Kjelda nr. 2 2017

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 2 - Desember 2017. Ă…rgang 26

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: https://www.fylkesarkivet.no/


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kva er poenget med digitalisering?

Av Arnt Ola Fidjestøl

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre var ikkje nådig i si omtale av digitaliseringsarbeidet då han i haust heldt foredrag på Agenda Nord-Norge. I nettavisa RanaNo blir han sitert på uttalar som: «Hva betyr det å digitalisere en prosess og robotisere? Det er forbanna enkelt. Det er å løse en oppgåve på en annen måte» Digitaliseringskonferansar er den dummaste plassen å vere på dersom ein skal hente idear, hevdar han. Digitalisering handlar i følge han sjølv om å løyse oppgåver. Dette er ei oppsiktsvekkande eindimensjonal tilnærming til digitalisering, og den kan på ingen måte overførast til måten ein tenkjer og jobbar innanfor arkivsektoren og i samfunnet elles. Ein av dei største føremonene med digital dokumenthandtering, er at den er meir fleksibel enn den tradisjonelle papirhanderinga Digitalisering har sine klare føremoner i effektivisering og forenkling av prosessar. Den ikkje berre effektiviserer, den høgnar kvaliteten også. Dette gjer den ved å gi lettare tilgang til relevant dokumentasjon slik at sakshandsaminga vert mest mogeleg rettvis. Det vert også lettare i ettertid, å fange opp eventuelle feil som skulle vere skjedd, og plassere eit ansvar.

Med rett teknologi og god infrastruktur, er det heller ikkje noko tvil om at den digitale dokumentasjonen er betre eigna for langtidslagring enn den manuelle. Sjansen for at dokumentasjon går tapt er mykje mindre. Dette føreset sjølvsagt at ein nyttar godkjende system. Det vil alltid finnast avvik, men etter kvart som den digitale utviklinga går framover vil desse avvika bli stadig færre. Ein les ofte om all dokumentasjon som går tapt i overgangsfasen i frå den analoge til den digitale dokumenthandsaminga. Dette er naturleg i ein overgangsfase. Det kjem til å ta slutt. Den største føremonen med digitalisering er etter mitt syn høvet til å nå fram til folk som tidlegare ikkje hadde tilgang til dokumentasjonen. Dette er ei klar styrking av demokratiet og dei demokratiske prinsippa. Folk flest si påverknadskraft i form av å kunne delta og vere med å påverke i sakshandsaminga og i dei demokratiske prosessane har aldri vore større enn den er i dag. Dette kan vi i stor grad takke digitaliseringa og dei digitale informasjonskanalane for. Ein konsekvens av dette er større bruk av dokumentasjonen. Digitalisering forhindrar slitasje på originalkjeldene.

Redaksjon Arnt Ola Fidjestøl (red.) Per Olav Bøyum, Kjerstin Risnes, Annette Langedal Holme Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 2 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00. fylkesarkivet@sfj.no Fylkesarkivar: Arnt Ola Fidjestøl, tlf. 971 88 903, arnt.ola.fidjestol@sfj.no Arkivarar: Annette Langedal Holme (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 97, annette.langedal.holme@sfj.no Kristine Rohde (kommunearkiv), tlf. 57 63 81 87, kristine.rohde@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 65, espen.seterbo@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 92, kjerstin.risnes@sfj.no Dorthea R. Alisøy (kommunearkiv), dorthea.rennestraum.alisoy@sfj.no Hege Mari Kolseth (kommunearkiv), hege.mari.kolseth@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 70 , geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 63 81 35 , randi.melvar@sfj.no Javad Montazeri (fotoarkivar), tlf.57 63 80 73, javad.montazeri@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf.57 63 81 34, per.olav.boyum@sfj.no Synnøve S. Bjørset (musikkarkivar), tlf. 908 52 334, synnove.s.bjorset@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 63 81 01, lars.berg.hustveit@sfj.no Nettstad: https://www.fylkesarkivet.no

2

Mitt siste poeng er at digitalisering gjer det lettare å nytte kjeldetilfang i forskingsamanheng. Forsking handlar i stor grad om å framskaffe ny kunnskap, ved å nytte kjeldene på ein annan måte enn den opprinnelege. Ta t.d Fylkestingsforhandlingane. Formålet med å digitalisere desse er ikkje hovudsakleg å få ein digital motsats til den analoge. Det verkar som om Sira Myhre ikkje tek dette tilstrekkeleg innover seg. Ein les ikkje ein digital protokoll på same måten som ein analog. Ein forskar vil t.d. kunne vere på jakt etter saker som innheld ordskifte mellom spesifikke politikarar eller parti. Det kunne tenkast han var interessert i deltaking; kor mykje deltek dei kvinnelege fylkestingspolitikarane i debatten samanlikna med dei mannlege, kva type saker engasjerer dei seg i, osb... Ein slik bruk krev ei anna tilnærming til digitalisering enn den Sira Myhre fremjer. I dette nummeret av Kjelda kan du lese om Fylkesarkivet sin nyoppstarta digitaliseringsfabrikk, der vi digitaliserer arkiv som kommunane treng å ha tilgjengeleg. Det er i første rekke snakk om tekniske arkiv. Eg gjorde ei lita undersøking hos fire av våre søsterinstitusjonar i Ålesund, Kongsberg, Trondheim og Lillehammer. Desse har digititalisert teknisk arkiv for 25 av eigarkkommunane dei tre siste åra, og stadig fleire kommunar står i kø for å gjere det samme. Dette er arkiv som kvar og ein av dei utgjer i storleik mellom 20 og 80 hyllemeter. Førebels digitaliserer vi Gloppen kommune sine tekniske arkiv, men fleire kommunar er i dialog med oss om det same. Det er veldig spanande (og riktig) at kommunane overlet denne type arbeid til dei kommunale arkivordningane.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Innhald Juletrefest i Indrefjorden ................................................................................................................................s. 4 Jul med Samuel Garborg ................................................................................................................................s. 6 Har fjellnamnet Kabusen noko med Cappuccino å gjere? Er Våtedalen våt? .............................................s. 12 Kabuse, køyse og struthette – tre gamle hovudplagg som liknar kvarandre ...............................................s. 13 Smilden lykt .................................................................................................................................................s. 15 Kluss i sysakene for Sunnfjording med fleire hattar ....................................................................................s. 16 God dugnadsånd i Lødemel .........................................................................................................................s. 18 Gøymde kommunistmateriale for nazistane ................................................................................................s. 19 Vegsperring ved Dregebø nord for Vadheim ...............................................................................................s. 21 «Send ho vidare!» ........................................................................................................................................s. 24 80 år med veg mellom Leikanger og Sogndal .............................................................................................s. 25 Rangele Lassedotter Varli - Ei kvinnestemme frå Hyllestad ......................................................................s. 28 Ny digitaliseringsteneste– og litt om det rare vi finn i eigedoms-arkivet til Gloppen kommune. ...............s. 30 A. Johannessens Trykkeri ............................................................................................................................s. 33 Heklesva, Solsteinen og Gamle-Erik i band ................................................................................................s. 35 Lærar for livet ..............................................................................................................................................s. 37 Skulen vår ....................................................................................................................................................s. 39 Skulevegen Tenningåsen - Eitorn ................................................................................................................s. 42 Fylkesbiblioteket fremja demokratiet i Latvia med bokbuss! ......................................................................s. 46 Kristoffer Teige (1887-1967) .......................................................................................................................s. 47 Anders Lothe ................................................................................................................................................s. 49 Mat frå arkivet ..............................................................................................................................................s. 52 Nye medarbeidarar .......................................................................................................................................s. 54 Fylkessoga for Sogn og Fjordane - årets julegåve til lokalhistorieinteresserte............................................s. 55

FRAMSIDEBILETE: Nisse på julekort frå om lag 1885. Teiknar og utgjevar av julekortet er ukjent, også opphavslandet. Eigar er Nasjonalbiblioteket, biletsignatur: blds 04540. CC BY 2.0.

3


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Juletrefest i Indrefjorden

Av Annette Langedal Holme

Kven har ikkje vore på juletrefest? Song rundt juletreet, noko godt å bite i, og ikkje minst ei lita gåve til ungane. Tidlegare var det ofte læraren i bygda som arrangerte denne festen mellom jul og nyttår. Det kunne vere i skulehus, bedehus eller i ei privat stove som den juletrefesten vi skal få høyre om her. På 30-talet heldt dei juletrefest på garden Indrefjord i Hyllestad kommune. Festen vart halden i den største stova til Kristoffer Andersson Bekken, og ein av deltakarane var ein ung gut ved namn, Kåre Djupevik. Han hugsar juletrefestane godt og minnest spesielt at lærarinna, Orlaug Sognnes, hadde ein artig vri på å dele ut julegåver til ungane.

Kåre fortel:

«Vi hadde juletrefestar i Indrefjorden medan eg gjekk på skule der». Både skulen og juletrefestane var i huset til Kristoffer Andersson Bekken frå 19321936. «Der hadde dei to stover der den eine var veldig stor. Då vart det sett opp juletre, og foreldre og ungar samlast til fest då mellom jul og nyttår» kan Kåre fortelje. «Vi gjekk rundt juletreet og så fekk dei vaksne kaffi og ungane sjokolade. Skikkelig triveleg!» Heile den tida det var skule i Indrefjorden, var det Orlaug Sognnes som var lærarinne. Kåre minnest Orlaug som ei lærarinne med omtanke for alle. «Ho kjøpte alltid gåver til ungane på juletrefesten, og dei måtte vi jobbe litt for å få fatt på! Ho hengde opp ei snor inne i stova og så hengde ho opp alle pakkane i band på snora. No var det om å gjere å peike seg ut den pakken vi hadde lyst på. Så fekk vi bind for auga og så skulle vi peile deg bort til den pakken du ville ha og klippe av snora. Dette var jo vanskeleg! Ein kunne ta eit steg til sides så var snora på ein heilt annan plass. Men eg fekk no fatt i ein til slutt, og alle fekk ei gåve kvar. Men om ein trefte den pakken ein ville ha, det veit eg ikkje. Dei var jo pakka inn så ein kunne jo berre tenkje seg til kva som var i pakken.» Det vart nok flotte gåver på alle ungane til slutt. Kåre hugsar eine gåva ekstra godt. «Eg hugsa spesielt eitt år då fekk eg eit fargeskrin. Det var veldig fint». 4

Orlaug Sognnes framfor huset i Indrefjorden der ho budde kring 1936. Fotograf ukjend/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kåre Djupevik med familien framfor garden deira på Kolgrov. Fotograf Orlaug Sognnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Indrefjorden i vinterdrakt 1928. Fotograf Orlaug Sognnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Stova til Kristoffer Andersson Bekken var skulestad for Kolgrov krins frå 1932-1936. Frå 1936 var det berre to ungar att i krinsen, og Kolgrov krins vart lagt ned 1937. Dei to siste elevane vart flytta til Sognes krins og Rysjedal krins. 5


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Jul med Samuel Garborg

Av Per Olav Bøyum

I 1923 feira Ingvald Offerdal frå Balestrand jul i Los Angeles saman med broren til Arne Garborg. Det var ei høgtid han aldri kom til å gløyme. Ingvald Offerdal

Ingvald Offerdal vart fødd 18. august 1896 i Feios, der faren dreiv landhandel. Han fylgde i fotspora til faren, og slo seg etter kvart opp som kjøpmann i både Årdal og Balestrand. Men før det, tidleg i yrkeslivet, gjekk han inn i hermetikkbransjen. Ingvald arbeidde først nokre år for United Sardine Factories i Bergen. I 1920 braut han opp, og turen gjekk til Amerika, til vestkysten av USA. Sjølve puffet til å dra vest fekk han etter å ha vore på eit føredrag Hans Årnes heldt i Ervingen om bergensarar i hermetikkindustrien i Alaska. Ingvald fekk jobb i Southern Alaska Canning Company, ei hermetikkverksemd starta av nordmannen Einar Beyer. Bedrifta hadde hovudkontor i Seattle. Seinare flytta Ingvald til Los Angeles og tok arbeid som forretningsførar for Norse-American Products Co. Der fungerte han òg som visekonsul. Ingvald Offerdal var ein kjent person i den norske utvandrarflokken på vestkysten av USA. Samuel Garborg hadde også eit namn i det same miljøet, men var nok mest sett på som ein original, og dessutan bror til den vidgjetne Arne. At Offerdal og Garborg kjente til kvarandre, og møttes, er såleis ikkje overraskande. Attåt julefeiringa heime hjå Ingvald i 1923, kjem det fram av notane frå Offerdal at dei trefte kvarandre ved to andre høve. Den eine gongen kom han på overraskingsbesøk til Garborg saman med Sofie Johnsen, Anna Sørebø, Henrik Sørebø og Mons Rikheim. Det er frå dette besøket mange av bileta i denne artikkelen er henta. I tillegg vitja han Garborg ilag med filmregissøren Rasmus Breistein.

6

Bilete av Samuel Garborg (t.v.) og Ingvald Offerdal i hagen hjå Samuel, i Los Angeles. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet. Bileta i denne artikkelen er henta frå eit fotoalbum som dukka opp i arkivet etter Per Håland. Han hadde lånt albumet frå Ingvald, men ikkje levert det attende.

Det er ingen tvil om at Ingvald sette pris på samveret med jærbuen. Truleg var han, som andre nordmenn, dregen av ein fascinasjon mot den tvitydige og gåtefulle landsmannen. For Samuel var verkeleg noko for seg sjølv.

namnet “Red River Dalens Sol”. Ho kom ut i Warren, Minnesota. Samuel skreiv også for andre aviser. Men mangesyslaren Garborg slo seg ikkje til ro som journalist. Presten i han lokka han inn på nye vegar.

Samuel Garborg - diktarbror, unitarprest og kommunist

I 1895 gjekk Samuel ut frå Meadville Theological Institute i Pennsylvania, eit seminar som utdanna unitarprestar. Fleire i søskenflokken Garborg søkte mot denne trusretninga, som den norske forfattaren Kristofer Janson freista å spreie i det norske utvandrarmiljøet i USA. Samuel vart tvillaust påverka av Janson.

Faren føresa at borna ville bli spreidde ut over jorda, og profetien gjekk på mange måtar i oppfylling. Til slutt sat berre Arne og broren Jon att i Noreg. Samuel og fleire søsken emigrerte til Amerika.

Både teologisk og i praktisk trusutøving skilde Unitarkyrkja seg ein heil del frå den lutherske statskyrkja Garborg kjende frå gamlelandet. Unitarismen oppstod som ei reformrørsle i AustEuropa. Den la vekt på ei dogmefri tru, og forkasta læra om treeininga.

Fødd i 1857 på Jæren, som fjerdemann i ein søskenflokk på ni, opplevde Samuel det tragiske sjølvmordet til faren som trettenåring, ei rystande hending storebroren Arne på meisterleg vis freista å skrive seg ut av gjennom romanen Fred.

Samuel hadde vore til sjøs ei tid før han flytta til det lova landet. I Iowa fekk han seg utdanning, og etter det tok han til i læraryrket. Seinare starta han også ein skule i Minneapolis. Samuel var ikkje ein person som grodde fast. Både geografisk og intellektuelt flakka han vidt. Saman med svensken John P. Mattson gjekk han i 1886 i gang med ei avis som fekk

Ein naturleg konsekvens av å koste ut læresetningane, var at kvar einskild person måtte stake ut kursen for sin eigen trusveg. Det høvde nok godt for opprøraren Samuel Garborg. For saman med unitarismen kombinerte han kommunisme som samfunnsideal. Korleis ein prest samstundes kunne vere kommunist var det mange som sleit med å forstå.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

På besøk hjå Samuel Garborg. Frå venstre: Henrik Sørebø, Sofie Johnsen, Ingvald Offerdal, Anna Sørebø og Samuel Garborg. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.

Det politiske engasjementet kom særleg til syne etter at Samuel slo seg ned i California. Før det hadde han prøvd seg som gardbrukar i Canada. I 1902 flytta Samuel til Alberta saman med systera Inger Marie. I fylgje familietradisjonen låg ikkje talentet hans først og fremst i å dyrke jorda. Når Samuel trefte folk, og drøsen gjekk om politikk og aktuelle samfunnstema, gløymte han heilt vekk gardsarbeidet. Samuel vende tilbake til USA i 1915, og søkte då om å få bli borgar av landet. I fylgje ein artikkel i Nordisk Tidende lukkast ikkje det: Det er vel 50 aar siden Garborg blev amerikansk borger. Senere drog han til Kanada og blev engelsk undersaat. Kom saa atter til Statene og for anden gang søkte borgerskap. Han visste mer om landets konstitusjon end dommeren; men nu er det altid Garborgs feil, at han er ærlig. Paa dommerens spørsmaal om landet hadde folkestyre, svarte han at han hadde sine tvil derom. Det var nok. Han fik ikke borgerbrev. Historia treng slett ikkje å vere sann, men framstillinga av ein person med meiningars mot er likevel truverdig. Ein anna versjon går ut på at han ikkje fekk statsborgarskap fordi han svarte eit klårt nei på spørsmålet om han var villig til å gå i krig og slåss for USA. Samuel var passifist, og hadde dessutan liten sans for nasjonalisme og patriotiske haldningar.

Frå venstre: Samuel Garborg, Mons Rikheim, Henrik Sørebø, Sofie Johnsen og Anna Sørebø. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.

Ingvald Offerdal var ikkje den einaste frå fylket vårt som trefte Samuel. I Fylkestidende for Sogn og Fjordane frå april 1932 fortalte Andreas Sørebø dette om Garborg: Han sier sig å være kommunist. Men det tør jeg si, at var alle kommunister som han, vilde kommunismen se anderledes ut enn den gjør i dag. Jeg har aldri kunnet forstå hvorledes han kan regne sig som kommunist, for efter det vi har snakket sammen om slike ting, passer han ikke mer inn i et kommunistsamfund enn et lam i en ulveflokk. Han kunde aldri være med på den terrorisme som er herskende i Russland Sørebø, og mange med han, forstod seg ikkje heilt på den trauste jærbuen. Han hadde treft Samuel fleire gonger, og karakteriserte han slik: “Han er målmann, snakker langsomt og bare sin jærbudialekt. Han er stillferdig, beskjeden og fredsæl.” Korleis kunne denne personen, som attpåtil var prest, fremja så radikale samfunnsideal? At Samuel var kommunist er det ikkje mykje tvil om. Fleire personar har stadfesta den politiske overtydinga hans. I ein nekrolog i Nordisk Tidende stod det fylgjande om Samuel: Samuel Garborg var en stillfarende mann, men steil i sine religiøse og sociale anskuelser, han var på sitt vis produkt av samme barndomsbakgrunn på Jæren, som gjorde hans berømte bror til den store tenker, grubler og forfatter. Folk her betraktet ham som

en original. “Der går bror til Arne Garborg”, pleiet man å si, og aldri blev han trett av å dosere over Sovjets samfundsidealer! Ikkje minst omtalte han seg sjølv som kommunist. Det kjem mellom anna fram i Western Viking, ei norskspråkleg avis som kom ut i Tacoma, og som Samuel flittig leverte stoff til. Der slo han fast at “Det hev laga seg slik at eg verdsborgar, prohibisjonist og kommunist”. I eit anna skriftstykke, som stod på trykk i februar 1934, kom han med denne påstanden: “Eg veit kje av nokon enkel kommunist som hev drepe nokon; men me veit at Lenin i Russland, Liebknecht og Rosa Luxemburg i Tyskland og andre kommunistar i mest alle land hev vortne drepne på eit eller anna vis” Den forfølgde kommunist var eit tema Garborg ofte tok opp, og noko han personleg skulle få erfaring med. Sjølve samfunnssynet sitt ser han ikkje ut til å ha framlagt i stor detalj i avisartiklane han fekk på trykk i Western Viking. Ved somme høve forsvarte han Sovjetsamveldet og eit kommunistisk styresystem, men mange av dei politiske artiklane hans hadde meir brodd mot det kapitalistiske USA, som Samuel meinte undertrykte kritikk frå sosialistar og kommunistar. Den meiningsfridomen og retten til ytringar som amerikanarane så byrgt framheva, galdt ikkje dei som ville ha eit anna samfunnssystem.

7


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Hytta til Samuel Garborg med Sofie Johnsen og Samuel framfor. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.

