Page 1

kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 2 - Juni 2012. Ă…rgang 21

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 2

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

La oss verne om frivillig sektor La oss verne arkiva frå frivillig sektor i Sogn og Fjordane. Dei er viktige. Dei dokumenterer samfunnet slik det er no. Vår moderne samfunnsform er tufta på eit samspel mellom offentleg og privat sektor og den såkalla «tredje sektor»: frivillige lag og organisasjonar. For å ta to gode døme innan arbeidsliv og idrett: Fagforeiningane speler ei viktig rolle i lønsdaninga og som ivaretakar av den einskilde sine rettar på arbeidsplassen. Dei har vore med å forme velferdssamfunnet slik det er i dag. Idretten si rolle i samfunnslivet er og sentral. Kanskje særleg i bygder og lokalsamfunn. Idrettslaget sine aktivitetar er viktige innslag i kvardagslivet til tusenvis av born og unge kvar dag. Idrettens viktige rolle som sosial arena og møteplass for born og unge trur eg nesten er vanskeleg å overdrive. Når historia om Noreg i det 20. og i starten av det 21. hundreåret skal skrivast, anten det er på nasjonalt nivå, eller i lokalsamfunnet, er kunnskap om frivillig sektor avgjerande. På tross av ei massiv

utbygging av offentlege tenester og velferd dei siste 50—80 åra, er frivillig sektor framleis ein heilt sentral del av vårt samfunn. Det finst vel knapt ein nordmann i dag som ikkje er medlem i ein eller annan foreining, og som bidreg på ein eller annan måte, anten gjennom kontingenten eller som frivillig. Utan eit rikt og mangfaldig kjeldetilfang frå denne verksemda, vil vi ha ein mykje fattigare kulturarv å bringe med oss til framtidas generasjonar. Det syner seg at i fylke som Sogn og Fjordane er frivillig sektor særleg viktig. I grisgrendte strøk og i små bygdesamfunn, er det ofte frivillig innsats gjennom lag og organisasjonar som utgjer berebjelken i bygdeutviklinga. Fylkesarkivet har samla inn fleire hundre lag og organisasjonsarkiv dei siste 20 åra. Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane er eit godt døme på korleis ei systematisk innsamling over lang tid kan gje gode resultat. Arbeidararkivet vart skipa i 1989, som eit samarbeid mellom

Redaksjon Snorre Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 67 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Bodil Marie Nornes (prosjektarbeidar), bodil.marie.nornes@sfj.no

Fylkesarkivet, LO, Arbeiderpartiet og AOF i Sogn og Fjordane. Føremålet er å sikre arkiv og kjelder etter organisasjonar knytt til LO-systemet og partia på venstresida i norsk politikk. Gjennom årlege, frivillige bidrag frå fagforeiningar og partilag, har det vore muleg å samle inn og ordne nærare 300 arkiv, frå store og små partilag, fagforeiningar, AUF og andre organisasjonar. Vi har og gjennomført dokumentasjonsprosjekt på faner og gjennomført lydopptak av veteranar. Samstundes som arkiva vert sikra, vert mykje av informasjonen digitalisert og gjort tilgjengeleg for alle på Internett. Modellen har synt seg berekraftig, og gitt gode resultat over tid. Eg trur at opplegget har overføringverdi til andre delar av frivillig sektor og. Eit samarbeid på liknande måte innan t.d. dei andre politiske partia, bondeorganisasjonane og idretten i fylket, berre for å nemne nokon, vil føre til ein meir planmessig dokumentasjon av den tredje sektor i Sogn og Fjordane. I neste omgang kan det bidra til å utløyse ressursar til å ta vare på dagens organisasjonsarkiv. Arkiva som blir skapte i dag er jo som kjend i hovudsak elektroniske. På kva måte dei kan sikrast som gode og truverdige informasjonskjelder for framtida er framleis uklart. Her er det ei stor utfordring som ventar.

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Fotograf: Knut Aaning. Datering: 1900-1922. Har du meir informasjon om dette biletet, kontakt Fylkesarkivet.

2

Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 3

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Innhald • Leiar Av Snorre D. Øverbø.......................................................................................................................................................................................................... s. 2 • Glimt av historia til Sogns Barneheim Av Kjerstin Risnes ............................................................................................................... s. 4 • Forordning om skussmål og løfte for ekteskapstrolovelser og vielser 1695 Av Bodil Marie Nornes.......................................................................................................................................................................................................................

s. 13

• Barnevernet - ei historie full av gode intensjonar Av Cecilie Astrup Bustad ................................................................. s. 14 • Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr Av Elin Østvik .............................................................................................. s. 18 • Bøker om lokale idrettslag Av Randi Melvær ................................................................................................................................................. s. 19 • Jordmortenesta i Davik kommune i dei første åra etter kommunen vart oppretta Av Bodil Marie Nornes .....................................................................................................................................................................................................................

s. 20

• Smed i Sogndalsfjøra Av Per Olav Bøyum............................................................................................................................................................... s. 21 • Tilsynsutval Av Marit Anita Skrede.................................................................................................................................................................................. s. 23 • Smakebit frå arkivet til Ytre Fjordane Kraftlag Av Bodil Marie Nornes.......................................................................... s. 24 • Musikken endrar oss som menneske Av Erle Hind.................................................................................................................................. s. 25 • Den 2. Verdenskrig - Nøytraliseringsvakt i Måløy høsten 1939 Av Roald Skram............................................... s. 29 • Handelsbua i Eidsbakkane på Skjolden Av Elin Østevik................................................................................................................... s. 32 • Førde kommune har avlevert arkivet sitt Av Marit Anita Skrede................................................................................................ s. 35 • Havfolk og fjordfolk: allmennsoge for Askvoll, bind II Av Per Olav Bøyum............................................................... s. 37 • Skuleavisa Solglytt ................................................................................................................................................................................................................... s. 38 • Tilvekst til biblioteket 16.02.2012-16.05.2012 Av Randi Melvær................................................................................................ s. 39

3


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 4

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Glimt av historia til Sogns Barneheim Av Kjerstin Risnes

Barneheimshistoria er ei historie som m.a. handlar om at nye tankar om barndom vart sette ut i praksis og om den sentrale plassen filantropien hadde i dette arbeidet. Det er historia om eit brennande engasjement for dei svake og hjelpelause, men også om barn som misjonsmark der makt og omsorg gjekk hand i hand. I denne soga har også Sogns Barneheim, 1891-1974, på Leikanger sin plass. I denne artikkelen vil vi ta ein glytt inn i historia til barneheimen fram til 1950-talet.

Slik tona songen då lekfolk frå heile Sogn den 22. oktober 1891 var samla og skreiv seg inn i institusjonssoga i Sogn og Fjordane ved den høgtidlege opninga av Sogns Barneheim i Leikanger. Den fyrste, og det som skulle bli den einaste barneheimen i fylket låg der, midt i ein frukthage på tjukkaste bygda. Eit retteleg nyhende var han, langt frå byen og byens fattigdom der slike moderne institusjonar hovudsakleg fann sin plass, som følgje av dei store samfunnsendringane i denne perioden. Sogns Barneheim var eit reint religiøst-filantropisk motivert prosjekt som vi i det fylgjande vil sjå litt nærmare på.

Bakteppe Huset bygges, hjemmet trygges, Hjemmet trygges de smaa til ly; For dem herinde livet oprinde, Livet oprinde med lovsang ny. Huset bygges, hjemmet trygges, Hjemmet trygges de smaa til ly.

I Noreg skjedde det ei storetablering av barneheimar frå om lag 1870 til 1920. Sogns Barneheim vart etablert relativt tidleg i denne etableringsboomen, som ein av dei få barneheimane på bygda. Dei fleste barneheimane låg

Grunnleggjaren, Jacob Walnum (18511925), sokneprest i Leikanger. Originalfotoet på 40 x 60 cm i eikeramme vart gjeve som jubileumsgåve til barneheimen i 1941 saman med eit tilsvarande av broren Hersleb Walnum, sokneprest i Vik. I styreprotokollen står innført: "Bileta av brørne Walnum er komne på plass i storstova og vil dagleg halda minne levande um den gjerning som dei vart kalla til ved å reisa Sogns Barneheim." Fotograf: Eivind Enger

Utsyn mot Husabø, Hamre og Hanehaug, ca 1910. Det store huset ved sjøen var Sogns Barneheim. Fotograf: ukjend

4


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 5

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

elles langs kyststripa frå Østfold til Hordaland. Framveksten av barneheimsinstitusjonen vert knytt til ei felles europeisk institusjonsrørsle på 1800-talet, der løysinga på mange samfunnsproblem låg i institusjonar. Mange filantropar var med rette skeptiske til dei offentlege utplasseringane i private heimar eller offentlege institusjonar. Skepsisen galdt både den materielle og åndelege standarden dei utsette barna levde under. Den private barneheimsinstitusjonen vart såleis lansert som eit alternativ og supplement til dei offentlege tilboda. Målet

var tosidig, samfunnets beste og barnets beste, ved hjelp og kontroll. Dei fleste barneheimane som vart bygde i Noreg var private, og hovudaktørane var dei religiøse filantropane. Deira hovudmotiv var ynskje om å redde barnas sjel for Herren, kor kroppsleg omsorg og pleie var meir å sjå på som eit middel enn eit mål i seg sjølv. Fleirtalet av barneheimane var private og sjølv om barn vart sett på den offentlege dagsordenen i større grad enn før, såg dei statlege styresmaktene på barneheimane som private prosjekt, kor eigarane sjølve måtte syte for

driftsmidlar gjennom gåver og innsamlingar. Barneheimane levde i stor grad eit anonymt tilvere, rimeleg fritt for innsyn og tilsyn og mange av barna levde såleis ei lukka verd, i ein total institusjon. I etterkrigstida kom barneheimstanken etter kvart i utakt med dei faglege råda om kva som var barns beste, og barneheimar vart i stor grad ei naudløysing.

Kort om institusjonen Sogns Barneheim Sogns Barneheim, 1891-1974, vart skipa og driven av indremisjonen i Sogn. Institusjonen vart styrt av eit overstyre med representantar frå prestar og lekfolk frå inst til ytst i Sognefjorden, samt eit lokalt styre med overvekt av representantar frå Leikanger. Hos lekfolket fanst det personressursar med både åndeleg, politisk og verdsleg makt. Mange av bygdas beste menn, bønder, prestar og lærarar fann seg vel til rette i den tette fellesskapen med felles mål om gjenkristning av landet og utvikling av lokalsamfunnet til det beste for Gud og menneske. Ideen om ein barneheim kom frå sokneprest i Leikanger Jakob Walnum, og det hadde neppe blitt nokon barnheim i Sogn utan han. Han var idérik og hadde ein ustoppeleg trong til kristeleg byggjande verksemd. Han var ein autoritet med personlege ressursar og eit solid personleg og fagleg nettverk, strategen som tok i bruk dei ressursane indremisjonen representerte. Prestenettverket og lekmannsrørsla var ein uslåeleg kombinasjon når barneheimen skulle etablerast og fundamenterast.

I mange år stod det måla på langveggen mot sjøen: Sogns Barneheim 1891. Biletet er frå kring 1935 og borna på heimen, styrarparet Alfred og Signe Aalen og ei tenestejente er fotograferte i Strandavegen utanfor stakittgjerdet. Fotograf ukjend

Etableringa av barnheimen kom ikkje som resultata av store samfunnsendringar i regionen, men i samfunnet generelt. Det var ope for nye impulsar og nye idear og då Walnum kasta fram denne tanken, greip mange lekfolk han. Misjonen var ein informasjonsog inspirasjonskanal som femna vidt, og folk fekk nye idear og tankar gjennom det store religiøse samfunnet. Det var difor hos lekfolket, og indremisjonen i sær, det ideologiske 5


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 6

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

og økonomiske grunnlaget for å realisere ein barneheim låg. Sogningane kjende godt til fattigdom og ulivnad. ”Alle” kjende til barn som levde i materiell og åndeleg naud. Barn som rak rundt på gardane, som vart bortakkorderte til andre fattige, barn som budde hos gamle, fattige besteforeldre som ikkje var i stand til å ta seg av dei osv. Å utøve gjerningsmisjon i form av nestekjærleik og kristen omsorg for slike verjelause små gav meining, og det religiøse var både legitimerande og motiverande faktorar i barneheimsetableringa. Det økonomiske fundamentet for etablering og drift kvilte på det frivillige gjennom gåver og medlemsinnsats. Dei religiøse filantropane i Sogn var jamt over ikkje rike på gods og gull, men dei hadde misjonssamvit og gåver til misjonsarbeid var ei gjengåve til Gud. For indremisjonsfolket var også misjonsgåver ei plikt i arbeidet med nykristninga av landet. Det religiøse utgjorde såleis drivkrafta og var basisen for det økonomiske fundamentet til barneheimen, i form av pengegåver og naturalia. Trass i kommunal betaling for bruk, det var dei frivillige, primært lekfolket og deira kontaktnett som heldt liv i barneheimen. Økonomisk var barneheimen inga gullgruve, og i periodar sleit dei hardt, men frå slutten av mellomkrigstida lysna det grunna større gåver, sparsemd, lite barnetal og redusert bemanning. Sogns Barneheim var for dei vanlege barna, dei fattige, foreldrelause og eventuelt vanskjøtta, ikkje dei utagerande, dei kriminelle barna. Barneheimen var i fyrste rekkje tenkt å rekruttere barn frå Sogn, men det hende at dei tok i mot barn frå andre deler av landet og fylket. Dei barna som kom frå andre deler av landet, var primært barn som hadde ein eller begge foreldra frå fylket eller Sogn. Det besluttedes at opptage et børn fra Leikanger efter nærmere bestemmelse. Endvidere to foreldreløse børn fra Aardal, anbefalet af sogneprest Jakobsen. Ligesaa et børn paa 6

Søndagsskulen i Leikanger, ca 1940, fotografert framføre Sogns Barneheim, i Strandavegen. Dei vaksne bak i høgre hjørne, frå venstre, er truleg søndagsskule-lærar Hansine Moen og styrar på barneheimen Unni Henjum. Eigar: Aasa Høyum Husabø Fotograf: Olga Høyum

omtrent 2 aar fra Sognefest, anbefalet af Jørgen Pedersen. Ligesaa to børn fra Jostedalen, (…) og(…), anbefalet af sogneprest Børresen. Ligesaa en gut fra Hafslo, anbefalet av Fredrik Fraas. Optagelsen skjer ved nytaar. Dette styrenotatet viser eit gjennomgåande trekk ved søknadane, spesielt den fyrste tida. Det var einskildpersonar i heimekommunane som søkte barna inn, og innsøkjarane var gjerne personar med autoritet, som t.d. presten. Eit anna trekk er at det ofte var folk knytte til overstyret og indremisjonen som søkte dei inn. Det offentlege var ein viktig leverandør av barn til Sogns Barneheim frå første stund og mot 1920 var det stort sett fattigstyra som søkte inn barn. Det religiøse nettverket med lekfolk og prestar var i stor grad også representerte her. Det var sjeldan at foreldre sjølve bad om plass, men det hende. Den praktiske og økonomiske situasjonen mange foreldre møtte når det økonomiske og familiære sikkerheitsnettet rakna, var fortvilande. Foreldre kunne då freiste alle utvegar for å finne gode løysingar for seg og barna slik som den mora som bad så inderleg om plass for sine fem små, samstundes som ho sjølv ynskte å få teneste der. Dette er ikkje det einaste dømet på at foreldre såg på bortplassering på barneheimen som ei løysing på å få vere i nærleiken av

barna sine og då aller helst saman med dei. Men det fekk dei ikkje, praksisen var at kontakten med barna vart avskoren når dei vart plasserte på barnheimen og foreldra måtte skrive under på at dei gav frå seg råderetten til barnet var konfirmert. Barneheimen var open for begge kjønn, sjølv om dei i periodar prioriterte jenter. Aldersgrensa var to år, men det hende ein gong i blant at yngre barn fekk plass. Det vart aldri sett noko øvre aldersgrense, men det vaks fram ein inntakspolitikk der barn under ti – elleve år vart prioriterte. Spesielt galdt dette gutar. Barna skulle elles vere friske, døypte og vaksinerte. Både innsøking og opptak var sterkt prega av det religiøse nettverket sin medverknad. Dei var aktive på innsøkingssida, men påverka også sjølve inntaksprosessen. Når presset var stort frå venene, kunne prinsipp bli sett til sides og skjøn og fleksibilitet utøvd. Venene hadde også ein viktig kontrollfunksjon i sjølve opptaksprosessen med å kontrollere barn og bakgrunnen deira når styret kjende seg usikre, og sameleis når det kom førespurnader om å få overta eit barn som sitt eige.

Livet på barneheimen Om lag 200 barn har hatt store deler av barndommen sin ved Sogns


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 7

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Barneheim. Her vaks dei opp i ein barneheim som var eigd og driven av indremisjonen, ein organisasjon som skilde skarpt mellom dei truande og ikkje truande og med ein sterk religiøs fellesskap som fungerte som eigne samfunn i samfunnet. Pietistane hadde eit strengt normverk, synda låg på lur over alt og ein måtte difor ha ein livsførsel som ikkje kunne føre til synd. Det lettpåverkelege barnet måtte også vernast mot mogeleg uheldig påverknad frå den nære verda. Omgang med barn som ikkje høyrde til dei rette og vekte kunne bli problematisk. Då var det tryggare å halde barnet innanfor den religiøse fellesskapen. For barna ved Sogns Barneheim skulle det bety at opplæring, oppdraging og sosialisering primært skulle skje innanfor institusjonen i indremisjonens bilete. Eigenvilje og spor av tidlegare liv måtte brytast ned. Det betydde også minimal kontakt med familien. Eigen skule i mest 30 år forsterkar biletet av ein total institusjonen, i stor grad isolert frå omverda og med minimalt med innsyn frå styresmaktene som skulle sjå til at barnheimen vart driven til barnas beste.

Ein gjennomregulert kvardag Korleis såg så kvardagen og livet ut ved Sogns barneheim? Ytre faktorar som økonomi og dermed personaltilgang måtte leggje føringar på drifta, men ideologi og oppdragingsideal gav dei verdinormene som barneheimen skulle styrast etter. Disiplinering, orden og struktur var viktige element i samtidas oppdraging då barneheimen starta opp. Barna som kom til Sogns Barneheim måtte ha ulike oppfatningar om ein heim. Nokre av barna hadde utvilsamt ein bakgrunn der heimetilhøva var prega både av manglande struktur og orden, medan andre igjen kom frå enkle, men vanlege kår med både skuleplikter, arbeidsoppgåver og faste rutinar. Ein regulert dagsrytme var såleis ikkje ukjent for mange av dei. Slike dagsplanar som vist nedanfor var ikkje spesielt for Sogns Barneheim. Plan, orden og arbeid var kvardagen på både skule- og barneheim.

Dagsplan for Sogns Barneheim anno 1892:

Børnene vækkes Opredning af sengene, rengjøring, ovns-ilægning, skopudsing og vadsk Frokost og andakt Praktiske arbeider Skole Middag Middagshvil Sløid, handarbeide, stopning og lapning eller vask Mellommad Hvile til Lektielæsning Fritid til Andakt Sengetid I kva grad og kor lenge denne planen vart fylgd, gjev ikkje kjeldene sikkert svar på. Ei dagbok frå 1920, som styraren førte over dei ulike gjeremåla til barna, viser nøyaktig førte lister, veke for veke og kven som gjorde kva. Huset var stort og med unntak av dei private romma til personalet, var både inne og uteområdet inndelt i arbeidsstasjonar som gjekk på omgang. Då barna vart flytta over til den offentlege skulen, måtte dagsplanen endrast, men det kan sjå ut til at hovudtrekka stod fast fram mot andre verdskrig. I den tida barneheimen hadde eigen skule vart lekselesinga gjort under oppsyn av lærarane, som også hadde ansvar for å sjå etter barna den vesle timen dei hadde fri. Oscar Lilleøren kom som sjuåring til barneheimen i 1934. Han fortel i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane at leggjetida var kl. 19.00, sommar som vinter. Om sommaren når sola skein og dei andre ungane bada og hoppa i fjorden, var det heller inga bøn. ” Leggjetida var fast takst ”, som han seier.

