Bodbringaren 3-2014

Page 1

Ei avis produsert av 2MK på Firda vgs.

BODBRINGAREN Onsdag, 26. november, 2014

Uroleg for festmiljøet Saknar betre tilbod om ekstrahjelp s. 8

–Vi er rotete og sånn er det berre s. 10

Vel gjennomført Qfilm-festival s. 3


Bodbringaren

Redaktør No er vi kome til vegs ende med avisperioda vår og har dermed laga vår siste avis. I denne utgåva har vi blant anna prøvd å finne svaret på kvifor reglane for festing på Sandane har vorte stramma inn. Dei fleste har vel merka at det har vorte færre Gimlefestar sidan i vinter. Både elevar og rektor får kome med tankar om at ungdomen festar midt i veka og drikk alkohol. Sidan Firda vgs er ein hybelskule, blir festane som oftast halde i vekedagane. Rektor Hallgeir Hansen bekymrar seg over at ungdom under 18 år drikk alkohol og meiner dette går utover skulearbeid og fråvær. Vemund Landøy som er elev ved Firda vgs, meiner at så lenge ein veit kva ein gjer og tar konsekvensane av det, så får det vere opp til ein sjølv. Vi i redaksjonen håpar at ungdomen finn ein måte å balansere dette på. Les meir om denne saka på side 6 og 7. Vi håpar du likar den siste utgåva av Bodbringaren! Amalie Heggen Listou

Grafisk ansvarleg Nyhenderedaksjon Amalie Heggen Listou, Mathias Hansen og Thea Kvammen Utdanningsredaksjon Beate Liseth, Martha Ekerhovd og Emma Opheim Drageset Kulturredaksjon Silje-Maria Midthjell, Vilde Johansen og Elin Støylen Grafisk avdeling Rakel Christine Vangberg, Lisbet Årdal og Madalina Elena Iosub

2

Rakel Christine Vangberg


Tekst og Foto: Amalie Heggen Listou

Vel gjennomført Qfilm-festival Solidaritetsvisning I samarbeid med Den Kulturrele Skulesekken og 3MK, kom den norsk-kurdiske regissøren Hisham Zaman til solidaritetsvisninga og viste filmen sin ”Før snøen faller”. – Eg tykkjer det er eit fint samarbeid og eg føler meg veldig heime her, fortel Zaman. Til saman har dei klart å samla inn heile 6000 kroner som går til organisasjonen HOPE. Dei jobbar for kurdiske barn som er i vanskelege situasjonar. Dette var ei vellykka innsamling.

Etter mykje planlegging og hardt arbeid for 3MK, blei Qfilmfestivalen vellykka i år også. No gjenstår det berre å sjå kva som skjer med filmfestivalen neste år. Gode tilbakemeldingar Qfilmleiar Åsmund Eikenæs tykkjer veka har vore bra. – Det har vore mange som har delteke og eg har fått gode tilbakemeldingar. Folk fortel at dei har fått oppleve mykje for berre 100kr og at dei har sett gode filmar. Geir Skagen, som er medielærar, tykkjer at veka har vore flott gjennomført med eit spanande program, slik som dei andre åra. Kickoff Som ein del av tradisjonen starta Qfilm-veka med Kickoff, som var ein sosial kveld i Aulaen med god stemning. Mykje folk møtte opp og det vart servert god mat. Dei nominerte filmane vart viste, og det var laga til Quiz og loddtrekning med flotte premiar. Emmy af Geijerstam og Emilie Colliander som var ansvarlege for kvelden, seier dei har fått gode tilbakemeldingar etter mykje arbeid og planlegging. Dei har også fått god hjelp frå konferansierar Simon Dahlby og Fredrik Fjellestad. Vart skremd Onsdag vart det laga til for skrekk og gru i Frislidlada. Thrilleren Sinister blei vist for rundt 160 tilskodarar. Det vart også servert punsj og nybakte muffins. – Eg tykkjer det var kult at det var laga til ute i ei lade når det var mørkt,

Fleire vart skremde då dei møtte på af Geijerstam seint tirsdagskveld.

det gjorde det verkeleg skummelt, seier Sofie Holmøy. Torstein Tysse Sætevik legg til at det var veldig kjekt og kreativt. Vi var veldig einige frå starten av, så heile idé- og arbeidsprosessen har i grunnen gått ganske fint. Det blei sjølvsagt litt stress på slutten, men slik er det som oftast. Vi er veldig glade for at vi gjorde alt vi planla og ikkje droppa noko, fortel Åshild Nordstrand og Margunn Brendehaug, som var ansvarlege for spesialkino. Emmy af Geijerstam var heldig og fekk oppgåva å gå rundt å skremme folk under og etter spesialkino. – Eg skremde mange og det var veldig kjekt. Eg har høyrt rykte om at nokon grein, og det beklagar eg. Det var ikkje meininga at det skulle gå så langt. Det var berre for å få ein skummel effekt på arrangementet, fortel af Geijerstam.

