__MAIN_TEXT__

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 3 - Desember 2015. Ă…rgang 24

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Å utgjere ein forskjell At ein person utgjer ein forskjell, tyder at personen er viktig for ein eller fleire andre. Det tyder at vedkommande sin veremåte influerer på andre personar sine liv. Det er i regelen knytt til ei positiv handling (rosverdig, dristig, initiativrik). Arkivet er fullt av dokumentasjon på handlingar som har gjort meir eller mindre forskjell for få eller fleire personar. Ein omtalar ofte handlingar uført i fortid på ein negativ måte, når det kje til bruken av arkiv i saker der ein ynskjer å rette opp ei urettferdig og feilaktig handling som har blitt gjort. Dette er kanskje den viktigaste årsaka til at ein har arkiv. Det er heilt avgjerande for eit samfunn tufta på demokratiske prinsipp. «Om hundrede aar er alting glemt» skreiv Hamsun. Det hadde han sjølvsagt mykje rett i. Det føreset likevel to ting: At handlingane ikkje er dokumenterte, eventuelt at dokumentasjonen aldri vert lesen. Eg vil i denne samanhengen dvele litt ved det siste. Eg vil minne om at arkivet gøymer

ei uendeleg mengd handlingar som er gjort i «det godes teneste». I dette nummeret av Kjelda har vi to døme på dette. Personar som på kvar sitt vis «har utgjort ein forskjell». Den eine er Sokneprest Jakob Walnum som var prest i Leikanger i perioden 1884 1896. Han interesserte seg for taterar og barn utan skikkeleg omsorg. Eit resultat av dette var m.a. at han starta Sogns Barneheim. Ein må gå utifrå at intensjonane til soknepresten var gode, men om metodane var dei rette, må ein til arkivet for å vurdere. Ein annan person som er omtalt i dette nummeret av Kjelda, er omstreifar og felespelar Per Sandnes. Livet hans er godt dokumentert i arkivet. Både som utøvande kunstnar i form av notar og tonar, men også korleis livet hans var som omstreifar. Det finst spor etter han i fleire kommunearkiv sidan han sjeldan oppheldt seg lenge på ein stad. Det er klart at ein omstreifande spelemann som Per har gjeve mykje glede til sine samtidige i fylket vårt. Handlingar som

Redaksjon Arnt Ola Fidjestøl (red.) Per Olav Bøyum Kjerstin Risnes Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Arnt Ola Fidjestøl, tlf. 97 18 89 03, arnt.ola.fidjestol@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar kommunale arkiv), tlf. 99 12 37 50, ole.stian.hovland@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, Espen.Seterbo@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Synnøve S. Bjørset (musikkarkivar), tlf. 90 85 23 34, synnove.s.bjorset@sfj.no Oddbjørn Ramstad (musikkarkivar), 57 63 81 25, oddbjorn.ramstad@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 65 64 19, lars.berg.hustveit@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Askedalen Barnehage på besøk på fylkesarkivet. Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger lærer dei eldste borna i barnehagen om demokrati. Foto: Fylkesarkivet

2

fortener å bli trekt fram ifrå gløymsla langt over 100 år sidan dei vart utførte. Den tredje personen eg vil trekkje fram for å illustrere poenget, er tilsynsmann P.O. Johnsen frå Eivindvik. Eg skreiv om han i Kjelda for 15 år sidan. I arkivet til fattigstyret i Gulen kommune finn vi eit brev han har skrive til soknepresten i kommunen. I brevet skildrar han ein hjarteskjerande lagnad som er blitt ei kvinne til del, basert åleine på uheldige omstende. Ho miste alt ho eigde og vart skild frå fleire av borna sine. Johnsen beklagar den urett den nye bygselinnehavaren gjer mot denne kvinna, hennar nye mann og deira to attverande born. Han avsluttar brevet med «Saalenge Guri lever har Huset uomtvistelig Ret at blive staaende og naar hun engang lukker Øinene og gaar hjem, saa den Dag og den Sorg med Jakob og Stuen». Som det framstår i arkivet var tilsynsmann Johnsen handlingar denne kvinna sitt einaste håp. Den einaste som utgjorde ein forskjell i hennar etter kvart så miserable liv. Slik eg ser bør kvar arkivinstitusjon og kvar arkivar sjå på det som si oppgåve å dra slike handlingar fram frå gløymselen. Kanskje vil slike handlingar gi oss eit nytt perspektiv på våre eigne handlingar og korleis dei vil framstå i ettertida.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Innhald Å utgjere ein forskjell  2

Smelvær-ulykka   4

Foto av dei reisande   8

Historia om Per Sandnes   9

Arkivdagen 2015 – På nett og som teater i Leikanger kyrkje  13

Gjertrud Jynge fortel   15

Glimt frå arkivet etter Vårdal Foto   18 Othilie Tonning – pioner i Frelsesarmeen  22

Elvis og fylkesarkivet   25 Frå hotellrom og brakker til eige administrasjonshus for Sogn og Fjordane fylkeskommune  26

Leikanger ungdomsskule på sitt årlege besøk på Fylkesarkivet   29

Unikt skuleprosjekt med Hyllestad som pilotkommune   32

Er det nokon som græt i Gråtarura, og kva tyder Spikkelasisvaet?   34 Kyrajøkulen losna - kyrne kan sleppast ut!  35 Overformyndararkiva ferdig ordna  36

Ein artikkel om steinar, mest i Indre Nordfjord.   38

Arkivet frå Øvre Amla   43

Arkivet frå Øvre Amla: ei angrande tenestejente   46

Arkivet frå Øvre Amla: hulder og spøkelse på Hafslo   48

Arkivet frå Øvre Amla: Heibergs autografar   49

Breims tobakafholdsforening   50

Jørg Kvam: Høyanger, makter og menneske, ei tidsreise gjennom eit hundreår  51 Tilvekst til biblioteket 22.05.2015-27.10.2015  53

Leikanger Arbeidarungdomslag og kampen mot fascismen   54 Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag  59

3


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Smelvær-ulykka

Av: Annette Langedal Holme

Bilete av familien. Frå venstre: Matilde, Alf, Gudrun, Konrad og Bertel. Fremst sit mor til Bertel, Gurine.

I møteboka til Askvoll formannskap kan vi lese at det var møte den 8. juni 1939. Dei skulle gjennom ei rekkje saker den dagen, blant anna framlegg til budsjett for heradet og lønn til presten. Men den fyrste saka i møteboka den dagen skil seg frå dei andre. Saka fortel om ei dramatisk hending som skjedde i Askvoll dagen før. Vi kan lese: Ordføraren minte um den store ulukka som hende i heradet i går, med at Bertel Smelvær og dei to sønene hans, Konrad og Alf, drukna under arbeidet med hummarfiske. Det er lenge sidan ei so stor ulukke hev hendt her hjå oss, endå so farefull ein leveveg mykje av folket her hev. Ordføraren lyste fred og signing over minnet til dei som er burte,, og ynskte at dei som sit att må få trøyst og styrke til å bera det tunge tapet dei hev lide – Heradstyret høyrde minneorda ståande. 4

Staden der ulykka skjedde. Pila er teikna inn av Gudrun Smelvær

Her får vi innsyn i ei stor tragedie som råka ein familie i Askvoll og det er ikkje fritt for at desse linjene i møteboka til formannskapet opnar for spørsmål. Kven var Bertel og sønene? Kven var dei pårørande? Og ikkje minst, korleis vil det gå med dei?

Familien på Smelvær I Askvoll kommune finn vi øygruppa Smelvær. Den består av Storøyna omkransa av mange mindre øyer i ei lunefull paddemark. Øygruppa har utsikt mot Alden i sør og Kinnaklova

i nord. Alle undervannsskjæra gjorde at mange skydde dette området. Her hadde fleire familiar funne det for godt å busetje seg. Små gardar der hovudinntekta var frå fisket. Blant folket som budde ute på Smelvær finn vi det eldre ekteparet Bertel og Mathilde Smelvær. Saman med dei budde tre vaksne barn og eit barnebarn. Dei tre barna var Konrad, Alf og yngstejenta Gudrun, 23 år gamal. Barnebarnet var vesle Solfrid på to år, ho var dottera til Konrad. Sommaren 1939 hadde dei begynt å kome seg på føtene etter eit


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

dødsfall i familien. Kona til Konrad og mor til vesle Solfrid, hadde døydd vinteren før. Dei heldt også på med å ferdigstille det nye huset dei så sårt trengde. Dei hadde tatt opp eit stort lån i samband med husbygginga så det var store avdrag som skulle betalast. Då var det viktig at fisket gjekk bra. Den 7. juni 1939 var det eit ruske vær ut i havgapet, men Bertel og sønene Konrad og Alf la likevel ut i den vesle færingen deira på hummarfiske. Kanskje var det tanken på huslånet som tvang dei ut i dårleg vær? Dette var det siste Mathilde, Gudrun og Solfrid såg til mennene i familien. Då kvelden nærma seg, såg dei ingenting til færingen. Truleg stod dei på haugen ved sidan av huset og såg etter mennene.

Johan Tviberg. Dei gjekk som dei bar på ei tung bør. Det var ikkje Bertel, Konrad og Alf som kom heim frå hummarfiske. I staden kom bodskapen om ein knust færing ute på nokre skjær. Det einaste Matilde, Gudrun og Solfrid fekk heim den kvelden, var bodskapen om at dei no var åleine i verda. Angsten kunne gå over til sorg. Havet hadde alltid gitt dei eit levebrød. No tok havet tilbake på den verst tenkelege måten. Ute raste framleis stormen, brenningane slo opp over øya. Inne sat to kvinner og eit barn i djup sorg og med ei usikker framtid. Korleis skulle dei klare å leve vidare i sorga? Ville dei klare å halde på garden? Visst ikkje, kor skulle dei reise? Kva skulle dei gjere?

Med mysande auge prøvde dei å sjå gjennom regnet som piska sidevegs, let blikket flakke på jakt etter ein færing med tre skikkelsar oppi. Angsten alle kvinner langs med kysten har kjent på kom sigande på dei to kvinnene. Frykt for at noko kan ha skjedd. Frykt for at havet skal ta i staden for å gi. Frykt for å sitje att åleine! Det kom ingen færing heim den dagen. I staden kom naboane stille over haugen. Det var Magnus Smelvær og

Skjebnen til dei tre attlevande på øya skapte eit stort folkeleg engasjement. Det kan vi sjå i lokalavisene dei kom-

mande dagane. Gjennom lokalavisene får vi også eit lite innblikk i korleis det går med den vesle familien på Smelvær. Informasjonen nedanfor er henta i frå to aviser: Fylkestidende som kom ut i Askvoll og Firda Folkeblad som vart trykt i Florø.

«Skrekkelig ulykke ved Smelvær» Fylkestidende 8.juni 1939 Allereie dagen etter ulykka stod saka på trykk i Fylkestidende. Avisa fortel om den grufulle ulykka og den fortvilte situasjonen til dei attlevande. Stormen raser tydelegvis framleis, for lensmann Skarstein ber om at bygdefolket må hjelpe til å sokne etter lika når sjøen har roa seg.

Oprop! Les ein 8. juni utgåva av Fylkestidende litt grundigare kan vi sjå at det er fleire som har tenkt på den fortvila situasjonen til etterkommarane på Smelvær. Litt til venstre for det store innlegget om ulykka, står ein smal notis med den korte tittelen: Oprop! Det er denne notisen som gir oss eit lite håp om at det kan gå bra for dei attlevande. Mennene

Bilete av den knuste færingen.

Avisutklipp frå Fylkestidende 8.juli 1939.

Frå den private minnestunda på Smelvær. Frå venstre: Gudrun som held Solfrid på armen, Mathilde og ein bror av Mathilde.

5


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

bak notisen er; konstituert sokneprest A. Lodøen, ordførar Olai Einen og lensmann M. Skarstein. Dei var tre ressurssterke menn i Askvoll kommune. Notisen Oprop!, er ei oppmoding til bygdefolket om å gi ei pengegåve til dei attlevande. Gjennom denne hjelpa kan dei kanskje klare å behalde huset og garden. Dagen etterpå står nyhendet om ulykka og oppropet om hjelp på trykk i Firda Folkeblad i Florø. Ein storslegen innsamlingsaksjon var dermed i gang! Dei neste vekene finn vi fleire små notisar i avisa som fortel korleis det går med innsamlinga. Saka må ha vore mykje omtala i samfunna ute ved kysten. Skjebnen til familien på Smelvær kunne like gjerne råke dei sjølve. Ønsket om å hjelpe til var stort og folk gav av det vesle dei hadde.

Gravferd 17. juli. Dagane etter at stormen hadde løya, fann dei ikkje lika etter Bertel, Konrad og Alf. Først ein god månad seinare dukka liket etter Bertel opp på eit skjær, ikkje langt frå der dei fann den knuste færingen. Dagen etter fann dei liket av Alf. I avisa kan vi lese at det var uråd å kjenne att leivningane, så dei måtte identifiserast ut i frå kleda dei hadde på seg. Leivningane etter Konrad vart aldri funne. Den 17. juli fortel Fylkestidende at det skal vere gravferd for Bertel og Alf Smelvær same dagen. Firda Folkeblad som kom ut dagen etter skriv meir utfyllande om minnestunda og gravferda:

Frå den private minnestunda på Smelvær. Generalsekretær Lyngstad, som konfirmerte begge brørne då han var prest i Askvoll, talte ved minnestunda.

Gravferdi De to omkomne blev begravet på Askvoll i går. Båt efter båt stevnet mot Smelvær med slekt og venner som vilde vise sin deltagelse med den hårdt prøvede familie. Havet lå som et speil i det vakre sommervær. Det var vid utsikt utover og mangt et øie søkte dit hvor den forferdelige ulykke hendte. På tunet stod det to hvitmalte kister. Efter salmen «Den siste skilnad er vel sår» talte generalsekretær Lyngstad som hadde konfirmert begge sønnene da han var sogneprest i Askvoll. Han nevnte at på mindre enn et halvt år var tre av hans konfirmanter fra samme hus gått bort. Den omkomne Konrad Smelvær mistet sin hustru i januar. Pastoren leste ordet fra 5. mosebok 29, 29: «Det skjulte er for Herren vår Gud og det openbare er for oss og våre barn» og gav uttrykk for den sorg og gru som hadde grepet

folket herute ved denne ulykke. Kistene blev så ført til Askvoll kirke som var vakkert pyntet. Der talte kst. Sogneprest Haugen. Ved graven forrettet pastor Lyngstad og rettet til sist en takk til de mange som hadde vist sin deltagelse med den hårdt prøvede familie som på en dag mistet alle sine mannlige medlemmer.» For oss som har vore så heldige å oppleve Smelvær på ein finversdag, kan vanskeleg sjå føre oss to kvitmåla kister på tunet, omringa av eit folkehav. Båtane nede ved kaia må ha blitt fortøyd saman, slik at ein kunne gå tørrskodd over båtane til lands. Smelvær, som dei fleste andre øy-samfunn får sjeldan gjestar. Kom det folk til Smelvær, var det fordi dei hadde eit ærend dit. Som oftast var det øybuarane som måtte setje seg i båten og oppsøke folk. Men den 17.juli 1939, var det Smelvær folk oppsøkte. Og det var med tunge hjarte dei gjekk i land på øya. Under minnestunda og ved Askvoll kyrkje vart det tatt fleire bilete den dagen. Etterkommarane til Gudrun lar oss få trykke desse bileta:

Hausten

Kistene blir bore ned i båten for å bli frakta til Askvoll kyrkje.

6

Sommar gjekk over til haust og kvardagen måtte ta til for dei attlevande. Avdrag på lånet måtte betalast. Det vart halde fleire auksjonar i løpet av haustmånadane, der fiskereiskapane til Bertel, Konrad og Alf skulle under auksjonshammaren. Bertel var også deleigar i fleire notbruk i distriktet.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Frå bisettinga ved Askvoll kyrkje.

Var ein med på eit notbruk, laut ein også stille med arbeidskraft i sesongen. Sidan alle mennene var vekke, var det ingen som kunne ta Bertel sin del av arbeidet i notbruka. Damene trengde pengar og fekk nok seld unna det dei kunne avsjå.

men 64 kroner og 17 øre vart plassert på ei eiga bankbok. Denne bankboka vart sett i vesle Solfrid sitt namn. Til sist i takkenotisen står det at det er heilt sikkert at Matilde, Gudrun og Solfrid ikkje hadde klart å behalde garden om det ikkje hadde vore for pengegåva.

Nytt år

Lokalsamfunnet redda Mathilde, Gudrun og Solfrid.

I Fylkestidende 19. februar 1940 og i Firda Folkeblad 20. februar 1940, kjem det på ny ei notis i frå soknepresten, ordføraren og lensmannen i Askvoll. Notisen er ein takk til alle gjevarane. Til saman vart det samla inn 3500 kroner til dei tre attlevande på Smelvær. Ei nemnd beståande av dei same tre mennene skulle styre pengane. 3500,- 1939 kroner svarar til 106 477,- 2014 kroner. Folk hadde vist ei stor gjevarglede i denne saka. Takke notisen kan fortelje oss at noko av pengane vart brukt til å få kledning på huset. Mykje vart sett av til å betale komande avdrag på huset,

Ulykka på Smelvær var ei tragedie for familien og lokalsamfunnet. Men vi skal ikkje gløyme at historia kunne enda så mykje verre enn den gjorde. Like gjerne kunne avisa fortalt om ein tvangsauksjon som sette to kvinner og eit barn på gata. I staden kan vi lese om eit ønske om å gi av det vesle ein hadde. Ein felles dugnad som gav Mathilde, Gudrun og Solfrid moglegheit til å behalde heimen sin. Dette er ei viktig side av historia som også må komme fram.

I dag er det barnebarnet til Gudrun Smelvær (gift Sætre) som eig garden.

Kjelder: •• Firda Folkeblad og Fylkestidende for Sogn og Fjordane. •• Askvoll kommune. Formannskapet. Møtebok 1938-1949 •• Henning Sætre – eit av barnebarna til Gudrun Smelvær.

Endring av Kjelda Sidan 2001 har Kjelda kome ut tre gonger i året. Det første har kome til påske, nummer to i juni og det siste, eit dobbelt­ nummer, har kome til jul. Neste år vil det bli endringar. Kjelda vil kome ut to gonger i året – eitt i juni og eitt til jul.

7


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Foto av dei reisande



Av Elin Østevik

Dei reisande har ei historie i Noreg som går fleire hundre år tilbake i tid, men vi finn få spor etter dei i fotosamlingane som Fylkesarkivet tek vare på. Vi vil gjerne ha fleire bilete som kan fortelje noko om historia til dei reisande i fylket vårt. Dersom du har bilete som du ønskjer å dele med Fylkesarkivet kan du ta direkte kontakt med fotoarkivar Elin Østevik for å avtale innlån og avfotografering av bileta. Alle originalar vil bli returnert. Vi er interessert i bilete av både personar, plassar, hendingar og aktivitetar knytt til dei reisande i Sogn og Fjordane. Fotoarkivar Elin Østevik kan kontaktast på e-post: elin.ostevik@sfj.no eller telefon: 57 63 80 53.

I 1919 tok Ragnvald O. Riise ei handfull bilete av ei gruppe reisande som vitja Svelgen. Dette biletet syner leiren ved Riseelva. Foto: Ragnvald O. Riise.

Følgjet som vitja Svelgen i 1919 vert fotografert i det dei er i ferd med å gå om bord i båten sin for å reise vidare. Foto: Ragnvald O. Riise.

Malika, som skal ha vore eit ekte sjarmtroll, vitja Almenningen på Eid i 1919. Foto: Dagny Sunde.

8

Aksel Larson (f. 1882) og eldste dottera Matilde Kristine (f. 1910) fotograferte framfor huset sitt på Hovland i Fjaler kommune ca. 1950. Aksel Larson var blekkmakar og om til Hovland frå Vik i Sogn i 1915. Foto: Ukjend.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Per Sandnes fotografert ved Habben i Lærdal. Fotograf: ukjend. Fotoeigar: Billedsamlingen, UiB.

Historia om Per Sandnes

 Av Synnøve S. Bjørset, musikkarkivar

I folkemusikk- og kulturhistoria er Lærdal ein interessant stad: Vegen over Filefjell har i mange hundre år vore den viktigaste ferdselsåra mellom aust og vest, og den årlege Lærdalsmarknaden gjorde Lærdal til eit knutpunkt for handel og kulturutveksling. Kulturmøta og impulsane har sett sitt preg på musikken, og Per Sandnes er ein av to historiske hardingfelespelemenn det er dokumentert musikk etter i Lærdal. Lærdalsmarknaden var eit stort trekkplaster for spelemenn frå mange bygdelag på både aust- og vestsida av langfjella. Her kappast dei, spelte for kvarandre, og høgst truleg reiste dei frå marknaden med fleire nye slåttar på repertoaret. Møte med storspelemenn som Jørn Hilme frå Valdres, Ola Mosafinn frå Voss og Myllarguten frå Telemark må utan tvil ha vore til stor inspirasjon for både tilreisande og lokale spelemenn.

Musikk frå Lærdal i musikkarkivet I musikkarkivet har vi registrert opptak av 66 melodiar framført av utøvarar heimehøyrande i Lærdal, og dei er framført på hardingfele, durspel og song. Fleire av melodiane er variantar av eit repertoar vi kjenner frå andre stader både i og utanfor fylket. I tillegg til lydopptaka, har vi i musikkarkivet også ei rekkje transkripsjonar gjort av folkemusikksamlaren Arne

Bjørndal (1905-1965). Ei av kjeldene Bjørndal skreiv ned slåttar etter, var hardingfelespelaren Per Sandnes (18581945) frå Strendene, seinare busett på Lærdalsøyri.

Slåttane etter Per Sandnes Per Sandnes er den einaste utøvaren på hardingfele frå Lærdal som Bjørndal har transkribert slåttar etter. I alt 9 transkripsjonar viser at delar av Sandnes sitt repertoar er slåttar som vi og kjenner frå andre bygder i indre Sogn, 9


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Valdres og Hallingdal. Seks springarar, to valsar, og to nokså like versjonar av lyarslåtten «St.Thomasklokkene på Filefjell» vart transkribert av Bjørndal i tidsrommet 1916-1936. Felestillene som vart brukt er vanleg stille (a-d-a-e), låg bas (g-d-a-e) og klokkestille (a-d-fiss-e). Transkripsjonane inneheld også opplysingar om kven Sandnes hadde lært slåttane av, og her nemnast både faren Ola Sandnes (1820-1888) og Sjur Aarethun (1810-1895), som var gift med søstra til faren. Desse hadde atter lært slåttane av Per sin farfar, Hans H. Person (1782-1870), og storspelemennene Jørn Hilme (1778-1854) frå Valdres og Jens Høgheim «Skrangle-Jens» (1817-1886) frå Fresvik.

Korleis høyrdest musikken til Sandnes ut? All den tid det ikkje finst lydopptak av Per Sandnes, vil vi aldri få vite nøyaktig korleis det høyrdest ut når han spelte. Sjølv om ein transkripsjon eller ein note inneheld mykje informasjon som ein utøvar kan omsetje til klingande musikk, vil det likevel vere snakk om svært mange tolkingsmoglegheiter. Å feste på papiret all den

Springar etter Per Sandnes, transkribert av Arne Bjørndal i 1936. Per Sandnes lærte slåtten av faren Ola Sandnes, som atter hadde den frå Skrangle-Jens. Slåtten er ein variant av springaren vi i Valdres kjenner som «Skreddarlåtten» og i Hallingdal kjenner som «Skinntrøya». Spelemannen Sigurd Eldegard frå Årdal spelte også denne slåtten, og hans versjon er dokumentert med lydopptak (SFFm-980079).