Bøn og arbeid, leik og fritid Faste arbeidsoppgåver var ikkje spesielt korkje for barneheimsbarna eller andre barn på bygda, spesielt dei som var knytte til primærnæringane. Dette var vanleg fram på 1960-talet. Arbeid var opplæring, arbeid sosialiserte og

Sommeren Kl. 6

Vinteren Kl. 6 ½

Kl. 7 Kl. 7 ¼ Kl. 8 – 9 Kl. 9 – 12 Kl. 12 Kl. 12 ½ - 1 ½

Kl. 7 ¼ Kl. 7 ¼ - 8 Kl. 8 - 9 Kl. 9 - 12 Kl. 12 Kl. 12 ½ - 1½

Kl. 1 ½ - 4 Kl. 4 Kl. 5 Kl. 5-7 Kl. 8 Kl. 8 Kl. 8 ½

Kl. 1 ½ - 4 Kl. 4 Kl. 5 Kl. 5-7 Kl. 7 ½ Kl. 7 ¾ Kl. 8 ¼

disiplinerte. Kristenfolket stod lenge sterkt innan fagorganisasjonane i barnevernet, og dei faglege råda langt inn på 1950-talet gjekk også ut på å bruke bøna aktivt. Bøn og arbeid ville gje barna ein harmonisk karakter, og bøn ville løyse dei fleste flokar. Arbeidsoppgåvene i barneheimen oppfylte såleis fleire funksjonar, men dei var også naudsynte for å halde talet på tilsette nede då barneheimen i store periodar sleit med dårleg økonomi: Det er nu god hjelp i de fleste av barna, og vi har da ogsaa greiet det med saa liden tjenerhjelp uden at leie noget (udenom skoarbeide). Barnas arbeid var såleis ein viktige økonomisk innsatsfaktor i institusjonsdrifta. Styrardagbøkene frå 1900-1920 viser at det vart sett av ei veke kvar vår til ulikt praktisk arbeid inne og ute. Inne var det mellom anna storvask etter vinteren. Barneheimen hadde ikkje så stort uteområde, men alt skulle haldast i hevd. Dei heldt gris og saman med dyra dei fekk, var slakting ei sjølvsagt arbeidsoppgåve for dei større gutane saman med ein av dei mannlege tilsette. Huset slukte ved, og det å skaffe brensel til heimen var ei viktig og arbeidskrevjande oppgåve. Elles var barna ute på gardane i nærområdet og deltok i ulikt arbeid, som t.d. potetsetjing, smalajag, hausting og ikkje minst

7


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 8

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

potetopptak, ”i arbeid vedrørende hjemmet” som det står skrive. Når t.d. amtmann Utheim nytta barneheimsbarn til å ta opp poteter, så vanka det gjerne nokre kroner eller naturalia. Når utearbeidet i bygda tok slutt, går ikkje fram av kjeldene. Slikt arbeid vert heller ikkje nemnt av dei som har stått fram med sine historier frå mellomkrigsåra. Det treng ikkje tyde at slikt arbeid ikkje skjedde, men at det var så vanleg at det ikkje vert trekt fram. I alle høve var pliktig arbeid ein saga blott i 1950. Arbeidet var til ei viss grad kjønnsdelt, men både gutar og jenter måtte stoppe og lappe. Theodor Vassvik, f. 1920, budde på Sogns Barneheim frå 1927- 35 og stadfestar at dette var ei oppgåve for gutane også i mellomkrigsåra. At dagen starta og slutta med andakt på ein indremisjonsbarneheim var sjølvsagt, og på dagsplanen var det sett av mest like mykje tid til andakt som til fritid. Leik var viktig, i fylgje misjonsbladet Samleren. I kva grad slike råd vart teken til fylgje ved barneheimen, er meir uvisst. Det er lite i kjeldene som fortel om korleis barna leika og kva dei eventuelt leika med. I fylgje rekneskapen vart det ikkje brukt mykje pengar til leiker. For barna på Sogns Barneheim betydde uteleik fyrst og fremst aktivitet innanfor ”barneheimsplanen”, og ein informant fortel frå 1950-talet at uansett vêr så var det ute på plassen barna leika, lite inne. Det var slikt som folk i nærområdet reagerte på. John J. Dale, som budde ved barneheimen kring hundreårsskiftet, fortel om straffa som venta viss han gjekk utanfor planen, og desse grensene galdt også i mellomkrigstida. Barneheimen låg heilt i strandkanten og på godversdagar om sommaren var det eit yrande badeliv der. ” Eg kan hugse at me leika med båtar og vart oppmuntra til å fiska i fjorden for matauk, men ikkje at me fekk bada”, fortel Teodor Vassvik. Fritida var fyrst og fremst knytt til det religiøse samveret; søndagsskulen, kyrkja, religiøse møte og stemner saman med dei vaksne, barneavhaldslaget, det kristelege

8

ungdomslaget osb. Bøker og anna litteratur var også hovudsakleg av religiøs karakter. I 1937 vart det kjøpt inn radioapparat, og verda utanfor kunne opplevast gjennom eteren, men fri bruk var det neppe. Den verdslege verda kunne bringe med seg tankar og idear som kunne føre borna på syndefulle vegar. Litt anna nytt på underhaldningssida kom også til. ”Kollektpengar til barni på Vanførefilmen” står det å lese i rekneskapen for 1947. Eigentleg var film plassert inn i det normverket pietistane skulle sky. Men vanføresaka var eit felt spesielt for kristenfolket, så i Holum vanførelag var barna truleg i gode hender, filmmediet til tross. Det kan elles verke som at Holum skule var ein ”trygg” plass å ta med barna. Dit sokna fleire styremedlemmer, grenda hadde eit aktivt religiøst lagsliv, og dit for dei på søndagsskulefestar og stundom på 17. mai festar. Barna vart av og til tekne med på bil og båtturar, men det var også saman med tilsette på heimen og andre vaksne. Kontakten var minimal med jamaldringar og det ordinære sosiale livet, sjølv etter at barna byrja i den offentlege skulen. Informantar fortel at det kom heller ikkje på tale å gå i fødselsdagar til klassekameratar, heim på besøk, ordinære juletrefestar og liknande, sjølv på 1950-talet. Det vart utvikla eit slags vennskap med dei

nærmaste nabobarna og klassekameratar, men i og med at grensene var så snevre både fysisk og åndeleg, vart dei ikkje ein del av den sosiale fellesskapen med barna i grenda og bygda. Det ser ut til at det var viktig for styrarane å halde avstand til dei utanfor fellesskapen for å skjerme barna frå eventuell dårleg påverknad, ein praksis heilt i tråd med bedehusfolket si forvalting av foreldreansvaret. Dette var ein praksis som varde ut min periode.

Omsorg, oppdraging og straff Det borgarlege oppdragingsidealet med orden og disiplin para med pietistisk tankegang var grunnelementa i den oppdraginga som skulle skje ved Sogns Barneheim. Alfred Oftedal Tellhaug omtalar oppdragings- og omsorgsfilosofien til pietistane som ”underkastelsens pedagogikk” ved at barnet skulle oppdragast til å leve sitt liv til ære for Gud. Han fortset: Dette programmet skal realiserest gjennom pietismens tre hovedverdier: Den naturlige egenviljen skal brytes og bringes til lydighet under Guds vilje. Lydighet er den største moralske dyd og egenviljen den største last. Lydighet skal kombineres med sannhetskjærlighet og med en omsorg som fremmer flid og utholdenhet i alle ting. Slik var programmet, men det var dei tilsette som konkretiserte det, forma det i sitt bilete og etter sine personlege føresetnader. Det var dette som i stor

Barneheimen hadde eige blad, De lidendes ven, frå 1892. I 1937 gjekk bladet inn i eit større indremisjonsblad, Sognevarden, organ for Sogn Barneheim, indremisjonen sin ungdomsskule i Balestrand, Sogns ungdomsskule, og indremisjonen i Sogn. Her fekk lesaren oppbyggjeleg stoff, smånytt om barna og institusjonen, m.a. gåvelister.


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 9

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

grad avgjorde kva kvardag barna skulle få. Klara Haugen har ingen minne om kjærleik, omsorg og forståing for at barn var barn. Ho kom lita og redd til Leikanger saman med dei to eldre brørne sine, og dei vart straks sorterte på kvar si avdeling. Kontakten med den eldste broren, som hadde vore støtta i heimen, vart raskt avskoren. Barneheimsverda var kald, i fylgje Haugen. Vaksenkontakten var minimal, ingen strauk deg over kinnet og forstod at du hadde både sorg og sakn, seier ho. Når kvelden kom og tårene trilla, var det ingen vaksne som kom og tok handa hennar, men ho fekk lov å strekke henne ut til jenta i nabosenga. Fysisk straff var lenge eit allment godkjent disiplineringsverkty både i heim og skule. I 1936 vart det forbode å straffe fysisk i skulen, og ved barnevernslova av 1953 vart dette også gjeldande i barnevernsinstitusjonar. Instruksane til både styraren og læraren gav opning for å bruke dette disiplineringsmiddelet, om enn med lempe, og det skulle protokollførast. Det skjedde nok meir unntaksvis. John J. Dale skildrar pryl med bjørkeris så blodet spratt for ein liten bagatell. Ved øvre enden af bordet stod bestyreren og forklarte straffen, (...)

Karl Feten kom som gutunge frå Sogn Barneheim til Hovland på Vangsnes og der vart han verande. Eigar: Pridlao/Vik Lokalhistoriske Arkiv

Alt er udført i Guds vilje (...) Videre sluttede han andakten med at synge salmen ” Nu takker alle Gud. Det hende at styret handsama disiplinsaker. I styremøte 09.01.1900 deltok delar av styret ei slik sak. Ugjerningane var rømming og oppmuntring til rømming, ” (…) lidderlig snak paa sovesalen”, latter under andakt, rå omtale av barnejenta, banning og hånsord om styremedlemane. Rømlingane og dei medsamansvorne måtte forklare seg for styret, som fann ut at barna hadde rømt utan grunn og at årsaksforklaringa var usann. To fekk pryl og dei andre skarp irettesetting. Det hadde vore fleire rømmingsforsøk tidlegare og styret var uroa for at dette hadde medført ein (...)tendens hos Børnene til at løse Baandet til Hjemmet og Disiplinen i Hjemmet.” Dessutan såg dei på falske forklaringar og vrangviljen til å forklare seg om kvarandre som ” (...) Solidaritet med det onde. Johanna Haugen, f. 1908, kom til barneheimen i 1917. Ho fortel at styrarparet E. Mundal og kona var snille, var foreldre og la aldri hand på nokon. Men så kom Aalens i 1920 og då skjedde det endringar. Dei var ved barnheimen i 17 år, eit mørkt kapittel i barneheimen si historie ” Han var det ikkje noko å seia på, men (…) ho sleit ut mange buske, juling, over røvi ”. Dette vert stadfesta av mange som budde der i perioden, og verst var det i samband med vekkingar i distriktet. Vassvik fortel at standardspørsmålet ungane i mellom var «Kåleis e mammao i dag?» Dei visste aldri kva lune ho var i og kva som kunne framkalle juling. Klara Haugen fortel at når dei vaska opp, brukte dei soda og viss mor meinte dei hadde hatt for mykje i, så var det pryl. Vart dei våte på føtene, vart dei daska med dei våte sokkane kring øyrene. Oscar Lilleøren seier at dei vart haldne under oppsikt både på dagtid og på kveldstid. På sovesalane var det kikhol i veggene som vart flittig nytta. Vassvik fortel at brått kunne styrarkona kome på gutesalen og rive dyna av dei. Viss ho såg noko ho ikkje likte, var det straks pryl. Truleg var det her snakk om seksualitet, kanskje

onani, kanskje ereksjon. ”Seksualiteten var underlagt strengeste båndtvang,” skriv Bjørg Seland i si doktoravhandling om bedehusfolket. Barns seksuelle drifter var lenge eit tabuområde, ikkje berre for pietistar, og kom fyrst med tyngde på den faglege dagsordenen blant legar, psykologar osb. på 1930-talet. Fru Aalen sine fysiske straffemetodar kunne variere. Ho hadde eit spesielt grep, tok tak i underleppa og vrei rundt. Trappa til mørkeloftet vart ofte nytta ved pryling. Syndarane måtte hente riset sjølve, halde seg i trappa og setje tennene fast i eit trin for ikkje å bli høyrde når dei skreik. Etter prylen vanka det alltid litt sjokolade. Det vert og fortalt om slag med reimar mot kjønnsorgana, og jenter kunne bli snauklipte som straff. Også bygdefolk fortel om Signe Aalen og hennar terrorregime. Kva form for oppdraging som føregjekk ved barnheimen etter at styrarparet Aalen slutta, kjem lite fram gjennom kjeldene. Disiplinærsaker vert mindre omtala, og ris vert ikkje nemnt i styreprotokollane. Dei yngste av dei som har uttalt seg, flytta frå barneheimen på slutten av 1930-talet. Rammevilkåra vart etter kvart betre med færre barn og betre økonomi, og det skjedde også ei viss opning mot omverda. Men kjeldene ber ikkje spor etter fagleg orientering som kunne gje impulsar om meir moderne barneoppdraging med sterkare individorientering etter kvart som den moderne pedagogikken og profesjonaliseringa av fagfeltet vaks i styrke frå 1930talet. Endra rammevilkår og ein smule faglege impulsar til tross, det var likevel dei personlege eigenskapane hos dei tilsette og dei rådande haldningar i det nære indremisjonsmiljøet som var dei viktigaste styringsreiskapane i kvardagen.

Ein nøktern og tarveleg heim Det var inga overflod ved Sogn Barneheim. I fylgje den fyrste planen skulle barna dessutan oppdragast ” nøisomt og tarvelig”, ei formulering som stod fram til 1947. Barna skulle oppdragast til den klassen dei høyrde

9


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 10

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

heime i og til det livet som var forventa dei skulle attende til. Eit slikt mål var ikkje spesielt for Sogns Barneheim. Det spesielle var kanskje at formuleringa stod inn i etterkrigstida, i motstrid til samtidas nye ideal om det lukkelege barnet i ein triveleg heim, som også skulle gjelde bortsette barn. Det er ikkje ofte det kjem fram korleis det såg ut inne på barneheimen, eller at det vart uttrykt noko kritisk frå venekrinsen, men i 1916 stod der eit lesarbrev frå ein av venene til styraren som uttrykte godord om barn, styrarfolk og disiplin, men han tykte omgivnadane var lite tiltalande. ” (…) disse graa, umalte værelser, der gir et trist indrtryk. Lyst og venlig er i harmoni med barnesindet. ” Nøkternt var det elles og, spesielt i matvegen. Då styret i 1892 laga dagsplanen, sette dei samstundes opp ein menyplan, eller eit ”spisereglement” for institusjonen. Etter matsetelen å døme, var det ikkje store variasjonen i kosten, men i følgje kokeboka Fjordamat, var maten mykje lik den folk flest i fjordafylket åt fram til dei tidlege etterkrigsåra. Fisk, poteter, graut, mjølk og brødmat, gjerne flatbrød, var kvardagskosten. John Joe Dale vaks opp ved barneheimen på slutten av 1800- talet til byrjinga av 1900-talet, og gav i 1918 ut barndomsminna frå Sogns Barnheim. Han var då emigrert til USA. Faktiske opplysningar kan truleg diskuterast og nokre er urette, men forteljinga er likevel eit vitnemål om korleis eit barn i denne fyrste perioden kunne oppleve tida ved Sogns Barneheim. Eit av minna var maten og dei små porsjonane dei fekk. Han skriv at dei fekk grauten i koppar i storleik etter alder, som sparetiltak frå styraren. Men matminnet hans er fyrst og fremst prega av den urettferda som barna opplevde i matvegen. Dei vaksne tok det beste, og barna fekk det simplaste. Dette er minne han deler med Klara Haugen, f.1922, som kom til barneheimen seks år gamal. Maten var grusom, seier ho. Det gjekk i graut og skumma mjølk og

10

Dette er det aller fyrste fotografiet i barnheimsbladet "De lidendes ven" som viser flokken på barneheimen 1920-1921. Johanna M. Haugen (1908-1994) står som nr 4. frå venstre. Fotograf: Jan Hildenbrand

klarte du ikkje ete det, så fekk du ikkje noko anna. Ho fortel til liks med Dale om skilnaden på dei vaksne og barna sin mat. Dei såg lite til alle kjøtskrottane, smøret og fløyten som folk gav. Fløyten vart teken av mjølka for den skulle dei vaksne ha i kaffien. Barneheimen vart ein sentral møteplass for emissærar og andre misjonsvener, og det var mykje besøk, i periodar svært mykje. Langvegesfarande tok inn på barneheimen for overnatting og gjester skulle trakterast godt. Etter slike middagar var det barna som rydda og vaska opp. Klara Haugen fortel at viss gjestene t.d. hadde fått sviskegraut, så tok barna sviskesteinane, knekte kjernane og åt mandelen for dei hungra slik etter noko godt. Theodor Vassvik fortel at distriktslege Heiberg var uroa for han var så mager. Han vart send til sanatoriet i Luster for

gjennomlysing då legen trudde han hadde fått tuberkulose, men diagnosen var underernæring. I tida framover sende difor kona til legen, ei av barneheimsvenene, mjølk til Theodor. Om sommaren vart borna utplasserte på gardar kring i distriktet, helst hos indremisjonsvener. Klara Haugen fortel at ho kom i ein god sommarheim og der vaks ho og la på seg meir enn heile året elles. Det vert også fortalt at det å ta i mot mat frå andre, same kor svolten ein var, førte til straff viss det vart oppdaga. Lite mat og dårleg mat er felles minne. Dei som vitja barneheimen i denne perioden, hadde tydelegvis eit anna inntrykk av matstellet enn barna. ”God mat og nok mat, der alt vert utnytta og smakfullt tillaga! Borni er kjekke, og dei ser godt ut alle saman.” Mat vart elles nytta som middel i sam-


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 11

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

band med straffereaksjonar. Eit lite barnleg pek eller noko som mishaga, så var det å gå utan mat heile dagen. Nokre barneheimar uniformerte barna i klesvegen. Slik var det ikkje ved Sogns Barneheim. Fram til 1920-åra sytte barneheimen for alle kleda til barna, etter den tid krov dei eitt klesskift med frå inst til ytst når dei kom. Sommaropphalda gav også ofte verdifulle tilskot til kledekontoen. Om barna fekk behalde kleda som sine eigne er kanskje meir usikkert. Men i fylgje John J. Dale hadde dei eigne finklede. Materielt hadde barna ved Sogns Barneheim det truleg betre enn mange andre fattige barn. Sjølv om kosten var enkel og kleda gjerne både arva og godt brukte, hadde dei mest truleg reine, heile klede, sko og mat på bordet kvar dag, sjølv om nokre av styrarfolket kunne vere vel knipne. Barneheimen skulle redde barna både kroppsleg og åndeleg, og friske og sunne barn var eit nasjonalt mål. For lite mat og underernæring skulle ikkje skje ved ein slik institusjon. Når dette likevel skjedde i mellomkrigstida, og kanskje både før og seinare, er det truleg meir eit uttrykk for styrarane og deira haldningar til barnas ve og vel, enn tronge matbudsjett. Å måtte ete mat ein ikkje likte var ikkje noko spesielt for dåtidas barn, heller ikkje at gjester vart trakterte vel. Men i ein vanleg heim delte familien måltida, både vaksne og barn måtte ete det som stod på bordet, og godene vart vanlegvis delte. Å forfordele gode, vart opplevd som rangering og verdisetjing og sette eit skarpt skilje mellom dei tilsette og barna. Når barna opplevde at den gode maten hamna på dei vaksne sine bord, måtte dette kjennest som kraftig nedvurdering og er truleg ei forklaring på kvifor dette minnet står så sterkt. Det største problemet var kanskje ikkje skummamjølka og grauten i seg sjølv, men atmosfæren knytt til mat og måltid, prega av tvang, rigiditet og mangel på det vesle rause som viste at ein ikkje vart sett som det barnet og den personen ein var.

