__MAIN_TEXT__

Page 1

ETNEMARKNADEN 10 - 12 august 2018

UNGE LOVANDE Team Spira

Tuva Lutro

Eldhugparken

Landbruk

Vinnar av Norske Talenter 2018

Alt på ein billett

To gode naboar


innhald

OPNINGSTIDER Fredag: 10:00 – 22:00 Laurdag: 10:00 – 18:00 Sundag: 11:00 – 17:00

3 VELKOMEN

Leiar Kurt Helgesen

4 PROGRAM

Ein smak av marknaden

7 HOVUDUTSTILLAR

Bitta Bjøthun Bjørnsdotter

12 PORTRETTET

Line Njåstad / Etnir Duggurd

PRISAR Dagbillett: Vaksne: Barn: Born under 6 år:

120,60,gratis

Marknadspass (fre-sun): Vaksne: 240,Barn: 120,Merk at dersom de skal kjøpa billett til aktivitetsparken inkluderer denne også inngang til marknaden.

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Redaksjon: Judith Sørhus Litlehamar

Redaksjon: Maria Djuve Vågen

Senior desginar: Irene Landa

Designar: Erich Monteiro

Designar: Terje Hodne

Designar: Marianne Ågotnes

Annonseansvarleg: Christine Rødne Brataas

16 UNGE LOVANDE

Stipend frå Etne Sparebank

20 ELDHUGPARKEN Leik og moro

24 TO GODE NABOAR

Med samarbeid i gardsdrift

30 SKAKKE

Hjarta til kultur- og idrettslivet

35 DANS OG KONSERTAR Under Etnemarknaden

39 PROGRAMOVERSIKT Kva skjer til kva tid

PRISAR ELDHUGPARKEN Eldhugbillett 1 dag: 300,- * Fri bruk av alle aktivitetar i 1 dag i aktivitetsparken, samt inngang til marknaden. Eldhugbillett 3 dagar: 590,- Fri bruk av alle aktivitetar i 3 dagar i aktivitetsparken, samt inngang til marknaden. 1 stk. aktivitet 50,-* Pris gjeld ein aktivitet. NB! * Barn under 6 år kan ha følgje med vaksen person dersom dei ønskjer det. * Eldhugbillett inkluderer inngong til marknaden samt eit avgrensa tal med kuler til paintball (100) og splatmaster (50).

Fotograf: Svein Egil Økland

etnemarknaden.no Hovudsamarbeidspartnar: etnemarknadsmagasinet

Utgjevar: Etnemarknaden Dagleg leiar: Kurt Helgesen Filter design & kommunikasjon står for konsept, utvikling og produksjon av magasinet, i samarbeid med Etnemarknaden. Trykk: Haugesund bok & offset Framsidefoto: Svein Egil Økland Opplag: 16.600

2

ETNEMARKNADEN 2018


: to Fo er st

ei M fi ra

g to Fo

Ein Etnemarknad for alle! Nytt av året er kveldsmarknad på fredagen. Då held me ope til kl 22 så kom rett frå jobb og få med deg ein ekta kveldsmarknad med masse god mat, underhaldning og god marknadsstemning! «Eldhugparken» vår nye aktivitetspark var ein stor suksess for barnefamiliane og me gjentek dette i år også, les meir om dette unike konseptet frå side 20.

Syns du tivoli er dyrt og eit stressmoment for å ta ein tur på marknaden? Ikkje nå lengre! Kjøp Eldhugbillett til borna så får dei inngang til Etnemarknaden og køyre så mykje karusell og andre aktivitetar i parken som dei ønskjer heile dagen! Aldri har det vore meir forutsigbart og billigare å ha det moro på Etnemarknaden! Mat tek ein stadig større bit av marknaden og årets marknad har mykje mat å by på. Som vanleg har me bondestova og storsalen på Skakke med norsk tradisjonsmat. I mathallen finn de lokalmatprodusentar og inne på mat området finn de ein god del eksotisk mat, så her er noko for ein kvar gane og smak. Etnir Duggurd, gourmet lunch konseptet vårt, arrangerast for fjerde gong i år. Dette konseptet har hausta mange lovord og har nå blitt ein tradisjon. Ein takk til våre samarbeidspartnarar for at me kan tilby ekte gourmet mat til folkelege prisar! Årets lunch er planlagt til minste detalj og eg kan garantera ei stor smaksoppleving på laurdag ettermiddag. Her blir det truleg fullt hus og eg anbefaler deg å sikra deg billettar på førehand.

Betal med

Billettar på førehand, ja, det er smart. Då slepp du å stå i billettkø og kan nytta eigen inngang som vil gå raskare. Vipps blir veldig sentral som betalingsmiddel i år. Me har laga eigne «Vippsbutikkar» så berre søk opp Etnemarknaden så finn du alle våre utsal deriblant billettsal der de kan kjøpa billettar når det måtte passa dykk. Hugs parkeringsbilletten også om de har bil med dykk. Skakkesenteret er sentral på marknaden og binder saman uteområda ved Enge Skule med messehallen og landbruksområdet. Som ny leiar på Skakke i tillegg til leiarjobben på Etnemarknaden kjem nok Skakke til å bli sentral i utforminga av framtidas marknad. Les meir om kva Skakke betyr for lokalbefolkninga frå side 30. Hjarteleg velkomne skal de vera til årets Etnemarknad!

Med helsing Kurt Helgesen Dagleg leiar Etnemarknaden

Marknaden har eigne Vipps-butikkar for alle sine utsal. Billettsal: inngang, parkering, quiz og dans

på marknaden

• Etnir Duggurd • Kafeen i storsalen • Marknadsgrillen • Bondestova • Tivolikafeen • Landbrukskafeen

ETNEMARKNADEN 2018

3


program

KVELDSMARKNAD PÅ FREDAG I år blir det ekte marknadsstemning på fredagskvelden. For at enno fleire skal få oppleve triveleg handel og variert program på fredagen blir nå opningstida på marknaden forlenga til klokka 22 på kvelden. Pubkvelden i marknadsteltet startar kl. 21. – Det gir dei som og er på jobb denne dagen sjansen til å få med seg marknadsstemning på opningsdagen, fortel marknadsleiar Kurt Helgesen. I år satsar marknadsleiinga spesielt på fredagen som ein marknadsdag med god stemning frå morgon til kveld. Marknaden startar kl 10 på morgenen, og kveldsarrangementet åpnar kl 18:00. Då blir det konsert med oddajenta Tuva Lutro, som nyleg vann Norske Talenter på TV2. I tillegg kjem Roe Lauvås jr, med Vitenshowet Superheroes. Han er mannen bak Vilde Vite og halemysteriet. I tillegg speler musikklaget og det blir eit ekte nabo-oppgjer på fotballbanen der A-laget i Ølen og Etne treffest til kamp.

Vinnar av Norske Talenter

Tuva Lutro Kveldsarrangementet fredag 10. august kl. 18:00 blir sparka i gong av oddajenta Tuva Lutro (12), som nyleg vann Norske Talenter 2018 på TV2. - Me er veldig glade for at Tuva vil halde konsert hjå oss. Ho har ei fantastisk stemme, og det var heilt magisk at ho gjekk av med sigeren i Norske Talenter, seier marknadsleiar Kurt Helgesen.

oa

:M

to

Fo nd

Hu d

i se

Duathlon for femte gong

På toppen av verda

– Moa Hundseid

Er du nysgjerrig på korleis det er å klatre Mount Everest, verdas høgaste fjell? Eventyrar Monica Hundseid besteig Mount Everest i mai i år og var då Noregs yngste til å nå toppen. På fredagskveld på Etnemarknaden kan du høyre om vegen til toppen av verda gjennom foredrag med bilete og videoklipp.

4

ETNEMARKNADEN 2018

Laurdag 11. august går startskotet for 5. runde Etne Duathlon, som blir rekna for å vera eit særs tøft duathlon. Rittet startar med 3,5 km løp før ein byter til sykkel og tek ut på eit 27 km langt trekk langs den gamle Skåneviksvegen. I Skånevik byter ein om til løpssko att, for dei siste 8 km med beintøff motbakke- og nedoverløp over Postvegen i Etne i Sunnhordland. Høgaste punkt i løypa (Veten) er vel 600 m.o.h. Meir informasjon på Facebook-sida til Etne Duathlon.


KINO

SUPERHERO Vitenskapsshow med Roe Lauvås

på Etnemarknaden

Få med deg det eksplosive vitenshowet «Super-hero» med Roe Lauvås frå VilVitesenteret. Showet utforskar dei fantastiske eigenskapane til superheltar. Det handlar om eleven Jens som plutseleg står ovanfor ei nærast umogleg oppgåve – han må redde verda, men må gjere det frå klasserommet! Ta gjerne på deg ei superheltmaske og bli med på showet. Barn og vaksne i alderen 8 til 108 år er velkomne! Varighet: ca 40 minuttar

På Skakkesenteret finn du kinosalane der det under marknaden kjem til å vere eit variert program. Fyll på med popkorn i kiosken og få med deg dagens GRATISFILMAR:

Foto: Renate Selland Ramsvik

Show med turngruppa Junior og seniorgruppene i trampett og tumbling er klar for spenstige hopp når dei skal ha oppvisning før A-lags kampen mellom Etne og Ølen på stadion fredag kveld. I pausen er det 13-18 års dansegruppa som skal underhalde. Desse spreke jentene fekk 2. plass under Gymfest i Vest i vår.

• Fredag 12.30 «Jungelgjengen» • Lørdag kl 14.00 «Den utrolige historien om den kjempestore pæra» • Søndag kl 14.00 «Sherlock Gnomes»

id

gr

: In

to

Fo

Leik med volleyball

de

n Lu

Landslagsspelar i volleyball, Ingrid Lunde (26) er igjen tilbake med ball-leik for barn under Etnemarknaden. – Dette er eit lågterskeltilbod til alle barn og unge, der målet er å ha det kjekt, seier Ingrid Lunde. Her blir det grunnleggande volleyballteknikkar, og ulike ballaktiviteter. Barna treng ingen forkunnskap, og dei kan møte opp i den litle ballbingen G, når det passar. Tidspunkt: 12.00-15.00 fredag og laurdag.

PREMIEREFILMAR i marknadshelga: For barna: «Karsten og Petra på skattejakt». I forkant av visningane blir det ei overrasking for barna.

Klatring på Skakke Under Etnemarknaden kan du få prøve deg i klatreveggane på Skakkesenteret. Buldreveggen, som er den minste av klatreveggane, er open heile tida, men ikkje bemanna. Den store klatreveggen er open laurdag og søndag, frå 13.00–15.00 med instruktørar frå Etne Klatreklubb. Her er det berre å stille om ein så er ein erfaren klatrar eller vil prøve for fyrste gong – alle er velkomne!

For ungdom: «The Darkest Minds». Elles er det mange gode filmar på programmet som blant anna den nye Mamma Mia-filmen: «Mamma Mia – Here We Go Again» og «Mission Impossible – Fallout». Følg med på www.skakke.no og Facebook for oppdaterte tidspunkt for visningane under marknadshelga.

ETNEMARKNADEN 2018

5


program

Musikalske løesoger Løesogegeneral Steinar Aalvik inviterer tradisjonen tru inn til løesoger på Sæbøtunet under Etnemarknaden.

Med seg har Aalvik i år Gaute Mikal Sortland, forfattar og skribent med mastergrad i litteraturvitskap og musikar Ingemund Thorsheim Askeland, lærarbonde og økologisk småbrukar med mastergrad i religionshistorie. Begge kjende frå Bergen Mandolinband. Aalvik seier at minst ein av musikarane kan koma til å bryta ut i sår song, og at me kan rekna med at opptil fleire instrument vert trakterte. Vidare fortel han at tradisjonen tru, må sjølvsagt eit og anna forteljast og. Aalvik opplyser og om at det elles vert selt bilettar og servert godsaker (lappar og kaffi) ved nokre av bygda sine fremste lærarinner. Sæbøtunet søndag 12. august kl 17.00

Bli med Tveit i skya Laurdag og søndag kl 12.00 under marknadshelga held Tveit Regnskap foredrag om korleis ein kan flytte regnskapet frå plastposen til skya. Arrangementet tek plass i Litlesalen på Skakke.

utstillar

SKAKKELYS på marknaden Litledalen Lys vart kåra til årets utstillar på Etnemarknaden i 2017. I år er dei tilbake med både eigenproduserte lys og interiørartiklar. Litledalen Lys er ei bedrift frå Etne, som har eigen butikk midt i sentrum. På marknaden kan du sikre deg heimelaga lys i mange fasongar. Dei har blant anna designa sitt eige Skakkelys. Skakkelyset er Atle Aas sin eigen design. Etne har mange «Skakkeprodukt» kalla opp etter Erling Skakke, som regjerte Norge på vegne av sonen Magnus på 1100-talet. Andre produkt som blir laga hjå Litledalen Lys er Heilage Tre Kongars - lys og kranselys. Det er også mogleg å ta med seg vennegjengen på lysdypping i lokala deira, slik at ein kan lage sine heilt eigne lys. På Etnemarknaden har også Litledalen Lys med seg interiørprodukt som lysestakar i betong, dei har og med nokre nye og spanande hageprodukt.

