Bodbringaren 2-2014

Page 1

S. 6-7

BODBRINGAREN S. 10-11

S. 14-15

S. 8-9


REDAKSJON

REDAKTØREN Dei fleste er samde om at bruk av mobil og internett i timen kan vere eit problem, både for seg sjølv og andre. Dette skuleåret har mange av lærarane laga ordningar som skal gjere at elevane ikkje vert så distraherte av slike ting i timane. Nokre lærarar har valt å ta inn mobilane på starten av timen, og enkelte vel å skru av internett når elevane ikkje har bruk for det. Dette har vist seg å vere effektivt så langt, men vi er nøydde å finne ei felles løysning som fungerer i lengda. No er det nemleg slik at alle lærarane har forskjellige måtar å løyse problemet på. I leiinga på skulen har dei diskutert temaet så vidt, men skal ta det opp på personalmøte i næraste framtid. Vi i redaksjonen håpar at ein snart kan komme fram til ei felles løysning som alle kan følgje, slik at elevane slepp å vere usikre på kva dei har lov til og ikkje når ein ny lærar kjem inn i klasserommet. Kos deg med denne utgåva av Bodbringaren! Beate Liseth

GRAFISK ANSVARLEG Amalie Heggen Listou

2

BODBRINGAREN 14. november 2014

KULTURREDAKTØR Madalina Iosub

SPORTSREDAKTØR Elin Støylen


NYHEIT

SKEPTISKE TIL STIPENDKUTT Tekst og foto: Mathias Hansen

Illustrasjonsfoto. – Etter at eg har betalt husleiga i tillegg til straumen, har eg berre 500 kroner att til mat og andre utgifter. Derfor må eg som oftast be om pengar frå foreldra mine, seier Tilde Sofie Garmager. Ho har budd på hybel i snart tre år. Regjeringa har i årets statsbudsjett foreslått å endre grunnstipendet. Dette kan få store konsekvensar for hybelbuarar. – I fjor fekk eg ca 50 000 kroner i året i samla stipend. Stipendet var ganske lågt og eg hadde til tider ikkje råd til mat eller andre ekstrautgifter. Det er ikkje så lett å delta i sosiale arrangement, og det er heller ikkje så lett å ha eit sunt og variert kosthald,

seier Ørjan Storøy. – Månadsstipendet er på 4500-5000 kroner, dette tilsvarar 500 kroner i veka eller 100 kroner dagen utanom helga. Det å ha råd til eit sunt kosthald med tre måltid om dagen og i tillegg ha pengar til å vere sosial er veldig vanskeleg, påpeikar Storøy. Store utgifter Musikkelev Sindre Steig meiner stipendordninga er ok slik den er i dag. – Det er ganske greit med det som er no, men eg kunne gjerne hatt litt meir pengar til fritidsaktivitetar som til dømes kino, trening og å vere ute med venar, seier Steig.

Han treng ikkje å betale hybelen sjølv, det gjer foreldra hans. Men dette er ikkje tilfelle for alle. – Eg betalar 2500 kroner i månaden for hybelen, pluss straum på rundt 500 kroner. Eg får 3600 kroner i månaden og 2500 av dei går til leiga av hybelen, seier Garmager. – Vi som ikkje bur heime har ikkje samme tilgangen på pengar som dei som gjer det. Etter skulen er det mange av mine medelevar som jobbar opp til fire timar kvar dag for å få råd til desse ekstrautgiftene. Men det er ikkje så lett å få jobb når du er ung og kanskje ikkje har så mykje erfaring, seier Storøy. BODBRINGAREN 14. november 2014

3


NYHEIT

Lærar Charlotte Østebø Nilsen tykkjer det til tider kan vere vanskeleg å få elevane si merksemd.

VIL FINNE FELLES REGLAR Tekst og foto: Beate Liseth

– Det er lett å sjå kven som ikkje er heilt med i undervisninga. Sjølv om mange elevar meiner dei klarar å følgje med i timen samtidig som dei bruker mobilen, så merkar eg godt på resultata kven som følgjer med og ikkje. Charlotte Østebø Nilsen, personalleiar og lærar på Firda, bruker sjølv internett som hjelpemiddel når ho har undervisning. Likevel tykkjer ho det er eit problem at elevane fort kan bli ukonsentrerte. – Eg nyttar til dømes Facebook dersom eg skal leggje ut oppgåver til elevane. Då kan eg sjå kven som har sett det eg legg ut, og i tillegg er det meir sjans for at elevane får det med seg. Dersom eg brukar Fronter er det mykje vanskeligare å nå ut med informasjon, fordi det er færre av elevane som sjekkar Fronter dagleg. Fagleg bruk Så lenge det er til fagleg bruk tykkjer