Eigen skule frå 1891 - 1920 Folkeskulelova av 1889 gav høve til å

opprette privatskular, men det kunne variere om barneheimane hadde eigne skular. Kvifor overstyret vedtok eigen skule går ikkje fram av kjeldene, men tanken om at barna skulle skjermast frå dårleg påverknad og få ein åndeleg overbygning i tråd med indremisjonens verdiar, må ein tru var noko av bakgrunnen. Den nye folkeskulen hadde svekka kristendomsfaget og sjølv om privatskulen var underlagt det offentlege lovverket både med omsyn til timetal og fag, ville kanskje eigen skule med rett utdanna lærar kunne bøte på avkristninga. Totalt sett ville det kunne skje ei langt meir heilskapleg oppdraging i ein ”heim” som sytte for alt barna trong innanfor institusjonen. Lærarane vart henta frå det religiøse nettverket eller frå «godkjende» lærarskular, men sjølv om lærarkreftene hadde den rette trua og den rette innstillinga, var det hyppige skifte. Etter kvart vart det vanskelegare å rekruttere lærarar som ville bu på institusjonen og vere tilgjengelege for borna og barneheimsaka døgnet rundt. Skulen styrde seg rimeleg fritt, og det var lite kontroll frå skulestyret. Privatskulen skulle årleg gje sine rapportar til skulestyret, både om skulerute og årsmelding, som igjen vidaresende dette til skuledirektøren. Brevjournalane til Leikanger skulestyre viser at barneheimen i periodar tok noko lett på denne rapporteringsplikta utan at det fekk konsekvensar. Skuledirektørane skulle også utøve direkte tilsyn, men det er tvilsamt om dei nokon gong inspiserte skulen på Sogn Barneheim. Våren 1920 vart det gjort eit vedtak som folk i bygda snakkar om enno. I brevjournalen til Leikanger skulestyre frå Lars M. Husabø, datert 26.08 1920 står det å lese ; ” Segjer fraa, at styret for barnheimen hev vedteke aa senda borni der til folkeskulen. Dei største til Holum og dei minste til Nybø. 10 born i det heile.” Med skulestyret si godkjenning sende styret i barneheimen dei eldste barna ut på ein lang og strabasiøs skuleveg over haug og hammar til ein skulekrins dei ikkje høyrde til. Dei andre barna i nærområdet som budde lenger ute i bygda, gjekk i sku-

lekrinsen Nybø, kort veg å gå og lett tilgjengeleg. Fyrst i 1935 fekk alle skulebarna frå Sogns Barneheim gå på skulen dei sokna til. Bygdefolket fortel at barneheimsbarna kjende denne skuleløysinga som ei nedvurdering. Dei var berre barneheimsbarn og såleis mindre verdt enn bygdas eigne.

Sommaropphald Fram til 1939 vart barneheimen tømd for barn om sommaren.” I det vi takker for de mottagne gaver til hjemmet, maa vi minde vennerne om de iaar også vil være saa venlige at tage børn i ferien. Vi har igjen 4 gutter, hvoraf den ynsgte er 10 år og den ældste er 13 aar som ikke har faaet plads.” skreiv styraren i De lidendes Ven mai 1912. Dei heilt minste kunne vere med ein av dei tilsette i ferien, medan dei andre vart plasserte i heimar over heile regionen. På slutten av 1930-talet kom det ny distriktslege, dr. Hovind, til kommunen, og han uttrykte uro over utplasseringane av dei minste. ” (...) ynskjemaalet er at sommarferien bør sløyfast.” Feriedagboka syner at dette vart teke til fylgje frå 1940. Primært var det venene som fyrst og fremst vart spurde, men det hende at det også kom førespurnader om å få sommarbarn frå ukjende. Motiva for å ta sommarbarn var truleg delte, nokre hadde trong for arbeidskraft, for andre var det ein kombinasjon av kristenplikt og behov for arbeidskraft, medan andre igjen hadde eit brennande ynskje om gje omsorg til vanskelegstilte barn. Alderen på barna bestemte sjølvsagt kor nyttige dei kunne vere, men det vart søkt etter barn ned til 10 år som barnepassar for småbarn på slutten av 1920-talet. Arbeidsoppgåvene kunne såleis variere frå regulært gardsarbeid til småplikter i hus og heim. Frå barneheimen si side var føremålet med sommaropphaldet m.a. oppøving i praktisk arbeid, og var såleis ikkje i motstrid med ynskjemåla til mange sommarheimar. Det kunne vere eit omskifteleg tilvære å vere sommarbarn. Mange skifta ny heim kvar sommar, medan andre igjen hadde meir permanente heimar. Årsaka til at mange skifta heim, kunne 11


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 12

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Vi ser her ein av dei trugne barneheimsvenene Svend Haugen (1848-1926) på Leikanger og kona Anna Arnesdotter Øystese (1853-1916) saman med borna deira. Svend var smed og telefonoppsynsmann. Han var og lekpredikant. Borna er frå venstre bak: Kristi (1876-1967), Helga (1885-1963), Gunhild f. 1883, Kristina (1878-1967), Andreas (1889-1971), Gudrun (1892-1939), Erling (1896-1968) og Anna (18741948. Svend og familien var busett på Sanden, midt i indremisjonsgrenda Husabø og nabo til barneheimen. Datering: 1910 - 1912 Fotograf: Samson Brathole

variere. Det kunne t.d. vere at behovet for arbeidskraft endra seg, eller at barna ikkje innfridde forventningane vertsheimen hadde til dei. Barna sine opplevingar av desse sommaropphalda kunne sjølvsagt variere, men slike sommaropphald kunne og vere eit kjærkome høve til å bli sett som einskildindivid, ikkje berre som ein av den store flokken. Den heimlege atmosfæren som barna ofte lengta etter, måtte også vere annleis i desse heimane enn det gjennomregulerte institusjonstilværet. Klara Haugen hadde ein slik sommarheim, det same hadde John Joe Dale, som skriv slik: Der er sommerferie paa hjemmet. Alt synes at leve bedre uten de svarte plan. (...) Han elskede hende fraa samliv, lige siden han kom under hendes kår i sommerferi fra barnehjemmet, da han var fem aar gammel. Nokre fann seg så godt til rette at dei rømde attende til sommarheimen, truleg vel vitande om at dei vart sende attende, men håpet om å få bli, helst som familiens eige barn må likevel ha 12

vore der. Lenge vart ikkje barna plasserte på sommaropphald i nærleiken av heimstaden og dermed slekta. I løpet av 1930-talet hende det sporadisk at barn vart plasserte i heimkommunen, men kva bakgrunnen var for dette, kjem ikkje fram. Ein vidare kik inn på 1950-talet viser at nokre av barna no ferierte hos foreldra.

Manglande innsyn og tilsyn Barneheimen starta opp i ei tid utan offentlege krav og instruksar med omsyn til drift og innhald. Det offentlege hadde frå slutten av 1800-talet teke stegvis større ansvar for sosialpolitikken, inklusive barn og deira rettar. I løpet av denne perioden hadde synet på kva som var bra for barn endra seg og kva og korleis ein barneheim burde vere. Banda mellom det frivillige og det offentlege hadde gradvis slakna gjennom heile mellomkrigstida. Eit offentleg ansvar var erkjent, staten ville sjølv setje standarden, også for barneheimane. Ein politikk som det såg ut til å vere vanskeleg å godta for leiinga ved Sogns Barneheim. Dei

kom fleire gonger i konflikt med lovverket, men fortsette i grove trekk å leve sitt eige liv. Det er knapt spor etter eksternt tilsyn, og dei slapp også unna sanksjonar. Kva så med det uformelle innsynet gjennom familie, naboar, skule og lokalsamfunn? Det ser ut til at kontakten med foreldre og familie var minimal. Ved alvorleg sjukdom vart foreldre tilkalla, og det hende at foreldre kom til barneheimen, men om det var ordinær besøksordning er meir uvisst. Brevkontakt var heller ikkje så enkelt då brev både ut og inn vart sensurerte, i alle høve under Aalens. John J. Dale skriv at det hadde lite føre seg å klage for dette vart avvist av dei styrande og barna stod att som lygnarar. Dei som har stått fram med sine historier frå mellomkrigstida vart spurde om ikkje lokalsamfunnet hadde kjennskap til og reagerte på tilhøva ved barneheimen, og kvifor barna ikkje bar sine opplevingar vidare. Dei meinte at delar av omgivnadane visste kva som gjekk føre seg, men at dei styrande og


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 13

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

tilsette ved barneheimen var beskytta av krinsen kring dei og det vart vanskelege å gripe inn. Andre påpeikar kor lukka systemet var og at mykje var halde løynt, det kom ikkje ut. Ein av dei seier at barna trudde det skulle vere slik, at det var slik det var å bu på barneheim. Religionen og dei mange funksjonane han hadde, vil vere ein viktig fellesnemnar for studien av Sogns Barneheim. Det religiøse legitimerte, motiverte og batt saman lekfolket lokalt, regionalt og nasjonalt i barneredningsarbeid. Likeeins danna det grunnlag for samfunnsmakt og viktige nettverk i byggjande arbeid ved etablering og drift av nye samfunnsinstitusjonar som t.d. barneheimar. Denne samfunnsmakta og nettverket virka sterkt i små samfunn som i sognebygdene. Det religiøse var også berande for innhaldet i slike institusjonar, og danna grunnlag for totale institusjonar slik Sogns Barneheim vart. Kombinasjonen lokal makt og høg tiltru til religiøse velgjerarar kunne samstundes hindre innsyn og samhandling med det offentlege, slik det skjedde i Leikanger. Religionen kunne unnskylde, skjule overgrep og dårleg omsorg.

Oppsummering Denne artikkelen har berre kasta eit lite blikk på historia til Sogns Barneheim, eit omsorgstiltak som i ein periode var sett på som barns beste. Føremålet har ikkje vore å seie noko om denne barneheimen var betre eller dårlegare enn andre for det finst det ikkje grunnlag for, men gje eit bilete av ein institusjonen og vise korleis indremisjonen og deira verdiar og haldningar, makt og mynde påvirka drifta og livet til dei som budde der. Kjelder og litteratur: • Artikkelen byggjer på masteroppgåva til Kjerstin Risnes, UIB våren 2008, « Det er makt i de foldede hender…» Ein studie av Sogns Barneheim frå 1891 - 1950 med utgangspunkt i den religiøse filantropien. Hovudkjelda er arkivet etter Sogns Barnheim.

Forordning om skussmål og løfte for ekteskapstrolovelser og vielser 1695 Av Bodil Marie Nornes

Gjennom arbeidet i magasinet på Fylkesarkivet kjem vi over mange interessante kjelder. Damene som ordna med arkivet frå Gulen kommune, fann ein dag ei trykt forordning frå 1695. I einevoldstida var forordning eit utrykk for lover og rettsforskrifter av ålmenn gyldigheit utstedt i kongens eige namn og under hans segl.1 Offentleg truloving var påbode frå 1589-1799, og skjedde med prest og fem vitne. Hendinga vart innført i kyrkjeboka og det skulle lysast tre gonger.2 Denne forordninga frå 1695 gjaldt tydeleg skussmål (vitnesbyrd) og løfte for ekteskapstrulovingar og viingar. Her har vore problem med at alt for mange såg lett på å gi eller lòt seg lokke til å gi skussmål og forløfter (Ein persons garanti for at ein annan oppfyller sine plikter og fordringar) til prestane. Fleire gav skussmål om ting dei ikkje kjende til og sette prestane i ein vanskeleg situasjon. Prestane kunne risikere å mista embetet fordi dei blant anna både trulova og via folk som allereie var i ekteskap. Slikt vart kalla ekteskapsforakt og påførde stor vreide (harme). Heretter skulle dei som gav feil skussmål eller forløfte, sjåast på som løgnarar og straffast i buet og etter kor alvorleg saka var, skulle det straffast med livstid i jarn på Bremerholm, som var hovedstraffestaden i Danmark for arbeid i jern. Dette var ei frykta straff og fangane vart kalla slavar og måtte gjera forskjellig arbeid både i og utafor verftet.3 Kunngjeringane av denne forordninga skulle skje på alle passande stader to gonger i året, palmesøndag og fjerde søndag i advent.

Imsen og Winge 1999: 125 Biletet visar over 300 år gamalt dokument, forHelle 1996. Band 6: 209 ordning frå kong Kristian 5. 3 http//snl.no/fengsel/fengselsstraff_i_Norge 1 2

Kjelde • Christian 5 forordning 1695

13


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 14

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Barnevernet – ei historie full av gode intensjonar

Av Cecilie Astrup Bustad

Hovudformålet til barnevernet er å hjelpe barn og unge som vert utsett for ulike former for omsorgssvikt og mishandling. Barnevernet skal jobbe for å sikre framtida for barn og unge gjennom akseptable oppvekstvilkår. Etableringa og oppbygginga av barnevernet har vore ein lang prosess, og historia er dessverre full av døme på sviktande omsorg. For å ta eit oppgjer med dette, har no fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane gåande ei oppreisingsordning for dei som var plassert under kommunal omsorg før 1. januar 1993.

Etableringa av barnevernet og den første barnevernlova Noreg vart det første landet i verda med eit offentleg barnevern. I 1896 vart «Lov om forsømte barns behandling» innført, seinare kalla verjerådslova, og med dette vart det kommunale barnevernssystemet oppretta. Hovudmålet med verjerådslova var å få ei reform som skul-

le erstatte straff med oppdraging for å hanskast med den aukande ungdomskriminaliteten. Initiativet til lova kom frå Bernhard Getz, Noregs første riksadvokat. Getz meinte at barn vart kriminelle som eit resultat av at dei vart forsømte, og det måtte difor fokuserast på førebygging. Som eit ledd i denne førebygginga føreslo han å erstatte fengselsstraff og utvising frå skulen med oppdraging og opplæring på skuleheimar. Etter lova skulle det opprettast kommunale verjeråd med omfattande mandat. Verjeråda vart oftast involvert etter initiativ frå skule eller påtalemakta, og skulle ta seg av kriminelle barn og barn med andre åtferdsvanskar. Dei kunne også gripe inn i situasjonar der barn vart utsette for omsorgssvikt eller mishandling. Dei kunne mellom anna refse og gje formaningar til foreldre, men dei hadde òg fullmakt til å ta barnet bort frå foreldra og plassere det i fosterheim eller ulike barnevernsinstitusjonar. Slike institusjonar inkluderte tvangsskular, skule-

Gutteheimen August Herman Francke var ein av mange private barneheimar. Biletet er tatt ca 1900-1910. I 1916 vart gutteheimen flytta til Wøyen i Bærum, og fekk namnet Wøyen Guttehjem. Biletet er tilfeldig valt og denne institusjonen kan ikkje knytast til artikkelens innhald. (Foto: ukjent person/Oslo Museum. (CC BY-SA 3.0 - lisens))

14

heimar, barneheimar, rekonvalesentheimar og sjukehus. Tanken bak var god, men realiteten vart ein heilt annan. Det vart etter kvart avdekka svært kritikkverdige forhold på mange skuleheimar og andre institusjonar, til dømes mangelfull omsorg, maktmisbruk og overgrep. Undersøkingar avdekka eit miljø der pedagogiske virkemiddel var baserte på straff og frykt i staden for oppmuntring og hjelp. Dei tette banda mellom skule og barnevern førte ikkje nødvendigvis til betre vilkår for bortplasserte born, korkje pedagogisk eller sosialt. Mange landkommunar unnlèt òg å opprette verjeråd, sjølv om det var lovpålagd. Andre stader oppsto det konfliktar mellom fattigvesenet og verjerådet om kven som hadde rett til å gripe inn i dei einskilde sakene og om kven som skulle ta rekninga.

Eit barnevern i utvikling Utover 1930-talet kom det inn nye perspektiv i barne- og ungdomspsykiatrien, og det vart eit aukande fokus på familieheimen som det beste oppvekstalternativet. Bortsetjing av barn burde i størst mogleg grad unngåast. Det oppsto ein massiv kritikk av verjerådssystemet, og 17. juli 1953 vart «Lov om barnevern» vedteken. Lova vart sett i verk 1. juli 1954 og samla føresegnene om barn frå verjerådslova, forsorgsstyrelova, helserådslova og skulelova. Det vart vektlagt at det var foreldra sitt ansvar å gje barnet den omsorga det har behov for. Den nye lova førte med seg ei ny tilnærming med fokus på førebygging, sosial service og hjelpetiltak. Den moralske fordømminga av sviktande foreldre vart mindre, i staden skulle ein no førebygge problema ved å hjelpe og støtte familien. Det vart dermed


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 15

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

slutt på formaninga av foreldre, og barnevernet skulle no heller gje råd og rettleiing. Ein skulle styrke familien, og bortsetjing av born skulle berre brukast som siste utveg etter gjennomførte tiltak i heimen. Psykologi og psykiatri vart inkludert i hjelpetiltaka, og målet var å unngå tvangstiltak og bortsetjing av barna. Også økonomisk støtte kunne brukast for å styrke familieheimen. Dersom det likevel var naudsynt å fjerne barnet frå familieheimen, skulle det fortrinnsvis plasserast i fosterheim, ikkje i institusjon. Tidlegare plasserte ein helst barn på institusjonar heller enn i fosterheimar, medan fosterheimen no vart løfta fram som eit betre alternativ enn institusjon. Det var ikkje mogleg å kutte ut all institusjonsplassering, men institusjonane skulle heretter vere små og familieliknande slik at barna skulle få meir vaksenkontakt og merksemd enn tidlegare. Diverre skulle det vise seg å bli vanskeleg og gjennomføre store endringar for å styrke og betre barnevernet, sjølv om situasjonen vart litt betre. Lova skulle i utgangspunktet styrke ettervernet for skuleheimselevar. Det vart foreslått å opprette to nasjonale stillingar for dette, men usemje om plassering av ansvar og finansiering gjorde at stillingane ikkje vart oppretta. Det økonomiske aspektet var også ei av dei viktigaste årsakene til at endringane ikkje lukkast. Barnevernsarbeidet skulle framleis finansierast og administrerast av den einskilde kommune, utan noko form for statleg økonomisk støtte. Dette førte til store forskjellar mellom store og små kommunar. Vidare vart betringa vanskeleggjort av at barnevernet vart ilagt roller som kom i konflikt med kvarandre; det skulle i utgangspunktet ha ei hjelpande rolle, samstundes som det hadde mandat til å førebu og gjennomføre tvangstiltak. Fram til no hadde barnevernsarbeidet vore spreidd mellom verjeråd,

Slik kunne sovesalen sjå ut på barneheimen. Dette biletet er frå Lillehagen barnehjem i Sandvika, ca 1920. Biletet er tilfeldig valt og denne institusjonen kan ikkje knytast til artikkelens innhald. (Foto: Anders Beer Wilse/Oslo Museum (CC BY-SA 3.0 – lisens))

fattigvesen og helseråd, men no skulle det leggast inn under kommunale barnevernsnemnder. Fylkesmannen fekk i oppgåve å føre tilsyn med dei nye nemndene. Etter mykje diskusjon vart det bestemt at instruksjonsmynda skulle ligge hos fylkesmannen, men at sjølve tilsynet skulle utførast av barnevernssekretærane. Sosialdepartementet vart oppnemnt som fagdepartement. I løpet av fire år, frå 1955 til 1959, hadde alle landets fylke eigen barnevernssekretær. Rolla deira kunne variere frå fylke til fylke, avhengig av bakgrunn og den einskilde fylkesmanns instruks, men opprettinga av denne stillinga gjorde at barnevernsnemndene kom til å fungere betre enn verjeråda hadde gjort. Generelt kan ein seie at barnevernet utvikla seg frå å vere eit kall, basert på privat engasjement, til å bli ein jobb, før det enda opp som eit fag. I byrjinga var det private og organisasjonar, gjerne religiøse, som tok initiativ til å opprette og drifte barneheimar og skuleheimar, med lite tilsyn og innblanding frå det offentle-

ge. Frå institusjonar drivne av tilsette utan fagleg bakgrunn, som sjølve opphaldt seg på institusjonen, gjekk utviklinga mot institusjonar drivne av profesjonelle med fagleg utdanning, og som hadde eit liv utanfor institusjonen. Den privatiserte institusjonen kom òg meir i bakgrunnen, og i dag er det staten som har ansvaret for etablering, drift og godkjenning av barnevernsinstitusjonar.

