Mitt Ryfylke 2 2018

Page 1

NÆRINGSMAGASIN | 5

ÅR |

NR 2:2018

MITT RYFYLKE | STRAND

Tema

Strand & Forsand

Smaksrike

Portrettet

Kraftbygda

råvarer

Harald Bjørkhaug

Flørli


Ryfylkebanken - alltid tett på

Me satsar på Ryfylke

Ta kontakt. Telefon 51 75 44 00 hjelmeland-sparebank.no

lisering?

ia

udiespes

ller st Fagbrev e

FILTER Foto: Trine S. Hanaset

Lokalt og digitalt. Me hjelper deg der du er.

JA TAKK,

begge fordeler! Invester eitt ekstra år ved Sauda VGS – og slå to fluer i ein smekk! Etter fire år hos oss, kan du gå ut med både fagbrev og dei faga du treng for å kome inn på ingeniørstudiet. Med Yrkes- og studiekompetanse (YSK) kjem du altså ut med dobbel kompetanse. Og ikkje nok med det: løn under opplæringa.

sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

4

11

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Design Terje Hodne

Design Marianne Ågotnes

Design Erich Monteiro

Design Irene Landa

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Annonsesal Christine Rødne Brataas

32

Variert skuletilbod..........................................................................

4

Lokale råvarer.....................................................................................

11

Hotell med eige øl...........................................................................

14

Portrettet: Harald Bjørkhaug........................................................

18

100 år med krafthistorie..................................................................

24

Bed & Breakfast med særpreg........................................................

30

Arkitektur langs vegen......................................................................

32

Vil ha grøn næring.............................................................................

35

Fotograf Hilde Hauge

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Omega Design. Besøk oss på: omegadesign.no Framsidefoto: Hilde Hauge Opplag: 6 500 Fulldistibuert i temakommunane. I tillegg blir magasinet distribuert fleire stadar i Ryfylkekommunane, Nord-Jæren og på Haugalandet. Sjå mittryfylke.no for fullstendig liste. Trykk: Haugesund bok & offset Tips oss: judith@omegadesign.no

s. 18 — Me treng å vere sosiale, høyre til ein stad og ha eit samlingspunkt i kvardagen. Harald Bjørkhaug

Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på Facebook: facebook.com/mittryfylke

M


4

MITT RYFYLKE | STRAND

UNIK SKULEKVARDAG På Strand VGS får elevane på naturbrukslinja undervisning i ein flunkande ny akvahall, og på idrettslinja kan dei nyte fantastiske naturopplevingar. Målet er at ein skal få fram det beste i kvar enkelte elev. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

S

trand VGS har 560 elevar fordelt på heile 34 ulike klassar. Her kan ein velje mellom anna helsefag, elektrofag eller studiespesialisering. I tillegg har dei idrettsfag, naturbruk, tilrettelagt undervisning, teknikk og industriell produksjon, service og samferdsle og vaksenopplæring. – Me har eit sterkt motto, at me skal få ut det beste i kvar enkelt elev. Alle er nemleg gode til noko, slår Camilla Skappel Vidnes fast. Ho er avdelingsleiar for Naturbruk og har nett starta på den spanande studiestarten der nye elevar skal bli kjende med både skulen og lærarane. I 2017 sto den nye Aquahallen på Strand VGS ferdig, og grunnlaget var lagt for ei attraktiv utdanning innan fiskeri– og oppdrettsnæringa. I tillegg har skulen nytt kaianlegg på plass og har eigen fiskebåt. På VG1 Naturbruk får ein opplæring i fiske, arbeid på fiskeoppdrettsanlegg og grunnleggande ferdigheiter innan friluftsliv. I tillegg får du ta båtførarprøven og tryggleikskurs. Hallen resirkulerer fersk– og saltvatn, dei har moderne miljøovervåking, i tillegg til algereaktor av mikroalger. – Det er eit aukande fokus på at fisk skal og må vere med på å mette verda,

og det blir viktig å legge grunnlaget for ei berekraftig næring utan meir forureining enn nødvendig. Dette er ei næring det er framtid i, meiner Vidnes og viser til at elevane etter VG1 kan velje mellom Fiske og Fangst og Akvakultur på andreåret. Medan Fiske og Fangst gjer deg klar til å gå ut i lære som fiskar, får du i Akvakultur innføring i moderne fiskeoppdrett, både gjennom teori og praktisk erfaring. – Me ser at det er flest søkjarar på Akvakultur, det er og jamt med søkjarar til Fiske og Fangst, men fiskemiljøet er ikkje så stort i Rogaland, difor har denne linja færre elevar. Men me håpar å få fleire inn der og, og ikkje minst auke tilgangen på læreplassar. – Denne linja passar godt for dei som likar praktisk arbeid, og som likar seg ute, fortel Vidnes som sjølv ikkje har maritim bakgrunn, men derimot har vore lærar på ungdomsskulen. – Eg kan tenkje på pedagogiske utfordringar, medan biologane, navigatørane og røktarane kan tenkje fag. Ho legg også vekt på at ein prøver å styrke samarbeidet på tvers av linjene, og ikkje minst med næringslivet. – Me har hatt eit godt samarbeid med bedriftene i mange år, ikkje minst med tanke på å få til nok læreplassar, men her kan me bygge endå meir

> Tor Magnus Vathne og Olga Volkova er to av elevane som har valt å gå på Strand VGS.


MITT RYFYLKE | STRAND

5


6

MITT RYFYLKE | STRAND


MITT RYFYLKE | STRAND

7

> Emanuel Eie Larsen og Lars Olav Nårstad Joa nyt kajakkturar som ein del av Idrettslinja.

>

> Andrea Tænnessen, Andrine Bø Stangeland, Vegard Øvrebø, Joakim Narrevik, Rolf Refsland og Henki Moland har travle dagar i den nye Akvahallen på skulen.

STRAND VGS

samarbeid, trur avdelingsleiaren. – Eg har alltid likt å vere på sjøen, og eg tenkte at det høyres interessant ut å jobbe på sjøen med fisk, seier Andrine Bø Stangeland, som er elev ved naturbruklinja. Ho trur at akvakultur og

— Me har eit sterkt motto, at me skal få ut det beste i kvar enkelt elev. [Camilla Skappel Vidnes]

oppdrett er framtida. – Skulen er bra, og eg likar meg godt, slår ho fast. Og ho er ikkje åleine om å like skulen ho går på. Emanuel Eie Larsen er ein av elevane som har valt ein aktiv skulekvardag på idrettslinja. – Eg valde å gå på Strand VGS fordi eg fekk høyre det var ein kjekk skule, og fordi dei fleste vennene mine går her. Eg ville gå på idrettsfag sidan eg er ein aktiv person som likar å halde på med idrett, fortel han. Avdelingsleiar på Idrettsfag, Asle Furumo brenn for at ungdommane på skulane skal få gode idretts- og naturopplevingar. Ikkje alle er interessert i fotball, slår han fast. Dermed er det godt at ein også kan tilby aktivitetar som klatring og kajakkpadling. – Fotballen står jo sterkt her som alle andre stadar. Men me har mykje anna

På Strand VGS er 560 elevar fordelt på heile 34 ulike klassar. Her kan ein velje mellom helsefag, elektrofag eller studiespesialisering. I tillegg har dei Idrettsfag, naturbruk, tilrettelagt undervisning, teknikk og industriell produksjon, service og samferdsle og vaksenopplæring.

å by på, ikkje minst den fantastiske naturen rundt her lokalt som me har kort veg til. Me ligg rett ved sjøsida her og kan gå rett ut av klasserommet for å padle kajakk, eller prøve klatreveggen utandørs. – Me ynskjer å skape opplevingar for ungdommane, men ikkje alle i 16-17- årsalderen er like opptekne av naturen. Me må gjere dette på ungdommane sine premiss, det må skje noko spanande undervegs, meiner han. Sjølv om det og kjem tilreisande ungdommar til Strand VGS er skulen i stor grad ein skule for ryfylkeungdommar. Både Vidnes og Furumo er opptekne av at elevane først og fremst skal trivast, det er då dei lærer best og mest. Asle Furumo peikar på ei kartlegging av helse og trivsel som Ung Data har gjennomført blant VGS-elevar i Stavangerskulane i fjor, her skåra Strand VGS godt, noko som Furumo meiner viser at ungdommane har eit godt miljø, både sosialt og for læring. – Eg opplever at me har ein

skulekultur som fungerer, me behandlar ungdommane som likeverdige vaksne. Det trur eg og gir oss gode faglege resultat, meiner Asle Furumo. – Idrettslinja passar godt for alle som er glade i aktivitet og som likar å vere i rørsle, slår han fast, og viser til at dette gir elevane studieførebuande kompetanse i tillegg til gode opplevingar. På idrettslinja går både dei som verkeleg vil satse på idretten, og dei som berre vil ha meir aktivitet i skulekvardagen, og som likar å bruke kroppen sin. – Me må vere fleksible, slik at me legg til rette for begge desse gruppene, meiner avdelingsleiaren. 1.september tok Idrettslinja over eit lokalt treningssenter. Dette blir ei form for kombinert undervisning, meiner Furumo. Her kan elevane få med seg kunnskap både som trenarar, men og frå drift av senteret, med både økonomi, kommunikasjon og leiing. – Dette blir ei elevbedrift som me vil prøve å flette inn i flest mogleg fag på skulen, dermed får elevane ei unik læringsarena.