Hisham Zaman fortalde om den spanande karriera si som regissør.

Nyhende 26. november 2014

3


Bodbringaren

Arrangørane fekk skryt av rektor Hallgeir Hansen.

Qpris Torsdags kveld var kvite dukar lagt på borda og dekka på med fine blomedekorasjonar og mat. Folk møtte opp i finstasen for å sjå kven som stakk av med prisane. ”Pensjonert”, ”4H i Gana”, ”Kontrast” og ”UFO” var filmane som vann Qprisar. Verkeleg fortent etter eit bra arbeid. Fagdag Qfilmfestivalen blei avslutta med fagdag i kultursalen. Hisham Zaman og Stig Frode Henriksen hadde kvar sin time med interessante foredrag om deira karrierar. Oppmøtet var bra og folk vende nasa heim glade og fornøgde etter ei vellykka veke. Lang arbeidsprosess Elevane i 3MK starta allereie i fjor haust å planlegge festivalen.

4

Nyhende

– Arbeidsprosessen har vore lang. Ein må finne sponsorar, foredragshaldarar og filmar. Og så må amatørfilmane behandlast, fortel Eikenæs. Han seier også at det har vore lærerikt å vere leiar. Det har vore viktig å ha kontroll på kva som skjer til ei kvar tid og å høyre på behova til medarrangørane. Både arrangørklassa 3MK og hjelparane i 2MK har lagt ned solid arbeid både fram mot festivalen og gjennom festivalveka. Dei ansvarlege for dei ulike arrangementa ser ut til å ha planlagt godt og hatt god kontroll på det som skulle skje, seier Skagen. Eikenæs fortelat den største utfordringa har vore logistikken. Det har vore mykje som må settast på plass og dagane før har vore travle.

Skodespelar Stig Frode Henriksen heldt foredrag på fagdagen.


Heja Rostami frå organisasjonen HOPE fortalde om arbeidet deira på Solidaritetsvisniga.

Kanskje siste Qfilm Beate Liseth, som no går andre året på medielinja, tvilar på at det blir Qfilmfestival neste år, grunna for få elevar. I tillegg veit dei ikkje om dei får tredje året her på Firda. – Før har alle tre medieklassene vore med å hjelpe til på festivalveka, men i år er vi berre to klassar og det har vore knapt med folk. Så neste år blir nok svært vanskeleg. Skagen fortel at det er vanskeleg å seie kva som skjer med Qfilm neste år. –Det er truleg siste året vi ser festivalen slik som no, fem dagar med elevar frå MK med i alle ledd. Håpet er at komande 3MK tek på seg og gjennomfører festivalen, men då må dei truleg enten skalere ned omfanget av den eller få hjelp frå andre, seier han. Han foreslår at «Media og informasjonskunnskap»-klassene på studiespesialiserande kanskje kan bidra. – Men etter MK spørs det, skulen ogfilminteresserte elevar kan drive vidare som filmklubb eller skuleprosjekt.

Om det vert med den «pondus» og eigendriv som det har vore så langt, får vi sjå med tida, seier han. Liseth synst det er trist at filminteresserte og andre deltakande kanskje misser dette sosiale og kjekke tilbodet. – Om Qfilm innstiller vert det litt stillare rundt film og filmtalent frå Sogn og Fjordane. Festivalen med Qpris har gitt ungdom i fylket ein stad

å løfte fram skapargleda si på filmsida. Den arenaen forsvinn, forklarer Skagen. Dersom det blir Qfilm-festival neste år tipsar Eikenær framtidige arrangørar om å vere motiverte. – Det er krevjande å arrangere, så det er berre å minne seg sjølv på det. Tenk at ein er eit lag og at alle må bidra mykje. Ver tidleg ute med dei forskjellige tinga, foreslår han.

Tirsdag blei det servert nysteikt pizza mellom kinoane.

26. november 2014

5


Bodbringaren

Uroleg for festmiljøet Rusbruk blant mindreårige er ei stor utfordring. Etter at eit Valentinesball på Breim kom ut av kontroll, måtte politiet sette ein stoppar. Rektor Hallgeir Hansen er svært bekymra for dei mindreårige elevane som brukar rus. Firda vgs er ein hybelskule. Dei fleste reiser heim i helgene, så då er det naturleg at festane som blir arrangert på Sandane er i vekedagane, fortel to av elevane. – Om ein vil ha mykje folk på festane, er det lurt å ta det midt i veka. Men det burde heller vore arrangert på fredagane, for skulen si og din eigen del, fortel ei jente (anonym) som er elev på Firda. – Det er heilt opp til kvar enkelt om