Oppreisingsordninga På bakgrunn av den konfliktfylte historia til barnevernet, med mange døme på misbruk og overgrep, har kommunane og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane gått saman om ei oppreisingsordning der dei ynskjer å ta eit moralsk ansvar. Dei vil gje ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til dei som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna kommunal plassering. Ordninga gjeld for dei som vart plassert under kommunal omsorg før 1. januar 1993. 17. juni 1992 vedtok Stortinget ei ny barnevernslov. Etter den nye lova 15


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 16

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

skulle tvangssaker no avgjerast av nyoppretta fylkesnemnder for sosiale saker, nemnder som var uavhengige av barnevernet. Det vart no ei tydelegare rollefordeling mellom kommune, fylkeskommune og stat, noko som gjer at datoen for å kunne omfattast av oppreisingsordninga er sett til 1. januar 1993. Dei som vart plasserte av eigne foreldre eller på anna privat initiativ, er ikkje omfatta av ordninga. Ordninga trådde i kraft 1. januar 2011, og alle søknader som kjem inn før 31. desember 2012 vil bli handsama. Dei som får innvilga oppreising får inntil 725 000 kr, og dette er uavhengig av om dei tidlegare har fått erstatning gjennom statlege ordningar. Juridisk ansvar eller økonomisk tap skal heller ikkje leggast til grunn for avgjerda, og det er plasseringskommunen som er ansvarleg for å utbetale erstatninga. Søknader om oppreising blir førebudd av sekretariatet før dei vert lagt fram for oppreisingsutvalet som avgjer søknadene. Søknadene vert som regel handsama innan seks månader, og vedtak kan påklagast til gjeldande kommune sitt faste klageorgan. Bevisbyrda for søkjarane er mindre i desse sakene enn i andre saker. For å få oppreising må søkjarane sannsynleggjere at dei vart utsette for omsorgssvikt eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Avgjerda om oppreising blir tatt på grunnlag av eigenerklæring frå søkjar, saman med annan dokumentasjon. Ein viktig del av eigenerklæringa er eit intervju med sekretariatet for oppreisingsordninga, der søkjarane fortel om eigne opplevingar. Opplevingane dreier seg om alvorlege manglar ved den praktiske omsorga dei fekk, i form av dårlege butilhøve, mangelfull ernæring og mat, dårlege klede, dårleg tannstell og isolasjon frå andre born og omgivnader. Vidare fortel mange om fråverande kjenslemessig omsorg, med mangel på vaksenkontakt og 16

Karen Kristine Steingildra er leiar for sekretariatet for oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

individuelt tilpassa omsorg. Dei vart utsette for fysiske overgrep i form av slag, øyrefikar og bjørkeris, eller trugslar om dette. Fleire vart også innelåste i kjellarar og kott. Ein annan straffemetode som har komme fram under intervjua med søkjarane er reiming, der borna vart bundne fast i senga om natta. Både kvinner og menn fortel om seksuelle overgrep, til dels av svært krenkande karakter. Overgrepa vart som regel utført av personale og besøkjande til institusjonane, men dei fann også stad medan borna var i midlertidig privat plassering medan institusjonen var stengt om sommaren. Slike historier er ikkje unike for Sogn og Fjordane. Liknande døme har komme fram i oppreisingsordningar i andre fylke og i offentlege utgreiingar. Det at fleire fortel om liknande opplevingar frå tida under offentleg omsorg og frå dei same institusjonane er med på å styrke den einskilde søknad, også i tilfelle der det ikkje finst konkrete bevis for at overgrepa fann stad. Mange institusjonar låg isolert og øyde til, med liten kontakt med omverda. Dette, kombinert med dårlege tilsynsrutinar, var eit godt fundament for eine-

veldige og maktmisbrukande styrarar. Mange skuleheimar hadde eit sterkare fokus på hardt arbeid enn skulegang, og mange styrarar førte ein streng disiplin basert på ulike former for straff. Samstundes gav eit lukka miljø større spelerom for avvikarar, då det var mindre fare for å bli oppdaga. Bemanninga besto ofte av ein sterk og erfaren leiar og unge og uerfarne hjelparar. Om leiaren då dreiv med maktmisbruk kunne det vere vanskeleg for dei andre å stå i mot, og faren auka for at slike haldningar også spreidde seg nedover i systemet. Det vart innført lovendringar som skulle betre på situasjonen og forhindre overgrep, men det tok lang tid å endre folks haldningar. Til dømes vart totalforbod mot fysisk avstraffing i skuleheimar innført med spesialskulelova i 1951, men praksisen vart ikkje avskaffa før langt utpå 60-talet.

Innhenting av informasjon I tillegg til søkjarane sine eigne erfaringar, innhentar sekretariatet annan dokumentasjon. Og her er det arkiva spelar ei sentral rolle. Sekretariatet har per 22. mai 2012 motteke 41 søknader om oppreising, og for om lag 20 av desse har Fylkesarkivet


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 17

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

bidrege med dokumentasjon vedkomande til dømes plasseringsansvar, årsak til plassering, kor søkjar var plassert og kor lenge opphaldet varte. Fylkesarkivet oppbevarer mykje arkivmateriale frå kommunane i fylket, og mange arkiv som er aktuelle for slike saker. I dei yngste sakene kan det finnast klientmapper frå barnevern, skule og sosialteneste, men det gjeld ikkje for dei sakene som går lengst tilbake i tid. For dei eldste sakene må ein leite i arkiva etter barnevernsnemnder/verjeråd, fattigstyre, skulestyre og helseråd. I desse arkiva er det stort sett møtebøkene som er aktuelle, men også gjennomgang av rekneskapsbøker og brevjournalar har gitt resultat. I nokre tilfelle har rekneskapen til forsorgsstyret og/eller kommunen vist at det er dei som har betalt for søkjars institusjonsopphald, og dermed plassert erstatningsansvaret hos gjeldande kommune. Nokre av sakene har vore utfordrande, og ført til ganske omfattande leiteprosessar. I nokre få tilfelle har det diverre ikkje vore noko dokumentasjon å finne. Fleire av søknadene gjeld opphald ved Sogns barneheim, ein barneheim på Leikanger som no er nedlagd. Arkivet etter denne barneheimen heldt på å bli auksjonert bort, men etter inngripen frå ein tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet er arkivet no oppbevart i sin heilskap her på huset. Dette arkivet har vore til stor hjelp i desse sakene. Sekretariatet tar òg direkte kontakt med kommunane for å få dokumentasjon, samt andre arkivinstitusjonar. Til dømes har Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet i Oslo bidrege i fleire av sakene. I nokre tilfelle er barnevernsinstitusjonane framleis i drift, og då kan dokumentasjon innhentast direkte frå dei. Fleire av dei som er lagde ned har avlevert arkiva sine til andre interkommunale eller fylkeskommunale arkivinstitusjonar, og kan vere verdifulle kjelder til dokumentasjon.

Sekretariatet legg òg til grunn granskingsrapportar som er gjort om tilhøva ved ulike institusjonar. Dette gjeld Fylkesmannen i Hordaland sin granskingsrapport av barnevernsinstitusjonar i Bergen (2001) og Fylkesmannen i Rogaland sin granskingsrapport om tilhøva ved kommunale og private barnevernsinstitusjonar i Rogaland i perioden 19541993. Vidare brukar dei NOU2004:23: «Barnehjem og spesialskoler under lupen – Nasjonal kartlegging av omsorgssvikt og overgrep i barnevernsinstitusjoner 19451980». Kjerstin Risnes ved Fylkesarkivet skreiv masteroppgåva «Det er makt i de foldede hender. Ein studie av Sogns Barneheim frå 1891-1950 med utgangspunkt i den religiøse filantropien», og denne vert nytta av sekretariatet i samband med søknader knytt til opphald ved denne barneheimen. Sekretariatet har kontakt med andre oppreisingsordningar som kan ha hatt søkjarar på institusjonar som ikkje er omhandla i desse granskingsrapportane. Når det gjeld fosterheimsplasseringar, har ikkje desse vore gjenstand for granskingar i like stor grad. Desse er ofte betre dokumentert gjennom arkivmaterialet i den einskilde sak, og fleire som var plassert i fosterheimar har difor likevel fått oppreising.

terheim før dei vart sendt vidare til institusjon, og mange vart sendt bort frå barndomsheimen så lenge som tolv år. Litteratur: • Andresen, Astri. Hender små. Bortsetting av barn i Norge 19001950, Bergen 2006 • Benneche, Gerd. Barnevernet i Norge, Drammen 1983, 2. utgåve 1986 • Hagen, Gerd. Barnevernets historie – om makt og avmakt i det 20. århundre, Skien 2001 Uprenta kjelder: •Prosjekt Oppreising: Barnevernets historie i Norge, http://www.propp.no/439284/ •Barne- Likestillings- og Inkluderingsdepartementet, NOU 2004: 23: Barnehjem og spesialskoler under lupen. Nasjonal kartlegging av omsorgssvikt og overgrep i barnevernsinstitusjoner, 1945-1980, http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/nouer/2004/ nou-2004-23.html?id=387932 •Barne- Likestillings- og Inkluderingsdepartementet, NOU 2009:08: Barnevernets historie, http://www.regjeringen.no/nb/dep/ bld/dok/nouer/2009/nou-200908/4.html?id=558029

Status Totalt har sekretariatet fått inn 41 søknader om oppreising, og av desse har 23 fått medhald. Fire har fått avslag fordi det ikkje er sannsynleggjort at dei vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt, medan fire vart avviste fordi dei ikkje stettar vilkåret om å vere plassert av kommunen. Ti saker skal handsamast av utvalet i løpet av sommaren. Samla oppreisingsbeløp per 22. mai 2012 er 13 375 000 kr. Åtte av søkjarane har vore plasserte i fosterheimar i og utanfor fylket, medan dei andre har vore plasserte på institusjon. Nokre vart først plassert i fos17


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 18

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr

Av Elin Østevik

Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickrprofilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete frå Innvik og Mindresunde i tillegg til fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar. Knut Aaning var fødd i Stryn 23. april 1880. Vi veit at han gjekk i lære som fotograf i Bergen, men vi veit ikkje hos kva fotograf han hadde læretida si. Frå ca. 1900 tok han til å jobbe som fotograf heime i Oppstryn. Då han døydde berre 42 år gamal i 1922 vart huset hans seld. Negativsamlinga hans som stod lagra i huset fekk dei nye eigarane med på kjøpet. I fleire tiår stod platesamlinga til Aaning lagra i kjellaren. Men når huset så skulle rivast på 1960-talet vart platene flytta ut til revehagen. Her vart dei ståande i vel eit tiår framtil også revehagen vart riven. Negativsamlinga til Aaning som opphavleg truleg talde tusenvis av glasplatenegativ enda då på søppelfyllinga. Dei 23 fotografia som vi har att i dag er nærast ein tilfeldig rest som har overlevd åra med dårlege lagringstilhøve, flytting og rivingsarbeid. Vatn og muggsopp har sett sitt preg på glasplatene, men til trass for den harde medfarten platene har fått opp gjennom åra vitnar dei likevel om at Knut Aaning må ha vore ein dyktig fotograf. Enkelte av dei store gruppebileta er knivskarpe: Når ein bles opp bileta kan ein studere bryllaupsgjestene sin klesdrakt og utsjånad i detalj. 18

«Opad, fremad. Indviken ungdomslag» står det på fana til venstre i biletet. Vi veit ikkje når, kvar eller i høve kva anledning dette biletet av ungdomslaget vart teke. Fotograf: Knut A. Aaning. (SFFf-1995033.268550)

Kan dette biletet vera frå bygginga av vegen til Geiranger? Vi veit at Aaning har teke bilete frå bygginga av denne vegstrekninga. Fotograf: Knut A. Aaning. (SFFf-1995033.268560)

http://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/ Fylkesarkivet har per i dag gjort kring 400 bilete frå samlingane våre tilgjengelege i høg oppløysing på Flickr. Alle bileta er opphavsrettsleg sett «i det fri» og du kan dermed fritt laste ned og bruke dei høgoppløyste filene som du vil. Til gjengjeld vil vi gjerne ha di hjelp til å identifisere kvar og når bileta er tekne. Dersom du har opplysningar om bileta set vi pris på om du legg inn ein kommentar direkte i Flickr eller sender oss ein e-post (elin.ostevik@sfj.no).


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 19

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Bøker om lokale idrettslag Av Randi Melvær

Etter fotballen kjem eit samlekapittel om «Andre idrettar og aktivitetar». Her står det om turn, skeiser, handball, vektløfting, sykling og hesteskokasting. Neste kapittel er «Idrettsbaner og anlegg» og «Historia etter krigen».

I 2011 var det fleire idrettslag i fylket vårt som fyllte 100 år. Nokre av dei gav ut bok for å markera jubileet. Ståle Sunde skreiv boka «Oppstryn IL 1911-2011». Jarle Helgheim redigerte boka «Idretten i Breim 1911-2011».

Dette er ei innhaldsrik bok å lese. I tillegg er ho ryddig og fin som oppslagsbok.

«Centralforeningen» Norges Idrettsforbund vart stifta i 1861 som «Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug». Sidan den gongen har forbundet hatt mange forskjellige namn og litt forskjellig innhald. I dag er forbundet den største friviljuge organisasjonen i landet med 2,1 mill. medlemsskap. Dei første idrettslaga i Sogn og Fjordane fylke var «Eid idrettslag» frå 1863. «Haugen idrettslag» også i Eid kommune, heitte først «Vrangfoss» og «Sogndal skilag» var begge frå 1895.

«Oppstryn IL 1911-2011» Boka er rikt illustrert og utstyrt med statistikk, kjeldeliste og personregister. Ho er delt opp i dei forskjellige idrettsgreinene og stoffet er ordna kronologisk. Aller fremst i boka er det eit kapittel om tida før 1911 og tida 19111940/45. Leiarane i dei forskjellige idrettsgreinene er namngjevne med årstalet dei fungerte i. I byrjinga av kvart kapittel er det ei kort historisk innleiing om idrettsgreina som er skildra. Skigruppa er den første som blir omtalt. Her er det mykje stoff om skirenna på Flofjellet som var både hopprenn og langrenn. Friidrett er neste kapittel. Her har forfattaren hatt god nytte av avisa «Nordfjord» som kjelde. I friidrett hadde laget fleire kvinner som blei krinsmeistrar. Ei av utøvarane frå Oppstryn IL, Inger Anne Frøysedal, har seinare delteke i junior VM, U23-EM, NM og EM. Som det siste kapittelet om idretts-

«Idretten i Breim 1911-2011»

Turnarar frå Oppstryn. Truleg noko av den første idretten i bygda. Det ser ut som biletet er teke frå Hjelle. Både nokre av turnerane og smågutane har hattar på seg. Eigar av foto: Kjell Fagerstrand.

greiner er kapittelet om fotball. Dei fekk ikkje fotballbane før i 1950-åra, så før dette måtte dei spele der dei fekk lov. Her høyrer vi om dei mange Flo-ane på bana.

Breimsbygda idrettslag har laga ei praktbok til hundreårsjubileet sitt. Boka er på heile 605 s. og om lag tre kilo tung. Ho er delt i seks delar: Innleiande del, Historisk del, Idrettane og stemna, Kjende idrettsfolk i Breim, Idrettsanlegg i Breim og Avsluttande del. Jarle Helgheim har vore redaktør for boka. I det innleiande kapittelet er det helsingar til idrettslaget og litt minnestoff. Den historiske delen tek føre seg m.a. stoff om dei første idrettslaga i Breim. Desse laga var veldig lokale. Her finn vi «Breim Idrætsforening» og «Nesstranda idrettslag». I Førde trena dei utan lag, men nytta fantasien og det dei hadde for å trene. Dei gjekk

Her ser vi ein skihoppar i flott opprett stil. Fotografen har fått ei diagonal line med tilskodarar i biletet, berre broten av eit tre i framgrunnen, ei bjørk? Året var 1909 og fotograf var A. Loen, frå Utvik.

19


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 20

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

etter kvart med i «Nesstrands og Aardals idrettslag», seinare i «Indre Breim idrettslag». «Indre Breim idrettslag» heldt på frå 1911 til 1988. «Breim idrettslag» verka frå 1917 til 1988. I Sandal og Myklebustdalen dreiv dei også idrett. På Sandal blei det arrangert stafett, første gong i 1939. Dette var ein konkurranse mellom Sandal og Myklebust skulekrinsar. I 1989 samla alle laga seg til eitt lag, med skipingsår 1911 behalde frå det eldste laget. I 2003 fekk «Breimsbygda idrettslag» tildelt idrettens verdipris for det gode tilbodet sitt. Prisen var på 50 000,- kr. «Breimsbygda friidrettslag» blei skipa i 1982 for å samle friidretten i bygdene. «Gloppen friidrettslag» samla sidan friidretten i heile kommunen. I kapittelet om idrettane og stemna finn vi mykje stoff om «Breimstafetten», frå 1933 til 2011. Her er også teke med minnestoff frå deltakarar m.a. frå Egil W. Martinsen som er kjent som talsmann for fysisk aktivitet for psykiatriske pasientar og forsking på dette emnet. Vi finn også nasjonale stemner og NM-arrangement, og internasjonal satsing med «Byrkjelo games». Så kjem artiklane om dei forskjellige idrettane på rad: handball, fotball, skiidrett, orientering og gymnastikk, turn og trim. Stoffet er blanda med sider om markante personar og går over i kapittelet «Kjende idrettsfolk i Breim». «Idrettsanlegg i Breim» er siste kapittel før statistikk, namnelister og kjelder. Her ser vi Byrkjelo stadion, idrettsplassen på Reed, Breimsbygda skisenter, fjellstova på Utvikfjellet og lysløypa på Svoda. Praktboka om Breimsbygda idrettslag er ikkje berre ei bok om eit idrettslag, den er også eit praktverk om ei heil bygd presentert med store naturfoto. I tillegg er denne boka eit godt oppslagsverk.

