Røldalsmagasinet 2018 issuu

Page 1

#fjelltur #trolltunga #preikestolen #hardangervidda #fossfjordogfjell #røldalskisenter #langrenn

HYTTEDRAUMEN

I RØLDAL

MAT OG DESIGN

PÅ SKYSSTASJONEN

PORTRETTET

HÅKON WIDDING

RØLDALSMARKNADEN 22. – 24. JUNI 2018

2018

Røldalsmagasinet


Les meir om

programmet

Program

s. 25-31

Fredag 22. juni 20.00 20.00 22.00 22.00

Kva Kvar Kjellen frå Klypa Show + talkshow med Oddbjørn Lynghammer .....................................................................................Grendahuset Røldalsgarasjen opnar ..........................................................................................................................................................................Røldalsgarasjen Dans med Markhus Duo .......................................................................................................................................................................Grendahuset Konsert/Dans med Pakkers Trio .......................................................................................................................................................Røldalsgarasjen

Lørdag 23. juni 10.00 10.00-17.00 10.00-17.00 11.00-17.00 12.00 12.10 13.00 13.00 14.00 15.00 16.00 17.00 20.00 22.00

Kva Kvar Utstillingane opnar .................................................................................................................................................................................Marknadsplassen Ansiktsmåling for born ..........................................................................................................................................................................Marknadsplassen Rakettverkstad med Linda Liem (Gratis).......................................................................................................................................Marknadsplassen Helikopterturar med Airlift (Obs! Værforbehold) - 8 min. ..................................................................................................Seimsbøen Offisiell opning av marknaden ..........................................................................................................................................................Marknadsplassen Kåring av «Årets markedsførar» på sosiale medier ...............................................................................................................Marknadsscena Mininkonsert med visesongar Olav A. Ringhus ........................................................................................................................Marknadsscena Eventyrstund - Forteljingar for born v/Else Marie Sandal ..................................................................................................Lavvoen Foredrag og demonstrasjon om ølbrygging på gamlemåten v/Åge Paulsen..............................................................Marknadsscena Minikonsert med Åsne & Kari Vinjerui ..........................................................................................................................................Marknadsscena Auksjon på Skysstasjonen ...................................................................................................................................................................Skysstasjonen Utstillingane stenger Røldalsgarasjen opnar............................................................................................................................................................................Røldalsgarasjen Konsert med Rotlaus...............................................................................................................................................................................Røldalsgarasjen

Søndag 24. juni 11.00 11.00 11.00-17.00 11.00-17.00 12.00-16.00 12.00 13.00 14.00 15.00 16.00 16.15 17.00

Kva Kvar Gudsteneste i Røldal Stavkyrkje........................................................................................................................................................Røldal Stavkyrkje Utstillingane opnar .................................................................................................................................................................................Marknadsplassen Rakettverkstad med Linda Liem (Gratis).......................................................................................................................................Marknadsplassen Ansiktsmåling for born ..........................................................................................................................................................................Marknadsplassen Helikopterturar med Airlift (Obs! Værforbehold) - 8 min. ...................................................................................................Seimsbøen Eventyrstund - Forteljingar for born v/Else Marie Sandal ..................................................................................................Lavvoen Minikonsert med Skakkekoret ...........................................................................................................................................................Marknadsscena Bygdevandring - ved Røldal Historielag/Oddbjørn Lynghammar.....................................................................................Marknadsscena Avslutningskonsert med Røldalskamaratane ............................................................................................................................Marknadsscena Kåring av beste stand 2018 .................................................................................................................................................................Marknadsscena Trekning av Marknadslotteri ...............................................................................................................................................................Marknadsscena Røldalsmarknaden 2018 stenger PRAKTISK INFORMASJON Opningstider, Marknadsplassen: Laurdag: 10-17. Søndag: 11-17. Billettar: inngong: Vaksen nok 100,- / Born 6-15 nok 50,- / Barn under 6 år gratis. Familierabatt Parkering: Nok 30,Kjøp billettar på førehand: inngong og parkering. Betal via Vipps: 17951 Uttak kontantar: Minibank på Grendahuset Sjå all info på www.roldalsmarknaden.no

kontaktinformasjon Røldalsmarknaden Bygdavegen 19 5760 Røldal post@roldalsmarknaden.no Vidar Lund, Marknadskoordinator vidar@roldalsmarknaden.no 934 58 889