dei vil drikke alkohol eller ikkje. Eg tykkjer det er heilt greit at mindreårige drikk og går på fest midt i veka om dei vil det. Når ein er 16 år og oppover, veit kva ein gjer og kan ta konsekvensane av for det, tykkjer eg det går fint, seier Vemund Landøy (17). Treng ikkje alkohol Jenta fortel at ho ikkje har behov for alkohol på fest. – Eg kan ha det kjempekjekt på fest sjølv om eg ikkje drikk. Eg tykkjer det er unødvendig å bruke mykje pengar på alkohol, berre for å drikke han opp på fest. Andre grunnar til at jenta avstår frå alkohol er at det står imot verdiane frå hennar kristne oppvekst.

Foreldra hennar betalar òg sertifikatet dersom ho held seg unna alkohol til ho er 18 år. Det ser ho på som ein motivasjon til å halde seg unna alkohol inntil ho er gamal nok. Vert litt utanfor Landøy fortel at ein må ikkje drikke alkohol for å ha det kjekt, men dei som ikkje drikk blir ofte litt utilpass på fest der alle andre utanom dei sjølv drikker. – Eg drikk små mengder alkohol på fest. Eg drikk alkohol fordi det lettar på forskjellege ting eg tenkjer på, slik at eg berre kan ha det kjekt ein kveld, og gløyme andre ting eg har i tankane, seier Landøy. Bekymra Rektor Hallgeir Hansen er svært bekymra for ungdomen under 18 år som drikk alkohol. Han er og veldig overraska over at dei som er over 18 år kjøper drikke til mindreårige. – Eg ønskjer å ha ein skule der vi bryr oss om kvarandre, og har omsorg for kvarandre. Det er ikkje greit å kjøpe alkohol til dei som er under 18 år, det er ikkje å bry seg om andre. Gift for kroppen Jenta tykkjer ikkje det er greit å drikke dersom du under 18 år. – Det er ei aldersgrense vi skal følgje, meinar ho. Det er eigentleg gift, og skadeleg for kroppen din. Ho fortel at folk hiv innpå med alkohol for å bli berusa, og drikk ikkje for å kose seg. Ein kan ha det like kjekt om ein ikkje drikk, fortel jenta.

Vemund Landøy (17) ser ikkje på festing som eit stort problem

6

Nyhende

Strengare reglar Etter Valentinesballet sa politiet stopp. Dei stramma inn på reglane, og ville


Tekst og Foto: Thea Kvammen

Rektor vert bekymra når ungdom under 18 år drikk alkohol.

verte mykje meir strenge i forhold til å gje løyve til slike festar. Dei har no laga til ei prosedyre dei skal følgje når ungdom kjem og vil arrangere fest. Lensmannen stiller nokre krav. Dersom krava blir innfridd, får dei løyve til å ha fest. Har ungdomen fått godkjent søknaden skal politiet få ei oversikt over gjesteliste, vaktliste og varighet på arrangementet. Rektor må få informasjon Rektor fortel vidare at når eleven har fått godkjenning med politiet får vedkommande beskjed om å gå til rektor og informere han om dette. Politiet er opptekne av at festane ikkje skal marknadsførast på Facebook. Dette sprer seg fort, og ofte kjem det folk frå heile fylket. Det blir òg vanskelegare å halde kontroll på gjestelistene. Når uvedkommande kjem på festen, og ikkje slepp inn, kan det fort bli bråk og uro utanfor festplassen. Då misser ein kontroll, seier Hansen. – Dette har ikkje eg avgjort, men politiet ønskjer å ha det slik. Eg får beskjed på førehand om kvart ar-

rangement som skal vere, så eg blir betre orientert. Dette har politiet bestemt på eige initiativ, for å vere sikre på at arrangørane har kontroll, seier Hansen. Går utover skulen – Eg får nokon uromeldingar frå hybelvertar, folk i bygda, og enkelte elevar når det er fest midt i veka. Dette bekymrar oss i skuleleiinga. Vi ser at dette går utover skulearbeid og fråværet til elevane. Eg trur òg at dette går utover helsa til ungdommane. Det som gjer meg særleg bekymra er at mange av desse ungdomane er under 18 år, fortel Hansen. Alkoholfrie arrangement Ein kunne prøvd på andre alkoholfrie arrangement for å minke talet på mindreårige som drikk. Det er jo opp til kvar enkelt om ein vil drikke alkohol eller ikkje, sjølv om det ofte er sosialt press frå vener, fortel Landøy. – Open hall er jo eit døme på eit kjempekjekt alkoholfritt arrangement, seier Landøy.