Jordmortenesta i Davik kommune i dei første åra etter at kommunen vart oppretta Av Bodil Marie Nornes Gjennom arbeidet med å registrera saksregisteret i formannskapsprotokollane får ein innblikk i mykje god historie frå åra etter at kommunane vart oppretta i 1837. For tida held eg på å registrera sakene til Davik Kommune. Eit lite kik inn dei første sakene som vart handsama er kor vidt mennene i formanns- og representantskapet meinte det var trong for jordmor i distriktet. Ei av dei første sakene som vart handsama i Davik kommune i byrjinga på denne protokollen var Jordmortenesta. På formannskapsmøte den 15. august 1838 som vart halde på handelstaden Rugsund, beit eg meg spesielt merke til sak nr. 4 på folio 8b. Så tidleg som i 1810 vart Noreg delt inn i jordmordistrikt og det skulle tilsetjast offentlege uteksaminerte jordmødrer. 1Aschehougs Norgeshistorie fortel om offentleg lovverk som gjorde det til plikt å nytte jordmor, der slik fanst. Statsbeskyttelsen kom under press, for bøndene var i mot Første formannskapsprotokoll frå Davik yrkesmonopol og gjekk til angrep. I kommune. 1839 fekk dei velta jordmorforordninga av 1810 og gjort slutt på «den unaturlege tvang».2 I formannskapsprotokollen for Davik får ein synspunkta til fleirtalet av mennene inn på livet. Saka som vart handsama i formannskapet i Davik var på bakgrunn av eit skriv til Amtet frå distriktslege Rachlev om tilsetjing av eit større tal jordmødrer i futedømet. Fleirtalet av forsamlinga var av den formeining at tilsetjing av fleire jordmødrer for nærverande tid ikkje burde skje. Ordførar Friis ville tilføra i protokollen at om at hensikta med å tilsetja eksaminerte jordmødrer var til ålmennytte, burde ikkje distriktet til den tilsette jordmor for Davik Prestegjeld, Eid og Stårheims sokn bli vidare utstrakt enn Davik Prestegjeld. Fleire av medlemmane ynskte Friis ytring underkjent og ytterlegare påsto dei at dei måtte bli fritekne for tilsetjing av fleire jordmødrer i vedkomande distrikt. Dette var byrjinga, men seinare kom det opp fleire saker med både tilsetjingar av jordmødrer og ikkje minst lønn til desse. 1

Imsen og Winge 1999: 183 Helle 1997: 73-74

2

Kjelde • Forhandlingsprotokoll Davik kommune 1837-1873 • Helle Knut. Aschehougs Norgeshistorie Bind 8. H. Aschehoug Co. (W. Nygard), Oslo 1997 • Imsen Steinar og Harald Winge. Norsk historisk leksikon. 2.utgave. Cappelen akademisk forlag AS. Oslo 1999.

20


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 21

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Smed i Sogndalsfjøra Av Per Olav Bøyum

Jarle Bondevik har skrive ei lita bok om Mikkel Larsson Stenehjem. Han var smed i Sogndalsfjøra i om lag 40 år, og etterlet seg tre protokollar som til saman er spanande dokumentasjon om eit handverkyrke på 1800talet. Fylkesarkivet har digitalisert dette interessante kjeldematerialet, og lagt det ut på Internett. Mikkel vart fødd 4. juli 1843. Foreldra var Lars Jensson og Gjertrud Torjusdotter Stenehjem. I 1869 gifta han seg med Øllegaard Christophersdotter Eggum. Dei fekk fire born. Mikkel hadde mange jarn i elden, bokstaveleg tala. Han var med i både fattigstyret og skulestell. Særleg ser skulesaka ut til å ha vekt eit stort engasjement hjå han. Han skriv til

dømes om korleis det var å sitje i tilsynsutvalet for skulen i Sogndalsfjøra. I tillegg var han politisk interessert, og i 1894 kom han inn som vararepresentant til kommunestyret. Attåt yrket som smed dreiv Mikkel òg som bonde. Han både eigde og leigde ymse jordstykke rundt omkring i bygda. Det er fleire nedteikningar i dagboka som vitnar om denne delen av levebrødet hans, som denne frå 1891: «Aarets Høavling middels men Besetningen er for stor og af vore 3 Kuer og en Vettrang 5 Sauer o 3 lam, en Hoppe, maa vi antagelig sælge den ældste Koen naar det lider frem paa Vinteren» I dagboka gjer han greie for avlingar og forsanking. Ei stund prøvde han seg òg med tobakksdyrking.

Smed Mikkel hadde eit stort repertoar som

handverkar. Han laga ljåar, grisesnedler, grev, tolleknivar, spikar, låsar, kistebeslag, ymse hestereiskapar og mykje anna. I tillegg var ulike typar reperasjonar ei viktig inntektskjelde. Han lodda kjelar, slipte knivar og vølte vogner. Alt i alt må Mikkel ha vore ein svært allsidig og nevenyttig mann. Kundegrunnlaget ser ut til å ha vore breitt. Embetsmenn og kondisjonerte var store tingarar av tenestene hans. For lensmann Lem sette han til dømes i stand eit jarngitter i arresten, ordna med låsar og omnsrøyr i huset, skodde hesten og reparerte sledar og vogner. Elles var Sogndal Ullspinneri og kommunen på kundelista hans. Dei fleste han ytte teneste til ser likevel ut til å ha vore gardbrukarar. Jarle Bondevik har gått gjennom kundane til Mikkel, og listar opp kvar einskild.

Dagboka inneheld mange nedteikningar som ikkje hadde noko med arbeidet åt Mikkel å gjere. Det er informasjon om sorger og gleder som alle menneske opplever i eit langt liv. I dette utsnittet frå dagboka frå 26. november 1879 opplyser Mikkel at «Eggabestau dødde i dag Klokken 3 f.m.»

21


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 22

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

hans. Men notatar av meir personleg karakter er òg iaugefallande, og gjev verdfull tilleggsinformasjon om mennesket bak smeden og arbeidsmannen Mikkel.

Jakob Edvard Smith (1824-1882) var ein av kundane til Mikkel. Jakob var sokneprest i Sogndal i åra 1866-1882. Dette utdraget er henta frå lillebogen, og som me ser utførte Mikkel fleire tenester for Jakob. Til dømes ordna han spaserstokken, sette i stand ei trillebor, ei gryte, ei tekanne og ein mjølkebolle. Ulike reperasjonar og vølingsarbeid ser ut til å ha vore ein hovudgeskjeft for Mikkel. Øydelagde ting vart sette i stand. Kontrasten til våre dagars bruk og kast mentalitet er slåande.

Dei fleste kom, ikkje så overraskande, frå nærområdet kring Fjøra og oppover Sogndalsdalen. I Norane hadde han nokre få kundar. I tillegg er det eit par døme på at han gjorde litt arbeid for folk frå andre bygder.

Private noteringar Protokollane frå Mikkel er fyrst og fremst eit monument over arbeidet

Ei av dei store sorgene han opplevde var tapet av dottera Gjertrud. Ho døydde av magebetennelse i 1894, berre 12 år gammal. I årsoversynet for 1894 skriv Mikkel: «Forresten et tungt Aar: Tvillingene konfirmeret, Lars gift og Gjertrud død av Mavebetendelse, og vor Sorg var meget stor, og kommer også til at vedvare længe, da ingen af vore Børn var som Gjertrud.» Mikkel er elles oppteken av både si eiga og familiemedlemmene si helse. I 1891 var sonen Lars sengeliggande halve året. I dagboka opplyser Mikkel at han sjølv fekk «ansigtsrosen» i 1903, og måtte halde seg i ro i tre veker.

På Internett Jarle Bondevik teiknar eit fint riss av smeden i Sogndalsfjøra. Ved hjelp av skriftene frå Mikkel får han fram bilete av ein svært dugande arbeidskar, ein engasjert samfunnsborgar og ein omsorgsfull familiemann. Ynskjer du å kjøpe boka, kan du kontakte Gunnar Orrestad på e-post: gunnar.orrestad@gmail.com

Frå det vesle heftet «optegnelser» har me henta eit botemiddel mot blodforgiftning: «Man skal dyppe det beskadigede Sted i sur Melk eller Kjernemelk som bliver ganske varm af det og maa fornyes to eller tre Gange»

22

Men protokollane inneheld mykje meir informasjon enn det Jarle Bondevik får plass til i heftet sitt. Dei er i tillegg ei god kjelde til handverk og arbeidsliv i Sogndal mot slutten av 1800-talet. Fylkesarkivet har difor digitalisert desse bøkene, og lagt dei ut på Internett. Nedanfor fylgjer ein kort omtale av kvar einskild protokoll. Dagboka http://tinyurl.com/7bdyxb7 Dagboka er ført frå 1878 til 1912. Nokre av sidene er så slitne i kantane at skrifta er borte. Mikkel fører opp arbeidet han gjer, namn på kundane og prisen han tek. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med Jarle Bondevik i at protokollen er «ein eineståande dokumentasjon av eit langt arbeidsliv.» Lillebogen http://tinyurl.com/743dvbh Ein protokoll med konti for kvar kunde. Byrjar i 1873 og går fram til 1912. Viser kva arbeid som vart gjort for kvar person. Optegnelser http://tinyurl.com/89klslb Optegnelser er ei mindre bok med ymse innhald. Her finst til dømes rådgjerder mot «brystsygen» og blodforgifting. Kjelder og litteratur • Bondevik, Jarle: Smed i Sogndalsfjøra: Mikkel Larsson Stenehjem. Bergen: Bodoni Forlag, 2011 • SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson. Dagbok • SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson. Lillebogen • SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson. Optegnelser


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 23

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Tilsynsutval Av Marit Anita Skrede

Med Folkeskulelovene av 1889 kjem det offentlege inn i større grad enn tidlegare. Utdanning blir i større grad sett på som eit samfunnsansvar. Folkeskulelovene bestemte at det skulle bli oppretta tilsynsutval for kvar skulekrins på landet. Tilsynsutvalet skulle vera sett saman av eitt medlem frå skulestyret (formann) og tre medlemar som var valde av krinsmøtet. Utvalet skulle føra tilsyn med skulen, gje uttalar og opplysningar og arbeida for god skulesøkning og orden i skulen. Eigne kretsmøte fekk høve til å uttala seg om og fatta vedtak i saker som galdt folkeskulen. Med opprettinga av tilsynsutval ser me tendensar til ei demokratisering av skulevesenet. Presten var ikkje lenger sjølvsagt formann for skulestyret. Frå Førde kommune er det teke vare på sju møtebøker frå tilsynsutval. Dei fleste omfattar fleire skulekrinsar. Seks av desse møtebøkene er tekne i bruk i 1890, då Folkeskulelovene av 1889 trådde i kraft. I møteboka for Erdals krins kan me lesa: «Aar 1890 den 25de januar afholdes efter indkaldelse kredsmöde i Erdals kreds på gården Erdal for i henhold til skolelovens paragraf 53 at vælge skoletilsyn for 1890. Formanden ledede forhandlingen. Valgte blev Anders B. Rotenes, Ole M. Klopstad, Andreas N. Erdal. Mödet hevet.» Den fyrste saka som dei ulike tilsynsutvala handsama var kor vidt det skulle vera lov med fysisk straff i skulen. Av dei skulekrinsane som hadde denne saka oppe var det berre Ulltang krins som stemte mot at det skulle vera lovleg å nytta fysisk straff i skulen. I referatet frå krinsmøtet på Gjerland står det:

Val av det fyrste tilsynsutvalet i Erdal krets. Faksimile frå møteboka etter tilsynsutvalet i Erdal og Ulltang krets.

«Kredsmöde på Gjerland 14/6 -90 til behandling om orden og tugt i skolen de mödende udtalte sig for at man kunde over lade det til læreren at bruge ris og andre rimelige maader at tugte barnene på efter eget skjön dette tillades kun paa et aar og det gjelder for begge (truleg Frøysland og Gjerland) kredserne.» Sjølv om det ser ut til å vera planen, er ikkje denne saka teken opp att ved seinare høve i nokon av dei to krinsane. Møtebøkene for tilsynsutvala er interessant lesnad. Gjennom åra handsama dei mange ulike saker som galdt mellom anna bygging av skulehus, endring av skulekrinsar og kva skriftspråk som skulle nyttast på skulen. Eg har fylgt arbeidet fram mot ferdig skulehus i Farsund krins. Det tok rundt tre år frå ideen om eit skulehus fyrst vart nemnt til skulehuset stod ferdig. Diskusjonane om skulehuset er også diskusjonar rundt organiseringa av skulevesenet i Førde på 1890-talet.

Skulehus i Farsund krins Lov om almueskolevæsenet på Landet frå 1860 stilte som hovudre-

gel krav om at det skulle vera faste skular i staden for omgangsskular. Lova er difor også blitt kalla Fastskulelova. I Førde kommune var det fyrst i 1894 at det vart arbeida breitt med å få bygt skulehus. I møtebøkene for kommunestyret og tilsynsutvala kan me fylgja diskusjonen om bygging av skulehus. Fyrst blir spørsmålet om kven som skal stå for bygginga av skulehuset reist. Det er tydeleg at kommunen ynskjer at kvar enkelt krins skal vera byggherre. Dei fleste skulekrinsane gjekk i 1895 inn på ein avtale med kommunen om at dei skulle stå for bygginga av skulehus sjølve, mot at kommunen og fylket bidrog økonomisk. Kommunen skulle skaffa godkjende teikningar. Tilsynsutvalet i Farsund krins var klåre på at det leigde lokalet på garden til Ludvig T. Farsund ikkje var høveleg, og altfor lite. Det vart konkludert med at det måtte byggast eit nytt skulehus. 29.juli 1893 vedtok tilsynsutvalet fylgjande: «Kredsen påtager sig så vel opførelsen som vedligeholdelsen af huset samt opvarming og renhold, når de övrige 23


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 24

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

kredse inden kommunen erklærer sig villige til at gjöre det samme.» Det er noko underleg ut frå dagens syn at kommunen overlet til kvar enkelt krins å bygga skulehus, og verka å ta på seg ei forholdsvis lita økonomisk byrde. Då det var vedteke å bygga skulehus i Farsund krins, starta diskusjonane om kvar tomta skulle vera. Det vart oppnemnt ein bygningskomitè som skulle jobba for å finna den beste tomta for skulehuset. Den skulle ligga mellom Sundalsvegen på den eine sida av Farsundbrua og Lauarabhammaren (?) på den andre sida. Bygningskomiteen klarte ikkje i fyrste omgang å finna ei god tomt innan dei grensene som var bestemte. Noko vestanfor den bestemte

grensa var ei tomt på garden til Ole Sunde. Lærar Haaland eigde eit stykke som grensa til det tiltenkte området. Dette kunne brukast til leikeplass. Både Ole Sunde og lærar Haaland var viljuge til å avstå dei naudsynte områda for kr. 50,-. Det vart bestemt at skulehuset skulle plasserast på denne tomta. 15. april 1895 diskuterte krinsen korleis byggearbeidet skulle setjast i verk, då dei hadde fått melding om at heradet ikkje kunne forskottera eit så stort tilskot som først var avtala. Det vart semje om at heradstyret skulle ta med seg kor naudsynt det var for krinsen å få eige skulehus så raskt som mogleg. Dette møtet er det siste sporet etter Farsund krins i møteboka for tilsynsutvalet. Det

neste møtet vart halde i Sunde skulehus 23. desember 1895, og det ser ut til at det som tidlegare var Farsund krins no er gått inn i Sunde krins. Dette blir også understøtta av at det yngste arkivmaterialet som finst for Farsund skule er frå 1896. I femårsmeldinga for Førde som galdt for perioden 1891-1895 står det: «I 1895 paabegyndtes opførelsen af 2 skolehuse, men disse er endnu ikke tagne i brug.» Skulen på Sunde vart truleg teken i bruk tidleg i 1896. Kjelder: • Indberetning om folkeskolen i Førde for femaaret 1891-1895 • Førde kommune. Møtebøker for tilsynsutvala. • Førde kommune. Formannskapet. Møtebok 1889-1899

Smakebit frå arkivet til Ytre Fjordane Kraftlag Av Bodil Marie Nornes Arkivet tilYFK inneheld mykje god krafthistorie.I ei mappe frå 1942 fann eg ein rapport frå lensmannen i Davik stila til politimeistaren i Fjordane. Rapporten gjaldt skade forårsaka ved at transformator Maurstad vart sprengd på grunn av ein linjefeil. Uhellet på Maurstad vart meldt den 27. februar 1942 til politiet og elektrisitetstilsynet 4. distrikt. I rapporten er avhøyr av fleire bønder. Ein gardbrukar på Tømmerstøl i Davik forklara hendinga da han var ferdig med fjøsstellet kl. 9.30 denne onsdagen, den 18. februar 1942. Mannen stod med den eine handa på klinken på fjøsdøra og såg på dyra. I høgre hand haldt han ei sinkbøtte med litt vatn. Så høyrde han ein dur, som eit veldig press og fekk eit kraftig støyt, langt kraftigare enn normalt. Dette vara nokre få sekundar. I fjøsgangen såg han røyk som kom frå leidning under fjøstrappa og han kjende ei veldig svovellukt. Han sprang til våningshuset for å sjekke om nokon hadde komme til skade, men dei hadde ingen ting merka. Dermed slo han av lyset til fjøset som var kopla frå ein brytar i våningshuset. Attende til fjøset låg grisen som død i garden, det var så vidt livsteikn, men den døde like etter. Rapport om denne skaden fortel at grisen var 5 månader gammal, vog 40 kg og vart taksert til kr. 130,- Forsyningsnemnda vart i samråd med eigar einige om at grisen ikkje kunne nyttast som menneskeføde. Elektriske installasjonar vart kontrollert og funne i orden på dette bruket. Det vart utført kontroll av elektriske installasjonar hjå fleire gardbrukarar i området med varierande resultat. Fleire opplevde at pærer vart sprengd under denne eksplosjonen.

24

På ein annan gard var ei tenestejente i ferd med å koke barneklede i eit aluminiumskokekar på ein elektrisk «Grepa» magasinkomfyr. Ho sto og stappa kleda ned i kokekaret da ho fekk eit veldig kraftig elektrisk støyt og såg eld-logar kring seg, før ho svima av. Dagen etter måtte ho ligge til sengs, og følte seg uvel etter dette, men meinte det kom av skrekken. I rapporten frå ingeniør Gregusson står det vidare blant anna at komfyren var plassert 0,5 meter frå vassleidning og avlaup for sølevatn, og er utan jordleidning. Det vart kravd at jordleidning straks skulle monterast ved komfyren. Til slutt i rapporten er det kommentert at alle fjøs var svært fuktige i distriktet. Kjelde • SFF-2011149 Ytre Fjordane Kraftlag I arkivet frå 1941 kom eg over ein brosjyre for elektriske Grepa magasin komfyrar.


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 25

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

- Musikken endrar oss som menneske Av Erle Hind

Bak Noregs største fleirkulturelle musikkarrangement står ei engasjert dame frå Naddvik i Årdal i Sogn. 5. - 8. juli er det klart for den 23. utgåva av Førdefestivalen. Tema for årets festival er sameksistens.

Fylkesarkivet sin aller fyrste musikkarkivar, og har sjølv arbeidd med innsamling, vern og formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonar frå Sogn og Fjordane. Ho har vore med på å byggje opp Førdefestivalen til å bli den største av sitt slag i Skandinavia, med over 250 artistar frå heile verda. Ho arbeider med å leggje til rette for formidling av musikk frå alle kontinent til om lag 25 000 publikummarar kvart år. Førdefestivalen, som alltid blir arrangert frå torsdag til sundag i veke 27, arbeider for å samle stemmar frå heile verda i Førde.

