Skuleavisa Firda 1MK

Page 1

e Firda vidaregåand

skule

Fredag 25. oktobe r

Nedlegging rammar mange Elevane ved Helse og oppvekstfag og Media og kommunikasjon ved Firda vgs er oppgitte over at linjene dei går på skal leggast ned. – Dette er veldig dumt, fordi då blir det lenger ikkje ein yrkesfagleg skule, seier dei. g

g

Spelar seg til topps Side 11

g

Politikar Olin Johanne Henden kjempar for at Media og kommunikasjon og Helse og oppvekstfag skal oppretthaldast og ho synes at denne saka er ei av dei tyngste ho har hatt. Side 4 og 5

g

Nyttige Hybeltips Side 16 og 17

g

Alt klart for OD Side 7


Denne avisa er resultatet av ei vekes hard jobbing av oss i 1MKA ved Firda vgs. Vi er stolte av å presentere det ferdige produktet vårt, og håper du tykkjer avisa er interessant og spennande. Utover i avisa kan du mellom anna lese om nedlegginga av helse og oppvekst og medium og kommunikasjon her på Firda, og korleis det går utover elevane og skulen. Du kan også lese om Firdahallen som er blitt bygd ut, og om framtidige idretts-stjerner. Beate Liseth, sjefsredaktør

I tillegg har vi laga nokre gode tips og oppskrifter til deg som bur på hybel, og mykje, mykje meir. Vi håper du koser deg med avisa vår! Beate Liseth

Redaksjon

Redaktør: Beate Liseth Vaktsjef: Silje Maria Midthjell Grafisk ansvarleg: Emma Opheim Drageset Grafiske medarbeidarar: Madalina Elena Iosub, Katrine Alværen, Amalie Heggen Listou Emma Opheim Drageset, grafisk ansvarleg

Nyhenderedaksjon: Beate Liseth, Vilde Johansen, Miriam Grotle, Martha Nigardsøy Ekerhovd, Silje Maria Midthjell, Elin Støylen, Thea Loise Kvammen Kulturredaksjon: Madalina Elena Iosub, Rakel Christine Vangberg, Amalie Heggen Listou, Stian Aarlott Aase, Lisbet Årdal Sportredaksjon: Katrine Alværen, Matias Inderberg Hansen, Emma Opheim Drageset

Hugs å vere med på konkurransen på baksida, der du kan vinne eit festivalband til Qfilmfestivalen! 2


3 på lærarrommet – Kva forventningar har du til hospiteringa i år?

10. klassingar på besøk

Liv Søreide Klepaker Eg forventar at dei som kjem er interesserte i det dei kjem og ser på, og eg ventar at elevane mine viser fram programfaget og det dei presenterer positivt.

Vigdis Henden Eg håper at like mange entusiastiske ungdomar kjem hit som alltid, og så håper eg at dei ulike linjene får godt besøk.

I 2009 fylte elevar som besøkte medialinja heile trappa i Trivselshagen, linja har alltid vore populær og i år kjem det nærare 40 tiandeklassingar på hospitering. (Arkivbilete) Måndag og tysdag i neste veke kjem det rundt 165 elevar frå heile Sogn og Fjordane for å sjå på forskjellige utdanningsprogram på skulen. – Eg ser fram til å møte både elevar og lærarar for å vise dei rundt her, seier rektor Hallgeir Hansen.

Journalist: Martha N. Ekerhovd Foto: Martha N. Ekerhovd

Sigurd Klakegg Eg forventar seriøst arbeid frå skulen og at opplegget er godt gjennomtenkt. Dette med tanke på rekruttering av nye elevar.

Hospitering i år samlar om lag 40 elever til idrett, 28 elever til musikk, 20 elever til dans, 18 elever til drama, 37 elever til media og kommunikasjon, fem elever til helse og sosial og tolv elevar til studiespesialiserande. Får informasjon Når elevane kjem til Firda måndag morgon, blir dei samla i kultursalen og blir ønskte velkomen. – Eg synst hospiteringa er

veldig bra, det er ei god ordning for at 10. og 9. klassingar skal bli godt kjent med ulike utdanningsprogram, slik at dei kan ta eit best mulig val når dei søker vidare, seier rådgjevar Turid Korterud. Elevane vil få informasjon før dei blir delt opp i grupper, kor dei forskjellige utdanningsprogramma enten har laga eit opplegg til dei, eller at dei føljer ein vanlig skuledag. I starten er det oftast ei lita omvising og nokon gongar ei samling for dei forskjellige gruppene der dei seier litt meir om linja. Og opplegget blir ofte likt. – Vi har hatt gode tilbakemeldingar frå skulane og dei har vore fornøgd med opplegget, seier Turid. Færre enn i fjor Ein viktig person når det kjem til hospiteringa er rektor, Hallgeir

Hansen, som held velkomsttala til elevane. I år er det færre en i fjor som kjem til Firda, og det kan ha sin årsak i at to linjer blir lagd ned frå komande haust, trur Hallgeir. Han trur likevel at det vil bli like kjekt med besøk, sjølv om det er litt færre som kjem. I følgje Turid kan nedgangen skuldast at Media og Helse er lagd ned frå neste år, men elevar frå Nordfjord får likevel moglegheit til å besøke linjene. – Dette gjer dei sidan det under hospiteringa ikkje er skulen som er hovudfokus, men det å presentere utdanningsprogramma, seier Turid. Men sjølv om det er nedgang er det fortsatt viktig. – Hospitering er ei viktig kjelde for å rekruttere nye elever og halde skulen oppe, seier Hallgeir.

3


Elevane si meining

Kva synest eigentleg elevane ved Firda VGS om at Medium og Kommunikasjon skal leggast ned? Vi tok for oss spørsmålet og spurte tre elevar. At det er dumt var i allefall alle tre einige i.

Ikkje meir yrkes – Eg synest det er utruleg dumt og urettferdig at vi ikkje får tilbodet om Medium og kommunikasjon på Firda lenger, seier Dina Rygg Eide frå tiande klasse ved Gloppen Ungdomsskule. Journalist: Silje-Maria Midthjell Foto: Silje-Maria Midthjell

Ingeborg Volle (2IDA) – Eg synest det er tåpeleg, folk må jo ha bra snitt for å komme inn, kvifor ta vekk det som er bra? Og media har jo bra forhold til musikk, dans og drama.

Line Vedvik (1STA) – Det er eigentleg heilt forferdeleg. I tillegg er det jo ein ut av dei linjene med høgst søkartal. Vi mistar jo Q-film! Og eg skjønar at folk ikkje vil flytte/pendle til Førde.

Henning Lad (1MUA) – Det er veldig dumt fordi medialinja har eit veldig godt samarbeid med musikk, dans og drama i forhold til film. Linja bør ikkje flyttast, og er det ein plass i fylket medium og kommunikasjon burde vere så er det her på Firda.