Ei hending som stadfesta og forsterka dette inntrykket kom i 1931. Då fekk Samuel eit par dagar i kasjotten mistenkt for ordensforstyrringar og “criminal syndicalism”. Episoden sprang ut av konfliktar på Roosevelt High School i Los Angeles. Mange av elevane på skulen kom frå Boyle Heights, eit arbeidarstrok dominert av innvandrarar frå Aust-Europa. Krisa som kom med krakket i 1929 beit godt i folk. Arbeidsløyse og fattigdom breidde om seg. Episoden Garborg hamna i skjedde i 1931, før New Deal og føderale hjelpeprogram. President Hoover fekk provisoriske teltbyar oppkalt etter seg. Såkalla hoovervilles spratt opp i heile landet. I New York etablerte norske sjøfolk utan hyre og bustadlause innvandrarar slumkolonien “Ørkenen Sur”. Den store depresjonen syntes botnlaus. På Roosevelt High School fekk fleire elevar nok av eit kapitalistisk system dei opplevde hadde svikta totalt. Det var dessutan misnøye med skuleleiinga. Eit autoritært regime som praktiserte rigide straffer var pust til ein veksande eld. Fleire elevar vart utviste frå skulen grunna “upatriotisk” oppførsel. Dei hadde uttrykt sympati med Sovjetsamveldet. Ein gut, som var 8

Samuel i hytta si. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.

medlem av “Young Communist League”, nekta å gjere honnør for det amerikanske flagget. Rektoren hadde liten sans for desse synspunkta, og slo hardt ned på dei “upatriotiske” haldningane. Då eit par jenter ville protestere mot skulen si handsaming, slo Garborg følgje i rein sympati. Han var 74 år, og glødde av politisk engasjement. Det kom til brudulje og bråk då Garborg møtte opp på skulen. Slik skildra han sjølv opptrinnet i Western Viking: Et stort møte ved “Cooperative Center” hadde vedtatt en “petition” for gjeninntagelse av suspenderte

studenter (angiveleg suspendert for kommunist propaganda). En høiskolepike hadde forelagt vedtaget for forsamlingen i en udmerket tale, og innbød alle interesserte til aa delta naar man skulde møte bestyreren kl. 2:30 næste dag for aa overlevere den vedtatte “petition”. Jeg var en av dem som møtte frem, og vi begav oss avsted i et par automobiler - kanskje flere. Skoleplassen var fyllt med studenter da vi ankom. Paa et sted var samlet flere American “legionaires” og civilkledte politimenn. Gruppen av


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

skolepiker som skulde overlevere adressen begav sig straks avsted henimot en gruppe, som øiensynlig ventet paa dem. Vi (far til en av suspenderte gutter og jeg) fulgte efter. Omtrent med det samme begynte spetaklet med viftende arme og hender. [...] Da jeg merket at jeg var kommet et stykke foran min ledsager, saa jeg mig tilbake, og oppdager da, at han var kastet overenne og nu hadde en hel haug av “patrioter” over sig, som nu bearbeidet ham med knyttede never, og kanskje andre ting. Jeg forsøkte aa hjelpe ham, men blev med en gang overmandet, fik noen kraftige slag i ansigtet og straks efter haandjern paa mitt ene haandled; den annen part av haandjernet blev likesaa hurtig satt paa en av de “terrible” unge jenter. Vi tre blev anbragt i politiambullansen, og en stund efter ogsaa sønn til min ledsager. [...]

Efter at ha git os to dages fængsel mistænkt for “criminal syndicalism” og for deres forstyrrelse av den almindelige fred, maa man vel gaa ut fra at the American Legion og de bevæbnede og uniformerte tjenere av amerikansk “plutocracy” føler sig velfornøid med sig selv. Og “The Alhambra Post-Advocate” uten tvil fryder sig over skoleeleverne som har faat sin “patriotisme” utdypet og forsterket ved overfaldet paa en del unge piker, som var ifærd med at overlevere en “petition” til sin skoles bestyrer. Vedkommende blev paa denne maade delagtige i overtrædelse av saavel føderal som statskonstitution. California var nok ikkje den enklaste plassen å framføre kommunistisk agitasjon i mellomkrigstida. Delstaten innførte ei lov mot “criminal syndicalism” i 1919. Den freista å demme opp mot

den “raude fare”, som mange delstatar såg på som eit trugsmål i kjølvatnet av den russiske revolusjonen i 1917. Særleg fekk radikale fagforeiningar av typen “Industrial Workers of the World”, som Garborg var tilknytta, kjenne på kommunistfrykta som herja i landet. Bakgrunnen til Samuel Garborg presten, kommunisten og bladfyken - kan vere greit å kjenne til når ein les julemimringa frå Ingvald Offerdal. Sofie Johnsen, den tredje personen i laget, var søstera til Hulda Garborg. Ho emigrerte i ung alder til USA. I fylgje Andreas Sørebø hadde ho eit lyst sinn og eit smittande humør. Dermed overlet vi ordet til Ingvald Offerdal

Samuel Garborg og Sofie Johnsen. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.

Frå Alaska, der Ingvald Offerdal starta karriera si etter å ha reist til USA i 1920. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.

Filmregissøren Rasmus Breistein (truleg i midten). Han var med då Ingvald Offerdal ein annan gong vitja Samuel Garborg. Rasmus kjente Hulda Garborg frå den tida han var ved Det Norske Teater. Breistein hadde alltid med seg helsing til Samuel frå Hulda og Arne dei gongene han reiste til Los Angeles. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet. 9


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Frå Gula Tidend 28.02.1928. Ingvald freista i 1920 lukka i USA. I Bergen hadde han vore ein ivrig medlem av Sognalaget.

Julefeiring med Samuel Garborg

Sovidt eg hugsar var det til jol i 1923 at ho Sofie Johnsen kom på tanken å be han Samuel Garborg og meg til å feira jol saman med seg - og det måtte vera ekte jol med lutefisk. Eg fekk i oppdrag å skaffa lutefisk - men det var uråd i Los Angeles på den tid. Han Mons Rikheim som dreiv ein norsk butikk i nabolaget baud seg til å laga lutefisk - om eg kunde skaffa god turrfisk. Det lukkast - og han laga lutefisk til 3 måltid som eg fekk vera med på, nemleg hjå Sofie Johnsen jolafta, heime hjå han sjølv joledag og G. M Byte mellom jol og nyår. Det siste måltidet vart utsett - og enda som ein morosam “skalkefest” Det var ei jolehelg som eg aldri kjem til å gløyma. Ho Sofie Johnsen hadde gjort seg mykje fyre, - og klara å skapa ekte norsk jolestemning, ved sida av, at ho sjølv var i strålande humør. Dette smitta sjølvsagt på han Samuel og meg. Han Samuel som til vanleg var “lågmælt” snakka no slik at ho Sofie kunde fylgja med i samtalen vår ved bordet, medan ho dreiv på med lutefisken. Det vart ein liten pause medan han Samuel gav meg ei bok, under bordet, der Upton Sinclair gjekk i rette med den amerikanske presse. Dette måtte gå stille for seg, på same tid som han nytta høve å kviskra til meg, at han ikkje hadde lov å snakka om kommunisme på jolekvelden, - men dette var ei god bok som han vona eg vilde lika. At det vart so stille ved bordet, fann ho Sofie misstenkjeleg, - og hytta med fiskesleivi i døråpninga og sa: 10

Frå “Pacific Southwest Exposition” arrangert i Long Beach i 1928. Borgarmeistaren i Long Beach i åra 1927-1930 heitte Oscar Hauge. Han kom frå Minnesota, men ifølgje Offerdal ætta slekta hans frå Lærdal.

Nå Samuel, hugs kva du har lova! Til det svara han, at han kjende lukta av lutefisk - og det var meir enn nokk til å minna han om at ogso ho heldt det ho lova. Lutefisk var nemleg det beste han viste, - og minna han om jolekvelden heime. Dette visste ho Sofie då ho lova han lutefisk, - men at den var over all forventning god - det viste ho ikkje før den kom på bordet. Det kom seg av at den som laga lutefisken hadde til råvelde den beste turrfisk som Westergard & Co i New York kunde skaffa, nemleg “Rødskjærmiddels”

døma måtte han vera glad i god mat, for brevi enda som regel med matoppskrifter han hadde fått tak i, eller korleis ho skulde oppbevara gulrøter og andre grønsaker, for ikkje å nemna det ho måtte vera merksam på ved laging av matvarer elles.

Eg la merke til at han Samuel folda hendene (under bordet) før me gjekk laus på lutefisken - og etter me var ferdig med måltidet. Det skulde vel tyda på at det var presten og ikkje kommunisten i han som var sterkast på jolekvelden - og at lutefisken var direkte årsak til det. Med grønt gras og blomar rundt husi ved joletider i California, - må ein dra ned rullegardinen, - om ein skal skapa norsk jolestemning inne - og det vart gjort, medan ho Sofie fortalde om Hedemarksjol med sledeføre og bjelleklang på kyrkjeveg jolafta. Elles var det snakk om joleskikkar, og i denne samanheng fann ho Sofie fram eitt brev ho hadde fått frå P. Chr. Asbjørnsen ein gong han feira jol i utlandet. Dette las ho, saman med andre morosame brev ho hadde fått frå han under opphald utanlands. Etter alt å

Fana til Nordmennenes Sangforening i Los Angeles. Ingvald Offerdal budde sjølv i Los Angeles, og omtalte i eit intervju i Nordisk Tidende i 1929 optimismen i byen. Det budde mange nordmenn der. Det fanst eit blomstrande Stavangerlag, ei norske songforeining og norske butikkar. I hamneområdet San Pedro yrte det av norske skip. Fotograf: ukjent. Datering: 1920-talet.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

frå Hulda og Arne Garborg, - men det var i ein meir alvorleg tone, - so han Samuel gjorde merksam på at han “storebror” og kunde vera spøkefull, som oftast tvitydig. Til slutt måtte eg fortelja om geitosten som “hamna i fengsel”. Det Eitt av bileta i albumet som vantar opplysingar. Kanskje er personen kom oppringing til heilt til høgre Rasmus Breistein? Fotograf: ukjent. Datering: vicekonsulatet i Los 1920-talet. Angeles frå konsulen Dette tykte han Samuel var ei opplevi San Francisco, at ing, å få opplese brev frå sjølvaste P. me måtte kjøpa inn tobakk og cigaretChr. Asbjørnsen “Eventyr-gubben tar til ca 20 norske sjøfolk som var sjølv” til ho Sofie. arrestert, - og levera det ved personleg besøk jolaftan. Denne beskjeden kom Tida gjekk fort, og jolebaksten med akurat då eg skulde stengja kontoret kaffe stod for tur til å gjeva han Samuel jolafta, - og gå på posthuset og henta ei ny overrasking. Millom smultringar ein pakke heimanfrå som viste seg å og jolebakkels var det påsmurte kjeks vera ein 3 kg ekte geitost. Då posthuset med ekte norsk geitost som pålegg. låg i nærleiken av kretsfengslet henta Dette hadde han Samuel ikkje smakt eg pakken fyrst, - og gjekk so til besøk sidan han reiste heimanfrå, og vilde av sjøfolka i fengslet. Det synte seg vita om det verkeleg var geitost frå at det var litt av eitt problem, so eg Noreg. bad om å få snakka med vakthavande sjef. - Då han endeleg kom, tykte eg Til det kunde ho Sofie svara, at det var at eg såg syner, for det var min gode nett so vidt eg greidde å halda det eg ven svensken Gustafson ved mi side og lova - då eg av ein ost på ca 3 kg kom sang 1ste bass i det norske mannskoret. heim med ca ¼ kg. Resten var hamna i Ikkje viste eg at han var tilsett ved fengsel. kretsfengslet og ikkje viste han at eg arbeidde ved det norske vicekonsulatet, Ho vilde at eg skulde fortelja om dette so overraskelsen var gjensidig. til han Samuel, men eg var redd det vilde ta for lang tid, og sa det fekk Etter ei kort rådslaging vart me samde vera til me kom “på kammerset”. Han om å samla dei på ein stad, - då det var skulde nemleg overnatta på divanen uråd å gå rundt på dei ymse avdelininne hjå meg - so eg rekna med at me gane, der dei var sett saman med alle kom til å prata oss i sømn. slags forbryterar på grunn av plassmangel. Dette tykte Gustafson var reint ille, Når klokka runda 12 talet ynskte me og det måtte gjerast noko for å få dei ut ho Sofie god jol, - og takka henne for att snarast mogeleg. god bevertning og god underholdning på jolekvelden. Ho var glad for at Når me endeleg hadde fått dei samla, det hadde lukkast å skapa ekte norsk synte det seg at det var sjøfolk i alle jolestemning. aldrar og yrkje, frå bysse-gutar til styrmenn og maskinistar. Sume hadde Han Samuel og eg vart liggjande å og mynstra av frå norske båtar. prata til det leid langt på natt. Til å byrja med kom han Samuel inn på dei Dei fortalde at dei vart arresterte, då morosame brevi frå P. Chr. Asbjørnsen eitt område i San Pedro vart avsperra, som ho Sofie las opp - og so las han - og alle som var innan dette område sjølv opp jolebrevet som han hadde fått måtte skaffa bevis for at dei hadde

opphaldsløyve i U.S.A. Sjøfolk som mynstra av, hadde berre ein månads frist til å mynstra ut att, - og det var denne fristen dei fleste hadde overskride. Eg bar fram helsing frå konsulen i San Francisco, at det vilde bli gjort det som gjerast kunde for å få dei fri snarast mogeleg, men dei måtte diverre feira jol i fengslet. - og som ei jolehelsing skulde eg levera tobakk og cigarettar til deling. Då dei hadde delt dette broderleg, var det ein som vilde vita kva eg hadde i pakken som eg bar under armen. - og det enda med at eg pakka ut geitosten, som alle sjølvsagt hadde hug å smaka. Gustafson fann kniv og skar opp i terningar til kvar, slik at eg berre hadde eitt lite stykke att. Eg kunde ha fortsett å fortelja meir om dette - men eg oppdaga ein misstenkjeleg lyd som tyda på at han Samuel ikkje var med lenger.

Kjelder og litteratur •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2004011 Håland, Per •• Talle, Siri Garborg: Kjære bror! : Arne Garborg og slekten. Oslo : Aschehoug, 2000 •• Obrestad, Tor: Arne Garborg : ein biografi. Oslo : Gyldendal, 1991 •• Hoffman, Abraham: Jewish Student Militancy in the Great Depression: The Roosevelt High School Blowouts of 1931. I: Los Angeles Corral, number 121, March 1976 •• Fylkestidende for Sogn og Fjordane 28.04.1932 •• Nordisk Tidende 21.02.1929 •• Nordisk Tidende 04.06.1931 •• Nordisk Tidende 16.04.1931 •• Nordisk Tidende 21.02.1929 •• Nordisk Tidende 21.10.1943 •• Western viking v 42 no 25 jun 17 •• Western viking v 3 no 14 apr 3 •• Western viking v 3 no 13 mar 27

11


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Har fjellnamnet Kabusen noko med Cappuccino å gjere? Er Våtedalen våt?

Av Kristian Solvang

I Haukedalen i Førde ligg eit 980 m høgt fjell med namnet Kabusen. Det er eit merkeleg namn mange lurer på tydinga av. Men namnet er ikkje eineståande i fylket vårt, både i Jølster (Veiteberg) og i Høyanger (Ikjefjorden) finn vi Kabusesteinen, og Kabusenipen er namnet på ein høg hammar i Aurland. Dette er nok eit samanlikningsnamn – at staden ser ut som ein «kabuse». Men dette er eit ord vi ikkje brukar lenger, så då må vi på leiting i ordbøker? Vi finn to alternative tydingar: Kva for tyding som er den rette for Kabusen og Kabusesteinen, har eg ikkje funne ut av. Det er sikkert ganske gamle namn, og vi får nok ikkje spurt dei som har laga namna. Men det er likevel slik at begge tolkingane viser til same fenomenet, at det er noko som «stikk opp», anten det no liknar på ei hette eller eit rom/hus. I begge tilfelle samanlikningsnamn. Namnet Våtedalen mellom Byrkjelo og Klakegg høyrest rett fram ut som «den våte dalen».

Våtedalen. Marthinius Skøien [Public domain], via Wikimedia Commons

a. Namnet kan vere det same som «kabyss/kabysse», forkorta til «bysse», altså skipskjøkken. Som mange andre ord knytta til skipsfart, kjem dette ordet opphavleg frå Nederland og NederTyskland. Ordet finst i fleire variantar: Kabuse, Kabüse eller Kombüse = lite, avdelt rom/hus, skipskjøkken (tysk: schlechtes Haus). I eldre tid var det visst vanleg at det på skipet vart snekra eit enkelt lagerrom for mat. Korleis dette ordet vart kjent og brukt langt inne i fjordane på Vestlandet, veit eg ikkje, men det er eit faktum at mange nedertyske ord vart spreidde gjennom Hansa-handelen (jfr. spikkelasie = julekaker). b. Namnet kan også bety «hette, kyse» (fastsydd i ei kappe). På tysk heiter den «Kapuze f», dei har lånt ordet frå italiensk «cappuccio». I Falk og Torp: Etym.ordbok finn vi ordet «karpusa» 12

= en slags hætte (foreldet), i Sogn kalla «kabbusa». På Jæren omgjort til «karphuva». I Sverige og på Island «karpus», dansk «kabuds». At ordet varierer mellom -p- og -b- er ikkje uvanleg, desse lydane er svært like, berre ustemt/stemt. I så tilfelle er dette fjellet i Haukedalen, Kabusen, samanlikna med ei «hette, kyse, huve». Var ordet brukt i Sogn, kan det ha vore kjent i Haukedalen og. I Øystese i Hardanger ligg Kunsthuset Kabuso, opphavet til dette namnet kjenner eg ikkje, men huset har eit rundt tårn på toppen. Kapusinerar var tiggarmunkar, dei var kjende for at dei gjekk omkring med hettekapper. Namnet deira tyder «munkar med hette». Dei har fått æra av å gje namn til kaffisorten cappuccino, fargen på kappa deira var nemleg beige, den same fargen som cappuccinoen!

Men skrivemåte og tyding er heilt misvisande. I bygdeboka «Soga om Jølst» skriv Albert Joleik at i gamle dokument var nemninga Våttedalen brukt, seinare Våtedalen. Men så føyer han til: «Da må vere toskje tenkt, for alle dalar er våte.». Joleik gjetta på at namnet kom av dei mange rettssakene om beite og merke i denne dalen, norrønt «vått» = vitne. Han kan ikkje ha kjent til at gamle folk i Breim sa Vo(d)dalen. Skulestyrar Olav Karstad skreiv i 1951 at førsteleddet i Vod-dalen eller Vodalen er fleirtal av «vad n» = vadestad over elv. Dei gamle fleirtalsformene, som vad > vod, lad > lod, blad > blod og dal > doler, med den karakteristiske /O/-lyden, er stort sett gått ut av bruk, og danske skrivarar skreiv den oftast med -å-. Når vi i dag køyrer med bil gjennom denne dalen (med alle geitene), må vi hugse på at det her i gammal tid var mange vadestader = vod. Våtedalen burde fått att det rette namnet Voddalen eller Vodalen.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kabuse, køyse og struthette

– tre gamle hovudplagg som liknar kvarandre

Av Randi Melvær

Eg viser til den interessante artikkelen om fjellnamnet «Kabusen» ein annan stad i Kjelda. Her kjem litt meir om kleplagget kabuse og to andre liknande kleplagg. Aagot Noss (1924-2015) var den store folkedraktforskaren vår. Ho skreiv både om kabusa og køysa. Læraren og sognedraktforskaren Anna Knutsen frå Leikanger (1885-1965) fortalde om bruk av kabuse. Kabuse (kapusj, kabbus)

Den norske Wikipedia definerer kabbus slik: «en eldre betegnelse på ulike typer historiske hodeplagg i form av skulderslag, hetter og varme luer som dekker nakken og ble båret istedenfor hatt». Anna Knutsen og Aagot Noss brukte ordet meir spesifikt om ein spesiell hette-cape, nemleg den med lang cape. Kabusa var eit mellomalderplagg.

På ei forskarferd i Sogn i 1929 intervjua Anna Knutsen Ingrid Eiken som då var 87 år. Ho fortalde om bruk av kabuse i Vetlefjorden. Ho skildra kabuse som ein cape med hette over hovudet. Dette var eit ute-plagg. Aagot Noss skreiv i boka «Kvinneklede i Sogn», at ho ikkje kjenner til nokon bevart kabuse. Den

einaste opplysninga ho har frå Sogn er den frå Anna Knutsen. Mellomalderbønder ute i Europa, og truleg også i Norden brukte kabuse, eller «Gugel» som den vart kalla på tysk før 1500-talet.

«Kabusa var ein kep med hætta over hovudet. Det skulle verna om halsen og hendane. Kabusa rokk ned til beltestaden. Den var frå Sunnfjord og vart noko brukt i Vetlefjorden (Bal.) Dei knytte band under hoka. Kabusa var opi i brystet.» (Anna Knutsen)

På tyske Wikipedia er biletteksten slik: «Mittelalterlicher Bauer mit Kapuzenmantel «Gugel» um 1250.» Denne illustrasjonen frå ca. 1250 viser ein bonde kledd i ei kabuse. (På den tida blei klesplagget kalla «Gugel» eller «Zipfel» på tysk. Begrepet «Kapuze» nytta dei først på 1500-talet.) Som vi ser dekte kabusa skuldrane, overarmane og kroppen til livet, og kanskje litt lenger. Hetta har bonden på biletet skyvd bakover, ned av hovudet.

Dette måleriet av Francisco de Zurbaran frå 1658 viser Frans av Assissi. Han har ei brun kabuse på seg. Kapusinermunkane fekk namnet sitt etter den hetta dei brukte. Dei braut ut av fransiskanarordenen i 1525. Dette klesplagget blir kalla kabuse til tross for at kappedelen er så kort at den berre rekk ut over skuldrane. Denne er veldig lik på det Aagot Noss kalte køyse. 13


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Køyse (hette, regnveirshette, gjetlehette)

heilt utslitne. Dersom det var att heile tøybitar av hetta blei dei truleg nytta til å lappe anna tøy. Det er også ein annan sannsynleg orsak: I mellomalderen blei folk som oftast gravlagt i kister slik som i dag. Dette gir ikkje nokon god bevaring av tekstilar. Dette er nok også ein orsak til at ein ikkje har funne fleire hetter. På lik gravlagt i myr finn ein godt bevarte tekstiler. I Bocksten i sørvest-Sverige har ein også funne ei hette på ein mann gravlagt i ei myr. Denne struthetta hadde ein 90 cm lang og 2 cm vid strut. På engelsk blir denne hetta kalla «a gugel hood with a liripipe («tail»).»

