Kjelda, nr. 2 â 2016, Ă„rgang 25
Fauske framhevar bygdelivet som ei sameining av nyting og nytte.
ein del ârekvisittar og kulisser som minimumsvilkĂ„r for regisering av det frilyndeâ Den standardiserte folkedrakta, bygd pĂ„ den regionale hardangerbunaden stĂ„r i ei sĂŠrstilling, men ogsĂ„ i sjĂžlve scenerommet eller kulissane er Fauske flink med symbolsk ladde element. Det kan vere bjĂžrkestammer, og poserande budeier og kyr. Fauske har og fleire kort med vintermotiv og skigĂ„ing. PĂ„ ei tid dĂ„ Nansen og Amundsen sine polarekspedisjonar gav grunnlag for mykje heltedyrking, kunne denne koplinga mellom vinter og friluftsliv tene som ein sterk nasjonal metafor.
Ein mann av si tid Olai Fauske var ein mann av si tid. Ein modernist med rÞter i det bygdenorske. Dersom nokon ser ein motsetning i eit moderne yrkesval kombinert med norskdomsrÞrsle, skal ein vite at norskdomsrÞrsla pÄ slutten av 1800talet var ei radikal og moderne rÞrsle som sprang ut av intellektuelle krinsar i byane, men som spreidde seg ut over landet til ei stor politisk og nasjonal reising. Det er i denne tradisjonen ein mÄ sjÄ Olai Fauske og gjerninga hans.
«Samlinga etter Olai Fauske»
- eit prosjekt stĂžtta av Norsk KulturrĂ„d og FĂžrde kommune Av Elin Ăstevik
Olai Fauske (1887-1944) kan seiast Ä vere den fotografen frÄ Sogn og Fjordane som er best dokumentert. Ikkje berre er negativarkivet etter Fauske bevart, men ogsÄ brev, protokollar og anna skriftleg materiale, i tillegg til gjenstandar frÄ atelieret, er berga for ettertida. Det er til og med skrive ei doktorgrad om fotograf Fauske! Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum som saman tek vare pÄ Fauske-samlinga. Fylkesarkivet har eit sÊrskilt ansvar for privatarkivet pÄ 1,8 hyllemeter og fotoarkivet pÄ kring 17 500 foto, medan Sunnfjord Museum tek hand om gjenstandane etter Fauske. Materialet etter Fauske har sidan det kom inn til vÄre to institusjonar pÄ 1990-talet blitt ordna og sikra trygge oppbevaringstilhÞve. Videofilming av negativarkivet pÄ 1990-talet, den gongen siste skrik pÄ teknologifronten, gjorde det mogleg Ä samle inn opplysningar til ein god del av bileta, samstundes som materialet vart lettare tilgjengeleg for forskarar. Etnologen Oddlaug Reiakvam si forsking pÄ det rike foto- og arkivmaterialet etter Fauske var eit viktig element i doktorgradsavhandlinga hennar «BilderÞyndom. RÞyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tiduttrykk», der ho samanlikna den fotografiske 10
praksisen til tre ulike fotografar. I avhandlinga si argumenterer Reiakvam for at fotografia etter Fauske kan lesast som visuelle representasjonar pĂ„ brytinga mellom tradisjon og modernitet i Sunnfjord i tiĂ„ra etter unions opplĂžysinga i 1905. Med prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» Ăžnskjer vi ogsĂ„ Ă„ gjere breidda i det rike materialet etter Fauske tilgjengeleg bĂ„de for forskarar og for Ă„lmenta. I lĂžpet av prosjektperioden er mĂ„lsetjinga: âą Ă„ digitalisere og publisere 6000 negativ frĂ„ Fauske-arkivet. âą Ă„ samle inn og registrere opplysningar til sĂ„ mange bilete som mogleg âą Ă„ registrere og publisere gjenstandssamlinga etter Fauske. âą Ă„ registrere og publisere bedriftsÂarkivet etter Olai Fauske. OrdrebĂžkene skal i tillegg digitaliserast.
Fotomaterialet etter Fauske vil bli tilgjengeleg for publikum i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som det blir digitalisert og registrert. Per oktober 2016 er vel 4400 foto digitalisert. Privatarkivet etter Fauske, inkludert dei digitaliserte platebÞkene, finn du no pÄ Arkivportalen. Det stÄr att Ä registrere gjenstandane etter Fauske, desse vil etter kvart bli tilgjengeleg pÄ Digitalt Museum. Prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum. Prosjektet starta opp februar 2016 og vil etter planen avsluttast i juni 2017. Prosjektet har motteke prosjektstÞtte frÄ Norsk KulturrÄd og FÞrde kommune.