg godt til rette og oppmoda Olai om å gjere det same. Olai hadde nok eit realistisk bilete av livet på andre sida av havet, og i fleire av breva får han støtte for det valet han gjorde.

og ein økonomi som gjekk over frå ei tilnærma naturalhushaldning til pengehushaldning. Men det førte og til meir mentale endringar som ei gradvis oppløysing av gamle institusjonar som bedelag og dugnad, som alle var baserte på fellesløysingar, og akseptering av nye tankar og individualisme i motsetnad til det tradisjonsbundne og kollektive. Det er også ei tid der trua på framstegs­teknologien var sterk. Mange tekniske nyvinningar fekk innpass på denne tida, både i gardsdrifta og i samfunnet elles. I denne perioden voks det og fram eit samfunn med mykje større mobilitet enn tidlegare. Mobiliteten gav seg utslag i nye vegar og dampskipsruter som gjorde at folk kunne forflytte seg i større grad enn tidlegare, både innanlands og ut over landet sine grenser, men det førte og til ein sosial mobilitet som gav høve til sosial klatring. Litt forenkla kan ein seie at

av eit moderne samfunn som tillet slike val – er nok det som til saman forklarar kvifor Olai gjorde dette uvanlege yrkesvalet og med det sikra ettertida i Sunnfjord ei svært viktig kulturhistorisk kjelde. ”…det gildaste ein kan sende vener” Olai Fauske var i mange tiår einaste fastbuande fotografen i Førde. Fleire av dei landskjende fotografane som Axel Lindahl og Knud Knudsen reiste med jamne mellomrom frå 1860-talet og frametter til litt ut på 1900-talet gjennom bygda. Postvegen mellom Trondheim og Bergen gjekk gjennom Førde og det har ført til at bygda er godt dokumentert fotografisk også i tida før Fauske opna praksis. Bergensfotografen Thora Bentzen budde også eit års tid i Førde først på 1891-talet, men det er lite fotomateriale bevart etter henne. Etter nokre månader i lære hjå fotograf Otto Talle i Bergen drog Fauske

Etter ei læretid i Bergen på kring 3 månader slo Olai seg til heime på Fauske der han budde saman med mora og den yngre systera, Anna. Det at fleire av søskena hadde emigrert gjorde og at dei to heimeverande fekk eit særskilt ansvar for mora. I breva frå søskena, og særleg frå systera Ellen, vert han minna på dette og ho overfører sitt dårlege samvit på broren. ”Jeg spaar moder er bleven gammel nu saa hun skulde ikke være allene der ute en eneste dag […]. En anden ting er jeg vil minde dig paa vær sneld mod gamle mor for vi ved ikke hvor lenge hun kan leve og du skal aldrig angre det.” Det at Olai Fauske valde eit yrke som syner ut over bygdesamfunnet sine tronge og tradisjonelle karrierevegar, tyder på at ein moderne mentalitet var i ferd med å vinne innpass i bygde­ samfunnet. Denne tidsperioden har ein del særkjenne som kan vere med på å forklare yrkesvalet til Olai. For det første var det ei tid der det gamle gardssamfunnet var i oppløysing. Det gav seg materielle utslag som jordskifte på gardane, utflytting frå dei gamle fellestuna, nye driftsmåtar

Portrett av mora Kristiane Mari i atelieret i Førde.

ein gut som tidlegare var fødd på ein husmannsplass hadde stor sjanse for også å døy som husmann, medan ein no kunne verte fødd husmann og døy som handelsmann, politimann eller farmar i Amerika. Dei grunnane som er nemnde ovanfor – den dårlege helsa, støtte frå vener, ansvarskjensla for mora og framveksten

attende til Sunnfjord og starta eigen praksis i 1905 med adresse Ærvik, Søndfjord. Han starta eit ambulerande atelier og reiste rundt i bygdene og fotograferte. For å marknadsføre seg, la han ut kort på krambuer og andre møteplassar. Der gjorde han greie for kvar han var til ei kvar tid. Etter kvart fekk han også trykt opp større plakatar og prislister til oppslag. 5


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Slike lappar la Fauske ut på sentrale stader når han var ute på fotooppdrag.

Olai Fauske fann seg tidleg ein eigen nisje i marknaden. Det var avbilding av folk, gardar og landskap i heimegrendene til vener, slektningar og andre som hadde emigrert til Amerika. I ein annonse i Den 17de Mai i 1911 heiter det: ”Noko av det gildaste ein kan sende vener slektningar og kjenningar som er burte fraa heimen, er eit godt bilætkort fraa heimstaden eller heimbygdi. Det er ogso ei høveleg tid no, daa alt stend paa det fagraste og faa seg eit bilæte av garden eller grendi, og etter dette bilætkort. Er det so der ikkje er nokon einskild som vil taka kostnaden paa seg aaleine, kan fleire slaa seg saman, og daa vert der ikkje saa mykje paa kvar. Korti vert prenta med god norsk tekst.” Og responsen frå det norske Amerika var god. Dei skreiv attende til Fauske og takka og kom med framlegg om motiv dei ynskte seg. Lengten etter heimbygda var stor og Olai fekk ei viktig oppgåve i å oppretthalde minna. ”Du lover mig flere belleder der gjemmefra, og dem maa du ikke glemme at sende mig, for det er den bedste moro jeg har, naar jeg faar nogen saadanne der gjemme fra. Du synes vel jeg er noksaa bejerlig, jeg har faat mange før fra dig. Men aligevel saa kan jeg ikke slute at tige om flere, om du kan spare nogle.” ”Ja du maa have saa mange tak for det Korte som du sente mig, jeg ser at Fauske er i den gammele Skap som det er moro til at se sin Føde plats ijen.” 6

Prislista til Fauske.

At også mottakarane hadde noko å seie vitnar fylgjande brev frå venen Alfred i 1909 om: ”Du, naar det lider ut i juni trur eg det ikkje var saa dumt aa freiste faa eit prosp. av Erviki, daa er alle lider grøne, fossen kanskje noko stor, eg likte best det. Eimbaaten, ja eg veit ikkje eg, det kunde kons være mest det same um den ikkje var der elder um den laag ved bryggje – eg veit ikkje eg, dette skynar du bedst sjølv.” ”Kjøp deg ei tumt i Førde, Olai” I 1912 flytta Olai Fauske heile fotografiverksemda si frå heimegarden og inn til Teigen i Førde. Her kjøpte han seg hus som kunne romme atelier, butikk og bustad og hadde med det eit betre og meir sentralt utgangspunkt for verksemda si. Om det var det som var avgjerande eller ikkje er uklart, men i brevet frå barndomsvenen Alfred i 1909, som er sitert over, kjem han og med fylgjande gode råd: ”Kjøp deg ei tumt i Førde, Olai. Eg trur du kan leve godt der inne.”

Inne ute. Den tida Fauske dreiv som ambulerande fotograf heime hadde han ikkje tilgang til atelier med gode nok lysforhold. Mange av bileta vart difor tatt ute, enten framfor ein stein eller ei hesje, eller som her med atelierlerret slått opp på veggen. Tunhellene i framgrunnen avslører likevel. Det er Stefina og Olai Horstad som her vert avbilda.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Olai Fauske held til i huset i Teigen fram til han døydde i 1944. Som næraste nabo hadde han frå 1921 Kristian Ulltang, ein jamaldring som også hadde valt seg ein moderne karriereveg i Førde. Han starta trykkeri som gav ut Ungdomsvennen, bladet til Sunnfjord ungdomsskule. Ulltang var med å starte opp Firda i 1917, og frå 1921 vart det trykt på trykkeriet som Ulltang starta heime i huset. Den fotografiske praksisen Vi har sett korleis Fauske fann seg ein nisje med å sende bilete av lokale landskap og folk til utflytta sunnfjordingar i Amerika. Desse bileta hadde ein eigen funksjon – dei skulle tilfredstille det litt romantiske biletet som mange utflytte hadde av heimegarden og heimegrenda etter nokre år i utlegd. Bileta var ein sjanger som Fauske meistra til fulle, noko dei mange attendemeldingane og syner.

Mo Jordbruksskule var ein av skulane der fotografen Fauske hadde ein marknad. Elevane vart avbilda enkeltvis som portrett, samla som heile avgangskull eller som her i meir humoristisk arrangerte gruppebilde som elevane kunne kjøpe med seg heim att etter opphaldet på Mo.

For å gjere fotograferinga til ein leveveg måtte han likevel ha fleire bein å stå på. Fauske hadde i alle fall fire. Viktigast, eller i alle fall det som utgjer det største materialet i ettertid, var nok prospektfotograferinga av enkeltpersonar og grupper. Til å byrje med vart dette, på grunn av lystilhøva, gjort i friluft, men etter at han flytta inn til Førde kunne avbildinga skje i atelieret. Eit anna bein var produksjon av skulebilete. Allereie i det første siterte brevet til broren i 1904 nemner han på dette som ei sikker inntektskjelde. I Førde var det to aktuelle skular der han kunne drive denne verksemda – Førde Ungdomsskule på Solvang og Mo Jordbruksskule. Bileta kunne vere gruppeoppstillingar, enkeltbilete montert med namn og år og sentrert rundt eit bilete av skulen, eller meir uformelle oppstillingar som elevane kunne kjøpe med seg som minne. Det tredje beinet kan ein kalle reportasjebiletet, der Fauske skildra bygda og bygdelivet i fest og høgtid, men også i arbeid. Han er med ungdomslaget på fjellstemne og idrettsstemne, på fest med trekkspel og på 17.mai feiring. Olai Fauske var ein modernist i si tid, noko også mange av avbildingane hans omkring arbeidslivet i bygdene syner. Det er moderniseringsprosessen

Første slåmaskina på garden var eit ynda fotomotiv. Her kan det og verke som det er ein av sønene på garden som sit på maskina, noko som er med på å understreke det moderne og framtidsretta.

I motsetning til bryllaupsgruppene som kan uttrykke eit ”Velkomen til gards” har gravferdsbilda ein annan bodskap. Her er det avskjeden som står i fokus. Det vert mellom anna uttrykt med garden i bakgrunnen og den oppsala hesten med kista på sleden. Det er eit farvel til heimen. 7


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kjesten. Er det mulig for Dig saa maa du komme. Kan du ikke vente herute til dampen gaar indover igjen lørdag skal jeg skaffe Dig Skyds hvis det haster for Dig at komme hjem igjen. Hilsing ….” Dette gir oss eit blikk inn i ein røyndom som ikkje alle i dag kjenner til. At det vart tatt bilete i samband med bryllaup er skjøneleg, men at død og gravferd skal vere eit arbeidsfelt for fotografar fortonar seg litt meir framand.

”No er det i Norig atter dag” på baksida av korta til Fauske symboliserte mykje av det mål- og norskdomsstrevet han stod for.

Avbilding av den døde, eller post mortem-bilete, har ein tradisjon som er eldre enn den fotografiske teknikken. Når dei fotografiske bileta tok over for måleriet i andre halvdel av 1800-talet, vart det svært populært og tatt i bruk også av folk flest. Det er mange som har freista forklare dette fenomenet og forklaringane spriker frå mangel på minnebilete av den døde til forklaringar som går på fascinasjon for det morbide. Det underlege, og det som for mange har vore ei gåte, er likevel at denne tradisjonen fekk ein brå slutt kring første verdskrigen. På same vis som det har vore vanskeleg å forklare populariteten til desse bileta, har det og vore vanskeleg å forklare fråværet av bilete.

”Ivar Aasens fødestad” er det mestseljande kortet frå Fauske si hand. Motivmessig er det kanskje ikkje så spennande, men symbolmessig hadde det stor slagkraft.

på bygdene han fotograferer, med meieridrift og separator, elektrisitetsverk og mekaniseringa på gardsbruka. Det typiske arbeidsbiletet i så måte er hesten og slåmaskina, med den stolte eigaren sittande på maskina og familien i ein halvring bak. Det fjerde men slett ikkje minst viktige beinet var det ein kan kalle oppdragsfotograferinga. Dette gjekk i hovudsak ut på fotooppdrag i samband med ulike vendepunkt i familielivet, då særleg bryllaup og gravferder. Ved slike høve 8

vart fotografen bodsendt. Det kunne vere eit planlagt oppdrag slik det var ved bryllaupsfotograferinga eller det kunne vere eit hastig utkalla oppdrag i samband med dødsfall. I eit av breva som ligg att etter Fauske heiter det: ”Herr Fotograf Fauske. Jeg maa bede Dig komme ut her kommende torsdag med dampskibet for at tage billede av min avdøde kone Anna. […] Jeg skal betale det som De maa ha for reisen. Vi maa have to forskjellige billeder et av dem før laaget er lagt paa og et med det hele følge med

Etter å ha studert fenomenet konkluderer etnologen Oddlaug Reiakvam i doktoravhandlinga si Bilderøyndom Røyndomsbilde med at det er dei rituelle seremoniane som endrar seg på denne tida i overgangen frå det tradisjonsdefinerte samfunnet til modernitetens gjennomslag i kulturen. Ho skriv: ”I det førmoderne samfunnet omfatta dødens rites de passage [overgangsriter] kistelegging, likstrå, likvake, utsynging og til sist gravferd. Det eldre synet på det rituelle subjektet sin status i denne liminale perioden mellom livets og dødens polaritet var tvetydig og uklårt, den døde var statuslaus.[…] denne haldninga [vart] avløyst av den moderne dødskonsepsjonen med samanfall mellom den biologiske og sosiale døden, der døden vart løyst ut or sine rituelle og samfunnsmessige samanhengar og gjord privat.” Det var med andre ord synet på døden og dei rituelle handlingane


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

knytt til døden som endra seg. Den ”­tradisjonelle” døden var ei sosial hending, medan den ”moderne” døden vart privat og hadde ikkje rom for fotografen. Sjølv om post mortem fotografering ei tid var ein viktig del av Fauske sin praksis vert den aldri annonsert på same vis som portrettfotografering, bryllaupsfotografering m.m. Den skjulte seg meir bak formuleringar som ”All slags fotografering ute og heime” og ”Tilreising etter avtale”. ”No er det i Norig atter dag” - Forleggjar og målmann I tillegg til fotograferinga dreiv Olai Fauske også som kortforleggjar i tida mellom 1907 og 1920. Fauske var sterkt merkt av den bygdenorske tidsånda på denne tida som gav seg utslag mellom anna i målstrev, frilynt ungdomslags­ rørsle, skyttarlag og norskdom. Sal av fotografiske prospekt hadde lenge vore ei god inntektskjelde for fotografar, men rundt århundreskiftet kom det tekniske nyvinningar på

trykkerifronten som gjorde det lettare å masseprodusere desse korta. Den ideologiske grunnhaldninga til Fauske kunne ein avlese på begge sider av korta, både gjennom motivvalet på framsida, og på teksten han let trykke på baksida. Der sto det ”No er det i Norig atter dag. Brevkort fraa Norig”. Annonseringa han dreiv for desse korta var svært aggressiv og han omtala heile tida verksemda si som ”Forlag av norske kort”, eller endå til ”Heil-norske jolekort”. Annonseringa føregjekk gjennom nasjonale nynorske aviser og blad som Gula Tidend, Den 17de Mai og Unglyden i tillegg til dei lokale avisene. Marknaden hans var bygdefolk heime og i utlegd. Han kjende sitt publikum og gjorde det svært godt som kortforleggjar. I doktoravhandlinga si Bilderøyndom Røyndomsbilde freistar Oddlaug Reiakvam seg på ein analyse av motiva i kortmaterialet etter Olai Fauske og ei forklaring på salssuksessen. Ho deler biletmotiva i to – bygdelivet og kulturlivet. ”I landskaps-,

arbeids- og kvardagsskildringane er bygda samnemnaren, i kulturskildringane er norskdomen og det frilynde samnemnar.” Det som sameinar motiva under bygdelivet ”… er kulturlandskapet som konstituerer fotografen sin landskapsmodell, den norske bygda er det overordna omgrepet og ”bilderammene” for visualiseringane. Det ”kulryggede” sunnfjordske landskapet er formidla som det heilnorske gjennom eit motivrepertoar som tematiserer sentrale bygdeverdiar og dermed underordnar naturen under dei kulturlege verdiane.[…] bygda (er) formidla i både sommar- og vinterham, som ein stad der det alltid er solskinn og godvêr. Kulturlandskapet har, uansett årstid både nytingsverdi og nytteverdi […] eit trottig folkeferd sysselsett med den typen arbeid som framfor alt sameinar nytinga og nytten; sommaren med stølsliv, turrhøytak og lediggang, vinteren med vedkøyring og annan slede(tran)sport” Den andre motivkrinsen er det Reiakvam kallar kulturskildringane eller ”visualiseringane av ”nasjonale” og ”frilynde” tema”. Ho tar utgangspunkt i

Noko av det som klarast symboliserer norskdom og det frilynde finn ein i desse populære postkorta. Her er symbolbruken klar, med vinter, skisport og nasjonaldrakt. 9


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Fauske framhevar bygdelivet som ei sameining av nyting og nytte.

ein del ”rekvisittar og kulisser som minimumsvilkår for regisering av det frilynde” Den standardiserte folkedrakta, bygd på den regionale hardangerbunaden står i ei særstilling, men også i sjølve scenerommet eller kulissane er Fauske flink med symbolsk ladde element. Det kan vere bjørkestammer, og poserande budeier og kyr. Fauske har og fleire kort med vintermotiv og skigåing. På ei tid då Nansen og Amundsen sine polarekspedisjonar gav grunnlag for mykje heltedyrking, kunne denne koplinga mellom vinter og friluftsliv tene som ein sterk nasjonal metafor.

Ein mann av si tid Olai Fauske var ein mann av si tid. Ein modernist med røter i det bygdenorske. Dersom nokon ser ein motsetning i eit moderne yrkesval kombinert med norskdomsrørsle, skal ein vite at norskdomsrørsla på slutten av 1800talet var ei radikal og moderne rørsle som sprang ut av intellektuelle krinsar i byane, men som spreidde seg ut over landet til ei stor politisk og nasjonal reising. Det er i denne tradisjonen ein må sjå Olai Fauske og gjerninga hans.

«Samlinga etter Olai Fauske»

- eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune Av Elin Østevik

Olai Fauske (1887-1944) kan seiast å vere den fotografen frå Sogn og Fjordane som er best dokumentert. Ikkje berre er negativarkivet etter Fauske bevart, men også brev, protokollar og anna skriftleg materiale, i tillegg til gjenstandar frå atelieret, er berga for ettertida. Det er til og med skrive ei doktorgrad om fotograf Fauske! Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum som saman tek vare på Fauske-samlinga. Fylkesarkivet har eit særskilt ansvar for privatarkivet på 1,8 hyllemeter og fotoarkivet på kring 17 500 foto, medan Sunnfjord Museum tek hand om gjenstandane etter Fauske. Materialet etter Fauske har sidan det kom inn til våre to institusjonar på 1990-talet blitt ordna og sikra trygge oppbevaringstilhøve. Videofilming av negativarkivet på 1990-talet, den gongen siste skrik på teknologifronten, gjorde det mogleg å samle inn opplysningar til ein god del av bileta, samstundes som materialet vart lettare tilgjengeleg for forskarar. Etnologen Oddlaug Reiakvam si forsking på det rike foto- og arkivmaterialet etter Fauske var eit viktig element i doktorgradsavhandlinga hennar «Bilderøyndom. Røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tiduttrykk», der ho samanlikna den fotografiske 10

praksisen til tre ulike fotografar. I avhandlinga si argumenterer Reiakvam for at fotografia etter Fauske kan lesast som visuelle representasjonar på brytinga mellom tradisjon og modernitet i Sunnfjord i tiåra etter unions­ oppløysinga i 1905. Med prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» ønskjer vi også å gjere breidda i det rike materialet etter Fauske tilgjengeleg både for forskarar og for ålmenta. I løpet av prosjektperioden er målsetjinga: • å digitalisere og publisere 6000 negativ frå Fauske-arkivet. • å samle inn og registrere opplysningar til så mange bilete som mogleg • å registrere og publisere gjenstandssamlinga etter Fauske. • å registrere og publisere bedrifts­arkivet etter Olai Fauske. Ordrebøkene skal i tillegg digitaliserast.

