Skuleavisa Firda 1MK

Page 4

Elevane si meining

Kva synest eigentleg elevane ved Firda VGS om at Medium og Kommunikasjon skal leggast ned? Vi tok for oss spørsmålet og spurte tre elevar. At det er dumt var i allefall alle tre einige i.

Ikkje meir yrkes – Eg synest det er utruleg dumt og urettferdig at vi ikkje får tilbodet om Medium og kommunikasjon på Firda lenger, seier Dina Rygg Eide frå tiande klasse ved Gloppen Ungdomsskule. Journalist: Silje-Maria Midthjell Foto: Silje-Maria Midthjell

Ingeborg Volle (2IDA) – Eg synest det er tåpeleg, folk må jo ha bra snitt for å komme inn, kvifor ta vekk det som er bra? Og media har jo bra forhold til musikk, dans og drama.

Line Vedvik (1STA) – Det er eigentleg heilt forferdeleg. I tillegg er det jo ein ut av dei linjene med høgst søkartal. Vi mistar jo Q-film! Og eg skjønar at folk ikkje vil flytte/pendle til Førde.

Henning Lad (1MUA) – Det er veldig dumt fordi medialinja har eit veldig godt samarbeid med musikk, dans og drama i forhold til film. Linja bør ikkje flyttast, og er det ein plass i fylket medium og kommunikasjon burde vere så er det her på Firda.

4

Medium og kommunikasjon på Firda er den eldste medialinja i fylket, med høge søkartal, god trivsel og flinke lærarar og elevar. Allikevel er mange politikarane i mot at linja skal oppretthaldast. – Med eit så godt samspel som medium og kommunikasjon har med lokalsamfunnet, er det alvorlig trist å sjå at linja skal takast vekk, seier Olin Johanne Henden frå Gloppen Høgre. Dårleg(e) argument Det som no blir gjort er at dei skal starte opp medium og kommunikasjon i Førde (Hafstad.) Dei som er for dette meinar at med nedgang i elevtal i heile Sogn og Fjordane er dette det einaste som er rett å gjere. – Dei ser ikkje på det som ligg bak. Trivsel, kvalitet og lite fråfall er minst like viktig som nedgang i elevtal. Og at dette ikkje har vore opp til diskusjon ein einaste gong er frustrerande, fortel Olin. Årsaken til at dei legg ned linjene er mest fordi elevtalet går ned i heile fylket, ikkje så mykje av økonomiske grunnar. Stor skuffelse Det er trist for Firda og miste ei slik yrkesfag-linje som media, som har eit så godt samarbeid med bygda og elevar på skulen. Skuffelsen var stor blandt både politikarar, elevar og lærarar då vedtaket kom i juni 2013. Når arbeidet har vore så intenst for å oppretthalde media er det som eit slag i ansiktet å få vete at det ikkje blir slik. – Ingrid Årdal (2DDA) og Alice B. Holm (3MKA) var med på eit politisk møte vi hadde. Å sjå skuffelsen i ansikta deira når alt bikka i mot, var heilt forferdeleg, seier Olin. Held seg på Firda Å flytte på hybel kan vere ei stor

Oppe f.v: Stian Aase, Thea Kvammen, Elin Støylen og Martha Ekerhovd (1MKA) Nede f.v: Cecilie Botnen, Kine M. Jacobsen, Solgunn Alme og Julie Heggheim (1HOA) foto: Silje-Maria Midthjell utfordring for mange, og å pendle er muligens enda verre. Og med hybelsituasjonen i Førde er det veldig vanskeleg å kapre ein. Dette er også eit stort problem med å legge ned media på Firda. – Eg har vurdert å flytte på hybel, men tvilar på det skjer. Eg føler meg ikkje heilt klar til å flytte ut enda, så eg bur heime, seier Dina. Dina vel heller å gå idrett her på Firda enn å flytte til Førde for å gå media. Tøffe møter Høgre har kjempa hardt i denne saka og stått sterkt på det dei meinar er rett. Dei har gjort så og sei alt dei kan for at media skal bli verande på Sandane. – Møtene med folk som er for at dei skal legge ned er ganske tøft.

Dina Rygg Eide er ein av elevane som blir ramma av nedlegginga. For å vere ærleg så dette faktisk den tyngste saka eg har vore gjennom nokon gong, seier Olin Johanne.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.