4

Medium og kommunikasjon på Firda er den eldste medialinja i fylket, med høge søkartal, god trivsel og flinke lærarar og elevar. Allikevel er mange politikarane i mot at linja skal oppretthaldast. – Med eit så godt samspel som medium og kommunikasjon har med lokalsamfunnet, er det alvorlig trist å sjå at linja skal takast vekk, seier Olin Johanne Henden frå Gloppen Høgre. Dårleg(e) argument Det som no blir gjort er at dei skal starte opp medium og kommunikasjon i Førde (Hafstad.) Dei som er for dette meinar at med nedgang i elevtal i heile Sogn og Fjordane er dette det einaste som er rett å gjere. – Dei ser ikkje på det som ligg bak. Trivsel, kvalitet og lite fråfall er minst like viktig som nedgang i elevtal. Og at dette ikkje har vore opp til diskusjon ein einaste gong er frustrerande, fortel Olin. Årsaken til at dei legg ned linjene er mest fordi elevtalet går ned i heile fylket, ikkje så mykje av økonomiske grunnar. Stor skuffelse Det er trist for Firda og miste ei slik yrkesfag-linje som media, som har eit så godt samarbeid med bygda og elevar på skulen. Skuffelsen var stor blandt både politikarar, elevar og lærarar då vedtaket kom i juni 2013. Når arbeidet har vore så intenst for å oppretthalde media er det som eit slag i ansiktet å få vete at det ikkje blir slik. – Ingrid Årdal (2DDA) og Alice B. Holm (3MKA) var med på eit politisk møte vi hadde. Å sjå skuffelsen i ansikta deira når alt bikka i mot, var heilt forferdeleg, seier Olin. Held seg på Firda Å flytte på hybel kan vere ei stor

Oppe f.v: Stian Aase, Thea Kvammen, Elin Støylen og Martha Ekerhovd (1MKA) Nede f.v: Cecilie Botnen, Kine M. Jacobsen, Solgunn Alme og Julie Heggheim (1HOA) foto: Silje-Maria Midthjell utfordring for mange, og å pendle er muligens enda verre. Og med hybelsituasjonen i Førde er det veldig vanskeleg å kapre ein. Dette er også eit stort problem med å legge ned media på Firda. – Eg har vurdert å flytte på hybel, men tvilar på det skjer. Eg føler meg ikkje heilt klar til å flytte ut enda, så eg bur heime, seier Dina. Dina vel heller å gå idrett her på Firda enn å flytte til Førde for å gå media. Tøffe møter Høgre har kjempa hardt i denne saka og stått sterkt på det dei meinar er rett. Dei har gjort så og sei alt dei kan for at media skal bli verande på Sandane. – Møtene med folk som er for at dei skal legge ned er ganske tøft.

Dina Rygg Eide er ein av elevane som blir ramma av nedlegginga. For å vere ærleg så dette faktisk den tyngste saka eg har vore gjennom nokon gong, seier Olin Johanne.


sfag på Firda vgs

Elevane si meining Kva synest eigentleg elevane ved Firda VGS om at Helse og oppvekstfag skal leggast ned? Vi tok for oss spørsmålet og spurte to elevar. At det var dumt var begge einige i.

Margunn Brendehaug(2MKA) – Eg synes det er veldig dumt fordi dei som vil søke til neste år får ikkje gått her, og dei som går her fra før må bytte skule. Og helse er med på å gjere Firda slik den er.

Helse vert lagt ned

Elevar ved Firda vgs vil til neste år ikkje få tilbod om å fortsette utdanninga innan helse og oppvekstfag. Nye elevar må søkje andre plassar. Journalist: Vilde Johansen Foto: Vilde Johansen I juni 2013 vart det vedtatt at blant anna Helse og oppvekstfag skal nedleggjast. Dette er dumt for både Firda og dei som vil søkje.

Mari og Marielle frå første klasse synes dette er feil. – Eg synest det er veldig dumt for dei som vil gå denne linja, at dei må enda lenger vekk. Det har jo vore snakk om i media at Noreg treng fleire helsearbeidarar. Kv-

ifor leggje ned då, spør Marielle. Begge fortel at dei likar seg på Firda og at det er svært høg trivsel blant elevane.

Viktigaste arbeidgruppe Helse og oppvekstfag blir ikkje lenger å tilby på Firda. – Dette er ein av dei viktigaste arbeidsgruppene vi har, det er mange på tilsette og vi treng fleire, seier Olin Johanne Henden. Ho fortel også at denne sak om å oppretthalde media og helse er ein av dei tyngste sakene ho har vore gjennom. – Det er veldig frustrerande fordi det blei ikkje tatt med i diskusjonen at Firda har kvalitet, god trivsel og samhald. Dei andre politikarane ser berre på elevplassar, seier Olin.

Olin har jobba mykje med desse sakene.

Rye Hanssen (1MUA) – Eg synes at dei tar vekk mogligheita til ungdomen om å bygge ein type kontakt til småstadar som Sandane og Eid, og tvingar dei til og vokse opp i byar. For om ein likar seg ein plass med mykje folk, er det noko ein vil hade seg i, og på den måten vil til slutt dei fantastiske småstadane forsvinne, det er dumt, alt i alt.

“Firda utan media og helse er som ketchup utan tomat. “ Silje-Maria (1MKA)

5


Ein fantastisk fin hall – Den er omtrent like stor som Norges idrettshøgskole, og det er ganske imponerande, seier Ole Morten Mardal, lærar for idrettsfag ved Firda vgs. – Det er ein fantastisk fin og spesiell hall. Journalist: Beate Liseth Foto: Beate Liseth Trivselshagen er no ferdig med tredje og siste byggesteg, og resultatet er ein fin, stor hall som både elevar ved Firda vgs, og andre som ønskjer det, kan bruke som dei vil. Ideen om å byggje ut Trivselshagen kom allereie i 1994, men vart ikkje sett i verk før 2006/2007. Det byrja med at symjebassenget var for lite, og det var behov for meir plass. IKS (interkommunalt samarbeid mellom Gloppen kommune og fylkeskommunen), bestemte seg derfor for å byggje ut. Snart klar Dei bygde først kulturdelen, med kultursal, bibliotek, kino, kulturskule og lokale til Firda vgs. Dette stod var ferdig i 2009. Så, for eitt år sidan, stod symjeanlegget, turnhallen og treningssenteret klart til bruk. Prosjektleiar Anniken Rygg seier at hallen skal vere heilt ferdig om 2-3 veker, når klatreveggen er ferdig og siste finpuss er gjort. I tillegg er den gamle Firdahallen rehabilitert. – Vi gler oss veldig til å byrje å bruke hallen for fullt, seier Ole Morten. Mange nye muligheiter Elevane er sjølvsagt også svært nøgde med hallen. – Vi er veldig glade for det nye anlegget, det gir oss mange fleire muligheiter enn vi har hatt før, fortel elev i 2IDA på Firda, Erlend Ulvestad. Dei har no fått mange fleire fasilitetar enn i den gamle Firdahallen. Blant anna har hallen no kasteanlegg, der det er mogleg å trene på kulestøt og diskos. Det er også laga eige flott rom for styrketrening. Erlend trur han kjem til å nytte seg mykje av dette tilbodet på fritida. – Den gamle hallen blir framleis flittig brukt. Vi bruker han til sirkeltrening på onsdagar, og diverse anna, legg han til.