Fotomaterialet etter Fauske vil bli tilgjengeleg for publikum i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som det blir digitalisert og registrert. Per oktober 2016 er vel 4400 foto digitalisert. Privatarkivet etter Fauske, inkludert dei digitaliserte platebøkene, finn du no på Arkivportalen. Det står att å registrere gjenstandane etter Fauske, desse vil etter kvart bli tilgjengeleg på Digitalt Museum. Prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum. Prosjektet starta opp februar 2016 og vil etter planen avsluttast i juni 2017. Prosjektet har motteke prosjektstøtte frå Norsk Kulturråd og Førde kommune.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Matteo Pisani

– stordansaren frå Lærdal Synnøve S. Bjørset, musikkarkivar En høi, bleg, mørk Gut med et skarpt skaaret Ansig staar, skjælvende af Iver, fremst blant Danserne. Med Hænderne famler han omkring paa Trøien, og Fødderne er ikke et Øieblik i Ro; han stryger sig over Panden, og han er saa utaalmodig, at han stønner høit. Endelig er det hans Tur. Han kan næsten ikke vente, til Signalet er givet. Med brændende Øine styrter han frem og kaster sig over Gulvet, let som en Kat, bøielig som en Vidje. Det er, som findes der ikke Hindring i hans Krop, han snor sig og danser paa Hæl og paa Taa, han spænder op, og han huker sig ned med en Smidighed, et Liv og en Ild, som tænder Flammer i Salen, slig at der skriges og ropes. Og Feleslaatten sprætter, sprætter dertil. Af Danserne er han den, som har taget alle med Storm, som et susende Veir. Det er ikke bare Glæden, en føler over hans Krops Smidighed, som river en med, men det er Lysten hos ham selv, hans egen indre Glød, som elektriserer alle. Han synes ét med Musiken. Gutten er Sogning - Lærdøl. Men Farfaren var Italiener. Og naar det italienske Blod og Sogneblodet blandes, da maa der vel skabes noget usædvanligt. Han blev Nummer 1 - absolut Nummer 1. Baade af Dommere og Publikum kaaret som den selvsagte Seierherre. Kappleik i Vestmannalaget Slik skildra målkvinna og litteraturkritikaren Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) vinnardansen til Matteo Pisani på Vestmannalaget sin kappleik i 1898. Artikkelen «En Kveld i Vestmannalaget», prenta i Folkebladet 31. juli 1898, er ein frydefull lesnad der Pavels Larsen med stor entusiasme og levande språk formidlar stemninga i salen, og korleis det gjekk føre seg då tolv dansarar med liv og lyst kjempa om dommarane og publikum sin gunst i Bergen.

På denne kappleiken var det altså lærdølen Pisani som gjekk av med sigeren, og premielistene viser at han i åra fram mot 1914 var trufast deltakar med gode plasseringar i både hallingog springardans. Men kven var denne Matteo Pisani frå Lærdal? Pavels Larsen sin artikkel avslører at italienske aner forklarar det noko eksotisk klingande namnet. Men at sjølvaste Napoleon spelar ei rolle i historia, er det vel truleg få som har sett føre seg. Frå Italia til Noreg På starten av 1800-talet bestemmer ein ung gipsmakar ved namn Matheo Pisani seg for å rømme frå heimbyen i Toscana. Italia er under angrep frå «Napoleon med sin hær», og etter alt å døme er det dei utrygge tilhøva som gjer at Matheo saman med broren set kursen nordover i Europa. På sin veg møter han den unge kvinna Johanna Maria, og gifter seg med henne i 1814. Dei har opphald i Nederland og Tyskland, der han held fram virket som gipsmakar, før dei kjem til Noreg og byane Larvik, Kristiania og Bergen. Medan dei bur i Kristiania, får dei 1825 sonen Carl Jacob August Pisani, og han blir seinare kjend som «Postførar Pisani». Nordfjording, sogning og bergensar Postførar Pisani (1825-1889) veks opp i Bergen saman med foreldre og søsken. Nett som far sin, så tek han til å arbeide som gipsmakar. Seinare får han arbeid som hornblåsar i artilleriet i Bergen, men han slår ut ei tann og må difor måtte finne seg nytt arbeid. Han tek då til som postførar, og har ansvar for ulike ruter mellom Bergen og Molde. Ei tid bur postførar Pisani på Bryggja i Nordfjord, og der møter han Marie Jakobsdtr. som han gifter seg med. Sonen Matteo Konstantin blir fødd på Bryggja i Nordfjord 20. mars 1878.

og vidare til Bergen, og heile familien flyttar difor til Lærdal. I Lærdal bur Pisani-familien i ei lita stove på Øyri, og denne stova blir i arkitekt Lindstrøm sin publikasjon «Lærdalsøren : et centrum for gammel bygningsskik paa Vestlandet» (1921) kalla for Pisani-huset. Huset er no rive, iflg. «Lærdal og Borgund : bygd og ætter» (1938). Til liks med søskena, så flyttar Matteo etter kvart til Bergen. Og her giftar han seg den 6. mars 1899 Berte Johnsdtr. frå Vik. Ein annonse frå Bergens Tidende fortel at Matteo dansa halling på matineen i Eldorado 17. mai 1918. I 1930 fekk han «omframpremie» som gamal dansar under Vestlandskappleiken, og i 1935 skipa han til skeid i halling saman med spelemannen Lorentz Hop frå Fana. Folketeljingane og kyrkjebøker vitnar om at han livnærer seg som smed, og har bustad i Bergen sentrum heilt til han døyr i 1946. Litteratur og kjelder: Ask, Øyvind. «Sparing ikkje av det gode». http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Sparingikke-av-det-gode-67866b.html (lesedato 06.10.16), Bergens Tidende, 2003 Hannaas, Torleiv. Vestmannalaget i 110 år. Bergen, Norsk bokreidingslag, 1978 Laberg, Jon. Lærdal og Borgund : bygd og ætter. Bergen, Grieg, 1938 Larsen, Bolette C. Pavels. «En Kveld i Vestmannalaget». Folkebladet 1898. Lindstrøm, Johan. Lærdalsøren : et centrum for gammel bygningsskik paa Vestlandet. Kristiania, Grøndal & søn, 1921 Martinussen, Olav. «Postfører Pisani». http://fotomuseum.bergen360.no/-/ image/show/1970360_postfoererpisani?ref=checkpoint (lesedato 06.10.16) 2011 Thomsen, Kjell. Folkemusikken frå Nordhordland til Kvinnherad. Med glimt frå Noregssoga. Rådal, Kjell Thomsens folkemusikksamling, 1985

Postførar Pisani får etter kvart ansvar for posten på ruta til Gudvangen 11


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kor gamle er gardsnamna våre?

Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune.

Rabben, bygsleplass på Ulvedal. Fotograf: Kristian Solvang.

Av Kristian Solvang

Usamansette namn, gardsnamn på -vin, -land, -stad og -set. Eg vil først nemne at J. Aaland har skrive artikkelen «Um busetjingi i Innvik-Stryn» i Bygdesoga Innvik-Stryn, bind I. Her skriv han utførleg om gardsnamna og kor gamle dei kan vere. Prof. Jørn Sandnes skriv: «Kor gammal den norske garden er, kan vi ikkje seie visst. Gardane har vakse fram smått om senn til det vi kan kalle den historiske garden. Vi brukar nemninga «gard» frå den tida da folk budde heile eller iallfall stordelen av året på ein stad og dreiv gardsdrift, dvs. dyrka jorda og heldt krøtter. Gardsskipnaden går minst eit par tusen år tilbake i tida. Klimaforverringa mot slutten av bronsealderen tvinga folk til å slå seg ned på gardar, byggje hus og vinterfore krøtter» (Norsk Stadnamnleksikon, 1976, s.29). Altså – gardane våre er mellom 100 og 2000 år gamle, og gardsnamna det 12

same. Dei eldste gardane vart til fleire hundre år før vikingtida, difor inneheld mange av gardsnamna så gamle ord at dei ikkje er forståelege, som gardane på Jæren: Horr, Tjøtta, Sola, Tasta. Det er vanleg å dele gardsnamna inn i namneklassar, dei som er laga med grunnord eller sisteledd som går att i svært mange namn. Desse grunnorda var produktive til ulike tider, og vi kan difor datere namneklassane relativt i høve til kvarandre. Det vil seie at namnet på garden kan gje oss ein omtrentleg informasjon om alder. Men heilt sikre kan vi sjeldan vere, til det finst det altfor få skriftlege kjelder frå eldre tid. Bruken av grunnord varierte og på ulike kantar av landet. Den eldste klassen er dei på «-vin» og «-heim». Desse namna høyrer stort sett heime i tida før vikingtida, dei fleste går altså tilbake til tida 0-500 år e.Kr. I Norge er det om lag 1000 vin-namn, og like mange heim-namn. «Vin» tyder «naturleg eng», og var nok først namn på grasmarker og beitemarker. I Stryn finn vi vin-namna: Muri, Gytri,

Lauki, Hilde, Skåden, Langvin, Folven, Stauri, Dispen, Nesje, Tenden, Gjørven, Tjugen, kanskje også Raudi og Sæten. Vi ser ikkje utan vidare at dette er vinnamn, fordi dette namneleddet er blitt omlaga både i uttale og skrift gjennom eit par årtusen. Dei fleste vin-gardane ligg på den beste jorda, midt i bygda, og har nok vore hovedgardar. 4 av vin-gardane i Stryn kommune har hatt kyrkjer frå middelalderen, og 3 har vore prestegardar. Det er eit sikkert teikn på at vin-gardane har vore blant dei aller eldste. Minst like gamle er gardar som har usamansette natur- og kulturnamn som Bø og Vik. Namnet fortel oss korleis lendet er der garden ligg. Desse gardane ligg og sentralt til i bygda på same måte som vin-gardane. Namneforma har halde seg uforandra heilt fram til vår tid, men som nemnt ovanfor er enkelte så gamle at orda ikkje lenger er forståelege. I vår kommune har vi namn vi skjønar: Berg, Gjuv, Rand, Rake, Eide, Kvamme, Sunde (seinare Mindresunde, Storesunde), Lunde, Vik, Bø, Fure, Flo, Grov, Hjelle, Brekke og Rygg.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kristenplassen bygsleplass på Bergset. Fotograf: Kristian Solvang.

Fjellvang frå 1921. Fotograf: Kristian Solvang.

Lyfting (Solhaug) frå 1921. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Flo 1. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Loen. Opphavleg namn på fjorden. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Rake 1. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Muri. Ein vin-gard. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Mindresunde, del av Sunde. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Svarstad 1. Fotograf: Kristian Solvang.

Men mange samansette gardsnamn kan og vere svært gamle, som: Verlo, Myklebust, Valaker, Tisthamar, Sølvberg, Frøholm, Lyslo, Heggdal, Steinsåker, Faleide, Auflem, Åbrekk, Beinnes, Bruvoll, Skarstein, Rake, Vanberg, Loen, Nesdal, Visnes, Vinsrygg, Tonning, Lindvik, Glomnes, Guddal, Erdal og Tunold.

Hatleim og Moldrheim er alderen usikker, og dei er ikkje skriftfeste før på 1600-tallet. Namnet Melheim meinar O.Rygh er ei anna samansetting. Som i fleire andre bygder ligg fleire av heim-gardane høgt over sjøen, som Tvinnereim og Oppheim. Dette kan tyde på at heim-gardane vart opptekne før korndyrkinga på gardane vart viktig..

Dei mest talrike er gardar på –stad (2500). I Sunnfjord/Nordfjord er det ca. 90 stad-namn, men svært få i Indre Nordfjord. Dette er primære gardar, oftast med elvenamn eller personnamn til førsteledd (=han som rydja garden). Desse gardane er frå vikingtida, ca.800-1050. Dei vitnar om at det då var folkeauke og ein storstilt ekspansjon av nye gardar. Det finst iallfall 7 slike gardsnamn i Stryn: Sigdestad/ Segestad, Brynestad, Svarstad, Kårstad, Bolstad, Berstad og Øyestad. Gardane Fjellkårstad, Heggestad og Ljåstad høyrer og til gruppa, men er truleg yngre gardar.

Dei fleste heim-namn er opphavlege gardsnamn, og fortel om planmessig landnåm. Slike gardsnamn går også tilbake til tida 0-500 år e.Kr. I Noreg finst det like mange heim-namn som vin-namn (ca.1000). Men her i Indre Nordfjord finst det berre 5 sikre heimnamn: Årheim, Oppheim, Solheim, Håheim og Tvinnereim. Når det gjeld

Gardsnamna på –land er yngre, frå tida 400-1000 e.Kr. - dei fleste truleg før vikingtida. Dei trur at slike gardar ofte låg kring ein eldre hovedgard. Vi finn dei fleste av dei 2000 land-gardane på Sørlandet og Sør-Vestlandet, men berre nokre få i Nordfjord. Her hos oss har vi Bruland, Åland, Hopland og Meland.

I landet er 900 gardar på –set. Desse finst det mest av frå Sunnfjord og 13


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Garden Oppheim 2. Fotograf: Kristian Solvang.

Garden Dokset. Fotograf: Kristian Solvang.

nordover, mange i Nord-Norge. Desse set-gardane var oftast mindre utkantgardar, i ei bygd ligg dei ofte i utkanten, anten høgt oppe i liene eller langt inne i skogane. Dei er seint opptekne, om lag på same tid som land-gardane (400-1000 e.Kr.). Naturleg nok ligg dei eldste gardane på den beste jorda, og set-gardane der det er brattare og dårlegare. Set-gardane har alltid hatt låg matrikkelskyld. Her hos oss finn vi set-gardane Drageset, Taraldset, Langeset, Maurset, Frøyset, Roset, Blakset, Dokset, Bergset. Svingeset, Setr (Sætre) og Helset.

og ei heil mengde av Innigard / Utigard, Framigard, Bortigard, Nigard (=Nedigard) / Oppigard. På Hopland heiter eit bruk Utognere.

Gardsnamn på -torp og -tveit er og frå denne tida, men dei høyrer heime sør og aust i landet vårt. Vi finn få av dei på Nordvestlandet. Døme: Torpo, Hundorp, Hanstveit, Sætveit. Til saman kan det ha vore 25-30 000 gardsnamn i landet på slutten av vikingetida. Garddelingsnamn, gardar på -torp, -tveit, -rud/rød, plassenamn og nyare småbruk. I første del tok vi for oss dei eldst gardsnamna på -vin, -land, -stad og -set. Vidare omtala vi dei aller eldste, som Bø, Vik, Berg, Eide og Sunde. Etter vikingetida vart det nesten stans i opptak av nye gardar. Men etter kvart som folketalet auka, vart mange av gardane etter kvart delt i fleire bruk. Bruka fekk ikkje nye namn, men eit føreledd som sa korleis dei låg i høve til kvarandre – ytre, indre, øvre, nedre, uti-, inniosv. Gardsnamn som Øvrebø, Midtbø og Indrebø er døme på tidleg garddeling i vikingtida – frå primærgarden Bø. Vi har bl.a. Øvreberg / Nedreberg, Storesunde / Mindresunde, Ytreeide / Kyrkjeeide, Øvre-Flo / Nedre-Flo 14

Etter Svartedauden i 1350 vart om lag halvparten av alle gardsbruka i landet liggjande øyde. Berre på Nordsida galdt det Gald, Bergset, Ulvedal, Øyestad, Blakset og Hatleim. I Randabygda vart Åland, Djuvstein, Skrede, Tvinnereim ei tid liggjande øyde. Mange øydegardar vart oppatt-tekne seinare, og nye gardar vart rydda fram til år 15001600. Det fører for langt å gå nærare inn på dette. (Sjå J.Aaland: Bygdebok I-II) På slutten av vikingtida og framover fekk vi ein sterk vekst av rud-gardar (rud = rydning), smågardar, minst 5000, mest på Austlandet. Namnet er ofte ei fantasifull samansetting med personnamn, tilnamn eller yrkesnemningar: Fleskerud, Stubberud, Stomperud, Puterud, Svelterud, Paradis, Prøysen. Namnegruppa er nesten ukjend i Nordfjord. Men gardsnamnet Rød, no skrive Rye, i Gloppen, høyrer til rud-namna. Uttalen er /rø:/eller / rø:d/. Elles finst det mange teigenamn Rødene (= rydda mark) i bygdene våre, men ikkje som gardsnamn. Ei ny ekspansjonstid for gardar kom på 1600-talet. Og når det nærmar seg vår eiga tid, fekk vi tusenvis av nye husmannsplassar/bygsleplassar på 1800-talet. Dei fekk oftast namn etter området, den som budde der eller yrket hans: Skreddarplassen, Åmundeplassen, Rabben, Øyraplassen, Kristenplassen. I motsetning til alle dei gamle gards­ namn, som vert uttala og skrivne i ubunden form, er plasse-namna alltid i bunden form.

Endå nyare er namna på mange gardsbruk, helst småbruk, som vart frådelte i tida før og etter år 1900, som Vangen, Svanheim, Lyngstad, Lyfting, Fjellvang, Berglid, Skåheim, Rosenlid på Nordsida. Sjølv om desse gardsnamna er dei aller yngste, vert dei fleste laga i ubunden form (altså ikkje *Lyngstaden eller *Rosenlida). Ubunden form er svært utypisk for nyare stadnamn, og har nok si årsak i at ein grip tilbake til den arkaiske, ubundne namneforma for gardsnamn. Namn i ubunden form er eit teikn på høg alder, og namneforma gjev inntrykk av at garden er gammal, noko som altså ikkje stemmer her. Dette er berre ei generell og ufullstendig oversikt. Gardsnamna er på grunn av alder ofte svært vanskelege å tyde, og vi finn oftast ingen sikker dokumentasjon på kor gamle dei er. Men for denne namnegruppa er vi så heldige at vi har mange gamle, skriftlege kjelder, i norrøn litteratur, soger, diplom og brev (Diplomatarium Norvegicum), jordebøker, matriklar og skattelister. Eit svært viktig kjeldeskrift er Björgynjar Kalfskinn (Bjørgvins Kalvskinn), eit register over geistlege jordeigedomar i Bergen Bispedøme. Den reknar opp kva for jordegods, tiende og leigekyr som ligg til prestar og kyrkjer i Bergens bispedøme. Det er skrive på gammalnorsk og frå tidsrommet ca.1310-60. Det er den eldste bevarte jordeboka i Noreg. Andre jordebøker er Munkelivsboka frå Munkelivsklosteret i Bjørgvin, med oversikt over jordegods på 1400-talet, Aslak Bolts jordebok og fleire jordebøker på Austlandet. Dei som har interesse av å finne ut korleis dei gamle gardsnamna har vore skrivne (på alle moglege og umoglege måtar) fram gjennom tida, kan leite i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne (1919) – verket finst på biblioteka. Bind XII gjeld Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amt).


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Julegrisen i Nordfjord

Av Annette Langedal Holme

 «Det var julekveld i skogen. Fjernt fra verdens ståk og larm.» Slik byrje visa, Julekveld i Skogen, skriven av Astow Ericsson i 1964. Songen har unekteleg sine kvalitetar på fleire måtar, men her er vi interessert i draumane til han gamlefar i første vers. Han sit nemleg og drøymer om ein fordums julegris. Det er vel fleire som har tenkt med glede på feite griselabbar til jul, og nettopp julegrisen var veldig viktig under julemiddagen før i tida. Heilt tilbake til vikingtida var grisen ein stor del av eit festmåltid og grisen har fylt opp festbord heilt fram til i dag med den populære svineribba dei fleste av oss et rundt jul. Det var mange gardar som hadde ein stadig feitare gris vraltande rundt på tunet utover hausten. Vi får håpe at ingen sprenggjødd julegris nokon gong skjønte kvifor han fekk ete det han klarte og kvifor kona nøgd klaska han på det tjuknande feittlaget. Lange tradisjonar i Nordfjord Også i Nordfjord kan vi vise til lange tradisjonar med julegrisen. Folketeljinga frå 1835 gir oss eit godt innblikk. I tillegg til folketal registrerte dei også avlingar og tal husdyr på dei ulike gardane. Der kan vi sjå at dei fleste gardar

i Nordfjord i all hovudsak hadde kyr, sau og geit. Nordfjord har aldri mangla utmark, så talet på beitedyr var ganske høgt. I tillegg hadde dei fleste gardar ein eller eit par grisar. Til eksempel kan vi løfte fram Eid prestegjeld som hadde 6126 sauer i følgje folketeljinga frå 1835. Til samanlikning fanst det 315 grisar. I følgje dei same folketeljingane er desse husdyra fordelt på 146 gardar som vanlegvis består av 2-3 bruk. Det gir om lag ein gris til kvar husstand, så der har vi nok julegrisane vi såg etter. På tide å slakte julegrisen Slaktinga av julegrisen var eit teikn på at jula var like rundt hjørnet. Grisen vart gjerne slakta så tett opp til jul som mogleg, for då kunne ein ha sylteflesk og blodpølse til julemiddagen. I Gloppen var det vanleg å lage grisekompar (raspeballar laga av raspa poteter, mjøl og griseblod) av blodet etter at grisen var slakta. Tradisjonar rundt julematen har store lokale variasjonar som ofte var ulik

frå gard til gard. Ulike delar av grisen vart eten til ulike tider i jula rundt om i fylket. I Gulen åt dei til dømes grisehovud og flatbrød til frukost. I dag hentar vi julegrisen i frysedisken og ikkje på gardstunet. Alt konene kan klaske på i dag er sitt eige fettlag, noko som gjerne ikkje er med den same gleda som eit godt dissande klask på julemiddagen. Grisen Grisen står i sin grisebing og tenker dypsindig på viktige ting. Undres om fleskeprisen går opp eller ned tenker grisen. Av Inger Hagerup Litteratur og kjelder: Folketelling for 1835. Funne på internett 24.06.2015: http://www.ssb.no/a/histstat/nos/ st_02r_1835.pdf Kongsvik, Å. og Støfringsdal, K. 1999. Fjordamat, kokebok for Sogn og Fjordane. Førde. Kvåle, I. 1967. Breim i Sogn og Fjordane fylke. I Manns minne, daglegliv ved hundreårsskiftet. Bind 1. Oslo. Shalin-Sveberg, I. 2000. Som julekvelden på kjerringa. Oslo.