4

BODBRINGAREN 14. november 2014

Nilsen at det er greitt å bruke pc i undervisninga. Det er praktisk og enkelt å leggje ut informasjon til timane på Facebook, og det er greiare å ta notatar. – Men det må gå ei grense mellom fagleg og personleg bruk. Mobil derimot, ser eg ikkje heilt poenget med å bruke i timen. Det er ikkje noko spesielt ein nyttar telefonane til i undervisninga, så dei tykkjer eg at elevane godt kan leggje vekk i starten av timen. Kan ha bruk for mobilen Ragnhild Bjørkum Vassbotn, elev ved musikklinja og medlem av Elevorganisasjonen fortel at dei til tider må ha framme mobilen i timane. – Enkelte av linjene treng mobil i timane. Vi på musikk til dømes, må av og til bruke den til å ta opp lyd. Men eg er heilt einig i at ein ikkje skal bruke mobil i timen dersom læraren har sagt at den skal vekk. Ein skal ikkje forstyrre

undervisninga, og elevane har ikkje rett til å ha mobilen oppe i timen dersom det ikkje er til fagleg bruk. Diskutert i elevrådet Magnus-Andrè Moritsgård, leiar i elevrådet, tykkjer ikkje det er naudsynt at lærarane skal ta inn mobilane i starten av timen. – Det tek lang tid, og det er ikkje alle som leverer frå seg telefonen. Det resulterer i at nokre av elevane blir sittande med mobilen medan resten ikkje får det, og det vert rett og slett berre irriterande. Han fortel at elevrådet har diskutert saka, og at dei er einige om at det burde verte felles reglar for alle klassar. Står i ordensreglementet I ordensreglementet til skulen står det «Elevane har ikkje lov til å ha mobiltelefonar påslegne i undervisningstimane og under prøver.»


NYHEIT Altså skal ein ikkje bruke mobilen i timane, og eigentleg skal han ikkje vere på. Forskjellig i dei ulike klassane Både Nilsen og Vassbotn er einige i at det vil vere vanskelig å få til felles reglar som alle kan følgje. – Det vil alltid vere ulikt korleis dei forskjellige lærarane handhevar reglane, ut ifrå kva fag dei har og kva dei føretrekk. Slik vil det vere med all undervisning. Og i enkelte timar vil det uansett vere høve til å bruke mobil og pc i ulike faglege samanhengar. Det eg trur er viktig er å avtale med læraren først, og få avklart kva som er greitt og ikkje, seier Vassbotn. Men sjølv om det vert vanskelig med faste reglar tykkjer ho at ein burde ha felles retningslinjer som alle skal følgje, og at klassane utifrå det kan lage eigne klassereglar. Dette har mange av klassene allereie gjort. Handlar om folkeskikk – Det er ikkje spesielt motiverande å stå framfor ei klasse når omtrent alle anten ser inn i ein dataskjerm eller trykkjer på ein mobiltelefon. Det handlar om respekt for læraren, seier Nilsen. Ho påpeiker også at elevane veit korleis det kjennast, for det er dei same tinga dei kommenterer når dei til dømes har presentasjonar for klassen.

– Eg tykkjer ikkje det er naudsynt at lærarane tek inn mobilane i starten av timen, seier elevrådsleiar Magnus-Andrè Moritsgård.

“Greitt nok at du vel å ikkje følgje med i timen, det er ditt eige val. Problemet er at det går ut over andre også.” – Det å følgje med på andre når dei pratar er rett og slett folkeskikk. Grunnen til at vi lærarane i det heile er her er for å presentere stoffet og for å lære elevane nyttig kunnskap. Då forventar eg at dei skal følgje med. Elevane må vere bevisste – Dei som vanlegvis klarer seg fint på skulen klarer også som regel å ta seg saman når det gjeld dette. Det er litt viktig at elevane er bevisste på kva som aukar eiga læring og kva som hindrar den, seier Nilsen. Ho fortel også at mange elevar bruker som argument at dei har ansvar for eiga læring og derfor kan velje kor mykje dei vil delta i timen. – Problemet er då at mange vel å melde seg heilt ut av undervisninga dersom dei ikkje er interesserte.