6

Ole Morten Mardal er veldig nøgd med den nye Firdahallen. Han har sjølv vore med i prossessen med utbyggjinga av Trivselshagen. Kunne ikkje trene fotball inne Stine Raad, som også går 2IDA, meiner at hallen vil ha ein del å sei for utviklinga til idrettselevane. No kan ein trene både fotball og andre ting heile året, sidan dei har så stor hall og gode treningsmuligheiter. – Vi har ikkje kunna trene fotball inne før, vi brukte berre bana ute. Då kunne vi ikkje trene like mykje om vinteren, men no kan vi trene heile året, fortel Stine.

Erlend Ulvestad og Stine Raad, begge elevar ved 2IDA, gler seg til å ta i bruk hallen.


Ungdomen tar tak

Heidrun Eitungjerde Høyvik(ansvarleg for OD-dag og økonomi) og Vilde Torheim Skjerdal(ansvarleg for ID-dag). Som alle andre år samlar elevane på Firda vgs inn pengar til solidaritetsprosjektet Operasjon Dagsverk. I år går pengane til tre av dei mest voldelige landa i verda, Guatemala, Honduras og Mexico. Journalist: Thea Kvammen Foto: Thea Kvammen I år samarbeidar Operasjon Dagsverk med Redd Barna for å gje 15 000 ungdommer ein trygg

og god utdanning. Heidrun Høyvik frå OD-komitèen håpar på å få inn over 160 000 kroner berre frå Firda vgs. – Det er høgre antal elevar i år enn i fjord, så vi får nok inn meir pengar i år, så det er berre positivt. Kvart år brukar ungdom i skulen ein dag av utdanninga si på å jobbe og tjene pengar til fattige land. – Pengane går alltid til utdanningsprosjekt. Fortel Vilde Skjer-

dal frå OD-komitèen. Elevane vel frivilleg om dei vil delta på OD-dagen, men om dei vel å ikkje delta må dei ha vanleg skuledag. Guatemala, Honduras og Mexico er blant dei landa i verda med høgst drapstal. Dei fleste offera og gjerningamennene er ungdom. OD 2013 vil prøve å minke all frykt, vold og kriminalitet blant ungdomen i desse landa. Dette dagsverket bidrar til å gje

ungdom ein trygg skulekvardag, og gje dei ein god utdannelse. Dette vil også gje ungdomen mulegheit til å skape sin eigen framtid, om dei får trygg skuletilgong. Totalt 575 skular er påmeldt på deltaking på OD 2013.

OD er 01.november

Internasjonal dag – Målet for internasjonal dag er å informere elevar om årets prosjekt, fortel Vilde Skjerdal som er ansvarleg for ID-dagen. – Ifjor hadde vi mange leikar, blant anna ein som handla om flyktningar. Målet med dette er å skape ettertanke. Det er fekk nokre negative tilbakemeldingar frå dei tidlegare år på grunn av at det vart mange leikar denne dagen, så i år prøver komitèen å gjere noko nytt som kan gjere dagen kjekkare og betre. Den internasjonale dagen er Elevorganisasjonen som står bak arrangeringa.

–Vi får tilsendt informasjon og alt vi treng til denne dagen, og får god instruksjon, så legg komitèen opp og planlegg dagen. Så det er veldig greit. Seier Skjerdal. ID-dagen er obligatorisk, noko alle må delta på.

ID dagen er 31. oktober

Heidrun og Vilde er klare for OD og ID dagane!

7


Ingen problem for idrettsgutane

Martin Svarstad og Vidar Hatlem sit i sofaen på hybelen i Åslyvegen. Begge går første idrett og er nye på Firda. Journalist: Miriam Grotle Foto: Miriam Grotle Vidar sin hovudidrett er friidrett men han spelar òg fotball. Han syntest det er vanskeleg å velje kva han likar best. Martin har fotball som hovudidrett men likar òg veldig godt å spele volleyball. Gamle rutiner –Korleis var rutinane dykkar med

trening og kosthold før de flytta på hybel? – Ganske bra, fortel Martin. Vidar seier at kostholdet ikkje var så veldig gjennomtenkt fordi det var mora som laga middag kvar dag. Begge er einige om at det er mykje meir trening no enn då dei budde heime, sjølv om det var mykje også då dei budde heime. Dei hadde trening kvar dag, men no når dei har begynt på idrett er det trening på skulen og kanskje to treningar etter skulen kvar einaste dag. – Har de merka noko forskjell på kropp og kondis ettar at de begynte på Firda?

– Eg er blitt skikkelig sterk, seier Martin med eit flir om munnen. Men han hadde ikkje merka så stor forskjell endå, berre litt på kropp. Vidar fortel at han er blitt fysisk sterkare, men kondisen hans har blitt litt dårlegare. Han trur han veit kvifor. – Fordi vi har mykje sprinttrening og det fokuserer ikkje så mykje på uthald. Kroppsfokus –Føler dokke at det er meir oppmerksomheit mot kropp og utsjånad sidan dokke går idrett? – Vi føler at det ikkje er noko press på kostholdet, men ein må vere i

litt god fysisk form føler dei sidan dei går idrett. –Har dokke nokon gode treningstips til andre hybelbuarar som prøver å komme i litt bedre form? – Du burde velje ein sport som du likar å holde på med. Du kan for eksempel spele fotball eller begynde med symjing. Det er mykje forskjellig å velje imellom. Du må heller ikkje setje deg for høge mål i begyndelsen. Ta det litt roleg og ikkje tren for hardt med ein gong, fortel Vidar.

Håper på topplassering for Brodd – Vi satsar på topplassering ettersom vi tok sølv i fjord, smiler Peter T. Wilke. Om ein medalje kjem heim igjen til Sørstranda gjenstår berre å sjå, for 29.11/13 brakar det laust! Journalist: Silje-Maria Midthjell Foto: Silje-Maria Midthjell Med eitt NM sølv i lomma frå før er gutane på Brodd IL igjen klare for NM, denne gongen i Trondheim. Brodd har i år med tre gyldige deltakarar som alle går på Firda. Peter T. Wilke, Hans Sande (2IDA) og Erlend Ulvestad (2IDA) skal kjempe for topp-plassering og håper å nå heilt til topps.

8

Tunge tak, gode prestasjonar For å nå toppen må det mykje trening til og tunge løft. Men med fire (+) treningar i veka er ikkje det rart at gutane presterar bra når det gjeld mest. Treningane deira går for det meste til finpussing av teknikk med tyngre vekter, så dei klarer same løftet på stemner og. – Det blir også prioritert vedlikehald av styrke, fortel Peter.

betrar meg, seier Peter. Om ein aldri gjer opp og ein har god innstilling til sporten ein driv med, blir det bra prestasjonar. Ut i frå resultata til desse tre gutane så er det ingen tvil om at dei har god treningsmoral og positiv innstilling til sport. – Vi droppar aldri ei trening med mindre det er heilt nødvendig, og vi gjer alltid det vi skal når vi trenar, seier Peter.