Jostein Skeie, Styreleiar josssi95@gmail.com 976 07 280

www.roldalsmarknaden.no 2

røldalsmagasinet 2018


frå leiinga

Tradisjonsrik folkefest

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Redaksjon: Judith Sørhus Litlehamar

Redaksjon: Maria Djuve Vågen

Senior desginar: Irene Landa

Designar: Erich Monteiro

Designar: Terje Hodne

Me er særs glade for å kunne ønske velkommen til nok ein Røldalsmarknad. Årets utgåve er nummer 27 i rekka. Dette tradisjonsrike arrangementet har etterkvart blitt eit «must» for folk i regionen å få med seg. For bygda Røldal er det viktig med eit slikt arrangement der dei fleste innbyggarane er involvert på eit eller anna vis. Dugnadsånda lever i beste velgåande, noko som gjer at det framleis er mogleg å gjennomføra eit godt arrangement. Årets marknad inneheld mykje av det same som før, utstillingar og underhaldning på Idrettsplassen laurdag og søndag, humorinnslag på grendehuset fredag, konsertar og dans på Røldalsgarasjen fredag og laurdag. Det blir altså i pose og sekk, med fest og moro for heile familien. Nytt av året er stort telt på tennisbanen. Me tek høgde for vêr og vind, og håper dette blir ei grei løysing uansett om sola skin eller ei. Årets store namn på underhaldningsfronten er bandet «Rotlaus» som er blitt eit av dei heitaste namna innan countryrock-sjangeren her i Noreg. Me forventar fult hus og stormande jubel på «Garasjen» laurdags kveld. Me har også store forventningar til standup showet til «Kjellen Bigset», den noko utagerande «ferjebillettøren» i frå Sunnmøre. Han opptrer på grendehuset fredagskveld. Til sist må me ikkje gløyme den viktigaste ingrediensen i Røldalsmarknaden, nemleg utstillarane. Her har me sett ei fin utvikling dei siste åra, med fleire og varierte kvalitetsutstillarar. Med nærare 100 utstillarar på plass, har me eit godt utval for dei fleste. Då vil me berre seie «velkommen til gards» og så sjåast me i Røldal St. Hanshelga. For Røldalsmarknaden og styret

Designar: Marianne Ågotnes

Annonseansvarleg: Christine Rødne Brataas

Jostein Skeie Styreleiar

Vidar Lund Koordinator

Fotograf: Jan Nordtveit

Prosjektleiar: Vidar Lund Utgjevar: Røldalsmarknaden

innhald

Filter design & kommunikasjon står for konsept, utvikling og produksjon av magasinet, i samarbeid med Røldalsmarknaden.

2 program Kva skjer under marknaden?

Magasinet blir distribuert i kommunane Odda, Ullensvang Herad, Sauda, Suldal, Vinje og Jondal, Vindafjord, Etne. Opplag: 15.500 Trykk: Haugesund bok & offset Framsidefoto: Fotograf Nordveit

3 leiinga Tradisjonsrik folkefest

turdagar 8 Nyt i Røldal 20 Portrett Håkon Widding av 14 Gründerfamilie på Shell 25 Smak programmet

takter Reiseliv 5 Nye på Skysstasjonen 18 med historie

31 Utstillarliste Røldalsmarknaden røldalsmagasinet 2018

3


Dei som har kjøpt Tungesvik Hytto veit å nyta dagane ...

Har du eiga tomt? Me deler gjerne våre erfaringar og teiknar forslag.

• • • • •

Langedalen/Solfonn og Hordadalen/Røldal Molnes og Sandvik (Etne kommune) Ænes (Kvinnherad) Espenes (Sveio) Valldal (Røldal)

Enkelttomter i ulike områder. Me har heile tida ferdige hytter til salgs.

Å ha gode dagar er noko alle ønskjer seg Etter 40 gode år på «hytto» veit me litt om livet der. Tungesvik Hytto har me produsert og levert til over 1.500 glade eigerar og «slekter».

Kontakt oss i dag og få gode yttedagar du også. 53 77 15 40

4

tungesvikhytto.no røldalsmagasinet 2017

Tungesvik Hytto er produsert og levert av Tungesvik Bygg - Skånevik

Vinnarskalle.no

Våre eigne hyttefelt/tomter:


Skysstasjon i moderne drakt Gjestene på Skysstasjonen i Røldal kan sitje på knallgule stolar medan dei et søndagsmiddagen. Dei kan også handle ekte designklede eller saueskinn frå Austevoll. Det nye vertskapet, Randi Elin og Eilif Kolbeinshavn ynskjer mest av alt å gi gjestene ei god matoppleving.