I boka «Jølster og den gamle klesskikken» viste derimot Aagot Noss mange foto og skisser av ei hette med cape på som ho kalla køyse eller hette. Dette kleplagget må truleg vere ei vidareføring av kabusa og struthetta. «Køysa er eit utanpå-hovudplagg brukt av kvinner». (Aagot Noss, s. 133) Køysa Helga Hamar (1886-) brukte på fotoet i boka s. 132: Capen dekker skuldrane, går til midt på armane og rekk midt ned på ryggen. Noss viste også andre køyser frå Jølster. Dei hadde kortare cape. Kort er også «regnveirshette» frå Naustdal, hette frå Gaular og hette frå Hyen. Køysene blir sagt å høyre til kvinnedrakta. Under skulle ein bruke hue. Då stod køysa penast. På slutten av bruksperioden for køysa blei ho brukt som ruskeversplagg utan hue under. Ein informant fødd i 1881 fortalde at ho ikkje likte å bruke køysa som barn på veg til skulen. Materialet køysene var laga i var svart eller blå vadmål og dei var handsydde. Budeiene brukte køyse til og frå stølen når dei bar mjølkeholk på ryggen. I regnver la dei køysa over hylkjet (holken), så dei ikkje blei våte ned etter ryggen. Mennene brukte køyse berre når dei bar inn kornstaur om hausten. Då fekk dei ikkje snerper nedmed halsen. Desse opplysningane kjem frå Jølster. Gloppestadhetta frå Nordfjord blei også kalla «gjetlehette». Den blei brukt i regnvær. Abel Gloppestad (1834-1892) frå Sandane var truleg den siste som brukte «gjetlehette» når han var ute i marka og gjette dyra. Seinare blei hetta berre brukt når karane lessa kornstaur over i ei vogn.

Struthette (kaprun), hette med «hale»

Kjelder og vidare lesing: På dette julekortet frå om lag 1885 har nissen fått på seg hette med strut. Her er lengda på struten svært så moderat og kappa er ikkje lenger enn at den dekker skuldrane. Teiknar og utgjevar av julekortet er ukjent, også opphavslandet. Eigar er Nasjonalbiblioteket, biletsignatur: blds 04540. CC BY 2.0.

øvrigheita. Prestar på Island krov at lengda på struten skulle avgrensast. Reint praktisk blei struten brukt til å slengast rundt halsen i styggever for å hindre vind og ver til å trenge inn til kroppen. Den kunne også nyttast til oppbevaring av myntar og andre småting. I boka «Jølster og den gamle klesskikken» viste Aagot Noss ei teikning av ei «hette med strut». Denne var frå Grønland på 1300-talet, frå ein norrøn buplass på Herjolfsnes. Teikninga er henta frå Nationalmuseet i København og er frå 1924.

«Hette med strut» er også eit mellomalderplagg. På tysk blei også denne kalla «Gugel». (Det er jo det same namnet som kabusa hadde før 1500talet.) Kvinnehettene hadde vissnok ein kortare strut enn mennene sine hetter.

Ei bevart struthette blei funnen under kyrkjegolvet i Uvdal stavkyrkje ( bygd etter 1168 i Nore og Uvdal kommune, Buskerud). Hetta er frå slutten av 1200talet. I 1936 fann ein ei kort mellomalderhette på eit myrlik i Skjoldhamn på Andøya (i Vesterålen). Kleplagga på dette myrliket er truleg 1000 år gamle.

Struten, eller «halen» bak på hetta var det faktisk ein del strid om. Det var lengda på struten som kunne ergre

Årsaka til at ikkje fleire struthetter er bevart er vel truleg at desse hettene blei nytta i all slags ver og blei

14

•• Arkeolog Marit Anita Skrede, telefonsamtale. •• Arkeolog Sigrid Samset Mygland, telefonsamtale. •• Anna Knutsen sitt privatarkiv: SFF 90165 •• https://de.wikipedia.org/wiki/Kapuze den 13.10.2017. •• https://no.wikipedia.org/wiki/Kabuss den 12.10.2017. •• Hovland, Bjørg: Folkedrakter og bunader frå Sogn, ei reise i tid og landskap. Skald 2014. 235 s. •• Noss, Aagot: Kvinneklede i Sogn. Døme på ein vestnorsk tradisjonell klesskikk. Novus 2012. 127 s. •• Noss, Aagot: Jølster og den gamle klesskikken. Novus 2005. 205 s. •• https://no.wikipedia.org/wiki/ Struthette •• Noss, Aagot: Eit mellomalderplagg i levande tradisjon. Frå Herjolvsnes på Grønland til Jølster i Sunnfjord. Folkemuseet, Oslo, 1977. Digitalkopi. •• https://en.wikipedia.org/wiki/ Bocksten_Man den 23.10.2017 •• https://en.wikipedia.org/wiki/ Liripipe den 23.10.2017


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Smilden lykt

Av Per Bygnes

Smilden lykt ved Åfjorden vart sett opp 1917, etter avtale mellom Kystverket og dåverande grunneigar Gabriel Bertelson. Fyrlykta vart automatisert til solcelledrift i 1994. Fyrlykta skulle tena båtferdsla på Åfjorden. Behov for fyrlykt

Ut gjennom mesteparten av 1900-talet var det mange rutebåtstopp i Åfjorden: Eide, Sørbøvåg, Salbu, Smilla og Rønset. Det var også fiskebåttrafikk og anna båtferdsle som hadde behov for navigeringslys.

Bygginga

Kystverket (tidlegare Fyrvesenet) bygde då ei fyrlykt på Smilleneset, etter avtale med grunneigar Gabriel Bertelson. Kontrakten lydde på 5 kr. i årleg leige for grunnen. Denne leigesummen er seinare ikkje endra. Lykta vart bygd med trekledning, og står på eit vinkeljernstativ som er bolta i berget på Fyrneset. Lykta er sløkt i 7-8 veker på den lysaste tida av året.

Tilsyn

Fyrlykta trong kontinuerleg tilsyn, og før omlegging til solcellepanel og automatisering i 1994, var det mykje meir å passa på. Grunneigaren i 1917

vart også tilsynsmann for lykta. Seinare overtok Bernt G. Smilden. Etter han vart Alfred E. Hatlem tilsynsmann. Tilsynsmannen hadde det fulle ansvaret for at lykta var i drift. Kvart år kom det i ein leveranse 400- 450 liter parafin frå Kystverket. På laurdagane fylte tilsynsmannen på 10 liter parafin som var nok for ei veke. Han førte journal for kvar påfylling. Viss det viste seg at det var for lite parafin før neste årlege levering, måtte tilsynsmannen kjøpa inn parafin på eiga rekning. Denne utgifta var seinare refundert av Kystverket. Før oppattkveikinga utpå seinsommaren heldt tilsynsmannen storreingjering ute og inne - på lamper, vindaugo og linser. Reingjering og pussing av lampeglasa vart elles utført kvar veke. Om vinteren måtte han skrapa is av vindaugo, særleg etter snøslette som hadde frose.

Båtstoppestader i Åfjorden i motorbåtrute nr 3. Eivindvik - Skifjord - Åfjord -Eivindvik - Bergen, vinteren 1937-1938: Eide, Sørbøvåg, Salbu og Smilden.

Tilfeldig skade måtte varslast. Elles kom det folk frå Kystverket ein gong kvart år og føretok nødvendig vedlikehald. Men Alfred E. Hatlem måtte sjølv reparera ein skade etter ein orkan på 1990-talet. Då slo sjøane oppunder lykta og braut opp deler av golvet.

Framleis i drift

Sjølv om det ikkje går rutebåtar i Åfjorden lenger, er det framleis ein del båttrafikk i fjorden, som t.d. varetransport til og frå oppdrettsanlegg og andre verksemder. Smilden lykt høyrer under Kystverket, 2. distrikt, som strekkjer seg fra Åna Sira til Stadt. I Norsk fyrliste er Smilden lykt nr. 2382.

Kjelder •• Kystverket: Spesifikasjon for fyrlykter, lanterner og bøyer m.v., nr. 2382. •• Opplysningar frå: Alfred E. Hatlem, Hyllestad.

Smilden lykt på Smilleneset i Åfjorden, oppsett i 1917. Biletet er tatt frå aust. Ein kan tydeleg sjå solcellepanelet som kom til i 1994. Datering: Februar, 2001. Fotograf: Per Bygnes

Smilden lykt sett frå vest. Datering: Hausten 1999. Fotograf: Per Bygnes. Eigar: Hyllestad kommune.

15


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kluss i sysakene for Sunnfjording med fleire hattar Av Dorthea Rennestraum Alisøy

I sumar blei skuleprotokollane frå Kinn, Bru, Eikefjord og Florø kommune, gjennomgått og registrerte i samband med Skulen min-prosjektet. Og der, i ein karakterprotokoll frå 1800-talet, dukka det opp ei overrasking bak i protokollen. ei brå vending. Utan å bry seg om oppmerkte linjer, og fastsette rubrikkar, er det ført inn lange lister med namn, sortert etter stad. Det er overskriftene på teksten attmed desse listene som gav oss eit hint om kva det var som hadde funne vegen inn i karakterprotokollen; «Til Daaben», «Menisteriale forretninger» og «Communikanter».

Fotografmester M. Horne, Florø. Bilete syner kyrkja i Eikefjord, ei av dei eldste i Sunnfjord (bygd 1812), og 10.10.1864 er blant anna Elen Karine Madsdatter og Ole Johannesen ført opp som kommunikantar her.

Karakterprotokollen var for omgangsskulen i 8. skuledistrikt, i den eldste versjonen av Kinn kommune. Distriktet var delt i fire roder, som var det systemet som blei nytta før skulekrinsane kom i 1864. Då det ikkje var mange vekene det var skule kvar plass i året, reiste læraren rundt heile distriktet. Han var innom Kvalvik, Sunnarvik, Eikefjord, Svardal, Vasset, Knappstad, Endestad, Lykkjebøen, Langedal, Svarthumla, Humlestøylen og Ramsdal, og karakterprotokollen fylgde med han. Skuleprotokollar kan hovudsakleg delast inn i to typar: dagbøker der læraren førde fråvær, og karakterprotokollar, der karakterane blei notert ned. Det var med landsskoleloven av 1827 at det blei påbudt å føre skuleprotokollar, og i instruksen av 1834 16

kom det fleire retningslinjer om kva som skulle førast. Denne karakterprotokollen starta i 1851, og sjølv om den ikkje er av dei eldste ein har bevart, er relativt få frå dette tidsrommet. Det er frå 1860-talet og utover at ein har flest skuleprotokollar, då det kom nye lover og instruksar med retningslinjer for protokollføring. I karakterprotokollen har elevane fått karakterar i blant anna «renlæsning», «katechismus», «bogstaver», «De fire specier» og «sædeligt forhold», som ikkje er heilt det same ein får karakterar i desse dagar. Desse er sirleg ført inn, ilag med opplysingar om eleven, samt andre «annmerkninger om skoleholdet». Protokollen kom med ferdig trykte rubrikkar for det læraren skulle føre inn, og det er bakerst i denne at den elles strukturerte føringa har tatt

Sjølv om det var liten avstand mellom kyrkje og skule før i tida, var det ikkje venta å finne oversikt over dåpsbarn og kommunikantar (ein som deltar i nattverd) i ein skuleprotokoll. Dette har ikkje vore vanleg praksis, og det har ikkje vore noko overlapp mellom kyrkjebøkene og skuleprotokollane. Svaret på gåta kan ligge hjå han som har signert fleire stadar i karakterprotokollen, Mads Apnesæther. Om han var lærar, prest eller medlem av skulestyret, seie ikkje signaturen noko om, men eit søk på digitalarkivet gir svaret: kyrkjesongar. Kyrkjesongar, og degn, var ofte nytta før på det vi kallar klokkar i dag. Det var vanleg at kyrkjesongaren òg var lærar. Kanskje Apnesæther fann det like greitt å berre bære rundt på ein protokoll i Eikefjordbygdene, eller kanskje han gjekk tom for plass i den eine. Akkurat kvifor han gjorde det slik, vil vi nok aldri få svar på, men det at klokkar og lærar var same person kan forklare kvifor «menisteriale forretninger» fann vegen inn i ein skuleprotokoll. For å vere sikker på at løysinga på mysteriet låg hjå kyrkjesongaren, blei dei «menisteriale forretninger» i skuleprotokollen sjekka opp mot det som var nedskrive i kyrkjebøkene. Mads Apnesæther hadde notert ned at 5. mai 1864 blei Kathrine Gurine (f. 23.3), uekte født, døypt. Ho var dotter av gardsmann Jacob Larsen (f. 1810) og Anne Gundersdatter (f. 1835).


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Her er karakterprotokoll for 8. skuledistrikt i Kinn, der «menisteriale forretninger» har tatt over for karakterføring. Foto: Dorthea Rennestraum Alisøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det er truleg Mads Apnesæther som har har ført opp kven som blei døypte 5. mai 1864. Fyrste dåpsbarnet som er lista opp er Kathrine Gurine. Foto: Dorthea Rennestraum Alisøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Ministerial bok nr. A6 1857-1885, for Kinn prestegjeld, skanna inn og tilgjengeleg på digitalarkivet, finn vi igjen Kathrine Gurine. Men der Apnesæther har vore sparsommeleg med ekstra informasjon, utanom at dåpsbarnet var uekte født, gje ministerialboka meir innsikt i familiebakgrunnen til Kathrine, faren var enkemann. Vidare leiting i kyrkjebøkene fortel meir av historia. Jacob Larsen var fyrst gift med Kari Olsdatter, og dei fekk

sonen Lars Ole Iver Jacobsen (f. 1847). 11. november 1860 døyr Kari, og Jacob er no enkemann. Litt over tre år etterpå, blir dottera Kathrine født, og det er fyrst 24. juni 1864, tre månadar etter fødselen, at Jacob og Anne blir vigde.

Skuleprotokollane kan vere gode kjelder for mangt, men at dei kan fortelje oss om kven som gjekk til nattverd, og dåpsborn, er heller uvanleg. Det er aldri godt å seie kva ein kan finne i arkivet, og det gjer det ekstra spanande å få jobbe med arkiv.

•• Digitalarkivet.no, Kinn prestegjeld, Ministerialbok nr. A5 1841-1857, s. 73 •• Digitalarkivet.no, Kinn prestegjeld, Ministerialbok nr. A6 1857-1885, s. 122 •• Digitalarkivet.no, Kinn prestegjeld, Ministerialbok nr. A10 1852-1869, s. 71 •• Digitalarkivet.no, Kinn prestegjeld, Ministerialbok nr. A12 1855-1869, s. 45 •• Mykland, Liv og Masdalen, Kjell Olav, Administrasjonshistorie og arkivkunnskap, kommunene, (1987) Universitetsforlaget AS •• Aaraas, Margrethe Henden, Djupedal, Torkjell, Vengen, Sigurd, og Førsund, Finn Borgen, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, 1. Nordfjord og Sunnfjord, (2000) Selja Forlag AS.

Kjelder og litteratur: •• Kommunalt arkiv. Kinn kommune. Skuleprotokoll for 8. skuledistrikt 1851-1864 17


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

God dugnadsånd i Lødemel

Av Annette Langedal Holme

I 1860 kom fastskulelova og endra skulestrukturen i landskommunane i Noreg. No skulle flest mogleg elevar gå på skule i skulehus framfor omgangsskule som hadde vore rådande rundt om i landet, ikkje minst i Sogn og Fjordane. Dette gav ein kraftig auke i oppsetjing av nye skulehus i kommunar som alt hadde hardt pressa økonomi. Det var ikkje økonomiske rammer for at alle skulekrinsane kunne få sitt eige bygg, så ville ein ha skule i grenda måtte ein sjå seg om etter gode løysingar. Løysinga vart ofte god dugnadsånd i grendene. Når vi går gjennom skulearkiva til kommunane i fylket, finn vi ofte eksempel på privatpersonar som hjalp til der dei kunne. Eksempel som går att er gardbrukarar med hest som kjørte fram tømmer til skulen, dei lagde til skulehustomta og lagde leikeplass til skulen.

Utsnitt frå protokollen. Foto Javad Montazeri/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Utsnitt frå protokollen. Foto Javad Montazeri/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

varte frå 1922-1939. Vanlegvis var det tre som stilte opp med vaskekosten, menn og kvinner om kvarandre. I 1922 var Lødemel skule eit gamalt bygg frå 1863. Lista over storvask viser ein omtanke og eit ynskje om å ta vare på det man har.

Klassebilete med Lødemel skule i bakgrunnen kring 1910. og Fjordane.

Også etter at skulen stod ferdig hadde dei behov for frivillig hjelp. Enkelte oppgåver fekk ein betalt for, som vaskehjelp og oppvarming av huset før elevane kom. Men når det kom til vøling av skulehuset laut ofte foreldra stille opp. 18

I ei møtebok for krinssamskipnaden i Lødemel krins kom vi over eit fint døme på god dugnadsånd. Til slutt i protokollen er det ei liste over den årlege storvasken av skulehuset og kven som deltok på den. Vi kan sjå at tradisjonen med å vaske ned skulehuset

Skulehuset på Lødemel vart opphavleg bygd for Sindre krins i Stryn kommune i 1863. Sindre krins vart lagt ned i 1878 og skulehuset plukka ned, og seld til Lødemel krins. Der fungerte det som skulehus fram til 1954, då krinsen fekk nytt skulehus. Den gamle skulen vart då seld på auksjon og tømmeret vart brukt til eit nytt hus i Volda.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Gøymde kommunistmateriale for nazistane Av Einar Rysjedal

I 1942, for 75 år sidan, fekk Anna Nes (1888-1966) og borna hennar eit spesielt besøk heime på småbruket Myra under garden Myrekrok på Norevikane i Høyanger kommune. Anna hadde fire brør som hadde flytta til Høyanger der dei arbeidde på Norsk Aluminium Company. Det var to av desse brørne, Olav (1902-82) og Sverre (1906-90), som denne gongen i 1942 hadde eit ærend som skilde seg frå dei vanlege besøka i barndomsheimen.

Gøymt hefte

Kristian Nes viser oss gøymestaden

Olav og Sverre hadde med seg noko spesielt denne gongen, fortel Kristian Nes som er son til Anna og såleis søsterson til desse Høyangerkommunistane. Kristian var 17 år gammal og stussa over sekkar og bagasje som berre blei sett bort i løa og ikkje omsnakka. Olav reiste inn igjen til Høyanger same dagen, men Sverre skulle bli nokre dagar. Sverre tok med seg Kristian til skogs, oppover lia. Han fortalde at dei måtte finne ein god gøymestad til noko nazistane/tyskarane ikkje måtte få tak. Kristian fekk beskjed at dette måtte han ikkje fortelje til nokon. Då Kristian og Sverre hadde funne den rette gøymestaden, blei materialet bore opp frå Myra. For at papira ikkje skulle bli øydelagde, hadde dei funne ei gammal kiste som dei bar opp og la papira i. Denne kista står på fjøsloftet i Myra den dag i dag.

Kristian har også fortalt at Olav og Sverre hadde med seg det som skulle gøymast i to omgangar og at andre gongen blei det bore opp i urda ganske snart. Kristian seier at han forstod det var alvorleg, men at han først i ettertid og etter krigen tenkte over kva alvorleg løyndom han eigentleg hadde vore med på. «Først då blei eg redd for korleis eg hadde reagert om tyskarane hadde komme i Myra og tatt oss i forhøyr, om eg hadde vore sterk nok til å teie», seier han i dag. Olav og Sverre må ha hatt stor tillit til deg sjølv om du var berre 17 år, har slektningar sagt til Kristian. Dei har spurd om han nokon gong tenkte på at han kunne vere den som skulle fjerne eller flytte dokumenta om det skulle vere nødvendig. «Nei, det har eg ikkje tenkt på, og det var heller aldri snakk om det, slik eg hugsar. Men det kunne kanskje ha oppstått ein slik situasjon?

Sverre og Olav Myrekrok nesten heime etter fangenskap i Tyskland. Sverre heilt til venstre og Olav heilt til høgre. 19


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kista papira vart oppbevarte i.

”ikkje-sak” under krigen. Dette var det Kristian har fortalt oss.

