BODBRINGAREN 1-2014

Page 1

BODBRINGAREN

Positive til nytt solidaritetsprvosjekt s.6-7

Den fødde gymlærar s. 12- 13

Firda rundt s. 14



REDAKSJONEN

REDAKTØREN Emma Opheim Drageset

Tidlege kveldar og frostige morgonar er noko som er på veg inn i kvardagen, og det har kome særs brått på. Likevel er det i desse kalde månadane framover ein legg store delar av grunnlaget for korleis ein vert evaluert ved slutten av skuleåret. I tillegg til skulearbeidet ligg der òg inne fleire arrangement i tida framover, til dømes haustfest og Q-film. Desse arrangementa er tidkrevjande prosjekt som tek mykje tid, gjerne på kveldstid, som ein kunne brukt på andre ting, til dømes skulearbeid. Majoriteten av elevane ved Firda ville nok sagt at dette er viktige tiltak for å oppretthalde og vidareutvikle samhaldet og det sosiale skulen har å by på, men det er kanskje nokon som meiner at dette kan vise att på karakternotatet ved skuleslutt. Når alt kjem til alt er det trivsel som står i høgsetet, noko som er det viktigaste grunnlaget for læring. Ta deg ei velfortent pause frå skulearbeidet ved å møte opp på arrangement, og ha det kjekt! På vegne av avisredaksjonen oppmodar eg alle til å stå på siste innspurt fram mot jul, slik at du kan klappe deg sjølv på skuldra når juleferien kjem. Kos deg med avisa!

GRAFISK ANSVARLEG

Nyhenderedaksjon

Emma Opheim Drageset, Lisbet Årdal & Elin Støylen

Kulturredaksjon

Sportsredaksjon

Vilde Johansen, Madalina Iusub & Mathias Hansen

Grafisk medansvarlege

Martha Ekerhovd, Silje-Maria Midthjell & Thea Kvammen

Martha Ekerhovd

Amalie Heggen Listou, Beate Liseth & Rakel Christine Vangberg

3


NYHENDE

Får ikkje søkje Firda

Glade hospitantar (F.V. Emma Ervik, Ole Martini, Mari Krøke, Ingunn Årdal) Dei hadde begge eit stort ynskje om å søkje Helse & oppvekstfag på Firda neste år, men no er ikkje dette mogleg. Planane til Mari Krøke (15) og Ingunn Årdal (15) vart snudd på hovudet då dei to yrkeslinjene ved Firda vart lagt ned. – Firda verkar som ein kjempefin skule, difor ville vi gjerne gå her, men etter at helse & sosialfag og medium & kommunikasjon vart nedlagt er ikkje det lenger eit alternativ, fortel Ingunn. Jentene ville begge gå på Firda, men har no heller vald å søkje Sogndal til neste år. Prioriterar utdanning – Sidan Sogndal vgs tilbyr helse & sosialfag har vi vald å søkje der, seier Mari. Vi ville eigentleg oppleve det fine miljøet som Firda har å by på, men må dessverre prioritere utdanninga vår.

4

At skulen tapar elevar på nedleggingane er det ifølgje jentene ingen tvil om. – Eg trur det er mange som vel ein anna skule fordi dei ikkje lenger får det tilbodet dei eigentleg ville ha. Både helse og media er veldig gode linjer, seier Årdal. – Det er nok mange i same situasjon som oss, samtykkjer Krøke. Dans er ikkje for alle – Det var veldig kjekt å sjå Firda, og oppleve korleis det er å gå her. Det mest keisame var ein av dansetimane vi hadde, fortel jentene og ler. Sjølv om det var deira val å hospitere på danselinja, skjønte dei at det ikkje var noko for dei. – Dansetimane var litt vanskelege og ikkje heilt slik som vi er vande med. Det at vi valde danselinja var eigentleg berre fordi det var det som freista mest når helse og media ikkje var eit alternativ, fortel Årdal.

Stortrivast på Firda Til tross for at Krøke og Årdal ikkje skal søkje Firda, er det mange som er nøgde med valet sitt. Emma Ervik (15), utplassert på medium og kommunikasjons. og Ole Martini (15), utplassert på drama. Dei synest hospiteringa var veldig spanande. – I stad fekk eg sjå korleis dei laga eit avisoppsett. Det var kjempekjekt, fortel Ervik som har ei stor interesse for foto. – Eg har hatt det veldig kjekt på drama. Improvisasjonstreninga som vi hadde i går likte eg spesielt godt, seier Martini. Hybel eller heime – Eg har veldig lyst å gå på Firda, noko som resulterar i at eg må flytte på hybel sidan eg kjem frå Stadlandet. Men eg er litt usikker på kva eg synest om å flytte i så ung alder, seier Emma. Ole som kjem frå


