
3 minute read
Før i tida hadde alle svin på skogen
Av Kristian Solvang Stamfaren til den norske kongeætta heitte Sigurd Syr og budde på Ringerike. Han var stefar til Heilag-Olav og far til Harald Hardråde. Han gjekk for å vere ein heidersmann, men det er påfallande at han hadde eit lite smigrande etternamn – Syr, som tyder «sugge, sue, grisepurke».
Historikaren P.A.Munch meinte at tilnamnet kom av at han var ein dugande bonde og oppteken med å grave i jorda. Ei gate i Oslo er faktisk oppkalla etter han. Vår lokale variant må vel vere plassemannen Sugge-Jo i Utvik i Stryn. Der finn vi både Suggegjølet og Suggegrova. På Helset ved Lovatnet ligg Suggesteinen. Dette ordet for «grisepurke» er nesten heilt ute av bruk i dag, men fjellfolk i Jotunheim kjenner godt til fjellet Surtningssui (2368 m), som mykje truleg har tydinga «den svarte purka». To andre fjell heiter Gråsui og Langsua. Ivar Aasen har notert talemåten: «Dei hava korkje Ku elder Su» = dei har ikkje dyr på garden.
Advertisement
I dag heiter dette husdyret anten gris, svin, galte, purke eller sugge. At det var viktige dyr i bygdene våre, er det ikkje tvil om. Grisen har lang tradisjon som god mat og godt flesk! Allereide i norrøn mytologi heitte det at dei krigarane som fall og kom til Valhall, kvar dag åt opp galten Sæhrimnir når Odin baud dei til etegilde. Neste dag var galten like heil og feit. «Flesket var godt» står det i Den yngre Edda. Jau, det var saker!
Det finst ca. 350 stadnamn med «gris-» i Sogn og Fjordane. Vidare 300 stadnamn med «svin», 150 namn med «purke» og 50 namn med «galte». Totalt 850 slike namn viser kor stor rolle dette husdyret spela i jordbruket i bygdene. Dei fleste av orda viser nok til at grisane gjekk på beite på innmark eller utmark, det var vanleg før i tida. Døme på slike namn er Svinhola, Svinøyna, Svinakleivi, Svinshidler, Svinaledet, Svinevika, Svinegytten, Svinegjølet, Grisegeilane, Grisagrø, Grisabøygen. Ofte er namnet knytta til steinar, hillarar og skorer, t.d. Svinesteinen og Svinebolsteinen, som kunne tene som naturlege «grisehus» i utmarka. Nokre namn har ei spesiell forklaring, som Svinesteinen i Lærdal, der ei purke fekk ungar, eller der svinet vart utsett for ei ulukke – i Svinaskori i Aurland datt svina på sjøen.
Påfallande ofte er «svin-» brukt i stadnamn, der det er bratt, trong, smalt og stygt å gå, slik som Svinestigen i Aurland, som har kommentaren «vanskeleg å gå, ein svineveg». Svinegytten i Askvoll er eit bratt skar, det same er Svinegjølet på Storesunde i Stryn. Det kan hende at «svin-» vart brukt i nedsetjande meining, som når vi seier «kjøkkenet såg ut som ein svinesti», «svinever» (tysk Sauwetter) eller «det var noko skikkeleg svineri». Tidlegare vart usedeleg litteratur kalla «svinsk litteratur». For ikkje å snakke om uttrykket «gammal gris» om eldre mannfolk. Dei hadde kanskje sine «svin på skogen».
Men verbet «å svine» kunne også tyde «avta, svinne inn», slik vi brukar det i ordet «forsvinne», og når vi seier at det er svinn i varelageret. I vår dialekt har vi det beslekta ordet «å svæne» - mest brukt når ein hevelse eller svull minkar
inn. Med andre ord – stadnamn med «svin-» kan bety at ein lokalitet, ein veg o.l. vart trong eller smalna inn. Namnet Svinesmottet på Reme i Innvik (namn på eit led i ei rås) kan ha den forklaringa. Men dette er vanskeleg å finne ut av.
Svært mange samanlikningsnamn er knytta til dette dyret: Svineryggen (Bremanger), Svinsrumpa (Sogndal), Svinetranten ( Jølster). Men størst frekvens har «Purka» og «Galten». Dei finst det svært mange av langs kysten, men og inne på land. Dette er namn på steinar, skjer og grunner i sjøen, og fjellskoltar på land. Namna er ei åtvaring: Pass deg her - så det ikkje går gale! Det var elles gammal folketru at ein ikkje skulle nemne dyr med deira rette namn på sjøen (tabuord). Men nokre purke-namn har andre tydingar: I Purkehølen i Innvik kunne ein legge grisehudene i bløyt, ved Purkura i Gulen miste dei eit lass med griser, som rømde opp i ura. Tresko vart og kalla «purker», det skal vere bakgrunnen for Purkehamn i Solund, der dei ein gong fann masse tresko.
Dei som ikkje ligg og «purka og søv» om morgonane, kan stå opp og rope på grisane. I Sveits ropar dei «suggi, suggi, suggi!». Kva seier grisebøndene i Nordfjord, tru? Er det nokon av dei som har svin på skogen?