10

I kyrkjeboka for Vik kan vi finne oppføringa av dåpen til Per Sandnes. Han vart fødd 13. mai og døypt 20.mai, og er nemnd som «uegte» barn Peder med foreldre «omstreifende person» Ole Hansen Sandnes og Helene Bertelsdatter. Kjeldeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Vik, Ministerialbok nr. A 8 (1846-1865), Fødte og døpte 1858, side 82.

informasjonen ei musikalsk framføring representerer, vil vere heilt umogleg, og sjeldan eit mål i seg sjølv. Det å skrive ned musikk på notar er noko vi gjer med eit bestemt føremål, som til dømes innsamlaren sitt mål om å dokumentere utvalde aspekt ved ein tradisjon eller eit repertoar, eller komponisten sitt mål om å formidle ein musikalsk idè og forløp. Bjørndal gjorde mange val då han gjorde transkripsjonen, og utøvaren gjer mange val når han han tolkar transkripsjonen. Det einaste vi kan slå fast, er at ingen som i dag tolkar transkripsjonane vil høyrest ut akkurat som Per Sandnes. Transkripsjonane er likevel verdfulle dokumentasjonar på ein tradisjon og musikkpraksis. Med kunnskap om og kjennskap til utøvartradisjonane, spelestilen og repertoaret i omliggande område, kan vi med utgangspunkt i notebiletet seie noko om skilnader og likskapar utan å ha høyrt den klingande musikken. Og ikkje minst kan transkripsjonane vere ei kjelde til nye estetiske tolkingar av slåttane.

Per Sandnes – spelemann og tusenkunstnar På sine samlarferder gjorde Bjørndal ofte eigne notat med biografiske opplys-

ingar om kjeldene sine, og dette er med på setje den dokumenterte musikken og utøvaren inn i ein større kontekst. I notata til Bjørndal kan vi lese at Per Sandnes to gongar deltok og fekk premie på Vestmannalaget i Bergen sin kappleik. I 1909 reiste han på spelferd til Amerika, og Bjørndal skriv: «Spela soleis i Minnesota, i Porter, i byen Astoria og Minneota, Clenby, Fargo, Wolveton, Kristina Nilson, Brekkenrik og fl.st.». Bjørndal opplyser også at Sandnes spelte kring 100 gamle slåttar, og at han også laga nokre sjølv. At Per Sandnes er ei interessant kjelde for hardingfelemusikken i Lærdal, er det liten tvil om. Det at han vann pengepremie og ekstrapremie på kappleikane i 1897 og 1898, og var på spelferd i Amerika, seier og noko om at han må ha vore ein relativt god utøvar. Men han var ikkje berre spelemann. Sandnes laga ei mengd feler, og livnærte seg elles som båtbyggjar, urmakar og fiskar. I Lærdal bygdebok kan vi lese at han ein gong bygde ein robåt diagonalt inne i stova, og at han måtte ta ut den eine veggen for å få ut båten! Huset på Habben hadde han bygd sjølv, og etter at dette vart seld på tvangsauksjon tok han straks til å tømre


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Per Sandnes skal, i følgje notata til Arne Bjørndal, ha laga minst 198 feler. To av desse felene finst i dag på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Fotograf: Lars Asle Vold, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

eit nytt hus på den gamle tufta.

«Grevle-Per» I Bjørndal sine notat blir Per Sandnes innleiingsvis nemnd som «Grevle-Per», eit kallenamn som seinare også følgjer han mellom anna i Lærdal Bygdebok. «Urahaugen», husmannsplassen under Sandnes der han voks opp med foreldra sine, vert også kalla «Grevle-haugen».

i kyrkjeboka for Vik gjev oss eit lite hint om at det fins ei anna forklaring. Den 20. juni 1858 blir ein gut ved namn Peder båre fram til dåpen. I kyrkjeboka er foreldra nemnde som «Omstreifende person Ole Hansen Sandnes» og «Helene Bertelsdatter frå Leerdalsøren».

Bjørndal skriv at «Mor aat Per Sandnes ætta fraa garden Grevle paa Voss», og seinare i same notat at «Bestemori paa morsida heitte Bertha og var fraa Grevle paa Voss». Dette er opplysingar som ein ved første augekast kanskje ikkje har særleg store grunnar til å så tvil om. Men, ser vi på kvinnene si stillinga i dåtidas samfunn, kan ein stusse over at namnet Grevle skulle følgje med mor eller bestemor frå Voss til Lærdal, og etablere seg som kallenamn på Per og buplassen. Kan dette verkeleg vere rett?

«Omstreifar» er eit omgrep vi finn i både kyrkjebøker og andre offentlege protokollar, og det viser til eit folk og ein kultur som i dag har fått status som ein nasjonal minoritet. Dei reisande vart på midten av 1800-talet del av eit prosjekt sett i gang av mellom andre teologen og samfunnsforskaren Eilert Sundt (1817-1875). Sundt definerte dei reisande sin kultur som eit problem for det norske samfunnet, og han gav ut ei rekkje bøker om det han kalla «fantane». Sundt, og seinare andre, sine forsøk på å løyse «fanteproblemet» og «redde fantane» er eit stort og mørkt kapittel i vår historie.

Oppføringa av Per Sandnes sin dåp

I Sundts «Fjerde Års- Beretning om

Fantefolket» (1865) finn vi følgjande opplysingar: NORDRE BERGENHUS AMT. Lærdal 341. Ole Hansen Sandnæs og “Grævle” = Helene Bertelsdatter, ækteviede her i 1863. Mannen gaardmannasønn, streifer kun, når det blir for dårlig. Og med dette finn vi også ei anna forklaring på kvifor Per Sandnes vart kalla «Grevle-Per». Mor til Per, «Grævle-Helene» Berthelsdotter var fødd 23. mars 1818 i Loms prestegjeld, og vart døypt i Sel anneks Vågå 23. september 1818. Helene og familien reiste med det som i Fantefortegnelsen 1845 blir kalla Grevlefølget: Uhrlands Præstegjeld besøges undertiden af A. Grevlefølget, bestaaende af: 509: Bertelbrithe og hendes Børn: 510: a. Johannes, der fører med sig et Fruentimmer og et Barn. 511. b. Even. 11


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

512: c. Helene. To av børnene i dette Føle ere døbte i Leganger Præstegjeld. I denne oppføringa finn vi altså mor til Per Sandnes saman med to søsken og mor deira på «streif» gjennom Aurland.

Ei annleis og større historie Med denne kunnskapen blir historia om spelemannen og tusenkunstnaren Per Sandnes ei annleis og mykje større historie. Historia om Per Sandnes er ikkje lengre berre ei historie om ein hardingfelespelemann og folkemusikken i Lærdal. Det er også ei historie om Per Sandnes som del av ein minoritetskultur i Noreg – dei reisande sin kultur. Kvifor noterte Bjørndal at Grevle-namnet stamma frå Voss? Korleis var det å leve med stempelet som «omstreifar»? Har dei reisande sin kultur vore med på å prege musikken og spelestilen til Per Sandnes? Kva veit vi om slekta og livet deira? Dette er nokre av spørsmåla vi skal prøve å gje svar på i neste nummer av Kjelda. Har du informasjon om Per Sandnes, Grevlefølget og dei reisande i indre Sogn, så set vi pris på om du vil dele den med oss.

Slåttar etter Per Sandnes transkribert av Arne Bjørndal. 521. Springar VI (Etter Per Sandnes 1858-1945). Lært av Ola Sandnes, som atter hadde slaatten fraa Skrangle Jens. Jens Fresvik (1817-56). Fraa Sogn. 1936 524. Springar IV (Etter Per Sandnes). Lært av far sin, Ola Sandnes (1819-88) i 1870-åri. Lærdal. Fraa Sogn

526. Springar V (Etter Per Sandnes). Lært av Sjur Aaretun (1810-95). Sandnes 1858-1945. Lærdal. Fraa Sogn. 1916

•• Midtbøe, Øyvind 1968. Eilert Sundt og fantesaken, Universitetsforlaget, Oslo

612. St. Thomasklokkorne paa Filefjell (Etter Per Sandnes). Lærdal. 1936

•• Winge, Harald (red.) 1986, Fantefortegnelsen 1945, Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo

643. St. Thomasklokkelaaten. Etter Per Sandnes. Lærdal. Sogn

•• Internettressursar

665. Vals II (Etter Per Sandnes). Fraa Sogn. 1924

•• Samlingar/arkiv

666. Vals III (Etter Per Sandnes). Fraa Sogn. 1924 672. Springar I (Etter Per Sandnes) Per Sandnes lærde slaatten av far sin, som atter hadde han fraa sin far. Sogn. 19??

•• Sundt, Eilert 1865, Fjerde Års Beretning om Fantefolket, Christiania

•• Digitalarkivet www.digitalarkivet.no •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkarkivet •• Arne Bjørndals Samling (manuskriptsamlinga), Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen

673. Springar II (Etter Per Sandnes, II) Per Sandnes lærde slaatten av far sin Ola Sandnes i 1870-åri. Sistnemnde hadde lært han av Jørn Hilme, Valdres 674. Springar III (dikta av Per Sandnes)

Litteratur •• Hovland, K. & Espe (red.) 2001, Lærdal bygdebok, bind 4, Heim og Hætt, Hauge sokn; Lærdalsøyri, Mjelde, Øye og Stødno, Lærdal ­kommune. •• Hovland, K. & Espe (red.) 2005, Lærdal bygdebok, bind 5, Heim og Hætt, Hauge sokn; Erdal, Strendene, Vindedal og Frønningen, og bind Lærdal kommune.

To nye tilsette ved musikkarkivet Musikkarkivet har frå 1. august 2015 fått to nye tilsette. Synnøve S. Bjørset er tilsett som musikk­arkivar i 50% stilling, og Oddbjørn Ramstad er tilsett som rådgjevar i 40% stilling. Synnøve S. Bjørset. Foto: Vegard Fimland

12

Oddbjørn Ramstad. Foto: Vegard Fimland

Begge kjem frå stillingar i fylkes­ musikar­ordninga.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Gjertrud Jynge, tippoldebarnet til Walnum, i teaterstykket «Frå Landevegen». Ho har fått sers gode kritikkar for dette stykket. Fotograf: Dag Jenssen

Arkivdagen 2015

– På nett og som teater i Leikanger kyrkje 

Av Kjerstin Risnes

Kvart år markerer arkiv-Noreg Arkivdagen. Føremålet med dagen er å vekke interesse for arkiv som samfunnsminne, både for fortid og framtid. Gjennom arkiva får vi mange inngangar til samfunnsutvikling, økonomisk og politisk historie, sosial historie og personalhistorie. Vår nære og triste historie 2015 er året då statsminister Solberg og Kirkens Sosialteneste offisielt bad romani/taterfolket om orsaking for alt det vonde staten og «Omstreifarmisjonen» har utsett dette folket for heilt opp til vår tid. Det same gjorde administrerande direktør for Kommunenes sentralforbund, Lasse Hansen. Kommunane hadde ansvaret for at taterbarn vart tekne frå foreldra utan gyldig grunn. «Det handlar om diskriminering. Det handlar om ting som me gjorde og ikkje burde ha gjort», sa han.

2015 er også året då skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge, fekk sett opp teaterframsyninga Frå Landevegen. Jynge er tippoldebarnet til Jakob Walnum, tidlegare sokneprest i Leikanger, som etablerte denne statsstøtta misjonen. Jynge fortel ei sterk historie om eit møte med tippoldefaren. Han var farmora hennar sin store stoltheit, riddaren av 1. klasse av St. Olavs orden med gravmonument på Vår Frelsers Gravlund, humanisten og velgjeraren som ville hjelpe folk i naud. Då Jynge byrja å grave litt i tippoldefaren sitt liv, steig det eit anna bilete

Sokneprest Jakob Walnum, ei brennande eldsjel og «Omstreifarmisjonens» far. Foto: Fylkesarkivet 13


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

fram. Jynge fortel ei historie om korleis det som var sett på som rett ut frå dåtida, kunne ta ei så feil retning gjennom ein brutal fornorskingspolitikk av eit folk og deira kultur. Denne politikken varde heilt opp til 1980-talet, i ei tid der tidsånda skulle vere annleis i møte med andre kulturar og deira levesett. Stykket er såleis høgaktuelt og kallar på refleksjonar om dagens sosialpolitikk. Vil den tole å bli sett under historias lys om 100 år ? Kvar vil våre blinde flekkar vere i møtet med dei som ikkje fell inn under den norske standarden, t.d. dei med annleis kultur, språk og levesett som alt bur i landet og dei som kjem til landet vårt i desse dagar?

Lokal tilknyting Det var i Leikanger at tankane om å redde taterbarna frå livet på landevegen starta for Jakob Walnum. Ideen om å redde desse barna fekk han til å etablere Foreningen til Motarbeidelse av Omstreifervesenet. Han fekk statleg økonomisk støtte av Jakob Sverdrup, tidlegare sokneprest i Leikanger, fetter og kyrkjestatsråd, til dette. Walnum forlèt difor kallet som sokneprest i Leikanger for å vie seg fullt og heilt for tatersaka. Jakob Walnum vart ein høgt dekorert og æra person i si samtid, men ein langt meir omdiskutert person i vår tid gjennom arbeidet med dei reisande. Denne personen og hans virke ynskjer vi å sjå nærmare på i samband med Arkivdagen 2015. Gjennom kjelder, litteratur og teater ynskjer vi å formidle vår lokale og nasjonale historie der Walnum står i fokus.

Arkivspor lokalt og nasjonalt Jakob Walnum rakk å setje mange spor etter seg i distriktet, lokalsamfunnet og dermed i arkiva våre dei åra han var sokneprest i Leikanger. Han hadde eit stort kristeleg-sosialt engasjement, han var ein ukuelege optimist, han tenkte stort og hadde ein brennande virketrong for å tene sin Gud gjennom byggjande verksemd. Vi finn han i arkiva våre som prest med dåtidas verdslege verv innan fattigstyre og skulestyre, som grunder og etablerar av Sogns barneheim, den fyrste og einaste i fylket, og som eit brennande organisasjonsmenneske. Walnum var fælen over drikkeskikkane til sogningane og alt det negative ovdrykken 14

Sogns Barneheim i Leikanger, den fyrste barneheimen Walnum fekk etablert. Denne barneheimen var ikkje retta mot taterborna, men tanken og ideen om å redde dei fattige uskuldige sjelene for Herren og gjere dei til nyttige samfunnsborgarar gjennom disiplin og Guds ord, var den same. Foto: Fylkesarkivet

førte til. Han vart difor pådrivar innan fråhaldsrørsla både regionalt og lokalt. Aldri har det vore så mange avhaldsmenneske i Leikanger som i Walnum si tid. I ein kommune med om lag 2600 menneske var 200 medlemmer i Leikanger totalavhaldsforeining . Han var engasjert i den kristne ungdomslagsrørsla, søndagsskuleorganisasjonen både lokalt og regionalt, den lokale og regionale indremisjonsrørsla og jammen finn vi han i arkivet etter Sogns Turistforening også. Den byggjande verksemda hans strekte seg vide, men var heilt i tråd med tidsånda der pietistane stod for mykje samfunnsbyggjande verksemd. På Riksarkivet står det eit arkiv på 55 hyllemeter, arkivet etter misjonen med dei mange namna; Foreningen til Motarbeidelse av Omstreifervesenet, seinare Den Norske Omstreifermisjon og til sist Norsk Misjon Blant Hjemløse eller berre Misjonen. Arkivet strekkjer seg over mest 100 år, frå 1893 – 1990 og fortel om eit mørkt og lite påakta kapittel i norsk sosial historie. Det var denne misjonen Walnum starta og som skulle bli livoppgåva hans.

Arkivdagen 2015 Tradisjonelt markerer vi Arkivdagen i

eigen regi, med omvising i magasina, utstillingar, foredrag og liknande. Denne gongen har vi har delt årets markering i to. Fellesnemnaren vil vere sokneprest Walnum. Den eine bolken vil presentere Walnum, dei reisande og dei spora Walnum har sett etter seg i arkiva våre gjennom digital formidling. Den andre bolken vil vere eit samarbeidsprosjekt med soknerådet i Leikanger om teaterframsyning i Leikanger kyrkje 8.november. Det Norske Teatret kjem då eins ærend og viser stykket Frå landevegen. Gjertrud Jynge har arbeidd seg gjennom mykje litteratur basert på primærkjelder om tippoldefaren og Omstreifarmisjonen, og ho tykkjer det er stor stas å få vere med å markere Arkivdagen 2015. I tillegg vil det sjølvsagt vere ei spesiell oppleving for henne å kome til Leikanger kyrkje. Teaterframsyninga vil vere ein annleis historietime der både lokalhistorie og nasjonal historie spelar saman gjennom Walnum. Fylkesarkivet ynskjer på denne måten å kunne utvide målgruppa og auke opplevinga gjennom ei meir kreativ arkiv- og historieformidling.

Mange gode støttespelarar Det Norske Teatret kjem eins ærend til Leikanger i samband med Arkivdagen. Sjølv om dei har teke seg minimalt betalt, kostar dette pengar. Vi har difor søkt ekstern støtte og fått ein overveldande respons. Fylkesarkivet vil sende eit stor takk til dei mange økonomiske bidragsytarane til teaterframsyninga: Leikanger kommune, Systrond sogelag, Historikarforeininga i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/kulturavdelinga og Sparebankforeininga i Sogn og Fjordane.

Kjelder/litteratur: •• Kjerstin Risnes, masteroppgåve i historie « Det er makt i de foldede hender», UIB 2008. •• Internett: http://www.uniforum. uio.no/nyheter/2015/06/vil-ha-meirforsking-pa-behandlinga-tateranefekk-.html •• NOU 2015 -7. Assimilering og motstand https://www.regjeringen. no/contentassets/4298afb537254 b48a6d350dba871d4ce/no/pdfs/ nou201520150007000dddpdfs.pdf


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Gjertrud Jynge og Espen Leite under framsyninga i Leikanger kyrkje. Foto: Fylkesarkivet

Gjertrud Jynge fortel



Av Sigrun Espe / Gjertrud Jynge

Gjertrud Jynge er skodespelar og tippoldebarn til Jakob Walnum, tidlegare sokneprest i Leikanger. I samband med besøk til Leikanger og teaterframsyning i Leikanger kyrkje ville Gjertrud gjerne fortelje kvifor ho har laga skodespel om Walnum og om tatermisjonen. Med sine eigne ord fortel ho om den personlege, emosjonelle og historiefaglege reisa frå farmora sine familiealbum til nasjonal taterpolitikk. Tippoldefar Walnum, familiestoltheit og familieskam Eg arva alle familiebileta etter farmora mi, Gjertrud som eg er oppkalla etter. Og blant desse familiebileta var biletet av min tippoldefar Jakob Walnum. Ein mann som farmor var veldig stolt av. Då eg var lita fortalde ho mykje om han. Ho var veldig stolt av han. Med god grunn forstod eg. Og så har eg naturleg nok, fordi eg lev i den tida eg gjer, forstått at det var ei mørkare historie knytt til hans namn.

Dei vel hundre åra som har gått har gjort at historia om han og om tatermisjonen er noko anna enn det ho kjende til. Det hadde eg lyst å finne meir ut av. Eg foreslo det som ein ide for teateret, og dei tente på det. Det var i utgangspunktet berre ein ide, og eg tenkte «det skal eg begynne å jobbe med om nokre år». Og så sa sjefen min brått i fjor haust at det var ei opning i repertoaret. Eg sette i gong med arbeidet i fjor haust og hadde premierer i april. Eg hadde veldig kort tid til å grave i stoffet.

Eg gjekk på biblioteket og grov i arkiva. Eg fekk fantastisk hjelp av bibliotekarane. Og hovudkjelda mi var månadsbladet til misjonen – Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet som Walnum stifta i 1897. Dei ga ut eit månadsblad som heitte frå Landevegen. Dei ga også ut eit barneblad som heitte Måltrosten. I desse to blada skreiv Walnum mykje om arbeidet i misjonen. Eg las også alt eg kom over av historiebøker, hovudfagsoppgåver, diverse arkivmateriale som årsmeldingar med meir. Eg leita i alt dette stoffet og klipte 15


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

og limte og forsøkte å setje saman ei fullstendig historie.

Salmar og romanisongar Eg hadde også ein ide om at eg skulle bruke musikk. Og eigentleg så hadde eg lenge tenkt at eg skulle bruke mykje av songmaterialet etter misjonen. Dei ga også ut ei eiga songbok og dei dikta gjerne nye tekstar til salmar – tekstar som gjekk på misjonsarbeid. Ved opninga av Svanviken arbeidskoloni vart det til dømes skrive ny tekst til ein salme som handla om slektssynd. Dette materiale prøvde eg ut, men fann raskt ut at tekstane vart for tunge. Eg kunne ikkje bruke dei. Eg stod til slutt igjen med berre ein salme av Elias Blix som heiter «hjelp». Den har, så vidt eg veit, ikkje vorte teke i bruk i kyrkja. Hjelp stod på trykk i ei av dei første utgåvene av «Frå landevegen», og den handlar om det sosiale arbeidet til kyrkja. Eg leitte også i songbøkene etter romanisongar, og fann mange fine songar. Eg valde, fordi eg ikkje sjølv er tater, å gjendikte desse til nynorsk slik at eg kunne presentere dei som skodespelar. Eg ville sjølvsagt at tatarane skulle ha ei stemme i denne historia. Eg hadde eit håp om at det skulle skje noko når ein sette saman dei dokumentariske tekstane og protokollane i møte med dei emosjonelle songane. Eg testa dette ut, og fekk fort svar på at det fungerte.

Familiær skam og stoltheit Eg hadde ikkje lang tid på å lage dette manuset, og hadde ikkje gjort noko liknande før, så eg må innrømme at eg strevde. Eg trur alle som forsøker å ei slik historie med utgangspunkt i eigen familie kjem ut over problemet: «Kva er interessant for publikum og kva er interessant for meg som slektning?» Eg rota meg vekk og hadde på eit tidspunkt stoff til ei ti timars framsyning. Eg hadde mykje stoff om Walnum si utvikling frå ung gut til vaksen mann. Eg fann etter kvart ut at eg måtte sortere. I kontrasten til farmor, som var så stolt, så kjende eg på ei skam over at min tippoldefar hadde vore med på noko som i ettertid har vorte karakterisert som eit folkemord, og at han har vorte trekt fram som hovudarkitekt for den brutale fornorskingspolitikken. Dette var 16

vanskeleg for meg, men etter kvart som eg jobba med det så vart det mindre personleg skam, og eg satt eg igjen med ein skam knytt til at eg som samfunnsborgar ikkje har kjend til denne historia. Det var den store historia som tvang seg fram. Utgangspunktet var å forske på min tippoldefar si rolle, kven han for, korleis han tenkte og korleis det som var så godt kunne bli noko så vondt. Det starta der, men den større historia, historia til tatarane i Noreg, tvang seg fram.

Aktuelt også i moderne tid Det kanskje mest interessante for meg sjølv er at dette har vore ei personleg oppvakning. Eg trudde eg skulle grave i noko som handla om «gamledagar», men så fann eg mi eiga tid. Det er så mykje som skjer i dag som eg kjenner har ein klangbotn i denne historia. Walnum sitt prosjekt var å kristne og busetje tatarane, og dette skulle skje gjennom barneheimar og tvangsarbeid, til dømes på Svanviken arbeidsleir. Dei skulle bli som andre nordmenn. Etter 18 månader på Svanviken skulle tatarane få sine eigne bustader rundt om i norske kommunar. Eg veit at ei av dei vanskelegaste oppgåvene var å finne bustadar til dei, for norske kommunar ville ikkje busetje dei. Folk ville ikkje ha dei inn på livet. Då diskusjonen om syriske flykningar kom no så tenker eg at dette er som eit ekko. Å leite bakover kan gjer at ein ser ting i si eiga tid. Dette har vore ei omvelting for meg sjølv. Som skodespelar framfører ein som regel fiktive historier, men dette er noko som har skjedd og som til og med gjeld menneske som lev i dag. Ansvaret for korleis ein skal leggje fram ei slik historie har eg kjent veldig på. Men eg har også kjent på ei glede over å kunne fortelje ei viktig historie.