6

ETNEMARKNADEN 2018

Utstillarliste vil bli tilgjengeleg på Etnemarknaden og på

etnemarknaden.no


BITTA & BRUENE Kontrasten mellom dei massive konstruksjonane i Stordabrua og den ville naturen fascinerer og inspirerer kunstnaren Bitta Bøthun Bjørnsdotter (44) frå Stord. Saman med kunstnar og mentor Jan Terje Rafdal (43) i Etne, spissar og utviklar ho både motiv form og teknikkar. tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland / foto: Svein Egil Økland

Bitta Bøthun Bjørnsdotter set pris på ærlege tilbakemeldingar og tips til gode teknikkar i måleprosessen. Denne gong er det Brooklyn Bridge i New York ho har som motiv.

ETNEMARKNADEN 2018

7


Stemninga er god og låtten sit lett når læremeister Jan Terje Rafdal og elev Bitta Bøthun Bjørnsdotter jobbar saman.

Å være bevisst kva som krevs for å vera kunstnar i yrkeslivet er viktig lærdom.

8

ETNEMARKNADEN 2018

Å koma inn i atelieret til Jan Terje Rafdal i Etne, der Bitta er i lære, er også som eit besøk i eit lite arkeologisk museum. I tillegg til monumentale fjell- og kattemåleri er det hyller med antikvitetar og andre skattar. I monter har Rafdal stilt ut myntar og funn frå utallege detektor-søk lokalt og i regionen. Rafdal er så absolutt ein samlar, og i atelieret hans kan det meste få nytt liv anten som del av kunstprosjekt eller berre som utstilling og inspirasjon for den allsidige kunstnaren, besøkande og ikkje minst kunsteleven hans. – Fyrste gong eg var i atelieret gjorde eg jo ein stor feil, ler Bitta. Då sette eg nemleg i gong å kosta golvet. – Ja, det var ein fin tanke. Men eg treng det rusket, smiler Rafdal, som fortel at han har ein eigen krok der han samlar rusk som blir del av måleria sine. Då legg han nemleg store lerret som nett er ferdig grunna med eit ganske tjukt lag med maling på golvet

med smørsida ned. Då plukkar det med seg det smårusket som ligg på golvet, og blir til struktur i overflata på måleriet. Ho har prøvd ut mange vegar og retningar, men dei siste åra er det bruene i trekantsambandet som har fanga interessa og som ho har spesialisert og testa ut ulike teknikkar på. Nå er ho i gong med ein ny serie bru-måleri til hovudutstillinga på årets Etnemarknad i byrjinga av august, der Stordabrua er eit av fleire bru-motiv. Saman med Rafdal har ho valt å fokusere på bru-måleria og få mest mogleg ut av det potensialet som ligg i desse motiva. – Bruene i seg sjølv er ikkje unike, understrekar Rafdal. Men det er måten og teknikkane ein nyttar og uttrykket ein endar opp med som gjer det til kunst. For Bitta er utfordringa òg at bruene er så nøyaktige i forma at publikum fort fangar opp


Bitta Bøthun Bjørnsdotter F. 1974

Mor til to (18 og 21) Olav Bøthun Skaar (21) Bertine Bøtun Skaar (18) Bur på Stord Har utsalg ved: Galleri Gunther, Stord Dahl Rammeservice AS, Haugesund Leirvik Legekontor, Stord

Utstillingar: • Etne. August 2018. Hovudutstillar, Etnemarknad. • Odda. November 2017. Sentralbadet, Smelteverket. Separat utstilling. • Stord, Noreg. November 2017. Gruppeutstilling. • Etne, Noreg. August 2017. Galleri Fugl Fønix. • Stord, Noreg. November 2015. Gruppeutstilling. • Stord, Noreg. August 2015. Separatutstilling. • Bømlo, Noreg. Juni 2015. Gruppeutstilling. • Stord, Noreg. Mai 2015. Gruppeutstilling. • Spania. Oktober 2014. Gruppeutstilling. • Launceston, UK. August 2014. Gruppeutstilling. • Stord, Noreg. Desember 2013. Separatutstilling. • Stord, Noreg. 2013 Gruppeutstilling . • Stord, Noreg. November. 2011 Gruppeutstilling.

mor mi var mykje sjuk. Bestefar var i tillegg til å vera rosemålar, og særs glad i roser. Det er ho og, men det held å ha dei i hagen. Ho har sjølv erfart at livet ikkje alltid går ein bein veg og har måtta justert livsituasjonen etter det. Etter ein sjukdomsperiode for tretten år sidan valde ho å ta utdanninga si vidare frå interiørdesignar til kunstnar.

om det er feil i motivet. – Eg treng ikkje alltid vera like nøyen med fjella eg målar, smiler Rafdal. Men han understrekar at det å ha eit opphav for eit motiv mest er naudsynt. – Og så trengs det jo alltid ei Rafdal-sky for å få bru-bileta mine optimale, ler Bitta lurt. Kvifor bruer som motiv? – Bruene er vakre kontrastar i naturen, smiler ho. Bruene har ei form som er menneskeskapt. Stram i form og med eit funksjonelt mål om kommunikasjon frå ei side til den andre. Samstundes er motivet og eit symbol på håp for meg. Det å gå over ein litt tøff strekning før ein når andre sida, fortel Bitta. Sjølv fekk ho kunstnarlivet inn med morsmjølka. Som lita sprang ho mykje rundt i atelieret til bestefaren, rosemålar Ingvald Bøthun i Odda. – Eg budde ein del der i oppveksten, då

Ho starta med nettbasert studium via Academy of Art University i California, men etter å ha møtt kunstnaren Jan Terje Rafdal frå Etne på ei utstilling på Stord, valde ho å gå ein litt utradisjonell veg for å utdanna seg ferdig. Sidan møtet i 2016 har ho med jamne mellomrom reist frå Stord til Etne for å gå i lære hjå kunstnaren, mentor eller maestroen frå Etne. Rafdal smiler litt over maestro-tittelen, men fortel at denne forma for utdanning var heilt vanleg før i tida, og at det var kunstnaren Odd Nerdrum som i nyare tid tok oppatt praksisen med kunstelevar i lære hjå ein maestro. Rafdal har sjølv hatt mentorar etter han var ferdig utdanna og ser stor verdi i det. Bitta møtte Jan Terje fyrste gong på ei av hans utstillingar på Stord. Ho syns han var så dyktig og god til å snakka for seg. – Eg gjekk rett bort til han og spurde om eg kunne få lov å gå i lære hjå han. – Det blir mykje lått og løye men eg har lært utruleg mykje av han. Han bestemmer ikkje kva eg skal gjera, men er tydeleg i sine tilbakemeldingar.

For Rafdal er det ikkje berre på teknikkar innan produksjon som er viktig som mentor. – Det er ein heilhetlig tanke bak mentorrolla, fortel han. Det er ikkje berre malingsspørsmål og problemstillinga det skal tas stilling til. Vel så viktig er det korleis ein skal koma seg nokon veg som kunstnar. Samstundes er det ei læring i å ha ein i lære. Ein blir utfordra både på teknikkar og kommunikasjonsformer. Bitta smiler samd. – Å bli bevisst kva som krevs for å vera kunstnar i yrkeslivet er viktig lærdom. Samstundes er han med på å gjera meg bevisst som kunstnar og korleis ein skal fungere og bli trygg i den rolla, fortel Bitta. Sidan 2016 har ho med jamne mellomrom vore i Etne i atelieret til kunstnaren frå Etne, som både er kjent for sin særeigne kattekunst og som dei siste åra har slått gjennom med storformatmåleri med snøsmeltingsmotiv frå Etnefjella. Jan Terje er nøgd med eleven sin. – For meg er det verdt å bruke tid på Bitta, då ho har synt at ho er villig til å strekke seg langt for å få dette til og er open for nye impulsar. I tillegg er ho ein kjekk person med godt humør, som i tillegg og kan hjelpe meg i mine produksjonar, samstundes som ho då og lærer nye teknikkar. Og forstår me han rett så set han høge krav til eleven sin. – Eg er her ikkje for å få skryt, seier Bitta. Eg er her for å læra. Men det hender eg får eit klapp på skuldera, smiler ho lurt.

ETNEMARKNADEN 2018

9


InterfloraInterflora Etne

Etne

jorunn og joanas jorunn og joanas

Blomsterverksted Blomsterverksted

InterfloraInterflora jorunn og joanas jorunn og joanas

Blomsterverksted Blomsterverksted

SENTERKAFEEN SENTERKAFEEN

b a r e l a vb ea p re r i sl a evr e p r i s e r

ETNE

ETNE

10

ETNEMARKNADEN 2018

Web: Web: www.etnesenter.no www.etnesenter.no Postadresse:Postadresse: HaukelivegenHaukelivegen 997, 5590 Etne 997, 5590 Etne

Grannar

ÅPNINGSTIDER: ÅPNINGSTIDER: Telefon: Telefon: Etne senter: Etne senter: Rema 1000: Rema 1000: 53 75 62 20 53 75 62 20 Måndag - Torsdag Måndag 10 - Torsdag 18 10 - 18 Måndag - Fredag Måndag 8 - 22 - Fredag 8 - 22Epost: Epost: Fredag 10 - 19 Fredag Laurdag 10 -10 19- Laurdag 15 10Laurdag - 15 9 - 20 Laurdag 9 - 20 kontor@etnesenter.no kontor@etnesenter.no

Grannar

en!men! elkmom VelkVom


Etne kommune me gjere de’ i Etne!

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST

QUIZ PÅ STANDEN! Møt ordførar Siri Klokkerstuen og andre politikarar på vår stand i idrettshallen.

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert

Bli med på barnefestivalen på Skakke i Etne

} facebook/englefro

englefrø.no

KJØTTMAT FRÅ ÅKRAFJORDEN

FOTO: GRETHE NYGAARD

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no

Møt oss på marknaden! ng ri fa r e rs å 0 2 n n e r e M på Husqvarna

®

®

Hilde Stene Bauge Tlf. 997 17 467 Thor Birger Tollefsen Tlf. 906 65 365 John Egil Frøystad Tlf. 901 83 113

Haugaland Tlf. 52 75 50 40

www.johslundal.no

www.a-k.no

® ETNEMARKNADEN 2018

11


portrett

line njåstad (46) Sivil status: Gift med Roar Bur: På Silda i Etne Høyrer på: Radio (P4) Les: Har ikkje ro i meg til å lese bøker. Førebilete: Mormora mi. Ho var ei tøff og sterk dame. Det beste med Etnemarknaden: Mykje spennande mat å handle og smake på, og kjekt å treffe folk.

Lunsjgeneralen Line Njåstad (46) drøymde om drivhus i hagen, i staden blei det gardsdrift på fritida. Nok ein gong er Etnir Duggurd-generalen klar til å invitere matglade gjester inn på gourmetlunsj. tekst: Judith Sørhus Litlehamar / foto: Svein Egil Økland

Matgleda vart tidleg vekt i Line, ho var ikkje gamal første gongen ho laga middag til familien sin. Med oppvekst på ei øy i fiskerikommunen, Austevoll i Hordaland, med ein far som var fiskar og arbeidde på fiskeoppdrett og ei mor som jobba på fiskemottak, var det heilt naturleg at også Line skulle satse på mat. – Alt i Austevoll handlar om fisk. Og framleis får me tilsendt ferdige pakkar med torskefiletar og fiskekaker frå mor og far. Dei lærte meg å ha respekt for gode råvarer, det var ikkje mykje Toro i den heimen, seier Line og smiler lurt. – Eg brukar ikkje posemat eg heller, eg får det ikkje til, det må vere ekte. Ho inviterer inn i ein lun og koseleg heim, her serverer ho kaffi i prikkete koppar før ho opnar dørene ut på terrassen og hagen der innbydande blomar og mjølkespann står og lyser om kapp. Her frå huset på Silda i Etne ser ho langt. Aller helst nyt ho synet av fjella ho med glede spring i så ofte ho kan. – Eg er glad i naturen ja, glad i å vere ute alle årstider og i allslags vêr, seier ho og set seg i trappa. Sporty kledd i dongeribukse, rosa skjorte og joggesko ser ho ut som ho stadig er klar for nye utfordringar. Ho er utdanna både kokk og konditor, og sjølv om ho no har heilt andre arbeidsoppgåver i kvardagen betyr framleis maten og måltida noko heilt spesielt for henne. Ho

