Kjelda nr. 1 2015

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 1 - Mars 2015. Årgang 24

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Identitet – om å vere ein del av noko Av Arnt Ola Fidjestøl

«Ingen visste hvem han var da han ble funnet død i Oslo sommeren 2011. Så dukket fingeravtrykkene hans opp i Sveits.» Sitatet er henta frå eit oppslag i Dagbladet for eitt år sidan. Ein mann var funnen død i Oslo, sommaren 2011, og ingen visste kven han var. Han var ein såkalla «identitetslaus» person. Først nokre år seinare klarer ein å knytte mannen til ein identitet ved hjelp av eit fingeravtrykk-arkiv i Sveits. Rikspressa er proppfull av historier om ID-lause personar. Som regel er vinklinga i desse sakene om personar som av ein eller anna grunn er ute etter å skjule sin identitet. Ein har som regel eit praktisk formål med å finne identiteten. Les vi i lokalpressa finn vi i desse dagar ei anna vinkling. Den er i mindre grad knytt til praktiske formål, men er meir knytt til kjensler. Vi kjenner alle til tema som «kommunereform» – større einingar, eller «lokalisering» – plassering av tenester. Sidene står steilt i mot kvarandre, men dei har i alle fall noko til felles. Dei brukar begge identitet i retorikken. I sjukehusdebatten er

2

det mykje tale om nordfjordingen, sogningen og sunnfjordingen. I kommunereforma og sentraliseringsdebatten er det mykje tale om kva som særmerker Sogn og Fjordane som fylke, og kva som vil bli betre eller verre for dei som bur i Sogn og Fjordane dersom ein vel den eine eller andre løysinga. Kven er så nordfjordingen, sogningen og sunnfjordingen, og kven er dei som bur i Sogn og Fjordane? 19. desember i fjor kom eg familien min attende til Sogn og Fjordane etter 15 år i nabofylket Møre og Romsdal. Det er ingen tvil om at det at eg og kona føler at identiteten vår er knytt til fylket, har vore av stor verdi. Når folk spør kor eg er ifrå, kjem svaret an på kven som spør. Svara er: Norge, Sogn og Fjordane, Førde, Bruland. Eg kjenner identitet til både det nasjonale, det regionale, det lokale og det ultralokale nivået. Fylkesarkivet sit på arkiv og samlingar, som alle har det til felles at dei kan nyttast i ulike samanhengar for å gje identitet. Dei kan nyttast i praktiske samanhengar der ein hentar ut informasjon som ein treng i sine daglege gjeremål. Dei kan òg nyttast til å bygge opp om identitet: identitet i høve til geografisk områ-

de, slekt, kjønn, interesser, politisk ståstad, og så bortetter. Dette kan ein igjen nytte politisk, sidan ein veit at identitet fenger, eller ein kan nytte det personleg til å gje seg sjølv ei utvida referanseramme. NRK-serien «Hvem tror du at du er?» er eit døme på det siste. Fylkesarkivet ynskjer å arbeide målretta for å gje folket i Sogn og Fjordane høve til å finne meir ut om sin eigen identitet, gjennom å gje tilgang til den lokalhistoriske dokumentasjonen vi sit på. Det skal ikkje vere naudsynt med eit TV-program for å finne ut av kven ein er. Ein skal kunne finne ut av dette ved å granske sjølv, anten ved å besøke Fylkesarkivet fysisk og leite i arkiva, eller ved å få tilgang til informasjonen gjennom databaseløysingane våre. Vi kan ikkje garantere at det gjer at du finn ut av kven du er, men har du tilknyting til fylket vårt, garanterer vi drahjelp. Du, og kanskje også forfedrane dine, er ein del av den dokumentasjonen som representerer Sogn og Fjordane. Du kan sjølv velje tilnærminga til denne dokumentasjonen.


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Innhald • LEIAR Av Arnt Ola Fidjestøl

s. 2

• SISTE REIS FOR BOKBÅTEN I SOGN OG FJORDANE Av Cecilie Astrup Bustad

s. 4

• STADNAMNINNSAMLING I LUSTER – NESTEN I HAMN Av Randi Melvær

s. 8

• ARKIVET ETTER KRISTIAN EIKÅS Av Per Olav Bøyum

s. 9

• KULTURARVARBEIDAREN Av Erle Hind

s. 14

• VEREIDE KYRKJE Bokomtale v. Randi Melvær

s. 18

• REISELIVSBILETE TIL FYLKESARKIVET Av Elin Østevik

s. 20

• ULVEN VAR DEI REDDAST FOR AV ALLE DYR Av Annette Langedal Holme

s. 21

• FYLKESBAATANE – KUPASSAR RUNDT NOVENE PÅ 1950-TALET Av Rolf Orheim / tilrettelagt av Hermund Kleppa

s. 25

• FOTO ETTER TOLLEF SANDAL TIL FYLKESARKIVET Av Elin Østevik

s. 27

• TILVEKST TIL BIBLIOTEKET 23.10.2014-26.02.2015

s. 28

• MERKEREGISTERET – KJELDE TIL OPPLYSNINGAR OM FISKEFARTØY Av Hermund Kleppa

s. 29

• UTLØER I VIK Bokomtale ved Randi Melvær

s. 33

• NYE PRIVATARKIV PÅ FYLKESARKIVET I 2014

s. 34

• KVA SKAL BARNET HEITE?

s. 34

Redaksjon

Arnt Ola Fidjestøl (red.), Per Olav Bøyum, Kjerstin Risnes og Erle Hind

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 08039682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Erle Hind. UTFORMING OG PRODUKSJON Skrivargarden AS - www.printfarm.no FYLKESARKIVET I SOGN OG FJORDANE Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00 Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no FYLKESARKIVAR Arnt Ola Fidjestøl, tlf. 971 88 903, arnt.ola.fidjestol@sfj.no

ARKIVARAR Ole Stian Hovland (fagleiar kommunearkiv), tlf. 99 12 37 50, ole.stian.hovland@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 92, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 45, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 70, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 63 81 35, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 63 80 53, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 63 81 34, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 63 80 63, erle.hind@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 63 81 01, lars.berg.hustveit@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), espen.seterbo@sfj.no , tlf. 57638065 NETTSTAD: www.fylkesarkiv.no FRAMSIDEBILETE: Elin Pehrson Grytting i 2011 (foto: Vegard Fimland)

3


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Siste reis for bokbåten i Sogn og Fjordane

Av Cecilie Astrup Bustad

Bokbåten Epos. (Foto: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek)

Bokbåten Epos har vore eit populært og unikt kulturtilbod i mange tiår. Faktisk den einaste bokbåten i Noreg. Han har vore eit samarbeid mellom Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I 2013 fylte han 50 år, men etter å ha overlevd mange budsjettrundar som truga med nedlegging er det no slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane. Etter turen i månadsskiftet februar/mars vil bokbåten ikkje lenger vere å sjå på fjordane i fylket vårt. BOKBÅTEN VERT FØDD Det var Hordaland biblioteklag som først fekk ideen om ein bokbåt. Dei 4

lanserte ideen på 50-talet, og i september 1959 kom den første bokbåten, «Abdulla», i drift. Bokbåten skulle låne ut bøker på småstader som ikkje hadde lett tilgang til bibliotek. Tenesta vart svært populær, og allereie etter 5 turar måtte Abdulla bytast ut med ein større båt. «Fjord Guide» vart leigd inn i 1962, med betre fasilitetar og større plass til bøker og utlån. Frå og med vårturen 1962 vart også tilbodet utvida. I tillegg til bøker hadde Fjord Guide med seg ulike kulturtilbod, til dømes foredrag og film- og musikkframvisingar. Dette starta som eit prøveprosjekt, men vart snart så populært at det vart eit

fast tilbod. Nok ein gong vart det behov for ein større båt, og i 1963 vart «Epos» sett inn som erstatning. Dei første åra gjekk bokbåten i Hordaland, men allereie i 1959 vart det drøfta å utvide tilbodet til å gjelde heile kysten, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. Det viste seg at det ville verte altfor krevjande å dekkje eit så stort område, og målsetjinga vart redusert til å etablere eit felles tilbod for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I 1962 la Kyrkje- og undervisningsdepartementet saka fram for Stortinget, utan at ho vart realitetsdrøfta. Arbeidet haldt fram


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

året etter, og i januar 1964 løyvde Stortinget 42 000 kr til drifta av ein felles bokbåt. Den andre halvparten måtte dekkast av fylka.

Opp gjennom åra har mange ulike skodespelarar og artistar vore med båten på turné og sytt for eit godt og populært kulturtilbod.

BOKBÅTEN I SOGN OG FJORDANE Å få Sogn og Fjordane med i bokbåtdrifta var ikkje berre lett. Fylkesmann Nikolai Schei ville heller byggje ut sentralbiblioteket som nettopp var opna. Fylkesmennene i Hordaland og Møre og Romsdal og bibliotekdirektøren lukkast i å få han til å endre meining i mai 1964, og han gjekk med på å leggje saka fram for fylkesutvalet. Fylkesutvalet drøfta saka på eit møte 21. juni, der konklusjonen vart å ta saka vidare til fylkestinget for å be om tilskot. 17. september vedtok så fylkestinget å løyve 14 000 kr til drifta av bokbåten i 1965. Dette vart gjort på vilkår om at prøvedrifta i 1964 vart funne tilfredsstillande av fylkesutvalet, samt at Hordaland og Møre og Romsdal løyvde tilsvarande beløp.

ØKONOMISKE UTFORDRINGAR Utvidinga av tenestetilbodet for eit større publikum var utfordrande. Stortinget løyvde 30 000 kr ekstra årleg til innkjøp av bøker frå 1963. Likevel var ikkje boksamlinga stor

nok til å dekkje 3 fylke, og vidare drift hang i ein tynn tråd. Forsøk på å få inn pengar frå bankar og organisasjonar i Bergen lukkast ikkje. Sentralbiblioteket i Hordaland budde seg på å måtte leggje ned drifta av bokbåten frå hausten 1965, men klarte å sikre vidare drift. Vilkåra var at stoppa vart reduserte med 1/3 for alle fylka, og at fylkesmennene gav ekstra tilskot til innkjøp av bøker. I 1965 betra situ-

23. oktober 1964 la Epos ut på sin første tur i Sogn og Fjordane. 105 stader skulle besøkast på 23 dagar. Totalt vart det lånt ut 6046 bøker. 17. november sto Møre og Romsdal for tur.

Bokbåten Epos har vore ein populær gjest i over 50 år. (Foto: henta frå facebook-sida til Bokbåten Epos. Med løyve frå Hordaland fylkesbibliotek)

Fylkesbiblioteka er ansvarlege for drifta i sitt eige fylke. Bokbåten har plass til om lag 6000 bøker, og før båten legg ut på turné i Sogn og Fjordane fyller 2 bibliotekarar frå fylkesbiblioteket opp båten med bøker. Her i fylket har ein lagt vekt på å kjøpe inn barnebøker på nynorsk, og om lag 14 av stoppa skjer på dagtid og er direkte knytt opp mot skular og barnehagar. Både skular og born nyttar seg av lånetilbodet på desse stoppa, medan resten av stoppa er utanom arbeidstid og tilbodet er såleis tilgjengeleg for heile familien. Totalt har bokbåten i overkant av 40 stopp i Sogn og Fjordane. I tillegg til utlån av bøker og lydbøker, er det kulturtilbod retta mot barn om bord.

Bokbåten har vekka leselysta i tidleg alder hos mange barn. (Foto: henta frå facebook-sida til Bokbåten Epos. Med løyve frå Hordaland fylkesbibliotek) 5


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

asjonen seg. Då vart Kulturfondet etablert, og bokbåten vart tildelt 300 000 kr til innkjøp av bøker fordelt på to år. Frå starten av 1970-talet og fram til 2001 vart 50% av driftsutgiftene til mobile bibliotektenester, inkludert bokbåttenesta, dekka av staten. Etter ei gradvis nedtrapping vart det i 2005 slutt på denne støtta, og det økonomiske ansvaret for drifta vart lagt over på fylkeskommunane. I Hordaland og Møre og Romsdal gjekk fylkeskommunen inn og tok heile ansvaret for drifta, medan Sogn og Fjordane har hatt ein annan finansieringsmodell. Allereie frå midten av 1980-talet måtte kommunane her betale ein eigedel i form av timepris for å få besøk av bokbåten. Resten av drifta vart dekka av fylkeskommunen. DET STORE 50 ÅRS-JUBILEET Hausten 2013 vart bokbåten

Epos 50 år. Dette vart markert i alle dei 3 fylka, med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Det vart mellom anna gitt ut eit jubileumsskrift, laga ei jubileumsframsyning om historia til Epos og laga nye nettsider. I Sogn og Fjordane vart det lagt inn stopp på 9 stader som tidlegare hadde vore med på ruta til bokbåten. I november i jubileumsåret vart Epos også nominert til prisen «Årets bibliotek 2013». Han rakk ikkje heilt opp og måtte sjå seg slegen av Time bibliotek på Bryne. Det var likevel stort å verte nominert, og i juryen si grunngjeving for nominasjonen kan vi mellom anna lese: «…. Bokbåten er eit bibliotektilbod som er unikt både nasjonalt og i verda, og to gonger i året får nærare 160 småstader besøk av det flytande

bibliotek. Dette er stader som ikkje har eige bibliotektilbod, stader der postkontor, butikkar og kollektivtilbod forsvinn. ….Bokbåten sitt tilbod er fyrst og fremst retta mot barn og har med bibliotekarar som driv aktiv formidling av litteratur. I tillegg byr Epos på kulturprogram med forfattarar, musikk, teater og klovnar. Epos kjem nær folk som elles må reise langt for å finne liknande kulturtilbod. Bokbåten er open for alle og tilpassar seg endringar i mediebruk, busetnad og kommunikasjonsformer. … Epos skapar stort engasjement. Han har vore lagt ned, men har kome att og spreier leselyst og opplevingar alle stader han ferdast.» AVVIKLINGA AV BOKBÅTEN I SOGN OG FJORDANE Bokbåten har vore vurdert lagt ned fleire gonger, i alle 3 fylka. I og med

Bokbåten Epos fylte 50 år i 2013 og feira med jubileumsturné på hausten. (Foto: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek) 6


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

at dette ikkje er eit lovpålagt tilbod, er bokbåten i ei utsett stilling på strame kulturbudsjett. Stort folkeleg engasjement har likevel fått politikarane til å snu kvar gong, men etter vinterturen 2015 er det altså slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane.

native driftsformer. Konklusjonen vart at tenesta burde vidareførast og vidareutviklast, fordi bokbåten er ein viktig del av det desentraliserte kultur- og bibliotektilbodet i Sogn og Fjordane. Dei meinte vidare at tenesta burde evaluerast att etter 5 år.