Eg veit ikkje, kanskje? Men tilliten dei viste meg forstod eg, og det var viktig for meg å vere dei tilliten verdig.», seier Kristian. Kristian meiner at mora hans ikkje visste om dette før etter krigen var slutt. Han trur heller ikkje at dei eldre søskena hans visste om dette, men ei yngre søster, Karolina, har stadfesta at ho kjende til gøymestaden som var ei 20

Kva var det som blei gøymt i denne urda? Det veit ingen, men det går an å tru. Slik eg no ser på det, var det mest truleg berre politisk litteratur som tilhøyrde Høyanger Kommunistlag og eventuelt ”Myrekrokane” personleg som blei gøymt unna. Dei møtebøkene m.m. etter kommunistlaget som finst på Arbeidararkivet er frå etter 1945. Derfor trur eg at slike dokument frå før 1940, og som kunne avdekke namn på alle medlemane og andre interne forhold i partilaget, blei brende. Eg trur kommunistane gjorde dette for at nazistane skulle få namna på og rolla til færrast mogleg av partimedlemane. Kjende drivkrefter i Høyanger Kommunistlag, som f. eks. Olav og

Sverre Myrekrok, ville nazistane uansett prøve å setje ut av spel, men det fanst mange meir tilbaketrekte medlemar som for sikkerheits skuld kunne vernast. Olav og Sverre Myrekrok blei arresterte eit halvt år etter at dei tok denne turen til barndomsheimen og gøymde partimateriale i ei urd oppe i Langhamrane. Dei hamna i Sachsenhausen, men kom begge levande frå fangenskapet. Eg var dermed så heldig at eg blei kjend med Sverre på 70-talet. Ein av dei mange gongene eg var heime hjå han og diskuterte politikk, gav han meg eit synleg bevis for kva som var gøymt unna. Tilstanden på heftet Den internasjonale situasjon av D. Manuilski, som var utgjeve på Internasjonalt Arbeiderforlag i 1939, bar tydeleg preg av 3 års utandørs lagring. Stort meir om dette er det ingen som kan seie med sikkerheit. Denne gøymestaden for illegalt materiale må sjåast som eit kulturminne og eit krigsminne, og høyrer derfor naturleg heime i kulturminneplanen til Høyanger kommune.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Vegsperring ved Dregebø nord for Vadheim Av Kjell-Ragnar Berge

I Vadheim dreier hovudvegen E39 nordover gjennom Ytredalen, og rundt 4,5 km nord for Vadheim passerer vegen Dregebø i ein ny parsell gjennom ei stor fjellskjæring. I dette området finn vi framleis spor etter gamlevegen og den tyske vegposten ved Dregebø.

Dagens nye E39 går beint fram gjennom ei skjæring, medan gamlevegen og restane av den tyske vegposten står att på knausen til høgre på bildet. Datering: 2017. Foto: Kjell-Ragnar Berge

Vegposten ved Dregebø

Vadheim er eit sentralt trafikknutepunkt og vegkryss. Under krigen var det ikkje vegsamband utover til Lavik, så rutetrafikken gjekk med båt på Sognefjorden inn til Vadheim der det var vegsamband via Førde til Sandane i Nordfjord. På Klævold låg eit tysk kystfort som sikring av innseglinga til Vadheimsfjorden, og i Vadheim var det stasjonert infanteri- og transportavdelingar, etablert forsyningslager og feltpostkontor. Ved Dregebø etablerte tyskarane ein liten vakt- og kontrollpost ved bilvegen nordover til Førde. Bunkeren og skytestillingane til vegposten låg på nedsida

av ein skarp sving på gamlevegen, og der hadde vaktmannskapa godt oversyn sørover dalen mot Vadheim. Bunkeren var både dekningsrom og opphaldsrom for vaktmannskap, og hadde løpegrav ut til skytestillingar på begge sider.

Parkering ved gamle Dregebø bru. Datering: 2017. Foto: Kjell-Ragnar Berge

21


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Gamlevegen i retning sørover, ned mot den tyske vegposten. Det var denne delen av vegen som skulle sprengast, og rase ned i dalsøkket til venstre. Datering: 2017. Foto: Kjell-Ragnar Berge

Sprenging av veg og bru

For å hindre ei framrykning av eventuelle fiendtlege tropper nordover dalen frå Vadheim, førebudde tyskarane sperringar av riksveg 580 Vadheim-Sande. Planane for sperring 4f skildrar sprenging av vegbana ved vegposten på Dregebø. Her gjekk vegen gjennom eit smalt gjel, på austsida eit sju meter djupt dalsøkk, på vestsida ein åtte meter høg fjellskrent. Sprengstoff i fem sprengkammer skulle sørge for at heile vegen i ei lengd av 20 meter og i full bredde skulle rase ned i dalsøkket. På lager i Vadheim låg tennmiddel og 230 kg sprengstoff klar, og eit sprengningslag på seks mann skulle på ordre kunne utføre sprenginga i løpet av ein halv time. Sperring 4g var instruksjonar for sprenging av Dregebø bro over Ytredalselva. I Vadheim var lagra 121 kg sprengstoff til denne sprenginga, og også her skulle eit sprengingslag på seks mann klare å utføre sprenginga i løpet av ein halv time.

22

Bunkeren og skytestillingane til vegposten låg på nedsida av ein skarp sving på gamlevegen ved Dregebø. Frå bunkeren er løpegrav ut til skytestillingar på begge sider. Datering: 2017. Foto: Kjell-Ragnar Berge

Sperring 4c var sprenging av brua over elva Gaula i Sande sentrum. Dette var ei større bru, og eit sprengingslag på ni mann hadde ein time på seg til å få på plass 200 kg sprengstoff.

Tyske sperreplaner

Sprengingsobjekt vart valde ut nær militære støttepunkt, hamneanlegg i kystområdet og vegar som kunne vere aktuelle for ein fiende å bruke. Ved aktuelle objekt vart det laga sprengkammer for plassering av sprengstoffet.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Dregebø bru var klargjort for å bli sprengt både på midten og ved brufestet på kvar side. Datering: 2017. Foto: Kjell-Ragnar Berge

Dette arbeidet vart gjort av militært fagpersonell som i dei fleste tilfelle var pioner-soldatar (ingeniørsoldatar). Sprengstoff og tennmiddel vart lagra hos næraste militære avdeling som også hadde ansvaret for sjølve sprenginga når den tid kom. Samstundes med dei praktiske førebuingane blei det for kvar vegsperring og alle sprengingar også utarbeidd ein Sperranweisung. Det var ei detaljert rettleiing til dei som skulle utføre sprenginga om korleis oppdraget skulle utførast.

Distriktskommando

Vestlandet: Arkivboks merka «Kommunikasjonsødeleggelser» komød. Tyske sperreplaner i Sogn og Fjordane 1940-45. Skisse i den tyske sperreplanen som viser plasseringa av dei to sperringane ved Dregebø. I tillegg skulle brua over Gaula i Sande sentrum også sprengast. Datering: Tysk sperreplan, Sperre 5522-4f (Dregebø veg) 1942.

Framsida av heftet som inneheld detaljerte instruksjonar om sprenginga av Dregebø bru. Legg merke til at framsida etter krigen er påført «IR 10/B-1». Det betyr at det norske Forsvaret ved IR 10 på Voss arva denne sperreplanen, og den blei ein del av Forsvaret sine planer for sperringar og «kommunikasjonsødeleggelser» i tilfelle ein ny krig. Datering: Tysk sperreplan, Sperre 5522-4g (Dregebø bru) 1942.

Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.

23


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

«Send ho vidare!»

Av Kjerstin Risnes

Illegale aviser…, berre namnet kan gje gysingar. Bilete frå filmar og bøker om det som hende med dei som trykte og distribuerte desse motstandsavisene flimra gjennom hovudet då eg fann nokre slike i magasinet. Lite, men viktig arkiv

Avisene vart funne då Merete Tangen og Hermund Farnes frå Balestrand tok ned bordkledinga på huset sitt. Der hang dei samanrulla i ein tråd mellom standarane i veggen. « (..) Det er tydeleg at dei ville gøyma desse og hadde valt løysinga å fira dei ned frå mørkeloftet i ein tunntråd (…)», skriv Gunnar Urtegard, som fekk overlevert desse til fylkesarkivet. Slik fekk vi eit lite, men viktig arkiv i hende.

Livsfarleg arbeid

Dei illegale avisene var ein viktig del av motstandskampen både for å spreie informasjon, men også for å halde mot og motstandsvilje oppe. Det vart gitt ut om lag 300 slike illegale aviser under krigen og mellom 12-15000 personar utsette seg for livsfare ved å skrive, trykke og distribuere desse. Det var strenge fengselsstraffer og enda til dødsstraff for dette illegale arbeidet. 4000 vart fengsla og 100 fekk dødsstraff. Ein av dei mange som vart fengsla for mellom anna distribusjon av ulovlege aviser, var Thor Nicolay Devig frå Førde. Han vart arrestert i 1941 og dømt til døden, men grunna «bevisets stilling» vart han dømd til tre års tukthus. Han vart send frå fengsel i Oslo til Tyskland 10. januar 1942, og døydde like etter, 30. januar 1942, i fengsel i Hamburg.

Norsk Front vart gitt ut i Oslo frå 1941.

Medan Thor Nicolay Devig sat fengsla i Oslo, skreiv han dette diktet på fem vers frå cella si i Møllergata 19. Inspirasjonen var ein vakker sommarfugl som sette seg på cellevindauget. «Dikt frå fangecella» er datert 15.september 1941. Her er tredje verset. Løft dine rustrøde vinger. du uskyld blant rovdyr på jord, la høre hva budskap du bringer om den krig som begynte i fjor. La meg vite når tid jeg kan flytte tilbake blant frie menn og få lov til å snakke og spytte være fri slik som du, lille venn.

Faksimile av avisa Norge

Som nemnt florerte det med illegale aviser. Kor mange som las dei illegale avisene er uvist, men dei nådde nok vide omkring for mottoet var : Send ho vidare ! Det var ikkje ufarleg å ha slike aviser, vart det oppedaga kunne det føre til streng straff. Det er såleis heilt forståeleg at avisene frå Balestrand vart gøymde i ein vegg om eigarane kjende at her var det fare på ferde.

Kjelder og litteratur: •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. •• Privatarkiv. Illegale aviser. 19411941 •• Internett: https://no.wikipedia.org/ wiki/Norsk_Front_(illegal_avis) •• Internett: https://www.norgeshistorie.no/andre-verdenskrig/kommunikasjon-og-kunnskap/1709-illegaleaviser.html •• Internett: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kulturhistorisk leksikon http://www.fylkesarkiv.no/kl/ detalj/?id=17735

Møllergata 19 i Oslo der Devig sat fengsla. 24


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

80 år med veg mellom Leikanger og Sogndal

Av Kjerstin Risnes

13.10.1937 var dagen endeleg komen. Vegen Leikanger - Sogndal skulle bli offisielt opna. Alt dagen etter opna Sogn Billag bussruta Sogndal – Leikanger med endestogg på Hanahaug. Systrondsbygda var komen på det moderne samferdselskartet. Ein langdryg vegprosess

Då vegen endeleg vart opna i 1937, hadde systrendingane venta lenge på vegutløysing mot Sogndal og dei indre strok. Då vegplanen i 1906 vart vedteken, var det strekka Sogndal – Slinde som kom med. To år seinare vart hovudvegen utvida til Leikanger, på papiret. Men ingen ting skjedde. I 1915 var systrendingane leie av å vente. Leikanger ungdomslag med Per Klingenberg Knutsen i spissen tok tak i saka. På lagsmøte i Leikanger ungdomslag 5. desember same året heldt avdelingsingeniør Waage foredrag for ei stor forsamling med tema Vegar før og no. Etterpå var det ordskifte om vegar i Leikanger hovudsokn. Der vart det vedteke fylgjande resolusjon: « Møtet uttalar ynskje um at heradsstyret med styrke arbeider for, at bygdi kjem i samband med vegnettet i indre Sogn og gjer det det kan for at dette krav – og elles alle vegkrav som bygdi kann tenkjast aa hava – kjem med i den nye vegplanen for amtet. »

Sogn og Fjordane avis 15.oktober 1937

I møteboka til ungdomslaget kan vi vidare lese at kommunen tok resolusjonen på alvor. På kommunestyremøte 8.12.1915 vart det sett ned ei nemnd som skulle koma med framlegg til vegplan for bygda. «Nemndi : avdelingsingeniør Waage, amtsagronom Lende, A.P. Fosse, L.R. Husabø og Jakob Holen kom den 10.6.16 med framlegg som vart vedteke av heradsstyret den 19.1.16 og saki er no hjå vegvesenet.» Kommunestyret kravde no at vegen til Sogndal måtte framskundast når fylkesvegplanen skulle reviderast i 1917. Fyrste etappe, Sogndal- Slinde

Gamlevegen Hermansverk – Leikanger med bil. Biletet er teke ved Sorenskrivargarden på opningsdagen. Foto: Fylkesarkivet

starta opp i 1923. 10 år seinare vart anlegget utvida til å gjelde heile strekninga frå Sogndal til Leikanger, og i 1935 var det køyreveg fram til Lunden på Slinde. Men siste strekka stod att.

No sette Leikanger Arbeidarparti vegen på dagsordenen. Arbeidsløysa var eit problem som prega mellomkrigstida, også Leikanger. På styremøte 19.januar 1935 under saka 25


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Vegen gjennom Fatlabukta er under arbeid. Arbeidsstokken var på 50 mann, og arbeidet vart leia av ingeniør Helsing. Frå venstre ser vi Hauglum og Bjørnethun frå Fresvik, systrendingane Nils Menes og Sigurd Lund og sogndølene Kristian Lerum og Samuel Nes. Heile 10 000 kg dynamitt gjekk med i Fatla. Foto: Fylkesarkivet

Det var ikkje rusk til buss som køyrde ruta mellom Forthun, Sogndal og Leikanger etter vegopninga. Kabrioleten vart kalla «Solskinnsbussen» då taket vart opna på fine sommardagar. Fotograf : Normann

26

«Arbeidsløysespursmålet» vart det vedteke å sende ein deputasjon på tre menn til ordføraren og be han undersøkje om det var råd å få arbeidet i gong på vegen Leikanger – Sogndal for dei midlane som kommunen hadde løyvt året før. Søren Opthun, Nils Johs. Henjum og Per Lundene la saka fram for ordføraren som lova å snakka med overingeniøren og vidare ta saka opp i kommunetyret. 8.februar kom saka opp i kommunestyret. Framlegget til overingeniøren gjekk ut på at han ville ta inn arbeidslause på hovudvegen frå Slinde, mot at kommunen løyvde kr 15 ooo, og at arbeidet på hovudvegen vart sett i gong frå Hermansverk hausten 1935. Kommunestyret gjekk samrøystes inn for dette, og i september same året byrja arbeidet på strekninga Hermansverk - Slinde. Avisa Sogn og Fjordane fylgde vegbygginga tett og hadde stadige meldingar om utviklinga. 5.juni 1936 kunne avisa melde at drifta var no komen over Fatla, og at dei var byrja på Fatlaberget. I begeistra ordelag beskreiv journalisten vegen gjennom Fatlaberget som eit sant meisterverk, og han såg ei ljos framtid for bygda. «Når ein går

Bilkortesjen på veg gjennom Fardal i Sogndal kommune på opningsdagen. Foto: Fylkesarkivet

denne vegen, ser ein endå betre kor ven Systrondsbygdi er; jau det kan verta både turisthotell og nye uenelege heimar på denne leidi,-sjølve naturen tel til.» Arbeidet gjekk fort og rimeleg greitt, og 24.september 1937, to år etter oppstarten på den siste strekka, melde den same avisa at vegen var køyrande for småbilar og Knut Christensen (Post Knut) alt hadde køyrt fleire turar med den nye bilen sin. Hovudsokna i Leikanger var no vegfast. No stod berre den offisielle opninga att.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Folkefest

Den offisielle opninga vart som seg hør og bør feira både i Leikanger og Sogndal. Fyrste delen av opninga med snorklipping var på Hermansverk. Seinare var det festmiddag for 130-140 inviterte på Hofslund hotell i Sogndal. Mest 30 år var gått sidan traseen Sogndal –Leikanger fyrste gong kom med i vegplanen så systrendingane hadde venta lenge på denne vegen som opna bygda mot andre bygdelag, og heile bygda var pryda med flagg. På Borgarden, aust for Knutsenbui, var det laga til tribune, vakkert pynta med lauv, for dei mange talarane, og plassen var fylt av glade og spente systrendingar. Det må ha vore eit syn og ei spesiell stund for bygdefolket då 22 bilar i kortesje, fylte med arbeidsfolk og andre viktige personar rulla over Njøsabrua. Det var den nye tida som kom til bygda. Då den offisielle opninga var over, sette bilkortesjen seg i sving att, no med kurs for Sogndal. «Det dundra salutt med det same bilane letta, sameleis på Slinde» skriv referenten i avisa Sogn og Fjordane. Ut frå avisreferatet i avisa Sogn og Fjordane, fredag 15.oktober, var talarane svært oppglødde over at vegen endeleg var ferdig. Dei to ordførarane helsa sjølvsagt vegen velkomen og vona at vegen skulle føre til gagn og nytte for bygdene. Vegen var ikkje berre ein sambindingsveg, men eit lekk i eit større vegsamband og fylkesmann Seip hadde store voner til vegen. « (…) ei av dei fagraste bygder i Sogn, som har venta i tolmod på vegsamband utetter, får no si utløysing. Snart kan me setja oss i bil til bygdene både nær og borte, til Oslo og til Bergen. Måtte vonene gå i uppfylling, til framgang for bygdene, kulturelt og økonomisk.»

Ein del av eit større samferdslebilete

Vegen Leikanger –Sogndal var ikkje berre ei gledeleg lokal hending. På same sida i avisa Sogn og Fjordane som vi kan lese om vegopninga, finn vi og ei spalte om at vegen mellom Førde og Naustdal er offisielt opna, samt ei melding om arbeidet med Flåmsbana. Det var ein samferdslerevolusjon på gang i fylket, spesielt i midtre- og indre Sogn,

Det var folkefest og eit yrande liv på Borgarden på Hermansverk då vegsambandet opna mellom Leikanger og Sogndal og knytte seg til vegnettet i indre Sogn. Ei ny tid var komen til bygda. Foto: Fylkesarkivet

Fatla og Stedjeberget viste seg å vere svært rasfarlege vegstrekningar. Fjellreinsk og andre sikringstiltak vart sette i verk gjennom åra, men det var berre tunnelar som ville tryggje vegen. Stedjebergtunnelen vart opna i 2007, og Fatlatunnelen året etter. Dei farande kunne no endeleg køyre vegen utan å vere redde for ras. Foto: Steven Kleppa. Datering: 2011.

og vegen Leikanger - Sogndal var ein del av denne omveltinga. Vegane skulle ikkje lenger berre gå til fjorden, men også langs fjorden, over fjell og fjord, med mange nye ferjesamband. Berre fylka Aust-Agder, Troms og Finmark hadde i 1937 kortare veglengde enn Sogn og Fjordane, og naturleg nok var her få motoriserte køyrety, berre 652 i talet. Men det var store anlegg på gang, Flåmsbana skulle opne i 1940, Gaularfjellsvegen i 1938 og likeeins vegen over Sognefjellet. Med alle dei nye veg- og ferjesambanda som var i kjømda ville det bli eit heilt nytt og anna kommunikasjonsmønster i fylket, som ville få stor innverknad på kvardagen til folk flest, næringslivet og turismen. Med alt det som skjedde

på vegfronten og som skulle skje dei nærmaste åra, var det difor ikkje rart at fylkesmann Seip under festmiddagen på Hofslund hotell ordla seg i både i optimistiske og nærmast lyriske vendingar. « (…) Det er interessant å vera med i den store utvikling. Det skal ikkje vara så lenge før vårt sundrivne fylke er samanbunde. Våre ingeniørar er musikarane som skal spela på tangentane; og me har dugande musikantar (…)» «Vegorkesteret» hadde spelt opp, fylket hadde fått ei veglaus bygd mindre, arbeidet med å knyte fylket saman hadde gått eit steg vidare og utruleg nok er det berre 80 år sidan.

Kjelder og litteratur: •• Møtebok for Leikanger ungdomslag, 1898-1923 •• Møtebok for Leikanger Arbeidarparti, 1928-1940 •• Avisa Sogn og Fjordane 5.juni 1936 •• Avisa Sogn og Fjordane 24.09 og 15.oktober1937 •• Ese, Kristin. På god veg . Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja forlag 2007 •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kulturhistorisk leksikon http://www. fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=1313

27


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Rangele Lassedotter Varli - Ei kvinnestemme frå Hyllestad Rangele Lassedotter ( 1620-1707) frå Hyllestad må ha vore kring 80 år då ho i 1700 gjekk opp kyrkjegolvet i Hyllestad for å bli vigd for tredje gong. Brudgommen var om lag 25 år yngre enn den vordande kona si. Dette giftarmålet handlar neppe om kjærleik, men det fortel om kvinneliv og ålmenne trekk ved det gamle bondesamfunnet.

Illustrasjon av eldre kvinne : Olav Rusti. Foto: Lars Ove Vold/De Heibergske Samlinger –Sogn Folkemuseum

Gamlehuset i Varlia 1935. Biletet er teke ovanfor huset med havet og øyane i bakgrunnen. Huset vart fråflytta i 1978 og det vart bygd nytt hus i 1989. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Omriss av eit liv

Rangele kjem inn i historia i ei tid då kjeldene byrjar å namngje folk. Frå 1600-talet får fleire og fleire dei viktigaste hendingane i liva sine, som dåp og gravferd, innførte i ei kyrkjebok. Likevel er det svært lite vi veit om Rangele. Då ho døydde i 1707, vert det opplyst i kyrkjeboka at ho hadde nådd den høge alderen av 87 år, og at foreldra heitte Lasse Olson Nes og Siri Olsdotter. Rangele må såleis ha blitt fødd rundt 1620, truleg på garden Nes i Hyllestad. Ho kom til Varlia då ho gifta seg med ein Nils Knutson. I 1686 blei Rangele gift for andre gong. Denne ektemaken, Ole Knutson, tok nokre år etter livet av seg. I 1700 vart ho ektevia for tredje gong, med Lars Arneson, opphavleg frå garden Smilla. Rangele fekk, etter det kjeldene fortel oss, ingen born. Murane frå det gamle kvernhuset i Varlia. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

28


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kyrkjebok som dokumenterer Rangele sin død i 1707.