Øvelse gjer meiser – Vi har forbetra oss veldig mykje! Eg gjekk frå 53 kg i rykk på mitt første stemne til 73 kg på forrige stemne. Men det er såklart ikkje berre eg som for-

Medaljehåp Etter prestasjonane på treningane deira å dømme, er trua på medalje blandt gutane ganske høg. Så om Brodd-gutane klarer å løfte i hamn ein medalje til

Peter t. Wilke har drive med vektløfting sidan 2011, og har deltatt i individuelt NM. Sørstanda skal vi ikkje sjå vekk i frå!


God trivsel på Firda

Elevane ved Firda videregåande skule ser ut til å trivas godt Firda videregåande skule har vore kjent for sitt gode skulemiljø. Her trives elevane veldig godt. Og med over 400 elevar er eit bra miljø viktig, men eit godt miljø kjem ikkje av ingenting. Journalist: Stian Aarlott Aase Foto: Stian Aarlott Aase Mykje av trivselen kjem av fritidstilboda og arrangement som skulen tilbyr. Fleire av elevane er svært fornøgd med skulen. Med tanke på korleis skulen gjer det på elevundersøkingar år etter år, har Firda vgs absolutt noko å skryte av. – Firda ligg over nasjonalt snitt når det gjeld trivsel, fortell elevrådsleiar Alice Beate Holm.

– I elevrådet har vi fått melding at alle trivst godt og at det er eit godt hybelmiljø. Firda har mange kreative linjer. Også på grunn av mange hybelboarane så starta alle likt å bli kjende med kvarandre. I tillegg har vi alle arrangementa som blir laga på skulen.

Lite mobbing

På Firda har det vist seg å vere veldig lite mobbing grunna dei etiske retningslinjene skulen har. – Miljøet er veldig bra allereie, seier studieleiar Magne Larsen. – Vi sørger for å ha god dialog mellom lærarar og elevar, og legg defor opp til mange samtalar mellom elev og kontaktlærar. Vi har også gode rådgjevarar her på skulen. Vi gjer det bra på

elevundersøkingane og vi tar tilbakemeldingane veldig alvorlig. Men vi kan sjølvsagt bli endå betre.

arrangementa sjølve. Det hjelper veldig på trivselen her på skulen, seier Alice.

Gode arrangement

Skulen står også for nokre fritidstilbod som er med på å skape dette gode skulemiljøet. Eksempel er open skule og open hall. – Open skule ilag med andre arrangement er ein vesentlig faktor for trivsel og er veldig viktig for tilhørlegheit. Spesielt for hybelbuarar, slik at dei kan ha noko å gjer på fritida, forklarar Magne Larsen. – Eg synst det er kjempekjekt når elevane får sette i gang dei fleste

Elevrådsleiar Alice Beate Holm er veldig nøgd med tilbakemeldingane på trivsel

På tide med vinterdekk No er sommarsesongen over, og vintersesongen begynner. Det kjem til å bli glatt, og det kan vere lurt å bytte dekk snart. Husk å skifte til vinterdekk, med eller utan piggar, i november.

Foto: www.vg.no

9


Sirkeltrening i Firdahallen

Full aktivitet i Firdahallen 2IDA har starta opp sirkeltrening i firdahallen. Sirkeltreninga er kvar onsdag frå 18001900, og skal halde på fram til jul. Det er eit lavterskeltilbod og ope for alle som vil, uavhengig av alder, kjønn og nivå. Det kostar berre 400 kroner per person. Journalist: Mathias Hansen Foto: Mathias Hansen Hovudgrunnen til at vi starta sirkeltreninga var at vi samlar inn pengar til klasseturen vår til La Santa. – Treninga blir til det du gjer det til sjølv, om du ikkje er så godt trent, så kan det hende at du ikkje klarer alle oppgåvene, men då må du gjere det beste ut av det, om du er godt trent så skal det ikkje være så vanskeleg. Dei fleste øvelsane er basis styrkeøvelsar, seier Lars Indrebø, ein av instruktørane på sirkeltreningane Basistrening er bra vis du skal unngå skade innan for din idrett. Det styrkar opp alle musk-

10

lane i kroppen og ikkje berre dei du bruka i din egen idrett. Dei idrettslaga som ikkje bruker sirkeltrening har mykje meir skade enn dei som bruker sirkeltrening som ein del av treningsprogrammet sitt, seier Lars.

Bra for kroppen

- Sirkeltreninga er kjempeflott for dei stive og støle sånn som meg, og neste gang håpar eg å få med kona mi på trening óg, ho er ikkje så stor fan av sirkeltrening, men eg tippar at om ho fyrst kjem ein gong så kjem ho fleire gongar, seier Hallgeir Hansen. – Det er også kjempe sosialt og kjekt. I staden for å sitte på ei matte og tøye, og ta nokon situps og armhevingar, så er dette 10 gonger så effektivt som den treninga eg gjer heime, seier Hallgeir. Om du ikkje veit heilt kva treningsformer det dreier seg om, så er det å utføre fleire øvelsar på rad og ha lite/ ingen pause mellom kvar øvelse. Antall repitisjon på kvar øvelse kan variere, men mellom 8-15 gonger er vanleg.

Bilde frå lånekassen.no

Hugs stipend Det er endå elevar som ikkje har søkt om stipend. Har du ikkje søkt om stipend endå, bør du gjere det no! Siste frist for å søke stipend frå lånekassen er 15 november 2013.


Satsar mot toppen

Elise Heien Hansen, Ørjan Sundal og Amanda Taline Veiteberg satsar på handballen. Alle spelar på GHK og har ein draum om å nå langt innanfor handball-verda. Amanda Taline Veiteberg, Elise Heien Hansen og Ørjan Sundal er tre toppidrettsutøvarar på Firda(3IDA) med ei lys framtid innanfor sport. Journalist: Emma O. Drageset Foto: Emma O. Drageset Gloppen har i samarbeid med Firda vgs utvikla eit morgontreningsprosjekt som skal gi ungdom, i alderen 17 til 19 år, større muligheit til å satse på handball. Toppgruppa skal óg få høve til å trene handball i skuletida, to økter for veka. Attraktivt tilbod – Eg synest det er eit supert tilbod. Sjølvsagt er det hardt, men det er ein god start på dagen, og veldig god skadeforebygging, seier Elise. Treningane går føre seg mandagar og fredagar. Fredagstreningane har i årevis foregått i regi av Gloppen Friidrettslag, men no har altså GFIL i samarbeid

med Firda vgs bestemt seg for å auke dette attraktive tilbodet for hardtsatsande unge handballspelarar. Merkverdig utvikling – Etter at toppidrettssatsinga kom har samhaldet blitt mykje betre, samt miljøet blant jenteog gutelaget har forbeira seg, fortel Ørjan. Denne satsinga har òg ført til at jentene har utvikla sine fysiske eigenskapar. Gutane og jentene har nemleg handballtrening saman fleire gonger i veka. – Sjølv føler eg at eg har blitt betre teknisk, og at laget har blitt flinkare, seier Elise. Har det i blodet Heilt frå dei var små har desse sporty ungdomane alltid interessert seg for handball. Men det var ikkje før i 8-9-årsalderen dei byrja med organisert trening. – Før eg byrja med organisert trening spelte eg heime på kjøkkenet. Eg brukte kjøkkendøra som handballmål og sokkar til

handballar, smiler Amanda. – Vi har eigentleg alltid hatt det litt i blodet og vakse opp med handball, legg Elise til. Alle slår fast at Øystein Sundal har vore ein engasjert bidragsytar som har gjort at den gode tilrettelegginga har ført til positiv utvikling. Knallhardt arbeid Desse tre engasjerte handballspelarane trenar om lag 17 timar for veka, både i og utanom skuletida, i tillegg til handballkampar i helgane. – Det løner seg å jobbe hardt og trene mykje, men det viktigaste er sjølvsagt å ha det kjekt, smiler Ørjan. – Ein lærer ein del av å sjå på handball óg, legg Amanda til. Kosthald spelar ei viktig rolle i kvardagen deira. Det å ete rett når ein trenar så mykje er svært viktig med tanke på korleis ein presterer. – Før var det eit valg vi hadde, men no må ein faktisk ete riktig for å kunne fungere, seier Elise.