15


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kvalstasjon i Vågane. Staten bygde og dreiv kvalstasjon i Vågane, Bremanger, i åra 1918-1919. Her er eit drusteleg stykke råstoff til vidare «behandling» til sluttprodukta; feitt, olje, beinmjøl, guano. Fotograf: Kristian Berge. Datering: 1918-1920.

Kvalstasjon i Vågane Av Egil Totland

Vågane ligg sør på Bremangerlandet. Det går veg frå fylkesveg 616. Heilt inne står fire-fem hus og nokre naust; ein fredeleg idyll, det er Vågane år 2016. Heilt annleis var det i 1918. Då vart det brått uvanleg mykje liv og røre her. Staten bygde kvalstasjon, som var i drift i to år. Feittmangel Første verdskrig starta i 1914. Sjølv om Norge offisielt var nøytralt fekk vi føle verknadane av den, særlig når det galdt forsyningar av viktige råstoff. Feittmangelen vart etter kvart merkbar. Dei norske fangstselskapa som fanga kval på den sørlege halvkula, opererte i britiske soner. Britane forlangte etter kvart at alle produkt fanga i deira soner skulle tilfalle dei sjølve. Kvalfangst på norskekysten På grunn av dette tok staten hausten 1917 ei rekke skritt til iverksetting av kvalfangst på Norges kyst. Ved kongelig resolusjon av 23. november 1917 vart Provianteringsdepartementet bemyndiga til straks 16

å iverksette kvalfangst for statens rekning. Statens Hvalfangstkontor vart oppretta i desember 1917 og Vågane var 1 av 6 kvalstasjoner som staten etablerte langs norskekysten. Avtale om grunn Vågane ligg like nordaust for Smørhamn på Bremangerlandet. I desember 1917 vart det inngått avtale mellom staten og bruk 2 og 5 (Gnr. 33) i Vågane, om utleige av delar av strandlinja for 600 kroner i året for å opprette kvalstasjon. Bygging av kvalstasjonen På vårparten i 1918 starta arbeidet med å bygge kvalstasjonen i Vågane. I ein artikkel i Norsk Hvalfangst-tidende i april/mai 1918 står det:

Stationen i Bremanger er ikke helt færdig, først i juni kan fangstbaatene begynde. Paa anlægget arbeider 50 mann, 3 barakker er oppført, maskinhuset er i sin vorden og en del maskiner montert. Saa blir der kokeri, foruten til oljen ogsaa for kjøttet og benene, benmølle og guanofabrik. Den store flenseplan 40 x 25 m er heller ikke færdig. Der opsættes 9 preskjeler og 6 aapne kokekar. 2500 tomme tranfat er allerede frembragt for i sin tid at fyldes. Tomten som ligger paa Vaagene ca 6 km østenfor Kalvaag, er erhvervet av staten for en avgift av 600 kr. pr. aar. Om arbeidsforholda Anleggsarbeidet og drifta gav arbeid til mange. Ikkje alle var like begeistra. I ein artikkel i avisa Daggry (Socialdemokratisk organ for Horten og omegn) 14. mai 1918 står det om arbeidsforholda:


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Vågane år 2016. Staden ligg sør på Bremangerlandet eit kort stykke nord for båtstoppestaden Smørhamn. Fotograf: Egil Totland. Datering: 2016.

Jarlsbergarbeidere uttaler sig om forholdene ved anlægget i Vaage, Bremanger. «Arbeidet» i Bergen hadde forleden besøk av et par arbeidere, som kom fra statens hvalfangerstation paa Vaagene i Bremanger. De bad om at sætte ind en meddelelse i avisen om forholdene der oppe, saa arbeiderne ikke skulde bli lokket dit paa falske forutsætninger, saaledes som tilfældet hadde været med dem og en hel del andre arbeidere. De fortalte at de var fra Jarlsbergkanten og hyret gjennem Grams hyrekontor i Tønsberg. I kontrakten stod at de skulde ha 150 kroner maaneden i fast løn og 5 maal god og forsvarlig kost om dagen. Dessuten skulde de ha 10 øre av hvert fat tran og 3 øre av hver sæk guano som blev produsert. Ved engagementet blev de forespeilet at betingelserne var saa og saa gode, idet der allerede var fanget 24 hval, saa alt tegnet til at fortjenesten skulde bli bra. Da de kom ditop, viste det sig imidlertid at stationen endnu ikke var halvfærdig, og at der vilde gaa baade uker og maaneder før produktionen kunde komme i gang. De stillet da krav om at faa høiere løn saalænge, men dette blev blankt avvist.

Kostholdet var heller ikke efter overens­ komsten. I stedet for de lovede 5 maal [måltid] «god og forsvarlig kost» fik de paa en 10 timers arbeidsdag 3 maal, hovedsakelig bestaaende av fiskeboller, uten poteter til. Til middag fik de dog 3 poteter. Nogen spisebarakke findes ikke. Arbeiderene maa derfor spise i samme rum som de ligger. Brødrationen, 2 brød, faar de utdelt en gang om uken, men noget sted til at opbevare brødet har det ikke, saa brødet maa gjemmes i køierne. Forholdene med vaskerummet var ogsaa meget utilfredsstillende. Ret utenfor dette tømmes nemlig alt avfaldet fra carbidlampene, og arbeiderene kvir sig formelig for at benytte rummet, da den mindste fugtighet frembringer en rædselsfuld stank. Hvad arbeidsforholdene for øvrig angik, var der ogsaa meget at klage over. Arbeidslederen, en forhenværende hvalskytter Foyn, tilhører nemlig den type som støtt og stadig trakasserer og hundser arbeiderne. Da de ikke ved høflige henstillinger kunde faa de paaklagede forhold forandret, nedla de, 30 mand i alt, arbeidet. Dette resulterte imidlertid i at samtlige streikende blev avskediget og nu er reist fra stedet.

Da det er grund til at tro at Foyn vil forsøke at hverve andre folk i stedet, henstiller arbeiderne til partibladene at opta denne meddelelse, saa arbeiderne vet hvad de gaar til, hvis de lar sig engagere. Kvalbåtar Kvalstasjonen i Vågane var i full drift frå juni 1918, med produksjon av feitt og olje. Etter kvart vart det også produsert beinmjøl. Stasjonen hadde 3 kvalbåtar, «Hekla I», «Hekla II», og «Whangarei». Sistnevnte var (i 1917) eigd av A/S The Fremantle Whaling Co. Ltd. i Larvik. Administrasjonen, fagfolka og tenestemenn, var alle henta frå Tønsberg og Sandefjord distriktet, mens vanlege arbeidarar vart henta frå lokalmiljøet [nokre også frå Vestfold, sjå ovanfor]. Nedlegging og avvikling Etter sesongen 1919 begynte staten å avvikle sin fangstbedrift. Stasjonen i Vågane blei nedlagt i 1919 ifølge Norsk Hvalfangst-tidende nr. 8, 1919, og vart selt i mai 1920 til eit konsortium i Tønsberg for 150 000 kroner. Søknad om ny kvalstasjon i Vågane I 1926 søkte kaptein Erling Kvamsøy frå Bergen om å få skipa 17


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Ein kval ventar på «behandling» i produksjonsprosessen til ferdige produkt: kvalolje, feitt, beinmjøl, guano. Fotograf: Kristian Berge. Datering: 1918-1920.

ny kvalfangerstasjon i Vågane. I ein ­artikkel i avisa Firda Folkeblad (Florø), 24 juni 1927, står det: Sunnfjord skal faa seg ein kvalfangar­ stasjon. I fjor ein gong søkte kaptein Erling Kvamsøy Bergen um aa faa skipa kvalfangarstasjon i Bremanger. Fylkesfiskarlaget og heradsstyret raadde til og no hev saki vore fyre ogso i fylkestinget. Der fekk det ogso samrøystes tilraading so ein kan no sikkert gaa ut ifraa at det vert gjeve konsesjon til dette tiltaket. Kvalfangarstasjonen vert i Vaagane og det er hr. Kvamsøy si meining aa driva med leigde baatar fyrebils. Med tvo kvalbaatar

reknar ein aa faa ca 100 kval som skulde gjeva 5000 fat olje til eit verde av kr. 430 000. Kjøt og guano skulde gjeva kr. 132 800. Utleggi ved stasjonen er sette til kr. 440 000. Kapitalen er sett til minst 300 000 mest 400 000. Av dette er 25 000 sikra fyreaat og resten er tanken skal leggjast til offentleg teikning.

Erling Kvamsøy fekk ikkje konsesjon til ny kvalstasjon i Vågane. I referatsak i Bremanger heradstyre 5 november 1927 står det: «Melding fraa departementet at hr. Kvamsøy ikkje hev fenge konsesjon paa kvalstasjon i Vaagane i Bremanger»

Under krigen var det mykje arbeid i Vaagane. Daa hadde staten stasjon der og det gav arbeid og pengar til mange mann. Det er rikt med kval utanfyre og stutt utsigling. Kvalbaatane fraa Blomvaag ligg soleis utanfyre her og tek kvalen nesten heile fangstidi.

Norsk Hvalfangst-tidende.

Fangst 1918-1919

Produksjon 1919

Staten avvikla kvalstasjonane sine i 1920. Annonse i Aftenposten 24. februar 1920. 18

Kjelder og litteratur Fiskets gang 1918 – 1920 Firda Folkeblad 1927 Avisa Daggry 1918


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

DS «Nordfjord 1» på pinsetur 1932. Mannssang foreningen «Freya» samla på framdekket. Båten går inn Høyangsfjorden. Offiseren på brua er kaptein Wærness. Fotograf: Ukjent. Datering: 1932.

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness Av Hermund Kleppa

«en sjelden dyktig sjømann, godt anskrevet i det selskap han tjente i så lang tid [39 år], og meget godt likt av det reisende publikum”. Det var attest til kaptein H. Wærness i Bergens Tidende då Wærness runda 70 år, 18. juni 1939. Wærness er ein av dei ruvande kapteinane i Fylkesbaatane si soge. Han var skipsførar i 18 år, først på «Stavenes» frå 1908, seinare på «Fjalir», «Sogn, «Firda», «Kommandøren» og «Nordfjord» 1. «heldt i roret» Kari Louise Kvamme, fødd 1932 i Bergen, bur i Fjærland (2015). Ho er dotterdotter til kaptein Heinrich Wærness. Og ho hugsar at ho var med morfaren om bord og fekk halda i «roret». Vi fekk låna fleire foto av Kari Kvamme, mellom anna tre foto som viser kaptein Wærness på brua på tre ulike båtar. Dei er òg interessante ved at dei viser fleire skipsbygnings-detaljar frå tida då opne bruer var vanleg. Dessutan hadde Kari Kvamme ein del opplysningar om kaptein Wærness. Saman med litt anna kjeldemateriale, kunne vi laga denne vesle artikkelen om Heinrich Wilhelm Wærness, kaptein i Fylkesbaatane.

Sjømannen Wærness – tidsline Heinrich Wilhelm Wærness, fødd 18. juni 1869 i Bergen, var son til sjø­k aptein Peter P. Wærness. Han reiste til sjøs i «ung alder». Sommaren 1885 veit vi at han var påmønstra «SS Niord», i hamn i Cardiff. Heinrich Wærness var sjømann i over 50 år, først kring 16 år før han i 1897 vart tilsett i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane der han han hadde sitt arbeid til han gjekk av for aldersgrensa i 1936. 1881-1882 Reiste til sjøs, og tok etter kvart styrmannseksamen

1897 Vart tilsett som styrmann i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) 1908 Vart kaptein på ”Stavenes”, seinare «Fjalir», «Sogn» og «Firda». 1912 Vart kaptein på «Firda» etter at kaptein Lund gjekk av for aldersgrensa 1916 Vart kaptein på «Kommandøren». 1932, 15.-18.05 Var førar på «Nordfjord 1» på pinsetur i Sogn og Fjordane med Mannssangforeningen Freya, Bergen. 1936, hausten. Gjekk av for alders­ grensa. «Mannseth førar på «Nordfjord 1» etter Wærness» (avisnotis). 19


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

I 1908 vart Wærness førar på DS «Stavenes». Biletet står i NBAD/FSF sitt jubileumshefte 1908. Fotograf: Ukjent. Datering: 1908.

Påmønstra SS «Niord» På slutten av 1800-talet var Cardiff ei av dei største hamnene i England. Den norske sjømannsmisjonen etablerte sjømannskyrkje i 1868. Sjømannspresten føretok kyrkjelege handlingar på same måte som prestar i den norske kyrkja i heimlandet. Og han førde kyrkjebok. I rubrikken for «Konfirmerede» finn vi «Henrik Wilhelm Wærness» på datoen 17. juni 1885. Under «Kristendomskundskab og Flid m.v.» kan vi også henta fram nokre handfaste opplysningar om Wærness til sjøs i «ung alder». Seksten år gammal er han påmønstra fartøyet SS «Niord» førd av «kapt. Løvold», og det kan henda skuta skal vera ute «et aar»: «[Wærness er] undervist om bord på SS Niord af kapt. Løvold. Havde ham hos mig i 3 ½ dag, i hvilken tid jeg overhørte ham og fandt hans kristendomskundskab meget tilfredstillende. Af sin kapt. fik han udmerket attest for godt forhold [flid og framferd]. Da skibet maaske skulde være ude et aar og skulde afgaa om et par dage, bestemte jeg mig til efter ham og kapt. Løvolds inderlige ønske at konfirmere ham.»

Kaptein i Fylkesbaatane, Heinrich Wilhelm Wærness (1869-1945), her på brua på ein amtsbåt/fylkesbåt, kan henda ds «Fjalir». På skipsklokka kan ein skimta bokstavane FJA. Fotograf: Ukjent. Datering: 1908 – 1916. Eigar: Kari Kvamme.

«Ta og bær ham ned» Los Bendiksen (Mathias Bendiksen (1889-1971), Bergen), var tilsett i

”Det blåste friskt av sydvest [… og det blei] adskillig verre utover Buefjorden. (…) Jeg rullet over ende på fordekket,

20

Fylkesbaatane i nær 50 år. I 1961 kom boka hans, «Minner fra sjømannslivet». Bendiksen møtte Wærness på sin aller første tur i om bord på «Firda» i rute Bergen – Sunnfjord, med stopp i Bulandet.

og der ble jeg liggende, bleik som et lik ..» «Kaptein Wærness var da [1908] førstestyrmann. Han kom bort til meg, lo og spurte: - Er du sjøsyk? Og vendt til en av matrosene: - Ta og bær ham ned og få ham til køys. Og dette ble gjort og utan motstand frå min side.» Merknad: Wærness «lo». Vitnar dette om ein mann utan medkjensle


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Kaptein i Fylkesbaatane, Heinrich Wilhelm Wærness (1869-1945), her på brua på DS «Firda» (bokstavane FIR er synlege på del av fastmontert redningsbøye. Fotograf: Ukjent. Datering: 1908 – 1916. Eigar: Kari Kvamme.

Kaptein i Fylkesbaatane, Heinrich Wilhelm Wærness (1869-1945), her saman med kona Louise Wærness på brua på ds «Kommandøren» 1919. Dei vart gift i Selje 9. juli 1899. Fotograf: Ukjent. Datering: 1919. Eigar: Kari Kvamme.

Kaptein i Fylkesbaatane, Heinrich Wilhelm Wærness (1869-1945), her i sine eldre år. Fotograf: Ukjent. Datering: Ukjent. Eigar: Kari Kvamme.

med folk i naud? Nei, på ingen måte. Førstreisguten Bendiksen si førstegongs-sjøsjuke høyrde vel nærast med til starten på sjømannsyrket. Ein slags dåp.

kopla til tankane. På den måten kunne dei følgja med og skrua av i tide. Men så skjedde det at det Bendiksen på land gløymde seg ut, med det resultat at vasstanken sprengdes og «sofabenken fløy i lufta». Og ikkje nok med det:

1899.09.07. Vart gift i Selje med Louise Karoline Strømme, fødd 08.01.1870 i Kautokeino, dotter til prost Ludvig Strømme, Selje. Fekk seks born, fire døtre og to søner,. Døtrene blei på 1920-talet omtala som «Kommandørens døtre.» Det kom av at faren frå 1916 var kaptein på DS «Kommandøren».

«de fulgte med sofabenkene» Los Bendiksen fortel elles om eit anna tidleg møte med Wærness, hausten 1912, om bord på «Firda». Kaptein Lund hadde gått i land etter oppnådd aldersgrense, og Bendiksen sakna han mykje. «Wærness var nå blitt fører av «Firda» etter Lund. Wærness var også en hyggelig kar som vi satte stor pris på, og hadde han ikke vært det, hadde sikkert en episode som jeg nå skal fortelle om, kostet både meg og min bror jobbene våre.» To ferskvasstankar for 1. plass var plassert under to sofabenker i damesalongen. Etterfylling måtte gjerast etter ei heilt bestemt oppskrift: Fylla på frå slange på land i ei trekt og passa på når det det var fullt. Det var strengt forbudt å kopla slangen fast i påfyllings-røyret, det kunne forårsaka overtrykk og sprenging. Denne gongen fann ikkje brørne Bendiksen trakta og kopla slangen fast. Den eine skulle stå på land og passa på eit luftrøyr som var

«for å gjøre uhellet enda mere dramatisk, satt kaptein Wærness og restauratør Krogh akkurat på den benken og hadde en konferanse om ett eller annet. De fulgte med sofabenken og ble søkkende våte. Det ble et veldig oppstyr, men da vi to hadde forklart oss om årsaken til hendelsen fra først til sist, fikk vi syndsforlatelse med formaning om at det ikke måtte gjenta seg at vi fylte tanken uten å bruke trakten, og vi fikk fortsette om bord.» Kaptein Heinrich Wilhelm Wærness - personalia 1869.18.06. Fødd i Bergen, foreldre: Sjøkaptein Peter Petersen Wærness, Bergen, og Nancy Tillot Baache, Memel (pr. 2015 Klaipeda i Litauen).

1945.02.26 Døydde i Bergen, gravlagd på Møllendal kirkegård. Kjelder Bergens Tidende, 16.06.1939 Bendiksen, Mathias: Minner fra sjømannslivet. 1961 Statsarkivet i Bergen: Den Norske Sjømannsmisjon i utlandet*, Ministerialbok nr. A 1, 1866-1887, s. 39 Informasjon og foto frå Kari Kvamme, Fjærland Artikkelen vart opphavleg skriven for Kulturhistorisk leksikon.

