Firda vgs - meir enn ein skule

Page 1

Meir enn ein skule

Fire historier fr책 Firda vgs


2

Meir enn ein skule

Fire historier frå Firda vgs

bandet Ei tilfeldig loddtrekking i eit musikkfag førte til at Mellow Marsh såg dagens lys.

3 Hybelbuaren

Venninnene

Madeleine likar å ha ein plass der ho verkeleg kan gjere som ho vil.

For tre år sidan var dei heilt ukjende for ­kvarandre, men no gjer Siv Malin og ­ Astrid Marie det meste ilag.

6

10 Læraren For lærar Else Helle Bolstad er det viktig å la elevane få prøve sjølve.

14 Denne brosjyra er laga av 2. og 3. klasse i Medium og kommunikasjon ved Firda vidaregåande skule. Sjå også filmane elevane har laga av dei fire historiene. Følg Vimeolinken på baksida.


Musikalsk samhald Stemninga er spent i det bandet pakkar opp instrument og utstyr. P책 scena st책r fem av sju bandmedlemmer og riggar til konsert. >>


4

Meir enn ein skule

Stemninga er vakker og avslappa i det summinga av forventningsfulle tilskodarar stig i styrke. – Det er eit godt miljø i bandet, og vi har det veldig kjekt saman. Eline frå Jostedalen er vokalist i Mellow Marsh. Bak henne raslar det i trommesett og utstyrskoffertar. – Det at vi går i same klasse og er ofte ­saman har mykje å seie for samhaldet i gruppa, seier ho. Scenelysa vert senka ned frå taket. Sverre frå Naustdal gjer lyskastarane klare for konserten før han går tilbake til miksebordet bakerst i salen. – I første klasse lærer vi grunnprinsippet om det å spele i band. Vi vert delte i ulike grupper, og får prøve mange forskjellige musikalske sjangrar gjennom skuleåret. Men eg likar også godt å arbeide med lys og sceneteknikk, noko eg har gått inn for å lære i løpet av tida her på skulen.

Den siste medlemmen, Eivind frå Rugsund, kjem inn i lokalet. Han har vore på øving til musikaloppsetjinga «Mowgli», saman med andre elevar som går musikk, dans og drama. – Gjennom slike tverrfaglege prosjekt blir ein kjent med personar ein kanskje elles ikkje ville blitt kjent med, fortel Eivind. Den andre vokalisten i gruppa er då på plass og alt er klart for lydprøve. Lyset vert dempa. Rundt i rommet ­svirrar lydar av instrument som vert stemt og stemmer som testar ut mikrofonane. Alle er konsentrerte, men det er ikkje vanskeleg å sjå at dei har det kjekt. Dei ser på kvarandre. Smiler. Innimellom vert musikken avbroten, og dei diskuterer kva dei må gjere på konserten. Så held øvinga fram. Plutseleg er det èi røyst

som overdøyver resten: «trompet!». I siste liten legg dei inn ein trompetsolo, og ei intens ekstraøving, berre eit par minutt før konserten skal starte. Om ein hadde late auga gli igjen – om så berre for eit lite sekund – kunne lyden av trompeten som leikar seg i det store registeret av tonar, hendene som slår mot gitarstrengar, trommer og kasser, og mylderet av stemmer tett i tett, ta oss med til ein varm seinsommarkveld i Mexico. Stemninga er vakker og avslappa i det summinga av forventningsfulle tilskodarar stig i styrke. – Det beste er opplevinga når ein står på scena og skal til å spele og det er god stemning i salen. Det er verdt all øvinga og stresset.


Meir enn ein skule

Fakta Mellow Marsh: Sju bandmedlemmer frå sju ulike kommunar i fylket. Består av Sverre Sandvik, Eivind Holmøy, Eline Brun, Kristoffer ­Haugen, Anders Førde Midtbø, Markus ­Høstaker og Matias Bjørgo. Ei tilfeldig loddtrekking i eit musikkfag førte seks av dei saman. Etter godt samarbeid henta gruppa inn ein trommeslagar, og bandet var komplett.

5


6

Meir enn ein skule

Sosialt Hybelliv Livet p책 hybel var ei heilt ny oppleving for Madeleine. Etter litt heimlengsel i starten angrar ho likevel ikkje p책 at ho tok sjansen og flytta heimanfr책. >>


Meir enn ein skule

7


8

Meir enn ein skule

– Eg et ofte middag med vener. Det er sosialt og hyggeleg.

Å bu for seg sjølv var ei heilt ny oppleving for Madeleine. Men etter kvart som dagane gjekk, gjekk også livet på hybel berre betre og betre. Ho laga seg nye rutinar, og ho lærte seg å ta ansvar og klare seg sjølv. Madeleine hadde heimlengsel då ho først flytta for seg sjølv. Det var ein brå overgang, og ho vart vaksen fort. – Sjølv om eg lengta mykje heim, gjekk det fort over. Eg trivst særs godt på Sandane, og angrar ikkje i det heile på at eg flytta på hybel, smiler Madeleine. Madeleine er på veg heim frå skulen. Ho har henta dei nyvaska kleda sine på vaskerommet dei har på «Open skule». På hybelen skal ho lage middag til Runar, som ho deler hybel med. Han kjem heim frå trening litt seinare. I dag skal ho lage indisk mat. Dei hadde slike rettar på tilbod i butikken. Ho bur eit lite stykke i frå skulen. Rommet hennar er lite, men koseleg og svært ­personleg. På dei brune furuveggane heng det plakatar, polaroidfotografi og teikningar. – Det er kjekt å ha ein plass der eg verkeleg kan gjere som eg vil. Til dømes bestemme nøyaktig korleis rommet skal sjå ut, og få ein personleg stil og stemning over det.

