Kjelda nr. 1 2017

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 1 - Juni 2017. Årgang 26

Fylkesarkivet på Internett: https://www.fylkesarkivet.no/


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Fylkesarkivet med verda som arena Av Arnt Ola Fidjestøl

På fylkesarkivet har vi, frå oppstarten i 1983 og fram til i dag, vore opptekne av formidling. Utan ein formidlingsarena er arkiva lite interessante. Ein treng berre gå nokre tiår attende før det originale arkivstykket var det einaste tilgjengelege. Då måtte ein møte opp fysisk der originalen låg. For vårt vedkommande betydde det fom. hausten 1990, Leikanger. Vel og merke i dei tilfella arkivmaterialet var avlevert til oss. Var det tilfellet, sto det framleis att ei utfordring; å få formidla til brukaren at materialet fanst hjå oss. Til det trongst ein katalog. Sidan Leikanger ligg noko grisgrendt til, ville det i mange høve ikkje vere turen verdt å reise til Leikanger for å bla i ein katalog, og kanskje konstatere at materialet ein var ute etter ikkje fanst. Det vart difor overmåte viktig for fylkesarkivet å få katalogmaterialet tilgjengeleggjort på internett, slik at brukaren før besøket visste om vi hadde det han eller ho var ute etter. Fylkesarkivet var ute med samkatalogen på Internett lenge før Riksarkivet, til dømes. Etter kvart som teknologiutviklinga skreid fram, byrja vi også å formidle digitale kopiar av originalmaterialet på nettet. Både foto, musikk og stadnamn har vore elektronisk formidla sidan slutten på 90-talet. Etter kvart har fylkesarkivet også byrja med formidling av kommunale kjeldekopiar på nettet. I desse dagar vert alle kommunestyre- og formannskapsprotokollane lagde ut på Internett. Per dato ligg over 100 000 bilete frå fotosamlingane våre tilgjengelege på

Internett. Alt dette har gjort til at fylkesarkivet har fått langt fleire brukarar og større bruk av arkivmaterialet vårt enn kva ein institusjon med vår geografiske plassering kunne oppnå utan den elektroniske informasjonsteknologien. Ein skulle kanskje tru at det ultimate toppunktet kva tilgjengeleggjering gjaldt, måtte vere ein digital katalog med all relevant dokumentasjon digitalt tilgjengeleg i frå pc en. Men det stoppar på ingen måte her. Den digitale teknologiutviklinga fossar vidare. Utviklinga og bruk av sosiale medieplattformer har gjort til at fylkesarkivet sitt materiale når fram til brukarar som ikkje ein gong veit at vi har noko som interesserer dei. Ved at fylkesarkivet

Redaksjon Arnt Ola Fidjestøl (red.) Per Olav Bøyum, Kjerstin Risnes, Annette Langedal Holme Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 2 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00. fylkesarkivet@sfj.no Fylkesarkivar: Arnt Ola Fidjestøl, tlf. 971 88 903, arnt.ola.fidjestol@sfj.no Arkivarar: Annette Langedal Holme (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 97, annette.langedal.holme@sfj.no Kristine Rohde (kommunearkiv), tlf. 57 63 81 87, kristine.rohde@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 65, Espen.Seterbo@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 92, kjerstin.risnes@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 70 , geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 63 81 35 , randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf.57 63 80 53, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf.57 63 81 34, per.olav.boyum@sfj.no Synnøve S. Bjørset (musikkarkivar), tlf. 908 52 334, synnove.s.bjorset@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 63 81 01, lars.berg.hustveit@sfj.no Nettstad: https://www.fylkesarkivet.no

2

legg mykje av materialet fritt tilgjengeleg på sosiale plattformer som flickr (foto) og SoundCloud (musikk) når vi fram til millionar av interessentar. Når desse igjen deler ting dei liker på andre sosiale plattformer som Facebook, YouTube, Snapchat og Mashable, snakkar vi om ei eksplosjonsarta eksponering for nye brukarar. Dette har vi til fulle opplevd dei siste åra. Då Flickr løfta fram bileta våre, var det over 120 000 besøkande til Flickr-profilen vår same dag. Til samanlikning gav ein 3-siders VGpresentasjon, same månad, berre 10.000 besøkande. Dei heilt store høgder på formidlingssida når ein likevel når andre sosiale media profilerer materialet som er lagt på nett. I desember 2016 laga nettstaden Mashable ei sak om fotograf Reppen frå Sogndal med utgangspunkt i vår Flickr-presentasjon. Saka gjekk i løpet av kort tid viralt, og er no delt over 37.000 gonger i sosiale media. Mashable har 45 millionar besøkande i månaden og har 28 millionar følgjarar. Nedslagsfeltet og formidlingsverdien av ei slik sak er enorm. Det vil seie at fleire millionar truleg har sett bileta i frå Indre Sogn. I desse dagar er bileta etter sunnfjordfotografen Fauske lagt ut på Mashable, så får vi sjå kva det inneber av nye arkivbrukarar. I løpet av nokre tiår har altså moglegheitene til å nå ut med kjeldetilfang auka dramatisk. Så kan kvar og ein filosofere over kva ringverknader dette kan gi når data i auka grad vert kombinert, t.d. med reiselivsdata. Ein ting er i alle fall sikkert, tilgangen kjem berre til å bli endå meir brukarstyrt i tida som kjem.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Innhald Målaren Harald Seim pryder Kjelda med kunsten sin.......................................................................................................................................................................................... 4 Ingolv Arnarson – den fyrste norrøne busetjaren på Island.................................................................................................................................................................. 10 Island - Presidentbesøk i Rivedal i 1955.....................................................................................................................................................................................................................................11 Island - Minnesmerke over Ingolv Arnarson i Rivedal .................................................................................................................................................................................... 13 Humor i stadnamn....................................................................................................................................................................................................................................................................................................... 16 Musikklaus kystkultur?......................................................................................................................................................................................................................................................................................... 19 «Staveneskapteinen» og dottera hans...................................................................................................................................................................................................................................... 21 «Heile arkivet strauk med» - kva så?............................................................................................................................................................................................................................................. 23 Stavenes: faktaark........................................................................................................................................................................................................................................................................................................ 26 Florø folkeskole – ein lang veg å gå............................................................................................................................................................................................................................................... 31 Fiskarkvinnelag................................................................................................................................................................................................................................................................................................................. 35 Amanda Igland -Fiskarkona, pensjonatvertinna, organisasjonsmennesket og politikaren frå Bremanger.................................................................. 37 Laura Sundal Skorpen (1898 -1990) – Jordmor og sanitetskvinne................................................................................................................................................. 40 Litevetta purketysk .................................................................................................................................................................................................................................................................................................. 42 Holvikejekta........................................................................................................................................................................................................................................................................................................................... 43 Bernhard Færøyvik - nybrotsmann i båthistorie........................................................................................................................................................................................................ 49 Nordfarjekt frå Lyngen kapra på Stadhavet i ufredsåra 1807 – 1814...................................................................................................................................... 50 «Paa visit hos – Fyrvogter Hess, Kinnesund.» 1907................................................................................................................................................................................................ 53 Den eldgamle vegen over Bjørkedals-Eidet...................................................................................................................................................................................................................... 56 Arkiv til folket..................................................................................................................................................................................................................................................................................................................... 57 Laksefiske på Risnes i Hyllestad............................................................................................................................................................................................................................................................. 59 Mat frå arkivet................................................................................................................................................................................................................................................................................................................... 61 Tilvekst............................................................................................................................................................................................................................................................................................................................................ 63

FRAMSIDEBILETE: Kinnakloven. Ei skisse frå arkivet etter Harald Seim.

3


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Målaren Harald Seim pryder Kjelda med kunsten sin

Av Kjerstin Risnes

Hausten 2016 fekk fylkesarkivet ei eineståande avlevering då Foreininga til Einar og Haralds Seims minne ved kultursjef i Flora, Edvin Helgheim, overleverte ei rekkje skisseblokker frå Harald Seim si målarkarriere til oss. Med slike skattar i magasinet var det naturleg å late kunstmålaren frå Kinn pryde både baksida og framsida av magasinet vårt denne gongen. Produktiv kystkunstnar med blikk for heile fylket.

Harald Seim, 1882-1975, var ein viktig Sogn og Fjordane-kunstnar, men kanskje aller mest ein kyst- og sunnfjordkunstnar. I dag er det mange som ikkje kjenner til Seim og kunsten hans, men i sine yngre år var han både kjend og anerkjend, skriv Magnus Helge Torvanger i boka Harald Seim – Kunstmålaren frå Kinn. Han hadde ei solid kunstutdanning frå Statens Kunstakademi i Kristiania, heile sju år, og deltok på mange kunstutstillingar. Seim var svært produktiv og skal ha måla fleire tusen oljemaleri og akvarellar i løpet av kunstnarkarrieren. Med oppvekst og bustad på Kinn var det kanskje ikkje så underleg at kystnaturen og sjøfuglane i stor grad prega kunsten hans. Mange kalla han endå til «Ørnekunstnaren» etter dei mange bileta av ørn. Kystbileta er ein gjengangar, men han farta kring i fylket og motiv både Sunnfjord, Sogn og Nordfjord viser att i bileta hans. Vi serverer med dette eit lite glimt frå arkivet etter Harald Seim og let bileta tale sitt eige språk i vårt vesle minigalleri.

Litteratur:

•• Torvanger, Magnus Helge. Harald Seim. Kunstmålaren frå Kinn. Selja forlag 2014. Bilettekst: Malaren Harald Seim fotografert i atelieret sitt på Kinn i Flora i 1920. Fotograf er Olai Fauske. I bakgrunnen ser vi eit av dei store ørnebileta blant mange andre.

4


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

5


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

6


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

7


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

8


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

9


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Ingolv Arnarson – den fyrste norrøne busetjaren på Island Det er sterke band mellom Noreg og Island, og Ingolv Arnarson er det viktigaste knytepunktet. Vi byr denne gongen på to artiklar om denne karen som i følgje islandsk Landnåmabok skal ha starta den faste busetjinga på Island kring år 870.

Kampen om «eigedomsretten» til Ingolv Arnarson og den islandske folkegåva.

Hermund Kleppa og Henning Rivedal i frisk passiar.

Ingen veit kvar Arnarson kom frå i Dalsfjorden eller «Fjalir». Rivedølene meinte han kom frå Rivedal, men dalingane meinte at han like godt kunne kome frå Dale. Dette var ei kiving som kom til syne då den islandske presidenten Asgeir Asgeirson kom på besøk til Noreg og fylket i 1955. Kvifor rivedølene drog av med sigeren, kan du lese i den fyrste artikkelen Hermund Kleppa har skrive om det islandske presidentbesøket. Den andre artikkelen hans handlar om då den islandske folkegåva til Noreg, statuen av Ingolv Arnarson, skulle avdukast i 1961 og 10

«halve verda» kom for å oppleve dette storhendet. Som om ikkje dette skulle vere nok, kan du gå inn på heimesida vår: https://www.fylkesarkivet.no (eller QR-koden) og høyre Henning Rivedal fortelje Hermund Kleppa om si oppleveving av desse storhendingane i Rivedal. Ei kosteleg forteljing.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Island - Presidentbesøk i Rivedal i 1955 Av Hermund Kleppa

Artikkelen er tidlegare publisert på kulturhistorisk leksikon

I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirsson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson vart avduka i Rivedal. Denne artikkelen handlar om presidentbesøket i 1955. Offisielt besøk

Island oppnådde fullt sjølvstende ved vedtak i Alltinget 13. mars 1944. Den nye republikken vart proklamert 17. juni same året. Det var fødselsdagen til fridomsmannen Jon Sigurdsson (18111879). Den første presidenten heitte Sveinn Bjørnsson. Han vart avløyst av Asgeir Asgeirsson i 1952. Sommaren 1955 var det islandske presidentparet, Asgeir Asgeirsson og kona Dora Torhallsdottir, på offisielt besøk i Noreg. Dei kom til Oslo med MS Gullfoss og fekk kongeleg mottaking med stort program i hovudstaden og næraste omland. Etter besøk på Eidsvoll drog presidentparet på “privat” reise til Trøndelag, derifrå gjennom Møre og Romsdal og sørover på Vestlandet til Stavanger der dei tok farvel og reiste heimatt til Island med fly. Seinare på året kom det ut ei bok om Noregsbesøket, skriven av Arni Olav. Boka, på kring 150 sider, er skriven i dagbokform og rikt illustrert. Eitt uttrykk går att: “Gott ad vera islending i Noreg i dag”.

Ein dag i Dalsfjorden

Basert på ei oversetjing av denne boka skreiv Firda Folkeblad i 1961 om det islandske presidentbesøket i 1955. Det var eit apropos til avdukinga av Arnarson-monumentet hausten 1961: “Den 4. juni [1955] tok dei ut frå Loen. Det skulle fara om ættestaden til landnámsmannen Ingolf Arnarson i Fjaler [no i Askvoll kommune]. Sume heldt det for å vera den merkelegaste staden på (..) ferda. Det var 270 km den dagen (fram til Balestrand) og lite tid om ein skulle sjå Dalsfjorden skikkeleg.

Han [forfattaren av boka] nemner Innvik, Utvik, Egge, Våtedalen, Klakegg, Moskog, Storhaug og Eidsvik i botn av Dalsfjorden. (..) På Skei var ordførarane i fylket samla. Dei helsa presidentparet, og fylkesmann Schei slo seg med, til Dalsfjorden og til Sogn (..).

Rivedal med utsyn vestover mot “Nigarden” og Berget, båtstoppestaden.Fotograf: Ukjend. Eigar: Petra Ask.

Ved fjordbotn (..) Bygstad (..) steig me på ei ferje som heiter Atløy og siglde ut Dalsfjorden. Han er trong fyrst, men vidkar seg ut straks me kjem til Dale. Med oss var lærar [Ragnvald] Fagerheim som er den allermest kunnige om soga til heradet.(..).

frå land - derimot ikkje på at presidenten skulle koma i land for å helsa på dei. Det synte seg at dei meistra den uventa hendinga godt. Henning har fortalt om det uventa besøket i boka Dalsfjorden (1999).

Så vart det siglt fram, ut mot Rivedal. (..) Garden Rivedal ligg på ei høgd fram mot sjøen, og der er [ein] stor bø. Ovanfor er skogåsar og nes fram mot sjøen i vest, og attanfor er høge fjell, og sjølve Rivedalen ligg mellom dei. Der renn [ei] elv mot sjøen, og bøen hallar mot den og mot øyra som har laga seg ved osen. Midt på bøen står bautasteinen [ein eldgamal bautastein som etter folketradisjonen skal ha vorte reist av Ingolf Arnarson då han utvandra til Island.] (Så langt Firda Folkeblad).

Henning Rivedal om presidentbesøket

Henning Rivedal, fødd 1944 i Rivedal og oppvoksen der, var heime då presidentbåten MS Atløy kom til Rivedal, tysdag 3. juni 1955. Bygda hadde førebudd seg godt på å helsa presidentparet

President Asgeir Asgeirsson (1894-1972) på frimerke. Han var Islands andre president, frå 1952 til 1968. 11


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

President Asgeir Asgeirsson (til venstre) attmed den gamle bautasteinen Rivedal. Dei andre personane: Nikolai Schei (fylkesmann), Sørbø (lærar), Søren K. Hauge (ordførar). Fotograf: Emmy Falch. Eigar: Johannes Falch.

“Då ferja seig forbi der bygdefolket stod, stemde dei i med Millom bakkar og berg, og deretter den islandske nasjonalsongen [på islandsk!]. President Asgeir Asgeirsson, kjend som ein mann med sterke kjensler, braut med all etikette og gav ordre om at han ville i land, stikk i strid med planane til fylkesmann Schei. Folk i land såg at noko var i gjære. Småbåtane la seg inntil Atløy, og presidenten steig ned i snekka til Hans Enstad, knivfabrikkarbeidar i Rivedal. Dei to småjentene Solveig og Dagmar Rivedal som budde på Berget der kaia var, fekk i hui og hast på seg kvar si bunad. Mor deira treiv ei blomsterpotte med ein fin blomst som stod i vindaugskarmen i stova. Då presidenten steig i land, gjalla hurraropa, og småjentene gjekk fram og gav blomen til presidenten som vart svært rørd. Den fine potteblomen som berre kort tid tidlegare hadde levt eit uskuldig tilvære i glaskarmen til Ida og Sigurd Rivedal, hadde vorte den islandske presidenten si eige. Så gjekk følgjet til bautaen, og der heldt Ola Sørebø [lærar i bygda] på strak arm, ein sterk tale om det norskislandske hopehavet. Presidenten svarde 12

President Asgeir Asgeirsson med blomen han fekk av jentene Solveig og Dagmar. Det var ikkje planlagt at presidentfølgjet skulle koma i land og difor måtte det improviserast. Dei tydde til ei potteplante som blomehelsing. Datering: 3. juni 1955. Fotograf: Emmy Falch. Datering: 3. juni 1955

med å love at han skulle komme att og reise ei støtte av Ingolfr. Islendingane gret og fylte sølvøskjer med jord. Presidenten forsvann saman med skysskaren Hans Enstad heim til han og drakk kaffi der, medan fylkesmann og ordførar stod rådville att og hadde fått øydelagt heile opplegget sitt. Til slutt kunne følgjet atter samle seg og dra vidare. Men før dei drog lova Asgeir Asgeirsson at han skulle planta potteplanten i hagen sin på Island og den norske molda skulle ligge omkring.” (Så langt Henning Rivedal.)

Ved Kleppeneset

Kleppeneset ligg eit stykke lenger ute i fjorden, mellom Rivedal og Holmedal. Her óg står det ein gamal bautastein. Somme vil ha det til at han vart reist av Hjørleif Rodmarsson, fostbroren til Ingolf Arnarson, som utvandra til Island i lag med Ingolf. Om besøket her på Kleppeneset fortel Firda Folkeblad etter den islandske boka om presidentbesøket i Noreg i 1955: “Ved Kleppeneset er [eit] berg ved

sjøen og ein god vor [bryggje], men skip kan ikkje leggja til der. Der er ein skogås ovanfor og nokre gardar under han. På ein pall på den garden som er nærast sjøen, hadde mykje folk samlast, med fire store norske flagg, og framfor seg på bøen hadde dei spent ut eit måla islandsk flagg mellom to staurar. Ut mot skipet kom nokre båtar, mellom dei motorbåtar, fulle av folk, og der var ei småjente med ein stor blomekrans til presidentfrua. Presidenten gjekk då på land, ville helsa på alt folket som gav så hjarteleg mottaking. Det vekte stor glede mellom folket, av di det ikkje hadde vore skipa til å stiga på land der. Og presidentparet trega heller ikkje på å ha kome dit. Såleis var møtet med ættarstaden til Ingolf og Hjørleif.” (Så langt Firda Folkeblad)

Kjelder

•• Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. 1998. •• Firda Folkeblad. 12.09.1961. •• Falch, Emmy: Dagboknoteringar. Kopi.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Island - Minnesmerke over Ingolv Arnarson i Rivedal

Av Hermund Kleppa

Artikkelen er tidlegare publisert på kulturhistorisk leksikon

I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirsson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson vart avduka i Rivedal. Denne artikkelen handlar om Ingolv Arnarson-minnesmerket i Rivedal. Minnesmerket

Ingolv Arnarson-minnesmerket i Rivedal er ein kopi av Ingolv Arnarsonminnesmerket i Reykjavik. Statuen vart laga av islendingen Einar Jonsson (1874-1954) i 1907 men ikkje reist og avduka før i 1924. (Les meir om minnesmerket i Reykjavik i eigen artikkel.)

Nasjonalgåve

Våren 1958 vedtok det islandske Alltinget å gje ei avstøyping av Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik som folkegåve til Noreg. Vedtaket vart gjort etter framlegg frå alltingsmenn som var med på reisa “I Egil Skallgrims fotefar” på Vestlandet året før. Det er sagt at tanken kom opp då reisefølgjet var i Dalsfjorden og Rivedal på den islandske nasjonaldagen 17. juni. Det var eit høgdepunkt for islendingane då dei gjekk i land i Rivedal og samlast ved den gamle bautasteinen der som etter bygdetradisjonen vart reist av Ingolv Arnarson, den første landnámsmannen på Island.

Staden fastsett i 1960

Ingen kan med visse hevda at Ingolv budde i Rivedal og utvandra derifrå. Dei islandske kjeldene fortel at Ingolv kom frå “Fjordane”, nærare avgrensa til “Fjalir”. Ein reknar at det gamle Firdafylket omfatta det området av Sogn og Fjordane fylke som i dag svarar til Sunnfjord og Nordfjord og at det geografiske området “Fjalir” omfatta eit større område i vikingtida (830-1030) enn Fjaler kommune i dag. I siste halvparten av 1800-talet byrja diskusjonen om kvar i “Fjalir” Ingolv kunne ha budd. Striden kom til å samla seg om to alternativ: Dale og Rivedal. I 1958 trekte Rivedal det lengste strået i spørsmålet om kvar minnesmerket skulle reisast. Då ein delegasjon med

Ingolv Arnarson-minnesmerket i Rivedal, avduka 18. september 1961.Fotograf: Emmy Falch. Datering: 1961.

Fotograf: Emmy Falch. Eigar: Johannes Falch. Datering: 1961.

den islandske departementsjefen Bjørnson, fylkesmann Nikolai Schei, o.fl. kom til Fjaler 26. august 1960 var det for å fastsetja kvar i Rivedal det skulle stå.

tok fatt på førebuingsarbeidet i begge landa.

Etter ei grundig synfaring kom dei fram til at ein stad i nærleiken av den gamle bautasteinen ikkje høvde. Minnesmerket ville då koma så langt ned i bakken, at det var uråd å sjå det frå hovudvegen lenger oppe. Dei samla seg om Bjønnshaugen på Hans M. Rivedal sin gard, om lag 7 m nedanfor riksvegen. Her var det godt utsyn mot Dalsfjorden samstundes med at minnesmerket ville verta godt synleg frå riksvegen.

Klargjering

I 1960 vart det óg fastsett at minnesmerket skulle reisast og avdukast året etter, i mai eller september 1961. Dei

I april melde Firda at minnesmerket, støypt i bronse, stod ferdig i København og var klar til å sendast til Noreg. I Fjaler vart det ordna med kjøp og utskifting av eit høveleg jordstykke til minnesmerket og utviding av vegen og parkeringsplass på oppsida av vegen. Den 11 tonn tunge sokkelen og statuen kom til Holmedal i midten av august med trondheimsbåten Eystein Jarl. Vegvesenet hadde ansvaret for transporten vidare inn til Rivedal. Dei hadde laga seg ei vogn med slede og hadde både den største lastebilen sin og ein bulldozar å hjelpa seg med. Etter at sokkelen var sett opp, vart det bygd ei heiseinnretning rundt sokkelen for å få minnesmerket på plass. 13


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Programmet fastsett på riksplan

I månadsskiftet skreiv Erling Vindheim lesarbrev til Firda Folkeblad. Hun lurte på kvifor det var så lite kunngjort om programmet. Fylkesmannen fann det naudsynt å koma med ei orientering. Han skreiv mellom anna: “Korkje fylket eller Fjaler kommune har oppmoding om å take del i utforminga av noko program i samband med avdukinga. Slikt program vert truleg fastsett i samråd med mellom regjeringa og den islandske ambassade. På oppmoding har fylkesmannen saman med Fjaler kommune medverka til å få kjøpt det jordareal ein treng til monumentet og fylkesmannen har tilsagt hjelp i samband med transport og oppsetjing av monumentet.”

Islendingane i hardt vêr

Programmet vart ferdig i god tid før den fastsette avdukingsdagen, søndag 17. september. Om lag 150 islandske gjester skulle koma med m/s Hekla og dei offisielle norske deltakarane med m/s Sunnfjord. Båtane skulle koma inn til Holmedal samstundes om føremiddagen. Det vart ikkje slik. Hekla kom ut i eit gjernings vêr og vart eitt døgn forseinka. Avdukinga vart utsett ein dag, til måndag 18. juni.

Avdukinga

Sjølv om avdukinga no vart på ein kvardag, møtte mykje folk fram. Kring 2000 menneske var samla rundt minnesmerket og i bakkane ovanfor. Dei to båtane kom til Holmedal om føremiddagen. Festkledde skuleborn helsa velkommen. Dei kom marsjerande med flagg i handa, stogga på kaia og song den islandske og norske nasjonalsongen. Utanriksråd Jonsson takka frå båten før landgangen kom på plass og gjestene gjekk i land og reiste i bussar inn til Rivedal. Mellom dei offisielle representantane frå Island var justisminister og fungerande statsminister Bjarni Benediktsson og kona hans, Sigridur Bjørnsdottir, utanriksråd Agnar Kl. Jonsson, ordføraren i Reykjavik Audur Auduns. landbruks attasche Arni Eylands og presten Brynjulvsson 14

Frå avdukinga i 1961. “Denne statuen skal stå som eit symbol på usvikeleg venskap mellom det norske og det islandske,” sa justisminister Bjarnir Benediktsson avdukingstalen. Dale Musikklag og eit samansett blanda kor var med. Fotograf: Kåre Hatlevik. Eigar: Petra og Kjell Ask. Datering: 18.09.1961.

(han hadde for ei tid sidan vore vikar i Askvoll), og Arni Helgason, post- og telegrafmeister i Stykisholmur på VestIsland Mellom dei norske representantane var justisminister Jens Haugland, fylkesmann Nikolai Schei, ordføraren i Fjaler, A. Hovland og lærar Ola Sørebø. Mange aviser var til stades og NRK gjorde opptak. Firda skreiv mellom anna i sitt oppslag:

to landa nærmare saman, og han gav bautaen vidare til ordføraren i Fjaler til vyrdsling. Hovland lova at bygda skulle ta godt vare på bautaen. Audur Auduns, formann i Reykjavik bystyre, tala så om det Ingolfr Arnarsson har hatt å seia for Islands hovudstad. Lærar Sørebø takka Island for denne gåva og baud gjestene til Rivedal om kvelden.

“Etter velkomsthelsing av fylkesmann Schei, heldt Bjarni Benediktsson avdukingstalen. Dagen før han reiste på denne Noregs-ferda hadde han for ein 3 månaders periode overteke det islandske fyrsteministerembetet (statsminister). Frua hans (Sigridur Bjørnsdottir) føretok avdukinga og det gjekk eit gisp av undring gjennom folket med det same - slik skein det kraft og viljestyrke utav Ingolfr Arnarson. Det er ein utifrå vakker bauta, og då nokre solstråler, gylte bronsen idet duken glei av, lyste styrken av personen slik at agen stod gjennom ein. Ein myndig bauta, og fint står han, der Ingolfr støttande på drakehovudet i skipsstomnen skodar mot leia vestover havet. Statsråd Haugland tok med takk imot dette venskapsteiknet som knyter dei

Reisinga av Ingolv Arnarson-minnesmerket inspirerte fleire til å skriva dikt. Somme vart opplesne og somme kom på trykk i lokalaviser. Dette stod i Florø-avisa Firda Folkeblad 18. september 1961. Det er signert Olav Fagerheim.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Innimellom talane var det musikk av Dale musikklag og song av Askvoll, Stongfjord og Holmedal bladna kor. Smågjenter i bunad overrakte fyrsteminister Bjarni Benediktsson og statsråd Haugland nydelege bukettar. Gildt var det at så mange av kvinnene i Fjaler møtte i bunad, og forvitneleg å sjå dei islandske kvinnene i sine bunader, dei fleste i svart silke, men og med noko av det norske i søljer og fargerike bryst- og halsklede.” (Så langt Firda)

Bygdefestar

Etter avdukingshøgtida vart det halde offisielle tilskipingar om bord i båtane, først mottaking på Hekla, deretter middag om bord i Sunnfjord. Men etterpå tok bygdefolket i Holmedal og Rivedal over. Kring 150 islendingar fekk busskyss inn til Rivedal der dei vart bedne velkommen i skulehuskjellaren. Firda fortalde: “Kvenda [kvinnene] rundt omkring hadde laga til mat, sjølvsagt det beste av lefser og kaker i ymse slag. I skulehuskjellaren, som til vanleg rømer eit hundratals menneske, viste det seg ved jenking og pakking å gå inn 157 islendingar. Bygdefolket laut halda seg utanfor, av reint praktiske grunnar. (..) Det vart prat og song og lettare taler, og lystig lag. Då Henrik og Eiliv Rivedal kom med fela, vart gjestene så ivrige at dei ville prøva takten frampå golvet, men plassen tillett ikkje mykje sprell.” I Holmedal samla islendingar og tilreisande seg i bygdahuset der det og vart vist film og lysbilete. Elles vart langvegsfarande bedne heim til bygdefolk, og vertsfolket vart etterpå bedne om bord på Hekla. Dale Musikklag spela på kaien til langt på kveld. “I det heile”, skreiv Firda Folkeblad “vart det knytt mange band mellom Island og denne sunnfjordsbygda den dagen.” Heilt sikkert også i Rivedal. Hekla kasta loss i 11-tida.