MALING

GULVLEGGING T K A J TUR OG TIKKEN MUR & FLIS I FK BU VACUUMMASKIN VR-100

1 098,-

ILDSTED SOLSKJERMING

INTERIØRKONSULENT Kontakt oss for løsninger og tilbud

JAKTRADIOPAKKE

MOTORSAG

BRECOM VR 600

36 VOLT MSA 120

1 490,-

3 490,-

Andersen & Harestad

MALING GULV MUR ILDSTED

Andersen & Harestad AS, Ryfylkevegen 1982, 4120 Tau Tlf.: 51747576, E-post: post@andersenharestad.no

SKALLDRESS BARN 2-8 ÅR

Vannsøyle 15.000 mm Ventilasjonsevne 5.000 mm

VANNTETT PUSTENDE

Vi bryr oss om våre kunder – sammen skaper vi gode resultater

599,-

Regnskap, rådgivning, kvalitetsarbeid m.m. Kontakt oss for en uforpliktende samtale. 51 74 48 80 • post@tf-regnskap.no • tf-regnskap.no

SKALLJAKKE DAME/HERRE

Vannsøyle 15.000 mm Ventilasjonsevne 5.000 mm

799,TLF. 51 74 06 00 WWW.RYFYLKE-ELEKTRISKE.NO Atterhald om trykkfeil og utseld.

Elektro-arbeider i Ryfylke i 38 år!

ETNE – HAUGESUND – ÅRDAL fkra.no/fkbutikken

Industri•Landbruk•Bolig/leilighet•Brannvarsling•Svakstrøm Hovedkontor og butikk på Jørpeland. Bedriften har i dag 28 ansatte. Våre ansatte har helseforsikringer og AFP-ordninger.


...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

Fagforhandlar av: Skogsmaskinar, hagemaskinar, landbruksmaskinar og verktøy.

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

Åpningstider: Man.- fre. 08 - 16, lør. 10 - 13. Tlf.: 51 75 26 40, butikk@ardal-landbruk.no Årdalstunet 13, 4137 Årdal norskolje.museum.no

www.ardal-landbruk.no


Velkommen til Preikestolen fjellstue

God marknadsstemning – med handel, dyr og aktiviteter. Ta turen til oss i Bergekrossen på Sand. mogedal.no

A-K Møgedal Mek. Verkstad as

Jobbmuligheter i Ryfylke!

VI SERVERER JULEBUFFET FRA 1. OKTOBER TIL 16. DESEMBER 2018 Kombiner god lokalmat, herlig atmosfære og nydelig utsikt på Preikestolen fjellstue.

Faste og midlertidige stillinger Mer informasjon / registrer cv www.asap-personal.no

Personalutleie - rekruttering

Hjemmelaget gløgg i vår lavvo og julebuffet 799,- per person Julebuffet m/overnatting inklusiv møterom og lavvo 1650,- per person

Julebuffet m/overnatting inkludert møterom, lavvo og guidet tur til Preikestolen 2550,- per person

Autorisert regnskapskontor Jørpeland: 51 74 14 00 Årdal: 51 75 42 50 firmapost@partnerregnskap.no

Meny Ribbe og pinnekjøtt med tradisjonelt tilbehør Riskrem med bærsaus Multekrem og kaffe 675,- per person

Kontakt oss for mer informasjon og bestilling på post@preikestolenfjellstue.no eller 51742074

Velkommen!

firmapost@partnerregnskap.no Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor partnerregnskap.no

Omega Design

FJELLBORD TIL JUL

Velkommen til årets Møgedalsmarknad 6. oktober


MITT RYFYLKE | STRAND

11

SMAKEN AV

gourmet Harald og Anne Strand produserer gourmetmåltid på rekkje og rad. Dei satsar på kvalitet, både med vaktelhøner og mangalitsa-griser. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

A

>

Dei små, men smaksrike vaktelegga er populære.

nne Strand står midt på golvet og klappar bestemt i hendene. Rundt henne er tre rader med bur, der vaktlane nett har stemt i ein aldri så liten korsong. Sjølv om det strengt tatt er overraskande lite lyd frå dei hundrevis av vaktlane som står her inne, så blir det heilt roleg med ein gong Anne klappar i hendene. Ho snur seg og smiler. — Dei har lært det der ja, seier ho og kikkar rundt seg. Sjølv om ho kallar ektemannen Harald for bonden er ho sjølv den som brukar mest tid saman med vaktlane. Dette er hennar bord. Ho fortel levande om korleis dei utviklar sitt eige fòr, mest for å unngå unødvendig sjukdom og for at dyra skal ha best mogleg utvikling dei korte vekene før dei blir slakteklare. Bura her inne har dei og bygd sjølv for å få god oversikt over fuglane, og for at vaktlane skal trivast godt. Eg har til og med hatt klassisk musikk her inne, det likar dei godt, Harald trudde sikkert eg var blitt

sprø då, seier ho og ler medan ho raskt kikkar ned i kassane med dei minste vaktlane, dei som framleis ligg under raude varmelamper. Vaktelegg ligg i ei spesiell rugemaskin, der dei nyfødde vaktlane og får ligge i ro dei første døgna etter at egga er klekka, så blir dei flytta over i bur. Vaktlane er 8–9 veker gamle når dei er slakteklare, då har dei ei slaktevekt på om lag 220 gram. Denne dagen er Anne nett ferdig med slakting av 120 vaktlar, ho viser veg inn eit nyvaska slakteri der fuglane blir tatt livet av i ein gassomn, før dei blir voksa og ribba. Hjarta blir tatt vare på, dette er delikatesse for mange restaurantar. Nokre av vaktlane blir leverte med hovud og føter slik at kokkane kan koke god kraft, andre utan. Anne har med seg hjelp i slaktinga, elles tar ho seg av utkøyring kvar veke av dei populære råvarene, som blant anna står på menyen


12

MITT RYFYLKE | STRAND


MITT RYFYLKE | STRAND

> Anne og Harald Strand satsar på å produsere lokale råvarer med gourmetstandard. Dei likar å skape noko saman.

> Hjå Anne og Harald Strand satsar dei på både vaktlar, vaktelegg og mangalitsakjøt. Anne køyrer sjølv råvarene ut til butikkar og restaurantar kvar veke.

hjå Restaurant Renaa i Stavanger. Det står respekt av å kome på bordet hjå ein ekte Michelin-restaurant. Ryfylke Vaktel har til og med levert varer til Slottet. Mange kjenner nok også igjen Ryfylke Vaktel frå finalelista til Det norske Måltid både i 2012, 2015 og i 2017. – Du skulle sett oss første gongen TV2 ringte og fortalte me var komne til finalen i Det norske Måltid. Me visste jo ikkje kva det handla om eingong. Plutseleg sto Heine Totland på døra her og skulle lage reportasje om oss, då byrja det å demre litt, seier Anne og ristar på hovudet. – Vaktelkjøtet er populært, mange meiner det minner om både vilt og kylling i smaken. Etterspørselen etter desse råvarene er absolutt der, men me kjem aldri til å produsere i store mengder. Dette skal vere litt eksklusivt, meiner Anne og Harald Strand. Historia starta med 60 vaktlar i eit lite uthus på garden, så flytta dei over på loftet i fjøset og dobla talet på høner. No har dei dobla det talet igjen. – Når me var her på loftet produserte me berre vaktelegg, og etterspørselen eksploderte. Då var det berre å satse eigentleg, slår ekteparet fast. Dermed innreia dei det gamle sauehuset på garden til vaktelbur og auka på med høner. I dag har dei 200 høner som verp dei populære, men små egga. Samstundes har dei om lag 1500 vaktlar som blir slakta. Totalt har dei kapasitet til å ha 2500 høner. – Det er klart me har lyst til å leve godt på dette, i tillegg til oppdrett av Mangalitsa-grisene som me og har byrja med. Og det kjem seg, så langt i år har me hatt ei auke i omsetnaden på 50 prosent, samanlikna med i fjor. – Men enkelt er det ikkje, hadde det vore enkelt å få til slike gründerprosjekt så hadde alle gjort det, slår Harald fast. Sjølv jobbar han som leiar for mekanisk ingeniøravdeling i antennefabrikken Comrod på Tau, i tillegg til at han er linjedommar i Eliteserien i fotball. Ikkje overraskande har paret laga ein eigen kunstgrasbane i kjellaren, mest for dei fotballgalne barna, men og til foreldra og ikkje minst for å ha ein stad der ein kan ta freistande reklamefoto av vaktlane. Anne, som er frå Lyngdal, er utdanna vernepleiar men arbeider i dag fulltid på garden. Dei to barna, Teo (13) og Tonje (15) er òg gode til å hjelpe til.