Ho går inn på kjøkkenet. Madeleine set steikepanna på plata og risen til koking, og startar med å steike kyllingen. Ho har laga denne indiske retten mange nok gongar til å vite korleis ein lagar den best mogleg. Ho krydrar kyllingen med mykje spanande krydder, og tilset nokre grønsaker. Maten ser god ut, med friske og eksotiske fargar. – Eg et ofte middag med vener. Det er sosialt og hyggeleg. Vi pratar i eitt sett om alt frå skule til dans til klede og så vidare. Noko av det som er kjekkast ved å bu på hybel, er at eg kan vere mykje saman med vener, og at eg har ein plass for meg sjølv der vi alltid kan møtast.

Fakta Namn: Madeleine Holme Alder: 17 år Frå: Florø Utdanningsprogram: Dans vg2, Firda vgs


Meir enn ein skule

9


10

Meir enn ein skule

Det gĂĽr berre oppover


Meir enn ein skule

– Vi trener i lag, et middag i lag og gjer lekse i lag. Einaste vi ikkje gjer i lag, det må vere å sove. Av og til så gjer vi det i lag òg, ler venninnene Astrid Marie og Siv Malin. >>

11


12

Meir enn ein skule

Siv Malin og Astrid Marie hjelper ofte kvarandre på treningane og er blitt viktige støttespelarar.

Dette går berre ein veg. Oppover!

For tre år sidan var dei heilt ukjende for kvarandre. Siv Malin Nesje kjem frå Stryn, ­Astrid Marie Erdal kjem frå Naustdal. I dag er dei gode vener, både på skulen og i fritida. Begge byrja på Firda på grunn av friidretten på idrettslinja. – Dei har friidrett i Florø, men det var uaktuelt. Firda hadde vi høyrt mykje bra om. Hybelmiljøet er ganske bra og ein får fort nye vener her, seier Siv.

ryggen og dermed blei trening med vekter løysinga. Då Astrid sette i gang å løfte vekter gjorde Siv det også, og saman trener dei mykje. – Vi er veldig flinke til å motivere kvarandre, seier Astrid. – Og vi er flinke å presse kvarandre. Vi finn til dømes ut at vi skal ha ei hard treningsveke og vere sunne i lag, og så gjer vi det, legg Siv Malin til.

Både Siv Malin og Astrid Marie har byrja å trene vektløfting dei siste månadane. Etter ein skade måtte Siv byggje opp att

Trenaren Jan Otto Aae skryt av venninnene som stadig gjer framsteg. – Dette går berre ein veg. Det går berre

oppover! No skal klassen på treningssamling på Lanzarote ei veke, og då får vi sjå om dei klare å løfte noko når dei kjem brunsvidde heim, seier trenaren latterfullt, men legg fort til: – Det går nok bra. Begge er utrulig flinke, pliktoppfyllande og positive ungdommar! Til sommaren er dei ferdig med tida på Firda. Siv Malin er framleis usikker på kva ho vil studere til hausten, mens Astrid Marie ­vurderer å starte på sjukepleiarutdanninga. Men begge har ein plan om å studere i Bergen.


Meir enn ein skule

Trenar Jan Otto instruerer Siv Malin og Astrid Marie i vektløfting

13


14

Meir enn ein skule


Meir enn ein skule

Sprudlande kjemi – Det å stå framfor andre menneske og prate, det har alltid vore noko for meg, smiler lærar Else.>>

15


16

Meir enn ein skule

For lærar Else Helle Bolstad er det viktig å kunne tilby elevane eit godt miljø, nye måtar å lære på, og å la dei prøve sjølve.

Ei ung dame står framfor ei engasjert og spent klasse. Dei har kjemi. Ho forklarar eksperimentet dei skal gjennomføre. For lærar Else Helle Bolstad er det viktig å kunne tilby elevane eit godt miljø, nye måtar å lære på, og å la dei prøve sjølve. Else er nyutdanna og inne i sitt andre år som lærar, og ho er veldig glad i jobben sin. – Eg veit eg arbeider på ein god skule. Her er eit godt fagleg miljø. Else står ved kateteret. Ho fyller hydrogenperoksid – ei litt tjukk klar væske – og litt zalo i eit reagensglas. Bak solide verne­briller følgjer elevane fascinert med. Ho drysser kaliumjodid opp i reagensglaset, og i det pulveret treff væska sprutar eit tjukt smørgult stoff ut av glaset som om det var

