Issuu on Google+

kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 3 - Desember 2014. Årgang 23

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no 1


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Eit Fylkesarkiv eller noko liknande? I 1981 vart den fyrste fylkeskulturplanen for Sogn og Fjordane lagt fram for fylkestinget. I denne vart det slått fast at det var viktig å prioritere arbeidet med å skipe og styrke systematiske lokalhistoriske samlingar, og det vert vurdert å etablere eit eige fylkesarkiv e.l.. Det kunne vore interessant å vite kva som låg i dette e.l.. Kanskje var det eit uttrykk for at ein ikkje visste heilt kva eit fylkesarkiv kunne vere, eller kanskje var det ein ide om noko stort og nyskapande som ein ikkje heilt torde å setje ord på? Like fullt, 2 år seinare var Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane etablert som ei prøveordning, og no har vi i over 30 år jobba for at alle skal ha tilgjenge til arkiva frå fylket. Vi har 5 ulike fagavdelingar med foto, musikk, stadnamn, privatarkiv og kommunale arkiv frå fylket. Alle representerer viktige kjelder til den samla samfunnsdokumentasjonen om Sogn og Fjordane.

Fylkesarkivet har brukarar i alle aldrar. Vi har besøk av skuleklassar, av høgskulestudentar og forskarar og vi har personar som har runda både 80 og 90 som vil ha hjelp. Tilgjenge til arkiva får dei på ulike vis. Nokre gonger lyt dei møte opp på lesesalen vår, medan andre gonger kan dei finne kjeldene digitalt tilgjengelege på nettsidene våre. Talet på førespurnader til oss aukar kvart einast år. Vi jobbar så godt vi kan med å skaffe til vegs opplysningar. For oss som er arkivarar, er det offentlege byråkratiet ein sikker leverandør av arbeid. Hyllemeter på hyllemeter og gigabyte på gigabyte med dokumentasjon kjem inn til Fylkesarkivet frå kommunane og fylkeskommunen. Desse mengdene representerer rettar, dei dokumenterer at det offentlege har gjort jobben sin og dei er kjelder til soga om kommunen, fylket vårt og vår nasjonale historie. Vi er såleis heldige som bur i eit samfunn som lyt

Redaksjon Ole Stian Hovland (red.) Per Olav Bøyum Kjerstin Risnes, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Konstituert fylkesarkivar: Ole Stian Hovland, tlf. 57 65 64 04, ole.stian.hovland@sfj.no Arkivarar: Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, Espen.Seterbo@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 65 64 19, lars.berg.hustveit@sfj.no

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Kvit

jul i Florø,ca. 1945-1970. Fotograf: Kåre Halvdan Botnmark. (SFFf-100031.125781).

2

dokumentere verksemda si. Heldige, fordi dette har med grunnleggande menneskerettar å gjere. I tillegg er vi i Sogn og Fjordane heldige, fordi vi har eit arkiv som også tek vare på anna dokumentasjon som vert skapt i fylket. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er difor noko meir enn eit arkiv der kommunane og fylkeskommunen oppbevarer arkiva sine. Kanskje har vi her eit svar på kva dette e.l. står for. Kanskje var tanken at vi skal vere eit arkiv for alle, eit slags folkearkiv? Vi likar å seie at jobben vår er å gi alle tilgjenge til arkiva og å dokumentere historia til fylket. Skal vi greie dette, lyt vi fornye oss og forbetre oss. Samfunnet utviklar seg og vi lyt følgje med, men det er store oppgåver vi ikkje rekk over. Ein kan finne mange døme. Biletsamlingane våre dekker i hovudsak åra før 1950, her er det mykje som bør takast fatt i. Vi har heller ikkje særleg med arkiv som seier noko om lag og organisasjonar til dei store gruppene med personar som har flytta hit frå andre stader i verda. Dei skapar også historie i Sogn og Fjordane. Skal vi halde fram med å forvalte historia vår og gi alle den hjelpa vi kan, er det to viktige oppgåver som alltid står framfor oss. Vi må få tak i arkiva, og vi må gjere dei tilgjengelege. Både offentlege arkiv, privatarkiv og andre samlingar er viktige for å sikre rettar og kjelder til vår eiga historie. Vi treng framleis eit fylkesarkiv eller noko liknande.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Innhald • Leiar Av Ole Stian Hovland

......................................................................................................................................................................................................

• Grunnlovsjubileum 2014 - Askvoll prestegjeld Av Elin Østevik

............................................................................................

s. 2 s. 4

• Grunnlovsjubileum 2014 - Lavik presegjeld Av Kjerstin Risnes .............................................................................................. s. 10 • Grunnlovsjubileum 2014 - Gloppen prestegjeld Av Per Olav Bøyum ................................................................................ s. 15 • Grunnlovsjubileum 2014 - Reisande prestar Av Per Olav Bøyum .......................................................................................... s. 19 • Grunnlovsjubileum 2014 - Sognestabbur Av Hermund Kleppa

................................................................................................

• Grunnlovsjubileum 2014 - Silkeflagget til Eidsvollbygningen Av Hermund Kleppa

......................................

s. 29

..............................

s. 26

.............................................................

s. 34

• Grunnlovsjubileum 2014 - Eit 1814 brev frå Bergen til Sogndal Av Hermund Kleppa • Grunnlovsjubileum 2014 - Kjelde til 1814 digitalisert Av Per Olav Bøyum

s. 26

• Grunnlovsjubileum 2014 - Nokre 17. mai-minne Av Wilhelm Kvalheim/Hermund Kleppa ................................ s. 35 • Hund i stadnamn Av Kristian Solvang ....................................................................................................................................................................... s. 37 • Katt i stadnamn Av Kristian Solvang .......................................................................................................................................................................... s. 38 • Frå Holck til Heggø Av Randi Melvær ...................................................................................................................................................................... s. 40 • «Nødrop frå Stavaneset» av Arnfinn Haga Av Randi Melvær .................................................................................................. s. 41 • Avlevering frå Selje kommune Av Cecilie Astrup Bustad ................................................................................................................... s. 42 .............................................................................................

s. 43

............................................................................................................................................

s. 48

• Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane 25 år Av Per Olav Bøyum • På sporet av eit landsmøte Av Per Olav Bøyum

• Tilvekst til biblioteket .......................................................................................................................................................................................................... s. 50

3


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er med på markeringa av grunnlovsjubileet. I dette nummeret av Kjelda vil vi presentere stoff knytt til 1814. Det har blitt skrive artiklar om kvart prestegjeld i fylket. Dei er å finne i kulturhistorisk leksikon. I dette nummeret av Kjelda kan du lese nokre av dei. Meininga er at kvar artikkel skal stå på eigne føter. I struktur og innhald er det difor ein del element som går att.

Grunnlovsjubileum 2014 - Askvoll prestegjeld

Av Elin Østevik

«Askevold prestegård, 1849» måla av Anders Askevold. Askvoll kyrkje var vallokale tre gonger i 1814: På den særskilde bededagen 18. mars, ved valet av valmenn til omframt storting 9. september og ved valet av valmenn til det første ordinære stortinget 30. desember. Foto: Thor Westrebø / KODE.

Kielfreden i januar 1814 braut bandet mellom Noreg og Danmark. Statthaldar og prins Christian Fredrik tok styringa i Noreg og stilte seg i spissen for den norske sjølvstenderørsla. 19. februar kunngjorde han at det skulle veljast ei representativ forsamling som skulle skrive grunnlov og velje ein konge for Noreg. Prestegjelda fekk i oppgåve å velje valmenn som så skulle møtast og velje representantar til grunnlovsforsamlinga. 4

Askvoll prestegjeld i 1814

Sokneprest i Askvoll i 1814

Askvoll prestegjeld omfatta i 1814 området frå Grimelia i nord til Lifjorden i sør, og inkluderte etter dagens kommunegrenser deler av kommunane Askvoll, Hyllestad, Solund og Fjaler. Prestegjeldet var delt i fire sokn: Askvoll (hovudsokn), Vilnes, Hyllestad og Øn. Prestegjeldet hadde i 1814 skuleordning, fattigstell og forlikskommisjon. Soknepresten var sentral i det offentlege livet i prestegjeldet, ikkje berre som prest. Han var også leiar for skulekommisjonen og fattigkommisjonen, i tillegg til å vere medlem i forlikskommisjonen.

I 1814 var det Peter Johan Arnet (1740-1826) frå Skogn i Levanger som var sokneprest i Askvoll. Han tok til i stillinga i 1789 og gjekk av med pensjon 14. desember 1815 grunna alderdomsveikskap og nedsett syn. Han skal då ha vore så godt som blind. I kallsboka for Askevoll prestegjeld kan ein om Arnet lese at: Han var en velbelæst Mand. Historien var især hans Livsstudium, uagtet han derved ingenlunde forsømte sit egentlige Studium Theologien. Læsning var hans kjæreste og eneste syssel. Hans


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

blide venlige væsen, og hans retskafne tænke- og handlemåde, erhvervede ham mange Velyndere. Sin menigheds kjærlighed besad ham i høi grad og den fulgte ham i graven.

Særskild bededag – eidsavlegging og val I 1814 fekk sokneprest Arnet brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå Prins Christian Frederik, Noregs Regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet. Kyrkjelyden skulle først sverje å forsvare det norske sjølvstendet og deretter velje to valmenn til eit amtsvalmøte. På amtsvalmøtet skulle det så veljast tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Eidsavlegginga skulle dokumenterast i form av eit underskrive vitnemål om «at vedkommende menighets indvaanere med fædrelandssind hadde avlagt nævnte ed». Det var «de tilstedeværende Øvrigheds-Personer og Embedsmænd», samt 12 «af Menighedens Agtværdigste Mænd» som skulle underskrive vitnemålet. Dei same mennene skulle også underskrive ei adresse til regenten som gav dei to valmennene fullmakt «at overbringe samme, og paa folkets vegne at møte og stemme ved den berammede forsamling av nationens utvalgte mænd».

Bededag i Askvoll kyrkje I Askvoll prestegjeld vart bededagen halden 18. mars i Askvoll kyrkje. Kyrkja var ein tømmerbygning i relativt dårleg stand sett saman av det gamle stavbygde våpenhuset med tårn frå den gamle stavkyrkja, eit nybygg frå 1600-talet og eit tilbygg frå 1700talet kalla «N-kyrkja». 20. mars har sokneprest Arnet gjort følgjande innføring i kyrkjeboka:

Prins Christian Frederik (1786-1848), dansk tronfølgjar, portrettert av Johan Ludvig Lund i 1813 før han kom til Noreg som statthaldar sommaren same året. Christian Fredrik nekta å godta Kielfreden der Frederik 6. avstod Noreg til kongen av Sverige. Han var Noregs regent frå 16. februar, vart vald til konge i Noreg av riksforsamlinga på Eidsvoll 17. mai og abdiserte 8. oktober. Frå kyrkjeboka for Askvoll prestegjeld i 1814. 20. mars (markert) er eidsavlegginga og valet fredag den 18. mars omtala.

«Underdanigst av P. J. Arnet». Peter Johan Arnet (1740-1826) frå Skogn i Levanger som var sokneprest i Askvoll i perioden 1789-1815.

NB: Efter foregaaende Bekjendtgjørelse vare samtlige Menigheder i Askvolds kald Fredagen den 18de Marts forsamlede i Askvold Hovedkirke til den hans kongelige Højhed Prints Christian Fredric

5


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Huset på Vange der det vart halde to amtsval i 1814, først 30.mars på tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll, og deretter 23. september på fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset vart bygd kring 1715 av major Wilhelm Coucheron. Huset hadde namnet Lyche-huset etter kaptein Lyche som var i Vik frå 1845 til 1884. Fotograf: Stavanger Forenede Fotografer. Datering: Kring 1910.

paabudne Bededags Helligholdelse og i foreenet Fædrenelandsind med opløftede Fingre aflagde den paa tilspørgsel ? Høytidelige Eed: at hævde Norges Selvstendighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland. Hvilket i Kirken og og på Alteret blev attesteret med Nedenskrevne Underskrift P: J Arnet. - P: J. Zithelun. - O: E. Kaland. J: P: Askevold. A:J: Eyner – G: J: Leervaag . P: H: Hyllestad. M: Ø: Askevold. O: O: Strømmen – S: N: Stang – C: C: Ulvig – B: A: Leerpol. Villum Jans: Vildnes – Villats Johansen Norefolkestad. Av disse blev O:E: Kaland og V: J: Vildnes udvalgte som deputerede at møde ved Forsamlingen i Viig den 30te Marts, hvor atter 3 blive udvalgte for hele Amtet at møde paa Eidsvold den 10: Apriil, nl: Sorensk: Irgens, Pastor Niels: og bonde Peder [?] i Lejrdal Sjølv om innføringa i kyrkjeboka er datert til 20. mars, har altså sokneprest Arnet, som siste avsnitt over syner, skrive ho etter at amtsvalet i Vik var gjennomført.

6

Underskriven adresse og fullmakt Sokneprest Arnet var både forrettande prest og «valstyre» på bededagen. Det var han som skreiv adressa som skulle leverast til prins Christian Fredrik. Adressa fungerte som nemnt både som vitnemål på at kyrkjelyden hadde avlagt eiden om å forsvare norsk sjølvstende, og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Adressene vart samla inn på amtsvalmøtet og deretter tekne med til Eidsvoll og levert til prins Christian Fredrik. Adressa frå Askvoll har følgjande ordlyd: Til Hans Kongelige Højhed, Norges Regent, Prints Christian Frideric. At samtlige respective Menigheder i Askevolds Kald efter foregaaende Bekjendtgjørelse Fredagen den 18de Marts var forsamlede i Askevolds Hovedkirke til den anordnede Bededags Helligholdelse og i forenet Fædrenelands Sind med opløftede Fingre avlagde den paa Tilspørgsel avfordrede højtidelige Eed: om at hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland», med denne lydelige Forsikring: Det sværge Vi, saasandt hjelpe os Gud og hans hellige Ord! Dette bliver herved attesteret med

Adressa frå Askvoll prestegjeld til prins Christian Fredrik.

vores Samtliges Underskrivt. Peter Johan Arnet, Sogneprest til Askevolds Kald. P. J. Zitzelun, Kloker. O. E. Kalland. Johan Petersen Askevold, Forligel. Comsair. Ole Olsen Strømme Svend Nilsen Stang Gierdt Jonsen Lervaag Christen Christen. Ulvig Anders Jonasen Soreymind. Mathias Østensen Askevold. Bertel Andersen Lerpaalen. Peder Hartvigsen Hyllesta. Willas Jonsen Norefolkesta. Willum Jansen Wilnes. Til det berammede Møde i Viig den kommende 30te Marts blev det paa Askevolds Menigheders Vegne overdraget de 2de valgte Deputerede S: T: Herr Ole Eliasen Kaland, Gjæstgiver og boesadt i Søngesund, med agtværdige Bondemand, Willum Jansen Vildnes at overlevere ovenskrevne Document. Askevold ut supra. Underdanigst av P. J. Arnet.

Dei to valmennene frå Askvoll Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vere bonde. I Askvoll valde dei den «agtværdige Bondemand» Willum Jansen Vildnes


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

«Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814» av Oscar Arnold Wergeland. 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde Christian Fredrik (1786-1848) til konge over Noreg. Til stades frå Nordre Bergenhus amt var: Bonde Peder Hjermann frå Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal og sokneprest Niels Nielsen frå Ytre Holmedal (Fjaler).

og Ole Eliasen Kaland, «Gjæstgiver og boesadt i Søngesund». Ole Eliasen Kaland (1781-1820) kom frå Naustdal. I 1812 gifte han seg med Berte Susanne Olsdtr. Eikefjord (?-1847). Berte hadde overteke drifta av gjestgjevarstadene Sauesund og Stavenes etter at den første ektemannen hennar Elias Mathiasson Zitzelau

omkom på sjøen i 1807. Sjølv om Kaland her er omtala «som gjæstgiver» høyrer det med til historia at Berte allereie hadde drive gjestgjevarverksemda åleine i kring seks år før ho gifte seg med Kaland, og at ho også dreiv verksemda åleine i vel 20 år etter at Kaland døydde. Som kvinne hadde ho ikkje røysterett.

Villlum Janson Vilnes (1774-1854) var brukar på Vilnes. Han var gift med Synneve Pedersdtr. Furrevik og fekk ni born.

K for kvinne Sjølv om kvinnene ikkje hadde røysterett veit vi at det var kvinner til stades på bededagen i Askvoll kyrkje. 18. februar var det nemleg også dåp i kyrkja og sokneprest Arnet gjort følgjande innføring i kyrkjeboka: 18: Døbt Niels: Foræld: Niels Hermansen og k: fra Storag - Vid, Ser-geant Ole Saeter(?) og k: Ole Skorpen og k: Niels Tejge . – Som ein ser av sitat over har ikkje presten funne det verdt å nemne kvinnene ved namn. Mora til barnet og dei to kvinnelege fadderane er ganske enkelt nemnde som «k».

Dei som skreiv under Fredsavtalen mellom Noreg og Sverige, Mossekonvensjonen av 14. august 1814, fastsette at eit storting skulle kome saman siste dag i september eller ein av dei første åtte dagane i oktober. Fotograf: Stig Rune Pedersen. Datering: 2014.

Adressa frå Askvoll prestegjeld er underskriven av 14 personar, inkludert dei to valmennene. Kyrkja kan seiast å vere sterkt representert i form 7


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

av underskrifta til soknepresten, hans fire medhjelparar (ein medhjelpar var i «Gudfrytig Mand» i kvart sokn som mellom anna skulle ta seg av heimedåp når det var naudsynt) og to klokkarar. I tillegg finn vi ein «forligel. Comsair», ein gjestgjevar og tre skulehaldarar på lista. Av dei 14 som har skrive under er 10 eller 11 bønder (vi kjenner ikkje yrkesbakgrunnen til Stang), noko som gir ein prosent på 71 eller 79. Gjennomsnittet for amtet under eitt er at kring 75% av dei som skreiv under adressene var bønder.

Amtsvalet i Vik 1. mars sende amtmann Hermann Gerhardt Treschow rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:  [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs

Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned. Treschow Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lychehuset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde: • Bonde Peder Hjermann, Lærdal • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (Sogndal, Indre Sogn sorenskrivar døme)

• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Grunnlova av 17. mai 1814 Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til konge i Noreg. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Krig og forhandlingar Danskekongen Fredrik 6. hadde ved Kielfreden avstått Noreg til Sverige, og svenskekongen Carl Johan likte ikkje utviklinga i Noreg. Han prøvde å få dei europeiske stormaktene til å gripe inn, og i juni og juli vart det mekla mellom kong Christian Fredrik og kong Carl Johan. Kong Christian Fredrik forstod raskt at ein union med Sverige ikkje var til å unngå, og jobba i meklinga for at Noreg skulle få best moglege vilkår i unionen. Men kong Christian Fredrik og kong Carl Johan vart ikkje samde, og meklinga vart avslutta. 26. juli 1814 gjekk den svenske hæren til åtak på Noreg. Det svenske overtaket var tydeleg frå starten av, og alt 5. august inngjekk Noreg og Sverige våpenkvile. Resultatet av forhandlingane mellom Noreg og Sverige etter våpenkvila var den såkalla Mossekonvensjonen. I konvensjonen forplikta svenskekongen seg til å godta prinsippa i den norske grunnlova, samstundes måtte Christian Fredrik gå av som konge. Christian Fredrik skulle gi frå seg makta til statsrådet som skulle styre Noreg fram til stortinget kunne samlast. Stortinget si oppgåve vart så å forhandle fram endringar i grunnlova slik at ho vart tilpassa ein union med Sverige.

Val til omframt storting om hausten

Karl 13. (1748-1818) portrettert av Carl Fredric von Breda. 4. november 1814 valte omframstortinget Kong Karl 13. av Sverige til konge over Noreg og Noreg gjekk i union med Sverige.

8

Valet til det ekstraordinære stortinget, omframstortinget, som var spesifisert i artikkel 1 i Mossekonvensjonen var betre førebudd enn valet til Eidsvollforsamlinga. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova,


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på ”stemmeberettigede”; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb. Men kven var «stemmeberettiget»? I utgangspunktet måtte ein vere mann over 25 år OG vere embetsmann, byborgar, sjølveigande bonde, leiglending som hadde bygselkontrakt på matrikulert jord i meir enn fem år eller eige jord i byane over ein viss verdi. Forpaktarar, kårfolk, heimeverande bondesøner, husmenn, tenarar og mange andre grupper hadde ikkje stemmerett. At kvinner ikkje hadde stemmerett var så sjølvsagt at det ikkje stod direkte nemnt. På bakgrunn av desse kriteria skulle Askvoll prestegjeld velje tre valmenn til amtsforsamlinga i Vik. 9. september gjer sokneprest Arnet denne innføringa i kyrkjeboka: I min Fraværelse, blev Valgs Forsamlingen foretaget af Hr. Pastor Nilsen den 9de Septbr [fredag] i Askevolds H. Kiærke..; hvorved da Peder Kumle, Bertel Leerpol, og Christen Ulvigen blev valgte til Amts – Forsamlingen i Vigøren.

Omframstortinget og grunnlova av 4. november Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Dei valde vart: • Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn • Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn • Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord • Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord Det omframme stortinget møtte i Kristiania 7. oktober. 4. november vart stortingsmennene ferdig med å endre grunnlova. Paragraf 1 i grunnlova hadde no denne ordlyden: «Kongeriget Norge er et frit, udeleligt og uaf-

8. januar 1815 vart det halde bededag i Askvoll prestegjeld for å feire unionen med Sverige. «Rescript» frå «den norske Regjering i Kongens Navn» bestemte innhaldet på bededagen. Presten skulle preike over Lukas 2.4. og deretter skulle kyrkjelyden gå i forbøn for «Os og Vort kongelige Huus, samt for de tvende forende Riger».

hændeligt Rige, forenet med Sverige under een Konge». Same dagen valde omframstortinget Karl 13. til konge over Noreg.

Unionen med Sverige vart markert med bededag i alle landets prestegjeld etter reskript frå «den norske Regjering i Kongens Navn». I kyrkjeboka for Askvoll kjem det fram at «den befalede bede og takkefæst» vart halden i Askvoll prestegjeld 8. januar 1815.

• Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok. Folket II B. Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969, Askvoll sogenemnd, 1972.

Prenta kjelder • Aaras, Margrethe Henden, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord, Selja forlag, 2000. • Ei kulturhistorisk samling om Vilnes og kyrkja, Atløyprosjektet 1998- 2000. Kellmer, Inger Hellesøe og Finn Borgen Førsund (red), Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Band 1, Hyllestad kommune, 1990 •

Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok. Folket II A. Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969, Askvoll sogenemnd, 1971.