Ragnhild Vassbotn tykkjer lærarane bør komme med reglar på starten av året.

Tykkjer det er eit problem For Vassbotn er det ingen tvil om at bruk av mobil og data i timane kan vere eit problem. – Det går ut over både deg sjølv og andre. Greitt nok at du vel å ikkje følgje med i timen, det er ditt eige val. Men problemet

er at det også går ut over andre som gjerne vil følgje med i undervisninga. Eg merkar i alle fall sjølv at eg blir distrahert dersom nokon framfor eller ved sidan av meg sit og ser på noko på skjermen. Då er det veldig lett å skli litt ut av undervisninga sjølv. Ho seier også at det er greitt å bruke data i timen dersom det berre er til å notere, og læraren har sagt at det er greitt. Skal diskuterast meir – Vi i leiinga ved skulen har teke opp dette, og vi skal ta det opp på personalmøte. Vi har enno ikkje kome fram til felles reglar eller ei løysing på dette problemet, men vi skal finne ei ordning som skal vere mogleg for alle å følgje, seier Charlotte. Som både lærar og personalleiar på skulen har ho ganske godt innblikk i korleis det er med nett- og mobilbruk i timane. – Eg ser det på blikket til elevane. Når dei sit og ser inn i skjermen og plutselig byrjar å le, då veit eg at dei ikkje berre skriv notatar. Ho håper på at temaet kan diskuterast meir, og at dei finn ei fornuftig løysning på problemet. BODBRINGAREN 14. november 2014

5


SPORT

6

BODBRINGAREN 14. november 2014


SPORT

GUTANE GJORDE DET DÅRLEG

Måndag 10. november var det duka for fotballturnering på kunstgrasbana på sandane. Det blei arrangert innleiande runder til fylkesturneringa i fotball for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, og skulelag frå heile Nordfjord deltok. Elevar frå både Eid, Stryn og Firda vgs deltok. Alle skulane stilte med både jente og gutelag. Tekst: og foto: Elin Støylen – Det er kjekt med eit lite avbrekk frå skulen, seier Oskar Raftevold som går i 3. klasse studespesialiserande ved Firda. Det var heilt klart at elevane tykte det var artig med ein slik dag inn i mellom alle vanlege skuledagar, og at det var godt med litt ekstra aktivitet i kvardagen.

Godt gjennomført arrangement 2IDA var ansvarlege for heile arrangementet, og ordna med både kiosk og varmestove til deltakarar og tilskodarar. Overskotet frå kiosken, som solgte både pizza og brownies går til klassekassa og tur til La Santa.

Fleire liknande turneringar Elevane meinte det burde vere fleire liknande turneringar i andre idrettar. Til dømes skal det vere turnering i både handball og volleyball seinare på skuleåret. Dette er noko elevane tykkjer er artig, og ikkje minst sosialt. Bonn Aarsheim frå studiespesialiserande på Eid vgs er ei av dei. – Det er både kjekt og sosialt, og eg kunne tenkje meg å vere med på volleyballturneringa og, smiler Aarsheim. – I tillegg er det deilig med ein fridag med litt pause frå studiane, spesielt for oss som går på almenn, held ho fram.

Har spelt fotball før Dei aller fleste som deltok på skulelaga, har spelt eller spelar fotball til vanleg. – Eg spelar som keeper på Vikane til vanleg, seier Raftevold. – Eg har spelt fotball på Stadt sidan eg var seks år gammal, og spelar no på damelaget, seier Aarsheim.

Knallbra innsats av Firda-jentene Jentelaget frå Firda gjorde ein kjempejobb frå start til slutt, og stakk av med sigeren blant jentelaga. Dei starta dagen med ein 4-0 siger over Stryn, og seinare 4-0 over Eid, sjølv om 2. omgang blei avlyst då eidarane måtte reise frå kampen for å rekke ein buss.

Finale i Sogndal Dei tre laga som vinn turneringane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, går vidare til finale i sogndal i januar. Nordfjord sender jentelaget frå Firda og gutelaget frå Eid.

Siste jentekamp på måndag, Eid(gul)Firda(raud).

“Det er kjekt med eit lite avbrekk frå skulen.”