Tekst Lisbet Årdal Eid, får ikkje dette problemet. – Anten vil eg gå studiespesialiserande på Eid, eller så vil eg gå her på Firda. Uansett kan eg pendle, seier han. Det er ikkje lett å velje framtida si i ein alder av 15, difor er jentene noko usikre, men Ole har planane klare. – Eg ynskjer å bli medisinsk psykolog dersom det er mogleg. Vellykka hospitering Magne Larsen (ansatt ved Firda) er veldig blid, sidan årets hospitering gjekk så bra. – I år var det rundt 150 elever på hospitering, dette er vi på Firda veldig nøgde med, fortel han. I år var det idrettslinja som hadde flest på besøk, dette var ikkje ei overrasking for Larsen. – Det er som regel media eller idrett som er mest populært. I år var det idrett, seier han. Firda er ein bra skule av mange

“Linjene gjorde skulen komplett

grunnar. Desse grunnane prøvar dei å vise fram for hospitantane, slik at dei skal ynskje å kome att. – Vi ynskjer å vise fram Firda sine beste sider, fortel Magne. Bra for skulen Larsen meiner det er viktig å få elevar på besøk, slik at dei kan vise fram skulen. – Det å fortelje om skulen har ikkje same effekt som det å vise dei skulen. Ved å hospitere får dei oppleve korleis det er å vere Firda elev, seier han.

Foto Lisbet Årdal

Firda er kjent for det flotte miljøet sitt, noko som tiltrekk seg mange nye elevar kvart år. Påverka av nedlegginga Dei to yrkeslinjene ved Firda vart lagt ned nyleg. Dette påverkar både skulen, elevar og tilsette. – Medium & kommunikasjon har dradd rundt 40 hospitantar kvart år. I år var det betydeleg mindre, seier Magne. Mange elevar måtte endre planane då fylkespolitkarane bestemte seg for å kutte dei to tilboda. Dette meiner Magne er veldig trist. – Denne linja hadde vi bruk for på skulen. Den gjorde skulen komplett, spesielt med tanke på måten Medielinja og MDD kunne samarbeide på. Larsen er sikker på at det var mange som hadde søkt på denne yrkeslinja i år også, dersom det hadde vore mogleg.

Greit med fråvær?

– Er det greit å vere vekke frå skulen dagen etter ein fest? – Kva kan vi gjere for å minske fråværet på skulen?

Benedicte Sætre

William Landøy

Jeanette Lauritsen

- Nei, ein får gå på skule gratis, eg blir rett og slett provosert når elevar tar det for gitt. Elevane må bli meir positive til å møte opp, og tenke at skule er kjekt.

– Nei, ein bør prioritere skule framfor fest. Elevane må vere motiverte til å møte opp, ein kjem trass alt ingen veg med å ligge heime heile dagen.

– Nei, ein går på skule for ein grunn, og fråværet du får kan påverke vidare jobb. Skulen bør ha fleire dagar der vi er sosiale og jobbar med praktiske ting enn å sitte på rumpa heile dagen.

Tekst og foto Elin Støylen

5


NYHENDE

Positive til nytt solidarit Tidlegare i haust bestemde elevrådet ved Firda at dei skulle bytte ut solidaritetsprosjektet Operasjon Dagsverk og heller støtte ein utvald skule i Tanzania. Den som tok initiativet til denne endringa var Solveig Løseth Lingaas, elev i 3. klasse på skulen. I sommar reiste nemleg Lingaas til Tanzania i Afrika etter å ha vunne ein konkurranse arrangert av orgnaisasjonen Aiducatius. –Då eg reiste nedover trudde eg eg kom til å føle meg utrygg, men det gjorde eg slett ikkje. Dei er eit utruleg fint folk, som spreier glede og varme til alle rundt seg, seier ho. Det er klart at turen har gjort stort inntrykk på Lingaas. Glad for at prosjektet vann fram For at skulen skulle bytte over til venneskuleprosjektet, måtte det fyrst vinne elevrådet sitt fleirtal, og det gjorde det med god margin. – Eg er utruleg glad for at venneskuleprosjektet vann fram i elevrådet, det var jo det eg ville oppnå med å ta initiativet, smiler Lingaas. – Grunnen til at det vann fram er vel at mange elevar er gått lei OD, i tillegg til at vi får eit meir personleg forhold til dei vi støttar. Vi veit betre kvar pengane endar, og kva dei blir brukt til, held ho fram. Thea Lovise Sørfonden Vie, elev i 1. klasse på musikklinja og leiar i Elevorganisasjonen Sogn og Fjordane, er både glad og skuffa over at vi no byttar ut OD med venneskule. – Eg tykkjer det er spanande med eit nytt prosjekt, og eg er veldig interessert i prosjektet, sjølv om eg ikkje var her i fjor då det var OD. Samstundes er det litt trist i og med at eg som leiar i EOSF har eit slags personleg forhold til OD, seier Vie.

