Page 1

hatløy den kvite vegen omsl.qxp 20.06.16 16.11 Side 1

KJARTAN HATLØY Den kvite vegen

Kor lita kan ei hending vera, og framleis kallast ei hending? I Kjartan Hatløys univers er det kosmiske dimensjonar over stega til ei raud minivevkjerring på kvit grus. Overalt finst stumme samtalepartnarar for refleksjonar over gleda, livet og æva, sett opp mot den alltid mogelege døden.

Om Mi meinings hus (2014) «Dette er Hatløy på sitt beste. I denne boka er han ein utidssvarande buddhist som gjer skrifta si til audmjuk meditasjon over alt som finst og bærer tilværets grunnleggjande krefter i seg»

K J A R TA N H AT L ØY

h a d l e o f t e da l a n d e r s e n , k l a s s e k a m p e n

«Hatløy får det nære og kjente – fjorden, kråkene, kjøkkenredskapene – til å gløde av liv. Hatløys dikterstemme er høystemt, for når han lar det evige og universelle vises i det timelige og det lokale – alt dras sammen i diktets manende jeg-stemme – da kjenner du at han besitter en slags poetisk magi som åpner opp verden. Han gir leseren virkeligheten tilbake. Vi ser den på ny og på ny, som en gave fra poeten … Jeg blander meg sjelden inn i hva leseren av mine anmeldelser skal gjøre, men avslutter med en oppfordring: Kjøp samlingen. Det er nok av middels utgivelser i løpet av et norsk poesiår. Les en av mestrene. Heng deg med på Hatløys poetiske reise i lokallandskapet» e s k i l s k j e l da l , vårt l a n d

«Naturlyrikk eller språklege meditasjonar? I alle fall er det ei bok ein vert rik av å lese» e m i l ot to sy ve rts e n , fæ d r e l a n d sve n n e n

Om Kjøkkendikt (2012) «I Kjøkkendikt viser Hatløy hvordan livsgnisten kan springe ut av menneskenes omgang med de enkleste ting. Det er en nydelig bok som får leseren til å studere sitt eget bestikk med nye øyne»

kjartan hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 vart innstilt til Brageprisen, og i 2014 kom Mi meinings hus. Den kvite vegen er Kjartan Hatløys tolvte bok.

De n kvite vege n STEMNINGAR FRÅ SALBU

forlaget oktober 2016 | isbn 978-82-495-1653-7

FORL AGET OKTOBER

Forfattarportrett: oddl ei v apneseth Omslag og bokdesign: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | e xi l des ig n

i n g u n n ø k l a n d, a f t e n po st e n

«I dobbel forstand har Kjartan Hatløy i si niande og brageprisnominerte diktbok skrive lysande dikt. Lysande i tydinga framifrå, men òg fordi dikta fungerer som ein lysfølsam film som registrerer dei ørsmå augneblenkskiftingane i lyset og fargespelet. Ei gjennomgåande glede, ei aldri sviktande forundring over at det finst noko i det heile tatt, boblar i desse diktlinene» s i n d r e e k r h e i m , b e rg e n s t i d e n d e

«Kjære kritikere, avisredaktører, lesere: La ikke sjansen gå fra dere til, for en gangs skyld, å løfte frem en dikter og et forfatterskap som ellers med letthet forsvinner i mengden» farte i n h o rgar , a d r e s s e avi s e n

Forlaget Oktober


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 1

Den kvite vegen


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 2


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 3

K J A R TA N H AT L ØY

Den kvite vegen STEMNINGAR FRÅ SALBU

Forlaget Oktober 2016


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 4

T il Fr a n k W i erk e o g K l aus And ers


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 5

H e r h a r ò g foreldra mine budd, i dette same kvite vesle huset, for det meste trygge, i periodar sæle. Kor lenge sidan er ikkje det. No er her nordisk natt. No er her vakker sommar. No er dei små timane her, lenge sidan midnatt. Eg avgjer at eg vil feire at desse timane hender. Endå det er så seint i livet. Eg feirar ikkje med dram, berre med å la tankane svive og ikkje vike unna for noko. Om lag kl. 03 er det at eg legg meir merke til døra i gangen. Eg lyt leggje merke til den, det litt nifse som brått er der bak eit rektangel av småbylgjete glas. Der, bak det, er det ikkje berre nattemørkret som er møtt fram, men noko ufråvikeleg, høgst levande svart, det er gjerne den strengaste herren som er komen så nær, eller kan det vere sjølve inkje som sender ein roande engel. Berre for menneske som er uroa, er han eit problem, er han til. Ikkje nokon farge er han, ikkje svart lys. Og ikkje døden heller. Men det er noko som er lagnad, står berre og strålar stilt no lenge før morgonen kjem, og ein brenn ikkje slikt.

5


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 6

6

Det er haust eller det er vår. Sola vi skuldar levedagane, når så vidt over eit fjell her er. Ho tredoblar seg i vindaugsglasa til ein nabo. Ho dryger lenge der, det tykkjer eg iallfall. Eg kan ikkje sjå direkte på refleksjonen heller, auga trengst ei tid til. Katten borte på bøen stivnar til. Det var far min sin katt. Han ser eitkvart i graset. Det er heller høgt, ingen slær her no lenger. Naboane, av og til ser eg dei. Verkeleg prima menneske, dei er så, ja. Det er av den grunn at ei slik heilt gjennomsnittleg gul sol kjem her og gjev dei å ete, desse fine verande: svart og gull.


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 7

Kva s ka l d e t tyde, dette gule orebladet, og det er enno ikkje august? Det som fall ned her i denne ganske breie, svarte og glatte bekken. Så lett som ein pust var landinga på overflatehinna. Frå no av tvinga å følgje med, fare med bekken sin fart denne dag, denne time. All denne hending forgår ikkje. For alt det tidlegare lever, også det vonde, om enn det er løynt no, djupt i skuggen frå nokre tjukke skyer som streifar den grågrøne åsen i aust, ganske nær. Kan hende alt det tidlegare bur her borte, i framoverrørsla til denne kjølige skuggen, som dannar bylgje på bylgje og ikkje stoggar. Som dreg seg vekk frå alle menneske, men som likevel kan vere på sin veg til eit høgverdig mål.

7


hatløy. den kvite vegen. mat.qxp 15.06.16 17.23 Side 8

8

V i s o m e r . Dette vi kallar dagane våre, det er enno ikkje sundslege av æva, dagane våre er her, men ein stutt frist er sett. Ikkje berre vi er hitkomne. Også denne stjerneklåre januarnatta er hitkomen, og høgt der oppe, nær mørk senit, kjenner vi att kurvene i den svarte, glatte bekken som dreg vidare og vidare. Er av det kaldaste støv, ikkje skapt, ikkje laga, korkje den eller dei mørke stjerneskyene den glir i. Alle desse forlangar ikkje varigheit, dei lever ikkje, og dei gjev oss inga ro. Men no lyttar dei, dei vil lytte, gjerne ein million år, på fargen gult, og det ivrig. Gult til dømes i orebladet vi såg. Det som driv. Fell. Dreg. Følgjer. Lyder.

Kjartan Hatløy - "Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu"  

Bla i boka. Leseprøve på diktsamlingen "Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu" av Kjartan Hatløy.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you