13

– Dei har liksom funne kvar sin plass her, medan Tonje er med meg hjå vaktlane er Theo med faren hjå grisene. Det passar fint, meiner Anne. Harald ryggar inn fire-hjulingen som er lasta med frukt som dei har henta frå dei lokale butikkane. Frukt som elles hadde blitt kasta er nemleg snaddermat for dei 80 slaktegrisane av rasen Mangalitsa som bøndene på Strand no satsar på. I tillegg til frukta et dei røter, gras, buskar, brød og litt kraftfór. – Grisene går ute heile året, og er kjende for håra som liknar på ull, og den saftige og gode smaken der feittet nesten smeltar inn i kjøtet, seier Harald. – Til og med eg som ikkje likar så godt verken kjøt eller feitt syns denne smaken er fantastisk, fortel

— Vaktelkjøtet er populært, mange meiner det minner om både vilt og kylling i smaken. [Anne og Harald Strand]

Anne og peikar på at dei allereie er i gang med å få til nokre betre inngjerdingar for grisene, slik at dei unngår at dei bryt seg over. – Og du kan jo vere sikker på at Harald er vekkreist når dei kjem seg over gjerdet, me kan ikkje ha det slik, seier Anne mens Harald smiler lurt. Ekteparet på Tau likar å skape ting, kanskje finn dei snart på noko nytt. Kva med fasan? Det kunne vere spanande, meiner dei. Men i same slengen slår dei fast at det må vere skikkeleg det dei held på med og det dei produserer. Det skal vere kvalitet og det skal vere eksklusivt, og då kan ein ikkje prøve med for mykje på ein gong. Eit par frå Hjelmeland svingar bilen opp mot det vesle kjøleskåpet som fungerer som ein gardsbutikk, der kan ein få kjøpe vaktelkjøt, vaktelegg, og vanlege egg frå ein nabobonde. Men desse er tydelegvis interessert i grisekjøt, og i løpet av ein liten prat på tunet har Harald selt unna ein halv gris. – Me har ein del besøk i gardsbutikken her, både frå dei som bur her og dei som reiser forbi. Det som er litt rart er at det er mange utanlandske turistar innom, dei er stadig på leit etter lokale og unike produkt som dei ynskjer å ta med seg heim. – Det bør me satse meir på, slår Anne fast.


14

MITT RYFYLKE | STRAND

BRYGGERIHOTELLET Lilland Bryggerihotell gir deg ein smak av høge fjelltoppar, lange kajakkturar og lokalt designa øl.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

P

er Kristian Djuvsland har sett seg inn i Lilland Bryggerihotell sin heilt eigen Volkswagen Van, ein ekte Hotel Van frå 1976 som faktisk har fått sin eigen Instagram-profil. Han forklarer at bilen har mange fans der ute, som fylgjer bryggerivanen på sine turar over heile landet. På bilen er hotellet sin logo, samt illustrasjonar av det ein kan oppleve når ein bur på bryggerihotellet, som padling, vandring, yoga og friluftsliv. – Bilen er eit godt marknadsføringsstunt for oss, denne kan me bruke på stands og den er lett å kjenne igjen på vegen, slår Per Kristian fast og peikar på at det er ein del av hans jobb å passe på at bilen skin like bra som den gjer i dag. Ikkje minst står den også parkert i garasjen hans heime når den ikkje er på tur. Kollega og den største eigaren av Lilland Bryggeriehotell, Eyvind Flood flankerer bilen på sida, med armane i kryss og hovudet høgt heva ser det ut som både eigarane av hotellet og bilen er tatt ut av ein amerikansk film. Per Kristian og Eyvind tok over Lilland Bryggerihotell på Tau i 2012, etter den tid har dei utvikla hotellet til å bli eit bryggerihotell som satsar på turistar, kurs og konferanse, samt eige mikrobryggeri og utsal av øl. I tillegg driv dei Lilland Apartments og Lilland

Hostel på Tau, samt Lilland Hostel Vaulalid. Samla har dei i turistsesongen 80 rom med 250 sengeplassar ute i marknaden. Og planane om vidare utvikling er mange. Eyvind Flood jobbar no 50 prosent i bryggerihotellet og 50 prosent i det nystarta selskapet Norwegian Experience. Denne bedrifta ynskjer å bygge eit hotell ved Preikestolen som har basecamp som konsept. Allereie i 2016 kjøpte Flood Jøssang Sag, ei tomt på 12 mål. – Me håpar å utvikle ein basecamp her for alle dei som vandrar i området rundt oss, me ynskjer at berekraft og arkitektur skal vere berebjelken i dette prosjektet som skal etablere ein sosial møteplass. Dette er utruleg spanande, slår Flood fast. Og ikkje nok med det. Dei har også overtatt den tradisjonsrike tomta på Almerket i Odda der Grand Hotel sto fram til det vart rive i 1973. Også her ynskjer ein å utvikle basecamp-konseptet, målgruppa er fjellturistane som drøymer om Preikestolen, Kjerag og Trolltunga. – No ynskjer me å ta hotellet og reiselivet tilbake til Odda, det gler me oss til, meiner Flood som ikkje vil seie så mykje om kor mykje det er lagt ned i investeringar dei siste åra, men håpar at prosjekta ved Preikestolen og i Odda blir realisert innan fem år. – Me ser eit stort potensiale, spesielt rundt turistar


>

MITT RYFYLKE | STRAND

Lilland Bryggerihotell sin heilt eigen Volkswagen Van, ein ekte Hotel Van frĂĽ 1976 som faktisk har fĂĽtt sin eigen Instagram-profil.

15


>

16

MITT RYFYLKE | STRAND

Lilland Bryggerihotell vil gjerne gi deg ein smak av Noreg, og rettar seg i stor grad mot dei gjestene som vil oppleve den fantastiske naturen.

som ynskjer å bruke naturen rundt oss, dette me utviklar no er heilt nye basecamp-konsept, der sjølve hotellrommet ikkje er så viktig som dei opplevingane ein får på staden. – Opplevingane er sjølve målet. Me vil gjerne gi gjestene våre ein smak av Noreg, og då det moderne Noreg, ikkje bunad og troll. Skal dei kjøpe troll i suvenirbutikk må dei reise andre stadar, slår Eyvind fast.

— Me vil gjerne gi gjestene våre ein smak av Noreg, og då det moderne Noreg, ikkje bunad og troll. [Eyvind Flood]

Dei viser rundt på hotellet der Per Kristian sine flotte Instagram-bilete frå Ryfylkenaturen prydar veggane, her er utstillingar av det lokalproduserte ølet dei lagar på hotellet, øl-litteratur og ein sjølvlysande elg på veggen. Per Kristian og Eyvind driv framleis med oppussing av hotellet, dei viser stolt fram eit nytt møterom som skal vere med å styrke konferanse- og

kursdelen av drifta. Då me vitjar hotellet er møterommet måla i ein djup blåfarge, eit mørkt og langt møtebord tronar i midten, med skinnstolar i ulike fargar rundt. Over heng designlampar i ulike storleikar. Alt ligg til rette for at rommet skal bli brukt til tenkje nye og kreative tankar. Ikkje minst etter at kunstnar Renate Hermansen frå Jørpeland no har utsmykka rommet med gatekunst. Ho har måla motiv på heile langsida i rommet frå den lange bryggeritradisjonen på Tau. – Du veit, det å produsere øl på Tau er slett ikkje ein ny idé, historia med brygging av Tou øl er lang, seier Eyvind. På hotellet kan du som gjest få brygge ditt eige øl, med eigen etikett. Her kan du leike deg med smak frå urter, frukt og bær. Du kan også få foredrag om ølbrygging og sjølvsagt ølsmaking. Eyvind har sjølv designa etikettane til øltypane dei sjølv produserer og sel, som har fått namna: Preikestolen, Flørli 4444 og Kjerag, alle frå Fjord Icon Series. – Dette er handverksøl, fortel Eyvind engasjert, han har no tatt utdanning på Den Skandinaviske


>

MITT RYFYLKE | STRAND

På Lilland Bryggerihotell produserer dei sitt eige øl. Eyvind Flood (t.v) og Per Kristian Djuvsland brenn for lokal mat og produksjon.

Bryggerihøyskolen i København og er glødande interessert i både korleis ein designar ulike øltsortar, skilnaden på overgjæra og undergjæra øl og ikkje minst tankane om å byrje å produsere sin eigen eplesider. Interessa for øl og brygging er ikkje noko han har med seg frå før, men vart vekt opp når dei vurderte ulike hotell-konsept å bygge vidare på. No er han nesten blitt litt nerdete om temaet i følgje seg sjølv. — Det er så viktig å vere reinsleg i bryggingsprosessen at me brukar å fortelje at i godt øl er det 10 prosent brygging og 90 prosent vasking, fortel Eyvind medan han opnar døra til det vesle, men godt organiserte bryggeriet. Snart skal etter planen utstyret oppgraderast og produksjonen aukast. I denne sesongen selde dei om lag 5000 flasker av sitt eige øl, dei kunne selt endå meir, og år er målet å produsere om lag 20-30 000 flasker. Desse kan ein kjøpe på bryggerihotellet, samt på Preikestolen Fjellstue, Stranddalen Turisthytte, i Rosehagen, på Energihotellet på Nesflaten og på øl-utsalet på Jørpeland for å nemne noko. Både Per Kristian og Eyvind

legg vekt på at samarbeidet med Salikatt Bryggeri i Stavanger har vore avgjerande for produksjonen av Fjord Ikon Series. Dei siste åra har Ryfast-prosjektet vore ei stor inntektskjelde for Lilland Bryggerihotell. — Me har hatt full forpleining for arbeidarane i Ryfast-prosjektet. Det har vore viktig for oss, slik at me kan bygge oss opp. Men no er det turisme me satsar på, og då spesielt dei gjestene som vil nytte naturen her, til vandring, padling, ski eller sti-sykling. Hotellet tilbyr også quizkveldar og Afterhike for både lokalbefolkninga og turistar, for å nemne noko. Målet er at hotellet også skal bli ein sosial møteplass for dei som bur i regionen. Per Kristian er stadig på føtene, tar imot gjester, svarer på telefonen og bookar inn nye gjester. To gjester er på veg opp trappa til hotellet, etter ein lang dag ute. Dei er sporty kledde og har dagstursekk på ryggen, på engelsk fortel dei at dei nett har vore på tur til Reinaknuten. Stemninga er på topp og dei viser tommel opp då Per Kristian lurer på korleis turen var.