1873. Faren døydde om bord i båt ved ved Azorene. 1885.15.06. Konfirmert i sjømanns­ kyrkja i Cardiff.

21


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Dagens Alvera, den gamle futegarden der husmorskulen heldt til. Fotograf: Arlen Bidne

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule. Av Kjerstin Risnes

Litt aust for Lavik sentrum ligg det staselege hovudhuset på den tidlegare futegarden Alværa, ein treffstad for embetsfolk og kondisjonerte. Men huset har også ei anna og mindre glamorøs, men ikkje mindre viktig historie som Lavik kommunale husmorskule i over 30 år. Om arkivet etter Lavik kommunale husmorskule I magasina og på biblioteket vårt finn vi fleire spor etter denne, for mange, ukjende husmorskulen der over 600 jenter fekk si opplæring i husstell og husmoryrket i perioden 1922 – 1956. Vi finn ulike arbeidsbøker som fortel korleis det daglege arbeidet var organisert, kva elevane lærde, elevbøkene «Bondejenta» og «Kjøkenskrivaren» der jentene skreiv små historier som vart lese opp i sosiale samanhengar, kjøkkenrekneskap, vitnemål, gruppebilete av elevane, korrespondanse, bygningsteikningar etc. For den som dukkar ned i kjeldene, vil dei kunne finne mykje interessant stoff om ein skule som var tidstypisk 22

som kvinne­utdanning, og som i tillegg hadde sitt å stri med dei 34 åra han var i drift. Vår vesle artikkel vil berre gje eit glimt av denne skulehistoria. Husmorskular som strategi for å løyse «kvinneproblemet» og utvikle landbruket Den fyrste offentlege humorskulen i landet og fylket vart oppretta i 1877 i Holmedal i dåverande Ytre Holmedal kommune. Bakgrunnen var at det store omskiftet i landbruket gjekk for tregt her i vest. Faktorar som fattigdom, små og oppdelte bruk, kombinasjonsbruk der kvinnene i lange periodar hadde eineansvar for garden, mangel på tid og overskot til å endre på driftsformene var viktige svar på problematikken,

men mange peika på kvinna som ein bremsekloss i reformarbeidet, som også handla om kosthald, reinsemd og helse. Ein komité samansett av dei tre amtmennene i Søndre- og Nordre Bergenhus og Romsdal meinte at kvinna gjennom hennar sterke stilling i landbruket, spesielt på Vestlandet, måtte reformerast og opplysast. For å få bukt med uvilje, fordommar og manglande kunnskap måtte dei få ­utdanning til liks med mennene, men innan for kvinnas ansvarsområde. Skulane skulle ha teoretiske fag som ein del av allmenndanninga, men fyrst og fremst vere praktisk retta. Det var såleis ikkje noko nyskapande ideologisk syn som låg bak opprettinga av husmorskulane eller jenteskulen i Holmedal. Kvinnene skulle få si ­utdanning i tråd med det borgarlege idealet om kvar i samfunnsordninga kvinna høyrde til, og det var i heimen.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Dei fylkeskommunale husmorskulane Amtstinget i Nordre Bergenhus var fyrst ute. Dei tok ballen om å opprette ein jenteskule, etter innspel frå folkehøgskulestyrar Jakob Sverdrup i Sogndal, og slik vart Jenteskulen i Holmedal, seinare på Svanøy, i Kroken og til sist på Hafslo, etablert. Jenteskulen i Holmedal sådde den fyrste spira til undervisning utover grunnskulen for jenter, og i 1912 kom husmorskulen i Stryn til. Etter andre verdskrig, i 1947, kom også Førde med på det fylkeskommunal laget. No var fylket dekt gjennom desse tre skulane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og dei gjekk seinare inn i dei vidaregåande skulane i fylket, om enn med eit anna innhald og med andre mål enn at elevane skulle bli gode husmødrer og gode bondekvinner. Vevkurset som vart inngangen til Lavik kommunale husmorskule. Når nye tiltak skal setjast i verk, er det som regel ei eldsjel som står bak. I Lavik var denne eldsjela bonde og agronom Mons A. Ringereide. I 1911 skipa han Lavik hushaldslag, som hadde som føremål å gje unge kvinner opplæring i husstell, matstell på heimleg grunnlag, sying og veving . Laget hadde 327 medlemmer, og i ein kommune med omlag 1000 innbyggjarar i 1910-20 må dette seiast å vere eit stort lag. Som samfunnsengasjert bonde og agronom var det såleis naturleg at Ringereide såg verdien av at kvinnene i distriktet skulle få opplæring og utdanning som kunne føre bygdene framover. Ringereide var også kommunepolitikar, og då det i kommunestyrebolken 1917-1920 vart vedteke at det kvart 3.år skulle skipast til husstellkurs, er det rimeleg å trua at han hadde ein finger med i spelet. I 1921 var det tillyst eit vevkurs gjennom hushaldslaget. Kurset var populært, og det melde seg langt fleire enn det var plass til. Det vart då bestemt at dei som ville ta hushalds­ kurset som framhaldsskule skulle få føreretten til vevkurset. Jentene takka ja, og eigaren av Alværa leide ut huset. Vel røynde lærarkrefter vart henta inn då Malene Sandved, den fyrste styraren ved Stryn husmorskule, fekk styraransvaret og dottera Kristina vart

Glade jenter frå husmorskulen i Alvera i 1936-1937. Elevane her er Gunda Stigedal, Jenny Rysjedal, Hjørdis Risnes, Ragna Hellebø. Skulen varde i 6 mnd. og tok til om hausten. Det var 21 elevar i kullet. Lærarinnene var veldig strenge, men det gjekk for å vere ein god skule. Fotograf: ukjend

Fotografiet viser elevane frå årskullet 1939-40 og lærarane deira. Jentene har stasa seg opp i like, tidsrette «Bondepikedrakter», og nokre har pynta seg ekstra med brosje og sølje. I bakarste rekkje frå venstre mot høgre: Rollaug Ness, Solveig Øksland, Fredlaug Osland, Birgit Råe, Margit Otterskred, Ragna Molde. Rekkja i midten frå venstre: Hansine Solås, Gyda Finnebotn, Lilly Aven, Aslaug Skau, Mary Bøe, Nora Larsen, Inga Stang, Jensine Dalland, Anlaug Ringstad, Agnes Svarthumle. Fremste rekkja frå venstre: Amalie Skottholm, Gunnhild Oppedal, Ragna Nøstdal, Anna Ringstad, Laura Hidle, Alma Nilsen, Hilde Søgnen, Åslaug Skjerdal. Fotograf: Næss & Co, Sogndal

tilsett som handarbeidslærar. Mons A. Ringereide, som no også var blitt ordførar, 1920-1925, vart gjennom denne kursperioden overtydd om at ein husmorskule måtte vere liv laga som eit permanent tilbod for jentene frå denne del av fylket. Dette vart starten på husmorskulen, og ikkje minst Ringereide si personlege kampsak både i kommunestyret og fylkestinget.

Ein vanskeleg start i ei vanskeleg tid På landsbasis hadde husmorskulane stor vekst i perioden 1908-1921. Men då den økonomiske nedgangen sette inn i 1922 stogga framveksten av skulane. Dette hindra ikkje Ringereide i trua på ein slik skule, og han kom då med framlegg om å skipe Lavik kommunale husmorskule. Det var 23


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

rimelegvis ikkje alle i kommunestyret som såg positivt på dette initiativet i denne vanskelege tida, noko røystetalet også viste. Kan hende mindretalet tykte denne skuleetableringa skjedde litt hals over hovud ? « (…)Etter eit hardt basketak i heradsstyret 3.mars 1922 vart det med 9 mot 7 røyster vedteke at det skulle skipast ein fast husmorskule», seier Ringereide sjølv i Soga åt Lavik husmorskule 1922-1940. Basketaket kjem ikkje fram i kommunestyreprotokollen for 1921 -1929. Der kan vi berre lese at «Heradsstyret tek på seg ¼ av utlegget til husmorskulen og søkjer fylket om halvdelen av distriktstilskotet. « Det var så søkt om statstilskot, noko dei fekk, og kommunestyret oppnemnde så styre for husmorskulen: Alise Ringereide og Brita Lavik, med Maria Hellebø og Gjertru Værholm som vara vart valde. Husmorskulane låg i denne tida under Landbruksdepartementet, som oppnemnde ordførar Ringereide som sin representant, med lensmann Husabø som vara. Då kommunen sa ja til den kommunale husmorskulen, rekna dei med tilskot frå fylkeskommunen og søkte fylkestinget om å få dekt halvparten av kommunen sine utlegg. Men der hadde dei forrekna seg. Korkje fylkesmannen, fylkets husmorskulestyre eller fleirtalet i landbruksnemnda var positive til å støtte skulen økonomisk. Landbruksnemnda sa det slik: « Nemndi er klar over at arbeidsopplæringi no i disse tider bør koma på høgd med aandsopplæringi og at i landet vert arbeidt for tvungne kommunale husmorskular. Skulen vil difor mogeleg faa rett til studnad; men som saki no ligg til kan nemdi for i aar ikkje tilraa noko fylkestilskot.» Ringereide sat sjølv i landbruksnemnda og var sjølvsagt svært skuffa over å ikkje ha nådd fram med synet sitt og søknaden frå kommunen. Kommunen måtte no inn med meir midlar enn tenkt og då det skulle løyvast pengar til utstyr, vart det bråk, i følgje Ringereide sjølv. Stemninga var opphissa, og i soga til skulen skriv Ringereide at han vart skulda for å 24

Eldsjela og etableraren Ringereide arbeidde hardt for å få bygt ny skule. Han tilbaud tomt og teikna også utkast til skulen.

Her er familien Ringereide på gjesting i doktorgarden saman med familien sin. Truleg sit dei i bestestova til dr. Trædal og studerer juleposten. Mons A. Ringereide sit som nummer fem frå venstre. Alice Ringereide, nr 4 frå venstre, var med i det fyrste styret for skulen. Ho var jordmora i bygda. Datering 1910-12. Fotograf : Ludvik Trædal.

ikkje vere tilrekneleg som sette i gong eit slikt vitlaust tiltak som denne skulen, medan andre påstod at han stod så hardt på for skulen berre for å kunne eta god mat. Lensmann Husabø, varamannen i styret, som var i kommunestyret denne dagen, tilbaud då 100 kr av eiga setlebok å kjøpe utstyr for, og dette vart godteke av kommunestyret. Dei sjølve la då også inn ein sum på fleire tusen til innkjøp av utstyr som vart dekt gjennom kontaktmedelen i kommunekassa, for enno var den kommunale økonomien bra. Det

vart også samla inn møblar og utstyr på bygda, og dei klarte å skrape i hop nok til å få skulen klar. Nye økonomiske utfordringar Dei økonomiske problema i denne førebuingstida ville ingen ende ta. Huseigaren ville ha ei årsleige på kr 1000 og garanti på denne summen i fem år, om det vart skuledrift eller ikkje. Dette skulle vere vederlag for dei investeringane han måtte gjere for å setje i stand huset til skulebruk. Kommunestyret fann dette vel


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Elevane skulle lære å lage ulike typar mat og kan hende denne vesle kokeboka til Henriette Schønberg Erken som kom ut i 1922 også var i bruk ved skulen?

Elevane måtte lære seg hushaldsøkonomi, og når middagen skulle planleggjast var det viktig å finne ut kva dagens middag ville koste per person.

drygt i og med at alt var så uvist, og skulen skulle inn i sitt fyrste driftsår. Ordføraren tinga med huseigaren, som ikkje ville trekkje kravet, og kommunestyret hadde ikkje noko anna val enn å gå med på kravet om skulen skulle kunne starte opp. Dette vedtaket vart gjort utanom sakslista i kommunestyret 22.10.1922, og mot to røyster. Dette ureglementerte vedtaket skulle i ettertid føre til vanskar for Ringereide og dermed skulen. Når leigekontrakten no var på plass, kunne det lysast etter elevar, og 26 jenter søkte på 16 plassar. Med så bra søkjartal utvida dei straks elevplassane til 20 og auka opp skuletida frå tre til fem månader. Det melde seg svært godt med søkjarar både til styrarstillinga og den faste stillinga

som handarbeidslærar. Styret tilsette velkvalifiserte Gjertrud Bruseth som styrar og Ragna Nøstdal, ei sers kvalifisert kvinne som handarbeidslærar. Men då Ragna Nøstdal hadde skrive søknaden sin på bokmål, bestemte kommunestyret at all opplæring skulle skje på landsmål. Slik sikra dei seg mot «språkfusk», som Ringereide kalla det. Skulen kunne no starte opp om enn på noko usikker grunn. Personleg redningsaksjon Ringereide og skulen hadde sine motstandarar, ikkje berre i fylkeskommunen, men også i kommunestyret. Kva den lokale striden hadde sitt opphav i, den ekstra økonomiske børa for kommunen i ei vanskelege tid, motstand mot yrkesutdanning for kvinner generelt eller personlege motsetnader,

er det vanskeleg å seie noko om, men strid var eit kjenneteikn i mange år. Eit betent punkt var leigekontrakten med huseigaren. Saka vart klaga inn for Justisdepartementet, og klagarane fekk medhald. Saka måtte opp til ny avgjerd, og no var det kome nye folk inn i kommunestyret. Motstandarane fekk fleirtal for å få saka utsett og då ho til sist kom opp 06.07.1923, sette den nye ordføraren, Johannes Instefjord, fram forslag om å forkaste leigekontrakten, seie opp lærarane og leggje ned skulen. For å hindre at dette skulle skje, gjekk ordføraren personleg inn for å betale husleiga av eiga lomme, og skulen vart redda. Det vart ikkje siste gongen ordføraren og hans allierte måtte gje personlege økonomiske garantiar for å redde «skulen sin». Striden for fylkeskommunale midlar Fylkeskommunen hadde avslått søknaden om tilskot fyrste året, men Ringereide og styret gav ikkje opp. Dei argumenterte for at søknadane synte at det var behov for skulen og ikkje minst at svært mange av jentene frå ytre Sogn tidlegare hadde måtte reise andre stader for å få opplæringa. Det vart også lagt vekt på innhaldet i undervisninga. I Lavik kunne opplæringa skje på heimleg grunn der ein tok utgangspunkt i det som var kjent og dei levekåra jentene frå ytre Sogn skulle tilbake til. 25


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

I 1923 kom dei igjen med ny søknad der dei primært ynskte at skulen skulle bli fylkeskommunal og sidestillast med dei to andre husmorskulane, eller få tilskot på linje med desse. Skepsisen til denne nykomlingen var stor, og den økonomiske stoda til fylkeskommunen var ikkje god. Denne gongen fekk dei dekt 1/8 del av dei utgiftene dei fekk tilskot til. Det går ikkje direkte fram av ordskiftet i fylkestingsforhandlingane kva som var årsaka til at dei lenge var så motvillige til yte tilskot på line med dei to andre skulane, men konkurranse om elevane var truleg eitt av argumenta, spesielt skulen i Kroken. Redsla for å få faste nye utgifter inn på budsjettet var nok ei anna sak, den geografiske plasseringa vart eitt argument og kanskje var det mange som ikkje var overtydde om kvaliteten på skulen. Fylkesskulestyret gav skulen gode skussmål, men meinte at sidan kommunen sjølv hadde sett i gong med denne skulen, fekk dei ta mesteparten av kostnadane. Ringereide godtok ikkje dette argumentet og viste til at Mindresundet jordbruksskule også var kommunal, men fekk fullt fylkeskommunalt tilskot likevel. Til sist gav likevel arbeidet til Ringereide og hans politiske meiningsfeller resultat. I 1927 «kapitulerte» fylkesmannen. «(...)at jeg finder det urimelig i lengden at lægge hindringer i veien for denne skoles utvikling. Det synes efter sitt gode ry og den økende søgning at ha livets ret, saa den fortener at stilles paa like fot med fylkets andre husmorskoler. Når der er trang til en saadan fagskole i Ytre Sogn bør ikke snevre hensyn som f.eks til dens rent geografiske beliggenhed tillægges saadan vekt, at man derfor gjør tilværelsen vanskelig.» Vedtaket var samrøystes og framtida så lys ut. Staten betalte 3/4 parten av utgiftene og fylket resten. Fylkesmannen Christensen, som før hadde vore skeptisk til skulen, ordna det også slik at elevane fekk reise gratis til og frå skulen med Fylkesbaatane. Skulen heitte Lavik kommunale husmorskule så lenge han var i drift, men i realiteten var han ikkje lenger kommunal anna enn i namnet.

26

Frå byggeplanar til nedlegging. Bygningane på Alværa var gamle og lite tenelege alt då dei starta skulen, og betre vart det ikkje. Romma var små og dette gjorde arbeidet tungvindt. Bygningane var i tillegg freda så det var umogeleg å få gjort endringar. Styret var klar over tilhøva, og med Ringereide i spissen vart det oppretta byggjefond og samla inn midlar med tanke på nybygg. Slik gjekk det ikkje. Det kan sjå ut til at personleg usemje mellom Johannes Instefjord, som overtok som ordførar etter Ringereide, og Ringereide var ei viktig årsak til at nybygginga vart skipla. Gang på gang var byggjesaka og lokaliseringa av den nye skulen oppe i heradsstyret gjennom storparten av 1930-talet utan at dei kom fram til noko resultat. Etter krigen vart det på nytt blese liv i tanken om nybygg då fylkestinget i 1946 vedtok grunnplanen for husstellopplæringa i fylket. Der vart det slått fast at det skulle vere ein skule for Indre Sogn i Kroken, ein for Ytre Sogn og dei ytre kommunane elles i Lavik, ein for Sunnfjord i Førde og ein for Nordfjord i Stryn. Det var stor etterspurnad etter slike skuleplassar, og framtida såg no lys ut for skulen i Lavik. Kommunen skulle leggje fram ein plan for ein tidshøveleg skule i Lavik innan 1947, men det klarte ikkje kommunestyret. Likevel vedtok fylkestinget at dei ville satse på Lavik. Dei ville overta drifta av Lavik husmorskule den dagen kommunen kunne leggje fram skøyte på tomta. Dei batt seg til å byggje skule på denne tomta innan seks år frå den dagen det var ordna med skøyte. Det skøytet kom aldri. Tomtespørsmålet vart igjen heitt tema, og valet fall denne gongen på prestegarden, som var eigd av staten. Men departementet ville ikkje selje. Kommunen kunne få leige prestegarden i 99 år, på vilkår. Dette tilbodet og vilkåra kunne ikkje fylkesutvalet godta, og dei kjende seg ikkje lenger bundne av det vedtaket dei hadde gjort i 1947. Arbeidet med å finne tomt fortsette, men utan resultat. Skulen hadde ikkje val, dei måtte fortsette så godt dei kunne i dei lite eigna bygningane på Alværa. Sjølv om søknaden til skulen var god i mange år og lærarkreftene

likeeins, vart dei til sist «utkonkurrerte» av dei nybygde skulane elles i fylket. Våren 1956 gjekk det siste kullet ut av Lavik kommunale husmorskule, og 18.08.1958 kunne Firda Folkeblad melde at det vart halde auksjon over utstyret ved husmorskulen i Lavik. 34 års skuledrift var definitivt over. Kjelder og litteratur: Arkivet etter Lavik kommunale husmorskule Sogn og Fjordane fylkestingsforhandlingar: 1922, 1923, 1925, 1927, 1946, 1959 Møtebok for Lavik kommunestyre 1921 -1929 Mons A. Ringereide. Soga åt Lavik Husmorskule 1922 til 1940. Sogns Avis trykkeri. 1940 Husstellskolenes historie i Norge: http://www.nb.no/nbsok/nb/9138163edc64bdd 9ea78d6f737c10227?index=26#0


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

I desember 2016 er det 75 år sidan Måløyraidet, den allierte militæraksjonen retta mot Måløy og Vågsøy romjula 1941. Både norske og britiske styrkar deltok. Det vert rekna med 17 falne på alliert side, og 150 på tysk side. Mellom dei drepne var motstandsmannen Martin Linge. Frå Roald Skram har vi fått tilsendt denne augevitneskildringa av dei dramatiske hendingane under Måløyraidet.

Fra Måløyraidet - den kombinerte operasjonen av land-, fly- og sjøstridskrefter mot de tyske styrkene stasjonert i Måløy. Datering: desember 1941. Fotograf: ukjent. Eier: Reidar Haugen.

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet Av Roald Skram

I denne artikkelen vil jeg fortelle om noen av de hendelsene og episodene som jeg observerte og var vitne til mens kamphandlingene foregikk under Måløyraidet den 27. desember 1941. Jeg prøver her å gjengi det jeg opplevde som trettenåring og slik det sitter igjen i hukommelsen og på netthinnen uten å legge inn fagmilitære vurderinger. Vi bodde på Norane, i huset til mine besteforeldre, Isak og Marie Nore. Jeg hadde sengen min stående like ved det venstre kammersvinduet. Siden det ikke var så mange bygninger i nærheten den gangen, hadde vi et ganske godt utsyn over store deler av Måløy og havnebassenget. I husets kjeller var vi beskyttet av en meget tykk grunnmur bygget opp av store steinblokker.

Vinduspostene var dekket av sandsekker. Der var en stor bakstovn som ble benyttet til vannkoking under klesvask og baking av flatbrød og lefser. Her var det godt å være under raidet. Ovenfor huset var det den gang en elv. Den hadde en relativ dyp skråning. Siden det var kaldt og elven tørr ga den beskyttelse som en skyttergrav. Derfra

var det forholdsvis trygt å kunne observere det som foregikk på havnen, Moldøen og sør i byen. Onkel Kristoffer Nore var hjemme på juleferie fra studiene ved universitetet i Oslo. Han var sersjant i Hæren og hadde deltatt i de harde kamphandlingene i Valdres i 1940. Tidlig på våren 1942 dro han med m/k Forsøk, onkel 27


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

skuddvekslingen mellom disse to husene måtte de som var i kjelleren høre på i timevis uten å vite hva som skjedde. Denne påkjenningen kom i lange tider til å prege dem som opplevde det. Da det hele var over ved 14-15-tiden og de skulle gå ut av kjelleren, lå det en død tysk soldat ved utgangen. Greta syntes dette var fælt og vegret seg for å skritte over ham. Da sa Leif-Åge, Gretas yngste bror: ”Det er jo bare en tysker” og Greta skrittet over. Slik var tankegangen den gangen.

Måløy brenner! Dette bilde er tatt av en østerriksk Wehrmachtsoldat, som bodde i Soldatenheim, (Tumhallen). Bildet er tatt midt under de hardeste angrepene under Måløyraidet. Hele Moldøen og den sørlige del av Måløy brenner.

Jeremias Støylen og sønnen Per (8) til England. Der ble onkel Kristoffer videreutdannet som fallskjermjeger. For sin krigsinnsats ble han bl. a. dekorert med St. Olavs medaljen med ekegren. Han kom hjem som løytnant. Det var han og jeg som for det meste observerte fra ”skyttergraven”. Når vi ikke var i ”skyttergraven” for å observere oppholdt vi oss i kjelleren.

falt, som i et omvendt svalestup, ned i Måløystraumen, som var hovedskipsløpet på den tiden. En annen ting som var meget i øynefallende var brannen i den største buda på Moldøen. Det brant og ammunisjon eksploderte slik at materialer og inventar ble slengt ut over store områder i lange tider utover formiddagen.