ei skum­kanon. Dei har laga elefanttannkrem. – Eg likar å arbeide med menneske, og ikkje berre sitte inne på eit kontor. Som ung lærar har eg endå ikkje funne ein fast måte å undervise på. Det er ikkje nødvendigvis negativt, for som nyutdanna har eg med meg nye idear, og er kanskje litt kreativ, seier Else. – Vi har ein skule med mange nye ­fasilitetar. Saman er det eit godt skuleanlegg. Realfag har nyleg opna eit nytt flott Newtonrom, medialinja har fått gode lokale og mykje bra utstyr, og dans har kanskje den beste dansesalen i Norden. I tillegg opnar dei snart den nye store treningshallen som vert bygd ved Firdahallen, fortel Else. – Det vil gje fleire kjempeflotte treningstilhøve for elevar på skulen og det aktive idrettslivet på Sandane, seier ho.

På Firda er det eit godt miljø både blant lærarar og elevar. Samhaldet i klassen er sterkt. Mellom teori, kjemieksperiment og loggføringar smiler elevar og lærar saman gjennom heile timen. Men så er det friminutt. – Då snakkast vi på måndag, avsluttar Else. Blide elevar pakker sakene sine og forlèt klasserommet, nøgde med dagens innsats. Else er oppteken av at det å vere lærar ikkje berre er å undervise. Det er også å vere menneske, å vere tilgjengeleg for elevane om dei må snakke om noko eller treng hjelp til noko. – Vi er ein god skule på Firda, men som lærarar strekker vi oss lenger enn det. Vi må vere meir enn ein skule, seier ho.


Meir enn ein skule

Else legg vekt på å førebu timane godt. Det gjeld å skape kvalitet i undervisninga ved å engasjere elevane.

17


18

Meir enn ein skule

Firda vidaregåande skule har ein visjon om å ha ein tydeleg fagleg profil og å vere ein god sosial og kulturell møteplass. Vi trur at det er ein nøye samanheng mellom trivsel og læring. Vi har eit utvida syn på læring, læring handlar om meir enn fag. Det handlar og om å lære seg å takle livet og å utvikle seg som menneske. Å skape eit godt miljø for læring og utvikling er eit stort fellesprosjekt. Vi som arbeider ved skulen ynskjer å invitere deg til å delta på ein positiv og aktiv måte i dette prosjektet. Våre overordna verdiar er mangfald, dialog, tillit, handlefridom og ansvar. Dette er verdiar som skal legge grunnlaget for det gode samarbeidet mellom skulen og elevane. Heilt sidan starten har det vore nære band mellom skulen og bygda. Gloppen sin kultursal, kinosal og bibliotek er i same bygg som skulen. Her er det mange flotte ­konsertar og ulike arrangement i skuleregi. I tillegg arrangerer skulen og elevane gjennom året mange konsertar og tilstellingar som er opne for bygda. I 2011 vart Gloppen kåra til landets beste kulturkommune. I 2012 vart andre byggesteg av Trivsels­ hagen ferdig, og skulen og bygda har fått eit fantastisk anlegg med nye basseng, treningsstudio og ny turnhall. Saman med danse­

salane, kultursalen, kinosalen og biblioteket utgjer dette til saman eit veldig flott anlegg. Ein er òg i gang med bygging av tredje byggesteg. Her vert det anlegg for friidrett, idrettshall og klatrehall. Når dette er ferdig til våren, har ­skulen og bygda eit fantastisk anlegg. Firda vidaregåande skule er ein skule med sterke tradisjonar. Samtidig er skulen ny­ skapande og nytenkjande. Vi har utvikla fleire kompetansesenter knytt opp mot dei sterke fagmiljøa vi har ved skulen. Dette gir våre elevar ein utvida læringsarena og eit breiare tilbod, samtidig som det gjer det lettare å trekke til seg høg kompetanse på lærarsida. Gode døme på dette er eit mediesenter som gir elevane reell erfaring med yrkeslivet, og eit realfagsenter med høg kompetanse, avansert utstyr og eit nært samarbeid med næringslivet. Skulen har 380 elevplassar. Her er elevar frå heile fylket, mange bur på hybel. Gjennom Open skule, Gloppen scene, Open hall og mange ulike arrangement vert det lagt til rette for aktivitetar for både hybelbuarar og andre som ynskjer å vere med. Firda vgs har lang erfaring med å ta godt vare på hybelbuarane. Vi samarbeider godt med hybelvertane, og har eit godt nettverkssamarbeid med Gloppen kommune som sikrar eit godt støtteapparat rundt dei som bur på hybel.

Fakta om Firda Firda vidaregåande skule har desse utdanningsprogramma: • Studiespesialisering (allmenne fag) • Idrettsfag • Musikk, dans, drama • Medium og kommunikasjon (MK) • Helse- og oppvekstfag Innafor desse utdanningsprogramma tilbyr vi ei rekke spennande programfag. Sjå fullstendig fagtilbod og aktuell informasjon på firda.vgs.no



Innoventi

Meir enn ein skule på film Sjå filmar av dei fire historiene på Vimeolinken nedanfor.

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane Tlf: 57 82 53 20 Epost: postmottak.firdavgs@sfj.no

Firda vidaregåande skule


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.