Resultat: Jenter: Gutar: Stryn - Firda 0-4 Eid - Firda 2-0 Eid - Stryn 1-0 Firda - Stryn 0-1 Firda - Eid 4-0 Stryn - Eid 2-2

BODBRINGAREN 14. november 2014

7


SPORT

FRAMTIDA ER KLAR Tekst og foto: Thea Lois Kvammen

– Eg vil prøve det i eit år, og visst eg trivast kan eg tenkje meg å jobbe vidare der. Endar Silje med å like seg godt i militæret, vil ho ta Bachelor-grad innan dette. Ho får fleire fordelar med å ta utdanninga si i militæret. – Eg får betalt for å ta utdanninga mi, så det er jo berre bra. Det å ha bakgrunn i militæret når ein søkjer politihøgskulen er ein fordel, slik at ein veit kva ein kjem til, har litt erfaring, og er forberedt på kva ein søkjer seg inn på. Silje har tenkt å gå tre år på politihøgskulen i Bergen, der ho vil utdanne seg som politijurist eller etterforskar. Ho vil bli buande i ein storby eller litt utanfor, men ikkje på bygda. – Det som er viktig når du skal søkje politihøgskulen er at du må vere god fysisk og psykisk form. Ein treng ikkje så høge karakterar for å komme inn, men det er mange søkjerar å konkurrere mot.

Silje spelar fotball som oppvarming til gymtimen. Silje Iren Hole Hervik er ei 16 år gamal jente som går 2. Idrett på Firda. Ho ser for seg ei framtid i politiet eller jobb i militæret. Idrettslinja – Eg valde idrettslinja fordi eg må ha generell studiekompetanse, så då var idrett einaste alternativ. Eg tykkjer allmenn verkar kjedeleg, og eg har ingen talent innan for dans og slikt, fortel Silje. Silje er aktiv på fritida, og er med på forskjelleg idrettar, så ho synest det verka mest naturleg for ho å gå idrett. Ho har framtidsplanar i militæret eller som politi, så det å vere i fysisk god form er viktig. Difor får ho god nytte av å gå på idrett, sidan dei har gym kvar dag.

8

BODBRINGAREN 14. november 2014

Trening Som elev på idrettslinja trenar Silje kvar vekedag. – Vi har gym på skulen kvar dag, der vi har handball og styrketrening fleire gongar i veka. Silje likar å vere med på organisert idrett. I tillegg til gymmen deira, spelar ho handball og fotball. Ho har to treningar i veka pluss kamp i begge idrettane. No når fotballsesongen er over, er det godt med ei lita pause. Framtida Etter at Silje har fullført vidaregåande og har generell studiekompetanse, vil ho prøve seg i militæret.

Vekte interessa Det som vekte interessa til Silje var krimseriar. Ho har alltid sett på politi-yrket som kjekt og spanande, og har lenge vore bestemt på å utdanne seg for noko innan for dette feltet. – Det er ikkje berre ein kontorjobb der du set i ro, dette verkar mykje meir spanande. – Eg trur ikkje eg treng ein reserveplan, så vil nok ta det litt på sparket. Kanskje fengselsbetjent, verste fall skodespelar, ler ho.

”– Eg vil prøve det i eit år, og visst eg trivst kan eg tenkje meg å jobbe vidare der.”


SPORT

Silje Iren Hole Hervik vil i militæret etter skulegangen på Firda.

BODBRINGAREN 14. november 2014

9


KULTUR

Ingeborg viser til dramasalen, som ho så gjerne ville vere del av som ungdom

INGEBORG SIN INDRE KLOVN Om nokon seier du ikkje kan gjere noko, må du stå imot og tru på deg sjølv. Sjølvsagt, må du ha det kjekt medan du gjer det. Tekst og foto: Madalina Iosub

Ingeborg har alltid hatt ei interesse for skodespel og likar å få folk til å le, men då ho søkte på Firda hadde ho andre mål. Ho ville bli journalist, og søkte difor på medium og kommunikasjonslinja. – Då eg gjekk på ungdomsskulen hadde eg ei spalte i Firda Tidene som heitte «minijournalisten». Eg søkte sjølvsagt på medielinja, men kom akkurat ikkje inn. Så då måtte eg gå idrett, fortel Ingeborg. Sjølv om ho enda opp på idrettslinja, vaks interessa for teater berre meir og meir, men ho trudde det var for seint å satse på teater med så lite erfaring som ho hadde. Ho flytta til Bergen og vart med i studentteateret. Der hadde dei eit prosjekt innan klovneteknikk. Då innsåg Ingeborg at dette var hennar veg vidare.