Språk og identitet Ein annan ting som gir klangbotn til moderne tid er tankar om språk. Ein har møtt mange rare førestillingar om at språk er farleg og smittsamt. Eilert Sundt, som var ein av dei første som oppdaga tatarane og studerte språket deira, meinte at språket deira var smittsamt og forderveleg. Slike syn på språk har ein også hatt ovanfor det samiske språk, og ein ser tendensar til

det knytt til innvandrarspråk. Eg har si søster som jobbar som lærar i Oslo, og der er det slik no at born med ein annan kulturell bakrunn og eit anna morsmål enn norsk ikkje får lov å snakke språket sitt i skulegarden. På skulen skal dei snakke norsk. Eg forstår sjølvsagt at det er viktig at ein lærer å snakke norsk, men eg kjenner at det provoserer meg at ein har teke vekk morsmålsundervisinga i skulen. Restar av den gamle fornorskingstanken lever framleis. For å dra ein parallell: Som skodespelar på teaterskulen må ein legge frå seg dialekta si og lære seg eit nytt. Eg måtte lære meg østnorsk. Det ein opplever når ein må legge frå seg si eiga dialekt og verkeleg gå inn i eit anna språk, er at du føler at du mistar uttrykket ditt. Du greier ikkje å uttrykke deg skikkeleg. Forskarar seier at det er det språket ein har rundt seg dei 3-4 første leveåra som ein elskar og hatar med. Det å ikkje få lov til å bruke sitt eige språk gjer gjerne at uttrykket ditt vert fattigare. Ein skodespelar som ikkje får til transformasjonen blir ein fattigare skodespelar. Dei fleste skodespelarar lever mykje meir på sitt eige språk. Difor er eg veldig glad for å jobbe på Det Norske Teatret der eg kan bruke nynorsk og bruke min eigen klangbotn frå nynorsken, for då har eg med meg mykje meir av meg sjølv inn i formidlinga. Når det gjeld politikken knytt til innvandrarar så meiner eg at det er ei kortslutning å fjerne morsmålsundervisning. Viss vi held fram med å lære folk at «språket ditt er ikkje bra nok», kan ein skape trykkokarar. Folk får ikkje uttrykke seg, og ein sit igjen med ei kjensle av at det ikkje er bra.

I Walnum si kyrkje på Leikanger Eg vart veldig glad for å bli invitert til å kome til Leikanger. Eg har gleda meg og eg har vore spent. Det var veldig spesielt å vere i Leikanger kyrkje. Walnum har skrive mykje om Leikanger – «det deiligste stedet eg vet». Tida han var prest i Leikanger må ha vore ei lykkelig tid for han. Han må ha hatt ei utruleg verketrong og energi og glede over arbeidet. Far til Walnum var også prest og var ikkje imponert over sonen som blant anna strevde med å gjere seg ferdig med studiane. Då


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Slektsmøte i Leikanger kyrkje mellom Walnum og Gjertrud Jynge. Fotograf: Sigrun Espe

Walnum kom til Leikanger fann han på mange måtar si rolle – ei ny sosiale presterolle. Det må ha vore ei rik tid for han. Det var veldig spesielt å vere i hans kyrkje. Eg hadde tenkt før eg kom at eg måtte bruke preikestolen. Fleire av tekstane eg har henta frå månadsbladet til misjonen er nesten som små preiker, og kanskje har han stått nettopp i denne kyrkja og sagt desse orda. Det var veldig spesielt å stå på hans preikestol, å finne portrettet av han i gongen og av fetteren hans, Jakob Sverdrup, som var prest i Leikanger før han, å gå på det golvet og vere i det rommet. Det var ei sterk oppleving for meg.

Drypp frå arkiva kan spele ei viktig rolle Det er så viktig og bra at Fylkesarkivet no jobbar med å synleggjere tatarane i arkiva. Dette har vore eit nomadisk folkeslag som ikkje har hatt ein skriftleg tradisjon, og difor kan dei bli usynlege. Det vert ei feilvekt når ein har mykje skriftleg dokumentasjon, for

eksempel etter ein person som Walnum, og så lite etter dei reisande. Men dei dukkar opp, og alle dei små dryppa frå arkiva kan til saman fortelje ei historie. Det vart lagt fram eit dokument for Stortinget - tater-/romaniutvalet sin NOU om fornorskingsprosessen. Der kom det fram at psykiatrien framleis ikkje vil opne arkiva sine. Det er framleis eit misforhold mellom kva ein kan dokumentere av overgrep mot folket og det dei sjølve fortel. Det er ein skam. Det er absolutt på tide at også dei opnar arkiva sine. Nettopp fordi dei ikkje har hatt ein skriftleg tradisjon, og fordi så mange rett og slett har bukka under for de dei har vore utsett for, så er det eit misforhold når det gjeld kva historier som vert fortalt. Eg ser ingen grunn til ikkje å stole på dei munnlege forteljingane.

arbeid vil også kunne vere med å bygge opp stoltheita til dette folket som har vorte påført skam frå storsamfunnet. Det er eit livsviktig arbeid for mange. Menneskliv er som puslespelbitar. Det dukkar opp ei lita opplysing i eit arkiv her og i eit arkiv der. Til saman vert det danna eit bilde. Det er veldig viktig å ta vare på desse spora. Eg er veldig glad for at de gjer denne jobben.

Jo meir som kan dokumenterast jo betre. Dette er viktig av mange grunnar: Vi må alle lære meir om kva som har skjedd og forstå mekanismane for at det ikkje skal kunne skje igjen. Eit slikt 17


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Bygstad 1987. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

Glimt frå arkivet etter Vårdal Foto 

Av Elin Østevik

Ekteparet Sigvald og Annfrid Vårdal dreiv firmaet Vårdal Foto i Holmedal i over 40 år. Sigvald fotograferte medan Annfrid var delaktig i mørkeromsarbeid og drifta av firmaet. Fotoarkivet, som strekkjer seg frå oppstarten i 1960 og fram til nedlegginga i 2006, vert no bevart hjå Fylkesarkivet. Arkivet etter Vårdal Foto inneheld for det meste portrett- og gruppebilete. I arkivet finn vi mellom anna fleire årgangar med gruppebilete frå barnehagar og skular i Askvoll kommune, konfirmasjonar, songarstemne, slektsstemne og bryllaup. Albumet med oversyn over bryllaupsoppdraga gir eit artig innblikk i skiftande bruremotar dei siste tiåra! Vårdal Foto produserte også postkort. I samband med postkortproduksjonen vart det leigd inn fly for å fotografere frå lufta både i Askvoll og kommunane i kring. Dette materialet er ei viktig kjelde til korleis landskap og busetnad har endra seg i området. Sigvald Vårdal fotograferte dessutan små og store hendingar i lokalsamfunnet og han tok fotooppdrag for næringslivet. Mellom 18

anna inneheld arkivet fleire bilete frå Helle fabrikker og Hauglandsenteret. Fotoarkivet etter Vårdal Foto dekkjer ein tidsperiode som det tidlegare er bevart lite fotografisk materiale frå hos Fylkesarkivet. Samlinga, som i sin heilskap er fargefoto, er også ein materialtype som vi har lite av frå før av. Hovudvekta av materialet som per i dag er oppbevart hos oss er nemleg frå tida før 1950/1960, og det aller meste er svart/kvitt foto. Vi set såleis stor pris på at Annfrid Vårdal no har teke initiativ til at det samla fotoarkivet etter Vårdal Foto vert bevart hos oss.

Annfrid Vårdal har teke initiativ til at fotoarkivet etter Vårdal Foto vert bevart hos Fylkesarkaivet. Foto: Elin Østevik.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Songarstemne i Holmedal i 1977. Den grøne fana til venstre i biletet tilhøyrer Jølstrakoret. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

Klausen Mekaniske 1987. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

19


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

17. mai i Holmedal 1977. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

Taresamling. Fotografert for Norske Hagetidend i 1985. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

20


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Hauglandsenteret 1985. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

Interiør frå Hauglandsenteret, 1985. Foto: Sigvald Vårdal, Vårdal Foto.

21


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Artikkel henta frå Kulturhistorisk leksikon

Othilie Tonning på frimerke. 18. februar 1988 ga Postverket ut minnefrimerka «Frelsesarmeeen i Norge 100 år.» Frimerket med verdien 4,80 kr. har denne teksten: «Portrett av Othilie Tonning (1865-1931) og scene fra slumsøstrenes omsorgsarbeid.»

Othilie Tonning

– pioner i Frelsesarmeen

Av Hermund Kleppa

«Othilie Tonning – den kjendte oberst i Frelsesarmeen er død, 65 aar gammel». Det var tittelen på ei kort notis i avisa Sogningen tysdag 10. februar 1931. Jamt over stod det svært lite i Sogn og Fjordane-avisene om at hovudpersonen i Frelsesarmeen sitt sosiale arbeid i landet var død, og ingen ting om at Othilie Tonning hadde røter i Sogn og Fjordane. Ho slekta frå garden Tonning i Stryn. «Oberst Othilie Tonning død» Fjordabladet, Nordfjordeid, hadde denne nekrologen: «Sekretæren for det sosiale kvinne­ arbeidet i Frelsesarmeen, oberst Othilie Tonning døydde i heimen sin i Oslo fredag [06.02.1931]. Ho var fødd i Stavanger 1865 og arbeidde paa kontor der til 1891, same aaret vart ho offiser i Frelsesarmeen. I 1898 tok ho leidingi av Frelsesarmeens sosiale arbeid i Norig. Fraa 1904 til 1924 var ho sjef 22

for kvinnone sitt sosiale arbeid, eit yrke som ho tok att i 1929. Oberst Othilie Tonning hev lagt ned eit stort arbeid i Frelsesarmeen daa særleg i det sosiale arbeidet. Ho hev dessutan vore med i Oslo bystyre og formannskap og i ei mengd nemnder soleis utvandringsnemndi si forskingsnemnd fraa 1919. Ho fekk kongens fortenestmedalje i gull for sitt samfundsgagnlege arbeid [1910].”

Bok - «… gode gjerninger lagt til rette …» I 1941 kom det bok om Othilie Tonning. På tittelbladet står: «Othilie Tonning (…) minnerune over en førerskikkelse i nybrottstider for norsk sosialarbeid. 2. opplag, Slavat Kristelig forlag. Oslo 1941.» Fleire kapitteloverskrifter gjev stikkord til det vidtfemnande arbeidet Othilie Tonning var med i: slumsøstre, «Faklen» (eige blad), julegryten, redningsarbeidet, mødrehjem, barnekrybber, barneherberger, midnattsmisjon,


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Major Danielsen nemnde tildelinga i minnetalen sin på gravferdsdagen. Orda vitnar om eit menneske som ønskte å dele heider og ære med andre, med medarbeidarane sine, først og fremst slumsøstrene: «… da obersten [Othilie Tonning] i 1910 hadde fått kongens fortjenestemedalje hadde hun sagt: «jeg føler som om det ikke er meg som er berettiget denne utmerkelse. Jeg skulle helst ønske at jeg kunne dele den opp og gi mine kjære slumsøstre hver sin del av den.»

Tonning – gard og gardsnamn

Othilie Tonning (1865-1931),oberst i Frelsesarmeen, leiar for Frelsesarmeens sosialarbeid 1898-1924. Tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull 1910.

slumsentral, hjem for gamle, kolonier for småbarn, husvilleherberge, m.m. Minneorda stiftskapellan Egil Johnsen heldt i gravferda og omtalen i Morgenposten, Kristiania, er talande vitnemål om livsverket hennar: «Oberst Tonning var et av de lykkelige mennesker som fikk leve sitt liv for uegennyttig å tjene andre som hadde det vondt. Den store innsats hun hadde gjort på de sosiale område, var en nådegave hun hadde nyttet. Vi kan ikke alle gjøre det samme som hun, men vi kan alle lære av hennes eksempel, lære å elske og bli lysbærere i hver vårt krets.

Tonning er gardsnamn og matrikkelgard i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Garden ligg i Nedstryn, heilt ned mot øyra til fjorden, og omfattar pr. 2015 mykje av Stryn sentrum. Skulen i bygda har namnet Tonning skule. Tonning er ein svært gammal gard. I Jakob Aaland si bygdebok står det: «Tonning ligg særs lagleg til og har difor lenge vore ein samlingsstad for folk i bygda. Her har i meir enn tre hundre år vore handelsmenn og gjestgjevarar. Her har det jamleg budd lensmenn, her er gamal tingstad, her var det på take å skipe ladestad (…)» Gardsnamnet Tonning er eit uvanleg gardsnamn. Same namn finst berre i Hyllestad, Sogn og Fjordane. Utanom finst namnet Tonningsdalen i eit anna fylke. Om namnet skriv Jakob Aaland:

«Den gamalnorske forma (…) var Togningr, i dativ à Togninge. Det vert skrive i eller à Toghenge i Bj.K., [jordeboka Bjørgvin Kalvskinn, midten av 1300-talet], Thonningen (!) i 1563. Thoning i 1567, og sidan Tonning. Tydinga er uviss. Det kunne ha omsyn til [kan ha å gjera med] at jorda jorda ved nyrydjing vart lenger og lenger, men ikkje breiare. Naturtilhøvet gjev grunn til ei sovora tyding. Garden ligg under og langsmed ei noko bratt li, som for det meste er urydjeleg (…). Same namn i Hyllestad.»

Slektsline til garden Tonning, Stryn, Sogn og Fjordane ANNA OTHILIE TONNING fødd 4. januar 1865 i Stavanger, død 6. februar 1931 i Oslo, høyrde til den norske slekta Tonning med opphav på garden Tonning i Stryn. I Norsk Biografisk Leksikon (b. XVI, 1969) er slekta ført tilbake til Rasmus Salomonsen Togning, nemnd som lensmann i 1621.

Foreldre – Henrik Fasting Tonning og Anna Olsdotter Saude Henrik Fasting Tonning (1823-1896), fødd på Sand, Rogaland, og Anna Olsdotter Saude. H.F. Tonning budde fleire stader, såleis i Stangvik på Nordmøre (1874-1877), i Stavanger og Klepp. Han var gardbrukar, sjømann, trelasthandlar, frå 1860 nokre år kaptein på dampskipet «Ryfylke», seinare fyrvaktar på Feistein og Obrestad.

Ved Othilie Tonnings død har Frelsesarmeen tapt en av sine største krefter og byen mistet en ildsjel av de sjeldne. I 30 år har hun stått i spissen for det sosiale arbeidet som hennes arbeidskraft, hjertevinnende vesen og enestående administrative evne er drevet fra til å bli en betydningsfull faktor i vårt samfunn (…). Den gjerning hun i livet har utrettet, vil vedvare og være det mest veltalende ettermæle som kan reises over et menneske.»

Kongens fortenestemedalje I 1910 vart Othilie Tonning heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull.

Othilie Tonning var fødd i Stavanger. Byen har ei gate med namnet hennar og ein plass. På skiltet står: «Othilie Tonnings Plass. Til minne om Othilie Tonning (1865-1931) – Stavangerjenta som bygde opp Frelsesarmeens sosialarbeid i Norge.» Fotograf: Jan Alsvik. Datering: 2015

23


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Othilie Tonning blir gjerne omtalt som mor til Frelsesarmeen si vidgjetne julegryte. I november 1901 stod å lesa i «Norske Intelligenssedler»: «Frelsesarmeen her i byen [Kristiania] vil i år på en ny og original måte forsøke å samle inn penger til hjelp for fattige til julen. Stabskaptein frøken Tonning meddelte oss i dag, at man har fått politimesterens tillatelse til rundt om i byen å anbringe gryter, hengende i et stativ, på hvilket man vil feste en plakat med denne innskriften: Til julemat til fattige. En slumsøster vil stå vakt.»

Farfar – Peder Kristian Tonning Peder Kristian Tonning (1792-1866), fødd i Fusa, gift med Joren Rasmussen «Lenne», Stavanger. I 1822/1823 busette han seg på Sand som landhandlar etter at han hadde reist til sjøs fleire år, den siste tida som styrmann. Allsidig verksemd på Sand: handel, gjestgjevar, laksefiske, jekteeigar. Flytte i 1862 til Hetland og budde hjå sonen Henrik Fasting.

Oldefar (farfars far) - Rasmus Tonning

Rasmus Pederson Tonning (1744-1835), fødd i Stryn, Innvik prestegjeld, gift med Alida Marie Fasting. Han var teolog, og gjorde teneste i Førde, Os, Vikøy og Hjelmeland (1807-1823). I 1823 flytte han til Hellesøy, Hetland prestegjeld. Rasmus Tonning døydde i 1835 og vart gravlagd på Høyland kyrkjegard.

24

Othilie Tonning høyrer til den norske Tonning-slekta, som har sitt opphav på garden Stryn i Nordfjord, Sogn og Fjordane. «Perhus-tunet med den gamle brua på Tonning» står som tekst til dette biletet i bygdeboka Nordfjord frå gamle dagar til no (…) Innvik – Stryn» (1932, nyutgåve 1973). Her budde folk av Perhus-slekta (Tonning-slekta) etter stamfaren, Rasmus Salomonsen Tonning, nemnd som lensmann 1621. Han og slektningar sat som handelsborgarar og gjestgjevarar i «Per-husa på Tonning» til kring 1829.

Tippoldefar (farfars farfar) – Peder Tonning

Peder Pederson Tonning (1708-1798), fødd i Stryn, Innvik prestegjeld. Han budde på Tonning, var handelsmann, gjestgjevar og ei tid lensmann i Olden. Peder Tonning døydde i januar 1798, 90 år gammal.

«Hurra for Othilie Tonning» Som punktum på denne artikkelen passar ei notis om Othilie Tonning i Nordre Bergenhus Amtstidende, 13. april 1910. Avisa hadde lese riksavisa Verdens Gang, Kristiania: «Hurra for for Othilie Tonning»! lyder overskriften på en begeistret lovtale (…) over frk. Othilie Tonnings omfattende arbeide i den praktiske kristendoms tjeneste. Forfatteren avslutter sin artikkel med følgende ord: «Dette iderike og handlekraftige menneske skulde ganske alene være værgeraad! Hvis jeg stod op paa Tullinløkken og sagde dette: Vi utnævner Othilie Tonning til æresborger av Kristiania! saa vilde det hilses med et enstemmigt ja. For hvad hun har udrettet her i byen for fattige, forkomne, syge, gamle, smaa, det er kjæmpemæssig ligefrem. (…)»

Frelseskrig i 100 år Frelsesarmeen i Sogndal 1915–2015 Redaktør Emil Skartveit

Frelsesarmeen i Sogndal rundar 100 år, og har laga jubileumsbok, 113 sider, redigert av Emil Skartveit. Elles seier dei ikkje Frelsesarmeen i Sogndal, dei seier Armeen, dei går på Armeen. Gunnar Yttri stadfester dette: «Ja, det er slik at sogndøler seier “armeen” og Olav Loftesnes som var lokal offiser, vart berre kalla “arme-Ola” eller “brigaderen”. Og eg hugsar at då eg byrja å spela gitar, var det eldre folk i bygda som trudde eg var byrja i “armeen” fordi eg bar på ein gitar.»


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Elvis og fylkesarkivet

Av Henning Rivedal

Som tittelen peikar mot, skulle altså Elvis Presley frå Memphis Tennessee og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ha noko med kvarandre å gjere. For det er slik at når Leikanger mannskor skal lage Elvis cabaret, så er fylkesarkivet første kjelda dei oppsøker. Ingen kan synge som Elvis, men verda er full av imitatorar. Framleis, 38 år etter at han døydde tenar han fleire hundre millionar dollar i året. Då er det naturleg for eit mannskor å markere at Elvis ville ha fylt 80 år viss han hadde levt i 2015. Bakteppet for carbareten som markerer at mannskoret fyller 90 og ”The King of Rock’n Roll” 10 år mindre, vert å finne fram til Elvisen i oss, same kvar vi er og kor gamle vi er. Det er i den samanhengen at fylkesarkivet og biletsamlinga dei rår over har noko med lastebilsjåføren frå Memphis midt på 1950-talet å gjere. Elvis var fattigguten som vart fødd i ei lita stove i Tupelo og flytta til Memhis med mor og far sin. Der fekk han deltidsjobb som lastebilsjåfør. Slik vart han ein av oss samstundes som han vart draumeprinsen som vann finaste jenta og heile popverda før han drukna i sin eigen suksess. Kva om han hadde kome til oss. Kanskje kunne han vorte bussjåfør i Brekke og sunge i Brekke mannskor? Kanskje kunne han møtt hin kongen, Olav’en vår då Måløybrua vart opna tidleg på 1970-talet, og kva ville han ha meint som 80-åring om debatten om bru til å krysse Nordfjorden med? I fylkesarkivet har Leikanger Mannskor skanna seg gjennom alle 26 kommunane sine bilete i fylkesarkivet for å finne spor av bygda-Elvis’ane, fjordElvis’ene, ferje-Elvis’ane eller alle di andre Elvis’ane som har levd og lever i Sogn og Fjordane. Sett i slike samanhengar stig tenestene til fylkesarkivet fram i all sin velde. Her kan det leitast og treng du hjelp så spør, og du vil alltid få svar. Biletsamlinga til fylkesarkivet kunne vore større,

Ein typisk bygde-Elvis i Sogn og Fjordan. Fotograf: Laila Lone. Datering: 1958.

meir variert og gitt eit meir finmaska bilete av kva som gjekk for seg her i den tida då Elvis levde, men Leikanger mannskor fekk iallfall nok til å komme på sporet av Elvis i fylket vårt. Det vi ikkje fann i fylkesarkivet gjekk det greitt å kunne supplere frå andre kjelder, slik det alltid vil vere når du leitar og har ei nokolunde klar formeining om kva du leitar etter. Eit anna viktig poeng er at fylkes­ arkivet er vår inngangsport til eit kunnskapsunivers der ikkje berre Elvis lever, men alle dei andre som har hatt eit eller anna ord med i laget. I den samanheng er det diverre slik at mykje av biletskatten frå etterkrigstida

framleis ligg rundt om i heimane. Til dømes var det ikkje eitt einaste bilete å oppdrive som viste ungdom som dansa swing eller rock. Norges Røde Kors hadde ein gong eit slagord som lydde slik: Hjelp oss å hjelpe. Det slagordet kunne godt fylkesarkivet brukt viss dei ville gå ut til folk i fylket og be dei ta kontakt for å forsyne biletsamlinga med sine bilete. Hjelp oss å hjelpe folk som treng gode biletillustrasjonar. Eg seier i alle høve til fylkesarkivet på vegner av Leikanger mannskor: Takk for hjelpa!

25


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Fylkeshuset står seg godt etter 25 år. Fotograf Knut Henning Grepstad

Frå hotellrom og brakker til eige administrasjonshus for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Av Kjerstin Risnes

Fylkeshuset fyller i år 25 år. 4.oktober 1990 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune endeleg herre i eige hus, i Askedalen på Hermansverk. Etter mange år som leigetakar kringom i Systrondsbygda vart fylkesadministrasjonen samla under same tak. Unntaket var fylkeskulturavdelinga og fylkes­tannlegen som vart verande i Førde. Den nye fylkeskommunen – eit nytt regionalt forvaltningsnivå med endra ansvar og oppgåver Den nye fylkeskommunen, med direkte val av fylkespolitikarar til fylkestinget og eigen administrasjon, vart etablert i 1976. Frå 1837 hadde det vore ordførarane som utgjorde fylkestinget, med fylkesmannen som administrasjonssjef. I ein reformperiode som gjekk over 30 år, vaks oppgåvene og ansvaret til fylkeskommunen. Fylkeskommunen gjekk i perioden frå å vere eit hjelpeorgan for kommunane til å bli eit forvaltnings- og sjølvstyrenivå med ansvar for sentrale samfunnsoppgåver i fylket. 1976 vart det sett sluttstrek for 26

reforma gjennom etableringa av den nye fylkeskommunen, som no stod på eigne bein med eigen administrasjon og direkte valt fylkesordførar. Leif Iversen frå Vågsøy vart den fyrste fylkesordføraren etter den nye modellen, medan Odd Søfteland vart tilsett som den fyrste fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane. Etter eitt år tok Svein Lundevall over stillinga, som han hadde i 20 år.

