Ingebrigtsen. Kvit bok mørk vinter. Omsl.qxp 15.01.18 17.05 Side 1
Isa er ein 14 år gammal gut frå den vesle byen Gjakova i Kosovo. Han er halvt serbisk, faren hans er ein ukjend serbisk soldat. Isa har vakse opp med mora Deborah og stefaren Reza, som er veteran frå Kosovo-krigen, og som aldri har forsona seg med å ha ein uekte son i hus. Isa held seg tett til den tre år eldre halvbroren Shkodran, som er den einaste som kan beskytta han mot Reza. Handlinga i Kvit bok mørk vinter strekk seg over éin dag då Isa, Shkodran og Reza er ute i skogen med eit arbeidslag med krigsveteranar for å fella tre til brensel. Den ekstreme kulden er eit konstant følgje i denne konsentrerte og poetiske forteljinga om forholdet mellom to brør og om eit skogsarbeid som held krigsminna på avstand. eirik ingebrigtsen (f. 1975) har skrive romanane Vesen (2001), Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009), Heimfall. Ei juleforteljing (2012) og Spikrar frå fallande plankar (2015). I 2013 fekk Eirik Ingebrigtsen Sultprisen for forfattarskapen sin, og i 2016 blei han tildelt Nynorsk litteraturpris.
9
7 8 8 2 4 9
5 1 9 1 4 9
FORLAGET OKTOBER
forlaget oktober 2018 | isbn 978-82-495-1914-9 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design
EI R I K I N GEBR IGTSEN KVIT B O K MØ R K VIN T E R
Dette helsikes blodet knytt til arv, knytt til historie, knytt til tru, knytt til væpna menn som rir i flokk, knytt til vanære, og kva kostar det å snu medaljen, korleis balansera, korleis dra kvardagen ut av det som var ein krigskvardag, korleis sleppa til arbeidet og la det fløyma gjennom kroppen og fortrenga vanæra?
EIRIK INGEBRIGTSEN
KVIT BOK MØRK VINTER
ROM AN | FORLAGET OKTOBER
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 2
12.01.2018 11:28
eirik ingebrigtsen
Kvit bok mørk vinter roman
forlaget oktober 2018
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 3
12.01.2018 11:28
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 4
12.01.2018 11:28
Cabratis døve utslag
Hjorten, sa Shkodran og snudde seg mot baksetet, der Isa sat i halvsøvne, ensa ikkje skritta våre, og far Reza var ikkje akkurat stille der han gjekk, ja, eg trur vi snakka saman også, då vi støytte på hjor ten ved tjernet bak Cabratihøgda, så om fenome net sorgas døve utslag stemmer, må det vera krigen som har øydelagt høyrselen til hjorten, sa Shko dran, nikka for å understreka sanningsgehalten i det han sa, medan han vrei hovudet tilbake og såg ut frontruta, fram på det opplyste, men mørke vegsporet bilen kjegla seg framover på, og det knirka i fjørene frå førarsetet, der Valmir sat bøygd og hengslete framover rattet for å sjå vegen betre, og Isa merka det ubehagelege søvndraget i blod banen ned, det vakne med hjorten i banen opp, prøvde å forestilla seg den døve hjorten som Shko dran og stefaren hadde støytt på; kunne det ver keleg stemma? slo sorgfenomenet også ut på dyr? Dei var på veg opp til eit hogstfelt på Cabrati for å driva naudfelling, som veteran Paparim kalla 5
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 5
12.01.2018 11:28
hogst på denne tida av året, lageret på vedlåven var tomt og ny måtte skaffast, måtte straks leve rast ut, kaldaste vinter, og det var berre til å snu seg rundt, Shkodran og Isa hadde fått fri frå gymna set heile dagen for å ta del i varmevernet, «ekstra ordinær kulde», ein av vinterens aller kaldaste dagar, dette, og varebilen slura på andre gir, den bratte lia nedanfor vegen og heile landskapet stod spraya i snø og is, trestammene i det nattsvarte framleis; frosten i kroppen ein tidleg morgon var ein annan type kulde, Isa falda armane og tenkte at jo, det kunne ha vore dyrerikets eigen versjon av sorgas døve utslag den drikkande hjorten opplevde, han hadde høyrt snakk om det før, fleire av sol datveteranane nede på vedlåven sleit med tinnitus, fleire gjekk også rundt med bly i kroppen, utan at det hindra dei, det var berre éin som måtte gi seg med vedarbeidet som Isa visste om, veteranen frå Mitrovica som sleit med så sterk angst, og sjølv om han hadde ein rev i munnvika som han saup på støtt, fór han opp berre to kubbar klakka saman, tolte heller ikkje lyden frå saga, fordufta ein dag, stakk visst til Pristina og ikkje heim til Mitrovica, ifølgje Paparim, men sorgfenomenet hadde blitt nemnt og tatt på alvor, tilstanden der sjokk, seinare sorg, regelrett plomberte høyrselen for det vakre 6