Lidvin Osland – ein handlingens mann «Korleis oppstod idéen om å starte Førdefestivalen? Når oppstod idéen, og gjekk det lang tid frå idéen oppstod og til den fyrste festivalen vart gjennomført?»

Hilde Bjørkum (pressefoto)

Hilde Bjørkum har, med nokre få avbrot, vore med i festivalleiinga frå starten i 1989. Bjørkum, som dei siste åra har hatt tittelen festivaldirektør, er ein føregangsfigur innan festivalarbeid. Ho sprudlar når ho fortel om årets festival, og ho har eit engasjement og ein entusiasme for festivalen som er beundringsverdig. Kor mange andre syner ein slik glødande lidenskap for arbeidet sitt etter å ha vore tilsett så lenge? Sjefen for Førdefestivalen brenn verkeleg for arbeidet sitt. Når ho tek i mot meg på kontoret i Førdehuset ein ettermiddag i mai, er planen fyrst og fremst å drøfte kva konsertar eg som musikkarkivar skal dokumentere under årets Førdefestival. Men festivaldirektøren har òg teke seg tid til å late seg intervjue til Kjelda. Bjørkum var

«Det gjekk ganske kjapt,» fortel Hilde Bjørkum. «For det fyrste var det eit sterkt folkemusikkmiljø i fylket. Her i Førde hadde me arrangert store festivalar tidlegare, som NU-stemne (Noregs Ungdomslag), Landskappleik og Landsfestival i gamaldansmusikk. Det var arrangørkompetanse og fagleg musikkompetanse her.» «Ein del av oss hadde reist til utlandet og besøkt andre festivalar og sett korleis det var, så ein tenkte litt ‘Ja ja, kanskje ein kunne ha gjort noko slikt her i Førde’, men det vart ikkje noko meir enn det. Men Lidvin Osland, som då var fylkeskultursjef, hadde òg vore i Finland og besøkt Kaustinen folkemusikkfestival. Og Lidvin Osland er jo ein handlingens mann! Så skipinga av Førdefestivalen var ein kombinasjon av ein framsynt fylkeskulturbyråkrat som ville veldig mykje, og eit sterkt fagmiljø som kunne folkemusikkfaget, og som hadde arrangørkompetansen i botn.»

Bjørkum fortel at Førdefestivalen vart lansert under Vestlandskappleiken hausten 1989. Den fyrste festivalen skulle vere i Førde sommaren 1990. Ho blei engasjert i november 1989, fyrst i eit deltidsengasjement. «Då var det berre å setje i gong!», fortel festivaldirektøren. «Kva utfordringar og problem har Førdefestivalen møtt på opp igjennom åra?» Bjørkum ler. «I starten var det berre å få opp alt saman. Eg hadde ei 50 % stilling, og arbeidsbelastninga var jo 150 %. Utfordinga var på ein måte alt! Ein skulle få i gong alt frå botnen av. Å få i stand finansieringa av festivalen, å ha eit budsjett, å vite kor mykje pengar ein hadde, å opparbeide eit nettverk mot artistar, og å få i gong alle system,» fortel ho. Dei fyrste åra inngjekk Førdefestivalen eit samarbeid med Falun-festivalen i Sverige og Kaustinen-festivalen i Finland. Dei tre nordiske festivalane hadde fleire felles artistar. Bjørkum fortel at ei anna utfording har vore knytt til festivalen sin vekst. «Me har vore avhengige av dugnadsinnsats, og den har vore heilt eineståande.» Festivaladministrasjonen har vakse frå ei halv stilling til å telje seks tilsette pr. 2012. «Det er heilt annleis no. Me har gått frå å vere ein heilt liten festival til å ha 25 000-30 000 besøkjande årleg. Fyrste året var det 6000 besøkjande, andre året 9000, og tredje året dobla det seg til 18 000!» ler Bjørkum. «Då hadde me kjempestore logistikkproblem, me måtte flytte konsertar til større salar, og alt berre tok heilt av. Klart at det var veldig moro òg, men det var samstundes ganske tøft». «Det har vore utfordrande, interessant og utruleg lærerikt å få lov til å vere med å byggje opp festivalen,» seier

25


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 26

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

elektronisk nyhendebrev. Som ein del av arbeidet opp mot dei mange utanlandske artistane som spelar på festivalen, samarbeider dei med MEN (Music Export Norway), MIC (Norsk Musikkinformasjon), Utanriksdepartementet og ambassadane i dei ulike landa.

Ragnhild Furebotten opptrer på årets Førdefestival med konserten «Never on a Sunday» (foto: Yngve Olsen Sæbbe)

Bjørkum. «I verdssamanheng eller europeisk samanheng er jo Førde ein bitteliten plass, så folk blir overraska over at det er ein så stor festival på ein så liten stad. Men det har vore noko av utfordringa òg,» fortel ho. «Det at me er på ein liten plass, og det å få pressa til å kome hit frå Oslo. Det har riktig nok kome seg no, men det har vore hardt arbeid for å kome dit me er i dag. Men det er klart, som folkemusikk-/verdmusikkfestival får me ganske bra merksemd frå internasjonal presse.» Bjørkum fortel at den norske pressa, i alle høve rikspressa, har kome etter den utanlandske pressa. «Det er ei utfordring med kompetansen på denne type musikk i dei ulike media. Dei som er i pressa veit ikkje kor store namn me eigentleg får hit til Førde». Då er det annleis med internasjonal presse, seier ho. «Den utanlandske pressa sender gjerne ein fagjournalist som har peiling på verdsmusikk. Me har opplevd at folk med fagekspertise har rapportert heilt fantastisk flott frå festivalen. Det igjen har kanskje vore med på å påverke den norske pressa.»

Festivalen får knutepunktstatus Etter at Førdefestivalen fekk knutepunktstatus i 2005 har dei fått meir midlar til å arbeide opp mot pressa. Knutepunktstatusen gjer at festivalen 26

kjem inn under ein eigen post på statsbudsjettet. Det fører også til at festivalen får større ressursar frå stat, fylke og kommune. «Staten har ein fast avtale med fylket og kommunen om at staten yter 60 % av den offentlege driftsstøtta, og da yt regionen til saman 40 %,» fortel Bjørkum. Festivalen har dessutan mange trufaste sponsorar som har vore med veldig lenge. «Men det er vanskeleg å få på plass dei store sponsormidlane frå nasjonale bedrifter med hovudkontor i Oslo,» seier ho. Sparebanken Vest er generalsponsor, medan Rica Sunnfjord Hotell er festivalhotell. Sunnfjord Energi og Mediehuset Firda er viktige sponsorar. Festivalen har nyleg fått i stand ein avtale med Den Norske Turistforening. I samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag inviterer festivalen i år for fyrste gong til konsert på Hundsrasta ved Bekkjavatnet. Konserten Litjtausa er eit samarbeid mellom dei unge felespelarane Julie Alapnes Normann og Marie Forr Klåpbakken. Festivalen har ein kommunikasjonssjef, og dessutan ein tilsett som arbeider med økonomi, administrasjon og sal. Førdefestivalen freistar å nå publikum gjennom publiseringskanalar som annonsering, sosiale media og

«Som knutepunktinstitusjon er kompetansedeling ei viktig oppgåve for festivalen, og me skal vere ein fagleg spydspiss. Men gjennom året skal me og ha utettervend verksemd, ikkje berre konsertverksemd frå torsdag til sundag i veke 27,» fortel Bjørkum. Døme på denne utettervende verksemda er FolkJazz-scena. Artistar som Annbjørg Lien med band, og Unni Løvlid & Eva Quartet har i løpet av det siste året heldt konsertar i Operahuset i Nordfjord og på Ciderhuset i Balestrand. Dessutan står Førdefestivalen bak tilskipinga Barnas verdsdag. Laurdag 19. november vart små og store inviterte til song-, dans-, og musikkverkstadar i Førdehuset.

Musikken endrar oss som menneske «Kan du seie noko om kva posisjon og verdi Førdefestivalen har? Kva betyr opprettinga av festivalen?» «Festivalen har ein eineståande verdi for Førde og heile Sogn og Fjordane, slik eg ser det», svarar Bjørkum. «Og Noreg, for den del. Fordi me får så mykje kred, og fordi me har blitt kåra til ein av dei 25 beste folkemusikkfestivalane i verda fleire gonger. Det at festivalen vert skildra som eit kvalitetsprodukt er kjempeviktig, og det å ha ei slik merkevare har mykje å seie for samfunnet i Førde». Bjørkum fortel at for hennar del er det to ting som er spesielt viktig og motiverande i arbeidet: «Det å møte publikum og deira fantastiske reaksjon når dei kjem ut frå ein konsert med stjerner i augo og seier ‘Hilde, herregud, eg visste ikkje ein gong at slik musikk fanst! Denne konserten kjem eg til å hugse så lenge eg lever!’. Når publikum kjem med slike tilbakemeldingar, er det ein særleg sterk motivasjon for


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 27

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

meg. Det er så flott å få vere med på å kunne leggje til rette for at folk får sånne sterke opplevingar, som eg faktisk trur er med på å endre oss som menneske. At me tenkjer annleis om andre folk og kulturar enn me har gjort før, og at me får opplevingar som me aldri gløymer.» Bjørkum trekk òg fram dugnadsånda som særs motiverande. «Dugnadsar- beidet blir ein verdi i seg sjølv, det blir ein identitetsskapande faktor for Førde og dei som arbeider frivillig. Det er gjevande for meg å sjå gleda, kompetansen og 'stayerevna' som dugnadsfolka har.» Førdefestivalen har om lag 300 frivillige kvart år. Bjørkum fortel at i førstninga nytta festivalen det nettverket dei hadde frå før. Dei frivillige kom frå folkemusikkmiljøet, ulike spelemannslag, og ungdomslaget i Førde. «Men etter kvart gjekk det litt av seg sjølv. Den eine kjenner den andre, og me oppdaga at mange av dei som hadde lyst til å bidra, ikkje var aktive i folkemusikkmiljøet, men dei hadde likevel lyst til å arbeide under festivalen. Så me har fått bruk for fleire og fleire folk.» Festivaldirektøren innrømmer at ho tenkte fleire frivillige kom til å «falle frå» etter å ha arbeidd på festivalen i mange somrar, men fråfall har ikkje vore eit problem. «Nokre har vore med heilt i frå starten, og det er jo berre heilt glimrande,» seier Bjørkum. «Og no er det jo blitt kult blant dei unge å bidra.» Festivaldirektøren nemner og samarbeidet med Førdehuset, som i alle år har vore festivalen sin hovudarena. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå heile verda gjennom 80 store og små konsertar og arrangement over fire dagar. I løpet av festivalen riggast det nesten 30 scener. Festivalen arrangerer konsertar i alt frå Festsalen i Førdehuset (der publikumskapasiteten er 2000 personar), til utekonsertar, Førde kyrkje, Haarklousalen i Førde kulturskule, og små stover i Jølstramuseet. «Det er spennande og utfordrande å programmere til så ulike konsertarenaer,» fortel Bjørkum. «Noko av det kjekkaste er å finne den rette musikken til det rette lokalet, og den rette stemninga».

Sameksistens mellom folk og kultur Tema for årets Førdefestival er sameksistens. I 2011 var temaet 'Women's world', medan festivalen i 2010 sette fokus på fridom og undertrykking. «Ingenting har oppstått heilt isolert,» seier Bjørkum om årets tema. ««Festivalen ynskjer å vise korleis fredeleg samkvem mellom kulturar og folk påverkar musikk- og kulturtradisjonar over heile verda. Me ynskjer å vise at det er ingen sivilisasjonar som lever i eit vakuum – alle blir påverka av kvarandre, folk reiser mykje. Ein har opplevd immigrasjon og emigrasjon. Alle kulturar har utvikla seg og blitt påverka av andre. Mange stader har det utvikla seg tradisjonar ut i frå at folk har levd fredeleg saman, sjølv om dei har ulik bakgrunn og kjem frå forskjellige stader. Det er veldig interessant, fordi ofte blir det fleirkulturelle samfunnet problematisert. Men for det fyrste så er jo ikkje fleirkulturelle samfunn noko nytt, det er eigentleg veldig gamalt. For det andre går det an å få det fleirkulturelle samfunnet til å fungere veldig fint. Sjølvsagt kan det vere problem knytt til det fleirkulturelle samfunnet, men fyrst og fremst er mangfaldet veldig positivt» seier Bjørkum. «Alt det nye som kan oppstå i møtet mellom ulike kulturar er jo ikkje farleg, det er berre flott. Men det er heller ikkje slik at festivalen skal male noko rosenraudt bilete.

Samstundes ynskjer me å syne at mykje god musikk har oppstått i skjæringa mellom fleire kulturar som har levd side om side».

Inn med publikum – ut med fordomane Førdekonferansen finn stad den fyrste dagen av kvar festival. Konferansen vert arrangert i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Førde kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest og Norsk Publikumsutvikling. Publikums-bygging og -samansetjing står sentralt på årets Førdekonferanse, som har fått namnet «Inn med publikum, ut med fordomane». Ei av målsetjingane med konferansen er å drøfte korleis dei som driv med formidling, kan nå enda betre ut til publikum med kunsten sin. «Kva påverkar oss når me går på ein konsert?» ynskjer Bjørkum å finne ut av. «Er det utdanning, alder, kjønn, økonomi, kor ein ligg i sosiale lag, og så bortetter.» Og ikkje minst, «Vil me eigentleg nå alle gruppene, og legg me til rette for alle målgruppene, eller er det ikkje så farleg om me ikkje når ut til alle?», spør Bjørkum. «Dessutan: kva rolle har kunstnarane sjølve i dette her? Skal dei til dømes vere med å promotere konsertane sine? Kva kan musikarane sjølve gjere for å syte for at det kjem folk på konsertane? Kva slags rolle skal dei ulike aktørane ha?». Desse er nokre av spørsmåla

Den spansk-jødiske stjerna Yasmin Levy speler i Storsalen på Førdehuset fredag 6. juli. (Pressefoto)

27


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 28

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

som kjem til å bli stilte under årets Førdekonferanse. Blant innleiarane finn ein namn som Egil Bjørnsen (seniorforsker ved Agderforskning), Kristian Tolonen (analysesjef i NRK), seniorrådgjevar James Doeser frå Arts Council England, og Anne Enger (leiar av kulturutgreiinga 2014). Vidare understreker Bjørkum Førdekonferansen sin verdi som nettverksarena. Det er essensielt å knytte kontaktar med andre som driv med noko av det same. «Ofte blir det sagt at pausane på slike konferansar kan vere vel så viktige som sjølve innhaldet på konferansen!» seier ho.

Årets artistar – lokalt, nasjonalt, internasjonalt «Det er fleire av artistane på årets program som eg har tenkt på i fleire år,» seier festivaldirektøren. Når bookinga endeleg går i boks er det stor stemning på kontoret, skal me tru Bjørkum. Ho fortel at bookinga er ein kombinasjon av lang erfaring, fagkompetanse og nettverk. «Nokre av artistane har me valt ut på bakgrunn av at me kan vise at tradisjonane deira er eit resultat av fredeleg sameksistens mellom ulike folkegrupper og kulturar». Eit døme på dette er israelskfødde Yasmin Levy, som formidlar den spansk-jødiske musikktradisjonen ladino. «Anoushka Shankar sin musikk er ei samansmelting av den indiske ragamusikken og den uttrykksfulle flamenco-tradisjonen. Ho er dessutan kresen på kvar ho vel å spele, så ho er me stolte av å ha på årets program. Eg gler meg sinnssjukt!» strålar Bjørkum. «Også skal me jo ha Frikar,» held ho entusiastisk fram. Framsyninga er rørslekunst av fremste klasse, der den norske hallingen møter kung fu-tradisjonen frå Kina. «Dette er eit heilt nytt prosjekt med nykomponert musikk av Marco Paus, som kjem til å bli kjempespanande.» Festivaldirektøren peiker og på festivalen sin posisjon som familiearena. «Me legg til rette for at vaksne og barn skal kunne oppleve noko på same 28

arena», fortel ho. Det er dessutan fleire gratisarrangement kvar dag.

Festivalstaben er engasjerte folk som viser mykje innsatsvilje».

Utanriksdepartementet (UD) løyver midlar til festivalen, i høve eit internasjonalt talentprosjekt for unge musikarar som festivalen gjennomfører i samarbeid med Rikskonsertane. Talentprosjektet har vore ein fast del av Førdefestivalen sidan 1995. Idéen er at unge musikarar frå to andre land kjem til Førde og møter unge norske utøvarar. I år kjem deltakarane frå Marokko og Tunisia, i tillegg til trioen Vrang frå Bærum.

Om nokre veker brakar det igjen laus i Førde, for 23. år på rad. Og ho som står bak og trekk i trådane, er ei dugande dame med hjarte for folkemusikk og -dans. Festivaldirektøren har rett når ho seier at Førde er ein liten plass i eit lite fylke i eit lite land. Men større kulturopplevingar enn dei publikum sit igjen med etter eit besøk på Førdefestivalen, skal ein leite lenge etter.

Ein må aldri kvile «Det har vore fantastisk lærerikt å arbeide med festivalen så lenge. Det å leggje til rette for store opplevingar for folk er utruleg gjevande,» seier Hilde Bjørkum. «Det er viktig å hugse på at ein aldri må kvile. Me har fått mykje ros, og somme gonger har me fått peppar.» For festivalleiinga har det vore viktig å halde fast ved festivalen sin profil og eigenart. «Somme tider har me fått spørsmål om me kan ta inn artistar som plasserer seg i det meir kommersielle segmentet, men me har prøvd å halde litt på festivalprofilen vår. Som knutepunktfestival har me plikt til å servere noko publikum ikkje kan få overalt. Kvifor skal publikum kome til Førde dersom dei like gjerne kan høyre same artist spele konsert i Oslo?» Bjørkum fortel av 42 % av dei besøkjande kjem frå andre fylke enn Sogn og Fjordane. Festivalen har eit veldig trufast publikum. «Publikum er nyfikne og dei kjem att år etter år, og dugnadsfolket er utruleg duglege, men eg må samstundes lovprise staben. Festivalen har opparbeidd ein flott stab. No er me seks stykk som står på, somme stunder døgeret rundt.

Årets Førdefestival er torsdag 5. – sundag 8. juli. Les meir på www.fordefestivalen.no Kjelder: • www.fordefestivalen.no • NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 65 64 00 Eller send e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.13 Side 29

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Den 2. Verdenskrig – Nøytralitetsvakt i Måløy høsten 1939 Av Roald Skram

Tyskland invaderte Polen den 1. september 1939. Det var grunnen til at England og Frankrike erklærte Tyskland i krig den 3. september 1939. Den 2. verdenskrig var dermed i gang. Denne krigssituasjonen gjorde et meget sterkt inntrykk på mine jevnaldrende kamerater og meg. Jeg satte meg ned og laget en plakat som jeg hengte over sengen min (bilde nr. 1). Den har jeg tatt vare på sammen med noen tegninger. Plakaten og tegningene minner meg om tanker vi, de andre elleveåringer og jeg, hadde om krigen og tiden etter krigsutbruddet i 1939. Disse tankene kom til uttrykk i diskusjoner og meningsutvekslinger vi jevnaldrende hadde om situasjonen.