Angrepet om morgenen den 27. desember 1941 Vi våknet om morgenen av intens skyting og eksplosjoner. Jeg rullet opp blendingsgardinen og så til min forferdelse fly som bombet Moldøen og den søre del av Måløy. Luftvernilden fra land, inklusiv festningen på Tangane, (Rugsundøy), og båter på havnen var som et gigantisk fyrverkeri. Flyene så ut til å slippe lys, spreng - og røykbomber over Moldøen og brannbomber sør i byen. Det oppstod en for ferdelig røykutvikling og det begynte å brenne mange steder. Flyangrepet ble etterfulgt av et intenst bombardement av festningen på Moldøen. Bygningene der ble satt i brann og det eksploderte i ett sett – uten stans.

Gretas situasjon og mareritt. Greta, senere min kone, datter av telegrafbestyrer Marius og telegraffullmektig Maja Larsen, og to brødre, bodde i Heradsheim i en leilighet over telegrafstasjonen. Hun våknet av det samme bråket som oss, bare at skytingen og bombingen foregikk mye nærmere. Etter pålegg fra telegrafbestyreren, som valgte å være igjen på stasjonen, forsøkte familien og telebetjeningen fortvilet på å ta seg sørover til banken og siden opp til kjelleren til baker Paulsen. Begge forsøk ble stoppet av kamphandlingene. Mens kulene suste rundt dem løp de nordover veien (Gate 1). De havnet i Frøysakjelleren. Også andre familier hadde søkt tilflukt der, bl. a. familien Myrestrand og deler av familien Eide.

Under bombardementet på Moldøen så jeg en granat slå inn i vakttårnet som sto på den vestre skrenten ved Måløystraumen. Tårnet fòr i tusen biter opp i luften. Marinegasten på vakt der ble også slynget opp i luften og

En tysk avdeling hadde forskanset seg i første og andre etasje i huset til tannlege Frøysa. På den andre siden av Skramselva hadde en avdeling kommandosoldater etablert seg i huset til Johan Kvalheim. Den intense

28

Forpostbåten FØHN/V5108 Forpostbåten Føhn ble bygget i 1911 i Middlesbrough for A/S Ørnen i Sandefjord. Den hette da ”Hauken II”. To ganger, i 1931 og 1932, skiftet den eier, før den i 1936 ble solgt til Hadarøy A/S i Ulstein og ble omdøpt til Hadarøy - M-29-U. I 1939 ble den forlenget i Ålesund og en ny Deutz diesel motor på 400 BHK ble installert i Haugesund. I 1940 ble båten beslaglagt av tyskerne og omdøpt til FØHN/V51O8. Jeg husker at Føhn var bestykket med en baugkanon, (88 mm?), en 20 mm firling luftvernkanon midtskips og en luftvernkanon, (37 mm?) på hekken. På hver brovinge hadde den dessuten et maskingevær. Langs rekken hadde den tønnelignende dypvannsbomber. Den 3. juledag 1941 lå Føhn til ankers et stykke utenfor Arnt & Simon Midtgård og Verloslippen. Litt lenger nord lå det en stor lastebåt utenfor Firda Canning Co og Eltvik og lenger ut på havnen enda en forholdsvis stor lastebåt til ankers. Ved fyret på Trollebøflua utenfor Morteneset lå det en hollandsk baklader. Den så ut til å være i ballast. Føhn var konvoileder for denne båtgruppen. Føhn skyter ned et alliert fly Et av flyene, (antagelig en Hampden), som om morgenen bombet Moldøen, kom nordover i et par hundre meters høyde. Det ble beskutt bl. a. av Føhn. Jeg så sporlysgranater fra firlingen på Føhn slå inn i flykroppen slik at sort røyk kom ut av flyet, som fortsatte nordover. Det gjorde en venstre sving og tapte høyde. For meg så det ut til at


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Såret soldat blir bragt ombord i landgangsfartøy. By War Office official photographer, Malindine E G (Lt) [Public domain], via Wikimedia Commons

flygeren ville droppe flyet ned på laste­ båten utenfor Firda. Uheldigvis så falt det i sjøen like bak hekken på lastebåten. Jeg så ingen overlevende. Et Hampden bombefly har en besetning på 4. En ME-109 skyter ned et alliert fly. Plutselig kom et Messerschmitt jagerfly, midt på formiddagen, i stor fart nordover mellom Moldøen og Kletten. Det gjorde en krapp venstre­ sving mellom Hanekammen og over Gottebergshammeren og forfulgte et alliert fly, (antagelig en Beaufighter med 2 manns besetning), som sikkert ante faren og søkte å komme seg opp i en skyformasjon over Vågsfjorden/ Gangsøy. Men Messerschmittjageren tok det igjen og beskjøt det allierte flyet til det falt ned i sjøen ved Gangsøy et sted. Jeg kunne se det hele tydelig fra min observasjonsplass. Konvoien forflytter seg Tidlig på formiddagen forflytter Føhn og de to store lasteskipene seg nordover Ulvesundet. Av en eller annen merkelig grunn så blir den hollandske bakladeren igjen ved Trollebøflua. Mens forpostbåten Føhn ble gjort klar for forflytning ut av havnen med konvoien ble den beskutt fra Moldøen. Jeg så sporlyskuler slå inn i keisingen

på Føhns babord side. Engelske jagere Til vår store glede seg to engelske jagere, først den ene og så den andre, gjennom Måløystraumen og inn på havnen. Folk så ut til å være helt sikre på at nå er invasjonen og friheten kommet. Det ble viftet med flagg, store laken og heiet slik at det må ha vært umulig for mannskapet på jagerne ikke å legge merke til den store glede deres nærvær forårsaket. En av jagerne stoppet parallelt med den hollandske bakladeren. Det ble visstnok gjort et forsøk på å borde bakladeren. På grunn av heftig maskingeværild mot den motoriserte bordingsbåten fra en tysk stilling på Gottebergshammeren så det ut til at bordingen ble avbrutt. Jeg så hvordan sporlyskuler kom stadig nærmere det siksakkmanøvrerende bordingsfartøyet, som kom seg i sikkerhet i le av jageren. Bare et øyeblikk var jeg inne i kjelleren for å varme meg og få noe varmt å drikke. Da jeg kom ut igjen var bakladeren borte. Ringene i vannet rundt det stedet den hadde ligget tydet på at den var blitt senket av jageren. Før jageren dro videre sendte den en overraskende kanonsalve mot roten av Brurahornet. Etter det

Dette er huset ble oppført på Norane i 1907. Bildet ble antagelig tatt i begynnelsen av 1930-årene av Ida Skram, f. Nore.

hørte vi ikke mer maskingeværild fra Gottebergshammeren. Tilbaketrekningen Mellom klokken 14 og 15 så det ut til at krigsaktiviteten var avtagende. På himmelen over Tjæretoppene så jeg en vegg av eksploderende luftverngranater som presset angripende tyske fly til å bryte formasjonen og gjøre unnvikende manøvrer. Der var tydeligvis et meget sterkt luftvern i Archery-flåten. Befaring av den ødelagte bydel Da det hele var over fant vi på at vi ville se nærmere på det som hadde hendt den brannherjede og skadede del av den søre bydel. Onkel Kristoffer, Irene, min nest eldste søster, og jeg bega oss i veg. Sør i byen møtte det oss et sørgelig syn. Tyskerne vi møtte gikk med dragne våpen og virket oppskjørtet, men ikke aggressive. Langs veien lå det mange døde soldater. I huken ved Bekka satt det en marinegast med et kulehull midt i pannen med blod nedover ansiktet og uniformen. Under grisefjøset til fru Hagen lå det et stort grisekadaver på sjøbunnen. De nedbrente hotellene, forretningsgårdene, bolighusene og de skadede bygningene og infrastrukturen gjorde et uslettelig inntrykk. 29


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Alden, Orkja og Bjørga Av Kristian Solvang På kysten i Sunnfjord ligg eit kjent landemerke, Alden. Namnet vert brukt både om øya og fjellet (481 m), men fjellnamnet kom først. Fiskarane har og kalla fjellet Blåmann eller Norskehesten. Fjellet var og er eit viktig landemerke for dei som kjem over havet vestanfrå. Namnet er språkleg i slekt med latin «altus» = høg. Alden tyder då «den høge og ruvande». Same språkrot finn vi i tysk «alt», eng. «old» og latin «adultus», som alle eigentleg betyr «vaksen stor». Substantivet «alder m» og «alde f» = bølgje (Tungalda = «den høie og langsomme Bølgegang i Havsøen» (Aasen). Øynamnet Batalden i Flora er og opphavleg eit fjellnamn (gno: Bataldr). Førsteleddet er substantivet «bate» = bate, gagn, og siktar til at det høge fjellet var til gagn som framifrå seglmerke i leia.I Askvoll ligg øya Aralden (føreleddet ari m = ørn) I Kyrkjebø i Sogn finn vi Digralden, i Aurland Roalden, og på Stadtlandet Varalden. Det siste tyder «åtvararen». Både bygdenamna Olden og Oldeide på Bremangerlandet kan innehalde same ordet. «Old-» er truleg det same som adj. «ald-» = høg, jfr. kontrastnamnet Lågeide i nærleiken. Neset ut mot 30

havet på Bremangerlandet har namnet Olderveggen. Det ruvar fjellet Veten opp, heile 527 m høg. Fjorden inn til Olden vart ca.1200-1300 skrive «i Aldafirdi» og «Aldi/Alda». Olden Ungdomslag brukte denne namneforma då dei bygde ungdomshuset Aldaheim (1916/1924). Det tidlegare energi­ selskapet heitte Aldakraft. I Olden finn vi og Alda Camping. Granskarar trur at namnet anten kan tyde «fjorden med bølgjer» eller «innsøkk, trau» (gno: ald-). Namnet er så gått over på bygda. Dalen oppover Olden er temmeleg bein med høge fjell. Kanskje kjem namnet av dei høge fjella her, fleire over 1700-1800 m, som lagar ein trong dal med brear på begge sider? Særleg Sesiliekruna (­tidlegare namn Lidanibba) og Gjerdeaksla reiser seg bratt opp frå dalen. Mellom Jølstravatnet og Dvergsdalsdalen ligg fjellet Orkja (948 m), uttalt /’årkja/. Dette er det norrøne ordet «ork f» (o med kvist) = ark, kiste. Ordet «ark» har i dag to tydingar: papirark eller «utbygg med vindu på hustak» - på tysk «Erker». Ordet går tilbake på latin «arcus,arca» = boge. Frå barnelærdommen vår hugsar vi forteljinga om Noahs ark og Paktarka i Israel (kista der lovtavlene vart

oppbevarte). Fjellnamnet Orkja er nok eit samanlikningsnamn. Legg vi litt godvilje til, kan vi vel godta at fjellet ser ut som ei kiste. Det ligg for seg sjølv, er flatt oppå og skrånar bratt ned til alle kantar. Går du turen over breen frå Befring i Jølster til Fjærland, passerer du fjellet Bjørga (1554 m), velkjent av alle brevandrarar. Ordet minner oss om namna Bjørg, Bjørge, Bjørgen og Bjørgvin. Det gamle namnet på Bergen tyder «enga mellom fjella». Ordet har 2 tydingar: 1) berging og 2) berg, fjell. Den norrøne forma var «bjarg n» med fleirtalsforma «bjorg» (o med kvist), og vart brukt som nemning på framstikkande, høge og bratte berg – også åsryggar. I Jølster finn vi eit godt døme: Bjørgaryggen. Det blir også brukt på mindre formasjonar, slik som Bjørgane på Indre Lunde i Stryn. I Leikanger i Sogn finn vi Bjørgadalen, og i Aurland Bjørganosi. Når det gjeld Bjørga i Leikanger, meinar dei at namnet kjem frå at ei kjerring vart berga frå bjørnen her. (jfr. Tyding 1) Det er ikkje eit fjell, men slåttemark/beite. Skidronninga vår, Marit Bjørgen, med etternamn som skal uttalast /’bjørjen/, kjem frå garden Bjørgen i Midtre Gauldal.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting Av Kristian Solvang Ein blaksetbygdar, randabygdar, eller kanskje jølstring? Foto: Alexander Mayrhofer. Datering: 2004.(CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia. org/w/index.php?curid=300110)

Eg skal i denne artikkelen kaste eit spesiell sideblikk til uttrykk som indirekte har noko med stadnamn å gjere. I fagspråket snakkar vi om innbyggjarnemningar som blir brukt i overført tyding. La oss gå rett på sak: Ein gong eg møtte stadnamngranskaren Ola Stemshaug, «spurde han radt kvar eg var ifrå». «Eg kjem ifrå Stryn, frå ei lita bygd som heiter Blakset, men der har vel ikkje du vore? «Jau, der er eg kjend», sa han, «du veit vel at folk på Nordfjordeid seier «blaksetbygdar» når dei får ein stygg fisk i sjøen?» «Nei, men eg veit at innvikarane seier det. Men i bygda vår kallar vi dei «randabygdarar.» I Flora kalla dei stygge fiskar «jølstringar» (marulk eller svartekjette). Ola Stemshaug gav i 2002 ut ei bok om denne språkbruken: «Norske innbyggjar­nemningar i overført tyding». Her finn vi mykje interessant. Eg har gjort eit lite utdrag av den. Slike «utnamn» er det nesten alltid folk i grannebygda som lagar, og det går helst ut over innbyggjarane i små bygder i utkantane. Dette har nok skjedd til alle tider, og vi treng vel ikkje ta det opp som mobbing eller hets, det er meir som ein godmodig spøk. På Svalbard seier dei «sunnmøring» om ein maskin som grev til seg kol, i min oppvekst var «sunn­ møring» ein råkøyrar. På Nordmøre

vart eit grådig og sta kvinnfolk kalla ei «sunnmøre». Ein «trondhjemmer» er ein akevittdram, ein «mjøndøling» ein spesiell drink. Ein drink av vodka og moltelikør heiter i Hammerfest ein «finn». Og medan vi held oss til temaet; ei «misværtaus» er namn på ei lommelerke (Misvær i Nordland). I Troms kallar dei ei kvass og kraftig vindbyge for «branddaling». Dei må ha hatt mange møringar der, for i Tromsø kallar dei fuglen teiste «ålesundar». Heime på Møre skrytte dei av seg sjølv i «å gå branddaling» - å gå ned ein båtleider med ryggen vendt mot leideren. Stormåsen vart kalla «vesteråling». Måsefuglen vart i Jostedalen kalla «gopning» (bygda Gaupne ved fjorden) Landkrabbane, som ikkje var van med sjøen, kalla dei «opplending» på Nordmøre og «setesdøl» i Kristiansand. På Nordmøre sa dei «å ro bøverdaling» når dei løfte årane høgt når dei ror. Bergensarane sette namnet «haugesundar» på dei som klappa på feil plass på konsertane. Men fiskarane kalla fisken breiflabb «bergensar». På Utsira kalla dei fisken brosme «tysværjente» (Tysvær i Rogaland).

Her i fylket fekk bl.a. «jølstringar» gjennomgå, i Flora brukte dei dette namnet om ein person som var tungnem, ein molbo. Same namnet brukte dei på ein utgoten, mager laks. Ytst i Førdefjorden brukte dei uttrykket «få ein dalsfjording i halsen» (klump eller spyttklyse). I Trondheim heitte det «å få en sjørdaleng i hæsj’n» (Stjørdal), men i Lærdal fekk dei «ein sunnfjording i halsen». Late og dorske personar vart i Askvoll kalla «døl» og «døle». Ein som ikkje oppfattar alt med det same, ein intellektuell «treg-ost», vart i Telemark kalla «årdøl». På Toten brukar dei ordet «torping» om «eit menneske som har eitt auge, og det sit midt i skallen» (Torpa). Då er det motsett med «grimsting», ein person som er sjøltrygg og ikkje er redd for å stikke seg ut (Grimstad på Sunnmøre). Å «danse brekking» er når mannen legg begge armane rundt kvinna og plasserer hendene litt for langt ned mot baken. Uttrykket kjem frå Røros. Den som gjekk med open buksesmekk, vart i Romsdal kalla ein «fjærli-kar» (Fjærlia), og i Skjåk og Lom kalla dei insektet stankelbein «geirangsmann». Ein «grungedøl» gjekk med korte langbukser som berre gjekk til midt på leggen. Det verste er vel at dei på Hareid brukte ordet «liabygdar» om ein diger mannsskit (det gamle namnet på Hjørungavåg). I Agder brukte dei «rogalending» i tydinga: drittsekk, utriveleg person. Før i tida hadde vi knapper i broka; datt knappane ut, var gode råd dyre. Her i fjorden snakka dei om ein «ålfotar», som er ein spikar som ein i naudstilfelle set inn som knapp i buksa. Sette dei inn ein trepinne, kalla dei det for ein «surnadaling» eller ein «bøverdaling». Ein tverrsnur på ein hesjestreng kalla dei i Nord-Trøndelag for ein «namsosing». Heime hos meg sa vi «ein revelort».

31


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Haarklou-operaene Av Egil Hjelmeland

Historia om komponisten Johannes Haarklou, frå Haukedalen i Førde kommune, er som eit eventyr henta ut frå eit verkeleg liv. Det er mange som undrar seg over korleis ein vanleg bondeson kunne hente fram evner og energi i ein slik grad at han klarte å kjempe seg fram mellom ein allereie etablert kulturelite. Den som best kan gi svar på dette, vil nok vere professor Finn Benestad, som i 1961 tok doktorgrad på komponisten Johannes Haarklou. I føreordet til boka ”Mannen og verket” skriv han mellom anna: Johannes Haarklou (1847-1925) vann seg ein framståande posisjon i norsk musikkliv i perioden 1880-1925. Han var både komponist, musikkmeldar, organist og dirigent. Men han kom i skuggen av sine store samtidige som Grieg, Svendsen og Sinding. Som komponist er han kanskje den mest allsidige Noreg nokon gong har fostra. Johannes Haarklou. Haarklou vart fødd i Haukedalen i Førde 13. mai 1847. Familien sat i gode kår på den tida, og heimen vart eit naturleg samlingspunkt i bygda. Allereie frå vogga fekk han høyre felespel av dyktige spelemenn frå sine farbrør og morbrør. Straks han kunne gå, var han ofte med faren til kyrkje og fekk høyre salmesong og orgelmusikk. Allereie som 7 åring, byrja han å syne interesse for fela. Balestrand og Stord. Etter å ha lese for sokneprest Fasting til konfirmasjon, tykte presten at Johannes var ein så evnerik gut, at han oppmoda faren til å sende guten på lærarskule. I 1865 vart han elev ved Balestrand lærarskule og ved Stord seminar i 1868. Ei nymusikkverd takka vere Mozart. Før Haarklou kom til Stord, trudde han Lindemann si koralbok og 32

Johannes Haarklou, 1847-1925, ein av dei fremste i norsk musikkliv i åra 1880-1925. Han var ikkje berre verksam som komponist, men òg som musikkmeldar, organist og dirigent. Fotograf: Ukjend. Datering: Ukjend.

preludier av Reissigers og Behrens ”Lette Mannskor” var det høgste i kunstmusikken. Men etter å ha lese ein biografi av Mozart i eit bind av ”Skillingsmagazinet”, innsåg han at det måtte finnast ei musikkverd han ikkje kjente til. Den nye informasjonen gjorde at han vart meir interessert i musikk, men på same tid sterkt prega av tungsinn då han trudde det var umogeleg å bli musikar.

Frå Hårklau til Eiker. I 1868 las han i eit blad om ein nytilsett organist og komponist i Drammen, Christian Cappelen. I sin iver etter å lære meir om musikk, fekk han seg lærarjobb i Eiker og som elev hjå Cappelen fekk han grundig opplæring i orgelspel og harmonilære. Ein dag i 1872 reiste han til Kristiania for å høyre Mozart sitt ”Requiem”. Sidan han var vikar på orgel for


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

libretto med norsk tekst. Det mest vanlege folk fekk oppleve var utanlandske opera med tekstar på fransk, tysk eller italiensk. Professor Benestad hevdar at Haarklou har mykje av æra for at det endeleg vart skipa ein norsk opera i 1957. Fleire operaer av Haarklou. Etter at Haarklou laurdag 2. mai 1891 opplevde ein merkedag i norsk musikk­ historie, ved urframføringa i Logens sal i Kristiania av det første oratoriet i landet, ” Skapelsen og Mennesket”, med tekst henta frå Wergeland sitt ” mektige Verdensdikt”, byrja han straks med nye, store oppgåver.

Operaen ”Tyrfing” var ferdig som orkestermanus allereie i 1912. Av ulike grunnar låg den i 96 år lagra i eit arkiv ved Universitetsbiblioteket i Oslo, heilt til Opera Nordfjord i april 2008, ved Kari Standal Pavelich og musikalsk leiar og dirigent Michael Pavelich, reiste til Oslo og henta operamanuset heim til Sogn og Fjordane.

Cappelen, måtte han denne gongen leige hesteskyss om natta for å nå heim til kyrkjetid. Det verka som om ingenting kunne hindre han frå å få høyre på musikk. Han hadde ein kjærleik til musikken og ein viljestyrke som såg ut til å overvinne vanskar som ville ha tvinga andre til å gi opp. På denne tida studerte han også kontrapunkt i Kristiania hjå Ludvig M. Lindemann. Fjellturen heim til Sunnfjord. Haarklou var lenge i tvil om han verkeleg skulle bli musikar på heiltid. Då han drøfta dette med slekt og vener, vart han rådd frå på det sterkaste. Men etter ein lang fjelltur gjennom Gudbrandsdalen på vegen heim til Haukedalen, kjende han seg lettare til sinns og meir trygg på seg sjølv. Dette var siste gongen han såg far sin. Mora var død tidlegare. Arven og Leipzig. Då han ei tid seinare, i 1873, fekk ein arv på 4000 kroner etter foreldra, tok han avgjerda om å reise til Tyskland for å studere musikk. Frå 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig og seinare ved musikkhøgskulen i Berlin. Frå 1880 var han organist og dirigent i Kristiania. Han hadde ry som virtuos for sine improvisasjonar på orgel.