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 6
12.01.2018 11:28
inntaket av fuglesong og naturens bakgrunns sus, eit kortvarig svinn i tid for den utsette, døv for det vakre, fleire av veteranane kunne kjenna seg igjen i dette; men her oppe i skogen, og for akkurat denne eine cabratihjortens nedsløva møte med den akutte lyden, faresignalet slått av, kom krigens brutale inngrep i ein hjorts habitat til syne, lyden blåst vekk, singla og skoten vekk, Isa prøvde å sjå for seg det dampande dyret Shkodran og far Reza hadde møtt, eit krigsskadd dyr, då, tenkte han, som heile dette landskapet bar på skaderestar etter krigen, ein galskap kom inn over landskapet, eit raseri, ein depresjon over Balkan i takt med Titos falmande portrett på dei jugoslaviske stove veggane, og i ein slik skog, med fleire års granat smell over seg, kunne så klart hjortens evne til å oppfatta det enkle knekket frå ein kvist vore viska vekk, eit plomberingsstoff utskilt frå kri gens smerte, eit sig i dei ikkje-fungerande øyre gangane av alt sett, alt høyrt, hos menneska diag nostisert som posttraumatisk stress, men hos dette døve hjortedyret konsentrert om drikkinga måtte skaden kunna forklarast ut frå eit utal granatskrall i åssidene ved Gjakova, hjorten til slutt så døv at braket frå nato-bomba som landa midt mellom St. Paul-kyrkja og Hadum-moskeen i sentrum av 7
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 7
12.01.2018 11:28
Gjakova, i ein av kosovokrigens avsluttande dagar, slo oppover Cabratihøgda utan at hjorten ensa det. Å, denne krigen, alltid, Isa vrei seg på setet og lada; den døve, tørste hjorten Shkodran fortalde om, kunne han tru på, han kunne sjå for seg Shko dran og far Reza der dei kom så unaturleg tett på den drikkande hjorten at dei såg vassdropane dryppa frå geviret då hjorten endeleg heva nakken og såg i deira retning før han bykste til og la på sprang, Shkodrans døve hjortehistorie kunne Isa nikka til, men det var sjølve turen han ikkje ville vita av, dette var ein av deira dagsturar i lag, utan han sjølv, serbarguten, han som blei spytta ut av krigens siste dagar, boren fram av ei nedrig vald tektsbølgje, ei siste serbisk framrykking, eit siste knusande æresrush gjennom byen som skapte ein halvbror til Shkodran, skapte ei skitten blanding, la den eine til den andre og fekk fram dei to som sat i bilen her på veg til skogs, gode som to brør, men halvt om halvt i livet. Krigen har ingen edle sider, berre sterke og svake, svake og sterke om kvarandre, og det skal seiast at far Reza deltok på eit liknande æresrush, ingen av gutane veit om det, far Reza sjølv veit ikkje kor mange kroppar han har skote inn i, men han hugsar godt denne eine kroppen han var med 8
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 8
12.01.2018 11:28
på å trengja inn i, i løynd bak serbiske stillingar, eit framrykk før tilbaketrekking, dei var ikkje så langt heimanfrå, dei hadde gått over brua om natta, tok sjansen på det, ein nattsvart skog tok imot dei, skogen hadde vore kosovisk, så serbisk, no berre ein skog, og der, i nokre av dei siste angrepa på serbiske familiar før trøytte og knekte soldatar vende heim, kom dei over eit hus med kvinner og barn, kommandoen var enkel, ikkje drep, men valdta og set husa i brann; og den vesle pipelyden i skallen på far Reza då han første gong såg seg sjølv i stesonen Isa, utan heilt å kunna sjå seg sjølv hos han, utvikla seg til ein tinnitus berre for han, eit basskor av demoniske englar, ei kiming som rangla og omgav alt i han, forvandla han til å bli den evige soldatveteran. Sjølve skogsturen deira ville ikkje Isa vita noko av, så då Shkodran no var ferdig med hjortehisto ria og det var stille i bilen, heiste Isa seg opp i baksetet, pakka jakka tettare rundt seg og mana fram ei motkraft eller ei utlikning; han såg fram på bror Shkodran og fortalde at han hadde sett det same døve sorgutslaget hos ein ramn, ein ramn drikkande frå tjernet bak Cabrati, klare vassdropar draup frå nebbet då fuglen skjønte at trusselen var komen for nær, ja, forklarte Isa, eg kom så tett på 9