17


18

MITT RYFYLKE | FORSAND

Harald Bjørkhaug (40) meiner det finst håp overalt. Gründeren, syklisten og fjellmannen drøymer om å gi jobb til dei som slit aller mest. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

Med håp i blikket

T

ilsynelatande ser det ut som at Harald kan smile av det meste. Denne dagen ser han stadig på mobilen. Etter ein lang og varm sommar varslar nemleg Yr om regn, når han og kona Irene S Bjørkhaug skal ha hagefest og dobbel 40-årsdag. Moglege alternativ under tak blir sjekka ut og tida er kort. Men Harald smiler. Det skal meir til for å vippe gründeren, syklisten og fjellmannen av pinnen. Han møter oss i døra til Hope Sykkelshop på Jørpeland med eit fast handtrykk. Sporty kledd opnar han døra og viser fram det som no er hovudkvarteret både for sykkelshopen og for Hope Active, der Harald tilbyr guida turar. Her står syklane på rekke og rad, under skiltet med den knallrose Hope-logoen. Lenger inne i lokalet er sykkelverkstaden der Harald fiksar det meste av utfordringar som kjem inn døra, sonen Jonathan (8) er komen, han er i full gang med å pakke ut og montere ein barnesykkel. Det er lett å sjå at 8-åringen har gjort dette før. – Hope betyr jo håp på norsk, eg har alltid likt ordet håp, men Hope er også ein produsent av hub til sykkel, det er den greia alle spilene i hjulet går inn i og på norsk heter det nav. Det er eit samlingspunkt, og heilt avgjerande for at sykkelen skal gå framover. – Eg tenker at slik er det også i våre liv, det er alltid håp for alle, sjølv om

det ikkje alltid er slik ein opplever det. Me treng å vere sosiale, høyre til ein stad, ha eit samlingspunkt i kvardagen. Me kan sjølv bestemme kor raskt framover livet skal gå, nokre gonger

Harald Bjørkhaug

(40)

Sivil status: Gift, tre barn Aktuell: Har starta HOPE sykkelshop og HOPE Active på Jørpeland, jobbar og som guide. Drøymer om: Eg drøymer om at eg lukkast med å få realisert dei tankene og ideane eg har for HOPE. Førebilete: Det er svigerfar, ein god og klok mann, og ein oppmuntrande person som verkeleg stiller opp for andre. Les: Terrengsykkel, Aktiv trening, UTE-magasinet og Strandbuen. Høyrer på: Eg hadde ikkje trudd det var så mykje kul kristen musikk, min favorittar er Casting Crowns og Sam Smith.

må ein til og med reflektere bakover. Slik er det i mitt eige liv, no går det rette vegen, eg har ei sterk kjensle av å vere på rett plass her. Harald Bjørkhaug og kona har tre barn. Gabriel (12), Hermine (10) og Jonathan (8). I dag driv han si eiga bedrift, medan kona er sjukeplei-

arstudent og er ei av kvinnene som står bak organisasjonen «I mammas mage», der dei rådgir unge jenter som blir gravide og som fryktar at framtida som mor blir for vanskeleg. Både han og kona brenn for dei som ikkje har ein A4-kvardag og som gjerne treng å bli sett som menneske. Sjølv ynskjer Harald etter kvart å bygge opp sykkelshopen til ein arbeidsplass der dei som slit kan få bety noko i arbeidslivet. Menneskelege relasjonar fascinerer meg, det har dei alltid gjort. Eg vil gjerne gi ei hjelpande hand til andre, samstundes som eg allereie no ser at eg ikkje klarer å handtere alt dette på eiga hand. Målet er å bygge opp bedrifta utan hjelp, og til slutt klare å leve greitt av inntekta som sykkelreparatør, seljar og guide. Vegen fram har vore lang. Harald er utdanna økonom frå BI og har jobba med kostnadskontroll og prosjektstyring, både i bank og oljesektoren. – Ein periode budde me i Oslo. Her prøvde me gründerlivet, der me starta Roll On Studios AS, innan SPA og hudpleie, dette var kona Irene sitt fag og bransje, eg var med i startfasen. Livet var hektisk, eg jobba som økonomisjef i Silver Pensjonsforsikring medan kona bygde dette opp. Og me fekk det til, fekk folk i jobb og mykje ansvar.


MITT RYFYLKE | FORSAND

Portrettet

Harald Bjørkhaug

— Eg har ei sterk kjensle av å vere på rett plass her.

19


20

MITT RYFYLKE | FORSAND

>

Sonen Jonathan (8) er òg ivrig med i sykkelbutikken, her er han i full gang med å pakke ut og montere ein barnesykkel.

Til slutt ville Harald tilbake til Jørpeland og Ryfylke. – Eg ville heim igjen ja, eg ville kunne gå på butikken og seie hei til folk som såg meg. I storbyen opplevde me aldri det. Men å selje bedrifta i Oslo skulle vise seg å bli vanskeleg. – Me var i samtalar med Celina Middelfart og hennar selskap, og trudde verkeleg det skulle kunne gå i boks, og avtalen var utforma. Men ein franchiseavtale lagde problem, og Middelfart snudde. Dermed hadde me ingen kjøpar, me måtte berre lukke dørene og reise heim til Jørpeland. Me mista mykje pengar, men det var ingenting å gjere med det, seier Harald tankefullt. – Kva lærte de av det? – Eg lærte at det er langt viktigare ting i livet enn pengar og jobb. Det er klart det var surt då, me skulle jo heim, kjøpe oss hus og bygge opp eit liv her. Det er ikkje så enkelt når ein står i det, men det går jo bra.

Heime på Jørpeland kjøpte paret hus, og Harald fekk seg jobb i Hjelmeland Sparebank før han i 2011 fekk jobb som prosjektstyringsleiar i oljeselskapet Fabricom. Det vart fem år

— Menneskelege relasjonar fascinerer meg, det har dei alltid gjort. Eg vil gjerne gi ei hjelpande hand til andre [Harald Bjørkhaug]

i oljesirkuset før Harald mista jobben. – Eg forstod det tidleg, eigentleg etter første veka på jobb, og lurte på kor lenge eg fekk lov til å vere med. I slutten av 2016 rauk eg ut, og måtte gå nokre rundar med meg sjølv. Skulle eg ha ny jobb i sektoren måtte eg drikke mange kaffikoppar med personar i mitt ege nettverk, eller så kunne eg prøve noko heilt nytt. Eg hadde lenge hatt lyst til å bruke kroppen på ein annan måte i kvardagen, og sykkelin-

teressa har eg hatt med meg sidan konfirmasjonsalderen. Dermed kom ideen om sykkelverkstad og sykkelshop, og guiding av turar, då var valet eigentleg enkelt, tanken om å kunne vere «ei hjelpande hand» for andre kom like etter. I januar 2017 byrja livet som sjølvstendig næringsdrivande, med Preikestolen som den første arbeidsplassen. Han blei hyra inn av Stiftinga Preikestolen for å ta seg av turistar som kom på vinterstid til Preikestolen. Han møtte dei på parkeringsplassen, passa på at dei var godt nok kledde og følgde dei som ville det heile vegen opp. Han fekk tittelen fjellvoktar og hausta mykje ros for å bidra til at ein unngjekk ulukker og redningsaksjonar på den attraktive turiststien. I dag er han ferdig som fjellvoktar, men han leverer guida tenester til Boreal Travel, per i dag guida turar til Preikestolen. Her møter han turistar som har meir


MITT RYFYLKE | FORSAND

Harald Bjørkhaug satsar på sykkelbutikk og guida sykkel- og fjellturar. Livet etter arbeidsåra i oljenæringa har vore spanande.