12

ETNEMARKNADEN 2018

vedgår gjerne at ho har full kontroll over grytene, noko dei to barna hennar Amalie (18) og Aleksander (16) og veit. Line gler seg likevel over at Amalie har fått med seg matinteressa og bakegleda frå mora. – Eg likar godt å samle folk rundt matbordet, ofte får eg spørsmål om mannen min lagar mat eller om det berre er meg. Han kan nok lage mat han, men sanninga er jo at han aldri slepp til, seier Line og ler godt. Etter ein lang karriere som kokk og konditor gjekk ho for ti år sidan over til Nortura Sandeid der ho arbeidde som kvalitet og personalleiar. Etter kvart vart det også etterutdanning i HMS, personell og leiing. – No fekk eg sjå råvarene frå ei anna side. Her fekk eg innblikk i arbeidet på eit slakteri, og kor viktig hygiene og HMS-arbeid er for å få eit godt produkt. Det er jo og litt ekstra spanande no når me har overtatt ein gard i Etne der me driv med storfe. Eg ser at eg har fått med meg ein del kunnskap frå åra i Nortura, fortel Line og legg til at dei framover ikkje akkurat kjem til å ha fritidsproblem. – Men eg likar det, arbeidet med dyra og resten av gardsdrifta. Det er kjekt å sjå at me kan få til noko, og så har me god hjelp, det må me ikkje gløyme. No er ho nytilsett som HR-leiar i Helgevold Gruppen. – Eg er glad i å arbeide med folk, det har eg

hatt med meg heile karrieren. Og som ung kokkelærling lærte me å yte god service og vere flinke til å ha respekt for dei rundt oss, ikkje minst lærte me å seie ja så ofte me kunne, fortel Line. Ho meiner vegen frå kokkearbeidet til HR-leiar ikkje er så lang, det handlar om å byggje eit godt team som jobbar i same retning. Arbeidet på Etnir Duggurd er også eit sterkt team-arbeid, og ein mykje større jobb enn mange kjem på, trur Line. Dei tre siste åra har Line vore prosjektleiar for lunsjkonseptet under marknaden. Ho kom inn rett etter oppstart og fekk omstrukturert konseptet slik at ein får utnytta dei gode ingrediensane maksimalt. Som sjefskokk har ho andre året på rad fått med seg Ryfylkekokken, Frode Selvaag. Han driv bedrifta Ryfylkekokken på Finnøy saman med kona Cathrine, som og er sjef i produsentnettverket Rymat. Med på laget blir også konditor Sølvi Merkesvik som er venninne med Line og skal diske opp med tradisjonsrike dessertar som rabarbrasuppe, rusedessert med vaniljekrem, krumkaker med likørmarinerte kirsebær og plommepai med lakrissaus. På Etnir Duggurd kan publikum og besøkjande vente seg rettar av blant anna heilgrilla gris, sommarlam, Sterling-kveita frå Hjelmeland og Angus-storfe som er avla opp i Etne. Nytt av året er ein sponsorpakkeordning for Etnir Duggurd -arrangementet, der er blant anna lokalbedrifta Etne Betong komen inn som ein


�

Eg har kjevla mine flater med marsipan gjennom karrieren.

Line NjĂĽstad er opphavleg utdanna bĂĽde kokk og konditor. Ho har kjevla sine flater med marsipan gjennom karrieren. .I dag arbeider ho derimot som HR-leiar i Helgevold Gruppen.


Meny På lunsjkonseptet Etnir Duggurd under Etnemarknaden skal gjestene få oppleve dei fantastiske råvarene ein får i regionen, og ikkje minst kva rettar og smakar det er mogleg å trylle ut av dei. Meny à la Ryfylkekokken Skakkelaks med Blomkålvariasjon Blomkålpurè, stekt blomkål og sylta blomkål Sprø solsikkekjerner og urteemulsjon ef Bakt Sterling Kveite Byggotto med friske grønsaker ef Angus frå Etne Langtidskokt kjøt med sylta rød løk og potetstappe ef De tre små griser Tilberedt på 3 forskjellige vis, smågris frå Nortura Sandeid Servert med lun potetsalat med sjysaus ef SommarLam frå Etnedistriktet Sprøsteikt ribbe. Syrlege grønsaker og krydra lammesaus Sølvi Merkesvik Rabarbra og bærsuppe med marengstoppar Krumkaker med krem og likørmarinerte kirsebær Plommekake med lakris sirup Russedessert laga på lokal bringebærsaft, servert med varm vaniljekrem Etnir Duggurd-general Line Njåstad (46) brenn for at ein skal formidle ekte matglede og kunnskap om reine og lokale råvarer.

solid partnar. Line brenn for at gjestene på Etnir Duggurd skal få oppleve dei fantastiske råvarene ein får i regionen, og ikkje minst kva rettar og smakar det er mogleg å trylle ut av dei. – Me legg ned mange timar for å få til arrangementet. Me lagar jo eit komplett kjøkken, der me har med oss både elektrikar, snekker og røyrleggar for å få alt på plass. I praksis så riggar me ein heil restaurant i eit telt. Sjølv er Line oppteken av detaljar, om ikkje alt er heilt på plass, så er det eit poeng at arrangementet blir gjennomført på ein profesjonell måte, både med tanke på hygiene og kvalitet på maten. I fjor var over 300 personar innom lunsjbordet deira.

14

ETNEMARKNADEN 2018

– Det viktigaste er at gjestene våre får ei god oppleving, slår Line fast. Line har funne fram forkledet og kjevlet, mest til ære for fotografen, sjølv om Line med kjevlet slett ikkje er eit sjeldan syn. – Kjevlet har eg lang erfaring med, eg har kjevla nokre flater marsipan i mi tid som konditor, seier ho og løftar kjevlet opp i lufta. Som ung konditor fekk Line sølv i NM i konditorkunst, der ho skulle lage pynt til ei bryllaupskake. Når alle dei andre laga kvit, søt og klassisk pynt slo Line til med eit ekte bondetema. – Dei andre var jo byfolk, eg tenkte at her må me kunne spele på eit skikkeleg bonde-

bryllaup. Eg fekk andreplass i konkurransen. Det viser kanskje at ein tener på å gå sine eigne vegar, meiner Line som er uredd i dei fleste situasjonar. – Eg er nok litt spontan av meg, eg er alltid klar for å lære nye ting. Det er sunt med rørsle og nye erfaringar ein kan ta med seg. Det gjeld og for Etnir Duggurd, me skal ikkje stagnere der heller, draumen er å få inn såpass med midlar at me kan utvikle oss vidare, seier ho bestemt før ho på nytt lar blikket gli over fjelltoppane. Kanskje avsluttar ho den fine junidagen med ein ny tur.


ETNE HUDHELSEKLINIKK

Siste nytt!

NINA KRISTIN HAUGEN

På Etnemarknaden presenterer me vårt nye digitale avis-arkiv med alle årgangar av Grannar og Vindafjordingen frå oppstart i 1973 og fram til i dag. Me viser deg korleis du kan bruka arkivet til å lesa gamle saker, finna gamle bilder og mykje anna.

Kosmetisk dermatologisk sjukepleiar Tlf/SMS: 911 13 304 hei@ninakristinhaugen.no www.etnehudhelseklinikk.no

Velkommen innom

Norges einaste garveri!

Me snakkast på standen vår!

grannar.no

EIGE FABRIKKUTSALG FOR SKINN OG LÆR VELKOMMEN TIL SAUESKINN REINSDYRSKINN LÆRKL. M.M 10. JUNI 2017 10

OPEN DAG

Bjoavegen 187, 5582 Ølensvåg - granberggarveri.no

Me takkar våre hovudsamarbeidspartnarar for at me kan tilby gourmetmat til folkelege prisar på årets Etnemarknad!

Klar for gjetar-VM Nr. 55 • Torsdag 4. august

Bestill time - www.etneauto.no tlf. 53 75 69 69

■ SIDE 9

2011 • Årgang 39 • Laussal

– fullserviceverksted

kr. 20

for alle bilmerker

Skakke tar form

Yoga for alle

Yoga er ei treningsform som kombinerer både kropp og sinn, og noko som alle kan praktisere, meiner Judit Staurland som blant anna studert Yoga i India, Peru og Berlin. ■ SIDE 6-7

Hjelpte offera

Ferien fekk ei dramatisk avslutning for Anne Lise og Nils Flatebø frå Ølensvåg. Plutseleg var dei ein del av hjelpemannskapet i Utøya-tragedien saman med venneparet Britt og Bernt Berntsen. ■ SIDE 5

Ny opningstalar

Bjarte Stubhaug frå Frihamnsenteret i Skånevik blir den nye opningstalaren på Etnemarknaden. Siri Klokkerstuen har trekt seg etter reaksjonar frå det politiske miljøet. ■ SIDE

13

Kåsør

Det var den kjensla som fekk folk til å gå med binders i knappholet. ■ BAKSIDA

«

sitatet:

Eg får veldig vondt av dei, og ser jo at mange får problem med å få det til å gå opp.

Frode Robberstad (i veggen),

GJELDER SÅ LENGE

g. 38,67 kg

Hver fredag

Hver torsdag

GRILLET KYLLINGLÅR

KLØVERKYLLING 750

19,-

NYKVERNET KJØTTDEIG

KLØVER 400 g, 47,50

BEHOLDNINGEN REKKER.

ETNE Åpent mandag-fredag:

Siri Klokkerstuen og Lars

Olav Bergsvåg frir til lommebøker

Klatreveggen i Skakkesenter et er prøveklar, og bygget går mot innspurten. Prosjektet er fullfinansiert med 90 millionar kroner,

■ SIDE 2-3

29,-

g

KUN TIL PRIVATE HUSHOLDNINGER.

8-21 lørdag: 9-20 Søndag 11-20

for å få mest mogleg

ut av Skakkesenteret. FOTO: ARNE FRØKEDAL

men eldsjelene bak prosjektet går no i gang for å skaffe ekstra pengar for å få eit endå betre senter for kultur og idrett. ■ SIDE 14-15

HANSA BRUS

Ass. smaker Pr. stk.

6 90

+ pant

Vi har søndagsåpent 11-20


UNGE OG LOVANDE

Inger Constanse Eidhammer Lunde (16) drøymer om å bli den raskaste på friidrettsbana.

tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland / Judith Sørhus Litlehamar foto: Svein Egil Økland

Thomas Lien (18) går med ein draum om å bli verdas beste leirdueskyttar og Inger Constanse Eidhammer Lunde (16) drøymer om å bli den raskaste på friidrettsbana. Begge har dei fått støtte frå Spirafondet i Etne Sparebank.

16

ETNEMARKNADEN 2018

Interessa for leirdueskyting vart tidleg vekt hjå Thomas Lien (18 år) frå Etne. Heilt frå han var liten gut har han vore med far Sveinung Lien på skytebanen på Fikse. Då han vart stor nok til å prøva å skyta med hagla for fyrste gong, vart han biten av basillen. Sidan dess har det blitt mange timar på leirdueskytebanen der han har trena via Etne Skyttarlag. Og no er Thomas godt på veg mot målet. I fjor fekk han vinst for alle timane med terping og sikting på skytebanen på Fikse då han sikra seg to bronsemedaljar i junior-NM. I slutten av juli er han klar for NM att. Thomas skal delta innan greina Compax Sporting. Det er dette han vil satse på og som gir han mest utfordringar. – Her får eg brukt mange ulike teknikkar og måtar å skyta på, då det er seks ulike maskinar i terrenget på bana, som duene blir skotne ut frå, fortel Lien. – Då veit ein meir kva som kjem og kan terpa på teknikkar for å treffe best mogleg, held han fram. Motivasjonen finn han i store meisterskap.

Thomas fortel at han elskar å konkurrera. – Eg veit det vil koma konkurransar der eg ønskjer å stå øvst på pallen. Det motiverer meg, fortel ein engasjert Thomas. Inger Constanse Eidhammer Lunde frå Etne er trass sin unge alder allereie eit stort talent på friidrettsbanen der ho spring både 60, 100 og 200 meter. På den sistnemnde distansen har ho nyleg innfridd kravet til senior NM. Målet er å halde på med friidretten så lenge det er kjekt og givande. – Eg drøymer heile tida om å slå mine eigne personlege rekordar, ein må gjere det beste ein kan kvar gong ein spring, seier Inger Constanse som har eigen rekord på 100 meter på 12,65. Ho er aktiv på fritida, og sjølv om friidretten soleklart blir prioritert, likar ho seg og godt på fotballbanen. – Det er sosialt, der treff eg venner og har det kjekt på trening, slår ho fast. Ho meiner støtta frå Spirafondet til Etne Sparebank betyr mykje for å kunne satse.


TEAM SPIRA

– ei kultur- og idrettsstipendordning for ungdom opp til 25 år. Med ETNE SPAREBANK sitt ungdomsstipend (kultur- og idrettsstipend) vil ein stimulere lovande enkeltutøvarar. Med enkeltutøvar meiner ein også den enkelte i ein lagidrett. Stipendet er og eit bidrag til ungdom som tek utdanning eller på annan måte ynskjer å vidareutvikla seg i aktivitetar knytt til kultur/idrett. Målgruppa er utøvarar som er busette/oppvaksne, eller ha markert seg særleg i bankens marknadsområde i Etne og Vindafjord. Det er utøvaren sjølv som må søkja om stipend. Søknad kan sendast heile året. I februar kvart år er det fokus på ungdomsstipendet og då blir alle søknadane som er komme inn i løpet av året vurdert. Neste utdeling blir i februar/mars 2019. ETNE SPAREBANK ser det som ei viktig rolle å gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Gjennom stipendordninga vil banken markere at dei verdset talent i kjerneområdet, som er ei inspirasjonskjelde for vidare utvikling innanfor områda kultur og idrett.