Folk er sjokkerte Jenta fortel om reaksjonane ho får når ho seier at ho ikkje drikk, det er ofte ho får litt sjokkerte reaksjonar frå andre. – Eg har det kjempekjekt på festar sjølv om eg ikkje drikk. Den gode stemninga som er rundt deg smittar jo berre over på andre. Det handlar om å begynne å drikke når du er klar, og ikkje når vennane dine er klare. Vil berre elevane vel – Dette er veldig utfordrande, fortel Hansen. Hansen har stor tru på kommunikasjon, det og kunne snakke med ungdomen. – Det er jo i utgangspunktet det eg har ønskt, men eg trur ein del av elevane oppfattar meg som moralens vaktar. Det er ikkje poenget mitt, eg vil berre elevane vel. Det som er viktig for oss i skuleleiinga er at alle ungdommar på denne skulen skal ha det godt, og eg tykkjer ikkje kombinasjonen mellom rus og ungdom er bra.

26. november 2014

7


Bodbringaren

Saknar betre tilbo

Silje-Maria Midthjell tek opp matematikk som privatist i år, fordi ho ikkje følte at ho gjorde det bra i fjor.

– Eg følte i grunnen at eg fekk lite hjelp, eg forstod ikkje faget noko betre. Eg følte meg nesten meir forvirra enn det eg gjorde i utgangspunktet. Det seier Silje-Maria Midthjell, som fekk ekstrahjelp i matematikk i fjor. Ho er ein av elevane som ikkje er heilt nøgde med skulen sitt tilbod om ekstrahjelp i forskjellige fag. Midthjell var med på ekstra undervisning i heile første klasse, men følte ikkje at ho fekk god nok oppfølging. Det resulterte i at ho i år tek matematikk som privatist for å få betre karakter i faget. Ho fekk hjelp,

8

Utdanning

men mange elevar på skulen saknar informasjon om at det er hjelp å få.

og det er heilt klart ein vanskeleg situasjon.

Skulle hatt større ressursar – Alle elevar har kartleggingsprøver i første klasse for å finne ut kva nivå dei ligg på. Slik kan vi sjå om dei treng ekstra undervisning, fortel utviklingsleiar Magne Larsen, som har ansvar for å organisere ekstrahjelp. – Vi skulle sjølvsagt hatt større ressursar til å hjelpe elevar, men eg tykkjer vi bruker det vi har på ein god måte. Vi prøver å finne kreative løysingar og slik få mest mogleg ut av kvar krone. Men det seier seg sjølv at det er ei utfordring i store klassar,

Visste ikkje om problemet Ove Eide er pedagogisk leiar på skulen. Han fortel at dersom elevane ikkje er nøgde med oppfølginga og hjelpa dei får, må dei ta kontakt med anten han sjølv eller Magne Larsen. På den måten kan skulen diskutere det og prøve å finne ei løysning på problemet. – Vi ønskjer sjølvsagt å hjelpe elevane, og vil at den undervisinga dei får skal ha god kvalitet. Vi kan ikkje løyse noko dersom vi ikkje veit at det er eit problem, seier han.


Tekst og Foto: Beate Liseth

od om ekstrahjelp Eide seier at lærarane og leiinga er nøydde å bli flinkare til å informere elevane om korleis dei kan få hjelp. – Eg var ikkje klar over at elevane hadde fått lite informasjon, seier han. Ønskesituasjon Noko av det som står i vegen for å lage til eit betre tilbod for elevane er ressursane skulen har tilgjengelege til bruk på undervisning. – Ein ønskesituasjon ville sjølvsagt vore å ha større lærartettleik slik at ein kunne ha to lærarar i same timen. På den måten kunne ein av lærarane tatt ut dei elevane som hadde behov for det, medan den andre læraren hadde vanleg undervisning med resten av klassen. Det at vi ikkje kan gjere det slik fordi det kostar for mykje, er ei dårleg unnskyldning. Men slik er det dessverre, seier Turid Korterud, rådgjevar ved skulen. Konsentrasjon og motivasjon Midthjell meiner at det ikkje alltid er sjølve faget som er krevjande, men at problemet kan ligge i det å konsentrere seg og å ha motivasjon til å jobbe. Ho tykkjer at lærarane burde følgje meir med på dei som slit med dette. – Eg trur den beste løysninga vil vere å ha fleire lærarar slik at dei elevane som slit med teorien får betre oppfølging. I tillegg trur eg at det einaste som fungerer for dei som slit, er å få det inn med teskei, altså å få alt veldig nøye forklart, seier ho. Ho trur det kanskje hadde vore best at dei berre hadde lært det grunnleggjande veldig nøye, slik at dei i alle fall var heilt sikre på at dei kunne det. Ho held fram med at dei eventuelt kunne fått vanleg undervisning igjen når ein ser framgang.