Komande 3. divisjon kampar i Firdahallen: Søndag 27.10: Gloppen- Stryn (damer) Onsdag 30.10: Gloppen- Stryn (menn) Laurdag 02.11: Gloppen- Stord 2 (damer) og Gloppen- Gneist (menn)

Vegen vidare Alle tre har ein plan om å satse vidare på handball, men enda er ingen sikre på kvar dei vil. – Eg har tenkt ein del på å reise til Bergen og starte på Fyllingen, men eg er ikkje heilt sikker enda, seier Ørjan. – Mitt mål er sjølvsagt lands laget, smiler Amanda. – Eg har tenkt ein del på Oslo, men vi får sjå kvar eg ender opp, fortel Elise.

11


Korleis er det å gå på Firda?

Open skule - meir populært

Elisabet Sandal, 1. DAA – Firda er ein fantastisk bra skule, og alle som går her er veldig kjekke. Her er óg eit bra miljø. Eg er veldig fornøgd med å ha kome inn på Firda, og likar meg kjempegodt her!

Liv Holvik trivast godt med jobben på open skule.

Øyvind Løkke Vie, 2. IDA - Det er veldig kjekt, og eit ganske bra miljø. Det blir slik at ein gledar seg til å gå på skulen, fordi ein trivst så bra i klassa. Eg får drive med både idrett og skulearbeid utan at det blir for mykje.

«Open skule» har utvikla seg frå ein keisam, upopulær plass, til eit populært fritidstilbod der ungdom kan ha det kjekt og vere sosiale. I år er det også meir populært enn nokon sinne, fortel miljøkoordinator Liv Holvik.

“Open skule var dødskeisamt! Eg lurte på kva i alle dagar eg hadde funne på!” Journalist: Lisbet Årdal Foto: Lisbet Årdal

Ola Tshabalala, 3. MUA – Good times. Mest sannsynlig dei beste tre åra av livet mitt. Her er mange flotte folk du får jobbe med og masse bra tilbud som gjer at fritida blir meir enn å berre sitte inne og ikkje gjere noko. Med så mange forskjellige linjer kan ein ta nytte av kvarandre sine interesser og kunnskapar. Journalist: Elin Støylen

12

Liv Holvik er tilsett som miljøkoordinator ved skulen, og har hovudansvar for «Open skule». – Eg har ansvar for forskjellege aktivitetar og eg lagar mat, men mest av alt hjelper eg og støttar elevane med ting. For eksempel dersom nokon av elevane har noko dei vil arrangere, så spør dei ofte meg om hjelp, fortel Liv. Ikkje alltid like populært Liv har vore med på open skule i 12 år no, og sjølv om arrangementet ikkje var like populært i starten har det heldigvis alltid møtt opp folk. –Dei første åra var det døds-keisamt! Eg lurte på kva i alle dagar eg hadde funne på, seier Liv og

ler. Open skule starta opp som ei ordning der ein kunne komme å berre «henge». Det var ingen aktivitetar eller arrangement. Berre brettspel og prat. – Etter kvart fekk vi leksehjelp, matservering og forskjellege aktivitetar etter ynskje frå elevane, og då vart oppmøtet også betre, fortel ho fornøgd. No i dag, fleire år seinare, er «Open skule» eit populært fritidstilbod der mange elevar frå Firda kjem for å spele spel, ete mat, få leksehjelp og ha det kjekt saman. Større oppmøte i år Ho fortel at i år er open skule synleg meir populært enn det har vore tidlegare. Dette er etter hennar

meining fordi dei har køyrt på med mange aktivitetar heilt frå starten av skuleåret. – Eg ser at det har vore fleire ungdomar på «Open skule» dette året enn det har vore tidlegare. Det er nok fordi vi har hatt mange, kjekke aktivitetar heilt frå starten av, seier Liv og smiler. Ho kan også fortelje at det møter opp betydleg mange fleire dei kveldane det er noko større og meir spennande som skjer. – Tacokveld, nissefest og kokkekamp er veldig populært. Så kjem det alltid mange når vi har gratis middag. Eg har fleire gongar laga middag til nesten 55 personar! fortel ho, godt fornøgd med at «Open skule» har blitt så populært.


Målet er å bli endå betre

Thomas Mardal gledar seg til å nytte løpebana i nye hallen i den nye idrettshallen på Sandane. Thomas Mardal (16) er ein friidrettsutøvar frå Sandane som i år har blitt kåra til Norges raskaste, født i 1997. Ungguten ser fram til å få byrja treninga i den nye hallen på Sandane. Journalist: Katrine Alværen Foto: Katrine Alværen Då Thomas var berre 11 år gamal deltok han på «Veidekke-leikane» på Lillehammer. Då konkurrerte han i lengdehopp og sprint, noko som var utruleg stor stas. – Det var det første store stemnet eg deltok på, og då vann eg det eg var med på. Det synast eg var utruleg artig, fortel den aktive 16 åringen.

Kroppspress

Kroppspresset er heilt klart mykje større no enn kva det var før. Mange meiner at det er blant anna bloggarar som skapar det store presser, nettopp fordi dei som kjem på topplista må vere pene og tynne. Elles også toppmodellar, nettopp fordi dei må vere tynne for å ha det som yrke. Er det verkeleg slik det er? Er det verkeleg slik at vi skal legge skulda på toppmodellar og bloggarar fordi dei er «perfekte», når

Friidrett er favoritten Opp gjennom åra har Thomas vire aktiv i fleire idrettar, som fotball, handball, turn og friidrett. Men han oppdaga fort at det var friidrett som var hans største interesse. Han har allereie samla seg heile 140 medaljar, noko han sjølv er godt nøgd med. Gler seg til nyhallen Om sommaren trenar Thomas for det meste ute, men gledar seg til trening i den nye idrettshallen på Sandane. – Eg hadde mi første trening der på tysdag og det ser ut til at det blir ein vinter med veldig bra trening, smiler Thomas.

over halvparten av bileta er retusjert? Sjølv tenkjer eg at modellar og bloggarar kanskje spelar ei lita rolle, men når alt kjem til alt er det kun oss sjølve vi har å takke for det. Hadde vi vert mindre opptatt av korleis vi såg ut og kva for ein størrelse vi brukar i klede, hadde vi kanskje vert forutan det store presset, sjølv om det sannsynligvis aldri kjem til å forsvinne heilt.