Thomas Lien (18) går med ein draum om å bli verdas beste leirdueskyttar.

– Det kostar å drive med idrett, ikkje minst kostar det å reise på stemner, og kjøpe utstyr. Eg har fått både pengar og ein del treningsklede, det betyr mykje for meg og motiverer meg framover, slår ho fast. Med trening nesten kvar dag og ein hektisk skulekvardag blir det ikkje så mykje tid til venner og fritidsaktivitetar som ein kunne tenkt seg, men Inger Constanse meiner likevel ho er god på å få med seg det som skjer. – Så lenge det er kjekt å trene føler eg ikkje at eg ofrar alt for mykje, meiner ho. I haust startar Inger Constanse på Idrettsfag på Ølen VGS. Framover har ho lyst til å ta eit år i Forsvaret før ho kanskje satsar på økonomistudiar på Norges Handelshøyskole i Bergen. I 2017 mottok Thomas, som ein av fleire talentfulle ungdommar lokalt stipendet Skils & Pro frå Etne Sparebank. I år har stipendet endra namn til Team Spira og Thomas er mottakar av stipend frå lokalbanken for andre år. Det verdset Thomas høgt. – Den økonomiske støtta frå Etne Sparebank har hjelpt meg til å kunne utvikle meg innan idrettsgreina mi, og eg er veldig takknemlig, seier han oppriktig. For skyting er ein kostbar idrett om ein vil satsa. Det held ikkje berre med tørrtrening og det krevs fleire seriar med skot og duer for å koma opp i landstoppen. I tillegg kjem kostnadar for å delta på skyttarstemne som òg inkluderer reis og overnatting. Det blir nokre helger på austlandet i sesongen, då dei fleste konkurransane er der. – Det er ein så fin idrett, ivrar Lien, som meiner denne sporten passar for alle og at

ein kan bryne seg med hagla på skytebanen anten ein er 12 år eller 80. Det er og plass til fleire jenter i skyttarmiljøet, smiler han lurt. Han likar seg når han får vera utandørs å driva med friluftsliv, anten det er laksefiske i Etneelva på våren og jakt i fjella på hausten. Men han set og pris på lagsport, og spelar på A-laget til Etne, som har gjort det godt denne sesongen. Nå er han ferdig med eit år på Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Ølen Vidaregåande Skule og har fått læreplass på Eik-senteret i Vats. Det ser han fram til. – Spirafondet er Etne Sparebank sitt gåvefond. Gåvefondet er ein del av overskotet til banken kvart år. Heilt sidan Etne Sparebank vart stifta i 1860 har banken sett av pengar til ålmennyttige føremål. Både i form av gåver og som sponsoravtalar er og har banken vore ein viktig samarbeidspartnar for lag og organisasjonar. Banken er opptatt av eit levande lokalsamfunn, og ynskjer å bidra til å oppretthalde dette, fortel Wenche Thorson i Etne Sparebank. Spirafondet er eit fond som støttar store tankar og gode verdiar og skal vera til hjelp for dei som ynskjer å skapa attraktive lokalmiljø og treng drahjelp med pengar for å realisera store eller små prosjekt som elles ville vore vanskeleg å få til. – Foreiningar, lag og humanitære initiativ i Etne og Vindafjord kommune er potensielle mottakarar av fondet. Barne- og ungdomsarbeid vert prioritert, men også prosjekt der mange i bygda får glede og nytte av tiltaket – både barn, vaksne og eldre, slår ho fast.

Desse fekk stipend i 2017: Sander Nesheim Fuglestein (Sjakk) Bård Bjørnevik Skogen (Golf) Hans Kristian Åsheim Havreberg (Karate) Thomas Lien (Leirdueskyting) Desse fekk stipend i 2018: Inger Constanse Eidhammer Lunde (Friidrett) Odd-Inge Berge (Karate) Sander Nesheim Fuglestein (Sjakk) Hans Kristian Åsheim Havreberg (Karate) Thomas Lien (Leirdueskyting)

SPIRAFONDET vart oppretta i 2017.

800.000,- vart fordelt til desse laga/prosjekta: • Ølen Grendautval Sentrumsnær turløype: 100.000,• Etne Idrettslag, tribuneanlegg på kunstgrasbanen: 100.000,• Team Lunde/Ulveseth, Sandvolleyball arrangement for born og unge: 50.000,• Pippifestivalen i Skånevik: 50.000,• Etne Klatreklubb, panelrekker: 100.000,• Enge Bedehus, stønad til heis: 100.000,• Etne Skyttarlag og Ølen Skyttarlag, opp gradering av skytebane på Fikse: 100.000,• Sandeid Ungdomslag, Lyd og Scene: 100.000,• Vikedal Ungdomslag, Prosjekt: Med hjarte på rette staden: 100.000,«Vinnarane» vert kåra etter avstemming på banken si facebookside. Med 3-4.000 stemmer, likerklikk, delingar og kommentarar har det vore mykje engasjement og god deltaking i avstemmingane. I 2018 har det til no vore ei utdeling på kr. 400.000 (av totalt 1.000.000 i år) Laga som vann fram 28. mai var; • Etne Skulekorps som får kr 100.000 til fornying av uniformar og instrumenter, • Ølen Kulturhus med kr 100.000 til oppgradering av sceneriggen, • Etne Idrettslag med kr 50.000 til dei nye klubblokala sine, • Sørstranda Grendelag med kr 50.000 til oppgradering av grendahuset, • Bjoa Idrettslag, til ny turveg rundt Bjoavatnet med kr 50.000 • Imsland Bygdahus som får kr 50.000 til oppgradering av lyd og lysutstyret sitt Neste søknadsfrist er 30. september. Det skal då deles ut inntil kr 500.000. Gode tiltak kan sende inn søknad allereie nå. Sjå spirafondet.no

ETNEMARKNADEN 2018

17


SJÅ PRISEN!

4 brennar + 1 sidebrennar

1800,-

DANGRILL THOR 410 SC

adsign.no

GASSGRILL

LEIKESTATIV SWING

Uten rutsjebane

NÅ KUN

2990,-

D O B L I T S D A E N N K T R E A N E M K E K D I T O U G I FK B GRASTRIMMAR

NETTINGGJERDE

PLENKLYPPAR

PREMIUM DELAVAL 90CM X 50M

JOHN DEERE JS63V

6500,-

1 090,-

Kom innom FK butikken for gode Marknadstilbod!

(7290,-)

(1420,-)

STIHL FS 38

1 790,(2150,-)

Alle prisar inkl. mva. Atterhald om utseld og trykkfeil.

FK BUTIKKEN ETNE Tlf. 53 77 11 30

OPE: Man-fre: 8–18 Lør: 9–15

Du finner oss på Etnemarknaden 10.- 12. August 2018

18

ETNEMARKNADEN 2018


Sola står alltid opp i_annonse_ETNEMARKNADEN.qxp_Layout 1 22.06.2018 14.13 Side 1

BU I VINDAFJORD

Mange solstråler i Vindafjord

Kva treng du for å bu godt? Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå

Kanskje har du allereie satt opp ei «sjekklista» for kva du ønskjer deg av plasser der du og dine skal bu. Denne lista kan sjå slik ut:

o o o o o o o o o o

Vinnarskalle.no

Foto: Einar Fjeldheim

Brukarvenleg natur Barnehagar som bryr seg Lærerike skular Trygge oppvekstvilkår for borna Kjekke og utviklande fritidsaktivitetar for alle Bredt og stort tilbod på butikkar Stort spenn i lokale og internasjonale arbeidsplassar Eldreomsorg som lever Kommunalt apparat som gjer sitt beste Levande bygdar med stort engasjement

Du kan sjølv kryssa av i denne annonsa. Ser ikkje bort frå at det blir mange kryss.

Nyt alt Vindafjord og distriktet har å tilby. Me ynskjer alle gode sommardagar.

Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

vindafjord.kommune.no

VITAL OG SENTRAL

ETNEMARKNADEN 2018

19


UNNGÅR MAS MED DAGSPASS Dugnadsentusiast Arild Selland (38) har funne den optimale dugnadsarenaen for ein småbarnsfar på Etnemarknaden. Medan han står vakt ved karusellar i Eldhugparken, kan barnet nytta seg av tilbodet i parken med dagspass. tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland

For oss var det gull verdt å få eit dagspass til femåringen i fjor. Arild Selland (38)

20 ETNEMARKNADEN 2018

– I fjor var eg på vakt i Eldhugparken på Etnemarknaden. Då kunne eg både passa karusellen og vera tilgjengeleg for eldstemann på seks år, som sprang rundt frå den eine til den andre aktiviteten på dagspasset sitt, ler Selland. Heilt genialt. For Selland og mange andre foreldre med barn i frå småbarn til 15-års alder, har tilbodet om dagspass og tre-dagarspass gitt ein mykje gunstigare økonomisk og fleksibel løysing når ein vil inn på Etnemarknaden. – Maset om penger til dei ulike karusellane er det slutt på, seier ein letta far Selland. For oss var det gull verdt å få eit dagspass til femåringen i fjor, og han hadde det som plomma i egget då han kunne springe frå den eine aktiviteten til den andre. – Eg er jo vaksen opp med Etnemarknaden og der me har kjøpt billett-kupongar med rundt 5 karusellbillettar og der hundre- og tusenlappane har gått i løpet av kort tid. For familiar som har budd i Etne har det hendt at alternativet har vore å ta turen utanbygds for å unngå maset om penger til karusellar heile 4 dagar til ende. – Dette er eit særs gunstig tilbod for oss som foreldre, understrekar Selland. Han syns prisen for å kunne betala seg og borna inn er gunstig, og enda gunstigare om ein ønskjer å besøka Etnemarknaden alle dagane og investerer i eit 3-dagars pass.

Anna Serine Hansen (13) og venene hennar testa ut det nye Eldhugpark-området i fjor og tilbakemeldingane er gode. Det dei og set pris på er dagspasset som gjer at dei slepp å springe rundt å kjøpe billettar heile dagen. Dei syns og det var eit bra tilbod for alle. Hilgjerd Molnes har tre barn i alderen 4 til 10 år, og for trebarnsfamilien så var konseptet med dagspass til aktivitetsparken midt i blinken. – Både me og ungane var særs nøgde, seier ho. Eit flott konsept som og er meir økonomisk og mykje kjekkare for ungane. Eldhugparken var nytt av året i fjor, og målet var å få eit godt tilbod til barn og ungdom, som og skulle vera lettare tilgjengeleg for alle. Når foreldre kjøper Eldhugpark-billetten så er inngongsbilletten til marknaden inkludert i denne. Ein kjøper ikkje både Eldhugparkbillett og billett til Etnemarknaden. Tilbodet om dagspass for aktivitetsområdet vart ein suksess då det blei testa ut i fjor, fortel marknadsleiar Kurt Helgesen. – I fjor etterlyste foreldre foreldreparkering fordi barna ikkje ville forlata parkområdet med aktivitetar for barn og ungdom. Den hadde me ikkje tatt høgd for, smiler Helgesen. I år skal Helgesen sikra at foreldre både får sjans å finne noko godt å drikke og bite i, samstundes som dei held eit auga med sine håpefulle.


i

ALT PÅ EIN BILLETT Eldhugbillett 1 dag: ..........................................300,- * Eldhugbillett 3 dagar: ......................................590,- * Fri bruk av alle aktiviteter i Eldhugparken, samt inngang på Etnemarknaden. 1 stk. aktivitet: ....................................................50,- * Pris gjeld ein aktivitet. Kjøpast inne i Eldhugparken. NB! * Born under 6 år kan ha følgje med vaksen person dersom dei ønskjer det. * Eldhugbillett inkluderer inngang til marknaden samt eit avgrensa tal med kuler til paintball (100) og splatmaster (50).

Suksess med

ELDHUGPARKEN Også i år satsar marknadsleiinga på Eldhugparken som gjer marknadsdagane enklare for barnefamiliane. Her kan ein betale ein fastpris inkludert inngong til marknaden og nytte seg av alle aktiviteter så mykje ein vil. Dermed blir det mindre mas på mor og far, som igjen kan kose seg på foreldreparkeringa, som vart ein suksess i fjor. Konseptet liknar på ein fornøyelsespark der ein betaler ein gong og kan nytte seg av alle tilboda og aktivitetane i parken.

Kjekke aktivitetar for liten og stor LM Baptista kjem også i år til Etnemarknaden med spanande aktiviteter i vatn, på land og i lufta. LM Baptista Entertainment frå Kopervik kan kunsten å skape god stemning med spanande aktivitetar, også for dei minste. Dei kjem til Etnemarknaden med både vassbasseng med trøbåtar, vassbasseng med ballar ein kan krype inn i, bilbane for dei yngste og boblefotball.