I 2010 vedtok fylkestinget at bokbåttenesta skulle evaluerast innan 1. juni 2013. Arbeidsgruppa var sett saman av 1 representant for kommunane som ikkje nyttar seg av bokbåttenesta, 1 frå kommunane som nyttar tilbodet, 1 representant frå Norsk Bibliotekforening, 1 frå kulturavdelinga i fylket, samt fylkesbibliotekaren. I tillegg vart det utnemnt ein sekretær frå fylkesbiblioteket. Oppgåva var å sjå på behovet for ei bokbåtteneste, vurdere sjølve ordninga og sjå på moglegheiter for utvikling og alter-

Trass i tilrådinga om vidareføring frå arbeidsgruppa, vert bokbåttenesta i Sogn og Fjordane no lagt ned. Den fylkeskommunale økonomien vert vesentleg stramare framover, og kultursektoren må bidra i innsparingsprosessen. Det går diverre ut over bokbåttenesta. Leigeavtalen for båten går ut 1. september 2015, og då vert tenesta formelt avvikla. Dei siste stoppa til Epos i Sogn og Fjordane vert Batalden, Skorpa og Rognaldsvåg 15. mars. Det er ei svært populær teneste som

no forsvinn. I løpet av åra har om lag 115 000 personar vore om bord i Epos i Sogn og Fjordane, og nesten 1.3 millionar bøker og lydbøker har vore lånte ut. Sidan oppstarten har det og vore arrangert 3500 kulturprogram om bord i båten. KJELDER: «Bokbåten i Sogn og Fjordane», evalueringsrapport. Saksnr: 12/5702-6, Sogn og Fjordane fylkeskommune, 11.09.2013 «Bokbåten Epos – Vestlandet sitt flytande bibliotek i 50 år», jubileumsskrift. Møre og Romsdal fylkesbibliotek (red.), Ålesund 2013 Fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane, 1964 og 1965 Bokbåten Epos, www.bokbaten.no

Elevar frå United World College vitja Fylkesarkivet Av Espen Sæterbø

Over 30 elevar frå den internasjonale skulen United World College i Fjaler kom til fylkeshuset på Leikanger tysdag 10. februar for å lære meir om arkiv og om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid. Etter innleiande presentasjonar av fylket, fylkeskommunen og fylkesarkivet, fekk elevane ei omvising i magasina våre. Elevane var interesserte, og hadde mange gode spørsmål undervegs. Resten av dagen var sett av til gruppearbeid. Tilsette ved arkivet hadde laga oppgåver på førehand og leia kvar sine grupper med ulike tema innafor fylkesarkivet sine arbeidsområde. Nokre av gruppene samanlikna tilgangen til offentlege arkiv i Noreg mot eige heimland, ei gruppe

jobba med privatarkivet etter misjonær Malla Moe frå Hafslo, ei gruppe jobba med stadnamn og ei gruppe jobba med folkemusikk frå Fjaler. Under presentasjonane var det tydeleg at elevane hadde lært mykje og gjort seg mange tankar om arkiv, stadnamn og folkemusikk i sine eigne land gjennom å samanlikne med måten arkiv vert danna og tilgjengeleggjort i Noreg. Elevane presenterte oppgåvene sine på ein framifrå måte.

7


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Eit konsentrert publikum på stadnamnmøtet den 11.02.2014 i Gaupne. Fremst til høgre sit Jo Tore Kristoffersen frå fylkeskommunen. Han heldt eit innlegg om fylkesatlas på møtet. Foto: Erling Bjørnetun

Stadnamninnsamling i Luster – nesten i hamn Sidan 2002 har sogelaga i Luster arbeidd med vidare innsamling av stadnamn, frå 11 000 stadnamn i 2002 til 19 000 stadnamn i 2015. Desse skal no publiserast på Internett. 2002 Per Arvid Hauge i Luster sogelag tok i 2002 kontakt med Fylkesarkivet og ville at sogelaga skulle arbeide vidare med stadnamninnsamlinga frå 1985/86. 11 000 stadnamn frå Luster kommune skulle bli fleire. Dei tre sogelaga Hafslo sogelag, Jostedal historielag og Luster sogelag tok tak i innsamlinga på nytt. Som grunnlag brukte dei innsamlinga som blei gjort i 1985-1986. Dei brukte også skulebarninnsamlinga frå 1932, sett i gong av Gustav Indrebø. I einskilde område, som i Jostedalen, brukte dei også andre innsamlingar som samlinga etter Frøysadal. JAMT ARBEID I MANGE ÅR Sogelaga har arbeidd jamt og trutt i alle desse åra med innsamling. Mange har vore i sving og har lagt eit betydeleg arbeid i dette. Dei 8

har også arbeidd med finansiering av arbeidet. Sogelaga har både fått kommunale midlar og sponsormidlar. Den vitskaplege handsaminga og punching av kvart einskilt namn kostar. Digitaliseringa av karta er gratis. Det står Fylkesarkivet for. I dag ligg det allereie ute om lag 9 000 stadnamn for kommunen.

Av Randi Melvær

UTLEGGING AV LYD Tidlegare har Fylkesarkivet prøvd å publisere lyd i stadnamndatabasen på Internett. Dersom ein søkjer opp stadnamn for Gulen, kan ein gå inn og lytte til uttalen av stadnamn. Dette er muleg å gjere for Luster også dersom det lokalt er nokon som kan gjere arbeidet.

Stadnamngruppa i Luster: Arne Kvalen frå Hafslo sogelag, Olav Stølen frå Jostedalen historielag og Bjørg G. Hovland frå Luster sogelag. Heilt til venstre ordførar i Luster Ivar Kvalen og heilt til høgre Randi Melvær frå Fylkesarkivet. Foto: Erling Bjørnetun


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Jølster snikkarskule 1933-34. Bak frå venstre: Bertil Eikås, Leiv Hjellebrekke, Matias Refsdal, Erling Gjesdal. Framme frå venstre: Geirmund Åse, Bjarne Hammar, Olav Fluge, Kristian Eikås, Anton Vårstøylen, Johannes Hammar, Sverre Fossheim, Karstein Strand. Fotograf: ukjent.

Arkivet etter Kristian Eikås

Av Per Olav Bøyum

Fylkesarkivet fekk for ei tid tilbake innlevert arkivet etter Kristian Eikås. Han var drivkrafta bak opprettinga av Heimeyrkeskulen i Jølster, og stod sentralt i fornyinga av handverk og formgjeving i bygda.

knytte han kontakt med Nikolai Astrup. Venskapen med den kjende kunstmålaren forsterka Eikås si interesse for husflid og formgjeving. Interessa vart òg stimulert gjennom kontakt med andre bygdekunstnarar og handverkarar i Jølster.

vil eg legge største vekta på det reformarbeidet som vi gjorde med snikkarskulen for nokre år sidan. Vi sette oss føre å rydde ut drakestilen og brunbeisinga, og ville i staden få inn enkle former med heimleg tradisjon, og skikkeleg fargebruk.

Kristian Eikås vart fødd 31. juli 1899 i Jølster. Han gifta seg i 1930 med Engel Sandal. Dei fekk fem born i lag. Kristian døydde 20. februar 1974.

Eikås fekk utdanninga si frå Volda lærarskule. Etter fullført eksamen returnerte han til heimbygda, der han fekk jobb som lærar i Sandal. Men det var aldri tvil om at hugen hans brann for husflid og heimeyrke. Det skulle for alvor vise seg i det reformarbeidet han leia med snikkarskulen i Jølster på 1930-talet.

Slik innleiar Eikås ei dokumentsamling som syner arbeidet fram mot endringa av snikkarskulen på 1930-talet. Heimeyrket i Jølster hadde i stigande grad vorte påverka av stilartar utanfrå. Eikås meinte at bygda burde stø seg på sine eigne tradisjonar innan møbelsnikring og brukskunst. Med seg på laget fekk han kunsthandverkaren og kyrkjerestauratøren Finn Krafft.

Eikås vaks opp i ei bygd med rike handverkstradisjonar. Både familien og bygda elles var avgjerande for livsvegen han slo inn på. Bestefaren, Kornelius Eikås, var til dømes ein svært dyktig smed, som etterlet seg mykje framifrå handverk. I 1921 flytta Kristian til Sandal. Der

KRAFFT-STRIDEN Når eg her skal gi ei utgreiing om serlege tilhøve ved husflid og arbeidsopplæring i Jølster,

I Jølster kom det til ein snikkarskule i 1918, som tilbaud 4-månaders kurs i året. Det var skulestyret som 9


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

hadde det administrative ansvaret for skulen. Kursa flytta etter tur mellom krinsane i bygda. Skulen skulle gje ungdomane ei allsidig opplæring, med kurs i både møbelsnikring og utarbeiding av gardsreiskapar. Hovudvekta kom likevel til å bli lagt på møblar. Det grunna seg i at mange på den tida hadde flytta ut av dei gamle sperrestovene og inn i nye og større hus. I tillegg ynskte gjerne dei som framleis budde i sperrestover å fornye møblementet sitt. Då melde trongen seg for husbunad. Men i fylgje Eikås vart resultatet i Jølster so som so: i staden for langbenken kom det sofa og stolar. [...] Utskorne kråskåp med spegelglas inne i det opne rommet var ikkje uvanleg å sjå. Nå ein så sette inn der ein «fin» nipsting, synte det seg gjenom speglane at der stod tre stykker. Det skulle vel gi illusjon om større rikdom. Pinnestolane som sjølvsagt lenge hadde gjort sin innmars, vart no dødsdømte til

føremun for utskorne drakestolar. Eikås hevda at det vart nytta for mykje tid på utskjeringar. Arbeidet burde bli lagt om, i meir praktisk lei. Det ville i tillegg opne opp for heimeyrket som leveveg. Dei rikt utskorne møblane var det knapt nokon som kjøpte. Det var ordføraren i Jølster, Nils Øvrebø, som på nyåret i 1932 tok initiativ til ei omlegging av snikkarkursa. Han fekk skulestyret med på å velje ei nemnd som skulle kome med forslag til endring av reglane for skulen. Kristian Eikås vart leiar av nemnda. Med seg fekk han to gardbrukarar, Johan Dvergsdal og T. Årdal. Eikås sette i gang reformarbeidet med ei klar målsetjing: Drakestilen og brunbeisinga måtte utryddast, og der måtte kome noko i staden som var kulturberande og sermerkt for bygda. Ungdomen måtte og lære skyne at å kopiere treskurdmønster ikkje har noko med kunst å gjere, men er berre daud

rutine. I det heile måtte ein få bort den mistydinga at når det skal lagast brukskunst i vår tid, så er det berre å gripe attende i stilartar og kopiere. Drakestilen hadde avgjerande innverknad på dei rike utskjeringane som dominerte snikkarskulen i Jølster den fyrste perioden. Dette stilidealet rådde grunnen i tiåra kring 1900. Innan treskjerarkunsten fekk det storfelte uttrykk i drakemotiv og dyreornamentikk. Nemnda Eikås leia arbeidde fort. Allereie i august 1932 vedtok skulestyret i Jølster endringar i reglane for snikkarskulen. Det vart vedteke å kjøpe inn nye mønster. Heretter skulle møblar på skulen bli utarbeidde etter dei nye modellane. Den nasjonalromantiske drakestilen vart såleis skuva ut i kulda. Men den nye retninga Eikås leidde snikkarskulen inn på, skjedde ikkje heilt friksjonsfritt. Etter kort tid protesterte nokre elevar sopass kraftig at skulestyret såg seg nøydd til å halde eit ekstraordinært møte. Der lempa dei noko på reglane

Pennal laga på fabrikken til Eikås-brørne på Fluge i Jølster. Foto: Sunnfjord Museum. (Creative Commons 3.0)

Jølsterstolen, teikna av Finn Krafft til snikkarskulen i Jølster. Det var Kristian Eikås som kom med forslaget om å kalle stolen opp etter bygda. 10

Frå utstillinga etter det første kullet som gjekk ut frå Jølster Heimeyrkeskule 1945-46.


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

tradisjonar innan trearbeid, smiing, veving, bunadsaum og anna forming. Forløparen var nokre kveldskurs Eikås i privat regi sette i gang vintrane 1936-37 og 1937-38. I 1945 sende han skulestyret plan for ein heimeyrkeskule i Jølster. Kommunen såg med velvilje på tiltaket, og løyvde dei nødvendige midlane for at skulen skulle kome i gang. Det vart vidare vedteke at skulehuset i Sandal skulle hyse elevane.