• Losnegård, Gaute, Havfolk og Fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll. Bind 1, Askvoll kommune 2009. •

Riksforsamlingens forhandlinger, 2den del, adresser og fuldmagter, utgit efter offentlig foranstaltning ved sorenskriver Arnet Olafsen og Cand. Jur. Kr. Birch-Reichenwald. Grøndahl & Søns boktrykkeri, 1914.

Uprenta kjelder • Digitalarkivet: Soknepresten i Askvoll, Ministerialbok, 1776-1821

Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok, I, Kristendomens innfø ring år 996. Kyrkjehusi, gravplassane, prestekallet, prestane og anna personell m.m., Askvoll sogenemnd, 1963. 9


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014 - Lavik prestegjeld

Av Kjerstin Risnes

I løpet av fire månader gjekk Noreg frå union med Danmark til sjølvstende med Grunnlov og valt konge. Alt som eit opprør mot Kielfreden 14.januar der danskekongen gav frå seg Noreg til Sverige. I spissen for opprøret stod den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik og den norske eliten. Før hausten var omme, kom Noreg likevel i union med svenskane, men no som sjølvstendig stat. I Lavik prestegjeld, som elles i landet, vart presten og kyrkjelyden inkluderte i arbeidet for sjølvstende. Kyrkja – viktig del av det kongelege maktapparatet Kyrkja spelte ei sentral rolle i hendingane i 1814, og var den dominerande arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll. Tida var knapp. For at landet skulle bli sjølvstendig og Cristian Fredrik bli valt til konge, måtte det handlast raskt før svenskekongen kom attende frå krigen og krov Noreg. Kyrkja var ein viktig del av det kongelege maktapparatet som prinsen no kunne dra nytte av.

Konge, folk og fedreland – Guds sak Folket og fedrelandet vart gjort til Guds sak, og den kyrkjelege infrastrukturen gjorde det mogeleg for regent Christian Fredrik å gjennomføre val på utsendingar til grunnlovsgjevande forsamling på Eidsvoll. Kyrkja var den naturlege samlingsstaden, var landsdekkjande og einerådande på det religiøse området. Det fyrste nasjonale valet gjekk difor føre seg i her, dei lokale valadressene, som skulle leverast til regent Christian Fredrik personleg på Eidsvoll, vart i hovudsak utforma av prestane. Prestane fungerte også som «valstyre». 10

Lavik gamle kyrkje. Teikna av Mons A. Ringereide etter minnet til Nils J. Ringereide. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bind 3. Fotograf: Mons A. Ringereide.

Etter at Grunnlova var vedteken og kongen valt, vart det tillyst festgudsteneste i alle kyrkjene i landet. Om hausten var kyrkja vallokale for andre gong. Nye stortingsmenn skulle veljast. Det skulle no forhandlast med svenskane om unionens tilpassing til Grunnlova.

Særskild bededag – fyrste steg i den folkevalde prosessen mot sjølvstende Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Lavik brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande

fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Biskopen i Bjørgvin sende ut rundskriv til prostane i stiftet om at valet skulle gå føre seg i hovudkyrkja i prestegjeldet. Soknepresten si oppgåve var nå å varsle folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen»

Signaturen til sokneprest Ludvig Daae.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunde med «den anbefalede Bøn.» Etter gudstenesta skulle det veljast to valmenn til eit valmøte for heile amtet, kor utsendingane til Eidsvoll skulle veljast. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «aktverdige Mænd».

Lavik prestegjeld som valkrins

Adresse og fullmakt frå Lavik prestegjeld

i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Kunngjering, appell, eid, bøn, preik og val Innhaldet i kyrkja denne dagen var detaljert føreskrive frå Regenten.

Kvar prest skulle lese opp kunngjeringar og halde «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverje høgtidleg eid på å hevde sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halde ei preike over bibelteksten i

I samband med valet til Eidsvoll vart prestegjelda brukte som valkrinsar på landsbygda. Dei tre kyrkjesokna Kyrkjebø, Lavik og Bø, i noverande Hyllestad, utgjorde Lavik prestegjeld i 1814. Fram til 1808 hadde sokna Lavik og Bø høyrt til det store Eivindvik prestegjeld medan Kyrkjebø hadde høyrt til Vik. Det nye prestegjeldet var framleis vidstrakt og femna om begge sider av Sognefjorden, samt Bøfjorden. Det budde i underkant av 2000 menneske i prestegjeldet i 1814. Her skulle vere organisert skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Ei inntektskjelde til skule- og fattigstellet var pengegåver i kyrkjene, både ved kollekt og ved faste

Huset på Vange der det vart halde to amtsval i 1814, først 30. mars på tre utsendingar til riksforsamlinag på Eidsvoll, og 23. september på fire representantar til omframt storting 7. oktober. Huset vart bygt kring 1715 av major Wilhelm Coucheron. Huset hadde namnet Lychehuset etter kaptein Lyche som var i Vik frå 1845 til 1884. Fotograf: Stavanger forenede fotografer. Datering: Ca 1910.

11


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

bøsser. Kyrkjebø, som tidlegare hadde høyrt til Vik, hadde framleis felles skulevesen med Vik. Prestegjeldet hadde elles lensmann både i Kyrkjebø og Lavik sokn. På den tidlegare futegarden Alvera i Lavik sokn budde generalmajor Ole Elias Holck og kona Karen Sofie Hansen. Holck vart vald til å vere utsending til Eidsvoll for det Bergenhusiske Infanterie Regiment. Han vart seinare vald som stortingsrepresentant i 1818, 1824 og 1839.

Hovudkyrkja i prestegjeldet Hovudkyrkja låg i Lavik. Den noverande Lavik kyrkje vart bygd i 1865, og er såleis ikkje det opphavlege vallokalet frå 1814. Den førre kyrkja i bygda stod litt aust for dagens kyrkje og blei reist i 1594. Denne kyrkja kor valet i 1814 vart halde, var ei lita lafta langkyrkje på 9,75 x 7,5 m som romma knappe 100 menneske. Ho var både trong og mørk då det berre var nokre få vindaugsgluggar på sørsida. Svigerfar til kaptein Ole Elias Holck hadde vore eigar av kyrkja, men gjennom arv og skifte var det Holck som eigde denne kyrkja i 1814.

4. november 1814 kom Noreg i union med Sverige og Carl 13. vart Noregs konge. Carl Johan Bernadotte var svensk tronfølgjar 1810-1818. Han vart konge 1818 etter Carl 13 som døydde 5. februar 1818. Illustrasjonen: Overskrifta på kongeleg kunngjering 1818, «Vi Carl, af Guds Naade Konge… gjør vitterlig» 12

4. november 1814 kom Noreg i union med Sverige og Carl 13. vart Noregs konge. Carl Johan Bernadotte var svensk tronfølgjar 1810-1818. Han vart konge 1818 etter Carl 13 som døydde 5. februar 1818. Illustrasjonen: Overskrifta på kongeleg kunngjering 1818, «Vi Carl, af Guds Naade Konge… gjør vitterlig»

Sokneprest med skiftande omdøme Sokneprest Ludvig Ludvigsen Daae ( 1774-1843) kom frå ein av dei største embetsmannsslektene på Vestlandet. Han var den fyrste presten i det nye prestegjeldet, og kom frå Vik prestegjeld som residerande kappelan i 1808. Daae vart verande i Lavik i heile 22 år. I 1830 fekk han kall i Gloppen. Han var gift i 2.ekteskap med Nille Susanne Holck, systera til kaptein Ole Elias Holck, ein av dei militært valde Eidsvollsmennene. Daa fekk eit skiftande omdøme. Då biskop Pavels var på visitas i 1819 vart han imponert over presteregisteret Daae hadde laga over alle innbyggjarane i prestegjeldet, med namn og alder. Han rosa også presten for det gode arbeidet han gjorde med konfirmantane, men lærarane var meir og mindre brukbare. Korkje biskopane Johan Nordal Brun og Pavels var imponerte over presten som talar. Pavels ville også ha slutt på uskikken med at nyfødde vart døypte i prestegarden og ikkje i kyrkja. I Gloppen var han mindre omtykt. Der fekk han fekk ord på seg for å vere drikkfeldig, og skulestellet var han lite oppteken av.

18. mars 1814 i Lavik kyrkje I kyrkjeboka frå Lavik prestegjeld finn vi ei nøktern innføring om kva som

skjedde denne serskilde dagen. Presten skriv at det vart halde bededag i Lavik der dei tre kyrkjelydane møtte, og at dei same dagen avla eid på å hevde Noregs sjølvstende. Ut frå innføringa som presten gjorde, går det ikkje fram at det vart utført andre kyrkjelege handlingar denne dagen enn det som regenten hadde pålagt han.

Kven var kyrkjelyd denne dagen? Kjeldene seier lite om kven som møtte i kyrkjene på bededagen. Det var berre menn som hadde stemmerett. På bygdene var det embetsmenn, brukseigar, jordeigar eller gardbrukar som kunne stemme, og dei skulle vere fylte 25 år. Tydde det at det berre var menn som møtte i Lavik kyrkje denne dagen, eller deltok også kvinnene ? Innføringa i Ministerialboka for Lavik seier lite og ingen ting om kven som utgjorde kyrkjelyden denne dagen anna enn at det møtte folk frå alle sokna.

Adressa og fullmakta frå Lavik I tråd med instruksen frå Regenten skulle valet gå føre seg etter gudstenesta. Det var mest truleg presten som hadde kome med forslag til kven som skulle veljast som lokale utsendingar. Han var truleg også forfattar av fråsegna som fungerte som fullmakt for dei lokale utsendingane til Vik. Fråsegna frå Lavik prestegjeld var nøktern og


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

hadde denne ordlyden: Underdanigst Adresse til Deres Høihed Prinds Christian Friderich, Norges Regent, fra de Stemmeberettigede i Ladvigs Præstegield i nordre Bergenhuus Amt. Nedenstaaende Menighedsmænd af Ladvigs Præstegjeld have paa den for Kaldet anordnede Bededag, idag den 18de Marts 1814, efter afholdt Kirketieneste eenstemmigen udvalgt de 2de Mænd: Sognepræsten Herr. Ludvig Daae og Lensmand Anders Torchildsen Ringerejde og meddele dem herved Fuldmagt paa Kaldets Vegne at overbringe denne vor underdanigste Adresse og at møde og stemme ved den for Amtet berammede Forsamling, som holdes den 30te denne Maaned, paa Gjestgiverstedet Wiigøhren i nordre Bergenhuus Amt.  Datum, Ladvig Præstegaard den 18de Marts 1814.— Otte Hansøn Yttre Torvend. Einer Poulsen Indre Torven, (mpp) Aslach Johannessen Avedahl, (mpp) Carl Hanssen Hellebøe, (mpp) Elling Nielsen Nordejde, (mpp) Ole Poulsen Frævig, (mpp) Lasse Anderssen Wadem, (mpp) Hans Nielsen Fuglsbøe, (mpp) Lars Pedersen Klævold, (mpp) Anders Einersen Wammeroch, (mpp) Henrich Thorsen Brens Dals, Hermund Lassesen Tveiten, Som Valgte underskrive Ludv. Daae. Anders Torcheldsen. 

Dei to valmennene frå Lavik I direktivet frå prins Christian Fredrik var det bestemt at minst ein av dei to valmennene skulle vere bonde. Dei stemmeføre mennene i Lavik kyrkje valde så sokneprest Daa og lensmann og bonde Anders Torchildsen Ringerejde som valutsendingar frå kyrkjelydane i Lavik sokn. Sistnemnde kom frå Oppedal på sørsida av fjorden og kjøpte garden Ringereide i 1776. Han vart tilsett som lensmann i Lavik skipreide i 1787, og garden vart såleis tingstad for skipreida.

Dei som skreiv under Eidsvollsfullmakta vart underskriven

av 12 menn, men berre tre av desse underteikna sjølv. Dei andre er oppførde med påhalden penn. Desse aktverdige mennene var alle bønder, men ein av dei, Lasse Andressen Wadem, var også gjestgivar. Prestegjeldet var stort, men det ser ut til at det var lagt vekt på den geografiske fordelinga av underskrivarar då alle dei tre sokna var representerte.

Val av utsendingar til Eidsvoll Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Om hausten 1814 tok sjølvaste «Grunnlovens far», Cristian Magnus Falsen over embetet. Første mars sende Treschow rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:  «[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.»

Amtsvalet i Vik På garden Vange kom 40 valmenn frå heile amtet saman. Dei skulle no velje tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vere frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset. Dei som vart valde vart: Bonde Peder Hjermann, Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal og sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler).

Militært val Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og menig Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld. Ole Elias Holck,1774-1842, var ein av dei synlege utsendingane på Eidsvoll og talte m.a. høgt og tydeleg om fullt sjølvstende med eigen konge. Framlegget skapte stor debatt, men synet hans vann fram. Som offiser deltok han i krigen mot Sverige, men ikkje i kamphandlingar.

Ole Elias Holck måla av Ole Peter Hansen Balling etter profilklipp i 1896. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814. Foto: Ina Backer © Riksantikvaren

 «Tak og Bønefest» til ære for Grunnlova og kongen Den 17. mai 1814 var Grunnlova vedteken, og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.» Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut rundskriv til landets biskopar om takk og bønefest. Presten Daae tok dette til etterretning, og 24. juni noterte i han kyrkjeboka at det vart halde kyrkjeteneste med takke- og bønnefest i Bø kyrkje.

Krig, fred og ny union Sverige heldt seg til Kielfreden og ville ikkje vite av norsk konge og norsk sjølvstende. Det enda med krigsutbrot 27. juli. Biskopen i Bergens Stift, Johan Nordal Brun, vende seg til ei høgare makt, Gud Herren. Han forfatta og let trykkje ei bøn om norsk siger, men fromme bøner var ikkje nok. I fredsavtalen, «Mossekonvensjonen», godkjende svenskane Grunnlova, men ville ha union. Den 10.10. 1814 var det slutt på den korte sjølvstendeperioden for Noreg, og den nyvalde norske kon13


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Bilde nr.SFFf-100057.108146 Fotograf: Aril Gjelsvik. Bilettekst: Her på den tidlegare futegarden Alvera, budde Ole Elias Holck saman med kona Karen Sofie Hansen Holck. Karen Sofie var dotter til den tidlegare futen Hansen, og det var her i dette vakre huset ho vaks opp.

gen måtte love å forlate landet.

Val til omframt Storting om hausten Hausten 1814 vart det kalla inn til omframt Storting. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit Storting skulle koma saman. Kongen bestemte at det skulle skje 7.okober i Kristiania. I realiteten var dette ei ny grunnlovgjevande forsamling. No skulle det forhandlast med svenskane om unionen.

Fire representantar frå Nordre Bergenhus Amt Dette valet var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga, m.a. låg det no føre valmanntal. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på «stemmeberettigede». I Lavik kyrkje vart det 18. september 14

vald to valmen som utsendingar til Vik. Desse var Otto Torven og John Dyrdal. 23. september var dei på plass i Vik der amtsvalet skulle gå føre seg. Der møtte det 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til dette omframstortinget.

Dei valde vart: 1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn. 2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn. 3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord. 4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord. Den 4. november 1814 valde Stortinget den svenske kongen Carl 13 til Norges konge, og vedtok på ny Grunnlova, no tilpassa unionen med Sverige.

Prenta kjelder: • Leirnes, Leif. Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Bind 3. 1978 •

Aaraas Margrete Henden, Torkjell Djupedal, Sigmund Vengen og Finn Borgen Førsund. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2 Sogn. Selja forlag. Førde 2000

Nilsen, Hakild. Kirkelige og religø se forhold i Bergen stift. I biskopene Pavels og Neumanns tid. Gyldendal forlag. Oslo 1949.

Torvund, Anders O. Ættebok for Lavik. 1983 Førsund, Adolf og Sigurd Førsund. Bygdebok for Kyrkjebø. Bind 2 Gardssoga. 1963


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Vereide kyrkje. Sakristiet til høgre i biletet vart bygt på 1960-talet. Koret vart bygt i 1931 og tårnet i 1879. Alderen på sjølve kyrkjeskipet er usikkert. Fotograf: Chell Hill. Datering: 2007.

Grunnlovsjubileum 2014 – Gloppen prestegjeld 1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling på Eidsvoll, grunnlov, krig med Sverige, stortingsval og union med grannelandet. Gloppen prestegjeld heldt bededag fredag 18. mars. Men oppslutnaden om sjølvstendeprosjektet var heller dårleg. Gloppen prestegjeld 1814  Gloppen prestegjeld bestod i 1814 av sokna Breim, Gimmestad og Vereide.

Det var i stor grad identisk med det som i dag er Gloppen kommune. Men på nordsida av fjorden inkluderte det i tillegg grendene Lote og Hennebygda. I 1815 hadde prestegjeldet eit folketal på litt over 3400. I fylgje bygdebokskrivar Per Sandal var Gloppen på byrjinga av 1800-talet ei rein jordbruksbygd, med svært få sysselsette i andre næringar.

Vereide kyrkje På Vereide står ei av valkyrkjene våre frå 1814. Vereide kyrkje er laga av stein, og er no den einaste av sitt slag som er att i Nordfjord. Byggjeåret er noko usikkert, men truleg vart ho reist på 1100-talet. Kyrkje har opp gjennom tidene vore gjennom mange endringar. Eit stort restaureringsarbeid vart utført i 1631. Fyrst i 1879 fekk kyrkja tårn.

Av Per Olav Bøyum

Soknepresten i Gloppen Peder Pavels vart fødd 15. desember 1769. Faren var sokneprest og prost i Hjelmeland. Pavels fekk sin teologiske eksamen i 1792. I åra 1794-1800 fungerte han som skipsprest, og var med på seglasar til både Vestindia og Middelhavet Til Gloppen kom Pavels i 1801. Frå 1817 var han prost i Nordfjord. I 1829 flytta han til Kragerø. Pavels var svært oppteken av fruktdyrking, og mykje av ettermælet hans er knytt til denne interessa. Han underviste glopparane i podekunsten og anna hagebruk. Peder Pavels døydde i 1855.

Særskild bededag – eidsavlegging og val Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Gloppen brevsending frå biskopen. Det

15


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet. Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lese opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverje høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for det norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunde med «den anbefalede Bøn.» Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velje tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt

til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd». Alt dette stod å lese i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Fullmakt Til Norges Regent Deres Kongelige Højhed Prinds Christian Frederich. Efter højeste Befaling blev Fredagen den 18de Martii 1814 holdet Bededag i Gloppens Præstegjeld, og i dets Hovedkirke efter til ende

bragt Gudstjeneste, hvorunder Kong Fredrich den Siettes aabne Brev af 18de Jan. 1814 og det aabne Brev fra Norges Regent Deres Kongelige Højhed Prinds Christian Fredrich af 19 Febr. med Højstsammes Kundgjørelse bleve oplæste, samt den befalede Fædrenelands Eed af Folket aflagt, foretaget Valg af tvende Præstegjeldets bosatte gaardbrugende Bønder til at overbringe denne underdanigste Adresse og faldt da Valget paa Jetmund Larssen Ryg og Steffen Thorsen Biørkelo — hvilke tvende Mænd og herved befuldmægtiges til paa Folkets Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte Mænd. Skreven i Gloppen Præstegjelds Hovedkirke den 18de Martii 1814. underdanigst P. Pavels Sognepræst Abraham. Jons: Henden,

Frå interiøret i Vereide kyrkje. Vi ser m.a. altertavla frå 1604, alterkrusifikset i bronse og til høgre preikestolen. Fotograf: Arild Reppen. Datering: 2002. 16


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

Kartet viser kvar dei som skreiv under fullmakta kom frå.

Rasmus Hansen Lothe Eylef Eylefs: Ronklef, Peder Ols: Mardal Christen Johans Østrem Abraham Jetmunds: Houge Knud Thorsen Fløttre Peder Reynholds: Eyde Marcus Olsen Tystad Lars Olsen Kandal Jens Jespersen Egge Absalon Jonsen Stensager.

Dei som skreiv under Det ser ut til at alle så nær som presten var bønder. Det gjev i så fall ein bondedel på 92%, langt over snittet elles for amtet som låg på 75%. Dei to valmennene skreiv ikkje under. Generelt er det lite me veit om vanlege folk sine oppfatningar og haldningar til dei hendingane som skjedde i mirakelåret 1814. Frå Nordfjord finst det derimot ei fråsegn, ført i pennen av sokneprest Frimann i Davik, som fortel om korleis oppslutnaden om bededagen var. I eit brev til biskop Brun i Bergen kjem han inn på at det i Gloppen og Innvik mest var ingen som ville framføre eiden: Bededagen, den 11. Martii, blev i min Kirke holdt med største Høitidelighed og Orden; - i Eids og Sellø Kirker ligesaa; derimod i Indvigs og Gloppens Kirker, da Eeden skulde giøres meget slet. Faa eller ingen vilde giøre Eeden der; skammeligt og harmeligt at saadanne haardhalste gaar igjennem med sligt. Jeg frygter meget for Bondens Selvraadighed herefter

Historikaren Knut Mykland understrekar at haldningane som kom til overflata i Gloppen og Innvik høyrde til unnataka.

Valmennene Jetmund Larson Rygg Per Sandal skriv dette om Jetmund i Soga om Gloppen og Breim: «Jetmund Larsson Dale, d. 85 år g. 1840. Jetmund kom frå Markane i Nedstryn, 5/4, der skogen og skjering av tømmer har gjeve velstand. Segna skal ha det til at då Jetmund kom til Rygg for å kjøpa gard, hadde han skinnprins på Ryggen med niste og pengar i. Så hadde han ein askestav med ein solid jarnstav i handa.» Jetmund fekk i 1789 skøyte på bruk nummer 2 under Rygg. Han var gift med Barbro Knudsdotter Maurset.

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned. Treschow   Amtsforsamlinga skulle velje tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vere frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde: • Bonde Peder Hjermann, Lærdal • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme). • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)   Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Steffen Thorson Bjørkelo Steffen vart fødd i 1779, og døydde i 1835. Han var gift to gonger. Fyrste kona var Kristi Olsdotter Bergheim. I 1818 gifta han seg på ny med Marte Pedersdotter Felde. Han fekk skøytet på bruket Framigard under Bjørkelo i 1799, og dreiv det fram til 1827.

Amtsvalet Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen

Fullmakta frå Gloppen prestegjeld. Alle bortsett frå presten skreiv under med påhalden penn. 17


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Val til omframt Storting

Sokneprest Peder Pavels var i fleire år orlogsprest. I 1796-97 var han med fregatten Thetis på tokt til Middelhavet. På denne reisa skreiv han ei dagbok, som Nasjonalbiblioteket har digitalisert og lagt ut på Internett.

Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober 1814 for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige. Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Desse representantane kom inn frå Sogn og Fjordane: • Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn. • Nils Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn • Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord. • Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Litteratur • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Bind I-V. • Aaraas, Margrethe Henden [et al]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunfjord. Førde : Selja forl., 2000 • Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914 • Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46

Kjelder • Statsarkivet i Bergen: Bjørgvin biskop, K/S 1814 • Digitalarkivet: Folketeljinga 1801

Med ønske om at blive udstopet Av Per Olav Bøyum

Dette var meldinga på eit kort hesten Fanaraak i 1910 sende til formannen i Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Fanaraak hadde i fleire år gjort teneste som avlshingst i fylket. Postkortet dukka opp ved ein gjennomgang av korrespondansearkivet frå Sogn og Fjordane Landbruksselskap (tidlegare Nordre Bergenhus Amts landhusholdningsselskap). Biletet er teke i Luster, av fotograf Norland. På kortet står fylgjande:  «Med ønske om at blive udstopet. – håber jeg at fårmanden for landhusholdningsselskabet gjør sit dertil. I ærbødighed Fanaraak ved N. Talle». Fanaraak vart fødd på Blåvarp i Vestre Toten i 1889. På farssida ætta han frå den kjende Veikle-Balder, ja han kunne endå til føre slektstavla si attende til den spanske hingsten Odin, som kom til Noreg i 1834. I 1892 kjøpte Nordre Bergenhus amt Fanaraak til stamhingst for Indre Sogn. Han gjorde teneste til

18

Fanaraak og Talle

1910, då han vart skoten og sendt til Bergens Museum. Museet opplyser at Fanaraak ikkje fekk oppfylt ønsket sitt.

Litteratur og kjelder • SFF-2000131 Sogn og Fjordane Landbruksselskap • Stambog over heste af gudbransdalsk rase. Første bind : Hingster født i aarene 1846-1892 • Nordre Bergenhus Amts Amtsformandskabs-Forhandlinger for året 1910


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014 - Reisande prestar

Av Per Olav Bøyum

Fort Dansborg i Trankebar. Foto: Esben Agersnap

Prestane tok sterkt del i dei hendingane som fann stad i mirakelåret 1814. På Eidsvoll var 14 av dei 112 representantane prestar. I tillegg hadde sokneprestane ei hovudrolle lokalt. Kyrkjene fungerte som vallokale, og preikestolane vart nytta til både agitasjon og informasjonsspreiing. Kva ballast og erfaring hadde så desse mennene som spelte ei så viktig rolle i 1814-dramaet? Bakgrunnen deira var sjølvsagt variert, men nokre av dei sat med livsrøynsler litt utanom det vanlege. Det galdt mellom anna Niels Friis i Hafslo, og stesonen hans, Peder Pavels, sokneprest til Gloppen. Niels Friis Niels Friis vart fødd i Svendborg i Danmark 1. august 1741. Han fekk i

1791 presteembetet i Hafslo, og huslyden flytte året etter til Sogn. Nils Friis døydde på den symboltunge dagen 17. mai 1814.

ind i byen taber den meeget af den anseelse, den har fra søen, da gaderne ere meget smalle og ureene, og altanerne uordentelige

I perioden 1773-1775 var han skipsprest i Asiatiske Compagnie. Mot slutten av desember 1773 mønstra han på skipet Ganges, som la ut frå København med India som destinasjon. Friis skreiv dagbok på turen. Den gjev spanande observasjonar om både sjøliv og møtet med andre folkeslag og kulturar.

Etter opphaldet på Madeira fortsette reisa mot Austen. Den 15. mars passerte skipet ekvator. Då stod linjedåpen stod for tur:

I byrjinga av februar 1774 nådde Ganges Madeira, der det blei eit kort opphald. Skipspresten fekk såleis tid til å vere turist for nokre dagar. Byen Funchal gav Friis denne dommen: Man finder hist og her mange smukke bygninger. Ellers naar man kommer

I dag vagten passerte linien, og skeedte de brugelige ceremonier, da der nogle oppe i merset, som var skib-manden der klædt i laadne klæder med kiep og maske paa, forestiller en gammel mand. Een er klædt som en biørn med lænker og kryber på hænder og fødder, og en anden driver han for sig. [...] De bliver derpaa modtagne af de andre (de ved cahyt bordet undtagen), som dypper dem need med hovedet i en tønne vand, oversverter dem i ansigtet [...] Siden kommer de rundt om i skibet 19


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

med en tromme og placat, som oplæses, om nogen har lyst at fare med gallejen. Det gandske mandskab setter sig need paa rumpen og udgiør en figur af et skib. Linjedåpen hadde lange tradisjonar. Sjøfolk som ikkje før hadde passert ekvator vart ”døypte”, og gjekk gjennom ei slag innviing til det maritime yrket. Mot slutten av juli 1774 kom Ganges fram til Trankebar. Denne tidlegare danske kolonien låg sør i India, i delstaten Tamil Nadu. Det danske enga-

sjementet i Trankebar gjekk attende til 1620, då sendebodet Ove Gjedde fekk oppretta ei festning og ein handelsstad der, mot ei årviss avgift til herskaren i Tanjore. Niels Friis noterte seg fylgjande om byen: Byen Tranqvebar er icke meeget stor men har gandske smucke bygninger som alle er grunnmuurede og giver den meget tycke muur en temmelig kiølighed fra sig, der lindrer heeden som ellers er meeget sterk. Den danske meenighed Zions kaldet bestaar icke af mange familier og er her paa nærværende tiid til sammen 3 præster. Her

er og en catolsk menighed og overalt en besynderlig blanding av religioner. En luthersk mand har en catolsk kone og en catolsk en reformert, da her er stor trang paa blanke fruentimmere og kand mand siige om de fleeste at de ere mænds koner. Friis fekk òg med seg inntrykk frå landsbygda: Ellers været ude at ride omkring paa lands byerne, og seet hedningernes pagoder, hvor de ofrer til deres guder samt pagod vogne, dem de udpynter og fører deres guder omkring paa, med spill og meegen stads samt horerne, som danser og leger for guderne. Seinare gjekk reisa vidare til Bengal med salt. Fleire noteringar i dagboka røper at Friis var oppteken av konebrenning, og ved Kolkata gjorde han seg denne observasjonen: For nogle dage siden døde en mand af de sorte hvis kone lod sig brende tillige med den døde som er skick blandt dem i sær brahmerne, og vil konen icke det maae hun leve som et foragtet menniske og icke kand opholde sig blandt slegt og venner. Dog ere der forskiel paa kasterne, nogle og saa vidt ieg veed de fornemmste lade sig brende, andre begraves ved strand bredden og nogle kastes i floden. 17. august 1775 var Ganges attende i København. Dagboka fortel om meir enn turen til India. Friis fortsette med notatane sine heilt fram til han døydde i 1814, men dei siste åra han levde er det tydeleg at skrivekløa hadde sleppt taket.

Peder Pavels Portrett av den franske politikaren og konsulen til Alger, Jean Bon Saint-André. Den 2. april 1797 fekk han besøk av Pavels og nokre av skipskameratane hans frå Thetis. Pavels skriv dette i dagboka: “I dag har jeg med G:A: L: Bille H: og V: været paa den republicanske Consuls, den berømte Jambon Saint Andres Landstæd og sikkerlig har denne dag været for mig en af de interesanteste paa denne heele Reyse.” Under besøket kom SaintAndrè inn på spørsmål om religion, truleg i samtale med personen Pavels kallar G:A: “Efter det muntre gode Middagsmaaltid indlod han sig i anledning af Dupuis Skrift de l’origine de toute la religion hvoraf tvende Deele laa paa Bordet i samtale med mig om dette Skrift og dets Indhold, tillagde det overordentlig Roos, ville forfægte i overenstemmelse dermed at alle Jordens maader at dyrke Gud paa, og alle de forskiellige Forestillinger der nogensinde var giorte om det høyeste Væsen kunde og maatte udledes af Astronomie. Alle de allegoriske Fremstillinger i Johannis Aabenbaring, kunde og maatte ligeledes efter denne Hypothese forklares som miskiendte eller kiendte ikke Lutherdanernes heldige Fremskridt i de seenere Tiider i henseende til det nye Testamentes Exegetik.” (s. 91-92). Portrett av Jacques-Louis David. 20

Peder Pavels var stesonen til Niels Friis. Peder kom til Gloppen i 1801, og var i mange år sokneprest i dette prestegjeldet. I 1829 flytta han til Kragerø. I kallsboka for Gloppen prestegjeld står det mellom anna fylgjande om han: fød paa Hielmelands Præstegaard i Ryfylke 1769 den 15de decb: af Foreldrene Provst i Ryfylke Peder Pavels og Bergitte Chrislaatte. Blev 1777 med 4 andre uforsørgede Søskende Faderen ved døden berøvet. 1779 i Skole hos den da nylig beskikkede Sognepræst til Nordstrand hr.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Niels Friis, som kort derpaa ægtede Moderen. Blev af denne ligesaa retskafen som strænge Stedfader vejledet i Skolevidenskaberne indtil Aar 1786 og da indsat i Bergens Skoles øverste Klasse. Peder vart i 1794 utnemnd til orlogsprest. Dei tre fyrste tokta hans gjekk til Nordsjøen og Austersjøen. I 17961797 var han med fregatten Thetis til Middelhavet. Den siste reisa hans gjekk til Vestindia med fregatten Freya. Frå toktet til Middelhavet skreiv Peder dagbok der han utførleg gjer greie for opplevingane sine. Oppdraget til Thetis var dels å eskortere det årlege ”presentskib” til Algier, og dels å tinge med pasjaen av Tripoli om ein avtale som hindra piratverksemd og slavetaking. Dei såkalla Barbareskstatane (Libya, Algerie, Tunis og Marokko) hadde i fleire hundreår kapra europeiske skip. Ein million europearar skal ha blitt førte til Nord-Afrika som slavar. Piratane var endå til så djerve at dei gjorde strandhogg i europeiske land. Både på Island og Færøyane vart folk frakta vekk i slavelenkjer.

I samband med ein tur Pavels gjorde til byen Mdina, besøkte han ei grotte Paulus skal ha opphalde seg i då han stranda på Malta undervegs til Roma. For den unge teologen må det truleg ha vore ei stor oppleving å gå i fotefara åt Paulus. I dagboka gav han i alle fall romsleg med omtale av besøket: “Pauli Grotte i nærheden af kirken har tient Øens første Christne til Samlingssted for deres religiøse Øvelser. Paulus, fortalte de os, skal i 4 Maaneder have skiult sig her, og umiddelbar af Forsynet blevet ernæret. I det nye Testamente staar at han kun 3 Maaneder var paa Øen da han paa Reysen fra Cæcarea til Rom strandede her i den havn som kaldes St Pauls Havn. I Grotten staaer hans Billedstøtte i marmor meget got udarbeydet af Caffa. En anden, og i marmor, staar nærmest ved Indgangen i et snævert Hul og omgiven af et slags kalcsten, hvoraf vore Ledsager stak mig nogle Smuler i Haanden og fortalte det miraculøse, at som man tog af disse Stene, saa voxte det til igien, og uagtet der var bragt en utrolig mængde fra Grotten var ingen forminskelse synlig. Den samme Sten, paastaar de og skal kogt i Vand være godt Middel mod Feber.” (s. 55) Fotograf: M Boesch. Datering: 2013.

I 1770 meinte danskekongen at nok var nok, og sende ein eskadre på ti skip til Middelhavet for å tukte piratane. Det skulle vise seg å bli ein formidabel fiasko. Allereie før flåten kom fram hadde sjukdom tynna godt ut i mannskapsrekkene, som for det meste bestod av tvangsutskrivne norske gutar. Då skipa nådde Alger skulle det setjast makt bak krava. Skipskanonane gjekk heite, men offiserane si dugløyse førte til at knapt ei kanonkule trefte byen. Det heile enda med at ein svært pengesum måtte bli sendt sørover frå København for å få til ein fredsavtale med sjørøvarane. I 1796 blas det opp til strid med pasjaen av Tripoli, og fregatten Thetis blei beordra til Middelhavet for å få til ei løysing. I dagboka har Pavels fleire noteringar om fredsforhandlingane, som til dømes den 15. november 1796, då han fortel dette: Nu var G: A. og Consulen kommen tilbage fra Paschaen, han havde kun forlangt 300000 Piaster og en 40 kano-

Frå Pavels si dagbok. «Under Seil ved den Barbariske Kyst». Thetis hadde stoppa eit par skip med «barbarar», men dei kvalifiserte ikkje til prise. Pavels kunne fortelje dette om dei reisande: «Af Passagerene var de fleste af dem der havde giort Pillegrimsreyser til Mahomets Grav i Mecca – og nu returnerte. For en gang i deres Liv at kunde giøre denne Reyse sammenspare de kummerlig hver 5 a 6000 Rdr og da i Karavaner af 1000 Mennisker og mer gaaer af fra Alexandria gienom Ørkenen en 500 Mile. Kameler bærer for dem det Vand de skal drikke og det Meel de rører om i dette Vand hvilket er deres eneste Føde.» (s. 70) 21


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Portrett av den danske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen. Thorvaldsen fekk fylgje med Thetis på toktet til Middelhavet etter å ha vunne eit stipend til ei danningsreise til Italia. Han forlèt Thetis på Malta i januar 1797. Fram til då hadde Pavels god nytte av venskapen med kunstnaren. Den 22. desember 1796 fortel han om eit besøk i St. Juan-kyrkja på Malta, der dei såg på nokre måleri: “I Dag har vi været i St Juan Kirke, for at see Malerierne der og de skiønne Tapeter, som kun til høye Festdage blive brugte. Disse udtrykke bibelske Historier, f.e. Jesu Fødsel, Maria Bebudelse, de hellige tre Konger, som yder Jesus deres hyldning, Den Milde Religion som indbyder Menniskene til sit helliggiørende Samfund, Alternes Indstiftelse, Jesu Indride til Jerusalem og mangt flere, som alle vare mesterlige, henrykker Tilskueren og giver hans Hierte og Øye den behageligste tilfredstillelse, men især har Historien om Jesu korsfestelse i sin hele komposition al den Fuldkommenhed, som nogen Mesterhaand kunde give den. Dette er og Thorvaldsens Mening, som i Henseende til bedømmelsen af Kunstværker i Almindelighed synes at være stor Rigorist. Jeg har fundet stykker henrykkende, som han fandt liden opmærksomhed værdige. Det giorde mig ondt. Men han gav mig Grund for sin Mening, og havde altid ret. Det er en Glæde at have en kyndig Mand til ledsager ved slige Leyligheder, [...]” (s. 43) Portrettet av Thorvaldsen er utført av Christoffer Eckersberg i 1814.

ners fregat for at slutte Fred. (s. 33) Den 23. mai året etter såg det ut til at oppdraget til Thetis var fullført: Og da vi nu ved ankomst til Malta erfarer ved Breve fra Constantinopel over Smirna, at Storsultanen nu har taget sig af Sagen, givet Pachaen af Tripoli Ordre, ikke allene at tilbagelevere i fuldkommen Stand de tvende danske Skibe, som hans Corsair tog uden for Padras, men og strax at slutte Fred med Danmark, har sendt Ambassadeur derhen i samme Anledning. (s. 106) Vona om fred skulle vise seg å breste. Det var fyrst med Najaden, ein fregatt som avløyste Thetis, at det vart oppnådd ein fredsavtale med pasjaen. Men om oppdraget til Thetis ikkje førte fram, så fekk Pavels likevel stort utbytte av turen. Innimellom var det rikeleg med tid til utflukter, og dei høva greip han med stort attrå. Ein god del av 22

dagboka minner mest om ei slags reiseskildring, sorglaust fortalt av ein mann med eit ope sinn og ein nyfiken personlegdom. Under eit opphald på Malta skriv Pavels til dømes dette om ein tur innover på øya, til Mdina: Cita Vecchia kom nu op ved en temmelig høy Bakke til - her tildrog sig først af alt nogle Abelsintræder min opmærksomhed, paa venstre Side af Veyen ned i en Dal stod disse saa skiønne, saa lystelige at see, med sin Frugt saa indbydende til at smage, aldrig saa jeg før et Træ saa prydet. Mens vi kiørte langsom op ad Veyen saalenge Trærne var at see ville ikke mine Øyne forlade deres gule og grønne friske og hvelsignede Kroner. Fra denne Bakke oversaa vi den hele Øe. De mange Landsbyer hist og her omstrøde, St. Paul Havn hvor han leed Skibbrud, Byen Mascias hvis Indbyggere foregive sig at være de første, der lod sig døbe af Paulus. Denne frie Udsigt her over heele Landet og

Havet giør Stedet ganske behageligt. (s. 51) Pavels si interesse for hagebruk er godt kjent. I Nordfjord skal han ha lært bøndene å pode frukttre. Kanskje var det på toktet til Middelhavet interessa hans for fruktdyrking vart kveikt? I mars 1797 kom Thetis til Sardinia. Pavels var svært skeptisk til innbyggjarane i Cagliari, men ein dag fekk han høve til å «ride paa Landet», som han skriv i dagboka. Då er det tydeleg at han saug til seg opplevingar. Utanfor ei kyrkje sette han seg ned og studerte folk, mest som ein antropolog på feltarbeid: Vi havde den allerbedste Plads til at see alle de Mennisker, som gik ud af Kirken og jeg troer der var over 300 som passerede os forbi og giorde holdt ved Vievandet. Det var Fruentimmer allene; Mandspersonerne vare alt uden for – og at vi opholdt os med


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Fornøielse ved at betragte disse - var ganske rimeligt, siden de baade vare prydede med naturlige og kunstlede Yndigheder. [...] Om Halsen har de fleste en smal Guldkiæde, paa Hovedet et hvidt Tørklæde, de havde Sko paa deres Been men ingen Strømper. Deres gang var ligesaa rask og utvungen, som deres Dragt er modellisk og aldrig saae jeg nogen bære sit Legeme bedre end disse smukke Landsbypiger. Der vare adskillige Enker imellom, som man kunde meget ledt see Ansigtet af, et langt sort Klæde indhyller dem fra Hovedissen til Fodsaalen og er deres Særkiende. (s. 77) Det nyfikne sinnet til skipspresten er det mange eksempel på. I det første møtet med Nord-Afrika, då Thetis låg til anker ved Tripoli, er det rett nok tydeleg at han var dregen mellom frykt og oppdagartrong. I lag med eit par skipskameratar gjekk han i land for å besøke den danske konsulen og dessutan ta nokre gamle ruinar i augesyn. Utanfor byen låg det ein leir, som han med nervøse skritt nærma seg. I ettertid fortel han om ei redsle som viste seg å vere grunnlaus: Hvor bebreydede jeg mig siden den Frygt, med hvilken jeg nærmede mig disse Mennisker! Jeg skulle jo i Forveyen tenkt: De ere Landsmænd! Langt fra Røverie og lænker og bedrag, langt fra Kiøbsted boer disse, har Eyendom, har Faar og Marke og Træer, deres Flid og Arbeyde føder dem; de har Frihed; ingen Rigmands eller Herremand, som boer i deres Naboelav ængster dem hverken med Trælarbeyde eller undertrykkende Ringeagt. Paa de stærke kameler legge de hvad Overflødighed deres Jorder yde, giennemreyse saa lange Veys til kiøbstad, og derfra hiem til deres fredelige Boliger. (s. 32) Eit opptrinn med ein rasande handelsmann om bord på Thetis dagen før hadde planta ein skepsis i Pavels, ei frykt som han tok med seg på land: «Tyrken, som var saa grim inden Skibsbord hos os, havde givet mig en slags Respekt for Tyrker i almindelighed». Pavels kjem kanskje i sitatet ovanfor til ei erkjenning som gjeld meir generelt: bønder er no bønder over alt. Så lenge dei får dyrke jorda si i fred,

«Maatte kun Aabenhiertighed, Følelse for det naturlige, for Venskab, den Troe til andres Godhed, som jeg før fandt mig saa inderlig vel med, ikke tage af i samme Grad som min Erfaring tiltager!» (s. 40). Pavels opplevde litt av kvart under toktet til Middelhavet, og skulle få røynt ideala sine. Mellom anna fekk han med eigne augo sjå slaveriet i Alger. I dagbok kvesser den unge teologen av og til fjørpennen, men i det store og heile er inntrykket at det bles mildt frå Pavels. Måleri av Jan Goeree og Casper Luyken: ”Landing en mishandeling van gevangenen in Algiers”.

utan åk og undertrykking, så er dei i all hovudsak fredsæle og gjestfrie. Det er tydeleg at Pavels ikkje var skvetten av seg. Den 29. mars 1797 skriv han til dømes utførleg om ein audiens hjå Deyen i Alger: Min lyst at see denne Herre, som Europas mægtigste Nationer ydmygeligen maa krybe for, og udbetale hvad Summe som vilkaarligen paa bydes dem [...] Denne Tyran hvis høflighed og Vrede jeg har hørt beskrive saa skræksomt, som aldrig har vist at tilgive og aldrig at tæmme sine voldsomme Lidenskaber, og endelig ham som har den rigeste Datter pa Jorden maatte det vel interessere mig at see. (s. 86) Men det var urolege tider, og i Alger fekk Pavels samstundes sjå resultatet av røvartokta: Det er en Ynk at see her i land de mængde Slaver mest Genuesiske og Venetianske, som her saa jammerlig maa i græmmelse, jærn strængt arbeyd og ussel Forlegning uden Udsigter til Frihed forud og hensørge sine Dage, fordi de vare saa ulykkelige

at falde i disse Røveres Hænder. Anden er icke deres Brøde end at de vare Søfarende paa Handelsskibe. (s. 90) Barbareskstatane fortsette med slavejakt til eit stykke ut på 1800-talet. Det fanst ei utbreidd frykt mellom europeiske sjøfolk å hamne i klørne på korsarane. På heimturen gjorde båten til Pavels ein stopp i Malaga. Under dette opphaldet fortel han om ein norsk sjømann som så vidt berga seg unna sjørøvarane: Et Exempel, som nok er uden lige har en Skipper Hage fra Stavanger viist, som i disse Dage er kommen paa en Baad med alle sine Folk herind til Malaga. En liden Seyler, som han antog for en Tyrkisk eller anden kaper havde nogen Tid holdt efter ham men da han en Aften i Nærhed af den spanske Kyst saae Seyleren nærme sig hans Skib, gaaer han selv med sine Folk uden at efterlade en Mand paa Skibet i sin Jolle. Han holder sig noget i nærheden medens Kaperne styrer til Skibet, gaaer ombord, han seer hvor de gaaer om med tænde lanterner paa Dækket, (ventelig for at søge efter Mennisker, som Her Hage, for at for23