10

BODBRINGAREN 14. november 2014

Utdanna klovn Ingeborg tok utdanning innan fysisk teater i Frankrike og USA. Det er ganske annleis frå norsk teatertradisjon som er realistisk. Fysisk teater er veldig uttrykksfullt, og handlar om kropp og stemme i skapande rørsle. Innanfor den sjangeren fekk Ingeborg møte sin indre klovn. - Å vere klovn viser litt kva det vil sei å være menneske. Klovnen snur ting litt på skeiva, overdriv og forstørrar røynda, samtidig som den framstiller menneska og verda, seier Ingeborg med eit smil. For å bli klovn må like heile spekteret av å være menneske. Det handlar om å vise menneska sine gode, men óg dårlege sider, på ein morosam måte. Ein må kunne le av svakheter og av det ein blir redd av. Å uttrykkje seg sjølv er ikkje enkelt, men i tillegg må ein lære å kunne le av seg sjølv og ikkje ta seg sjølv for seriøst.

- Det er ein krevjande sjanger, men nøkkelen er å kunne vere litt svak. For når ein er svak, får ein gjerne tilbake litt styrke gjennom å vere det, seier Ingeborg. Fleire typar klovn Dei fleste tenkjer nok berre på ein type klovn, der sjonglering og blautkake i fjeset er dei involverte aktivitetane. Det er forskjell på sirkusklovn og teaterklovn, som Ingeborg er utdanna som. Teaterklovnar er meir ute etter å utforske eksistensielle spørsmål og å fortelje si eiga historie. -Vi må heller ikkje blande stand-up komedien med det å være klovn, for desse er óg to ulike sjangrar. Her har vi to ulike karakterar; det er narren og klovnen. Det er også eit uttrykk som sei at «Vi ler av klovnen, medan narren ler av oss,» fortel Ingeborg.


KULTUR

Pinky lagar kjempekrøll. Foto: privat I stand-up opplever vi veldig mykje morosamt, men komikaren bruker gjerne andre folk han kan le av, i staden for seg sjølv. Ingeborg meiner at det er meir krevjande å le av seg sjølv, enn det er å peike på nokon du kan le av. Skodespelar og lærar Å være skodespelar vil sei å kunne uttrykkje seg om noko og ha ein arena der ein kan sleppe ut tankar og kjensler. Men om Ingeborg måtte velje, ville ho heller vore lærar enn utøvar. - Det er noko spesielt med å kunne sjå elevane utvikle seg. Det handlar om meistring og kor glade elevane blir når dei får ting til. Det er ein heilt fantastisk prosess, seier ho. - Og det er ein kreativ prosess for meg óg, der eg tar fokus vekk frå meg sjølv og investerar i elevane, legg ho til. Ingeborg har no vore lærar i fem år, og har til og med undervist her på Firda som vikar i vår. Ho fortel at ho er nøgd med elevane ho vart kjend med og at det var godt å sjå dei igjen på Haustfesten som vart arrangert av 2. klasse ved Firda.

Regisserte haustfesten Mottoet vårt er «Firda er meir enn ein skule», og Ingeborg tykkjer det same. Å kunne bli med på eit arrangement som Haustfesten er noko utruleg spanande som involverar hardt arbeid, men óg mykje gøy. Alle 2. klassingane på Firda har samarbeida og «drog i same retning» for å få til eit fullstendig show.

“Elevane er heilt fantastiske.” - Dei har så mange idear og mykje godt i dei, at alt eg måtte gjere var å rettleie dei litt og kombinere alle ideane deira til eit show, smiler Ingeborg. Dei kreative linjene vi har her på Firda gjev folk moglegheit til å samarbeide med kvarandre og Ingeborg tykkjer det er trist at medium og kommunikasjonslinja må leggjast ned.

Råd til elevane – Ikkje ver redd for å utforske ting, seier Ingeborg. Om nokon seier du ikkje kan gjere noko, må du stå imot og tru på deg sjølv. Sjølvsagt må du ha det kjekt medan du gjer det. Ingeborg minner om si masteroppgåve som handla om kva type tematikk ein kan ha innanfor klovn. Ho tok på seg vanskelege tema som vald, barnemishandling og sjølvmord, og fekk ganske harde tilbakemeldingar i byrjinga. Ingeborg motbeviste folk at det er heilt mogleg å få til slike tema innanfor klovneteknikk, men at det spørs korleis ein gjer det. Det er ingen tvil om at Ingeborg likar Firda, men det er viktig å få fram at elevane på Firda likar ho også. – Ho forklarer alt på ein morosam måte og det er mykje enklare å forstå kva ho prøva å lære oss, seier Kristine Ryssdalsness Horvli, elev på dramalina. Elevane på dramalina var nøgde med Ingeborg som vikar, og dei har gjerne lyst å ha ho tilbake.