Komponisten. Haarklou var ein svært allsidig komponist. Han laga verk både for klaver, orgel, fiolin og orkester og i tillegg romansar og songar for ulike kor, m.a. den kjende komposisjonen ”Varde”, til tekst av Per Sivle. Han er mest kjend for Oratoriet ”Skapelsen og Mennesket” til tekst av Henrik Wergeland, som vart uroppført allereie i 1891, med reprise i 1924 og seinast som nypremiere av Kringkastingsorkesteret i Oslo i 2008. Han komponerte kantatar, fire symfoniar, det symfoniske diktet ”Westminster Abbey” og heile fem operaer. Haarklou og opera. Under dei to første åra i Leipzig var Haarklou ein ivrig operagjest og såg opera fleire gonger i veka. Han vart tidleg av den meining at opera var den beste måten å formidle musikkglede til den vanlege borgar. Det intime samspelet mellom musikken frå orkester, songen frå kor og solistar, kombinert med ei dramatisering med flotte kostymar og skiftande scenebilde påverkar publikum sine sansar maksimalt. Vel heime i Noreg, vart Haarklou ein ivrig forkjempar for norsk opera. Han ville at folk skulle få oppleve ein

I 1894 vart Haarklou sin aller første opera ”Fra gamle dage”, oppført 13 gonger på Kristiania Theater. I 1901 kom neste opera ”Væringene i Miklagard”, som vart oppført både i Trondheim, Bergen og Stavanger. I 1903 skreiv han operaen”Emigranten”, som vart oppført 15 gonger på Centraltheateret i Kristiania. ”Marisagnet” vart i 1910 oppført heile 16 gonger på Nationalteateret. Opera Tyrfing. Allereie i 1902 byrja Haarklou å arbeide med operaen ”Tyrfing”, men det skulle gå med den som med oratoriet, den gjorde krav på lang tid. Mange ytre tilhøve var så ugunstige at han først hadde den ferdig etter 10 år. Innimellom arbeidet med «Tyrfing» skapte han ei heil rekkje gode verk, og begge operaene «Emigranten» og «Mariasagnet» vart til før «Tyrfing» vart sluttført i 1912. Det positive ved at «Tyrfing» kom til slutt, var at Hårklau no var på topp som komponist. Han hadde skaffa seg mykje erfaring og hadde modnast, og kunne lettare skrelle bort kontrapunktiske melodiføringar som kunne gjere «Tyrfing» betre. Ros og fagnad I 1911 fekk Haarklou St. Olavs orden for arbeidet sitt. Ei av dei største opplevingane til Haarklou var då «Oratoriet», etter ein pause på 33 år, vart oppført på nytt i 1922, med kong Haakon og dronning Maud til stades. Etter at Haarklou døydde i 1924, reiste vener og bygdefolk ein bauta ved heimgarden på Haarklou i Haukedalen. 33


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

I 1997, i høve 150-års jubileet, vart det arrangert mange konsertar både i Sunnfjord og Bergen. Førde kammerkor var m.a. med på konsert på Trollhaugen i Bergen. Sigurd Melvær Øgaard og Asbjørn Flåm heldt fleire orgelkonsertar med orgelsymfoniar av Haarklou. Under 160-års jubileet reiste Førde Ungdomskorps og Sunnfjord Orkesterforeining til Haukedalen der både ordførar Nils Gjerland og kommunal­sjef Haakon Fimland deltok i markeringa saman med bygdefolket ved ei flott tilstelling i skulehuset på Gjerland.

Operahuset på Nordfjordeid. I 2009 hadde Opera Nordfjord verdspremiere på operaen «Tyrfing.» Det skjedde 85 år etter at komponisten Johannes Haarklou døydde. Foto: By Nimnisi (Eige arbeid) [CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)], via Wikimedia Commons.

Operaen «Tyrving» dukka opp att i 1961 under professor Finn Benstad sitt arbeid med doktorgraden om Haarklou. Sidan har den blitt lagra på Universitetsbiblioteket i Oslo. I boka om Haarklou «Mannen og verket», vert opera «Tyrfing» omtala som den beste Haarklou har komponert.

Personalnytt Prosjekt:

Kyrre Vangsnes

Nils Olav Nygard

Kyrre Vangsnes og Nils Olav Nygard skal arbeide med det store prosjektet «Skulen min » frå 1.desember fram til mai 2017. Dei skal registrere skule­ protokollar, samt skanne og publisere dei til glede for brukarane våre. Dei fyrste protokollane som vil kome på internett, er frå skulane i Hyllestad. I haust har Kyrre og Nils Olav ordna arkivet etter Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll.

34

Kjell Ragnar Berge Frå 1. oktober 2016 er Kjell-Ragnar Berge engasjert av Fylkesarkivet i ei 20% prosjektstilling. Berge skal utarbeide eit oversyn over alle krigsminna i fylket. Han skal også skrive nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon. Dei nye og tidegare publiserte minne­ artiklane skal brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane. Kjell-Ragnar Berge er fødd i 1957 i Hyllestad, og busett i Førde. Han har militær bakgrunn og er utdanna adjunkt. Berge var tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Førde i 30 år dei siste åra som IKT-ansvarleg ved skulen. I 2016 blei han frilansforfattar på heiltid, med spesiell interesse for krigs­historie. Berge har gitt ut fleire krigs­historiske bøker.

Fast tilsetjing: Annette Langedal Holme har fått fast tilsetjing som kommunearkivar. Ho byrjar i denne stillinga 1.november. Annette har jobba her sidan 1.1.2015 som prosjektarbeidar. Ho har master­grad i historie ved Universitetet i Bergen. Annette har tidlegare arbeidd som konservator og rådgjevar ved Musea i Sogn og Fjordane, avdeling Nordfjord folkemuseum.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Sunnfjordingen

Tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting v. Einar Offerdahl, Selja forlag, 2015. Bokmelding av Randi Melvær

Boka inneheld korte biografiar om Nikka Vonen (Nicoline Marie) (1836-1933) og Ole Wilhelm Fasting (1852-1915), to velutdanna sunnfjordingar som har sett spor etter seg som pedagogar og ved å skildre sunnfjordingane sine liv og veremåte i tekstar. Hovuddelen av boka er tekstar av dei to. Boka startar med dei to korte biografiane. Dersom ein vil vite meir om Nikka Vonen sitt liv kan ein lese Greta Hekneby si bok «Nikka Vonen. Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne» Selja forlag 2010. Språkforma dei to forfattarane nytta er blitt fornya slik at det skal bli lettare å lese tekstane. Her er sunnfjorddialekt, kondisjonert tale og nynorsk. Stoffet er lett tilgjengeleg for dei fleste. Einar Offerdahl har også tenkt på at ungdom skal kunne lese dette lett. Frå del to av boka har eg skrive av historia «Folket på Korsvollen» for å illustrere Nikka Vonen sine «Bilete frå folkelivet

i Sunnfjord». Dette er ei morosam historie om ei klok kone og mannen hennar. Av Ole Wilhelm Fasting sine stykke «Frå det gamle Sunnfjord» har eg valt meg ut historia «Tidsnok» som også er ei morosam historie. Den handlar om å klare seg utan klokke. Boka inneheld også gåter som Nikka Vonen har samla inn i tillegg til ei skildring av far til Nikka, Bertel Vonen, sin barndom og ungdom. Dette er ei fin lita bok som formidlar skildringar av folkelivet i Sunnfjord i tidlegare tider på ein framifrå måte.

Folket på Korsvollen Nedskrive av Nikka Vonen

På garden Korsvoll i Indre Holmedal budde eit par folk som stod seg rett vel, og betre kunne det vore om ikkje mannen hadde drukke. Han hadde det slik at bar det først til, kunne han halde på i fleire dagar. Så hende det ein varm sommardag dei kava på som verst i vinna, at mannen sette frå seg reiskapen og gjekk inn i stova etter pengar. Kona, som skjøna at han ville til gjestgjevaren, lest som ingen ting. Litt etter gjekk også ho ned i Osen og tok pengar med. Mannen hadde alt fått litt i hovudet då kona kom inn i krambua. «Nei, sete du her?» sa ho. «Ja eg sete her, men ka ve du?» «Å, eg vilde no bære sjå ner. Ska’ du sitje her, ve eg sitje me deg. Eg tykkje da e ilt du ska’ sitje åleine. Du veit folk snakka so mångt om da, du sete her. Og so tenkte eg da,

me e då ektefolk, å so kunde eg take noke tå skamma på meg.» Dermed tinga ho brennevin og sa til mannen sin med same ho skjenkte i til dei båe: «Ja, no skal me halde gilde!» Då dei hadde sete ei stund, vart mannen uroleg og sa: «Ditte går ikkje an, kone, at me sete her beggje. Du lyt gå heimatte å sjå te folkje, at noke verte gjort. Da e nok at eg sete her, om ikkje du og ska sitje.» «Jau, hjelpe meg ve eg sitje so lengje du sete. Du veit me he lova te deile ondt å godt, å dar du e, ve eg vere. Da me he lova, ska me halde.» No vart mannen reint ille ved, reiste

seg og sa: «So lyte me gå beggje, då.» Ja dette tykte kona det var meining i, og begge gjekk heim. Dette tok seg opp att nokre gonger. Når mannen gjekk for å ta seg ein rus, kom kona alltid etter og sa ho ville gjere som han. Til slutt heldt han opp og vart ein god og arbeidssam mann. Frå boka «Sunnfjordingen, tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting» ved Einar Offerdahl, Selja forlag 2015.

35


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Tidsnok Av Ole W. Fasting

Klokke fanst ikkje på kvar gard i dei tider. Om dagen laut dei klare seg med sola som tidvisar, om natta med månen og stjernene. Men dei mørke vintermorgonane var det mykje godt kjenslene – «kroppsuret» - å takke om dei kom seg opp i rett tid. Så var det ein søndag inne på den inste fjellgarden i Botnen. Dei hadde bestemt seg for å ha seg til kyrkje. Laurdagen hadde det vore eit stort snøfall, føret var tungt og vegen til bygda lang, så ein fekk ta seg ut i god tid. Gamlepresten likte ikkje at nokon kom for seint inn og uroa kyrkjelyden. Då kunne det ofte vere at han stogga midt i preika og venta til dei hadde sett seg. Dette såg bygda på som ei stor skam.

skunde oss av stad!» No ja – så drog dei då nedover køyrande. Kona sat midt i sleden med ungane ikring seg, godt nedbreidde, og mannen på sida framme med høgrefoten dinglande ute for liksom å streke og styre om sleden skulle skeive seg utfor vegen. Drengen og jenta kom stabbande etter. Det gjekk berre fot for fot og i skritt i djupsnøen, og dessutan var det heller ikkje heilt sømeleg å fare i trav når ein skulle til kyrkje.

Alle på garden hadde lauga seg og greidd håret om kvelden, slik at vasking og stell ikkje skulle seinke dei om morgonen. Matskreppa var laga ferdig og hadd ut på sleden. Denne hadde dei fylt med ny halm og breidd åkle over. Skorne var tjøresmurde og stod klare til bruk. Det var ikkje noko ugjort som skulle hefte. Utpå natta klårna det opp, og himmelen var oversådd med stjerner. Litt nordlys brann og bragla nedmed fjelltoppane. Det var blikstilt, så elvesuset kunne høyrast heilt oppe ifrå stryka inne i sidedalen oppunder sommarstølen.

Det vart eit syndens ståk då dei for gjennom Indrebøtunet, og alle dei hersens gneldrebikkjene dei hadde der på gardane sette i å gøy. I den eine stova kom mannen sjølv fram i glaset og skulle sjå kva det stod slik ståk av. «Å nei, å nei, dar fer botnafolkjet te kirkje, og her he me ikkje kara oss fram or sengja endå!» Han til å vekkje og romstere. Det fekk vere det same med å nøre på varmen. Dei kunne alltids få seg noko varmt i livet sidan nede i bygda.

Anten det no var fordi dei låg meir enn vanleg på otten den natta, eller om det kom seg av den uvande vaskinga – noko mykje søvn vart det ikkje, og då veit ein at natta vert lang. Men no måtte det likevel lide så langt at det var best å reise på seg. Kjerringa grov seg fram or senga og nørte på varmen i grua. Brisken, som ho heiv innpå først, sprutta og spraka. Så fyrte ho på med nokre fang risved og opna ljoren, så røyken kunne sleppe ut. Endeveden som låg på beten til tørking, skvetta ho vatn på. Det var best det, så han ikkje skulle fatne. Deretter byrja ho å stelle til mat. Då stova hadde vorte koseleg og varm, hadde mannen seg fram til glaset og keik ut: «Å jøss, kor lyst det er ute!» sa han. «Det lid visst langt, vi må 36

«Nei, i dag er no botningane sturt galne!» meinte kona på Angedal. Ho stod i fjøsdøra og såg kyrkjefolket fare forbi. «Det er då natta endå!» - Men sjå der – der kom Indrebø-karane veltande også. Nei, korleis kunne dette ha seg då? Det var nok best å vekkje dei andre. Tida kunne vere liden lenger fram enn ho visste. Dei kunne komme for seint. Ei stund etter køyrde angedalsfolket nedover vegen i smådilt. Det var brøytt no, og det kom vel med, for her var det om å gjere å skunde seg, så seint som dei var ute. På «Bruket» vart det ikkje mindre kommers då dei såg alt kyrkjefolket oppe ifrå dalen som for forbi. Så annsamt angedølene hadde det, og slik som dei smurde i veg, måtte det sikkert vere i siste liten om ein skulle nå fram til kyrkja i rett tid. Maten laut dei late vere til dess

dei kom heim att. Og nedover bar det i tvibyks. For kvar gard kyrkjefolket for gjennom, vart det eit overhendig styr inne i stovene fordi kjerringane hadde forsove seg, slik at ein no vart til spott og spe i bygda. Karfolket opp i ørska, til å rive og slite i sledar og selar, og så av stad så snøspruten stod omkring dei. Botningane var alvorlege og høgtidssame å sjå til då dei køyrde inn på Skeitunet attmed kyrkja. Men dei lo godt inni seg, for her låg heile huset og snorksov. Det fekk då vere måte på forsoving og! Men på Skei hadde dei klokke, og klokka ho var fem, ho – akkurat fem! Den søndagen sov kyrkjefolket frå Angedalen så godt under preika at dei ikkje eingong vakna då presten sa amen. Frå boka «Sunnfjordingen, tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting» ved Einar Offerdahl, Selja forlag 2015.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Minnesmerke over Reisande (taterar) i Vik. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2016

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik Av Hermund Kleppa

«Heidra dei reisande» står som overskrift i Sogn Avis på oppslag om avduking av ein minnestein på Vikøyri, laurdag 20. august 2016. «dei reisande» eller taterane, høyrer til romanifolket. I mange år vart dei omtala som omstreifarar, fantar, splint, - og lenge offisielt sett på som samfunnsplage og «uvesen». Står på Vikøyri Minnesmerket «over dei Reisande som budde i Vik» står på Vikøyri, attmed rekkja av gamle naust, ikkje langt frå båtmotormuseet Kristianhus. Minnesmerket er ein ståande stein og plate i støypt metall med båtfigur og tekst. Steinen er av ein skifrig bergart delvis «hoggen» ved hjelp av kiling,

langt på veg prismeforma; kring 53 cm x 15 cm ved rota, og kring 160 cm høg. Steinen er fundamentert under bakkenivå, og har ved foten eit kvadratisk forma hellefelt med sider ca 150 cm. Figur og tekst Minneplata har ein båtfigur og ein etter måten lang tekst. Båten symboliserer truleg reisemåten, til sjøs i liten farkost. Teksten fortel om kva slags minnesmerke dette er; eit «minnesmerke over dei Reisande som budde i Vik.» Vidare står det: På 1800-talet var det fleire Reisande familiar av Romanifolket som budde i Vik. På Vikøyri vart dei godt mottekne og dei fant seg fort til rette blant dei fastbuande. Den største familien var «Børane» med opphav i Martha og Lars Børresen; «Gamle Byren» og «Byro». Martha Marie Akselsdatter Vikøren var

Ei støypt metallplate festa øvst på steinen inneheld figur, ein båt, og tekst. Båten symboliserer truleg reisemåten; til sjøs i liten farkost. Teksten fortel om kva slags minnesmerke dette er; eit «minnesmerke over dei Reisande som budde i Vik». Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2016.

37


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

fødd på Vikøyri 1834. Lars Børresen «Børe Lars» var fødd i Romsdalen 1830. Den eine sonen, Ole Larsen Limmesand var fødd i Vik i 1869. «Bør-Ola» var seinare Børe-fylgjet sin leiar. Hans ord var lov. «Børane» var respekterte og beundra for fagleg dugleik og grei framferd. Dei var hovedsakleg smedar: Kniv-, ljå-, klave-, lås-, og hjulsmedar. Mange var blikken- og koparslagarar, gyllenlærkunstnarar, hestaskjærerar, felebyggjarar m.m. Dei reiste heile Sognefjorden og sørover til Stavanger. På si ferd selde dei sine varer og tilbaud sine tjenester til dei fastbuande. Børe-fylgjet har i dag mange hundre etterkommarar i heile Noreg og utlandet. Det budde etterkommarar i Vik til langt inn på 1930-talet.

Minnesmerket er oppsett av etterkommarar av Martha og Lars, med hjelp frå Vik kommune. Memorial of the Romani people who lived in Vik in the 19th century. Raised by descendants of Martha and Lars and Vik municipality. Mannen bak minnesmerket Johnny Nilsen, busett i Vaksdal, høyrer til Børe-slekta. Det var han som tok opp arbeidet med å reisa minnesmerket. I 2012 sende han «søknad» til Vik kommune, og på slutten av år 2014 fekk han positivt svar. Han tok straks turen til Vik og var med på synfaring for å fastsetja plassering, m.m. Johnny

Nilsen laga sjølv til steinen, ved å kila og slipa litt, og laurdag 20. august vart minnesmerket avduka med mange tilstades; mellom dei, kring 60 tilreisande av Børe-slekta. Kvifor så viktig? Sogn Avis spurde Johnny Nilsen kvifor det var så viktig å reisa eit minnesmerke som dette, over «dei Reisande som budde i Vik». «Det er på grunn av at me er ein minoritet som held på å gå i gløymeboka, rett og slett. Snakkar du med ungdom i dag om kva ein tater er, så anar dei ikkje. Me vil synleggjera at me var og er eit folk. Sjølv om me har forandra oss me også. Me er jo fastbuande, og [har] vore

Minnesmerket står ved naustrekkja ikkje langt frå Kristianhus båtmotormuseum. Det vart avduka laurdag 20. august 2016. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2016 38


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

[bufaste] i sikkert 100 år, og har vanlege tradisjonelle yrke. «symbol på respekt for andre folkegrupper» Minnesmerket i Vik blei reist «med hjelp frå Vik kommune». Bjarnhild Samland, oppvekstsjef i Vik, sa følgjande til NRK-Sogn og Fjordane: – Dette kan vera eit fint symbol på respekt for andre folkegrupper. Vik kommune er med på å følgja opp den orsakinga [m.a. år 2000] som regjeringa og kyrkja gav romanifolket for overgrepa dei blei utsette for (…). Me kjenner til tvangssteriliseringa og tvangsbusetjinga som pågjekk fram til 1970-talet. Dessutan kan me sjå minnesmerket i samanheng

med den situasjonen Vik og mange andre kommunar er i, der me tek i mot mange flyktningar. «Fristad på Øyri» Johnny Nilsen fortalde til NRK at «Vikøyri var som ein fristad. Her fekk dei vera seg sjølv og fall fint inn i samfunnet. Det er tydeleg at dei treivst sidan dei blei verande så lenge». Slik var det ikkje i alle bygder, «dei blei jaga både her og der. Folk var skeptiske. Dei reisande hadde eit heilt anna levesett enn bøndene, og det ukjende er det ofte redsel for.» Skepsis til dei reisande, romanifolk, fanst nok og i Vik, tilliks med andre bygder. Ei sak i Vik kommunestyre ved århundreskiftet 1800/1900 er i så måte interessant. Sak: «Fantevæsenet» i kommunestyret i Vik år 1900 Vinteren 1900 sende Sjur Bø brev til kommunestyret i Vik. Det handla om «fant». Kommunestyret hadde saka føre i møte 20. februar. I møteboka står «Fantevæsenet» som stikkord til saka. Og spørsmålet er om det kan gjerast noko for «for at fjerne den mængde fant, som i vinterens løb har opholdt sig til ubehagelighed for befolkningen.» Samrøystes vart vedteke: «Ordføreren paalægges at henstille til alle og enhver ikke at hyse [gje husrom til] omstreifere længer end en nat. Dette gjelder særlig Vikøren og Lilløren. Plakat herom bør opslaaes paa et bekvemt sted og indrykkes i «Sogningen». Herredstyret missbilliger i høi grad dette tilhold af omstreifere som for tiden finner sted.»