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Ulukker var ein del av det tøffe livet på havet. Den 22. februar 1797 noterte Pavels at den norske matrosen Tarald Torkelsen fall over bord, og «desvære stod ey til at redde».

hindre dem at finde, ikke havde havt behov for at forlade skibet) Vel tenkt saa at du ikke kom i det Selskab!, og holdt sig i saa passelig afstand, at han kort derpaa forvaldede sig fra skibet og fandt det ikke meere. Han er nu kommen ind til Malaga. Der bliver lyst og spurgt om sligt et drivende Skib i alle Havne. Det tilhørte Middelthon i Stavanger. (s. 122) Det var ikkje berre på havet at det føregjekk slavetaking. Frykta for dei NordAfrikanske sjørøvarane var i tillegg levande mellom folk som budde i dei kystnære områda i mange europeiske land. Under eit opphald på Sardinia kom Pavels i tale med ein mann som uttrykte eit intenst hat mot korsarane. Og den norske presten hadde langt på veg forståing for sinnet: Dette Had mod Barbarerne som og er temmelig rimeligt siden man siger, at især de Tunisiske korsaire gaar her i Land paa Kysterne, giør Indbrud hos Beboerne og plyndrer ikke deres Guld og Sølv og Mad allene men deres Piger, Dattre og koner, jo smukkere, jo heller og føre dem med sig. (s. 78) Men Pavels fortel òg om sitt eige raseri og følelsen av maktesløyse i møtet med piratane. Desse kjenslene velta opp i han etter ei hending ved Tripoli. To kapra skip vart førte til land, utan at Thetis makta å avskjere dei: At see disse saaledes undløbe os var intet behageligt Syn, men at see efter Ankringen det danske Flag heyset under Bugsbrydet paa den tremastrede af de indkommede Skibe var et Syn at blive gal af. (s. 67-68) At dei to skipa var danske, skapte

24

naturleg nok ei fortvilt stemning om bord i Thetis: At see tvende af vores Landsmænds Skibe slæbes her i klørerne paa denne rovgierrige Barbar, uden at kunde ile dem til Hielp, og at tenke sig de arme Fanger og ventelig mishandlede Matrosers Glæde saa snart de saa os, i hvem de havde ventet deres Befriere, og siden deres skuffede Haab. (s. 68) Det viste seg at prisa var norske. Det eine skipet høyrte heime i Christiania. Pavels opplyser at dei vart kapra då dei låg til anker ved Morea. Truleg må det ha vore dei to skipa korsarane tok ved Patras. I tillegg fanst det ein annan fare som var mest like frykta som piratane. Pesten skal ha herja hardt i NordAfrika. I fylgje Pavels var det svære folkemengder sjukdommen reiv vekk. Hjå den danske konsulen i Alger fekk han sjå dødslister som fortalte at det år om anna døydde 17 000 menneske. I mai 1797 fekk Thetis ordre om å hente ein dansk konsul i Tripoli, ein by der det på den tida skal ha døydd 5-600 menneske dagleg av pest. Tala verkar svært høge, men det er ikkje tvil om at faren for pest var reell. Det førte naturleg nok til otte mellom mannskapet på den danske fregatten. Pavels skriv til dømes dette i dagboka si 31. mai 1797, då Thetis låg oppankra utanfor Tunis: […] nogle Discourser, som herved blive foranlediget ere ikke af de muntreste; hvordan en, om han var den ulykkelige der først kunde blive angreben af Pest, for at redde de øvrige,

strax ville springe over bord, en anden skydes, hvad mig angaaer, saa ville jeg forlange at blive sat i Land og blande mig blant hoben derinde, […] (s. 109) Men Pavels slapp unna pesten. Sjukdomen påførte derimot Thetis lange karanteneperiodar i hamnene dei kom til.

Med impulsar utanfrå?

Begge dagbøkene ligg fritt tilgjengeleg på Nasjonalbibliotekets nettsider. Niels Friis sine noteringar er avskrivne. Dagboka åt Peder Pavels er derimot handskriven, men skrifta er stort sett grei å tyde. Den som vågar å skru av TV-apparatet for ei helg, og alliere seg med ei kaffikanne i seine nattetimar, vil bli teken med på ei fantastisk reise til Middelhavet. For særleg må Pavels si dagbok bli framheva som ei uhyre interessant kjelde. Ho gjev opplysingar om mange slags forhold - om den kvite slavehandelen, sjøliv og kultur. Dagboka har til dømes vorte brukt som grunnlag for eit skrift om den kjende danske kunstnaren Bertel Thorvaldsen. Men ikkje minst fortel dagboka ein heil del om Pavels sjølv. Er det då slik at det kan sporast utanlandske impulsar hjå Pavels, som han drog med seg inn i 1814-dramaet? Då Thetis låg for anker ved Alger vitja Pavels den franske politikaren Jean Bon Saint-André. Saint-André blei fødd inn i ein protestantisk familie i 1749. Han vart oppalen av jesuittar i Marseille, men vende seinare attende til den protestantiske trua. Ideen om religionsfridom gjorde at Saint-André kom til å støtte den franske revolusjonen, og han vart vald som utsending


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

til nasjonalkonventet frå departementet Lot. Han sat på Berget, og stemte for avrettinga av kong Ludvig XVI. Pavels opplyser at Saint-André snakka varmt om Charles-François Dupuis sitt verk om opphavet til religionane. I tillegg la han i veg om politikk, og det tok nesten av då han fylgde gjestene sine ned til båten etter middagen: St Andree fortsatte sine politiske Discourser ad den heele Vey med G:A som skikkelig godt kunde holde ham Stangen – og paa Guds grønne jord standsede ham undertiden, kom i affekt parerte og gesticulerte, som om han troede med et at være sat paa Talerstolen i et Parlament (s. 93) Pavels skriv ikkje noko om innhaldet

i dei politiske diskusjonane. Han klagar òg over at han ikkje er heilt stø i fransk. Men kan folka frå Thetis, i samtale med den «berømte Jambon Saint Andre», ha unngått å kome inn på spørsmål om til dømes kongedøme versus republikk, om demokratiske, konstitusjonelle styreformer mot einevelde?

1796-1797 som skipsprest på en Middelhavs-farer, fregatten Thetis. (Tilgjengeleg på www.nb.no) • Prost Niels Friis’ dagbok og opp tegnelser : 1773-1814 (Tilgjengeleg på www.nb.no) • Larssen, Vetle Lid: 1001 natt : den utrolige historien om to norske slaver i Alger. Cappelen Likevel er det ingenting som tyder på at Damm, 2013 Pavels kom til Noreg med tankar om fri- • Sandal, Per: Soga om Gloppen og dom, likskap og brorskap. Tek ein adres- Breim : Frå om lag 1800 til vår tid. . Band II. Gloppen, 1979. sa frå Gloppen som utgangspunkt, så er • http://en.wikipedia.org/wiki/Jean_ vel den heller nøktern skriven. Og det Bon_Saint-André kan knapt bli hevda at Pavels, om han i • http://no.wikipedia.org/wiki/ det heile vart påverka av Saint-André, Bertel_Thorvaldsen sådde opprørstrong og revolusjonære • Nettstaden Arkivet Thorvaldsens idear mellom glopparane. Museum (http://arkivet.thorvald sensmuseum.dk) Litteratur og kjelder • Ms.8° 709 Peder Pavels: Reisejournal

Vers om Napoleons fall av diktarpresten, Claus Frimann i Davik, notert i brev 9. mai 1814.

Diktarpresten i Davik skreiv vers om Napoleon Av Hermund Kleppa Onsdag 6. april 1814 kapitulerte «Tidens mektigste mann», keisar Napoleon, og vart forvist til den vesle øya Elba. Seint om kvelden 3. mai ankra den britiske fregatten HMS «Undaunted» opp utanfor hovudstaden på øya, Portoferraio. Den avsette keisaren gjekk i land dagen etter. «Øyas 12 000 innbyggere hadde knapt hørt nyheten om at Napoleon hadde gått av», står det i Herman Lindqvist sin biografi, «Napoleon» (2011).

Men det hadde soknepresten i Davik høyrt om, omtrent på same tid; dagsreiser lenger unna hovudscenen for siste akt i Napoleonskrigane 1814, enn øya Elba. Den 9. mai skreiv sokneprest Koren brev til biskopen i Bergens Stift, Johan Nordahl Brun. Eg «oppdaga» brevet i Statsarkivet i Bergen. Diktarpresten i Davik, best kjend for diktsamlinga Almuens Sange og Hvor ofte lider den fiskermand, slår til med eit vers om topp-nyhendet på verdsnivå, nesten med same det skjer.

Verkeleg eit interessant lokalt apropos til hendinga! Og denne de Parisers Gud Skal, som et andet Skrumpelskud, Paa Øen Elba kastes ud Hvo skulde saadant troe og tænke Merknad: skrumpelskud, dansk: person, der er udelukket fra at omgaas mennesker paa lige fod, er forstødt, almindelig ringeagtet o.lgn.; udskud;

25


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Stabburet frå Sogn og Fjordane på jubileumsutstillinga i Kristiania 1914. Byggmeister John Hove i Vik bygde stabburet. Godseigarane Heiberg og Knagenhjelm på Kaupanger og Rumohr på Franningen gav tømmeret. Avisa Sogningen, Vik, skreiv at det var eit typisk «Vestlandsstabbur», 9 x 6,5 m, med svalgang på framsida og langsidene. Faksimile «Aftenposten 26.09.1914».

Grunnlovsjubileum 2014 – velfylt «sognestabbur» på jubileumsutstillinga 1914 I 1914 markerte Noreg 100-årsjubileet for grunnlova på mange måtar. Den store jubileumsutstillinga i Kristiania skulle visa næringslivet, hus og heim, norsk kunst, idrett og friluftsliv, m.m.. Eit stabbur «fra Sogn», fullt med tradisjonsmat og «velrenomeret Sogneøl», vekte stor merksemd.

26

«Utstillingsstabburet» Aftenposten og fleire andre Kristianiaaviser hadde «meget rosende ord om Staburet». Det var «Nordre Bergenhus jordbrukslag» og den lokale utstillingskomiteen i Sogn og Fjordane som stod bak tiltaket. Byggmeister John Hove bygde stabburet i Vik. Han hadde og laga teikningar. Tømmeret var gjeve av godseigarane Heiberg og Knagenhjelm på Kaupanger, og Rumohr på Frønningen. Stabburet var

Av Hermund Kleppa

ferdig i mai. Eit «typisk gammelnorsk Vestlandsstabbur» skreiv «Sogningen», 9 meter langt, 6,5 meter breitt, og med svalgang på framsida og på langsidene. Det nybygde stabburet vart demontert og frakta til Kristiania via Bergen.

På haustutstillinga Stabburet «fra Sogn» stod oppsett på den store utsillingsplassen på Frogner då haustutstillinga opna i september, og bygningen var fylt opp med alt det


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Sogn og Fjordane kunne by på av produkt frå landbruk og fiske. Lensmann Anfinn Øen i Vik, formann i Sogn og Fjordane sin utstillingskomite, helsa pressa velkommen og var «elskværdig Vært».

«alskens Lekkerbidskener» Aftenposten hadde utførleg og rosande omtale av dei utstilte produkta:  «Der hænger fine Laar og store fete Spekeskinker fra Taget, og paa hylderne står alskens Lækkerbidskener, og den vel bereiste ser straks, - lugter kanske ogsaa bl.a. formedelst Gammelosten – at dette er Saker fra Nordre Bergenhus, og da specielt frå Sogn. Der var mel av alle kornsorter, endog Barkemel av Almetræets Bark, som vore Forfædre livnærte sig med i Krigsaarene for vel 100 år siden [1807-1814], der var delikate Syltetøier, funklende Frugtvine, nedlagte Frugter og Bær av et fristende Udseende, fet Røkelaks, talrike Variationer av Flatbrød, fra det groveste, hvortil også Barkemel brukes, til det tyndeste og fineste. Selvfølgelig var Fiskenæringen godt representeret, Tørfisk og Klipfisk, salt og røket Makrel og Sild som maa ha struttet av Velvære, da de blev fanget, der var det lækreste Sætersmør, solide Staburpølser, en Række Variationer av Ost, - som den allerede antydet ikke minst Gammelost, - hermetisk nedlagt Faarekjød, smukke Prøver paa den bekjendte Sognefrugt og meget andet. Selvfølgelig manglet heller ikke et par Dunke velrenomeret Sogneøl. Og alt ser så pent arrangert og ser saa appetitlig og tiltrækkende ut, at Lysten til at gjøre et raskt Indhug næsten overmander den Besøkende. Den lille Utstilling er et interessant Led i den store Utstilling for huslig Økonomi. Den viser, hvad Vestlandsbønderne kan producere for Hjemmeforbruk, og den bærer et glædeligt Bud om Selvhjulpenhet og den tradisjonstro Utvikling.»

Andre aviser Morgenbladet: «god kost og kraftig kost og nasjonal kost». «Vi var invitert til at ta Sakerne i øiesyn, og til at smake

Lensmann Anfin Øen i Vik (1868-1928) var formann i Sogn og Fjordane sin lokalkomite i den nasjonale jubileumsutstillinga i hovudstaden 1914. Fotograf: ukjend. Datering: 1914.

Karl Lende (1868-1921), fylkesagronom i Sogn og Fjordane 1898-1933, var ein sentral aktør i prosjekt Stabbur med tradisjonsrik mat og drikke på den nasjonale jubilemsutstillinga i hovudstaden 1914. Fotograf: ukjend. Datering: 1914.

paa dem. Og lensmand Øen fra Vik var en elskværdig Vert. Vi fik deilig Spekekjød, Røkelaks, Pølse, forskjellige Sorter Flatbrød og sterkt og godt Sogneøl. Det var ikke Hverdagskost [for Morgenbladet], og det smakte fortræffelig. Det var saa uendelig meget delikat som vi ikke orket at smake paa, men som saa indbydende og fristende ut, at det nok faar Folks Tænder til at løbe i Vand. […]

i Butiken eller være ængstelig om der kommer Gjæster til Gaarden.»

Al sognematen var delikat og tiltalende. Mest av alt festet vi os ved de 24 Spekelaar, som hang i Taket, men som desværre var solgt allerede en Time efterat de var blit hængt op. Sogns Utstilling i Staburet skal bedømmes kollektivt, og den gode Sognekost vil nok smake Juryen (…). Tidens Tegn: «I sin Enkelhed er denne Samling av de mest seværdige; fordi den gir en virkelig Ugsigt over disse Bygders Hverdagskost.» Verdens Gang: «Av de Ting, som særlig tiltrak sig Opmærksomhet var Frugt, Saft og Syltetøier av forskjellig Slags, deriblandt hermetiske. I det hele var det et Utvalg av Stabbursmat saa rikholdig, at den Husmor som har et saadant Stabur at gaa til, ikke behøver at løpe

«God norsk mat» Ikkje berre avisene i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) og hovudstaden hadde oppslag om Sogne-stabburet. Under overskrifta «God norsk mat» siterte avisa Indtrøndelagen frå Dagbladet: Staburet fra Sogn har vakt megen opsigt i Kristiania, hvor pressen priser høit dets gode mat. Saaledes skriver bl.a. Dagbladet: Like i nærheten av den store bondegaard på utstillingen vil man ha lagt merke til et stabur fra Sogn. I anledning av utstillingen for huslig økonomi har lokalkomiteen for Nordre Bergenhus amt hatt den utmerkedede ide aa fylde staburet med alslags god sognemat. Hensigten er aa gi de besøkende et billede av hvad der gjennem lange tider har været den viktigste kost i distriktet. Der ligger flatbrød af 6 slags mel og der er almeflatbrød – barkebrød, som slett ikke smaker værst, men som nu ikke længer brukes i husholdningerne. Der er sild, klipfisk, tørfisk, røkesild, røkelaks, spekemakrel, der er fin-fin ost av mange sorter, der er salt faa-

27


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

rekjøt og spekelaar og skinke, der er pærer og saft og bærvine og syltetøier. Og sist, men ikke minst, 2 ankere ekte mørkt heimabrygg sogneøl, som alle besøkende får kjenne duften av. Den interessante utstillingen er arrangert av lensmann Øen og amtsagronom Lende. Den viser folk hvor kraftig og god kost den gamle bondemat er. Den er utmerket reklame for gammel god norsk husholdning.

Finst utstillingsstaburet i jubileumsåret 2014? Det kan sjå ut som lensmann Øen og hjelparane hans ikkje berre synte fram og let folk få smaka det ypparste av tradisjonsrik mat og drikke frå Sogn og Fjordane. Det var ei salsutstilling. Dei 24 spekelåra på rad og rekkje under mønsåsen vart rivne bort på ein time. Utstillingslokalet var og til sals. I følgje Verdens Gang var prisen 2000 kroner.

No lurer vi på korleis det gjekk, om jubileumsstabburet 1914 frå Sogn og Fjordane finst inkon staden?

Prenta kjelder: Avisa «Sogningen», Vik. 09.05, 03.10, 00.10.1914. Avisa «Indtrønderen» 05.10.1914

Klippfisk til tørk på Raudeberg, Vågsøy. Biletet er datert til perioden 1920-1930. Klippfisk er salta fisk, vanlegvis skrei/torsk, som vart tørka på berg. Klippfisk var utstilt matvare frå Sogn og Fjordane i eit stabbur frå fylket på jubileumsutstillinga i Kristiania i 1914. Fotograf: ukjend. Datering 1920-1930.

Betaling av Kjelda Også i år sender vi ut faktura for Kjelda uavhengig av bladet. Det bankkontonummeret du kan sjå i tidlegare nummer av Kjelda er no stengt for innbetalingar. Fakturaen blir sendt i posten.

28


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014

- silkeflagget til Eidsvollsbygningen Av Hermund Kleppa

Eidsvoll 1814 - er namnet på Eidsvollsbygningen sitt museum. Det omfattar «gjenstandar» som har kome inn til Eidsvollsbygningen frå midten av 1800-tallet og fram til i dag. Ein «gjenstand» er eit silkeflagg, ei kiste som høyrer til og ei mappe med «papirer». Våren 1914 samla Anna Sunde i SørVågsøy kommune inn 10 øres-bidrag til dette flagget. Ho var gift med ordførar Kristen J. Sunde.

Heist første gang 16. mai 1914 Det var Norsk kvinnesaksforening, skipa 1884, som stod føre jubileumstiltaket å gje ei silkeflagg til Eidsvollsbygningen. Flagget blei overrekt 16. mai 1914 og heist første gang same dagen av leiaren i kvinnesaksforeningen, fru Randi Blehr. Kongefamilien var tilstades.

Spesiallaga kiste til «Eidsvoldsbygningens silkeflagg». Fotograf: ukjend. Eigar: Museet Eidsvoll 184/Digitalt museum. Datering: 2013.

Brev til «samtlige ordførerfruer» Norsk kvinnesaksforening ønskte at så mange kvinner som råd var skulle vera med i jubileumsgåva, slik at det med rette kunne seiast at flagget var ei gåve frå «Norges kvinder». Difor prøvde dei å nå vidare enn til medlemmene i eigne organisasjonar. Dei sende brev til alle ordførarfruene i landet. (I 1914 over 400 kommunar). I brevet stod det: «Norsk kvindesaksforening har besluttet at opta arbeidet for denne sak og har hendvendt sig til de øvrige kvinnesaksforeninger om bistand. Men for at naa de flest mulige kvinder inden Norges byer og bygder henvender foreningen sig også til samtlige ordførerfruer i landet med anmoding om at enhver av dem blandt kvinderne inden sin by eller sit herred vil forsøke at samle op til kr. 3.oo til Eidsvoldsflagget. Lykkes dette vil flaget

Kista for «Eidsvoldsbygningens silkeflagg» og ein konvolutt «papirer». Fotograf: ukjend. Eigar: Museet Eidsvoll 184/Digitalt museum. Datering: 2013.

med ret kunne siges at være en gave frå Norges kvinder.»

Anna Sunde – «ordførerfrue» i Sør-Vågsøy I 1914 var Kristen Sunde ordførar i Sør Vågsøy. Han var skipsekspeditør, fødd

1860 i Jølster, og gift med Anna, fødd 1865 i Breim. Anna Sunde var ei av «landets ordførerfruer» som tidleg på året i 1814 fekk brev frå Norsk kvinnesaksforening. Ho tok saka vidare i lokalavisa Fjordenes Tidende der ho gjorde greie for tiltaket og oppmoda

29


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Anna og Kirsten Sunde, Sør Vågsøy kommune. I 1914 var Kristen Sunde ordførar i Sør Vågsøy. Han var skipsekspeditør, fødd 1860 i Jølster, og gift med Anna, fødd 1865 i Breim. Fotograf: ukjend. Eigar: Kristen Sunde. Datering: Kring 1890.

kvinnene i Sør Vågsøy om å vera med. - Det er snakk om eit «meget beskedent beløp», og for at flest mogeleg skal få høve til å ta del i jubileumsgåva, tenkjer ho seg einskildbidrag på 10 øre. Pengane må vera innkomne til henne før 18. februar. Om det skulle koma inn meir enn 3 kroner, tykkjer Anna Sunde det høver å gje det overskytande beløpet til ei grein av forsvaret.

Korleis gjekk det? Førebels kjenner me ikkje til kva som kom ut av «ordførerfrue» Anna Sunde i Sør-Vågsøy kommune sitt innsamlingstiltak, men det ligg nær å tru at 10 øres-bidraga kom inn, og at 3 kroner blei vidaresendt til Norsk kvinnesaksforening saman med eit brev, kan henda også ei liste over bidragsytarane. Innsamlinga i Sør Vågsøy er elles den einaste i Sogn og Fjordane me så langt har kjennskap til.

Innsamlingslister tekne vare på sentralt? Museet Eidsvoll 1814 sitt foto av kista 30

til silkeflagget viser også ein konvolutt med «papirer». Mon tru det i den konvolutten finst brev frå Anna Sunde? Eventuelt og frå andre «ordførerfruer» i Sogn og Fjordane? Me sende spørsmål til konservator Solveig Therese Dahl. I ein epost svara ho: «Jeg har dessverre ikke kunnet finne noe register over hvor de innsamla midla kom fra. Mappa med papirer ligger nå sammen med kista på et fjernmagasin, så jeg har ikke hatt mulighet til å undersøke hva slags papirer det er. I katalogen står det oppført at det er adresser fra giverne, men om det da betyr adresser i moderne forstand eller adresser som hilsninger har jeg dessverre ikke hatt mulighet til å finne ut.» Venteleg får me nærare opplysningar seinare, både om innhaldet i konvolutten og om status for Eidsvollsbygningen sitt silkeflagg anno 2013.