Kjekkast med sprint Treninga består av både sprint, kulekasting, styrke og spydkasting. Han trenar kvar dag bortsett frå søndagar, då tar han fri. – Det eg synast er kjekkast er sprint, for det er noko eg veit eg meistrar. Det å kunne vere blant dei aller beste er ganske morsomt, fortel Thomas. Han er godt nøgd med å springe 60meter på berre 7,3 sekund. Den store draumen Sjølv kor god Thomas er no, er målet hans å bli endå betre. – Målet mitt er å ein dag få delta i eit stort meisterskap. Enten VM eller EM. Og elles berre bli endå betre enn det er er no, fortel han med eit smil om munnen.

Tenk vist alle kvinner i heile verda hadde vert fornøgde med seg sjølve og kroppen sin, då ville milliardærindustrien som inneheld kosmetikk og plastisk kirurgi gått konkurs. Gjer verkeleg den industrien oss fornøgd med oss sjølv ved å kjøpe produkta deira, eller brukar dei berre vår usikkerhet mot oss sjølv? Lesarinnlegg av Katrine Alværen

“Jeg får mye oftere høre dritt fra jenter, enn fra gutter. Så - om vi skal endre på kroppspresset, så må vi nok starte med oss selv. Vi er problemet her, og ingen andre. Ikke media, ikke gutter, ikke kjendiser. Men VI.” - Sophie Elise Isaksen

13


Får vist talentet sitt

Vilde Torheim Skjerdal, Tore Hovde og Mette Bruaas gledar seg til huskonserten i kultursalen på tirsdag. – Dette er svært lærerikt og spennande for elevane, samtidig som det er ei flott moglegheit å få vise fram kva dei arbeidar med. Så er det jo ei god øving på det å bli tryggare framfor publikum, seier Tore Hovde, musikklærar på Firda. Journalist: Amalie Heggen Listou Foto: Rakel Christine Vangberg og Amalie Heggen Listou Ein gong i månaden har elevane ved tredjeklasse musikk i oppgåve å lage ein konsert der heile skulen kan komme og få oppleve musikken deira. Mette Bruaas og Vilde Torheim Skjerdal er begge tredjeklassingar på musikklinja i år, og synast det er veldig spennande å få vere med på å organisere

og

planlegginge konsertane. – Det er ekstra stas å få vere med og sjå konsertane når vi sjølv har hatt ein finger med i spelet, seier dei to engasjerte elevane. Tredjeklasse musikk har eit eige fag for huskonsertane kalla Instruksjon og leiing, der klassa blir delt oppi mindre grupper på fem elevar. Gruppene må deretter fordele oppgåvene utover, og bestemme og utarbeide kva dei tykkjer temaet kan vere. Alle kan vere med – Når alt er bestemt heng vi opp lister rundt på skulen der dei som har noko å vise fram kan melde seg på, seier jentene. Kor mange som melder seg på varierer frå gong til gong. og alt etter kva tema som er valgt for konserten. Mange tenkjer

at det berre er musikklinjene som kan vere med fordi det er dei som jobbar med det, men det er fullt mogleg for andre utanom musikklinja til å delta. – Vi er glade for alle bidrag, fortel dei to blide jentene. Tema – I år har vi latt elevane velje om dei vil ha eit tema eller ikkje. Sist gong var temaet jazz, medan denne gongen skal vi legge temaet litt meir fritt, fortel Hovde. Hospiteringselevane kan glede seg Tysdag 29. oktober blir det huskonsert i kultursalen kl. 12.15. Denne gongen til ære for hospitantane, for å vise dei kva vi på Firda verkeleg jobbar med, og kva vi kan klare å utføre sjølve. – Det blir ekstra stort denne

gongen! Vi har lagt programmet til kultursalen, der også danselinja skal komme med fleire bidrag. Det kjem til å bli ein heilt annan oppleving enn det det har vore tidlegare, så vi oppmodar verkeleg alle som har høve til å kome å sjå kva vi saman kan få til!

Roger XXX var eit av banda som spelte på forgje huskonsert. F.v. Eirik Ask, Ruben Kandal Ramslien, Roger Andre Holme og Anders Maristuen.

Snart på tide med ny russerevy 14. og 15. november er firdarussen 2014 klare med ny russerevy. Dei vil ikkje røpe nokon av planane for programmet, men tradisjonen tru blir det nok bra. Journalist: Elin Støylen Foto: Elin Støylen Sjølv om dei ikkje er komne så veldig langt i planlegginga av

14

program endå, har Anders Maristuen frå året skrivegruppe god tru på at årets program blir bra. – Kan du sei noko om årets tema? – Vi har sirkulert rundt mange forskjellige tema, og eg trur vi har bestemt oss for kva det blir, men det kan eg dessverre ikkje røpe noko om, forteller Maristuen. – Kva er di oppgåve på russerevyen?

– Eg er med i skrivegruppa, altså eg sit saman med 8-9 andre personar og skrive og planlegger sketsjar, svarar han.

Anders Maristuen 3 MUA


Across the Universe Inspirert av filmen med same namn, har tredjeklassingane ved musikk, dans og drama begynt å jobbe med eit prosjekt som verker både interessant og lovande. Journalist: Madalina E. Iosub Foto: Amalie Louise Eikeset Filmen «Across the universe», eller Beatles-musikalen som den også blir kalla, er ein filmmusikal frå 2007 som blei utgitt av Columbia Pictures. Handlinga går føre seg i 1960-åra, der ein kjærleikshistorie utviklar seg mellom ei rik, amerikansk jente og ein fattig artist frå Liverpool, Jude Feeny. I bakgrunnen finner vi 34 forskjellige Beatles-songar, og fleire blikk over Vietnam krigen. Miksar musik og handling Kvart år samarbeider tredjeklassingane ved musikk, dans og drama om å setje opp forskjellige stykke. I fjor hadde dei den unike førestillinga om Mowgli, som vart ein stor suksess. I år har dei flinke elevane kome i gang med dramatiseringa «Across the Universe», som er basert på musikalen med same namn. Dei tar utgangspunkt i enkle delar av historia, og får fram viktige detaljer slik at heile opplevinga blir ei blanding av god musikk og bra handling. Første hovudrolle Hovudrollene er allereie tildelt dei fire heldige elevane som skal opptre på scena den 6. Februar 2014, og dei er alle like spente på korleis prosjektet kjem til å utvikle seg vidare. – Ja, sjølve prosjektet er jo veldig

Vilde Torheim Skjerdal, Karina Ertesvåg, Anders Maristuen, Malin Nokken er klare for «Across the Universe» spennande og eg meiner det blir kjekt å samarbeide med dei andre, seier Anders Maristuen, elev i 3MUA,og hovudrolleinnehavar. – Eg har altså fått rollen som Jude, og det er jo veldig bra. Det er fyrste gongen eg har hatt hovudrolla i eit så stort prosjekt, og det er allereie spanande sjølv om vi så vidt er i gang, fortel Anders. –Jude er ein fantastisk karakter, så eg gleder meg! Eg er ganske fornøgd med rolla, sjølv om eg eigentleg var meir interessert i rolla som Max Carrigan, legg Anders til med eit smil.