Man tenkte sig, at modarbeidelsen af dette uvæsen kunde ske paa to maader. Først derved, at enhver husmor ikke indlod sig i handel eller bytte med dem. Og hvis der forelaa direkte tiggeri, at anmelde dette for politiet. Dernest, at ingen gav dem hus mere en en nat, eller høist mellem hver dampskibstur. Dette gjelder især Vikøren og Lilleøren. Heredstyret gav enstemmig sit mishag til kjende over dette, at man huser store fantefølger i månedsvis. Her er mange, som kan trænge en haandserækning af vore egne folk, men som ofte maa staa tilbage fordi dette frække, både direkte og indirekte tiggeri har ranet til sig, hvad der var overkommeligt. Det er derfor heredstyrets enstemmige ønske, at enhver med velvilje vil gjøre hvad de kan for, at vi her – ligesom i andre bygder – kan holde lit fra os disse ublue gjester. Vik 21de februar 1900. Paa heredstyrets vegne Svein Aase [ordførar]. Kjelder Sogn Avis, 20.08.2016 Avisa Sogningen, 27.02.1900 NRK-Sogn og Fjordane, 19.08.2016 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Møtebokregisteret (kommunestyre/formannskap), Vik kommune. Artikkelen vart opphavleg skriven for Kulturhistorisk leksikon.

Eitt tiltak i sak «Fantevæsenet» var å oppmoda kvar og ein om ikkje å gje omreisande husrom meir enn ei natt, eit anna å setja opp «plakat» om dette på «et bekvemt sted», og dessutan ordna med ei slags kunngjering i avisa Sogningen, (som kom ut i Vik). Ei veke etter møtet, 27. februar, stod følgjande stykke i Sogningen:

Minnesmerke over Reisande (taterar) i Vik. Stykke i avisa Sogningen (Vik) med overskrift «Fantevæsenet i Vik», 27. februar 1900.

Fantevæsenet i Vik I følge paalæg av heredstyret i møde den 20 sidstl. [20.02.1900] henstilles til alle og enhver aa gjøre sit til hemmelse [motarbeiding] af denne omstreiferplage, som i usedvanlig grad har gjestet os i løbet af vinteren. 39


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Elsa Horne fekk Flora kommune sin kulturpris 17. mai i år for den store innsatsen ho gjer for å bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter faren og Florøfotografen Malvin Horne. Foto: Dag Nesbø Frøyen.

Elsa Horne heidra med kulturpris Av Elin Østevik

Elsa Horne vart tildelt Flora kommune sin kulturpris for 2016. Prisen har ho fått for arbeidet ho gjer med å bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter Florø-fotografen Malvin Horne. Horne-arkivet Malvin Horne (1904-1962), frå Svortevik i Naustdal kommune, tok over 25.000 bilete i løpet av sine 33 år som fotograf. Det er eit rikt fotografisk materiale Malvin Horne etterlét seg – her er bilete både frå arbeidsliv, fritid, sosiale hendingar og mykje anna, så vel som klassiske atelierportrett. Hornearkivet er ei viktig kjelde til livet på kysten, også i nasjonal samanheng. I det nasjonale registeret over norske fotografar og fotografiske samlingar vert det blant anna poengtert at Horne-arkivet truleg er den største og viktigaste kjelda til bilete frå storsildfisket på 1950-talet. Horne-arkivet er i dag deponert hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

40

Eldsjela Elsa Og dette viktig kjeldematerialet er det altså at Elsa Horne gjer ein utrøytteleg innsats for å bevare og gjere tilgjengeleg for alle interesserte. Elsa, som er dotter til fotograf Malvin Horne, pakkar om og klargjer materiale til digitalisering, og ho registrerer opplysningar til fotografia i fylkesarkivet sin fotobase. Til dette arbeidet har Elsa også rekruttert seg fleire medhjelparar som saman har lagt ned ein stor dugnadsinnsats. Fylkesarkivet på si side syter for at materialet vert digitalisert i tråd med arkivfaglege standarar, og sikrar også at originalmaterialet er trygt oppbevart i klimaregulert fotomagasin. Flora kommune har også vore ein viktig bidragsyter til dette arbeidet gjennom den prosjektstøtta dei har ytt til Horne-arkivet. Horne på nett Per i dag er vel 10.000 fotografi frå Horne-arkivet pakka om, digitalisert, registrert og gjort tilgjengeleg på nett. Mykje godt historisk materiale frå Flora kommune er dermed tilgjengeleg for ålmenta. Men som fotograf hadde Malvin Horne eit større nedslagsfelt

Elsa Horne saman med dugnadsgjengen frå Bremanger som har pakka om dei kring 4000 Bremanger-bileta som no skal digitaliserast. Frå venstre: Reidun Torvanger Solberg, Margret Frøyen, Elsa Horne og Marit Ryland Strand. Foto: Elin Østevik

enn berre Flora kommune. Også folk frå nabokommunane reiste til Florø for å la seg fotografere av Malvin Horne. I desse dagar går startskotet for å digitalisere og registrere om lag 4000 av Malvin Horne sine Bremangerbilete. Arbeidet er støtta av Bremanger kommune. Bileta frå Bremanger vil bli tilgjengeleg i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som dei vert digitalisert.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

Vegvisar til krigsminne på Ramsøy i Gudvangen. Foto: Kjell-Ragnar Berge

Frå 1. oktober 2016 er Kjell-Ragnar Berge engasjert av Fylkesarkivet i ei 20% prosjektstilling med formål å utarbeide eit mest mulig komplett oversyn over alle krigsminne i fylket. Vidare skal det skrivast nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon, og saman med allereie eksisterande artiklar skal desse brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane. I første rekkje er det tale om krigsminne som tyske militære støttepunkt det framleis er spor av i landskapet, men også andre objekt eller krigshendingar er aktuelle.

mellom anna i Kulturhistorisk leksikon under Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Framleis står det att arbeid med registrering av krigsminne, og informasjonen kan gjerast endå meir tilgjengeleg.

Tekstane skal knytast til kart, og med nye tekniske løysingar er tanken at informasjonen lett skal kunne hentast fram frå nettet anten ein sit heime, eller er ute på tur. I eit slikt oversyn vil ein også kunne sjå kva for krigsminne som er tilrettelagde for besøkjande. Oversynet kan også vere til hjelp når ein skal vurdere kva for krigsminne som bør takast vare på i framtida.

Prosjektleiaren tek gjerne imot tips om krigsminne som bør registrerast og eventuelt omtalast i ein artikkel: Kjell-Ragnar.Berge@sfj.no Kjell-Ragnar Berge er ein røynd krigshistorikar. Han har mellom anna skrive bøkene

• «Fronten er kysten!» - oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (1995/1999) • «Regiment 193» - fra Tyskland til Vestlandet langs norskekysten til Ishavsfronten 1940-1945 (2015) • «Kystfort i kamp!» - Batterie Egersund i kamp med Royal Navy 1944-45 (2016). Han var dessutan medforfattar på boka «Krigsår» - Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (2005). I tillegg har Kjell-Ragnar skrive mange artiklar i Kulturhistorisk leksikon.

Kulturminne vert definert som alle spor etter menneskeleg verksemd. I følgje denne definisjonen er alt som er laga av menneske eit kulturminne, også krigsminne som ein tysk bunker frå den andre verdskrigen. Men det betyr ikkje at alt er verneverdig. Fylkeskommunen må gjere eit val om kva kulturminne vi har i Sogn og Fjordane som har ein slik verdi at dei skal takast vare på for framtida. I fleire kommunar i fylket vårt er krigsminne tekne med i dei lokale kulturminneplanane. Informasjon om krigsminne finn ein på internett,

Frå eit guidekurs på Tangane arrangert av Tongane Velforeining i mars 2004. Berge heldt førelesing og var omvisar under kurset. På dette tidlegare tyske kystfortet på Rugsundøy i ytre Nordfjord er det sett opp tre informasjonsskilt. På grunn av historie og plassering er dette kystfortet eit av dei mest verneverdige krigsminna vi har i Sogn og Fjordane. Foto: Alf-Haakon Harlem 41


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Gloppen Heradshus etter brannen.

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet Av Kjerstin Risnes

Natt til 11. august opplevde Gloppen kommune det store marerittet. Heradshuset sto i brann, og eitt av dei mange spørsmåla som raskt melde seg var: Kva med arkiva? Fylkesarkivar Fidjestøl var på plass fredag 12.august og gjorde ein fyrste inspeksjon saman med arkivleiaren i kommunen. Dei kunne konkludere med at sjølv om skadane var omfattande, såg det ut til at det stort sett har gått bra med det arkivverdige materialet, i den forstand at det ikkje var brent opp. Så godt som alle eldre, bevaringsverdige arkiv var teke hand om av fylkesarkivet tidlegare, og stod trygt plassert i magasina våre. Men det stod att mykje nyare arkiv som hadde fått omfattande fukt, røyk og brannskadar. Ved eit fyrste blikk såg det ut til at det meste av det materialet som stod att kunne restaurerast. Spørsmålet var omfanget, kor mykje skade materialet 42

hadde fått, skadekategori, samt at det måtte avklarast korleis materialet best kunne bergast. Isbil og turking på fylkesarkivet Ein del arkivmateriale etter teknisk etat var svært fuktskada og løysinga vart å plassere det i ein isbil for nedfrysing. Fylkesarkivaren tok med seg ein del lettare røyk- og fuktskada materiale, samt uregistrert post frå daglegarkivet til Leikanger og kalla inn to tilsette til turkeoperasjon i helga. Det var eit underleg syn som møtte oss som kom att frå ferie måndag 15.08. Heile fylkesarkivet vart brukt som turkesone; gangar, lesesal, ordningsrom og magasin. Over alt vart det turka. Noko av materialet vart hengt opp, noko lagt ut over i bunkar og ein heil del vart lagt enkeltvis. Det vart endatil til henta inn hårfønarar for å få fortgang i turkeprosessen. Alt måtte skje systematisk slik at vi hadde kontroll med materialet. Aksjon Arkivredning i Gloppen – naudberging og mellombelse tiltak Måndag 15.08 vart aksjon

«Arkivredning i Gloppen» sett i gang for fullt på kommunearkivavdelinga. Arkivredning etter brann var nytt for oss, og vi måtte difor lage ein strategi for rednings- og kartleggingsarbeidet, samt fordele oppgåvene mellom oss. Punkt ein var at vi måtte skaffe oss ei skikkeleg oversikt over materialet og omfanget av skadane. På bakgrunn av dette kunne vi starte arbeidet etter ein målretta plan. Det vart utarbeida skjema for registrering av arbeidet i Gloppen der vi systematisk skulle kartleggje arkiva ut frå administrativ verdi, bevaringsverdi, skadetype og prioritering av kva som hasta mest/minst. Arkiva måtte også lokaliserast, rom for rom. I tillegg måtte vi ha kontinuerleg dialog med arkivleiaren i Gloppen, samt hente inn råd og samhandle med tilgjengeleg ekspertise som Polygon, Documaster ol. Arbeidet i Leikanger vart i fyrste omgang i hovudsak å overvake materialet vi hadde teke inn i løpet av helga. Materialet vart sjekka for fukt, det vart


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Turking av arkivmateriale på ordningsrommet

hypsa for å få fortgang på turkeprosessen og hindre at det klistra seg saman, og sjekka for muggdanning. Vi måtte også kartlegge ledig magasinkapasiteten for mottak både på kortare og lengre sikt, og leggje til rette for ledig plass ut frå brann og skadekategoriar. Sterkt røykskada materiale kunne sjølvsagt ikkje plasserast i hovudmagasinet vårt. Før vi hadde fått oversikt over tilstanden på det som stod i Gloppen, var vi usikre på kor mykje vi skulle hente inn og kva tilstand materialet ville vere i. Arbeidet i Gloppen På bakgrunn av kartlegginga som alt vart gjort tysdag 16.08, vart det praktiske arbeidet i Gloppen sett i gang. Materialet som stod utsett til, men som korkje var sterkt røyk- eller fuktskada vart sendt til mellombels depot på fylkesarkivet. 1.lasset gjekk 18.08. Totalt vart det frakta om lag 120 hyllemeter arkivmateriale til Leikanger. Igjen måtte vi sjekke materialet for fukt og sjå til at papira ikkje klistra seg saman. Alt det innkomne materialet vart sjølvsagt nøye registret og halde saman etter kvart som det turka. På det brannskada loftet i Heradshuset stod arkivet etter teknisk etat. Der var det eit stort hol i taket og ope rett ut, så det hasta med å få flytta materialet

til ein mellombels tryggare stad i bygget for registrering og sortering. Gloppen kommune stilte med sterke berarar og saman med tilsette frå Fylkesarkivet vart loftet tømt i løpet av eit par dagar. Vi rigga oss til i fyrste etasje der det var nokon lunde turt, og jobba oss gjennom kasse etter kasse, perm etter perm. Alt vart listeført, og kategorisert etter skadeomfang som fukt, brann og røyk. Det lettare fuktskada materialet vart omemballert og plassert i ein container med avfukting ved Heradshuset. Det meir fuktskada materialet vart frakta til Isbilen og frose ned. Dette materialet må vidare fryseturkast for å sikrast for ettertida. Det fuktskada materiale som står i låst, klimastyrt container vil i løpet av kort tid bli mellombels plassert på fylkesarkivet. Kva no ? I løpet av om lag 14 hektiske dagar hadde fylkesarkivet, i godt samarbeid med arkivleiaren i Gloppen kommune, fått oversikt over skadeomfanget og fått redda dei mest utsette arkiva, på kort og mellombels sikt. Alle tilsette ved kommunearkiv var med arbeidet både i Gloppen og på Leikanger i løpet av redningsperioden. Og alle har difor fått innsikt i arbeidet både av teoretisk og praktisk karakter.

Golvet på lesesalen, her som turkerom. Privatarkivar Per Olav Bøyum trødde også til når det kommunale arkivmaterialet måtte turkast.

Som ført nemnt, var arbeidet desse dagane ein naudredningsaksjon. Vegen vidare handlar om langsiktige tiltak for det materialet som står att i kommunen, og materialet som har kortvarig og mellombels status. Fylkesarkivet har i sitt arbeid skissert meir varige løysingar for Gloppen kommune, men kva dei landar på, er enno uvisst.

Eit skremande syn. Prioritet nummer ein vart å få arkiva som stod her ned frå loftet. 43


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Før i tida hadde alle svin på skogen. Av Kristian Solvang

Stamfaren til den norske kongeætta heitte Sigurd Syr og budde på Ringerike. Han var stefar til Heilag-Olav og far til Harald Hardråde. Han gjekk for å vere ein heidersmann, men det er påfallande at han hadde eit lite smigrande etternamn – Syr, som tyder «sugge, sue, grisepurke». Historikaren P.A.Munch meinte at tilnamnet kom av at han var ein dugande bonde og oppteken med å grave i jorda. Ei gate i Oslo er faktisk oppkalla etter han. Vår lokale variant må vel vere plassemannen Sugge-Jo i Utvik i Stryn. Der finn vi både Suggegjølet og Suggegrova. På Helset ved Lovatnet ligg Suggesteinen. Dette ordet for «grisepurke» er nesten heilt ute av bruk i dag, men fjellfolk i Jotunheim kjenner godt til fjellet Surtningssui (2368 m), som mykje truleg har tydinga «den svarte purka». To andre fjell heiter Gråsui og Langsua. Ivar Aasen har notert talemåten: «Dei hava korkje Ku elder Su» = dei har ikkje dyr på garden. I dag heiter dette husdyret anten gris, svin, galte, purke eller sugge. At det var viktige dyr i bygdene våre, er det ikkje tvil om. Grisen har lang tradisjon som god mat og godt flesk! Allereide i norrøn mytologi heitte det at dei krigarane som fall og kom til Valhall, kvar dag åt opp galten Sæhrimnir når Odin baud dei til etegilde. Neste dag var galten like heil og feit. «Flesket var godt» står det i Den yngre Edda. Jau, det var saker! Det finst ca. 350 stadnamn med «gris-» i Sogn og Fjordane. Vidare 300 stadnamn med «svin», 150 namn med «purke» og 50 namn med «galte». Totalt 850 slike namn viser kor stor rolle dette husdyret spela i jordbruket i bygdene. Dei fleste av orda viser nok til at grisane gjekk på beite på innmark eller utmark, det var vanleg før i tida. Døme på slike namn er Svinhola, Svinøyna, Svinakleivi, Svinshidler, 44

Svinaledet, Svinevika, Svinegytten, Svinegjølet, Grisegeilane, Grisagrø, Grisabøygen. Ofte er namnet knytta til steinar, hillarar og skorer, t.d. Svinesteinen og Svinebolsteinen, som kunne tene som naturlege «grisehus» i utmarka. Nokre namn har ei spesiell forklaring, som Svinesteinen i Lærdal, der ei purke fekk ungar, eller der svinet vart utsett for ei ulukke – i Svinaskori i Aurland datt svina på sjøen.

inn. Med andre ord – stadnamn med «svin-» kan bety at ein lokalitet, ein veg o.l. vart trong eller smalna inn. Namnet Svinesmottet på Reme i Innvik (namn på eit led i ei rås) kan ha den forklaringa. Men dette er vanskeleg å finne ut av.

Påfallande ofte er «svin-» brukt i stadnamn, der det er bratt, trong, smalt og stygt å gå, slik som Svinestigen i Aurland, som har kommentaren «vanskeleg å gå, ein svineveg». Svinegytten i Askvoll er eit bratt skar, det same er Svinegjølet på Storesunde i Stryn. Det kan hende at «svin-» vart brukt i nedsetjande meining, som når vi seier «kjøkkenet såg ut som ein svinesti», «svinever» (tysk Sauwetter) eller «det var noko skikkeleg svineri». Tidlegare vart usedeleg litteratur kalla «svinsk litteratur». For ikkje å snakke om uttrykket «gammal gris» om eldre mannfolk. Dei hadde kanskje sine «svin på skogen».

Svært mange samanlikningsnamn er knytta til dette dyret: Svineryggen (Bremanger), Svinsrumpa (Sogndal), Svinetranten ( Jølster). Men størst frekvens har «Purka» og «Galten». Dei finst det svært mange av langs kysten, men og inne på land. Dette er namn på steinar, skjer og grunner i sjøen, og fjellskoltar på land. Namna er ei åtvaring: Pass deg her - så det ikkje går gale! Det var elles gammal folketru at ein ikkje skulle nemne dyr med deira rette namn på sjøen (tabuord). Men nokre purke-namn har andre tydingar: I Purkehølen i Innvik kunne ein legge grisehudene i bløyt, ved Purkura i Gulen miste dei eit lass med griser, som rømde opp i ura. Tresko vart og kalla «purker», det skal vere bakgrunnen for Purkehamn i Solund, der dei ein gong fann masse tresko.

Men verbet «å svine» kunne også tyde «avta, svinne inn», slik vi brukar det i ordet «forsvinne», og når vi seier at det er svinn i varelageret. I vår dialekt har vi det beslekta ordet «å svæne» - mest brukt når ein hevelse eller svull minkar

Dei som ikkje ligg og «purka og søv» om morgonane, kan stå opp og rope på grisane. I Sveits ropar dei «suggi, suggi, suggi!». Kva seier grisebøndene i Nordfjord, tru? Er det nokon av dei som har svin på skogen?


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Dyr for domstolen Av Per Olav Bøyum

I arkivet etter Sigrid Tang finst det ein konvolutt med påskrifta «dyrestraff». Innhaldet er ein illustrasjon som viser ein gris som vart offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386. Det høyrest mest ut som eit agurknyhende, dette at eit svin vert dømt til døden. Men i europeisk historie er praksisen med å stille dyr for retten godt dokumentert. Eit eksempel er ei sak frå ein landsby i den franske regionen Burgund, der ein fem år gammal gut i 1457 vart funnen drepen. Kort tid etter arresterte påtalemakta dei mistenkte – ei purke og dei seks grisungane hennar. Under rettssaka kom det fram at det var grisemor som stod bak ugjerninga. Ungane vart frifunne, då det ikkje kunne provast at dei hadde vore delaktige i drapet. Purka vart dømt til døden og seinare hengt. Dyrerettssakene følgde ofte vanleg prosedyre med omsyn til rettargang og domfelling. Dei mistenkte vart sette i arrest og fekk oppnemnt forsvarar. Men fleire av sakene førte med seg spesielle utfordringar. Ved eitt høve, då ein olm okse vart dømt til henging, tok det to dagar å få bygd ein galge til beistet. Det var slett ikkje enklare å handtere dei små dyra. Innbyggjarane i landsbyen Saint-Julien-de-Maurienne melde på 1500-talet ein insektsverm som hadde herja stygt på vinmarkene. Dei små krypa fekk oppnemnt ein gløgg forsvarar. Han argumenterte for at klientane hans ikkje hadde gjort noko gale. Snarare tvert om. Dei hadde handla etter ei guddommeleg befaling. Stod det ikkje i Bibelen at alle skapningar skulle vere fruktbare og bli mange? (1. Mosebok 1:22) Mot dette klåre guds­ ordet kom ikkje landsbybuarane opp med gode motargument, men dei foreslo at insekta skulle få tildelt eit jordstykke ved sida av vinmarkene, der dei kunne ete seg mette og øksle. Den første dokumenterte rettssaka mot

Illustrasjon frå ”Chambers Book of Days” som visstnok skal vise rettssaka mot purka som i 1457 tok livet av ein fem år gammal gut i Frankrike (Biletet henta frå Wikipedia).

eit dyr er frå 1266. Fenomenet oppstod i Nord-Frankrike, og spreidde seg seinare til andre europiske land. Desse sakene må vel vere det beste beviset på at fortida er eit framand land? Trudde verkeleg folk i mellomalderen og tidleg nytid at dyr kunne skilje mellom rett og gale, og såleis vere ansvarlege for handlingane sine?

