Suldal Elverk 100 år

Page 7

«Lys er

himlens gave 1916 – lysåret! Bak alle store hendingar ligg det ei soge. Vi hoppar difor tilbake til 1913. Eit merkeår i suldalssoga og spesielt i sandssoga. Det var likesom noko kom i rørsle og fekk fart på seg dette året. Ein såg det alt når ein kom inn på Tunet ein kald februardag: «Kinemategrafforestilling ved Nordèn. Bra bilæte.» Nokre løgne remediar fekk bileta til å rulla over lerretet. Eller som det stod i eit blad: «De hoppede.» Du hendelse! På vegen frå Sand gjennom Suldal og, etter båttur over Suldalsvatnet, like opp til Røldal rulla ein automobil på prøvekjøring denne sommaren. Fælande fort, tykte Suldal heradstyre og sa noko seinare at det var «saare generende for bygdens almindelige færdsel, og folket har meget imod automobilkjørsel.» Men noko varsla ei ny tid. Ei ny tid krev opplysning. 1913 var året då Sand blei skulestaden i Ryfylke. Då starta Sand mellom-

skule, og dette året kom Ryfylke Folkehøgskule til Sand og skulle spreia opplysning i Grundtvigs ånd. Eg tykkjer eg ser Solheim og Hidle sit med elevflokken og syng grundtvigsongen «Er lyset for de lærde blot/ til ret og galt at stave?/ Nei, himlen under flere godt,/og lys er himlens gave.» Dei tenkte nok slik i Sand Herads Sparebank òg. Heilt på tampen av året gav banken Hiimsfossen med fallrettar til Sand herad. Rulla det i 1913, blei ikkje farten mindre året etter. Alt i januar starta heradstyret planlegginga av eit kraftverk, og snart var arbeidet med dambygging, røyrgate, kraftstasjon, stolpereising og leidningsnett i gang. Unna gjekk det når sterke karar med øvd handemakt tok i. Transporten gjekk med hestar når ikkje arbeidskarane sjølve heiv tunge bører på ryggen. Mørkret låg over Europa i dei tidene. Den vonde krigen rasa og

Mørkret låg over Europa i dei tidene. Den vonde krigen rasa og skapte mørke her heime òg. Men på Sand venta dei lyset.

skapte mørke her heime òg. Men på Sand venta dei lyset. To år og ni månader etter at heradstyret vedtok å starta planlegginga, stod kraftverket ferdig. Neimen om eg trur vi i dag hadde gjort eit kommunalt arbeid i den storleik så fort med våre kraftige anleggsog smarte datamaskinar. 16. september 1916 slo dei på brytaren i Sand kraftstasjon og sa: «Bli lys», og det vart lys. Den nye tida var komen! Du store under! Eg trur mange tenkte då: «Lys er himlens gave.»

Ingvar Olimstad

Suldal Elverk 100 år | 7


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.