Giftarmål og levebrød

Sjølv om det ikkje var vanleg med brurer på 80 år, så var skikken med oppattgifte utbreidd. Det galdt rett nok i større grad for menn enn for kvinner. Men òg mange enkjer valde å gifta seg på nytt, særleg dersom dei var unge då ektefellen fall i frå. I folketeljinga 1801 skal kring 15 % av alle ekteskap ha vore mellom enkjer og tidlegare ugifte menn. Å gifta seg var nærast synonymt med å ha tilgang til eit levebrød. For mange menn var ekteskap med enkjer ein måte å sikra ei utkome på, sjølv aldersskilnaden mellom dei var stor. For enkjene på si side, var det ofte naudsynt å få inn mannleg arbeidskraft, anten dette skjedde ved hjelp av tenarar eller gjennom eit nytt ekteskap. Likevel sit vi att med spørsmålet om kvifor Rangele valde å gifta seg på nytt i så høg alder. Truleg kunne ho ha overlate garden til yngre krefter, og sjølv ha

sikra seg eit kår - eller tykte ho at dette var ei usikker form for «pensjon»? Var det kanskje ein sterk personlegdom som gjorde at ho ville ha styringa med garden, eller skuldast det ei særleg otte for alderdomen, ettersom ho ikkje hadde born som kunne ta seg av henne?

Etterord Denne artikkelen er henta frå Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane i samband med Kvinnestemmerettsjubileet i 2013. http://kvinnestemmer.net/

•• Kellmer, Inger: Hyllestad bygdebok : soga om folket. Bd. 2. Hyllestad: Hyllestadkommune, 1993 •• Kvinnekår i det gamle samfunnet/ redigert av Anna Tranberg og Harald Vinge. 1995 •• Med kjønnsperspektiv på norsk historie : fra vikingtid til 2000-årsskiftet/ Ida Blom og Sølvi Sogner (red.). Oslo : Cappelen akademisk forl., 2005 •• Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 1 (1706-1711), Kronologisk liste 1707, side 25

Litteratur og kjelder •• Kellmer, Inger: Hyllestad bygdebok : soga om folket. Bd. 1. Hyllestad: Hyllestadkommune, 1990

29


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Ny digitaliseringsteneste – og litt om det rare vi finn i eigedomsarkivet til Gloppen kommune. Av Kristine Rohde

Rundt i dei 26 kommunane i fylket skapast det dagleg ei mengde med arkiv. Sakshandsaming på alle felt, møte, korrespondanse med innbyggarar og andre instansar syter for ein jamn straum av dokument, som vert arkiverte i sinnrike system anten i kommunen eller etter kvart hos fylkesarkivet. Desse arkiva utgjer ei kulturhistorisk og rettsleg livsåre i lokalsamfunnet, og er ei uerstatteleg og uvurderleg kjelde til dokumentasjon for innbyggarane i saker som gjeld dei direkte. Nokre delar av arkiva vert i større mon enn andre nytta dagleg av sakshandsamarane i kommunane, som tilfellet er med byggesaksarkiva. Om du skal bygge på huset ditt, og treng dei opphavelege teikningane, vil ein sakshandsamar leite fram nett denne mappa. Om du hamnar i rettstvist om kor grensa til naboen eigentleg går, vil også denne dokumentasjonen kunne finnast fram. I juni i år starta Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ei ny og framtidsretta digitaliseringsteneste for å lette kvardagen både for deg og dei kommunetilsette. Gloppen kommune er vår første testkommune i dette prosjektet. Vi skannar og digitaliserer no i første rekke det eldre eigedomsarkivet deira, som strekk seg frå tidleg 1940-tal til 2001. I staden for å bruke tid på å leite fysisk i arkiva etter det du treng, kan dei no med nokre få tastetrykk finne saka det gjeld, laste ho ned på maskina si og sende dokumenta til deg på e-post. Frå du ringer til kommunen og til du har saka heime på din eigen pc kan det gå berre nokre timar. Prosjektet syter for fire viktige ting: 30

Vi skannar for folket og framtida! Frå venstre Hege Mari Kolseth, Kristine Rohde og Nils Olav Nygård.

Vi sikrar arkiva mot tap og skade Betre, tryggare og raskare sakshandsaming Lettare innsyn og betre tenester til innbyggjarar og næringsliv Bygningsarkiva vil alltid vere aktuelle som kjelde til forsking og dokumentasjon Fylkesarkivet har per i dag tre tilsette som arbeider på digitaliseringstenesta. Vi jobbar jamt og trutt, mappe for mappe, ordnar, skannar og lastar dei opp i ei stor digital sky. Det er rutineprega, men ikkje keisamt, det krev mentalt uthald, nøyaktigheit og struktur. Sakte minkar det i ein ende, medan det ferdig-digitaliserte materialet veks i den delen av magasina våre der arkiva deponerast for framtida. Her står hundrevis av hyllemeter trygt

lagra. Gloppen kommune er svært nøgd med arbeidet, og på sikt veit vi at fleire kommunar vil nytte denne tenesta. Vi kjem til å ha meiningsfullt arbeid i lang tid framover.

Hytter og utedassar

I straumen av byggesaksmapper er mykje likt, og det går stort sett i bustadhus, garasjar og landbruksbygningar. Det søkast om utsleppsløyve for kloakk og om løyve til avkøyrsle frå riksvegen. Det skal førast opp nytt, gamalt skal rivast og erstattast av nytt, det skal byggast på og endrast fasadar. Gardsbruka utvidar og endrar seg, og fleire pelsdyrgardar ser dagens lys i denne perioden. Jamt over får ein inntrykk av vekst og tru på framtida i denne kommunen. Som regel får folk innvilga det dei ber om, og oftast finn vi standardsvaret «tilstøytande grannar har ikkje noko å merke til søknaden». Men i nokre tilfelle drar det seg til, med klagesaker, oppheta brev-


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

grunn at kloakkutslepp utan renseanlegg, vil gjera området lite tenleg til badeplass. Alt nå er det mange som også nyttar den sørvestre delen av Fitjefjæra til dette, og fleire vil det bli etter kvart som folketalet aukar og tilhøva blir lagt til rette.»

Sterke kjensler i klagesak om hyttebygging frå 1980.

veksling og personlege kjensler. Sitatet henta frå brevet i ei klagesak frå 1980 gjer nesten vondt å lese. Oftast hender dette når nokon vil bygge hytte eller naust i eit område mange meiner har særskilde kvalitetar for friluftsliv som vil verte trua av enkeltpersonar sine prosjekt. Då kan tilstøytande naboar reise bust, og om miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, eller det som tidlegare heitte Friluftsnemnda, er av same oppfatning, vert det gjerne ikkje hytte for vedkommande. I slike saker ser ein at kommunen ofte er imøtekomande til innbyggjarane sine ønske om hytte, naust eller tilbygg til sel, men dei kallar inn naudsynte instansar for å gje eit fagleg velfundert svar på søknaden. Ved eit høve har vedtaket i saka følgande ordlyd: «Friluftsnemnda er under tvil komen til at (…) bør få løyve til å bygge omsøkte hytte.» Inntrykket vårt er at Gloppen kommune over tid har strekt seg langt for å finne balansen mellom den einskilde sine behov på eine sida og allemannsrett og vern om friluftsinteresser på den andre.

Med hytter og friluftsliv tvinger også behovet for «privetløsninger» seg fram, som det kallast på fagspråket. Og litt sånn på sida: Visste du at det i 1909 var over 14 000 kaggedo i Bergen, og at dei siste ikkje vart tømde før på 2000-talet? Fleire av byggesakene vi kjem over handlar om utedo og andre utsleppsordningar frå hus og hytte. Reglane for slikt har heldigvis stramma seg inn dei siste tiåra, så no er det ikkje berre å bygge seg eit skur og la naturen gå sin gang. I nokre saker har både distriktslækjar, Helseråd og friluftsnemnd vore involvert før utsleppsløyve blir gjeve. I ei sak frå 1975 skriv Gloppen friluftsnemnd: «… nemnda går imot at det blir gjeve løyve til kloakkutslepp til dette området. Fitjefjæra er så lang-

Også utsjånaden på utedassen er gjenstand for godkjenning. I ein konkret søknad om oppføring av utedo/vedbod frå 1994 lyder svaret frå teknisk kontor i Gloppen kommune: «Før vi kan behandle saka, må vi ha ein målsatt plan og fasadeteikningar av bygget». Så då følgde teikningar, og bygget vart godkjend. I ei anna sak frå 1980 søkast det om ein «vanleg gammaldass utan bruk av kjemikalier», og detaljerte teikningar følger med. Mannen fekk utedassen sin, utan vidare omgrepsavklaring av privetløysinga, og kan hende tener den framleis sitt føremål.

Historiske bygningar og flaskehalsar

I fylkesarkivet sine depot har vi også eigedomsarkiv frå før 1940-talet, men på illustrasjonen her ser vi den eldste teikninga vi reknar med finst i arkivet vi no digitaliserer. Rutebil- og bensinstasjonen på Sandane vart teikna i 1941 av arkitekt Trygve Knutsen.

Rett som det er finn vi svært store kart og nydelege arkitektteikningar, andre gongar små, handskrivne brev, sirlege teikningar og sjarmerande, gulna foto av sel og hytter. Det eine fotoet av ein far og det som kan hende er dottera på om lag 3 år framfor selet dei ønsker å bygge på lar seg diverre ikkje publisere, men det pottesure andletet til jentungen og den tilsynelatande stappfulle stoffbleia kan vitne om ei etterlengta oppgradering av hytta. Hytteprosjekt i Gloppen, teikna i 1973 av arkitekt Alf Apelseth.

31


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Godt planlagt utedass, teikna i 1980 (anonymisert).

Utkastet laga av arkitekt Connie Henden til ny rutebilstasjon vart godkjend i bygningsrådet i 1953.

Nydeleg teikning av arkitekt Trygve Knutsen, datert 1941. Dette utkastet var ikkje nytta.

Bygningsrådet valde likevel ikkje dette utkastet, men dét til arkitekt Connie Henden frå 1953. Dette er ein av dei vakraste funkisbygningane i Sandane sentrum, bygd like etter 2. verdskrig, og verna då Firda Billag bygde ny stasjon på Sandane på 1970-talet. Connie Henden (1924-1985) er elles kjend som ei av dei som skapte det urbane bygdesenteret på 1960-talet. Ho har meir enn nokon satt sitt arkitektoniske preg på Førde sentrum. På Sandane står ho bak fleire bygg i tillegg til «Firdatun», mellom anna utvidinga av turnhallen på tidleg 1950-tal. Mellom siloar, garasjar og verandaer dukka sjølvsagt ærverdige Gloppen Hotell også opp i eigedomsarkivet. Mange kjenner historia til hotellet, med røter attende til 1866. Sivertsens Hotel, som det heitte fram til 1990-talet, har vore gjennom ei rekkje utvidingar, og i arkivet vi no digitaliserer har vi funne fleire byggemeldingar og teikningar, som viser ei varsam arkitektonisk tilpassing av nytt og gamalt formspråk. Eit godt døme på det er teikninga av utvidinga frå 1989 av A.L Høyer.

32

Brev frå sint gloppar, datert 1958.

Teikning frå ei a dei mange endringane Gloppen Hotel har vore gjennom. Teikna av A.L Høyer i 1989.

Ei anna verksemd som har prega tettstaden Sandane er Gloppen Meieri. Det gamle meieribygget vart reist i 1907, og erstatta av eit nybygg i funkisstil i 1952. Etter at stormeieriet på Byrkjelo vart etablert i 1996, har tomta på Sandane vore disponert av Sandane Senter. I arkivet for perioden 1952-1996 finn vi ei lang rekkje saker som handlar om meieriet, den eine utvidinga og ombygginga etter den andre. Og heilt uproblematisk har det ikkje alltid vore. I brevet datert 6. juni 1958, stila til Nordfjord vegavdeling, er oppfordringa frå ein litt amper gloppar klar og tydeleg: «Tak deg ein tur til Sandane og sjå kva nydeleg flaskehals Gl. Meieri held paa og laga».

I næraste framtid skal fylkesarkivet ta til med digitalisering av både oppmålingsarkiv, personalarkiv og gardsarkiv. Her ventar nok nye forunderlege, interessante og underhaldande saker. Den som leitar i arkiva, han finn!

Kjelder: •• Allkunne •• Eigedomsarkivet til Gloppen kommune


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

A. Johannessens Trykkeri

Av Per Olav Bøyum

I mange kåringar over viktige og epokegjerande oppfinningar kjem trykkekunsten høgt opp på lista. Gutenberg sin revolusjonerande måte å kopiere skrift på spreidde seg fort i Europa, men kom helst seint til Noreg. Fylkesarkivet har berre eitt arkiv frå denne bransjen: A. Johannessens Trykkeri i Florø. eksemplar av Luthers ramsalte kritikk av kyrkja sin avlatshandel nådd ut til store delar av Europa. Omsett til fleire språk, og massespreidd ved hjelp av prenteverk i dei store europeiske byane, skapte tesene grunnlaget for ei varig kløft i den vestlege kristenverda. Trykkekunsten var kjent fleire stader i Asia før Johan Gutenberg utvikla metoden med kopiering av skrift ved hjelp av lause teikn og bokstavar kring 1450. Nyvinninga spreidde seg raskt i Europa. Danmark fekk sitt første trykkeri i 1482. Her i landet kom likevel ikkje produksjonsmetoden i gang før i 1643, då dansken Tyge Nielssøn starta eit trykkeri i Kristiania. Illustrasjon til studentavisa Grazia. Design og silketrykkarbeid utført av Thor Asgeir Johannessen.

Den første og minste aksidenspressa i Florø, kjøpt i 1895. Den vart mest nytta til trykking av billettar og visittkort. Foto: Thor Asgeir Johannessen

Den eksplosive krafta i prenta skrift er godt synleg i eit luthersk jubileumsår. Då Martin Luther for 500 år sidan hengte opp tesene sine på kyrkjedøra i Wittenberg skapte han verdshistorie.

Mange historikarar ser på trykkeria som ein føresetnad for at opprøret til augustinarmunken vann fram. Etter berre nokre veker hadde trykte

A. Johannessens Trykkeri

I fjor fekk fylkesarkivet inn eit lite, men spanande arkiv frå Thor Asgeir Johannesen. Faren hans, Anders Nicolai Johannessen, var faktor (prenteverksleiar) i Nordre Bergenhus Amtstidendes trykkeri frå 1898. I november 1900 oppretta han eit eige aksidenstrykkeri som ei særskilt avdeling i same lokalet som avisa vart trykt.

33


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

jonsspreiing, den er i tillegg ein fryd for augo, med sine sirleg utforma gotiske typar. Ein del smakebitar frå A. Johannessens Trykkeri prydar denne artikkelen. Ved sida av at Anders trykte avisa Nordre Bergenhus Amtstidende, hadde han ei aksidenspresse til ymse småprent. Det er tale om songar, flygeblad, brosjyrer og ulike typar reklame. Prenteverket heldt til i Strandgata, ved sida av rådhuset i Florø. I 1907 gjekk kontrakten med avistrykkeriet ut. Johannessen flytta då til eit anna lokale, og skaffa seg samstundes nytt utstyr. I 1923 var Anders tilbake der han starta, då han kjøpte eigedomen Strandgata 32. Han oppretta dessutan ein papirhandel ved sida av trykkeriverksemda. Anders døydde i 1952. Deretter dreiv stesonen Odd Magne Kvellestad trykkeriet vidare fram til han gjekk bort i 1981. Thor Asgeir Johannessen har teke vare på mange av trykkeriklenodia etter faren. I 2016 lufta han tanken om å la utstyret få kome heim att til Florø, plassert i eit eige bymuseum. Idèen om eit bymuseum i Miljøhuset hadde tidlegare blitt lansert av Jan Henrik Nygård.

34

Kjelder •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2016118 A. Johannessens Trykkeri

Prisliste frå Balvolls planteskule i Vik. Arkivet inneheld nokre av småprenta som trykkeriet laga. I teorien skal slikt mangfoldiggjort materiale vere avlevert til Nasjonalbiblioteket, men det har ikkje alltid blitt gjort. Prislista frå Balvoll ser ikkje ut til å finnast andre stader enn i arkivet frå A. Johannessens Trykkeri.

Arkivet

A. Johannessens Trykkeri er eit visuelt arkiv. Trykkekunst er i røynda eit treffande ord på mykje av den tidlege produksjonen av bøker og anna prent. Til dømes er den første bibelen Gutenberg laga ikkje berre ein milepåle innan trykkerihandverk og informas-

•• Fra Norges Næringsliv : dets mænd og institutioner ved begyndelsen af det 20. aarhundrede. 4 : Den grafiske branche. Kristiania : Forlaget Norge, 1915 •• Firdaposten 20. august 2016


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Heklesva, Solsteinen og Gamle-Erik i band

Av Randi Melvær

Heklesva var eit sva med spor etter hoven til han Gamle-Erik og Solsteinen er steinen der dei ville binde han fast, i Vigdalen i Luster. I Jostedalen i Luster er det, mellom veldig mange andre, to interessante stadnamn: Heklesva (eller Heksesva) og Solsteinen. Heklesva var eit sva med mange små og store groper. Mellom desse var det ei grop som likna på ein hestesko. Denne var om lag 80-100 cm brei. «Segna fortel at då dalen skulle innvigast til buplass for menneske, møtte dei så mykje tusse og trollpakk at det måtte 7 prestar til for å få bukt med vondskapen. Han Gamle-Erik hadde dei fått i band og ville føra han opp til Solstein og binda han fast der, men då sette han hoven i fjellet og var ikkje til å rikka.» I 1978 sprengde dei i stykke Heklesva då dei bygde stølsveg. Med dette vart fotsporet etter Gamle-Erik øydelagt. Solsteinen er ein stor stein. Begge desse to stadnamna finn ein på kartbladet BE08251 Vigdal. Heklesva låg på gardsnummer 36, bruksnummer 2, som heiter Øvre Vigdal. Informant var Astri Fossøy. Solsteinen ligg på gardsnummer 36, bruksnummer 14, som heiter Syneshaug. Informant var Ragnar Vigdal.

Tusser og trollpakk

Å skulle busetje seg i ein dal som Jostedal, med så mektig natur, kan vel kalla fram opplevingar av både tusser og troll: Ei kjempestor, brusande og skummande elv, som av og til gjekk over breiddene sine, brearmar som trekte seg attende eller brøyta seg framover og knuste gardshus og tun, og høge fjell og bratte knausar som gjorde reisa framover dalen til ei utfordring. Denne innviginga til busetjing det er vist til i segna må vere etter at kristendomen kom til landet, og det er vel ikkje utenkeleg at det var oppatt-bygginga av dalen etter øydetida frå svartedauden og fram til slutten av 1500-talet. I Vigdal har arkeologane funne kokegroper som truleg stammer frå før mellomalderen. Dei har også funne øydestølar eller tufter som kan vere frå jarnalderen til mellomalderen. På Øystølsreset ligg ei tuft etter eit

hus som er datert til 1100-talet. (Frå boka «Jostedalsbreen og bygda den fikk namn etter» og Espe, Alfred: «Jostedalen frå istid til sjølveigartid».) Desse gropene kan ha vore etter folk som nytta Vigdalen til beiting. I Vigdalen var det busetnad på 1300talet, men busetnaden etter pesten kom ikkje att før byrjinga av 1600-talet. (Øyane, Lars) Den første brukaren ein kjenner i Vigdalen heitte Nils Wigdahl. Truleg rydda han bruket i Øvre Vigdal kring 1605 og vart buande til kring 1628. Bruk 2 vart ikkje rydda før i 1838, då garden i Øvre Vigdal vart delt. Bruk 14, Syneshaugen, vart utskilt frå bruk 1 i 1934. Dette bruket hadde frå om lag 1820 vore ein husmannsplass. Det første husmannsparet heitte Otto Larsson Wigdahl frå Øvre Fåberg og Kari Larsdotter frå Nedreli.

«Institutt for kulturstudier og orientalske språk» ved Universitetet i Oslo deler vandresegntypane inn i tre grupper: naturmytiske segner, historiske segner og opphavssegner. Denne segna frå Jostedal må vel kallast ei opphavssegn, men den har jo også klare naturmytiske trekk. Instituttet definerer opphavssegner slik: «Her handler det om rare, særegne og iøynefallende formasjoner og fenomener ute i naturen; sagnet forteller hvordan disse formasjonene eller fenomenene er blitt til, om opphavet til dem, derav betegnelsen opphavssagn.»

Dette er Øvre Vigdal, gardsnummer 36 bruksnummer 1 og 2, truleg ein gong mellom 1910 og 1940. Oppe til høgre ligg ein husmannsplass, Steinbakken, som blei skilt ut som eige bruk, bruk nummer 7, i 1909. (Informant Astri Fossøy) Fotograf: Samson Brathole. Fylkesarkivet.

35


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

vi Pengasteinen. Denne har dessverre ikkje noko segn som fortel om opphavet til namnet. Ringhammaren var ein fjellknaus som blei øydelagt under vegarbeid i 1947. På same bruket finn vi også Fagersisvaet og Matsteinen.