Hugs å byte til vinterdekk no når den kalde årstida kjem snikande.

BODBRINGAREN 14. november 2014

11


KULTUR

FØLGJER DRAUMEN Tekst: Lisbet Årdal Foto: Stian Aase

Acrasium har jobba med musikken sidan 2013. F.v: Even Senneset, Kristian Olsen, Vebjørn Høyland og Bendik Carlsen. Som alle andre band har Acrasium eit mål om å bli oppdaga, slik at dei kan gje ut musikken sin. Bendik Carlsen (18) håpar at dei kan oppnå dette i nærmaste framtid. – Vi prøvar å spele så mange konsertar som mogleg, slik at vi til slutt kan bli oppdaga og gi ut musikk, fortel Carlsen. Han seier også at dei prøvar å øve eit par gongar i veka, sjølv om dette kan vere vanskeleg sidan dei går på ulike skular. Acrasium er eit band som vart oppretta i Mai 2013 og består av Bendik Carlsen (bass/vokal), Even Senneset (gitar/vokal), Vebjørn Høyland (gitar/vokal) og Kristian Olsen (slagverk). Dei spelar progressiv metall, og jobbar hardt for å oppnå måla sine. – Planen er å fortsette å opptre så mykje som mogleg. I tillegg skal vi prøve å lage ein EP, som er ein kort cd. Eventuelt lage eit heilt album i seinare. Det hadde vore supert å få til, seier han spent. Å lukkast som band er ikkje berre enkelt. Det har gutane i Acrasium erfart.

12

BODBRINGAREN 14. november 2014

– Det er så få som driv med lydprodukjon her, at det er vanskeleg å få spelt inn noko i studio. Samde om namnet Mange band har ei meining med namnet sitt. Det har Acrasium òg. – Acrasium er eit ord vi har laga sjølv. Vi byrja med det latinske ordet Acrasium, som betyr å vite kva som er best for deg sjølv, men så gjer du det motsette. Så endra vi litt på ordet alt etter kva som høyrdes bra ut, og hadde ei avstemming, fortel Carlsen. Gutane spelar mest cover-låtar, men skriv også nokre av songane sjølv. Hittil har dei tre eller fire sjølvskrivne låtar. – Eg trur låta Fictional dream er den alle likar best å spele. Kjekt i band – På Halloween var vi i Bergen på spelejobb, og vi kledde oss ut som Mexicanske spøkelse for høvet. Det var nok den beste spelejobben vi har hatt så langt, fortel han. Når ein spelar i band

saman blir ein ofte fort knytt til kvarandre, slik er det med denne gruppa. – Vi har det alltid veldig kjekt etter øving. Vi har òg vore på mange konsertar saman, men den kjekkaste opplevinga vi har hatt som gruppe må nok vere Bergensturen, seier Carlsen. Ei hjelpande hånd – Vi har aldri hatt ein manager eller liknande profesjonell hjelp, men Madalina Iosub har gjort mykje for oss. Ho går medium og kommunikasjon, og har god peiling på grafisk arbeid, fortel han. – Eg har gitt dei nokre råd om korleis dei kan samle inn pengar til bandet. Det er viktig at dei skal ha råd til ting som overnatting og skyss, seier Iousub. I framtida er det ho som skal gjere det grafiske arbeidet deira. – Eg skal snart byrje å lage ein ny logo til dei, i tillegg til at det er eg som skal designe omslaget til EP-cd-en deira og utsjånaden på sjølve cd-en, fortel ho. Iosub har stor tru på gruppa, og meiner dei kan kome langt.


NOTISAR

FEKK PERSONLEG REKORD I UM Tekst og foto: Rakel Christine Vangberg

Matias Førde deltok i ungdomsmeisterskap i friidrett i september. Matias Førde, elev i 1. idrett, deltok i ungdomsmeisterskap i friidrett som vart arrangert i Haugesund i starten av september. Han deltok på både 800 meters løp og 3000 meters løp. – Eg fekk personleg rekord på begge løpa, så eg er ganske nøgd, seier Matias.