Parken har tilbod til små og store i alle aldrar som: tivolikafé, tivoli, klovnen Ekko, ansiktsmåling, ballongmodellering, splatmaster som er paintball for dei mellom 5 og 13 år, paintball for dei som er over 14 år, spelekrok der man kan spele FIFA på Playstation og Baptista Entertainment med spanande aktivitetar. På paintball er dei 100 første skota inkludert i inngongsbilletten.

Kreativ ballongmodellering Lyst til å forvandla deg sjølv til eit eksotisk dyr? Ansiktsmålar og ballongartist Heather Jilks kjem til Etnemarknaden og kan ordne det. Ho har tre timar med ansiktsmåling første del av dagen og tre timar med ballongmodellering på ettermiddagen.

ETNEMARKNADEN 2018

21


Full fart på tivoli SCANDINAVISK TIVOLIPARK kjem til Etnemarknaden med fullt tivoli, her blir det blant anna fleire trampoliner, hoppeslott og sklier. Dette er eit stort familietivoli med store og små karusellar som Miami Waltzer, Orbiter, ny twist, og fleire trampoliner. I tillegg har dei slider, hoppeborger, tog, heste-karusell og te-koppar. Med andre ord er det noko for ein kvar smak, både for dei yngste, og for dei som har lyst på litt meir fart og spenning.  

22 ETNEMARKNADEN 2018


1. Var du i Eldhugparken på Etnemarknaden i fjor? 2. Kva er det beste med Eldhugparken? Jane Hustoft (13), Etne 1. Eg var i Eldhugparken i fjor, ja! 2. Det eg likar best med Eldhugparken er at det er karuseller for små og store, og det er veldig kjekt der! Det med dagspass synes eg er genialt!

Anna Serine Hansen (13), Etne 1. Ja det var eg. Det beste er at det passar for alle aldrar og at det er mykje forskjellig å velge i.

KLOVNEN EKKO Klovnen Ekko opptrer både fredag, laurdag og søndag. Ekko minglar, tøysar, tullar, tryllar og skapar god stemning med alt det morosame han har med seg i kofferten sin. Slå gjerne av ein prat med han!

2. Det med dagspass er det beste av alt. Det var berre tungvint å kjøpa på billettar heila tida som tidlegare år.

Hilgjerd Molnes (36) , Etne (Mamma til Minna 10 år, Peter 4 år og Ella 8 år.) 1. Ja, det var me. 2. Både me vaksne og ungane våre var svært nøgde. Flott konsept. Meir økonomisk og mykje kjekkare for ungane.

Adrenalinkick med PAINTBALL Etne Paintballklubb i samarbeid med Etnemarknaden lagar til paintballbane i aktivitetsparken. Det blir Splatmaster dei tre første timane, altså paintball for dei som er mellom 5 – 13 år. Resten av dagen blir det ekte paintball med aldersgrense 14 år. Dei under 18 år må ha skriftleg godkjenning frå føresett for å få lov til å delta. Paintball er ufarleg, og på marknaden har ein alt av tryggleiksutstyr som ein treng, og følgjer Norges Paintballklubb sine retningslinjer og reglar. Skjema blir tilgjengeleg etterkvart, både på Facebook og på heimesidene til marknaden, og sjølvsagt inne i aktivvitetsparken under marknadshelga. Det følgjer også med 50 kuler til Splatmaster og 100 kuler til Paintballaktivitet i inngangsbilletten til aktivitetsparken så her kan alle får teste dette ut. I tillegg blir det lagt opp til konkurransar under marknadshelga med blant anna blinkskyting som er tillate for alle aldrar.

ETNEMARKNADEN 2018

23


Me har eit makalaust samarbeid og naboskap. Me ringer til kvarandre, lærer av kvarandre og er mykje saman.

TO GODE NABOAR Sjur Aakra og Magnus Osvåg Moe har begge ei sterk tru på framtida som bonde i Etne. Og ikkje minst betyr det gode samarbeidet mellom naboane mykje. tekst: Judith Sørhus Litlehamar / Astrid Eidhammer Hjelmeland foto: Svein Egil Økland

Sjur Aakra (47) smiler breitt der han står i fjøsdøra med ein grisunge på armen. Grisen gir såpass med lyd frå seg når han blir henta at Sjur måtte ty til høyrselsvernet, men i armane til bonden sjølv finn han roen. På tunet hjå Sjur på Moe yrar det av liv, her er besøkjande innom gardsutsalet av poteter, egg og gulrøter, det er aktivitet med gravemaskin og far Einride Aakra er i full sving med å få transportert vekk grusmassar. Det er nemleg blitt lagt ned kablar til å betre straumkapasiteten, i tillegg slår Sjur fast at planen er å asfaltere tunet. Det er stadig aktivitet på garden, og slik har det vore sidan Sjur tok over i 1988. Etter den tid har han bygd to nye grishus, med to omgangar med påbygg for å få nok plass til smågris, og har dobla talet på purker heile to gonger, frå han starta med om lag 30 purker til han i dag har om lag 130. Han leverer smågris til heile fem bønder, berre i Etne. Deriblant si eiga søster, Kari Aakra som får 100 smågris om gongen, og naboen Magnus Osvåg Moe (29) som får om lag 230 smågris frå Sjur opp til tre – fire gonger i året. Smågris er ikkje det einaste dei to gode naboane, Sjur og Magnus samarbeider om. Dei har nyleg dyrka eit areal på sida av

24 ETNEMARKNADEN 2018

kvarandre, der Magnus har 30 mål og Sjur har 40. Dei byter og på jorda heime, der Sjur får setje poteter hjå Magnus, og Magnus får siloballar av Sjur. Dei eig ein del reiskapar og maskiner saman, og samarbeider godt om store og små utfordringar i kvardagen. – Me har eit makalaust samarbeid og naboskap. Me ringer til kvarandre, lærer av kvarandre og er mykje saman. Det er utruleg verdifullt, slår begge to fast og speidar utover ekrene som skil gardstuna. Magnus og sonen Mathias (7) har tatt turen over til Sjur denne dagen. Trass sin unge alder har Magnus drive garden i 11 år. På den korte tida har han bygd ny gjødselskumme, bygd om grishuset frå drift med purker til slaktegris, renovert to bustadhus på garden, bygd nytt robotfjøs og no sist nytt reiskapshus. – Ein må satse skal ein klare seg i denne næringa, meiner Magnus, og viser til at det er eit enkelt val: enten må ein investere og bygge seg opp, elles kan ein ikkje leve av garden. Og robotfjøset har ført til at eg har fått ein meir fleksibel kvardag, sjølv om det framleis er mykje arbeid, meiner Magnus som saman med sambuar Kjersti er forel-

dre til Mathias på sju år og Martine på 16 månadar. Også Sjur er samd i at det er naudsynt å satse for å klare seg. – Eg er heilt sikker på at viss eg hadde roa meg med den første drifta eg hadde med purker hadde eg ikkje drive gard i dag. Når ein satsar er det òg godt med god hjelp. Sjur og søstera Kari deler på ein avløysar i 80 prosent stilling, som faktisk har vore på garden sidan 1976. – Han kjenner garden godt, det er ikkje mykje opplæring som trengs der, seier Sjur og smiler. Dei er begge glade for at landbruksnæringa står så sterkt i Etne og Vindafjord. Her er mange unge, modige bønder som har sterk investeringsvilje og mot. Det gir ei næring med puls som ynskjer å utvikle seg, også inn i framtida. Mathias som nyleg vart ferdig med sitt første skuleår er slett ikkje sikker på at han skal bli bonde når han blir stor, men allereie har han sin eigen saueflokk. – Han fekk fire sauer til fireårsdagen sin, no er talet kome opp i 11, diverre vart det mange vêrlam i år, så flokken kjem ikkje til å auke så mykje denne hausten, seier faren og smiler.


Magnus Osvåg Moe (29) t.v. og Sjur Aakra (47) er gode naboar og har jamnleg kontakt om store og små utfordringar. – Det er viktig å ha nokon å spele på lag med, meiner dei.

ETNEMARKNADEN 2018

25


Magnus Osvåg Moe og sonen Mathias har tru på ei framtid som bønder i Etne. Her er dei hjå kalvane som nyt livet i sine eigne hytter.

Det er viktig å ta barna med seg i kvardagen, slik at dei får eit tett forhold til drifta, meiner han. I dag driv Magnus med mjølkeproduksjon, der han har 45 kyr og ein kvote på 450 000 liter. I tillegg driv han med ungdyr og slaktegris. Han har tru på ei framtid som bonde, og har ei sterk interesse med seg. Noko som og førte til at han allereie som 16-åring byrja som entreprenør med ein maskinpark han framleis aukar på med, på vinteren er det brøyting, på sommaren er det slåttearbeid. Borte på gardstunet hjå Magnus har både far og son Mathias fått på seg kjeledressane og viser veg til kalvane, som står ute i kalvehytter under eit halvtak vegg i vegg med det nye reiskapshuset.

26 ETNEMARKNADEN 2018

– Det er så mykje større sjans for smitte inne i fjøset, fortel Magnus når han viser rundt. Både han og Sjur er oppteken av landbruksnæringa no stadig blir ein større del av Etnemarknaden. – Eg trur Etnemarknaden er avhengig av at landbruksnæringa er tilstades, slår Sjur fast. – Både med tanke på å vise fram dyr, maskiner, landbruksorganisasjonar med meir, er det viktig både for dei gjestene som kanskje ikkje er så tett på næringa frå før, men og for dei som driv innan landbruksnæringa her i distriktet, og det er ganske mange, seier Sjur. – Hugs på at Tine kallar bygda vår for robotbygda, det seier ein del. Ein må truleg til Jæren for å finne eit like aktivt landbruksmiljø som i Etne og Vindafjord.

Ein må truleg til Jæren for å finne eit like aktivt landbruksmiljø som i Etne og Vindafjord. Sjur Aakra


BESØK OSS PÅ ETNEMARKNADEN

GODE TILBUD PÅ TRAKTOR OG REDSKAP VELKOMMEN TIL VÅR STAND!

Velkommen til oss Ølen Blomster Rett innenfor døra på ØLEN SENTER Tlf. 53 76 88 35

HANDELSHUSET - for store og små

Eiksenteret Haugesund

Tlf. 52 75 44 44 – Johne 917 37 027 Gunnar 901 32 513 – Stian 412 13 790

Lørdag

s 11. august og

ø

g au 12. g nda

en 12.00. okk l k ust

Velkommen innom for ein hyggelig prat/kaffi og evt. ein god handel Du finn oss i Øygardsveien 2, Øvre Vats Tlf. 52 76 59 62 Mob. 913 80 762 E-post: kristian@k-hd.no www.k-hd.no

BLI MED TVEIT I SKYEN Tveit Regnskap holder foredrag om å flytte regnskapet fra plastikkposen og opp i skyen på 1 – 2 – 3. Etnemarknaden – Litle kinosalen.

Telefon 52 76 71 00 Finn ditt lokale kontor

www.tveit.no

MELD DEG PÅ

ÅRETS TØFFASTE

DUATHLON 11. AUGUST UNDER ETNEMARKNADEN

3 km løp, 27 km sykling langs Skåneviksstranda og 8 km beintøff motbakke- og nedoverløp over Postvegen i Etne. Send påmelding til etneduathlon@gmail.com innan 3. august. FACEBOOK.COM/ETNEDUATHLON ETNEMARKNADEN 2018

27


ANNONSE Produsert av: Iversen Skogen Reklamebyrå

Rådgivere som følger opp – Bankens visjon om å være lokal, nær og personlig. Stemmer den overens med deres egen kundeopplevelse? – Ja, det vil jeg absolutt si. De er veldig imøtekommende når du ringer og tar kontakt, og forteller at det bare er å komme innom når det passer deg, enten det er for å signere ett eller annet eller for å ta et møte med dem. Når du da stikker innom, sitter de alltid klare, sier Linda. – Et av hovedargumentene for å velge Haugesund Sparebank er jo at de er lokale. Og med sin ekspertise og rådgivere er de flinke til å bygge relasjoner med kundene sine, føyer samboeren til.

BYGGET HUS I VIKEDAL: Etter flere år med systematisk sparing, stod drømmehuset til Linda, Per Inge og deres to barn klart i februar. – Og her blir vi nok i lang, lang tid, smiler Linda. Foto: Haakon Nordvik.

Realiserte husdrømmen ved hjelp av sparing Per Inge Sandvik (32) og Linda Nesheim (31) flyttet i februar inn i huset de det siste året har bygget på Urabø i vakre Vikedal. Drømmen om egen bolig realiserte de etter årevis med sparing. – Og gode råd fra en tilstedeværende bank, sier Per Inge.