Albert Joleik - litt kritisk

Bladmannen og lokalhistorikaren Albert Joleik i Bergen skreiv nokre merknader til hendinga i Rivedal. Han hadde fylgt godt med, høyrt på radio og lese i blada. Om dikta kommenterte han: Alle Sunnfjordblada hadde Ingolv-

Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik. Det vart laga av Einar Jonsson i 1907, men ikkje reist før i 1924. Minnesmerket i Rivedal er ein kopi av minnesmerket i Reykjavik.Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2007

dikt (vælmeinande, med mykje godt i, men sumt ryse!) Islendingane hadde måtte danska for at folk skulle skjøna dei. Han trudde islendingane skjøna sunnfjordmålet. Om lærar Ola Sørebø i Rivedal skreiv han: “Eg lydde på, i radio, og merka meg helst at når Ola Sørebø tala, med heimleg taletone, - kunne dei tru det var ein islending - frå ei onnar bygd.” Albert Joleik pirka óg borti dette at Ingolv skal ha budd i Rivedal. “Skal tru kven som har dikta upp [det] (..), spurde den lærde lokalhistorikaren, og greidde ut om kva dei skriftlege kjeldene seier, og konkluderte: “Like vist [sikkert] som Rivedal (..) kunne Ingolv ha butt på Strand, Dale, Flekke, Hellevikja, Fure. Eller på Eikjenes. Ingjen veit.”

Elles var Joleik misnøgd med kunstverket. Han likte ikkje skulpturane til Jonsson. “Dei er meg altfor stilisert, sers tilskapte. Ingjen veit kor Ingolv såg ut, men vi kan skjyne vist [heilt sikkert] at han ikkje såg ut soleis som Einar Jonsson hev laga han.” Vår eigen Dyre Vaa kunne ha gjort det mykje betre, meinte Albert Joleik, og med ein dalsfjording som modell.

Kjelder •• Firda. Fleire nummer 1961. •• Firda Folkeblad. Fleire nummer 1961. •• Bergens Tidende. 18.09.1961. Reykjavik 871 +-2. 2006.

15


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Humor i stadnamn Ikkje alle stadnamn er like ”sakleg objektive”. Språket vårt er mangfaldig, og uttrykka våre kan stundom vere både humoristiske, saftige og grove. Kreativitet og humor er ikkje å forakte, då vert språket fargerikt. Dette pregar – heldigvis - mange av stadnamna og. Folk i Årvika i Selje veit godt kvar Brokaskiten ligg. Det er ein stein i sjøen. Opphavet til namnet er uvisst, kanskje er det ei humoristisk samanlikning. Brakeskiten finst i Ytre Honningsvåg. Namnet Blodskiten er også brukt andre stader i fylket, om arbeid som var eit blodstrev å få gjort (er bl.a. teigenamn i Sogndal), i Vågsøy er det namn på eit nes det var vanskeleg å ro forbi. Ein stor stein på ei mark i Jølster kallar dei Storskithuset. Han ser vel slik ut. Og for å halde oss til temaet. I Hornindal finn vi Haraldereva, småskog ved ein seterveg, der ein Harald løyste buksa. På Muri låg Skitarsteinen. Den skal ha fått namnet sitt fordi folk frå Rake og Loen sette seg her på veg til kyrkja i Olden. Etter den lange roturen hadde dei behov for å gjere sitt fornødne. Steinen er no borte. Ei liten åker i Høyanger heiter Hestelorten, og i Luster finn vi Purkelortbakken. Hundslortehagen i Askvoll er ein liten grashaug, medan Lorten i Flora er ei skitfjære. I Stryn finn vi Lortestadbakken, og eit lite «skvalpeskjer» i Flora vert kalla for Tyvollorten. I Luster vart ein plass for avtrede i det fri kalla Hykjehola, «å hykje seg ned» = sette seg på huk. På garden Finden i Vik i Sogn heiter ein stor stein Kaptein Turrdrit, eg kjenner ikkje bakgrunnen for dette namnet. Elvar eller fossar som sprutar eller har lita vassføring, får ofte namn med «mige» eller «pisse». Grova Miget (uttale «me:je») i Jølster sprutar. Elvenamnet Migande finst på heile 8 stader i Vik kommune, dessutan i Sogndal og Leikanger. I Luster er Migande ein liten siklefoss utover ein heller ved støylen Osen. Under helleren og bak fossen låg robåten tørt og godt. Migandefossen finn vi i Balestrand. Geitemigen i Lærdal er våtlendt område. Kyrkjepissen og Gygrepissen ligg også i Vik, Kyrapisset i Flora, Pisseholet i Vågsøy og Pissebjørka i Bremanger. Ei våt og myrete hole i Jølster heiter Pissehola. Ein gammal, liten slåtteteig (ei bot) inn mot elva Tvinna i Randabygda heiter Britepissabota. Namneforskaren Tom 16

Schmidt trur namnet lyt knyte seg til ei særleg hending. Men ei «pissabot» er kanskje berre eit utnamn på ein skrøpeleg og dårleg slåtteteig, og ikkje at ho Brite pissa der! Nebbefisen er namn på ein åker med bergknaus i Vågsøy. Ei flat slåttemark mellom to haugar i Selje heiter Fisen, det same namnet har ein liten stein i sjøen. Fisaren finn vi i Lærdal, og Fisabakken i Leikanger. Namna høyrest ikkje så «fine» ut i vår tid, men vi må hugse at «å fise» opprinneleg tydde «puste, blåse, fyke». Oskeladden i eventyra heitte på folkemunne Oskefisen = den som blæs i oska. Men Asbjørnsen og Moe, som gav ut eventyra, synest det vart for vulgært og kalla han då Oskeladden. Aasen skriv at i Nordfjord kalla dei ein som var dårleg til å arbeid, «ei fis» eller «ein vissenpinne». Slike namn er ofte oppkallingsnamn eller samanlikningsnamn, nedsetjande eller rosande namn, av og til vulgære, eller berre komiske. Kanskje refererer dei til ei hending, slik som namnet på eit slett, rundt svad i Utvik: Kviolaskituksen. Eit fortal seier at KviOla skjetoksa her (gjorde rundkast). Jasteinen i Luster var ein ”friarstein”, det same som Jabenken ved bilvegen mellom Roset og Ulvedal. Denne steinbenken er no skoten vekk av Vegvesenet. Ei steinhelle ved stølsvegen på Heggheim i Jølster heiter Kjerringa hans Brigta-Lars. Hella vart reist opp av den som bygde vegen, ein ugift dreng frå Sogn. Bygda Sørstranda (Rygg krins) ved Sandane går under namnet Sjedulandet. Oppgavet til namnet er noko usikkert, men skal kome av at mange av dei som budde her, sa «sjedu!» når dei snakka. Ordet er ei samandraging av «ser du!». Mange kjenner ei regle derifrå: «Atte dei kalla meg Store-Sjedu, sjedu!, det gjer meg ikkje noke, sjedu!, men at dei kalla sonen min Lisje-Sjedu, sjedu!, det vil eg ikkje vite noko av, sjedu!». I Breim finn vi og forma «sjert du!». «Sjedu!» vert mange stader uttala «seddu!», det er det same ordet som «sjø!» på trøndsk: «æ villj itj det, sjø!» eller «you see!» på engelsk. Det ligg kanskje litt kvinnediskriminering i namnet Kvinnefallet i skiløypa på Langeland. Det er ein vrien bakke, der mange hamnar ute i snøen. Nokre kallar den med snobbenamnet Damefallet. Det

Av Kristian Solvang

same namnet finn vi i skiløypa i fjellet over Leikanger i Sogn, løypa dei køyrer ned i Kjeringi Open. (Vaorens vidlaste eventyr!). Rosande namn: Folkefantasien har flytta Egypten til ein slåtteteig på Ulvedal. Bakgrunnen er usikker, men kanskje var det spesielt fruktbart og varmt her. Nær husa i Sølvbergstunet ligg Sålebota. Det er i dag teigenamn, men var eigentleg namnet på ei lita vasskjelde, oppkome, som vart nytta til ”matgrov”. Det var ei ”sælebot”, fordi ho låg nær husa og aldri var tom. Det finst 14 namn Sælebota/ Sålebota i fylket, dei fleste er namn på oppkomer. Gudsfredholet i Luster, eit fossehol, manglar eg forklaring på. Elles er det vanleg med rosande namn på hytter og hus, slik som hyttenamnet Lidarende på Ulvedal, oppkalla etter garden til Gunnar i Njålssoga, som snudde hesten og sa: «Fager er lia, så eg aldri har sett henne fagrare...».Vall Teigen fann på eit storarta namn på selet/hytta han bygde på støylen Raudfjell: Vallborg. Det knyter seg ei spesiell historie til Berleporten på Bremangerlandet. Det er no namnet på tunnelen ein køyrer gjennom på veg til Berle. Opprinneleg kalla Vegvesenet den Berletunnelen, men då folket der skulle feire oppussinga av tunnelen, stemte arbeidarane i songen «Han skal åpne Berleporten, så at jeg får komme inn...», med ei kreativ ombytting av «perleporten» frå ein kjend bedehussong. Dette namnet var det mange som likte, og etter eit par års vandring gjennom byrakratijungelen, vart dette namnet godkjent. «Finst det nokon stad i landet eit finare tunnelnamn?» spør dei i Berle. I Bremanger står der ei fure som heiter Musapinnen. Det er ei stor fure no, men då ho var lita, såg dei ei mus som klatra opp i henne.Ei lita hole ved sjøen i Bergsetberget har det rosande namnet Smørkråna. Her kunne ein søkje livd med færingen i uver. Smaleparlane er namnet på nokre små isjoklar høgt oppe i fjellet i Luster. Når dei smelta og ramla ned om våren, var det teikn på at dei kunne sleppe sauene til skogs. Til dei rosande namna må vi vel rekne Skogamora, ei stor og vid furu på Svanøy i Flora. Nedsetjande namn: De vises Dal i Flora må vel nesten vere mobbing. Det budde mange lærarar der! Eit


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

mislykka dyrkingsprosjekt i Lærdal heiter Dikemark. Pina er namnet på ein liten slåtteteig ved sjøen på Øyestad (dei pinte vel ut nokre strå der), og på Hatleim vart Nylendereina omdøypt til Elendereina, fordi den er så bratt og vanskeleg. Eg har høyrt at lenger inni fjorden kalla nokre Blaksetbygda, (bygda mi), Kartnaglebygda. «Kartnagl m» finn vi brukt i norrøne kjelder, bl.a. i Njålssoga. Ordet tyder «knortete og vanskapt nagl». Ikkje særleg pent gjort av gode grannar! Helvetet finst både her og der – i stadnamn. Det er registrert ca.25 slike namn i fylket, eg veit om eitt på Nordsida. Informanten min var nærmast brydd då eg spurde kva den bratte og steinene slåttemarka heitte: ”Det er nesten synd å seie det, men vi kalla det for Helvetet.” Det finst nok fleire her omkring. På garden Svarstad på Faleide finst også Helvetet, av folk på andre gardar kalla Svarstadhelvetet. Det var eit stort, delvis dyrka område som før siste utskiftning var delt mellom 3 brukarar. Det var eigentleg berre ei styggemark med mykje stein, som no er attgrodd. Elles er det ofte namn på tronge gjøl, skumle jettegryter, lunefulle skjer eller fårlege plassar å gå. I Gausdal i Oppland finst kanskje det største «Helvete» i Norge. Det er eit djupt gjøl, og ein kjend turistattraksjon. Her finst Norges største samling av store jettegryter. Dei største er opptil 50 m djupe og 20-30 m breie. Alle som driv med stadnamn, kjenner historia om mannen som kom til gards og trefte berre ein gutunge heime. Han spurde etter foreldra. Gutungen svarte: «Nei, dei er ikkje heime. Ho mor er ned i Paradis og bakar lefse, og han far er ned i Helvete og høgg ved.» Ein farleg oppgang i eit berg i Luster har dei kalla Skøyteløysa. I same kommunen heiter ein sving i Engjadalsvegen Judassvingen, som har si årsak i ein konflikt mellom basen og oppsynsmannen om kven som skulle vere med på arbeidet. Oppkallingsnamna er mange: NordAmerika og Sør-Amerika ligg i Sogndal, ein steinfigur i fjellet i Selje heiter Roald Amundsen, i Hornindal Stavangerfjord, ein hammar like ved Øyebakken, lik ei skipsside. I Balestrand ser dei Luther i fjellet, i Solund Keisaren. Kreativitet og kunnskap i bibelsoga hadde to gutar på Blakset. Eit dalføre der dei ofte fann kyrne om kvelden, hadde ikkje namn. Det fann dei løysing på: «Vi kallar det Sionsdalen» - som den enno heiter. Det namnet hugsa dei frå bibelsoga. To innmarksteigar i Luster heiter

Huldredøra. Fotograf: Kjell Roset.

Jerusalem og Jeriko, men opphavet til namngjevinga er ukjend for meg. Det er og ukjent kvifor ei lita fjellside i Solund heiter Libanon. Russland finn vi både i Lærdal (åker) og Høyanger(stor flate med mjølkeplass). På Storesunde finn vi Dakotabakkane, namnet er nok inspirert av Midt-Vesten i USA. Ei steinblokk på same garden heiter Kjøpenhavn. Men vi veit grunnen til at ein teig i Luster heiter Arendal – det var ein Arne som dyrka han opp. I same kommunen finn vi namna Skuleguten (åker), Konfirmanten (isjøkul) og Rolegheiti (slåttemark). Ein sving i Engjadalsvegen i Luster heiter Dubbelmyren, fordi to av arbeidarane hadde «myr» i namnet sitt. I Hornindal finst både Longyearbyen og Etiopia. Samanlikningar vrimlar det av: Svært mange steinar heiter Kyrkja (dei er spisse på toppen), Altaret (stein), Skjeltene (teig med svaberg), Svinerumpa (teig), Skinnhatten og Skinnbroka (teigar), Kyrarumpa (furebuske), Prestanosi (spisst fjell), Regnhatten (fure), Underbrokaberget (berg), Klevakjerringane (to breie elvar), Futevomba (knaus), Durdeijekti (hammar), Einogsytti (tall i berget), Krokodillen (bjørk), Keisaren (fure i Luster), Morpølsa (ein varde/

siglingsmerke på eit skjer i Fjaler), Brødlefsa (knubb i Luster), Skjørosten (stein i Bremanger), Huldredøra (fjellfigur på Nordsida) Gammalosten (danseflate i fjellet på Nordsida), Brimtvora (fjell i Aurland), Beitelen (fjell i Aurland), Kjøtlåret (stein i Solund) og Kjøtlæret (berg i Aurland). Preikestolen finst ikkje berre i Rogaland, men i mange bygder i fylket vårt.

Kyrarumpa i Ulvedalsfjellet. Fotograf: Kristian Solvang. 17


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Preikestolen på Blakset. Fotograf: Kristian Solvang.

Vulgære namn er det ikkje så mange av, men her kjem eit knippe av dei: Koddane (to steinar på eit svad i Luster), Kusa (berg i Jølster), er sagt å vere forma som eit kvinneleg kjønnsorgan, Kanskje er dette rett tolking, sidan det er eit hokjønnsord. Hankjønnsordet «kus m» = fjellknaus, haug eller fjell. Å «kuse v» = bøye ned. Det finst mange høgder og fjell med dette ordet, mest i Sogn, t.d. Kusane (Vik), Høgkusen og Mylsekusen (Høyanger). Musi er namn på eit lite hol i eit berg i Luster. I Utvik finn vi namnet Tjukkannekuken, (steinformasjon). Meir uskyldig er namnet på eit led, Tatteledet, på Ulvedal. Det er svært lokalt. Nokre småjenter leika seg og putta lyng oppunder blusen for å få tattar (bryst). Då dei på vegen heim kleiv over dette ledet, datt lyngen ut. Fleire stadnamn kan under tvil bli tolka som vulgærnamn. Grunnen er at språket endrar seg, og ord som i starten var nøytrale, i dag kan oppfattast annleis. Øverst i Svalåndalen i Fjærland ligg ein rund, trekantforma knaus med ei loddrett kløft i. Den kallar dei Kunta /kontao/. I Ullstein på Sunnmøre heiter eit lite skjer Konta, 18

det er nok same namnet. Det er nok eit samanlikningsnamn. I Gloppen finn vi Kontebakken, den har namn etter ein stein. Aasen oppgjev at «kunt m» = skreppe eller ei høg og smal korg av fletta material.Men ordet kan og bety kvinneleg kjønnsorgan, cunnus, vulva. Ordet «kunt(e)» er brukt i denne tyding i ei rekkje språk, bl.a. i svensk og engelsk (cunt). Om Kontebakken står forklaringa: «Stein, forma som Mons Veneris». På ein gard i Hennebygda blir det sagt at dei får vatnet sitt frå Skrevet. På Sunnmøre finn vi jamvel Møyaskrevet, eit lite sund mellom land og Møyaskrevsteinen. Historia vil ha det til at ein friar frå Tjørvågane vart så hissig etter ei jente frå Dimna at ho rømde bort på steinen. Det er ikkje nødvendigvis eit vulgært namn, for grunntydinga av ordet er «kløft, fjellkløft» (gno: skref n). Men å skreve betyr også å sprike med beina. Grova i Hennebygda renn sikkert gjennom ei kløft. I Vågsøy ligg det ei fiskegrunne vest for øya Klovningen som heiter Jukkefluda (på kartet skrive Jokkeflu). Den blir ofte brukt av pilkefiskarar. Verbet «jukke» betyr « å vippe opp og ned, vrikke

med baken». På tysk tyder «jucken» å «klø». Det er nok den bevegelsen dei gjer når dei pilkar, så her trur eg vi lett kan misforstå namnet. Fiskarane drog nok ikkje ut på denne fluda for å få sex! Merk at eit fiskereiskap for pilking på djupt vatn heiter juksa. Slike vulgære namn vert ofte ikkje nemnde, fordi informanten synest det er pinleg å ta namnet i sin munn. Det same har skjedd i ordbøkene, dei tek heller ikkje med verken vulgærorda eller bannorda. Dette er etter mi meining uheldig, ein ordbokutgjevar skal ikkje moralisere bort såkalla «stygge» ord. Desse orda er også ein del av språket og ordforrådet vårt. Studentar og innvandrarar som lærer norsk, høyrer bannord og vulgærord dagleg, men finn dei ikkje i ordbøkene. Det er viktig for dei å forstå kva som blir sagt, om dei ikkje brukar desse orda sjølv. Desse døma på humor i stadnamn i Sogn og Fjordane er slett ikkje fullstendig. Det finst sikkert mange fleire rundt om i bygdene, og eg trur heller ikkje alle er registrerte. Eg tek gjerne imot innspel frå lesarane. Send til kristian.solvang@gmail.com


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

MUSIKKLAUS KYSTKULTUR? av Synnøve S. Bjørset, musikkarkivar

Sogn og Fjordane har med sine 2 482 km den 3. lengste kystlinja i Noreg. Men kva veit vi om musikken til dei som var busett ved denne nærare 25 mil lange grensa til havet? Kjeldematerialet bevart i norske folkemusikkarkiv kan lett gje inntrykk av det langs kysten må ha vore sørgjeleg lite musikk. Medan slåttar og songar frå djupe dalar, trange fjordar og høge fjell er dokumentert i rikt mon, er det mest ikkje spor å sjå etter musikken til fiskarkona, fiskaren, jektesiglaren og sjømannen.

Fjellbonden som symbol på det rotekte norske

Når vi i dag snakkar om folkemusikk, så er det gjerne med ein historisk referanse til «folk flest» sin musikk i det førindustrielle bondesamfunnet. Men kven var «folk flest»? I det store nasjonsbyggingsprosjektet på 1800talet var det «den norske fjellbonden» som fekk status som berar av den unike norske bygdekulturen. Bykultur og europeiske impulsar passa ikkje inn i dette bildet av det rotekte norske. Heller ikkje folkekulturen langs Noreg

sin langstrakte kyst vart i særleg grad integrert i dette identitetsprosjektet.

så vel som opptak frå kappleikar og konsertar.

Innsamlartradisjonen er i stor grad eit barn av denne tida, og folkemusikksamlarane fatta berre unntaksvis interesse for Kyst-Noreg sine musikktradisjonar. Dei var på jakt etter det ekte og opphavelege, og det var «bøndernes» musikk som hadde status som verdfull, ekte og interessant.

Tradisjonsmusikksamlinga kan ikkje sjåast som eit sanningsvitne om kva som faktisk fanst (og fins!) av tradisjonell musikk i fylket vårt. I staden bør vi sjå på samlinga som resultat av ein innsamlartradisjon og -praksis der ikkje all musikk har hatt like stor verdi og interesse.

Tradisjonsmusikksamlinga – eit sanningsvitne?

Små spor av salt i tradisjonsmusikksamlinga

Fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling inneheld over 16 000 lydklipp med musikk framført av utøvarar i/ frå fylket vårt. Samlinga er bygd opp av dokumentasjon som er gjort av mange ulike aktørar; Arkivet sitt eige innsamlingsarbeid, kopiar frå andre arkiv, og private samlingar. Dei ulike innsamlingsprosjekta er også gjort i ulike kontekstar; Vi har lydopptak av reine dokumentasjonsframføringar,

På leit etter musikk med rot i kystkulturen er det naturleg å undersøkje kva som er dokumentert frå kystkommunane i fylket. Katalogen vår viser følgjande registrerte melodiframføringar: Gulen (91), Solund (439), Askvoll (180), Flora (364), Bremanger (159), Vågsøy (148) og Selje (606). Totalt 1 987 lydklipp. At dette talet er relativt lågt med samanlikna med den totale storleiken på tradisjonsmusikksamlinga, har ein samansett årsakssamanheng som vi ikkje skal gå nærmare inn på her. Men for musikkarkivaren er det ikkje ei stor overrasking at vi i kjeldematerialet finn svært få melodiar som direkte kan knytast direkte til kystkulturen; Denne musikken har etter alt å døme ikkje vore eit prioritert innsamlingsobjekt.

Kva musikk høyrer til kystkulturen?

Seglskuta «Anna» med heimehamn i Solund, fotografert i ca. 1903. Fiskeflåten i Solund var på dette tidspunktet framleis ikkje motorisert, og kanskje song mannskapet om bord sjantiar til arbeidet? Fotograf: ukjend. Eigar: Herman Færøyvik / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Det er lite som tyder på at kystkulturen levde eller utvikla seg i isolasjon. Handelsvegar og samferdslemønster var viktige faktorar for korleis kulturuttrykk vart utvikla og spreidde, og vi finn at mykje av den tradisjonelle musikken langs etablerte ferdselsvegar, både «til lands og vanns», ofte har stort slektskap. Dette ser vi også tydeleg innan instrumentalmusikken: slåttane dokumentert langs kysten er 19


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

norske fartøya. Vi er eitt av dei landa i verda som lengst hadde ein levande sjantitradisjon, og det skuldast truleg at overgangen frå segl til damp og motor kom seint. I sjantisongen er pulsen bestemt av tempo og rytme i arbeidet, og teksten er heilt underordna dette. Ofte måtte sjantimannen (opp-/forsongaren) endre energi og tempo undervegs – i takt med arbeidet som skulle utførast. Språket i sjantiane var anten på norsk, ”sjømannsBildet viser landnotfiske ved Bremnes på Novelandet i Bremanger i ca. 1915. Å dra nota kunne vere tungt arbeid. skandinavisk», Kanskje song dei attåt for å gjere det lettare? Fotograf: Per Bremnes. Eigar: Håkon Liseter. engelsk, eller ”sailorengelsk”. ofte variantar av slåttar vi kjenner frå «Hamnevisa» framført av Marta B. ikkje-kystnære område. Takle frå Gulen, kjærleiksvisa «Månen Det truleg få attlevande som har yndig over havet lyser» framført av Alf opplevd å få høyre sjantiar sunge av Den tradisjonelle musikken var i all Arnold Tviberg frå Askvoll, skjemtefull hals av mannskap i fullt arbeid, hovudsak bruksmusikk – musikk som visa «Atta i døra stod fiskjen i ein og mange sjantiar og kunnskapen om skulle fylle ein bestemt funksjon knytt fjærding», visene «Traurige sømand» denne songen har nok følgt sjøfolka til handlingar eller rituale, i kvardag og «om nogen av eder skulle komme i grava. Men kanskje lever nokre av og fest. Særleg vokalmusikken hadde i land» framført av Alberg Joleik frå sjantiane att som voggesongar? tallause bruksområde; Det er gjerne Flora, «Ro, ro, riske» framført av snakk om songar til og om born, til og Kjellaug Wiik frå Bremanger, visa «No Kan du ei sjømannsvise eller ein om arbeid, til dåp, bryllaup og gravferd. vestapå havet» framført av Peder Fure sjanti? Og det er nok i tekstane til borne- og frå Selje, skjemtevisa «Eg rode meg Fylkesarkivet er interessert i å kome arbeidssongane og dei forteljande ut på seidegrunnen», visa «Ondt lider i kontakt med folk som kan gamle visene vi lettast kan finne referansar til ofte den fiskermand» framført av Paul sjømannsviser og sjantiar, slik at vi kan det signifikante i kulturen dei var del av. Berstad, og visa «Fiskaren ser ut på dokumentere denne viktige delen av sjøen» framført av Reidar Djupedal frå kystkulturen. Ta gjerne kontakt med Ro, ro Selje. musikkarkivar Synnøve S. Bjørset, Alle kjenner vi barnesongen og voggesynnove.s.bjorset@sfj.no visa «Ro, ro til fiskeskjær» - den er og Men kva med songane til og om har vore brukt i tallause variantar over arbeid? Rallarar og steinarbeidarar heile landet. I kystkommunane har vi song arbeidssongar, og det same gjorde Kjelder: registrert denne og liknande viser brukt sjømenn. Vatle, Håkon: «Fengande songar frå dei med fleire ulike variantar på melodi- og sju hav!», 2016 (upublisert) tekst: «Ro, ro til Baltanskjer», «Ro, ro Sjantien – ein arbeidssong for Tradisjonsmusikksamlinga, til Siraland», «Ro, ro (…)». sjømenn Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Arbeidssongen til sjømenn blir kalla I tillegg finn vi i kystkommunane nokre sjanti, og vart i all hovudsak nytta få barne-/voggesongar, kjærleiksviser, om bord på seglskuter i handelsflåten. skjemteviser, sjømannsviser og andre Noreg hadde som sjøfartsnasjon si viser som handlar om havet, fiskaren, stordomstid frå 1860-1890, og sjantiog livet på sjøen: song vart mykje nytta om bord på dei 20


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

«Stavenes»-kapteinen og dottera hans

Av Henning Rivedal

Tre gode sjøfolk frå Sogn og Fjordane. Frå venstre Ragnar Reksten, Morits Værøy og Alfred Berge fredag 17. mars 2017. Foto: Hermund Kleppa.