Matias deltok i klassa G16, og sprang inn til tiande plass på 3000 m. Med tida 9.32.28, og tida 2.03.17 på 800m. Han er godt nøgd med resultata. Matias driv kun med fridrett. – Eg gjekk på fotball, men slutta no i sommar. Målet til neste år er å verte klar

til junior-VM, seier Matias. Ungdomsmeisterskapen i fridrett er ein konkurranse for dei mellom 15 og 19 år, og ein må kvalifisere seg for å delta. Det er dei beste ungdommane innan idretten i landet som får delta i konkurransen.

Kva ser du mest fram til med Qfilm-veka?

Kva tykkjer du om mobil og nettbruk i timane?

Anita Haglund– 2MUA

Ingrid Honningsvåg – 1MUA

– Gler meg til å spele på Qpris. Tykkjer óg spesialkinoen verkar kjekk, kult med film i ein låve.

Ruben Alsaker – 1IDA – Gler meg til å få sjå alle filmane.

– Eg skjønar at lærarane tykkjer det er dumt fordi det er distraherande. Ein må passe på at det ikkje går utover dei rundt seg.

Mari Kandal Ramslien – 1MUA

– Det er sjølvsagt eige ansvar og ein må ikkje la det distrahere medelevar.

Maria Sætren Eide – 1MUA – Det går berre utover deg sjølv til slutt. BODBRINGAREN 14. november 2014

13


KULTUR

QFILM

– Vi ønskjer å kveikje filminteressa over heile fylket, seier Åsmund Eikenæs, leiaren av årets Qfilm. Neste veke er det duka for Qfilm med tema «Jorda rundt» der det vil bli vist filmar frå heile verda. Tekst og foto: Martha Ekerhovd Qfilm er ein filmfestival på Firda som har vorte arrangert av media og kommunikasjons-elevane kvart år sidan 2003, med tredjeklassingane i spissen. Det gjer den til den eldste av sitt slag i fylket. Det festivalen prøver å oppnå er først og fremst å gje eit tilbod til filminteresserte og prøve å vekke filminteressena til ungdom i Sogn og Fjordane. Komande veke vil det vere fullt køyr med filmvisningar kvar dag, spesialkino i Jølet, gallakvelden Qpris og fagdag der vi får besøk av folk frå filmmiljøet. Vrient tema I år er emnet «Jorda rundt», som er eit tema som er ope for mange sjangrar og filmar. – At vi får vist eit vidt spekter av filmar frå ulike land kan vere litt interessant og det har vi ikkje gjort før, seier Mariann Gytri som er ein av dei filmansvarlege for Qfilm. Ho er ein av dei som har hatt ansvaret for å finne fram filmar til årets Qfilm, og det har ikkje berre vore enkelt. Problemet er å skulle variere mellom ulike land sidan dei fleste store filmar kjem frå USA og Hollywood. Dei har eit godt samarbeid med sjefen for Gloppen kino, Kjersti Rønningen, og ho kom med ein god del tips til filmar. Arbeider fram mot Qfilm - Det er jo først og fremst ei skuleoppgåve, og det har vore arrangert gode festivalar før så vi vil jo gjerne leve opp til det, fortel Eikenæs. Tida fram mot Qfilm er ei hektisk tid. Sjølv om planlegginga startar mange veker i forkant blir det ofte litt knapt med tid mot slutten. Men i år er litt annleis enn det har brukt å vere, for

14

BODBRINGAREN 14. november 2014

i år er det nemleg 15 personar mindre å hjelpe til med førebuingar sidan dei ikkje har førsteklassingar. Det gjev meir arbeid på kvar enkelt. – Det har vore hardt, men det har vore vert det, seier festivalsjefen. Arrangement kvar dag Komande måndag startar Qfilm-veka og held på til fredag ettermiddag. Denne veka vil det sjølvsagt vere mykje film på planen, men det vil også vere gallakveld, spesialkino og fagdag. Det vert også mat nokre av dagane. Qfilm-veka blir sparka i gang av Kick off på måndag ettermiddag, der Simon Dahlby og Fredrik Fjellestad er konferansierar. Den kvelden blir det servert både mat og drikke, og filmane som er nominert til publikumsprisen vert vist. Så kan alle gje si stemme på filmen dei tykkjer var best. Det er óg duka for ein quiz med flotte premiar. Her skal veka startast med eit smell. I år er spesialkinoen sett på Frislidlada i Jølet seint tysdag kveld. Då viser dei skrekkfilmen Sinister. Det kan bli kaldt på låven, så Eikenæs tilrår at alle har godt med klede på seg. Men det kjem til å vere pledd tilgjengeleg om ein skulle fryse. Det vil og bli delt ut snacks til alle som kjem. Qpris jubilerer Qpris er gallakvelden der unge filmskaparar får vist filmane sine og konkurrere om flotte premiar. Der vert også mykje underhaldning, film og moro. Qpris blir arrangert torsdag kveld og markerer den siste kvelden i Qfilm-veka. I år er det også 10 årsjubileum for Qpris og arrangørane satsar derfor på at kvelden blir ein stor suksess. Etter Qpris-utdelinga torsdag vil og