6

Elevane fekk gjere forskjellege aktivitetar som skulle sette dei meir inn i kvardagen til menneska i Tanzania. Betre oppmøte enn i fjor Eirik Førde, elev i 2STA, var skeptisk til organisasjonen og korleis prosjektet skulle gjennomførast, men etter inspirasjonsdagen, har han fått eit nytt og positivt syn på endringa. – Det verkar som eit bra prosjekt, og etter foredraga som gav meir informasjon om organisasjonen og arbeidet dei gjer, i tillegg til eit bra opplegg på inspirasjonsdagen, stolar eg meir på

prosjektet, seier Førde. – I tillegg var det mykje betre frammøte på inspirasjonsdagen enn det som før har vore på internasjonal dag, der elevane kunne ha ein tendens til å reise heim midt på dagen, held han fram. – Vi fekk eit godt innblikk i tema og dagen var godt gjennomført, seier Vie. Lingaas er også veldig nøgd med dagen, og har fått mange postitive tilbakemeldingar om bra opplegg.


Tekst Elin Støylen

Foto Elin Støylen

tetsprosjekt

Ein av dei mange aktivitetane som blei arrangert var fotball og teiking. Her fekk elevane føle på urettferda som tek stad kvar dag i Tanzania. Jentene spelar fotball, medan gutane ikkje får vere med og må sitte og teikne. I røyndaer det omvendt, gutane spelar og jentene teiknar.

Håpar å halde fram med prosjektet – Planen er å få til ein fleirårig avtale med Aiducatius, og at skulen held fram med venneskuleprosjektet, seier Lingaas. Foreløpig er det berre avtalt å støtte skulen dette året, for å sjå korleis det går, kva elevane tykkjer om prosjektet og om dei vil halde fram med venneskule eller eventuelt gå tilbake til Operasjon dagsverk.

–Korleis det blir kjem veldig an på engasjementet til elevane, og om nokon vil ta over for meg neste år, seier Lingaas. Seinare i skuleåret blir det arrangert ulike i samband med prosjektet. Lingaas har blant anna planar om å ha ein barfotdag, der alle går barfot til skulen, slik dei fleste ungdomane gjer i Tanzania.

Solveig Løseth Lingaas held foredrag om turen til Tanzania. Gjennom heile turen fekk ho nye opplevingar som gjorde store inntrykk. Blant anna blei ho veldig overraska over kor langt bak dei ligg når det kjem til utvikling, då dei ikkje hadde straum eller andre ting som vi tar som eit sjølvfølje her heime i Noreg.

7


NYHENDE

Færre moglegheiter Seks elevar hospiterte på Medium og kommunikasjonlinja (MK) ved Firda vidaregåande skule, men får ikkje moglegheit til å søkje der. – Eg har alltid vore interessert i videoredigering og journalistikk og hadde sett fram til tre fine år her på Firda, seier Kristianne Engelbrektson. Slik vert det ikkje. Mandag og tysdag i førre veke var Firda fylt opp med entusiastiske og spende elevar som skulle få eit innblikk i korleis det er å vere elev her. Fem elevar valde å hospitere på MK trass nedlegginga. 12. juni 2013 vedtok fylkestinget skulebruksplanen som skal gjelde frå 2013 til 2024. Denne planen seier at Firda vidaregåande skule ikkje får behalde medium og kommunikasjon, og linja vert flytta til Hafstad vgs i Førde. Vil merke tapet Medielinja på Firda har eksistrert sidan 2001 og rektor Hallgeir Hansen meiner det er dumt at ungdomane frå denne delen av fylket ikkje får dette tilbodet. Linja har i alle år vore ei populær linje og har hatt opptil 60 søkjarar kvart år. – Dette er ei viktig gruppe elevar for Firda og vi kjem til å merke tapet på mange område. – Elevane på media har vore flinke å hjelpe til med opptak av konsertar og ulike arrangement, diverse filming og skuleavis, legg han til.

8

Vil ikkje flytte Hafstad og Sogndal er dei einaste vidaregåande skulane som tilbyr medium og kommunikasjon i fylket etter vedtaket. Dette medfører at elevar frå Nordfjord må til Sunnfjord eller Sogn for å studere det dei vil. Eit av måla i skulebruksplanen var å få færrast mogleg elevar på hybel og at alle skulle få søkje på ein skule som var nær heime. – Eg hadde absolutt ingen planar om å flytte på hybel, men no har eg vel ikkje noko val, seier Kristianne. – Det er tragisk at eg ikkje får søkje medium og kommunikasjon på Firda, legg ho til. Godt inntrykk av Firda Mathilde Rundshaug og Frederika Dolezelova er begge frå Stryn og har stor interesse for media. Å flytte på hybel var noko dei hadde rekna med å gjere uansett, men på grunn av nedlegginga blir vegen heim endå lenger. – Det er utruleg dumt å ikkje få søkje på den skulen som er nærast heime, og spesielt når eg har høyrt så mykje positivt om Firda, seier Mathilde. – Ja, eg har fått inntrykk av at både skulen og lærerane har lang erfaring og veit kva dei driv med, legg Frederika til.