Alfred Berge har stått om bord i 36 av Fylkesbaatane sine båtar. Han segla om bord i DS «Stavenes» i 33 år og ni månader, dei siste 14 åra som skippar. Han er ein av dei store ”Stavenes”- kapteinar og har i tillegg fleire redningsdådar på samvitet. I ein alder av 92 år er han framleis eit levande leksikon. Veteranskibslaget Stavenes har fått 35 000 kroner av Norsk kulturråd til å dokumentere historia til denne båten. Henning Rivedal er engasjert til å bidra til dette, utan løn, men med dekning av utgifter til reise og opphald i samband med dokumentasjonen. Han har fått løyve til å bruke Hermund Kleppa som støttespelar arbeidet. På etterjulsvinteren var dei og intervjua 94 år gamle Ragnar Reksten og Morits Værøy saman med 92 år gamle Alfred Berge. Dei tre karane kosa seg i lag. Særleg var det stort for Ragnar Reksten som i fleire periodar stod som matros om bord i ”Stavenes” då Alfred Berge

var kaptein. Han uttrykte stor glede over å få møte att kapteinen sin som han set så høgt.

uten uhell. En god sjel, en god venn, som alltid lyttet. En trygg pappa som aldri sviktet.

Alfred Berge er ein ordhag mann og framifrå historieforteljar. Tydeleg stolt viste han oss eit brev som dottera har skrive til han Det er ei nydeleg historie i seg sjølv, og vi har fått lov å gje det att her i Kjelda.

Min barndom var nok ikke den mest harmoniske, men da hadde jeg min far. Pappaen min som min klippe og min støtte. Fra rundt to- treårsalder var jeg ofte med han på sjøen på ulike båter og ferger.

”Til min kjære far, Alfred Berge

Respekt for sjøen fikk jeg som liten. Gjorde aldri noe uforutsigbart, min far var alltid trygg for meg. Jeg lekte på dekket, hadde alltid dukken og dukkeklær med meg, og tilbrakte mange timer i hans lugar med å leke.

Mine beste barndomsminner, ungdomsminner, uforglemmelige år. Stolt av pappaen min, kapteinen med flott uniform. Styrte båten i allslags vær,

21


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Alfred Berge på brua på ”Stavenes” på etterjulsvinteren 2017. Foto: Avfotografert hjå Alfred Berge.

De beste opplevelsene fikk jeg på M/S ”Stavenes”. Jeg kjente båten ut og inn. Elsket alt ved båten, styrhuset da jeg til og med fikk styre litt, og en masse oppmerksomhet. Det jeg hatet var da de skulle fløyte. Da sprang jeg inn på lugaren til pappa og holdt meg for ørene. Heldigvis så lå lugaren rett bak styrhuset. Båten ble hjem nr. 1 for meg. I byssa ble jeg godt kjent med stuerten og kokken. I maskinrommet pratet og tøyset jeg med maskinisten. Matrosene og dekksguttene tøyset jeg med for de ble kjekkere å se på dess eldre jeg ble. Båten var så herlig, bare den spesielle atmosfæren. Så jeg forstår at min far savner denne tiden i sitt liv. Vi feiret julen i 1966 på M/S ”Stavenes”. Da var jeg ti år gammel. Utrolig koselig. Julestemningen var på topp. Salongen var pyntet med juletre og julepynt, og det duftet så godt fra byssa av pinnekjøtt med tilbehør. God dessert og en gyngende kveld. Båten lå da i Flåm i Sogn og Fjordane, på en meget kald desemberkveld.

22

Da middag og dessert var over, gikk vi opp til den romslige lugaren til pappa og åpnet julegavene. Neste morgen reiste vi videre til mine besteforeldre i Feios i Sogn og ble der til over nyttår. I 1968, da var jeg tolv år gammel, fikk jeg en rik opplevelse da jeg fikk være med på filminnspillingen av filmen ”Song of Norway”. Livet til Edvard Grieg ble portrettert, og en del av innspillingen foregikk 6-7 uker på M/S ”Stavenes”. Min far førte båten og jeg var med under mesteparten av tiden. Regissør fra USA, Mr. Stone, og skuespillere fra flere steder i verden. Flotte dansere, og jeg var heldig og fikk sitte på Toralv Maurstads fang. Hadde jeg vært 13 år hadde jeg fått være statist. Men det tenkte jeg ikke så mye på, for jeg fikk uansett så mange flotte opplevelser. Jeg slukte hvert øyeblikk, og ingenting var kjedelig. Det var opptak hver dag, men hver dag var likevel like spennende. Jeg var glad for at min far fikk være med på et par klipp i filmen. Husker alle autografene

jeg fikk, jeg hadde en hel bok full av dem. Kunne ikke ønske meg mer luksus, alt jeg ville ha kunne jeg få forsyne meg rikelig av. Jeg kunne virkelig forstå hvordan livet til en skuespiller var, men også hvor tøft de hadde det iblant. Min far er i dag 92 år og lever og ånder for at båten som nå er under rehabilitering skal gå for egen maskin igjen, forhåpentligvis innen et år. Veldedighet har vært viktig for min far, for dette er pappas drøm. Min aller snilleste far, bestefar og oldefar til fem flotte barn. Takk pappa for alt du har gjort, og alt du fortsatt gjør. Din datter, Anne Irene.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

«Heile arkivet strauk med» - kva så?

Av Hermund Kleppa

Den 2. desember 1958 feira Fylkesbaatane 100 år. ”Kongen kjem til jubileet”, melde avisene i november, og MS ”Sunnfjord” skulle vera kongeskip. Heile fylket førebudde til festdagar, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Tusenvis møtte fram til stadene kongen stogga. Og i jubileumsåret kom det bok; soga om Fylkesbaatane! (Merknad: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane hadde namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i tida 1858-1919. I denne artikkelen brukar eg berre Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane/FSF)

«..har ikkje vore heilt lett..»

Jubileumsboka har tittelen «Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år» og er skriven av Asbjørn Stensaker. Det hadde ikkje vore noka lett oppgåve, å fortelja om desse 100 åra, skriv forfattaren i føre-

ordet. Kjeldetilfanget «leid eit umissande tap» ved eksplosjonen på hamna i Bergen i april 1944. Heile arkivet strauk med, heile bedriftsarkivet frå 1858 til 1944. Kva så? Kva hadde forfattaren då å hjelpa seg med, når det viktigaste tilfanget var borte? Det seier han og noko om i føreordet. «Det vart å gå gjennom fylkestingsforhandlingar og stortingsvedtak (…) bla gjennom (…), forutan å skaffa stoff frå andre kjelder (…) statistikk, historiske utgreiingar, bygdebøker, utdrag av møtebøker frå sume herad, snakk med gamle folk», o.s.b.». Ja, sjå det, Asbjørn Stensaker hadde leita mange stader og funne tilfang, som gjorde han i stand til å fortelja FSF-historie frå den tida det viktigaste kjeldetilfanget mangla, perioden 1858-1944. Og i osb-et (og så bortetter, med meir), gøymer det seg heilt sikkert aviser. Derimot er det ikkje sikkert forfattaren var innom Statsarkivet i Bergen og ba om å få sjå i fylkesmannsarkivet for Sogn og Fjordane. Det er nemleg og ein stad å gå, etter FSFhistorie, også med auga for einskilde båtar, t.d. «Stavenes». Når «Stavenes»-boka skal skrivast, må det gjerast ein jobb som den Asbjørn Stensaker gjorde. Det må leitast mange stader og samlast i eit «lasterom» påskrive: «Stavenes» - historisk tilfang. (Ein god kjeldetilfang finst alt samla, fleire stader, ikkje minst hjå Veteranskibslaget Stavenes.)

Ombord på ”Stavenes”. Los Johan Hovland og kona, kona Stefine og dottera Solfrid. Solfrid er fødd i 1929, og kan vel vera 5-6 år på biletet, som då må vera frå kring 1935. Fotograf: ukjent. Eigar: Anne Hovland.

I det følgjande vil eg peika på dei trykte fylkestingsforhandlingane og ta med eit par «Stavenes»-døme frå fylkesmannsarkivet og frå aviser, alt retta inn mot soga om DS «Stavenes». 23


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

«Dampskibsvæsen» - saksfelt i fylkestinget

Fylkesbaatane var eit fylkeskommunalt føretak med fylkestinget som øvste styringsorgan. Såleis var det i mange år fylkestinget som fastsette anskaffelse av skip. Det var til dømes fylkestinget i Florø sommaren 1903, som ga grønt lys for å byggja eit nytt skip som skulle leverast 1. september 1904, DS «Stavenes». Fylkesmannen hadde ansvaret for fylkestinget sin administrasjon, og fylkesmannen førebudde alle saker til dei årlege fylkestingssetene, til vanleg i juni. Fylkesbaatane var fast sak, lenge under overskrifta Dampskibsvæsen. Årsmelding var eitt av vedlegga. Her står det om ruter, einskilde skip, uhell, mannskap, administrasjon, økonomi, statistikk, dampskipsstoppestader, m.m. Fylkestingsforhandlingane er ei gullgruve til historisk kunnskap om Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Dei føreligg som bøker, ei bok for kvart år, og bøkene finst komplett minst tre stader i fylket: Fylkesarkivet, fylkesbiblioteket og Sogndal bibliotek. Merkeleg nok er Sogn og Fjordane fylke sine fylkestingsforhandlingar ennå ikkje tilgjengelege på nett. Aksjonsgruppa, Vil ha fylkesbaatane-flagget tilbake!, har skrive brev til fylkeskommmunen fleire gonger med oppmoding om å få ordna med digitalisering, men så langt utan resultat, merkeleg nok.

«Beklager å måtte meddele ..» Fylkesmannen og administrerande direktør i fylkesreiarlaget

heldt til langt frå kvarandre; på Leikanger og i Bergen. Det var nødvendig med kontakt utanom fylkestingssetene. År 1904, «Stavenes»-året, til dømes, var post, telegraf og telefon viktigaste kommunikasjonsmiddel. Brev og andre skriv frå FSF til Fylkesmannen blei tekne vare på i fylkesmannsarkivet. I fylkesmannsarkivet vil “særdeles tilfreds”. DS “Stavenes” kom til “Florø” 1. september det såleis finnast 1904 og vart straks sett inn i lokalfart. Folk var særs godt nøgde med FSF-dokument, den nye båten. Søndfjords Avis melde 16. september: “Stavenes”. meir eller mindre Saameget kan man nu allerede sige at befolkningen rundt om i Disspreidde i heile triktet er særdeles fornøiet med den nye Baad. Særlig finder man Pasarkivet. Her ligg sager-bekvemmelighederne rummelige og pene. Officerer og Mandskab er elskværdige og imøtekommende, kort sagt: man er særdeles det eit arbeid og tilfreds. Med Hensyn til farten saa holder den hvad der var lovet og ventar: å gå gjenlidt til. Forleden Dag tilbagelagde Skibet Veien fra Askvold til Florø nom fylkesmannsarkivet med auge paa 1 Time og 3 kvarter.” for FSF-relaterte dokument. Døme: dokument handlar om maskinen i Eit brev frå Bergen datert 4. oktober «Stavenes» og overleveringa. 1904, til fylkesmannen, handlar om at DS «Stavenes» hadde hatt ei lettare Større maskin grunnstøyting, like nord for Florø, Eit dokument datert 2. februar 1904, på veg frå Selje. Brevet byrjar med frå Bergens mek. Værksted til FSF, orda «Beklager å måtte meddele ..»; Bergen, vidaresendt til fylkesmannen, det var berre ein snau månad etter at fortel at «Stavenes» fekk større maskin den nye båten var sett i fart. To andre enn først planlagt. Dokumentet viser til «mundtlige Konferancer (…) angaaende dette Skibs Model» (plan, teikningar) om større maskin. Skrivet inneheld dampmaskin-tekniske detaljar som ikkje seier meg særleg mykje, men som eg vil tru er godsaker for dampmaskininnvigde. Her er ei prøve: «dersom De i stedet for den oprindelig projekterede Compundmaskine adopterer en triple expansionsmaskine af cylinderdimensione 11’’, 18’’, 29’’ x 20’’Slag, samtidig forøgede Kjedlens Dimensioner og Tryk til 9’ 6’’ Indv. Diameter x 9’ 0’’ Længde 165 lbs. Tryk, anser vi det for sandsynligt, at Forholdene vil stille seg saaledes: (…)

Stavenes til kai i Selje. Postkort, ca 1910. 24


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Utfallet vart at FSF gjekk for ei større maskin, som ga større fart, omkring 9 ½ knop. (på prøveturen 29. august, «10 mil», i følgje «Sogns Tidende», med «Annonce Tid.», 30.08, som kjelde.)

«Stavenes» overlevert 29. august 1904

Overlevering av nybygd skip frå skipsverft til rederi føregår gjerne på prøvetur der heising av rederiet sitt flagg inngår som symboltung programpost. Kva tid skjedde overleveringa av DS «Stavenes», frå Bergens mek. Værksted til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane? 1. september går att fleire stader: boka «101 Fjordabåtar ..»: «levert 1. september», Wikipedia: «I september ..», FSF- boka 1958: «1. september kom så endeleg «Stavenes» i fart.» Eit brev datert 5. september 1904, frå administrerande direktør i FSF, Ove Holm, til Nordre Bergenhus amt, dokumenterer at den rette datoen er 29. august 1904. Det same brevet «fortel» elles at «Stavenes» gjekk frå Bergen til Florø torsdag 1. september der det var presentasjon av den nye båten. Nordre Bergenhus Amts Dampskibe Nordre Bergenhus Amt Hermansverk Jeg tillader mig at meddele, at Dampskibet «Stavenes» blev afleveret frå Værkstedet den 29de f. M. [august]. Paa Prøveturen opnaaedes en Fart af henimod 10 Mil med et Kulforbrug paa ca 1½ Td. pr. Time. Torsdag [1. september] gik Skibet herfra til Florø. Undertegnede samt direktørerne Bredvik og Steen fulgte med opover. Skarstein og Indrebø, som pr. Telefon var underrettede om Afgangstiden, kom ned til Florø for at se Skibet. Jeg tror, vi har Grund til at være fornøiede med den nye Baad. De fleste, som har seet den, synes godt om den og roser dens praktiske og greie Indredning. Bergen, 5te September 1904. [T.E] Ærbødigst Ove Holm

Fylkesbaatane (og «Stavenes») i aviser

«Dampskibet «Stavenæs» gik paa Vandet Tirsdag [9. august 1904]. (…) Kaptein Steen, der skal føre «Stavenæs» har de sidste Uger opholdt sig i Bergen for at ivaretage Selskabets Tarv med Hensyn til Skibets Indredning m.v.» Dette stod å lesa i Søndfjords Avis, Florø, 11. august 1904. Stykket fortel FSF-historie, «Stavenes»-historie. Lokalavisene i Sogn og Fjordane, (og bergens-avisene) har ein god del FSF-stoff: om ruter og ruteordningar, mannskap, skip, uhell, m.m. Det finst spreidd i nummer og årgangar. Her og ligg det eit arbeid og ventar: å gå gjennom, samla og systematisera. Nedanfor tek eg med kva den andre avisa i Florø, Nordre Bergenhus Amtstidende, skreiv om då «Stavenes» kom til Florø for alle første gong, torsdag 1. september 1904. “Stavenes” ankom hertil torsdag [1. september] kl. 3, og modtoges med dundrende salut. En talrig skare af byens folk var fremmødt paa bryggen for at ta det nye skib i øyne. Kl. 4 afgik skibet paa en mindre tur med direktionen, der var fremmødt næsten fuldtallig, havnefogden, representanter fra byens presse og endel andre indbudne. Samtlige udtalte sig meget anerkjendende over Skibets indredning. Efterat hele selskabet hadde samlet sig i salonen, udbragte direktør Holm en skaal for det nye dampskib, med ønske om at det maatte bli til gavn og fremgang for disse distrikter. Redaktør Kvalheim talte for direktionen og bragte distriktets tak for den omhu hvormed det nye skib var indredet, Ved Vingene vendtes, og man var tilbage til Florø kl. 6. “Stavenes” er 110 fod lang, 20 fod bred og stikker 11 fod. Forskibet er noget bredt, hvad der gir en noget klumpet form; men til gjengjæld har man ogsaa en rummelig, ualminnelig pen 3. Plads med køiplads til 24 personer, 2 vaskestel og filtreringsapparat for drikkevand. Under 3. Plads er mandskabslugaren, rummelig og bekvem. Paa kommandobroen, der ogsaa er rummelig, er en pen bestiklugar paa styrbord, styrmandens lugar paa bagbord.

Paa agterdækket er damesalonen med 4 køipladse og røgelugar med 6. Ovenover hytten er rummelig promenadedæk. Under dæk er salonen med ca med ca 20 køipladse. Foran denne paa bagbord side kapteinens, mskinistens og postekspeditørens lugarer. Salonerne er hvidkalket, 3. Plads egemalet. Forud og I røge- og damelugarer skindbetræk, I salonen under dæk plusch. Skibet er rigelig forsynet med redningsapparater, 40 livbælter er fordelte under og over dæk, desuden 8 livbøier og 3 baade. Maskinen er paa 300 hestekræfter, og den arbeider særdeles stille. Farten er 10 mil. Vi er overbevist om, at det nye skib vil bli modtaget med glæde overalt inden distriktet, og at det vil komme til at faa stor betydning for disse bygder, hvis eneste kommunikationer amtets baade er. Men befolkningen bør ogsaa passe paa, at man ikke skjæmmer ud de pene rum ved spytsvineri og anden uvøren fremfærd. Lad ikke plakaterne “Spyt ikke paa gulvet” bli mere end tome ord.

Kjelder: •• Fylkesmannsarkivet, Sogn og Fjordane, Statsarkivet i Bergen. •• Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958. •• Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, fleire nummer, 1904. •• Søndfjords Avis, Florø, fleire nummer 1904, 12.01.1906, 11.02.1908. •• Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet I Sogn og Fjordane: •• Fylkesbaatane – Bøker til historisk kunnskap

25


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Jens Christian Egenæs har sett seg som mål å lage kronologiske lister med nøkkeldata og anna informasjon om alle norske rute- og lineskip frå 1826 og fram til våre dagar. Det er ein kjempejobb Jens har teke fatt på. Ambisjonen vert då å lage faktaark til mellom 3000 og 4000 norske skip og båtar. Til no er han ferdig med over 400, i seg sjølv ein gigantisk prestasjon. Vi er så heldige å få prente faktaarket Jens har laga om Stavenes.

Stavenes: faktaark Bergen 08.1904

Av Jens Christian Egenæs

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe Bergens Mekaniske Værksted, Bergen

1904 - 126 Stål

Lokalruteskip Dimensjoner ved NBADs overtagelse: Tonnasje: Lengde over alt (Loa): Kjenningslengde (Kjl): Bredde på spant (Brpsp): Dybde i riss (Dir): Kapasitet:

182 br.reg.t 111’6 104’6 20’1 10 - 6

96 n.reg.t 34,02 m 31,88 m 6,13 m 3,20 m PC: 171

B: 1904 49 NHK 3 syl

In: 1904 237 IHK 10 knop

Hovedmaskineri: Bergens Mekaniske Værksted, Bergen BMV tripple Enkeltskruet BMV kjele

1 dekk. Halvdekk forut og akter. Avrundet skøytebaug. Elliptisk kutterhekk. 1 lasterom. 1 luke. 2 ankere. Maskin og kjele midtskips. Overbygg midtskips. Dekkshus akter. 1 dekk over hoveddekk. 2 livbåter. Flåter. 2 master. Stagseil på formasten. Bom 1(2). Radar (1954). 1. plass spisesalong under halvdekket akter. 1. plass røke- og damesalong i dekkshus på halvdekk akter. 3. plass salong under halvdekk forut.

Besetning: 14 mann

26


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Stavenes til kai i Bergen. Foto: Tore Sætre. Datering: 2014. (By Tore Sætre (Eige arbeid) [CC BY-SA 4.0 (http://creativecommons.org/licenses/ by-sa/4.0)], via Wikimedia Commons)

1904:

182 br.reg.t

96 n.reg.t

Levert 29. august fra Bergens Mekaniske Værksted som STAVENES for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, Bergen. Kontraktspris: kr. 111.760,-. Registrert i Bergen skipsregister 2. september. Tildelt kjenningssignal MBVS. STAVENES var bygget med et kraftig isforsterket skrog og en avrundet skøytebaug slik at den ble velegnet som isbryter i de indre fjordstrøkene vinterstid. Ble satt inn i lokalruter i Sunnfjord og Nordfjord med base i Florø og i samseiling med d/s BALDER fra 1. september. Dermed kunne disse rutene utvides med flere ukentlige rundturer. STAVENES utførte søndag en rundtur Florø – Måløy – Selje – Drage m/mellomsteder, mandag en rundtur Florø – Kinn og en rundtur Florø – Eikefjord m/mellomsteder (alternerte med d/s BALDER om å utføre de tre forannevnte rutene), tirsdag en rundtur Florø – Askvoll – Dalsfjord m/mellomsteder, onsdag en rundtur Florø – Batalden – Bremangerpollen m/mellomsteder, fredag en rundtur Florø – Måløy – Selje – Drage m/mellomsteder og lørdag en rundtur Florø – Norddalsfjord m/mellomsteder og en rundtur Florø – Kinn – Batalden – Bremangerpollen m/mellomsteder (alternerte med d/s BALDER om å utføre de to sistnevnte rutene). Hadde en lett grunnberøring ved Årebrot nord for Florø fredag 30. september. Kom av grunn etter kort tid ved egen hjelp og kunne fortsette i ruten. Det viste seg at skipet hadde en liten lekkasje forut fordi noen nagler i skroget hadde sprunget. Skaden ble reparert en uke senere, noe som medførte at rundturen Florø – Måløy – Selje/retur fredag 7. oktober måtte innstilles. Fra 19. november ble rutene omlagt. Utførte heretter onsdag en rundtur Florø – Måløy – Selje – Drage m/mellomsteder eller Florø – Batalden – Bremangerpollen m/mellomsteder og torsdag en rundtur Florø – Eikefjord m/mellomsteder (alternerte med d/s BALDER om å utføre de tre forannevnte rutene). Torsdag utførte STAVENES en rundtur Florø – Førdefjord og lørdag en rundtur Florø – Askvoll – Dalsfjord – Bergen m/mellomsteder med ankomst Bergen mandag morgen. Natt til tirsdag utførte den en rundtur Bergen – Dalsfjord – Askvoll – Florø m/mellomsteder med ankomst Florø onsdag morgen. Dette vinterruteprogrammet lå fast i en årrekke fremover, men frem til Bergensbanens åpning i 1909 hendte det at STAVENES ble satt inn i postruten Lærdal – Gudvangen m/mellomsteder i strenge isvintre istedenfor d/s LÆRDAL som ikke hadde tilsvarende egenskaper som isbryter.

27


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

1905:

STAVENES sine sommerruter var i en årrekke lagt opp med en rundtur Florø – Førdefjord med avgang Florø natt til onsdag, en rundtur Florø – Måløy – Nordfjordeid – Sandane m/mellomsteder med avgang Florø torsdag kveld og en rundtur Florø – Askvoll – Dalsfjord m/mellomsteder med avgang Florø søndag kveld. I tillegg alternerte STAVENES med d/s BALDER om å utføre følgende ruter under sommerrutene: Søndag en rundtur Florø – Kinn – Batalden – Bremangerpollen m/mellomsteder eller Florø – Eikefjord m/mellomsteder, tirsdag en rundtur Florø – Kinn, lørdag en rundtur Florø – Eikefjord m/mellomsteder eller Florø – Norddalsfjord m/mellomsteder.

1906:

Grunnstøtte ved Gjølanger i Dalsfjorden tirsdag 20. februar. Stevnen ble bøyet inn i ca 2 fots lengde i vannlinjen og skipet fikk noe lekkasje, men kunne fortsette i ruten. Skipet ble dokksatt og reparert i Bergen uken etter. Fortsatte deretter i rutefarten.

190?:

Aktermasten ble fjernet.

1909:

PC 168.

1912:

Maskinkraften ble ommålt til 49 NHK, 270 IHK.

1915:

Utførte under vinterrutene 1915/1916 2 rundturer pr. uke Florø – Kinn – Batalden – Bremangerpollen (ondag og lørdag), en rundtur pr. uke Florø – Førdefjorden og en rundtur pr. uke Florø – Askvoll – Dalsfjord – Bergen – Dalsfjord – Askvoll – Florø m/mellomsteder.

1917:

Var stasjonert i Sogn under sommerrutene og utførte 3 rundturer pr. uke Flåm – Hermannsverk – Høyanger m/ mellomsteder og 2 rundturer pr. uke Flåm – Lærdal – Årdalstangen – Skjolden m/mellomsteder. Det er mulig at denne ruteordningen også ble gjentatt andre somre under 1. verdenskrig. Var trolig tilbake i sine tradisjonelle ruter i Sunnfjord under vinterrutene.

1919:

Rederiets navn ble vedtatt endret til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 25. januar. Vedtaket fikk virkning fra 20. juni. Fra sommeren 1919 av var STAVENES tilbake i Sunnfjord og utførte sine tradisjonelle lokalruter i Sunnfjord også under sommerrutene.

1929:

Satt inn i lokalrute A6 Sandane – Utvik – Faleide – Stryn – Loen – Olden m/mellomsteder under sommerrutene i tiden ca 20. juni – 1. september hvert år. Dette gjentok seg hver sommer i alle fall til og med 1932. Fortsatte i lokalrutene i Sunnfjord under vinterrutene.

1934:

Tildelt nytt kjennignssignal LEYK fra 1. januar. Noe ombygget. Promenadedekket over dekkshuset akter ble forlenget til hekken og forsterket slik at man kunne føre 3 – 4 biler på det. I tillegg ble halvdekket forut ryddet for skylighter og ventiler etc. Dessuten fikk skipet styrehus og det ble innlagt elektrisk lys. Om sommeren ble det i tillegg lagt trelemmer over brønnen mellom halvdekket og overbygningen. Dermed kunne man også føre 3 – 4 biler på fordekket. Totalkapasitet: 7 – 8 biler. Ble satt inn i fergerute Lærdal – Vadheim i sommersesongen fra ca 20. juni til slutten av august frem til og med sommeren 1937 med en daglig rundtur. Vangsnes ble anløpt i utgående rute. Midtfjords ved Solsnes/Simlenes ble det korrespondert med skip til og fra Flåm/Aurland og med den innleide motorkutteren VESLE ØYVIND i fergerute til og fra Gudvangen. Fortsatte i ordinære lokalruter i vintersesongene, nå for det meste i Indre Sogn.

1938:

Ble satt inn i fergeruter Gudvangen – Slinde – Balestrand – Nordeide i tiden 8. – 18. juni med en daglig rundtur. I tiden 19. juni – 4. september ble ruten forkortet til Grinde – Balestrand – Nordeide. Det ble nå tid til 2 daglige rundturer. Under vinterrutene ble STAVENES fra høsten 1938 satt inn i lokalrute E med til sammen 8 ukentlige rundturer Flåm – Hermannsverk m/mellomsteder, Flåm – Lærdal m/mellomsteder, Flåm – skjolden m/mellomsteder, Flåm – gudvangen m/mellomsteder, Flåm – Frønningan m/mellomsteder, Flåm – Leikanger m/mellomsteder og Flåm – Fresvik m/mellomsteder.

1939:

Dekkshuset på akterdekk ble noe forlenget akterover. 1. plass røke- og damesalong ble slått sammen til en større røkesalong.