Trong for ei samla administrativ eining Eit heilt nytt forvaltningsnivå hadde vakse fram, og den nye veksande administrasjonen hadde behov for å

bli samla i ei meir rasjonell eining. Argumenta var mange, ein tungrodd administrasjon med lite rasjonell drift både økonomisk og elles, manglande intern samhandling, fare for ustabile arbeidstakarar grunna dårlege arbeidsvilkår og ulemper ved rekruttering. Det vart også peika på at reformene i lokalforvaltninga med auke i oppgåver på fylkesnivå mest truleg ville halde fram, noko dei også gjorde ut over i 1980-åra. Leigemarknaden i Leikanger var alt trong, og det ville såleis vere vanskeleg å få dekt framtidig kontorbehov utan at det vart bygt eit eige administrasjonsbygg. Talet på tilsette i 1978, rekna i heile stillingar, var 77,7.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Kontor over heile bygda Dei ulike avdelingane var spreidde frå innerst til ytst i bygda. Utbyggingsavdelinga heldt til i 2.etasje på Sogn Samvirkelag på Leikanger, avdelingane for samferdsle og bygg og eigedom leigde rom på Sognefjord Turisthotell på Hermansverk, fylkesskulesjefen heldt til i Årskogbygget på Hermansverk, og midt i bygda, ved og i Tinghusanlegga, held sjukehussjefen til i eiga kontor­ brakke, fylkesrevisjonssjefen i Tinghus II og fylkesrådmannen, inklusiv økonomiavdelinga, heldt til i Tinghus I. Kulturavdelinga og fylkestannlegen låg i Førde. Då administrasjonen på Leikanger vart samla, hadde 190 personar arbeidet sitt her, 140 i sentral­ administrasjonen, 40 i KDV, sju på Fylkesarkivet og ein på NRK sitt lokalkontor.

Eit stridens hus - 10 år på vent og to år med bygging Heile tolv år tok det frå det vart vedteke å setje i gong det førebuande arbeidet til fylkesrådmann Svein Lundevall kunne setje nykkelen i døra. Eit samrøystes desemberting i 1978 hadde sagt ja til dei skissene som låg føre, og fylgjande vart oppnemnde til å arbeide vidare med saka: Knut Henning Grepstad, Norvald Viken, Sverre Aas, Kjellaug Bøthun og Alvhild Tveit. Men prosessen vart stogga undervegs. Den fylkeskommunale økonomien var ikkje den beste, og det var mange oppgåver som skulle realiserast i den nye fylkeskommunen. Eit administrasjonshus vart ikkje fyrstevalet.

Fyrst ti år seinare, i 1987, vart saka teken opp att. Det vart no sett i gong eit forprosjekt, og på desembertinget same året vedtok fylkestinget at huset no skulle byggjast, med oppstart i 1988. Men trass i vedtak om oppstart, vart arbeidet igjen stogga for ein periode. Årsaka denne gongen var at rekkjefylgja av andre bygg skulle avklarast fyrst. Men motkreftene var mange og motiva var kanskje ikkje alltid det dei gav seg ut for. I avisa Firda Folkeblad, datert 28.4.1988, kan vi lese om ein aksjon mot bygging av fylkeshus som både fylkestingsmedlem Astrid Stegane og fylkesordførar Ola M. Hestenes har kommentert. I innlegga ber dei fylkestingsmedlemmene halde fast på vedtaket om å byggje eit fylkeshus. Aksjonsgruppa som skulle vere oppretta i løynd, hadde sitt utspring i miljøet kring sentralssjukehuset i Førde. Den offisielle grunngjevinga var krav om analyse med tanke på konsekvensane eit fylkeshus ville ha for økonomien dei komande åra. Men korkje Hestenes eller Stegane kjøpte dette argumentet. Dei var ikkje i tvil om at det eigentlege målet var å hindre bygging for å kunne flytte fylkesadministrasjonen til Førde. Men aksjonen lukkast ikkje. Då fylkestinget 5.oktober 1988 vedtok endeleg byggjestart, gjekk det berre fem dagar før arbeidet var i gong. No gjekk arbeidet unna, og 4.november 1990 vart bygget overlevert til fylkeskommunen, mest på dagen to år etter. Helga 19 -21.oktober flytta

Knut Henning Grepstad, dåverande assisterande fylkesrådmann, var med i planprosessen frå den spede byrjinga i 1978 fram til sommaren 1988 då bygge- og eigedomsavdelinga overtok prosjektet. Foto: Fylkesarkivet

dei tilsette inn. Eit nytt kapittel i den administrative historia kunne byrje.

Eit hus i stadig omstilling Mykje vatn har rent i havet sidan Fylkeshuset vart bygt. Einingar har skifta namn, og mykje er annleis organisert. Nye reformer har både gitt og teke arbeidsoppgåver frå den fylkeskommunale administrasjonen. Eit døme på endringane kan vere sjukehusreforma der staten overtok ansvaret for sjukehusa i 2002. Dermed forsvann heile avdelinga til fylkeshelsesjefen. I 2010 overtok fylkeskommunen ansvar for dei tidlegare riksvegane og dermed kom det nye arbeidsoppgåver for administrasjonen. I 2011 vart også tannhelsa omorganisert, og avdelinga lagt til Fylkeshuset på Hermansverk. Også på leigetakarfronten har det skjedd endringar. Leigetakarar er flytta og nye er komne til.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - ein stødig leigetakar i 25 år Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane flytta som fyrste avdeling inn i Fylkeshuset, 7.november 1990. Dei sju fyrste åra (1983-1990) leigde Fylkesarkivet lokale ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Arbeidsoppgåvene vaks, og det var behov for meir plass og eige magasin. Då dei flytta inn i det nye Fylkeshuset, kom dei meir eller mindre tomhendte, utan utstyr eller inventar. Firdasalen er hjarta i Fylkeshuset. Her møtest dei fremste folkevalde i fylket til tingsete, politikar­dagar, debatt og diskusjon. Også Ungdommens fylkesting går av stabelen her. Firda­salen er også møtestaden for allmøte, kurs- og informasjonsverksemd, og hygge­ samvere for dei tilsette. Foto: Fylkesarkivet

Hermund Kleppa, som då arbeidde ved Fylkesarkivet, fortel at dei var både spente og ivrige etter å kome på plass i det nye Fylkeshuset. «Me skulle inn i 27


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

trasjonen for tannhelsa plassert her. 21 personar er leigetakarar, samt ein som er tilsett i kantina. Leigetakarane er Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane revisjon IKS. Forutan rådmannen og hans stab er det per no fem avdelingar med kvar sin direktør. Avdelingane er samferdsle, plan og samfunn, næring, opplæring og kultur. Frå 1.april 2016 vil det skje ei omorganisering i sentralsadministrasjonen med færre direktørar og samanslåing av avdelingar. Talet på personar som har arbeids­ plassen sin ved fylkeshuset har gått noko ned. Totalt er det 162 personar som i dag har arbeidsplassen sin på Fylkeshuset mot 190 for 25 år sidan. Fylkesarkivet med musikkarkiv, kommunale- og fylkeskommunale arkiv, privatarkiv, fotoarkiv og avdeling for stadnamn held også til på Fylkeshuset. Ei viktig oppgåve er å gjere arkivmateriale digitalt tilgjengeleg. Foto: Fylkesarkivet

det nye magasinet for å sjå - Gunnar og eg, etter arbeidstid, halvmørkt . Fullt med forskaling og greier - eg først - og trødde rett uti - om ikkje til livet eller opp under armane - så nedi til okla rask retrett - sjølvsagt - og resolutt handling for å få sporet reparert «, fortel Kleppa og ler godt. Karane for på leit etter reiskap for å slette avtrykket ,og det gjekk bra for begge hadde røynsle med betongarbeid.

magasindelen, med ein kapasitet på 10 000 hyllemeter, ligg i kjellaren og under jorda. Kapasiteten på det gamle magasinet vart etter kvart for liten, og i 2006 stod dei nye magasina ferdige. I skrivande stund er deler av det gamle magasinet i ferd med å bli nytt fotomagasin.

Ein stor arbeidsplass for heile regionen

Fylkesarkivet har flytta fleire gonger som følgje av nye behov. Avdelinga held i dag til med kontor og lesesal i fyrste etasje, medan arbeidsrom og

Per i dag arbeider det 162 personar på huset. Av desse er 137 fylkes­ kommunalt tilsette, samt fylkes­ ordførar, fylkesvaraordførar og sekretariatsleiar. I tillegg er adminis-

Kjelder og litteratur: •• Hermund Kleppa, mangeårig arkivar ved Fylkesarkivet •• Brosjyre om Fylkeshuset. Fylkesrådmannen oktober 1990 •• Fylkestingsforhandlingar , Sogn og Fjordane fylkesting 1978 •• Årsmeldingar for Sogn og Fjordane fylkeskommune •• Årsmelding 1991 for Fylkesarkivet •• https://no.wikipedia.org/wiki/ Fylkeskommune , sett 22.09.15 •• Firda Folkeblad 28.4.1988: •• http://www.nb.no/nbsok/nb/9478f8bf 252577104379cfc9a30cb86b?index=1

Tinghus 1 ligg midt i bygda og her heldt deler av sentraladministrasjonen heldt til fram til 1990. Foto: Fylkesarkivet

28


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Skanning er kult. Foto: Fylkesarkivet

Leikanger ungdomsskule på sitt årlege besøk på Fylkesarkivet

 Av Kjerstin Risnes

Torsdag 1. oktober 2015 hadde vi det årlege besøket av Leikanger ungdomsskule. Vi kunne ta i mot 35 elevar denne gongen og er stolte over at vi er blitt ein fast del av skulen sitt opplegg kvar bidige haust. Vi ser gjerne at andre skular også kjem på besøk. Prosjektet «Bygda vår» og entreprenørskap i skulen Føremålet med besøket er tosidig. Elevane har kvar haust eit lokalhistorisk prosjekt, «Bygda vår», der dei skal bli kjende med bygda si historie på ulike måtar. I tillegg til bygdevandring er besøket hos oss blitt «obligatorisk». Det set vi pris på. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Leikanger ungdomsskule har skrive ein partnarskapsavtale om entreprenørskap. Eitt av måla er at auka kunnskap og kontakt med lokalsamfunn og arbeids- og samfunnsliv skal gje elevane betre grunnlag for val av utdanning og yrke. Vi

håper difor at besøka på Fylkesarkivet skal inspirere til å velje oss som arbeidsplass om nokre år.

Dagens mål Opplegget kan variere frå gong til gong, men denne gongen starta vi med fellessamling i Firdasalen der fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl kort presenterte Fylkesarkivet og kvifor vi har arkiv. Han skisserte eitt mål for dagen: « Gje ei betre forståing av kva materiale Fylkesarkivet tek vare på.. slik at de i morgon, overimorgon eller om 50 eller 100 år skal kunne gjere bruk av dette materialet når de har bruk for det.»

Soga om felespelaren «Grevle-Per» Musikkarkivar og felespelar Synnøve S. Bjørset slo deretter bokstaveleg og musikalsk an tonen for dagen. Gjennom ord, bilete og tonar gav ho elevane innføring i musikkarkivet og historia om spelemannen Per Sandnes, kalla «GrevlePer», frå Lærdal. Synnøve viste korleis ho fann ein tone, ein note, og byrja å leite i ulike arkiv etter fleire opplysningar om denne personen til ho hadde eit bilete av kven han var, kva han dreiv med, kven familien hans var etc. Ho kunne fortelje at spelemannen høyrde til dei reisande, og at han var ein mangfaldig person som ikkje berre kunne spele. Han komponerte og laga feler, der to av dei finst på Sogn Folkemuseum. Han var i tillegg både båtbyggjar og smed.

29


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Arbeidslina vår Som arkivarar arbeider vi med arkiva våre på ulike måtar. Vi går difor alltid ein runde med elevane der vi viser dei ulike arbeidsstasjonane, arbeidsprosessane og freistar å forklare korleis og kvifor. Vi starta i mottaksrommet der vi tek i mot arkiv i større og mindre mengder, gjekk vidare på ordningsrommet der folk ordnar og systematiserer papir i store mengder, før materialet til sist hamnar i magasina og vert hylleplassert. På ordningsrommet står også den store bokskannaren vår som er i dagleg bruk. Ei viktig arbeidsoppgåve for Fylkesarkivet er å gjere materialet tilgjengeleg digitalt og store mengder vert difor skanna og lagt ut på heimesidene våre, http://www. fylkesarkiv.no/ I tillegg digitaliserer vi mykje direkte til publikum i samband med førespurnader. Det er alltid stas når elevane får prøve seg på skanninga og sjå resultatet.

10000 hyllemeter med papir og spanande historie Hovudmagasinet, som rommar store mengder papirarkiv, vekkjer alltid undring, slik også denne gongen. Her plukkar vi alltid fram utvalde

Fylkesarkivaren skisserer dagens mål. Foto: Fylkesarkivet

arkivstykke frå Leikanger. Denne gongen fekk dei mellom anna sjå eit av dei eldste «arkivsmykka « våre, ein gamal skuleprotokoll frå 1700talet. Privatarkivaren har også mange godbitar og kunne denne gongen vise fram ei rekkje dommarkort frå Sogn og Fjordane fotballkrins. Naturleg nok vart Syril sine kampar vart granska nøye,

og her dukka både den eine og andre kjenningen opp på laget.

Skulepulten frå Sogns Barneheim og «musekista» Eit obligatorisk stopp på vandringa vår er skulepulten frå Sogns Barnheim med gamle skulebøker og «musekista». Historia om barneheimen er kjend for

Nokon som diggar felemusikk her, spurde musikkarkivar Synnøve S. Bjørset og drog til med ein slått. Foto: Fylkesarkivet

30


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

med gamle aviser og originalt kjeldemateriale. Denne gongen kunne vi fleire stader plukke opp den raude tråden musikkarkivaren hadde gitt oss om «Grevle-Per», gjennom skuleprotokollar, private brev og stadnamn på nett. Slik kunne også våre arkiv vere med å fylle ut biletet av denne spelemannen. I tillegg fekk dei lære om foto, gjere fotosøk og bruke av stadnamnbasen vår. Slike aktivitetar fengjer dei fleste, og elevane er nokre kløpparar på data.

Mykje å lære både for oss og elevane

Historia om Sogns Barneheim engasjerer. Foto: Fylkesarkivet

mange, og fengjer like mykje kvar gong. Mest kvar gong er det ein eller fleire elevar som vil nytte dette som tema i framføringa om «Bygda vår.» Slik var det også i år. « Musekista « er eit gamal trekiste, der ei mus eller fleire har forsynt seg kraftig både av kista og papira som var inni. Kista er eit konkret og sørgjeleg prov på korleis det kan gå med verdifult arkivmateriale viss

det ikkje vert teke hand om på ein god måte.

Elevaktivitet er viktig Vi ser det som viktig at elevane vert kjende med dei ulike delane av arbeidsfelta våre gjennom litt eigenaktivitet. Dei fekk difor ulike arbeidsoppgåver både frå kommunale arkiv og privatarkiv, samt at dei fekk gjere seg kjende

Å ha elevbesøk er inspirerande, utfordrande og kjekt. Om vi klarte å oppfylle dagens mål, vil vise seg. Men historia om spelemannen Grevle-Per hugsa alle på slutten av dagen, i alle høve. Vi takkar igjen for at vi er komne på timeplanen til Leikanger ungdomsskule og ynskjer neste års elevar velkomne. Skulle det vere andre skular som ynskjer liknande opplegg, ta berre kontakt.

Privatarkivar Per Olav Bøyum og ein av elevane skannar ei gamal møtebok. Foto: Fylkesarkivet

31


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Unikt skuleprosjekt med Hyllestad som pilotkommune 

Av Kjerstin Risnes

Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen har no fyrt av startskotet for det det store skuleprosjektet Skulen min. Hyllestad vil vere vår pilotkommune. I tre år framover skal vi arbeide med dette spanande prosjektet. Vi ynskjer å få fram ei mest mogeleg komplett skule­historie for fylket fram til 1960/70-talet, som skal presenterast i ein digital portal. Denne skal vere open for alle, brukarvennleg og eit godt og nyttig verkty for folk flest og fagfolk. Vi er ambisiøse og tek sikte på at arbeidet vårt og den digitale løysinga skal danne mal for andre fylke.

Skulen er og var viktig for folk Folk i fylket er og har vore opptekne av skulen sin. Les vi gamle skulestyreprotokollar, andre skriftlege skulekjelder og avisinnlegg ser vi at nedlegging av skular og for ikkje å snakke om plassering av skular, kunne få sinna i kok. Debattane og diskusjonane om kvar skulen skulle liggje, kunne gå i årevis. Likeins galt dette om ein skulekrins skulle leggjast ned. Kven har ikkje høyrt historier om at folk gjekk med måleband for å vere heilt sikre på at den nye skulen vart liggjande på meteren slik at alle i krinsen fekk like lang skuleveg. Skulen kunne då hamne midt i ei myr, men lik avstand vart det.

Det fyrste skulehuset i Davik, innvigd 1. november 1864. Det var skulestove i fyrste høgda, og lærar- og klokkarbustad i andre. På biletet ser me 10 jenter, 9 gutar og truleg 3 lærarar. Datering: 1891. Fotograf: I.I. Hellebust.

32

Skuleborn i Borsholm skule ca. 1954. Skulen vart nedlagd i byrjinga av 60-åra og er no fritidshus. Oddlaug Holten var lærar og tok biletet. Her er dei 8 borna oppstilte framfor skulehuset. Elevane er: Kåre Eide, Malvin Storesund, Steinar Åsmul, Signe Huke, Reidar Sellevoll, Jan Borsholm, Asbjørn Eide, Ruth Åsmul. Foto: Fylkesarkivet

Skulevegen er også ei viktig del av skulehistoria Skulevegen var også tema i tidlegare tider, slik det er i dag. Dagens foreldre protesterer når skular vert lagde ned og barna må fraktast med buss i fleire timar per dag. Går vi litt tilbake i tid, handla protestane meir om lang, slitsam og gjerne farleg skuleveg til fots eller til sjøs. Ei slik sak finn vi forhandlingsprotokollen for tilsynsutvalet for Rygg skulekrins i Hornindal kommune. Det var halde krinsmøte 6.mars 1892 og saka galdt samanslåing av to skulekrinsar. Overtilsynet og amtsskulestyret hadde gjort vedtak om at Rygg skulekris skulle leggjast ned og innlemmast i Haugen. Saka hadde gått i fleire år, men no var det endeleg og velsigna av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Men dei frammøtte på krinsmøtet ville likevel ikkje godta vedtaket og det var skulevegen som var hovudargumentet deira for å stritte i mot. (…) Da kredsmøtet anser samenslutningen af Rygg og Haugen skolekredse for uheldig, saa andrages kredsmøtet om at, skolestyret maa søge udvirket, at den bestemte sammenslaaing af Rygg og Haugen skolekredse ikkje bliver gjennomført. Kredsmødet synes, at

her er sterke grunde mod, (…)Her er veirhaardt strog, og snemengden er ofte stor. En del gaarde ligger langt frå hovedveien. Skal børnene først gaa et langt stykke i dyb løs snø og så dertil langt praa hovudveien, saa langt, at det i alt bliver hendimot 3 kilometer, saa bliver det nok for meget.» I kjeldene våre kan vi også finne døme på at foreldre heilt opp mot 1960-talet fekk litt godtgjersle for å følgje borna sine over farlege parti til og frå skulen. I Hyllestad skulestyret finn vi følgjande vedtak: “Sak 11/58 Søknad om skyssgodtgj. – folkeskulen. Det førelåg søknad frå Hans Instefjord om ei rimeleg godtgjerdsle av di han må fylgje borna til og frå skulen i styggever. Vedtak. Då skulevegen for det meste går gjennom utmark og ulende, urd, svaberg og elvefar, meiner skulestyret at borna treng fylgje til og frå skulen skal ein vera trygge for dei. Ein vil difor rå til at Hans Instefjord får den same godtgjerdsle som andre forsytarar i liknande tilfelle – i 6 mnd for året. Vedtaket vert å senda kommunestyret til godkjenning. Samr.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Skulevegen kunne vere både farleg og strabasiøs, men av og til vart han så lang at det ikkje var anna råd enn å sende skuleborna på hybel eller internat. Då Leikanger kommune innførde 9-årig ungdomsskule i 1967 måtte elevane frå den veglause bygda Frønningen bu på hybel i Leikanger. Skulevegen var også arbeidsvegen til læraren. Læraren kunne skule i fleire krinsar, og av og til tok han med seg skulesakene sine og budde på staden i dei vekene han heldt skule. Så for han vidare til neste skulekrins. Arbeidsvegen til læraren kunne gå både til «lands og vanns», så kunne vere strevsamt å vere lærar i grisgrendte strøk. Det står heller lite om arbeidsvegen til lærarane i våre kjelder, så slik informasjon vil vi ta i mot med takk.

Den digitale portalen Arkivmateriale frå skulane er mykje etterspurt. Det kan t.d. vere namn på lærarar, tal på elevar, når skulen vart bygt, når skulen vart nedlagt, kvar skulevegen gjekk, kor mange veker dei gjekk på skulen ,eller det kan vere folk som er på jakt etter slekta og brukar skuleprotokollar i dette arbeidet. Ein digital portal fullspekka med opplysningar vil gjere dette arbeidet enklare både for oss og publikum. Gjennom den digitale portalen, som vil vere kartbasert og sortert etter kommunar, skal vi kunne gå inn og få fram opplysningar om den einskilde skulen, bilete av skulehuset, interiør, elevar, lærarar. Målet er også å få fram endringane i krinsane på det digitale kartet slik at vil kunne sjå korleis skulestrukturen har endra seg.

bygdelaga at kunnskapen finst. Det kan vere hos kommunen, i sogelag, pensjonistlag, andre frivillige lag/ organisasjonar og ikkje minst hos einskildpersonar.

Pilotprosjektet er i gong Vi valde Hyllestad som pilotkommune. Kommunen er spreiddbygd og rimeleg stor i omfang, med busetnad både ved innland og kyst. Korleis folk budde, speglar skulestrukturen og dette ynskte vi å få fram. I ein pilot kan vi også prøve og feile litt og eventuelt justere kursen undervegs. Kvar veke jobbar no to tilsette på Fylkesarkivet med å gå gjennom heile skulearkivet for å få oversikt og registrere opplysningar som vi tenkjer skal inn i den digitale portalen. I tillegg har vi hatt fyrste møte med nokre aktuelle informantarar og samarbeidspartnarar og fått idear og innspel. Det er også nokre som på eige initiativ har teke kontakt, og det set vi

umåteleg pris på. Men arbeidet er så vidt starta, så ta gjerne kontakt om du har noko på hjarta, stort eller lite. Vi tek elles i mot alle gode innspel, både frå Hyllestad og resten av fylket. Kontaktpersonane er : Sigrun Espe, prosjektleiar, Espen Sæterbø og Kjerstin Risnes.

Kjelder: •• Hornindal kommune. Forhandlingsprotokoll for tilsynsutvalet Rygg skule, 1890-1965 •• Hyllestad kommune. Skulestyret. Møteprotokoll 1945 – 1963 •• Internett: http://www.allkunne.no/framside/ fylkesleksikon/skular/ungdomsskulen-i-leikanger/1910/78604/ lese 04.11.15

Arbeidet med det digitale verktyet er godt i gang, og med jamne mellomrom vert vi oppdaterte med konkrete døme på korleis sidene vil sjå ut og fungere. Det lovar godt.