Ingen veit Hausten 2016 skal medielinja endrast til ei studiespesialiserande linje der opplegget er omtrent det same som idrettsfag og musikk, dans og drama. Ingenting er heilt sikkert enda, og ingen veit kvar linja vil bli plassert. – Vi vil jobbe for at vi får medielinja tilbake til Firda, uttaler Hansen. Held motet oppe Alle tre jentene har planar om å ein dag få jobbe med noko innanfor media. Sjølv om utdanningsvegen ikkje går gjennom Firda prøver dei å sjå lyst på situasjonen. – Å ta bilete og intervjue er noko eg synest er spanande, uansett kor eg går på skule er planen å bli journalist, seier Mathilde. – Framtida mi er framleis usikker, men eg veit i alle fall at eg skal jobbe med noko medierelatert, uttaler Kristianne.

Kristianne Engelbrektson frå Gloppen, Mathilde Rundshaug og Frederika Dolezelova frå Stryn er tre elevar som hadde sett fram til å gå medium og kommunikasjon ved Firda.


Tekst Emma Drageset

Foto Emma Drageset

9


SPORT

Strengare reglar på Reglementet for elevane ved idrettslinja vert i år stramma inn, blant anna når det gjeld mat i klasseromma og bruken av idrettsanlegga i Trivselshagen. I tillegg kjem det fleire nye reglar som elevane må følgje. I fjor var det slik at alle idrettselevane kunne trene i treningsstudioet etter skuletid utan å måtte betale for årskort. Sidan dei går idrettslinja, meiner dei at det er rettferdig å få bruke anlegget i Trivselshagen gratis. Men no er ting annleis, og det viser seg at no må til og med idrettselevane skaffe seg årskort dersom dei har planar om å bruke treningsstudio etter klokka 17. Misnøgde elevar – Det er litt urettferdig, seier Anne Jiao Harlem, som går 2. klasse på idrettslinja. – Fleire linjer har det utstyret dei treng tilgjengeleg heile døgnet gratis. Det får ikkje vi. Linjer som musikk og medium og kommunikasjon får nøklar til klasseromma dei brukar, og har difor anledning til å bruke skulen sitt utstyr når dei vil, utan betaling. – Vi kan ikkje bruke treningsstudio i skuletida sjølv om det er ope då, for vi har andre timar i tillegg til for korte friminutt til å gå og trene. Som alle andre linjer, har vi lekser der vi må øve på teknikk og liknande, og har bruk for styrkerommet, legger Anne Jiao til. Trivselshagen er ikkje Firda sitt Grunnen bak den nye ordninga er at Trivselshagen ikkje berre er eigd av Firda vgs, men at dei deler den med Gloppen kommune. I skuletida har Firda rett til å prioritere elevane, men kva om skjer etter skuletid er opp til kommunen. – Det er nok ikkje berre idrett som har fått desse krava, seier Anniken Rygg som er dagleg leiar for Trivselshagen IKS.

10

– Dansesalane vert også brukt av både Firda vgs og Kulturskulen i Gloppen, som også skal kunne bruke desse etter skuletid. Det same gjeld kinosalen og sjølve kultursalen, som Firda leiger berre 10 prosent av. Tar saka i eigne hender – Grunnen til at det vart slik er nok fordi kommunen sjølvsagt må tene noko på anlegget og plassen dei leiger òg, fortel Rygg. Om det berre idrettselevar der på ettermiddagen som er der gratis, og tar opp plassen, så sliter

kommunen med å prioritere folk som ikkje går på Firda. Ho meiner at dersom elevane vil gjere noko med det, er det berre å ta saka i eigne hender og snakke med rektor, sidan han veit betre kva Firda brukar, eller vil bruke pengar på. – Dessutan får dei eit rimeleg tilbod når det gjeld årskortet til treningsstudioet. Om det er pengar dette handlar om, så må folk tenke at 1800 kroner kan ein fort spare om man slutter innkjøp av snus, røyk og liknande som ungdommen brukar.


Tekst Madalina Iosub

Foto Madalina Iosub

idrettslinja “Fleire linjer har

det utstyret dei treng tilgjengelig heile døgnet gratis, det får ikkje vi. – Dessutan får dei nok tid til å ete, legg ho til. – Ikkje nok tid Dette er Anne Jiao ueinig i. – Det er ikkje nok tid til å dusje, stelle oss, kle på oss og i tillegg ete etter gym. Det hadde vært greit å få lov å ete iallfall dei første 10 minuttane i den følgjande timen. Håheim Breivik meiner også at elevane i større grad burde få betre vaner med å ete frukost for å få nok energi, i staden for å vente med å ete til lunsj.

