Kjelda nr. 2 2012

Page 28

kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 28

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

som kjem til å bli stilte under årets Førdekonferanse. Blant innleiarane finn ein namn som Egil Bjørnsen (seniorforsker ved Agderforskning), Kristian Tolonen (analysesjef i NRK), seniorrådgjevar James Doeser frå Arts Council England, og Anne Enger (leiar av kulturutgreiinga 2014). Vidare understreker Bjørkum Førdekonferansen sin verdi som nettverksarena. Det er essensielt å knytte kontaktar med andre som driv med noko av det same. «Ofte blir det sagt at pausane på slike konferansar kan vere vel så viktige som sjølve innhaldet på konferansen!» seier ho.

Årets artistar – lokalt, nasjonalt, internasjonalt «Det er fleire av artistane på årets program som eg har tenkt på i fleire år,» seier festivaldirektøren. Når bookinga endeleg går i boks er det stor stemning på kontoret, skal me tru Bjørkum. Ho fortel at bookinga er ein kombinasjon av lang erfaring, fagkompetanse og nettverk. «Nokre av artistane har me valt ut på bakgrunn av at me kan vise at tradisjonane deira er eit resultat av fredeleg sameksistens mellom ulike folkegrupper og kulturar». Eit døme på dette er israelskfødde Yasmin Levy, som formidlar den spansk-jødiske musikktradisjonen ladino. «Anoushka Shankar sin musikk er ei samansmelting av den indiske ragamusikken og den uttrykksfulle flamenco-tradisjonen. Ho er dessutan kresen på kvar ho vel å spele, så ho er me stolte av å ha på årets program. Eg gler meg sinnssjukt!» strålar Bjørkum. «Også skal me jo ha Frikar,» held ho entusiastisk fram. Framsyninga er rørslekunst av fremste klasse, der den norske hallingen møter kung fu-tradisjonen frå Kina. «Dette er eit heilt nytt prosjekt med nykomponert musikk av Marco Paus, som kjem til å bli kjempespanande.» Festivaldirektøren peiker og på festivalen sin posisjon som familiearena. «Me legg til rette for at vaksne og barn skal kunne oppleve noko på same 28

arena», fortel ho. Det er dessutan fleire gratisarrangement kvar dag.

Festivalstaben er engasjerte folk som viser mykje innsatsvilje».

Utanriksdepartementet (UD) løyver midlar til festivalen, i høve eit internasjonalt talentprosjekt for unge musikarar som festivalen gjennomfører i samarbeid med Rikskonsertane. Talentprosjektet har vore ein fast del av Førdefestivalen sidan 1995. Idéen er at unge musikarar frå to andre land kjem til Førde og møter unge norske utøvarar. I år kjem deltakarane frå Marokko og Tunisia, i tillegg til trioen Vrang frå Bærum.

Om nokre veker brakar det igjen laus i Førde, for 23. år på rad. Og ho som står bak og trekk i trådane, er ei dugande dame med hjarte for folkemusikk og -dans. Festivaldirektøren har rett når ho seier at Førde er ein liten plass i eit lite fylke i eit lite land. Men større kulturopplevingar enn dei publikum sit igjen med etter eit besøk på Førdefestivalen, skal ein leite lenge etter.

Ein må aldri kvile «Det har vore fantastisk lærerikt å arbeide med festivalen så lenge. Det å leggje til rette for store opplevingar for folk er utruleg gjevande,» seier Hilde Bjørkum. «Det er viktig å hugse på at ein aldri må kvile. Me har fått mykje ros, og somme gonger har me fått peppar.» For festivalleiinga har det vore viktig å halde fast ved festivalen sin profil og eigenart. «Somme tider har me fått spørsmål om me kan ta inn artistar som plasserer seg i det meir kommersielle segmentet, men me har prøvd å halde litt på festivalprofilen vår. Som knutepunktfestival har me plikt til å servere noko publikum ikkje kan få overalt. Kvifor skal publikum kome til Førde dersom dei like gjerne kan høyre same artist spele konsert i Oslo?» Bjørkum fortel av 42 % av dei besøkjande kjem frå andre fylke enn Sogn og Fjordane. Festivalen har eit veldig trufast publikum. «Publikum er nyfikne og dei kjem att år etter år, og dugnadsfolket er utruleg duglege, men eg må samstundes lovprise staben. Festivalen har opparbeidd ein flott stab. No er me seks stykk som står på, somme stunder døgeret rundt.

Årets Førdefestival er torsdag 5. – sundag 8. juli. Les meir på www.fordefestivalen.no Kjelder: • www.fordefestivalen.no • NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 65 64 00 Eller send e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.