Samarbeid med alle gode krefter i kommunane Skulen rommar så mykje, og dette ynskjer vi å få fram gjennom prosjektet vårt. Men å kartleggje flest mogelege sider ved skulen i heile fylket, er omfattande. Vi må difor ut på frieri til alle gode krefter som kan sitje på informasjon, bilete, gode historier etc. Det er ute i kommunane, grendene og

Nokon som hugsar potetferiane? Dagens skulebarn har framleis haustferie, men det var ikkje slik ferie Naustdal jordstyre sende brev om til skulestyret hausten 1940. Dei ville minne skulestyret på trongen for arbeidskrafta til elevane når potetene skulle takast, og var også villige til å stille med fagleg rettleiing om det skulle vere trong for det.

33


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Er det nokon som græt i Gråtarura, og kva tyder Spikkelasisvaet? 

Av Kristian Solvang

Til namnet Gråtarura i Høyanger har informanten følgjande merknader: «Namnet kjem av at det i denne ura er nedgrave eit udøypt barn. Om nokon kunne gje barnet namn, ville gråten stogga». Om Gråtaruri, også uttala /Graotaruri/, i Sogndal heiter det at «huldrene gret då fælt der». Ved Gråtarsteinen i Lærdal meinar dei det har blitt født eit barn. Det er registrert ca. 40 stadnamn som inneheld leddet «-gråt-« i Sogn og Fjordane. Det er påfallande at alle desse namna finst i Sogn, mest i Indre og Midtre. Det er ikkje registrert eitt einaste i Sunnfjord og Nordfjord. Forklaringa er tilsynelatande enkel, det har med språk og dialekt å gjere. I Fjordane vert dette ordet skrive og uttala «grot» eller «grøt», frå norrønt «grjot» = stein. Om dette har eg skrive i ein annan artikkel. Den norrøne vokalen «o med kvist» vert ofte uttala som «å» i Sogn: Ospi /åspi/, Novi / nå:vi/, Morki /mårki/, Svor /svå:r/. I Årdal og Lærdal blir å-lyden også brukt for -ø- i mange ord: mjål (=mjøl), bjådla (=bjølle), smår (=smør) og kjåt (=kjøt). Når så det gamle ordet for stein, «grot», i Sogn uttala «gråt», ikkje lenger blir forstått av folk, tek fantasien og folkeetymologien over. Folk vil gjerne ha ei forklaring på alle namn, og trur det ha noko med «å gråte» å gjere. Om ei anna Gråtaruri i Sogndal heiter det at det var ein utslåtteteig, men med så mykje stein at ei jente som slo der, begynte å gråte. I Gråtaren i Lærdal dryp det vatn heile tida, som ser ut som tårer. Om Gråtaren i Aurland står det at det var ein slåtteteig med så mykje steinete mark at «det var til å gråte over». Ja, ja, det kunne det nok sikkert vere grunn til! Eg listar opp ein del namn her: Gråten, Gråtandeteigen, Gråtesvadet, Gråtandebakken, Gråthelleren, 34

Dygråten (fjell i Solund), Gråtarhola, Gråtaåkeren, Gråtarurane, Gråtarstein, Gråtadalen, Gråtaslætti. Mange av desse namna er teigenamn og slåttemark, mange er oppdyrka og rydda, andre med mykje stein. Kommentarane er: «dårleg slåttemark», «stuttorvslått», «steinete mark», «teig med finnskjegg, vanskeleg å slå». Namnet Gråtaruri blir då enkelt å tyde: Steinuri. I Høyanger finn vi eit språkleg interessant namn: Prokkegråten. Den har merknaden: «Utslått som ein slo med stuttorv og dott, som er ill å slå.» Føreleddet «Prokke-« finn vi hos Aasen som verbet «pille, kradse, kroppe». Hos Torp tyder verbet bl.a. «gjøre smaat, fint arbeide». «Å kroppe» er eit velkjent ord også i Nordfjord – «kroppe seg i nasen, du må ikkje kroppe på såret!». Som gammal småbrukarson veit eg så inderleg vel kva det var å «kroppe» med støttorv mellom steinane. På garden Nes i Luster finn vi Spikkelasisvaet /spike’la:sisva:e/. Ordet «spikkelasi» er lite kjent i dag. Men spør du folk frå Nederland eller Tyskland, får du greitt svar. I ordsamlinga «Han e’kje mjøla i kjeften» frå

Fresvik i Sogn (1991) finn vi ordet forklart som «småkake». Ordet kjem opprinneleg frå Nederland, «speculaties» eller «speculaas», men lånt vidare til Tyskland «Spekulatius». Kva samanheng ordet har med latinsk «speculum» = spegel, er uvisst. Desse småkakene vart laga til jul, av krydra mørdeig og forma som figurar. Dei likna vel på våre pepparkaker eller julemenn. Kakene og namnet er sikkert innført gjennom Hansa-handelen. Spikkelasi var tidlegare eit vanleg ord i bymålet, og har så spreidd seg vidare til både indre Sogn og indre Nordfjord. Men kvifor dette svadet i Luster heiter Spikkelasisvaet, veit eg ikkje. Kanskje sat dei her og åt julekaker, eller kanskje hadde svadet form som ei julekake?


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Kyrajøkulen losna

- kyrne kan sleppast ut!

Av Kristian Solvang

Det finst over 20 jøkular/joklar med dette namnet i fylket vårt. Naturleg nok finn vi flest i indre strøk, der fjella er høgaste og brattaste. Namna vert skrivne i ulik form: Kyrajøkulen, Kyrjukelen, Kyrejukelen – i Aurland og Lærdal feilaktiv skrivne Tjør(e)jukelen (4x). Der ligg og Kyrafonna og Kyrafossen. Kyrajøkulen i Førde vert og kalla Haugsgjota. Joklar og kyr har til vanleg lite med kvarandre å gjere. Når vinteren og frosten kom, fraus isjoklane fram på berg, sva og hamrar. Der vart dei hengande til mildveret og våren kom. Kyrne, sauene og geitene hadde halde seg i fjøsen og venta på våren – når joklane losna i hamrane, var det tid for bøndene å sleppe dei på beite. Våren kom til ulik tid, men lang tradisjon hadde lært bøndene samanhengen mellom joklar og beitedyr. Ulike krøtter hadde ulike joklar. I Sogndal finn vi Kalvejøklane. I Sogn finn vi Sauajøkulen på 9 stader. Sauer og geiter var vel dei første som vart sleppte. I Fjærland sa dei at når Sauajøkulen rasa ned, var det trygt å la sauene gå der. Mange krøtter vart tekne av ras. Ei stor issamling i Aurland, med namnet Stopulen, måtte dette ned før dei kunne «sleppa beisti.» Jøklaberget i Vik har ei liknande forklaring. Eg har merkeleg nok ikkje funne liknande namn i Stryn kommune. Eg tek også med eit morosamt namn i Luster; Smaleparlane. Det var fleire isjoklar. Når dei var borte, kunne sauene sleppast til skogs. Dei tok fleire teikn av at snøen tøya, og at grøvene (småelvane) kom frå fjellet. Når Geitemjelksgrova i Jølster rann frå toppen, skulle geiter og storfe greie seg i hamnen, og når snøen tøya i Geitaforfossen i Luster, var geitene framfora. Når Batnandegrovi (å batne

Breen Lange-Lars.

= bli betre, betrast) i Aurland tok til å renne, var det vår, og då var beisti framfødde. Når snøen smelta på Heitesteinen i Solund, var det vår. Hylla i Jølster er ein stein med heller under. Når fonna var borte under den, kunne ein ta til med slåtten. Når Leimsskori i Aurland var grøn, var det mat for beisti på stølen. Fleire stadnamn er knytta til korndyrking. Det å så korn og få det modent var eit sjansespel i eit kaldt og vått klima, ikkje minst i fjellbygdene. Når var det tid å så? Det kunne vere når Såfonna losna i Jølster, eller når snøraset gjekk i Såsvora i same området. I Jølster ligg og Såmerket. Merket var eit langt, blankt sva under Knaultren som kom fram når snøen hadde rasa av. Då kunne bøndene så. Det kunne dei og i Aurland når Såbjørki vart grøn.

Heggdalshogen), Lange-Lars kjem tydeleg fram om sommaren, smeltar av og til heilt bort. Sjølv om vi ikkje lenger dyrkar korn på Nordsida, heiter det: «Viss Lange-Lars smeltar av på 3 plassar til Olsok (29.juli), vert kornet modent på Ulvedal». Eg har høyrt at denne breen også vert kalla Kornbreen, truleg av same grunn. Noko liknande vart sagt om Storebotnsfonna i Jølster: «Dersom fonna ikkje vert delt i 3 til barsok (24.aug.), vert det ikkje modna korn». Lange-Lars finn vi og som namn på eit langt, smalt sva på Storesunde i Stryn. «Lange-Lars» må ha vore eit fast uttrykk, men kvifor det er Lars som er lang, veit eg ikkje.

På Nordsida i Nordfjord ser vi kvar dag ein lang bree høgt over Heggdalsstøylen, Lange-Lars. Den ligg i ei forsenkning under Middagsfjellet (det vi på andre sida av fjorden kallar 35


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Overformyndararkiva ferdig ordna Av Annette Langedal Holme

I desse dagar er Fylkesarkivet i ferd med å avslutte ordningsarbeidet av fleire overformyndararkiv. I 2013 gjekk overformynderiet frå å vere ei kommunal oppgåve til å bli statleg. Då skulle alle kommunale overformyndararkiv avsluttast og deponerast som andre historiske arkiv. Tretten kommunar i fylket gav Fylkesarkivet oppdraget med å ordne overformyndarark iva deira. Oppgåva til overformynderia er å forvalte formuar som tilhøyrar mindreårige, umyndige vaksne eller fråverande vaksne og barn. Om eit barn mister ein forelder eller nokon av ein eller annan grunn ikkje kan ivareta sine eigne interesser, skal overformynderiet utpeike eit verje som skal sjå til at den umyndige får forvalta formuen sin rettmessig og elles får det vedkommande har rett på. Overformyndarane skal igjen føre tilsyn til at verjene gjennomfører vervet sitt. Verjeordningar har vore organisert heilt tilbake til 1600-talet, då helst i byane. I 1770-åra vart eit liknande tilbod organisert i landdistrikta. Det var sorenskrivaren som fekk overformyndaransvaret på landsbygda. I 1857 kom ei ny lov som gav lik verjeordning både i byane og i landdistrikta. I byane hadde overformynderiet vore ei kommunal oppgåve frå 1837, det skulle det også bli i landdistrikta. Loven tredde i kraft i 1859. Alle overformynderiarkiva til kommunane i Sogn og Fjordane byrjar i 1859. Dei kommunale overformyndararkiva famnar om perioden 1859 fram til 2013. Det består først og fremst av rekneskapsmateriale. Karakteristisk for arkiva er hovudrullane. I desse protokollane vart dei umyndige (myndlingane) ført inn. Ei protokollside for kvar myndling der formua deira vart notert ned. Myndlingar med mindre formuer vart ført i dei mindre rullane. Anna i arkiva 36

Nærbilete av rullene (Foto: Fylkesarkivet).

er rekneskapsvedlegg, uskiftebøker, saksarkiv og ikkje minst klientmapper.

Glimt frå overformyndararkiva Overformynderiet er eit viktig tryggleiksnett for dei som ikkje kan ta vare på seg sjølv. Arkiva er viktige for å syne korleis kommunane har forvalta verjemåla sine. Iblant kunne det nok opplevast som om det offentlige greip inn i den private sfæren. For ein mann i gamle Lavik kommune gjekk det heitt ein dag og han sette seg ned og skreiv dette harmdirrande brevet til Lavik overformynderi: Til Lavik overformynderi Aven den 6. juli 1943 N.N. reiste herifrå den 4. juli og skulde ta seg tjeneste i Lavikdalen. Jeg forbød henne å reise men hun hadde dratt sin vei alikevel. Er det på Deres og formynderens initiativ at hun har tatt denne plassen? Jeg vet ikke av at jeg er fratatt hvervet som verge for N.N. og da skulde det ver meg som i første instans har å bestemme over jentungen. Etter det jeg har fått oplyst har overformynderiet kun å føre tilsyn med vergerne.

Hvis De har mottatt klager fra noen at jentungen ikke har fått den behandling hun har krav på, vil jeg hermed be om å få meg disse klager forelagt til uttalelse og eventuell imøtegåelse. Ærb. N.N. Arkivet kan dessverre ikkje fortelje oss korleis det gjekk med jenta som rømte for å ta seg arbeid i Lavikdalen, men brevet gir oss eit innblikk i arbeidet til overformyndaren og at det ikkje alltid var ein takknemlig jobb.

Overformynderiet tilbake til staten I 2010 vart det vedtatt ei ny verjemålslov. Formålet med lova var å få til ein lik praksis i kommunane . Den nye lova skulle også auke rettstryggleiken og kvaliteten i forvaltninga. Fylkesmannen vart ny verjemålsforvaltar og med det gjekk overformyndaransvaret frå kommunane til staten. Den 1. juli 2013 overtok Fylkesmannen vervet og dei kommunale overformynderia vart lagt ned. Som nemnt innleiingsvis skulle arkiva i kommunane då avsluttast. Dei skal ordnast for ettertida og oppbevarast i godkjende lokalar. Tretten kommunar


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

valde å la Fylkesarkivet gjere denne jobben. Dette gjeld kommunane: Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Høyanger, Gulen, Solund, Fjaler, Askvoll, Gaular, Førde, Bremanger og Eid.

Kjelder: •• Vågen, Irne Valvik (20.08.2015). Overformynderiet – eit gamalt samfunnsoppdrag. (Henta frå internett 23.10.2015). •• Mykland, Liv og Masdalen, KjellOlav (2003) Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Oslo

Overformyndararkiva vil bli oppevart i Fylkesarkivet sine arkivlokale og sikra for ettertida (Foto: Fylkesarkivet).

37


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

«Stene har vort Norge nok af; vilddyr har vi og en flok af.» (Henrik Ibsen)

Ein artikkel om steinar, mest i Indre Nordfjord.



Av Kristian Solvang

Kannesteinen i Oppedal i Vågsøy. Fotograf ukjend.

Steinar finst det overalt i naturen, dei er store eller små, og det finst millionar av dei. Spesielt der vi er omgitt av fjell og hamrar. I tusenvis av år har steinar ramla ned frå fjellsidene, og før den tid la isbreane att flyttblokker på fjellviddene. Steinar har vore ein så viktig del av kulturen vår at vi har fått omgrepet «steinalderen». Stein fungerte som reiskap og våpen, og runene vart ofte rista på steinar, runesteinar. I vår kommune er vel Kårstadsteinen frå Utvik den mest kjende. Det er ein helleristningsstein frå sein romersk jarnalder eller tidleg folkevandringstid (år 200-500 e.Kr.). Originalen finst i dag ved Universitetsmuseet i Bergen. Helleristninga består av båtfigurar, hakekors (!) og innskrift med eldre runer som opprinneleg vart hogge inn ein loddrett fjellvegg nær fjorden. 38

Under vegarbeid ved Kleivesanden mellom Utvik og Innvik i 1898 vart ristninga sprengd ut, men det var ikkje før i 1927 at steinane vart oppdaga. Då fann dei ein stor og seks mindre runesteinar, som eigentleg høyrde saman. Vi kan sjå ein kopi av Kårstadinnskrifta ved Utvik kyrkje. Innskrifta IK ALJAMARKIR og BAIJ+R er tolka som «Eg frå framande land –

mannen frå Bøhmen» er omdiskutert. Langvegsfarande til Utvik? Vi set opp gravsteinar på kyrkjegardane med innskrift om den avdøde. Steinar vart brukt som kultsteinar i eldgamle kulturar, bl.a. av keltarane. Tenk på Stonehenge i Woltshire i England og statuene på Påskeøya. Mannsnamnet Stein, Steinar/Steinarr, mest populært i


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Fallossteinen på Tunold, før han vart flytta. Foto frå 1930. Fotograf ukjend.

Norge og på Island, kjem av urnordisk Stainawarjar = stein-verjar. I Danmark og Sverige: Sten. På garden Tunold står den kjende Fallossteinen, eit fornminne som vitnar om førhistorisk gudsdyrking. Gresk «phallos» = erigert penis. Steinen er søyleforma, av noko mørkare bergart enn dei karakteristiske, kvite fallossteinane. Den er 80 cm høg over jorda, har avrunda topp og fure innhogd under toppen. Jon Tunold (1908-1996) skriv: «På nedsida av tunet står den eldgamle Tunoldsteinen frå urtida. Guden dei ofra mjød til i gamal tid (...) Nedunder bakken, eller nedanfor tunet er ein plass som vi kallar Hovåkeren den dag i dag. Og segna seier at her stod eit gudehov, der dei ofra til gudane Odin, Tor og Frøy m.fl.(...) Lengst ute i tunet stod to steinar som hadde ei merkeleg form. Dei var ca.1,30 m høge

Kårstadsteinen. Fotograf ukjend.

og hadde ei rund form. Ingen på garden visste då kva tyding dei hadde, og dei vart tekne i ein fjøsmur i 1890-åra.» Aaland har skrive om denne steinen i tidsskriftet «Norsk Folkekultur»1916. På folkemunne blir det sagt at kvinner skulle sette seg nakne oppå steinen ved midnatt. Ein turist som nyleg besøkte denne steinen på Tunold,sa: «Men det er nok lenge sidan denne har vore brukt, det veks mose på han.» Ein kjenner til to andre fallossteinar frå gamle Stryn kommune, den eine er av marmor og vart funnen i 1879 i ein gravhaug i Loen. Den andre, som er av kvarts, vart funnen i 1886 under bortrydding av ei røys. Ein reknar at dei heilage, kvite steinane var meint som symbol på «fruktbarhetens gud», som i den norrøne gudelæra ber namnet Frøy (Kulturhistorisk leksikon). Det står i dag ein stein ved bilvegen mellom

Fallossteinen på Tunold. Fotograf: K.Solvang

Hotell Alexandra og Loen Kyrkje som heiter Tiendebusteinen. Han har namnet sitt etter Tiendebuda, som eingong stod her, men har nok tidlegare hatt namnet Klovsteinen (Sjå bilete i Aaland: Bygdesoga Innvik-Stryn, (1932), bind 1 s.310. Aaland skriv: «Steinen er vel ein bautastein eller kultusstein» (ss). Etter forma kan det godt hende at dette er ein fallosstein. Nokre steinar fekk den store æra å få eit namn. Det var nok helst store steinar, som låg nær husa og garden eller langs vegane. Kanskje hadde dei ei særmerkt form. Somme fekk namn. Mykje overtru og mange segnar er knytte til dei. Står steinen nær kyrkja, fortel segna gjerne at ein jutul kasta steinen og ikkje traff. Eventyra fortel at trolla vart til stein når sola rann. I Stryn nemner eg namn som Julgeitsteinen (Loen), Jutelen/Jutulen (Grov, Flo), på Valsnos har dei både Bokkesteinen og Trollsteinen. I Bødalen ligg Huldresteinen, i Jølster Gygresteinen. Jotlesteinen i Bø er borte no, men toppen av steinen var forma etter baken, så ein kunne sitje godt. Huldesteinen i Luster handlar nok også om huldrer. Trua på det overnaturlege vart til magi. Ved ein veg i Lærdal ligg Kaststeinen. Det var ein stor stein som dei måtte kaste noko på på turen oppover, skulle det gå dei vel. Skikken vert halden i hevd enno (1980-åra) Stein-namna fortel oss mykje om arbeidet på garden, slått og krøtterhald. Grautasteinen finst i alle bygder, når dei arbeidde langt frå husa, tok dei mat 39


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

til kyrkje i Innvik. Husdyra på garden heldt seg gjerne ved steinar, slik som ved Geitasteinen (Årdal), Grisesteinen (på Muri, Skåre og Valsnos), Svinebolsteinen (på heile 6 gardar i Stryn.) Dei hadde gjerne eit lite grisehus bak desse steinane. Det blir sagt at på den tid var grisane høge, slanke og svartflekkete. Øykjesteinen finn vi i Jølster. Men det kan vel neppe ha stått kamelar ved Kamelsteinen på Ålhus. Kalvesteinen i Sølvbergsberget har namnet sitt frå ei ulukke. Ein mann ved sjøen skulle leie kalven sin opp i gardane, men så datt ein stein ut frå hammaren og slo kalven i hel. Tiendebusteinen eller Klovsteinen i Loen. Fotograf: K.Solvang

med seg, som dei ofte åt ved steinar. I Jølster serverte dei graut for slåttefolk ved Smøraugesteinen. På Myklebust finn vi Matsteinen el. Middagssteinen. Smørsteinen ved setrevegen på Skåre, og Potetesteinen på Mork kan og ha med mat å gjere, sjølv om den siste er rund som ei potet. I Hornindal finn vi Rjømesteinen like ved ei seter. Kvilesteinen finst også overalt, mest langs vegane. Bustudlesteinen i Luster inneheld eit ord som er ukjent for dei fleste – hos Aasen finn vi verbet «bustulle» = «sysle med Kreaturene» (bu=buskap, stulle=sysle,stelle). Om denne steinen står det at det var ein stor, flat stein der ungane leika seg (bustudla) Kannesteinen i Vågsøy er eit kjent turistmål på grunn av forma, men Kannesteinen finn vi mange stader, bl.a. i Hornindal og Aurland. På denne stod dei når dei (på sognamål)«kanna beisti», dvs. talde sauene eller såg etter kyrne. På Hujarsteinen på Vanberg stod dei og huja heim kvar krøttera var når dei gjekk på beite. Kalveskinnsteinen på Sande har eg ikkje noka forklaring på. Bak store steinar fanst det ofte ein hellar, som tente som lagringsplass for høy, lauv, ved og reiskapar. Høysteinen finn vi i Bødal, Nesdal og på Sæten, mange Lauvsteinen og Vedasteinen i Luster, Sledehellaren i Jølster og Dynamittsteinen i Hornindal og Luster. Hesjestaurar vart lagra ved Stauresteinane. Under Nibbesteinen på Dokset brukte robjørgarane å setje skoene sine, når dei skifta sko for å dra 40

Ville dyr og fuglar har også sine steinar. Eg har funne ca. 50 Bjørnasteinar, spreidd utover i heile fylket. På gardane Flo og Muri finn vi Bjørnaspjotsteinen, der bjørnar vart drepne. I Hidsteinen i Hornindal var det bjørnahid, der finn vi og Revahidsteinen. Sjølvsagt finst både Ulvesteinen og Revesteinen. Fuglar har fått knytta namnet sitt til Ørnasteinen, Kråkesteinen, Måsesteinen og Ramnsteinen, den siste finn vi i Rosetmarka. Otresteinen ligg ved sjøen. Eit interessant namn er Ferveldesteinen (=fivreld) i Jølster. Muserottesteinen på Vanberg er nok eit samanlikningsnamn. Det er interessant at somme steinar er knytte til hendingar. Dei kan vere knytta til historiske personar.I Sølvbergsstranda, eit godt stykke utanfor nausta, ligg steinen Meistarjobordet.