Overskrifta på Anna Sunde sitt stykke i Fjordenes Tidende 11.02.1914: «Silkeflag til Eidsvoldsbygningen 17de mai 1914. Til kvinderne i S. [søndre/sør] Vaagsø.»

Prenta kjelder: -Fjordenes Tidende. 11.02.1914.

Uprenta kjelder: Informasjon frå: -Museet Eidsvoll 1814 -Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014

– eit 1814-brev frå Bergen til Sogndal Av Hermund Kleppa

Laurdag 12. mars 1814 skreiv skipsbyggingsmeister Tønnes Rolfsen i Bergen brev til broren Ludolf Johan Eide i Sogndal. Han kunne fortelja om store hendingar i byen; eidsavlegging og val på utsendingar, hurrarop og stor stemning. I «Sogningen» Brevet stod i avisa «Sogningen», Vik, 12. mars 1914. «Sogningen» hadde gjennom heile jubileumsåret artiklar og smånotiser om grunnlovsjubileet; mellom annna ein heil serie under tittelen «Frihetsverket. En Fremstilling av begivenheterne i 1814», og ikkje lite «lokalhistorisk stof.» 1814-brevet frå Bergen fall i god jord. Det «læstes med megen Interesse», melde avisa etterpå.

Innhaldet Brevet handlar om «1814 – lokalt», i Bergen pr. 12. mars 1814. Tønnes Rolfsen fortel begeistra om tilskiping i Komediehuset (teaterbygning på Engen) med songar av «Biskoppen» og «Sagen» på programmet (nasjonal-patriotane Lyder Sagen, skulemann og forfattar, og biskop Johan Nordahl Brun). Vidare skriv han utførleg om eidsavlegging og val på utsendingar til «Rigsmødet» i «hver sin Kirke», og om val av utsendingar frå militæravdelingar. «De militære avsagde afsagde Eden paa Engen under Musik, 9 Gange Hurra for Norge, 9 Gange for Prinds-regenten, og 9 Gange for Krigerne.» Brevet sluttar med ei setning om føreståande bededag og val i Sogndal (fredag 18. mars). Tønnes Rolfsen «og mange andre» trur at mottakaren av brevet, Ludolf Johan Eide, kjem til å verta vald som utsending frå Nordre Bergenhus amt. (Ludolf Eide vart ikkje vald som utsending fråamtet, heller ikkje som valmann frå Sogndal, men han var ein av dei 12 som skreiv under på fullmakta til Regenten, Christian Frederik).

Gravminne på kyrkjegarden ved Kaupanger stavkyrkje: Ludolf Johan Eide, fødd 21.04.1781, død 23.04.1846. Gravminnet ligg på austsida av kyrkja. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2013

Kommunikasjon Brevet seier noko om kommunikasjon og nyhendeformidling år 1814. Hovudpostruta mellom Bergen og Christiania gjekk innom Sogn og Fjordane, sjøverts mellom Gudvangen og Lærdal, med postopneri på Frønningen. I brevet datert laurdag 12. mars viser brevskrivaren til aviser, «forrige Uges Adresse Aviser». Når Tønnes Rolfsen i Bergen skriv brevet, reknar han med at Ludolf Eide i Sogndal har lese om teateroppsetjinga på Komediehuset, og det ligg nær å tru at at Ludolf Eide hadde brevet om bededag og val i Bergen, datert 12. mars, i hende før han gjekk til hovudkyrkja på Stedje, fredag 18. mars. Brevet viser altså at nokre folk i Sogndal kjende til sjølvstende-stemninga i Bergen og hendingane der då dei sjølve samlast til bededag og val.

Brevet 1814-brevet frå Tønnes Rolfsen i Bergen til Ludolf Eide i Sogndal er her attgjeve i utskrift frå avisa Sogningen, 12.03.1914. I utskrifta er sett inn nokre hakeparantesar. Tittel i Sogningen: Et Hundreaars-Minde «Det er nu længe siden Du modtog Brev ifra mig; thi Tiden har altid været

mig meget knap, naar jeg skulde skrive, og intet har jeg haft af Vigtighed, at skrive Dig til. I Dag [laurdag, 12. mars], skjønt Kl. er mange, maa vi passiare sammen om saa meget som muligt. Af forrrige Uges Adresse Aviser har du naturligvis seet den paa Komediehuset fremsagde Epilog, Sangen til Prinds Christian Fr.[Frederik] af [Lyder] Sagen, og Sangen til Norge. Epilogen er [skriven] af Biskoppen [Johan Nordahl Brun] og Sangen til Norge af [Jonas] Rein (…). Nu haver vi Høytideligheder i denne Tid. Biskoppens Prædiken holden i Domkirken Fastelavens Mandag [21. februar], saavel som de vers afsunget efter Edens Aflæggelse i Kirken [fredag 11. mars, bededag] havde naturligvis Major von Daae med sig, og da saadant koster saa meget i Postpenger, faar Broder undskylde at jeg ikke sender samme pr. Post. De Militære afsagde Eden paa Engen under Musik, 9 Gange Hurra for Norge, 9 Gange for Prinds-regenten, og 9 Gange for Krigerne, efterat Kongens og Prindsens aabne Breve og Proclamationer vare oplæste af Generalen. GeneralKrigscommissair Wibe og alle Autoriteterne vare indbudne og 31


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Nærværende, samt en græsselig Hoben af Byens Indbyggere, og det norske Flag vayede paa Fæstningen, o. m: s. Dette skeede Onsdag Formiddag 8, [9.mars] og samme Dag [9. mars] besadte Borgerinfanteriet alle Vagter. Torsdag Formiddag [10. mars] skeede same Høitidelighed ved Borgerhærene, og Fredag Formiddag [11. mars] afsagde alle Embedsmænderne og de øvrige Borgere og Indbyggere deres Æd for Norges Selvstændighed hver i sit Sogn i Kirken. Kl. 10 samledes alle hver i sin Kirke paa Gulvet eller nede i Kirken; thi ovenpaa var blot Damer og nede i Kirken blot Mandspersoner. Der blev sunget Salmer og til Høytiden gjort Svar av Provsten Pavels. Sognepræsterne hav[d]e i sin Kirke holdt en Tale frå Prædikestolen i Anledning af Sagen, oplæste Kongens og Prindsens Proclamationer etc. og modtog Eden saaledes: Præsten fra Prædikestolen: Sværger at I vil opofre Liv og Blod for Norge og Norges Selvstændighed! derpaa Folket, enhver med høy Stemme og opragte Fingre, det sværger jeg: saa sandt hjælpe etc. Talen blev derpaa sluttet med Bønner etc. Derefter blev sunget et dertil gjort Svar. Tjenesten blev sluttet og nu traadte Præsten for Alteret omgivet af 12 valgte Borgere, og alle Stemmeberettigede eller rettere sagt, alle Borgere, Embedsmænd og Bosatte, traadte frem til Alteret og nedlagde der Valgseddel paa de to av hvert Sogn, af hvilke 4 skal vælges at reise til Rigsmødet paa Eidsvold. Præsten holdt en lille Tale fra Kordøren, og derpaa blev robt tre Gange: Held for Norge og derpaa 3 Gange: Christian Fred. [Frederik] Leve. Alle Embedsmænd var tilstede, saavelsom Autoriteterne, og Korskirken alle Officerer og under det hele Garnisonens Musik, forent med Orgelet. Høytideligt var dette, og Irgens kom prægtig fra sine Ting. I dag [laurdag 12. mars] have hele Flotilliens Mandskab og Officerer værert om bord under Hurraraab etc. Store Selskaber er her hver Aften. Wibe er i Bevægelse. I Morgen [søndag 13. mars] skal han være Fadder for August, og derpaa Sammesteds

32

stort Galla. Tirsdag [15. mars] Aften Concert og stort Selskab i Harmonien, og Onsdag Morgon [16. mars] reiser Wibe. August [Konow, kjøpmann, konsul] er enstemmig valgt til at reise til Christiania i Anledning Bankvæsenet og aparte Borgerskabets Valg paa ham er han dertil af Prindsen indbudt i privat Skrivelse fra Prindsen til ham. Kun han skal reise til Bankvæsenet. I andledning Rigssagen er valgt August [Konow] og [Jonas] Rein af Nykirkens Sogn. Sectretair [Wilhelm Frimann] Christie og Jens Rolfsen af Domkirken, Captain Mozfeldt og Fred.[rik] Meltzer af Korskirken og Pastor Christiansen og Fred. [Friedrich] Bøschen af Tyskekirken [Mariakirken]. Af disse 8 skal de selv vælge sig de fire der skal reise. Jeg med mange andre tror her, at Du bliver en af de valgte for dit Amt og til saadan Post er, er det en sand Ære at blive udvalgt. Kl. er nu mange, jeg maa altsaa slutte af.

Gravminne på kyrkjegarden ved Kaupanger stavkyrkje: Ludolf Johan Eide, fødd 21.04.1781, død 23.04.1846. Gravminnet ligg på austsida av kyrkja. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2013

I boka Eidsvoll 1814 Til grunnlovsjubileet i 1914 gav J.W.Cappelens forlag ut boka Eidsvoll 1814, «med bilæte». Kapitlet «Fridomsgjerningi paa Eidsvoll» er skrive av Halvdan Koth. På side 128 og 129 står det om «agitasjon» for sjølvstenderørsla: Baade i Trondheim og endaa meir i Bergen var sjølvstende-venene dei sterkaste. I Bergen var det gamle bispen Johan Nordahl Brun som sette agitasjonen i gang med fastelavns-preika si den 21de februar. Han kunde daa fortelja det som han nett hadde høyrt ifraa den Gamle heimbyen sin, [Trondheim] – at prinsen hadde lova trøndane aa staa i hop med deim i eld og uver for eit sjølvstendigt Noreg. Gamle bispen minnte paa ungdomshelten sin, Einar Tambarskjelve, og han meinte alle no vilde vera nordmenner; med prinsen vilde dei staa eller falla, han var no «vort Norges første Mand». Etter so meldingi um sjølvstende-kunngjeringi hadde kome til Bergen, heldt dei stor fest paa komediehuset den 3dje mars, der vart etter spelstykket les opp eit dikt av Brun, og dei byrge ordi hans vart fagna med glede ut yver heile landet:

Johan Nordahl Brun, biskop i Bjørgvin bispedøme 1793-1816, «sjølvstende-ven i Bergen», heldt ei sterkt patriotisk preike i Bergen fastelavn-søndag 21. februar 1814. Biskopen hadde då høyrt gjete prins Christian Frederik sitt besøk i Trondheim 5. til 9. februar. Begeistringa i Trondheim var stor, og Carsten Anker skreiv i dagboka si (omsett til nynorsk av Halvdan Koth): «La fyredømet koma derifrå! So fylgjer Bergen som eit lyn, og for heile resten bli det berre aa fylgja etter.»


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Kvinneleg representasjon i kommunestyra i Sogn og Fjordane 1983 vs 2011 Av Cecilie Astrup Bustad Under ordninga av eit kommunalt arkiv, kom eg over ei oversikt over den prosentvise kjønnsfordelinga i kommunestyra i Sogn og Fjordane i 1983 og 1987. Dette var ganske interessant lesnad. Det viste seg at dei fleste kommunane hadde aukande kvinneleg deltaking, med nokre få unntak. Spørsmålet meldte seg automatisk: korleis såg det ut ved førre kommunestyreval, i 2011? Jonas Rein (1760-1821), teolog og forfattar, sokneprest i Nykirken i Bergen, eidsvollsmann frå Bergen, høyde til sjølvstende-partiet. Skipsbyggingsmeister Tønnes Rolfsen nemner Jonas Rein i brevet sitt, datert 12.03.1814, til Ludolf Johan Eide i Sogndal.

Omvanke, skjelve paa vor faste Moderjord, Før nogen Norsk skal Rigets Arving svige, Som Roret tog i Storm, at styre Norges Rige. Til same tonen som «For Norge, Kjæmpers Fødeland» kvad Lyder Sagen lovsongen til Christian Frederik, for di han ikkje vilde skiljast fraa Noreg. Og Jonas Rein mana til aa slaa for fridomen under herropet; «nu raader Nordmænd i Norge.» Det synte seg fort i dei «politiske Klub-Diskussioner» som vatt haldne i Bergen, at baade borgarar og embætsfolk var sams um at dei ikkje vilde gaa under Sverige.»

Om avsendaren Tønnes Rolfsen, fødd 1784, død 1837, skipsbyggingsmeister i Bergen.

Om mottakaren Ludolf Johan Eide, fødd 21.04.1781, død 23.04.1846, proprietær, budde på Hovland, Kaupanger sokn, Sogndal prestegjeld.

Kjelder og litteratur • Koth, Halvdan, o.fl.: Eidsvoll 1814. Cappelens forlag, 1914 • Tønnes Rolfsen: Brev Copiebog 1808-1816

For Sogn og Fjordane generelt har det vore ein klar auke i talet på kvinnelege kommunestyrerepresentantar. Frå 22,2% i 1983, auka det til 30,8% i 1987 og 40,5% i 2011. I 1983 og 1987 låg me rett bak fylkesgjennomsnittet, men gjekk klart forbi gjennomsnittet på 36,6% i 2011. Når det gjeld dei ulike kommunane i fylket, så er biletet meir samansett. Medan alle kommunestyra låg under 50% kvinneleg deltaking i både 1983 og 1987, var det tre kommunar som kunne skilte med over 50% i 2011. Den klaraste utviklinga ser

me i Gaular. Frå 5% i 1983, er dei suverent best i klassen med 57,2% i 2011! Bak følgjer Balestrand og Aurland med 53% kvar. Dei fleste kommunane har hatt aukande kvinneleg deltaking, men nokre kommunar skil seg ut. Gulen og Naustdal hadde ein markant nedgang frå 1983 til 1987. Gulen sank frå 40% til 24%, medan Naustdal gjekk frå 29% til 19%. Dei steig kraftig fram til 2011, og klarte nesten å ta igjen det tapte. For Gulen sin del mangla det 1,9%, for Naustdal mangla det 0,4%. Fire andre kommunar hadde nedgang frå 1987 til 2011. I denne perioden sank kvinnedelen i kommunestyra i Solund, Hyllestad, Fjaler og Stryn. Frå å komme ut på topp med sine 42,9% i 1987, sank Hyllestad til 29,5% i 2011. Sjølv om Stryn kjem dårlegast ut i 2011 med 28% kvinner, er dei likevel langt betre enn sisteplassen i 1983, som tidlegare nemnt var Gaular med sine 5%.

Tidlegare årgangar av Kjelda er no gjort tilgjengeleg på nettstaden Issuu. Issuu er eit populært publiseringsverkty, og nettstaden inneheld over 15 millionar dokument i form av tidsskrift, bøker og aviser. Tenesta vart utvikla for å betre lesaropplevinga på skjerm. Issuu har funksjonalitet som på ein enkel måte gjer det mogeleg å bla og søke i publiserte dokument. Tenesta er dessutan plattformuavhengig. Fylkesarkivet har lagt ut alle utgjevne hefte av Kjelda frå fyrste årgang i 1992 til og med 2011. Nettadresse: http://issuu.com/fylkesarkivet

33


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014 - kjelde til 1814 digitalisert Fylkesarkivet har digitalisert ei kopibok frå skipsbyggjar Tønnes Rolfsen. Protokollen inneheld gjenpartar av brev Rolfsen sende i perioden 18081816. Nokre av breva gjev opplysingar om storhendingane i 1814, som til dømes bededagen i Bergen.

Kleppa, som tek for seg eitt av breva Tønnes skreiv til bror sin i Sogndal. Kopiboka inneheld òg brev Tønnes skreiv til kjende folk som Wollert Konow, biskop Brun og amtmann Treschow. Kopiboka er tilgjengeleg frå sida «data-

Tønnes Rolfsen vart fødd i Bergen i 1784. Han var son til bradbenkmeister Rasmus Rolfsen, opphavleg frå Kristiansand. Skipsverftet låg på Elsero i Sandviken. Rasmus døydde i 1808. Same året kom Tønnes heim til Bergen etter eit opphald i utlandet, noko han fortel om i det første brevet i kopiboka: Medio September sistl: kom jeg tilbage fra min Udenlandske Reyse, og fandt mit Fædrenehuus i den sørgeligste Forfatning paa Grund af min Faders Død, hvilken formodentlig er herr Brand Majoren for lengst bekiendt. Jeg har mere end Haab om at blive min Faders Eftermand som Skibbygger og Bradbænkemester Kopiboka gjev opplysingar om langt meir enn forretningsdrifta. I eit brev datert 31. juli 1809 har han til dømes denne litt pussige kommentaren om biskop Brun: Biskoppen har nylig været på Wisitatz, og fra denne er han hiemkomen uden Paryk paa Hovedet. Tønnes skreiv fleire brev som gjev informasjon om hendingane i mirakelåret 1814. I dette nummeret av Kjelda kan du lese ein artikkel av Hermund

Brev frå Tønnes til onkelen Jens Rolfsen, representant på Eidsvoll frå Bergen. Brevet er datert 14. mai 1814. 34

Brev Copiebog 1808-1816

Av Per Olav Bøyum

basetenester» under Fylkesarkivet si nettside (www.fylkesarkiv.no). Protokollen tilhøyrer De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Kjelde Tønnes Rolfsen: Brev Copiebog 18081816


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Grunnlovsjubileum 2014 – nokre 17. mai-minne

Av Wilhelm Kvalheim/Hermund Kleppa

Jens Arup Seip (1905-1992) har kalla året 1814 for et annuum mirabilis. «Og han har rett», skriv» skriv Knut Mykland, «1814 var et miraklenes år i norsk historie. I dette miraklenes år står den 17. mai som den store merkedagen.» I 2014 er 17. mai nasjonal festdag, men slik har det ikkje alltid vore. I denne artikkelen fortel lærar Wilhelm Kvalheim (1877-1949) om 17. høgtiding slik han hugsar det. Rundt århundreskiftet 1800/1900 Wilhelm Kvalheim, vart fødd og voks opp på Nord-Vågsøy (Røysa, eller no Raudeberg), tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1897. I åra 1897-1908 var han lærar i Selje, Davik og Florø. Kvalheim fortel om 17. mai-minne frå barndomsbygda, frå bygdene Nordstranda og Drage i Selje, frå Rugsund i Davik og frå ladestaden Florø. Kvalheim skreiv stykket like etter krigen 1940-1945. (Han døydde 1949). Stykket stod i Jul i Nordfjord (1978), men var kome inn lenge før. Juleheftet illustrerte artikkelen med to eldre 17. mai-foto frå Måløy. Mellomtitalane og hakeparantesar er sette inn her.

Raudeberg – «vanleg yrkedag i midt i vinna» I mi heimbygd, på Nord-Vågsøy [kyrkjesokn i Selje til 1910], vart 17. mai fyrste gongen høgtida ved eit møte i skulehuset på Røysa [Raudeberg] i 1889, (…). Det var ikkje tale om folketog. Der var ingen veg til det, berre trakka gangstigar gjennom bygda. På den vesle veggtavla var utspent eit lite unionsflagg (Stortinget hadde ikkje gjort noko flaggvedtak den gongen), og visstnok ein mjølbærkrans. Dei tre lærarane på Nord-Vågsøy tala, fortalde Noregssoge og tala om fars og mors kjærleik og fedrelandselsk. Vi

Biletet er teke 17. mai 1913 og viser driftsleiinga og arbeidarane ved Moldøen Canning Co, samla framfor fana si. Biletet er teke før hovudprosesjonen på grunnlovsdagen starta frå Gotteberg. Biletet stod i Fjordenes Tidende 31.1.1975. (Jul i Nordfjord 1978). Fotograf: Sefland. Datering: 1913.

skuleborna song fedrelandssongen ut av leseboka. Onnor songbok hadde vi ikkje. Mange vaksne var frammøtte, endå det var yrkedag og midt i vinna, så skulestova var fullsett. Alle tykte det hadde vore ein gild dag. Og mange spurde året etter om ein ikkje skulle gjere det opp att. Men det gjekk nokre år før høgtidinga av 17.mai vart årviss. Dette er mitt fyrste 17. mai-minne

Florø – «med kvar sitt flagg» Så kom flaggstriden. Og då hende det i byane at Høgre og Venstre (einaste partia då) gjekk i kvar sitt tog, og med kvar sitt flagg. I 1895 var eg med på 17. mai i Florø, der eg gjekk på amtsskulen. Då gjekk Høgre og Venstre i eitt tog. Høgrefolket gjekk på høgre sida av vegen under unionsflagget, og vinstrefolk på vinstre sida under reint flagg. Men der var då eitt tog. Peder Svendsen heldt ei framifrå tale frå sjukehustroppa. Og sidan var det folkefest i Sjukehuset med dans. (Vårsildfondets sjukehus stod nemleg tomt utanfor vinterfisket, og då var det nytta til turn- og festlokale.)

Drage og Nordstranda – «fyrste 17. mai-gudstenesta i Nordfjord» På Drage hadde lærar Samuel Lødemel samla ungdomen i 1880-åra til 17. mai-høgtid. Og då eg kom som lærar til Nordstardanda på Stad [1897] og hadde skipa songkor og ungdomslag, fekk denne bygda for fyrste gong sin 17.mai-fest [1898], med tog av ungdomslaget og skuleborna til Kongshaugen [på Dragseidet], der vi møttest med dei frå Drage, og hadde talar og korsong der oppe. Og sidan fest i skulehusa på begge sider av Dragseidet. Men året etter – 1899 – gjorde vi store førebuingar. Både ungdomslaget og skuleborna hadde fått fane. Og dertil hadde vi trommer. Så fekk vi kapellanen i Selje, Karl Lunde, til å halda 17. mai-gudsteneste i Leikong-kyrkja [Leikanger kyrkje]. Vi hadde fått prenta fedrelandssalmen, og selde han for eitt øre stykket utanfor kyrkja. Og eg skal seie han vart sungen med klem, både av gamle og unge. 35


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Wilhelm Kvalheim (1877-1949), fødd i Nord-Vågsøy, eksamen frå Stord lærarskule 1897, lærar i Selje, Davik, Florø, Stryn og på Volda lærarskule frå 1924. Fotograf: Ukjend. Datering: ukjend.

Dette var fyrste 17.mai-gudstenesta i Nordfjord, og fyrste gonge fedrelandssalmen var sungen i ei Nordfjordkyrkje.