Viktig faktor Det at kommunikasjon er ein viktig faktor, er det stor semje om i leiinga. Både Korterud, Eide og Larsen meiner at elevane må vere flinke til å sei ifrå til faglærar eller kontaktlærar dersom dei har eit problem. – Første steg er å gå til faglærar. Det er ikkje alltid at problemet er så stort at ein treng å setje opp ekstra grupper, men det kan vere noko så enkelt som at læraren kan endre læringsmetodar, foreslår Korterud. Må vurdere problemet – For at vi skal kunne gi enkeltelevar ekstra støtte så må det liggje inne ei vurdering frå Pedagogisk Psykologisk Tenestekontor (PPT). Dersom elevane har vanskar av ulik grad kan det utløyse at skulen får ekstra ressursar til føremålet. Vi kan også sjå at det er lavt karaktersnitt i ei gruppe, slik at vi kan gå inn med ekstra ressursar, seier Korterud. Slik som dei andre, seier også ho at det er for lite pengar som skapar vanskar.

“Eg var ikkje klar over at elevane hadde fått for lite informasjon.” Tilbod på open skule Larsen fortel at dei no startar opp att med leksehjelp på Open skule, noko som har fungert bra før. – Vi leiger inn flinke elevar frå tredje klasse som kan hjelpe andre elevar med ulike fag. Det har vore mest behov for støtte i matematikk, men også i naturfag og framandspråk har det vore mogleg å få hjelp. Elevane som skal lære vekk faga må ha god

Turid korterud meiner at større lærartettleik er ein ønskesituasjon.

kommunikasjonsevne og vi må ha tillit til dei. Tidligare år har det gått bra, så vi satsar på at det går fint i år også, seier han. Eide er samd i at hjelp på open skule er ei god løysning. – Eg trur det er positivt både for dei som lærer vekk, og dei som nyttar seg av tilbodet. Det er veldig lærerikt for alle, og ei god erfaring for dei som underviser. Einig i at tilbodet kunne vore betre – Tilbodet kunne nok ha vore betre, og vi må prøve å betre det. men først å fremst må vi nok verte betre på å informere om tilboda vi allereie har, seier Eide. – Men det er viktig å hugse på at det ikkje berre er skulen som er ansvarlige for at elevane skal gjere det bra. Dei må sjølvsagt møte opp til timane, og dei må jobbe hardt for å lære. Han presise er at skulen gjerne vil gi alle elevane undervisning av god kvalitet, og målet er at ingen skal stryke i noko fag.

26. november 2014

9


Bodbringaren

– Vi er rotete og s Elevar på musikklinja har gjentatte gonger fått tilsnakk frå vaskedamene og lærarar om at det er svært rotete i C-bygget. Trass tilsnakk har dei endå ikkje endra haldning til opprydding. I mange år har nokre musikk-klassar på Firda vore assosiert med rot og lite orden i klasseromma og andre opphaldsrom. Det som møter reinhaldarane når dei skal vaske klasseromma er ikkje alltid like positivt. – Eg har jobba her i 20 år, og det har aldri vore så gale som no, seier Ingvill Nedreberg. Ho er leiande reinhaldar på Firda og er svært oppgitt over rotet til elevane.

– Vi får rett og slett ikkje gjere jobben vår. Er ikkje klasserommet rydda når vi kjem, tømmer vi bosset og går derfifrå, legg ho til.

“Eg har jobba her i 20 år, og det har aldri vore så gale som no,, Ikkje alltid like enkelt Reinhaldarane har faste tider dei kjem og vaskar og dette er elevane klar over. Isabell Førde frå 2. musikk forstår

Reinhaldar Ingvild Nedreberg er ikkje særlig nøgd med rotet i C-bygget.

10

Utdanning

frustrasjonen til reinhaldarane, men det er ikkje alltid like enkelt å ta tak i problemet. – Vi er fullt klar over når reinhaldarane dukkar opp, men nokre gonger har vi faktisk ikkje tid å rydde skikkelig etter oss, spesielt no når det er så mykje å gjere på skulen, seier Førde. – Eg tenkjer ikkje så mykje over rotet lenger, ein blir van med det til slutt, legg ho til. Meir enn ein skule Musikkelevar har tilgang til klasseromma på kveldstid, og Nedreberg trur dette er det største problemet. – Elevane må lære seg å rydde på kvelden når dei forlét klasseromma slik at det ser fint ut på morgonen når dei kjem tilbake, seier ho. Førde og resten av 2. klasse ser på dette på ein heilt annan måte. – Skulen er som ein heim for oss. Vi tar med oss mat, bruker klasseromma til alt mulig, nokon sov til og med der, seier ho. – Vi er rotete og sånn er det berre, legg ho til. Påverknaden er stor Klasserommet til musikkelevane er verst av alle, men det er óg fleire rom som ikkje blir rydda. – Øvingsromma har strengare reglar, og desse respekterar vi, fortel Førde. – Klasserommet, gangane og dataromma har ikkje desse reglane, og difor tenkjer vi at det ikkje er like viktig, legg ho til. Nokre elevar er dårlegare til å rydde enn andre, og Førde meiner dette påverkar resten av klassen. – Når du ser mykje rot fleire plassar tenkjer du at det ikkje er så nøye, seier ho.