Det er ein fin utforma skiferstein (1x1m, 60 cm tjukk) som ligg på eit svaberg ved sjøen. Segna fortel at når Meistar-Jo kom med båt inn fjorden, gjekk han i land ute i Sølvbergsstranda. Der fekk han seg mat. Det gjekk mange segner om denne Innvik-presten, Jon Mogensen Skanke, som kunne Svarteboka utanåt. Han hadde makt over den vonde, og vart dømd og avretta i Innvik. I Sølvbergsstranda måtte den vonde sjølv hente ein stor, flat stein og legge til rette til Jon. Og der ligg bordet den dag i dag! Tru det den som vil! Eg viser foto av eit anna steinbord, Tingbordet, som ein i dag kan sjå i Heggdalstunet i Innvik. Det kunne kanskje kallast Futebordet, for dette tjukke og tunge steinbordet brukte «aalmugen på tinget på Heggdal»(Aaland) til å klemstre og drepe den vonde futen. Tingbordet låg lenge som klopp over ei grov i Heggdalstunet. Om det var futen eller drapsmannen som heitte Helje Bagge, er visst usikkert. Jmfr. handlinga i musikalen Årringar. Manndomssteinen på Sigdestad var ein stein unge mannfolk måtte kunne løfte for å bli rekna som vaksen. Tomannssteinen på Greidung er to steinar som ligg ved sida av kvarandre med spissen opp. To mann kan kome ned mellom dei. Steinen Askjell (Hornindal) heiter slik fordi ein mann, Askjell, datt utfor steinen og i elva. I same kommunen ligg

Meistarjobordet i Sølvbergstranda på Fjelli. Fotograf: K.Solvang


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Brennevinssteinen, om han er det sagt at det rann/renn (?) brennevin frå han ved midnatt. I Nesdal ligg Fantesteinen, og i Luster Lussi-Olasteinen, som begge har namn etter omstreifarar. Skitarsteinen på Muri var god å gøyme seg bak når kyrkjefolket frå Rake måtte løyse broka. På Klakegg i Jølster blir det fortalt følgjande om Pultesteinen: Folk på Klakegg var oppe i fjellet og slo. Då kom eit parfolk syklande gjennom dalen. Dei stogga ved denne steinen, og folket i fjellet såg at dei elska (pulte) på steinen. Jasteinen i Luster (der dei fria og fekk ja) høyrer nesten til same kategori. På Spelemannssteinen sat spelemennene og spela. Om Jengdalssteinen (Gjengedals-) på Drageset vert det sagt at ein gardsdreng frå Gjengedal i Hyen ofte sat på denne steinen søndagsmorgonane og spelte fele. Han blir og kalla Spelarsteinen, men er i dag nedgraven. Ein stor, bautaliknande stein på same garden har namnet Kyssaren. J.Aaland kallar han «Kyssesteinen», og skriv vidare: «Til den er det fest den trui, at fyrste gong ein for framum han paa veg til sætrane i Vikadala, skulde ein kyssa han, i fall det skulde gaa ein vel i marki. Steinen maa vel vera ein gammal kultstein.» (J.Aaland: Bygdesoga, 1932, b.II s.60). Det kan godt hende at Aaland har rett i at det kan vere ein kultstein. Både den avrunda forma, og at steinen står på kant, liknar på ein fallosstein, sjølv om Kyssaren er mykje større. Men namnet kan ha eit anna opphav. To steinar i eit gjøl i Jølster, kalla Jøtlebørane, skal ha blitt borne hit av ein jøtul. Kva som er opphavet til namnet Dauremålsteinen på Rand, er usikkert, man «dauremål» (=dugurdmål) var eit måltid dei åt om formiddagen i 10-11 tida. På same garden finn vi Horklesteinen. Eit «hork/horkle» var eit vidjeband dei batt rundt meiane for å seinke farten unnabakka. Då var det meir alvor når folk på Bolset i Jølster skulle køyre til kyrkje med likkiste. Ved vegen låg ein stor, rund stein, Liksteinen, som dei måtte køyre rundt 3 gonger for at den døde ikkje skulle finne vegen heim att. På Fonn, ikkje langt unna, løsna ein stein frå fjellet, hoppa 70 m over elva og drap 11 geiter. Dette skjedde i pinsa 1963, steinen vert kalla Pinsesteinen. På Klakegg heng

Tingbordet i Utvik. Fotograf: K.Solvang

det ein stor, laus stein, Sogesteinen, oppe i fjellsida. Segna seier at han skal falle ned når fienden kjem for å erobre Jølster. Ein liknande stein har/hadde dei på Folven. Ein ovstor stein, Fåren, var rekna som farleg for husa på garden. Namnet Brurasteinen, som vi finn både på Dårflot og Bruland, har nok samanheng med ulukker. På Bruland er det ein stein i sjøen, der ei brur har drukna på brudeferd. Brurasteinen på Dårflot er vel den same som J.Aaland kallar for Dåren (dåre=narre). Den ligg og i sjøen, og her gjekk det gale med eit brurafølgje frå Jostedalen, som kom over breen og skulle til Oppstryn-kyrkja. Brurabåten rende på denne steinen, og heile følgjet omkom. Namnet Dåren finn vi og på Hilde, steinen stikk opp av sjøen. Her måtte ein vel passe seg. Ein

stein i sjøen på Vanberg heiter Knurren. Steinar har mange ulike former, flate, runde, firkanta eller spisse. Dei kan likne på både, troll og dyr, hus og folk, eller andre ting vi har rundt oss. I Jølster finn vi både Vomba, Nasen, Nasebora og Koddane (2 steinar). I Årholen finn vi minnesmerket Treføtten, 3 steinar som er opplødde i gammal tid. Mange steinar liknar på dyr, i Hornindal finst Hesten, Svineryggsteinen, Ørnepurka og Galten. Steinen Galten ligg og på Auflem (merkestein). I Luster har dei Purka, Elvapurka og Kobben, og i Jølster Bjørnahovudet og Løven. Kobben finst også på Hilde, og Purka som stein i sjøen på Skrede. Håkabjørnen på Skrede er namnet på 41


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Kyssaren på Drageset i Innvik. Fotograf: K.Solvang

Kyssaren i Innvik. Eit gammalt foto. Fotograf ukjend.

ein stor stein på Håkafjellet ved sjøen.

På Rand har dei både steinen Ramosten (=gammalosten) og Randamannen. Botelesteinen på Hopland har namn etter åkeren der den ligg: Botelen (fransk: Bouteille = flaske). Åkeren var vel oppbroten for ei flaske brennevin, eller så hadde den form av ei flaske. I Luster ligg det ein stor stein med namnet Prestasalen. Den brukte dei når dei steig opp på hesten. Føreleddet har sin bakgrunn i at den ligg på eigedommen til Luster Prestegard.

Steinar har ofte namn etter kva dei liknar på. Nokre liknar på hus: Nystova, Skålen, Storefjøsen, Tyskehytta, Låven, Huldestovene, Husa (Storesunde), Mari-Jostova (Årdal) og Moseshytta (Jølster). Storskithuset ligg som ein stor stein midt på bøen på Øvrebø (?) i Jølster. Frå det vulgære til det heilage: Det finst over 100 steinar og berg med namnet Kyrkja. Dei er oftast store, og har ein spiss på toppen. Hornindal har 3 steinar med dette namnet, dessutan Albakkekyrkja, Stryn har Kyrkja på Strand, på Sigdestad og på Dispen, på siste garden er det fleire steinar som ligg i kross. Steinen på Strand kallar dei og for Strandakyrkja. I Sogndal har dei Huldrekyrkja, i Luster Huldekyrkja. Og for å halde oss i kyrkja: Vi finn ofte Preikestolen som namn på hamrar og utspring, men og på steinar (bl.a. i Hornindal, på Hammar og på Blakset). Altersteinen ligg i Guddal. Samanlikningane elles er mange og fantasifulle: Ambaren, Amerikabåten, Brurasenga, Salen, Såen (tønne dei hadde korn i), Vogga, Belgen (sekk,vom), Bordet, Vossabordet, Trollkjerringbordet, Dukkebordet (flat, vid stein på Hopland), Stolen, Omnen, Fatet, Hatten, Valdreshatten, Hiti (skinnsekk), Koppen, Kåpa, Barbrosessen og Martinsnaustet (store steinar på Hammar).

42

Med dagens mediafokus på den fårlege Mannen i Romsdalen, vil eg her heller dra fram Kjerringa. Det er eit populært namn på både fjell og steinar. I Jølster er Kjerringa på garden Grimsbø namn på ein stein i fjellet, skapt som ei sitjande kone med vid stakk, og med øyre på kvar side av toppen. På Heggheim er Kjerringa hans Brigta-Lars ei steinhelle som denne ugifte drengen frå Sogn reiste opp då han bygde støylsvegen. Steinar med namnet Kjerringa finn vi i Stryn på Frøholm, på Skår (steinen borte no) og i Lindvik. På Frøholm skal namnet kome av at ei kjerring drukna her. I Sollid blir 2 store steinar kalla for Kjerringsteinane. Svartekari i Jølster er ei svart og spiss helle som står på høgkant, men om dette er eit kvinnenamn, er tvilsamt. Somme meinar at hekser vart kalla Svarte-Kari. Svartekaristeinen i Bremanger seier dei har fått namnet sitt etter ei heks, namnet finst jamvel

på eit kart frå 1595. Ein svart stein på Skår i Stryn vert og kalla Svartekari. I ein tidlegare artikkel antyda eg at Karifjellet kan ha noko med vind å gjere, for ordet «karr m» har tydinga «vindpust». Men ser ein nærare på Karifjellet, Kaldekari og Svartekari, ser vi at dei har ei eller fleire stupbratte fjellsider, i alle fall ned mot dalen. Det kan tyde på at «kari» kjem av substantivet «karr m», som Aasen seier tyder «Ophøiet Kant, Rygstød, Tværkant (som i en Slæde).» Somme stader på Vestlandet brukar dei forma «kar m». Ordet har same rot som det ordet vi brukar mest: «karm m». Den spisse hella i Jølster står jo på kant. Karmøy i Rogaland skal visstnok ha same tyding (Norsk Stadnamnleksikon) Det finst elles ein del stein-namn i bygdene her eg ikkje har funne noka forklaring på: Selkvimari (Hornindal), Gullsmeden (ved vatnet i Hornindal), Slotfrua (Kyrkjeeide), Store-Rasmus (Folven), Skyl-Jo (Folven) Grytepål (Årdal, Berge), Henriken (Kyrkjeeide) og Dekkjamannen (Hornindal). På Tvinnereim finn vi namnet Suddesøstrene. Det er oppgitt å vere steinar. Truleg heiter området dei ligg i, Suddene (våtlende, sørpe). På Sande kallar dei 2 steinar i vatnet for Brøringane.

Gjestestubbe frå Knut Henning Litsheim Ein litt eldre kar var uheldig og datt ned frå stigen då han dreiv med vedlikehald høgt oppe på husveggen. Det vart beinbrot og opphald på sjukehuset. Ein dag kom næraste nabo innom på visitt med blomar og helsingar frå nabolaget. Under praten spurde den besøkande: «Var det høgt fall du hadde?» Han i senga svara: «Jau, til å begynne med.» Frå «Illustrert tyleskap 15. årgang»


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Utsyn mot Amlabukti. Fotograf: Reppen, Nils Olsen. Datering: 1909.

Arkivet frå Øvre Amla Fylkesarkivet har dei siste åra hatt eit lite ordningsprosjekt med arkivet frå Øvre Amla. Dette arbeidet nærmar seg no slutten. Garden Øvre Amla ligg på austsida av Amlabukti, i Sogndal kommune. Han var eitt av to gods i området. Det andre var Kaupanger Hovedgard.

Slekta Heiberg Slekta Heiberg har vore knytt til Amla attende til 1690, då sorenskrivar Gert Andersson Heiberg kjøpte eitt av bruka. På 1720-talet samla Michael Falch ein større del av garden til det som skulle bli Øvre Amla. Når det gjeld arkivet, er det særleg eigarane frå Melchior Falch og fram til Gjert Heiberg som er interessante. Det er i hovudsak frå deira eigar- og brukstid, frå byrjinga av 1800-talet, til langt inn i



Av Per Olav Bøyum

neste hundreåret, det finst dokumentasjon frå.

overdrog han i 1909 til det nyskipa Historielaget for Sogn. Dermed var De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum ein realitet. Gert styrte sjølv museet fram til han døydde i 1944. Seinare har Hans H.H. Heiberg, sonen til Gert, og barnebarnet Gjert Heiberg, vidareført engasjementet og arbeidet for museet.

Melchior Falch tok over drifta i 1810. Han satsa stort på skogbruk, og starta i tillegg sagbruk i Indre Offerdal. Hans Knagenhjelm Heiberg var pleieson hjå Melchior Falch. Han tok styringa med garden i 1852. Mykje av det som hadde vore i familiens eige, skal ha blitt selt unna medan Hans gjekk på Krigsskulen. Men Hans let ikkje mismotet ta overhand. Han gjekk snart i gang med å samle inn att gamle familieklenodium, gjenstandar og dokument knytt til slekta. Sonen Gert F. Heiberg kom til å arve samlarinteressa frå faren. Ein viktig stimulans fekk Gert i 1900, då Herman Schirmer (seinare riksantikvar) oppmuntra han til å samle inn gjenstandar frå daglegliv og arbeid i Sogn. Samlinga Gert F. Heiberg bygde opp,

Sjølve museumsbygningane låg òg på Øvre Amla i mange år. I 1970-åra starta flyttinga til eit nytt museumsområde på Vestreim, der De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i 1981 kunne opne dørene for publikum. Både Hans K. Heiberg og sonen Gert var svært opptekne av genealogi. Hans bygde opp eit portrettgalleri som skulle bli utgangspunkt for familiemuseet. Gert på si side samla trottig inn opplysingar om slekta, og gav ut ei eiga soge om Heiberg-ætta. 43


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

seinare vart det vanleg at innleigde jekteskipparar stod for transporten.

Husmenn Drifta av godset var umogeleg utan tilført arbeidshjelp. Dette vart løyst ved å nytte tenestefolk, dagsarbeidarar og husmenn. Særleg det siste hadde eit stort omfang. Dei første husmennene må ha kome tidleg til Amla, truleg alt på 1600-talet. Kring 1750 var det 12 plassar på Øvre Amla. Omlag 100 år seinare nådde husmannsvesenet ein topp. Talet på plassar var då kome opp i 15.

Biletet viser serien «brever til G.F. Heiberg». Materialet kom inn til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 2013. I alt er det tale om 62 boksar, fulle av brev til Heiberg. Ikkje berre syner det omfanget på Heibergs korrespondanse, det er i tillegg eit framifrå døme på ein systematikar og ordensmann. Serien var so og seie ferdig ordna av arkivskaparen sjølv. Slikt er ein draum for ein arkivar. Foto: Fylkesarkivet

Gardsdrift Innsamlinga av gamle ting var ein stor lidenskap for fleire av eigarane på Øvre Amla, men det var drifta av garden som gav inntekter og levebrød. Åkerbruket skal ikkje ha kasta særskilt av seg. Mykje meir var det skogen som stod for dei store verdiane. Kor viktig inntektene frå skogsdrifta var, kjem fram i fleire fråsegner frå eigarane. Michael Falch uttrykte til dømes i 1732 at «Til gaarden hører en stor og god skov, baade gammel skov og ungskov og tett veksterlig skov. Skovbruket og sagbrukene er denne gaardens eneste herlighet.» Produksjonen har variert ein god del opp gjennom tidene. Frå Gert F. Heiberg si tid er det talmateriale som syner at det vart teke ut omlag 1000 kubikkmeter i året. Frå gamalt av var det tre sagbruk på garden. Alle låg ved Amlaelva. Borda vart selde i Bergen. Melchior Falch hadde eiga jekt til å frakte trelasta, men 44

Festesetlane gjev eit godt bilete av vilkåra for husmennene. Pliktarbeid finst i alle dei bevarte husmannskontraktane frå Øvre Amla. Plassfolket måtte utføre mange slags arbeidsoppgåver. Ein viktig del av pliktarbeidet galdt innhausting og lauving. Seinhausten var det tid for den sokalla «veaveka» - då bar det til skogs for å hogge ved. Året gjennom skulle husmennene svara ein vekedag. Dei kunne då på kort varsel bli kalla ut til arbeid, sjølv om dei var midt i eigne gjeremål.

Ordningsarbeid Gjennomgangen av arkivet frå Øvre Amla har vore utfordrande. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum fekk heilt frå starten av inn bøker og originaldokument. Noko vart kjøpt, men i hovudsak er det tale om gåver til museet, eller deponeringar.

Ein av boksane frå serien «brever til G.F. Heiberg». Kvar avsendar har fått ei mappe, som er ordna alfabetisk på brevskrivaren sitt etternamn. Den øvste mappa på dette biletet inneheld brev frå Ivar Høivik i Balestrand. Foto: Fylkesarkivet

Ikkje så reint lite av det som fann vegen inn i skriftarkivet åt museet, var dokument knytt til Øvre Amla. Det er tale om brev, husmannskontrakar, rekneskap og anna materiale som syner arbeidsliv og produksjon på garden, og dessutan interessefelta til eigarane. I all hovudsak blei arkiva som kom inn til museet godt ordna og beskrive, men på mange måtar vart det handsama som bibliotekmateriale. Dokument og protokollar vart førte på eigne kort, og støypt ned i ein katalog, slik det var vanleg å halde orden på boksamlingar før datateknologien gjorde sitt inntog i biblioteksektoren. For attfinning sytte ein for inngangar på emne, geografi og proveniens. Det er ein kolossal innsats, og eit imponerande stykke arbeid som ligg bak katalogen over skriftarkivet til museet. Men systemet er i praksis umogeleg å vidareføre. Det avvik nok òg litt frå korleis ein ideelt sett bør handsame arkiv, særleg med omsyn til indre og ytre orden. Då Fylkesarkivet i 2013 vart spurd om vi ville ta imot brevsamlingar og andre dokument frå Øvre Amla, vart det difor tidleg klart at vi måtte opprette eit eige arkiv på materialet. Ei hovudutfordring har vore å samordne dei relevante innføringane i kortkatalogen med det nyleg innsamla materialet. Det siste har ikkje tidlegare blitt registrert. Til dømes kom det inn ei heil rekkje med dagbøker. Men også i kortkatalogen finst det dagbøker over gardsdrifta. Denne samlinga utgjer no ein eigen orden, som det er vanskeleg å bryte opp. Løysinga vart dermed å skrive av katalogkorta som er relevante for Øvre Amla, og samla opplysingane med resten av arkivet i ein eigen katalog. Utgangspunktet er sjølvsagt at ein brukar forventar å finne alle dagbøker knytt til Øvre Amla på ein og same plass, og ikkje måtte leite i fleire katalogar. Materialet er framleis fysisk åtskilt, men i alle fall mogeleg å finne fram til i ei og same arkivliste.

Arkivet So kva er arkivet frå Øvre Amla? Materialet har blitt kategorisert som eit gardsarkiv. Og det er ikkje utan grunn.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Biletet viser ein del av kortkatalogen frå «Sognaarkivet», eller skriftarkivet frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Det er svært mange innførslar på Øvre Amla. Dette materialet er særs godt beskrive, men det omfatta ikkje all dokumentasjonen. Mesteparten av det som stod att på garden vart samla inn av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 2013 og 2014. Foto: Fylkesarkivet

Samstundes er nemninga gardsarkiv litt misvisande. Ein del av arkivtilfanget er dokument som ikkje direkte gjeld gardsdrifta og livet på Øvre Amla. Særskilt bør breva Gert F. Heiberg etterlet seg bli trekte fram. Det er tale om over 60 boksar med innkomen korrespondanse. Innhaldet spenner vidt, men det ikkje tvil om at mykje av brevmaterialet er knytt til Gert si samlarverksemd og arbeid for å ta vare på gamle kulturminne. Såleis har arkivet ei nær kopling til museet. I tillegg er slektsforskinga representert i arkivet. Det finst ei rad avskrifter frå ulike typar kjelder, men også originaldokument som har blitt samla inn for å skrive genealogien for Heiberg-ætta. Arkivet er dermed ei samling, som

viser både produksjon og drift av garden, husmannsvesen og jektefart. Samstundes syner eigarane og deira interessefelt godt att i arkivet.

Kjelder og litteratur •• SFF-2013149 Øvre Amla, gnr. 106 •• Timberlid, Jan Anders og Selseng, Berit: Sogndal bygdebok : gods, gardar og folk i Kaupanger sokn. Band 2. •• Engesæter, Aage. (2009, 13. februar). G F Heiberg. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 20. oktober 2015 fra https://nbl.snl.no/G_F_Heiberg. •• Urtegaard, Gunnar: Lokalhistorisk arkiv ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. S. 137-143. I: Årbok for Sogn 1983

Veldig mykje av det dokumenterer drifta av garden. Det gjeld mellom anna dagbøkene, som syner arbeidet gjennom året. Det finst elles mykje tilfang om produksjon og avdrått frå åker og husdyr. Arbeidet i skogen og på sagbruka syner også godt att i arkivet. Arkivet gjev òg unik informasjon om husmannsvesenet på garden. Historikaren Jan Anders Timberlid har skrive ei god og grundig soge om Øvre Amla. Han kjem inn på at husmannskontraktane ikkje vart tinglesne, og såleis er dei heller ikkje komne med i pantebøkene. Dermed vil dei kontraktane som finst i arkivet vere uråd å gå utanom dersom ein vil forstå pliktene og arbeidet for plassfolket på Øvre Amla. Det er heller ikkje så reint lite å finne om jektefart og handel. Det kan til dømes vere tal bord jektene førte til Bergen, og kva varer dei hadde med attende til Sogn. Arkivet reflekterer òg det sosiale livet på garden. Det er ikkje tvil om at det var eit standsskilje på godset. Eigarane på både Øvre Amla og Kaupanger Hovedgard høyrte til det øvre sosiale lag av folket. Særleg frå Hans K. Heiberg og kona Marie si tid finst det personlege dagbøker og ein omfattande korrespondanse som gjev innblikk i livet deira.

Byste av Gert F. Heiberg ved inngangen til De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum i Kaupanger. Innsamlingsarbeidet og museet dreiv Heiberg som ein ulønt hobby ved sida av drifta av garden. Gert var i tillegg politisk aktiv. I perioden 1899-1916 var han medlem av kommunestyret i Sogndal, og i åra 1911-1913 sat han i ordførarstolen. Gert hadde elles mange tillitsverv. Arbeidskapasiteten hans må ha vore kolossal. («Gert Falch Heiberg byste» av Erik den yngre - Eget verk. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 via Wikimedia Commons https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Gert_Falch_Heiberg_byste.JPG#/media/File:Gert_ Falch_Heiberg_byste.JPG)

45


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Arkivet frå Øvre Amla: ei angrande tenestejente

Av Per Olav Bøyum

Eitt kort i katalogen, mellom mange andre, men likevel uråd å bla hastig forbi. Kven var Gunhild Olsdatter frå Sogndal, og kva vart lagnaden hennar i Amerika? Gunhild skreiv brevet til godseigar Hans K. Heiberg i 1894. Det byrjar slik: Kjære gamle huuspund Hans Heiberg Jeg som for lang tid siden har været deres tjeneste Pige, vil tage Pennen og Skrive til Dem, og bekjænde min Store Synd og Skyld imod Eder, som jeg paa drog mig imedens jeg var hos eder, til min Samvittigheds bebridelse og Synd imod Gud, og imod Dem, og nu da Herren af sin ubegribelige Naade har ladet mig leve i Naadetiden saa længe at jeg kan faa bekjende mine Synder baade for Gud og Mennesker, saa vil jeg fortælle dem min Store Skyld ihaab om at de vil tilgive mig,

Frå kortkatalogen.