28


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

1940:

Grunnstøtte ved Flatøy 25. juni i rute fra Bergen. Tok inn mye vann. Ble bragt flott av bergningsdamperen ACHILLES samme dag og ført til verksted i Bergen. Reparert. Fortsatte i rutefarten. Fortsatte i lokalrute E i Indre Sogn gjennom krigsårene med base i Flåm. Etter Flåmsbanens åpning korresponderte flere av rutene med tog til og fra Oslo og Bergen. Det ble under store deler av krigsårene utført 3 ukentlige rundturer Flåm – Hermannsverk – Balestrand m/mellomsteder, 3 ukentlige rundturer Flåm – Lærdal – Årdalstangen m/mellomsteder og to ukentlige rundturer Flåm – Gudvangen m/mellomsteder.

1945:

Fortsatte i lokalrutene i Indre Sogn i etterkrigsårene. Ble fortsatt delvis benyttet som bilferge i sommersesongene. Under vinterrutene ble STAVENES benyttet i rute E1 Flåm – Hermannsverk – Balestrand m/mellomsteder, E2 Flåm – Lærdal – Årdalstangen/Skjolden m/mellomsteder og i rute E3 Flåm – Gudvangen m/mellomsteder.

1953:

Ble sendt til Frydenbø Mekaniske Verksted, Bergen, for ombygging til motorskip.

1954:

188 br.reg.t

93 n.reg.t

Levert i januar fra Frydenbø Mekaniske Verksted etter ombygging. Maskin og kjele ble tatt ut. Ny hovedmotor installert: Widdop 2T EV diesel (H. J. Widdop & Co. Ltd., Keighley), 6 syl, 300 BHK, 221 KW, fart 10 knop. Motoren var bygget i 1942 og hadde stått om bord i m/s PROMPT ex RN AIR 3 (den senere m/s AARDAL (II)) frem til 1951. Røke- og damesalongen på halvdekk ble revet og utvidet til en ny salong i full skipsbredde. Overbygget ble kledd inn på brodekk i akterkant av styrehuset. Den tidligere 3. plassalongen under halvdekket forut ble ominnredet til mannskapslugarer og messe. Tidligere mannskapsinnredning på banjerdekk forut ble ominnredet til to passasjerlugarer med henholdsvis 6 og 3 køyer. Ny og lavere skorstein ble montert. Ny hydraulisk vinsj og bom ble montert. Radar ble montert. Ble i de følgende årene hovedsakelig benyttet i lokalruter i Sogn under sommerrutene, blant annet i mange år i turistrute E Fjærland – Balestrand – Leikanger – Midtfjords – Flåm. Resten av året ble STAVENES også benyttet i rute H Bergen – Gulafjordene – Solund og Bergen – Gulafjordene – Åfjord. Turer i rute B Bergen – Dalsfjord forekom også. I enkelte perioder, særlig midtvinters ved isvansker, ble STAVENES benyttet i arbeids-/melkeruten Lusterfjorden – Årdalstangen. 1956:

Motoren som ble satt inn i 1954 viste seg å være lite driftssikker. Ny hovedmotor ble installert: Bergen Diesel DP7 2T EV diesel (A/S Bergens Mekaniske Verksteder, Bergen), 7 syl, 350 BHK, 221 KW. Fart 10 knop. Fortsatte i rutefarten.

1958:

Grunnstøtte ved Ortnevik natt til 24. desember. Kom av ved egen hjelp ved høyvann og kunne fortsette i ruten.

1960:

Grunnstøtte sør for Bakkastraumen i Nordhordland i november. Skipet var i sørgående rute Åfjord – Gulafjordene – Bergen. Passasjerene ble tatt opp av bokbåten ABDULLAH og ført til Bergen. STAVENES ble bragt flott av bergningsbåten SALVATOR neste morgen. Reparert. Fortsatte i rutefarten.

1964:

Etter nedleggelsen av rute J Bergen – Åfjord og rutene i Gulafjordene om høsten, ble STAVENES stort sett bare brukt som avløsningsskip for m/s VÆRØY og m/s NESØY i rute H Bergen – Solund under vinterrutene. Lå for øvrig mye i opplag på Marineholmen i Bergen om vintrene. Fortsatte i turistrute E1 Fjærland – Balestrand – Flåm m/mellomsteder om somrene.

1968:

Turistruten Fjærland – Balestrand – Leikanger – Flåm m/mellomsteder ble overtatt av m/s BALHOLM fra denne sommeren av. STAVENES ble lagt opp ved Marineholmen i Bergen som reserveskip for m/s VÆRØY og m/s NESØY).

1969:

Fikk montert en ny og høyere dampskipsskorstein. Årsaken var at skipet ble benyttet under innspillingen av den amerikanske spillefilmen «Song og Norway» om Edvard Griegs liv. Filminnspillingen foregikk i Geirangerfjorden, i Olden og i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden sommeren 1969.

1970:

Var trolig i bruk for siste gang som ekstraskip i rute H på Solund i juletrafikken dette året.

1972:

Solgt til Tartan Arrow Marine Ltd., London. Levert 12. desember.

1973:

Videresolgt til J. Graham Kew, Rugby. Levert i mars. Ble benyttet som fritidsbåt. Var på flere tokt til havner rundt Nordsjøen mens Kew eide den, blant annet en 14 dagers tur til Bergen og Vestlandet. Lå i perioder i opplag i Grimsby, senere i Port Dinorwic (Y Falinheli), Wales, og i Bangor, Wales. 29


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

197?:

193 br.reg.t

113 n.reg.t

Ommålt i henhold til britiske måleregler. 1982:

Eieren døde i en bilulykke. STAVENES ble beholdt av familien, men ble flyttet til Monks Ferry, Birkenhead, England, og lagt opp. Senere ble den stilt til disposisjon for The Monks ferry Training Thrust, Birkenhead. Dette var en ideell organisasjon som i samarbeid med andre organisasjoner, blant annet The Anfield Foundation, hadde startet et program for å gi arbeidsløs ungdom opplæring i forskjellige håndverk. Skipet ble dokksatt i en tørrdokk i Birkenhead. Planen var å restaurere skipet og en god del arbeid ble gjort. Etter hvert stoppet imidlertid arbeidet opp og skipet ble liggende i tørrdokken og forfalle.

1990:

En delegasjon fra Sogn reiste i januar til Birkenhead for å snakke med eierfamilien og besiktige skipet med tanke om å få det bragt tilbake til Norge for restaurering. I oktober samme år reiste en ny delegasjon, som blant annet omfattet teknisk personell fra Fylkesbaatane, til Birkenhead, for å besiktige skipet på ny. Det fremkom at skipet var i dårligere teknisk stand enn forventet. Videre ble det opplyst at skipet sto i fare for å bli opphugget fordi det var planer om å sanere dokken i Birkenhead som en del av et byutviklingsprosjekt. STAVENES var blitt et stort problem for familien Kew, som fortsatt eide den. Samme år ble Veteranskibslaget Stavenes, Kaupanger, stiftet.

1991:

Etter at det var gjennomført en innsamlingsaksjon, som sammen med et bidrag fra Postsparebanken innbragte ca kr 300.000,-, ble STAVENES overtatt av Veteranskibslaget Stavenes, Kaupanger. Ankom Solund Verft under slep i mai, rusten og ribbet for innredning. I Solund ble det gjennomført en del tiltak for å preservere skroget.

1992:

Innført i norsk skipsregister 8. januar. Registrert i Bergen. Tildelt kjenningssignal LEMA. Veteranskibslaget tok sikte på å restaurere STAVENES til det utseende det hadde etter ombyggingen i 1934. Skipet fikk dette året status som verneverdig skip av Riksantikvaren, samt et tilskudd på kr 100.000,-. Det ble lagt nytt dekk på bakken og dieselmotoren ble tatt ut. I tillegg ble en god del annet dugnadsarbeid utført. Skipet lå nå i Kaupanger.

1994:

Sank i Kaupanger om vinteren fordi store snømengder gjorde at det la seg over og tok inn vann gjennom en lekkasje i skutesiden. Ble hevet. Det ble lagt tak over skipet.

199?:

Flyttet til Kinsedal og lagt opp.

1998:

Veteranskipslaget kjøpte en dampmaskin som var bygget i 1893 i Jönköping og som hadde stått i en svensk slpebåt med tanke på å installere denne i STAVENES. Laget fikk også en gammel dampkjele fra Måløy Sildoljefabrikk. Disse ble imidlertid ikke benyttet i skipet.

2000:

Lå i Kinsedal. Restaureringsarbeidene stoppet etter hvert opp på grunn av mangel på økonomiske midler.

2005:

Ble slept til Bergen for å delta under Nordsteam om sommeren.

2007:

Veteranskibslaget Stavenes ble reorganisert og fikk adresse i Sogndal. Krefter fra veteranbåtmiljøet i Bergen kom nå inn i laget. Restaureringsarbeidene ble etter hvert gjenopptatt. Blant annet ble mye stålarbeid utført i Dåfjorden på Stord i de kommende årene.

2015:

Ny dampmaskin installert: Plenty & Sons tripple (bygget 1953) (Plenty & Sons Ltd., Newbury), 3 syl, ??NHK, ??? IHK. Maskinnen var en av to som tidligere hadde stått om bord i taubåten CHIPCHASE av Blyth, bygget ved Clelands (Successors) Ltd., Willington Quay, Newcastle, i 1953. CHIPCHASE ble opphugget i 1998. Ny kullfyrt kjele installert, bygget av Parat Halvorsen A/S, Flekkefjord, i 2010.

2016:

Første prøvetur på Byfjorden i Bergen med ny dampmaskin ble gjennomført 15. desember med vellykket resultat. Restaureringsarbeidene fortsatte.

2017:

Fortsatt under restaurering i Bergen (25.04.2017).

30


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Florø folkeskole – ein lang veg å gå

Av Annette Langedal Holme

13 desember 1918 vart ein dramatisk skuledag for elevane på Florø folkeskole. Midt i skuletida tok det fyr på lærarrommet i andre høgda og på kort tid var bygget overtent. Med nød og neppe berga skuleelevane seg ut av flammehavet. Etter ein heltemodig innsats frå brannvesenet, frivillige og ikkje minst mannskapet frå ein marinebåt som låg til kai, klarte dei å hindre ein storbrann blant trehusa som stod tett i kring skulehuset. Etter kort tid låg det berre ein rykande glohaug att der det staslege skulehuset hadde stått. Florø by stod att utan skulehus. Ein byggekomité med ambisjonar

Arkitektjobben med nytt skulebygg i Florø var eit lukrativt prosjekt som fleire arkitektar ville skaffe seg. På lag før branntomta var kald kom det inn tilbod frå arkitektar som kunne tenkje seg å ta jobben. Etter brevveksling med andre kommunar som hadde bygd nytt skulehus, gav komiteen jobben til arkitekt Torgeir Alvsaker, som hadde kontor i Bergen. Han hadde erfaring frå liknande skulebygg og skulle dei neste tiåra teikne fleire skulebygg i Sogn og Fjordane. Men Florø folkeskole vart utan tvil det mest langvarige prosjektet for arkitekt Alvsaker i fylket, og det kan ikkje ha vore fritt for at han angra på heile jobben i løpet av dei 16 komande åra! I mars månad 1919 kom dei første teikningane frå arkitekten. Teikningane syner et skulebygg med ambisjonar, bygd for framtida. Bygget var i murstein og skulle huse både folkeskulen og middelskulen. Florø hadde bystatus og det sette visse krav til kva funksjonar skulebygget skulle innehalde, blant anna måtte det vere gymnastikksal med i byggmassen. Komiteen hadde fått det dei hadde spurt om, men skjøna fort at det ikkje var nok pengar til eit slikt bygg. Byggekomiteen måtte sjå etter moglege innsparingar for å komme fram til eit billegare alternativ.

Arkitekttevling

Kort tid etter at arkitekt Alvsaker hadde lagt fram sine forslag til nytt skulehus, foreslo komitéleiaren, ordførar E.M. Hole, at ein burde få inn endå eit forslag frå ein annan arkitekt. Saka blei lagt fram for formannskapet og dei sa seg einige i dette. Arkitekt Gustav

Arkitektteikning med forslag til fasade til Florø folkeskole av G. Gudbrandsen 1919

Arkitektteikning med forslag til fasade til Florø folkeskole av Torgeir Alvsaker, 1919.

Gudbrandsen hadde allereie vore i kontakt med ordføraren og no fekk han jobben med å komme opp med eit betre alternativ for Florø folke- og middelskole. Her kan vi lese bestillinga arkitektane fekk:

«Det skal vere 2 eller 3 etages bygning av sten og inneholde følgende rum: For middelskolen: 3 klasserum, kontor, de nødvendige rum til skolemateriel og lærerværelse. For folkeskolen: 14 klasserum, kontor, lærerværelse og nødvendige rum til skolemateriel m.v. 31


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

For begge skoler rum for gymnastikk, sløid, naturfag, teikning, haandarbeide og song. (..) Desuten bør bygningen indeholde bustad for pedellen, bad, folkeboksamling med læserum og plass til skolekjøkken». Begge arkitektane heiv seg over teiknebordet og kom med sine forslag i løpet av sommaren 1919. Den 20. august 1919 kom saka opp i skulestyret, dei avgjorde at arkitekt Alvsaker hdde det beste alternativet. Arkitekt Alvsaker hadde levert inn fire ulike alternativ til det nye skulehuset. Skulestyret kom fram til at alternativ 2 ville bli det beste skulehuset for kommunen og sende forslaget sitt vidare til formannskapet som skulle komme med endeleg avgjer i saka. I mellomtida hadde ordførar Hole vore på reise og sett på korleis dei hadde bygd skulehus i Bergen. På bakgrunn av det ynskte han at ein arkitekt skulle teikne et forslag med fleire mindre bygningar i tre, eit hus for folkeskulen, eit for middelskulen og eit for gymnastikk- og sløydsal. Formannskapet sa seg einige i dette ynsket og bad byggekomiteen kontakte arkitekt Alvsaker. Vi kan berre ha medkjensle med arkitekten. Etter å ha gjennomført nye utrekningar kring alternativet med trehus, kunne arkitekten vise til at kostnadane ville vere omtrent det same som å bygge i mur. Ideen om trehus vart derfor lagt til sides og formannskapet såg nærare på dei ulike alternativa for murhus som arkitekt Alvsaker hadde levert. Skulestyret hadde same hausten anbefalt alternativ 2, men det vart til slutt fleirtal for alternativ 4 i formannskapet. Alternativ 4 var det billegaste alternativet og kosta nøyaktig 400 000 kroner. Romdelinga var slik: Kjellar: Pedelbolig, sløydsal, boksamling og bad. 1.etasje: 3 klasserom til folkeskulen, kontor, lærarrom, 3 klasserom til middelskulen, kontor, lærarrom og handarbeidssal. 2 etasje: 6 klasserom til folkeskulen, naturfag og sangrom 32

Planteikning av alternativ fire som formannskapet stemte for. Arkitekt Alvsaker, 1919.

3.etasje: 4 klasserom til folkeskulen, skulekjøkken og teiknesal. Loftsetasje: 2 store rom med overlys.

Arbeidet var endeleg i gang

Med eit lån på 350 000 kroner var ikkje finansieringa heilt i boks, men arbeidet med tomta kom likevel i gang sommaren 1920. Det vart ei travel tid, med stor byggeaktivitet på tomta og arbeidet med å legge dei ulike jobbane ut på anbod var for alvor i gang. Hausten kom og det vart roleg på arbeidsplassen og det viste seg at det var usikkert når dei kunne ta opp att arbeidet. Byggekomiteen skreiv dette då dei såg på anbod på trearbeidet i møteboka 20 januar 1921: «(…) da det for tiden er usikkert hvor tid byggarbeidet kan bli fortsaet og avsluttet finder komiteen, at der ikke for tiden bør avsluttes kontrakt om arbeidet.» Korleis kunne arbeidet stoppe opp etter at grunnmurane var ferdige? Hadde dei verkeleg brukt opp 350 000 kroner allereie på første byggesteg?

Vanskelege tider

Arbeidet med å bygge nytt skulehus skjedde i ei tid der heile landet sleit økonomisk. Etter at første verdskrig var over i 1917, var det kaotiske forhold

knytt til pengeverdien i heile Europa. I eit forsøk på å stogge den galopperande inflasjonen, vart den såkalla paripolitikken innført i Noreg i 1920. Denne politikken ramma kommunane ekstra hardt. Florø og nabokommunane fekk seg også eit hardt slag for baugen under den mislukka kraftutbygginga i Ålfoten. Etter kvart som året 1920 skreid fram vart det klart for kommunen at arbeidet med skulehuset ikkje kunne fortsette. Trass i økonomisk dyrtid gav ikkje byggekomiteen heilt opp arbeidet med skulehuset. Hausten 1921 vart det på ny brevveksling mellom komiteen og arkitekt Alvsaker. Materialprisane hadde gått ned og komiteen lurte på om det var lurt å ta opp att byggingsarbeidet. Alvsaker anbefalte at dei starta arbeidet med ein gong. Likevel var det stilt på skulehustomta. Saka kom ikkje opp att i skulestyret før i 1923. Då hadde dei motteke eit brev frå skuledirektøren i Sogn og Fjordane som oppmoda om at nytt skulehus burde stå klart innan hausten 1924. Skulestyret sende saka vidare til formannskapet med melding om at der ikkje fanst pengar til nytt bygg. Same året truga kyrkje- og utdanningsdeprtementet med å trekke tilbake statsbidraget om der ikkje kom nytt skulehus i Florø innan hausten 1924. Illustrerande nok valde formannskapet at avslutte tilbodet


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

med fritt skulemateriell same året. Med press frå både fylke og stat tok dei opp att korrespondansen med arkitekt Alvsaker og spør etter nye kostnadsoverslag. I same brevet beklaga byggekomiteen den vaklande prosessen for arkitekten: «Men midlerne er smaa og kravene mange baade frå oven og frå neden».

Løysinga vart etter kvart å selje steinen vidare. I 1924 var 65 000 murstein brukt på skulehustomta, 35 000 henta av Ålfotselskapet, 27 600 henta av Haave og 27 600 vart brukt til bygging av rådhuset. I tillegg låg det 44 900 murstein att på Helle teglverk. Dette må vel vere ein av dei betre bomkjøpa Florø kommune hadde i 20-åra.

I 1925 kom det på nytt brev i frå skuledirektøren der han kravde at kommunestyret gjorde eit bindande vedtak på å bygge nytt skulehus 1926. Om det ikkje skjedde ville han for alvor råde departementet om å trekke tilbake statstilskotet.

Skulehustomta blir sjukehustomt

Arbeidet gjekk sakte framover og i løpet av våren 1926 kom arkitekt Alvsaker med nye forslag til bygging av skulehuset i Florø. I det siste forslaget hadde arkitekten spart inn der det var mogle. Det var eit enkelt og langt mindre skulebygg enn det han og Gudbrandsen konkurrerte om å få bygge i 1919. Byggekomiteen og skulestyret sa seg nøgde og sende saka vidare til formannskapet. Det skulle gå over eit år før formannskapet kom med ei avgjersle i saka. Den 7. september 1927 kom det avgjerande svaret frå ordføraren. Det fanst ikkje pengar til nytt skulehus. Etter nesten 9 år var det altså slutt. Arkitekt Alvsaker hadde flittig tatt turen til Florø desse åra, byggekomiteen og skulestyret hadde gjennomført mange møte og diskutert ulike løysingar. Likevel vart det ikkje nytt skulehus for skuleelevane i Florø.

Samstundes som saka om skulehusbygginga gjekk sin gang sleit også byen med kapasiteten på sjukehuset. I 1926 stod det nye raudekrossjukehuset ferdig, men det var for lite allereie før det hadde opna. Fylkestinget gjekk då med på å byggje eit fylkessjukehus i Florø. Det nye sjukehuset skulle vere så stort at det dekka behovet frå Nordfjord til Ytre Sogn. Med kapital i frå fylkeskommunen låg bygginga av sjukehuset lenger framme enn skulehuset. Det vart derfor bestemt at fylkessjukehuset skulle få ta over skulehustomta. 10.april 1930 drøftar skulestyret saka og hadde ingenting å seie på at tomta vart overført til sjukehuset. Dei var einige om at bygging av skulehuset låg langt fram i tid og at dei innan den tid ville ynskje å bygge eit moderne tidsretta bygg utan dei gamle grunnmurane.

Tomta vart overført til fylket og i 1933 stod det nye sjukehuset ferdig, bygd på grunnmurane til skulen det aldri vart noko av. Alt hausten 1930 sette skulestyret ned ein komité som skulle finne ei ny eigna tomt til skulehus. Den nye tomta låg berre eit steinkast bortafor, på eigendommen til J. Bruflaat. I 1932 var avtalen med grunneigar i hamn og ny skulehustomt var sikra.

Kvar blir det av skulehuset?

Etter at skulehuset brann ned i 1918 hadde skuleelevane i Florø hatt eit omflakkande tilvære. Kommunen leigde ymse husrom kring om i byen. Blant anna den gamle tingstova, losjehuset Breidablikk, bedehuset i Markegata og rådhuset. Til alt overmål brann det også i rådhuset i 1922. Dei mellombelse løysingane hadde vart mange år over det som var tiltenkt og mot slutten av 1931, kom det omsider eit nytt initiativ til å få til ei løysing. Det vart skipa ein ny komité som skulle sjå på dei økonomiske føresetningane for å byrje arbeidet. Komiteen anbefalte at ein tørka støv av gamle planar med arkitekt Alvsaker og kom i gang med arbeidet. Denne gangen vart det klarsignal frå formannskapet og arbeidet kunne endeleg for alvor

200 000 murstein frå Helle

I løpet av 1920 var grunnarbeidet godt i gang og dei hadde byrja arbeidet med å hente inn tilbod på murararbeid, røyrleggararbeid og innkjøp av materiale. I arkitekt Alvsaker sine planar var det behov for 570 000 murstein for å bygge skulen. I første omgang bestilte byggekomiteen 200 000 stein i frå Helle teglverk i Dalsfjorden. I følgje den opphavelege avtala med teglsteinsverket skulle all steinen sendast til Florø før hausten 1920. Hausten kom og berre delar av mursteinen var sendt til Florø. Ettersom byggearbeidet hadde stoppa opp, sat prosjektet att med tusenvis av murstein dei ikkje kunne bruke.

Fotografmester M.N. Horne, Florø. Biletet er tatt under oppføring av skulehuset 1934.

33


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Florø barneskule i dag. I 1956-1959 vart skulen bygd ut og i 1997 vart heile skulen totalrenovert. Fotograf: Annette Langedal Holme.

byrje. Denne gongen gjekk prosjektet utan skjær i sjøen. Det vart fortløpande henta inn tilbod på murararbeid, tømrararbeid, målararbeid, innkjøp av omnar og interiør til gymnastikksalen med meir. Endeleg vart det skulehus!

Eit nytt stasbygg i byen

Hausten 1934 kunne skuleelevane endeleg samlast på den nye skuleplassen framfor den staslege murbygningen på 4 etasjar. Bygget hadde rikelig plass til elevtalet i 1934 med rom for auke i barnetalet. Det var gymnastikksal, skulekjøkken og sløydsal. Alt ein ordentleg byskule skulle innehalde. Prisen enda til slutt opp på 500 000 kroner. Vegen fram hadde vore lengre enn dei fleste andre skulehusa i fylket, men Florø fekk omsider det stasbygget byggekomiteen hadde drøymt om i 1919. Og vi lyt vel kanskje sende ein vennleg tanke til arkitekt Alvsaker og den arbeidsinnsatsen han la ned før han omsider fekk reist eit skulehus i Florø.

Kjelder og litteratur: •• Møtebøker og saksarkiv frå Florø bystyre og formannskap

Personalnytt

•• Møtebøker frå Florø skulestyre •• Arkivet etter Byggenemnd for Florø folkeskole 1918-1934 •• Byrkjeland, Reidun. 2014. Florø folkeskole/Florø barneskole. Flora minne. s.34-48. •• Stavang, Harald J. 1999. Flora, kulturhistorisk vegvisar. Selja forlag.

Kristine Rohde byrja hjå fylkesarkivet 1.februar, og kjem frå jobb i forlaget Skald. Ho har tidlegare vore sjølvstendig næringsdrivande og har hatt ulike jobbar i det private og det offentlege. På Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vil Kristine jobbe med kommunale arkiv, og særleg med digitalisering av arkiv. I byrjinga av juni starta fylkesarkivet opp med digitaliseringssenter som Kristine vil ha ansvar for. Vi er svært glade for Kristine har byrja hjå oss!

34


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Fiskarkvinnelag

Av Per Olav Bøyum

- Fiskarkvinna har heile tida vore likestilt med mannen i det at dei alltid har delt ansvaret, og den eine har vore så avhengig av den andre. Ja, eigentleg er kvinna sjølve krumtappen i fiskerinæringa, og vi har mange fantastiske kvinner langs kysten vår. Orda tilhøyrer Amanda Igland, som gjorde ein pionèrinnsats for kvinnene langs kysten. Då ho vart tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull trakk fylkesmannen særskilt fram innsatsen hennar for fiskarkonene. Men Amanda si livsgjerninga famna vidare. Ho stod òg på barrikadane for å løfte fram kystkulturen. Nasjonsbygginga på 18- og 1900-talet hadde i stor mon teke utgangspunkt i den norske bonden. Den rike kulturarven langs kysten vart tona ned. Amanda Igland var ei viktig og kraftfull stemme for fiskarkvinnene. Bak seg hadde ho mange medsystre som òg la ned ein stor innsats for å betre fiskarane sine kår. Eit uttrykk for dette engasjementet ser vi i fiskarkvinnelaga.

Norges Fiskarkvinnelag

Den første organisasjonsdanninga stod fiskarkvinnene i Kristiansund for, då dei i 1946 stifta “Damegruppen Havglimt”. Drivkrafta bak dette laget var den energiske Magda Pedersen. Det var neppe tilfeldig at ho også blei den første leiaren av Norges Fiskarkvinnelag i 1955. Den viktigaste årsaka til at kvinnene organiserte seg i eigne lag var ønsket om å betre fiskarane sine kår. Det vart samla inn midlar til Fiskernes Hjelpefond, ofte berre omtalt som hjelpekassen, ei støtteordning retta inn mot fiskarar som blei sjuke eller uføre. Trygdeordningane for fiskarar var dårleg utbygde på 1950-talet. Sosial naud fylgde ofte i kjølvatnet av ulukker, sjukdom eller feilslått fiske. Hjelpekassen fungerte som ei slags sjukekasse for fiskarane, og ordninga kvilte tungt på aktiviteten til fiskarkvinnene. I tillegg var det sosiale viktig. Laga samla kvinnene til prat og hygge over ein kaffikopp. Møta var ei avveksling frå ein hard og travel kvardag.

Fiskarmonumentet i Bremanger kom til etter initiativ frå Amanda Igland. Det vart avduka i 1964, og er laga av Ståle Kyllingstad. Det vart sett opp som eit minne over omkomne på havet. «Det kveldar på skjæret» kalla kunstnaren monumentet. Til avisa Firda Folkeblad forklarte han motivet slik: «Eg hev tenkt meg desse. Han far som tok yngste guten med seg på sjøen og så ein eldre bror, eller ein annan. Dei hev kome seg opp på eit skjer, og der ventar dei på lagnaden. Den eldste guten har gjeve opp, medan minsteguten enno ventar på berging. Men han gamle far trøystar dei med ei anna von. På skjæret kveldar det, allikevel.» Fotograf: ukjent.

Organisasjonsaktiviteten skapte i tillegg ein fellesskapstanke som resulterte i ein innsats på det kulturelle området. Det skulle bli særskilt synleg frå 1970-talet. Kystkulturen vart løfta fram som ei kampsak. Sogn

og Fjordane kom til å leie an på dette området. Fiskarkvinnene i fylket vårt arbeidde iherdig for at kystkulturen og fiskarkonene ikkje måtte bli gløymt.

35


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Frå arkivet etter Amanda Igland. Vi veit ikkje kven kvinnene på biletet er, eller kvar det er teke. Fotograf: ukjent.