Anniken viser timefordelinga mellom Firda Vidaregåande og Gloppen kommune. Matlova Ein annan regel som lærerane tar på alvor er den såkalla matlova, som forbyr elevar å ete i timane. Dette gjeld alle elevar på Firda, men idrettslinja er spesielt misnøgde med situasjonen. – Vi har tre timar trening på torsdagar, det er av og til vi har styrketrening, bootcamp og andre harde økter, seier AnnLovise Moldestad, som er 2. klassing på idrettslinja. – Vi treng mat og drikke for å halde ut i dei følgjande timane og for å klare å

konsentrere oss, fortel ho. Det er nokre lærarar som aksepterer dette nokon gongar, men ikkje alle. – Regelen har jo alltid vore der, og det viser seg at når det vert opna for å ete litt i timane vert det mykje rot på klasseromma. Personleg synest eg det er respektlaust overfor reinhaldarane som må vaske og rydde etter elevane, seier Ingrid Håheim Brevik. Ho meiner det hadde vore greit med mat som ikkje er grisete med tanke på at dei trenger energi for å halde konsentrasjonen.

Framlegg om gratis frukost i kantina – Det er eit forslag om å lage gratis frukost i kantina nokre gonger i veka. Havregrynsgraut er veldig næringsrik mat og det hadde vært fint å få nokon tilbakemeldingar frå elevane om dette hadde vore aktuelt å ta i bruk. Vi vil berre sikre det beste læringsmiljøet for elevane, seier Håheim Breivik til slutt med eit smil. Turnhallen Turnhallen har òg opplevd nokon endringar. Før sommaren og tidligare haust var det kun å spørje etter nøklar for å trene i turnhallen. No er det ikkje lov å trene der på ettermiddagane med mindre ein har sikringskurs eller kan å turne, og i tillegg har avtalt på førehand.

11


SPORT

Den fødde gymlærar

Magnus følgjer ivrig med på elevane sine under gymtimen. Magnus Willumsen er gymlærar på Firda, og det har han vore i 31 år. Han vaks opp i eit idrettsmiljø i Breim, og hadde alltid hatt eit ynskje om å gå på idrettshøgskulen. Med ein gong han kom dit, forstod han at han ikkje kunne bli noko anna enn gymlærar. Magnus har vore lærar for 4-5000 elevar til saman, men han er langt i frå lei av yrket. Han trivst veldig godt ilag med elevane sine, og seier dei er ein inspirasjon for han. «Ein sluttar ikkje å leike fordi ein vert gammal, men ein vert gammal fordi ein sluttar å leike,» er mottoet som Magnus lever etter.

12

Treningstips Han seier at ein kan gjere hundre øvingar på to kvadratmeter. Ein kan gjere dei kvar enn ein måtte opphalde seg. Om det er på toalettet, hybelen eller jenterommet. Ein kan gjere øvingar som går både på styrke og kondisjon. – Det fins aldri ei unnskyldning til å hoppe over ei treningsøkt, seier Magnus. Ein annan viktig ting for å halde seg i god form er å ikkje snuse og røyke. Ein blir redusert før treningsstart og ein yter aldri maksimalt. Magnus fortel at han opprettheld kropp og helse ved å jobbe mykje fysisk. – Eg snikrar, ber materiale og står på. Men eg har ikkje noko strengt kosthold, eg et det eg føler for, seier han.

Du kan høyre på musikk når du trener, det er med på å spreie glede og aktivitetslyst. Ifølgje studiar kan musikk til trening auke yteevna med rundt tjue prosent. Trivselshallen Trivselshallen er ein stor hall med mange moglegheiter. Der er klatrevegg, buldrevegg, sprintbane, lengdegrop, kastsirkel og ein enorm plass for ballaktivitetar. Magnus tykkjer det er ei gedigen leikegrind. Men han meiner den er litt ukoseleg. – Ein misser intimiteten. Ein kan ikkje høyre på musikk utan å forstyrre andre. Ungdom og helse Helsa til ungdom i dag er altfor dårlig.


Tekst Vilde Johansen

Foto Vilde Johansen

Tekst Madalina Iosub

Lyst til å trene, men veit ikkje kvar du skal byrje? Magnus Willumsen kjem med tre gode tips du bør følgje. 1. Du må GIDDE. Kall det kva du vil, «ta deg sjølv i nakken”, ”riv deg etter håret». Å gidde er alt som skal til for å komme i gang og motivere seg sjølv til å trene. Det handlar om vilje.

2. Gjer det enkelt. Ikkje tenk treningsstudio eller idrettsanlegg i første omgang. Du kan gjere enkle øvingar heime som er minst like effektive som øvingar der du brukar treningsutstyr.

3. Musikk. Musikk er rett og slett doping under treningsøkter. Det gjer alt så mykje enklare, seier gymlærar Willumsen, som tilfeldigvis har gått musikklinja på Firda vidaregåande skule.