Teikningar av Kristian Eikås

Skulen starta opp 8. oktober 1945. Fyrste skuleåret gjekk det 10 elevar, alle frå Jølster. Dei fire fyrste åra var skulen kommunal. Frå 1949 overtok fylkeskommunen drifta. Etter 10 år i leigde lokale kunne skulen i 1955 flytte inn i eige, nyreist bygg på Vassenden. Eikås sat som rektor frå oppstarten og fram til 1969.

Arkivet etter Kristian Eikås inneheld ei mengde skisser og teikningar. På denne har han notert: «Bestemorstolen», Stol frå Jølster, brukt 1850-1910. Teikna etter minnet.

som tidlegare hadde blitt innførte, slik at elevane stod friare til å velje teikningar og mønster. Eikås samanlikna omskipinga av snikkarskulen med målstriden: «Som det heimlege målet er det beste uttrykksmiddel for tanke og ånd, så er også det heimlege formeller stilspråk best skikka til å gi uttrykk og utløysing for den skapande evna i folket.» No vart nok ikkje reforma av snikkarskulen like kvass og hard som målstriden. Eikås hevda sjølv at halve bygda hadde teke parti i saka, anten for eller mot den nye stilretninga. Men etter kvart roa det seg ned. Folk fekk sjå resultatet av dei nye snikkarskulemønstra, og vart

meir positive til endringa. Når «Krafft-striden» likevel fortener omtale, er det dels fordi han fortel ein heil del om personen Kristian Eikås. I tillegg skulle mykje av tankegodset bak endringa av snikkarskulen - som næringsperspektivet, opplæringa av elevar til sjølvstendig arbeid, og dessutan fremjinga av form og brukskunst særmerkt for bygda – bli ført vidare i Heimeyrkeskulen i Jølster. HEIMEYRKESKULEN I JØLSTER Kristian Eikås var den sentrale personen bak Heimeyrkeskulen i Jølster. Han målbar tidleg ein eigen skule for husflid og småindustri, som skulle føre vidare bygda sine

Skulen starta i det små, med eit 6 månaders kurs i trearbeid. Nokre år etter kom det tilbod i smiing, saum og veving. Jentene gjorde dermed sitt inntog i skulestova. Mykje av grunnlaget for skulen var tufta på tanken om å skape levevegar for bygdeungdomen. Frå gamalt av hadde bruksting og reiskapar vorte laga på gardane, men utover 1900-talet endra det seg. Slik vart utviklinga skildra i ein avisartikkel om Kristian Eikås og skuleprosjektet hans: Men so kom umskifte. Det vart mange butikkar og der kunde ein kjøpa alt ein trong. Far og son stod gjerne på budi og hang heile kvelden. Var skaftet på øksi roke av, fekk dei kjøpa med seg heim eit, som kanskje var laga i Amerika. Med dette bar det i ei gali leid. Det garden gav vart på denne måten for lite å hjelpa seg med når alt skulde kjøpast. Den gamle trivnad og velstand kvarv frå garden og bygdi. Eikås såg på utflyttinga som eit 11


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Teikning av Kristian Eikås

trugsmål mot bygda. Skulle ein lukkast med å stoppe avfolkinga, måtte det skapast alternativ til arbeidsplassane i byar og industristader. Heimeyrkeskulen var eit verkemiddel for å nå dette målet. Eikås såg for seg små produksjonseiningar i Jølster, der dei gamle handverktradisjonen skulle syte for innkome og levebrød for folk. I 1992 vart skulen slegen saman med Mo Jordbruksskule. Sluttstreken vart sett i 2013, då fylkestinget vedtok å leggje ned Jølster-avdelinga. NÆRINGSVERKSEMD OG ORGANISASJONSLIV Kristian og broren Bertil tok i 1927 til å lage penneskaft og pennalhus i ein liten verkstad på Eikås. Lakkering- og dekoreringsarbeidet vart utført i Sandal, der Kristian var lærar. I 1936 bygde brørne ein fabrikk på Fluge. På det meste arbeidde 10-12 mann i Brørne Eikås Trevare. Fabrikken brann ned i 1959. På folkemunne kom verksemda til å heite pennalfabrikken, eller berre pennalen. Ikkje reint få skuleelevar har stifta kjennskap til pennalhusa frå Jølster. Dei kom i fleire variantar, men «Sjølhjelpa» var truleg det mest kjente. På loket var det rissa inn mål og vekt, og det kunne bli nytta til både linjal og målestav. Eikås tok fatt på ny næringsretta

12

aktivitet då han i 1964 var med på å skipe Jølster Tre og Form AS. Verksemde sikta mot å skaffe arbeidsplassar innan husflidproduksjon for dyktige elevar på Heimeyrkeskulen. Eikås var i tillegg sentral i stiftinga av partlaget Jølster kunsthandverk, som skulle fremje sal husflidvarer. Han gjorde seg òg sterkt gjeldande i organisasjonslivet. I 1939 tok Eikås initiativ til Jølster heimeyrkelag. Bortsett frå nokre år på 1950-talet var han formann i dette laget heilt fram til 1970. Under Eikås si leiing utvikla heimeyrkelaget i Jølster seg til å bli eit av dei største og mest aktive i fylket. Av tiltaka han fremja var til dømes husflidutstillingar, salsmesser, kurs og utvikling av bunader for Jølster. KONGENS FORTENESTEMEDALJE I GULL Kristian Eikås fekk i 1973 eitt av våre fremste heidersteikn. Kongens fortenestemedalje i gull oppnådde han for den store kulturinnsatsen han i eit langt liv hadde lagt ned, og i tillegg for grunnlegginga av Heimeyrkeskulen i Jølster. Fylkesmann Ekeberg la under overrekkinga vekt på Eikås sin innsats for å ta vare på og utvikle gamle tradisjonar i Jølster. Eikås på si side takka audmjukt for heideren, og la til at han ville dele æra med kona Engel. Utan henne hadde han ikkje ha fått utretta det han gjorde.

Olav Bakke, formann i Sogn og Fjordane husflidlag, kom i søknadsbrevet til kongen inn på det store verdet av Eikås sin innsats: I Jølster er det framleis betydeleg interesse for husflid. Det meste av produksjonen vert i dag omsett gjennom Audhild Vikens vevstove på Skei i Jølster, som har utvikla seg til å bli ei betydeleg verksemd etter tilhøva her. Vi nemner at vevstova har meir enn 200 faste heimeprodusentar og at førstehandsverdet av den årlege salsproduksjonen er oppe i kr. 750 000. Husflidproduksjonen gjev såleis verdfull attåtinntekt i mange heimar i Jølster og nabokommunane. Det kan neppe vere tvil om at Eikås sitt mangesidige arbeid for husflidsaka gjennom ei lang årrekke har vore ein viktig føresetnad for denne verksemda. Eikås har i det heile gjort mykje for å ta vare på og vidareføra kunsthandverks- og husflidstradisjonane i Jølster. På fleire område rekk verdet av arbeidet hans til heile Sogn og Fjordane – og enno lenger. Vi ser på Eikås sitt arbeid både som kulturinnsats og som næringsinnsats og vurderer det sers høgt. Arkivet Arkivet er dominert av teikningar. I hovudsak er det tale om arbeid utført av Kristian Eikås, men Aasmund Esval og Finn Krafft er òg representert med mønster. Visuelt er såleis stilretninga som Eikås stod


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

for godt dokumentert i arkivet. Attåt teikningane finst det òg rikeleg med skriftlege kjelder. Ei forvitneleg dokumentsamling Eikås sjølv kalla «Krafft-striden» inneheld korrespondanse med Finn Krafft og avskrifter av møte i skulestyret. Desse aktstykka summerer grundig opp det reformarbeidet snikkarskulen i Jølster gjekk gjennom på 1930talet, i alle høve sett frå Kristian Eikås sin synsstad.

Teikning av Kristian Eikås

Eikås knytte etterkvart venskapsband med Krafft. I arkivet finst det difor brevbyte mellom dei av meir privat karakter. Det inneheld i tillegg korrespondanse med den utflytta systrendingen Rolf BullHansen, ein reformator innan teiknefaget. I arkivet er det òg mykje materiale frå dei to verksemdene Jølster Tre og Form og Br. Eikås Trevare. Det er tale om protokollar og dokument som ein kan vente å finne i mindre bedriftsarkiv: litt korrespondanse, ein god del rekneskap m.m. Arkivet synleggjer elles interessefelta og arbeidslivet til opphavsmannen. Det finst arbeidsboknotatar frå 1939-40, då Eikås gjekk på Statens sløyd- og tegnelærerskole på Notodden, talar, referat frå studieturar, foto og ymse anna. KJELDER OG LITTERATUR SFF-2012150 Eikås, Kristian Tyssen, Asbjørn: Kristian Eikås og snikkarskulen på Jølster. I: Jul i Sunnfjord 2014, s. 7-11 Attersyn: Jølster Heimeyrkeskule 1945-1949, Heimeyrkeskulen i Jølster 1949-1979. Skriftsstyrar: Idar Grindheim. NRK fylkesleksikon: Pennalfabrikken Teikning av Kristian Eikås 13


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Kulturarvarbeidaren

Av Erle Hind

ELIN PEHRSON GRYTTING • Norsk kulturarvarbeidar, folkesongar og formidlar, fødd 13. februar 1952 i Bærum i Akershus. • Busett på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord frå 1976. • Sidan ordninga si byrjing i 1989 har ho vore tilsett som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane med vokal folkemusikk som hovudarbeidsområde. • Gjekk av med AFP 1. april 2014. • I tillegg til folkesong, arbeider Grytting òg med folkedans, fele og hardingfele. • Ho er mellom anna utdanna som faglærar innan musikk frå Østlandets Musikkonservatorium og i folkedans frå NTNU i Trondheim. Elin Pehrson Grytting i 2011 (foto: Vegard Fimland)

Ein av dei aller mest aktive kulturarbeidarane i Sogn og Fjordane gjekk av med avtalefesta pensjon 1. april 2014. Men tru ikkje at Elin Pehrson Grytting held noko lågt aktivitetsnivå, sjølv om ho no er pensjonist. Ein sur og våt onsdagsføremiddag i februar plukkar Elin Pehrson Grytting meg opp på rutebilstasjonen på Sandane. Etter å ha forsikra seg om at eg har med matpakke, set ho kursen mot Nordfjord folkemuseum med meg i passasjersetet. Grytting brukte å ha kontor på museet fram til ho gjekk av med avtalefesta pensjon i fjor vår. I desse dagar er distriktsmuseet i Nordfjord arena for ei utstilling med maleri av kunstnar og kulturperson Petter Eide, som i 2015 fyller 90 år. Grytting tek meg med på ei omvising på museet, og fortel 14

om verka til biletkunstnaren. Nordfjord folkemuseum er plassert i friluftsområdet Jølet, og dei store naturområda skapar ei idyllisk råme rundt museet. Mindre idyllisk må ein kalle den enorme, sølvfarga kolossen av ein idrettshall som ligg rett framføre hovudinngangen til museet. Hallen skuggar for alt av utsikt mot Gloppefjorden, ein fjordarm av Nordfjord, og står i sterk kontrast kontrast til Firda vidaregåande skule og Gloppen folkebibliotek som ligg like ved. Den spesielle, eller kanskje eg skulle seie manglande, utsikta frå museet er gløymt så snart eg får ein kopp te framføre meg og kan trykke på ”record” på den handhelte lydopptakaren. Mange i Sogn og Fjordane, vaksne som born, vil kjenne Elin Pehrson Grytting som kulturarbeidar.

Etter at ho og ektemannen Jan Grytting flytta til Sandane i 1976, har ho blitt ein røynd og anerkjend folkesongar, formidlar og kulturarbeidar ikkje berre i regionen, men i heile fylket. Ho har reist ut i regi av mellom anna Den kulturelle skulesekken, Rikskonsertane og Folkeakademiet, og turnert det som er av skular, barnehagar, grendahus og kulturhus i Sogn og Fjordane. I fjor vår gjekk ho av med avtalefesta pensjon. Ho hadde då, 62 år gamal, vore tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune si fylkesmusikarordning sidan byrjinga i 1989, og dessutan arbeidd i musikkskulen i Gloppen kommune frå 1976 og fram til 2008. Sjølv om kulturarbeidaren no er pensjonist, ligg ho ikkje på latsida. «Då eg gjekk av med AFP var det nettopp med tanke på at eg, i åra


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

fram til den vanlege pensjonsalderen, kunne greie å få gjort ferdig fleire prosjekt som har vore halvferdig lenge,» forklarar Grytting. Eit av prosjekta ho arbeider med å ferdigstille, er eit bokprosjekt om diktarpresten Claus Frimann. Kulturarbeidaren fortel at vegen til Claus Frimann gjekk gjennom folkesongaren Paul Johan Berstad, som song tekstar av Claus Frimann. Og stemma til Paul Berstad blei ho kjend med før ho trefte sjølve personen, nemleg gjennom lydopptaka gjort av ektemannen hennar. I 1973, 21 år gamal, blei Elin Pehrson gift med Jan Grytting (1942-2007). Dei to treftes på dansegolvet. Mor til Elin, Signe Kristine Dale Pehrson (1920-2014), var frå Aurland i Sogn, men flytte til Bærum i Akershus som tenåring. Gjennom si 9 år eldre syster Ragnhild, blei Elin teke med inn i Sogn og Fjordane-ringen i Nordahl Brunsgate i Oslo, etter at systera fyrst hadde starta ein barne-leikarring på Bryn skule i Bærum, der Elin var elev. Ho undra seg over alle folkesongane dei dansa til, dei tiltalte ho fordi dei var så annleis. Ein vinter kom det eit nytt medlem i Sogn og Fjordane-ringen. Det var ein kar frå Selje i Nordfjord, som heitte Jan Grytting. «Det å treffe Jan var viktig for interessa mi for folkesong. Han hadde gjort lydopptak frå radioen av sambygdingen Paul Berstad, med bandspelar og mikrofon retta mot høgtalaren på radioen. Då han skjønte at eg interesserte meg for folkesong, overlet han nærast lydopptaka til meg.» Same år som ho gifta seg med Jan, tok Elin til med studiar på Østlandets Musikkonservatorium. Ho fortel om ei einsam tid som folkemusikkinteressert student. Då ho skulle ha obligatorisk songundervisning på konservatoriet, spurde ho om å få folkesong. Førespurnaden hennar blei møtt med øredøyvande tausheit. I staden vart det tre år med klassisk song, som

