Kjelda nr. 2 2016

Page 40

Kjelda, nr. 2 – 2016, Ă„rgang 25

Elsa Horne fekk Flora kommune sin kulturpris 17. mai i Är for den store innsatsen ho gjer for Ä bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter faren og FlorÞfotografen Malvin Horne. Foto: Dag NesbÞ FrÞyen.

Elsa Horne heidra med kulturpris Av Elin Østevik

Elsa Horne vart tildelt Flora kommune sin kulturpris for 2016. Prisen har ho fĂ„tt for arbeidet ho gjer med Ă„ bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter FlorĂž-fotografen Malvin Horne. Horne-arkivet Malvin Horne (1904-1962), frĂ„ Svortevik i Naustdal kommune, tok over 25.000 bilete i lĂžpet av sine 33 Ă„r som fotograf. Det er eit rikt fotografisk materiale Malvin Horne etterlĂ©t seg – her er bilete bĂ„de frĂ„ arbeidsliv, fritid, sosiale hendingar og mykje anna, sĂ„ vel som klassiske atelierportrett. Hornearkivet er ei viktig kjelde til livet pĂ„ kysten, ogsĂ„ i nasjonal samanheng. I det nasjonale registeret over norske fotografar og fotografiske samlingar vert det blant anna poengtert at Horne-arkivet truleg er den stĂžrste og viktigaste kjelda til bilete frĂ„ storsildfisket pĂ„ 1950-talet. Horne-arkivet er i dag deponert hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

40

Eldsjela Elsa Og dette viktig kjeldematerialet er det altsÄ at Elsa Horne gjer ein utrÞytteleg innsats for Ä bevare og gjere tilgjengeleg for alle interesserte. Elsa, som er dotter til fotograf Malvin Horne, pakkar om og klargjer materiale til digitalisering, og ho registrerer opplysningar til fotografia i fylkesarkivet sin fotobase. Til dette arbeidet har Elsa ogsÄ rekruttert seg fleire medhjelparar som saman har lagt ned ein stor dugnadsinnsats. Fylkesarkivet pÄ si side syter for at materialet vert digitalisert i trÄd med arkivfaglege standarar, og sikrar ogsÄ at originalmaterialet er trygt oppbevart i klimaregulert fotomagasin. Flora kommune har ogsÄ vore ein viktig bidragsyter til dette arbeidet gjennom den prosjektstÞtta dei har ytt til Horne-arkivet. Horne pÄ nett Per i dag er vel 10.000 fotografi frÄ Horne-arkivet pakka om, digitalisert, registrert og gjort tilgjengeleg pÄ nett. Mykje godt historisk materiale frÄ Flora kommune er dermed tilgjengeleg for Älmenta. Men som fotograf hadde Malvin Horne eit stÞrre nedslagsfelt

Elsa Horne saman med dugnadsgjengen frÄ Bremanger som har pakka om dei kring 4000 Bremanger-bileta som no skal digitaliserast. FrÄ venstre: Reidun Torvanger Solberg, Margret FrÞyen, Elsa Horne og Marit Ryland Strand. Foto: Elin Østevik

enn berre Flora kommune. OgsÄ folk frÄ nabokommunane reiste til FlorÞ for Ä la seg fotografere av Malvin Horne. I desse dagar gÄr startskotet for Ä digitalisere og registrere om lag 4000 av Malvin Horne sine Bremangerbilete. Arbeidet er stÞtta av Bremanger kommune. Bileta frÄ Bremanger vil bli tilgjengeleg i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som dei vert digitalisert.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Kjelda nr. 2 2016 by Fylkesarkivet i Vestland - Issuu