Så kva var brotsverket hennar? Med ein slik anger må det vel ha vore ei grov synd? Gunhild sitt skriftemål lydde slik: da jeg var i Ofredalen, blev mine Sko saaler saa udslidt at jeg blev barfodet, saa var der en Gammel kone som endelig vilde kjøbe 2 Gammel Oster, og da lod jeg mig af Satan forføre, og Solgte dem til hinde, og dette Skulde for lang tilbage have været erkjendt og Rettet, jeg kan ikke Erindre hvor Mange Skilinger jeg fik for dem, men jeg vil sende dem 2 Amerikanske Daler, saa troer jeg Sikkert det er betalt, der skulde med rette fulgt Renter med ogsaa, men da jeg er en fattig Enke saa formaar jeg ikke det, hvorfor jeg vil haabe de vil være fornøiet saa beder jeg dem Ydmygt om tilgivelse baade for min lange forsømmelse, lige saavel som jeg haaber at Gud har tilgivet mig i Christo al min Store Skyld og gjæld imod ham, og tilgiver mig Dagligen alle mine feil og mangler og oppe holder længsler efter at forenes med ham i min 46

Skjermdump frå folketeljinga som vart halden i Iowa i 1880. Gunhild og huslyden er då oppført med etternamnet Oreton.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Sjæl og nu vil de som ventelig er spørge hvad er det for en tjeneste pige som jorde dette, saa maa jeg med skam og bludsel svare dem, det var jeg Gunhild Olsdatter fra Sogndal som gjorde dette, jeg som blev gift med Hans Bjørk fra Lærdals Præstegjeld, som de vet, saa vil jeg bede Dem hjertelig om tilgivelse og til tægn paa at de har tilgivet mig, saa vil de være snild og Skrive Nogle Ord til mig, før bliver jeg ikke tilfræds, Skosolane var så utslitne at ho i praksis gjekk berrføtt. Andre i ein tilsvarande situasjon ville kanskje ha forsvart seg med at det var ei naudhandling. Fotty lyt ein trass alt ha. Men Gunhild kom ikkje med lettvinte bortforklaringar. Ho hadde synda, og måtte gjere opp for seg. Vårherre hadde ho allereie bede om tilgjeving, og no måtte godseigaren på Amla gje ho eit teikn på nåde, elles vart ho ikkje kvitt bringeverken.

hadde då vore sjuk i fleire år, og sleit med store smerter.

Kjelder og litteratur

Men Gunhild stod ikkje heilt aleine att i «dette fremmede land». Heilt avslutningsvis kom ho med fylgjande opplysingar:

•• Timberlid, Jan Anders og Selseng, Berit: Sogndal bygdebok : gods, gardar og folk i Kaupanger sokn. Band 2.

•• SFF-2013149 Øvre Amla, gnr. 106

Jeg lever ved min Broder, har et lidet Huus for mig selv, det har ikke Staaet paa mig til denne Dag Herren har Faderlig Sørget for mig. Gunhild døydde i 1898, 70 år gammal. Om ho fekk absolusjonsbrev frå Heiberg er uvisst.

Gunhild og familien budde fleire år på Amledalen, ein av dei eldste husmannsplassane under Øvre Amla. Mannen Hans kom frå Åretun i Lærdal. Saman fekk dei to jenter, Gjertrud og Gurine. I 1874 emigrerte huslyden til USA. I nye landet slo familien seg ned i Mitchell County, heilt nord i delstaten Iowa. Gunhild opplevde mykje sorg og liding i Amerika. Slik fortel ho om lagnaden sin til Hans K. Heiberg: Det kom for mig Maaske de har Lyst at høre hvorledes jeg lever, saa vil jeg fortælle Dem, at min Mand er Død for Mange Aar tilbage, jeg havde 2 Børn de er ogsaa Døde, saa jeg er Allene tilbage i dette Fremmede Land, min Mand blev til min store Sorg overkjørt af et Train, min yngste Datter Døde efter 2 ugers Sygeleie 16 aar gammel, den same uge som min Mand, saa havde jeg min Elste Datter ijen da havde hun været syg i 2 Aar, siden levede hun i fem Aar, og naar hun Døde var hun 24 Aar, hindes Føder var samen krympede af verk hun led store Smerter, jeg har ikke Rum til mere nu lev vel Det var ikkje lite motgang Gunhild møtte i det lova landet. Først døydde mannen og Gurine, den yngste dottera. Dei fall frå same veka, truleg må det ha vore i 1882. Fem år etterpå gjekk òg Gjertrud, den eldste jenta, bort. Ho

Å gjere opp for gammal synd. Gunhild sende to dollar til Hans K. Heiberg. Det tilsvara sju kroner i 1894. Omgjort til dagens kroneverdi (2011) skulle det bli om lag 480 kroner.

47


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Arkivet frå Øvre Amla: hulder og spøkelse på Hafslo

 Av Per Olav Bøyum

Gardsarkivet frå Øvre Amla inneheld langt meir enn dokumentasjon frå drifta av godset. Det speglar òg interessefelta åt eigarane. I museumsgrunnleggjaren Gert F. Heiberg si brevsamling er det mykje forvitneleg informasjon å finne om gjenstandar og kulturminne. Gert F. Heiberg hadde eit svært kontaktnett. I korrespondansesamlinga hans finst det brev frå godt over to tusen personar. Heiberg brevveksla med dei store namna innan kulturvernfeltet: Harry Fett, Herman Schirmer m.fl. Men mykje av korrespondansen gjekk til det breie lag av folket, særleg bønder i Sogn. Det er heller ikkje så unaturleg at gardbrukarar er godt representerte i arkivet, ettersom gardsreiskapar var ein spesialitet for Heiberg. Eitt av brevbyta i arkivet er med Einar Venjum frå Hafslo. Heiberg hadde fått nokre gamle stølsnøklar frå Venjum, og fekk samstundes fortalt bakgrunnen for gjenstandane ein gong han møtte avleveraren.

Hulder. Teikning av Theodor Kittelsen. Var det ein slik skapning Einar såg?

Men so ville Heiberg ha historia om nøklane gjenteken, slik at han kunne føre nøyaktige opplysingar om dei inn i museumskatalogen. Svaret frå Einar Venjum fylgjer nedanfor: Hr. godseier Heiberg Amla! Jeg ser af dit brev at du vil ha gjentat historien om stølsnøklene: Jeg var gjetlegut paa Vetlestølen ca 10-12 aar. Var alene paa stølen en søndag. Mens jeg sat paa Vetlestølshammeren kom der en gammel kvinde og standset ved en stor sten. Derfra fortsate utover i bumarken i skog og ulent mark. Jeg trodde det var en hulde og blev saa red at jeg forlod stølen. Engang senere kom jeg til at betrakte den store sten og fandt da nøklene, og da trodde jeg at det var en gammel for hundreder af aar siden afdød buddeie som hadde gjemt

nøklene, og ikke fandt dem igjen mens hun var i live. Vor vaarstøl er for lang tid siden flyttet heimover og op paa den høie Vetlestøls hammer. Hulden eller gjenfærden gik utover nedenfor hammeren og ut til den gamle støl, men jeg var for redd til at se, hvor hun standsede. Jeg har ofte tænkt paa det senere, hvad et virkeligt gammel kvindemenneske hadde at gjøre der paa en søndag morgen om vaaren, saa det maa være noget overnaturligt!! Om ikkje gjenstandar utan omland er daudt materiale, så er det i alle fall ingen tvil om at kulturminne med kontekst vert meir levande. Historia ovanfor dokumenterer dessutan gamal tru, eller overtru, som vel dei fleste i våre dagar vil kalle sogene om huldrefolket.

Kjelde •• SFF-2013149 Øvre Amla, gnr. 106 Frå Gert F. Heiberg si kopibok. Gjenpart av brevet Heiberg skreiv til Einar Venjum. Ettersom både den innkomne korrespondansen og kopiar av dei utsende breva frå Heiberg er tekne vare på, so er det mogeleg å fylgje brevbyta mellom godseigaren og dei han hadde kontakt med

48

Mappa med brev frå Einar Venjum


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Brev frå Hans Jæger til Rosenkrantz Johnsen. Jæger skriv: kjære Krans! Tak for breve og aviser og andragendets trykning. Du ber mei skrive hvordan jei har det, men jei «har det» slet ikkje fortiden, og da faller det mei for vanskeli aa skrive brever. Viss jei engang kommer til aa «ha det» skal jei nok la høre frå mei igjen. Ha det imidlertid fremdeles gott, du og din kone, som du maa hilse, og hils ogsaa de andre gamle venner, Schander især – lykønsk han me hans forlovelse -; kanskje kommer vi ennu til aa ses.

Arkivet frå Øvre Amla: Heibergs autografar 

Av Per Olav Bøyum

Gert F. Heiberg var ein lidenskapeleg samlar av gamle gjenstandar. Fruktene av arbeidet hans munna først og fremst ut i De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum. Men Heiberg takka ikkje nei til andre samlarobjekt, som brev frå kjende personlegdomar i Noreg og utlandet. Serien autografar består av tre delar: norske, utanlandske og Heibergske. Dei to første har Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane digitalisert og lagt ut på Internett.

Amla. Desse breva må ha vore ei gåve til Heiberg. Ein del av dei andre breva er skrivne til Morten Müller, ein norsk landskapsmalar. Korleis desse hamna på Amla er uklart.

Norske autografar

Serien med norske autografar har blitt digitalisert. Ei oversikt over alle brevskrivarane med lenke til digital kjeldekopi finn du her: http://www.fylkesarkiv.no/nyhende/ heibergs-norske-autografar

I alt er det tale om 189 mapper, dei fleste på kjente norske forfattarar, kunstnarar og politikarar. Nokre av personane er berre representerte med eit namnetrekk, men i dei fleste mappene ligg det brev og kort. Frå til dømes Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun er det tale om ikkje heilt få dokument. Mange av breva er stila til journalisten og forfattaren Rosenkrantz Johnsen. Han var ein god ven av Gert F. Heiberg, og var ofte på besøk hjå godseigaren på

Utanlandske autografar Dei utanlandske er langt mindre i omfang. For det meste er det tale om danske og svenske kulturpersonlegdomar. Oversikta finn du her: http://www.fylkesarkiv.no/nyhende/ heibergs-utanlandske-autografar

I serien utanlandske autografar finn vi mellom anna dette brevet frå den danske litteraturkritikaren Georg Brandes.

Kjelde •• SFF-2013149 Øvre Amla, gnr. 106

49


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Breims tobakafholdsforening

 Av Per Olav Bøyum

Kampen mot alkohol syner godt att i samlingane våre. Fylkes­ arkivet har teke vare på ei rekkje arkiv etter fråhaldslag. Arbeidet mot tobakk i Sogn og Fjordane er derimot dokumentert med berre ein protokoll – ei møtebok frå Breims tobakafholdsforening. Dette speglar sjølvsagt den folkelege oppslutnaden. Alkoholsaka engasjerte svært mange. På byrjinga av 1900talet skal om lag 10% av den vaksne befolkninga i Noreg ha vore tilslutta ein fråhaldsorganisasjon. Målt mot dette engasjementet vert tobakkfråhaldslaga å rekne som ein kuriositet.

Skipinga av laget Vesalt var det med hono òg, meir enn vesalt. Men hadde han ein skilling, so gjekk det til tobakk, - det var det sama om dei inkje åtte mata-sådi i huset, han og gamla kjeringi […] Han var so gjønomsogen med tobakk at du kjende teven tå hono lang lei, og når han stod og sveitta i solsteiken på slåtteteigen, so hunn rugge meg var det kje mest skira pip-olja der draup tå skallen og kjako hans! Skjorte-fillona hans teva so dei sku vore sydde i hop tå berre klinkande tobakks-blåd, Ingen har vel skildra tobakkslaven meir levande enn Per Sivle i Vossa-stubbar, lekamleggjort ved husmannen Samso. Han var ikkje nett nokon krøsus, Samso, men tobakk måtte han ha, ja det var nesten viktigare enn mat. Kanskje var det folk som Samso ein flokk unggutar i Breim hadde i tankane då dei i 1883 skipa eit tobakkfråhaldslag. Opphavet åt foreininga kjem fram i møteprotokollen: Fremover begyndelsen af året 1883 kom efter fælles overlegning en del af Bredheims unggutter sammen i skolehuset på Bjørnerem for at diskutere forskillige af tidenes spørgsmål. Blandt de forskillige spørgsmål, som her blev behandledes, var også spørgsmålet om, hvad der måtte gjøres, for at den opvoksende ungdom kunde føre et 50

Tobakksdyrking på Sørheim. Denne eksotiske planta vaks godt i det drivande klimaet langs Lustrafjorden og kring 1900 var kommunen ‘tobakkssenteret’ i Norge. Fotograf: Ukjend. Datering: Ukjend.

mere sparsomt liv. Under behandlingen af dette emne strejfedes også ind på tobaksbrugen. Tobakken blev stemplet som en artikkel, der ikke allene var økonomisk ruinerende, men som også havde skadelige følger for både sundhed og renslighed. Tanken om opretelse af en tobaksafholdsforening blev da fremholdt. Historikaren Per Sandal har understreka at dei økonomiske skadeverknadane stod mest sentralt i argumentasjonen mot tobakk. Men konsekvensane for «sundhed og renslighed» vart òg framheva. Kanskje er det då litt paradoksalt å lese fyrste paragrafen i statuttane åt laget: §1 Foreningens formål er, at ingen skal bruge tobak, uden at det af lægen blir ham anbefalet som lægemiddel. På den eine sida framheva laget dei helsemessige skadeverknadane, samstundes som dei gav fritak dersom ein lækjar tilrådde tobakk som medisin. Ein tanke hjå medlemane var nettopp å arbeide mot ei gamal oppfatning om tobakkens helsefremjande føremoner. 20 personar teikna seg for medlemskap i Breims tobakafholdsforening dei to fyrste åra. Deretter auka talet kraftig. I ein avisartikkel frå 1888 melde formannen, S. Birkelo, at laget hadde 100 medlemer. Dei fleste var gutar i aldersspennet 15-25 år. Organisasjonen

hadde i tillegg nedslagsfelt utanfor Breim. 30 av medlemane skal ha kome frå Innvik og Utvik. Breims tobakafholdsforening fekk ikkje eit langt liv. Møteprotokollen vitnar om liten aktivitet. Laget gav frå seg siste livsteikn i 1895. I fylgje Sandal gjekk dei gjennom ei tillitsmannskrise, samstundes som engasjementet frå eldre medlemer slokna. Men foreininga hadde nokre friske fråspark. Birkelo summerte opp kva han meinte om tobakksbruken ved å sitere Ludvik Holberg: «Den som røger, ser ud som svin, den som tygger, lugter som svin og den, som snuser, han er svin.» Dette synet på tobakk var nok ikkje svært utbreidd på slutten av 1800talet. Unggutane i Breim må ha vore fleire tiår for tidleg ute. I våre dagar er derimot synet på røykarar meir som Sivle si skildring av den tobakkshungrige Samso: ein illeluktande og lurvete stakkar i det nedre sosiale lag av folket.

Kjelde og litteratur •• SFF-2015130 Breims tobakafholdsforening •• Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. 2 : Frå om lag 1800 til vår tid •• Sivle, Per: Vossa-stubbar •• Aalesunds Handels- og Søfartstidende 1888.05.12


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Her er eit foto av dei tre båtane som NACO eigde: framme til venstre M/B Rival, til høgre M/B Høyang og bakerst S/Y Edirene. Fotoet er frå 1940-48 og er teke av Eugene Nordahl-Olsen.

Jørg Kvam: Høyanger, makter og menneske, ei tidsreise gjennom eit hundreår 

Bokomtale av Randi Melvær

Det er ei detaljert og massiv bok Jørg Kvam har skrive om Høyanger. Ho er på heile 400 sider i alt med notar, litteraturliste og personregister. Han har valt ut delar av hundreårshistoria og skrive detaljert om desse, og utelate andre delar. Noko av utvalet er overraskande. Han har brukt både arkivmateriale og intervju for å skrive boka. Kven er forfattaren? Jørg Kvam vaks opp i Høyanger, men blei fødd i Bergen i 1939. I yrkeslivet hadde han vitskaplege stillingar ved Universitetet i Oslo. I tillegg hadde han m.a. oppdrag for Nordisk Ministerråd og Europarådet. Dei siste 20 åra har han skrive lokalhistoriske artiklar.

Kyrkjestrid Heile 100 sider av boka er via striden om å byggje ei kyrkje i Høyanger. Denne gjekk føre seg i 40 år, frå 1920 til 1960. Det var mange sterke meiningar og vekslande finansielle høve

som gjorde at dette tok så lang tid å få opp kyrkja. Det er interessant å fylgje ordskifta og utgreiingane om utsetjingar i høve bygginga. Under vigslinga i 1960 blei eit gåvebrev overrekt ordføraren. Her stod det at kyrkja med tomt var ei gåve til innbyggjarane frå Norsk Aluminium Company (NACO). I gåveskøytet står det m.a. at kommunen fråskriv seg retten til å «gjøre ansvar gjeldende mot NACO for ulemper som følge av støv, røk, stank etc. fra NACO’s nåværende eller fremtidige fabrikkanlegg.» Kapitlet om kyrkja gir eit godt innblikk i Høyanger-samfunnet

gjennom mellomkrigstida, krigen og etterkrigstida fram til vigslinga.

Sæbøtangen I andre kapittel skildrar Jørg Kvam nokre av innflyttarane til Sæbøtangen. Han fylgjer dei frå heimplassen med familiane, reisa til Høyanger og det nye livet på staden. Ein av dei var Torbjørn Lein. Det var også personar som var på veg til Høyanger under krigen, men som omkom undervegs ved torpedering.

«Skjeggen» «I skjeggens rike» er eit morosamt kapittel om ein original som heitte Borger Andersen Grøsland. Han var innflyttar som dei fleste andre. Vi får fylgje han frå før han flyttar frå heimplassen til han døydde i 1951, 78 år gamal. 51


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

NACO sine tre båtar SY «Edirene», MS «Rival» og MK «Høyang» var alle båtar som NACO eigde til forskjellige tider. Dei vart nytta til transport før det kom veg til bygda og til representasjon. Jørg Kvam fortel historia til desse tre båtane også etter at NACO selde dei. Bruken av båtane er også dokumentert med foto.

Bokhandlaren Ein av innflyttarane bygde opp bokhandel, kiosk og avis. Dessverre valde han feil side under krigen og angav fleire. Etter krigen blei han straffa. Bokhandelen blei etter kvart driven av ein annan. Livet i bokhandelen er skildra med humor. Spesiell er historia om julepynten i butikken, ein mekanisk bevegeleg julenisse. Denne julenissen

er komen bort og Jørg Kvam har prøvd å finne ut kvar han kan vere.

Motstandsmannen og ein snill lege Dette er eit kapittel frå krigen om arrestasjonen av Olav K. Henden frå Sandane og opphaldet hans på sjukehuset i Høyanger. Han simulerte at han låg i koma og legen støtta han på dette. Dermed fekk han tid til å kome seg til hektene på sjukehuset før han blei sendt til Espeland leir ved Bergen.

Meir krigshistorie Kapittel ni, ti og elleve handlar alle om andre verdskrigen. Kapittel elleve tek føre seg skjebnen til ungjenta Svanhild Håland. Her kjem Jørg Kvam med ny informasjon om lagnaden hennar, og han er truleg den som har funne ut

Her er eit fotografi av Høyanger kyrkje som endeleg stod ferdig i 2006. Fotograf er ukjent.

52

mest om korleis det gjekk med ho etter at ho blei sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland. Boka sluttar med eit oversyn over rettsoppgjeret frå Gulating lagmannsrett over tyskarar i Høyanger. Så kjem ei lengre noteliste og litteraturliste.

Konklusjon Dette er ei interessant, morosam og spanande bok om Høyanger sin historie og ho er vel verd å bruke tid på.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Tilvekst til biblioteket 22.05.2015-27.10.2015 •

• • •

Årdal kjemiske fagforening 25 år, 1947-1972. Årdalstangen, 1972. 51 s.

Kamsvåg, John L.: Kjemisk, Årdal kjemiske fagforening 1947-1997. Årdal, 1997. 155 s.

Offerdal, Audun: Lærdal arbeiderparti 100 år, 19152015. Lærdal arbeiderparti 2015, 126 s.

Kirka vår er 100 år, Sør-Vågsøy kyrkje 1907-2007. Red: Sølvi Helen Hopland. Vågsøy sokneråd, 2007. 106 s.

Kvam, Jørg: Høyanger : makter og menneske. Ei tidsreise gjennom eit hundreår. Skald forlag, 2015, 400 s.

Rønnekleiv, Rasmus J.: Jaktsoger frå Hyen. Rygg, Eige forlag, 1986. 23 s.

Sogeskrift for Naustdal 2015. 24. årgangen. Naustdal sogelag. 176 s.

Sogehefte for Askvoll kommune 2015. Utgjeven av Askvoll sogenemnd, 112 s.

Rese, Ole-Kristian: Hotel Mundal i mellomkrigstiden – økonomisk utvikling sammenlignet med utvikling i norsk reiseliv. Leikanger, Høgskulen i Sogn og Fjordane 2015, 27 s.

Berge, Kjell-Ragnar: Regiment 193, frå Tyskland til Vestlandet langs norskekysten til ishavsfronten 19401945. Forlaget Kristiansen, 2015. 360 s.

Blakset, Leiv: Peder Gald, føregangsmann og velgjerar. Nemnda for «Peder Gald jubileet 2004». 58 s.

Knoff, Richard: Arntor av Kvål, sogespel i 2 vendingar. Eige forlag, 1939. 16 s.

Folketeljinga 1815 for Leikanger prestegjeld Ei ny folketeljing frå 1815 har kome for dagen. Denne gongen er det teljinga frå Leikanger preste­g jeld. Tidlegare har Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane digitalisert folketeljinga for Ytre Holmedal (Fjaler). Ho ligg òg tilgjengeleg på Digitalarkivet. Kenneth Bratland har dessutan skrive av informasjonen, slik at det er mogeleg å søke i teljinga. Folketeljinga dukka opp i samband med gjennomgang av uordna arkivmateriale. Saman med teljinga låg det eit manntal frå 1789 og grunnlagsmateriale for 1801-teljinga, også det frå Leikanger prestegjeld. Folketeljinga frå 1815 var numerisk, og namngjev såleis ikkje innbyggjarane. Men for enkelte prestegjeld er det bevart grunnlagsmateriale. I desse finn vi oppgåver på individnivå, til dømes namn og alder på innbyggjarane. Det er desse listene som no har blitt funne for Leikanger. Dette materialet er statleg, og vil bli sendt vidare til Statsarkivet i Bergen. Fylkesarkivet har digitalisert folke­ teljinga frå 1815 og manntalet frå 1789. 1815-teljinga for Leikanger prestegjeld: http://tinyurl.com/pmcx3wb Manntal 1789 for Leikanger preste­g jeld: http://tinyurl.com/puz27z5

Folketal for Legangers Præstegjeld, optaget den 30te April 1815

53


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Hitler ønskte fred, i fylgje Aftenposten sin utsending. Ikkje alle var samde i den konklusjonen. Arbeidarungdomen på Leikanger hevda allereie året før at krig fort kunne bli det sannsynlege utfallet på Hitlers maktovertaking i Tyskland. Faksimile Aftenposten 17. juli 1935. Illustrasjonen er henta frå nettsida til Pål Steigan (http://steigan.no/).

Leikanger Arbeidarungdomslag og kampen mot fascismen

Av Per Olav Bøyum

Den andre verdskrigen sette ein ny standard for menneskeleg vondskap. Sjølv om knapt nokon på førehand kunne ha førestilt seg industrielt folkemord, så var uvêrsskyene frå dei totalitære regima godt synlege på 1930-talet.

«Til kamp, mot krigen»

Korleis tok verda seg ut frå Leikanger i åra før verdskrigen braut laus, sett gjennom augo til arbeidarungdomen? Frå 1934 finst det to fyldige lagsprotokollar som fortel ein god del om kva om opptok og engasjerte dei.

Slik vert tonen sett i den fyrste artikkelen i «Mot Mål», som skriv seg frå november 1934. Det er forbløffande kor klårsynt forfattaren var. Mindre enn to år etter Hitlers maktovertaking såg han at krig kunne bli eit sannsynleg utfall på den nazistiske framveksten i Tyskland.

Leikanger Arbeidarungdomslag Det er usikkert kor tid Leikanger Arbeidarungdomslag vart stifta. Kanskje var det kring 1930. Fyrste formann var truleg Sigurd Opthun. 1. kvartal 1931 er det oppgjeve eit medlemstal på 74. Laget heldt til i ungdomshuset. 54

Ungdomane hadde eit eige lagsblad dei kalla «Mot Mål». Artiklane er skrivne av fleire personar. Av og til står det eit namnetrekk etter innlegga, men i dei fleste artiklane kjem det ikkje fram kven forfattaren er, anna enn gjennom ei forkorting eller eit kallenamn. Dermed er det også slik at det ikkje er ei røyst som talar til oss gjennom protokollane. Perspektiva og formuleringane kan variere litt, men grunnhaldninga mot fascismen kjem likevel klart og tydeleg fram.

