Kjelda nr. 3 2014

Page 43

kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane 25 år

Av Per Olav Bøyum

I 2014 er det 25 år sidan arbeidararkivet i Sogn og Fjordane vart skipa. Tiltaket har vore viktig for å sikre historia frå arbeidarrørsla i fylket vårt. Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane vart formelt stifta den 9. mars 1989. Det var Bjørn Bering, tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, som tok initiativ til eit samarbeid for å ta vare på den skriftlege dokumentasjonen frå fagrørsla og partilag på venstresida. Forutan Fylkesarkivet bestod avtalepartane av LO i Sogn og Fjordane, Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo, Sogn og Fjordane Arbeidarparti og Avdelingskontoret for Arbeiderenes Opplysningsforbund i Sogn og Fjordane. Føremålet med avtalen var å «ta vare på kjelder til arbeidarrørsla si historie i Sogn og Fjordane, sikre god oppbevaring til dette materialet og gjera det tilgjengeleg for forskarar og andre brukargrupper». Fylkesarkivet fekk det arkivfaglege ansvaret, medan distriktsorganisasjonane til LO, DNA og AOF skulle syte for å utvikle arkivmedvit og dessutan utvikle og vedlikehalde eit kontaktnett i eigne organisasjonar. Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane var det 12. av sitt slag. Navet i dette hjulet er Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo, som kan sjå attende på over 100 år med innsamling og vern av arbeidarkultur.

Mange arkiv sikra I 1985 kom det ei kartlegging av arkiv etter politiske lag i Sogn og Fjordane. Den viste mellom anna at mykje materiale etter politiske arbeidarorganisasjonar truleg hadde gått tapt etter kverrsetjinga av arkiv i 1941. Det var likevel oppløftande at arkivet åt AP sitt fylkesparti stort sett hadde kome heilskinna gjennom krigsåra.

Vegbygging ved Hornindalsvatnet. Frå venstre: nr. 1 Johan A. Nesbakk, nr. 2 ukjend, nr.3 Matias Nord, nr. 4 Anders P. Vikøen, nr. 5 Brita N. Rognes g. Vinsrygg, nr. 6 Mork frå Oppstryn, nr.7 Johanne N. Rognes g. Ola Melheim, nr. 8 Rasmus Hole. Fotograf: Isak Isaksen Hellebust. Datering: 1909.

Ei undersøking av arkivstoda i dei faglege organisasjonane synte dessutan at laga hadde lite oversyn over det eldre materialet sitt. Det kunne dessutan sjå ut til at det mest ikkje eksisterte arkivmateriale frå før siste krig, men etterkvart viste det seg at ein sentral del av det eldste tilfanget likevel ikkje hadde gått tapt. I rapporten som vart skriven etter halvtanna år med vern av arbeidarhistorie i Sogn og Fjordane kjem det fram at dugnaden mellom fylkeskommunen, arbeidarrørsla i fylket og Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo snøgt hadde bore frukter. I alt var det blitt verna 45 hyllemeter med arkivsaker, sju av dei frå partilag og omlag 38 hyllemeter frå fagforeiningar. Sidan oppstarten i 1989 har det blitt jobba jamt og trutt med vern av arbeidararkiv i Sogn og Fjordane. Til no er 298 ulike arkiv frå fagrørsla og partilag på venstresida registrerte. Det aller

meste av denne arkivmassen er oppbevart i Fylkesarkivet sine magasin på Hermansverk, men nokre er òg å finne andre stader i fylket.

Styret i Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane for 10 år sidan. Frå venstre: John Bjarne Hjelmeland, Per Bjarne Molnes, Snorre D. Øverbø, Arvid Kjøsnes og Knut Einar Eriksen. John Bjarne Hjelmeland og Per Bjarne Molnes har gjort ein kjempeinnsats for verne arbeidararkiv i Sogn og Fjordane, og er framleis med i styret. Frå Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo har Frank Meyer erstatta Knut Einar Eriksen. Fotograf: Øystein Åsnes. Datering: 2004. 43


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.