Han er født og oppvokst i bygda, mens hun er fra Vats. Paret bodde for noen år siden i et hus ute på Fosen, men da barna kom, ønsket Per Inge og Linda å flytte nærmere familien. – Det er ikke mange ledige tomtene igjen sentralt i Vikedal, så vi var heldige som fikk napp. Da vi fikk tak i den, solgte vi gamlehuset og leide oss et hus her i bygda, samtidig som vi satte i gang med byggeprosessen av det nye huset vårt samt intensivering av sparingen, forteller Per Inge. Gull verd – Hvordan klarte dere å komme dere inn på boligmarkedet? – Da jeg kjøpte huset på Fosen, var mine foreldre kausjonister for noe av lånet, i tillegg til at jeg hadde en del oppsparte

Telefon 52705000

28

ETNEMARKNADEN 2017

midler selv. På og i huset utførte jeg ganske mye restaurering og oppussing, så da det ble solgt var det en fin gevinst å få der, forteller Per Inge. Han selv og foreldrene har i alle år vært kunder hos Haugesund Sparebanks avdeling i Vikedal. Av de bankansatte fikk han i ung alder høre at det var smart å spare. – Grethe (Solheim) har jobbet der siden jeg som liten gutt trappet opp i banken for å tømme sparebøssen min, og hun pratet tidlig om dette med BSU-sparing. Som 18-åring startet han å sette av midler på en BSU-konto. Linda har gjorde det samme siden hun var 19. – De siste fire årene har det vært intensiv sparing. I de rundt 2,5 årene vi leide hus, hadde vi også muligheten til å spare ytterlig med midler, forteller Linda.

haugesund-sparebank.no

– Billigere enn forventet Samboerparet forteller at det finansielle rundt boligbyggingen var avklart med banken på et tidlig stadium. Paret valgte også å bytte til Frende forsikring grunnet gunstig pris og gode vilkår i banken. – Vi fikk et tilbud fra banken, samtidig som vi på forhånd hadde tenkt hvilke rammer vi ville holde oss innenfor. Våre ønsker og deres rammer matchet godt fra starten av. Bankens rammer var egentlig spott on sammenlignet med det vi så for oss. Eller, det ble vel faktisk 400 kroner billigere i måneden, smiler Per Inge. Egeninnsats som egenkapital 32-åringen trekker også frem bankens tips vedrørende det å utføre egeninnsats, som kan godskrives som egenkapital, som et nyttig økonomisk tips fra banken. – Egeninnsats er arbeid som du utfører selv under oppføringen av boligen. Vi malte for eksempel huset utvendig, bygget garasje og monterte kjøkkenet selv. Skulle vi leid en håndverker for å montere kjøkkenet, hadde han tatt rundt 1 000 kr timen. I stedet for å leie inn arbeidskraft har vi imidlertid skrevet en egenkostnad på rundt 300 kr timen for arbeidet vi har utført, som vi igjen altså har fått godskrevet som egenkapital. Med utsikt over store deler av Vikedal, stortrives barna Liva (4) og Jens (3) og foreldrene i sin nye bolig. – Og nå har dere slått dere ned her i Roots-bygda for godt? – Så absolutt. Tanken med hele huset er at det skal være en livsløpsbolig, så her blir vi nok i lang, lang tid, smiler Linda.


Ølen Taxi

5580 ØLEN 90 60 80 50 Ølentaxi@hotmail.com

Møt oss på marknaden! ng Mer enn 20 års erfari på Husqvarna

hei@filterdk.no

www.a-k.no

Haugaland Tlf. 52 75 50 40

edigma.no

filterdk.no

Hilde Stene Bauge Tlf. 997 17 467 Thor Birger Tollefsen Tlf. 906 65 365 John Egil Frøystad Tlf. 901 83 113

KANTSTEIN TIL PLEN, INNGANGSPARTI ELLER ANNET Vekt pr stk: fra 12 til 29 kg Fra kr. 21,25 pr. stk. / 425,- pr. m2

Inngangsparti, støttemur, terrasse eller hage?

KR

21,25

KR

2,50

PARKSTEIN Vekt pr stk: ca 3 kg Mål: 20 x 10 x 6 cm (L x B x H) Parkstein grå ................................. kr. 2,50 pr. stk. / 125,- pr. m2 Parkstein farget (bl.a.koks, rød) ........ kr. 2,70 pr. stk. / 135,- pr. m2

KR

MINI TRØNDER STØTTEMUR Vekt pr stk: fra 12 til 26 kg

28,33

Mini trønder ...............kr. 26,45 pr. stk. / 635,- pr. m2 Mini trønder rustikk ....kr. 28,33 pr. stk. / 680,- pr. m2 HELLER 30x30, 40x40 eller 50x50 cm Vekt pr stk: fra 11 til 30 kg Fra kr. 14,50 pr. stk / 160,- pr. m2 FORSKALINGSBLOKK Vekt pr stk: fra 25 kg Mål: 60 x 20 x 20 (L x B x H) Kr. 19,90 pr. stk / 166,- pr. m2

KR

14,50 KR

19,90

Ølensvåg Tlf 53 77 52 00 – Haugesund Tlf 52 72 65 90 mail@olenbetong.no – www.olenbetong.no

ETNEMARKNADEN 2017

29


SKAKKE - HJARTA TIL KULTUR- OG IDRETTSLIVET I Etne er det årleg store hendingar, som trekk folk frå heile regionen. Grunnlaget og forutsetninga for å få til å gjennomføra arrangementa er tusenvis av dugnadstimar gjort av innbyggarar i alle aldrar og storstova Skakke. tekst og foto: Astrid E. Hjelmeland

30 ETNEMARKNADEN 2018

Nyleg påtroppa styreleiar i Skakke SA, Jorunn Bringeland Berge seier at ho har blitt fortalt at tilbodet på Skakke er ein av grunnane til at somme vel å bu i Etne. Og det skjønar ho godt. – Skakkesenter opplever eg som eit bankande hjarte i idretts- og kulturlivet i Etne, understrekar ho. Det er eit gode at huset har så stor opningtid og har så mange tilbod konsentrert i eit hus. Ho meiner det ikkje er rom for å rekne om verdi i kroner når ein skal verdsette det den enkelte og lokalsamfunnet får att av dugnadsarbeid. – Vi har alt frå speidar, klatreklubb, fotball, handball, turn, karateklubb, kulturskule, skulekorps, musikklag og mykje meir. Eg vil sei at det er eit tilbod som kan møte nesten ei kvar interesse hos barn og unge anten det er musikalsk, kreativt eller fysisk. Utan eldsjeler og folk som er villige til å bruke fritid og krefter på dugnad så hadde ikkje dette vore mogleg. Saman med Berge står eit samla lag- og organisasjonsliv som trekk fram Skakke som ein avgjerande arena og samlingsstad, og som saman med dugnadsanda utgjer limet og grunnlaget for det gode aktivitetsnivået og sosiale arenaer for barn, ungdom og vaksne i kommunen. – Det er limet i bygda vår. Dugnad fører

bygdefolket nærare kvarandre, seier Øyvind Brun, som er leiar i Etne Klatreklubb. Leiar i fotballgruppa i Etne, Håvard Matre ser på dugnadsarbeidet som avgjerande for å få til større breidd i kulturtilbodet i tillegg til at den sosiale faktoren spelar ei viktig rolle. – Eg trur dugnaden er ei viktig sosial trening for alle der dei «gamle» blir betre kjend med dei «unge» og visa versa. For han er og Skakke avgjerande for å få organisert dugnadsarbeidet og dreg fram arrangementet og målgangen for Over Fikse som eit godt døme på samarbeid. – Her er drift av huset behjelpeleg med utstyr og kompetanse, slik at dette kan organiserast effektivt på førehand av 1-2 personar kvelden i forkant. Stikk du innom etter arbeidstid for å levere eller hente eit barn eller to på aktivitetar på Skakkesenteret i Etne treff du garantert kjentfolk blant trenarane og foreldre. Leiar i Etne Røde Kors, Anne Kristi Fredriksen meiner at i tillegg til at Skakke betyr mykje for ungdommen så betyr det og mykje for foreldre å vite at ungdommen har ein trygg og god plass å møtast. – Her møtes gjerne me foreldre og til mindre uformelle møter rundt ein kaffikopp, seier ho. Dugnaden meiner Fredriksen skapar aktivitet og samhald i lokalsamfunnet.


Skakke SA Dagleg leiar: Kurt Helgesen 6 årsverk fordelt på 12 personar.

Eigarar: Etne Kommune Etne Idrettslag Ungdomslaget Fram Etne Musikklag Etne Røde Kors Etne Bondelag Etne Skyttarlag Etne Lions Etne Skulekorps Etne Samvirkelag Extra Etne Sparebank Etne Mållag Etne Jeger & Fiskeforening

Historikk: 1979 : Samfunnshuset blei bygd 1980: Kinosalen sto ferdig 2013: Opning av Skakke - senter for kultur, skule og idrett (påbygg til eksisterande Etne Kulturhus)

skakke.no

– Kva betyr dugnadsanda for oppveksten og kulturlivet i Etne? – Kva betyr det å ha Skakke i Etne?

Håvard Matre

far og leiar for fotballgruppa i Etne – Etne Cup og Etnemarknaden er gode døme på kva dugnadsand betyr for oppvekst og kultur. Det gir unge innsyn i at dugnad òg betyr å legge ned arbeid i å organisere dugnad. Dugnad er for eksempel å møte og dømme ein fotballballkamp til avtalt tid og stad, men det ligg mykje organisering bak dette. Ved å la dugnad vere ein del av oppveksten, så kjem forståing og innsikt i dette naturleg. Det er plass til nokre få arrangement som er økonomisk lønnsame utan dugnad, men ein kan få til ein mykje større breidde av kultur, ved å legge dugnad som ein innsatsfaktor. – Nesten alt. Kulturhuset er knyta til arrangement gjennom heile året. Det viktigaste er nok at dette gjer organisering av dugnad veldig mykje lettare. Eit eksempel er å arrangere målgang for «Over fikse» stafetten. Her er drift av huset behjelpeleg med utsyr og kompetanse, slik at dette kan organiserast effektivt på førehand av 1-2 personar kvelden i forkant.

Daniela Steine – Det bidreg til at dei som veks opp i Etne har eit godt og trygt miljø med masse å velja i. Det gir oss eit rikt og variert kultur- og fritidstilbud. I juni husa Skakkesenteret Etne Cup, med rundt 1600 unge fotballspelarar med foreldre og føresette. Fotballglade jenter og gutar i alderen 9-13 år fekk servert frukost, middag og kvelds. Foreldre og barn samla seg og såg fotball-VM i foajeen. I påsken var rundt 800 ungdommar i konfirmasjonsalder frå heile Rogaland samla i Etne, med Skakke og Etne Kyrkje som base for den årlege KonfCampen i regi av Normisjon. Andre helga i august er det nok ein gong klart for Etnemarknaden, som samlar rundt 20 000 besøkande i løpet av ei helg. Styremedlem i Ungdomslaget Fram, Beate Hetleflåt, kan ikkje få rosa nok det tilbodet som er bygd opp over tid av lag og organisasjonar på Skakke. – Skakke er så viktig, seier ho. Å ha ei slik storstove er jo fantastisk for både store og små. Eit samlingspunkt og ein møteplass for innbyggjarane og lag-og organisasjonar – eit hus for alle med stort mangfald i aktivitetar. Sjølv har ho mange dugnadstimar i bagasjen både som aktiv dugnadssjel i ungdomslaget og som mor. – Dugnadsanda i Etne er jo bærebjelken i

kulturlivet her. Me ønskjer jo at ungane våre, og me sjølve, skal ha eit rikt kulturtilbod. Då kjem det jo litt dugnad på kjøpet både for store og små. Tidlegare i år var Turngruppa i Etne arrangør av årets turnstemne for 200 turndamer frå heile fylket og tidleg på året hadde Etne Karateklubb nærare 200 besøkande på karatehelg med trening i skakkehallen og servering på huset. Blant andre aktørar som leiger seg inn årleg er Etne og Vindafjord hundeklubb som arrangerer den årlege hundeutstillinga si på våren. Leiar i Turngruppa i Etne, Renate Selland Ramsvik understrekar at ein ikkje hadde hatt noko idrettslag i bygda om ein ikkje hadde den dugnadsanda ein ser i kommunen. Då hadde me ikkje kunne arrangert turnstemne, juleshow, Etne cup, Etnemarknad med meir. – Me er så heldige som har så mange gode tilbod til barna våre. Det gjer at dei får ein oppvekst der dei har mykje dei kan vera med på, uansett alder og interesser, seier Ramsvik. Som ein av mange Skakke-tilhengarar dreg Frode Robberstad fram stadsanalysen av Etne kommune som Asplan Viak gjorde for kort tid sidan. Her blei Skakkesenteret framheva som ein svært viktig sosial arena for dei unge i Etne.

mor og leiar i Handballgruppa – Det er veldig viktig med dugnad for å få det til å gå rundt, både i idrett og kultur. – Skakkesenter er «den lyse øya» kor unge kan trene i lag, kan treffast på Ungdomsklubb eller Åpen Hall. Her har dei det kjekt, sosialt og lærer mykje av kvarandre.