Truer i våre dagar

Det er godt at vi i våre dagar ikkje trur på tusser og trollpakk. Vårt tilvere i natur og nærmiljø kjennest nok tryggare enn det gjorde i tidlegare tider.

Kjelder og vidare lesing: •• Den store stadnamninnsamlinga i 1985/86. •• Bø, Olav: Norsk folkedikting III, Segner. Samlaget 1977. Bilettekst: Dette er også Øvre Vigdal, bruk 2. Fotografiet er datert til 1910-1925 (truleg). Fotografen var Samson Brathole. Fylkesarkivet. Personane på biletet er Anders (1870-1947) og Gjørond (1865-1946) Vigdal. Desse var informanten Astri Fossøy sine besteforeldre. Biletet viser informanten sin barndomsheim.

Sju prestar

At segna seier at det akkurat var sju prestar som måtte til for å temje dei vonde kreftene, er nok fordi talet sju reknast som eit særs kraftfullt tal. Sju er eit heilagt tal. For jødane varer mange av høgtidene deira i sju dagar. Den jødiske lysestaken har sju armar. I soga om jorda si skaping brukte Gud sju dagar på skaparverket. Sju er også sett saman av tre som er Gud sitt tal (den treeinige Gud) og talet fire som er verda sitt tal.

Å binde Gamle-Erik

I Sogn er det funne heile fem svartebøker. Her finn ein rådgjerder mot sjukdommar på folk og fe. Ein finn også oppskrifter på korleis ein skal te seg for å få kontroll over vonde makter, slik som djevelen. Ved å lese gudsord over han fekk prestane kontrollen i denne segna, og dei fekk han jo i band. Men denne gangen fekk ikkje prestane Gamle-Erik heilt til å gjere som dei ville. Dei fekk ikkje leidd han av garde opp til Solsteinen på Syneshaugen, der dei ville binde han fast.

Mange sva og steinar med namn i Vigdalen Huldesteinen er ein stein. «Her kunne ein høyra huldrene spelte når ein la 36

øyra inn til steinen.» Denne ligg på bruket Vigdalsli (36/4). Årresteinen er ein stor stein på bruket Nedre Vigdal (36/3). På det same bruket finn vi både Svartasvaet (eit svart svaberg) og Kvilesteinen (ein kvilestein i stølsvegen). På det same bruket finn vi også Furesteinen. Smiesteinen låg på Syneshaug. Dette er ein stor stein. Berteinuri er ei grovur på bruksnummer 2. Steinbakken er ein gamal bygselplass. Denne var ein husmannsplass under bruk 1. (No 36/7) Følahammaren er ein bergrabb på bruk nummer 4, som heiter Vigdalsli. Storurane er ei samling kampesteinar på bruk 3, Nedre Vigdal. Myrsteinen er ein stor stein på Syneshaugen. På det same bruket finn vi Mariskorhammaren, Smiehellerrabben og Haugasva. Dette siste svaet låg i utmarka. «I svaet kunne ein, før vegbygginga tok det, sjå groper etter hestehovar og kuklauver. Haugen var husmannsplass frå 1820 til 1934 då plassen vart skilt ut som eige bruk.» På Syneshaugen ligg også Slipesteinsvaet (i utmarka) og Kråkehammaren i tillegg til Hellekvei som er ein fjellknaus. På bruk nr. 1 finn vi Svåden, Løaflati som er eit sva og Dokkasvaet som truleg også er eit sva. På bruk 2 finn

•• Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO. Databasesøk den 13.10.2017 •• Tall i Bibelen, Wikipedia, dato 03.10.2017. •• Espe, Alfred: Jostedalen frå istid til sjølveigartid, Jostedal Historielag, 2002. •• Espeland, Velle: Svartebøkene i Sogn og elles i landet. Foredrag på eit seminar på De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum i 2011. •• Jostedalsbreen og bygda den fikk namn etter. Grøndahl & Søn forlag, 1989. •• Øyane, Lars: Gards- og ættesoge for Luster, Band 4, Gaupne sokn. (Om Vigdalen s. 1003-1070).


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Lærar for livet

Av: Sigrun Espe

Den 7. oktober 1849 vart 15 år gamle Kornelius Andersson Lunde frå Gaular konfirmert. Kornelius var odelsgut på garden Lunde, men var også ein skarp gut med akademiske talent, på god veg mot læraryrket. I kyrkjeboka kan vi lese: «Kristendomskundskap særdeles god. Hans flid og orden udmerket god. Skriver og regner meget godt.» Interessa for bokleg lærdom og gode evner innanfor viktige fag var nok dei to viktigaste grunnane til at Kornelius nokre få år seinare starta som lærar i krinsane Lunde, Skilbrei og Birkeland i Gaular kommune.

Bakgrunn

Kornelius kom frå små kår. Etter at han var fødd reiste mor hans, som ei av mange unge kvinner frå Sunnfjord, til Bergen for å jobbe som amme. Ammene var ei velkjend yrkesgruppe på vestlandet, fram til økonomien tok seg opp i bygdene rundt midten av 1800-talet. Eilert Sund er ein av dei som skildra desse «Søndfjords-ammer med småbørn på armene».

Engasjert ung lærar

Kornelius Lunde saman med kona Johanna. Dei gifta seg i 1858, og Johanna døydde i 1908. Fotograf: ukjend. Biletet er lånt ut av ein av Kornelius Lunde sine etterkomarar, Aud Lunde.

Kornelius starta som lærar i Gaular i 20-årsalderen. Kjeldene viser korleis Kornelius som ung lærar engasjerte seg både i skulegongen til sine elevar, og i lokalsamfunnet. Læraren har ført protokollar over dei tre krinsane, Lunde, Skilbrei og Birkeland, gjennom alle dei åra han jobba som lærar, og spesielt i starten finn vi tilleggsinformasjon som til dømes skulle forklare kvifor elevane ikkje kom på skulen. Her kan vi lære mykje om kvardagsliv og om familiehøva i Gaular på 1800-talet.

Ein annan ting vi kan lese i skuleprotokollane er merknader som skildrar dei ulike elevane sine evner. Læraren gjorde vurderingar og noterte gjerne ned om nokon skilde seg ut som spesielt flinke eller spesielt dovne. Ein kommentar frå Kornelius er til dømes «har gode Evner, men er Doven».

Samfunnsengasjement

Kornelius gifta seg med Johanne i 1858, og på dette tidspunktet jobba han allereie som lærar. Året før han gifta seg fekk han sjølveigarskøyte på garden Lunde, og læraryrket var ei viktig attåtnæring til garden. Som lærar vart Kornelius også ein naturleg leiar med autoritet. Han var respektert i bygda, og han sette dei kristne verdiane høgt.

Fråværsprotokoll som kjelde til informasjon

Fråvær frå skulen er ofte grunna sjukdom eller død i familien, og jentene måtte ofte vere heime fleire dagar i samband med «moderens barselleie». Ein finn også kommentarar som «mangler klæder», noko som fortel oss at den familien ikkje hadde råd til å sørgje for passande sko og klede for alle borna i skulealder i familien. Vi veit at dette ofte var eit problem for ein del familiar.

Kornelius Lunde fotografert eit av dei siste åra han levde. Fotograf: ukjend. Biletet er lånt ut av ein av Kornelius Lunde sine etterkomarar, Aud Lunde.

Av samfunnsengasjement ser vi i kjeldene at Kornelius deltok aktivt i kyrkja. Han utførte kyrkjelege gjeremål fleire søndagar i året, og var med og song i gravferder. Han var engasjert i Det Norske Misjonsselskap, og starta ei eiga kvinneforeining knytt til misjonen. 37


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Oversikt over gardane i Lundegrend i Gaular. Heile klynga til høgre er Lunde. Skulehuset skimtast heilt til venstre nede i dalen. Fotograf: Steinkopf Wold, Stavanger. Kjelde: Fylkesarkivet.

I almanakkane ser vi at han brukte mykje av tida si på misjonsmøte, møte i kvinneforeininga, møte i skulekommisjonen, husandakter, overhøring og arbeid på garden.

det er svært viktig at desse vert tekne vare på for ettertida. Eldre protokollar som vert oppbevart på fylkesarkivet er tilgjengelege for alle som er på jakt etter historia.

Lærar for livet

Aud Lunde er etterkomar etter Kornelius, og det er ho som har samla og teke vare på desse ulike kjeldene. Aud bur på garden Lunde i dag. Fylkesarkivet har også fått ein kopi at eit kompendium sam vart laga i samband med ei slektssamling for Lundeslekta i 2001.

Etterkomarane etter Kornelius hugsar han som ein streng og nøyaktig mann, og svært oppteken av at ungane skulle lære og lese godt. Synet svikta til slutt Kornelius, og han søkte om avskjed som lærar frå 1. januar 1887. Han vart etter kvart heilt blind, men sjølv etter dette var han veldig oppteken av å lære barnebarna å lese. Ungane skildra bokstavane og bestefaren forklarte og lærde vekk. Kornelius Lunde levde til han var nesten 95 år.

Fylkesarkivet tek vare på historia

Våren 2017 vart to skuleprotokollar etter Kornelius Lunde levert inn til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Skulearkiv er kommunalt arkivmateriale, og fylkesarkivet tek vare på dei eldre kommunale arkiva til 23 av dei 26 kommunane i fylket. Skuleprotokollar er unike kjelder til lokalhistorie, og 38

Kjelder: •• Ministerialbok for Gaular prestegjeld 1840-1859. Konfirmerte - Sande, Bygstad, Viksdalen (Vik) sokn, Ministerialbok nr. A 4I, 18401859, s. 246 •• Ministerialbok for Gaular prestegjeld 1841-1859. Viede - Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad sokn, Ministerialbok nr. A 4II, 1841-1859, s. 396 Ministerialbok nr. A 4II, 18411859, s. 396

•• Skuleprotokollar for krinsane Lunde, Skilbrei og Birkeland i Gaular kommune. 1864-1881. •• Aud Lunde (2001) Slektsstemne pinsa 2001 (kompedium). •• Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: Marte Moviken – husmannskone, byamme og innovatør •• Ottar Staheim/NRK, Ammene frå Sunnfjord. Frå Allkunne https:// www.allkunne.no/framside/ fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/ kommunar-i-sogn-og-fjordane/forde/ forde--alle-artiklar/ammene-frasunnfjord/1899/75941/


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Skulen vår

Av Sigrun Espe

Skulehistoria fortel ein del av samfunnshistoria vår, og er noko alle har eit forhold til. Vi har sjølve gått på skule, våre besteforeldre og oldeforeldre har gått på skule, og borna våre har gått, går eller kjem til å gå på skule. Kjeldene og arkiva gir oss ei felles referanseramme for kva skulen og skuletida er, og når ein dykkar djupare ned i materien finn ein også dei lokale særprega, historiene, menneska og minna. Dette er også ein viktig del av skulehistoria. som dekker meir eller mindre dei same grendene. Heile dette området vart i 1965 ein del av nye Skifjord krins, saman med tidlegare Bjørnestad krins, Storaker krins og deler av Skivenes krins.

Skulehuset

Ein av dei tinga det har vore mest strid om i grendene og kommunane, er kvar skulehuset skal stå. Heilt frå dei første fastskulane erstatta omgangsskulen på midten av 1800-talet har det vore heftige diskusjonar om krinsgrenser og lokalisering av skulehusa.

Skjermbilete av skulenmin.no

Skulenmin.no

Dette er eit skjermbilete av den nye portalen skulenmin.no. Her har vi zooma oss inn på Hyllestad, som har vore pilotkommune i prosjektet. Fargerike prikkar og tal i kartet korresponderer med bilete og artiklar på høgre sida. Når ein flytter seg rund i kartet ved hjelp av musepeikaren, vil artiklane på høgresida endre seg og reflektere utvalet i det området kartet viser. Tanken bak skulenmin.no har vore å presentere ulike sider av skulehistoria på ein og same plass. Her skal ein etter kvart finne både oversiktsartiklar om skulekrinsar, artiklar om skulehus, gamle skuleprotokollar og møtebøker, historiske bilete frå fylkesarkivet sin fotodatabase, gjenstandar og bilete frå museumssamlingar, gamle og nye bilete, samt digitale forteljingar med lyd og bilete.

eller om foreldre og lokalpolitikarar som kjempar med nebb og klør for å halda liv i grendaskulane. Endringar i skulekrinsgrenser er ikkje noko nytt. I arbeidet med å kartlegge alle endringar i skulekrinsgrensene i det som i dag er Hylllestad kommune, innsåg vi etter kvart at dette vart ein alt for stor jobb. Eit døme på dette er området som mellom 1862 og 1965 veksla mellom å heite Åsmul krins og Borsholm krins, og som dekka ulike område på ulike tidspunkt. I denne perioden er det seks ulike versjonar av desse to krinsane

Fastskulelova som kom i 1860 førte til ein eksplosjon i bygging av skulehus, administrert av nye, lokale skulestyre. I denne perioden var det ofte mange skulekrinsar i ein kommune, og det vart gjerne bygd fleire små skulehus. I samband med den nye lova vart det utarbeida nasjonale retningslinjer for skulehusa, og arkitekt Thøger Binneballe fekk i oppdrag å teikne skisser til åtte ulike skulehus for mellom 21 og 50 barn, nokre av dei med lærarbolig.

Ein del av dette er på plass allereie, ein del er under utvikling, og ein del er vi avhengig av lokale eldsjeler for å få på plass.

Skulekrinsen

I lokalavisene i fylket vårt kan vi ofte lese saker om skular som vert lagt ned,

Seks ulike kartutsnitt som viser endringar i krinsgrenser i Skifjorden. 39


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Skulehusa skulle ideelt sett plasserast slik at alle elevane hadde omtrent like lang veg å gå til skulen. I fleire skulestyreprotokollar er prosessen fram til vedtak om plassering av nytt skulehus godt dokumentert. Det er ikkje uvanleg å sjå gamle skulehus som står heilt åleine midt i ingenmannsland, men strategisk plassert i lik avstand til to eller fleire ulike grender. Eit godt døme på at plassering av skulehus kan skape mykje lokal strid er Åfjorddalen krins i Hyllestad. Denne krinsen vart først oppretta då Hyllestad vart eigen kommune, og frå 1861 til 1872 dekka krinsen grendene Akse, Birkeland, Sætre, Systad, Buvik, Eide, Ytr-Indre Dale, Tonning, Løland, Nes og Espeland, med fast skule først i ei stove på Systad og seinare på Eide i Eidsneset. Dette var ein svært stor krins, og foreldra frå Løland, Nes og Espeland protesterte. Dei nekta å sende ungane sine den lange vegen på skule. I 1872 vart den store Åfjorddalen krins delt i tre: Løland krins, Birkeland krins og Dale krins. Den neste runden med diskusjon og strid kom ofte når det vart fatta vedtak om at fleire skulekrinsar skulle slåast saman til ein og ein måtte einast om nytt felles skulehus. I Løland krins hadde dei jobba for eige skulehus sidan 1906 utan å få gjennomslag frå skulestyret, og utan å einast om kvar skulehuset skulle ligge. I 1919 kom det ny melding frå skulestyret om at dei skulle utgreie nytt felles skulehus for krinsane Løland, Dale og Birkeland. Etter mykje strid og mange protestar stod denne skulen i nye Åfjorddalen krins klar i 1925.

Læraren

Rolla til læraren har endra seg mykje gjennom åra. Heilt frå reformasjonen vart innførd i 1537, har kyrkja teke ansvar for å undervise folk i kristendomslære. I starten var det prestar og klokkarar som skulle undervise folk rundt om i bygdene, men det var ikkje alltid dei hadde så mykje kunnskap å lære vidare. I starten var bøndene svært skeptiske til krav om undervisning, men dette endra seg gradvis over tid. Etter kvart vart lesing og skriving sett på som ein fordel. Eit viktig skilje i utdanningshistoria kom med innføringa av konfirmasjonen i 1736. Med denne kom også nye krav til eit minstemål av kunnskap om dei kristne læresetningane. Dette førte igjen til den første skulelova av 1739, kjent som «forordning af skolerne paa landet». Målet var at alle born i heile landet skulle få undervisning i lesing, skriving og rekning, men det var vanskeleg å skaffe nok brukande lærarar. Det gjorde ikkje situasjonen betre at lærarane fekk svært dårleg betalt. Etter kongeleg resolusjon frå 1824 vart den første lærarhøgskulen, eller lærarseminar som det vart kalla dei første åra, etablert i Tromsø. Kort tid etter dette kom det fleire, mellom anna Stord seminarium i 1839. Med den nye fastskulelova frå 1860 kom det også skjerpa krav om at lærarane skulle ha utdanning. Det kom mellom anna tre nye lærarskular i vår region, Bergen stift: på Voss, i Volda og i Balestrand. Lærarane med utdanning kapra etter kvart dei beste posisjonane, medan dei som ikkje hadde utdanning frå lærarskulen måtte ta til takke med postar som omgangsskulelærar eller lærar på dei minste og mest perifere skulane.

Åfjorddalen skule ca. 1926. Foto: Råsberg, Bjarne /Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 40

Mange små grendaskular har opplevd å ha ein og same lærar i så mange år at skulen nærmast vert identifisert med denne læraren. Men det andre ytterpunktet i historia om dei

små grendaskulane er utfordringane knytt til å få tak i utdanna lærarar. Vi kan sjå i arkiva at mange av dei små, udelte skulane på bygda har hatt stor gjennomtrekk av lærarar. Mange lærarar starta si karriere på ein liten grendaskule, men flytta raskt vidare. Dette kan ein sjå i den eldre skulehistoria, men også heilt fram i nyare tid. Torleif Hauken frå Hyllestad starta på Vassenden skule i 1954 og han hugsar godt lærarane, men han hugsar også at det var ein ny lærar kvart år. Mange stader har læraren spelt ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Læraren, med både utdanning og erfaring, har gjerne uttalt seg i samfunnsdebatten og delteke i politiske prosessar. Læraryrket har på den måten fått ein spesiell status mange stader. Men vi har også sett at det var ein skilnad på lærarrolla til kvinnelege og mannlege lærarar. Oddlaug Øen Nistad frå Hyllestad er dotter av Ida Myklebust Øen og Finn Øen (f. 1903). Begge foreldra var utdanna lærarar, men faren dreiv garden medan mora jobba som lærar. Ida Øen jobba som lærar i mange år, og ho var alltid involvert når det skulle vere basar, juletrefest eller andre sosiale tilstellingar på skulehuset utanom skuletida. Men når grenda trengte nokon til å halde 17. mai-tale eller andre liknande oppdrag, vart far til Oddlaug ofte spurt.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Oddlaug Øen Nistad viser Annette Langedal Holme frå fylkesarkivet kvar mor hennar, Ida Myklebust Øen, underviste. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Norvald Tveit hugsar tilbake til skuletida på 30-talet. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skulevegen

Brennsdalen dei to vekene dei gjekk på skule. Ungane vart skyssa med båt, eller dei gjekk langs stranda eller oppe i lia mellom Tveit og Brennsdalen. Det var ikkje alltid lett for dei minste ungane å vere vekke heimefrå, og det var ikkje uvanleg at ungane venta med å starte på skulen til det året det vart halde skule i deira eiga grend. På den måten slapp dei å bu vekke første året på skulen. Norvald Tveit hugsar også godt at spesielt ein av gutane frå Brennsdalen vart veldig fortvila viss det var dårleg vær og han ikkje kom seg heim den eine fridagen dei hadde mellom dei to vekene dei gjekk på skulen.

budde ho heime, men ho måtte gå både til og frå skulen, ein tur som tok over ein time kvar veg på sti gjennom skogen.

Etter kvart vart det for få ungar igjen i krinsen til å halde skule på Tveit og i Brennsdalen, og krinsen vart slegen saman med Leirvik.

Kjelder:

Lang og vanskeleg skuleveg er ein av dei viktigaste grunnane til at det ofte vart mykje debatt og diskusjon rundt skulekrinsendringar og plassering av skulehus. Vi har snakka med mange som skildra lange og krevjande skulevegar, over fjell, langs svaberg og gjennom mørke skogar. I nokre tilfelle var skulen så langt unna at små born måtte bu hjå framande familiar dei vekene dei gjekk på skule. Eit døme på ein lang og vanskeleg skuleveg kan du lese om i artikkelen om skulevegen mellom Tenningsåsen og Eitorn skule i denne utgåva av Kjelda. Eit anna døme på lang og vanskeleg skuleveg fekk vi fortalt av forfattar og tidlegare lærar Norvald Tveit frå Tveit i Hyllestad. Grendene Tveit og Brennsdal i Hyllestad ligg 5-6 km frå kvarandre, og var i mange år samla i ein skulekrins. På grunn av stor avstand, dårleg sti og ofte uvær på sjøen, vart det halde skule for ungane frå begge grendene det eine året på Tveit og det andre i Brennsdal. Ungane budde då kring på gardane. Alle pultane og skulebøkene måtte kvart år fraktast med båt mellom dei to stovene som fungerte som skulehus. Norvald Tveit budde hjå ein familie i

Det var ikkje berre elevar som kunne ha lang og tung skuleveg. Mange lærarar jobba på skular som låg langt unna der dei sjølve budde. Ida Myklebust Øen budde på Øen, men underviste både i Storaker og på Vassenden. Ida måtte bu i Storaker dei to vekene ho underviste der. Ho hadde to små jenter heime den tida, og tok turen heim for å vere med familien den eine fridagen ho hadde. Dei to neste vekene underviste ho på Vassenden skule. Desse vekene

Vil du bidra?