Elin Pehrson Grytting og Lars Ryssdal, innsamlingsarbeid rundt 1984 (foto: Dagfinn Nyhammer)

trass alt var interessante. Etter fullførte studiar på faglærarlinja, flytte Elin og ektemannen til Sandane i1976. Jan Grytting fekk jobb som ingeniør hjå Firdakraft, medan Elin vart tilsett i Gloppen musikkskule, som då var nyopna. Musikkskulen hadde starta opp i 1974, som fyrste i fylket. Nokre travle år følgde, med arbeid i skuleverket og musikkskulen, og reiseverksemd over heile kommunen. Etter ei stund valte ho å berre arbeide i musikkskulen. Der skulle ho bli fram til 2008. Interessa for folkemusikk hadde ikkje slokna, snarare tvert imot. Grytting fortel entusiastisk om eit helgekurs i song, spel og dans, som blei arrangert for fyrste gong på Frøystad pensjonat på Breim i 1981. Her møtte ho folkesongaren Paul Johan Berstad for fyrste gong. Med på kurset var også Rolf Myklebust, Lars Ryssdal, Marta Seljeset Frøland, Lina Gausemel, Rasmus Øiestad, Synneve Lillestøl, Elling Seljeset junior og dessutan Ragnar Vigdal frå Jostedal i Sogn. Grytting sjølv hadde ikkje fylt 30 då den fyrste kurshelga på Frøystad pensjonat fann stad. Blant alle dei eldre deltakarane innsåg ho at ho måtte gripe fatt i kjeldene og all den gamle songtradisjonen, og halde fram med å gjere lydopptak etter

Elin Pehrson Grytting i 2011 (foto: Vegard Fimland)

helga på Frøystad pensjonat. «Dessutan skjønte eg at det var viktig å arbeide for å få folkemusikk inn i musikkskulen. Med ein eineståande sjef, Arne Søholt, fekk eg handlingsrom til å tilby folkemusikk som del av feleopplæringa. Seinare vart også folkesong eit tilbod i musikkskulen i Gloppen.» «Noko anna som gjorde veldig inntrykk på meg, og som gjorde meg merksam på at det fanst ein songtradisjon i min eigen familie, var då Svein Skjerdal fortalte meg at det fanst lydopptak med mormora mi i Arne Bjørndals samling i Bergen. Arne Bjørndal hadde gjort opp15


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

fon, hadde eg telefonsvarar heime. Då opplevde eg av og til at mamma hadde sunge inn melodiar på svararen. ‘’No har eg kome på enda ein ny song, og eg må berre synge han inn her, sånn at eg ikkje gløymer han!’’», fortel Elin, og ler. «Det å lære meg materialet i både min familie sin songtradisjon og dei andre songtradisjonane i fylket var ein viktig prosess, både for å lære sjølve songane, men også for å sjå korleis songane var oppbygd. Lytteprossessen er intens, ein må vere konsentrert og nøyaktig i å gjenskape det ein meiner å høyre, tonalt og rytmisk. Og det er viktig å stole på gehøret sitt. Soleis blei eg medviten på korleis eg skulle lære songmaterialet vidare.» Grytting har vore ei eldsjel for folkemusikken i Gloppen sidan 1970-talet. Ho har lært vekk folkesong, drive rekrutteringsarbeid, starta opp juniorspelemannslag, og arbeidd svært mykje med innsamling. Ho skjønte tidleg det nesten ikkje var andre som var interessert i folkesongtradisjonane. Fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane, her på festival i Confolense i Frankrike i 1990. Personane på biletet frå øvst: Olav Tveitane, Oddbjørn Ramstad, Sigmund Eikås, John Oddvar Kandal og Elin Grytting. (foto: ukjend)

«Eg ante ikkje at mormor hadde nokon songtradisjon. Det å høyre lydopptaka etter henne gjorde såpass sterkt inntrykk på meg at eg innsåg eg måtte ta til med gravearbeid. Det var ein viktig del av oppvakninga mi.» Då mor til Elin fekk barnebarn, opna det seg eit skattekammer av melodiar. Det viste seg at ho hadde mykje songtradisjon etter mor si.

songtradisjonen etter mormor. Men mormor gjekk rundt i huset og song døgnet rundt då mamma vaks opp på Bjørgo i Aurland. Mormor kunne syngje i fleire døgn og likevel ikkje kome att til den same songen. Så stort repertoar hadde ho,» seier Grytting. Kristine Frondal Dale song mykje for dotter si. Søster til Elin, Ragnhild, fekk ein son i 1977, og etter det trilla det ut stadig «nye» songar. Familien gjekk frå å vere uvitande til songtradisjonen frå Sogn, til å ha eit familiemedlem som nærast bobla over av folkesongar. Ho kom på den eine songen etter den andre. Rim og regler, salmar og viser dukka opp frå minnet hennar.

«Familien ante ikkje noko om

«Før i tida, før ein fekk mobiltele-

tak med henne på gamleheimen i Aurland i 1956,» fortel Grytting. Kristine Frondal Dale, som var frå Østerbø i Aurlandsdalen, døydde 87 år gamal i 1962, då barnebarnet Elin var 10 år.

16

«Det var mange som interesserte seg for spel, ikkje fullt så mange som interesserte seg for dans. Songen var eg faktisk omtrent åleine om.» Ho blei oppteken av at folkesongtradisjonen skulle leve vidare, takast vare på og vernast for ettertida. «Heilt frå eg begynte å skjøne kva folkemusikk, folkesong og folkedans eigentlig var, så forstod eg at dette er ein tradisjon som kan gå tapt. Så eg har vore veldig interessert i og opptatt av å prøve å yte min skjerv når det gjeld å få samla inn mest mogleg av det som eg kunne få fatt i.» Grytting snakkar særs varmt om den særmerka, rike songtradisjonen i Sogn og Fjordane fylke. Det finst mange flotte stemmer som det er viktig å ta vare på og formidle vidare. Allereie frå ho flytte til Sandane i 1976 blei Elin Grytting kjend med tradisjonsberarar som


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

blei rekna som viktige kjelder frå heile fylket. Som tilflyttar kjende ho på ein skepsis frå dei ho dokumenterte. Dei eldre som austlendingen reiste rundt til då ho tok til med innsamling, kunne vere ganske avventande. Nokre var skeptiske til å synge inn og fortelje noko som dei trudde kanskje skulle på radioen. Då måtte ho fortelje kven ho var, at ho var busett på Sandane og tilsett i kommunen. Opptaka skulle gjerast fordi ein ynskte å ivareta tradisjonane og kunnskapen som var unikt for eldre innbyggjarar i kommunen. Då dei forstod at innsamlinga blei gjort av ei som hadde ei genuin interesse for folkemusikktradisjonane, opna kjeldene seg nærmast som ei sluse. Det å ha blitt vist slik tillit frå kjeldene, har vore Grytting si drivkraft. Ho fungerte som ein svamp, som trakk til seg informasjon og kunnskap. Innsamlingsarbeidet gjorde at ho såg ei lette hos kjeldene. Dei følte at no var materialet og kunnskapen deira sikra for ettertida. «Eg har vore heldig som har fått drive med det som eg har vore veldig oppteken av. Eg meiner folkesongtradisjonen har vore ein vesentleg del av vår totale kulturtradisjon her til lands. Det er ikkje for ingenting at eg i dag kallar meg sjølv for korkje musikkskulelærar eller fylkesmusikar: eg kallar meg for kulturARVarbeidar. Mi rettesnor er med fortida – til framtida. Viss vi ikkje har med oss fortida, blir det også vanskeleg å leve i samtida og å tenke framover». Kulturarvarbeidaren har brukt fleire tiår på å halde kulturarven vår i hevd, og innsatsen hennar har blitt verdsett. Ho vedgår at det av og til har vore enkelt å spørje seg sjølv om det er nokon vits i arbeidet. «Ærleg tala Elin, det er berre du som driv med dette her – er det nokon vits?!», ler ho. Men fleire aktørar veit å verdsette henne.

Store og små spelemenn utanfor Breimshallen ca. 1987. Truleg markering av at ”nye” Breim Spelemannslag var 15 år. Foto: truleg frå Firda Tidend.

Frå venstre: Torill Thy (gift Nedrehagen), Elin Pehrson (gift Grytting), Signe Kristine Dale Pehrson. Framme: Kristine Frondal Dale. Foto: privat, teke framfor gamleheimen i Aurland i 1962. Biletet er henta frå artikkelen «Songen på kyrkjeveg» i bladet «Vi over 60» juni/juli 2002.

Folkemusikkprisen 2014 blei utdelt på Fylkeskappleiken på Sandane av Sogn og Fjordane folkemusikklag, og i 2011 fekk ho Gloppen kommune sin kulturpris. Nordfjord Sogelag påskjøna henne med ein heiderspris i 1999, for arbeidet med folkesongtradisjonane i Nordfjord generelt og arbeidet med diktarpresten Claus Frimann spesielt. Dessutan har ho motteke prisar og stipend frå mellom andre Rådet for folkemusikk og folkedans, Statens kunstnarstipend og Sogn og Fjordane fylkeskommune. At kulturpersonen har hatt, og har framleis, ein sentral posisjon i

Gloppen kommune og fylket elles, er det inga tvil om. Ho innrømmer gjerne at det har vore svært rørande å ta i mot prisane og utmerkingane, ein viktig stimulans til fortsatt arbeid. For ein kulturarvarbeidar som har brukt heile sitt yrkesaktive liv på folkesong og tradisjonsmateriale, er det tøft på sjå at NRK går med planar om kutt i Arkiv & Research. Etter at dette intervjuet blei gjennomført, kom det fram at Gunn Sølvi Gausemel held fram i jobben som arkivar for folkemusikk i NRK, 17


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

og difor ikkje blir råka av kutta. Gausemel har vore tilsett i NRK sidan 1985, og har dagleg ansvar for NRK sitt folkemusikkarkiv. Sjølv blei austlendingen, som gjorde vestlending av seg på 1970-talet og føler seg mest som det, tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune si fylkesmusikarordning i folkemusikk som starta opp i 1989. Elin Grytting blei tilsett på folkesong og hardingfele saman med Sigmund Eikås som blei tilsett på hardingfele, John Oddvar Kandal på vanleg fele, Arne M. Sølvberg på fele og hardingfele, Olav Tveitane

på kompeinstrument og Oddbjørn Ramstad på trekkspel. Fylkeskommunen hadde allereie mange distriktsmusikarar i sjangrar som klassisk og rytmisk musikk som pop, rock og jazz. Etter kvart kom dåverande fylkeskultursjef Lidvin M. Osland på bana. Med hans engasjement vart fylkesmusikarordninga sett i gong med liv og lyst i 1989. At fylkeskommunen skulle gå med på å tilsette musikarar i ei nyoppretta ordning særleg for folkemusikk, var nesten for ein revolusjon å rekne. Men folkesongaren er ikkje fornøgd med utviklinga i fylkesmusikarordninga no. Ho er bekymra for kutta

i fylkeskommunen. Etter at dei tilsette har slutta eller gått av med pensjon, har det ikkje blitt tilsett nye i stillingane. «Eg er bekymra for fylkeskommunen si innstilling til denne unike folkemusikarordninga. Eg trur ikkje dei heilt skjønar kva slags ansvar vi faktisk har. Kven andre skal ta vare på folkemusikktradisjonane i Sogn og Fjordane om vi ikkje gjer det sjølv?» avsluttar Elin Pehrson Grytting retorisk.

Vereide kyrkje

Kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år Bokomtale v. Randi Melvær

Dette er ei praktbok om ei nydeleg kyrkje. Alderen 850 år i 2013 er ei kvalifisert gissing – ein har sett årstalet 1163 som byggeåret. Manglande kjelder gjer det umogeleg å fastsetje alderen heilt eksakt, men det som er sikkert ar at ho er ei mellomalderkyrkje i romansk stil og at ho er frå før 1300.