Kjelder og litteratur SFF-89213 Tang, Sigrid W. Oldridge, Darren: Strange histories : the trial of the pig, the walking dead, and other matters of fact from the medieval and Renaissance worlds. London : Routledge, 2007 Salmonsens konversationsleksikon : dyrestraffe og dyreprocesser Wikipedia : animal trial

Den engelske historikaren Darren Oldridge meiner at dette ikkje var tilfellet. Dyr kunne til ein viss grad bli vurdert som rasjonelle, men det var ikkje vanleg å sjå på dei som fullt ut moralsk ansvarlege vesen. Dels var fenomenet grunna i eit kristent syn på forholdet mellom menneska og naturen. Nokre teologar forsvarte rettssakene ut frå bibelordet om at mennesket skulle råde over dyra (1. Mosebok 1:28). Når ein gris drap eller skada eit menneske, var dette eit brot på ein guddommeleg orden som måtte rettast opp. At dyret ikkje var i stand til å vurdere sine eigne handlingar var irrelevant. I tillegg til å gjenreise eit gudgjeve hierarki i naturen, fungerte rettssakene som ei påminning til folk om at brotsverk ville bli hardt straffa, likesælt kven som stod bak. Det var òg ei åtvaring til eigarane om å passe betre på dyra sine.

Eit svin som vert offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386

45


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Bedriftsarkivet frå hermetikkprodusenten Firda Canning er det største privatarkivet vi oppbevarer. Det er på godt over 100 hyllemeter.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv Av Per Olav Bøyum

Fylkesarkivet har i år laga ein verneplan for privatarkiv. Arbeidet har vore todelt. Først var det naudsynt å gå gjennom allereie innsamla og registrerte arkiv. Det munna ut i ein bestandsanalyse. Deretter vart det skrive ein samfunnsanalyse som tok for seg dei viktigaste kjenneteikna ved næringslivet i kvar einskild kommune. Denne artikkelen summerer opp dei mest sentrale funna frå bestandsanalysen. Privatarkiv er ei svært variert kjeldegruppe. Dei vert gjerne negativt definert, ved kva dei ikkje er. Det er såleis tale om arkiv som ikkje er offentlege. Dei fleste har sitt opphav i organisasjonar, bedrifter, institusjonar eller som samlingar frå gardar eller einskilde personar. Også i omfang er det stor variasjon. Dei minste privatarkiva inneheld ikkje meir enn nokre få dokument. Det største vi oppbevarer på fylkesarkivet er meir enn 100 hyllemeter. Jamt over er likevel privatarkiva heller små i omfang. Kvifor privatarkiv? Kvifor dette strevet med å ta vare på privatarkiv? Om historieforståing og sogeskriving er viktig, noko truleg dei fleste vil vere samde i, gjev det seg nesten sjølv at det er ein fordel med eit 46

variert kjeldegrunnlag. Fleire offentlege styringsdokument har då også framheva at målet med arkivpolitikken er ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Privatarkiva er med på å fylle ut og korrigere dei offentlege arkiva.

Eit døme kan vere slektsgransking, som er ein type historiearbeid mange driv med. I det offentlege kjeldematerialet, som kyrkjebøker og folketeljingar, finst det heilt sentrale opplysingar som rissar opp livsløpet til ein person, slik

Tabell 1. Oversikt over privatarkiv oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fordelt på kommune.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Tabell 3. Privatarkiv fordelt på periodar.

som fødsel- og dødsår. I dei offentlege arkiva kan ein òg finne dokument som gjev meir «kjøt på beinet». Men ofte kjem det levde livet best fram i privatarkiv, av typen dagbøker, brev og foto. Er det bevart slike kjelder etter ein slektning, vil det som regel kome fram opplysingar som ikkje eksisterer i offentleg skapte arkiv.

Tabell 2. Privatarkiv oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fordelt på aktørtype.

Tabell 4. Eksterne privatarkiv, fordelt på kommune.

Arbeidet med privatarkiv i fylkeskommunen Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 1991 finansiert ein heil fast stilling knytt til arbeid med innsamling, ordning og formidling av privatarkiv. Privatarkivvernet har vore drive som ei blanding av passivt mottak og meir systematisk innsamling. Av dei målretta tiltaka kan nemnast bankprosjektet, som resulterte i at 120 hyllemeter arkiv, fordelt på 26 bankeiningar, vart ordna og tekne vare på. Det var eit samarbeid mellom fylkesarkivet og Sparebanken Sogn og Fjordane. Over same lest skjedde vernet av Gjensidige branntrygdelagsarkiv. Eit anna målretta tiltak er innsamling av arkiv frå fagrørsla og partilag på venstresida. Etter ein samarbeidsavtale frå 1989 mellom fylkesarkivet, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek i Oslo og arbeidarrørsla i Sogn og Fjordane, kjem det inn kontingentbidrag til vern av arbeidararkiv. Over tid har den jamne jobbinga med arbeidararkiv bore rike frukter. 310 slike arkiv har blitt verna. Privatarkiv i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet oppbevarer 1714 privatarkiv (arkiv oppretta i 2016 er ikkje medrekna). Kommunevis fordeler dei seg som vist i tabell 1. Leikanger tronar øvst med 140 privatarkiv. I andre enden ligg Solund, der det har blitt samla inn 11. Ytterpunkta kan bli forklart ved at

Tabell 5. Alle privatarkiv, fordelt på kommune.

Leikanger er vertskommune for fylkesarkivet, og at Solund har det minste folketalet i fylket. I oversikta er det òg teke med regionale arkiv, som dekkjer meir enn ein kommune. Slike finst det 276 av. Dei fleste er anten fylkesvise, eller har Nordfjord, Sunnfjord og Sogn som geografisk nedslagsfelt. Fordelt på aktørtype, eller arkivskapar, fordeler arkiva seg som vist i tabell 2.

Det har blitt samla inn flest arkiv frå lag og organisasjonar, bortimot 1000 til saman. På neste plass kjem aktørtypen person/familie, med 364 oppretta arkiv. Vidare har det blitt samla inn 336 arkiv frå bedrifter. Tabell 3 syner korleis arkiva fordeler seg i tidsbolkar. For svært mange arkiv (29%) har det ikkje blitt lagt inn ytterår. Av arkiva med registrerte årstal er flest frå periodane 1901-1950 og 1951-2000 (Begge periodane 28%). Fleirtalet av 47


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

privatarkiva vi har samla inn er såleis skapte dei siste 100 åra. 9% har innhald frå perioden 1851-1900. I mengde utgjer det private tilfanget om lag 1400 hyllemeter. Bortimot 25% av arkiva er uordna. Fylkesarkivet har digitalisert små utvalde delar av samlinga. I alt har 7900 filer med skanna kjeldekopiar frå privatarkiv blitt publisert på internett. Av anna tilgjengeleggjering bør databasen Amerikabrev bli trekt fram. 3000 brev, dei fleste frå USA, har blitt lagt inn med opplysingar om avsendar, mottakar og stikkord om innhald. Eksterne arkiv Fylkesarkivet har opp gjennom åra også registrert mange eksterne privatarkiv. Dei fleste av desse er samla inn og forvalta av kommunar. I nokre av dei finst det eigne lokalhistoriske samlingar. Tabell 4 viser fordelinga av eksterne privatarkiv på kvar einskild kommune. Det kjem fram at det er eit stort spenn, frå Jølster med over 120 eksterne privatarkiv, til Flora, Gulen, Høyanger og Naustdal, der det ikkje er registrert nokon. Det bør bli understreka at talgrunnlaget her er svært usikkert. Det er tvillaust slik at ein heil del privatarkiv ikkje har blitt fanga opp. Slår ein saman dei deponerte/avleverte privatarkiva og dei eksterne, så blir mønsteret som vist i tabell 5. Sogndal kjem best ut med 204 registrerte privatarkiv. I den andre enden ligg Solund med 28. Vegen vidare Hovudmålet med vern av privatarkiv er som nemnt å sikre ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Då er det viktig at innsamlinga ikkje skjer medvitslaust. Ettersom privatarkivfeltet har vore lite regulert, er det store forskjellar på kva som har blitt teke vare på frå fylke til fylke. Vonleg vil dette endre seg. Riksarkivet lanserte tidlegare i år ein strategi for privatarkiv. Den skal sikre at arkivmateriale frå privat sektor i større grad vert sikra for ettertida. Attåt det koordinerande arbeidet på nasjonalt nivå, er det viktig at det på regionalt og lokalt nivå vert meisla 48

Frå første møteprotokollen for Jostedal Mållag. Kampen for nynorsk var ei av motrørslene som slo djupe røter på Vestlandet. Som den sterkaste nynorsk-bastionen vil det vere naturleg at Sogn og Fjordane prioriterer høgt vernet av arkiv frå målrørsla.

ut ein kurs for korleis innsamlinga av privatarkiv skal skje. Og nett det er hovudmålet med verneplanen. Ved å jamføre arkivbestanden mot dei næringsmessige særdraga, og eventuelle andre spesielle tilhøve i ein kommune, er det mogeleg få til eit meir planfast arbeid med vern av privatarkiv. Utgangspunktet er at det ikkje vil vere mogeleg å ta vare på alle privatarkiv. Det er neppe ønskjeleg heller. Dessutan har svært mange privatarkiv allereie gått tapt. Målet er å ta vare på arkiv som er viktig samfunnsdokumentasjon.

Arkivet frå Hotel Mundal dokumenterer den viktige turistnæringa i Sogn og Fjordane.

Verneplanen vil ikkje vere ei tvangs­ trøye. Den er meint å stake ut ein kurs. Kva som er viktig dokumentsjon å ta vare på for ettertida kan det vere delte meiningar om. Fagfeltet vil dermed vere prega av ein god slump med skjøn. Det er dessutan viktig å understreke at bevaring av privatarkiv skjer i eit samspel mellom det offentlege og det private. For bedrifter og organisasjonar som har høve til det, ligg det ei forventing om at dei, i alle fall til ein viss grad, tek vare på eiga historie. Litteratur Utgreiinga ”En helhetlig samfunns­ hukommelse” levert Riksarkivaren 31.12.2014

Alle privatarkiva fylkesarkivet oppbevarer er no tilgjengeleg på Arkivportalen. Skjermdumpen viser søk på privatarkiv frå Høyanger.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Joleboka 1957 På Ornes skule i Luster hadde dei i fleire år ei lita Jolebok. Her skreiv elevane inn små forteljingar, julesongar og teikningar som førebuing til jula. I år helsar vi jula velkomen med to små forteljingar frå denne vesle elevboka. Halvor og juletreet. «Halvor var berre 10 år då han måtte til skogs for å hente juletre. Han reiste med øksa i handa og ryggsekk på ryggen. Då han kom ut av skogen, fekk han sjå reven. Han tenkte med seg sjølv at der var han som drap lammet mitt. Og så sette han etter reven med øksa i lukta. Men reven var ikkje redd guten og sette opp. Men guten slo til reven i hovudet og trilla daud. Då var Halvor glad, men han like vel gløymde han ikkje juletreet. Då han hadde hogge juletreet, reiste han heim over. Han drog reven etter seg etter rumpa. Juletreet bar han på ryggen og øksa i handa. Då han kom heim på garden kvilde han seg. Så rusla han inn

i stova med reven etter seg. Ola var bror hans og var berre 3 år, og ville vera stor kar. Og så ville han prøva å letta reven. Men då vart karen for lett. Han datt atlengs med reven oppå seg. Dagen etter drog Halvor til lensmannen med reven sin. Og så fekk han 100 kroner for han. Men då var det ein som var glad og det var Halvor. For no fekk han kjøpe julegaver bode til far, mor og vesle Ole. « Ivar og Varg på skitur «Den 22 desember tok det til å snøa. Ivar vart glad då han om morgonen såg at det låg snø over alle marker. Han reiste seg i senga og kika ut. Han fekk kleda på seg i ein fart, og ut på kjøkenet til mor og fekk seg mat. Då han hadde ete, fann han lua og vottar og så for han ut og fann skia og for opp i bakken og slepte seg ned. Du kor det gjekk. Ein dag han og mor var å leine spurde han om han og Varg kunne få dra til fjells. Men mor sa at han fekk spyrja far, og det gjorde han. Han vart glad då far sa, ja. Me han fekk vera varsam og ikkje tufla seg bort på vegen. Dagen etter drog dei av stad. Det gjekk fint heile vegen. Då dei var oppe på høgda, såg dei stølen nede i dalbotnen. Det gjekk fint ned til stølen. Då dei var ned komne såg dei noko grått som kom nermare og nærmare. Ivar vart redd der han stod. Han sprang inn og let att kroken på døra. Mellom dei var ein stor reinsbukk

og han sprang mot selet og stanga i døra. Ivar vart så redd at han kraup opp på loftet og gøymde seg. Då høyrde han eit skrik uta for, det var Varg som vart stanga i hel av den sinte bukken. Ivar for ned og ut. Reinbukken fekk sjå han og kom setjande beint på han. Ivar la på sprang og nådde eit anna sel og skulle til å kliva opp, men då kjende han horna til bukken og han vart hivd høgt i veret. Ivar skreik av redsle. Så for tumla han var, nådde han på føtene att og sette av stad for full fart og reinsbukken sette etter. Men Ivar var lett som ein katt og med det same han nådde eit sel svinga han brått og hivde seg til og lukkast for han å koma opp på taket før den opphissa reinen nådde han. Då han sat der, fekk han sjå to karar som kom bein hit og hjelpte han ned. Dei vart glade heime då dei fekk att guten sin.»

Avlevering av skisseblokker etter kunstmålaren Harald Seim 23. september avleverte kultur­sjefen i Flora Edvin Helgheim skisseblokker etter kunstmålaren Harald Seim. Avleverar er Foreninga til Einar og Harald Seims minne.

Kultursjef i Flora Edvin Helgheim og fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl

Harald Seim var ein viktig sunnfjord­k unstnar frå Kinn som levde i perioden 1882 til 1975. Han har ein allsidig produksjon med mykje motiv i frå heile fylket. Fylkesarkivet er svært glad for å ha motteke desse skisseblokkene. I tillegg fekk fylkesarkivet i gåve to bøker om Harald Seim og broren, språkmannen Einar Seim. Han er i boka omtalt som “Noregs lærdaste bonde”. Desse bøkene er forfatta av Magnus Helge Torvanger. 49


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Skrivande bønder i Hornindal Jostein Fet har ved si gransking av den litterære kulturen mellom ålmugen på Nordvestlandet endra vår forståing av lese- og skrivekunna til bønder i tidleg moderne tid. Eit viktig kjeldegrunnlag i boka Skrivande bønder var gardsarkivet frå Kirkhorn i Hornindal. Jostein Fet leverte i fjor haust grunnlagsmaterialet frå Kirkhorn-arkivet til Hornindal bibliotek. Det består av sju permar med kopiar, avskrifter, kommentarar og saksopplysingar. I tillegg kjem eit hefte med reinskrift av alt Knut Rasmusson Kirkhorn (1757-1787) etterlet seg. Fylkesarkivet fekk så spørsmål om vi kunne tenkje oss å ta materialet inn til registrering, og kanskje digitalisere utvalde delar av det, slik at det vert tilgjengeleg for ålmenta. Det sa vi sjølvsagt ja til. Arkivet ligg no på Arkivportalen, som er den nasjonale inngangen til arkiv her i landet. Vi har i tillegg digitalisert heftet Visebøkene frå Kirkhorn: tekstar nedskrivne av Knut Rasmusson Kirkhorn i Hornindalen(1757-1787), som også er tilgjengeleg via Arkivportalen. I fylgje Jostein Fet er materialet frå Kirkhorn unikt. Han kjenner ikkje til at det finst så rikhaldige gardsarkiv andre stader i landet. Kirkhorn-arkivet inneheld visesamlingar, brev, offentlege/halvoffentlege dokument m.m. frå fleire generasjonar på garden. Materialet er oppbevart privat hjå arkiveigar. Nettstader: Arkivet på Arkivportalen: http://tinyurl.com/h76t6tt Visebøkene frå Kirkhorn: http://tinyurl.com/jzscln2

Horningdalen efter den Sorte død. Ei segn om korleis Hornindal vart bygd på nytt etter Svartedauden, nedskriven av Rasmus Olsson Kirkhorn

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016 -12.10.2016 Eids privatbank Nordfjordeid 1911-1935. Ved Adm. Direktør. 22 s., 1935?

Kjellevold d.e., Rasmus A.: Dalsøyra bedehus 100 år, 2016, 4 s. I Gulen kyrkjelydsblad 2/2016

Farstad, Aud: På liv og død, distriktsjordmødrenes historie. Samlaget 2016, 429 s.

Skulen vår, Fresvik skule 50 år. Red. Bjarne Bjørkevoll. Utgjevar Fresvik sogelag og Fresvik skule. 1999, 144 s.

Den fremmede reisetrafik i Norge 1912. Optat paa foranstaltning av «Foreningen for reiselivet i Norge», de økonomiske beregninger ved foreningens kontor. Foreningen for reiselivet i Norge. Kristiania, Marius Stamnes’ boktrykkeri, 1912?, 25 s.

Torvanger, Magnus Helge: Harald Seim. Kunstmålaren frå Kinn. Selja forlag, 2014, 128 s.

Vatnahalsen hotel, Myrdal st. Bergensbanen. Eier: Edv. Holte. Kristiania, Centraltrykkeriet, utan år. 22 s.

Melheim, Rolf: Gamle Eid og Hornindal. Selja forlag, 2016

Lote skule 100 år, 1883-1983, skriftstyret. 1983, 15 s.

50

Torvanger, Magnus Helge: Einar Seim. I norske fotefar på Shetland. Selja forlag, 2016, 192 s.

Nestegard, Dag H.: Hestehandlaren Kjell Opseth. Samlaget, 2016, 286 s.


Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Besøk frå UWC

Fredag 28. oktober fekk Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane besøk av United World College i Fjaler. Om lag 30 elevar frå skulen tok turen til fylkesarkivet for å læra meir om arkiv og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med å ta vare på arkivmateriale. Elevane frå UWC fekk presentasjonar av fylket, fylkeskommunen og fylkes­ arkivet, etterfølgt av ei omvising i magasina våre. Dette var interesserte og engasjerte elevar som hadde mange gode spørsmål undervegs.

Andre halvdel av dagen var sett av til gruppearbeid, der elevane vart inndelte i grupper der dei fekk oppgåver med ulike tema innan fylkesarkivet sine arbeidsområde. Dei som valde å sjå nærare på offentlege arkiv, skulle sjå på korleis arkiva i deira eige heimland er oppbygde samanlikna med Noreg. Det var spanande å høyre om funna dei hadde gjort om arkivtilhøva i eige heimland i forhold til Noreg.

folkemusikken vi har i våre arkiv. Nokre av elevane såg på stadnamn og ei gruppe hadde funne fram interessante moment frå privatarkivet etter misjonæren Malla Moe. Presentasjonane vart utført på ein solid og framifrå måte. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane takkar så mykje for besøket, og ynskjer UWC velkommen tilbake.

Ei gruppe presenterte folke­musikken i Irland og samanlikna den med

Abonner på Kjelda! “Eg måtte berre takke for framifrå artiklar i Kjelda som vi fekk i dag. Eg tok det med i lunsjen, der heftet gjekk runden rundt borda og hausta begeistring! Vi er imponerte over kvaliteten og mangfaldet i stoffet som er presentert frå både Gulen og dei andre kommunane.”

Fylkes

arkive

t i So gn

og Fjor dane

Kjeld Nr. 2 Novemb er

a

2016. År

gang 25

- frå ein Kjelda-lesar i Gulen

Kjelda er eit tidsskrift for heile fylket. Gamle utgåver (1992-2011) kan du lese på nettstaden Issuu: http://www.issuu.com/fylkesarkivet Ring tlf. 57 63 80 00 Eller send e-post til fylkesarkivet@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr. Fy lke sa

rk ive t på In te ww w. fy lke sa rn et t: rk iv. no

51


Avsender Fylkesarkivet Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Mann med hest og slede pĂĽ ein skogsveg. Postkort frĂĽ Sunnfjord museum Fotograf: Olai Fauske


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.