Tekst og Foto: Emma Opheim Drageset

sånn er det berre

Slik kan det sjå ut ein heilt vanleg dag hjå 2. musikk

Fort gløymt Rektor Hallgeir Hansen har tatt opp dette temaet på fleire allmøter, men Nedreberg ser ikkje noko forskjell. – Problemet ligg nok i lærerane óg, om dei godtar dette er ikkje det så mykje å gjere med saken, seier ho oppgitt. Musikkelevane får ein vekkjar når Hansen nevner dette på møta, men det blir fort gløymt. – Vi tenkjer sjølvsagt at vi må skjerpe oss når vi får ein slik beskjed, men det virkar ikkje som om alle bryr seg, og då blir det fort gløymt, fortel Førde.

– Det er ikkje særleg mange lærarar som motiverar oss eller gir oss beskjed om å rydde heller, legg ho til. Ingen tilgang på kveldstid Det har blitt drøfta fleire løysingar for å få slutt på rotet, men ingenting ser ut til å virke. – Elevane har skapa sine, men det ser ikkje ut til at dei brukar dei, seier Ingvill. – Den beste løysinga hadde vore å ikkje få tilgang på kveldstid og dette temaet har vore oppe fleire gonger,

legg ho til. I fjor vart det sagt at om 2. musikk ikkje ryddar vart nøklane deira inndratt. – Då dei trua med det i fjor rydda vi virkelig! Seier Førde. – Det betyr så mykje for oss å få vere der på kveldstid, og eg trur det blir månelyst om vi ikkje får tilgang etter skuletid, legg ho til.

26. november 2014

11


Bodbringaren

Nektar å bruke Sjølv om elevar i den norske skulen har krav på skulebøker på si eiga målform, er det ikkje alle skulebøkene på Firda som er skrivne på nynorsk. Dette gjeld spesielt i programfaga til dans, drama og musikk. Elevane her på skulen er heilt klart misfornøgde med at dei ikkje får bøkene på si eiga målform. – Eg for min del skjønar mindre i faget enn det eg hadde gjort dersom eg hadde hatt boka på mi eiga målform, seier Helene Rogne, elev i 3. klasse ved danselinja. Lovfesta I opplæringslova står det at alle elevar har rett på læremiddel skrivne på si eiga målform. Denne lova bryt skulen ved å velje bokmålsbøker framfor nynorske alternativ som er tilgjengelege på marknaden. – Det er dumt at vi ikkje kan få bøkene på vår eiga målform, det er jo trass alt lovfesta, seier Ragnhild Bjørkum Vassbotn frå 2. klasse ved musikklinja. – Hadde det vore andre vegen, og elevane i Oslo hadde fått bøker på nynorsk, hadde det vorte store protestar, held ho fram. Fullt klar over det Lærarane får ofte klager frå elevane på at dei ikkje er nøgde med bøkene. – Eg har hatt fleire elevar som rett og slett har nekta å bruke boka og heller går gjennom faget utan lærebok, seier Øystein Eide, lærar på musikklinja. For det er ikkje slik at lærarane ikkje er klar over kva for lover og reglar som gjeld når nye bøker skal kjøpast inn. – Alle elevar har krav på lærebøker på sitt hovudmål, så sant dette er tilgjengeleg. Samtidig er det store

12

Utdanning

Mange programfagsbøker bruker bokmålsbøker framfor nynorsksbøker.

kvalitetsforskjellar på ulike læreverk, men i enkelte fag er det rett og slett fornuftig å kjøpe inn bøkene på bokmål, ettersom alternativa ikkje er gode nok, seier Magne Larsen, utviklingsleiar ved skulen. God grunn Nei, det er ikkje slik at lærarane bestiller inn bøker på bokmål istaden for nynorsk berre for å plage eller provosere elevane. Problemet er rett og slett at dei somme gonger må ta valet mellom gode bøker eller

ikkje fullt så gode bøker, på nynorsk. – Dersom vi kjøper inn nye, nynorske bøker om hausten, hender det at bøkene blir forseinka, ofte med fleire månader, seier Eide. Men sjølv om lærarane har gode grunnar til å kjøpe inn bøkene på bokmål, er det ikkje alle elevane som veit om dette, og det er dermed fleire som blir irriterte og skuffa. – Lærarane bør forklare elevane kvifor dei har teke dei avgjerdene dei har. Vi må vite at det ikkje er skulen sin feil, og at dei berre prøvar å gjere det beste for oss, seier Vassbotn.