Kjem i februar Max Carrigan er den første som blir venn med Jude etter at han flyttar til Amerika. Max blir spelt av Karina Ertesvåg, som går 3DRA. Som sagt, er prosjektet så vidt i gang, men dei har fått bestilt kostymer og planlagt øvingar framover. Det meste av øvingane kjem til å vere i skuletida, men også på fritida om det blir nødvendig. Stå på og følg med! Premieren til «Across the universe» blir den 6. februar og den 7. februar kjem dei til å opptre i Trivselshagen.

Produsent: Solfrid Bjørkum Instruktør: Gunn Tone Moen Orkesterleiar: Tore Hovde Hovudrolleinnehavarar: Anders Maristuen, 3MUA Malin Nokken, 3DRA Karina Ertesvåg, 3DRA Vilde Torheim, 3MUA

Gratis Capoeira kurs Interessert i kampsport og dans? Meld deg på gratis Capoeira kurs! Påmeldingsliste er hengt opp på oppslagstavlene i Gamlebygget og i Trivselshagen. Frist for påmelding: 1. November.

Capoeira er Brasils nasjonalsport. Det er ikkje bare ein sport, men ein blanding av dans, musikk og sjølvforsvar. Bevegel-

sane utførast til rytme av afrikanske trommer, tamburin og eit spesielt, brasiliansk strenginstrument som heiter Barimbau. Capoeira blir beskrivet som allsidig, morsom og effektiv trening. Det er ingen som er for gammal for å lære seg Capoeira! Til og med folk i 90-årsalderen har vært med på denne sporten. Du trenger heller ikkje noko tidlig-

are erfaring innanfor sport eller dans, for du kjem til å lære alt frå begynnelsen av. Denne sporten kjem til å opparbeide smidigheten, styrken, koordinasjonen og musikaliteten din, og sjølv om den kan virke utfordrende, har den mer til felles med lek og spill enn kamp. Passer bra for barn og ungdom så vel som kvinner og menn. Foto: www.snegidhi.com

15


Nyttige tips til h Tekst og foto: Amalie Heggen Listou

Ti gode hybeltips! 1. Vask opp kvar dag – litt kvar dag er betre enn å stå ein time og vaske opp fordi du ikkje har reint kjøkkenutstyr og servise igjen. 2. Følg med på tilbod i matbutikkar – det er alltid nokre gode tilbod på ein eller annan butikk. 3. Lag dobbel middag som du kan fryse ned og ete seinare. Billigare og sunnare enn å ete grandis kvar dag! 4. Ha eit godt forhold til hybelverten og ta kontakt om det er noko du lurer på. God kommunikasjon er viktig! 5. Om du er i aktivitet om dagen og legg deg tidleg, søve du betre og blir dermed betre opplagt til neste dag. 6. Prioriter lekser foran TV og data. Husk at du gjer leksa for å lære, ikkje for at læraren skal bli fornøgd. 7. Skriv handleliste og fyll opp hybelen med skikkelig mat. Ikkje kjøp litt kvar dag, då fær pengane fort til unødvendige ting. 8. Ver ryddig, spesielt dersom du bur ilag med andre og dykk har fellesrom. 9. Husk å ta ut stikkontaker og skru av lyset når du forlèt rommet. Då får du ei billigare strømrekning, noko som gjer at du har meir pengar til mat! 10. Ta ansvar! Du har no flytta heime ifrå og må ta konsekvensane av det du gjer. Vis at du kan!

Sunne vafler 1 1/2 dl fullkorn kveitemjøl 1 1/2 dl sammalt kveite, fin 1 dl havregryn 2 egg 4 dl mjølk 2 ss flytende margarin 1/2 ts salt 1/2 ts bakepulver Framgangsmåte Ha alle tørrvarene i ein bakebolle. Tilsett mjølk, egg og smelta smør, og rør alle ingrediensane saman til ei glatt røre med en visp. La den svelle i 15 - 20 minutt.

16

Steik vaflane og legg dei oppå kvarandre etterkvart som de er stekt. Vaflar egner seg godt til frysing og de tiner raskt. Vaflane kan også brukast som et alternativ til brød i matboksen. Forslag til pålegg Ost og skinke Smøreost og paprika Skinke, majones, tomat og agurkskiver Brunost fb


hybelbuaren Folie bakt laks med ovnsteikte poteter

(oppskrift berekna til 4 pers ) • 600 gr lakse filet utan bein • 2 ss smør • 4 stk champinjong sopp (kuttast i skiver) • 2 vårlauk (finkutta) • ½ fennikel (kuttast i strimler) • Salt og pepper (eventuelt andre fiskekrydder om du ynsjer) 1. Ta eit stykke med alminiumsfolie og ha litt smør på botnen. 2. Legg grønsakene (sopp, fennikel og vårlauk) som ei seng over smøret. 3. Legg laksebiten opppå grønsakene og dryss på litt salt og pepper. 4. Pakk laksen godt inn som eit vikingskip (pass på at den er heilt tett). 5. Steik i ovnen på 200 gr i ca 15 – 20 min (det kan vere lurt og opne på folien og sjekke at laksen er gjennomsteikt).

Ovnsbakte poteter : •Ta ca 10 mandel poteter (evt andre poteter ) og del dei opp i båter med skall på. •Legg dei i ei langpanne eller ildfast form) og ha over 2-3 ss oliven olje(evt raps/soya olje). •Gjerne litt grovsalt men kan og bruke finsalt. •Bland godt inn i potetene og steik i ovnen på 200 gr i ca 30-40 min

Tortillapizza (1 porsjon)

Du treng: - 1 tortilla lefse - Taco eller pizzasaus - Alt av grønsaker og frukt du har (f.eks. tomat, ananas, paprika, champingjong) - Pølser, kjøttdeig, peppironi, skinke eller anna kjøtt. - Kvitost Slik gjer du: - Sett steikjeomnen på 200 °C - Smør tacosaus på tortilla lefsa og legg på det du vil ha av grønsaker og frukt. - Legg på kjøttet også osten. - Når omnen er varm, legg tortilla lefsa inn i omnen til osten er smelta.

17


Portrett teikning for ein billig penge

Qualis er en nylig startet ungdomsbedrift, som blir styrt av elevane i 1MKA. Med Elin Støylen som styreleier har dei akkurat kome i gang med bedrifta. Det dei tilbyr er fotografering, grafisk design og web design. For meir informasjon, ta kontakt med salgslansvaleg, Elin Støylen, på tlf. 99515024

Madalina Iosub i 1MKA tilbyr portreteikning til dei som ønsker det. Pris kan diskuterast. Er du interessert så kan du ta kontakt med ho ved Mediarommet i Trivselshagen, på Facebook eller epost.

epost: mad_ei@yahoo.com

Logo: Madalina E. Iosub

Qfilm feirar 10 år

Tredjeklasse media jobbar hardt kvar dag for å ha alt klart til den store veka. (Geir Elling Raad, Fredrik Dyrstad Valberg, Janne Grete Myklebust og Håvard Osland Sagmo) – I år har Qfilm 10 års jubileum og det vil bli vist filmar fra dei ulike sjangrane som har vore dei tidlegare åra, seier Janne Grete Myklebust. Ho er festivalsjef i jubielumsåret. Journalist: Rakel C. Vangberg Foto: Amalie H. Listou Den første filmfestivalen vart arrangert i februar 2003, og gjennom festivalen i år vil vi prøve å vise litt av historia gjennom dei åra som har gått, fortel ho. Lærerikt arbeid – Det at det er 10-årsjubileum er veldig spennande, og det å vere med å jobbe med ein slik festival, seier Janne. Dei har no arbeidd med festivalen eit halvt år.