Dette er berre nokre få døme på mange situasjonar, historier og minner som vi har kome over i arbeidet med «Skulen min». Det er uendeleg mange fleire historier som kan forteljast, og vi håper mange har lyst å vere med å bidra. Ta kontakt med oss på skulenmin@sfj.no eller les meir om prosjektet på www.sfj. no/skulenmin.

•• Leidulf Mydland (2015) “Skolehuset som kulturminne: Lokale verdier og nasjonal kulturminneforvaltning” Kjelde: Göteborgs Universitet. •• Ingemar Nordstrand (2009) Gamal og beisk skulestrid i Lølandsgrenda. Sogeskrift frå Hyllestad. •• Sverre Aas (1989) Frå Allmugeskule til grunnskule i Sogn og Fjordane. •• Norvald Tveit (2002) Skuleminner frå 1930-åra. Sogeskrift frå Hyllestad. •• Samtale med Oddlaug Øen Nistad, 2016. •• Samtale med Norvald Tveit, 2016. •• Samtale med Torleif Hauken, 2016.

41


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Skulevegen Tenningåsen - Eitorn

Av Per Olav Bøyum

Den veglause garden Tenningåsen ligg høgt og fritt på litt over 300 meter, rett ved innlaupet til Fjærlandsfjorden. Borna på denne høgdegarden fekk mot slutten av 1800-talet fastskule i Eitorngrenda. Vegen dit kunne vere både slitsam og utfordrande, særleg i snøkav og ruskevèr.

Biletet er teke frå Raudmelen. Balestrand kan skimtast nedst i biletet. Ferja traffikerer strekninga Dragsvik-Hella. Den raude streken syner omlag kvar borna på Tenningåsen gjekk for å kome til skulestova på Vestreim. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017

Står ein på Raudmelen i Balestrand ein fin sommarsdag og skoder mot aust, mot det vestvendte området frå Tenningåsen i nord til Rud i sør, så er det neppe mange som ser for seg ein gammal skuleveg. Våningshusa på dei to gardane kan skimtast som to kvite prikkar. Mellom dei ligg gjel og bratte berg. Ikkje nett ein tumleplass for små tassar, vil kanskje dei fleste tenkje. Skulevegen er for lengst attgrodd og gløymt, men den gamle skulestova på Vestreim i Eitorngrenda har lokale eldsjeler vølt og halde ved like på ein forbiletleg måte. Også utedoen står der, med eigne avlukke for elevar og lærarar. Bygningane er skulehistorie.

42

Men det er òg den gamle skuleruta frå Tenningåsen til Eitorn. Den er rett nok ikkje eineståande i sitt slag. Mange born hadde tidlegare ei strevsam reise til skulen, anten det var til fots eller i båt. Men i Eitorn kan vegen, saman med skulehuset, gje ei større forståing for korleis skulegangen arta seg for nokre generasjonar attende. Å gå den gamle stien frå Tenningåsen til Eitorn er dessutan ei flott turoppleving,

Tenningåsen

Det har vore busetnad på Tenningåsen minst attende til 1600, då ein Kristoffer er nemnt som brukar. Opphavleg høyrde også Tenningen, som ligg nede ved sjøen, til garden.

Ein kan undre seg over kvifor folk slo seg ned på denne isolerte staden. Rikeleg med god dyrkingsjord kan ikkje garden skryte av å ha, men det finst mykje skog i området. Etter kvart som trongen for tømmer auka, steig verdien av garden. Dei tidlegaste eigarane var embetsmenn og byborgarar. Jon Arnfinnson vart første sjølveigande bonde i 1854. I 1900 budde det seks personar på Tenningåsen. Ti år seinare hadde talet vakse til 11, og skuldast at det var kome til fleire born på garden. Tenningåsen var einbølt, så det var aldri tale om store flokkar med born som søkte til skulen i Eitorn.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Med den nye skulelova i 1860 kom det eit tydeleg skifte. Fastskule skulle no vere det normale. Balestrand prestegjeld vart delt inn i åtte krinsar. Eitorn var ein av dei, og femna om gardane Eithun, Hella, Rud, Vestreim, Tenningen og Tenningåsen. Krinsen, som opphavleg heitte Eithun, skulle ha 12 veker undervising og omgangskule. I 1860 hadde halvparten av krinsane i Balestrand fastskule. Det gjekk derimot 18 år før Eitorn fekk eige skulehus.

Den raude streken er mest sannsynleg den ruta folk tidlegare gjekk mellom Tenningåsen og Eitorn. Ein alternativ trasè er markert med gult, og går om stølen Skare.

Eitorn skule

Det er vanleg å rekne oppstarten av det moderne skulestellet i Noreg til skuleforordninga av 1739, og skuleplakaten som kom to år seinare. Desse føresegnene var tett kopla til påbodet om konfirmasjon som styresmaktene innførte i 1736. Den første tida hadde skulen difor eit religiøst oppdrag. Læraren farta rundt frå gard til gard og heldt opplæring i katekisme, bibelkunne og salmesong.

Saka om skulestove i Eitorn kom opp første gong i eit møte i skulestyret 27. september 1887. Det vart då fatta vedtak om å byggje eit skulehus på storleik med det i Grøneng, og det blei samstundes sett fram to vilkår. For det første skulle sparebanken ta den delen av kostnadane som fall på kommunen. Dessutan forventa skulestyret at krinsen ytte fri grunn, både til skulehus og leikeplass. I saka om plassering uttrykte oppsitjarane på Tenningen og Tenningåsen eit ønskje om å ha skulehuset på Flete, men Vestreim vann til slutt valet om plassering. Det kjem ikkje fram av møtebøkene frå skulestyret kor tid fastskulen i Eitorn kom i gang, men det må truleg ha vore i 1888.

Ein utfordrande skuleveg?

Etableringa av fastskular kunne føre med seg ein meir utfordrande skuleveg for somme elevar. Det er ikkje vanskeleg å finne klager om dette i arkivmaterialet. I møteboka for Balestrand skulestyre står det å lese følgjande i eit referat frå 1867: “Flere af Skolekommissionens Medlemmer gjorde opmærksom paa, hvor vanskeligt det er for de mindste Børn at komme fram til Skolen i Fjorddistrikterne”. Prestegjeldet hadde spesielle vanskar knytt til kommunikasjon, sjølv samanlikna med kva som elles var vanleg i Sogn: Befolkningen i Balestrand prestegjeld maa siges selv i forhold til, hvad der i Sogn er almindeligt at bo meget spredt, da prestegjeldet er delt ved 4 smaafjorde. Som følge heraf finder skolekommissionen, at der ikke er anledning til at ordne kredsfordelingen anderledes end allerede er skeet uden at skoleveien derved selv for de ældre elever vil blive altfor besverlig. Folk budde kort og godt grisgrendt. Men også i den tida læraren gjekk frå gard til gard og underviste, kunne skuleforfall vere eit problem. I 1874 freista læraren å samle elevflokken sin på Tenningen. Det gjekk ikkje så bra: “11de, 12de, 13de Mai holdtes Skolen paa Tendingen og derfor ere indtrufne mange Forsømmelser, som tidligere, formedelst den ubekvemmelige Vei til Skolen”. Både Tenningen og Tenningåsen låg noko isolert frå resten av krinsen. Tidleg på hausten 1885 kom læraren for å halde skule på Tenningåsen. Frå Eitorngrenda møtte det knapt ein einaste elev. Læraren noterte følgjande i dagboka: “Skole på Tendingåsen og her viser mange forsømmelser.”

Biletet er frå strekninga Tenningastølen-Uragjelhaugen. Her er det mykje tilgrodd, og stien er vanskeleg å finne. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017

Skulestyret i Balestrand måtte fleire gonger handsama bekymringsmeldingar som galdt lang skuleveg for borna, men det ser ikkje ut til at familiane på Tenningen og Tenningåsen var mellom dei som klaga. Var det kanskje slik at dei ikkje oppfatta turen til Eitorngrenda som spesielt strabasiøs? Dette var trass alt folk som var vane med å bu isolert, 43


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

og som frå bornsbein av hadde erfaring med å slite seg fram til “sivilisasjonen”. Femårsmeldingane for folkeskulen kan kanskje setje oss på sporet av eit svar. Dei dekkjer åra 1891-1900, og har oppgåver over skuleforsøming i dei einskilde krinsane. Eitorn hadde fråvèr som låg litt over snittet, men krinsen skilde seg ikkje ut med eit iaugefallande stort tal forsømte skuledagar. Går ein ned på det mest detaljerte nivået, nemleg dagbøkene der lærarane førte inn oppmøte for kvar elev, ser vi at skulevegen for borna på Tenningåsen verkeleg var ei reell utfordring, særleg vintersdagen og når uvèr dreiv innover Sognefjorden. Til dømes fekk Synneva Tenningåsen notert 15 dagar skuleforfall i 1895 “formedelst sne”. Enno verre gjekk det for eit skulebarn frå Tenningåsen vinteren 1903. Han forsømte 29 av 36 skuledagar grunna “veirforhindringer”. Det var med andre ord tale om ein fråvèrsprosent på 80. For heile prestegjeldet varierte skuleforsøminga mellom fire og fem prosent på 1890-talet. Vinterstid og når ruskevèret slo til, kan det ikkje vere tvil om at skulevegen Tenningåsen-Eitorn må ha vore ein tøff tur, ofte så barsk at elevane ikkje møtte opp på skulen. Borna på Tenning hadde også stort skuleforfall når føreforholda var vanskelege. Dei fyrste åra etter bygginga av skulehuset i Vestreim ser det ut til at dei slo følgje med ungane på Tenningåsen, og gjekk til skulen. Det må i så fall ha vore ein dryg tur for små elevar. Men i skulebudsjettet for året

1894 er det ført opp ei utgift på 10 kroner for “Skyds til Smaaskolelærerinden og til Børnene fra Tendingen”. Skulestyret la såleis pengar på bordet for å få frakta dei sjøvegen til Eitorn. Borna på Tenningåsen gjekk ikkje til skulen kvar dag. Vekedagane var dei innlosjerte i Eitorngrenda. Den siste eleven frå Tenningåsen gjekk ut skuleåret 1928/29. I 1956 vart Eitorn krins nedlagt. Skulen hadde då to elevar, og grenda fekk same år vegsamband austover. Dermed vart det meir praktisk å skysse borna til Holum skule i Leikanger.

Vegen mellom Tenningåsen og Eitorngrenda

Ruta som i denne artikkelen vert nemnd som skulevegen, var ikkje berre ein sti nytta av elevar. Den har nok også blitt brukt av folk med andre ærend. Tydlegast ser vi det i den første delen. Skulevegen starta med etappen opp til Tenningastølen, som ligg på omlag 500 meter over havnivå. Herifrå heldt ungane omlag same høgda bort til Uragjelhaugen. Dette partiet ser bratt og ulendt ut på avstand, men er i røynda ikkje så avskrekkande vanskeleg å ta seg fram i. Men stadnamn som Ørnaberg og Uragjel fortel oss at det vil vere dumsdristig å våge ein trasè lenger ned mot fjorden. I dette midtpartiet er stien fleire plassar vanskeleg å finne. Dessutan har det blitt rota til litt i terrenget i samband med lineutbygging. Skuleborna på Tenningåsen hadde truleg ein langt betre sti å ferdast på.

Balestrand, sett frå Tenningastølen. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017 44

Ved Ørnafjellet er det obligatorisk stopp for å nyte utsikta. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017

Ved Uragjelhaugen er det mogeleg å ta søraust, mot stølen Skare. Derifrå er det fin sti ned til Vestreim. Men skulevegen gjekk, etter det gamle folk opplyser, rett sør frå Uragjelhaugen. Denne stien er no heilt vekke, men terrenget er fullt mogeleg å ta seg fram i. Til slutt kjem ein då ned litt vest for Rud. Her var det kort veg siste etappen til skulestova på Vestreim. Skulevegen Tenningåsen-Eitorn er på omlag 3,5 kilometer. Raske barneføter kan ha teke seg fram på halvannan time. Stien er i våre dagar mykje attgrodd, og ikkje heilt enkelt å finne. Men fylkesarkivet var så heldig å bli guida av Richard Tallaksen. Han er ei av eldsjelene i Eitorn, som ryddar stiar og held dei gamle ferdslevegane i hevd.

Frå Uragjelhaugen er det fin utsikt mot Balestrand, men litt skjemma av kraftleidningane. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kjelder og litteratur •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1849-1900 •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1901-1926 Tenningåsen. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017

Den gamle skulestova i Eitorn. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2017

•• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1926-1947 •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Eitorn skule. Dagbok 1884-1913 •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Eitorn skule. Dagbok 1913-1956 •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Korrespondanse/sakarkiv 1850-1899 •• Urtegaard, Gunnar: Soga om grunnskulen 1739-1989 : Balestrand kommune. 1989 •• Femårsmeldingar for folkeskulen i Balestrand 1891-1900 •• Laberg, Jon: Balestrand : bygd og ætter. Bergen : I kommisjon hjå Lunde & Co.’s Forlag, 1934

Dei hadde sitt å stri med lærarane òg. I Vetlefjorden gjekk beista inn i skulehuset, og trakka elles ned for fote. I 1870 skreiv læraren dette klageskrivet til skulestyret: Som bekjendt, staar Vetlefjordens Skolehus i Mælands Buhage. Det er derfor ikke saa sjelden om Sommeren, at vi faar besøg af Kreaturerne lige ind i Gangene. Som Enhver kan skjønne er dette meget uhyggeligt; og hvad der verre er: min lille Hage lider stundom Skade af dem, og næsten altid er jeg i stor Frygt for at Bestene enten skal tage eller bryde sig ind og ødelægge forfode. Saaledes sneg et Svin sig 2de Gange ind i Sommer og ødelagde ganske mine Kaalplanter. Sligt er meget utaaleligt.

•• Munnleg informasjon frå: Håkon Kåre Rud og Richard Tallaksen

45


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Fylkesbiblioteket fremja demokratiet i Latvia med bokbuss! Av Annette Langedal Holme

I 2016 vart arkivet til Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane ordna og avlevert til fylkesarkivet. Gjennom arkivet kan vi sjå arbeidet fylkesbiblioteket har lagt ned for å fremje bibliotektenestene i fylket. Litt overraskande var det likevel å finne ut at fylkesbiblioteket har arbeidd for å fremje den demokratiske utviklinga i Latvia midt på 90-talet! Ein pensjonert bokbuss

Sommaren 1995 fekk Sogn og Fjordane fylkesbibliotek ny bokbuss. Statens bibliotektilsyn fremja då forslaget om å sende den gamle bussen til folkebiblioteket i Ogre i Latvia. Biblioteka i Latvia var på den tida inne i ei omstillingsfase frå sovjettidas bibliotekform der biblioteka vart nytta til propagandaformål. No ynskte Latvia at biblioteka skulle vere ein plass for fri informasjonsformidling utan ideologisk sensur og represaliar. Viljen til å nytte biblioteka i demokratiutviklinga var stor i Latvia, men dårleg økonomi bydde på utfordringar. Ein gamal bokbuss og god bibliotekkunnskap frå Sogn og Fjordanevar var då til god hjelp. Våren 1996 vart bussen fylt med engelskspråkleg litteratur og sendt til Latvia. Same hausten var bokbussen klar til dyst på den latviske landsbygda. Fylkesbiblioteket fekk tilbakemelding frå biblioteksjefen at menneska på landsbygda sette stor pris på bokbussen. Mange hadde det tøft og bokbussen vart eit lyspunkt i kvardagen.

Nytt liv i Latvia

Bokbussen viste seg å vere ein suksess for biblioteket i Ogre og utlånstala auka monaleg i 1997, takka vere den mobile bibliotekløysinga. I 1996 var utlånstalet 359 213 medan det i 1997 var 449 345. I tillegg til bokbussen fekk tilsette frå biblioteket i Ogre komme på hospitering til Sogn og Fjordane, der dei blant 46

Frå plakatutstilling av bokbussen som vart sendt til Latvia. Foto: E. Bergan.

Frå plakatutstilling av bokbussen som vart sendt til Latvia. Foto: E. Bergan.

anna fekk it-opplæring av fylkesbiblioteket. I 1997 vart det vellukka kulturelle samarbeidsprosjektet avslutta. Fylkesbiblioteket fekk mange nyttige erfaringar og fekk vere med å fremje den demokratiske utviklinga i Latvia, og det er rett og slett skikkelig kult!

Kjelder •• Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkesbiblioteket 1962-2012


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Kristoffer Teige (1887-1967)

Av Synnøve S. Bjørset

I 2017 er det 130 år sidan kulturpersonlegdomen Kristoffer Teige vart fødd, og 50 år sidan han fekk Kongens fortenestemedalje i sølv.

Folkemusikksamlaren Arne Bjørndal var fleire gongar på besøk i Hyllestad for å gjere opptak av Teige. Foto: ukjend.

Jubileumshelsing

Kristoffer Teige er ein av dei utøvarane frå fylket som er breiast dokumentert i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling; Heile 225 enkeltspor viser at han hadde eit stort repertoar av mellom anna bygdedans- og gammaldansslåttar, slåttestev, kjømeisterviser, skjemteviser, med meir. Mykje av dette repertoaret hadde truleg gått tapt dersom ikkje folkemusikksamlaren Arne Bjørndal og NRK ved Rolf Myklebust gjorde innspelingar av Teige i perioden 1957-1964. Det var Teige sjølv som tok kontakt med desse to, då han forstod at han var ein av få, om ikkje den einaste, som framleis kjende og brukte desse slåttane og songane. Særleg Bjørndal fatta interesse for musikktradisjonane Teige forvalta, og han var fleire gongar på besøk i Skifjorden for å gjere innsamlingsarbeid.

I høve Teige sin 75-årsdag sende Arne Bjørndal følgjande helsing som stod på prent i Spelemannsbladet 1963, nr. 1: «Det minkar på spelemenn av den gamle garde, men ikkje i like stor mun i alle bygdelag. Det er heller ikkje alle stader at dei har halde like godt på den forvitnelege kulturtradisjonen, knytt til den instrumentale folkemusikken vår. Men det er då sume som ser annleis på det nedervde og nasjonale i heimemål, musikk og song. Og ein av desse er spelemannen og folketonesongaren Kristoffer Teige, Hyllestad, Sogn. Den 21. oktober i fjor fylte han 75 år. Kristoffer poserer med fela heime på Teige. I bakgrunnen skimtar vi Teigevatnet. Foto: ukjend / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Teige er ikkje berre ein spelemann av det gamle trauste slaget. Mange av 47


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

dei som dyrkar nasjonalt felespel kan ikkje syngja slåttane sine, men her er Teige noko av eit undantak. Like lett og naturleg som han stryk slåttane på fela, tonar han dei ut i song. Kristoffer Teige har vore på ikkje so få kappleikar på Vestlandet og mellom dei eldste deltakarane fenge ikkje so få fyrstepremiar. Og som spelemann i

brudlaup og festlege lag finn ein han framleis. Underskrivne har hatt den gleda å skrive ned og ta opp på lydband ei mengd med slåttar og folkemelodiar etter Kristoffer Teige, det er kring 80 nr. i alt. Verdfulle opplysningar om slåttar, spel og spelemenn har han ogso gjeve meg. Like eins om stad-

eigen og sermerkt songkultur, i viser, stev og sull. For alt dette skuldar vi folkemusikkveteranen Kristoffer Teige vår varmaste takk. Eg sender han hermed vår beste helsing i høve av at han nyleg nådde sin tre fulle fjerdepartar av hundrad år.»

Kongens fortenestemedalje

Den 01.07.1967 vart Teige tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Sjølve medaljen skulle han få overrekt i samband med markering av 80-årsdagen 21.10.1967. Men den store æra av å ta i mot medaljen fekk Teige dessverre ikkje oppleve, då han døydde berre dagar før han skulle fylle år.

Kjelder: Bjørndal, Arne. «Kristoffer Teige» Spelemannsbladet, nr. 1, 1963 Myklebust, Rolf. Femti år med folkemusikk. Oslo, Det norske samlaget, 1982 Kongehuset.no. «Tildelinger av ordener og medaljer». http://www. kongehuset.no/tildelinger.html?tid=28 028&sek=27995&q=teige&type=&aar stall=1967 (lesedato 17.10.2017) Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: tradisjonsmusikksamlinga

Klemet Espeset (1828-1915) var ei av slåttekjeldene til Teige, og vart rekna for å vere ein framifrå spelemann. Teige fortalde at Espeseten var mellom dei som reiste til Lærdalsmarknaden, og at han bytte til seg slåttar der. Foto: Arnor Jensen Bakke / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

48


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Anders Lothe

Av Per Olav Bøyum

Tidlegare i år fekk vi inn ein viktig etterrakst til arkivet etter stortingsmannen Anders Lothe. I materialet dukka det opp to brev ein ung tysk sosialist skreiv til Lothe i samband med bygningsarbeidarstreiken i 1928. Lothe arbeidde ikkje berre som lærar. Perioden 1911-1916 sat han i redaktørstolen for Firda Folkeblad. Mange kjenner nok likevel best til politikaren Anders Lothe. I over 30 år representerte han Arbeidarpartiet i Florø bystyre. Dessutan tok han på seg oppgåver på fylkesnivå. I åra 19271932 hadde han leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Ved valet i 1927 kom Anders inn på Stortinget for fyrste gong. Med unnatak av ein periode, sat han som tingmann heilt fram til 1945. Lothe fekk ein tøff start som parlamentarikar. Utpå vårparten 1928 blas det opp til ein alvorleg arbeidskonflikt, og Anders var ein av dei som engasjerte seg. Eit fotografi sendt til Anders Lothe frå Hans Lorenz i 1928. Det viser medlemer av Sozialistischer Arbeiter-Jugend. Frå venstre: Willy Bartels, Karli Krüger, Julius Eckert (Wien) og Hans Lorenz

Det var barnebarnet til Anders, Hjalmar Lothe, som leverte inn arkivmaterialet. Frå før sat vi på noko fragmentarisk etter stortingsmannen. No er arkivet langt fyldigare, og inneheld brev, bokmanuskript og avisartiklar.

dei fleste med lokalhistoriske tema. Den mest kjende er truleg «Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo», som handlar om konflikten mellom lærar Jon Hyenes og presten Jørgen Heffermehl.