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 9
12.01.2018 11:28
fuglen at eg kunne sjå korleis den koksgrå ringen rundt iris utvida seg då ramnen til slutt sette auga i meg og flaug opp, vekk. Shkodran nikka og blei stille der framme, Valmir bak rattet mumla berre «ramn?», som i eit spørs mål, bilen gjorde ein sving, kom inn på øvrevegen med eit skifte i motorlyden, landskapet her oppe massivt tettpakka av snø, og det var som om Shko dran skjønte at han ikkje skulle gå vidare og over den streken; Reza var Isas stefar og Shkodrans far, det var slik det var, Isa planta det der, ville ikkje meir enn Reza ville, dei hadde Shkodran mellom seg i livet, det var naturleg oppmålt, ulikskapen, det skeive, var tydeleg, Shkodran var ikkje berre storebror, han var ikkje berre kosovoalbanar på ein måte Isa aldri kunne bli det, Shkodran var også boksedommaren som stod der konsentrert med Isa og Reza på kvar si side av seg, han med sløyfe i halsen som vekselvis røska Isas arm i vêret, Rezas arm i vêret, oppdratt og trena til det, sterk nok til det, han visste kven Isa var, området her hadde krydd av observatørar ved krigsslutt, no var han sjølv ein observatør, han visste så godt kven han var, og at Isa var den han var, tydeleggjorde Shko drans posisjon i familien med sine krigsskadde vaksne og etterkrigsbarn, no unge vaksne på 14 10
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 10
12.01.2018 11:28
og 17 som begge hadde vakse seg gjennom år ringar av fakta, lagt til seg eit slør, blitt til eigne kapslar, blitt dei som først tok til fornuft, klokare enn foreldra sine. Og Isa visste berre om dette livet, dette var livet, han visste ingenting om den serbiske soldatfaren sin, ein ikkje-far, det var eit ikkje-tema, det var ingenting som var registrert, det kom ikkje offent lege brev heim til dei om dette, det var ikkje noko arkiv eller soldatnummer på han som hadde for gripe seg på Isas mor, Deborah, det var ingenting dei ville sjekka opp i, det einaste Isa visste, eller hadde lært seg, var at han var heldig som hadde liv, heldig som levde livet sitt i ein familie, for dei fleste skambarna som blei fødde, av kvinnene som ikkje hadde vilja ta abort, ikkje hadde fått lov å ta abort eller ikkje fått utdelt abortpille frå fn etter overgrepet, blei plasserte på barneheimen i Potok Molić, stua vekk der. Men kven går rundt og er takksam for å ha fått liv, det mest naturlege av alt, det som startar løpet og tanken? for var det noko som helst Isa ville ha kontroll på, så var det naturen, landskapet her han hadde vakse opp, og skogen dei no kom til; dyret eller fuglen kunne ingen ta frå han, sjølv ikkje Reza, og Isa stira konsentrert fram på broren, halvbroren 11
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 11
12.01.2018 11:28
sin, hardt, men ikkje på den harde måten, skuldra skauv på auga for å halda oppe ramneskrøna og annullera hjorteturen deira, så hardt såg han og så lenge stira han at sveitten skaut fram ved hårfes tet under lua, Shkodran snudde seg og mumla at dei snart var framme ved hogstfeltet, det hadde lysna ei aning over den kvite lia, i draget opp mot fjella, men vegen var framleis mørk, tydeleg kolo rert skugge med bråe, svarte, kvasse kantar, lik som for å peika, for å tydeleggjera, for å plassera landskapet og tida dei var i, og Isa merka sveitten pipla fram gjennom den iskalde morgonen medan Shkodran nikka og såg vekk, ut, døv ramn fauk, døv hjort bykste, berre dette, innover dalen mot barneheimen der serbargutar som Isa vanlegvis blei stua vekk, slukte av skogen, sorgas døve utslag no lukka, lagt ned med hjorten og ramnen, og som ein liten bloddrope på hornhinna mellom alt det kvite i landskapet fekk Isa auge på den raude flekken av ein vedlåve nede i dalen, der alt starta, der alt heldt fram, der ingenting hadde slutta.
Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 12
12.01.2018 11:28