regissør Hisham Zaman, ein av dei som skal halde foredrag på fagdagen fredag, introdusere filmen «Før snøen faller» og vise den. Kjente filmnamn Fagdagen er det faglege høgdepunktet i veka, og det siste som skjer under festivalen. Den startar fredag føremiddag. Hisham Zaman vil då snakke meir om arbeidet som regissør. Der vert også skodespelaren Stig Frode Henriksen, kjent frå blant anna filmen Kill Buljo. Fagdagen blir i kultursalen, er open for alle og publikum får og høve til å stille spørsmål eller berre prate med dei etter foredraga om det er ønskeleg. – Håpet er at det kjem mykje folk, og at det blir ein god festival som publikum synest er interessant å vere på, seier Åsmund. Han og dei andre arrangørane ser fram til veka. – Eg ser spesielt fram til spesialkinoen og Qpris, og trur det blir ein fin fagdag med profilerte folk innanfor filmmiljøet. Eg håpar også at det blir ein morosam skrekkfilm på tysdag. Kan vere siste gang Det mange ikkje er klar over er at dette kan blir den siste Qfilm som vert arrangert. Det er elevane på medielinja på Firda som har arrangert festivalen, og når linja no er nedlagt risikerer ein at Qfilm-festivalen vert lagt ned med den. – Eg tykkjer at det er trist, det er god festival, og den er den eldste i fylket av sitt slag. Det er eit tap. Om dei få som er igjen vel å lage festivalen neste år, må dei få mykje hjelp frå andre, seier Eikenæs.


KULTUR

Årets Qfilm leiar Åsmund Eikenæs. BODBRINGAREN 14. november 2014

15


NOTISAR

Ung kulturnatt i Trivselshagen Fredag 14. november kl 19:00 Frå 7. klasse og oppover 50,- inkl. taco og aktivitetar

Stipendfrist Har du hugsa å søkje stipend for hausten 2014? Om ikkje så er det lurt å gjere det denne veka. 15. november er frist for å søkje om støtte for hausten 2014, og for å melde frå om endringar. Dersom du søkjer etter 15. November får du berre utbetalt for våren 2015.

Buss til Byrkjelo 23:00 (25,-) Taxi til Hyen sentrum kl. 23:00 (25,-)

Kva skjer? 19.00 Taco til alle! 19.30 Diverse aktivitetar Skyting, bingo, medieverkstad (oppstart 18.00), bordtennis, strikke/handverks-verkstad (ta med eige strikketøy), ope bibliotek, FIFA i kinosalen, hårfletting, klatring for alle! 20.00 Folkedans i dansesal 21.00 Linedance i dansesal 22.00 Generasjon Prestasjon (danseframsyning 2DAA) 23.00 Slutt

Qfilm festivalband No er Qfilm like rundt hjørnet, og dersom du vil bli med på reisa gjennom veka med mange filmvisningar og andre spanande hendingar, må du hugse å kjøpe festivalband! Banda kan du kjøpe på klasserom E110, eller kontakte nokon i 3. media. Banda kostar berre 100 kr per stykk.

Besøk Gloppen folkebibliotek Manglar du noko å lese på desse mørke haustkveldane? Kom innom Gloppen folkebibliotek og lån ei bok som passar deg! Spør oss gjerne om hjelp og tips dersom det skulle være noko. Du kan også laste ned appen eBokBib på mobil eller nettbrett. Der kan du låne opptil to e-bøker i slengen, og det er heilt gratis! Men hugs lånekortet når du skal låne desse.

Opningstider:

Måndag og fredag: 10-15 Tysdag, onsdag og torsdag: 10-18 Laurdag: 11-14. Finn Gloppen folkebibliotek på Facebook, Instagram og Twitter. Både Firda-elevar og alle andre er meir enn velkomne på biblioteket!

Helsing Torill, Ann-Kristin og Ann-Kristin ved Gloppen folkebibliotek

16

BODBRINGAREN 14. november 2014


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.