Skulebiblioteka i Suldal

Page 1

SKULEBIBLIOTEKA I SULDAL


EIT EKSTRA

«FRIMINUTT» Klassen kjem inn i biblioteket og deler seg fort i to. Dei ivrigaste lesarane veit kva dei vil ha. Even søkker ned i sofaen med den nyaste Cherubboka. Mari går og dreg fingrane langs bokhyllene. Ho gler seg aller mest til lesestunda som snart skal starta. Ho skal eigentleg slutta å suga på fletta medan ho blir lest høgt til, men ho greier det ikkje heilt. Læraren som følgde dei inn har fått auge på bøkene om akvariefisk som ligg klare og ventar han. Biblioteket fungerer som eit «pusterom» for mange elevar. Bibliotekarar er jo ikkje lærarar, og biblioteket er ikkje eit klasserom. For somme kan det vera lettare å snakka med bibliotekaren enn med ein lærar, og bibliotekarane har sjølvsagt same teieplikta. For skulebibliotekaren er kontakten med elevane ein bonus i arbeidskvardagen.

SKULE + K E T O I BIBL = BRA!

Alle skulane i Suldal (unntatt Vanvik) har eigne, utdanna bibliotekarar på skulebiblioteket. Skulebibliotekaren har nett dei same oppgåvene som andre bibliotekarar, med innkjøp, utlån, registrering, henting og bringing mellom filialane, bokmeldingar og utstillingar. I tillegg bruker skulebibliotekaren mykje av tida si på å samarbeida med skulen og leggja til rette for både dei unge lesarane og for lærarane deira.


HER ER BOKA DI

Ein ti år gammal turnar og ein fjortenårig flogefiskar kan ha svært ulike preferansar som lesarar. Skulebibliotekaren si oppgåve er å hjelpa med å finna rett bok til rett lesar. Skulebibliotekaren er ein viktig ressurs for dei unge lesarane. Gjennom rettleiing, lesestimulering og høgtlesing, både i klasserom og på biblioteket, hjelper skulebibliotekaren elevane til å bli ivrige og engasjerte lesarar. Skulebibliotekaren har gode nettverk og held seg oppdatert på barne- og ungdomslitteratur. Det er ikkje motiverande å lesa gamle bøker!


AKVARIEFISK OG ANDRE VERDSKRIGEN Når klassen skal ha tema og prosjekt, kan biblioteket finna aktuelle bøker og filmar. Det me ikkje har, det skaffar me. Skulebiblioteket lærer dessutan elevar og lærarar å bruka utlånssystemet. Skulebibliotekaren samarbeider med norsklæraren om leseprosjekt og markeringar som Nordisk leseveke, Verdas bokdag, Sommarles, Leselyst og Leseland. Skulebiblioteket erstattar vikar i klassane ved behov, ved at klassar kjem til biblioteket. Skulebiblioteket legg til rette for at elevane får sine faste timar i veka.

Mari ser at bibliotekaren ser på dei. Med det blikket som seier at nå må de høyra på meg. Mari kjenner ho må le. Er det lov å le høgt på biblioteket? Bibliotekaren klappar i hendene og fangar merksemda til nesten alle. – Eg er ein lesegledar, seier ho høgt og blidt. – Er det nokon her som veit kva det er?

EG

NYNORSK

Bibliotekaren på Sand skule har nå fått kursing som «nynorsk lesegledar» frå fylkesbiblioteket. Ein «nynorsk lesegledar» er ein bokelskar som held seg ekstra oppdatert på nynorske bøker, og som jobbar med å spreia nynorsklesegleda si vidare. Lesegledaren kan også ta oppdrag på andre skular, og i andre lag og institusjonar.


MEIR ENN

SKULEBIBLIOTEK BARNEHAGANE har fast lånetid på dei fleste kombinasjonsbiblioteka, med høgtlesing for gruppene som kjem. Dei låner mange bøker med seg. Skulebiblioteket på Sand er ein viktig ressurs for VAKSENOPPLÆRINGA. Etter skuletid er biblioteket på skulane ope for «vanleg» publikum og fungerer då som eit vanleg FOLKEBIBLIOTEK. Stort sett er filialane godt besøkte, både av småbarnsfamiliar og vaksne lånarar. Skulebiblioteka SAMARBEIDER med hovudbiblioteket om prosjekt, til dømes Sommarles og Teknologidag. Fleire lag og organisasjonar har også MØTESTADEN sin på biblioteket.

HYSJ! – Er det lov å le høgt på biblioteket, spør læraren. Skulebibliotekaren smiler roleg og fortel at det er mykje som er lov på biblioteket. Spøta, for eksempel, slik dei gjer på spøtekafeen på filialen på Nesflaten. – Bygdekvinnelaget på Suldalsosen har bokmøte ein gong i månaden, då er kollegaen min der og fortel om nye bøker. – Så då er ho òg ein lesegledar då? Det er Even som lurar. – Kva trur du, Even. Er me ikkje lesegledarar, alle?


Omega Design Illustrasjoner: Pixabay

SLIK GJER ME DET I SULDAL Skulebiblioteka i Suldal er kombinasjonsbibliotek. Det betyr at dei også har ope ein kveld i veka for publikum. Sand har hovudbiblioteket på Kulturhuset. Alle biblioteka i kommunen høyrer inn under Ryfylkebiblioteket (Suldal, Sauda, Strand, Finnøy, Forsand, Hjelmeland). Det er eining for kultur i Suldal som kjøper inn og betalar for bøkene til skulebiblioteket. Det inneber at bøkene på skulebiblioteka våre er ein del av fellesbasen til Ryfylkebiblioteket og dermed tilgjengeleg for alle lånarar. Andre bøker skulen ønskjer å ha, må dei ta på sitt eige budsjett. Her finn du skulebiblioteka i Suldal:

ryfylkebiblioteket.no/bibliotekfilialer-i-suldal


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.