Tekst Mathias Hansen

Prisar på symjing og trening: Barn(tom 15 år) Vaksen Student/honnør Honnør familie (2 pers) Familie m/2 barn

Enkeltbilett 60,100,80,-

12 klipp 600,1000,800,-

1/2 årskort 1500,1200,1800,3500,-

220,-

Årskort 2300,3000,2500,4000,5000,-

Ekstrabarn(utover to): +500,- pr barn

Prisar på treningssenteret: Vaksen Student/honnør Honnør familie(2 pers)

Nokon er i veldig god form, men dessverre er det fleire som ikkje er det. – Dei har ein oppvekst i sofaen der dei sit med pc på fanget og TV i bakgrunnen. På skulen blir dei tvinga til å sitje rett opp og ned. Det er ein pasifiserande og utviklingshemmande oppvekst, fortel Magnus. Han seier det ikkje er så stor forskjell mellom idrettsklassene og dei andre klassene når det kjem til gym. Idrettsklassene er meir på høgget, men nokon allmennfagsklasser er veldig bra, og fullt på høgde med idrett. – Eg gjekk sjølv musikklinja, og eg var sprek, smiler Magnus. Vidare fortel han at gymtimane i dag ikkje er så harde som dei var før. Før i

Enkeltbilett 70,50,-

12 klipp 1600,1350,-

tida hadde dei meir bevisst og styrt innhald i gymtimane. Elevane den gong var i betre form, og det var lite protestar viss dei skulle ha styrke og uthald, alle gjorde det. Men no er det meir motstand mot å gjere ting som er travelt. Det som var oppvarming på 80-talet er blitt hovudinnhaldet i gymtimane i dag. Magnus meiner det burde vore fleire gymtimar i veka. Han seier at gymtimetalet blei skore ned samtidig som vi fekk internett og fleire TV-kanalar. Verdsrekord Mange veit at eit skotøy Willumsen brukar ofte er crocks. Han meiner det er helsefremjande, og ein av grunnane til det er fordi ein slepp å bøye seg ned å få vondt

Årskort 2400,2100,3500,-

“Det som var opp-

varming på 80-talet er blitt hovudinnhaldet i gymtimane i dag. i ryggen når ein skal knyte sko. Og er det vått ute så er det veldig greitt, det som kjem inn renn ut. Magnus Willumsen har ein verdsrekord. På 400 meter hekk for menn senior… i bryllupsdress.

13


KULTUR

Tekst Amalie Heggen Listou

Foto Amalie Heggen Listou

Firda rundt

I over kanten av 100 andreklassingar øvar inn felles dansen. Fredagskveld kl.19:00 har andreklassingane på Firda laga til eit spektakulært show der alle linjene har laga flotte innslag. Charlotte Nilsen som har hovudansvaret for organiseringa på årets haustfest, har ilag med elevane i programkomiteen og den praktiske komiteen jobba sidan før haustferien for å kome i mål til fredag. – Eg tykkjer vi starta veldig bra, alle var flinke å møte opp og kom med gode idear. Etter haustferien skjedde det mykje anna som også har krevja planlegging og tid og dermed har det vore litt hektisk denne veka, seier Nilsen. Holdt på i over 54 år Haustfesten er ein stor tradisjon på Firda, som har halde på sidan 1960-talet, sannsynlegvis lenger enn det også. Det er ein fest som elevane i andre klasse arrangerer. Der kan dei invitere venar og familie og få vise eit innslag dei har jobba med. Dette er ein svært kjekk og sosial kveld som både små og store har glede av.

14

Magekjensla er bra I år er temaet Firda rundt, og det går som ein raud tråd gjennom heile programmet. Henning Lad har fått oppgåva som konferansier i år. – Eg trur det kjem til å gå bra. Eg får god hjelp og rettleiing. Det handlar om å halde hovudet kaldt, og det håpar og trur eg at eg klarar. Eg gler meg svært mykje, og håpar det kjem mykje folk. Magekjensla er bra. Det blir stadig betre for kvar gong vi øver, og eg trur at publikum blir nøgd. Firda vidaregåande skule er ein skule der elevane gir mykje av seg sjølv og folk får inntrykk av det gode skulemiljøet berre av å sjå på scena. Intern humor Lena Fossen frå 2IDA er med i den praktiske komiteen og ho tykkjer at det viktigaste med haustfesten er at ein har det morosamt og kan le mykje. Ho har trua på at det blir kjempebra, sjølv om innslaga kanskje inneheld litt intern humor innanfor dei ulike klassene.

Ho nemner også at det har vore litt travelt med øvingar no på slutten. – Sjølv om vi kom seint i gang med øvingar, så har vi jobba veldig effektivt og vi har hatt eit bra samarbeid. Isabell Førde frå 2MUA som er med i programgruppa, tykkjer det har vert hektisk sidan dei har dansebandet som må øve inn femten songar til dansen etter programmet. Og som alle andre har dei sjølvsagt sitt eige innslag i programmet og lekser i dei vanlege faga. Men ho håpar alle som har vore med på haustfesten kan kjenne seg stolte når dei legg seg den kvelden. Sosialt Isabell, Lena og Charlotte er alle einige om at folk burde møte opp på fredag fordi dei har stelt i stand eit råbra program, god mat, sosialt samvær og ein kveld der alle kan samlast, ha det kjekt og senke skuldrene. Også er det trass alt ein vtradisjon. Så alle som har moglegheit, kjøp billettar og møt opp i Kultursalen kl. 19:00 på fredag.