Krigsutbrudd 3. september 1939. (SFFf-100595.268640)

Styrkeforhold Vi var meget opptatt av styrkeforhold og hvem som var sterkest på land, i luften og særlig til sjøs. På vei opp bakken til Skram Skole høsten 1939 var dette ofte diskusjonstemaet. Slike meningsutvekslinger foregikk mest mellom min gode klasse- og barndomskamerat gjennom mange år, Jan Tellefsen. Han var minst like interessert i krigssituasjonen som jeg. Hans far seilte nemlig ute som sjøkaptein. Hjemme hos min barndomskamerat, Jan Lem, hadde de oppslagsbøker og leksikon. Disse fikk vi av og til anledning til å studere. Slik fikk vi se på bilder av og skaffet oss kunnskap om stolte krigsskip som eksempelvis slagskipene HMS «Repulse», «Prince of Wales», «Rodney», «Warspite», «Hood» og hangarskip som HMS «Ark Royal». Med slike krigsskip kunne de allierte helt sikkert ikke tape kampen til sjøs, mente vi guttene i våre diskusjoner. (I ettertid viste det seg at også disse krigsskipene kunne nedkjempes av mer moderne strid-

Krigen 1939 – norsk handelsskip. (SFFf-100595.268642)

smidler, men krigen ble likevel vunnet etter harde kamper og slag på mange fronter).

Land- og luftstridskrefter Vi studerte også land- og luftstridskrefter. Polen ble tatt på noen få 29


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 30

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

at dette måtte gjøres på forskjellige måter. Alle norske borgere hadde et ansvar for landet. Alt mistenkelig, som kunne true rikets sikkerhet, måtte rapporteres til rette myndighet, som regel lensmannen.

Nøytralitetsvakt i Måløy Den beste og mest effektive nøytralitetsvakt ble imidlertid utøvd av det militære forsvar. Fly patruljerte kysten alene eller tidvis i formasjon. På land ble det etablert observasjonsposter og til sjøs langs kysten opererte marinen med sine forskjellige fartøy. I Måløy ble det plassert et marinefartøy på nøytralitetsvakt, først torpedojageren KNM «Draug», som etter en tid ble avløst av søsterskipet KNM «Troll». Kysten overvåkes av marine og flyvåpen. Tysk tråler oppbringes av torpedojageren KNM «DRAUG». (SFFf-100595.268641)

dager etter en såkalt Blitzkrieg/lynkrig. På vestfronten var det hele tiden snakk om den sterke Maginotlinjen i Frankrike og den tilsvarende sterke, tyske Siegfriedlinjen. Her var det stillingskrig. Lite hendte høsten 1939. I luften mente vi guttene at Englands effektive jagerflyvåpen ville klare seg godt mot det tallmessig overlegne tyske flyvåpen. Helt fra krigens begynnelse drev tys-

kerne en totalkrig til sjøs. Skip, som ikke kunne identifiseres med nasjonalflagg, navn og tilhørighetsland, ble angrepet og senket uten nåde. Norske handelsfartøy ble derfor merket med flagg, navn og land slik som vist på min tegning fra høsten 1939 (bilde nr. 2). Mange skip ble likevel senket. Nøytralitetsvakt – dette begrepet fikk snart fotfeste i våre tanker. Vår langstrakte kyst måtte passes på, det vil si overvåkes. Som elleveåringer forsto vi

Orlogsfartøyenes faste plass i Måløy høsten 1939 og vinteren 1940 var ved kaien ved Saltlageret, den store hvite trebygningen i nord på bilde nummer 4. Bak den ble det etablert en svær kullbinge eller rettere sagt et kullager. For kontinuerlig å holde stimen på topp og være klar for drift av tre «kulletende» dampmaskiner, trengtes det store mengder kull. Under full drift var det hektisk aktivitet på alle tre fyrdørkene. Stor forbrenning av kull medførte selvsagt også produksjon av mye slagg og aske. Dette måtte fjernes fra jageren fyrganger og tilhørende ildkasser. Store mengder koks, slagg og aske ble derfor med visse mellomrom deponert på øyra, der hvor Intercomterminalen holder til i dag. Også denne form for virksomhet sammen med behov for verkstedtjenester skapte ekstra aktivitet i lokalsamfunnet.

Marinen og lokalsamfunnet

Bilde av Måløy sett fra sør. Vi ser fra omtrent midten av Måløy sentrum og nordover. Nærmest i bildet ser vi Måløy privatbank. Videre nordover ser vi Heradsheim, Firda Canning og helt nord ser vi Måløy saltlager, senere Måløy kjølelager. Fotograf: Sivert Sefland. (SFFf-1996138.0002)

30

Et marinefartøy med mer enn 76 mann om bord satte sitt preg på Måløy på mer enn en måte. Et så stort fartøy skulle ha mat, drivstoff og en rekke tjenester av forskjellig slag. Dette medførte kommersiell virksomhet av betydelig omfang for et relativt lite lokalsamfunn. Det er nokså klart at 76 staute sjømenn, offiserer, underoffise-


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 31

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Egne kokker laget meget god mat til mannskapet. Fra tid til annen fikk vi småguttene spise den velsmakende maten sammen med mannskapet.

KNM «Draug» ble sjøsatt 18. mars 1908 og utrangert i England i november 1943. Fotograf: Ukjent.

rer og gaster også gjorde et visst inntrykk på spesielt stedets unge damer noe som til tider kunne virke konfliktfylt. Det ble arrangert tilstelninger som for eksempel «guttas» kveld i turnhallen og private selskaper. Vi guttene spionerte og kunne observere at mange betydningsfulle bånd ble knyttet. Kafélivet blomstret og forretningene i Måløy nøt godt av mannskapets kjøpekraft. I virkeligheten førte nøytralitetsbestrebelsene til en viss oppblomstring av det sosiale liv i Måløy. I tillegg tok håfisket seg opp i den tiden.

Inspeksjon av tyske skip Den militære aktivitet var til tider meget tydelig. Særlig oppmerksomhet ble viet tyske trålere og handelsskip, som i relativt stort antall, passerte Måløy havn både sørover og nordover. Ganske ofte ble slike båter stoppet med varselskudd og bordet for inspeksjon. Når slikt hendte om kvelden kunne vi se munningsflammen lyse

opp omgivelsene i kveldsmørket. Det hele virket dramatisk og spennende Det hendte også at «Draug» eller «Troll» i hui og hast kastet loss og fòr etter en tråler eller et handelsskip, slik jeg har forsøkt å anskueliggjøre på nøytralitetstegningen (bilde nr. 3).

Om bord i KNM «Draug» Av og til fikk jeg lov til å komme om bord i «Draug». Noen ganger ble det besøk på banjeren forut der dekksmannskapet holdt til. Liten plass gjorde at flere av mannskapet måtte sove i hengekøyer. De spiste, sov og stelte seg på samme sted. Maskin- og fyrbøtermannskapet holdt til akterut. Forholdene var like trange for dem. Offiserene og kvartermestrene hadde egne kvarterer og messer. Dit kom vi småguttene sjelden. Felles for dem alle var imidlertid at det over alt hersket god militær orden. Alle visste hva de skulle gjøre til en hver tid både i arbeid, på vakt, under beredskap og på frivakten. Det var en stor opplevelse å få være med ned i maskinavdelingen. På fyrdørken var det veldig varmt. For å holde stimen på foreskrevet trykk måtte det med brede skufler stadig lempes kull inn i fyrgangene. Det var interessant å prøve seg på å være fyrbøter. Etter hvert ble enkelte av oss guttene ganske flinke. Vi likte godt å være sammen med de gemyttlige fyrbøterne.

Marinegast 1939. (S FFf-100595.268644)

Om bord luktet det godt fra byssa.

Vi hadde stor respekt for offiserene og kvartermestrene som ledet båt og mannskap i den daglige tjenesten om bord, under trening og øvelser. Alle om bord hadde arbeidsoppgaver og plikter som ble utført på en disiplinert og utmerket måte. Jageren var presentabel, ryddig og klar til aksjon til en hver tid. Slikt gjorde et sterkt inntrykk på oss guttene. Vi betraktet og så opp til det unge mannskapet med stor respekt og ærbødighet. De fremsto for oss som idealer og frihetskjempere rede til å gjøre en innsats for folk og fedreland. Krigen etter 9. april 1940 viste at de også gjorde det da det ble krevet. KNM «Draug» og søsterskipene «Troll» og «Garm» hørte til Draug-klassen og var bygget ved Carljohansværns Verft i Horten. Deplasement: 578 tonn utrustet, lengde: 69,2 m, bredde: 7,3 m, dypgang: 2,9 m, fremdrift: ca. 27 knop med triple ekspansjonsmaskiner, 8000 IHK ved 340 rpm. Bestykning: 6 stykk 76 mm kanoner, 3 stykk torpedokanoner (og diverse dypvannsbomber og miner, og lignende). Mannskap: 76 mann. KNM «Draug», som under nøytralitetsvakten i Måløy, ble avløst av KNM «Troll», deltok i kampene på kysten i 1940. «Draug» tok den 9. april 1940 det tyske lasteskipet «Main» i reprise. Skipssjefen på «Draug», kaptein Horve, besluttet å dra til England med prisen. Underveis ble «Main» senket av sitt eget mannskap på 67 mann, som alle ble reddet og av KNM «Draug» tatt med til England. KNM «Draug» ble modernisert og var i aktiv tjeneste til den ble utrangert i november 1943. KNM «Troll» ble overtatt av to armerte, tyske trålere i Florø i mai 1940 og ble senere satt inn i den tyske krigsmarines tjeneste.

31


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 32

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Handelsbua i Eidsbakkane på Skjolden

Av Elin Østevik

Kva bygning var det engelskmannen Edward Backhouse tok bilete av då han vitja Skjolden i 1866? Dette spørsmålet drøfta underteikna i førre nummer av Kjelda. Saka har engasjert lesarane våre, og meiningane er delte. Medan nokre meiner at bygningen som Backhouse tok bilete av i 1866 er same bygningen som Knud Knudsen foreviga kring 20 år seinare, meiner andre at det ikkje kan vera tilfellet. Meiningane er også delte når det gjeld spørsmålet om det er noko samanheng mellom handelsbua Thomas J. Drægni (1831-1919) fekk setje opp i Eidsbakken i 1858 og biletet til Edward Backhouse. Er det Drægni si første handelsbu Backhouse (og eventuelt Knud

På siste halvdel av 1880-talet tok Knud Knudsen (1832-1915) dette biletet frå Skjolden. Biletet syner ei handelsbu på same staden som Backhouse sitt bilete. Er likskapen mellom dei to avbilda bygningane ganske enkelt tilfeldig, eller syner Backhouse og Knudsen sine bilete to ulike punkt i historia til ein og same bygning?

Knudsen) har fotografert eller er det ein heilt annan bygning? Branntakstprotokollane er ei viktig kjelde til bygningshistorie. Finn vi spor etter bygningane som stod i Eidsbakken på 1860-talet i desse protokollane?

Branntakstprotokollane og Noregs brannkasse

Handelsbu i Eidsbakkane, Skjolden, fotografert av engelskmannen Edward Backhouse (1808-1879) i 1866.

32

I 1767 vart det påbudt å brannforsikre hus i kjøpstadene. Alle husa skulle dermed takserast kvart 10. år. Brannforsikring var altså ikkje obligatorisk på bygdene, men frå kring 1845 vart det vanleg å brannforsikre bygningar på landsbygda og – då på frivillig basis. På landsbygda var det lensmannen som utførte branntaksten på vegne av Norges brannkasse. Branntakstprotokollane kan fortelje oss mykje om korleis dei forsikra bygningane såg ut. I takstdokumenta vert det mellom anna gjort greie for byggemåte, materialvalg og rominndeling. Det er statsarkiva som oppbevarer branntakstprotokollane. Branntakst-


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 33

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

protokollane frå Luster finn vi såleis ved Statsarkivet i Bergen.

Branntakst på Eide Oversikten som vi har fått frå Statsarkivet i Bergen fortel oss at brukarane på garden Eide med jamne mellomrom har fått taksert eigedomen sin. Mellom anna fekk Stener Sulem (dvs. Stener Torgerson Sulheim) garden taksert i 1856 medan sonen hans Torger Sulem (dvs. Torger Stenerson Sulheim) sytte for ny taksering i 1868. I tiåra før og etter at Backhouse vitja Skjolden vart det berre utført ein annan takst på Eide enn dei takstane som familien Sulheim fekk utført. Og den taksten var det Thomas Johannesson Drægni som tinga. I protokollen les vi: «Aar 1864 den 6. Oktober blev Retten sat paa Gaarden Eide for den efter Lob N 25, , Lyster Skiberede Sogn Fogderi for de efter Reqvisition af Landhandler Thomas Johannessen Drægni at afholde en Brandtaxation forretning for Reqvirenten paa nævnte Gaard Staaende Hus». Taksten som Drægni fekk utført i 1864 utgjer ei detaljert skildring av ei «vaaningsstue» på 2 etasjar med 10 rom.

Taksten fortel oss at huset er bygd dels på gråsteinsmur og dels på bolverk. I den delen av bygningen som er bygd på bolverk er det krambod, pakkbod og pakkloft. Den delen av bygningen som står på gråsteinsmur inneheld mellom anna kjøkken, stove, kammers og soverom. Bygningen er nok relativt nyoppført i 1864. Det kjem nemleg fram av branntaksten at det enno ikkje er montert kakkelomn i stova, og at romma i andre etasje i den delen av bygningen som er bygd på gråsteinsmur ikkje er innreia. Heile taksten kan du lese i boksen.

på bilete Knud Knudsen tok på siste halvdel av 1880-talet?

Drægni byggjer nytt i 1868

Kjelder / Litteratur • Branntakstprotokoll 12.2 og 12.3, Luster. Statsarkivet i Bergen • UBB-KK-2127-1085, Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen • «Skjolden, 1866», fotografi teke av Edward Backhouse. Eigar Kåre Aasebø. • Øyane, Lars (1984), Gards og ættesoge for Luster, band 1, Norbok AS: Oslo/Gjøvik

I ein seinare branntakstprotokoll kjem det fram at «Landh. Thom. Joh. Drægnis ved Forretn af 6/10 64 forsikrede Bygning er nedrevet og under 18/11 68 udmælt af Brandforikringen». Same året får Drægni taksert det nye våningshuset sitt, samt ei sjøbu innehaldande krambod og pakkbod på Skjolden (Bolstad). Thomas Drægni si handelsbu på Eide stod altså berre på plassen i nokre få år. I bygdebok for Luster vert det antyda at stova som Drægni sette opp på Eide kan ha blitt ombygd og seinare nytta som naust. Er det kan hende dette vi ser spor av

Eller er det slik at både Backhouse og Knudsen har teke bilete av ein bygning som ikkje har noko med Drægni si handelsbu å gjere i det heile teke? Kven er det då som har sett opp handelsbua Backhouse har teke bilete av? For dei av lesarane våre som vil grave vidare i denne saka kan det vere meir informasjon å hente i branntakstprotokollane ved statsarkivet. Eit interessant og unikt bilete er det i alle fall - Backhouse sitt 1866-bilete frå Skjolden.

Thomas J. Drægni flytte på 1860-talet verksemda si over til Bolstad/Skjolden. På biletet ser vi det nye huset hans ein vinterdag. Fotograf: Ukjend.

33


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 34

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Branntakst: Thomas J. Drægni si «vaaningsstue» i Eidsbakkane Aar 1864 den 6. Oktober blev Retten sat paa Gaarden Eide for den efter Lob N 25, Lyster Skibrede Sogn Fogderi for de efter Reqvistition af Landhandler Thomas Johannessen Drægni at afholde en Brandtaxation forretning for Reqvirenten paa nævnte Gaard Staaende Hus. Forretningene administrede es af Lensmand Bjørnholdz i nærvær: af undertegnede Taxatidsmænd. Hvorda! Administrator bemærket at Reqvistionver sket mundtlig. Reqvirenten som tilstede paaviste til Taxt: a.Vaaningstue 2 Etags opført af Timmer dels paa. Graasteins Muur, dels paa Buldvæk.takk med sads,mxxx tegl bystus . Den Del af Byggnin, de er opført paa Muur er 11 ¼ alen lang, 11 ½ Alen høi, 11 alen bred. Hoiden under kamberset 10 ½ Alen, med Tagsperre 8 ¼ Ale Den Deel af Bygningen, som er opført paa Buldværk er i nederste Etag 9 alen bred 9 ¾ Alen lang, overste Etage. 13 alen lang 11 Alen bred, hoiden under Mønebordet 10 ½ Alen grund Tagsperren 8 ¼ Alen. Anden Etage i den Del af Bygningen springer saaledes frem over nederste Etage, hvorred Sval=en gang danner fra som den vestlige, sydelige Side af Huset. Huset har 1 Skorsteinspibe. I den Deel af Bygningen der er opført paa muur findes følgende Rom: 1de Etage: 1. Stue med 2 Fag Vinduer, 3 dører, et gaar til Kammerset 2, Kjøkkenet 3 , Gangen 4. I Stuen er en Brandmuur med Aabening de danner ved den i Kjøkkenet opførte Skorsteinspibe. Kakkelovn er endnu ei opført i Værelset. 2. Kammers med 1 Fag vinduer 1 Dør til Stuen 1. Kammerset de er adskilt fra Kjøkkenet ved en Bordpanel. , er en liden 2 etages Kakkelovn af Jern, hvis Rør gaar ind i Skorsteinspiben, en Del af denne mur gaar igjennom dette værelse.3. Kjøkkened 2 Dør til Stuen 1 , Gange, her er Skorstein af graasten, hvis Pibe gaar igjen med 2 de Etage med muned over Taget. Skorsteinens Dybde 1 ½ Alen, Bredde 1 ¾ Alen. I Kjøkkenet er 1 Fag Vinduer. 4. Gang med 3 dører , til Stuen 1, Kjøkkenet 3, Gaars rommet, herfra er Opgang til 2 de Etage:, hvori der findes 5. Sal med 2 Fag Vinduer, 2 Døre til Salen 6, Gange 7. Dette Værelset er Uinredet. 6. Sal med 2 Fag Vinduer, 2 Dører til Salen 5, gange 7. Igjennem dette værelse gaar Skorsteinspibe fra Kjøkkenet. Værelset er uinredet. 7. Gang med 2 døre til Salen 5,6, herfra er Nedgag til gangen 4 t. Etage oppgang til Loftet, er mindste, har 2 Fag Vinduer. I den del af Bygningen, der er opført paa Buld værk findes følgende Rum: 1 de Etage, si: 8. Krambod med 2 fag Vinduer, 1 Dør til Svalgangen,

34

herfra en opgang til 2 de Etage. 9. Pakbod med 2 Døre til Svalgangen, er adskieldt fra Kramboden med Bordpanel. I 2 de Etage er følgende Rum: 10. Pakloft, herfra er Nedgang til Kramboden, har 1 dobbelt Dør, hvorovver en Heiseindredning er opført. Alle Ildskede og Piber er i en Forebygge Brannskade forsvarlig Stand. Denne Bygning taxerede for -------1000Spd Buldværket fra Grundmuren ---100 Skorstein med Pibe--------50. 1150 Spd Kakkelovnen i Kammerset 2 taxerede til 5 Spd, men omken er for sikkret Afstand fra den bygning til nærmedt Huus i al Ud mod S er 2 ½, derfra til nærmeste Hus, ed ildsted i samie Retning er 52 Alen, derfrai samme Retning findes ingen Hus inden for 75 Alen. Paa de aust Kante findes inge bygninger inden for 75 Alen. Beskrivelsen over Bygningen opleses for Reqvirenten, og erklærede han sig tilfreds med den satte Taxt. Hvorpaa han blev gjort merksom paa at han maatte med berette de Forandtringer som kandt bevirke forøget Contigent, samt at Erstatning fratabes, saafremt vasentlige Del berettige af Bygningen ved Annmeldelse derom. Admin strator fandt Intet at bemærke ved den satte Taxt, erklært Lagrettet herom at være afhal det efter Samvittighed og bedste Skjøn og det i Kraft af aflagt Edsiden Hensyn til Fordrel af Beliggenhed og Tomtens Beskaffenhed Foretningen hevet. C. Bjørnholdz, Ø Døsen, J. H. Bolstad, J M Urdahl S. Søvde Transkribert av Bodil Marie Nornes, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 35

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Førde kommune har avlevert arkivet sitt

Av Marit Anita Skrede

Tysdag 20. mars var dagen då det kommunale arkivet eldre enn 1964 vart avlevert frå Førde kommune. For arkivleiar Marit Steinset vart dette avslutninga på fleire vekers jobbing for å klargjera det til avlevering. No har kommunearkivarane på Fylkesarkivet overteke jobben med systematisering og registrering av arkivet. Me er klare for å ta i mot spørsmål frå publikum som gjeld arkivet.

