Page 1

Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Omsl.qxp 20.09.17 11.02 Side 1

STEIN TORLEIF BJELLA JORDSJUKANTOLOGIEN

Det gjekk fleire år Eg fekk korkje ei melding eller ei helsing. Ingen ringde og ingen spurde. Det var heilt stille. Lenge likte eg det. Så vart det usunt. Einsemda kom som storauren oppover bekken. I mørkeret.

9

7 8 8 2 4 9

5 1 9 0 3 3

FORLAGET OKTOBER

FORLAGET OKTOBER 2017 ISBN: 978-82-495-1903-3

STEIN TORLEIF BJELLA JORDSJUKANTOLOGIEN

NR . 1 |

DIKT | F OR LAGET OK TOB ER


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Omsl.qxp 20.09.17 11.02 Side 2

Jordsjukantologien er den fyrste boka til Stein Torleif Bjella. forfatterportrett: signe fuglested luksengard | omslagsdesign: exil design


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 5

Stein Torleif Bjella

J O R DS J U KA N T OLOGIE N NR. 1 Dikt

FORLAGET OKTOBER 2017


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 6


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 7

Det er berre to tragediar i livet: tap av kjĂŚraste og jordskifte.


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 8


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 9

Eg vart uvenn med mine sysken Då garden endeleg var min flytta dei alle frå bygda. No har ryggen knekt meg sjølv om eg hadde investert i dobbeltseng. Eg veit ikkje kva som mangla. Eg var vel ikkje akkurat lynkjekk. Ikkje at eg såg etter dei mest populære. Det var andre verdiar for meg: arbeidsam triveleg god skalle samarbeidsvillig darling companion berre å få vera to om det. Fyrst då ein nabo sa det rett til meg at eg gjekk over lik at eg var ein gjerrigknark og gniar.

9


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 10

Ryktet sprang framma meg heile livet. Eg var brennmerkt. Det nytta ikkje 책 rette opp. S책 m책tte eg heller bu her 책leine med skog og rettar og rotter i hjarta.

10


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 11

Eit liv har me delt Alltid skrytte me av kvarandre. Me festa i lag og snakka ut når det røynde på. Slik var det òg denne kvelden. Eg passa på å fortelje sameiget kor god nabo Sverre var. – Alt dette gjer han for å hjelpe andre. Han må ikkje det men Sverre gjer det fordi han er eit godt menneske. Likevel blir han mistenkeleggjord. Det er ikkje berre gale. Det er uverdig. Framleis blir eg overraska over kor sjølvsikker eg framstod. Sverre hadde ein annan og større plan. Då me sat i jordskifteretten kom det på bordet gamle forkjøpsrettar og delingstal. Sverre navigerte i ulendt juridisk terreng og sikra seg fem hundre mål skog til. 11


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 12

Det gjekk fleire ür Eg fekk korkje ei melding eller ei helsing. Ingen ringde og ingen spurde. Det var heilt stille. Lenge likte eg det. Sü vart det usunt. Einsemda kom som storauren oppover bekken. I mørkeret.

12


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 13

Me hadde ei rettesnor i familien Spoon River Antologien. Då eg starta på gymnaset, sa far: – Stein Torleif. Det som er sant for nokon, er usant for andre. Då såg me alle ned i bordplata og smilte. Me tenkte på det store hjartesukket til Julian Scott på side 239. Julian med utvaksne venger. Vekk frå støvet. Mot sol og himmel!

13


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 14

Eg visste det Det kom til å bli ein uriaspost men eg ville heim. Meinte eg hadde noko å tilføre. «Miljøvernrådgivar i kommunen». Ei historisk stilling. For fyrste gong skulle ein i det heile tatt vurdere miljø og naturspørsmål. Eg gjekk på med helveteslyst. Det krullute håret mitt ramma inn eit ansikt fullt av livsglede. Såpass må eg kunne seie: Eg tok meg godt ut. Det fortel utklyppsboka med oppslag frå lokalavisa. Eg stod fram gong på gong år etter år. Frå kontoret rykka eg ut i harnisk for å snakke naturens sak.

14


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 15

I utbyggingsspørsmål var eg glasklar og prinsipiell om det så var småkraft og røyrgater eller hyttefeltprosjekt. Me har jorda på lånt tid, sa eg. Me skal levere ho vidare til neste generasjon. Fjellet skal ikkje vera øydelagt av tekniske inngrep og vegar på kryss og tvers. I skuterproblematikken var eg òg tydeleg. Det er ingen menneskerett å køyre skuter på alle fjell. Ja til nyttekøyring. Nei til hyggekøyring. I årevis stod eg i kampen med rak rygg. Eg vart ikkje vippa av pinnen av anonyme hatmeldingar i kommentarfeltet i avisa. Eg såg stort på at ungane fekk høyre dei hadde ei «jævla miljøkjerring» til mor. Til og med ei nidvise frå dei ihuga skuterforkjemparane framført i lokalradioen i beste sendetid prella av på meg. Men hakkinga tok aldri slutt. Det gjekk opp for meg at eg var heilt åleine. 15


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 16

Eg fekk ikkje ei einaste støtteerklÌring. Ei stille sorg endra meg. Eg vart meir og meir innbitt. Eg süg det i spegelen. Kven har eg blitt?