KULTUR

Tekst Rakel C. Vangberg

Foto Rakel C. Vangberg

Gler seg til gallakveld Den eldste filmprisen i fylket feirer ti år, og siste kvelden i Qfilm-veka er det duka for Qpris og gallakveld. Qpris ansvarlege Inger Nesbakk og Hege Kandal har brukt mykje tid og krefter på å planlegge denne kvelden, og gler seg veldig. Qpris er ein gallakveld der unge filmskaparar og alle som er interesserte i film samlast til ein minnerik kveld med mykje underhaldning, film og moro. Kvelden er ei fin avslutning på Qfilm-veka, og har blitt ein fast tradisjon gjennom 10 år. Qfilm og Qpris er laga av og for ungdom, og er ei flott tilstelling for alle som er interesserte i film eller berre vil vere med på ei kjekk veke med mykje spanande program. – Vi vil at Qpris skal vere lokalt, og derfor brukar vi berre lokale ressursar og elevar til arrangementet. 10 år I år er det 10 års-jubileum for Qpris, og vi har kome ein lang veg sidan vi starta i 2004. I byrjinga heldt dei gallakvelden i kjellaren på Gloppen hotell. Dei lagde dei første prisane av trolldeig og gullmaling. I dag ser ein kor utvikla Qpris har blitt. Dei har gått frå å lage prisane av trolldeig og gullmaling til å bestille dei frå lokale kjende kunstnarar. Lært mykje frå i fjor Qpris-ansvarlege fortel at dei har lært mykje frå Qpris i fjor, og har tatt til seg kva som fungerer og ikkje fungerer. Dei håpar at arrangementet blir ein like stor suksess i år som det var i fjor. – I år satsar vi sjølvsagt på at nivået blir enda høgare enn i fjor sidan det er 10 års jubileum, noko som er litt stas. I år har vi óg fått med oss to livlige konferansierar frå 3. drama, Simon Dahlby og Fredrik Fjellestad. Vi håpar kvelden blir morosam og underhaldande for alle som skal vere der.

Inger og Hege gler seg veldig til Qpris den 20. november. Vi vil at opplegget skal vere høgtideleg, men samtidig ikkje for høgtideleg. Flotte premiar Publikumsprisen er ein av dei mange gjeve prisane ein kan vinne på Qpris. Dette er ein pris dei har delt ut kvart år, og du kan vinne ein flott premie frå NRK. Filmane som blir nominerte til publikumsprisen vert lagt ut på nettet (nrk.no/ sognogfjordane), der folk kan stemme så mange gonger dei vil på dei ulike filmane. NRK bestemmer kva premien skal vere, og ingen veit kva den blir i år. Sikkert er det i alle fall at det er ein flott premie, i fjor fekk til dømes vinnaren eit heilt nytt speilreflekskamera. Stor variasjon – Det er veldig stor variasjon mellom dei filmane vi har fått inn.

Vi har stort sett fått inn filmar frå heile Sogn og Fjordane. Folkehøgskulen har blant anna vore veldig flinke til å sende inn filmar om natur, friluftsliv og diverse anna. Andre døme på filmar vi har fått inn er ein dansefilm, og ein veldig koselig film om utviklingshemma personar. Vi håpar at folk vil vere med å stemme fram den filmen dei tykkjer er best. Færre til å hjelpe I år er det færre medverkande til Qfilm fordi det dessverre ikkje lenger er førsteklassingar på Mwedium og kommunikasjon som kan vere med å hjelpe til med arrangementet. Likevel er arrangørane fast bestemte på å få til ei veke folk seint vil gløyme. –Vi er færre i år en i fjor, men då må vi jobbe desto meir for å lage eit bra show. Vi skal få det til uansett, seier Hege.

15


KULTUR

YEBO! No til helga er det klart for eit kjekt arrangement med fire lokale korps, song, dans, dramatisering og mykje god underhaldning!