MANGE FORFATTARAR Det har vore mange i aksjon for å få denne boka klar. Ove Eide har vore redaktør, men også forfattar for eit par kapitel. Ronny Solheim har vore fotograf, og Bård Vereide biletredaktør. Bak i boka er i alt 10 personar lista opp som anten har skrive eller sørgja for foto. RYDDIG OPPSETT Boka er sett opp veldig ryddig. Etter kvart kapitel er det sett opp kjelder 18

som kapitellet byggjer på, både skriftlege og munnlege. Del 1 av boka tek føre seg kyrkja og kyrkjelyden frå mellomalderen og fram til i dag. Her har Anders Rinde skrive om Vereide kyrkje i mellomalderen. Han fortel at kyrkja truleg står på ein plass der dei dyrka sola i tidlegare tider. Her kor kyrkja står er det flest sol-timar i Indre Nordfjord. Ein kan også frå kyrkja sjå eit spesielt sol-fenomen den 4.-5. mai. Då vil ein sjå sola «rulle» nedover åsen

utanfor Devika. Torill Fjellestad har skrive om reformasjonstida. Ho fortel at presten i Gloppen hadde det relativt godt økonomisk. Prestebolgodset var det viktigaste for økonomien, så skulle presten ha 1/3 av tienda. I tillegg måtte folke betale avgifter for spesielle tenester. I 1566 kosta det 12 skilling for eit vakse menneske, 4 for eit barn, å gravleggast. Som tillegg kom ei avgift etter velstanden til den avdøde. Eigde bonden meir


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 63 80 00 Eller send e-post til postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.

enn 6 kyr skulle presten ha ei ku. «Den som eigde færre kyr, måtte betale 36 skilling, eller naturalia tilsvarande 36 skilling. For dei som hadde ei eller to kyr, var avgifta 18 skilling eller tilsvarande». For andre tenester var det andre avgifter. Eg tenkjer meg at dette kunne bli dyrt for ein stor familie. Ove Eide sitt kapitel heiter «Kyrkje og kyrkjelyd frå 1600-talet til vår tid». Her merker vi at kjeldene har vorte fleire og mange. Vi får meir nøyaktige skildringar av tilhøvet mellom presten og kyrkjelyden. Her er mange årsakar til strid. «Lesarane» på 1760-talet likte ikkje at presten var ivrig i å ivareta dei økonomiske interessene sine. Sidan kom også Hans Nielsen Hauge til Gloppen. Soknepresten Heiberg var til stades under ein tale Hauge heldt, og bad kyrkjelyden om å følgje presten i staden for Hauge. Ove Eide sitt kapitel inneheld også ei lengre skildring av striden mellom presten Jørgen Meier Heffermehl og John Johnsen Hyenæs (Skule-Jo). Denne blei avgjort ved høgsterettsdom i 1858. Desse kapitla fyller halve boka. «Kyrkja skal vere open for alle, men ikkje for alt» er ei samtale mellom sokneprest Olaf Sigurd Gundersen og Ove Eide. Kapitellet «Gudstenesteliv og kyrkjelydsarbeid

i Vereide 1998-2011» er skrive og illustrert av Marie Sælensminde Rygg. DEL TO Del to inneheld fleire korte artiklar, som «Epitafium Birrite Christensdatter», ei minnetavle over ei jente som døydde tre år gamal i 1608. Altartavla «Katekismetavla» har også fått sitt kapitel. Altertavla kom truleg inn i kyrkja etter reformasjonen då prestar og biskopar ville kvitte seg med ein del helgenbilete. Ei nyare altartavle, «Nedtakinga av krossen», blir omtala i ein anna artikkel. «Havsteen i Vereidskyrkja» skildrar den danske kunstnaren Sven Havsteen-Mikkelsens arbeider i kyrkja. Her blir vi presentert for nydeleg biletkunst og glasmosaikkunst. Eit kapitel fortel også om gallerikveldar i kyrkja. Det er ein uvanleg aktivitet å stille ut biletkunst i ei kyrkje. Dette har vore eit samarbeid med Gloppen kunstlag sidan 1990. Her har kunstnarar som Oddvar Torsheim, Helge Sægrov, Gösta af Geijerstam og Kjartan Slettemark stilt ut. Arne Eikenes har skrive eit større og spanande kapitel om «Kyrkjereis i storm og stille, i glede og sorg». Han skildrar mang ei reis på sjøen

som kunne bli meir enn spanande på grunn av ver og vind. Likevel var det om å gjere å kome seg til kyrkja, anten det var til gravferd med kista på taket av båten, eller det var til konfirmasjonsførebuingar. Her er mange soger om reiser med både robåtar og motorbåtar. Dei fleste enda godt. SONG I KYRKJA Elin Pehrson Grytting har skrive ein lang, grundig og interessant artikkel om song i kyrkja: «Syng allene, syng med fleire, syng min mund til herrens ære». Her går ho inn på forskjellige salmebøker og den gamle, individuelle songen. Ho fortel om skikkane med å syngje liket ut av heimen og ned i båten, og sidan frå båten og opp til kyrkja. I gravferda var det også ein kjømeister som i bryllaup. Han leia m.a. songen. Etter denne kjem artikkelen «Instrument og instrumentalmusikk i kyrkja». Her omtalast både messingblåsarar, harmonium og forskjellige typar orgel. Til sist kjem ei liste over prestar etter reformasjonen. Boka om Vereide kyrkje er ei vakker og informativ bok. Ho fortel ikkje berre om Vereidekyrkja spesielt, men også om dei tidstypiske fenomena i skildringane.

19


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Fotosamlinga etter Aase Udberg inneheld bilete frå alle verdshjørne. Foto: Elin Østevik.

Albumside frå Aase Udberg si første Amerika-reise i 1959. Foto: Aase Udberg.

Reiselivsbilete til Fylkesarkivet «Jeg har 2 store hobbier. Den ene er å reise og den annen er å fotografere. Og når jeg så kan få kombinere disse to blir det riktig artig». Resultatet av Aase Udberg (19192004) sine to store hobbyar vart ei omfangsrik samling med fotoalbum, lysbilete, reisedagbøker og manus til lysbileteføredrag. Totalt består samlinga av 78 fotoalbum og kring 12.000 dias, samt fleire ringpermar med reisenotat, manus, brev og anna dokumentasjon knytt til dei mange feriereisene. I tid strekkjer materialet seg frå ca. 19462003. Fotomaterialet og det skriftlege materialet gir eit detaljert innblikk i opplevingane Udberg hadde på dei mange reisene sine. Skildringane frå Udberg sin første tur til USA i 1959 kan til dømes seiast å ha ein nesten etnografisk karakter i sin detaljrikdom: Innredningen av huset og møbleringen var som mange av de andre husene jeg siden kom 20

i. Den varierte fra hus til hus som den varierer her alt etter økonomi etc, men enkelte ting gikk dog stadig igjen, og var vesensforskjellig fra her i Norge. Møblene var store og tunge og overstoppede. Jeg så aldri noen av de praktiske lette møblene vi nå har her. Møblene var mer lik dem våre besteforeldre hadde. Vinduene var svært ofte små, og ofte var rullegardinene trukket halvveis ned, så det var mørkt inne. Muligens noe de var vant til fra varme sommere for å holde solen ute. Det var dog nokså trist på denne tiden synes jeg. Enkelte hus hadde sågar markiser utenfor vinduene som de ikke tok vekk om vinteren. Vinduene kunde bare åpnes ved å trekke dem opp, så all pussing på utsiden måtte foretas fra utsiden, og det var overalt jeg kom mannens jobb. Men en ting som jeg likte svært godt, og så også var helt almindelig, det var tepper på alle gulv så nær som kjøkken og bad, og ikke bare slike tepper som vi har her som dekkes en liten

Av Elin Østevik

del av gulvet her og der, neida, teppene strakte seg utover hele gulvet, og var festet langs veggene med lister slik som vi her fester linoleum for eksempel Dette kan kanskje synes uhygienisk, men jeg kom mange steder hvor de hadde helt lyse grå tepper, og de så helt rene ut, så de hadde sikkert en egen teknikk med å rense dem, og dessuten hadde de ualmindelige gode og kraftige støvsugere. Årdal kommune arva materialet etter Aase Udberg då ho døydde i 2004. Samlinga er no i sin heilskap flytta til Fylkesarkivet: 29. januar køyrde fotoarkivar Elin Østevik og medarbeidar Kyrre Gallefoss Vangsnes «flyttelasset» frå Årdal til Leikanger. Dei eldste delane av samlinga, som hovudsakleg er bilete med motiv frå Årdal, vart gjort tilgjengeleg i Fylkesarkivet sin fotobase allereie i 2006-7. Materialet som vi no har motteke vil vi i første rekke ordne og grovregistrere. Seinare kan det bli aktuelt å digitalisere også delar av dette materialet.


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Ulven var dei reddast for av alle dyr

Av Annette Langedal Holme

Ein mørk vinterkveld i desember 2014 dukka ulven opp om lag utanfor min eigen dør terskel. Sjølvsagt visste vi om ulven i Naustdal og sjølvsagt veit alle i Hyen at vegen mellom Naustdal og Hyen er kort over fjellet. Likevel vart alt litt annleis når gråbein luska i eins eige nabolag. For det er lenge sidan ulven har satt fotspor i snøen her i området. Ja, kor lenge er det eigentleg sidan ulven var ein del av kvardagen til folk? DEN UVENTA NAUSTDALSULVEN Ulven som luska rundt i Naustdal og nærområda i 2014 vart skoten, og han var ikkje den første som måtte bøte med livet mot naustedølene i moderne tid. Den første Naustdalsulven vart skoten 64 år tidlegare. Fredag 10. november, 1950 heldt syskenbarna Dagfinn og Henrik Berg på å grave ut ei hyttetomt i Vonamarka i Naustdalsdalen. I nysnøen såg dei spor etter eit rovdyr. Dagfinn og Henrik var tydelegvis menn med handlekraft. Dei var ikkje verre på det enn at dei treiv med seg børsa og strauk til fjells etter spora. Ved eit vatn fekk dei sjå dyret. Det freista å komme seg opp eit skar. Dei staute karane frå Naustdal var ikkje seine med å sende skot etter dyret, og etter eit par smell låg ulven daud. For dei to unge karane var nok ein god ulv, ein daud ulv. Men ulven hadde vore utrydda så lenge dei hadde levd. Den skulle rett og slett ikkje vere der! Det vart ikkje så reint liten mediedekking når historia om Naustdalsulven kom ut. Sjølve ulven vart sendt til Bergen Museum. Både Naustdalsulven 1 og Naustdalsulven 2 var streifdyr som vandra langt vekk frå områda artsfrendane

Søskenborna Dagfinn og Henrik Berg med den første Naustdalsulven. © Fotograf Dagfinn Reiakvam 1950.

heldt til. Skal vi finne meir ulv lyt vi lenger tilbake i historia. I MANNS MINNE

I samband med fleire folkeminne

innsamlingar kjem det fram ulvehistorier frå Hyen. Louise Storm Borchgrevink, forfattaren bak boka

“Frå ei anna tid, Folkeminne frå Nordfjord”, fortel dette frå Hyen: “Før i tida var det så mykje ulv at folk kunne ikkje henge hesteselane ute um natta, gråbein kunne ete dei upp”. Sitatet vitnar om seletøy som var godt smurt inn med lærfett og ein 21


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Halsband til hund for vern mot ulven. NFM.1978-03824. Nordfjord Folkemuseum. Foto: Annette Langedal Holme 2014.

stor ulvestamme som har problem med å halde seg med mat. Finn vi ulven att i manns minne? Ein som var glad i å fortelje av det han hugsa var Ola Jakobsen Mjellem (1882-1971). Han fortalde om mykje frå gamalt i Hyen og mykje av dette vart skrive ned. Ei heil skattekiste kan ein seie. Han skriv om minne frå barndommen og historier bestefaren har fortalt han. Ikkje minst snakkar han om den tida rovdyra var vanlege i fylket. Ut i frå det Ola J. Mjellem fortel, verkar det ikkje som han hadde nokre opplevingar med ulv sjølv, men han opplevde fleire gongar at bjørnen tok dyr då han var gjetar. Ein som hugsar ulven godt var bestefaren til han Ola. Han fortalte om ein kveld hunden hadde vore så uroleg at dei slapp han ut om kvelden. Kort tid etterpå hadde dei høyrt eit kvink. Det var det siste dei høyrde til hunden den kvelden. Morgonen etter fann dei nokre tjafsar med pels, litt blod og to sett med ulvespor som strauk til skogs. ULV OG POKER Ola fortel også ei historie som er ei herleg blanding av syndig gambling og den store stygge ulven. Det var tre gutar i frå tre forskjellige bruk i Eimhjella i Hyen som var ute å gjette krøtera. Midt på dagen sette 22

Naustdalsulven skoten i 1950. Universitetsmuseet i Bergen. ©Foto: Terje Lislevand.

gutane seg ned for å spele kort. I dag kan nok ei runde med vennskapelig poker verke uskuldig nok, men vi må hugse på at dette var i ei tid då mange trudde ein hamna i helvetes brennande pøl av kortspel. Då dagen gjekk mot slutten var det på tide for dei tre gutane å samle inn krøtera. Det viste seg at ulven hadde vore på ferde og tatt tre kyr. Ei kyr i frå kvart bruk. Dette tok gutane som ei straff for kortspelinga og historia skal ha det til at dei aldri spelte kort igjen. MED TAMREIN FØLGJER GRÅBEIN LIKE BAK Ola J. Mjellem fortel også om at ulven nesten var vekke i frå området på eit tidspunkt, men kom brått att. Årsaka skal vere innføringa av tamrein til Gjengedalsmarka. Opphavleg skulle eit samisk ektepar gjete denne flokken med villrein. Nokre lyse hovud i bygda fann ut at det

vart billegare med lokale gjetarar i staden for samane. Dei lokale gjetarane hadde ikkje greie på tamrein

og etter kort tid hadde Gloppen fått seg ein flokk med villrein i staden! Det er noko som heiter å spare seg til fant. Ikkje fekk glopparane noko glede av tamreinen og hakk i hel kom ulven. Ola J. Mjellem skriv at ulven kom som lyn frå klår himmel. Det er fleire kjelder som er med på å støtte opp under Ola si forteljing. Først og fremst er det amtsmannsmeldingane for Nordre Bergenhus Amt som kom ut kvart femte år. (Før 1919 gjekk fylke under nemninga amt. Amtmannen er det same som fylkesmannen i dag.) I meldinga frå 1845 fortel amtmannen om fleire forsøk på å innføre tamrein til fylket. Det var lite ulv i fylket tidleg i 1840-åra og det råda optimisme rundt reinsdrifta, sjølv om ein visste godt at reinen stod øvst på menyen til ulven. Amtsmannsmeldinga fram mot 1850 hadde ein litt annleis tone. No var visst ulven tilbake og den nøydde seg ikkje berre med reinsdyr til middag. Det gjekk ut over alt frå sau til hesten. Det er ikkje usann-


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

synleg at det er i frå denne ulveperioden bestefaren til Ola. J. Mjellem hugsar. «LOV OM UTRYDDELSE AV ROVDYR» Problemet med rovdyr i Sør-Noreg vart så stort at det kom ei eiga lov om utrydding av rovdyr i 1845. Lov om Udryddelse av Rovdyr og om Fredning af andet Vildt, 4 Aug.1845, lød: 1 I Premie for ethvert af efternævnte Rovdyrs Ødelæggelse betales: a) for Bjørn, Ulv, Gaupe, Jerv eller Filfras, uden hensyn til deres

Alder, tre Speciedaler; b) for Ørn, (Land- eller Havørn) sexti Skilling og for Bjergugle (Hubro) fire og tyve Skilling. For Unger af disse Fugle det Samme; c) for Hønsehøg, forsaavidt den ei er fældet ved Skud, fire og tyve Skilling. Skotpremie på ulv og andre rovdyr var ei ekstrainntekt som kom godt med. I frå 1840-åra vart det etter kvart vanleg med gevær med perkusjonslås. Det var bedre enn våpen dei hadde hatt tidlegare. I frå 1845 førte amtmannen statistikk på kor mange utbetalte premiar som vart delt ut i fylket i løpet av fem-års periodane.