Gunnlaug Pedersen

mor, bestemor, oldemor og leiar i Etne Musikklag – Dugnaden betyr svært mykje fordi det er avgjerande når me skal få til store arrangement. Skal me løna dei som skal arbeida, seier det seg at sjølv at det er umogeleg. – Skakkesenteret er svært mykje i bruk både til organisert og uorganisert aktivitet. Alle er velkomne og har ein stad å vera.

Øyvind Brun

far og leiar for Etne Klatreklubb – Det er limet i bygda vår. Dugnad fører bygdefolket nærare kvarandre. – For små og store er Skakkesenteret der det skjer, og noko av det viktigaste for barnefamiliane i bygda. Ein fantastisk plass å vekse opp, med varierte tilbod som berre byane kan konkurrere med.

ETNEMARKNADEN 2018

31


– Kva betyr dugnadsanda for oppveksten og kulturlivet i Etne? – Kva betyr det å ha Skakke i Etne?

Renate Selland Ramsvik

mor og leiar for turngruppa i Etne – Me i Etne er gode på dugnad. Hadde det ikkje vore for den gode dugnadsanda, hadde me ikkje kunne arrangert turnstemne, juleshow, Etne cup, Etnemarknad med meir. Utan den gode dugnadsanda hadde me faktisk ikkje hatt Etne IL. Me er så heldige som har så mange gode tilbod til barna våre, det gjer at dei får ein oppvekst der dei har mykje dei kan vera med på, uansett alder og interesser. – Skakkesenteret er sentrum for det meste som skjer i Etne. Her samlast me for å gå på trening, turnstemne, cup, teater, konsert, bibliotek, kino, show osv. Dette er ein trygg plass for alle å vera. Utan Skakkesenteret har ikkje turn nokon plass å vera. Skakkesenteret er viktig for Etne.

Grethe Sandven Sølvberg mor og leiar Etne Skulekorps

– Det meste skjer på dugnad i bygda, òg det å drive korps. Kulturlivet nyt godt av at det finns engasjerte folk som brenn for ulike ting i bygda. Det gjer at me får ting til i Etne som kanskje er vanskelegare andre stader. – Skakkesenteret er blitt hjerta i bygda. Her skjer det noko heile tida. Håpar inderleg at ein finn ei løysning på dei økonomiske problema senteret har, slik at storstova framleis er eit hjarte som slår i bygda i framtida.

Beate Hetleflåt

mor og styremedlem Ungdomslaget Fram – Å vekse opp i Etne inneber at du har eit forhold til både Etne cup, Etnemarknad, kino, idrett, teater med meir. Dugnadsanda i Etne er jo bærebjelken i kulturlivet her. Me ønskjer jo at ungane våre og at me sjølve skal ha eit rikt kulturtilbod, og då kjem det jo litt dugnad på kjøpet både for store og små. Dugnad er jo og ei sosial greie. Eg for min del tykkjer det er kjekt å vera med å bidra. – Skakkesenteret er så viktig! Å ha ei slik storstove er jo fantastisk for både store og små! Eit samlingspunkt og ein møteplass for innbyggjarane og lag og organisasjonar – eit hus for alle med stort mangfald i aktivitetar.

Anne Kristi Fredriksen

mor og leiar for Etne Røde Kors – Det skapar mykje aktivitet og samhold i lokalsamfunnet, og bidreg til at dei som veks opp i Etne har eit godt og trygt miljø med mange valmoglegheiter. Det gir oss eit rikt og variert kultur- og fritidstilbod. – Skakkesenteret er blitt ein unik samlingsplass for alle typar arrangement, men og ein stad der ungdommen berre kan møtast. Det betyr mykje for ungdommen men og for oss som foreldre å vite at ungdommen har ein trygg og god plass å møtast. Her møtes gjerne me foreldre og til mindre uformelle møte rundt ein kaffikopp.

32 ETNEMARKNADEN 2018

– Skakkesenteret er «episenteret» i bygda vår, med masse gjennomslagskraft for å skape gode og viktige arenaer for eit godt og inkluderande bygdesamfunn, seier Robberstad. Han understrekar og at kultur og idrett er limet i bygd, og en svært viktig faktor for trivsel og inkludering for barn og unge. Fleire ettermiddagar i veka er skakkehallen full av aktivitetar frå dei yngste spente og turnkledde i mor- og barngruppa til turn til fotballglade born. I gongen utføre hallen sikrar foreldre barn som testar klatreveggen via Etne Klatreklubb og frå kinosalen høyrest det korpsmusikk. Spennet i aktivitetsnivået er stort. Mange barn spring frå den eine aktiviteten til den andre – alt under same tak eller på kunstgrasbanen eller stadion som ligg like ved. Her er eit veletablert kinotilbod og ønskjer du å få med deg stand-up, konsertar, revy, dans, festivalar eller anna på kulturfronten er det eit jamnt tilbod gjennom året. På dagtid kjem barnehagebarn og elevar frå Enge skule inn i lange rekker for å besøka dei trivelege bibliotekarane og å få låna seg bøker eller berre ha ei roleg stund på biblioteket. Om ettermiddagen og i helger tek heile familiar seg turen innom på arrangement eller ungdom er på Åpen Hall og Ung-

domsklubb fredagskveldar på Skakke. Josefine Gjerde er ein av mange ungdommar som har vakse opp med tilbod på Skakke. Ho er aktiv med dans i turngruppa og sit i styret for Ungdomsklubben. – Skakkesenter er ein fin plass å gå på kino, henge eller gå på ungdomsklubb. Sjølv om bygda er lita og det ikkje er så mykje å finne på er det greit å kunne gå på kino, trening eller henge på Skakke, meiner ho. Idrettshallen er veldig viktig for oss som driv med turn og dans. Nyleg påtroppa Dagleg leiar på Skakke, Kurt Helgesen, er glad for det store aktivitetsnivået og engasjementet for huset i Etne, og dreg òg fram dei tilsette på huset som står for den daglege drifta. – Me har i dag omlag 6 årsverk fordelt på 12 tilsette som står på, både på dagtid, kveld og helg for at Skakke skal kunne tilby og legge til rette for små og store arrangement som skal gjennomførast på huset, understrekar han. – Det er heller ikkje verst at me i dag i snitt har rundt femten kinoframsyningar i veka, smiler han.


Lyst å flytte til Etne? - Kort veg til alt!

Salgsklare tomter

tomteselskapet-etne.no

Epost: post@tomteselskapet-etne.no Telefon: 97 77 17 55

Stand A-004 Sakkesenteret

Velkommen til

Åkrafjorden

Opplevingar som vekkjer sansane Dr. Melumads

- ein makalaus tur på Åkrafjorden Kvar onsdag i juli & august!

HUD, HELSE og VELVÆRE produkter Basert på dødehavs mineraler og ulike urter

Sykkelturar

Besøk oss gjerne på Etnemarknaden, stand A 202

Røldal-Eljarvik i fantastisk fjell- og fjordlandskap Røldal-Sauda langs Nasjonal Turistveg Ryfylke

Familiedagar på Eikemo 14. juli og 4. august

Gruppeturar Traktorsafari til Eikemo - FjordCruise - Adrenalinpakke - Langfoss topptur - Villmarksleir m.m.

FREDAG 10. AUGUST * DJ FRIENDLY LØRDAG 11. AUGUST * LOKAL BANDFESTIVAL (+ DJ LUNDSKI) ARTISTAR/BAND: HELGE HJELMTVEIT (SOLO), OWLS TO ATHENS, LOCAL MIX, LUND’S TIVOLI

Firmatur, blåtur, Kick Off, lagbygging, strategisamling, avdelingstur, budsjettmøte, aktivitetsdag, jentetur, guttatur? Me skreddersyr alt etter behov.

FILTER

FILTER Foto: Espen Mills

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbud! booking@aakrafjorden.no For meir informasjon og påmelding www.aakrafjorden.no

DØRENE ÅPNAR KL.20.00 - BILLETTAR PÅ HOOPLA.NO EL.DØRA

ETNEMARKNADEN 2018

33


Marknadsdagar på Autoen FREDAG 10–22, LAURDAG 10–20, SUNDAG 11–17

NYE REXTON Fluid film på plass i butikken TIL INTROPRIS

SsangYong Rexton med ekte 4x4 og low range, Thule forhandlar –20% påOpplev altnye frå Thule

ny drivstoffgjerrig dieselmotor på 155hk/360Nm og beste førerplass i sin klasse. Rexton kan også leveres som 7-seter.

Medlem av «Superdekk» kjeda –40% på dekk og felg denne helga

filter design & kommunikasjon

–25% på takboksar (utstilte modellar i butikken) CO2 utslipp fra 196 g/km, forbruk 0,74 l/mil. *Leasing: kr 50.000,- ex mva i startleie, rente 4,95% 45.000 km/3 år

Det lønner seg å ta turen innom!

CLASSIC VAREBIL

Fra kr 279.508,–

PREMIUM VAREBIL eks mva

Leasing fra kr 2.395/mnd*

Fra kr 336.625,–

eks mva

Leasing fra kr 2.995/mnd*

VAREROM 185 x 106 x 118 cm varerom med plant gulv

INTERIØR Beste førerplass i sin klasse med oppvarmet ratt

MOTOR Ny RX200e-XDi-motor med 155hk/360Nm 0,78 l/mil.

!Finansiering og innbytte kan vi hjelpe deg med.

Stopper rust Forhandler: Kongsbil AS

www.ssangyong.no

Adresse: Industriveien 23,2212 Kongsvinger

Telefon: 62 81 58 50

www.etneauto.no

Nett: www.kongsbil.no

www.sveio-auto.no

Telefon Etne: 53 75 69 69 Telefon Sveio: 53 74 77 77

NYE REXTON TIL INTROPRIS NYE REXTON Opplev nye SsangYong Rexton med ekte 4x4 og low range, ny drivstoffgjerrig dieselmotor på 155hk/360Nm og beste førerplass i sin klasse. Rexton kan også leveres som 7-seter.

TIL INTROPRIS Opplev nye SsangYong Rexton med ekte 4x4 og low range, ny drivstoffgjerrig dieselmotor på 155hk/360Nm og beste førerplass i sin klasse. Rexton kan også leveres som 7-seter.

3 år

HELT NYE SsangYong Rexton Premium varebil.

% 45.000 km/3 år

M VAREBIL

336.625,– eks mva EMIUM VAREBIL

2.995/mnd* ar kr 336.625,–

eks mva

ing fra kr 2.995/mnd*

vinger

VAREROM INTERIØR 185 x 106 x 118 cm Beste førerplass i sin VAREROM INTERIØR MOTOR varerom med plant gulv klasse med oppvarmet ratt 185 x 106 x 118 cm varerom med plant gulv

Beste førerplass i sin klasse med oppvarmet ratt

MOTOR Ny RX200e-XDi-motor med 155hk/360Nm 0,78 l/mil.

Ny RX200e-XDi-motor med 155hk/360Nm 0,78 l/mil.

3.990,-/mnd. Rått parti fra (+MVA)

www.ssangyong.no

www.ssangyong.no Telefon: Telefon: 62 81 5050 62 58 81 58 www.etneauto.no www.etneauto.no

Nett: Nett: www.kongsbil.no www.kongsbil.no www.sveio-auto.no www.sveio-auto.no

34 ETNEMARKNADEN 2018

Skinnseter med varme og ventilasjon • Varme i rattet • 360° surroundkamera • 9,2" fargeskjerm med Etne: Telefon Etne:Telefon Apple Carplay/Android Auto, Navigasjon og DAB+ • Vinterhjul • Metallic lakk • Inntil 3.500 kg hengervekt

53 53 75 69 69

75 69 69

Tilbudet gjelder ved leasing av ny SsangYong Rexton Premium Varebil inkludert frakt og leveringskostnader. Totalverdi bil: 591.900,- inkl. MVA. Årsavgift kommer i tillegg. Tilbudet er basert på: Startleie 55 000,-.+MVA, Telefon Sveio:Leieperiode 36 mnd/ 45000km, rente 2,45% Priseksempelet inkluderer etablering- og termingebyr. Det tas forbehold om evt. endringer i spesifikasjoner fra fabrikk, endringer i bilavgifter og valutakurser, samt skrive- og trykkfeil. Bildene kan avvike fra tilbudte 53 74 77 77 modell. Forbruk: 8,11-100/km, CO2 213 g/km.

Telefon Sveio: 53 74 77 77


KONSERT I MATHALLEN

Vinnar av Norske Talenter 2018

Tuva Lutro Oddajenta Tuva Lutro (12), som nyleg vann Norske Talenter på TV2, held konsert i Mathallen på kveldsmarknaden fredag kl 18:15.

10/8

18:15

Mathallen

Fo

to

:p

riv

at

- Me er veldig glade for at Tuva vil halde konsert hjå oss. Ho har ei fantastisk stemme, og det var heilt magisk at ho gjekk av med sigeren i Norske Talenter, seier marknadsleiar Kurt Helgesen.

DJ FRIENDLY

KONSERT PÅ FUGL FØNIX

Legendariske DJ FRIENDLY klar for Fugl Fønix, Etne.