Tekst og Foto: Elin Støylen

bokmålsbøkene ikkje brukar bøkene like mykje i alle fag. I programfaga våre presenterer læraren som oftast stoffet, og boka blir brukt veldig lite, seier Rogne. – Dersom dei meiner dette er den beste måten å få fram fagstoffet på, så stolar eg på dei, held ho fram. – Det har ikkje så stor innverknad på undervisninga, anna enn at nynorsk er meir naturleg ved høgtlesing for dei fleste, og at eg personleg likar nynorsk betre. Det er vel kanskje mest ei prinsippsak, seier Vassbotn. Problemet ligg i forlaga – Det er ikkje eit problem i dei større faga, men i mindre fag er det, på landsbasis, ikkje så attraktivt for små forlag å produsere bøker på begge målformer. Ofte handlar det om små forlag som ikkje har kapasitet eller økonomi til dette, seier Larsen. – Vi har purra på selskapa som berre produserer bøkene vi brukar på bokmål fleire gonger, men får alltid den same responsen. Det verkar som selskapa tar lova i eigne hender, seier Eide.

Handlar om prioriteringar Nokre av dei bøkene vi har her på skulen i dag som er skrivne på bokmål, er bøker som før blei produserte på nynorsk. Skulen bytta over til andre alternativ etter at dei ikkje lenger fekk tak i den nynorske versjonen, men har i seinare tid bestemt at desse bøkene er dei beste på marknaden, og har då bestemt seg for å gå tilbake til dei lærebøkene, framfor å ha nynorske bøker. – Eg vil jo sjølvsagt heller ha gode bøker enn bøker på mitt hovud-

mål dersom det er eit godt grunnlag for det. Dersom dei bøkene dei har valt vekk er dårlege, hadde eg sikkert ikkje fått meir ut av dei enn det eg får frå dei vi har no, seier Rogne. Støttar lærarane Så lenge elevane får vite kvifor lærarane har valt som dei har, er dei med ein gong meir forståingsfulle. Både Rogne og Vassbotn er einige med lærarane i dei vala dei har gjort. – Kva målform bøkene er på har ikkje alltid så mykje å bety, ettersom vi

Ikkje billig med lærebøker Det er ikkje enkelt å skulle kjøpe inn nye bøker til store skuleklasser. Skulen får ein viss sum pengar i året som skal brukast til lærebøker for elevane. – Vi får ca. 1300 kroner per elev til lærebøker, og når vi veit at dei fleste bøker kostar mellom 400 og opp til over 700 kroner, seier det seg sjølv at vi ikkje kan kjøpe inn alt vi ynskjer, seier Larsen. – Difor er det viktig å oppfordre elevane til å ta godt vare på bøkene. Dei må óg erstatte eventuelle øydelagde bøker for den same prisen som vi kjøper dei inn for, avsluttar han.

26. november 2014

13


Bodbringaren

Adventskonsert av o

Nina Therese Søviknes Birkeland(2MUA) og Marie Haugen(3MUA) ser fram til adventskonserten saman med resten av musikklinja.

- Eg var med på adventskonserten i fjor og det var utruleg kjekt i tillegg til å få byggje opp julestemninga, det er jo det som er heile poenget med denne konserten. Det er verkeleg noko spesielt med å få syngje i kyrkja med heile musikklinjekoret, seier Marie Haugen (3MUA) 5. desember verte det adventskonsert i Vereide kyrkje. Musikklinja ved Firda har arbeidd mykje dei siste vekene, og gler seg veldig mykje til å få vise både foreldre, lærarar og resten av publikum kva dei kan. Konserten er ein årleg produksjon ved musikklinja, og er i utgangspunktet ein akustisk konsert med kor, instrumental og nokre soloinnslag. – Dette er ein konsert av og med musikklinja der vi framfører julesongar, og verkeleg får vise fram kva vi har jobba med, seier Nina Therese

14

Søviknes Birkeland(2MUA) Fellesprosjekt Ein lenge levande tradisjon ved Firda skal fortsatt haldast levande av dei flinke elevane på musikk med god hjelp av lærarane. Dette fellesprosjektet har nemleg vore ein tradisjon ved Firda i over 20 år av både elevar og lærarar. Klassene har vore gjennom ein god del øvingar og førebuingar, og det vert endå meir intenst i vekene fram til konserten. – Heile musikklinja er jo med, og det å få til eit bra kor er ei utfordring i seg sjølv med tanke på samklang og at alle kjem på øvingane. Men det går vanlegvis veldig bra, seier Marie. Vise fram Musikkelevane har ikkje så mange anledningar til å få vise fram kva dei kan til foreldre og familie generelt.