Fiskarkvinnelag i Sogn og fjordane

Det eldste fiskarkvinnelaget i Sogn og Fjordane skal ha blitt skipa på Batalden. Nøyaktig kor tid det skjedde er uvisst. Det som i alle fall er sikkert er at det i 1959 kom til to livskraftige fiskarkvinnelag, eitt i Bremanger og eitt i Måløy/Holvik. Året etter organiserte fiskarkvinnene i Raudeberg seg. I jubileumsboka åt Norges Fiskarkvinnelag vert det opplyst at talet på tilslutta organisasjonar i Sogn og Fjordane i 1993 var 13. Vågsøy kommune hyste heile fem av dei, mellom anna Skavøypoll Fiskarkvinnelag.

Skavøypoll Fiskarkvinnelag

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane oppbevarer ikkje mange arkiv etter fiskarkvinnelaga. Tre slike arkiv har blitt innleverte til oss. Frå Skavøypoll er det tale om ei møtebok som dekkjer åra 1969-1986. Referatprotokollen gjev likevel eit godt innblikk i aktiviteten hjå eit lokalt fiskarkvinnelag. I Skavøypoll hadde stiftingsmøtet på førehand vorte annonsert i avisa. Den 3. februar 1969 møtte 12 kvinner fram til skipinga av fiskarkvinnelaget. I tillegg stilte Thorleif Iversen, som var sekretær i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Han orienterte om arbeidet og oppgåvene for fiskarkvinnelaga. Etter litt konfererering vart det gjort samrøystes vedtak om å skipe eit lag i Skavøypoll. Ellinor Haukedal 36

Groth i Bremangerpollen. Fotograf: B. Baardsen.

vann valet om leiarvervet. I styret sat Anna Rakkenes, Ingunn Hagen, Aslaug Hagevik og Aslaug Solheim. Medlemskontingenten vart sett til fem kroner pr. år.

det var å gå rundt med ei konstant gnagande uro i kroppen. Og frykta var reell: Havet gav og havet tok. Det er ikkje få fiskarar som opp gjennom tidene som har fått ei våt grav.

Ut frå møtereferata følgde samankomstane i laget ofte eit mønster. Det starta med song, deretter kom kaffi og mat på bordet før det var tid for utlodding. Noko stor saksmengd var det ikkje dei første åra.

Men det var slett ikkje berre alvor som prega fiskarkvinnene i Skavøypoll. Snarere tvert om. Det er tydeleg at dei hygga seg med kvarandre. Innimellom er møteboka krydra med humor, som då dei skulle velje ny leiar: “Bare ett lite råd på kjøpet: de bør møte opp hvis de har mistanke om at nokon skal veljast til eit eller anna formål, for vi brukar alltid å velja den som ikkje er tilstades.”

Innimellom kjem det tydeleg fram i møteboka at det er tale om samlingar i eit fiskarkvinnelag: “Men når vi sat der og høyrde på stormen kor han yla gjennom huset, så gjekk tankane våre til desse stakkars som vi har ute på havet i alt slags veir”. Den otten folk ved kysten hadde når fiskarane drog ut på havet har vore ei uro som har halde seg heilt opp til våre dagar: Timane gjekk fort med diskusjon og arbeid, for no tek jula til å nærma seg med raske skritt. Og jula ser vel kanskje vi som er fiskarkvinner meir fram til enn mange andre, av den gode grunn att da har vi håp om att da får vi ha desse kjære fiskmennene våre heime. Då kan vi få slå av både vermelding og fiskarbølge som ellers står på og surrar heile året mest, og stel mang ein time frå oss som set her heime i spenning og angst mang ein gong. For den som ikkje har opplevd det, vil det nok vere vanskeleg å forstå korleis

Ein anna gong står det å lese følgjande i referatprotokollen: “Møtet var så fritt for røyk at Ingunn måtte kveike ein sigarett for at vi andre skulle vera sikre på at det var eit fiskarkvinnemøte vi var på.”

Litteratur og kjelder •• SFF-99097 Skavøypoll Fiskarkvinnelag •• Lotherington, Ann Therese og Thomassen, Bente: ”Å leva det er å elska” : Norges fiskarkvinnelag gjennom 40 år. Norges fiskarkvinnelag, 1993. •• Myrstad, Bjørn: Vestlandsfiske. Samlaget, 1996 •• Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: Amanda Igland •• Firda Folkeblad 04.12.1963


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Amanda Igland -Fiskarkona, pensjonatvertinna, organisasjonsmennesket og politikaren frå Bremanger Amanda Igland var ein pioner i arbeidet for kystkulturen og for å tryggje fiskarfamiliane sine kår. Som takk for den store innsatsen fekk ho, som ei av dei få kvinnene frå fylket, Kongens fortenestemedalje i gull i 1987. Rakryggja, godlynt og omgjengeleg stridskvinne

Amanda Grotle Igland (1917 – 2002) var ei rakrygga stridskvinne, men også godlynt og omgjengeleg, fortel dei som kjende henne. Smilet og latteren satt laust i henne. Få kvinner har fått utretta så mykje som Amanda. Ho spreidde kunnskap om kystkulturen og kystfolket, og fekk gjennomslag for viktige velferdsløft for fiskarfamiliane. Fylkesmannen ordla seg slik då han innstilte på at ho burde få Kongens fortenestmedalje i gull:

« Fru Igland har gjennom eit langt liv vore ein aktiv deltakar i samfunnslivet, men det er særleg grunn til å nemne hennar arbeid for fiskarkvinnene si sak. (…) Fylkesmannen kjenner fru Igland som ei sterk og vidsynt kvinne. Med pågangsmot og stor arbeidskraft har ho gjort ein innsats til samfunnets beste langt ut over det vanlege.»

«Røtene mine er i fiskar- og småbrukarmiljøet..»

Amanda vaks opp i Bremanger i mellomkrigstida, i eit miljø der ein henta

Amanda Igland Foto frå arkiv etter Amanda Igland. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

utkomme frå to næringar; fiskeri og jordbruk. Det var ingen overflod, men med nøysemd fekk dei endane til og møtast. Ho fortalde om trygge barneår der alle i familien var viktige i det daglege arbeidet. Om vinteren var alle samla i kjøkenet for der var det fyr i omnen. Mora og bestemora spann og vov, og karane sat der og stelte med garna sine. Så snart leksa var lært, kara ho krullar til rokken. I kontrast til dei gode minna, sto opplevinga av uro når karane var ute på sjøen i styggevêr. Somme tider var dei borte i lang tid, og damene måtte ordne alt på land. Det vart mange tunge tak, men verst var likevel uvissa for han i båten, meinte Amanda. Ho vart sjølv fiskarkone før ho fylte tjue år, og fekk føle den uvissa. Utkomme av fiskeria varierte frå år til år, og den økonomiske stoda i ein fiskarheim like så. Stundom gjekk det også gale på sjøen. Far, ektemann eller bror kom heim med store skadar, eller dei kom ikkje heim i det heile. I den tid fanst det ikkje forsikringar eller pensjonsordningar som sikra fiskarfamiliane økonomisk, og det var mange som fekk det svært vanskeleg. Det opprørte Amanda at kystfolket var så lite påakta.

Amanda Igland måtte tidleg lære seg å handtere rokken som så mange kvinner i hennar generasjon. Foto frå arkiv etter Amanda Igland. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

37


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

fiskarens del er båten og det store hav. Ho er husmor og mor og heimeverande for å ta seg av dei mange tusen fiskarheimane langs vår langstrakte kyst. I mange av desse heimane lyt fiskarkvinna vere åleine om ansvaret i månadsvis om gangen. … At desse fiskarane.. er glad for at dei har ei kone som ordnar opp med renter, avdrag og barneoppdragelse, nei det tviler eg ikkje på. Det hadde ikkje gått utan, heller. .. Norges fiskarlag tek hand om.. prisforhandlingar, fiskerigrensespørsmål, fiskerisoner og langtidsplan for fiskeriene. Alt dette gjer at .. heim og miljø og våre sosiale og kulturelle interesser i den samanheng har kome i bakgrunnen. Her er det etter mitt syn kvinnelaga har si store utfordring.» Amanda kunne ordlegge seg og argumentere slik at andre såg saka frå hennar vinkel. Ho var drivkrafta bak at kvinnene fekk innpass i Norges Fiskarlag, og ho sat i fleire politiske utval og nemnder både i fylket og på nasjonalt plan. Ho var medlem av partiet Venstre og vart vald inn i kommunestyret i Bremanger.

Amanda Igland får Kongens Fortenestemedalje i gull Foto frå arkiv etter Amanda Igland. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fiskarkvinne og politikar

Etter 2. verdskrig vart det skipa fiskarkvinnelag mange stader langs kysten, og i Bremanger vart Amanda formann i til saman 23 år. Norges fiskarkvinnelag vart skipa i 1953 med Amanda som ein av initiativtakarane, og i 11 år var ho leiar for landsorganisasjonen. Ho var også drivkrafta bak å få kvinnene representerte i Norges fiskarlag. Ei anna kampsak for henne var at fiskarane skulle ha rett på ferie, og i 1972 kom Lov om ferie for fiskere. I lokallaga var oppgåva frå starten av å fylle hjelpekassene og skaffe pengar til mange gode velferdstiltak. Amanda hadde stor respekt for det arbeidet, 38

men ho meinte fiskarkvinnelaga skulle arbeide med politiske saker også. Det var tema i fleire av landsmøte-talene hennar, her sitert frå Bodø i 1977: «Vi er ei gruppe kvinner, tilhøyrande den eldste modernæring i landet vårt, som har gjort oss svært lite gjeldande i det sokalla offentlege liv fram til vår tid. At det har vore slik, har vel i grunnen ei naturleg årsak. Bondekvinna er ein del av jordbruksnæringa, småbrukarkvinna like så, men fiskarkvinna er ikkje knytt til fiskerinæringa på same måten… Fiskarkvinna kan ikkje, som bonde- og småbrukarkvinna kan det, vere med på mannen sin arbeidsplass som for

Både menn og kvinner langs kysten la merke til kor flink ho var med orda, og ho fekk svært mange verv. Ho engasjerte seg mest i sosiale og kulturelle saker slik ho nemner i talen i 1977, altså for familie, skule, helse, miljø og kulturvern, men også fiskerinæringa, distriktspolitikk og samferdsle på kysten fekk merksemd. «Amanda er ein samfunnsbyggjar i ordets rette forstand», sa fylkesmann Ulveseth då ho fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1987. Lista over alt ho hadde vore med på, var lang. I alle høve evna ho å tenkje på heilskapen og til felles beste. Men då Amanda fekk høyre ho skulle få medalje i gull, hadde ho svaret klart: «Gull! Hadde det endå vore koppar!»

Pensjonatvertinne

Omkring 1970 starta Amanda og ektemannen pensjonatet Havly i Bremanger. I dei tider kom det ofte tilreisande arbeidarar frå til dømes hamnevesenet og kystverket, og det var trong for eit pensjonat. Mange hugsar


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Amanda først og fremst som pensjonatvertinne. Ho vart kjend for smilet og det vi i dag vil kalla sørvisinnstillinga si. Uansett kor seint ein arbeidar kom inn dørene på Havly, fekk han middag. Var det ikkje anna råd med det, gjorde ho ein «patent», det vil seie karbonade med speilegg. Arbeidsfolket vart glade i Amanda. Ho tok det meste med godt humør, minnast ein representant frå televerket. Han skulle strekke telefonkabel frå kontoret hennar og inn i stova, og han bora seg gjennom veggen. Den var svært tjukk den veggen, men endeleg vart det då hol. Då han skulle sjå nærare på verket, hadde han bora gjennom både vegg og sofabein. Han vart både flau og lei seg, men Amanda berre lo og sa tvitydig: «Det der kunne kven so helst ha gjort!»

Ordkunstnar

Det var ikkje berre gjennom taler og gode replikkar Amanda fekk fram meininga si. Ho skreiv både artiklar og lesarbrev i avisene. Bergens Tidende hadde ei spalte dei kalla Synspunkt, og til den leverte ho mange innlegg. Ho hadde synspunkt på mangt og mykje, og dei skreiv ho ned ved kjøkenbordet tidlig om morgonen. Det var penn og papir ho brukte, og handskrifta var jamn og tydeleg. Innimellom refleksjonar over samfunnsspørsmål og saker ho hadde lese om i avisa, kom ho med skildringar av vêret, naturen eller eit minne frå barndommen. På forunderleg vis skapte ho samanheng mellom det daglegdagse livet og dei større hendingane ho ville gi synspunkt på. Lesaren kunne lett halde tråden, og det vart slett ikkje keisamt. Fleire av synspunkta er god lesnad også i dag.

Pensjonist

For ei dame med så mange jarn i elden og så mange hjartesaker, var det kan hende ikkje lett å verte pensjonist. Ho snakka om det sjølv i ei tale til Bremanger Fiskarkvinnelag: «Alt har si tid her i livet. ..I menneskelivet har vi barndomstid, ungdomstid, manndomstid og til slutt alderdomstid og dei gråe hår. Den evige livssyklusen er uforanderlig og ubønhørlig. Du er komen til ein stille veg i livet. Har

nådd dei 67 og er ikkje valbar lenger. Heretter tilhøyrer du pensjonistanes rekker for resten av di levetid. Alt har si tid.» Dei første åra som pensjonist var ho framleis i aktivitet støtt. Men etter kvart svikta helsa, og Amanda gjekk bort i 2002 berre 83 år gamal. Arven etter ho er meir enn det jordegods barna hennar fekk. Både heimbygda Bremanger og heile kyst-Noreg har framleis nytte av det arbeidet ho la ned.

Etterord: Denne artikkelen er ei redigert utgåva av tekstane om Amanda Igland, henta frå Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane i samband med Kvinnestemmerettsjubileet i 2013. http://kvinnestemmer.net/

Høyanger si soge, 1915-2015 Ei kort bokmelding av Randi Melvær

Martin Byrkjeland og Jan Anders Timberlid har skrive eit storverk om Høyanger si soge: Vatnet, verket og byen, Høyanger 100 år 1915-2015. Bind ein tek føre seg tida frå 1915 til 1965 og bind to frå 1965 til 2015. Her er 820 sider historie til saman! Kvart bind har nøyaktige biletreferansar og rikhaldige lister over brukte kjelder og litteratur. Her er liste over arkiv som er brukt og liste over munnlege kjelder med intervjudato. Det er også ei liste over upubliserte, trykte kjelder. Litteraturlista er rikhaldig, så her kan interesserte lesarar få gode tips til vidare lesing. Noteverket er nøyaktig, dermed kan lesaren etterprøve opplysningane i teksten. Heilt til slutt er det ein indeks som gjer det lett å finne fram til emne i det omfattande bokverket. I bøkene fylgjer vi Høyangersamfunnet frå bondebygd via kraftprodusent til industritettstad. Klasseforskjellane kjem tydeleg fram. Her er arbeidarkultur, bondekultur og middelklasse side om side. Gjennom heile teksten er det direkte sitat av dokument og munnlege historier. Bøkene er også gjennom illustrert med gamle foto med gode bilettekstar. Dette gir eit levande bilete av tida som blir skildra. Om du ikkje vil lese bøkene frå perm til perm, er dei også gode å bruke som oppslagsverk.

39


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Laura Sundal Skorpen (1898 -1990) – Jordmor og sanitetskvinne Laura er kjend for mange som «Solbakkens mor». Ho var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i 1960, den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. I tiåra etter krigen hadde ho ein finger med i mange andre velferdstiltak i kystbyen Florø. Godar ein i dag tek for gitt, var ho og andre sanitetskvinner med på å skapa. Jordmor

Det låg ikkje i dagen at Laura skulle verta jordmor då ho vart fødd i Norddalsfjorden i 1898. Jenter skulle stella seg slik at dei vart godt gifte, og elles ikkje stikka seg fram i dei dagar. Men Laura var skuleflink og fortalde lærar Høidal at ho gjerne ville utdanne seg til jordmor. Han allierte seg med distriktslegen, og dei hjelpte henne med søknadspapira. Ingen i bygda måtte få vite dette før ho hadde fått plass for då ville dei gjere narr av henne. Ho fekk plass sjølv om ho ikkje var myndig, og 18 år gamal byrja ho ved Jordmorskulen i Bergen. I 1919 kom ho til øya Skorpa som nyutdanna jordmor. To år seinare var ho blitt distriktsjordmor. Ho tok imot om lag 2000 barn i si karriere. Som jordmor kom ho tett på familielivet, og ho såg korleis barn som var «annleis skapt» vart gøymde vekk. Det var ei skam å få eit slikt barn, og det vart ofte ei tung bør for familien.

Laura Sundal Skorpen Foto: Norske Kvinners Sanitetsforening, avdeling Sogn og Fjordane.

både dei og familiane deira eit betre liv. Frå gammalt av var slike barn ei straff og ei skam, og haldningane hang ved i samfunnet. Mange vart gøymde vekk i uthus eller på loft når det kom folk til garden. Laura ønskte å snu dette biletet, skape ei meir positiv haldning til psykisk utviklingshemma og gi dei eit betre liv. Ut frå den tids tankegang var institusjonane første steg på denne vegen.

Krigstid

Laura jobba som jordmor på øyene då krigen kom til landet. Ho fortsette i jobben sjølv om dette innebar at ho måtte reisa i båt medan minene låg og flaut mellom holmar og skjær. Laura deltok også i motstandsrørsla under krigen. På sine mange arbeidsturar mellom øyane bringa ho med seg både mat og meldingar i det skjulte. Etter frigjeringa fekk ho Heimevernet si fortenestemedalje for denne innsatsen.

Sanitetskvinne

Laura vart tidleg med i Kinn Sanitetsforeining. Det var naturleg for ei jordmor å vera engasjert i folkehelsa, og gjennom foreininga spreidde ho også kunnskap om «abnorme børn» eller «åndssvake» som dei vart kalla. Ho ville løfta dei fram i lyset og gi 40

Laura Sundal Skorpen, til høgre, som ferdig utdanna jordmor i 1919. Fotograf ukjend. Foto: privat

I 1949 vart Laura Sundal Skorpen med å skipa Sogn og Fjordane Sanitetsforeining, og Laura fekk formannsvervet. Dette hadde ho i heile 17 år. Laget fekk mange viktige saker å arbeida med. Ideen om å bygga ein «åndssvakeheim» var ein av dei, og Laura fekk fylkeslege Blaauw med seg i planarbeidet. På Solbakken fekk 32 barn ein ny kvardag i 1960.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Sognajekt til Bergen Far fekk bygt tvo sognejakter åt seg i si tid. Den fyrste hugsar eg ikkje til, men den siste, den som enda sine dagar på museet i Ambla, var den som eg var til byn med. Eg hugsar til at ho vart bygd og, so det var vel i eit av åri 1877-79. Den eine byggaren – meistaren – heitte Varekleiv(en) og ein heitte Grønhaugen. Dei var båe frå nordsida av S.fjorden.

Norske Kvinners Sanitetsforening, avdeling Sogn og Fjordane samla til fylkesmøte på Høgskuleheimen i Florø i 1958. Det var innkalla til eit opplysnings- og planleggingsmøte med fylkeslege Blaauw. Formann Laura Sundal Skorpen i grå drakt står i fremste rekkje saman med fylkeslegen. Amanda Igland deltok også på møtet. Fotograf: M.N. Horne, Florø

Livsmotto

Laura sa sjølv ho gjerne ville trøysta, oppmuntra og hjelpa menneske som hadde det vondt. Gjennom alt arbeidet ho la ned som jordmor, sanitetskvinne og venstrepolitikar lukkast ho godt med det. Det ho gjorde som medmenneske står ikkje oppført i nokon protokoll, men mange hugsar henne som ei hjartevarm og imøtekommande, men også myndig dame.

Etterord: Dette er ei redigert utgåve av tekstane om Laura Sundal Skorpen, henta frå Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane i samband med Kvinnestemmerettsjubileet i 2013. http://kvinnestemmer.net/

Jakta var av gamal type med berre plitt (framdekk) der ankerspelet stod og stutt halvdel akterut framfor vengdøra. Jamsides vengdøra var kryppelspelet, som me heisa seglet med. Til rorkulten var det ei talje på kvar side til hjelp for rorskarane. Veng med glas (vindaug) bak i spegelen, og inne var omn, bord og 2 senger med benk framfor. Kor mange byturar eg var med på hugsar eg ikkje no. Det var mest ved me hadde til last, men ein gong var me til Nattvikane og lasta bord for Dominikus («Mønikus») i Vikja. Den gongen var det farbror min – Per O. Årnes f. Østerbø – som var skippar. Av hamnar me vitja på ferdene hugsar eg Tjo(v)ungane (Bøfjord), Sygnefest, Krakhella (Solund), Glasvær (Gulen) og Hille (Gulen). Andre namn var Njøta, Klokkarsundet, Rasundet, Lygrefjord, Kvennefjord, Herlefjord, og naturlegvis Kjellstraumen og Alverstraumen. På Fjeimen-Fjensfjorden måtte almanakka fram, so ein kunde sjå, når sjøen flødde eller fall, og rekna seg til anten Kjellstraumen rann mot eller med, og um han var spak eller på det stridaste, og um ein hadde vind nok til greida’n skapleg. Ein gong våga me oss fortidleg frami straumen. Vinden var nok for spak. Jekti lydde ikkje roren, og me kom upp mot eit svaberg, so skipsbåten (jollen) vart knekt millom jekti og berget; men jekti greidde seg.

Rett som det var skulde eg fylgja dei som køyrde veden til dei ymse stader (gator-smog) i byn og ta mot betaling. I Nygardsparken var det moro å gå og på museum, og burt på Fisketorget var det allstøtt noko å sjå og høyra. Vedbryggja og Fisketorget låg ogso so nær kvarandre. Jekter som hadde skurlast-bord eller plank, la åt i Dreggen. Det var ytst på Tyskarbryggja, noko utanfor der nordlandsjektene låg og losa turrfisken og tranfati sine. Nordlandsjektene var store og flotte tykte eg; dei hadde og 6-8 mann umbord, medan det på sognejektene var berre 2 mann oftast. Eg vart sakte noko kjend med ikkje so fåe jektekarar, men hugsar lite att av namni no. Mesteparten av dei hadde nok heimstad på Vangsnes. Når sognejekta skrei utetter fjorden under storsegl og toppsegl med god bør (hadde «lamb i kjeften») var ho eit hugleg syn, og me var kry av henne; men no høver ho ikkje. «Vi kun erindringer har nu tilbage…» Fortalt av H. Østerbø i 1952 i brev til Anders Skåsheim

Det vart langsomt stundom å ligga i hamn og venta på bør. Det kunde verta vika ut og inn av og til. Eg hadde for eigi rekning, oftast med til byn noko småved i knippor som eg kunde få durleskillingar for. Det gjekk mest utatt til torgkjerringane som sat attmed korgene sine og selde peparkakor og strilekakor og spekelasi. 41


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Litevetta purketysk

Av Harald Jarl Runde

«Snakka' du sognamoal og litevetta pourkatysk kjem du deg like te’ Konstatinopel. Men der vert du ståande bleggande faste, tyrkjen forstår ikkje sognamaolet», heiter det i ei gammal regle. No har eg forhøyrt meg med mange sogningar, men ikkje ein kan snakke purketysk. Og ikkje kjenner dei andre heller. Som namnet seier, er eg barnefødd, og oppvaksen, på ei øy på Sunnmørskysten. Når me ungane skulle snakke «hemmeleg», brukte me purketysk. Problemet var at foreldre og storesysken også snakka purketysk, minst like godt som oss sjølve. Dermed var me i grunnen like langt. Men eg vil tru at nokre av min generasjon enno hugsar og kan snakke purketysk. Men det var slett ikkje alle som klarde å lære det. Dei mangla rett og slett rette språkøyret. Purketysk er språket til grisane i Tyskland, sa dei til meg i min fåvise barndom. Og dermed slo eg meg til ro, den gongen. Men for fleire år sidan gjorde eg ein innsats for å finne ut av det merkelege språket og ikkje minst, det merkelege namnet. Eg forhøyrde meg i ei spørjespalte på «Nettet» og eg skreiv brev til Språkrådet. Svar fekk eg, men ingen hadde noko god forklaring. Og slett ingen kunne målet. Men lenge etter fann eg ei slags forklaring. I Bokbyen vart eg ståande å lese ein artikkel i eit gammalt tidsskrift: Tysk, dvs lågtysk eller plattysk, var ein ein gong språket til dei kongelege, adelege og anna storfolk i kongeriket Danmark-Norge. Men så vart det etter kvart umoderne og «simpelt», slett ikkje eit språk for fint folk. Ikkje ein gong med tenarane kunne ein bruke tysk. Men godt nok for å snakke med grisane, var det. Som eit apropos: Sjørøvarspråket lærde eg av far. Men såvidt eg veit, er eg åleine om det, far døydde for fleire år sidan. Når eg har nemnt det for slekt og elles kunnige folk, har eg ikkje fått respons. Alle – i alle fall den oppveksande slekt – har høyrt om kaptein Sabeltann og sjørøvarar. Men språket, nei, det er framandt. Eg kan såleis vere den siste. Både merkeleg og skræmeleg å tenkje på. Men elles er det både likt og ulikt purketysk. Ein må ha rette språkøyret for å skjøne noko som helst. Truleg kan ein lage purketysk av alle språk, også tysk. «Irpen lirben dirpen!», høyrest ikkje det kjærlegare ut enn «Ich liebe dich!»? Eller «Ailen loven julen!» på purkeengelsk? Men dette var barndomens minoritetsspråk. Eg har ikkje namn eller nemning. I mangel av noko anna, vel eg å kalle dei Hemmelege barnespråk.

42

Søkjer ein på nettet får ein mange «treff» på purketysk, i ymse samanhengar. Men ingen ser ut til å skjøne eller forstå det. Ikkje ei setning eller strofe på purketysk er sitert! Nokre samanliknar det med «Kråkemålet». Elles er det ikkje vanskeleg å kommunisere med kråke eller andre fuglar. Kråka kan endatil telje til 3 – 4, men det er vel litt på sidelinja i denne samanhengen. Men boka «Hemmelige språk og tegn» av Øyvin Ribsskog (Oslo 1945) vart interessant lesnad. I eit kapittel om «Gateguttspråkene» forklarar forfattaren korleis dei svenske og norske «B-språka» er bygde opp. Den norske varianten vert kalla «Kråke-målet» av forbrytarane, hevdar han. Merkeleg nok er dette kråke-målet nesten identisk med purketysken eg har lært. Men «b» i kråke-målet er bytt ut med «p» i purketysk og purketysk har alltid «n» i slutten av orda. «Når dette språket snakkes fort, er det vanskelig å forstå for de som ikke er øvd i det, og for «alminnelige dødelige» er det praktisk talt umulig å følge med på notene», skriv Ribsskog vidare. Eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv. Men attende til sogningen og tyrkjen. Eg kom over eit hefte – «Marta og Ivar på Rikheim» – der Helge Haugen fortel om forfedrar og slekt i Lærdal. Han har også med eit stykke om Leirdalske lette Infanteri Compagnie. Der, der endeleg fekk eg svaret. Sitat: Årdølen Andreas Hansson Lem rømte også fra fangeskapet i Karlstad – men hjemturen tok 15 år. Han gikk østover, skal ha gått i russisk tjeneste i krigen mot Napoleon og kom seinere i tyrkisk fangenskap. Her satt han lenge før han klarte å rømme. Det er trolig etter ham det kjente utsagnet stammer: Me sognamaol og lite vette plattysk var han komen ratt gjøno heile veri, til han kom til Konstantinopel. Men dar sto han spikande fast – tryntyrkjen forsto inkje sognamaolet hans, ser du. Ikkje rettare eg veit, vart Napoleon fødd på Korsika i 1769. I 1799 gjorde han statskupp og kom til makta i Frankrike. Og i 1804 utropte han seg sjølv til keisar. Regimet varde til 1814, då blei han tvinga til å gå av etter å lide nederlag i dei såkalla Napoleonskrigane.