10/8

22:00

Fugl Fønix

DJ Friendly, aka Erik Eriksson frå Stavanger, kjem til Fugl Fønix Hotel, fredag 10. august under Etnemarknaden. Mannen med blant anna 18 år som fast dj på NRK P3, klubb- og festivaljobbar over stort sett heile Norge og Europa, skulle være kjent for dei fleste. Med sin elektronikabaserte dansemusikk har han alltid vore først med det siste og presentert alt i ein groovy og engasjerende form. Fortsatt har Dj Friendly det med å ligge langt foran andre dj’s og var den første til å spille navn som Röyksopp og Kygo lenge før dei fikk kommersiell suksess. Fugl Fønix inviterer heile Haugalandet til deilige rytmar og ein herlig fest der me garanterer at du ikkje kan la være å danse!

ETNEMARKNADEN 2018

35


KONSERT PÅ FUGL FØNIX

KONSERT PÅ OLD RIVER SALOON

ROTLAUS Saloonen fredag

10/8

21:00

Old River Saloon

DJ KRISTOFFER SOLVANG Saloonen fredag

Lokal Bandfest + Dj Lundski Laurdag 11. august under Etnemarknaden er det duka for «Bandnight» på Fugl Fønix. 4 lokale band/artistar opptrer og me kan forventa oss ein heiltent gjeng lokale heltar med ein flott variasjon i repertoar. DJ Lundski fyrer opp dansegrooves etter konsertane.

Fyk spelar opp i Saloonen laurdag under Etnemarknaden.

DESSE BANDA/ARTISTANE OPPTRER: Owls to Athens (Geir Marius Halleland på gitar, Jan Terje Rafdal på gitar og vokal, Sølve Storm Opdal på bass, Audun Stene på trommer) Local Mix (Håvard Matre på gitar og vokal, Sindre Matre på gitar og vokal, Vidar Sørheim på bass, Sølve Mala på trommer) Helge Hjelmtveit (gitar og vokal - solo) Lunds Tivoli (Stig Morten Sørheim på bass, Vidar Lund på trommer, Bjarne Valsvik på piano/div, Geir Marius Halleland på gitar, Helge Hjelmtveit på vokal) Billettar på hoopla.no eller i døra

11/8

36 ETNEMARKNADEN 2018

22:00

Old River Saloon

11/8

21:00

Fugl Fønix


Marknads-

Dans

med Ingvald Alvseike og Elisabeth Kristensen

Dei røynde trubadurane speler non-stopp med musikk som folk likar å danse til. Ingvald Alvseike, som opprinneleg kjem frå Sandeid, er ein svært populær trubadur og entertainer. Det same kan seiast om Elisabeth Kristensen som er nordlending og har farta land og strand med gitaren sin. Ho hadde og suksess i «The Voice 2012» og plasserte seg som nummer to på Hanne Sørvåg sitt lag.

DANS PÅ SKAKKE

11/8

22:00

Skakke

Bli med på MARKNADSQUIZ med Elisabeth Kristensen! Før dansen blir det marknadsquiz frå kl 20.00-22.00. Quizmaster, Elisabeth Kristensen, lovar ein spanande «lett blanding» quiz på laurdagen frå kl 20:00.

11/8

Quizen er på Skakkesenteret – deltaking på quizen kostar 200 kr og inkluderer inngong til marknadsdansen som er etterpå. Det er maks seks personar på kvart lag. Påmeldinga til quizen må skje innan 8. august til post@etnemarknaden.no

20:00

Skakke

Espen Fernando Espen Fernando speler på scenen i Mathallen på Etnemarknaden søndag kl 16:25 Espen Fernando er bl.a. kjend frå MGPjr.

12/8

16:25

Mathallen ETNEMARKNADEN 2018

37


HER KAN DU SNART SAMLE STORFAMILIEN . . .

SOLFONN | PRIS FRA 3 250 000,-

OG NYTE LIVET I SOLVEGGEN! På Solfonn, i Røldal og på Vågslid bygger vi nå nøkkelferdige hytter - slik at du kan flytte rett inn. Se mer info på bergesag.no eller finn.no RØLDAL | PRIS 3 190 000,-

VÅGSLID | PRIS FRA 3 390 000,-

Kontakt oss for en hyggelig hytteprat!

JARLE TROLAND

ØYVIND BRÅTUN

RONNY GUNDERSEN

982 29 316

982 29 341

982 29 386

jarlet@bergesag.no

oyvindb@bergesag.no

ronnyg@bergesag.no

ØLENSVÅG: Haukelivegen 676, Ølensvåg HAUGESUND: Berg senteret, Longhammarvegen 36, Haugesund bergesag.no

#bergesag


program Etnemarknaden 2018 For detaljert programomtale sjå program på websida vår: www.etnemarknaden.no

FREDAG 10. AUGUST 10:00 – 22:00 ..................Marknaden er open.................................................................................................. Alle område 10:00 – 22:00 ..................Eldhugparken er open.............................................................................................. G - Eldhugparken 12:00 – 14:00 ...................Splatmaster (paintball frå 5 år)................................................................................ G - Eldhugparken 12:00 – 15:00 ...................Ball-leikar med Ingrid Lunde, landslagsutøvar volleyball. .................................... G - Litle ballbingen 12:00.................................GRATIS KINO.............................................................................................................. A - Skakke, kinosalen 14:00 – 14:45..................... Skattejakt - me leitar etter skattar på Marknaden - innleiing til filmpremiere..... A - Skakke, foajeen 15:00 ................................Kino-premiere........................................................................................................... A - Skakke, kinosalen 16:00 – 22:00 ..................Paintball, aldersgrense 14 år.................................................................................... G - Eldhugparken 17:00 .................................SUPERHERO – vitenskapsshow med Roe Lauvås .................................................. D - Scenen, mathallen 17:45 .................................Offisiell opning av årets marknad. Trekning av dagens konkurranse................... D - Scenen, mathallen 18:00 ................................Konsert med ETNE MUSIKKLAG. .............................................................................. D - Scenen, mathallen 18:15 ..................................Konsert med TUVA LUTRO, vinnar av Norske Talenter 2018................................... D - Scenen, mathallen 18:30 – 23:30....................KINOAR...................................................................................................................... A - Skakke, kinosalen 18:45..................................Show med TURNGRUPPA før fotballkampen........................................................... Etne Stadion før kampen 19:00 ................................Fotballkamp lokaloppgjer Etne – Ølen................................................................... Etne Stadion 20:00................................MOA HUNDSEID, Foredrag om Mount Everest-ekspedisjonen............................... D - Scenen, mathallen 20:30 / 21:00 ...................KINOAR...................................................................................................................... A - Skakke, begge kinosalar 21:00 ................................«After Fotball» og pubkveld m. Magne Skålnes...................................................... D - Scenen, mathallen 21:00 – 02:00 .................. Rotlaus, DJ Kristoffer Solvang................................................................................. Old River Saloon 22:00 – 02:00..................DJ Friendly................................................................................................................ Fugl Fønix Hotell

LAURDAG 11. AUGUST 10:00 – 18:00 ...................Marknaden er open.................................................................................................. Alle område 10:00 – 18:00 ...................Eldhugparken er open.............................................................................................. G - Eldhugparken 11:00 – 14:00 ....................Splatmaster (paintball frå 5 år)................................................................................ G - Eldhugparken 12:00 – 15:00 ...................Ball-leikar med INGRID LUNDE landslagsutøvar volleyball................................... G - Litle ballbingen 12:00.................................”Bli med Tveit i skyen”.............................................................................................. A - Skakke, litlesalen 12:00 ................................Etne Duathlon t/r Etne-Skånevik.............................................................................. C - Utafor Skakke 12:30 .................................Etne miniduathlon for born....................................................................................... C - Utafor Skakke 13:00 – 16:00 ...................Klatre- og buldrevegg med instruktørar.................................................................. A - Skakke, klatreveggen 13:00 – 16:00 ...................Etnir Duggurd – matshow m/ «Ryfylkekokken» Frode Selvaag............................. D - Mathallen 14:00 – 18:00 ...................Paintball, aldersgrense 14 år.................................................................................... G - Eldhugparken 14:00 .................................Gratis KINO................................................................................................................ A - Skakke, kinosalen 16:00 – 16:45....................Skattejakt - me leitar etter skattar på Marknaden, innleieng til film kl 17............. A - Foajeen på Skakke 17:00..................................KINO premiere........................................................................................................... A - Skakke - Kinosalen 17:00 – 18:00....................Musikk og allsong med Ingvald Alvseike................................................................ D - Scenen, mathallen 17:50 .................................Trekning av dagens konkurranse............................................................................. D - Scenen, mathallen 18:00 ................................Salsboder stenger..................................................................................................... Alle område 20:00 – 22:00 .................Marknads Quiz med Elisabeth Kristensen, cc 100,-................................................ A - Skakke, storsalen 22:00 – 02:00 .................Marknadsdans med INGVALD ALVSEIKE og ELISABETH KRISTENSEN cc 100,-...... A - Skakke, storsalen 21:00 – 02:00...................FYK............................................................................................................................. Old River Saloon 22:00 – 00:00 .................Lokalband Minifestival, (Owls to Athens, Local Mix, Lunds Tivoli, Helge Hjelmtveit) ... Fugl Fønix Hotell 00:00 – 02:00 .................DJ Lundski................................................................................................................. Fugl Fønix Hotell

SUNDAG 12. AUGUST 11:00 – 17:00 ....................Salsboder opne......................................................................................................... Alle område 11:00 – 17:00 ....................Eldhugparken er open.............................................................................................. G - Eldhugparken 11:00 – 14:00 ....................Splatmaster (paintball frå 5 år)................................................................................ G - Eldhugparken 12:00.................................”Bli med Tveit i skyen”.............................................................................................. A - Skakke, litlesalen 13:00 – 15:00....................Presisjonskøyring med traktor................................................................................. B - Ved dyreteltet 13:00 – 16:00 ...................Klatre- og buldrevegg med instruktørar.................................................................. A - Skakke, klatreveggen 14:00 – 17:00 ...................Paintball, aldersgrense 14 år.................................................................................... G - Eldhugparken 14:00 .................................Gratis KINO................................................................................................................ A - Skakke, kinosalen 16:00 ................................Avslutningsshow....................................................................................................... D - Scenen, mathallen Trekning dagens konkurranse.................................................................................. D - Scenen, mathallen Kåring av årets utstillar............................................................................................ D - Scenen, mathallen 16:15 .................................UNGDOMSKORET syng............................................................................................. D - Scenen, mathallen 16:25..................................Konsert med Espen Fernando, kjent frå MGP Jr...................................................... D - Scenen, mathallen 17:00 .................................Marknaden slutt – VEL HEIM ................................................................................... Alle område 17:00 .................................Løesoger på Sæbøtunet........................................................................................... Sæbøtunet 18:00 – 22:00...................KINO........................................................................................................................... A - Skakke, begge kinosalar *Det kan førekoma endringar i programoppsettet. Sjå etnemarknaden.no for oppdateringar.

ETNEMARKNADEN 2018

39


– på Etnemarknaden 10 - 12 august 2018

Aktivitetspark full av spenning, leik og moro TIVOLI & SIRKUS

SPENSTIGE AKTIVITETAR

KONKURRANSAR

• Ulike karusellar

• Ekte paintball frå 14 år (100 kuler inkludert)

• Paintball 3 mot 3 (frå 14 år) • Hesteskokasting (for alle)

• Sklier for alle

• Splatmaster - paintball 5-13 år (50 kuler inkludert)

• Hoppeslott i ulike variantar

• Basseng med rullande luftballar

• Klovnerier

• Basseng med padlebåtar

• Ansikstmåling

• Elektriske bumper-bilar

• Ballongmodellering

• Boblefotball

• Trampoliner

• Ball-leikar

• Bungyjump (strikkhopp til himmels)

• Paintball blinkskyting (for alle) • Playstation (for alle) • Straffespark-konkurranse (for alle)

MAT • Tivolikafeen har god mat og drikke med eigen barnemeny

• Leikepark

ALT PÅ EIN BILLETT Eldhugbillett 1 dag: ..........................................300,- * Eldhugbillett 3 dagar: ......................................590,- * Fri bruk av alle aktiviteter i Eldhugparken, samt inngang på Etnemarknaden. 1 stk. aktivitet: ....................................................50,- * Pris gjeld ein aktivitet. Kjøpast inne i Eldhugparken. NB! * Born under 6 år kan ha følgje med vaksen person dersom dei ønskjer det. * Eldhugbillett inkluderer inngang til marknaden samt eit avgrensa tal med kuler til paintball (100) og splatmaster (50).

etnemarknaden.no

Profile for Filter design & kommunikasjon

Etnemarknad-magasinet 2018  

Etnemarknaden er i år helga 10.-12. august. I årets magasin kan du få med deg årets program og lesa om: Eldhugparken som vart ein suksess fo...

Etnemarknad-magasinet 2018  

Etnemarknaden er i år helga 10.-12. august. I årets magasin kan du få med deg årets program og lesa om: Eldhugparken som vart ein suksess fo...

Advertisement