Bygningsarbeidarstreiken i 1928

Bakgrunnen for konflikten var ein skilsdom avsagt 2. mai 1928. Dommen reduserte realløna til bygningsarbeidarane med 4%. Litt seinare kom det liknande lønsreduksjonar for typografar og skreddarar.

Anders Lothe

Anders vart fødd i 1875, og kom frå ein husmannsplass under Lote, i dag ein del av Eid kommune. Han kjende tidleg på trongen til kunnskap og lærdom. I 1896 var han ferdig utdanna lærar. Etter nokre år sette han seg på ny på skulebenken. På Tanks skule i Bergen leverte han i 1901, som den fyrste i landet, eksamen på nynorsk. Sensor nekta å rette innleveringa, men departementet godkjende til slutt eksamenssvaret. Lothe stridde hugheilt for målsaka. Med det storfelte verket «Målreisingssoga i Sogn og Fjordane» reiste han ein bokleg bauta over dei rydningsfolka som gjekk føre i kampen for nynorsken i fylket vårt. I tillegg kom det andre bøker frå handa hans,

1.mai-fest i 1928. Forsamlinga er Sozialistische Arbeiter-Jugend Gruppe «Rote Pionere», Hamburg-Bergedorf. Hans Lorenz har markert eit kryss ved seg sjølv. 49


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Det var AUF-avisa «Den Røde Ungdom» som trykte namna på dei som støtta bygningsarbeidaratreiken.

Førelegget Anders Lothe fekk for å ha støtta dei streikande bygningsarbeidarane i 1928. På sida har han notert «Denne fekk eg av ein politimann i Eidsvollsgalleriet. Eg var i møte i Lagtinget og hadde nett daa ordet medan politimannen venta»

Allereie den 3. mai valde bygningsarbeidarar i Trondheim å gå ut i streik som protest mot skilsdommen. Nokre dagar etter fekk dei følgje av yrkesbrør i mange andre byar. Etterkvart la òg grafikarane ned arbeidet. Ettersom arbeidarane trassa ein lovleg dom, var streiken å rekne som lovstridig. Konflikten må bli sett i samanheng med omlegginga til ein meir konfliktsøkjande strategi frå Norsk Arbeidsgiverforening mot slutten av 1920-talet. Dessutan gav statsøkonomiske problem ei større

politisk forståing for tøffe lønskutt. Regjeringa svarte på den ulovlege streiken med strenge mottiltak.

Men streiken var meir enn ein reaksjon senka realløn. Den var i tillegg ein protest mot dei såkalla “tukthuslovene” - ein serie med lovendringar som kom i 1927. Fleire av endringane provoserte arbeidarrørsla kraftig. Streikebrytarar fekk eit lovfesta vern, samstundes som fagforeingar måtte prove uskuld ved ulovlege arbeidsnedleggingar. Dessutan blei det innført forbod mot å gje pengestøtte til lovstridige streikar. I arbeidarrørsla breidde det seg ei oppfatning av at deira eigne fagforeiningar hadde blitt pålagde å tukte medlemane sine. Eit skilsdomssystem som reduserte løningane kombinert med arbeidarfiendlege lovendringar førte til at mange fekk sympati med dei streikande. Og støtten berre auka då Sosialdepartementet sende ut rundskriv som innebar knallharde sanksjonar mot famiIiane til bygningsarbeidarane. I juni 1928 vart det gjennomført eit storstilt brot på forbodet mot økonomisk støtte til aksjonen. “Den Røde Ungdom”, som var avisa til AUF, trykte ei liste med namn på over 1000 personar som hadde gjeve ei krone til

50

dei aksjonerande bygningsarbeidarane. Mellom dei var Anders Lothe. Slik fortel han korleis det gjekk til: 2. juni vart cirkulæret frå sosialdpt. av 1. juni um at dei streikande er utestengde fraa krinssjukekassane og fattigunderstøttelse kunngjorde i Oslopressa. Same dagen gav eg ei krone til hjelp for dei streikande i harme over cirkulæra. Det var Olsen Hagen som for kring med lista. Med same eg gav krona, spurde eg um ytinga skulde koma i blada. Ja, sa Olsen Hagen. Det er godt, sa eg. Meir vart ikkje snakka daa. Eg gjekk daa ut fraa som sjølvsagt at heile arbeidargruppa ytte pengar. 3. juni, - sundag, - fekk eg vita at mange negta aa gjeva noko, - soleis Hjelmtveit og Udland. Det var bra, sa Oscar Torp i telefonen til Olsen Hagen då han fekk vita at eg hadde gjeve. 6. juni kom politiet til Stortinget og tok med seg Helga Karlsen, Børge Olsen-Hagen, Fredrik Monsen og Olav Oksvik til forhøyr. 11. juni var det Lothe sin tur å møte opp på politistasjonen i Møllergata 19 og forklare seg. Men han nekta å forklare noko som helst, og fekk 500 kroner i bot, subsidiært 18 dagar i fengsel. Rundskrivet Lothe viste til kom frå Sosialdepartementet og slo fast at det ikkje var høve å yte fattighjelp til dei


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

streikande sine familiar. Ektefeller og born som hamna i ein vanskeleg situasjon som følgje av inntektstap, kunne difor ikkje rekne med ei offentleg handsrekking. Dette reagerte Lothe kraftig på: Samfundet kan ikkje haandheva ei voldgidtslov på ein slik brutal og hedensk maate som det her er sett i verk. For arbeidarane er det straff nok aa vera kasta ut av sitt vanlege arbeid, um dei ikkje og skal lote sjaa paa at huslyden gaar til grunne. Mi stilling: Ut fraa mine religiøse og politiske synsmaatar, som godtemplar, ein som sjølv har ein stor barneflokk og som gamal pedagog kan eg ikkje vera med paa ein slik sveltekrig mot alle desse huslydarne.

Med sosialistisk støtte frå Tyskland

I Tyskland sat ein ung sosialist og følgde med på streiken i Noreg. Hans Lorenz kom frå Dresden, men budde i Hamburg der han arbeidde i ein bokhandel. I åra 1922-1924 oppheldt han seg periodevis i Hyen. Han kunne difor litt norsk. Høvesvis kjøpte han norske aviser for å følgje med i det han omtalte som sin andre heim. Hans vart så engasjert av det han las om bygningsarbeidarstreiken at han sette seg ned og skreiv brev til Anders Lothe, rett nok på eit litt ustødig norsk: igår kjøpte jeg mig “Aftenposten” og læste, at De og nokre ander kara skal betala 500 kroner eller får 18 dagers fengsel. Jeg trur, at dette er De som står i avisen? Jeg finder de styggt, at de politier kaster de, som segger sit meening, i fengsel. I Tyskland har vi hadt dette før krigen. Også min far sat i fengsel før og med krigen for at han gjørt sozialistisk propaganda. Eg er i ein sozialistisk ungdomsorgani sasjon i Tyskland førar (lederen). I Hyen har ikke jeg segja dette, før de forsto ikke nokke derifra. Men eg er og blir ein ung sozialist og vil mit heile liv sette på, og arbeider på sosialistisk staten. Vis de vere so snil og skrive mig, så vil jeg blir meget takkar.

Anders Lothe skreiv tilbake. Dermed var brevvekslinga i gang. 17. juni tok Hans Lorenz igjen pennen fatt. Nedanfor følgjer ei avskrift av brevet. Med litt godvilje er det mogeleg å forstå innhaldet, sjølv om det er tale om ein merkeleg språkhybrid. Brevet gjev ei interessant skildring av dei politiske tilhøva i Tyskland mot slutten 1920-talet. Om det blas litt på dei norske toppane, var det for svale vindar å rekne mot den stormande uroa som prega Weimarrepublikken. De må har tusund takk, for de har skrift meg igjen. Eg var meget gladig, når postmanden hadde ein brev ifra norge. Når eg ser, er stortingen i disse dager blit uppløyst, og De får reise heimatt igjen. Perioden har vel slutter. Ikkje så er dette oigeblikkelig her i tyskland. De har vel lest, at valgkampen har vert eit stor sieg for arbeiderpartien, sozialistene og kommunisterne, men dette er ikkje nok stemmer til og regjera. Sozialdemokratien som har fået de meste stemmer er i ein vanskelig situasjon. Bere opposisjonere kan dei ikkje gjøre, valgerne vil sjå noke, de forlanger medarbeid i allje staatssaker. Hvad skal nu sozialdemokr. partiet gjøre? De går isamme med borgerlige, all de nasjonale krigspartiet - de gjør ein koalisjon. Eg er vest ein unge revolusjonär, og eg kan ikkje sjå, at arbeider sitter på same borden, som Hinderburgpartiet. Men! No kommer det viktigste! Vi har lang nok stådt i opposisjon, og har ikkje gjort noke i staatsstyre, men de kommer an på, å holer nokre (og er dette liten) ut for arbeidarane. Vi har hadt nesten to år ein koalisjonsregjering i preussen, den viktikste staat i tyskland. Otto Braun er der ministerpresidenten, og vi kan godt segje, at de er meget bedre i den gammle preussiske staat. Kulturpolitiken, finanz å alle de andre (bere ikkje arbeidsministerium!) sakar, har vert ein godt zieg for os. Vis de har interesse førså vil eg forteller litt mejr af sidste valkampen. Det er meget sørgelig, at arbeiderne deler sig i flejre partier. Meget sørgelig er det, at de føre kampen ikke allein mot bourgoisien, de slåst kverandre. I Hamburg har de drapt to unge

Reichsbannermand (de er ein tysk republikansk ?) Kommunisterne og sozialisterne har skåret seg kverandre død. Å bourgoisia lær, dei er glad, når arbeiderne ikkje er enig. I flere byer, på landen osv. har vi de meste stemmer, men vi kan ikkje gjøre nokre, for de at arbeiderne er ikkje sammen. Ja, man vet ikke, hvad man skal gjøre? Vi har mange fine sports- og kulturorganisasjoner her i landet av arbeiderne, men i allje disse klubbar er kampen millom sozialisterne og kommunisterne. Er de der for liten enighet, så er de også for liten makt - men det vorstor de tyske ikkje. Min ønsker er, eit enig og maktoullt arbeiderklasse til kampen mot de internasjonale Kapitalismen. Når vi har fådt dette, har vi gjort mykkje. Eg er her med Hamburg ein sozialistisk bokhandling til å selge. Faren min er i Saksen (Lachgen) forretningstyrar på ein soz. avis. Eg lever meget vel. Min arbeidstid er ad klokken 8-13 15-19. Med aften går vi til ungdomslaget. Vi har nokre skolrumar, der kan vi holde før drager osv. Lørdag går vi å vandre i naturen. Vi kan sitte heile uken i huset, men søndage går vi ut. Dette er arbeiderungdom. Med same brevet sender eg Dem nokre saker av vår forening. Med de hjærteligste helsing og takk for Deres brev. Hans Lorenz Vis De ser nogen av Hyen, vil De hilse dem!

Kjelder •• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2000009 Lothe, Anders •• Wulff, Signe Marsdal: Tvers igjennom lov til arbeidsfred : bygningsarbeiderstreiken 1928. Oslo : S. Wulff, 1980 •• Knutsen, Paul: Korporatisme og klassekamp : studier i forholdet mellom Norsk arbeidsgiverforening, fagbevegelsen og statsmakten, 19151928. Oslo : Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Oslo, 1994 •• Oslo stein-, jord- og sementarbeideres forening gjennom 100 år : 1895 10. februar 1995 51


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Mat frå arkivet

Av Kjerstin Risnes

Russedessert - kan vere eit smakfullt tips til juledesserten. Lekker rosa på farge, søt, syrleg og lett som ei sky. Ingrediensane er få, og framgangsmåten er enkel. Ein dessertklassikar som fortener å bli løfta fram igjen på matborda våre.

Biletet viser husmorskulen i Kroken på 1930-1940 talet med hovudhuset og den store fjøsen. Postkortet vart sendt av Anna til Gjøri Holstad i Vik, og krysset på huset viser kvar vikjajentene hadde soverommet sitt.

Russedessert slik han vart laga på Kroken husmorskule Denne gongen har vi henta oppskrifta frå Kroken husmorskule i dåverande Hafslo kommune, no Luster kommune. Kroken husmorskule er tredje lekken i historia om «Jenteskulen i Holmedal», som vandra frå Holmedal, til Svanøy og vidare til Sogn. «Jenteskulen i Holmedal» var den fyrste offentlege hustellfagskulen i landet, oppretta i 1877. Då skulen hamna i Kroken i 1897, vart han verande der i godt og vel 100 år før han vart flytta til Hafslobygda. I dag er skulen i Hafslo lagt ned og innlemma i Sogndal vidaregåande skule. Nemningane praktisk jenteskule og husmorskule er borte i tråd med utviklinga, men lat oss håpe at dei som i dag går på lina for kokk- og restaurantfag vert kjend med gamle matrettar som russedessert eller russekrem, som mor mi kalla det. 52

Det var ikkje berre matlaging som stod på læreplanen til elevane i Kroken. Her er elevane på årskullet i 1924 i full sving på arbeidsstova. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol. Dei andre er ikkje identifiserte.


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Gruppebilete frå husmorskulen, truleg i 1918. Her er elevane iførte den «offisielle» påkledinga med kvite, reine, nystrokne forklede og hovudplagg som heldt håret langt unna maten. Fotograf: Samson Brathole

Når russekremen skal piskast lys og lett, brukar dei fleste av oss elektrisk visp. I 1925 vart det nok hjulvispen som var i bruk, og her testar Kyrre Vangsnes ut denne reiskapen, som i dag er ukjend for mange.

Den 7.februar 1925 var det Sofia Bolleberg, Elisabeth Bøen, Ella Upheim, Eli Skjerdal, Mathilde Nesje, Maria Leirmo, Sunniva Hareid og Anna Lien som hadde kjøkenteneste. Denne dagen skulle dei mellom anna lage avkokt salt sild med poteter, får i kål, saftsuppe med byggryn og russedessert.

Russedessert, 4 porsjonar

Oppskrifta er henta frå ei av kjøkendagbøkene til skulen. I arkivet finn vi ikkje reine kokebøker med framgangsmåte, berre desse dagbøkene der det står kven som skulle vere på kjøkengruppa, kva dei skulle lage denne dagen, ingrediensar og kor mange porsjonar oppskrifta er mynta på. Framgangsmåten står difor for vår rekning.

•• ½ l ublanda saft (raud saft) •• ½ vatn •• sukker •• 100 g semulegryn Bland saft og vatn. Hugs at blandinga må smake ganske sterkt elles vert det lite smak på desserten. Ha safta i ei panne, smak til med sukker, kok opp og dryss i semulegryna. Lat det koke i om lag 15 minuttar til saftgrauten er tjukk. Hugs å røre så det ikkje set seg fast i botnen. Ta panna av plata. Ha i ein bolle og pisk til alt er lyst og luftig. Set desserten kaldt. Server med mjølk, fløytemjølk eller kanskje vaniljesaus og nyt..

Kjelde: •• Arkivet etter Luster vidaregåande skule. Kjøkendagbok for Kroken husmorskule, 1925-1926.

Berre lekkert. Ver så god! Fotograf: Henning Rivedal 53


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Nye medarbeidarar

Av Synnøve S. Bjørset

Fylkesarkivet har den siste tida fått tre nye medarbeidarar. Bli betre kjende med dei her! Satsing på ordning- og digitalisering

Kommunearkivordninga har starta arbeidet med å byggje opp ei ny ordnings- og digitaliseringsteneste, og det var heile 67 søkjarar til stillingane som vart lyst ut. Denne månaden starta to nye medarbeidarar opp i engasjement knytt til utvikling av denne tenesta. Hege Mari Kolseth frå Nordfjordeid har master i litteraturvitskap frå UiB. I masteroppgåva si skreiv ho om Harry Potter, medan ho på fylkesarkivet no arbeider med å skanne kommunale byggesaksarkiv.

- Eg har trivst godt i jobbane eg har hatt før, men her på fylkesarkivet har eg nok hatt dei beste første fjorten dagane på ny jobb nokon sinne. Arbeidsmiljøet er godt, eg har fått god opplæring, og kollegaene er kjekke! Dorthea Rennestraum Alisøy frå Fjaler kom til fylkesarkivet alt i juni, og hadde då sommarjobb som medarbeidar i prosjektet «Skulen min». Arbeidet var knytt til å registrere skuleprotokollar, synfaring av skulehus, og formidling på nett.

folkebibliotek og som arkivar i Jakob Sande-selskapet. I den nye stillinga her på fylkesarkivet arbeider ho med å ordne og registrere kommunale arkiv.

Vikar ved fotoarkivet

Fylkesarkivet forvaltar store kulturhistoriske fotosamlingar frå fylket, og publikumstenestene våre på fotoområdet er svært mykje nytta. Javad Montazeri har sidan august fungert i eit vikariat på fotoarkivet vårt. Han har meir enn 20 års erfaring som fotograf, og som fotoredaktør i Iran og hjå store internasjonale nyhendebyrå som Reuters og World Picture News. - Å arbeide med fotoarkiv er heilt nytt for meg som fotograf, men eg elskar utfordringa! Eg veit det er mange nye ting som ventar på meg, og eg gler meg til å lære meir. Eg er dessutan svært nøgd med å kunne bu og arbeide omkransa av så vakker natur, frisk luft, gode folk og vennlege kollegaer.

Montazeri kom til Noreg i 2009 F.v.: Dorthea Rennestraum Alisøy, Javad Montazeri og Hege Mari Kolseth i magasinet. Foto: Javad Montazeri / etter at iranske Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Datering: 2017. myndigheiter sette pressefridomen - Det er eit stort sprang! Men etter - Sommarjobben gav meirsmak! Arkiv under høgt press. Han har sidan etablert mange år med studiar er det tilfredsstil- er spennande, og kombinasjonen seg som frilansfotograf med ei rekkje lande å gjere noko handfast og konkret. formidling og lokalhistorie gjer dette til eigne prosjekt og oppdrag for mellom Eg likar å ha orden i sakene. Rydde og ein ideell arbeidsplass for meg. Det er anna Bergens Tidende, Morgenbladet få ting på stell. veldig kjekt å stadig få ny kunnskap. og Adresseavisen. Seinare har han også arbeidd som fotograf for NRK Tidlegare har Kolseth arbeidd innan Alisøy har studert nordisk språk og litTrøndelag. fleire bransjar, mellom anna på bakeri, teratur, og nyleg levert masteroppgåve som selgar, og på vidaregåande skule. i historie der ho skriv om nomader Vi er svært glade for at desse tre i Midt-Austen i antikken. Tidlegare dyktige medarbeidarane har starta hos har ho hatt sommarjobb ved Fjaler oss! 54


Kjelda, nr. 2 – 2017, årgang 26

Fylkessoga for Sogn og Fjordane - årets julegåve til lokalhistorieinteresserte Sogn og Fjordane fylke skal snart leggjast ned som eige fylke, men historia om det flotte fylket vårt er no komen i bokform. Gjennom dette praktverket vil fylkeshistoria vår leve vidare.

Vi gratulerer Sogn Jord- og Hagebruksskule med driftige 100 år ! Sogn Jord- og hagebrukskule har hatt sine utfordringar, oppturar og nedturar i fleng, men no er det optimismen som rår. Lukke til med nye 100 år !

Mest sju år er gått sidan fylkestinget vedtok at det skulle skrivast ei fylkessoge, og i oktober vart dei fire banda ferdige. Historikar Finn B. Førsund skal ha ei stor takk for at han løfta fram i ideen som no er realisert. Soga om Sogn og Fjordane fylke fortel om utviklinga frå tida då breane trekte seg attende og fram til i dag. Praktverket er ei spanande reise i tid. Her kan vi følgje folket og fylket frå det første primitive samfunn til dagens moderne velstand- og velferdssamfunn. Kanskje vil du også finne svaret på kvifor fylket vårt er som det er blitt?

Arbeidet har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) og Høgskulen i Volda. Fylkesarkivet har også eit visst «eigarskap» til verket både gjennom bileta vi har levert og diverse arkivmateriale.

Elevar frå jordbruksskulen i Aurland på veg heim til påskeferie i 1939 med M/B ‘Stavenes’. Frå venstre Jon O. Halset, Gunnar Lønne, Bjarne Geithus og Ragnvald Nedreli. Bak dei står Erling Ekrene, og heilt bak Nils J. Fimreite og Arnfinn Risløv. Foto: Fylkesarkivet

55


Avsendar Fylkesarkivet Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.