UTBETALTE PREMIAR PÅ DREPNE ULVAR I SOGN OG FJORDANE:

Sogn

Sunnfjord og Nordfjord

Til saman

1846-1850

46

1851-1855 13 30

43

1856-1860 35 25

60

1861-1865 30 9

39

Statistikk over utbetalte premiar for drepen ulv i Noreg 1846-1930.

I Sunnfjord og Nordfjord vart det utbetalt merkverdig færre premiar på drepen ulv i perioden 1861 til 1865 enn åra tidlegare. Dette samsvarer også godt med tal frå resten landet som også viser ein nedgang i mengda drepne ulvar. Sjå statistikkar. Mange gir lova om skotpremie skulda for at ulven vart utrydda i Sør-Noreg. I seinare tid har vi kome fram til at det var meir enn skyteglade søringar som førte til at ulven vart utrydda. Mannen som la fram lovforslaget til utrydding av rovdyr, Halvor Heyerdahl Rasch (1805-1883), konkluderte med at ulven var så godt som utrydda i 1861. Han var også fast bestemt på at skotpremiane i seg sjølv ikkje var årsak nok til å utrydde ulvestammen. Han meinte at forklaringa måtte ligge i ein slags epidemi. Statistisk sentralbyrå har studert rovdyrstatistikken for perioden 1846-2000 og kome fram til den same konklusjon som Rasch: “Det rokker ikke ved hovedmønstret i statistikken som tydelig viste at ulven ble utryddet i Sør-Norge allerede fra begynnelsen av 1860åra, og at det sannsynligvis ikke var jaktloven, men en epidemi av et eller annet slag som tilintetgjorde stammen. ” NÅR FORSVANN ULVEN? Når vart ulven skremmande forteljingar ungane fekk høyre mørke kveldar? Skumle historier fortalt med innleving av gamle slektningar som sjølv hadde møtt den frykta vargen. Eit dyr som snappa hunden frå dør terskelen og drap den beste melkekyra. Eit dyr som no var vekke? Ola Mjellem frå Hyen, født 1882, var ein av desse ungane som sat med store auge og høyrde på det bestefaren kunne fortelje. Kanskje grua 10-åringen seg litt ekstra til å ta fatt på arbeidet med å gjete krøtera neste dag? 23


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Med hjelp frå amtmannsmeldingane, statistikkar og ikkje minst minna til ein ung gut som sjølv vart bestefar og kunne fortelje historia til menneska rundt seg, tyder mykje på at ulven var eit sjeldan syn på desse kantar fram mot århundreskiftet. At den luskande grå skapningen sette frykt i folk er det ingen tvil om. Mange av oss blir framleis litt redde når vi høyrer om ulv i nabolaget. Littertur: Borchgrevink, (1956). Frå ei anna tid, Folkeminne frå Nordfjord. Oslo. Det norske samlaget (1974) Sogn og Fjordane. I manns minne. Oslo Johnsen, S. (1928): Rovdyr – og rovfuglstatistikken i Norge , Bergens Museums årbok 1929. Naturvidenskapelig rekke. Nr. 2. Sandal, P. Soga om Gloppen og Breim, Band I-III.

Søbye, Judin og Rundtom. (2000) Tallenes fortellinger: Rovdyrstatistikk 1846-2004. Frå skuddpremier til fredning og irregulær avgang. Funne på verdsveven 03.12.2014. http://www.ssb.no/jord-skog-jaktog-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/fra-skuddpremier-til-fredning-og-irregulaer-avgang Urtegård, G. (1998) Tamrein og ulv i 1840-åra. Kjelda årgang 7 nr, 1. s.28. Urtegård, G. (1998) Tamrein – eit mislukka prosjekt. Kjelda årgang 7 nr, 2. S.28. Statistisk sentralbyrå, Næringsøkonomiske emner, Generelt Amtmennenes femårsberetninger, Forarbeidene til amtmennenes femårsberetninger, Serie B, stykke 8 (RA/S-2233/F/Fa/L0008), 18461855, oppb: Riksarkivet.

Ola Jakobson Mjellem heime på tunet etter hjortejakta i 1957. SFFf-1989004.0132.

24

Statistisk sentralbyrå, Næringsøkonomiske emner, Generelt Amtmennenes femårsberetninger, Forarbeidene til amtmennenes femårsberetninger, Serie B, stykke 9 (RA/S-2233/F/Fa/L0009), 18511855, oppb: Riksarkivet. Statistisk sentralbyrå, Næringsøkonomiske emner, Generelt Amtmennenes femårsberetninger, Forarbeidene til amtmennenes femårsberetninger, Serie B, stykke 11 (RA/S-2233/F/Fa/L0011), 18561860, oppb: Riksarkivet. Statistisk sentralbyrå, Næringsøkonomiske emner, Generelt Amtmennenes femårsberetninger, Forarbeidene til amtmennenes femårsberetninger, Serie B, stykke 15 (RA/S-2233/F/Fa/L0015), 18611865, oppb: Riksarkivet.


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Utsyn sørover mot Oldersundet. Bremangerpollen går austover (venstre) med Grotle lengst vest (i framgrunnen) og Igland og Hauge lenger inne. Midt på biletet halvøya Novelandet. Novene er namnet på det bratte partiet mot Bremangerpollen. Farleia her er open mot havet. Til høgre øya Frøya. Kalvåg ligg sørvest frå Oldersunet. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2013

Fylkesbaatane

– Kupassar rundt Novene på 1950-talet I mange år frakta rutebåtane levande dyr; livdyr og slaktedyr, både på kortare og lengre strekningar. Det finst mange historier om dyretransport. Dyra vart ofte heiste om bord i segl eller kassar og plasserte under dekk. Men ikkje alltid. Rolf Orheim fortel om ei nokså spesiell dyretransport-historie i Firdaposten 25. april 2002. «KREATURTRAFIKKEN» 1872 Fylkesbaatane si årsmelding for 1872 har handfaste opplysningar om dyretransport nærare hundre år før Rolf Orheim si hending. «Kreaturtrafikken» er sterkt aukande. Særlege «kreaturrum» er ikkje store nok og ventilasjonen er for dårleg. Skipsførarar vil helst ikkje nekta å ta med dyr folk har kome lange vergar med til stoppestaden. Somme gonger har dyretransporten vore på grensa til dyrplageri. Direksjonen har sedd seg

nøydd til å senda ut «Cirkulære» (rundskriv). Det står: «Kreaturtrafikken er meget stærkt tiltagende. Det har hendt, at Fartøierne har været i den Grad overfyldte af Kreaturer, at det har grændset til Dyrplageri. Ofte er Kreaturerne førte langveis til fra Stoppestederne og Førerene have da vanskelig ved at afvise dem. Direktionen har derfor været nødt til at utstedte Cirkulære der forbyder Førerne at tage i Kreaturrummet mere end et begrendset Antal. Noget vil det hjælpe naar ved Fartøiernes Forandring, Kreaturrummene blive utvidede, og der da samtidig bliver bedre sørget for Luftutvexling i disse Rum.» BYGDERUTE SVELGEN FLORØ - BREMANGER Hendinga Orheim fortel om skjedde på slutten av 1950-talet.

Av Rolf Orheim / tilrettelagt av Hermund Kleppa

Fylkesbaatane hadde då ei bygderute Bremanger – Svelgen – Florø – Bremanger. To strekningar i dette farvatnet er særleg utsette for sjøgang i stormfullt ver, rundt Novene på Novelandet mellom Bremangar (Hauge)/Iglandsvik og Oldersundet, og i Frøysjøen. Kalvåg var kommunesenter i gamle Bremanger kommune (1866-1964) og kommunestyremøta var oftast haldne i Kalvåg. Firdaposten sine journalistar reiste med lokalruta når dei skulle vera tilstades på møta. Det var på ei slik reise journalist Rolv Orheim vart kupassar i ruskevêr rundt Novene på 1950-talet. Han knyter historia si i 2002 til eit EU-direktiv det var snakk om skulle koma, eit forbod mot å frakta levande dyr til sjøs i frisk bris eller meir. JOURNALISTEN REISTE MED RUTEBÅTEN «Folk på øyane som hadde husdyr 25


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

med jamn tilføring av kamferdrops. Då han seinare kom rundt med billett-veska og eg tok fram lommeboka for å gjere opp, vart eg avvist. – Ikkje tale om. Du som har vore kupassar på opprørt hav, skal sjølvsagt ikkje betale, sa han og trykte veska i lås. Eg er viss om at dyr på ferjereiser i dag [2002] i meir enn frisk bris med ferja over Frøysjøen eller frå Bulandet, vil ha det vel så godt som kua med «Kvamsøy» på 1950-talet. Og ho overlevde reisa, sjølv om det rett nok var den siste.» M/b «Kvamsøy», bygd 1922, for lokalrutefart. Fylkesbaatane selde båten i 1963. Fotograf: Ukjend. Henta frå boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år (1958).

som skulle til slakteriet, var glad dei fekk sende dei med rutebåten. Utan omsyn til om det var frisk bris, kuling eller storm. Som eit apropos til (…) eit EU-forbod mot transport av livdyr til sjøs når vinden blæs frisk bris eller meir, kom eg på at eg ein gong i tida var kupassar på ein tur rundt Novene frå Bremanger til Florø i litt meir enn frisk bris. Til kommunestyret i Kalvåg reiste vi ofte med «Sendingen» og seinare med «Hennøy». Reiste frå Florø rundt kl. 22.00 om kvelden, til overnatting i Kalvåg. Tilbake neste kveld, gjerne etter eit langt møte. MED GAMLE «KVAMSØY» «Men denne gongen det her skal forteljast om var det møte på Ryland [på Bremangerlandet, nord om Novelandet] ettersommaren på slutten av 1950-talet. Reidar Torvanger var ordførar. Vi gjekk om bord i gamle «Kvamsøy» som gjekk i rute den dagen, kanskje som reservebåt. Skipper om bord var Kåre Nygård.» KU PÅ OPE DEKK «I Iglandsvik [på veg attende til Florø] tok dei om bord ei ku som skulle til slakteri i Florø. Lasterommet var fullt av varer, m.a. fiskekassar, så kua vart plassert i 26

gangen akterut, utanfor passasjersalongen. Og alt gjekk greitt til vi nærma oss Novene. Då tok båten til å rulle frå eine sida til den andre. Det bles frisk vind og bårene berre auka på. Desse båtane [dei gamle motorbåtane «Florøy», «Maaløy» og «Kvamsøy»] låg lågt i sjøen. Så det skulle ikkje så mykje til før sjøane kom inn på dekk.» DET HJELPTE MED KAMFERDROPS «Kua i gangen var veldig uroleg og rauta alt i eitt. Ho var redd, såg det ut til. Når eg heldt henne i halsbandet og klødde henne bak øyra, roa ho seg. Eg hadde ein pose kamferdrops i lomma. Dei delte eg med den forskremde kua. Men så snart eg sleppte taket for å gå inn, då vart ho uroleg, rauta og bar seg. Innvollane var i opprør, noko som viste att på dekket. Men pytt, pytt. Det vart straks føysa over bord av ein ny sjø. Slik heldt vi det gåande til vi var inne i Oldersundet. Då roa det seg. Eg kunne gå inn i ein varm salong.» IKKJE SNAKK OM BETALING «Skipper Nygård hadde merka seg episoden med en forskræmde kua og korleis ho roa seg i mitt nærvær

OM ROLF ORHEIM I FYLKESLEKSIKON Rolf Orheim (1929-2005), fødd på Stårheim, busett i Florø. Journalist og Arbeidarparti-politikar. Arbeidde som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten 19531997, og var i periodar også kst. redaktør. KJELDE Firdaposten, 24.04.2002. Sogn og Fjordane fylke, Fylkestingsforhandlingane 1873.

Kåre Nygård, skipsførar i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane pr. 1958. Fotograf: Ukjend. I boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år (1958).