>

mot enn kondisjon, dei som er for dårleg kledde til turen og dei som fint klarer seg på eiga hand. – Eg skulle guide eit ektepar frå Sør-Amerika som skulle til Preikestolen. Dei hadde kjøpt dyrt turutstyr, han var dataingeniør frå Guatemala, ho var frå Argentina. Eg såg det allereie i første kneika at han ikkje kom til å kome opp. Eg byrja allereie då å førebu han på at det kanskje ikkje var forsvarleg at han skulle nå toppen. Omtrent halvvegs foreslo gjesten sjølv at han ville snu, men ville at eg skulle ta med kona heilt opp. Ho snakka ikkje engelsk, men me la i veg, og den gleda ho viste då ho kom til Preikestolen og tre kjøtt-meisar sette seg i handa hennar for å ete mat, det var heilt utruleg. Då me kom ned igjen hadde mannen laga eit hjarta i snøen der han måtte snu. Det var så ekte og fint, slår Harald fast. Han hugsar også dei fire kinesarane som var tannlegestudentar i Tyskland, der hadde dei eigen tolk med seg til studiane, noko som viser at dei var vane med å leve eit liv i rikdom. – Når dei sto på Preikestolen og eg såg kor begeistra dei var, då tenkte eg : dette er ekte glede. Harald Bjørkhaug er ikkje berre sykkelmosjonist. Han har lang karriere bak seg med blant anna nesten siger i Fredagsbirken. Dagen etter blei det spurtoppgjer om klassesiger i det normale Birkebeinerrittet. Harald har også vunne MTB-pulja i Ryfylkerittet to gonger. Her heime er han stadig på jakt etter nye stiar for fjellsykling. I år sykla han også Master VM i terrengsykling i Andorra. Eit løp han har hatt

21

planar om i tre år, men på grunn av ein hektisk kvardag kom først sjansen i år. Då tok han med seg heile familien på løp, der eit av høgdepunkta var å treffe verdsmeister Gunn Rita Dahle, og mimre om sykkelmiljøet på Jørpeland. – Her fekk me oppleve seier til Gunn Rita, det er stort at ei godt vaksen dame frå Bjørheimsbygd vinn eit ritt i verdscup. Ungane fekk også møte verdsmeisteren i terrengsykling for herrar, Nino Schurter. – På grunn av at dette skulle vere ein familieferie, og ikkje berre handle om rittet så tok eg ikkje med eigen sykkel. Det skulle vise seg å ikkje vere så lurt, eg brukte jo fleire dagar for å finne meg ny sykkel der nede, det ordna seg i siste liten, seier Harald. – Men neste år er eg klar igjen. Det handlar berre om å setje av nok tid til trening, seier han. Som regel er han å finne på treningstur eller fjelltur, han slit ikkje ut fjernkontrollen i heimen for å seie det slik. Ein dag i 2010 sto Harald i gangen og tok på seg sko, då kona lurte på om han hadde lyst til å bli med på eit Alphakurs, som er eit introduksjonskurs

til kristendomen. – Eg svarte ja, mest for å sleppe meir mas. Kona mi har jo alltid hatt gudstrua, men tida i Oslo gjorde at ho kom gradvis på avstand frå den kristne fellesskapen. Halvvegs i Alphakurset så hugsar eg at eg tenkte: eg kan ikkje tru på at Gud eksisterer når alt dette vonde skjer i verda. Men det vart planta noko trygt og godt i meg, ein indre ro kan ein kanskje kalle det. Etter det kurset har eg fått eit ekstra verdisett som kristen, seier Harald. – Har du tvilt i etterkant? – Eg har ikkje tvilt på trua, men eg har tvilt på om trua gir eit enklare liv. Det er ikkje slik at livet mitt etter eg blei kristen har vore ein «dans på roser», livet har alt innhald, eigne vurderingar og eigne val. Tura og verdiane gir meg ein helt konkret retning i livet sjølv om det går litt opp og ned. Det er framleis vanskeleg å sjå på verda, seier han. – Kor er du om fem år? — Då har eg forhåpentlegvis ein hub med folk som bidreg i butikken og eg guidar turistar på sykkelturar, blant anna turar med el-sykkel både på Jørpeland og til Preikestolen. Eg håper også eg har en sykkel-kafe, sykling og kaffi høyrer saman.


Foto: JS Norge

STRAND VIDAREGÅANDE SKULE er ein kombinert skule, det vil seie at dei har både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Dette skuleåret har dei 560 elever og 34 ulike klasser. Skulen sin visjon er: Me får fram det beste i den enkelte.

GODT OG LOKALT SKULEMILJØ

Skulen tilbyr desse linjene: Elektrofag, Studiespesialisering, Helse og oppvekstfag, Idrettsfag, Tilrettelagt opplæring, Naturbruk, Teknikk og industriell produksjon, Service og samferdsle, Vaksenopplæring.

Ryfylke har to vidaregåande skular som har eit godt og variert utval av yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Både Sauda VGS og Strand VGS er opptekne av å ta godt vare på elevane. – Me er ein god skule der elevane får gode skuleresultat, fortel Oskar Waage-Pettersen, rektor ved Sauda VGS. Han viser til at dei har tydelege strategiar for å ta imot elevar på ein god måte. – Blant anna jobbar me med transportforhold, tilrettelegging av timeplanen, hybelhuset Campus med døgnbemanna vakttelefon, miljøarbeidar og tilsyn av skulen sine tilsette, seier WaagePettersen. Også rektor ved Strand VGS, Erik Danielsen, fortel at dei har arbeidd med kulturen over mange år. – Det å ha tru på elevane, møte dei med respekt og behandle dei som unge vaksne har vore det fundamentale. No er det blitt «allemannseige» blant alle våre tilsette, fortel Danielsen. Waage-Pettersen har tru på skulane i distrikta lettare kan engasjere seg i kvardagen til elevane enn ein kan ved dei større skulane. – Kvar enkelt elev blir sett, både på skulen og i fritida. Her har me mindre forhold både i klassar og på skulen i sin heilskap. Me har miljøarbeidarar som fylgjer opp elevane på private hyblar, det er viktig at elevane har det greitt også etter skuletid, meiner han.

– I tillegg er me opptatt av å tenke framover og prøve nye ting, fortel Danielsen ved Strand VGS og viser til det heilt nye konseptet med å tilby både samfunnsfagleg og realfagleg fordjuping innan havbruk for elevar på studiespesialisering. – Me må alltid vere i utvikling, og aldri kvile på laurbæra. Studiespesialisering med høve for havbruksfordjuping er me åleine om i landet, trur eg. Danielsen fortel at det aller viktigaste likevel er at elevane har det godt både med seg sjølv og andre i skulekvardagen. – Difor satsar me sterkt på miljøskapande tiltak som klasseturar og ulike fellesarrangement gjennom skuleåret. Trivsel er ein føresetnad for læring, meiner Danielsen. – Me har fått ein fordel med Sandsfjord bru, no kan elevane få bortebuarstipend som faktisk gir gratis hybel, kortare reisetid for elevar utover i Suldal og full fleksibilitet, der ein kan vere på hybelen dei dagane ein vil det, og heim når ein vil det, avsluttar Waage-Pettersen ved Sauda VGS.

RYFYLKE.NO #ryfylke


Foto: Sauda VGS

SAUDA VIDAREGÅANDE SKULE er ein kombinert skule med eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen er lokalisert på tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga på Lofthus og transportfagleg avdeling på Indre Birkeland ligg i Sauda kommune. Toppvolley Norge ligg på Sand i Suldal kommune. Byggfag har undervisning både på Lofthus og på Sand. Elevbustaden i Sauda har tretti hyblar i to etasjar. Seks av hyblane i første etasje er universelt utforma. Skulen tilbyr desse linjene: Bygg - og anleggsteknikk, elektrofag, helse - og oppvekstfag, Idrettsfag, Påbygg, Studiespesialisering, Teknikk og industriell produksjon, Tilrettelagt opplæring, Transport, Toppvolley Norge, Yrkes - og studiekompetanse.

Kristina (17), Suldalsosen, Studiespesialisering, Sauda VGS Grunnen til at eg valde Sauda VGS er fordi at det er nær heima, slik at det er mogleg å komma heim også på vanlege vekedagar. Eg hadde og høyrt mykje bra om andre skular, men eg fekk eit godt inntrykk av skulen i Sauda då me var der på hospitering. Difor var det naturleg å velje Sauda VGS. Sauda VGS er ein skule med godt miljø blant elevane, der dei fleste lærarar og leiarar er flinke og gjer ein god jobb for at me som elevar skal trivast. Dei strekker seg langt for at me skal få skulekvardagen vår så godt tilrettelagt som mogleg. Eg trur lokal VGS er undervurdert, og at alt som er lenger vekke ikkje nødvendigvis treng å vere større og betre.

Kristin Austarå (17), Suldalsosen, Studiespesialisering, Sauda VGS Eg går studiespesialiserande i 2.klasse. Eg valde Sauda VGS fordi skulen ligg nærme Suldal, der eg bur så de er lett å kome seg heim når ein vil. Eg meinte at det er ein kjekk skule med eit godt skulemiljø! Grunnar te at andre elevar bør velje lokal VGS er at ein får prøva hybellivet, men framleis ha sjansen til å pendle.

Lars Olav Nårstad Joa (18), Sjernarøy, Idrettslinja, Strand VGS Grunnen til at eg byrja på Strand VGS var meir at det var den enklaste løysinga med tanke på reise, og der kom eg inn. Eg syns det virka som ein god plass med godt miljø, og der tok eg iallfall ikkje feil! Idrettslinja på Strand VGS er veldig kjekk og knyter saman klassen godt, lærarane er flinke til å oppmuntre elevane til å våge og satse litt. Eg føler meg veldig heldig som 3.klassing.

Thor Magnus Vathne (18), Jørpeland, Studiespesialisering, Strand VGS Eg valde å gå på Strand VGS hovudsakleg på grunn av alle dei positive tilabakemeldingane eg har fått frå kjente når det gjeld skulen, og i tillegg til at den er i nærområdet er eit stort pluss. Grunnen til at eg valde studiespesialisering er mykje fordi eg trur det vil hjelpe godt til i framtida, det angrar eg ikkje på. Eg har aldri sett ein lærar på Strand VGS i dårleg humør, og elevane er alltid greie med kvarandre og inkluderande. Eit godt miljø, som hjelper betydeleg både på læringa og sosialiseringa. Omega Design

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand kommune

Strand

Hjelmeland

Suldal

Sauda

RYFYLKE.NO kommune kommune #ryfylke kommune kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.