18

– Det å jobbe med Qfilm er veldig kjekt, det er litt krangling av og til, men det er noko vi lærer av. Det blir mange og seine kveldar. Mykje planlegging Ein viktig del av festivalen er Qpris, den eldste og største filmkonkurransen for ungdom i fylket. – Vi har fått inn en del filmar, men håpar på å få inn fleire når fristen nærmar seg, seier Janne. Og sjølv om det er mykje å gjere, stressar ho ikkje. – Det er mykje å gjere, mykje å planlegge, mykje jobbing med heile festivalveka, men det er veldig kjekt. Dei begynte med planlegginga

alt i desember, og har brukt veldig mykje tid på Qfilm. – Alle har forskjellige ansvarsområde, og alle er veldig flinke. Lærerikt Å være festivalsjef er ein stor rolle når ein skal planlegge ein festival. Det er mykje som skal gjerast klart, og haldast styr på, men Janne lar seg ikkje skremme av det. – Eg synst det er ein ære å la unge filmskaparar få vise seg fram. Samtidig som det er veldig lærerikt, seier ho. Tilbakeblikk Ikkje alt av programmet er heilt klart endå, men dei flinke elevane jobbar hardt.

– Vi feirer 10-årsjubileum med å vise filmar frå dei ulike sjangerane som har vore dei tidlegare åra, og vi skal ha tilbakeblikk på dei tidlegare filmfestivalane.

Festivalsjef Janne Grete Myklebust gler seg til festivaljubileum.


God kveld Firda – Det er trass alt Firda! Det seier Toril Runderheim, som har vore med å hjelpe elevane med programmet, og smiler. Ho er veldig imponert over det elevane har fått til. Journalist: Elin Støylen Foto: Elin Støylen I kveld klokka sju er det duka for haustfesten 2013 i kultursalen. Haustfesten er ein årleg tradisjon , og har i år fått namnet «God kveld Firda». Han byr på mykje bra program laga av mange flinke elevar frå 2. klasse på Firda.

Vanskeleg å komme i gong

– Eg var ganske pesimistisk i starten, og visste ikkje heilt korleis det kom til å gå, men så gjekk det betre og betre etter kvart, seier Ragnhild Vereide som sit i programkomitéen for haustfesten. – Vi kom litt seint i gang og fekk ein litt dårleg start, men etter kvart gjekk det over all forventning, seier Marte Sandal Gangsø, som skal vere konfransiér for kvelden.

Medhjelpar frå Nordfjordeid

Toril Runderheim blei veldig glad for å bli oppringt og spurt om ho ville vere med, då ho sjølv har vore elev her på Firda, og i tillegg jobba her ein periode i 2009. – Eg tenkte berre hjelp då eg sette meg i bilen for å køyre til Sandane på fyrste øvinga, seier Runderheim. Då ho kom til Sandane og møtte gjengen ho skulle

The fox har óg klart å snike seg inn i haustfestprogrammet i år. jobbe med, blei ho positivt overraska over alt dei allereie hadde fått til. – På somme sketsjar var det berre finpuss som gjenstod, medan på andre krevde det litt meir arbeid, seier ei fornøgd Runderheim, for sjølv om det nokre gongar kan bli litt mykje bråk når alle er samla, er dei samarbeidsvillege og interreserte i å få eit bra produkt til slutt. – Eg hadde eigentleg ikkje tid til å vere med på dette, men det var så absolut verdt å endre litt på planane for å vere med, seier Runderheim, som ikkje angrar på at ho sa ja.

Haustfesten byr på mange bra sketsjar, med alt frå partysvenskar til bønder.

Variert program

Det er kanskje eit typisk haustfestprogram, med parodiar av lærarar og elevar, dans og ting som er litt i vinden for tida, men samtidig har elevane i år drege ein raud tråd gjennom programmet, slik at alt av sketsjar og innslag har ein samanheng. Runderheim er langt ifra skuffa over kva elevane har fått til. Dei er veldig modige, og dei har fått til eit veldig variert og kreativt program. - Det er tross alt Firda! seier Runderheim og smiler.

Godt samarbeid

– Det har vore veldig kjekt å jobbe med Haustfesten, og det har vore lite ueinigheit i gruppa, smiler Gangsø. – I og med at vi har ein representant frå kvar klasse i både programkomitéen og den praktiske komitéen har kommunikasjonen mellom klassene vore veldig god, fortel Vereide. – Dei største utfordringane har vore å få alle til å ha tid og moglegheit til å møte opp samtidig, og samtidig vere serriøse og fokuserte, i tillegg til litt knapp tid, fortset ho.

100 prosent då avisa snakka med dei, hadde dei god trua på sluttresultatet og trur det blir mykje betre enn det dei fyrst hadde forventa. Det er ingen tvil om at elevane er nøgde med det dei har fått til så lang, og dei oppmodar alle sterkt til å komme på Haustfesten. – Om du vil ha ei morosam opleving, kom på haustfesten, smiler Gangsø.

Generalprøve

Fredag klokka 12.00 har haustfest-gjengen generalprøve i kultursalen. Så då er det berre å møte opp!

HAUSTFEST Når? Fredag klokka 19.00 Kvar? I kultursalen Arrangør? 2. klasse ved Firda

Oppfordrar alle til å kome

Sjølv om programmet ikkje var

19


Konkurranse Vinn eit Qfilm festivalband!

1. Kva heiter mannen som var her og sjonglerte med motorsag? 2. Når var Trivselshagen heilt ferdig bygd? 3. Kva heiter fjorårets store musikk, dans, dramaoppsetting? 4. Kva heiter årets store musikk, dans, dramaoppsetting? 5. Kor gammal er rektor? 6. Når vart A-bygget bygd? 7. Kva var fjorårets tema for Qfilmfestivalen? Du finn svarark i kantina, bruk dei og lever inn. Det vert trekt ein vinnar som får eit festivalpass til Qfilm.

“ Jeg elsker å lære, men hater å bli undervist.” - Winston Churchill

“Min visjon er at ikke et eneste barn skal grue seg til å gå på skolen.” - Trond Giske

“Vi lærer ikke for skolen, men for livet.” - Lucius Annæus Seneca

Gloppen kommunale kino komande veke

Optimisten Sjanger - Dokumentar Spile tid - 1t 31min Søn 27.10 kl 16.00 Tir 29.10 kl 18.00

Fly 3D Sjanger -Animasjon, familiefilm, komedie Spile tid-1t 32min Søn 27.10 kl 18.00

2 Guns Sjanger - Action, drama, krim Spile tid -1t 49min Søn 27.10 kl 20.00 Tir 05.11 kl 21.30 Tor 31.10 kl 21.30


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.