Rugsund – «tolv færingar med flagg og bjørkelauv» I 1902 var eg lærar i Rugsund. Der hadde dei heller ikkje halde 17. mai. Men vi hadde eit songkor. Og så var Gabriel Sølvberg handelsmann der. Og han var ein flink arrangør. Heller ikkje der var veg gjennom bygda. Men vi pryda tolv færingar med flagg og bjørkelauv, og så rodde båtane i rekkje rundt vika med festkledde ungdomar og skuleborn. Deretter gjekk vi på land på Storøya, som det er eit slag veg ikring, og gjekk tog der. Så var der taler og song. Deretter kapproing og sidan fest i Wiese-huset, med solosong og korsong, og til slutt rakettar frå Haugland.

Oppsummering Såleis har høgtidinga av 17. mai breidt seg, serleg ved tiltak frå lærarar og ungdomslag. Eldre og alvorlege folk såg frå fyrst av med motvilje på alt styret og ståket, og at arbeidsdagar vart bortkasta i vårvinna. Men det retta seg. Særleg etter at ein byrja med 17.mai-gudstenester. Og når vi har hatt og har såpass av fedrelandskjensle – og dei fleste norske reagerte sunt og sterkt

36

17.mai-feiring i Måløy, truleg 1917. Toget gjekk frå Heradsheim og til Seternes, derifrå til Gotteberg. På biletet ser ein toget på veg frå Seternes og nordover. Frå Gotteberg gjekk toget attende til Heradsheim, der talene vart haldne. Fana dei ber på tilhøyrer losje «Havglimt». På biletet ser ein elles i bakgrunnen den gamle dampskipsekspedisjonen, som gjekk opp i flammar tredje juledag 1941. Dei mange tunnene som ligg lagra inneheld sild tenkt til eksport. (Jul i Nordfjord 1978). Fotograf: ukjend. Datering: ca 1917.

i okkupasjonsåra [1940-1945] – skal og 17. mai-høgtidinga ha sin store lut av æra. For talane og songane og sjølve dagen sitt merke etter seg i folkehugen. Dermed har vi også ansvaret for at tradisjonen vert halden ved lag, og at dagen vert nytta slik at fedrelandselsken og vår nasjonale samkjensle og ansvarskjensle vert styrkt hos ættene som kjem.

Prenta kjelder: • Jul i Nordfjord. 1978 • Jor, Finn (red.): 17. mai. Cappelen 1980.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Hund i stadnamn «Hund» er primært namn på husdyret, men blir brukt i fleire andre samanhengar, ofte negative. I eldre tradisjon trudde dei at fanden sjølv viste seg i hundeskapnad. Eg viser her til Nikolai Astrup si kjende teikning «Bygdetyvens død», der ein svart hund sit ved senga til ein døyande mann. Vi brukar «hu:n», «ho:n» eller «hunden gale» som bannord av same grunn – som står for «fan» eller «fanden». Vi snakkar om at det er «hundekaldt» (bikkjekaldt), «hundever» og livet kan vere «eit hundeliv». Adjektivet «hundsleg» tyder «stygg, ubehageleg» Jfr. og uttrykk som «han var ein hund etter all søtmat» (=vill, grisk). Og dessverre kan somme «gå i hundane», eller «fare honivalt» = langt vekk. Vi har sjukdommen «raude hundar» og. I alle desse uttrykka vert «hund» forbunde med noko negativt. Men ordet kan ein sjeldan gong bli brukt positivt. I Trøndelag blir det brukt som forsterkande adverb: «Detta var hondi /honnji/ godt!» - og det er ikkje bannskap. Tida frå 23.juli til 23.august heiter Hundedagane, ei tid prega av mystisisme og gammal overtru, ofte knytt til ver og vind, der mat har lett for å rotne og hundar blir galne. Men dei er oppkalla etter stjerna Sirius, Hundestjerna. Då står sola i Løve-teiknet i nærleiken av denne stjerna. Fleire plantar og vekstar er samansettingar med «hund-«: Ein lite velkommen plante på god eng kjenner vi som hundeslengje, hundesløkje eller hundekjeks. Det same gjeld høymola, som somme kallar hundesyre. Trollhegg kallar vi her i distriktet for «hundved» eller «hundevid» (viburnum opulus), og bæra for «hundebær», også kalla «hundabærved» eller «hundhegg». Den er vanleg i krattskog, og bær og bark er giftige. Dei er alle døme på at «hund» blir knytt til negative eigenskapar. Dei som har prøvd å rydda vekk kratt og busker der det veks hundved, veit kor kreksete det er! Ikkje brukande til ved ein gong! Her i Nordfjord finn vi gamle namn som Hunskår i Breim, uttala /hOnnskOr/. Men skriftforma med «Hund-« finn vi i alle eldre jordebøker. Opphavleg må vel namnet ha vore Hornskor, då garden ligg temmeleg høgt under fjellet Dunegga, som her er «hornet». Gardsnamnet Hunskår i Bremanger vart på 1300-talet skrive «Honskorum». Her er føreleddet ganske sikkert «Horn-». Garden ligg

like ved fjellet Hornelen, i eldre tid kalla Smalsarhorn. Vi kan altså ikkje stole på skrivemåten av desse namna alt frå eldre kjelder, når «horn» blir til «hund». Midt i Nordfjord ligg Hundvik /hon(d) vik/,/hon(d)viKa/ (gard og bygd) og Hundeidet /hondaide/ (eidet over til Hundvika). O. Rygh har store vanskar med å tolke desse namna, men vil helst tru at dei har noko med god fangst/jakt å gjere (sjå neste avsnitt). Garden Stårheimsvik på Stårheim heitte tidlegare Hundvik. Meir lokale namn er Hundehølhammaren i Randabygda og Hundihammaren på Sølvberg. Elles i landet finst kjende namn som Hundorp, Hunderfossen, Hundvin, Hundhammaren, Hundvebakke, og fleire gardar og elvar med namnet Hunn. Mange av dei sistnemnde namna er ikkje sikkert tolka, men vi er inne på ei tredje og heilt anna tyding av «hunn, hund». Ofte har ordet i eldre namn tydinga «jakt, fangst». Namneforskarar knyter ordet til gotisk «hindan» = fange. Svenskane brukar ordet framleis i uttrykk som «Jag måste hinna tåget» (nå toget). Det var godt fiske i elvane Hunn, og det kan som sagt hende at namnet Hundvik fortel oss om godt fiske eller fangst. Det same kan gjelde namnet på ein holme i Borgundfjorden, Hundsvær (vær=fiskevær). Til det siste namnet kan det vere verd å nemne at på Sunnmøre kallar dei ein ile eller ein ankerstein for «hund». I. Aasen skriv i Norsk Ordbog: «en Steen med Ombinding at bruge som Anker for en Baad». Kanskje kan nokre av stadnamna ved sjø eller vatn ha denne tydinga? Det er slett ikkje sikkert at –d- skal vere med i skriftforma. Den kan ha kome til seinare. Stadnamn som inneheld så gamle ord at folk ikkje lenger forstår dei, vert ofte omlaga til ei namneform som liknar. Ein Hunhammar (sjå nedanfor) kan bli til Hundhammar, fordi «hun» er gått ut av ordforrådet. Kan stadnamnet opphavleg vere ei samansetting med «hu:n» eller «hunn»? «Hun» (med lang u) kjenner alle her i distriktet som «halvplanke, bakhun». Aasen: «Fjel med en Barkside», eigentleg ein kubbe eller terning. På garden Bergset i Stryn finn vi jamvel stadnamnet Huneløypet – der dei løypte hunved. Det som er mindre kjent,

Av Kristian Solvang er at ein «hun» eller «hyn» og kan vere ein ung bjørn, bjørneunge. På Sunnmøre kalla dei ofte ein smågut for ein «gutahyn». Om det har skjedd ei misforståing i skrivemåte og uttale. kunne Hun(d) hammaren tyde «hammaren der det var ein bjørneunge.» Så til Hundihammaren på Sølvberg, ein høg hammar på innmark, uttala /’hondihammaren/ med trykk på første staving og tonem 1. Forma viser at det neppe kan vere ei samansetjing med «hund», slik som i Hundhammaren i Hafslo. Då ville namnet vore Hundehammaren- eller Hundshammaren. Det er vokalen –i- som ikkje stemmer. Den beste forklaringa er at dette er Hundvedhammaren (no: hundvidr), altså at det veks trollhegg her. Då kjem namnet i same kategori som gardsnamnet (og no gateadressa) Hundvebakke i Førde, som har same trykk og tonem i førsteleddet som Hundihammaren /’hondve-/ (O. Rygh). Men heilt sikker kan ein ikkje vere, hund-namna er vanskelege.

Trollhegg kallast også hundved.

Dette er den øvste delen av Hundihammaren. 37


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

KATT i stadnamn

Av Kristian Solvang

Like ved husa i Ulvedalstunet (Blaksæter) ligg Kattakjelda. Det er no ei lita, våt myr, og det var her for ikkje lenge sidan ei lita kjelde. Det ein kan undre seg over, er om namnet er samansett med husdyret ”katt” – kattar og vatn går som kjent ikkje godt saman. Innerst i Oldedalen er det mange som tek seg ein tur på Kattanakken, stigen er jamvel merka. I Randabygda finn vi Kattaskora og Kattadragvollen og på Sindre i Markane Kattatjørna. Går vi inn på Stadnamnarkivet, finn vi ca. 100 stadnamn med ”Katt-” her i fylket. Her vil eg tilføye at arkivet slett ikkje er fullstendig, her manglar titusenvis av stadnamn, bl.a. frå Førde, Eid, Gloppen og Stryn. Så det finst sikkert mange ”katte-namn” i Nordfjord. ”Katt” er altså eit mykje brukt ord i stadnamn. Eg nemner Kattaberget, Kattadammen, Kattagjelet, Kattagrova, Kattagytta, Kattahola, Kattahogen, Kattahølen (mange), Kattaskjeret, Kattaskora, Kattasteinen (mange), Kattataren, Kattatjønna (mange), Kattavatnet, Kattavika, Kattavollen – eller berre Katten. Det vekslar mellom formene ”Katta-”,”Katte” eller ”Katt-”. Mange av desse namna er nok samansette med dyrenamnet ”katt”. I arkivet er der få forklaringar på kvifor ordet er brukt, i nokre høve oppgjev dei at ”dei drukna kattar her” eller at formasjonen ”liknar på ein katt”. 7 av namna har ein slik merknad. Det er nok rett at somme av desse namna er samanlikningsnamn. Men det er neppe ei forklaring som står til truande når det er eit berg, eit fjell, ein hog, ein stein, ei vik, ein tare, eit skjer og liknande det er snakk om. Og om lag halvparten av ”katte-namna” er namn på lokalitetar knytte til vatn, hølar, tjørner, diker, vikar og skjer, som slett ikkje er kattane sitt ”revir”. I ein artikkel «Stadnamn med katt» i Regionavisa (Sunnmøre/Nordfjord) 21.mai 2014 skriv Johan Ottesen: «Men om ein skulle drukne kattungar ved å putte dei i ein gammal sekk med stein i , var det vel enklare å ta seg ein tur i fjøra, der det var djupt, framfor å la drukna kattar liggje og rotne i eit bitte lite fjellvatn». I Norsk Stadnamnleksikon (s.181) les vi: ”Ofte har ordet Katt- i stadnamn ei nedsetjande tyding og/eller merkjer

38

Kattatjørna på Ulsteinfjella på Sunnmøre. Det er den vesle tjørna nærmast til høgre. Foto: Johan Ottesen.

ut noko som er smått.” I Svensk torsnamnlexikon skriv dei at førsteleddet i stadnamn med katt også kan vere «djurbeteckningen katt, som i ortnamn iblant används för att uttrycka att något är litet eller i någon bemärkelse dåligt.» Truleg tyder føreleddet ”Katt-” i mange av desse namna at noko er lite, t.d. at Kattetjønna er lita og Kattasteinen liten. Ser vi nærare på dei ca. 100 namna, har 18 lokalitetar merknaden ”liten”. Denne bruken av ordet er gått ut av aktivt bruk, men ikkje heilt – i Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn kan ein smågut framleis bli kalla ”kate” (med lang a). Dette tyder på at ordet ”kate/ katte” for lang tid tilbake vart brukt for å karakterisere naturfenomen som ”liten”. I svensk dialekt tyder «katig» = rask, uregjerleg. I austnorske dialektar tydde verbet «å kate» = «arbeide med at holde følgje, forsøke paa at holde tritt med» (Torp: Nynorsk etymol. ordbok). Nedsetjande tyding kan det vel ha hatt, slik som vi brukar det i uttrykka ”kattemusikk”, ”kattepine” og ”kattevask” (liten, dårleg). I boka «Stadnamn på Sunnmøre» seier Johan Krogsæter at Katavågen ved Sunnmøre Museum har fått namnet sitt etter båttypen «kati». Gammalnorsk Ordbok oppgjev «kati m» som eit slag skip eller båt i vikingtida. I Johan Ottesen sin artikkel problematiserer han dette: «Som dokumentasjon på denne båttypen blir det ofte vist til tolkinga av førstelekken i stadnamnet Caithness. Det ligg på nordspissen av Skottland, i norrøne kjelder skrive Katanes. Så spørst det om dei mange «kati» som

passerte der, i denne samanhengen viser til ein båttype, eller om det er eit tilnamn på folkeslaget som budde nørst i Skottland. I boka «Dictionary of Place-names in the British Isles» seier ein at «cat» (caith) var eit keltisk namn på folkegruppa som budde der. Ottesen meinar ein altfor lett tyr til skipstypen «kati» når stadnamn med katt- skal forklarast. Storleik er alltid relativ, det spørst kva vi samanliknar med. Kattanakken i Oldedalen er slett ikkje så liten, men i høve til fjella på begge sider og bakanfor er dette fjellet minst. Eit nedsetjande namn er det iallfall ikkje på dette spennande og flotte fjellet. Heilt sikker på tydinga kan eg likevel ikkje vere, for somme i Oldedalen meinar dei ser noko som liknar på eit kattehovud. Tom Schmidt drøftar namnet Kattadragvollen i hovudoppgåva ”Teigenamn i Randabygda”(1976): ”Drag n. vert ofte nytta på stader der dei drog tømmer over ei flat… Ein særleg trong stad kunne få namnet *Kattadraget, av di det var vanskeleg å koma framom…. Minte om måten katten smyg seg fram..” (s.172). Jfr. tydinga av verbet «å kate» i eit avsnitt ovanfor. Det er elles mange slags kattar i stadnamna i fylket, og då i direkte tyding, mest med røysekatt og mårkatt (=mår): Røysekattråsa på Bruland i Utvik, Markattfluna i Flora og Mårkattabykset i Aurland. I Askvoll har dei Svartekattmyra (=oter), og så finn vi Villkatteskorane i Solund og Trollkattahamrane i Høyanger. Trollkatt har eg ikkje sett!


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

HAR DE SØNDA? Namnet ”Søndane” (i denne artikkelen skriv eg ”Sundane”) finst som teigenamn på innmark på ganske mange gardar både i Stryn og i fylket elles. Uttalen er vanlegvis /eit sønd/ og /søndane/. Ein kunne utan vidare tru at eit slikt stadnamn er knytta til sjø og vatn, men desse namna blir berre brukt på innmark – og dyrka mark. Det krev ei forklaring. Dette er det same ordet som ”sund n” = trongt farvatn. Det har same forma på norrønt. Opphavleg skal visst ordet ha tydinga ”stykke en svømmer over” (A.Torp), i Agder og Telemark er framleis brukt ”å sunda, å synda” om ”å symje”. Men ordet ”sund” vart og brukt på land. O.Rygh skriv: ”Nogle af dette Ord kommende Navne synes at forutsætte Betydningen: trangt Pas paa Land, smal Strimmel mellem Jordsmon af anden Art; denne Betydning kan med Sikkerhed paavises paa Island”. Men det er overraskande at vi ikkje finn ”sund” med denne tydinga i Ivar Aasen si ”Norsk Ordbog” frå 1873. No treng vi altså ikkje dra til Island for å finne slike døme. Det finst rikeleg med slike namn i Nordfjord og Sunnfjord. Berre i dei bygdene i Stryn som er nemnde nedanfor finn vi dette stadnamnet ca. 30 gonger. Teigane med dette namnet er relativt flate og jamne, har grøderik jord, og var tidlegare gammalt åkerland. Åkrane låg sjølvsagt på

den beste jorda. Påfallande ofte ligg teigen i dag inn til grensa mellom 2 bruk. Før dei store utskiftningane av innmarka for godt og vel 100 år sidan, i teigedelinga si tid, var gode åkerteigar delt mellom fleire brukarar. Imellom dei små åkrane eller mellom åkeren og ei elv eller ein hammar, var det då smale jordstykke med eng. Der kunne folk gå, og der kunne hesten så vidt snu når dei pløgde. Dette var altså eit ”sund”, uttala /sønd/, på land, og fordi det var fleire åkrar og mellomrom: ”Sundane” og ”Sunda”, uttala /søndane/ og /sønda/. I Stadnamnarkivet for S&Fj er namnet ”Sundet” ført opp ca. 80 gonger, dei fleste av desse på innmark, dei fleste i Sunnfjord og Nordfjord. Berre i Jølster er det oppført 20 gonger. Då har eg ikkje teke med alle dei ”sunda” som finst langs kysten og er knytta til sjøen. Det er interessant at i kystkommunane presiserer dei ofte ”sund” på dyrka mark med namnet Åkresundet (25 slike namn). Då var det ingen tvil kvar sundet låg! Forma ”Sundane” førekjem sjeldnare, det ser ut til å vere eit Nordfjord-fenomen, her er det desto rikelegare av dei. I det namnematerialet eg hittil har gått gjennom, finn vi ”Sundane” eller ”Sundet” i Innvik, Utvik, Tistam, Moldrheim, Randabygda, Fjella, Blakset, Robjørgane, Faleide og Olden. Det er såleis eit svært vanleg stadnamn.

Av Kristian Solvang

Eg reknar med at ”Sundane” eller ”Sundet” finst på mange andre gardar i Stryn kommune. I Utvik finn vi ”Sundane” på Bruland og Myklebust, på Bruland også ”Mjåsundet”, namn på ei smal åkerremse (”mjå” =smal). I Innvik på Skåden (2x), Hilde, Heggdal og Lyslo. På Tistam ”Sundane”, på Moldrheim ”Sunda” I Tom Schmidt: ”Teigenamn frå Randabygda” (UiO 1976) har han skrive opp 8 slike namn. På Nordsida finn vi ”Fagresundet” på Fjellkårstad, og ”Sundane” på dei 7 gardane: Gald, Ulvedal, Roset, Øyestad, Blakset, Steinsåker og Teigen. ”Sundane” finn vi og på Robjørgane. «Faleidssundet» er namnet på ei smal stripe frå det gamle Faleidstunet og austover ned til Sjønå. Det var ein gong- og køyreveg til sjøs, med åkrar på begge sider. Seinare vart Den Trondhjemske Postvei lagt etter same linja (ca. 1786-90). På Bruvoll og Muri i Olden har dei ”Sundet”. Det er merkeleg at ordet ”sund” i fleire bygder har skifta kjønn. Det er vanlegvis eit nøytrumsord: « eit sønd, søndet, fleirtal «sønda». Men forma ”Søndane” må vere hankjønn fleirtal. Til alt overmål blir ”sønd” også fleire stader brukt som hokjønnsord: ”Søndene” (bl.a. i Randabygda). På Steinsåker har dei jamvel laga eit ordspel av dette stadnamnet, fordi uttalen ”sønd” og kan vere ”synd”: ” Vi ha ”sønda”, og inni Teija ha dei ”sønda”, men nedi Hagå ha’kje dei ”sønda”.

Betaling av Kjelda Også i år sender vi ut faktura for Kjelda uavhengig av bladet. Det bankkontonummeret du kan sjå i tidlegare nummer av Kjelda er no stengt for innbetalingar. Fakturaen blir sendt i posten.

39


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Frå Holck til Heggø

Av Randi Melvær

Det norske demokratiet 1814-2014 sett frå Høyanger Forfattarar: Ole Elias Holck, Ingrid Heggø, Gaute Ljotebø, Arne Inge Sæbø, Geir Sørebø og Lasse Trædal

Ole Elias Holck budde på Alværa i Lavik. Her er eit bilete av Alværa måla av Karl Straume i 1936.

Høyanger kommune har gitt ut bok i høve grunnlovsjubileet. Det er Gaute Ljotebø som har vore redaktør for boka. Boka tek føre seg dei som sat på Stortinget frå Høyanger, hendingane i 1814 og demokratiutviklinga gjennom 200 år sett frå Høyanger. Lavik prestegjeld i 1814 Gaute Ljotebø meiner at embetsmennene var godt informert om hendingane, men vanlege folk hadde nok med å klare seg i krisetida som rådde. Ole Elias Holck blei valt til riksforsamlinga på Eidsvoll som yrkesmilitær. Han skreiv dagbok frå tida der, frå 10. april til 20. mai. Denne kan ein lese i boka. Geir Sørebø har skrive om Holck, bak40

grunnen hans og korleis han tedde seg på Eidsvoll og i krigen mot svenskane. Han fekk sidan medaljar og ein svensk orden for motet han viste på slagmarka.

Husmannsson og andre på tinget Lasse Ellingsen (1825-1905) var husmannsson. Han fekk utdanning som lærar og kjøpte seg gard. Med det vart han valbar og starta som varaordførar og ordførar i Lavik kommune. Sidan vart han stortingsrepresentant. Edvard Liljedal (1845-1924) vart neste stortingsrepresentant. Han blei også statsråd. Lasse Trædal (1857-1924) var bonde og blei valt til tinget. Boka har med ei morosam anekdote om Trædal og dronning Maud som dansar springar. Ivar Norevik (1900-1956) var industriarbeidar og aktiv i lokalpoli-

tikk og fagforeiningsarbeid. Han blei vald til Stortinget for Arbeidarpartiet i 1945. Ingrid Heggø (1961-) blei vald inn i 1997. Ho sit framleis på tinget (til 2017). Gaute Ljotebø har skrive ein kort artikkel med opplysningar om dei som kom frå Høyanger, men reiste ut før dei blei stortingsrepresentantar. Dette er Hans Leierdahl Nansen (1764-1821), Christian Gottfried Reinhardt (17991870), Einar Osland (1886-1955), Odd Vattekar (1918-1992) og Einar Førde (1943-2004).

Ein lang og interessant artikkel Boka sluttar med ein lang og interessant artikkel: «Det norske demokratiet 1814-2014 sett frå Høyanger». Her kan lesaren både lære nasjonal og lokal historie.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

«Nødrop fra Staveneset» av Arnfinn Haga

Av Randi Melvær

Dette er ei bok med mange dramatiske hendingar frå den andre verdskrigen, nesten-arrestasjonar og arrestasjonar. Boka er delt i to: «Et øye mot skipsleia» og «Neste runde». Staveneset ligg einsleg til i Askvoll kommune og hadde postkontor, telefonstasjon, fyrlykt og ekspedisjon for rutebåtar.