Men kor lenge var Adam i Paradis, eller sogningen i Konstantinopel? Ikkje lenge. For i boka «Vestnorske ordsamlingar frå 1700-talet» av Håkon Hamre (Bergen 1961), kjem nok ei forklaring. I boka er samla alle dei ord- og personnamnlistene som kom inn til Kanselliet i København frå Bergen bispedøme i 1743. Dei er svar på nokre spørsmål i ei spørjeliste som vart send til embetsmenn i heile Norge. Så den 7. november 1743 skriv soknepresten i Vik, Anders Daae, mellom anna: Elles går den gemene talemåde iblandt bønderne her i Sogn, at den, som kan da reina pura saogne maoli, å so nochie lite tysk atte mæ, han kan vandra heila wære øva. Det er det, etter over 60 år med undring! Eg er mest like fåvis. Men eg legg ved ei prøve på purketysk, innleiinga på eit av dei kjende eventyra frå Asbjørnsen og Moe. Eventyret er ikkje langt. Eg reknar med at lesaren kan resten av soga, på purketysk: Derpen varpen eirpen gorpen girpen varpen leirpen arpen lerpenmårpen sirpen. Sårpen ferpen harpen forpen serpen arpen harpen skurpen tirpen tirpen orpen fårpen dorpen forpen eirpen arpen lerpen-mårpen. Harpen ferpen pørpen lurpen harpen sorpen arpen, erpen derpen bleirpen tirpen derpen tyrpen erpen derpen turpen. «Kvarpen erpen derpen durpen harpen årpen klarpen orpen»» spurpen skirpen. «Årpen, erpen sårpen leirpen arpen lerpenmårpen mirpen, farpen», sarpen girpen. «Herpen fårpen harmen, årpen kurpen fårpen mørpen-dirpen. Orpen sorpen lirpen deirpen turpen orpen gorpen irpen bårpen orpen spirpen-taurpen arpenpårpen.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

HOLVIKEJEKTA

Av Ingrid Berger, konservator på Nordfjord Folkemuseum

Litt utanfor sentrum av Sandane i Gloppen kommune, langs nordsida av Gloppefjorden, ligg Holvikejekta. Holvikejekta er ei av verdas største klinkbygde farty og den einaste jekta i sitt slag som er att. Sjølv om jekta ligg i naust sikra med netting, kjem du nær og kan sjå både utvendes og oppi. Har du ikkje sett ho før, er ho vel verdt turen.

Holvikejekta slik ho ligg tilgjengeleg for besøkande i dag. Ein kan gå opp på platået og sjå opp i jekta. Vi ser «spegelen» med dei to vindauga i vengen. Foto : Nordfjord Folkemuseum

Vi skal i denne artikkelen bli nærare kjende med Holvikejekta og sjå ho i samanheng med andre bevarte jekter og med jektefarten i Noreg generelt. Vi skal og sjå på bygginga av Holvikejekta i samanheng med båtbygging elles rundt Gloppefjorden.

Holvikejekta

Holvikejekta er «den eneste gjenlevende store, klinkbygde jekta i hel og uforfalsket stand» (Gøthesen s.48). Holvikejekta er ei open, klinkbygd jekt med akterspegl og høg stamn. Opphaveleg hadde Holvikejekta mast

med råsegl, men mast og segl er borte no. Seglet var raudt. Mesteparten av jekta er eit stort, ope lasterom. Forut er det eit dekk kalla ”plitten” der mannskapet handterte anker, segl og fortøying. Akterut er vengdekket med «vengen» under (kahytt) med senger og bord. Opphaveleg var det også kokeomn her. I vengen sov og åt mannskapet. På vengdekket vart jekta manøvrert. Her stod ein og styrte og heiste segl, og her hadde ein godt oversyn. I vengspegelen, altså «veggen» som avsluttar jekta akterut, er det to vindauge, og her er det også måla namn og dekor på utsida. Slik jekta står i dag, ligg det breie plankar (skjerstokkar)

mellom plitt og veng. Desse la ein ut når jekta ikkje var fullasta, for at mannskapet kunne gå frå plett til veng (Færøyvik 1931). Holvikejekta er berre godt og vel dobbelt så lang som ho er brei. Ho vart bygd rund og romsleg for å ta mykje last. Største lengd er 20 m, breidda er 8,6 m og høgda frå kjøl til krysstokk er 5,5 m. Masta skal ha vore 27,5 m høg. Når det gjeld rommål var Holvikejekta på 62 lester eller omlag 750 tønner, og ho kunne få med seg 125 «mål» (favner) ved (Gøthesen 1980 s.14).

43


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Holvikejekta er bygd av furu. Bordinga (huda) er samanklinka med jarnsaum (jarnboltar). Jekta er av dei største jektene som vart bygde. Om bord i jekta finst skipsbåten, varpankeret, ankerspelet, riggbeslag som er fest på fartøyet (røsjarn med jomfruer), skjærstokkar, innreiing i vengen, pumpe og ror. I nyare tid har Nordfjord Folkemuseum fått krøppelspelet som var brukt på jekta frå rundt år 1900 til heising og firing av seglet. Dette er i dag utstilt på museet.

Kva er ei jekt?

«Jægte ere store og mestendels aabne Fartøier, ikke bygde som Skibe med som Baade, og bestaaende af enkelte Planker, uden Forhudning og uden fast Dæk» skriv Hans Strøm i 1762. Den tradisjonelle jekta hadde veng, råsegl og høgt stamntre. Høg stamn, ei råseglrigga mast og akterspegel karakteriserer jektene tilbake i tid så langt vi kjenner til dei. Akterspegelen hadde vindauge eller andre former for lysopning (Gøtesen 1980; Berggren 1975). I Norskekystens Fraktemenn skriv Gøthe Gøthesen at den eigentlige og opphavelege jekta var eit klinkbygd fartøy som var bygd etter dei same prinsippa som vanlige småbåtar. Jektene er ikkje heilt einsarta farty og opptrer i mange variantar. I Sogn og Fjordane heldt jektene seg «eigentlege og opphavelege» heilt fram til jektene gjekk ut av bruk, medan nordlendingar og trøndarar gjorde mange endringar på jektene ut over 1800-talet (Gøthesen 1980 s.10). Det er ikkje mogeleg å seie kor gamal jekta er som type. Det eldste biletet vi har av ei jekt er i frå Trondheim og er i frå 1674 (Christensen 1965). Av skriftlege kjelder må eit kongebrev frå 1615 der ein finn jekt i Gloppen omtala, vere av dei eldste (Færøyvik 1931). Det som er sikkert, er at jektene var fraktefarty.

Jektefarten

«Jektetrafikken var fyrr so ålmenn at ein ikkje kunde tenkja seg det var mogelegt for folk å livnæra seg utan at dei hadde jekt. Kvar grend, tidt kvar gard, hadde si jekt», skriv Jakob Aaland i 1926 (s.127). Kring 1875 var det over 44

Holvikejekta slik ho ligg i dag. Vengen til venstre i biletet. Foto: Nordfjord Folkemuseum/Espen Mills

50 jekter i Nordfjord. På 1700-talet og i fyrste del av 1800-talet var det mange fleire I dag står Holvikejekta att som eit minne om ei tid der jektene og jektefarten var ein viktig del av folk sine liv i Nordfjord. Jektene vart brukt til handelsfart til Bergen frå bygdene. Sjøvegen var hovudvegen til Bergen og jekta var den viktigaste reiskapen bøndene hadde for å frakte salsvarer dit, og handelsvarer heim. Rundt 1910 var jektefarten frå Nordfjordbygdene heilt slutt (Sandal 1979 s.317). Holvikejekta gjorde tre-fire turar til Bergen kvar sommar. Det vanlege var at turen tok fem-seks veker. Det var ikkje same skipper og mannskap på kvar tur, det veksla alt etter om det var eigarane eller leigarar av jekta som åtte lasta. Skipperen var som regel tinga for kvar tur av dei som åtte lasta, men det var oftast dei sjølve som var mannskap. Holvikejekta hadde som regel eit mannskap på fem-seks mann utan skipperen. «Byen» for jektefolket, nærast uansett kor dei kom i frå, var Bergen, sjølv om også Trondheim og andre byar og senter vart vitja. Det gjaldt også nordlandsjektene som sigla nedover kysten til Bergen med tørrfisk. Generelt kan vi seie at det ein hadde av «overskotsprodukt» i bygdene, og som det var marknad for i Bergen, vart frakta

til og selt der. På same vis kjøpte ein det ein trong, og ikkje hadde tilgjenge til heime, i Bergen, og frakta med seg heimatt. Kva ein selde og kjøpte kunne vere ulike ting i ulike område til ulike tider. Vi veit at Holvikejekta hadde mykje trelast, som plank, bord, tømmer og famneved med seg frå bygdene inne i fjorden. På 1880-talet og framover var nok dette den mest aktuelle lasta å selje til Bergen. Holvikejekta vart bygd i 1881, trass i att dampskipstrafikken i Nordfjord hadde auka på særleg i frå 1870-talet. Før dampskipstrafikken hadde jektene ført alle slags varer til Bergen. Dampskipa frakta no varer som trong liten plass og snøgt kunne lastast og lossast. Nordfjordjektene tok no transporten av skogprodukta, produkt som var romfræke og seine å laste. Utviklinga var at Nordfjordjektene vart bygd større og større mot slutten av jektetida, og Holvikejekta var av dei aller største (Sandal 1979 s.316). Det er vanskelig å finne jekter i registra som er større enn Holvikejekta, skriv Gøthesen (1880 s.14). Den siste turen Holvikejekta tok var til Bergen med telefonstolpar. Det var i 1906. Etter det vart ho sett på land for godt. Jektene vart større over tid, men storleiken varierte også frå distrikt til distrikt. Jektene inne i Nordfjorden vart gjerne kalla «vedajekter». Desse var av dei største. Jektene ute med


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Her ser vi mot vengen. Legg merke til skipsbåten og plankane over lasterommet (skjerstokkane). Foto: Gunnar Eldjarn.

kysten av Nordfjord vart gjerne kalla «fiskejekter». Her var det meir fisk og fiskeprodukt i jektelasta. Fiskejektene var mindre enn vedajektene. Dei mindre jektene som høyrde til gardsbruket, ser ut til å ha eksistert gjennom heile perioden. Dei fleste fjorddistrikt i Vest-Noreg og Trøndelag hadde si eiga jekteflåte. Jektefarten var svært viktig for Nordfjord og fjordbygdene på vestlandet, men jektefarten frå Nord-Norge til Bergen med tørrfisk var av enda større dimensjonar (Gøthesen 1880 s.48). Dette er greitt å ha i bakhovudet for å sjå jektefarten i ein større samanheng, utan at vi går nærare inn i det her.

Holvikejekta og andre bevarte jekter

Holvikejekta er i dag ikkje berre den einaste bevarte Nordfjordjekta. Ho er også den einaste bevarte store, opne, klinkbygde jekta i landet. Jekta er eigd av Nordfjord Fokemuseum, og kom inn i samlinga i 1909. Kvifor er Holvikejekta unik? Det finst andre jekter eller farty av jektetypen som er tekne vare på i Noreg.

Her ser vi mot plitten med anker og ankerspel. Foto: Nordfjord Folkemuseum/Espen Mills.

I Sogn og Fjordane er det to bevarte båtar, utan Holvikejekta, som kan kallast jekter eller er i jektefamilien. Det er «Bakkejekta», også kalla Holmedalsjekta, bygd ca 1750, og «Skåsheimsbåten», bygd ca. 1840. Begge er i dag, som Holvikejekta, i Musea i Sogn og Fjordane si samling.

Bakkejekta vart kalla jekt i distriktet ho kjem i frå, Holmedal ytst i Dalsfjorden i Sunnfjord. Gøthesen skriv at Holmedalsjekta til trass for at ho vart kalla jekt i sitt distrikt, nærast er ein stor, open båt (1980 s.22). Farty av jektetypen varierte i storleik frå kring 30 til 70 fot. Bakkejekta er 30 fot lang, Skåsheimsbåten er eit par fot lengre. 45


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Inne i vengen (kahytten) er det sengar og bord. Foto: Gunnar Eldjarn.

Skåsheimsbåten, som er større, vart kalla «storebåt». Skåsheimbåten har skap som ei jekt, men er mindre enn dei eigentlege jektene. Medan jektene i hovudsak tok seg av varetransporten til og frå Bergen, vart storebåtane først og fremst nytta til transport i fjordane. Småjektene på Vestlandet frakta på same vis som dei store jektene varer frå bygdene til byen. Bakkejekta reiste til Bergen, mellom anna med ved og tønner med sild, men ho er ikkje større enn at ho kunne ha vore lasta på tvers av Holvikejekta og berre stukke ut ein halv meter på kvar side (Gøthesen 1980 s.14). Holvikejekta er unik i forhold til sine veslesøstrer frå Sogn og Fjordane, av di ho er av dei store jektene. I form, byggjemåte og rigging er mykje likt. Det er andre jekter som er tekne vare på utanfor Sogn og Fjordane, men dei er ikkje like autentiske som Holvikejekta. Frå Trøndelag er Jekta «Pauline», bygd ca 1870, bevart. Ho var opphaveleg klinkbygd, men vart i 1898 bygd om til kravell, som er ein meir moderne 46

båtbyggingsteknikk. Nordlandsjekta «Anna Karoline», bygd i Trøndelag kring 1870, var opphaveleg klinkbygd, men fekk i 1890 lagt kravellhud utanpå (Gøthesen 1980 s.32). Jektene frå Sogn og Fjordane vart lite endra på, medan jektene frå Nord-Norge og Trøndelag ser ut til å ha gått gjennom store endringar utover 1800-talet (Gøthesen 1980 s.26).

Bygginga av Holvikejekta

Holvikejekta vart bygd i ”Kråafjøra” på Sandane i 1881. Byggmeister var i fylgje Ola Sande (1953), Jakob Apalset (1840-1913). I fylgje Einar Henden bygde Jakob Apalset saman med halvbroren Andreas (1846-1912) (1971 s.7). Bernhard Færøyvik skriv at Holvikejekta vart bygd av Jakob Jakobsson Apalset og brørne hans Knut Jakobsson (f.1836) og Andreas Jakobsson, saman med Erik Olsson Berge, Jakob A. Hopland, Ola Eriksson Berge og smeden Elias M. Andenes. Det var i tillegg to handlangarar med på arbeidet. Dei var fire meistrar, fire handlangarar og ein smed. «Dagløni var ½ dalar for meistaren og 2 ort for

handlangaren og fritt opphald». Dei brukte ti-elleve veker på bygginga (Færøyvik 1931 s.47). Det var fire oppdragsgjevarar til bygginga av Holvikejekta, Reiel Andersson Andenæs, Abraham Pedersen Holvik, Ole Larssen Eide og Ole Jensson Austrheim. Alle fire var gardbrukarar. Abraham Holvik står i folketeljinga frå 1900 i tillegg til gardbrukar oppført som bankdirektør. Dei fire hogg kvar sin 1/4 av trematerialane i eigne skogar, og betalte kvar sin 1/4 for leigearbeid og materialutlegg (Henden 1971 s.7). «Å vere ein dugande jektebyggjar var ikkje kvar manns sak» skriv Jakob Aaland i 1926 (s.135). Jektene vart, som dei mindre klinkbygde båtane, bygde i distrikta. Medan vi skal sjå at båtbygging i Gloppen var eit arbeid for dei mange i eit område, var jektebygging eit arbeid for dei få og med ein annan struktur. Holvikejekta vart bygd i Gloppen av glopparar. Det er verdt å sjå litt nærare på dei som bygde ho i samanheng med båtbygging i Gloppen generelt.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Jektebyggjarar og båtbyggjarar – to sider av same sak

«Gloppen var den bygda i Nordfjord som hadde dei mest dugande båt- og jektebyggjarar, og so hev det visst vore frå eldgamal tid», skriv Jakob Aaland. Skriftlege kjelder frå 1600-talet skriv om jekter i Gloppen, og båtbyggjarar frå Gloppen var i Sogn og bygde jekt åt presten i Leikanger (1926 s.135). Jekta var den største av dei tradisjonelle, klinkbygde fartya på Vestlandet (Berggren 1975 s.16). Jektebyggjarane var båtbyggjarar som var spesialiserte og vi må tru dei var særleg dyktige. Far til tre av meistrane som bygde Hovikejekta, Jakob Jakobsson Apalset og brørne hans Knut Jakobsson og Andreas Jakobsson, var Jakob Jakobsson Sande Apalset (1806-1883). Jakob f.1806 var ein flink båt- og jektebyggjar som kom i frå Knutebruket på garden Sande, på sørsida av Gloppefjorden i Gloppen kommune, gjerne kalla «Sørstranda». Jakob f.1806 gifta seg til Apalset, på nordsida av Gloppefjorden, og tok etternamnet Apalset.

1800-talet, men mindre om korleis det var før 1800. Dei kjeldene som finst peikar likevel mot at det har vor eit båtbyggjarsenter her så langt tilbake i tid vi kan sjå (Berger 2016 s.59-60). Til dømes skriv presten Gabriel Heiberg i 1743 dette om Gloppen: «Indvaanerne legger mest vind på agerdyrkningen, dog søger de undertiden nogen fordel ved at bygge huuser, jegter, skuder og baader (Djupedal 1953 s.93). Nokre tal kan vere greie å ha på omfanget av båtbygginga i Gloppen, og eg lånar her tal i frå Georg Arnestad (1977). I åra 1851-55 blei det bygd 600 båtar og 23 skuter i Gloppen. I Stryn, Innvik, Ålfoten, Indre-Holmedal i Gaular og Kinn vart det til saman i same tidsrom bygd 350 båtar. Det vart altså i Gloppen aleine bygd 70 % fleire båtar enn i dei andre bygdene til saman (s.176). Var det slik at mange jekter i Nordfjord, som tilfellet var med dei mindre båtane, har vore bygde av båtbyggjarar

som stod i båtbyggjartradisjonen frå Sørstranda i Gloppen? Eg veit ikkje sikkert svaret på dette, men ein del peikar i den retninga. I 1845 skal det ha vore 75 jekter i Nordfjord. Av desse var 39 bygde i Gloppen og 18 høyrde heime i Gloppen, 20 i Stat og ei i Davik. Ingen av jektene i Eid, Stryn og Innvik var bygde i Gloppen (Arnestad 1977 s.182). Om jekter her likevel kan ha vore bygd av båtbyggjarar som hadde fått sin båtbyggjarkunnskap i frå Sørstranda, er uvisst. I «Jekter og Jektebruk» (1953) skriv Ola Sande om dei jektene han veit har eksistert i Nordfjord, og han gjev opp byggmeistrar der han veit det. Jakob og Andreas Apalset er oppgjeve som byggjarar saman eller åleine på ti jekter, og onkelen Anton Hopland på seks. «Bol-Rasmus» (1808-1901) er oppgjeve som byggmeister på ei jekt. «Han bygde jekter til «havmennene»», skriv Sande (1953 s.25). Bol-Rasmus var i frå Rauset, ein nabogard til garden Sande. Vi er altså framleis på Sørstranda av

Bror til Jakob f.1806, Anton Jakobsson Hopland (1811-1871), var «den mest dugande jektebyggjaren i Nordfjord på 1800-talet», skal vi tru Jakob Aaland (1926 s.136). Anton f.1811 kom altså også i frå Knutebruket, men gifte seg til Hopland og tok etternamn der i frå. Jakob A. Hopland, som er ein av dei som Færøyvik skriv bygde Holvikejekta, er høgst truleg son til Anton Hopland f.1811. Anton f.1811 hadde ein son som heitte Jakob. Bokstaven A i Jakob A. Hopland står då for Antonsson. Frå Knutebruket under garden Sande på Sørstranda kom det, og ætta det i frå, mange flinke jekte- og båtbyggjarar (Sandal 1988 s.162), og tre, kanskje fire, av dei var med og bygde Holvikejekta. Kan hende var desse dei fire meistrane Færøyvik skriv om i 1931. Sørstranda av Gloppefjorden har vore eit kjerneområde for båtbygging i Nordfjord. Ein kan med rette kalle sørstranda for ei båtbyggjarbygd. Her vart det bygd opne, klinkbygde trebåtar bygd for årar og segl, i ulike storleikar. Vi veit mykje om dette frå

Holvikejekta på Gloppefjorden. Biletet må vere i frå 1900 eller seinare, då krøppelspelet er kome om bord, men sjølvsagt frå før ho vart sett på land for godt i 1906. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 47


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Gloppefjorden. Ei jekt som vart bygd i 1889 på Blaksæt har Sande oppgjeve Knut Hjortland som byggmeister for. Hjortland budde i Sogn, men kom i frå Hardanger (Sande 1953 s.34). Far til Jakob og Andreas Apalset kom frå Sørstranda (Knutebruket på garden Sande). Anton Hopland var onkelen deira som også vaks opp på Knutebruket. Bol-Rasmus var i frå Rauset på Sørstranda. Det kan ut i frå dette sjå ut til at ein solid del av jektebyggjarane i Nordfjord på 1800-talet kom i frå, eller hadde røter i og hadde fått overført båtbyggjarkunnskapen sin i frå, båtbyggjarbygda på Sørstranda i Gloppen. Dette gjeld også jekter bygd andre stader i Nordfjord enn i Gloppen.

Båt- og jektebygging – ulike system

Systemet for båtbygginga på Sørstranda, slik vi kjenner det frå 1800talet, var om lag som fylgjer. Eit stort tal gardbrukarar, flest sjølveigande, dreiv med båtbygging som ei attåtnæring til gardsdrifta. Kunnskapen vart overlevert frå generasjon til generasjon. Båtane var relativt standardiserte. Bygginga gjekk føre seg om vinteren og mellom onnene. Ein bygde med materialar frå eigen skog, og båtane vart frakta til kjøparane. Ein bygde heime på garden i naust, skykkjer, lader og stover. Båtbygginga var ein marknadsretta produksjon. Båtar vart frakta til kjøparane utanfor distriktet, mellom anna i jektene (Berger 2016 s.60). Ifylgje Per Sandal spelte jektebygginga ei langt mindre rolle i Gloppen enn båtbygginga elles (Sandal 1979 s.315). Systemet for jektebygginga i Nordfjord var annleis. Det var for det første få jektebyggjarar. Jektebyggjarane ser også ut til å ha reist rundt og bygd på staden, i alle fall gjorde dei også det. Jekta vart tinga på førehand, og oppdragsgjevarane ser ut til å ha stått for materialane til jekta dei fekk bygd. Jektebyggjarar frå Nordfjord kunne også reise ut av distriktet og byggje, jektebyggjarar frå Nordfjord bygde jekter både i Sogn og på Sunnmøre. Vi veit også at nordlendingar kjøpte nordfjordjekt (Færøyvik 1931). Det kom også i nokre tilfelle jektebyggjarar i frå andre 48

områder og bygde jekter i Nordfjord, særleg mot slutten av 1800-talet. Det vart bygd jekter i Hardanger og Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, Møre, Trøndelag og Nord-Noreg. Gøthe Gøthesen skriv at mønsteret i store trekk har vore det same for jektebygginga i alle distrikt. Før bygginga tok til måtte oppdragsgjevar framskaffe materialane. Oppdragsgjevar fekk byggmeisteren til å byggje jekta i fjæra eller ein høveleg stad på hans eigedom. Jektebyggjarane var oftast av bygdas eigne, men kunne og kome langvegs frå (Gøthesen 1980). Systema for bygging av dei mindre båtane rundt om i Noreg har, i motsetnad til jektebygginga, variert frå plass til plass (Sundt 1945). Båtbygginga og jektebygginga i Gloppen utvikla seg også ulikt. I motsetnad til båtbygginga vart det bygd færre og færre jekter i Gloppen mot slutten av 1800-talet, og i 1880-åra var det stort sett slutt (Sandal 1979 s.313).

Avsluttande

Holvikejekta er unik. Sjølv om det finst andre bevarte jekter i Noreg, er Holvikejekta den einaste store, ope, klinkbygde jekta som er teken vare på. Holvikejekta er også den einaste av dei store «vedajektene» som frakta varer i frå Nordfjordbygdene til Bergen som er att. Jektefarten til Bergen var viktig i Nordfjord og langs heile norskekysten. På Sørstranda, på sørsida av Gloppefjorden, har det vore eit båtbyggjarsenter i Nordfjord. Truleg har det vore slik langt bakover i tid. Vi veit at dei som bygde Holvikejekta stod i tradisjonen i frå båtbyggjarbygda på Sørstranda. Vi veit også at andre kjende jektebyggjarar på 1800-talet kom i frå eller hadde røter i båtbyggjarbygda og båtbyggjartradisjonane på Sørstranda.

Trykte kjelder •• Aaland, Jakob 1926: «Um Nordfjord-jekti og jektetrafikken». I Norsk Aarbok, s.127-142. •• Arnestad, Georg 1977: «Økonomisk utvikling i Gloppen ca.1860-1910», NHH/Økonomisk Historie. •• Berggren, Brit 1975: «Jekter og jektebruk på Vestlandet som etnolo-

gisk forskningsfelt», UiO, Oslo. •• Berger, Ingrid 2016: «Nordfjordbåten. Levande tradisjon med røter i vikingtida», i Nordfjordboka-Kulturhistorisk vegbok, Selja Forlag, Førde. •• Christensen, Arne Emil 1965: «Norske båter. Et oversyn over de førindustrielle båttyper», UiO. •• Christensen, Arne Emil 1979: «Inshore craft of Norway», From a Manuscript by Bernhard and Øystein Færøyvik. Edited by Arne Emil Christensen, Grøndahl % Søn Forlag A.S. Oslo •• Digitalarkivet. http://arkivverket. no/arkivverket/Digitalarkivet •• Djupedal, Reidar 1953: Meldingar frå prestane i Nordfjord 1743 til det danske kanselliet, Gabriel Heiberg , Årbok for Nordfjord 1953, Sandane •• Færøyvik, Bernhard 1931: «Nordfjordjekti (Holvikjekti)» i Norsk Aarbok 1931 12th Årgang, A.S. Lunde & Co s Forlag. Bjørgvin. •• Færøyvik, Øystein1987: “Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsåttring”, Norske båtar, bind V. Grøndahl & Søn Forlag A.S. Oslo. •• Gøthesen, Gøthe 1980: «Norskekystens fraktemenn. Om seilfartøyer og kystfart». Norske båter bind II. Grøndahl & Søn Forlag A.S. Oslo. •• Henden, Einar 1971: «Fortalt om Holvikejekta», Gloppens sparebank •• Sandal, Per 1979: «Soga om Gloppen og Breim», Band II, Frå om lag 1800 til vår tid. Utgjeven av Gloppens sparebank, Sandane. •• Sandal, Per 1988: «Soga om Gloppen og Breim», Band III. Garder og ætter. I. Gimmestad sokn. II.Hyen sokn. Utgjeven av Gloppens sparebank, Sandane. •• Sande, Ola 1953: «Jekter og jektebruk i Nordfjord». Serprent av Årbok for Nordfjord 1953. Ved Nordfjords Folkemuseum. Sandane. •• Sundt, Eilert 1945: «Husfliden i Norge», Blix forlag, Oslo. Redaksjon og tilrettelegging av Eirik Eikrann.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Bernhard Færøyvik - nybrotsmann i båthistorie

Av Hans H. Steinsund

Artikkelen er tidlegare publisert på kulturhistorisk leksikon, 2002

Bernhard Færøyvik frå Solund var ein av våre fremste båthistorikarar. Han var både føregangsmann og rettleiar når det gjaldt å teikne ned og synleggjere den eldste båtkulturen og sjøbruket i kystbygdene. musea måtte ta hand om bygdefarkostar og sjøbruksminne. Sjølv tok han i veg med oppmåling og konstruksjonsteikning av gamle båtar, jekter og reiskapar til båtbygging.