16


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 17

Mor og far var jordbrukarar Dei produserte elitemjølk. Sjølv er eg jordeigar ingen dyr inga dyrking inga hausting. Men eg vaktar gårdens tilliggende herligheter og rettigheter som om det var høgrearmen. Har til og med kjøpt meire skog og fleire fiskerettar. Har mora meg med det. Blitt hobbyjurist. Perfeksjonert på jordskifte. Med oppkjøp frå sameige som spesialfelt. – Kvifor slåst du slik for desse rettane, Sverre? spurde ein. Vel, eg har sagt det før. Dei blir ein del av kroppen.

17


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 18

I Jordsjukantologien sankar eg hemmeleg liv uskrivne reglar og fadermord samanhengar og vendepunkt. Til slutt handlar det om dette: Høyrer du til meg eller høyrer du til her?

18


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 66

Desse er med i Jordsjukantologien: Sverre karar stadig til seg meire grunn. Ingen damer vil bu med han, fordi ryktet om han som jordsjuk øydelegg. Dessverre er det ikkje berre eit rykte. Det er sant. Han har prøvd seg i kjærleiken også, men det nyttar ikkje. Han blir for grådig. Sjølvhøgtidleg type, bur i Grunneigarvegen 5. Jordeigar Sverre tener pengane på alt anna enn berekraftig landbruk. Han sit på sengekanten til døyande og skaffar seg viktige underskrifter. Han svindlar hyttefolk i fjellet. Formuen er bygd på tomtesal og bomvegar. Veslebror til Sverre er svartsjuk på pengesekken til storebror. Naboen til Sverre er utan namn. Han har hatt eit forhold til den tidlegare miljøvernrådgivaren i kommunen. Det var av og på i eit år. Han er også grunneigar og styrer på med hyttefelt og bygging og hytteservice. Notorisk romantikar. Styggbitter på dei som flytta ut av bygda, og generelt forbanna på sentrumsungdom. Bur i Grunneigarvegen 4. Den unge landbruksutdanna kvinna prøver å kjøpe seg gard, men Sverre kjem ho stadig i forkjøpet. Til slutt får ho endeleg kjøpe Øvre Storelien. Takk og lov.

66


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.06 Side 67

Sevat Lars fekk ei permanent mørk sky over skallen då Fordson Major hamna på røysa. Han blir berre meir og meir oppteken av løbbel. Han har gøymt vraket av veterantraktoren i skogen. Namnet hans står heller ikkje i Jordsjukantologien, men han heiter Sevat Lars. Britt møter til slutt ein gamal kjenning ved Sundreberget, men det er ikkje lett å legge fortida bak seg. Særleg ikkje med ei slik mor Britt vaks opp med. Mor til Britt ville ha friheit og var alltid på flyttefot. Ho er framleis rundt i bygda. No angrar ho på alt. Einslege og barnlause Halvor høyrer pipelydar i bringa og er alvorleg sjuk. I unge år sakna han nærheit. Han fann det han leita etter hjå Indremisjonen. Me følgjer Halvor på det siste. Frå dei døde fortel motorsyklisten om sitt forhold til faren, og den siste dagen i sitt liv. Dramaguten er onkelunge til Halvor. Han nektar dottera Liv å gå dramalinja på vidaregåande. Han er upraktisk og frykteleg sta. Han har ein kunstnarambisjon som er ukanalisert. Til slutt set han mjølkebruket over styr. Naboane må gripe inn. Etter knekken kjem han attende, med tomtesal på åsen.


Bjella. Jordsjukantologien Nr. 1. Mat.qxp 18.09.17 08.07 Side 69

stein torleif bjella Jordsjukantologien © Forlaget Oktober as, Oslo 2017 Bokdesign: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | EXIL design Satt med: Mercury text G2 10/13 pkt Første opplag, 2017 Trykk og innbinding: Livonia print, 2017 Papir: Munken Print Cream 80 g. Bulk 1,5 i s b n: 978-82-495-1903-3 Denne boka er produsert med materialar frå berekraftige kjelder. www.oktober.no

Stein Torleif Bjella – Jordsjukantologien  

Bla i boka. Leseprøve på «Jordsjukantologien» av Stein Torleif Bjella.

Advertisement