Det er ikkje like lett for familie å få kome til skulen å sjå huskonsertar, så difor er denne adventskonserten ein flott måte å få vise fram kva dei har jobba med. – Eg tykkjer dette er ein super måte å få samla heile musikklinja på, samt at vi får vise foreldra våre kva vi kan. Sjølv var eg ikkje med på konserten i fjor men eg trur og håpar at det vert spanande og kjekt, seier Nina.

“Det vil nok bli noko av det eg kjem til å sjå tilbake på som det kjekkaste med å gå på Firda.”


Tekst og Foto: Silje-Maria Midthjell

og med musikklinja

Heile musikklinjekoret øver fram til konserten.

Særpreg Adventskonserten skal vere i Vereide kyrkje. Sidan dette er ein tradisjon, såg arrangørane at dette vart naturleg for årets konsert også. – Kyrkja gjev ei heilt anna stemning enn andre lokale kan gi, det er noko med stemninga å roa i kyrkja som er spesiell. Sidan det er ei steinkyrkje vert akustikken også betrakteleg forsterka, fortel Tore Hovde. Å få reise ut i kyrkja med alle klassene og få spele i ei så fin kyrkje er noko både Marie og Nina tykkjer er

Færre påbyggsplassar

spanande og kjekt å få vere med på. – Å få syngje med eit fullt musikklinjekor i kyrkja er noko eg set stor pris på. Eg deltok på konserten i fjor også, men da fekk ikkje eg soloinnslag, som eg får i år. Det er eg veldig takknemleg for, seier Marie. Noko å sjå fram til – Sjølv gler eg meg veldig til å høyre koret sidan eg ikkje har arbeidd saman med dei i år. Firda er jo også kjent for å ha eit veldig godt skulekor, så eg trur det vert bra, seier Tore.

Hausten 2015 blir det færre plassar på påbygging til generell studiekompetanse. Det skriv fylkeskommunen på sine nettsider. Ein av grunnane til at det blir færre plassar er at ikkje alle elevane klarer å fulløre eller bestå påbyggsåret. Dersom ein kjem ut med stryk eller svake karakterar, kan det redusere dei opningane ein har til å kome inn på

Nokre av elevane i 2MUA samt alle i 1MUA er med for fyrste gong og lærarane har inntrykket av at alle er positive og gler seg til å framføre. – Dette er siste året mitt på Firda, og då den siste adventskonserten eg får vere med på, det er litt trist men samtidig veldig kjekt også. Det vil nok bli noko av det eg kjem til å sjå tilbake på som det kjekkaste med å gå på Firda. – Vi håper på full kyrkje i år også, og kanskje litt snø for å byggje opp stemninga endå litt meir, seier Tore.

høgskular eller universitet. I dag er det 220 påbyggsplassar på skulane i Sogn og Fjordane, og det er framleis usikkert kor mange av dei som vil verte kutta vekk og kva skular som får halde fram med å ha påbygg. Det som er sikkert er at færre plassar betyr at ein treng høgare karaktersnitt for komme inn.

26. november 2014

15


Bodbringaren

Fylkesmesterskap Torsdag har 2IDA arrangert ­fylkesmesterskap i volleyball i hallen for vidaregåande skular i fylket. Ni lag er påmelde, så dette blir spennande. Det blir kiosk med mat og drikke. Alle er velkomne til å ta turen for å få med seg kampane, og heie fram Firda vgs sine lag. Fyrste kamp byrjar 10:30. Vel møtt!

Illustrasjonsfoto.

Bortebuarstipendet redda Fredag 21. november vart partia i regjeringa einige om at stipendordninga vert uendra. Det opphavlege forslaget til statsbudsjettet foreslo eit kraftig kutt i bortebuarstipendet. Det gikk ut på at elevar som kom frå familiar med samla inntekt over 1,1 millionar kronar skulle få halvert sin stipendsats. Men no er det bestemt at det ikkje vert endra på. Det betyr at elevar med bortebuarstipend får behalde stipendet dei får no.

Tekst og foto: Silje-Maria Midthjell

Utveksla informasjom som sakna mann Eit politihelikopter landa ved STIL-stova onsdag 19. november. Søkjepolitiet skulle utveksl informasjon med politiet i Gloppen kommune angåande søket etter Per-Arne Hestenes (31år). Politiet i Gloppen veit at han ikkje lenger er i området og at heile landet blitt eit søkjeområde.

Putti Plutti Pott i kultursalen Torsdag 27. november står Nordstranda skule igjen klare på scena i Kultursalen med julemusikalen til Per Asplin, Putti Plutti Pott. Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg er ein barnemusikal, men er egna for alle aldrar. Billettsalet er starta, og om du vil sikre deg julestemning kan du kjøpe billettar på heradshuset eller på Trivselshagen si nettside. Foto: Andreas Tjomsland


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.