Kjelda, nr. 2 â 2016, Ă„rgang 25
Julegrisen i Nordfjord
Av Annette Langedal Holme
ïŻ Â«Det var julekveld i skogen. Fjernt fra verdens stĂ„k og larm.» Slik byrje visa, Julekveld i Skogen, skriven av Astow Ericsson i 1964. Songen har unekteleg sine kvalitetar pĂ„ fleire mĂ„tar, men her er vi interessert i draumane til han gamlefar i fĂžrste vers. Han sit nemleg og drĂžymer om ein fordums julegris. Det er vel fleire som har tenkt med glede pĂ„ feite griselabbar til jul, og nettopp julegrisen var veldig viktig under julemiddagen fĂžr i tida. Heilt tilbake til vikingtida var grisen ein stor del av eit festmĂ„ltid og grisen har fylt opp festbord heilt fram til i dag med den populĂŠre svineribba dei fleste av oss et rundt jul. Det var mange gardar som hadde ein stadig feitare gris vraltande rundt pĂ„ tunet utover hausten. Vi fĂ„r hĂ„pe at ingen sprenggjĂždd julegris nokon gong skjĂžnte kvifor han fekk ete det han klarte og kvifor kona nĂžgd klaska han pĂ„ det tjuknande feittlaget. Lange tradisjonar i Nordfjord OgsĂ„ i Nordfjord kan vi vise til lange tradisjonar med julegrisen. Folketeljinga frĂ„ 1835 gir oss eit godt innblikk. I tillegg til folketal registrerte dei ogsĂ„ avlingar og tal husdyr pĂ„ dei ulike gardane. Der kan vi sjĂ„ at dei fleste gardar
i Nordfjord i all hovudsak hadde kyr, sau og geit. Nordfjord har aldri mangla utmark, sÄ talet pÄ beitedyr var ganske hÞgt. I tillegg hadde dei fleste gardar ein eller eit par grisar. Til eksempel kan vi lÞfte fram Eid prestegjeld som hadde 6126 sauer i fÞlgje folketeljinga frÄ 1835. Til samanlikning fanst det 315 grisar. I fÞlgje dei same folketeljingane er desse husdyra fordelt pÄ 146 gardar som vanlegvis bestÄr av 2-3 bruk. Det gir om lag ein gris til kvar husstand, sÄ der har vi nok julegrisane vi sÄg etter. PÄ tide Ä slakte julegrisen Slaktinga av julegrisen var eit teikn pÄ at jula var like rundt hjÞrnet. Grisen vart gjerne slakta sÄ tett opp til jul som mogleg, for dÄ kunne ein ha sylteflesk og blodpÞlse til julemiddagen. I Gloppen var det vanleg Ä lage grisekompar (raspeballar laga av raspa poteter, mjÞl og griseblod) av blodet etter at grisen var slakta. Tradisjonar rundt julematen har store lokale variasjonar som ofte var ulik
frÄ gard til gard. Ulike delar av grisen vart eten til ulike tider i jula rundt om i fylket. I Gulen Ät dei til dÞmes grisehovud og flatbrÞd til frukost. I dag hentar vi julegrisen i frysedisken og ikkje pÄ gardstunet. Alt konene kan klaske pÄ i dag er sitt eige fettlag, noko som gjerne ikkje er med den same gleda som eit godt dissande klask pÄ julemiddagen. Grisen Grisen stÄr i sin grisebing og tenker dypsindig pÄ viktige ting. Undres om fleskeprisen gÄr opp eller ned tenker grisen. Av Inger Hagerup Litteratur og kjelder: Folketelling for 1835. Funne pÄ internett 24.06.2015: http://www.ssb.no/a/histstat/nos/ st_02r_1835.pdf Kongsvik, à . og StÞfringsdal, K. 1999. Fjordamat, kokebok for Sogn og Fjordane. FÞrde. KvÄle, I. 1967. Breim i Sogn og Fjordane fylke. I Manns minne, daglegliv ved hundreÄrsskiftet. Bind 1. Oslo. Shalin-Sveberg, I. 2000. Som julekvelden pÄ kjerringa. Oslo.
15