24

MITT RYFYLKE | FORSAND


MITT RYFYLKE | FORSAND

25

100 ÅR MED KRAFT I Flørli har det vore kraftproduksjon i 100 år. No er det blåst nytt liv i kraftbygda og den imponerande historia skal fram i lyset igjen.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: LYSEFJORDEN UTVIKLING & LYSE

K

> Krafthistoria i Flørli er lang. (Foto: Lyse)

rafthistoria er ein viktig del av attraksjonsverdien som Flørli har, noko me jobbar med å få fram. Flørli må stå på eigne bein som turmål og skilje seg ut blant toppattraksjonane i regionen. Då har me trappene, unik plassering i Lysefjorden og krafthistoria som tre solide utgangspunkt. Me prøver å synleggjere og ta vare på desse, og utvikle tilbod til gjestene våre basert på det. Difor har me og store forhåpningar knytt til arbeidet som Lysefjorden Utvikling no skal gjere med historia om Flørli som levande kraftsamfunn, samt istandsetjing av turbinhallen, seier Hessel Haker. Haker og Oscar Zaalmink driv kafe i den gamle kraftstasjonen i Flørli, dei driv og hostel og pub i bygda. Bedrifta deira Flørli 4444 har også fått namn etter dei 4444 trappetrinna i bygda som er ein stor turistmagnet og blitt ei populær rute for dei som er glade i å gå i bratte fjell i Lysefjorden. Reiselivsbedrifta i Flørli har ope frå april til og med september og har hatt ein eventyrleg sesong i år. I hovudsesongen er dei fire tilsette, turistar frå heile Noreg er den vik-

tigaste gjestegruppa, men også mange utanlandske turistar finn vegen. – Bedrift, lag, familiefestar og vennegjengar vel stadig oftare å legge turen til Flørli. Me tilbyr eit jordnært og folkeleg reiselivsprodukt utan luksus, der godt stell, det sosiale og dei idylliske omgjevnadane står sentralt, fortel Hessel Haker. – Stadig fleire av oss bur i byar. Då er det lett å gløyme ut at Noreg inntil ganske nyleg hadde mange slike grender og bygder utan vegsamband, der primærnæringa og handverk var viktig. Krafthistoria og den industrielle utviklinga som følgde med var drivkrafta bak Noreg sin framvekst som industrinasjon og ikkje minst eit velutvikla bygde-Noreg. Skal ein forstå landet vårt, er samfunn som Flørli verdt å ta i betraktning for det står stor respekt av det folk fekk til for hundre år sidan. Det er ein stolt arv verdt å ta vare på, slår Hessel fast. I 1916 starta bygginga av Flørli kraftstasjon, som vart sett i drift i 1918. I 1927 kjøpte Stavanger kom-


26

MITT RYFYLKE | FORSAND

>

Det er stor skilnad på kraftproduksjonen i Flørli frå 1918 til 2018. (Foto: Lyse)

>

mune eigedomen og dreiv kraftstasjonen fram til Lyse tok over i 1992. I 1999 vart kraftstasjonen automatisert og dermed vart bygda fråflytt. Diskusjonane i etterkant har vore sterke på om ein burde rive den gamle kraftstasjonen eller ikkje. No har også Lysefjorden Utvikling mål om å vise fram krafthistoria i bygda på ein ny måte. – Me har vore i kontakt med dei som har jobba og dei som har budd i Flørli FLØRLI gjennom tidene. Me jobbar Flørli kraftstasjon vart sett i drift med å skrive i 1918. I 1999 vart kraftstasjonen autoned desse matisert og dermed vart bygda fråflytt. viktige histoNo er det på ny aktivitet i bygda og Lysefjorden Utvikling vil vise fram riene, målet krafthistoria på ein ny måte. er at ein skal få på plass ei utstilling i Flørli som viser det levde livet i bygda, fortel Åshild Hus i Lysefjorden Utvikling. Ho viser og til at utstillinga skal vere synleg over heile bygda, slik at gjestene skal møte drypp frå den gamle krafthistoria fleire stadar.

– Dette skal vere eit fotavtrykk frå den tida som har vore, og så er me jo glade for at det også i dag er liv i Flørli, Eg håpar at dei som ser utstillinga skal få eit innblikk i korleis det var å leve i ei veglaus grend langs fjorden her, seier Hus. Ho håpar utstillinga i Flørli kan vere på plass innan eit par år, og jobbar no med å få finansiering på plass. – Lysefjorden er ein magnet for turistar, ingen tvil om det. Det er truleg ei blanding av den mektige naturen som Preikestolen, Kjerag og Flørli, samt den sterke kulturhistoria som er her langs fjorden. Mange av gjestene som kjem vil gjerne teste eigne grenser, ein blir liten når ein går i desse fjella. Åshild Hus viser også til at dette prosjektet passar godt inn i strategien til Lysefjorden Utvikling framover, ikkje minst sidan Lysefjorden nyleg fekk Merket for berekraftig reisemål frå Innovasjon Norge. Merket er eit verktøy for å arbeide langsiktig for auka berekraft over tid. – Eg trur me har mykje å lære av fortida der dei klarte seg med eit særs enkelt liv, og med mykje mindre enn det me treng. På dette viset er me også med på å ta vare på natur- og kulturressursane våre. – På nokre av turistpunkta våre, som Preikestolen, Kjerag og Flørli kan me regulere straumen med folk, og legge til rette for at ein kan ta imot mange gjester. Andre produkt me har, til dømes å vandre rundt Lysefjorden, er slett ikkje for alle, og noko me kan spisse meir mot dei få. Det er i stor grad vandrarar og dei som vil oppleve naturen som besøkjer oss, slår Åshild Hus fast. – Krafta betyr mest der ho blir levert, ikkje der ho blir produsert. Slik er det i dag, og slik var det den gongen, fortel Tora-Liv Thorsen som har ei sterk interesse for lokalhistorie. – Kraftstasjonen var ein trygg og god arbeidsplass for folk frå 1917 til 1999, då den nye stasjonen inne i fjellet blei opna. Frå då av blei alt fjernstyrt frå Tronsholen, Lyse energi sitt hovudkontor. Der krafta fekk stor betydning var i Stavanger. Krafta som i starten var tenkt til eit tysk stålverk, blei frå 1917 levert til Stavanger kommune, og frå 1926 seld til dei for 3,75 millionar. Stavanger som var mellom dei fattigaste byane i landet etter århundreskiftet, fekk no ein oppsving. No kunne alle verksemder få tilgang på elektrisk kraft. Dermed blei byen og folket der løfta ut av arbeidsløyse, elende og knugande fattigdom, fortel Thorsen. Kraftstasjonen i Flørli er med maskinhallen, trallebanen, røyrgata og damanlegga på fjellet eit


MITT RYFYLKE | FORSAND

27

gedigent monument over dei slitarane som løfta eit heilt samfunn, meiner Tora-Liv Thorsen og viser til at anlegget i stor grad blei bygt med rå muskelkraft.

— Krafthistoria er ein viktig del av attraksjonsverdien som Flørli har [Hessel Haker]

Administrerande direktør i Lyse Produksjon AS, Bjørn Honningsvåg, er også imponert over den innsatsen som er lagt ned i Flørli gjennom tidene. — Det var nokre tøffingar som jobba med kraftproduksjon i den tida, når me skal til fjells på jobb tar me anten helikopter eller bil, her bar dei alt utstyr, det står det respekt av, meiner han. Honningsvåg fortel at det nye kraftverket i Flørli er plassert 750 meter inn i fjellet, og er fjernstyrt frå Lyse sin driftssentral på Sandnes. Når alt går utan problem er det arbeidsfolk berre innom ein gong i veka, for å sjå til alt. Når det er større vedlikehaldsjobbar på gong blir den gamle messa som Lyse har bruksrett til for å overnatte i trappebygda brukt. Honningvsåg er også oppteken av at dei først og fremst skal produsere straum, medan reiselivet skal dyrke Flørli som attraksjon. — Det betyr jo ikkje at me ikkje skal delta, me er ein aktør i Flørli me også, og me heiar på all næringsaktivitet som kan bidra til meir liv i bygda, slår Bjørn Honningsvåg fast. Tidlegare i år var det storstilt 100-årsfeiring i Flørli.

Tidlegare i år var det hundreårsfeiring i Flørli. Her presenterer Hessel Haker og Jorunn Stokka frå Stiftelsen Preikestolen flørli-ølet som er produsert av Lilland Bryggerihotell. (Foto: Lysefjorden Utvikling)

>

Frå fjorden og opp til Ternevatnet på 740 moh, måtte alt av sand, sement, stål, spiker, materialar, mat med meir berast på ryggen. Først under monteringa av røyrgata kunne dei ta ibruk trallebanen. – I Flørli finn me bustadar som er bygde i jugendstil og syner at det var eit tydeleg klassedelt samfunn. Her budde maskinmeisteren øvst oppe og i det største huset. Arbeidarane budde i fellesrom på brakker, seinare hus, heilt nede ved fjorden. I maskinhallen står ennå ein peltonturbin og ein generator, eit aggregat, som fortel sin del av industrihistoria. Røyrgata som blei klinka først, i 1916-17, ligg godt synleg, og var mellom dei lengste røyrgater av dette slaget. Tretrappa ved sida er verdas lengste med 4444 trinn. Den elektrisk krafta blei til stor vinning for landet, men vegen fram til straumen kunne leverast var lang. Flørli kan for all tid minna oss om dei som ofra både liv og helse, og løfta den unge nasjonen Noreg opp og fram. Difor må Flørli vernast som ein juvel ved Lysefjorden, meiner Thorsen.