Avleveringa Det måtte ein stor flyttebil til for å flytta arkivet frå Førde. 117 kassar vart plasserte på til saman 15 pallar. Arkivmaterialet er no plassert på hyller og registrert i ASTA (arkivregistreringssystem). Det vil bli tilgjengeleg i Arkivportalen.no, der det vil vera mogleg for publikum å få innsikt i kva type arkivmateriale som finst frå Førde kommune. Førde er den 23. kommunen som har avlevert sitt kommunale arkiv til depot på Fylkesarkivet. Me skal ta vare på arkiva frå desse kommunane, systematisera og ordna dei, samt gje innsyn i dei på førespurnad frå publikum. Det er mogleg å ta kontakt med oss for å få svar på konkrete spørsmål, eller de kan besøka lesesalen vår og få sjå i arkivmaterialet sjølve.

Førde kommune Førde kommune vart oppretta i 1837 av sokna Førde, Holsen (med Haukedalen kapellsokn) og Naustdal i Førde prestegjeld. Naustdal vart ikkje eigen kommune før i 1896. At Førde og Naustdal i rundt 60 år var del av den same kommunen, gjer til at arkivmaterialet frå denne eldste perioden til dels er noko blanda. Noko av arkivmaterialet frå Naustdal sokn er registrert på

Bilete frå avleveringa. Arkivleiar Marit Steinset har pakka og listeført alt det kommunale arkivet frå Førde som er eldre enn 1964. Foto: Marit Anita Skrede

Naustdal kommune, sjølv om det eigentleg på det tidspunktet høyrde til Førde kommune.

Arkivet frå Førde kommune Med avleveringa frå Førde kom det inn 74 arkiv, der t.d. formannskapet, fattigstyret og jordmora er ulike arkiv. Ein del av desse arkiva er registrert av fylkesarkivet tidlegare, men 35 av arkiva hadde me ikkje kunnskap om frå før. Innan kvart

arkiv er det ulike seriar, der møtebøker og saksarkiv er mellom dei mest vanlege. Kvar einskild protokoll og arkivboks er no registrert, og det skal vera mogleg for oss som jobbar med historiske offentlege arkiv på fylkesarkivet å finna fram i dei ulike arkiva. Sjølv om Førde kommune vart oppretta i 1837, finst det lite arkivmateriale frå den eldste tida. I formann35


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 36

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

skapsarkivet er det teke vare på både kopibok og brevjournal tilbake til 1837. I tillegg er der nokre lover og plakatar som er daterte heilt tilbake til 1810. Også i arkivet etter valstyret (1829), kommunekassen (1818), skulestyret (1844), fattigstyret (1849) og helserådet (1844) er det dokument som er eldre enn 1850. Dei fleste skulane har arkivmateriale som er frå siste halvdel av 1800talet.

Skulevesenet i Førde Mellom dei 74 arkiva er det arkiv frå 30 ulike skular. I tillegg til desse skulane er det tidlegare kome inn arkivmateriale frå skular i Naustdal som i den eldste fasen eigentleg låg i Førde kommune. Samla sett er det eit stort tal skular, og det er vanskeleg å få oversikta over historia til kvar enkelt skule. Som utgangspunkt når ein er interessert i skulehistoria i ein kommune, har me femårsmeldingane. Paragraf 77 i skulelova av 1889 fastsette at kvar kommune skulle utarbeida femårsmeldingar om folkeskulen. I desse var det informasjon om mellom anna skulestyret, lærarane, talet på elevar, fråvèr, kva elevane vart underviste i, skulebygningane og rekneskapet. Det vart utarbeida tre femårsmeldingar for skulane (18911895, 1896-1900 og 1901-1905). På fylkesarkivet har me den eldste femårsmeldinga frå Førde kommune. Denne er digitalisert og ligg på heimesida vår. I femårsmeldinga for åra 1891-1895 får me mellom anna informasjon om at Vie skule og Førde skule vart slegne saman i 1892. Når me ser kva arkivmateriale som finst frå Vie skule, ser me at det omfattar tidsperioden frå 1866 til 1891. Me har såleis arkivmateriale som er teke vare på fram til skulen vart samanslegen med Førde skule. Informasjonen om samanslåing noterer me oss også i ASTA, slik at me veit at det ikkje vil finnast yngre arkivmateriale frå Vie skule. 36

ARKIV

TIDSROM

Valstyret Røystestyret Formannskapet Elveforbygningsnemnda Byggjenemnd Førde kyrkje Skogtakstnemnd Renovasjonsnemnd Folkeregister Likningsnemnda Overlikningsnemnda Takstnemnd Heradskommisjonen Kommunekassen Revisjonen Kyrkjeverje Kyrkjetilsyn Biblioteket Holsen folkeboksamling Skulestyret Frøysland skule Hårklau skule Holsen skule Åsen skule Masdal skule Sunde skule Øvre Angedalen skule Vie skule Førde skule Erdal skule Furevik skule Ulltang skule Bjørkedal skule Furebø skule Ramstad skulekrets Nedre Angedalen skule Gjerland skule Grøneng skule Nydal skule Høiseth skule Indre Angedalen skule Farsund skule Ullebust skule Kinden skule Kuslid skule Kvål skule Indrebø skule Bruland skule Tefre skule Førde realskule

1829-1981 1916-1989 1837-1989 1915-1979 1877-1884 1931-1931 1955-1955 1946-1958 1861-1973 1934-1963 1955-1959 1864-1872 1818-1994 1893-1972 1912-1912 1911-1912 1862-1891 1936-1964 1844-1988 1890-1959 1869-1952 1884-1985 1877-1971 1896-1971 1882-1978 1890-1937 1866-1891 1843-1984 1915-1948 1918-1970 1890-1962 1906-1970 1883-1952 1890-1952 1892-1933 1869-1910 1869-1891 1916-1951 1884-1914 1893-1894 1884-1939 1892-1896 1900-1902 1877-1891 1883-1891 1883-1891 1871-1891 1871-1952 1949-1975

Fattigstyret 1849-1964 Husmorvikarnemnd 1954-1961 Edruskapsnemnd 1952-1961 Barnevernsnemnd 1962-1963 Trygdekassen/ krinssjukekassen 1937-1957 Helserådet 1844-1962 Jordmora 1902-1961 Distriktslækjaren 1877-1963 Arbeidstilsynet 1899-1970 Teknisk utval 1965-1970 Kommuneingeniør 1961-1961 Førde brannvern. Brannstyret 1953-1961 Vassverket 1946-1963 Småbruk og bustadbanken1943-1952 Jordstyret 1928-1974 Skogrådet 1934-1947 Korntrygdkasseraren 1919-1933 Elektrisitetsverket 1917-1954 Førde kino 1944-1945 Oppgjersnemnda 1942-1953 Forliksrådet 1929-1929 Overformynderiet 1859-1963 Provianteringsrådet 1918-1919 Forsyningsnemnda 1942-1952 Prisnemnda 1940-1975 Oversikt over avleverte arkiv frå Førde kommune. Me har no oversikt over 74 arkiv eldre enn 1964 frå Førde kommune.

Kjelder: • Indberetning om folkeskolen i Førde for femaaret 1891-1895


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 37

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Havfolk og fjordfolk: allmennsoge for Askvoll, bind II Gaute Losnegård har fullført allmennsoga for Askvoll med eit omfangsrikt bind som dekkjer perioden frå kring 1865 og fram til våre dagar. Kommunen har no eit solid historiefagleg bokverk om si eiga fortid. Det fyrste som slår meg med allmennsoga for Askvoll er at tida for

informasjon på cellulose slett ikkje er forbi. Båe binda er fulle av flotte bilete og fargerike illustrasjonar som høver best på papir. I alle fall ville dette ha blitt ei langt ringare lesaroppleving på min eigen Kindle. Men når det gjeld illustrasjonar vil lesarar som ikkje er lokalkjende truleg sakne eit meir detaljert kart. Til

Av Per Olav Bøyum

dømes var det ein hermetikkfabrikk ved Sauesund, men kvar er det? På side 274 vert det gjort greie for lokaliseringa av ein helseheim for tuberkuløse i 1911. Kommunen tilbaud ei tomt på Røyset, men «[…] fylkesutvalet ville heller byggje på eigedommen til Johan Ask innanfor Kleivasvingen […]» Ein lyt leite i eksterne kart for å finne desse plassane.

Eit ambisiøst verk Oppgåva forfattaren tok på seg kan ikkje ha vore enkel. Å skrive ei totalsoge for ein kommune frå steinalder til notid er utfordrande nok. I tillegg er Askvoll ein svært mangfoldig kommune som har vore gjennom fleire grensereguleringar. Men forfattaren nyttar seg ikkje av kjappe snarvegar. Kjeldegrunnlaget Gaute Losnegård har gjennomgått er kort og godt imponerande. Informasjonsbrunnen han auser kunnskap frå er variert, og omfattar både kommunale, statlege og private kjelder. Eit trekk ved boka er at utdrag frå kjeldene vert trykte i rammer, og får lov til å snakke for seg sjølv. Dette er eit grep som fungerer bra, som til dømes når Helga Helle skildrar ei av dei siste legdekonene i Askvoll: Eg hugsar så vidt siste del av legda. Det kunne vere rundt 1908. Det var ei som ikkje klarte meir. Naboane skulle ha henne kvar si veke. Ho var hjå oss ei veke. Ho låg alltid. Hugsa ikkje ho sa noko. Rundt same tid stod eg ein dag og såg snøen dala ned. Der såg eg ei gamal kone kome gåande opp vegen berrføtt med filler surra rundt leggene. Det brende seg fast. At systemet med omgangslegd 37


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 38

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

hadde ei menneskeleg side vert her fortalt på ein brutalt treffande måte, noko som elles lett kan drukne i ein historikar sine analysar og oppsummerte tal og tabellar.

to sorgens kapittel som avsluttar boka. Folk har trass alt fått det langt betre. Både den materielle velstanden og det offentlege tenestetilbodet har auka monaleg.

Inn i ei ny tid

I siste kapittelet er det ein liten bolk som tek for seg kvinnene i yrkeslivet og politikken. I 1988 vart Jorunn Ringstad den første kvinnelege ordføraren i kommunen. At kvinner inntok stadig fleire leiande posisjonar fram mot tusenårsskiftet er viktig å poengtere, men kjønnsperspektivet kunne gjerne ha blitt løfta tydlegare fram i resten av boka òg.

Bind to består av fem kapittel som tek lesaren med frå eit tradisjonelt Askvollsamfunn i 1860-åra, og fram til ein kommune som i våre dagar er under press på fleire vis. Kvart kapittel har ei slags tematisk overskrift som rissar opp hovudtrekket ved perioden. Det fyrste delen av boka går fram til 1895, og har tittelen «Gjev eg var i eit rikare land». Utvandringa til Amerika er naturleg nok ein viktig del av dette kapittelet, men det tek òg for seg fiske som slår feil, eit landbruk i hamskifte, og ei oppvakning i kulturliv og politikk. Dei store omveltingane i Askvoll tok for alvor til mot slutten av 1800talet. Det moderne samfunnet gjorde innsteg, med industrireising fleire stadar i kommunen. Den første aluminiumsfabrikken i Norden opna i 1908 i Stongfjorden. Også i Holmedal utvikla det seg eit yrande industrimiljø. Dette, saman med endringar i kommunikasjon og daglegliv, er hovudemne i kapittelet som dekkjer perioden 1895-1940. Eit eige kapittel er via krigsåra. Det gjev ei fin oversikt over ei lagnadstung tid for Askvoll. For ein historikar som ikkje har andre verdskrigen som spesialfelt, er det likevel sider ved dette kapittelet der ein kunne ønskje forfattaren gjekk litt grundigare til verks. Til dømes omkom 30 tyske soldatar i minerydding etter at krigen var over, men dette er berre kort skildra i boka. Omveltingane har vore store i Askvoll etter krigen. Kommunen har opplevd industridød, økonomiproblem og utfordringar med å halde folketalet oppe. Det er likevel ikkje

38

Losnegård skriv eit lett og ledig nynorsk, utan bruk av korkje gammaldagse vendingar eller nymotens ordjåleri (eg kom ikkje over ein einaste forholdisme i heile boka). Det einaste som i mine augo dreg litt ned er at forfattaren konsekvent skriv «melk», og ikkje «mjølk». Bind to av allmennsoga for Askvoll er eit solid historiefagleg handverk. Losnegård er, sin unge alder til trass, allereie ein røynd sogeskrivar. Han kan til fulle den vanskelege kunsten å formidle klok og kunnskapsrik historie frå eit variert og omfattande kjeldemateriale.

Litteratur • Losnegård, Gaute: Havfolk og fjordfolk: allmennsoge for Askvoll, bind II. 2011.

Skuleavisa Solglytt Vi «saksar» denne gongen frå skuleavisa «Solglytt», 3. årgang, 1920, utgitt av elevlaget ved Eid realskule/Eid Middelskule. Opplesing av avisa var ein fast og populær programpost på lagsfestane deira. Redaktørar for dette nummeret var Edvin L. Strand og Håkon Torvund. Vi har plukka fram eit dikt om ei av ungdommens vårlege «pinsler», eksamen og vitnemål. Skribenten er anonym. I.

Det var høgtid i talen da Kobben kom inn. Vi holdt oss på maven og sat som på lim.

II. Jeg læste min seddel med bleknede blikk, og mumlet en «djevel» for minus jeg fikk. III. I norsk stod der «Fanken», i tysk stod der «Skit» og engelsk var slunken på god gammel vis IV. Men regning var basen, for der stod det «null» og enden på stasen at jeg var en tull. V.

Jeg kom til mitt kammer med vaklende trin. Å Gud, for en jammer å dumpe så fint

VI. Om natten jeg tenkte å henge meg op, og derfor jeg slengte i dødsangst min kropp VII. Jeg bad mine bønner og bandet på rim som det sig sømme et dumpende svin


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 39

kjelda, nr. 2 – 2012, årgang 21

Tilvekst til biblioteket 16.02.2012 – 16.05.2012 • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, årsmelding 2011 Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Fire band. Per Hilleren, utstilling på Sogndal bibliotek 1992. 2 sider. Hilleren, Per: Rachel, roman frå det nye Israel. Ansgar forlag 1959. Hilleren, Per: Rachel Gahn Shalom. Royal forlag 1971. Hilleren, Per: Damaskusporten. Filadelfiaforlaget 1978. Hilleren, Per: Fagre jord. Ansgar forlag 1956. Hilleren, Per: Nyrenning. Havly forlag 1962. Hilleren, Per: Alltid en ny vår. Ansgar 1966. Hilleren, Per: Strengene. Ansgar 1949. Hilleren, Per: Gull og kjærlighet. Lunde 1943. Hilleren, Per: Sommer, Tunsvoll III. Ansgar forlag 1945. Hilleren, Per: Tunsvoll, vårstormer. Ansgar u.å. Hilleren, Per: Vegen og porten, Tunsvoll II. Ansgar 1945. Hilleren, Per: Du hører dalen til. Ansgar forlag 1962. Hilleren, Per: Du hører dalen til. Misjonsforbundets forlag 1940. Hilleren, Per: Tempelskogen. Ansgar forlag 1953. Kvåle, Sigurd: Pelle Skauen og andre småsoger. Ansgar 1950. Kvåle, Sigurd: Tider og år, noveller. Norli 1935. Kvåle, Sigurd: Krefter, noveller. Norli 1946. Kvåle, Sigurd: Når det blir natt, noveller. Norli 1933. Kvåle, Hermund: Vegen til ei kvinne. Sygna forlag u.å. Sauemerkebok for Sogndal herad. 1981.

Her er framsida på boka «Ei reise tilbake til fortida» av Anny Berge Alsaker. Ho presenterer her mange foto og tekstar av farbroren Kristian Jensson Berge (1887-1965). På dette biletet ser vi bestefaren Jens Jensson Berge med Anny Jenny på armen. Biletet er teke i 1928 av Kristian Jensson Berge.

Av Randi Melvær

• Grindaguten, medlemsblad for Sunnfjord veteranvogn klubb. 2011 • Henden, Katrine: Høyanger – ein tettstad – fleire kulturar? Bacheloroppgåve 2010. • Bondevik, Jarle: Smed i Sogndalsfjøra. Bodoni forlag 2011. • Solund sogeskrift 2011. Solund sogelag. • Årbok for Universitetsmuseet i Bergen 2011. • Støyva, Nils: Joar Sande har skrive ei gardssoge om garVegen Faleideden Sanda, gardsnummer 75 bruk 4 i Lote, 100 år med Gaular kommune. I denne møter vi både veghistorie. Stryn gamalt og nytt frå garden. Han har nytta kommune 2006? 1 mange kjelder, og har kopiar av mange av CD, brevordnar desse i heftet. med utskrifter. • Tviberg, Theodor: Historien om Gaarden Tviberg. Opptrykk år 2002. Eige forlag. • Seglem, Karl: TYA frå bor til bytes, lydopptak NOR 1997. • Sande, Joar: Sanda, gardnummer 75 bruk 4 i Gaular kommune, gardsnummer 225 løpenummer 143 i Indre Holmedal kommune. Eige forlag 2011. • Dar breadn kalva, tidsskrift. Fjærland sogelag 2011. • Losnegård, Gaute: Død og pine, justismordet Hetlesaka. Selja forlag 2006. • Eide, Ove: Huldra, draugen og fanden sjølv, segner frå Sogn og Fjordane. Selja forlag 2011. • Havreberg, Olav: Skjemt og alvor i gamle Luster. Eige forlag 2010. • Fjaler 2010. Fjaler sogelag 2010. • Høyanger Samvirkelags 20-årsberetning, med rekneskap for driftsåret 1940. Eige forlag 1941. • Coop Høyanger BA 90. 1921-2011. Eige forlag 2011. • Knudsen, Arne: Wilse, med kamera langs norskekysten. Schibsted 2003. • Tomasgard, Paul O. Hornindal idrettslag 1910-2010. Idrettslaget 2010. • Knapstad, Anne Cecilie: Kongens sendebod, Audun Hugleikson 1240-1302. Haugland forlag 2000. • Øvrebø, Egil: Ålhus kyrkje. Ålhus sokneråd 1995. • Biletbok frå Vik III. Vik lokalhistoriske arkiv 1999. • 100 år i og omkring Gimmestad kyrkje. Gimmestad sokneråd 2010. • Fure, Laura-Marie: Leikanger kyrkje, ei kyrkje på flyttefot. Selje 2010. • Alsaker, Anny Berge: Ei reise tilbake til fortida. Stryn 2012.

39


kjeldanr02-2012:Layout 1 06.06.12 13.14 Side 40

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no ”Solskinnsbussen” ved Laberg, Hermansverk. Bussen tilhøyrde Sogn Billag. Fotograf: Carl Normann. Datering: 1936-1939.

Hermansverk 2012. Den store bygningen til høgre er Fylkeshuset. Foto: Per Olav Bøyum.

Kjelda nr. 2 2012