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Foto etter Tollef Sandal til Fylkesarkivet

Av Elin Østevik

Sandal Grendalag har deponert kring 500 negativ etter fotografen Tollef Sandal (1886-1977) hos Fylkesarkivet. Ei viktig fotosamling frå Jølster er dermed sikra for ettertida. FOTOGRAF TOLLEF SANDAL Vi har sparsamt med opplysningar om Tollef Sandal. Det vi veit er at han var frå grenda Sandal på sørsida av Jølstravatnet. Som så mange andre bygdefotografar kombinerte Tollef Sandal fotografyrket med anna arbeid. I tillegg til å jobbe som fotograf var Sandal skomakar og vegarbeidar. I materialet vi no har motteke finn vi bilete både frå arbeidsliv, fritid og høgtid. Det er og mange landskapsbilete og portrett i samlinga. Dei vel 500 negativa er frå perioden ca. 1910-1960. BEVARING AV SAMLINGA Sandal Grendalag arva negativa etter Tollef Sandal frå dotter hans Eva Flaten. Grendalaget såg raskt at samlinga var av stor lokalhistorisk verdi. I haust tok dei kontakt med Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane for å få råd om korleis samlinga best kunne bli sikra for ettertida. Grendalaget var og opptekne av at fleire enn berre innbyggjarane i Sandal burde få tilgang til denne fotoskatten. Etter at Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet hadde vore på synfaring på Sandal vart konklusjonen at materialet burde flyttast til Fylkesarkivet sine spesialbygde fotomagasin. I februar var fotoarkivar Elin Østevik i Jølster og henta inn samlinga. Medarbeidar Kyrre Vangsnes jobbar no med å reingjere og pakke om negativa til

Tollef Sandal var både fotograf, skomakar og vegarbeidar. Her har han fotografert brubygging på Vassenden. Foto: Tollef Sandal.

17. mai-tog på Sandal i 1925. Det er fana til Sanddalen Ungdomslag me ser. Fana er måla av Nikolai Astrup. Foto: Tollef Sandal.

arkivemballasje. På sikt vil det også vere aktuelt å digitalisere og samle inn opplysningar til negativa i samarbeid med grendalaget. I materialet etter Tollef Sandal var det også ein del papirbilete og gamalt mørkeromsutstyr. Dette vil framleis bli oppbevart lokalt i Sandal. Grendalaget har planar om å stille ut dei gamle papirbileta, og jobbar no med å digitalisere og

Kyrre Vangsnes reingjer og pakkar om glasplagenegativa etter Tollef Sandal. Foto: Elin Østevik.

samle inn opplysningar til desse bileta. Både grendalaget og Fylkesarkivet er takksame for informasjon om Tollef Sandal. Ta kontakt med fotoarkivar Elin Østevik dersom du har opplysningar å bidra med. Epost: elin.ostevik@sfj.no, telefon: 57 63 80 53.

27


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Tilvekst til biblioteket 23.10.2014-26.02.2015

• Lee, Rune: Utløer i Feios av Rune Lee og Arne Inge Sæbø. Vik lokalhistoriske Arkiv 2014, 44 s. • Vereide kyrkje, kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år. Red. Ove Eide. John Griegs forlag 2014, 207 s. • Torvanger, Magnus Helge: Harald Seim, kunstmålaren frå Kinn. Selja forlag 2014. 128 s. • Sogeskrift for Eid 2014. Eid vidaregåande skule 2014, 146 s. • Skrede, Odd: Samvirkelaga i Årdal. 2013, 4 s. • Christensen, C.S.: Beretning fra agronom C.S. Christensen om de af ham i Aaret 1865 i det offentliges Teneste foretagne Reiser i Nordre og Søndre Bergenhuus amter. Christiania, 1857.

• Jul i Sunnfjord 2014. Sunnfjord Museum, 51 s. • Jul i Nordfjord 2014. Nordfjord sogelag og Nordfjord Folkemuseum, 48 s. • Jol i Sogn 2014. Sogn og Fjordane Ungdomslag, 35 s. • Ljøren 2014, Gloppen sogelag, 76 s. • Kulturvandring i Dale, ny utgåve. Tekst: Greta Hekneby. Utgjevar: Fjaler kommune, 34 s. • Sogehefte for Askvoll kommune 2014. Askvoll sogenemnd, 111 s. • Vågsøy historielag, årbok 2014. 142 s. • Årbok for Sogn 2014. Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum, 168 s. • Sogeskrift for Naustdal 2014. 111 s. • Stryn historielag årbok 2014. 191 s. • Førde historielag årbok 2014. 156 s. • Fænn, Inge: Anders Svor, bilethoggaren frå Hornindal. Selja forlag 2014, 144 s. • Solund sogeskriv år 2014. Solund sogelag, 224 s. • Sætrebok for Kjølsdalen krins. Kjølsdalen Bondekvinnelag 50-årsjubileum 14.02.2001. Astrid Gilleshammar. 77 s.

• Kaupanger ungdomslag 100 år. Laget 2008, 88 s.

28


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Fiskebåt med registreringsmerke R – 63 – K, til kai i Kalvåg, 22. september 2014. Båten er utstyrt for makrellfiske. Registreringsmerket står for Rogaland fylke (R) – nummer i nummerrekkje – Kvitsøy kommune (K). Fotograf: Hermund Kleppa.

Merkeregisteret

– kjelde til kunnskap om fiskefartøy Kalvåg september 2014: Makrellfiskebåtar til kai. Dei har merke på skutesidene, eitt på kvar side, bokstavar og tal, i kvitt på svart botn, t.d. R - 63 – K. Merka fortel kvar farkostane høyrer heime, t.d. R (fylke, Rogaland) – tal/nummer – K (kommune, Kvitsøy). Alle fartøy som driv næringsfiske har merke og merkebrev. Slik har det vore sidan 1917/1920. Den første tida stod alle fiskefartøy innførde i protokollar. Dessutan kom det ut ei trykt landsoversikt. EIT HISTORISK DØME – MOTORBÅT «BØLGEN», SF - 16 - K Kvart fartøy med kjennemerke har merkebrev. Det innheld mange opplysningar om fartøyet. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

har kopi av eit merkebrev utskrive til ein båt som ikkje finst lenger. Det er datert 14. september 1949 for motorbåten «Bølgen» med kjennemerket SF – 16 – K (SF - Sogn og Fjordane fylke + løpenummer i lokalregisteret + K - Kinn kommune). I merkebrevet går det fram at båten høyrer til i Batalden og at Oskar Batalden er eigar. Vidare er oppført storleik, og at båten kan lasta ca 30 hektoliter sild. Farkosten er ein einmastra trebåt, bygd 1947 på Nordheim, Smøla, Møre og Romsdal. Båten skal brukast til «småfiske». I merkebrevet står til slutt at «farkosten» er «innført i fortegnelsen over fiskefarkoster i Kinn herred, Sogn og Fjordane fylke». Merkebrevet er

Av Hermund Kleppa

underskrive av Sivert Hovden (tilsynsmann) og forsynt med stemplet til «Merkelovens Tilsynsmann i Kinn Sogn og Fjordane fylke». Statsarkivet i Bergen oppbevarer merkeprotokollar. Motorbåt «Bølgen» står innført i protokoll nr. 4, 1937-1949, på folioside 128. I merknadsrubrikken står notert 05.05.1964: «slettet av reg.» (registeret). Det står ikkje kvifor fartøyet er sletta. Det viser at registerførarane ikkje alltid fekk inn opplysningar i samsvar med regelverket. LOV 1917 – REGISTRERINGSPLIKT FOR ALLE FISKEFARTØY 5. desember 1917 kom «Lov om registrering og merkning av fiskefartøier m.v,», forkorta til 29


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Merkebrev utskrive til motorbåten (mb) «Bølgen» i Kinn kommune merkedistrikt. (Kinn gjekk inn i Flora kommune 1964), Eigar: Oskar Batalden.

Stempelavtrykk - Merkelovens tilsynsmann i Kinn kommune, Sogn og Fjordane fylke. Eigar: Oskar Batalden.

Fiskefartøy med registreringsmerke på slipp på Raudeberg, Vågsøy kommune. SV står for Sør-Vågsøy kommune. Sør-Vågsøy kommune gjekk inn i Vågsøy kommune 1964. Fiskefartøy merka med SV og NV (Nord-Vågsøy kommune) fekk då nye registreringsmerke med kommunebokstaven V (Vågsøy kommune). Eigar: Fjordenes Tidende. Datering: før 1964.

«Merkeloven» (Merkelova). Lova vart iverksett 15.10.1920. Etter lova skulle alle «fartøier og baater» som vart brukte til fiske og fangst, samt til transport av fersk fisk, registrerast i eit nasjonalt merkeregister. Registeret («fortegnelsen») skulle byggja på lokale merkedistrikt tilsvarande kommunane.

og føreskrifter. Tilsynsmannen førde kvart registreringspliktig fartøy inn i ein merkeprotokoll, tildelte kjennemerke og skreiv ut merkebrev.

MERKELOVENS TILSYNSMANN Fiskefartøy-registreringa høyrde inn under Fiskeridirektoratet. Kvart merkedistrikt hadde tilsynsmann som skulle føra det lokale merkeregisteret og syta for at fartøyeigarane oppfylte alle plikter og pålegg i lov 30

HEIMSTAD Eit fartøy sin heimstad var distriktet der eigaren hadde registreringsplikt, til vanleg kommunen der eigaren var busett. Dei nødvendige opplysningane kunne gjevast skriftleg eller munnleg. Det går fram av dømet nemnt ovanfor, motorbåten «Bølgen», at i tillegg til fylke og kommune, kom det i merkebrevet fram nærare lokal avgrensing; i dømet, Batalden. Ved eventuelt eigarskifte skulle det meldast frå

slik at merkeregisteret kunne oppdaterast og nytt merkebrev og nye kjennemerke tildelast. MERKING Fartøyet skulle merkast på føreskriven måte. Bokstavar og tal i kvitt på svart rektangulært felt skulle målast på skutesida oppe på kvar side. Det var krav til storleik og avstand mellom dei tre ledda, og det skulle vera ein «bindestrek» mellom kvart ledd. For at bokstavar og tal skulle koma fram tilnærma like, fekk båteigar utlevert sjablongar frå tilsynsmannen. Lova fastsette elles at småbåtar som høyrde til eit bruk, skulle merkast med same merke som hovudfartøyet, om nødvendig


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

År 2014 fanst berre eitt fartøy med NV-kjennemerke (Nord Vågsøy kommune), veteranbåten ms «Nybakk» med merket SF – 7 – NV, noko merketilsynet berre så vidt gav løyve til. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2014.

med tilleggsnummerering 1, 2, osb. Fangstreiskapar kunne og merkast tilsvarande.

Platene skulle festast på farkosten, og takast av og leverast inn når fisket var slutt.

REGISTRERING FØR 1917 Før Merkelova av 1917 hadde det vore registreringsplikt for fartøy som deltok i særskilde fiskeri som hadde eige fiskerioppsyn.

Før 1917 fanst det elles to andre former for registering. Den eine omfatta større farkostar, registert ved lov av 4. mai 1905, den andre fiskefartøy som dreiv fiske utanom terriotorialgrensa. Etter desse ordningane skulle kjennemerka målast på fartøyet på nærare fastsett plass. Kjennemerka skulle og målast på fiskereiskap, småbåtar, bøyer o.a.

Lov av 4. mai 1905 fastsette at farkostar som ville vera med i eit fiskeri med særskilt fiskerioppsyn måtte melda seg for oppsynet for registrering og merking. Fiskerioppsynsmannen førte bruket v/høvedsmann inn i oppsynet sitt register over fartøy og fiskarar, og leverte ut to merkeplater av metall.

ENDRINGAR VED KOMMUNEREGULERINGAR Bilete side 30 viser fiskefartøy med registreringsmerke på slipp i

Raudeberg, no Vågsøy kommune. Begge er heimehøyrande i Sogn og Fjordane fylke (SF), SF – 90 – SV står for Sogn og Fjordane fylke, SV for Sør Vågsøy kommune. Nummeret høyrer til talrekkja i Sør Vågsøy-registeret. Merkesystemet som blei innført i 1917/1920 er det same i dag. Men det finst ikkje fartøy med SV-bokstavar lenger. Det skuldast kommunereguleringane i 1960åra. Sør Vågsøy og Nord Vågsøy var slegne saman til ein kommune med namnet Vågsøy. Det fekk konsekvens for merkeregisteret. To merkeregister vart slegne saman til eitt merkeregister med bokstav V. 31


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

År 2014 fanst berre eitt fartøy med NV-kjennemerke, veteranbåten ms «Nybakk» med merket SF – 7 – NV, noko merketilsynet berre så vidt gav løyve til. HISTORISK KJELDE Merkelovens tilsynsmann sine registreringsprotokollar er i dag ei god kjelde til historisk kunnskap om fiskefartøya frå 1920 og framover. Registreringane på kvar farkost inneheld sentrale opplysningar om ein fiskefarkost og båten sitt «livsløp», t.d. type, storleik, byggevyrke, lastekapasitet, motor, og opplysningar om eventuell endring, byte av motor, m.m. Det går fram kven som åtte båten og av og til kva slags fiske båten vart nytta til. Og me kan lesa oss til korleis ein fiskebåt «endar» sine dagar; t.d. ved bruksendring, kondemnering eller i verste fall forlis. Innførslene er ikkje komplette fordi registerføraren ikkje alltid fekk fekk inn meldingar i samsvar med lov og regelverk (jfr. dømet «Bølgen» lenger oppe.) PÅ STATSARKIVET I BERGEN Fiskeridirektoratet har fastsett at merkeprotokollar som ikkje lenger er i bruk eller som er utskrivne, skal sendast inn til sentral styresmakt, i praksis Arkivverket. Riksarkivaren har fastsett at Fikseridirektoratet sitt arkiv, medrekna merkeprotokollane frå heile landet, skal oppbevarast i Statsarkivet i Bergen. Merkeprotokollane er opne for innsyn, enten ved at ein tingar kopi eller reiser på besøk. BILETE I SOGN DAGBLAD – SPALTA GAMLE SOGN Sommaren 1988 hadde Sogn Dagblad eit bilete av eit notbruk ved ei notturke ved Ølmheim, i Sogndalsfjorden. Det stod ikkje noko om kvar notbruket høyrde heime. Registreringsmerket R - 85 - A står for Rogaland (R), og Avaldsnes (A), trudde me. For å få fleire opplysningar, sende Fylkesarkivet bilete og lesarbrev til 32

Brislingbruk ved notturke i Sogndalsfjorden. Skøyta har registreringsmerket R – 85 – A, som står for: Rogaland fylke (R) – nummer i nummerrekkje – og A - Åkra kommune (på Karmøy). Fotograf: ukjent. Datering: 1947.