«I fascismens fotspor fylgjer krigen. Den nasistiske seier i Tyskland og konflikten i aust har gjort krigsfåren meir ibuande»

Ved nyårsskiftet kom det eit nytt innlegg i lagsbladet, ei oppsummering av året 1934. Der vart tilhøva i tre land trekte fram: Spania, Tyskland og Austerrike.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Spania skulle kome til å vekkje eit enormt engasjement i arbeidarrørsla på 1930-talet. Det var særleg knytt til den spanske borgarkrigen som braut ut i 1936, og først stilna i 1939. Då hadde general Franco lukkast i å velte den valde republikanske regjeringa. Venstrepartia fekk i 1931 fleirtal i valet til nasjonalforsamlinga. Ei koalisjonsregjering beståande av sosialistar og republikanar styrte fram til 1933. Dei lanserte ei omfattande jordreform, men kyrkja og aristokratane slo attende: «Dei meir frisinna borgarparti som fyrr hadde samarbeidt med sosialistane, trekte seg no attende frå samarbeidet, og sosialistane måtte gå ut av regjeringi. Då det vart valg i 1933 fekk den svarte reaksjon ved hjelp av ein voldsom terror vinna seg att ein masse mandatar. Dette vart indleingi til det som seinare hende. Og me veit at i oktober i haust framprovoserte den facistiske del av borgarskapet regjeringskrisa. Facistane tykte at regjeringi ikkje gjekk hardt nok til verks mot arbeidarorganisasjonane. No skyna arbeidarane at no var det anten – eller. Fekk den nye regjering tid på seg vilde den ta i frå arbeidarane dei rettigheiter dei hadde att, opløysa alle arbeidarorganisasjonar og avskaffa demokratiet. Som protest mot den nye regjering vart det erklert generalstreik. Men den reaksjonære regjering greip til dei svartaste midlar for å slå streiken ned. Arbeidarane forsvarte seg heltemodikt, men dei måtte nok gi tapt for den svære yvermakt. Det gjekk so vidt at regjeringi leit ikkje på soldatane, men fekk negertroppar til å gå laus på arbeidarane, og desse for fram på den grusomaste måte. Der vart bruka bombefly på arbeidarane der dei heldt stillingen best. Sidan den tid har regjeringi styrt med den grusomaste terror. So i dag rår den svartaste reaksjon i Spania.»

å koma opp i soli. Defor vert dei fengsla og misshandla på den grusomaste måte. Tek me umsyn til den moralske og sosiale utvikling i det siste, vil me koma til at den misshandlinga av menneskja som gjeng fyrre seg no midt i Europa er mykje fælare enn det som gjekk fyre seg i millomalderen då dei kristne vart pinte til dauden.» Kva det vert sikta til med dei kristne som vart torturert til daude i mellomalderen er uklart. Kanskje var det forfylgjinga av kristne i romartida forfattaren hadde i tankane. Men dommen over det brune pøbelveldet Hitler hadde sett i verk i Tyskland var i alle fall framsynt.

«Den største fåre» Utanriksstoffet hadde ikkje ein dominerande plass i «Mot Mål» på 1930-talet. Tematisk var det eit stort spenn. Ein god del dikt kom med. Dessutan vart det skrive bokmeldingar, turreferat og skjemtande historier. Elles kom det inn artiklar om arbeidsløysa og om val til kommunestyre og Storting. Nokre skriftstykke om sviktande engasjement i laget tyder på at oppslutnaden om Leikanger Arbeidarungdomslag ikkje alltid var på topp. Men ut på nyåret 1938 kom det ein ny artikkel om verdssituasjonen: «Som før dei skjebnesvangre åra rundt 1914 kapprustar verdis nasjonar påny. Det store skilje er berre at den noverande kapprustninga er so meir videmunne, og har fenge soleis rustningstrafikken upp i eit større tempo enn fyrre gongen. [...] Som vanleg ser me at denne kapprustninga er ein fåre for fred og semja mellom folk. Det er den sjølvsagt. Kapprustning fører temleg sikert til krig før eller seinare.»

Situasjonen i Spania var heilt klart mørk, og den skulle bli verre. Stoda for arbeidarane i Tyskland og Austerrike var også dyster:

Innlegget argumenterte for at rustningskappløpet før eller seinare ville ende i krig. Men ingen land fekk direkte skulda for at våpensmiene gjekk på høgtrykk. Fascismekritikken kom derimot på sporet att i ein kjensleladd artikkel med overskrifta Ungdom!

«Hev ikkje der og hendt noko dette året som gjeng i den same leid? Der og er det arbeidarane som skal knekkast og trampast under føtene og ned i skjiten. Dei skal ikkje ha lov å sjå soli, desmeir

«Facismens grusomheiter brer seg innyver Europa, våre kamerater vert slagta ned som dyr, ja rivne i hel av kuler og granatsplintar. Ungdom, vår eigen ungdom, våre kameratar, vert

Utdrag frå boka «Norges håndverkere. 2»

tvinga med våpenmakt inn under den facistiske tvangsdiktatur. Millionar av unge staute kameratar, som fyrr har bygt den raude fane upp mot himmelen, som mektig kvelver seg yver jordi, og sjunge: ‘Denne jord, denne er vår.’ Ja denne jord den er vår.» Om fascistane var på offensiven, så var det likevel ei trøyst at Sovjetsamveldet framstod som sterkt: «Det er i år 20 år sidan kommunismen tok makti i Sovjetunionen [...] Kan Sovjetsamvelde stoppa facismen, er dei so sterke? Har Sovjetsamveldet betre soldatar og betre materiell enn faciststatane? Jau dei er sterkare enn faciststatane. Den raude heren kann ikkje knusast.» I 1941 vart spådomen sett på prøve, då det nazistiske Tyskland gjekk til åtak på Sovjetsamveldet. Om Stalin rådde over betre soldatar og materiell enn Tyskland kan nok i høgaste grad diskuterast, men utfallet kjenner me alle: Den raude arme sigra.

«Brun terror» «Den facistiske klo som strekkjer seg over Mitteuropa i desse dager, er den farlegaste og mest blodhungrande organisasjon som nokon gong har trua verdens befolkning.» Slik opna eit skriftstykke i «Mot Mål» i mai 1938. Det var då openbert at både Mussolini og Hitler hadde store utanrikspolitiske ambisjonar. Hitler vart samanlikna med ein vampyr. Mussolini fekk òg gjennomgå. Han vart beskriven som ei øgle, ja faktisk verre enn ei øgle. 55


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Artikkelforfattaren fortsette slik: «Det er desse to karane som spela hovedrolla i den maktsjuke organisasjonen som heiter facismen, og dei skyr ikkje noko middel for å føra til siger sine idear. Ein ser det berre i Spania der borgarkrigen herjar ner på i 2 år, og det ser ut til at dei Franko-fasistiske skal sigra tross heltemodig motstand frå regjeringi si sida. Og det er ikkje ventande at regjeringstroppen skal sigra i ein so ulik kamp. For dei har då både Franko, Hitler og Mussolini mot seg, men ingen med seg. England og Franrik skrik på intervensjon medan Hitler og Mussolini gjer intervensjon, og på ein slik måte kann ein ikkje venta siger. Både Eden, Blum, Chamberlain og Daladier er svere karar i ord og tale, men gjerningane betegna med eit ord «inntett». Men lat oss ropa eit leve for den spanske arbeiderbevegelse og for deira innsikt for å tryggja verdensfreden Salud, Kamerade: No pasaran. Og Austerike det tok Hitler paa 24 timar, dermed slutta Austerike med å vera skjølvstendig stat. Og Etiopia det tok Mussolini mot heile det demokratiske folk sin vilje. Kva kallar ein dette? Jau brun og svart terror; men no tenkjer so dess og kasta augo sine nordover då. Ver sikker at dei alt har jort det, og ein ting er sikert at dersom me ikkje jer aktiv motstand so ligg me snart under same holen som dei i sud.» Forfattaren bak dette stykket hadde sett skrifta på veggen. Og der stod det ikkje «fred i vår tid». Ein ny dyster artikkel vart skriven inn i lagsbladet i september 1938: «Stoda ute i verdi i dag minner meir og meir om stoda før verdskrigen i 1914. Krigsfåren er overhengjande. Rustningskapplaupet må før eller seinare føra til eit voldsomt samanstøyt. [...] Ver viss på at den krig som kjem vil bli grusom og øydeleggjande og me har fått ein forsmak på kva den vil bety ved å sjå å høyra om det som foregår sig i Spania og China. Gong på gong susar bombe flyi inn over fredelege byar, slepp sin dødbringande last so der berre blir ruiner, daude og såra attende. Det vil ta årevis å byggja uppatt det som er rive ned i Spania. Ein ny krig vil bli ein katastrofe for heile den europeiske civilisasjon.» 56

Det er ikkje tvil om at forfattaren kom til å få rett. Medan den fyrste verdskrigen var prega av endelause skyttargraver, skulle den neste gå hardare ut over sivilbefolkninga. Sjølv om talet er usikkert, vert det rekna med at over 40 millionar sivile sette livet til. Mange døydde under flyangrep: Dresden, London, Tokyo, Hamburg, Hiroshima – lista over byar som vart utsette for flyas «dødbringande» last er legio.

«Ungdom på vakt» Den store heimskrigen nærma seg. 29. mars 1939 stod dette i «Mot Mål»: «Facisme eller krig. Er det valget Europas folk står over i dag. Ein har ei kjensle av at ålvoret i desse orda går den norske kvinna og mann forbi uten å setja spor. Men det som er endå verre: Norigs ungdom, friske gutar og jentor tenkjer ikkje over ålvoret i verda idag. Det er so mange ungdomar som går gjenom livet som um dei aldri er vakne. Nei dei er umogeleg vaken. Dei søv med ulven, facismen sit og lurer. Det er berre dans og moro dei tenkjer på, og gidder ikkje høyra på vekkjarane som vil få dei til å sjå verda med opne augo. So dei kan verta var ulven som sit og lurer, vakta på stunda han kan gå til åtak, - medan bytet søv og trur seg trygg for rovdyr. Kva er det det gjelder i dag? Jau det er folkestyre og den nasjonale fridomen som står på spel for Nordens og Europas lender. Skal det facististnasistiske diktatorvelde som rår i Italia og Tyskland spreida seg utover heile Europa, og truga all sosial og nasjonal fridom. Eit terrorvelde med fulle fengsler og konsentrasjonslegrar, og all åndeleg vokster og nyskapning skal dø. [...] I dag og imorgon står Europas folk over valget anten få eit slikt nasist-fasistisk verdensrike, eller dei lyt stå saman, skulder ved skulder alle som hev fridom kjer for å verna folkestyret og fridomen, den nasjonale og sosiale. Det er vi unge som i dag er fridomens forpost. Vi må vakna or dvalesøvnen, og stå parat på vakt for å verna fridomen» Det er aldri enkelt å stå fram som profet. Mange av dei som uroa seg over fascismens framvekst på 1930-talet følte nok at dei ropte i øydemarka. Nokre sider seinare vert dvalesvevnen på ny aktuell, då under overskrifta

Frå fyrste sida i lagsbladet «Mot Mål». Eit dikt innleia protokollen. Deretter kom det ein artikkel om fascisme og krig.

«Tsjikkoslovakia er ikke mer»: «Hvorfor sover de andre som ligger omkring hvorfor går de ikke til handling, hvorfor stopper de ikkje den nasistiske ring som knuser alt med en hastig forvandling. De tør ikkje, de bare snakker, snart er Hitler på deres egne nakker. Tsjekkerne roper med siste kraft i sine stemmer. Vår tid er forbi. Europa brenner.» Perspektivet i «Mot Mål» var naturleg nok prega av klassekamp. Fascismen undertrykte arbeidarklassen, og måtte difor bli nedkjempa. Men ungdomane kom i tillegg inn på at Hitler truga folkestyre og nasjonars sjølvstende. Det er derimot lite å finne om rasismen. Lagnaden åt jødane i det tredje riket ser ikkje ut til å vere omtalt i det heile.

«Den ideologiske krisa» Arbeidarungdomen si haldning til fascismen var stødig gjennom heile 30-talet. Fleire gonger vart det åtvara mot dei ekstreme høgrekreftene. Ungdomane skreiv langt mindre om Sovjetsamveldet. Det er likevel tydeleg at landet representerte eit slags ideal. Men ut på nyåret 1940 vart det ført inn ein artikkel som gav uttrykk for eit skifte i synet på Sovjet: «I denne tida, med krig på alle kantar


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

og uvissa for framtida, er det å merke ei forvirring i våre eigne rekkjer som aldri før. Sinna er opprivne og makter knapt nok å tenkja, kjenslene har so å seia fått makta. Trua på oss sjølve og det vi makter er ved å svikte, ein er ute i ei ideologisk krise som for mange kan bli lagnadstung. Skal vi komme til klarheit over denne krisa, er det naudsynt å søkje etter årsakene til ho. Og dei ligg so å seie i dagen. Omslaget, forvirringa gjorde seg gjeldande med pakten mellom Sovjetunionen og Tyskland, og blei ennå meire forsterka med den utviklinga som følgde etter. Årsakene ligg kort og godt i det vonbrottet som Sovjettunionen rår. Alle hadde venta det stikk motsette av det som hende, alle hadde rekna med Sovjet som ein fredsfaktor, avdi det representerte sosialismen.»

Tyskland og Sovjetunionen underteikna 23. august 1939 ei ikkje-angrepspakt, den sokalla Molotov-Ribbentropavtalen. Attåt semja om å unngå krig mellom dei to landa, inneheldt avtalen ein tilleggsprotokoll som innebar ei deling av Aust- og Sør-Europa mellom Hitler og Stalin. At Sovjetsamveldet kunne gå i allianse med Tyskland kom som eit sjokk. Hitler stod trass alt i front for eit regime som hadde heilt andre mål enn sosialisme og arbeidarkamp. Stalin sitt åtak på Finland auka heller ikkje dei varme kjenslene for Sovjet. Det er opplagt at den russiske revolusjonen hadde utløyst ein lengt og ei von hjå mange sosialistar i Vest-Europa. Skrivaren, som underteikna med K.K., gjorde sjølv greie for det i artikkelen:

«I alle år, frå revolusjonen i 1917 hadde Sovjettunionen våre ein sum, eit uttrykk for våre lengsler og mål. Vi gjorde det som hende der identisk med sosialisme, eller i alle fall med utviklinga fram til sosialisme. Kunne der så treffe inn ting som harmoniserte mindre med våre mål og midlar, med vår meining om sosialismen, søkte vi å finne forklaringa i dei vanskar landet hadde med si utbygging, eller renkespelet som dei kapitalistiske maktene stadig førte mot dette landet. I det heile var vi innstilt på å tale vel om Sovjet, og ta alt opp i den beste meining. I blant hende det ting der som sette motet i oss også. Ting som den rasjonelle økonomipolitikk ein førde derburte og ikkje forgløyme den rolle Sovjett spelte under septemberkrisa i 1938. Kven av oss måtte ikkje kjenna stoltheit over Litvinos kamp i folksambandet for sanksjonar mot

«Ver viss på at den krig som kjem vil bli grusom og øydeleggjande og me har fått ein forsmak på kva den vil bety ved å sjå å høyra om det som foregår sig i Spania og China. Gong på gong susar bombe flyi inn over fredelege byar, slepp sin dødbringande last so der berre blir ruiner, daude og såra attende” Arbeidarungdomen på Leikanger fekk dessverre rett. Krigen vart både grusom og øydeleggande. Biletet er frå Hamburg, teke av eit augevitne. Eit omfattande bombetokt mot byen i juli 1943 tok livet av over 40 000 sivile. (Hamburg in Ruins Unique Eye Witness Photographs C3918” by Royal Air Force official photographer - http://media.iwm.org.uk/iwm/mediaLib//55/media-55848/large.jpgThis is photograph C 3918 from the collections of the Imperial War Museums.. Licensed under Public Domain via Wikimedia Commons - https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Hamburg_in_Ruins_ Unique_Eye_Witness_Photographs_C3918.jpg#/media/File:Hamburg_in_Ruins_Unique_Eye_Witness_Photographs_C3918.jpg

57


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

nazismen og vern av det tsjekkoslovakiske sjølvstendet. Det var ting som fekk vår sosialistiske sjæl til å fryda seg, vi kunne slå på stortromma og seie til det gode borgarskap: Sjå i mot aust, der er att den einaste fredselskande stormakt i verda. Alt dette var ting som batt oss psykologisk til Sovjett med så sterke bånd at dei for mange sitt vedkomande ikkje er slitande. Ikkje noe under at når Sovjett sanne ansikt kom, oppstod ei forvirring og vonløyse i våre rekkjer. Borgarskapet fekk ein flir, deira hån velta ut over oss. Det vi hadde femnet om som våre dyraste framtidsdraumar gjorde oss til skamme. Vi synes grunnlaget for all vår ideologi vart rive bort.» K.K. utmerka seg med eit analytisk og sjølvkritisk skriftstykke. Stalin hadde feila, men det innebar ikkje at sosialismen burde gå på skraphaugen: «Vi må istaden for å la kjenslene arbeide, bruke vettet, og tenkje med hjerna, som før. Verda er framleis kapitalistisk, og dette systemet har bare enno eingong avslørt si evneløyse, si sjølvmotseiande oppbygging ved den krigen som atter kom, om Sovjett hundre gonger hadde svike sosialismen. Vi må gjere det klart for oss at sosialismen ikkje er knytt til noko enkelt land eller det som hender der, anten det så er bolsjevisme i Russland eller sosialreformer i Norge. Sosialismen og realiseringen av den er knytt til arbeiderklassen og ingen andre, fordi han spring fram av deira naudsynte kamp for utkoma. [...] Kunni vi etter denne dyre lærdom ha forstått at sosialismen si gjennomføring i verda ikke skjer etter opptrekte generallinjer som er almengyldige, kor som helst dei blir praktisert. At denne store tanken ikkje lar seg gjennomføre ved linjer som ein fanatisk kokebokekspert på Kreml trekker opp, eller linjer som han vil at verkeligheita skal avpasse seg etter og ikkje omvendt, da vilde mykje vere vunne. Å henge ved disse linjene er religion. Men den er som kjend aldri brukande i praksis.» Den nasegruse dyrkinga av Stalin og Sovjetsamveldet bikka for mange over i religion. Men sosialismen var ikkje identisk med eit land, ein statsleiar. Det

58

var snarare eit tankesett sprunge ut av klassekamp og arbeidarane sine rettvise krav mot kapitalkreftene og dei som kontrollerte produksjonsmidla. Dessutan representerte ikkje sosialismen ein mal som kunne bli innførte på same måte i alle land. Men artikkelforfattaren meinte likevel at ideologiar var nyttige ha med i ein politisk kamp. Dette fordi det mobiliserte massane, som i stor grad hadde forlate religionen sin, og difor burde få eit surrogat å tru på.

«So kom krigen» 9. april 1940 kom dagen arbeidarungdomane hadde åtvara mot. Krigen førte til at lagsaktiviteten måtte gå i dvale i fem lange år. Då freden kom, livna det òg i Leikanger Arbeidarungdomslag. Det var tid for oppsummering: «Arbeidarungdomen kann vera byrg ovet at dei førde krig mot «nasismen», både på landsmøter og festar. Ein kann huksa godt korleis fleire av bygdefolket lo av arbeiderungdomen, når dei hengde opp vimplane, der det stod: I «For frihet og rett», II «Krig mot nascismen» og fleire slike.. Men i dag viser det seg, at arbeidarungdomen hadde rett leid og arbeida etter. Det som gjorde at vi førde krig mot nasityraniet

var vel at dei fleste tok stand-punkt etter borgarkrigen i «Spania». Der fekk ein klårt sjå korleis nasivelde arbeidde, og korleis arbeidarane og ein del andre vart misshandla, og drepne.» Ja, arbeidarungdomen kunne med god grunn gå med hovudet høgt heva. Dei hadde sett, og sagt i frå.

«Mot Mål» på Internett Begge lagsblada er digitaliserte og lagt ut på Internett. Den første protokollen dekkjer åra 1934-1938, medan den andre har ytteråra 1938-1946. Dei er fylte med forvitneleg lesestoff. Protokollane finn du her: “Mot Mål” 1934-1938 http://tinyurl.com/nrlywhl “Mot Mål” 1938-1946 http://tinyurl.com/qg8q6k8

Kjelder og litteratur •• SFF-95091 Leikanger Arbeidar­ ungdomslag. “Mot Mål” 1934-1938 •• SFF-95091 Leikanger Arbeidar­ ungdomslag. “Mot Mål” 1938-1946

Gamalostmessa Sist haust hadde Matmerk eit stor messetelt pao Rådhus­plassen i Oslo. Dar va da profilering ao matvare so hadde faott kvalitetsutmerking frao sjølvaste Matmerk. Ei ao varedn va Gamadlåst frao Vik. Da truste pao mæ folk, og noki glekste i seg smaksprøva utan fordomma. Andre rygga vekk dao dei høyrde da va Gamadlåst so vart servert. Ein ao dei so va mæ og profilerte Gamadlåsten va presteutdanna Alv Reidar Dale, ein systrending. Da kom hitaot nåki finare Hollmenkolldame i pelshue. Dao dei oppdaga at dei hadde faott i seg og svalt ne Gamadlåst, vart dei heilt ifrao seg. Dei skapte seg rett og slett tylne. Dao tok han Alv Reidar serveringsbrette, steig opp pao ein stol, heldt fram brette, og messa utyve heila forsamlinji i telte: «Kom hit og smak pao Gamadlåst frao Vik i Sogn. Da e mæ Gamadlåsten so mæ da fyrsta kyss, - ein forundarle smak nett mæ da sama. Men da e ittesmakjen so e so aldeles uimotstaoele.» Frå Illustrert tyleskap, 15. årgangen, samla og utgitt av Jens Brekke.


Kjelda, nr. 3 – 2015, årgang 24

Abonner på Kjelda! “Eg måtte berre takke for framifrå artiklar i Kjelda som vi fekk i dag. Eg tok det med i lunsjen, der heftet gjekk runden rundt borda og hausta begeistring! Vi er imponerte over kvaliteten og mangfaldet i stoffet som er presentert frå både Gulen og dei andre kommunane.” - frå ein Kjelda-lesar i Gulen

Kjelda er eit tidsskrift for heile fylket. Gamle utgåver (1992-2011) kan du lese på nettstaden Issuu: http://www.issuu.com/fylkesarkivet Ring tlf. 57 63 80 00 Eller send e-post til postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.

Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag Den første møteboka frå Sogn og Fjordane Arbeidar­ungdomslag har blitt digitalisert og gjort tilgjengeleg på Internett. Møteboka dekkjer åra 1933-1940. Ho dokumenterer framveksten av arbeidarungdomsrørsla i Sogn og Fjordane på 1930-talet. I 1935 vert det opplyst at då distriktslaget vart skipa hadde det sju arbeidarungdomslag tilslutta seg, med eit samla medlemstal på omlag 280. Fire år seinare hadde det stige til 13, og talet på medlemmer auka til bortimot 400. Arbeidarungdomsrørsla kunne såleis vise til ein fin vokster på 1930-talet. Heile protokollen kan du lese her: http://tinyurl.com/oxgn2rt Møteboka inngår i eit større tilfang med kjeldemateriale frå arbeidarrørsla som ligg tilgjengeleg på nett: http://fylkesarkiv.no/digitaliserte_arbeidararkiv

Ei side frå møteboka til Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag. Den 5. november 1937 heidra ungdomane minnet etter Martin Schei frå Førde. Han sette livet til i kampen mot Franco.

59


Avsender Fylkesarkivet Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Skitur ved Pollfoss Fotograf: Kristian Berge. Datering: 1923.

Profile for Fylkesarkivet i Vestland

Kjelda nr. 3 2015  

Kjelda nr. 3 2015