Radiotelegrafistar I Staveneset budde Chester og Petrine Saltskår som tidleg blei involvert i illegalt arbeid. Plasseringa av radiotelegrafistar i Staveneset blei føreslege av John Turner som hadde vakse opp i Stongfjorden. Der hadde faren hans vore direktør på aluminiumsfabrikken. Han var engelsk medan mora var norsk med slekt i Staveneset. På heile kysten blei det plassert radiotelegrafistar som meldte frå om skipstrafikken langs leia. Dei allierte kunne då bombe tysk sjøtransport. Telegrafisten Eivind Viken blei sett på land i Staveneset med alt det utstyret han trengte. Chester Saltskår kalla han for dreng og sette han i arbeid på garden så han ikkje skulle bli avslørt. Då han prøvde sendaren viste det seg at den ikkje virka. Han måtte til England og få ein ny.

1942 – to telegrafistar til Staveneset I mars 1942 kom det på nytt telegrafistar til Staveneset. Dei observerte skipstrafikken forbi neset og sende meldingar til England. Heile tida mens dei var i aksjon var tyskarane tett på dei med å peile kvar di heldt til. Dei var også stadig på land i forskjellige ærend. Til slutt vart dei så nærgåande at telegrafistane måtte haste-evakuerast saman med hjelparane sine.

«Neste runde» Oddny Saltskår, syster til Chester, og Anton Hollevik flytta inn på garden i Staveneset. Forsvinninga til Petrine

Kartutsnittet viser Staveneset og Storura der telegrafistane heldt til.

og Chester blei forklart med ei sjalusihistorie og at alle hadde drukna seg. Det føregjekk stadig illegalt arbeid i Askvoll sjølv om tyskarane hadde fleire militærbasar i nærleiken. I 1944 kom det nye telegrafistar til Staveneset og no var det Oddny Saltskår og Anton Hollevik som tok imot dei. Boka tek føre seg mange dramatiske krigshendingar. Det må ha vore utruleg slitande for telegrafistane, hjelparane deira og befolkninga elles. Ofte gjekk tyskarar i land i Staveneset og såg ut som dei leita etter noko. Etter kvart hadde nokre sett telegrafistane og folket på garden vart litt opprådde for forklaringar om kven dei var. Stadig oftare såg dei også peilebåtar utanfor Staveneset. Så blei det bestemt at telegrafistane skulle over til England att. Dei gøymde utstyret sitt i marka og ville ta Oddny og Anton med seg. Men dei meinte at krigen snart var over, så dei ville bli verande. Dei var også redde for at hans familie som ikkje budde så langt unna ville bli tekne om dei rømde. Så fekk dei vite at tyskarane hadde blitt tipsa om stasjonen. Dei gjorde seg klare til

å rømme, men tyskane overrumpla dei før dei kom seg av garde. Dei fann utstyr etter telegrafistane og begynte harde og brutale forhøyr av dei begge to. Dette var den 17. mars 1945. Boka «Nødrop frå Staveneset» inneheld mange nervepirrande og dramatiske episodar frå den andre verdskrigen i Askvoll. Her er nemnd mange personar og innsatsen deira i illegalt arbeid med risiko for eige liv og familiane deira sine liv. Tett på militære styrkar og installasjonar hadde dei sitt risikable virke. Nokre av dei blei tekne og døydde i fangenskap, andre overlevde, men vart merka for livet. Boka har både ordforklaringar, kjeldeliste og litteraturliste. Forfattaren har brukt 12 munnlege kjelder. Dette er Arnfinn Haga si 19. bok og er vel verd å lese.

41


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Avlevering frå Selje kommune Av Cecilie Astrup Bustad

Fredag 31. oktober vart arkivet etter formannskapet i Selje avlevert til Fylkesarkivet. Arkivet dekkjer perioden 1964-1991, og inneheld møtebøker, brevjournalar og saksarkiv. Ordninga av arkivet har tatt om lag eitt år, og Selje kommune har lagt ned ein stor arbeidsinnsats slik at arkivet kunne avleverast ferdig ordna, merka og registrert. Selje kommune fekk lekkasje i kjellaren på det gamle rådhuset, slik at det sette seg oljelukt i arkivmaterialet. Det måtte flyttast opp i første etasje for lufting, og i den prosessen vart orden og rekkjefølgje skipla. Eit stort sorteringsarbeid måtte til. Kommunen tok kontakt med Fylkesarkivet for å få hjelp, og etter at arkivet var sortert bestemte kommunen seg for å avlevere det til Fylkesarkivet. For at eit arkiv skal kunne avleverast til Fylkesarkivet, må det først ordnast, reinsast, merkast og listeførast. Dette er eit svært tidkrevjande arbeid. I Selje kommune valde dei å fristille arkivleiaren, Anne-Karin Hatlelid, til dette arbeidet 2-3 dagar i veka, i eitt år. Ho fekk tildelt 2 rom i kjellaren på det nye kommunehuset, der ho fekk sitje i fred og ro og konsentrere seg om ordningsarbeidet. Først måtte arkivmaterialet reinsast for stifter, bindersar, plastmapper og kopiar. Deretter måtte mappene bytast og merkast, ofte også boksane. I alt var det om lag 4800 mapper fordelt på 225 boksar. I løpet av våren og sommaren i år vart ordningsarbeidet ferdig, og to arkivarar frå Fylkesarkivet reiste på synfaring 10. juli. Dei kunne raskt konstatere at ordningsarbeidet var gjort i tråd med reglane. Neste steg var å registrere arkivet. Fylkesarkivet har tatt i bruk eit omfattande excel-skjema til dette arbeidet, og Anne-Karin var den første til å bruke dette på eit så stort arkiv. Sjølve registreringsarbeidet var tidkrevjande,

42

«6 pallar med arkivmateriale etter Selje formannskap, 1964-1991» (Fotograf: Cecilie Astrup Bustad)

men tilbakemeldinga var at det var eit veldig greitt verktøy å bruke. Og gleda var stor då ho fekk beskjed om at etikettane vart laga i systemet hos oss etter at registreringa var ferdig. Etter at etikettane var limt på, vart arkivet pakka ned for transport til Fylkesarkivet. I alt trong dei 56 banankassar for å få plass til alt, og det var ei utfordring å få tak i så mange på ein liten plass. Løysinga vart å hente kassar i Eid og Måløy. Banankassane vart så pakka på pallar, seks pallar totalt. Heile arkivet er no plassert i magasinet hos oss, der det vil verte teke vare på for ettertida.

«Arkivet står no oppstilt i magasinet hos Fylkesarkivet» (Fotograf: Cecilie Astrup Bustad)


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane 25 år

Av Per Olav Bøyum

I 2014 er det 25 år sidan arbeidararkivet i Sogn og Fjordane vart skipa. Tiltaket har vore viktig for å sikre historia frå arbeidarrørsla i fylket vårt. Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane vart formelt stifta den 9. mars 1989. Det var Bjørn Bering, tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, som tok initiativ til eit samarbeid for å ta vare på den skriftlege dokumentasjonen frå fagrørsla og partilag på venstresida. Forutan Fylkesarkivet bestod avtalepartane av LO i Sogn og Fjordane, Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo, Sogn og Fjordane Arbeidarparti og Avdelingskontoret for Arbeiderenes Opplysningsforbund i Sogn og Fjordane. Føremålet med avtalen var å «ta vare på kjelder til arbeidarrørsla si historie i Sogn og Fjordane, sikre god oppbevaring til dette materialet og gjera det tilgjengeleg for forskarar og andre brukargrupper». Fylkesarkivet fekk det arkivfaglege ansvaret, medan distriktsorganisasjonane til LO, DNA og AOF skulle syte for å utvikle arkivmedvit og dessutan utvikle og vedlikehalde eit kontaktnett i eigne organisasjonar. Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane var det 12. av sitt slag. Navet i dette hjulet er Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo, som kan sjå attende på over 100 år med innsamling og vern av arbeidarkultur.

Mange arkiv sikra I 1985 kom det ei kartlegging av arkiv etter politiske lag i Sogn og Fjordane. Den viste mellom anna at mykje materiale etter politiske arbeidarorganisasjonar truleg hadde gått tapt etter kverrsetjinga av arkiv i 1941. Det var likevel oppløftande at arkivet åt AP sitt fylkesparti stort sett hadde kome heilskinna gjennom krigsåra.

Vegbygging ved Hornindalsvatnet. Frå venstre: nr. 1 Johan A. Nesbakk, nr. 2 ukjend, nr.3 Matias Nord, nr. 4 Anders P. Vikøen, nr. 5 Brita N. Rognes g. Vinsrygg, nr. 6 Mork frå Oppstryn, nr.7 Johanne N. Rognes g. Ola Melheim, nr. 8 Rasmus Hole. Fotograf: Isak Isaksen Hellebust. Datering: 1909.

Ei undersøking av arkivstoda i dei faglege organisasjonane synte dessutan at laga hadde lite oversyn over det eldre materialet sitt. Det kunne dessutan sjå ut til at det mest ikkje eksisterte arkivmateriale frå før siste krig, men etterkvart viste det seg at ein sentral del av det eldste tilfanget likevel ikkje hadde gått tapt. I rapporten som vart skriven etter halvtanna år med vern av arbeidarhistorie i Sogn og Fjordane kjem det fram at dugnaden mellom fylkeskommunen, arbeidarrørsla i fylket og Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo snøgt hadde bore frukter. I alt var det blitt verna 45 hyllemeter med arkivsaker, sju av dei frå partilag og omlag 38 hyllemeter frå fagforeiningar. Sidan oppstarten i 1989 har det blitt jobba jamt og trutt med vern av arbeidararkiv i Sogn og Fjordane. Til no er 298 ulike arkiv frå fagrørsla og partilag på venstresida registrerte. Det aller

meste av denne arkivmassen er oppbevart i Fylkesarkivet sine magasin på Hermansverk, men nokre er òg å finne andre stader i fylket.

Styret i Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane for 10 år sidan. Frå venstre: John Bjarne Hjelmeland, Per Bjarne Molnes, Snorre D. Øverbø, Arvid Kjøsnes og Knut Einar Eriksen. John Bjarne Hjelmeland og Per Bjarne Molnes har gjort ein kjempeinnsats for verne arbeidararkiv i Sogn og Fjordane, og er framleis med i styret. Frå Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo har Frank Meyer erstatta Knut Einar Eriksen. Fotograf: Øystein Åsnes. Datering: 2004. 43


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Andre arbeidarprosjekt Attåt det skriftlege vernearbeidet har det blitt gjennomført to andre tiltak. Faneprosjektet bestod i å avfotografere fanene til fagforeiningar i Sogn og Fjordane. 27 av desse viktige identitetsmerka til arbeidarrørsla fann vegen

inn i eit hefte med ein historikk og ein faktadel om kvar fane. Dette heftet er tilgjengeleg for norske IP-adresser på Nasjonalbiblioteket.

om livet deira i organisasjonane og særtrekk ved den historiske utviklinga i Sogn og Fjordane.

Veteranprosjektet gjekk ut på å intervjue eldre personar i arbeidarrørsla

Arbeidarhistorie på Internett Eit relativt stort tiltak for tilgjengeleggjering vart utført i 2010. Fylkesarkivet digitaliserte og publiserte då alle møtebøkene frå partilaga frå før 2. verdskrigen. I alt ligg det no 47 protokollar tilgjengelege på Internett: Arkivnamn Arkivtype Årstal Askrovens Arbeiderlag Møtebok 1937-1940 Askrovens Arbeiderlag Framlegg til lover Udat. Aurland Arbeiderkvinnegruppe (DNA) Møtebok 1939-1940 Aurland Arbeiderkvinnegruppe (DNA) Møtebok 1934-1939 Aurland Arbeiderparti (DNA) Møtebok 1930-1940 Aurland Herredsparti (DNA) Møtebok 1933-1939 Aurland Herredsparti (DNA) Møtebok 1927-1930 Balestrand Arbeidarlag Møtebok 1930-1940 Bremanger Arbeidar- og fiskarlag Møtebok 1934-1945 Dale Arbeidarlag 1933-1949 Fjaler Arbeidarparti Møtebok 1934-1937 Flåm Arbeiderpartilag Møtebok 1919-1938 Flora Arbeidarparti Møtebok 1919-1927 Førde Arbeiderparti Møtebok 1917-1947 Gudvangens Arbeidarlag (DNA) Møtebok 1929-1929 Hafslo Arbeidarparti Møtebok 1938-1965 Hornindals Småbr. og Arb.lag (heradsparti) Møtebok 1933-1940 Høyanger Arbeidarparti Møtebok 1926-1938 Høyanger Arbeidarungdomslag Møtebok 1927-1930 Høyanger Arbeidarungdomslag Møtebok 1923-1926 Høyanger Elektrikerforening. 30-årsberetning 1918-1948 1949 Innvik Arbeidarparti (heradspartiet) Møtebok 1938-1940 Innvik Arbeiderlag Møtebok 1920-1939 Kinn Arbeiderlag Møtebok 1928-1939 Kyrkjebø Arbeidarparti, heradspartiet Møtebok 1938-1940 Kyrkjebø Arbeidarparti, heradspartiet Møtebok 1937-1938 Kyrkjebø Arbeidarparti, heradspartiet Møtebok 1936-1937 Kyrkjebø Arbeidarparti, heradspartiet Møtebok 1934-1935 Leikanger Arbeidarparti Møtebok (val) 1924-1933 Leikanger Arbeidarparti Møtebok 1928-1940 Leikanger Arbeidarparti Møtebok 1923-1928 Leikanger Arbeidarparti Møtebok 1921-1923 Leikanger Arbeidarungdomslag 1934-1938 Leikanger Arbeidarungdomslag 1938-1946 Måløy Arbeiderparti Møtebok 1927-1938 Naustdal Arbeidarpartilag Møtebok 1935-1940 Naustdal Arbeidarpartilag Møtebok 1933-1935 Nord-Vågsøy Arbeiderlag Møtebok 1928-1937 Olden Arbeidar - og Småbrukarlag Møtebok 1938-1940 Sogn og Fjordane Arbeidarparti Møtebok 1936-1947 Sogn og Fjordane Arbeidarparti Møtebok 1921-1936 Solvorn Arbeidar- og småbrukarlag Møtebok 1938-1939 Stangfjorden Arbeidarlag Møtebok 1927-1934 Svelgen Arbeidarparti-Bremanger Arb.parti Møtebok 1929-1938 Sør-Vågsøy Heradsparti av DNA Møtebok 1938-1939 Sør-Vågsøy Heradsparti av DNA Møtebok 1934-1937 Underdal Arbeidarlag Møtebok 1933-1940 44

Framsida på heftet «LO-faner i Sogn og Fjordane».

Frå møteboka til Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1921-1926. På eit ekstraordinært landsmøte 2.-4. november 1923 vart DNA kløyvd på spørsmålet om medlemskap i Komintern. I Sogn og Fjordane kom saka opp på eit styremøte i fylkespartiet den 9. november. Fleirtalet gjekk inn for å halde fram medlemskapen i Komintern, og meinte difor at fylkespartiet skulle slutte seg til Norges Kommunistiske Parti. Protokollen er digitalisert og tilgjengeleg frå Fylkesarkivet sine databasetenester.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Registrerte arbeidararkiv Eit liste over registrerte arbeidararkiv vert kontinuerleg oppdatert på Fylkesarkivet sin nettstad. Dei fleste arkiva er dessutan publiserte til Arkivportalen, som er ein samla inngang til Arkiv-Noreg. Nedanfor fylgjer eit oversyn over dei arbeidararkiva som har blitt registrerte av Fylkesarkivet frå starten i 1989. Lista er oppdatert pr. 29.10.2014.

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

’Framlaget’, gruppe III. Høyanger 1. mai komiteen, Øvre Årdal Åfjorddalen Småbrukar- og arbeidarlag Amla Skog- og Landarbeidarforening Ankerløkken AS, Bedriftsklubb - Førde Jern og Metall, avd 165 AOF Sogn og Fjordane Arbeidernes Ferieheim, Høyanger Askrovens Arbeiderlag Askvoll Fagforening Avd. 139 Fellesforbundet Askvoll Hermetikkarbeiderforening Askvoll og Fjaler AOF forening AUF i Sogn og Fjordane Aurland Arbeiderkvinnegruppe (DNA) Aurland Arbeiderparti (DNA) Aurland Herredsparti (DNA) Auto 123 AS, Bedriftsklubb - Førde Jern og Metall, avd 165 Balestrand Arbeidarlag Balestrand Raud Valallianse Bedriftsklubben på Neo AS, Førde Bekledningsarbeiderforening Bluss - partiblad for NKP, NACO Borgund Arbeidar- og Småbrukarlag Bremanger AOF Bremanger Arbeidar- og fiskarlag Bremanger herredsparti (DNA) Dale Arbeidarlag Dale Bekledningsarbeiderforening avd. 105 Dale Kommunale Forening Dale Skoarbeiderforening Den norske Postorganisasjon, Nordvestlandet krets Den norske postorganisasjon, Sogn og Fjordane krets Det norske Postmannslag, Sogn og Fjordane rode DNTO - Krets 33, Førde Teleområde Eid AOF Eid Bygningsarbeiderforening, Avd. 824 Eid fagforeining, avd. 178 i Fellesforbundet Eid Faglege Samorganisasjon Eid Jern og Metall, avd. 178 i Einskap - Solidaritet i Førde Eivindvik Arbeidarpartilag Fagleg 1. mai-front Førde Fagleg 1. mai-front Gloppen Faneregistrerings-prosjektet Fellesforbundet avd. 019 Sogn og Fjordane Fagforening Fellesforbundet Hotell, Restaurant og Reiseliv avd. 270, Sogn og Fjordane

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Firda Sjåførforening Fjaler Arbeidarparti Fjaler AUF Fjaler Funksjonærlag Fjaler og Askvoll Faglege Samorganisasjon Fjordane Handel og Kontor, Region Vest Fjordane Raud Ungdom Flåm Arbeiderpartilag Flora Arbeidarparti Flora Kommunale Forening Flora Raud Valallianse Florø AOF Florø AUF Florø avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet krets Florø Faglege Samorganisasjon Florø Faglige Utvalg Florø Handel og Kontor Florø Jern- og Metallarbeiderforening Folkets Hus, Høyanger Folkets Hus, Øvre Årdal Forbundet for Ledelse og Teknikk, avd. 86 Høyanger Framfjorden Arbeidarforening, avd.138 Fresvik Arbeidar- og Småbrukarlag Førde AOF-forening Førde Arbeidar og Småbrukarlag Førde Arbeidarkvendegruppe Førde Arbeidarungdomslag Førde Arbeiderforening Førde Arbeiderparti Førde AUF Førde avdeling av Den norske Postorganisasjon, Nordvestlandet krets Førde avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet krets Førde Bekledningsarbeiderforening, Avd. 195 Førde Fagforening Avd. 165 i Fellesforbundet Førde Faglige Utvalg Førde Handel og Kontor Førde Jern og Metall. Avd. 165 Førde Kommunale Forening Førde Maritime Industri AS, Bedriftsklubben - Førde Jern og Metall, av 165 Førde og Naustdal Vegarbeiderforening Førde og Omegn Bygningsarbeiderforening Førde og Omegn Faglige Samorganisasjon Førde Raud Ungdom Førde Raud Valallianse 45


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • 46

Førde Vei- og Anleggsarbeiderforening Førde-Naustdal Veiarbeiderforening (klubb) Gaular Arbeiderparti Gloppen AOF Gloppen Arbeiderparti Gloppen Faglege Samorganisasjon Gloppen Samorg Gloppen Vegarbeidarforening Grytøyra Hermetikkarbeiderforening Gudvangens Arbeidarlag (DNA) Gulen Arbeidarparti Gulen Kommunale Forening Hafslo Arbeidarparti Handel og kontor, avd. Fjaler Hauge sogns arbeiderforening Helle Teglverksarbeidarforening Hermansverk Næringsmiddelarbeiderlag Hermansverk Tekstilarbeiderforening HK-klubben Førde Samyrkelag Holmedal Jernarbeiderlag Hornindals Arbeidarlag Hornindals Småbr. og Arb.lag (heradsparti) Hotell og Restaurantarbeiderforbundet Avd 107 Sogn og Fjordane Hyen Jern og Metall avd. 19 Høyanger AOF Høyanger Arbeidarparti Høyanger Arbeidarungdomslag Høyanger Arbeiderkvinneforening Høyanger Arbeidermannskor Høyanger Arbeidsløses forening Høyanger Arbeidsmannsforening Høyanger Barnehage Høyanger Bygningsarbeiderforening Høyanger Elektrikerforening Høyanger Faglege Samorganisasjon Høyanger Handelsfunksjonærers forbund Høyanger Jern og Metallarbeiderforening Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening Høyanger Kommunale Forening Høyanger Murerforening Høyanger Raud Ungdom Høyanger Raud Valallianse Høyanger Træarbeiderforening Høyanger-avdelinga av Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) Indre Sogn AOF Indre Sogn Fagforening, avd. 173 Indre Sogn Jern og Metall, avd. 173 Innvik Arbeidarparti (heradspartiet) Innvik Arbeiderlag Johansen, Evald John Kvamme AS, Bedriftsklubb - Førde Jern og Metall, avd 165 Jølster Arbeidarparti Jølster Raud Valallianse

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Jølster SV Kaupanger og Amble kvinnegruppe (av DNA) Kaupanger og Amla Arbeiderlag Kaupanger Skog og Land, avd. 562 i Fellesforbundet Kaupanger Skog- og Landarbeidarforening Kinn Arbeiderlag Kyrkjebø Arbeidarparti, heradspartiet Leikanger AOF-forening Leikanger Arbeidarlag, kvinnegruppa Leikanger Arbeidarungdomslag Leikanger Arbeiderparti Leikanger Bygningsarbeiderlag Leikanger Nær. og Nyt.arb.forening Leikanger Offentlege Funksjonærlag Leikanger Veiarbeiderforening, avd. 93 LO Sogn og Fjordane LO Sogndal og omland LO Stat, Samarbeids- og studierådet Luster AOF Luster Arbeidarparti Luster Bekledningsarbeiderforening Luster Bygning avd. 756 i Fellesforbundet Luster felles bedriftshelseteneste Luster Vegarbeidarforening Lærdal Arbeidarkvinnelag Lærdal Arbeidarparti Lærdal Arbeidarungdomslag Lærdal Kommunistlag Måløy A. U. L. (arbeiderungdomslag) Måløy Arbeiderparti Måløy Bygningsarbeiderforening Måløy og Omland Faglige Samorganisasjon Måløy Sild- og Fiskarbeiderforening Måløy transportarbeiderforening Marxist-leninistane på Firda Miljølista i Sogn og Fjordane Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane Distriktslag av NGF Naustdal Arbeidarpartilag Naustdal Raud Valallianse Naustdal Veiarbeiderforening Nedre Årdal Arbeiderpartilag Nedre Lærdal Arbeidar- og Småbrukarlag Nedre Lærdal Arbeiderlags Kvinnegruppe NEKF Avdeling 53, Nordfjord NEKF, avd. 210 Nistad, Astrid Nord-Vågsøy Arbeiderlag Nordfjord avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet krets Nordfjordeid Bekledningsarbeiderforening, avd 335 Nordvestlandet krets av Norsk Postforbund Norges Telegraf- og Telefonarbeiderforbund, Avd. 36 Bjørgvin Inspektørkrets Norsk Arbeidsmannsforbund, avd. Vik Norsk Folkehjelp - Øvre Årdal lag


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Norsk Folkehjelp, Eid lag Norsk Folkehjelp, Flora Norsk Kommuneforbund, avd. Eid Norsk Kommuneforbund, avd. Førde Norsk Kommuneforbund, Distriktsstyret i Sogn og Fjordane Norsk Kommuneforbund, hovudtillitsvald i fylkeskommunen Norsk Post- og kommunikasjonsforbund Norsk Teletjenesteforbund, Avd. Førde Teleområde NTL Avd. 105-3 Olden Arbeidar - og Småbrukarlag Olden Bekledningsarbeiderforening Olden-Innvik Vegarbeidarforeining Raud Arbeidarfront i Gloppen Raudt Høyanger Raudt Naustdal Raudt Sogn og Fjordane Samfunnshuset, A/L, Øvre Årdal Sandane Fagforening avd. 753 i Fellesforbundet Sandane Jern og Metall, avd 232 Skor Arbeidar- og Småbrukarlag Sogn Kommunale Tenestemannslag Sogn NNN Sogn og Fjord. DNA, kvinneutvalet Sogn og Fjordane Arbeidarparti Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag Sogn og Fjordane Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) Sogn og Fjordane Arbeidsmannsforening Sogn og Fjordane avdeling av Norsk Postforbund Sogn og Fjordane Distriktslag av A.U.F Sogn og Fjordane Grafiske Forening Sogn og Fjordane Handel og Kontor Sogn og Fjordane postopnarlag Sogn og Fjordane Raud Ungdom Sogn og Fjordane Raud Valallianse Sogn og Fjordane SV Sogn og Fjordane Telefonstyrarlag, Avd. 84 av NTTF Sogndal Arbeidarparti Sogndal avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet krets Sogndal Bygningsarbeiderforening avd. 477 Sogndal Faglige Samorganisasjon Sogndal Handel og Kontor Sogndal lag av A.O.F Solund Arbeidarparti Solund Kommunale Forening Solvorn Arbeidar- og småbrukarlag Sosialistisk samlingsliste i Gloppen Sosialistisk Ungdomsforbund (marxist-leninistane) i Sogn og Fjordane Sosialistisk Valforbund - Sogn og Fjordane Stangfjord Kjemiske Industriarb.forening Stangfjorden Arbeidarlag Stongfjorden A.U.L.

• • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Stryn AOF Stryn AOF Stryn Raud Valallianse Sunnfjord og Ytre Sogn Arbeidsmannsfor. Sunnfjord Skog- og landarbeiderforebund Svelgen Arbeidarlag Svelgen Arbeidarparti/Bremanger Arb.parti Svelgen Arbeidarungdomslag Svelgen Jernarbeiderforening Sør-Vågsøy Heradsparti av DNA Tele- og Dataforbundet, Foreining Telenor Sogn og Fjordane Tredje verda komiteen Sandane Tronvik Personalforening Underdal Arbeidarlag Underdal Kvinnegruppe (DNA) Vadheim Arbeidarlag Vadheim Arbeidarungdomslag Vadheim Arbeidsmandsforening Vågene Arbeiderparti Vågsøy AOF Vågsøy Arbeiderparti Vågsøy Jern og Metall, avd 163 Vågsøy Kommunale Forening Vågsøy og Selje Fagforening Avd. 163 Fellesforbundet Vågsøy Raud Ungdom Vågsøy Raud Valallianse Valsvik, Bernhard Vårdal Teglverksarbeiderforening Vik AOF-forening Vik Arbeidar og Småbrukarlag Vik Arbeidarlag Vik Arbeidsmannsforening Vik Fagforening Avd. 161 i Fellesforbundet Viksdalen Arbeidarlag Vikum-Torvund Vegarbeidarforeining Ytre Sogn Fagforening, avd. 168 i Fellesforbundet Ytre Sogn Kommunale Foreining Øvre Lærdal Arbeidar- og Småbrukarlag Øvre Årdal Arbeidarkvinnelag Øvre Årdal Arbeidarlag Øvre Årdal Arbeiderforening Øvre Årdal AUF Øvre Årdal AUL Øvre Årdal Bygningsarbeiderforening, avd. 325 Årdal AOF Årdal Arbeidarparti Årdal Bygningsarbeiderforening, avd. 324 Årdal Fagforeining, avd. 174 Årdal Faglege Samorganisasjon Årdal Handel- og Kontorfunksjonærers Forening Årdal Jern og Metall Årdal Sjåførforening Årdalstangen A.U.L

47


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

På kaien i Balestrand. Delegater kjem inn med «Kommandøren» til Høgre sitt landsmøte. Fotograf: ukjent. Eigar: Mulla Kvikne. Datering: 1924.

På sporet av eit landsmøte Av Per Olav Bøyum

Gamalt bilde frå kaien. Kva er det som skjer her? Kongebesøk? Slik byrja ein snøball å rulle. Det var Mulla Kvikne som sette fram spørsmåla. Kaien det er tale om er i Balestrand. Mulla ville gjerne ha meir informasjon om det gamle biletet, og la det ut på Facebook-sida til Balestrand Sogelag. Responsen skulle vise seg å bli stor. Snart ramla det inn med gode og godt grunngjevne forslag: Kunne det vere ein skyttarkonge som kom heim? Einkvan fann ut at det måtte stå «For Norge!» på pynten. Kanskje var det då eit kongebesøk, eller vart det teke då Nansen vitja Balestrand? Søket snevrar seg inn. Kan mannen med arket i handa og kvinna ved sida av vere ekteparet Sigurd og Marta Kvikne? I så fall må biletet truleg ha blitt teke på 1920-talet. Ei jente vert av to personar identifisert som Brita 48

Lee, så 1920-talet må tvillaust vere tidsråma. Kva alternativ finst då? Ei varemesse i 1926 kunne høve bra. Like eins Høgre sitt landsmøte på Kviknes Hotel i 1924.

I Sogns Tidend fekk landsmøtet mykje omtale. Ein innsendar, H.M., skreiv dette:

timar i Balholm og lossa øl, selters etc. Og det synte seg aa vera turvande : Det var tyrste folk som kom. Ein som var tilstades festnatti paa Kviknes hotel fortel, at «dei var sprøyta fulle heile kula», og at Aftenpostens klubbemann, Diesen, vart boren paa gullstol daa stemningen var paa det høgste. Det fortelst og at ein losjivert kvidde seg for aa ta imot sine gjester daa dei paa morgonsida kom heim – so fulle var dei. Moroi skulde koma paa so ikring 30 000 kr. Inn til denne fest marsjerte Noregs høgre gjennom ein æresport reist paa Balholms bryggja og med innskrift i grønt «For Norge»! Sogningane hev fenge ein «føling» av høgrekulturen og vil minnast det til valet i haust.

Naar høgrelandsmøtet festar – «For Norge»! Høgre-intelligensiaen i Noreg hev halde stemna med fest i Balholm. Siste Bergens-baat fyrr møtet laag fleire

Dei beste historiene er som regel skrøner, og denne om bakkanalet i Balholm er ikkje noko unnatak. Men Venstreavisa Sogns Tidend kunne sjølvsagt ikkje dy seg, og fylgde friskt opp H.M. sitt innlegg:

Dei var sprøyta fulle heile kula Det siste skulle vise seg å vere innertiar. Søk i avisarkiva på Nasjonalbiblioteket stadfester at partiet hadde landsmøte på Kviknes Hotel i 1924. Nordre Bergenhus Amtstidende melde 13. juni same året om ei stor tilstrøyming til Balestrand, over 400 delegatar var påmelde.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Eit utsnitt av biletet frå kaien. Truleg er mannen i midten Ivar Lykke, og personen til venstre for han er kanskje parlamentarikargiganten C.J. Hambro? Dreg Kjelda-lesarane kjensel på dei andre?

Etter som ein innsendar melder her i dag hev møtet vore meir «festlegt» enn nokon utan kjennskap i desse krinsar hadde tenkt. «Morgenavisen» melder etterpaa at «Møtet var helt igjennem præget av alvor og værdighet». Det tek litt rart ut at bladet skal hugsa paa aa dra fram dette «alvor» og denne «værdighet». Det skulle vore sjølvsagt og ikkje noko aa nemna. Meldingi kann soleis ha noko av kvart aa byggja paa. I fylgje pressehistorikaren Terje Eggum vart Sogns Tidend med Jens Kvåle som redaktør ein «usvikeleg forsvarar av målsak, fråhaldssak og alminneleg bygdefornuft». Dette kjem klart fram i saka om landsmøtet. Avisa let seg slett ikkje imponere av storkarane frå Høgre som sette stemne i Balestrand: «Sogningane hev daa set folk fyrr, og dei ligg ikkje på magen for ei samling bymenn og austlendingar.» Sopass hard vart kritikken i Sogns Tidend at høgremannen Olav Sæbøe frå Høyanger tok til motmæle. Han var sjølv med på landsmøtet i Balestrand: Det var ikkje S.T. verdigt aa setja ut slike unsanna og stygge skuldingar

mot oss som var paa høgrelandsmøtet i Balestrand. «Sprøyta fulle heile kula» fortel H.M., som hev høyrt det fortalt. Og S.T. grip dette med gleda ser det ut for, og skal freista syna kor fæle me høgrefolk er. […] Eg skjemmest slett ikkje ved aa vera høgremann, og er ikkje det slag skamfull for aa vore saman med «bymenn og austlendingar» paa høgrelandsmøtet og som høgremann ynskt gjesterne velkomne til Sogn. […] Skal ein absolutt vera forbodsmann og maalmann for aa heita nordmann – og det meiner visst S.T. – daa vil det syna seg til hausten at talet ikkje vert sers «imponerande».

Foto og Facebook Sjølv underteikna, ein grinete og inngrodd Facebook-motstandar, må vedgå at dette sosiale mediet òg kan ha sine nyttige sider. Det er fantastisk å sjå det store engasjementet knytt til historiske bilete. Fylkesarkivet har ved fleire høve blitt oppmoda om å delta sjølv i ordskifte på Facebook, kanskje publisere foto frå samlingane me forvaltar, og dessutan

samle inn den fotohistoriske informasjonen som ligg der. Det er fleire utfordrande sider ved dette. Det eine gjeld kapasitet og ressursar. Det finst veldig mange Facebook-grupper der foto frå Sogn og Fjordane vert diskuterte. Å overvake alle desse trådane er bortimot umogeleg. Dessutan er brukaravtalen med Facebook svært utfordrande for ein institusjon som handsamer fotosamlingar: Du gir oss en ikke-eksklusiv, overførbar, royaltyfri, underlisensierbar og verdensomfattende lisens til å bruke alt åndsverkbeskyttet innhold du publiserer på eller i forbindelse med Facebook (åndsverklisens). Det inneber i praksis at Mark Zuckerberg, som har ein pengebinge på over 34 milliardar dollar, fritt kan selje alle bilete som hamnar på Facebook, utan å innhente løyve. Å dele ut almisser til ein amerikansk multimilliardær synest ikkje for meg å vere ein supersmart idé for ein offentleg kulturverninstitusjon. 49


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

No er det ulik opphavsrettsleg status og bruksvilkår på fotosamlingane Fylkesarkivet forvaltar, men i det store og heile er den strenge brukaravtalen Facebook opererer med eit svært problem. Les gjerne meir om denne problematikken i artikkelen fotoarkivar Elin Østevik skreiv i Kjelda nummer 1, 2013.

Kjelder og litteratur -Ivrige og kunnskapsrike medlemmer i Balestrand Sogelag si Facebookside -Sogns Tidend (fleire nummer juni 1924) -Nordre Bergenhus Amtstidende 13.06.1924 -Østevik, Elin: Foto og Facebook. S. 20-21. I: Kjelda nr 1, 2013 -Eggum, Terje: På trykk: avisene i Sogn og Fjordane 1874-2009. Selja Forlag: 2009. - SFF-2014101 Kviknes Hotel. Framandbok 1921-1924

H.M. sine kjelder viste seg å ikkje vere heilt pålitelege. Sogns Tidend 26.06.1924.

Sigurd Kvikne sin reaksjon på H.M. sine skuldingar. Sogns Tidend 23.06.1924.

Frå framandboka til Kviknes Hotel. Stortingspresident Ivar Lykke og stortingsmannen C.J. Hambro skreiv seg inn den 11. juni.

Tilvekst til biblioteket 22.05.2014 - 22.10.2014 • Stårheim kyrkje 150 år, 1864-2014. Stårheim sokneråd, • • • • • • • • • • • • •

50

97 s. Visitaser i Hornindal 1807-1990, frå Johan Nordal Brun til Per Lønning, del 1, 1807-1866. Samla av Erling Tomasgard. Eige forlag, 1990?, 70 s. Lustrahefte påsken 2003. Harald Devold, 56 s. Lustrahefte påskenummer år 2005. Harald Devold, 54 s. Lustrahefte 2009. Harald Devold, 30 s. Lustrahefte 2011. Harald Devold, 31 s. Ein del kulturdrypp med bakgrunn frå Sogn og dialektordliste for Luster. Harald Devold. 2002, 48 s. Ei samling av stadnabn, ordtak, forteljingar og ordlista pao Lustramaol. Harald Devold, 2000, 35 s. Borchrevink, Anne-Berit Ø.: Etnologisk feltarbeid i Jostedalen sommeren 1972, rapport. Institutt for folkelivsgransking, Universitet i Oslo, 1976. Borchrevink, Anne-Berit Ø.: Etnologisk feltarbeid i Mørkrisdalen sommeren 1971, rapport. Institutt for folkelivsgransking, Universitet i Oslo, 1971. Vigdal, Åsmund A.: Garden Vigdal og livet der før i tida, eit tilbakeblikk. Eige forlag, 2005, 32 s. Vigdal, Åsmund A.: Historiar og hendingar frå innsida og utsida av verksporten. Eige forlag 2010, 69 s. Uteløer og sommarfjøsar i Fresvik, eit prosjekt laga av 5.-10. klasse ved Fresvik skule 2008-2009. 2009, 57 s. Lee, Rune: Utløer i Vik, Vangsnes og Arnafjorden. Vik lokalhistoriske Arkiv, 2013, 116 s.

• Stølar og stølsdrift i fortid og framtid i Hordaland og • • • • • • • • • • •

Sogn og Fjordane. Red.: Reidulv Gald. Bergen, 2009, 39 s. Sunnfjord folkehøgskule 100 år, 9. januar 2002. Sunnfjord folkehøgskule, 159 s. Jol i Sogn, 1930. I 1930 ver det Ingvald Husabø som gav ut bladet. Stang, Jørgen: Åretak, dikt og viser. Musikk ved Bjarne Volle. Noregs Boklag 1970, 61 s. Prospekt Stiftinga Sagastad. Interrimstyret, Nordfjordeid, stiftinga 2014, 26 s. Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane. Eit samarbeid mellom Fylkesarkivet, musea i fylket og kulturavdelinga. 17 s. Sogndal Høgrelag 1952-1997. Laget, 1997, 63 s. Fortun kyrkje 1879-2004, jubileumsskrift utgjeve av Fortun sokneråd ved ei skriftnemnd. Fortun sokneråd, 2004, 40 s. Bondevik, Atle: Sogndal Skulemusikk 60 år 1947-2007. 2007, 59 s. Isene, Oddvar: Kinn og Kinnaspelet. Selja forlag 2014. 143 s. Frå Holck til Heggø. Høyanger kommune 2014. Red. Gaute Ljotebø. 136 s. Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark. Novus forlag 2014. 467 s.


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Smaken av herskapleg jul anno 1814 Det stundar til jul, og vi er framleis i jubileumsåret for grunnlova. Då høver det godt å plukke fram ein retteleg herskapeleg godbit frå magasina våre, ei eldgamal handskriven kokebok som kjem frå Martha Margrethe Hartwig, yngste dotter til Eidsvollsmannen Ole Elias Holck. Gåve med fornemme røter Kaptein Ole Elias Holck (1774-1842) var militærutsending til Eidsvoll og representerte såleis ikkje amtet, men det Bergenhusiske regiment. Han var også ein av dei som markerte seg sterkt i debatten då grunnlova skulle skrivast. Holck kom frå Hyllestad, men busette seg i Lavik som vaksen då han gifta seg med Karen Sophie Hansen, dotter til futen Simen Hansen. Dei nygifte busette seg på garden Alvera i barndomsheimen til Karen Sophie. Dei fekk to døtrer, Christine Fine (1820 -1870) og Martha Margrete Fine (1824-1914). Om det var dårleg med høvande ekteskapskandidatar eller det var andre tilhøve som spelte inn, skal vere usagt, men dei to systrene gifta seg i tur og orden med kaptein Peder Fredrik Hartwig. Fyrst ute var Christine, som døydde då ho var 50 år, og deretter Martha Margrethe, som også budde på Alvera. Begge systrene døydde barnlause. Enkefru Hartwig, Martha Margrethe, gav i 1914 mange gjenstandar frå heimen på Alvera til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og denne vesle kokeboka fylgde med. No er ho oppbevart på fylkesarkivet, og kven som helst kan lese i den digitaliserte utgåva av kokeboka på heimesidene våre http://www.fylkesarkiv.no

Frå hand til hand Kor gamal denne handskrivne oppskriftsboka er, veit vi ikkje heilt sikkert. Ho er tidfesta til 1700-1800-talet og oppskriftene fortel om eit finare kosthald. Boka er lita av format, meir som ei kladdebok å rekne, men ho rommar heile 135 oppskrifter og er til dels skriven med nydeleg gotisk

handskrift. Kvar ho opphavleg kom frå og kven som har vore den fyrste eigaren, veit vi heller ikkje. Kanskje ho har vore eit arvestykkje? Innføringane avslører at det har vore ulike personar som har skrive inn oppskriftene, og det skulle kunne tyde på fleire eigarar. Oppskriftsboka kan ha kome både frå familien til Ole Elias Holck og kona Karen Sophie Harberg Hansen. Dei kom begge frå betrestilt familiar, ikkje minst kona til Holck som var dotter til futen Harberg, ein av dei rikaste menn i Sogn på 1700-talet. Kanskje det var mora, Kirsten Finde Harberg, som byrja å skrive i denne som futekone i Bjordal ? Borgarskapets kjøkken Vi kan trygt slå fast er at dette var ikkje ei kokebok for mat mynta på ålmenta. Kokebøker var framleis for overklassen, og denne boka gjev oss innsyn i dei lekraste rettar frå borgarskapets kjøkken. Når ekteparet Holck inviterte til fest og deira likesinna sessa seg i stovene i futegarden i Alvera, kunne dei bli servert godsaker som fylt kramsfugl, fylt fisk, ragu av viltkjøt, vinsuppe, sitronsuppe, sprutbakels, goro, mandelposteier osv. Kjeldene fortel at då Eidsvollsmennene var samla for å vedta grunnlova, inviterte prins Christian Fredrik kvar kveld 12 av delegatane til ein utsøkt middag. Fleire av rettane i kokeboka til enkefru Hartwig ser også utsøkte ut og ville truleg ha falt i smak i ein prinsemiddag. Kokeboka fortel om eit levesett der det var tilgang på eksklusive råvarer, mellom anna importert og eksotiske varer som sitron, dadlar, fiken, mandlar, nellik, pomeransskal, etc. Men oppskriftene fortel også om bruk av kortreiste råvarer som fisk, vilt, svin, okse, egg og fløyte. Folketeljinga av 1865 fortel at på Alvera var dei bra forsynte med mat av eigen avl då dei hadde både griser, kyr og får. Alvera ligg kloss i Sognefjorden så fersk fisk skulle det også vere god tilgang på. Oppskriftene er lite detaljerte med omsyn til framgangsmåte, og mange av dei verkar tidkrevjande. Korleis eigarane av kokeboka feira jul i 1814 veit vi sjølvsagt lite om, men det er vel grunn for å tru at det ikkje stod på maten. Kanskje tenestejentene laga desse makronane til jul slik eg har

Av Kjerstin Risnes

tenkt å gjere? Mackroner Tag it pund mandler et pund fint sigtet Sucher kom saa mandlerne og sucheret til sammen og set det paa ilden og rør vel deri mens det kaager indtil det bliver haart tag det saa fra og kom 4 Æge hvider eller 5 som slaget vel set det saa paa ilden igien og lad det blive lige saa tygt som til forn tag det saa af og læg det paa ablater og steg ? i en terte pande, du kand og komme der udj Sucket og Safran om du vild af dej kand du og giøre eendel kranser og mandler men til mandlerne skal du komme eggeblommer isteden for hveden.

Kjelde: Uprenta: SFF-88072 Holck, Ole Elias Internett: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Annanias_Christoffer_ Harberg lese 26.11.14 http://www.aftenposten.no/fakta/ innsikt/Catering-kalaset-paEidsvoll-7515183.html Lese 26.11.14 http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/ bosted_land/bf01038252000636 Lese 26.11.14

Lita, sliten og unseeleg. Det er ikkje mykje utanpå som minner om at dette har vore ei kokebok for dei kondisjonerte i Sogn.

51


kjelda, nr. 3 – 2014, årgang 23

Retur:

Storbrannen i Lærdal

FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Lærdal kommune har samla inn foto, film og medieoppslag knytt til storbrannen i Lærdal i januar i år. Fylkesarkivet har motteke ein kopi av dette materialet. Vi er no i gang med å inngå avtalar med fotografane slik at foto- og filmmaterialet kan gjerast tilgjengeleg på heimesidene våre.

Biletekst: Frå brannatta 18.-19. januar 2014. Fotograf: Morten Sortland.

Frå statsminister Erna Solberg si vitjing i Lærdal 20. januar 2014. Fototograf: Anne Karin Skjær.

52


Kjelda nr. 3 2014