Haugesunds Avis. Responsen let ikkje venta på seg, både pr. telefon og brev. A står for Åkra, gamle Åkra kommune, ikkje Avaldsnes. Skøyta heitte «Tilda», og fartøyet nærast bryggja var følgjar og heitte «Nygård». Motorbåten lengst ute er øyrabåten. «Tilda» var ved dette høvet leigd ut til Kalvanes frå Austevolls-kanten, Hans og Karl Kalvanes. Karl Kalvanes sat i styret for sildesalslaget. Dei hadde to bruk (nøter og utstyr for fiske). Bas var Karl Rivenes, kjend som full fart. Han køyrde alltid for full fart. «Tilda» kom opphaveleg frå Kragerø, truleg ny i 1944. Søren Kristoffersen eigde skøyta frå 1946 til 1950, og var med på fiske i Sognefjorden då biletet blei teke. I 1950 selde han skøyta til ein i Vedavåg. Ho var 44 fot og hadde

ein 2 sylinder Rubb på 80 HK (hestekrefter) som gav god fart. KJELDE Lov om registrering og merkning av fiskefatøier m.v, 05.12.1917 Merkelovens tilsynsmann for Kinn: Merkeprototokoll nr. 4, 1937-1949. Søren Kristoffersen, Vedavåg: opplysningar pr. telefon, 1988. Høvring, Olav, Haugesund: brev, 05.05.1988. Birkeland, Nils Ingv., Jaren: brev, 04.06.1988. Aksnes, John, Karmsund: brev 23.06.1988.


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Uteløer og sommarfjøsar i Fresvik Fresvik skule 2008-2009

Dette er heftet laga av skuleborn og lærarar på Fresvik skule. Foto: Marianne Bøthun

Utløer i Vik, Vangsnes og Arnafjorden 2013. Vik Lokalhistoriske Arkiv

Utløer i Feios

2014. Vik Lokalhistoriske Arkiv Av Rune Lee og Arne Inge Sæbø Bokomtale ved Randi Melvær

I Vik kommune har det kome ut tre viktige hefte dei seinare åra. Dei dokumenterer utløene i kommunen. Dette er viktig kulturhistorie og landbrukshistorie som snart ville vore borte. Tekstane ber preg av eit nitidig og detaljert arbeid. UTLØER OG SOMMARFJØSAR I FRESVIK Det første arbeidet blei gjort som eit skuleprosjekt ved Fresvik skule. Alle har vore aktive med foto eller tekstar. Det varierer kor mykje opplysningar dei har om kvar bygning, og om dei har foto. Resultatet er blitt eit godt hefte der du kan lese om byggjemåte, plassering i terrenget, bruk, kven som har bygd og kven som eiger utløa i dag. Skulearbeidet omfattar også sommarfjøsar. Heftet gav dei ut i samband med kultur-

minneåret 2009. Her er mange gode fotografi og gode tekstar. Dei har krydra teksten med gode og spanande historier. UTLØER I VIK, VANGSNES OG ARNAFJORDEN Dette heftet frå 2013 inneheld 850 løer og fjøsar i alt. Det har nok vore fleire som har falle ned og som det berre er murar att av. Heftet byrjar med ei generell innleiing om bruken av løene og byggjemåten (grindverk). Så tek det føre seg løene grend for grend, gard for gard. Vi høyrer også om torvhytter der dei lagra brennetorv. UTLØER I FEIOS Heftet for Feios skildrar 200 utløer. Forfattaren har intervjua på telefon og informantane har vore mange og velviljuge.

Heftet frå 2013, om utløene i Vik, Vangsnes og Arnafjorden. Foto: Liv Engan

Heftet frå 2014 om utløene i Feios. Foto: Liv Engan 33


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Nye privatarkiv på Fylkesarkivet i 2014 Det vart registrert 45 nye privatarkiv i 2014: SFF-2014121 SFF-2014101 Kviknes Hotel SFF-2014122 SFF-2014102 Høyanger Arbeiderkvinneforening SFF-2014103 Hermansverk SFF-2014123 SFF-2014124 Næringsmiddelarbeiderlag SFF-2014125 SFF-2014104 Sogn og Fjordane Lærarlag SFF-2014126 SFF-2014105 Lærarforbundet Sogn og Fjordane SFF-2014127 SFF-2014106 Sogn og Fjordane Lektorlag SFF-2014128 SFF-2014107 Norsk Faglærerlag Sogn og Fjordane SFF-2014129 SFF-2014108 Kinn Lærarlag SFF-2014130 SFF-2014109 Kinn og Florø Lærarlag SFF-2014131 SFF-2014110 Senioruniversitetet i Sogn SFF-2014111 Sogn og Fjordane SFF-2014132 Krigsinvalideforening SFF-2014112 Barnelosje Daviks Von SFF-2014133 SFF-2014113 Aksjonsgruppa for rassikring av SFF-2014134 riksveg 55 Sogndal-Leikanger SFF-2014135 (Fatlagruppa) SFF-2014136 SFF-2014114 Kletten Framlag SFF-2014137 SFF-2014115 Lærdal Arbeidarkvinnelag SFF-2014138 SFF-2014116 Nedre Lærdal Arbeiderlags SFF-2014139 Kvinnegruppe SFF-2014140 SFF-2014117 Øvre Lærdal Arbeidar- og SFF-2014141 Småbrukarlag SFF-2014142 SFF-2014118 Nedre Lærdal Arbeidar- og SFF-2014143 Småbrukarlag SFF-2014144 SFF-2014119 Hauge sogns arbeiderforening SFF-2014145 SFF-2014120 Borgund Arbeidar- og Småbrukarlag

Lærdal Høgre Hovland, Bjørg Solund Venstre Nesse Ungdomslag Haugen, Martinus O. Gåsemyr, gnr. 107 Vadheim Cementstøperi Kyrkjebø Skoglag Brevsamling Høyanger Nasjonalhjelpa i Kyrkjebø Nasjonalhjelpens Fonds tillitsmann i Sogn og Fjordane Nasjonalhjelpen. Løyvingsnemnda i Sogn og Fjordane Vigdal, gnr. 154 - Vik Vadheim Ungdomslag Egge, Karl Lomheim, Per Birger Høyanger Privatbank AS Sogn og Fjordane krins av Blå Kors Gaular Idrettslag Hageselskapet Sogn og Fjordane Iversen, Thorleif Vågsøy Folkeakademi Øyre, Inger Sogn og Fjordane Husflidslag Claus Lindstrøm

Kva skal barnet heite?

Nokre døme på hendesløysa i namnbruken Nokre diskusjonar forsvinn aldri. Spørsmålet om namnebruk er ein av dei. Skriftstykket attgjeve nedanfor stod på prent i Fjordabladet 2. oktober 1937. KVA SKAL BARNET HEITA? NOKRE DØME PÅ HENDESLØYSA I NAMNBRUKEN I Kringkastingi fyrre dagen tala prost Solheim um: Kva skal barnet heita? Me tek her med noko av det interessante kåseriet. 34

Når ein familie er auka med eit nytt medlem, vert spursmålet aktuelt, og mange vert tekne på råd. I gamal tid var spursmålet ikkje so aktuelt som no. For då var det avgjort, at avdøde bestefedre og bestemødre måtte kallast opp. Det gjekk etter faste reglar. Det er med denne uppkallingsskikk som med dei fleste skikkar i vårt folk, at der ligg ei gamal tru bakum. Sagaene våre fortel at når eit barn kom til verdi, so måtte faren kne-

setja det og gjeva det namn for at det heilt skulde høyra ætti til. Med namnet til avdøde fedre eller mødre kom desse att i det nye lem i ætti. Ættekjensla var meir livande i gamal tid. Der er mange døme på dette i den gamle soga vår. Eg nemner berre Olav den Heilage. Då han vart fødd, fekk han som me kunde segja i ”faddergåva” eit belte, ein ring og eit sverd frå Olav GeirstadAlv gravhaug, saman med hans namn Olav. Då kom den gamle


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

døde Olav att i den nye. Han vart på ein måte gjenfødd. Dette minner um sjelevandring som er velkjent i asiatiske religionar. Eit bleikt minne um den gamle trua har me i talemåten: Du liknar den du heiter etter. Å kalla upp har som alle veit vore i vanleg bruk, og skikken bør ein halda på, men so må det skje med forstand. GAMLE NAMN OG AVLEIDINGAR Me hev ein rik namneskatt som arv frå våre fedre, norske namn. Dei fleste har våre bygder halde uppe. Desse kann folk lett finna i namnebøker. Eg nemner berre slike som har gudenamn og valkyrienamn i seg. Tor var den populere gud, som set sit minne i ei mengd namn som fyrsteledd. Gunn, som tyder strid, kamp, er mykje i bruk både i manns- og kvinnenamn. Dyrenamn var ogso mykje i bruk både åleine og i samansetning, som Bjørn, Ulv og Orm. Det siste namn saman med Bård og Navar har ein no heilt avskaffa i Ryfylke. Når folk skulle kalla opp Orm, laga dei eit nytt namn, Ordin. Um det må ein bruka det gamle ordtak: Det heng korkje på greip eller reka. BIBELSKE NAMN Forutan dei gamle norske namn fekk me ved kristendomen bibelske namn og helgenamn frå Grekenland og Rom. Desse har vorte nasjonale i skilde former, Johannes Døyparen kom til vårt land frå England i forma Jon. Andre former er Hannes, Hans og Johan, i Danmark Jens, i Sverike Jöns. Forutan Maria ei mengd andre kvinnenamn etter helgenar. Elisabet heiter både Elisa, Elsebet, Else og Betzy. UPPKALLSKIKKEN har diverre utarta i dei siste mannsaldrar. Det har vorte vanleg å bruka fyrste bokstaven i det namn som ein vil kalla upp, og finn dei det då ikkje ”fint” som det ofte heiter, so lagar dei eit utan å tenkja

at det er noko meining med det. Namnet Anund fann vedkomande for gamaldags, so dei laga Anus. Dei som kann latin veit at det tydet endetarm. Eg såg i min ungdom i ein dødsannonse namnet Baktalia. Det var godt namnet fekk døy med henne. Ei kjend soga er fylgjande: Ein far melde for presten ein gut som skulde heita Hans Majestet. Presten meinte at Hans greide seg åleine. Ein annan vilde kalla dotter si Hosianna. Gamlepresten hadde strev med å overtyda mannen um at det var usømeleg. Han gjekk då inn til kappelanen og bad han greidda upp med mannen. Han so gjorde. Eg gratulerer med sonen. Mannen: Det er ei gjenta. Ja, so eg høyrer han skal heita Hosianna. Ja, men det må då vera eit gjentenamn? Nei, segjer kappelanen. Du veit der står Hosianna, Davids son. Då måtte mannen gjeva seg.

Afrika som hos dig står, til din ekte hustru? I min ungdom såg eg i ei avis frå Nord-Noreg dette namn: Orkana Nordvesta Generalstorm. Den dag dei reiste til kyrkja med barnet var det orkan. So kunde dei segja med ein viss rett, at vår Herre sjølv hadde gjeve barnet namn. I misforstått kyrkjeleg iver gav foreldri barnet sitt dette namnet: Lutterine Bibeline. Eit skjemmande namn som verkeleg er brukt av ei kvinna er Klosetta. Stakkar henne! Det er fortalt meg um ein lærar i Danmark, som hadde ei frodig og sterk kona. Ho hadde fått 11 born. So kom det tolvte. Då sa læraren: Denne dreng skal hede Punktum.

FÆLE NAMN Eg har eit heilt lager av skjemmande namn frå vårt eige land. Frå Norsk Kunngjørelsestidende kann ein finna mange rare ting i namnevegen i ekteskapslysingane. Smågjentene er det mest gått ut over, men gutane har ogso fått sin del. Nokre av flokken: Gesine, Remine, Morfine, Avguda, Gebursta, Indine, Peroline, eller gutenamna Bussemand, Paxias og Otelius. På ei av mine eldste lister har eg Bombardine Raketta. Ho var fødd i Kjøbenhavn i 1802, då byen vart bombardert av engelskmennene. Då Østgotakanalen vart opna, vart ho fødd som fekk namnet Østgota Kanalia. I st. Petri kyrkjebok, Stavanger, finn me for over 70 år sidan: Jakob Jakobus Sebust Fonder. Det siste skal vera ein del av bispenamnet von der Lippe. Venteleg har guten lete seg nøgja med det fyrste, Jakob. I same kyrkjebok er innskrive Inga Nordeide Afrika. Her var det vel fyrste namn som vart brukt. Dei andre kunde vera til pynt ved høgtideleg høve: Håkomedaius Olsen, vil du have Inga Ingine Nordeide 35


Kjelda, nr. 1 – 2015, årgang 24

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Teikning frå arkivet etter Kristian Eikås.

36


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.