Portrettfoto av Bernhard Færøyvik. Fotograf: Øystein Færøyvik

Rik erfaringsbakgrunn

Bernhard Andreas Færøyvik (1886-1950) voks opp på garden Færøyvik i NordSolund. Barndomsheimen baud på allsidig aktivitet på land og i båtane for dei åtte borna. Endå garden var av dei største i Solund, var fisket hovudnæringa. Bernhard hadde jamvel delteke i storsildfisket då han tok artium på Hambro skole i Bergen 1909. Faren tykte realfagstudiet vart for dyrt, og Bernhard gjekk over på eitt-årig lærarskule i Volda. Etterpå vart han lærar i den høgre allmennskulen, først i Volda, så i Bergen. Men han gjekk også krigsskulen lægre avdeling, stod nøytralitetsvakt under begge verdskrigane, sat ei tid krigsfange under andre verdskrigen og vart kommandant på Fjell festning under frigjeringsdagane 1945.

Fann si livsoppgåve

I Færøyvik si ungdomstid hadde motoralderen slege igjennom blant fiskarane, og båtar bygde for årar og segl vart borte. Han såg at det hasta med å teikne ned minna etter kystkulturen, og det å granske den norske båt- og sjøbrukskulturen vart ei livsoppgåve for han. Han talte sterkt for at

Mange vitskapsfolk vart fanga av ideane hans og støtta han på ulik vis. Frå 1925 fekk han årleg ymse stipend frå Garden Færøyvik i Solund der Bernhard vaks opp. Fotograf: Herman forskings- og vitska- O. Færøyvik. psinstitusjonar, og seinare løyving frå over 1000 bilete berre for å nemne litt av Stortinget slik at han kunne ta seg meir fri materialet. Kona hans, Aletta, som òg var frå skulen og drive granskingsarbeid. lærar, var ein trugen medarbeidar i gransk-

Verdfulle museumstilskot

I 1947 vart Færøyvik konservator ved Norske Museers Landsforbund, avdeling sjøbruk. Ved sida av granskingsarbeidet var han òg rådgjevar for mange museum i spørsmål om innsamling av sjøbruksminne og hjelpte til med å skipe det som i dag heiter Hordamuseet. Han hadde også nært samarbeid med Norsk Folkemuseum på Bygdøy og dit sende han båtar av alle slag han kom over på ferdene sine. Dei vart seinare overtekne av Norsk Sjøfartsmuseum, der fleire står utstilte. Modellar etter oppteikningane kom etter kvart til å finnast i fleire museum kring i landet. Mellom anna har Bergen Sjøfartsmuseum ei fin samling modellar av båtar og jekter på kysten frå Bergen til Nordland.

Omfattande tilfang til båthistoria

Færøyvik studerte også båttypar i Sverige, Finland og på Vesterhavsøyane. I 1950 var han på ei granskingsferd til Shetland. Same året vart han brått riven bort frå arbeidet han stod midt oppe i. Han etterlet seg litt av eit tilfang om norsk fartysoge. Tre avhandlingar tenkte til eit større verk, låg uprenta. Ikkje mindre enn 56 notatbøker fulle av skisser og oppteikningar av båtar, 350 teikningar av store og små farty,

ingsarbeidet. Ho tok seg av den omfattande samlinga han etterlet seg, ordna og la til rette i ”Bernhard Færøyviks samlingar”.

Formidla kunnskapen til andre

Fiskarar og sogeskrivarar på vestlandskysten har henta mykje kunnskap or den første ”Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1939”. Færøyvik redigerte denne boka og skreiv sjølv bolken om båtane dei brukte i fisket. I aviser og tidsskrift kunne folk gle seg over ein omfattande produksjon av utgreiingar og artiklar om ulike båtar langs heile kysten, inngåande fagarbeid som spenner frå norrøn tid og fram til motoralderen. Det er med grunnlag i dette materialet at sonen, Øystein Færøyvik etter at Bernhard var borte - skreiv boka ”Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsåttring” som er femte bandet i bokverket Norske båtar.

Kjelder •• Færøyvik, Øystein:Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsåttring. Norske båtar, bind V.

49


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Nordfarjekt frå Lyngen kapra på Stadhavet i ufredsåra 1807 – 1814 Artikkelen er tidlegare publisert på kulturhistorisk leksikon

Av Hermund Kleppa

«Ein finn hadde flinte-rifla. Han skaut 3 engelsmenn i båten fyrr dei kom til jægti.» Dette fortel Anders Skaasheim i 1922. Han hadde høyrt om den dramatiske krigshendinga på Stadhavet frå «los Johansen» i Loppa. Skaasheim si forteljing er attgjeven i si originale målform, men med innsette mellomtitlar her, og dessutan føreord og etterord. Mange jekter venta ved Silda

På heimferd låg dei ofte lange tider på Silda i Stadhavet. Det var låk [ikkje god] hamn. På Silda hadde dei ofte stort bal med å bera saman so mykje stein at dei fekk litande feste for sine landtog. Havbåra kom tung mot land. Skipparane hadde ofte stor otte for å finna åburd [landfeste] når dei laut taka hamn i uvêr. Av mannskapet vart ein av dei sterkaste og djervaste karar uttekne til å ro i land lina. Det var andsvarsfull post. Det var menn som hadde slike postar i lange tider so dei vart vel kjende med landet på dei ymse stader.

Stadhavet, januar 2017, i maksvêr, med utsikt mot mot sør. Ytste pyntane på Stadlandet til venstre. I bakgrunnen Vågsøy og Kråkenes fyr. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2017

Føreord

Kapringa av nordfarjekta (jekt, føringsbåt, handelsjekt frå Nord-Noreg) fann stad under Napoleonskrigane. Danmark/Noreg heldt seg lenge nøytralt, men kom i 1807 med i Napoleonalliansen. Tvillingriket kom straks i krig med England og frå mars 1808 også med Sverige. Krigstilstandet med England ga seg utslag i sjøblokade og utrygge tilhøve på norskekysten. Det blei oppretta eit kystvern, og ofte ordna slik at nordfarjektene gjekk i fylgje over opne havstykke. Handelsferder frå Nord-Noreg til Bergen hadde lang tradisjon. Jekter av ulik storleik førde turrfisk og andre fiskeprodukt til marknadar (stemne) i Bergen, i byte mot korn og andre varer.

Stemneferder i ufredsåra 1807-1814

Overskrift: «Stemneferder til Bjørgvin [Bergen] i ufredsåra [1807-1814]». 50

«Nordfarskipparane hev med sine råsegljægter halde uppe samhandelen millom Nord-Norig og Bjørgvin. Desse ferdene lagde dei ikkje ned trass i ufred og naud på mange måtar. Peder Andreas Jensen, Olderfjord i Skjervøy; var bestefar til los Johansen, Loppa, Han var med jægt til Bjørgvin i alle dei 12 år det var ufred 1800-1812 (sic.).

Utrygt på Stadhavet

Då låg «Engelsmannen» ofte på Stadhavet. I den tid laut dei jamnt fara den indre leid [innaskjers] so mykje som råd var. På ferd til Bjørgvin tok dei tidleg ut kvart år. I Finnmark hadde dei fisken [turrfisk] liggjande frå det eine året til det andre. Det var jamnast fyrst i mai at dei for mot sud. Då var ikkje «Engelsmannen» komen under den norske kyst. Dei kjende seg nokolunde trygge på det. Men når dei skulde nordetter att, laut dei vera mykje meir vare [varsame, på vakt].

På Silda låg nordfarjægterne so lenge til det vart retteleg uvêr. Då laut «Engelskmennerne» sigla frå land. Når so stormen hadde stade ei tid og veret tok til å spakna, siglde nordfarmennerne yver Stadhavet. Ingen stad på kysten samla nordfarjægterne seg so mykje som ved Silda. Der løyste dei ofte i store fylgje. Mang ein djerv nordlending hev strekt skauti [segla] sine gode på Stadhavet anten det var i kappsegling med kjenningar – eller det var til å koma seg unna engelske herskip.

Jekt frå Lyngen vart teken

Bestefar til Johansen var med Samuel Giæver frå Maursund. Han vart aldri teken av «Engelskmennerne.» Kiil i Djupvik i Lyngen hadde og jægt. Ho vart teki på Stadhavet. Sonen, Søren Kiil var med. Han livde sine siste dagar på Sandland [fiskevær i Loppa]. Og han hev ofte tala om dette til los Johansen. Dei kom frå Bjørgvin lasta med vara [varer] til folk i Lyngen. På Stadhavet vart dei praia av ein stor engelsk bark. Engelskmennerne sette båt ut. Dei kom roande til jægti.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Nådde inn til Nidaros (Trondheim)

Dei møtte først ein skonnert som dei praia. Men han stogga ikkje endå dei hadde naudflagd uppe. Seinare møtte dei ein engelsk skonnert som tok kapteinen og den engelske styrmannen umbord. Dei 2 matrosarne fekk den norske styrmannen hava. Dei kom vel til Nidaros. Der sette dei jægti og riggen i stand.

« og kom vel heim til Lyngen»

Øya Silda ligg i sør-aust mot Sildegapet og Stadhavet. Her søkte nordfarjekter saman og venta på trygg fart over det opne havstykket ved Stadt. Engelske krigsskip som kom inn mot kysten var trugsmål og risiko. Ein gong i ufredsåra blei ei jekt frå Djupvika i Lyngen kapra. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2017

Prisemannskap og ordre om å gå til England Umbord i jægti var 12 mann med styrmannen [i røynda skipperen, jekteføraren]. Ein finn [same] hadde flinterifla. Han skaut 3 engelsmenn i båten fyrr dei kom til jægti. Med det same engelsmennerne kom umbord stakk dei sablar i bringa på finnen og drap honom. Liket kasta dei på havet.

Modell av Nordlandsjekt på Bergens Sjøfartsmuseum. Namnet nordlandsjekt vil seia jekt som høyrer til i Nord-Noreg, oftast også bygd i Nord Noreg. Jektene var rigga for råsegl. Råsegl-jektene måtte helst ha vinden attanfrå. Difor vart det ofte ventetid på god og høveleg bør (vind). Hermund Kleppa. Datering: 2013

Men dei var fredelege mot deim som ikkje hadde sett seg til motverge. Engelskmennerne sette ein kaptein, ein styrmann og to matrosar umbord i jægti og gav order til at dei skulde styra mot England. Av nordmennerne fekk berre styrmannen vera att på jægti. Dei andre vart tekne umbord i barkskipet.

Vendereis

Dei kryssa mot England i nokre dagar. Men det vart berre motvind. Styrmannen hadde liten hug til å sigla til England. Han var ein dugande sjømann frå Lyngen. Når engelskmennerne sov, gjekk han fram i halsen på jægti og slog nokre bord lause i stamnen so sjøen rann inn. Då det hadde ronne so lenge at det synte i jægti, gjekk han stad [og] vekte kapteinen og sagde at jægti var vorti lek. Dei leitte lenge før dei fann skaden då han ingen ting ville segja. Men når dei fann det, var det snart vølt so mykje at jægti vart tett att. Dei laut fira seglet medan dei arbeidde med dette. Når dei so skulde hissa seglet, gjekk lauparskiva (lauparen) sund, so dei ikkje fekk seglet upp. Dei kunde berre lyfta det lite grand yver ripi på kvar sida so mykje dei kunde styra mot land. Kapteinen [engelskmannen som hadde kommandoen] gav kurs for Nidaros [Trondheim].

Styrmannen tenkte fyrst at han vilde selt jægti og farmen [lasta] i Nidaros. Men so kom han ihug alle dei fatige fiskarane som kom til å lida naud um han ikkje kom heim med vara frå Bjørgvin. Han tok so ut på ferd att og kom vel heim til Lyngen. Dei to engelskmennerne var med honom. Når det vart fred, for dei tilbake til England. Nordmennerne som vart tekne på Stadhavet, var eit år som fangar i England. Dei fekk ganga frie um dagen. Men dei var under stadig uppsigt. Når ufreden enda, kom dei alle tilbake til Noreg. Los Johansen, Loppa Aug. 1922»

Ordforklaringar:

Bjørgvin – ei anna namneform for Bergen nordfarskippar – eigar, av og til også førar/kaptein, av jekt som gjekk turar frå Nord-Noreg til Bergen med turrfisk og andre fiskeprodukt eine vegen, og korn og ymse anna andre vegen råsgeljekt – seglfartøy rigga med råsegl, firkanta segl festa i tversgåande rå på masta åburd – namn på landfeste, enten laga til med steinar og påle, eller naturleg lagleg feste, t.d fast stein naudflagd – flagg som signaliserer at farkost/skip er i naud/treng assistanse stemneferd – anna ord for handelsferd, frå Nord-Norge til Bergen, til fastsette tider vår/sommar og haust (vårstemne, hauststemne)

51


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

«Inger Secilia», førd av Jeremias Figenschou frå Hessfjord (Karlsøy kommune). Begge blei kapra «ved Stad» og slept til havs. «Men», står det, «på sin egen måde” var jekten [«Magdalena»] alligevel kommet ind under kysten igen, og var siden blevet ført af Å turka fisken var ein eldgammal konserveringsmåte. Biletet viser fisk Figenschou.» Og opphengd på hjell i Honningsvåg, kring 1920, vel 100 år etter 28. august (1811) kapringsepisoden på Stadhavet. Fotograf: Anders Skaasheim. kom «Magdalena» Datering: 1922 inn til Tromsø. Nettstaden viser til «Tromsø toldbøger» som kjelde. På nettstaden står det: «Når en jekt var kapret, blev som regel besætningen og det mest værdifulde af lasten taget ombord i det engelske skib. Men den tunge jekte var som regel alt for besværlig at slæbe med over Nordfarjekt kapra på Stadhavet 1807-1814. Utsnitt av kartet Nordsøen, den Norlandia (1750) som viser Norfar Leeden (norfarleia) sør til blev derfor slæbt Trøndelag. Frå Hustadvika segla jektene gjerne utaskjers sørover til Bergen. Heile strekninga vart omtala som Stadhavet. (Originalkartet nogle kilometer til havs og siden Norlandia er oppbevart i Tromsø Museum.) sluppet. Enkelte jekter blev således Etterord bjerget i land igen. (…) Anders Skaasheim si historie om nordfarjekta frå Lyngen byggjer etter På denne måde kan man også forklare alt å døma på EI munnleg kjelde, «los følgende historie, som findes nævnt i Johansen» frå Loppa. Losen hadde Tromsø toldbøger: Den 28. august 1811 historia frå bestefar sin. Skaasheim kom skipper Jeremias Figenschou af viser ikkje til andre kjelder Hesfjord på nordtur til Tromsø med jekten ”Magdalena” som 30. april var Nettstaden «Chr. IV Danmark/Norges afsejlet til Bergen, ført af Søren M. Kiil Krige 1523-1814», kapittel «Krigs og fra Djupvik i Lyngen. nødårene optil 1814» har eit avsnitt om kapringa. Her går det fram at jekta Jekten havde en last af forskellige varer «Magdalena» segla til Bergen 30. april som korn, mel, tobak og snøre, men 1811 med Søren Kiil frå Lyngen som disse varer kunne ikke specificeres, skipper (jekteførar). Utpå sommaren da passer sedlen fra Bergen med flere tok «Magdalena» fatt på heimturen frå papirer var taget af englænderne, som Bergen saman med ei anna nordfarjekt, kaprede jekten og dens mandskab ved 52

Bankmann og lokalhistorikar Anders Skaasheim (1880-1965), frå Balestrand, busett i Bergen, oppheldt seg eitt år i Hammerfest, frå desember 1921. Han samla mykje lokalhistorisk tilfang det eine året han var i Nord-Noreg. Forteljinga om kapring av ei nordfarjekt på Stadhavet i ufredsåra 18071814 er eit godt døme på arbeidet hans.

Stad. Men ”på sin egen måde” var jekten alligevel kommet ind under kysten igen, og var siden blevet ført af Figenschou. Han havde på nordgående fra Bergen ført sin egen jekte ”Inger Secelia” på 13 læster, men den blev sammen med Kiils kapret af englænderne, som siden sejlede ud i havet med den, og senere havde man ikke set det ringeste til den. Hvordan Figenschou selv var kommet fri, ved vi ikke. Søren Kiil og hans mandskab blev ført til England.»

Kjelder •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Privatarkiv. SFF-88047 Skaasheim, Anders •• Skaasheim, Anders: Stemneferder til Bjørgvin i ufredsåra, handskrive manuskript, 4 s. •• Informasjon frå: Harald Jan Runde, Naustdal. •• http://www.vhl-historielag.com/sites/ default/files/bygdebok2/jektebruket. htm •• http://chr4.dk/index.php/krigs-anodarerne-1814


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

«Paa visit hos – Fyrvogter Hess, Kinnesund.» 1907

Av Hermund Kleppa

Året 1867 er fyrhistorisk merkeår i Sogn og Fjordane. Om hausten lyste dei to første fyra i fylket; det eine på skjeret Stabben ved innseglinga til Florø, det andre i Kinnasundet. Førti år etter, sommaren 1907, var det fest på Kinn. Amtsbåten «Balder» gjekk ekstratur frå Florø. Fleire tilsette i «Amtsskibene» var med, og både kaptein Sletten og kaptein Steen heldt tale. Meir om jubilanten

Avisa Kysten hadde 15. november 1905 ein kort personomtale. Då Leonard Hess var 10 år gamal (1848), flytte familien frå Bergen til Buskøy i Solund, der far hans vart landhandlar. Eit «par aar efter» (1850) døydde faren, og unge Leonard «der nu maatte tage ordentlig i» skaffa etter kvart sitt eige levebrød ved arbeid «paa Gaardbruk og Fiskeri». Av folketeljing 1865 går det fram at Leonard Hess er busett på «Refsøe» (Buskøy). Han står oppførd som gardbrukar/leiglending, og er gift med «Lovis Bergithe» Einarsdotter. Ekteparet har seks søner. Då fyrvaktarstillinga ved Kinnesund fyr vart lyst ledig, søkte Leonard Hess stillinga, og vart tilsett 29 år gammal. Kinnesund fyr på øya Kinn, Kinn kommune (gjekk inn i Flora kommune 1963). Fyret vart sett i drift 1. oktober 1867 og avvikla i 1913 då ei fyrlykt kom i staden. Bygningane vart selde til privat kjøpar. Leonard Hess (1838-0000) var fyrvaktar heile tida, i 46 år. Datering: Før 1913. Fotograf: I boka Norges fyr (…), 1986, foto utlånt av fyrmeister Hans Hansen.

Jubileum for fyr og fyrvaktar

Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde «meddelelse» om jubileet før den store dagen, torsdag 22. august 1907. Kinnesund fyr runda førti år, og var eitt av dei to første fyra i Nordre Bergenhus Amt, tent 1. oktober 1867. Fyrvaktar Leonard Hess, fødd 22. august 1838 i Bergen, fylte 69 år. Han hadde gjort teneste som fyrvaktar på Kinnesund fyr heile tida, og hadde jamvel tilsetjingsdato 22. august (1867). Fyrvaktar Hess fekk rosande omtale: «Alle som har lært hr. fyrvogter Hess at kjende, roser ham som en sjelden mand, samvitttighedsfuld og pligtopfyldende i sin tjeneste, energisk og udholdende i alt sit arbeide, nobel og hensynsfuld i sin omgjængelse og gjestfri overfor alle fremmede.»

Fyrvaktar Leonard Hess, fødd i Bergen 22.08.1838, gift med Lovise Bergithe Einarsdotter, fødd 1829 i Solund. Hess vart tilsett som fyrvaktar ved det nye Kinnesund fyr i 1867. Han passa fyret til 1913 då han 75 år gammal søkte avskjed, med verknad frå 20. juli same året. Datering: Før 1913. Fotograf: Ukjent.

Lokalbåten «Balder» - ekstratur frå Florø

Klokka 12.30, torsdag 22. august 1907, la amtsbåten «Balder» frå kai i Florø og sette kurs for Kinn og Kinnasundet. Administrerande direktør i «Amtsskibene», Trygve Holst, hadde stilt båten til fri disposisjon for tilsette i Amtsbåtane og andre. Vêret var diverre ikkje nettopp noko «lystturveir»; vind, regn og skodde, men, skriv Nordre Bergenhus Amtstidende, «stemningen var hele tiden den bedste. (…) med kapt. Sletten som fører og anfører [festreise-leiar].» Dampbåten «Balder» styrde vestover forbi Stabben, langs Ånnøy, og ut Skorpefjorden til Kinnasundet. Og då båten med «alle flag til tops» svinga inn «under fyret», dundra salutten «saa det bare ljomet i fjeldene». Ein stor ekspedisjonsbåt kom ut og henta «damer og herrer, planter og blomsterbuketter i lange baner.»

53


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

kaptein Sletten, til melodi I Rosenlund under sagas hald. Det første verset av fem går slik: Du gamle gubbe med sølvgraat haar, en hilsen her vi Dig tage en tak for alle de mange aar for nætter gjorte til dage. For trofast vagthold natten lang med hagl og slud mod ruden, naar stormen gik sin seiersgang med vilde hyl og tuden. Deretter heldt kaptein Steen (første kaptein på ds «Stavenes», 1904-1907) tale for «jubilantens frue» (Bergithe). Vidare las «en af selskabet» opp eit dikt på to vers; ei helsing frå ein «fraværende slektning». Diktet kan syngjast på melodi Havet er skjønt.

DS «Balder», Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane), bygd 1875, kjøpt av NBAD i 1880, og sett inn i lokalfart «rundt Florø». Torsdag 22. august 1907 gjekk «Balder» ekstratur Florø – Kinn – Florø i høve jubileumsfest for fyrvaktar Leonard Hess på Kinnesund fyr. Fotoet står i boka 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Biletteksten er slik: «Ein flaggpynta «Balder» kjem oppunder land med mykje folk både på fordekk og båtdekk – kan det vera ein ekstratur i eit eller anna høve?» Turen til Kinn, 22. august 1907, var ein «ekstratur». Fotograf: Ukjent. Datering: Ukjent. Einar Hatlevik

«Oppe paa stranden ..»

Inne på land venta jubilanten, fyrvaktar Leonard Hess.

Ingebrigt Sletten var førar og festleiar på jubileumsbåten DS «Balder», torsdag 22. august 1907. «Balder» gjekk ekstratur frå Florø til Kinn for å heidra fyrvaktar Leonard Hess på Kinnesund fyr. Fyrvaktaren fylte 69 år, og han hadde vore fyrvaktar i 40 år, i alle år frå fyret vart sett i drift, 1. oktober 1867, som eitt av dei to første fyra i Sogn og Fjordane. Det kan leggjast til at året 1907 også var jubileumsår for skipsførar Ingebrigt Sletten. Han var jamgammal med Kinnesund fyr, fødd 11. november 1867. Datering: Før 1908. Fotograf: Ukjent. I boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958

54

«Oppe paa stranden, paa de sønderrevne tangbevokste klipper, stod en olieklædt noget undersætsig og traust skikkelse; blikket var skarpt, men paa samme tid mildt, og ansigtet, som dækkedes af tæt, graasprængt skjæg, vidnede om en karakter, der syntes at være en kontrast til naturomgivelserne og til kampen som føres derude mod de vilde elementer, og som paa en let iøinefaldende maade sætter sit tunge alvorspræg paa folkekarakteren ude ved havskjærene – det var jubilanten, fyrvogteren, Leonard Hess.»

Til bords – talar, songar og telegram

Frå velkomsten «paa stranden» samlast festfolket i «fyrvogterens lille, men særdeles hyggelige hjem.» Kaptein Sletten «holdt en meget anslaaende og følelsesfuld» tale, der han særleg understreka jubilanten sitt jamne og trugne arbeid gjennom 40 år. Etter talen song festlyden ein song skriven av

Snart i de sytti du trofast har styret, frem mod din hjemlige lykke og fred, firti aar pusset og passet du fyret, lyste hver seiler til tryggeste sted. Aldrig den tiden din gjerning du svigtet, aldrig dit straalende lys, det gik ud. Altid paa post hvor du evened og pligtet bar du for sjømanden landkjennings bud. Hil dig du gamle, du trofaste kjære, midt i din kreds af de venner ikveld! Venligste tanker fra os er dig nære, mindet er hos dig, det mærker du vel. Maatte du længe for seileren skinne, lede ham sikkert i fædrelands favn, gid at da sorgløst din høstkveld henrinde, indtil du finder d i n tryggeste havn! Med de kjærligste hilsener Din Margit Neste programpost var opplesing av telegram. Det var kome «en hel række» med vakre ynskje for jubilanten og familien hans. Deretter var gjestene bedne til bords, og det blei servert «den deiligste kaffe, smørrebrød og kager», og seinare, «dessert».

Namn i fyrboka og fotografering

Etter bordseta kunne folk sjå seg om på fyret, og skriva namna sine inn i «fyrbogen». Vëret var no såpass godt at fotograf Berg kunne gi «ordre» til samling ute og oppstilling framfor fyret til fotografering. Gruppebiletet «forventes at bli grinagtig morsomt», står det i Nordre Bergenhus Amtstidende sitt utførlege stykke om junileumsfesten.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Dei harde 20-åra i Florø Av Annette Langedal Holme

Notis i Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, 12.04.1913. Det står: «Fyrvogter Leonard Hess, som i 46 aar har været i fyrvæsenets tjeneste som fyrvogter på Kinnesund fyr, har søgt og faaet avsked fra 20. juli at regne, med pension av 800 kr. Den gamle hædersmand er nu 75 aar. Naar han nu forlater Kinn er der mange som vil savne hans blide ansigt og altid elskværdige gjestfrihet derude paa den ytterste nøgne ø. Vi er viss paa, vi har alle med os, naar vi nu ønsker ham en lykkelig og vel fortjent hvile efter hans lange og trofaste virke.»

«Hurra, hurra, hurra ---!»

Fotograf Berg må ha gjort godt arbeid, og etter at «de anstrengende og meget spændende øieblikke var vel overstaaet», søkte festlyden «atter in under tag.» Og nå vart dei fleire talar, den eine etter den andre «gik af stabelen», og fleire vakre songar. Men, tida gjekk fort, og «der maatte brydes op.» Vel om bord att på «Balder», helsa gjestene endå eit farvel. «Ankeret blev lettet, og atter blev der styret bort under fyret, (…) og saa dundrede afskedsaluten løs (…) – Hurra, hurra, hurra --!», for Kinnesund fyr og fyrvaktar Hess, før kursen blei sett innover mot Florø.

«Tilslut»

Artikkelen i Amtstidende avsluttar med desse orda: «Tilslut bringer man endnu engang hr. fyrvogter Hess sin oprigtigste tak og sine bedste ønsker for ham og familien i fremtiden, ligesom man ogsaa takker hr. kapt. Sletten for hans store elskværdighed mod selskabet og for den fine, taktfulde maade, hvorpaa han førte an i [leia] festlighederne.»

Sluttord

Etter 1907 passa Leonard Hess Kinnesund fyr i seks år til. Ei notis i Nordre Bergenhus Amtstidende, 12. april 1913, melder at fyrvaktar Hess har søkt avskjed med verknad frå 20. juli. «Den gamle hædersmand er nu 75 aar.» Leonard Hess hadde «passet og pusset» Kinnesund fyr i 46 år! I 1913 var det også slutt for fyret frå 1867. Alt i 1896 drøfta Fyrvesenet å erstatta Kinnesund fyr med ei ikkjebemanna fyrlykt, men det skulle ikkje gjerast før fyrvaktar Hess gjekk av. Det skjedde i 1913. Kinnesund fyr frå 1867 vart avvikla i 1913. Husa vart selde til privat kjøpar.