– Eg gler meg til ei veldig kjekk helg der alle korpsa kan samlast og spele saman, seier Maria Ose, ei av dei som spelar i Sandane skulekorps. I helga kjem nemleg Jan Magne Førde til Sandane for å halde korpsseminar med fire lokale korps, og alle ser fram til desse dagane. I august tok Bjørn Inge Solheim, leiar for Sandane skulekorps og ein av prosjektleiarane, kontakt med Jan Magne Førde. Han spurde om han ville komme på besøk for å ha eit seminar med skulekorpsa Breim og Sandane. Dette ville han veldig gjerne. Han sende notar for ulike songar som korpsa skulle øve på, og no til helga kjem han på besøk for å vere med på showet. Viktigast Dei som har stått for planlegginga av helga er Bjørn Inge Solheim, Bernt Reed og Ole Henrik Møllmann. – Det er vi som har hatt hovudansvaret, men når helga kjem er det sjølvsagt ungane som er dei viktigaste, presiserer Solheim. Fleire korps I byrjinga var det berre Sandane skulekorps og Breim skulekorps som skulle ha arrangementet i lag, deretter hengde også Hyen skulekorps seg på. – Nokre av låtane er veldig vanskelege å spele, og derfor ville vi også ha med

16

Gloppen Janitsjar, som er det einaste vaksenkorpset i Gloppen. Dette var også veldig naturleg, i og med at leiaren for Breim skulekorps, Bernt Reed, også er leiar for Gloppen Janitsjar, seier Solheim. Inspirert av Afrika Frilans musikar, komponist og trompetist Jan Magne Førde skal komme til Sandane for å leie heile arrangementet. Han skal både dirigere, syngje og spele saman med 70 andre musikarar frå dei fire lokale korpsa. Han er også medlem av the Brazz Brothers, og dei har saman reist rundt i over 36 land og halde konsertar, kurs og liknande. Ein av stadene dei har vore mest er Afrika. Der har dei reist rundt og spelt over 100 konsertar, samt blitt kjende med mange folk som dei er blitt gode venar med. Ikkje minst har dei blitt inspirerte av musikken. – Det å vere i Afrika som musikar er svært inspirerande. Dei har eit heilt spesielt forhold til rytme og musikk, og det er veldig spanande å lære av dei. Mange av songane vi har med på dette arrangementet er derfor afrikanske. Solheim fortel at dette temaet går att, ikkje berre i songane, men også på plakaten, og i namnet. «Yebo» er nemleg sørafrikansk og tyder «ja».

Dramatisering og dans Eit par av songane er også inspirerte av førjuls-serien som the Brazz Brothers laga i 1995, «Julefergå». Då skal nokre av ungane ha ein sketsj til songen «Wenkes svelesang», medan Jan Magne skal syngje med playback. – Vi har til og med fått tak i ei kapteinsuniform og billettør-veske, så dette blir kjekt, seier Solheim. Det blir også dans til ein av dei afrikanske songane.

Jan Magne Førde skal halde seminar for lokal-korpsa. (Pressefoto: L. Berre)


Tekst Beate Liseth

Foto Beate Liseth

Vil vise at korps er kjekt Solheim fortel at det som er hovudgrunnen til at arrangørane ville lage til ei slik helg, er for å vise folk at det er kjekt å spele i korps. I heile Noreg, og også her omkring, er det vanskeleg å rekruttere nye barn og ungdom til å spele i korps, fordi mange trur det er keisamt. – Vi håpar ungane kjem til å tykkje at dette er kult og at dei vil fortsetje å spele i korps. Kanskje vil også nokre av dei som sit i salen bli inspirerte til å bli med? Ser fram til ei kjekk helg Maria Ose er ei av dei som tykkjer det er artig å spele i korps. Ho spelar i Sandane skulekorps, der ho har spelt i snart ni år. Ose ser fram til denne helga, og fortel at det ho gleder seg mest til er å ha ei kjekk helg der alle korpsa er samla. – Eg gler meg også veldig til at Jan Magne Førde skal komme hit, det blir spanande å sjå korleis han har tenkt å sy saman programmet. Eg trur det kjem til å bli kjekt å samarbeide med han, han er veldig flink til det han driv med! Vil fylle kultursalen Solheim ser også fram til helga. Han håpar på at dei får fylt opp kultursalen med musikkglade folk, familiar, venar og kjende, og at dette arrangementet blir kjekt for både store og små. Han håpar at dei skal gå i overskot etter arrangementet. – Det kostar jo litt å stelle i stand noko slikt, med mellom anna leige av lokale, å leige instruktør og å lage plakatar, men eg håpar og trur at vi går i overskot dersom mange kjem og ser på.

Korpsa øvar flittig før helga, her frå ei av øvingane til Sandane skulekorps Ikkje berre keisamt og seriøst Førde har mykje erfaring med det å reise rundt og halde seminar med korps og liknande. – Eg elskar konsertar der det skjer mykje. Det at ein kan vere profesjonelle musikarar, men likevel kan ha det litt

moro trur eg er viktig. Det er nok på den måten eg har klart meg så bra som musikar, gjennom å ha det kjekt når eg spelar, og finne på litt tøys innimellom. «julefergå» er eit godt døme på det. Når eg spør om han gler seg til helga er svaret klart: – YEBO!

“ Det er

viktig å kunne ha det moro! Bjørn Inge Solheim håpar å få fylt opp kultursalen i helga.

17


Avis laga av 2MKA


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.