Foto: Jarle Lunde / SuldalFoto.no

SULDAL K O M M U N

E

Eksotisk – Aktiv – Trygg

Kommunen du opplysningar om kommunen og aktuelle nyheiter.

Kompetanse

Kultur

Næringsliv

Suldal kommune trenge mange typar kompetanse. For ledige stillingar i Suldal kommune, ta kontakt med personalsjefen eller sjå ledige stillingar på suldal.kommune.no

Suldal har eit rikt kulturliv. For annonsering av ulike kulturtilbod og arrangement, sjå lokal annonsering i grendene, Suldalsposten eller suldal.kulturhus.no

Suldal har eit variert næringsliv. Her får du det meste av det du treng. Ta kontakt med Suldal Vekst AS eller sjå suldal.kommune.no

I Sauda er det vilje til vekst og utvikling, noko som viser godt igjen. Folkets Hus er ei unik blanding av moderne kulturhus og nasjonalt kulturminne. Frå 20. september skal me feira opninga av storstova vår i ei heil veke. Velkommen til Folkets Hus – Folkets fest. Hausten i Sauda byr på fine turar i fjellet og i nærområda. Bruk sentrum som base og nytt deg av dei merka løypene som startar frå varden utanfor Saudahallen, eller ta dalføra og dei mange nutane i bruk. Velkommen til Sauda – heile året – heile tida.

Omega Design Foto: Terje Hodne, Sauda ferie & fritid

Tett på dei gode opplevingane


TOYOTA HILUX InvincibleX ! YHET

EN GROVARBEIDER FULLASTET MED FINESSER

N

HILUX RUNDER 50, OG KOMMER NÅ I EN ROBUST JUBILEUMSUTGAVE MED NYE DESIGNDETALJER OG SORT INTERIØR MED SETER I PERFORERT SKINN. PRISEN INKLUDERER AUTOMATGIR. TOYOTA HILUX SR+ INVINCIBLE X FRA 483. 500 INK MVA,-

Sørvest

*Inklusive frakt,hjuloppheng dintitrolbehandling,full tank,lev.og reg.omk.Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: fra 0,70 l/mil, fra 185 g/km, fra 82,2 mg/km. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.

Toyota Sørvest AS toyotasorvest.no

Vestre Svanholmen 9–11 4313 Sandnes Tlf.: 51 82 25 00

trapper • dører • vindu • listverk tlf: 52795216 post@eroyvik.no eroyvik.no

Ledige næringstomter – ta kontakt.

Utvalget er stort – valget er ditt Foto: Kim Saatvedt

Tau Næringspark as Nordmarka, 4120 Tau Tlf. 909 75 915 E-mail: hogne@taunaeringspark.no Nettside: www.taunaeringspark.no

Fornye badet?

Jøssangvegen 12, 4100 Jørpeland – 51749040 – vb.no


30

MITT RYFYLKE | FORSAND

> Gjestene hjå Hauane Bed & Breakfast finn roen i vakre omgjevnadar i Lysebotn.

Oppreidde senger og varm mat freistar mange fjellfolk til å stoppe på Hauane Bed & Breakfast. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: TOR IVAR LYSE

Historie i veggene

M

idt mellom dei dramatiske fjella i Lysebotn ligg eit kvitt, gamalt og flott våningshus omkransa av raudmåla løe og eldhus. Kjell Jostein Lyse er femte generasjon på garden, og saman med kona Aud Eli Lyse opnar han dørene i heimen sin for fjellglade turistar gjennom heile sommarsesongen. – 95 prosent av gjestene våre skal jo gå til Kjerag. Den typiske turisten som kjem her er glad i å gå i naturen, og ynskjer å vandre i fjella her, seier Kjell Jostein. Fleire kjenner han kanskje igjen som mannen som tok imot Lars Monsen då han i eit tv-program skulle finne vegen i ukjent terreng. På ein av dei turane kom han nettopp ned til Kjell Jostein i Lysebotn. Hauane Bed & Breakfast har oppreidde senger i fem utleigerom, god og smaksrik frukost blir servert, her kan ein pakke næringsrik matpakke til fjellturen og no kan ein også bestille seg middag. Aud Eli er kokka på kjøkkenet og diskar opp med freistande trerettarsmenyar. Huset på garden er bygd i 1855, så det

er mykje kulturhistorie som blir formidla til dei gjestene som er interesserte. Kjell Jostein overtok garden etter ein grandonkel i 1999. – Eg tenkte ei stund på det, frykta at det skulle bli mykje jobb, bygningane var ikkje i god stand, her var det berre å brette opp ermane og starta opp,

— Det er det viktigaste for oss, at gjestene trivst. [Kjell Jostein Lyse]

fortel Kjell Jostein som då hadde trygg og god jobb i eit helikopterfirma. Han starta med oppussing på garden, slekt og venner stilte og opp på dugnad kvar vår for å hjelpe til. – Så byrja Aud Eli og studere, og fekk plutseleg lange sommarferiar som ho gjerne ville gjere noko utav. Ho pussa opp eit rom som ho byrja å leige ut på sommaren i dei åra ho var student. Så måtte me ta eit val, skulle me gjere meir ut av dette? Helikopterfirmaet som Kjell Jostein jobba i valde å flytte avdelinga si over

til Aberdeen, det var sjansen han fekk til å byrje med noko nytt. – Då hoppa eg av, og sa at eg heller ville utvikle garden her inne i fjorden, seier Kjell Jostein som ikkje angrar på det. Drivkrafta vår er alle dei nøgde gjestene me har hatt her. Dei fleste gjestene er utanlandske, og dei bestiller tidleg. Allereie er det komne inn mange bestillingar for neste sommar. Nordmennene som kunne tenkt seg ein tur til Lysebotn sidan sola skin finn ofte ut at det ikkje er ledig rom på Hauane. – Sosiale medium som TripAdvisor er viktig for oss, her får folk fortalt korleis dei har det her og så vil andre lese og la seg freiste til å ta turen. – Det er fantastisk å bu her, skriv ein av gjestene som forklarer at han fekk ferdig frukost servert før han tok ut på fjellturen klokka 6 på morgonen. – Det er det viktigaste for oss, at gjestene trivst. Eg trur eg hadde slutta viss eg hadde møtt ein sur og grinete gjest, det har faktisk ikkje hendt på alle desse åra, slår Kjell Jostein fast.


MITT RYFYLKE | FORSAND

31


32

MITT RYFYLKE

Populær arkitektrundtur i Ryfylke Med spydspissane i det arkitektteikna Energihotellet på Nesflaten i Suldal og sinkgruvene i Allmannajuvet i Sauda tilbyr Nasjonal turistveg Ryfylke ein arkitekturrundtur som byrjar å vise godt att på turistkartet. TEKST: ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND

O

pprinneleg gjekk turistvegen i Ryfylke frå Lysefjorden i sør og opp til Røldal. I 2016 kom ein ny rundreis nord i Ryfylke med på strekninga. Den nye delen går frå Sand til Røldal om Nesflaten. Ein av attraksjonane som har trekt godt med turistar og som har hatt ein betydeleg vekst i besøkstal det siste året er det gamle gruveområdet i Allmannajuvet, som var i drift på slutten av 1800-talet. I 2016 opna bygga teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Besøkstala frå besøkande i sinkgruvene sommaren 2017 ut august 2018 var nyleg klar, og syner ei solid auke på 40 prosent. Frå mest 11 200 besøkande i 2017 til nær 16 000 i 2018.

Høse bru Suldal Høse bru ligg i Sand som er administrasjonssenter i Suldal. Suldal er ein av dei store kraftkommunane, og bygdeturisme, bergverk og fiskeoppdrett er no for tilleggsnæringar å rekne. Høse bru er ei gangbru over Suldalslågen. Den lyser vakkert opp i mørke haust- og vinterkveldar, og leier til turområdet på den andre sida av lågen. Arkitekt: Rintala Eggertsson Architects (Kjelde: nasjonaleturistveger.no)

Sauda Ferie & Fritid har stått for turane og har tilbydd tre guida turar dagleg med maks 15-20 personar på kvar tur. Berre sidan oppstarten av tilbodet med å tilby guida tur Allmannajuvet i Sauda i juni, har nærare 2000 personar nytta seg av tilbodet. – I snitt har 30-40 personar vore inne i gruvene kvar dag i sommarsesongen, som hadde sitt høgdepunkt i juli/august, fortel Fredrik Fløgstad. Han er strekningsansvarleg for Ryfylke, Jæren og Varanger i Statens Vegvesen. Ragnar Fosstveit er dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid og prosjektleiar for strekninga på vegne av lokale aktørar. Han er glad for veksten og ser ei positiv utvikling sommarstid for næringslivet i Sauda. Han merkar òg ein tydeleg tendens til at fleire er opptekne av gamal og ny arkitektur. – Men det er viktig for kommunane å vera berekraftige året gjennom, og at ein heile vegen må

Allmannajuvet Sauda Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899. I denne perioden vart det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggetradisjon som huser forteljinga om gruvene. Attraksjonen består av eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper. Arkitekt: Zumthor & Partner (Atelier Peter Zumthor & Partner). (Kjelde: nasjonaleturistveger.no)