Det var ikkje berre kommunane som sleit økonomisk i 20-åra. Privatpersonar som hadde tatt opp lån hadde store problem med å betale gjelda si. I tillegg slo fisket feil desse åra. For mange vart det ein kamp for tilværet, og mange måtte søkje hjelp frå fattigkassa. I møteboka til skulestyret i Florø kommune den 26. november 1924 kom eg over ein familie i ein fortvila situasjon. Vi kan lese: «Skr. fra E. Hellesen av 25 d.m. hvori han opplyser, at han ikke lenger kan la sin barn søke skole på grunn av mangel på mat i hjemmet.» Skulestyret sende saka vidare til fattigkassa med oppmoding om at familien fekk hjelp, og at ungane laut få gå på skule. Det må vere ein fortvila situasjon som får ein familiefar til å innrømme ei slik armod ovanfor skulestyret. Om det er ei trøyst kan vi lese i fråværsprotokollane til Florø folkeskole, at ungane raskt er tilbake på skulen.

Kjelder •• Nordre Bergenhus Amtstidende, 21.08.,24.08.1907, 12.04.1913. •• Kysten 15.11.1905 •• Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven: Norges fyr. Fra svenskegrensen til Stad. 2 bind, Grøndahl. 1986

55


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Den eldgamle vegen over Bjørkedals-Eidet

Av John Bjarne Hjelmeland.

Det er ingen tvil om at vegen gjennom Hjelmelandsdalen og over Brekka er ein svært gammal ferdsleveg mellom Møre og Nordfjord. langs Eidsjø (Bjørkedalsvatnet) og over Eidet og sør i Fjordane, gjennom Hjelmelandsdalen til Naustdal. På Bjørkedalen er det ein gard som heiter Eidseflot. I band 2 av Busetnadssoga for Volda står det om terrenget ovanfor Eidseflot: «Eidsadalane har fått namnet sitt frå elva, som frå gammalt av har vore kalla Eidsa, kanskje på grunn av at ho kom frå Eidet». (frå Vasslida) «Dette elvenamnet har også gjeve Bilde over er teke av Arnfinn Kjelland, og viser litt av Løset til venstre, Eidseflot, og Søre Bjørkedal sett frå Keipen. namn til garden I bakgrunnen ser vi Langedalen, Vasslivatnet og Brekka. Eidseflot». Då er det naturlig å I samband med den historiske hendinga Bjørkedalseidet, og når Flatøyarboki tenke at dette også har gjeve namn til som fann stad på Naustdal i Nordfjord seier at han «drog den indre vegen om sjøen (vatnet) som ligg inntil. Det er om vinteren 870, har det vore tvil om Eidsjø», så seier han at det er sjølvsagt heller ikkje unaturleg om Eidseflot er kva veg Ragnvald Mørejarl kom den Honndalsvatnet det er meint. avleidd av Eidsjøflot. Ordet se er ofte skjebnesvangre natta då han brende brukt for sjø. inne kong Vemund Kamban med 90 Om ein studerer ordvalet som er gjort i mann. alle desse referata, Og som vi har vore innom fleire gonger før, namnet Eid (Nordfjordeid) Gyldendal Norsk Forlag A/S si utgåve Snorre: «den indre vegen yver eidet» var ikkje i bruk før utpå 1500-talet. av Snorre Sturlassons – Kongesagaer Inntil då hette staden Øygi, og fjorden frå 1979, har ei rekke fotnotar som Flatøyarboki: «den øvre eller indre Øygisfjord. forklarar at: Eid er Manseidet på vegen yver eidet» Stadlandet s.62, trulig Mannseidet på Kjelder Stadlandet s.99, og d.v.s. Manseidet på Egilssoga: «den indre vegen om Eidsjø» •• Snorre Sturlasson: Kongesagaer. Stadlandet s.157. så vil ein finne, at alt tyder på at •• Flatøyarboki Jacob Aaland i Nordfjord fraa gamle Ragnvald Mørejarl kom frå garden sin •• Busetnadssoga for Volda dagar til no, frå 1909, held også fram Birkestrand på øya Frey i Ørstafjorden denne tankegangen, der han avskriv at (i dag kalla Raudøya), inn Kilsfjorden, •• Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle Ragnvald Mørejarl kan ha kome over som alltid er isfri om vinteren, dagar til no 56


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Arkiv til folket

Av Kjerstin Risnes

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har vore ein føregangsinstitusjon når det gjeld å ta i bruk Internett for å formidle arkiv og kulturhistorisk materiale frå fylket. Magasina våre bognar av spanande materiale som vi ynskjer å gjere tilgjengeleg for folk flest. I tida framover vil vi publisere ei mengd nye digitaliserte godbitar frå dei kommunale arkiva.

Formannskapkommunestyreprotokollar frå heile fylket

Formannskapsprotokollane står i ein særklasse som kommunalhistorisk kjelde. I mange år har vi difor arbeidd med å digitalisere denne rike kommunale kjelda. Arbeidet har gått i rykk og napp ut frå ressurssituasjonen vår og det har difor teke tid.

Kyrre Vangsnes er skanningseksperten vår. Det er ikkje få sider og protokollar han har skanna. Skanning krev tolmod og flid når det skal presenterast for publikum på nettet.

Svært mange av våre førespurnader handlar om kva avgjerder kommunestyret har teke og då må vi leite i formannskap/kommunestyreprotokollane. No kan du som brukar sjølv leite etter saka di i desse møtebøkene.

Vi har fornya oss

Den teknologiske utviklinga går i rasande fart, og det tyder at vi stadig må fornye oss. Vi på kommuneavdelinga har på sett og vis fått ein ny kvardag når vi skal publisere dei mange protokollane våre. Vegen frå skannaren til sjølve publiseringa på heimesidene våre er blitt kortare og enklare. Vi kan no få ut større mengder protokollar på kortare tid, og sist, men ikkje minst, vil du som lesar få ei langt betre leseoppleving. Det er enkelt og bla seg frå side til side, ja , eigentleg vert det som om du har boka framføre deg.

Endeleg - digitaliserte skuleprotokollar frå pilotkommunen Hyllestad

Personomsyn og digitalisering

Det er visse omsyn vi må ta når arkiv skal publiserast, og det gjeld mellom anna personopplysningar. I skulestyreprotokollane t.d. kan det liggje personopplysningar som har ei sperregrense på 60 år. Dette kan vere opplysningar som mellom anna gjeld helse og økonomi . Sjølv om opplysningane kan vere eldre enn 60 år og soleis er opne for innsyn, vil det vere etiske vurderinga som må gjerast når vi publiserer på Internett.

Mange av desse protokollane har tidlegare vore å finne på våre heimesider, men no kjem dei resterande for alle kommunane i fylket fram til 1940, i fyrste omgang. Vi er glade og stolte over å kunne setje punktum så langt. Vi trur at folk i Sogn og Fjordane vil vere i ei særstilling når de no kan lese heile denne protokollsamlinga på nettet.

Dette er ei av dei største formannskapsprotokollane vi har. Tung som bly og over 400 sider. Det er ikkje småtteri til møtebok kommunestyret i Aurland brukte for perioden 1887-1910.

I samband med det store prosjektet «Skulen min» er eitt av måla at dagbøker og karakterprotokollar frå dei ulike skulane vi har i magasina våre, samt møtebøker frå skulestyra skal digitaliserast fram til 1964. Vi kan no gle folk i pilotkommunen Hyllestad med at dei framover kan sitje heime og bla i dei eldste dagbøkene og karakterprotokollane frå dei mange skulane som ein gong var i Hyllestad. Etter kvart vil også dei eldste skulestyreprotokollane bli publiserte. Spørsmål knytt til skule er ein gjengangar frå publikum. Det er mest ikkje ei veke utan at vi får ein førespurnad som gjeld skule eller der vi må bruke arkiva etter skulestyret for å finne svar. Det kan til dømes vere tidlegare elevar som 57


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

skal ha skulejubileum og vil vite namna på dei som gjekk på skulen i løpet av ein periode, nokre skriv skulesoge og vil vite mest mogeleg om skulen sin mellom anna namna på lærarane, andre igjen held på med slektsgransking og lurer på om oldemor kan ha gått på den eller den skulen.

Lifjord skule anno 2016. Den nedlagde skulen er i dag opprusta og vert brukt som fritidsbustad. Fotograf: Kjerstin Risnes Datering : 2016

Digitaliserte arkiv – berre sjølvhjelp eller ?

Ved å publisere heile eller deler av arkiv på nettet vonar vi at vi kan gje brukarane våre eit tilbod som er i tråd med tida og eit aukande ynskjemål frå publikum. Det vil vere hjelp til sjølvhjelp for mange, og det vil også truleg avlaste oss på fylkesarkivet til ein viss grad. Det tyder likevel ikkje at vi meiner at brukarane våre fullt og heilt skal hjelpe seg sjølv når det digitale tilbodet aukar. Det vil vere viktig for oss å presisere at digitaliserte arkiv vil vere eitt tilbod, men vil hjelper så godt vi kan, som før. Mange brukar ikkje Internett, det kan vere vanskelege å lese handskrifta, og dei som vil kome på lesesalen vår og lese i dei originale protokollane, er sjølvsagt hjarteleg velkomne til det.

Skulestyreprotokollane kan innehalde mykje spanande skulestoff. I møteboka for Hyllestad skulestyre, 1917-1945, godkjende skulestyret 12.juli 1919 vedtaka i krinsane Birkeland og Skivenes om å innføre landsmål.

Karakterprotokollen frå Storaker skule frå 1889-1909 inneheld mange opplysningar. I tillegg til karakterane, kan vi mellom anna lese at her var omgangsskule i 1889. Det går også fram kven elevane var og når dei var fødde. 58


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Laksefiske på Risnes i Hyllestad Av Kjerstin Risnes

I generasjonar har Risnesgardane drive sjølaksefiske som attåtnæring. Med strandline mot Sognesjøen fekk dei fiskerett, eit viktig privilegium. I dag er det ingen på Risnes som driv laksefiske. Den siste kilenota var i sjøen i 2002.

To stolte laksefiskarar på kaien i Naustvika på Risnes, Torkel Risnes og sonen Georg. Fotograf: ukjent.

Lakseverpe eit gamalt ord med fleire tydingar

Ordet lakseverpe er svært gamalt. Vi finn det alt i år 1100 i ei runeinnskriving frå Jæren. Opphavleg vart det brukt om staden der det vart kasta med not. Seinare gjekk det over til å bli nytta som nemning på fangstreiskapen sitjenot. På Risnes vert det brukt om staden der kilenota står.

Lakseverpe på omgang

Dei fire hovudbruka på Risnes har til saman fire lakseverpe. Desse går på omgang etter ein fast turnus, med skifte kvart år. Kvart fjerde år kjem såleis det same bruket attende til det same verpet. Dei ulike verpa fiska ulikt alt etter ver, vind og straumar, men likevel var det nokre som fiska betre enn andre. Turnusen med skifte kvart år var difor ei solidarisk ordning, som over tid gav alle den same sjansen. Dette systemet har vore gjeldande så lenge det har vore fiska med kilenot på Risnes.

Fisket på dei ulike verpa

Det er fjordstraumen som avgjer korleis laksen fer inn og ut fjorden. Straumtilhøva vart difor nøye granska, og verpa vart plasserte der sjansen var størst for godt fiske. Dei fire verpa til Risnesgardane ligg alle like utanfor Lifjorden. To ligg på fastlandet, ut langs Lifjellet; Stranda og Hjarteneset, medan dei to andre ligg på Risnesøya, eller Øyna som det heiter på Risnes. Det er Øynaneset og Kobbevågen. På desse verpa kan det fiskast med to notsett; på Flua, som høyrer til Øynaneset og på Skogeneset, som høyrer til Kobbevågen. Kobbevågen var rekna for å vere det beste verpet og Stranda var også bra. Hjarteneset var meir ujamt, men stundom kunne det verkeleg slå til her. Like eins med Øynaneset, men dette var rekna for den hardaste plassen å fiske, både på grunn av straum og vind. Lettaste verpa er Stranda og Flua, men når nordavinden peisar inn frå Tollesundet kan Flua vere hard nok.

Detaljteikning av ei enkel kilenot. Nota er 28,8 m lang. Teikning Kaare Risnes

Ein brukbar fangst 8.august 1994. Fotograf: Kare Risnes

59


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Kinn-fiskarane (Sunnfjordingane) paa ferd til Sogn og Bergen Kvart aar ut kring Mekeli, var det aarvisst aa reisa til Sogn med fisk, salta i tunnor, halvtunnor og fjerdingar, til byte i poteter, litt kaalrot, gamalost og yms anna. Dei kunde slaa seg saman paa større baatar, fleire. Det var reine hauststridi med slik sogneferd, so kunde taka ei 14-dags tid, etterso langt inn sognefjorden dei for. Dette var aarvisst med fiskarane fraa t.d. Reksta, Kinn, Skorpa, Batalden og Barekstad. Som regel hadde dei sine visse kjende stadar (gardar) dei reiste til t.d. Ortnevik, Vik, Balestrand, Syrstrond (Leikanger), Sogndal og deromkring. Men og lenger inn baade til Lærdal og Flaam. Det var mest brosma og so torsk og uer (raudfisk, raudfjøyr) og so pal (stormort), som fiskarane tok til aa salta utpaa sumaren til Mekeli. Vaarfisken (longa t.d.) salta dei skjeldan. Ho flekte dei og vatna godt (i sjø) og hengde opp til “Raaskjær”, dei kalla. Reiste so til Bergen med ho turr ved jonsoktider eller so.

Ein stille kveld på utsida av Risnesøyna i Tollesundet der eitt av verpa stod. Datering: 2015. Fotograf: Kjerstin Risnes

Fram til 1940-45 vart det berre fiska med enkeltnøter. Desse fiska berre frå ein kant. I Hjarteneset var det to slike, ei fiska innanfrå fjorden og ei utanfrå. Sidan har det vore fiska med dobbeltnøter, som fiskar frå begge sider og aukar fangstmengda i stor grad.

Kilenotfiske

Mange stader langs Sognefjorden vart det fiska med sitjenot, men på Risnes fiska dei berre med kilenot, så langt det er kjent. Kilenota kom på marknaden kring 1860 og fekk stor utbreiing. Kor lenge det har vore fiska laks med kilenot på Risnes, er usikkert, men i alle høve sidan 1900. Kilenota var rekna som enklare og mindre tidkrevjande å fiske med enn sitjenota, men ho fiska mindre og var dyrare i innkjøp.

Eit strevsamt fiske

Det var mykje førebuing før nøtene 60

kunne setjast ut, og det å få notbruket i og or sjøen var tungt. I tillegg skulle nøtene på land kvar 14.dag for å reingjerast. Det daglege ettersynet tok også tid, morgon, middag og kveld var dei til nota. Det var heller ikkje heilt ufarleg å turke nota i ein liten båt når Sognesjøen bles seg opp. Men laksen gav pengar i kassen, så veret fekk vere som det ville. Du kan også høyre om laksefiske med kilenot på Internett ved å gå inn på denne lenkja: https://digitaltmuseum. no/011085440494/laksefiske-med-kilen ot?aq=text%3A%22laksefiske%22&i=4

Kjelder •• Munnleg informasjon frå Kaare Risnes

Det er mange sogor etter fisketurane baade til Sogn og til Bergen. Sume sogningar var jamt knipne i varebyte med poteter mot fisk. Derfor so nytta fiskarane og knip. Soleis var det ein gamal fiskar, som fiska mykje raudfisk (raufjøyr), flo-lagde fisken nedst og øvst i tunna, men midt i sette han uer`n oppned, slik at det vart mindre fisk i tunna, so sogningen vart lurd. Dette skulde han ha so takk for sist: i fjor hadde sogningen fyllt ei sekk med berre smaapoteter til fiskaren. Fiskaren hugsa knipet og betalte kontant att. Ein annan fiskar som var til Lærdal ein haust med fisk, gjorde lærdølingane narr av - han gjekk alltid aa “vagga” med kroppen mest likt havbaara og var mindre gongfør paa land, men armsterk som fiskarane er etter roing og slit, er dei ikkje aa spøkjast med soleis. Lærdølingane vilde halda morro med karen, og baud paa “drikka”. So vilde dei slaast, og det barst ihop med karane. Dei var “paa hiven” alle. Enden paa visa vart at fiskaren banka upp 3 av lærdølingane, og vilde ta fleire, men daa bad dei um “godt ver”. Attpaa vilde dei gjerne kjøpa fisken hans, for han hadde jamt finstelt fisk.

Fortalt av Magnus Seim i brev til Anders Skåsheim


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Mat frå arkivet

Av Kjerstin Risnes

«Nam, nam! Kvifor lagar vi ikkje slik mat lenger?» Ja, det var ein av reaksjonane då ein gjeng tilsette ved fylkesarkivet ein ettermiddag testa nokre av matoppskriftene frå arkivet. I tida framover har vi tenkt å gje lesarane våre små smakebitar frå desse oppskriftssamlingane, som speglar både fintfolk og vanlege folk sin mat. Vi startar serien med skikkeleg kvardagsmat.

Plukkfisk slik han vart laga ved Lavik husmorskule I førre nummer av Kjelda hadde vi ein artikkel om Lavik kommunale husmorskule. Eitt av måla med å starte opp denne skulen var at dei komande husmødrene skulle lære seg husstell og matlaging på eit heimleg grunnlag. Det tydde i denne samanheng husstell og matlaging som spegla kvardagen i heimar i kystnære strok.

Kullet ved Lavik husmorskule året 1946 -1947. Foto: D. Reiakvam, Førde

Kva passar då betre enn å servere plukkfisk slik den vart laga på husmorskulen i Lavik ? Plukkfisk er ein rett som truleg er kjend for mange av dei eldre lesarane våre, medan den yngre generasjonen kanskje ikkje er kjende med denne gode og rimelege tradisjonsretten. Plukkfisk er gjerne restemat, men kan like gjerne lagast same dag som han skal etast.

seie om lag kr 11 per person, men konsumprisindeksen seier ikkje noko om kva prisane vil vere på dagens råvarer. Kvar porsjon vil nok koste meir i dag, men er likevel rimeleg mat.

Kjøkenrekneskap som kjelde

•• 3,0 kg poteter

Plukkfisk frå Lavik husmorskule ( 24 personar)

3.

Lag kvit saus slik: Smelt smør på medium varme. Ha i mjøl og rør godt. Ha i mjølk i fleire omgangar, rør godt slik at du ikkje får klumpar. Kok opp mellom kvar gong.

4.

Ha potetene i den varme sausen og mos dei lett saman. Ha i fisken og gjer det same.

5.

Smak til med salt og pepar.

6.

Server med kokte poteter og flatbrød.

•• 3, 0 kg fisk

I arkivet etter Lavik kommunale husmorskule finn vi ikkje reine oppskriftsbøker, men vi finn kjøkenrekneskap og der står oppskriftene, rett nok utan framgangsmåte. Framgangsmåten får difor stå for vår rekning.

•• 450 g smør

Ei komande ansvarleg husmor måtte sjølvsag lære seg hushaldsrekneskap. Kvar dag vart det difor ført kjøkenrekneskap med dagens ingrediensar, mengd og prisar og til sist vart prisen på middagen per person rekna ut. Måndag 4.mars 1946 stod det silt ertesuppe og plukkfisk med poteter og flatbrød på menyen. Prisen per person for denne middagen var då kr 0,54. Omgjort til dagens kroneverdi vil det

•• Flatbrød og salt.

•• 360 g kveitemjøl •• 4,8 l mjølk •• 1,5 t pepar •• 6 kg poteter Gjer slik: 1.

Reins den kokte fisken fri for skinn og bein. Bruk ein gaffel og del fisken opp i små bitar.

2.

Kok poteter og skrell dei. Du kan også bruke poteter frå dagen før. Skjer dei i bitar.

Kommentarar til oppskrifta:

Vi valde å presentere oppskrifta slik ho stod nedskrive. Dette er ein stor porsjon, tilpassa elevtalet på skulen, men det er ei smal saka å rekne dette om til ein mindre porsjon. Mange vil kanskje protestere og seie at det er no ikkje slik plukkfisk vert laga. Det finst fleire oppskriftsvariantar av denne retten, og mange brukar lauk, eller både lauk og graslauk, i plukkfisken. Tilset du lauk, lat han surre seg mjuk i litt smør før du lagar den kvite sausen. Graslauk har du i til sist. Mange lagar heller ikkje 61


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Plukkfisken er servert. Foto: Fylkesarkivet

historie. Jentene skulle lære å lage mat som høvde til eit tradisjonelt hushald. Poteter var ei billig råvare. Fisken var prisa til kr 1,50 per kilo, medan poteta i kosta 20 øre per kilo i 1946. I tillegg var mange sjølvforsynte med denne råvara. Skulle du mette mange, var poteta ypparleg å bruke. I følgje oppskrifta frå Lavik husmorskule vart det ikkje servert grønsaker til plukkfisken, men i dagens hushald vil raspa gulrøter attåt aldri vere feil. Dei fleste vil nok også setje pris på litt smelta smør til denne retten. Vil du gje plukkfisken eit litt meir luksuriøst preg, kan du sprøsteike litt bacon og ha på toppen. God appetitt ! Kjøkenrekneskap måndag den 4.mars 1946

kvit saus, men mosar dei kokte potetene og sper med mjølk som til tjukk potetstappe og tilset kokt fisk i bitar. 62

Uprenta kjelde: I dag er det kanskje ikkje så vanleg å servere ekstra poteter til plukkfisken, men bruken av poteter fortel og ei

•• Lavik kommunale husmorskule. Kjøkenrekneskap 1946-1947.


Kjelda, nr. 1 – 2017, årgang 26

Tilvekst til biblioteket 13.10.2016 – 26.05.2017 •• Skoleplan for Lysters herreds folkeskole. J.D.Beyers bogtrykkeri, 1894. •• Sogeskrift for Naustdal 2016. Naustdal sogelag. •• Årbok Høyanger 2016. Høyanger historielag. •• … So han sa… lokalhistorisk årshefte 2016. Sogndal sogelag. •• Bakka, Egil: Ytre Moa, eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Norsk arkeologisk selskap, 1965. Artikkel i Viking, bind XXIX, s. 121-145. •• Amtsskolestyrets forslag til budget for amtsskolekassen for 1906-1907. Bergen, 1906. •• Sauemerkebok for Leikanger, samla og utgjevi 1937. 22 s. •• Årsmelding frå styret i L/L Firdakraft 1950-1951. Sandane, 41 s. •• Thue, Johs. B.: Gryta I fjorden, kulturhistorisk matbok ved Johs. B. Thue og Eirik Thue. Balestrand, Sogn historiske verkstad, 2016. 127 s. •• Brekke, Jens: Illustrert tyleskap 16. aorgaong. Vangsnes, Heimastølen forlag, 2016. 29 s. •• Sølvberg, Arne M.: Einar Espe og spelemannslaget Fjelljom sine fyrste år. Sandane, Solglimt trykkeri, 2016. 45 s. Notar. •• Eide, Ove: Laks, lordar og lokalmat, Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år. Førde, Selja forlag, 2016. 183 s. •• Losnegård, Gaute: Historia om Flora, bind 2, bymann og fiskarbonde, 18601945. Førde, Selja forlag, 2016. 307 s. •• Fjaler 2016. Utgjeve av Fjaler sogelag, 88 s.

Vegkontoret i Sogn og Fjordane og Vegkontoret i Oppland i samarbeid med Vegdirektoratet. Tingvoll, Jan Betten & Sønns trykkeri, 1978. 24 s.

Av Randi Melvær •• Floraminne, Flora Historielag årsskrift 2016, 112 s.

•• Balestrandingen 2016. Balestrand sogelag.

•• Endestad, Odd Asle: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Eige forlag, 2016, 77 s.

•• Årbok for Sogn 2016, nr 62. Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Kaupanger, Museet, 2016. 132 s.

•• Digernes, Miriam Kayser: Reiselivet i Indre Sogn 1866-1910. Masteroppgåve i region og regionalisering. Universitetet i Bergen, 2016. 97 s.

•• Sogeskrift frå Hyllestad 2016. Hyllestad sogelag. 170 s.

•• Førde skyttarlag 1863-2013. Bokkomite: Brynjulf Loen, Ståle Sørbotten og Gerdfinn Eithun. Førde skyttarlag 2012, 72 s.

•• Frisk, Carina: Frivillig foreiningsarbeid i eit lokalsamfunn, Leikanger Helselag 1925-2003. Masteroppgåve i historie, 2016. 119 s. •• Vågsøy historielag, årbok 2016. •• Kaupanger skule- og ungdomskorps 50 år. Boknemnd: Bent Berglie, Solrunn Valeberg Nornes, Oddvar Walaker, Tor W. Eikemo og Arnstein Hauståker. 2016, 94 s. •• Frelseskrig i 100 år. Fresesarmeen i Sogndal 1915-2015. Red.: Emil Skartveit, 117 s. •• Ljøren 2016. Gloppen sogelag. •• Årbok 2016, Stryn historielag. •• Tomasgard, Atle: Vår barndoms gard, guteliv i Hornindal i overgangstida i 1940- og 50-åra. Atle Tomasgard, Ellev Tomasgård, Paul O. Tomasgard og Gisle Tomasgard. Hornindal historielag, 2016. 191 s. •• Sogehefte for Gaular 2016. Gaular sogelag, 89 s. •• Førde historieskrift 2016, Førde historielag, 156 s. •• Jubileumshefte for Lærdal Båteigarlag 2014. 45 s.

•• Butilbod for elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, ei utgreiing og vurdering. Sogn og Fjordane fylkeskommune, 1979, 22 s., 7 vedlegg. •• Årsmeldinga frå Langvik jordbruksskule, Innvik i Stryn. •• Jordbruksskulen i Nordfjord 50 år, 1920-1970. Skriftstyre: Johs. Loen, Ole Nedrebø, Knut Mork og Isak Myklebust. Solglimt trykkeri, 1970? 78 s. •• På Flua, årbok for Brekke Sogelag, 2010, 2011, 2012, 2013, 2014, 2015, 2016. Brekke i Gulen. •• Merkjebok for Jostedal, innsamla av ei nemnd vald av Jostedal heradstyre 1948. Ingvald Husabø Prenteverk, 16 s. •• Fett, Per: Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld. Bergen, Historisk museum, 1960. 23 s. •• Munthe, Siri: Munthehuset i Ytre Kroken, en embetsgård i Sogn. Oslo, utan år, 61 s. •• Waage, Anne G.: Gula i segn og soge. Oppdalsøyra 2017. 60 s.

•• Bergens kalvskinn utgitt av Ole-Jørgen Johannessen. Riksarkivet 2016, 456 s.

•• Hopland, Oskar H.: Flukten med «Flink» og andre krigsminne frå Osmundsvåg/Tvendeseter. Deknepollen 1993, 33 s.

•• Landro, Jan H.: Bernt Tunold, vestlandsmålar i grønt og grått. Førde, Selja forlag, 2016. 368 s.

•• Joranger, Terje Mikael Hasle: Gards- og ættesoge for Luster kommune, Terje Mikael Hasle Joranger og Lars E. Øyane, Solvorn 1. Luster kommune 2017, 771 s.

•• Syrrist, Gudmund: Om transporten av mjølk til Høyanger meieri. Særtrykk av: Vestlandet – natur – busetnad – næringsliv. Festskrift til Vestlandske Bondestemna 1932-1957. 68 s.

•• Nordfjordboka, kulturhistorisk vegvisar. Red: Torkjell Djupedal, Sverre Folkestad og Jon Tvinnereim. Førde, Selja forlag, 2016. 512 s.

•• Luster lokalhistorisk årbok 2016. Utgjevar: Sogelaga i Luster i samarbeid med Luster kommune. Luster kulturkontor, 2016, 204 s.

•• Heilårsvegen Stryn-Ottadalen, laga til opninga 17. oktober 1978 av

•• Julehelsing frå Bjønnaposten 2016. IL Bjørn, 103 s.

•• Kyrkjene i Selje, Selja – Selje – Leikanger – Ervik 996-2016. Anne Marta Hoff, Dagfred Berstad, Sigbjørn Hjelle og Sigurd Vengen. Førde, Selja forlag, 2016. 288 s.

63


Avsender Fylkesarkivet Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.