33

MITT RYFYLKE

>

Bygningane i Allmannajuvet i Sauda er laga i ein industriell byggetradisjon og teikna av arkitekt Peter Zumthor, og huser forteljinga om gruvene. (Foto: Fredrik Fløgstad/Statens Vegvesen)

sjå på grep for å tiltrekka seg turistar uavhengig av årstid, understrekar Fosstveit. I tillegg til Allmannajuvet inngår Stavkyrkja i Røldal, Høse Bru i Suldal og Svandalsfossen i Sauda med 540 trappetrinn opp langs fossen i arkitektrundturen Nord i Ryfylke. Målet med arkitekturrunden er i følge Fosstveit å ta i bruk eksisterande bygningar og vegar, og på sikt må ein vurdere kva som skal med. – Me har fleire strenger å spela på lokalt, som Sauda Fjordhotell i Jugendstil, Åbøbyen som Ryfylkemuseet driftar og den nedlagte kraftstasjonen Stasjon III, fortel han. På sikt må me vurdere kva som skal i tett samarbeid med Reisemål Ryfylke, Fjord Norge og Nasjonale Turistvegar, understrekar Fosstveit. I følge Fløgstad er det i tillegg til den nyleg opna rasteplassen Ostasteidn i Suldal fleire prosjekt på blokka i Ryfylke for Nasjonale Turistvegar. Ei oppgradering av trappene i Svandalsfossen er planlagt ved hjelp av Sherpaer, for å sikre ein meir solid veg ved flom i vinterhalvåret. I Forsand har Fløgstad Høllesli som neste store prosjekt i samarbeid med Forsand kommune. Her skal eit nytt utkikks- og fotopunkt innover Lysefjorden byggast i 2019. Det er Lie Øyen arkitekter som står for utforminga av den nye attraksjonen, fortel Fløgstad. — Vi ser at satsinga vår har noko for seg. Dei nasjonale turistvegane med arkitektur fungerer som fartsdumpar, som gjer at folk blir verande lengre. — Vi får veldig god tilbakemelding i heile landet på at det er eit godt tilbod, som òg er gratis og tilgjengeleg for alle. Det einaste som kostar noko for turistane er dei guida turane. Desse må til for å sørge for sikker ferdsel, særleg i rasutsette område, som i Allmannajuvet, understrekar Fløgstad.

Svandalsfossen Sauda Svandalsfossen er eit mektig syn når vassføringa er stor. Trappene med 540 trinn gir nærkontakt med storfossen og den frodige og trolske vegetasjonen som kjenneteiknar området. Arkitekt: Helge Schjelderup, Arkitektkontoret Schjelderup & Gram Arkitekt: Haga & Grov AS Sivilarkitekter MNAL (Kjelde: nasjonaleturistveger.no)

Nasjonale turistveger Det er per dags dato 18 turistvegar i Noreg. Statens Vegvesen er ansvarleg for å utvikla attraksjonen Nasjonale turistvegar med vegdirektøren som eigar. For å sikra høg kvalitet av turistvegarbeidet har Statens Vegvesen knytta til seg eksterne faglege råd. Eit av desse er Arkiteturråd, som skal sikre høg visuell kvalitet på utsiktspunkt og rasteplassar langs strekninga. Ei av dei atten strekningane er reisa langs turistvegen i Ryfylke. (Kjelde: nasjonaleturistveger.no)

Arkitekturrundtur langs nasjonal turistveg Ryfylke Rundturen går gjennom Suldal, Sauda og Røldal, der ein får oppleve historisk arkitektur i verdsklasse i eit spektakulært landskap. Høgdepunkt på ruta er Allmannajuvet i Sauda av Peter Zumthor og Geir Grungs arkitektur for Røldal Suldal kraft i Nesflaten. Arkitekturveien har den beste samlinga av arkitektoniske verk i fjord Noreg og er den einaste turistruta i Noreg med både moderne og historisk arkitektur i løpet av ein dagstur. Ruta er en del av nasjonal turistveg Ryfylke. Røldal Stavkirke, er datert tilbake til 1200-tallet. (Kjelde: visitnorway.no/listings/arkitekturrundtur)

(Energihotellet på Nesflaten Foto: Stig Jensen)


Le d

i

s s a l gp

Besøk oss på VGS-dagene

Naturbruk hest, landbruk og anleggsgartner STUDIEKOMPETANSE

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

Tlf. 52 77 48 50 / kontor@tveit.vgs.no

www.tveit.vgs.no

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no

Tillit til oss, gir tillit til dere. Kom til oss om du treng hjelp med grunnarbeid på tomta di.

Industrivegen 54 • 4110 Forsand www.qlab.no • Tlf: 51 70 08 70

Solid arbeidskraft når du trenger det • Grunnarbeid på tomt og veg • Boring og sprenging • Containertransport e-post: of.as@suldal.com - tlf. 52 79 91 86/992 29 084 - www.of-as.net

Bygdeservice er flere bønder som har dannet et felles foretak som yter tjenester til kommuner, bedrifter, privatpersoner og andre. strand.bygdeservice.no Tlf. 920 12 150 4120 TAU


35

MITT RYFYLKE

VIL HA BLÅGRØN FRAMTID Tove Sivertsen meiner det blir viktig at Finnøy og Rennesøy får viktige roller innan blågrøne næringar i nye og utvida kommunen Stavanger. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: PRIVAT

S

ivertsen er ny dagleg leiar i Ryfylke Næringshage på Finnøy og gler seg no til å bidra til å utvikle veksten i lokalt næringsliv. Aller mest ynskjer ho at næringshagen kan bidra til ei betre utvikling i aktuelle næringar. – Me skal vere ein tilretteleggar og pådrivar for kunnskaps- og næringsutvikling i Ryfylke, med hovudfokus på landbruk og havbruk som lokalmat, i tillegg til reiseliv og kultur, slår den nye sjefen fast. – Næringsutvikling, nettverksbygging og mobilisering blir langsiktige tiltak med fokus på blågrøne næringar. Me må i fellesskap definere rolla vår i store og nye Stavanger. Me skal gjere vårt for å bidra til at Rennesøy og Finnøy opprettheld viktige roller innan blågrøne næringar inn i den nye kommunen, meiner Sivertsen. Sjølv har ho bakgrunn som forretningsutviklar med mykje fokus på kjøpesenterutvikling, sameige og byutvikling. Ho har lang erfaring frå M44 på Bryne, først som marknadskoordinator og etter det seks år som senterleiar. I tillegg er ho engasjert i Stavanger Turistforening som turleiar og styremedlem. I tillegg til ein MBA med spesialisering i internasjonal leiing har ho også til dømes fagbrev som blomsterdekoratør. Ho kjem frå ein gartnarfamilie, og i mange år dreiv

ho blomsterbutikk i Madlakrossen. – Eg er vel eigentleg ein globetrotter og friluftsentusiast, slår Sivertsen fast. – Me arbeider både med etablerarhjelp for gründerar, arbeid med eksisterande næringsliv, prosjektarbeid og ikkje minst ungdom og entreprenørskap. For tida er me engasjerte i spanande prosjekt som Mathuset, Rogaland Havbrukspark, sentrumsutvikling av Judaberg, konseptutvikling Rygerdronningen for Rødne, Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist, samt Fjellam frå Ryfylke. Mykje av arbeidet i Ryfylke Næringshage handlar om mat, ikkje overraskande er dei også engasjerte i fagdagen på den årlege Tomatfestivalen på Finnøy. – I samband med Tomatfestivalen sette me fokus på sirkulærøkonomi og bioenergi. Me trur det blir kjempeviktig for Ryfylke viss me framleis skal ha ei berekraftig utvikling inn i framtida. Ryfylke Næringshage har også etablert ein node i Bjerkreim Næringshage. – Her har me på kort tid klart å mobilisere næringslivet til å tenkje samarbeid og vekst. Det blir jobba mykje med nettverksbygging, blant anna med uformelle leiarlunsjar og inspirasjonsmøter. Målet er å inkludere Lund og Sokndal etter kvart, fortel Sivertsen.

Ryfylke Næringshage er opptekne av å jobbe strategisk for å bli blågrøn næringshage. – Me ligg i Ryfylke, her blir det jobba mykje med landbruk og havbruk. Ryfylke Næringshage er også ei samlokalisering av fleire bedrifter, der dei fleste har fokus innan dette området, fortel ho. – Målet vårt er at me skal vere endå meir bevisste på å knyte til oss ressursar som kan vere med å løfte og vidareutvikle dei blågrøne næringane. Ryfylke Næringshage blei stifta i 2007, og er ein del av det landsdekkende næringshageprogrammet til Selskapet for industrivekst (SIVA). Dei har fire tilsette og samlokaliserer 14 bedrifter i næringshagen på Judaberg.

Tove Sivertsen

(54)

Bur: På Tasta, no med orkesterplass til utbygginga av E39 Sivil status: Åleine, men mor til tre flotte vaksne barn som alle har flytta ut Aktuell: Ny dagleg leiar i Ryfylke Næringshage på Finnøy


Filter design har endra namn til Omega Design Me jobbar fram målretta løysingar for digitale og trykte flater. Du finn oss i Ølensvåg, på

Sand, i Sauda og på nett, omegadesign.no.

DESIGN

KOMMUNIK ASJON

IT & DRIFT

INNHALD

NET TSIDE

KURS


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.