Randi Elin og Eilif Kolbeinshavn gler seg over travle dagar på Skysstasjonen. Aller mest ynskjer dei å gi gjestene ei god matoppleving.

Skysstasjonen Kro & Camping AS

Randi Elin og Eilif Kolbeinshavn overtok Skysstasjonen i fjor sommar, her driv dei restaurant, catering og campingplass midt i Røldal. Dei tok over drifta etter Oddbjørn Lynghammar som dreiv firmaet i 20 år før han selde. Skysstasjonen har ope kvar dag og tilbyr både lunsj– og middagsrettar. På campingplassen har dei 9 hytter og plass til om lag 30 bubilar eller campingvogner. - Røldalsmarknaden er eit viktig arrangement som betyr mykje for bygda. Me håpar det blir fulle hus her den helga, slår ekteparet fast.

Randi Elin Kolbeinshavn (43) opnar dørene og ynskjer velkommen inn på Skysstasjonen, alt er klart for å opne dørene for nok ein ny dag i restauranten. Sjølv om vårsmeltinga har sett sitt preg ute, kan ho lose svoltne gjester inn i ein varm og koseleg atmosfære. Det er ikkje meir enn eit knapt år sidan ho og mannen Eilif Kolbeinshavn (52) flytta frå Austevoll for å etablere seg i barndomsbygda til Randi Elin. I Austevoll dreiv Randi Elin, som er utdanna kokk, sitt eige cateringfirma, mannen Eilif arbeidde som maskinsjef på båt, og var dermed mykje vekke. Så dukka finn-annonsa opp, der det sto at Skysstasjonen i Røldal var for sal, og ideen om å ta over serveringsstaden vart planta i Randi Elin. Mange har eit forhold til Skysstasjonen, og ikkje minst til den tidlegare eigaren og drivaren Oddbjørn Lynghammar, som er som ein legende å rekne i fjellbygda Røldal. - Det er klart denne staden har betydd mykje for Røldal, det er mykje å ta vare på her, meiner ho. Randi Elin hadde ikkje behov for lang tenketid, 25 år etter at ho flytta frå Røldal var det på tide å kome heim igjen. - Eg måtte berre overtale mannen min, men det gjekk fint etter kvart. Han er jo oppvaksen med at foreldra dreiv butikk og båthamn, så han veit kva han går til, seier ho og ler. Ho stryk handa over kafe-bordet

6

røldalsmagasinet 2018

for å ta vekk eit usynleg rusk, medan ho speidar over stolane for å sjå om alt ser greitt ut til opning. - Me tok over i august i fjor, etter det har dagane gått i eitt. Dette er meir ein livsstil enn ein jobb, meiner Randi Elin der ho sit midt i den nyoppussa og moderne restauranten. Restauranten er open kvar dag, og det blir alltid servert middagsrett i tillegg til enklare lunsjrettar og smårettar, noko som ikkje alltid er like enkelt å planlegge. - Det er ikkje alltid så lett å vite kva gjestene ynskjer, og ikkje minst planlegge kor mange gjester ein får. Me er heilt avhengige av at dei som reiser forbi oss på vegen finn oss her, det er mange i bygda som er flinke til å stille opp og som et middagen her, men det avgrensar seg jo litt sjølv, meiner paret som har sterk tru på at dei kan bygge opp kundegrunnlaget meir enn dei har fått gjort til no. Her er veggene malte i moderne fargar, tøffe svartmålte bord og jærstolar, med nokre frisk pust av ein knallgul farge. På borda står messinglysestakar, på veggen heng lesestoff i hyller til glede for den leseglade. Baren er kledd inn med rustikke bord, over den heng ei mektig bjørk som slynger seg på tvers. På denne måten er naturen komen inn i restauranten på ein elegant måte, neste steg i oppussinga er å friske opp


Det er ikkje ofte Randi Elin og Eilif Kolbeinshavn kan nyte ei fristund i desse stolane. Dagane er litt for travle til det.

matsalen nede i underetasjen. Paret skal pusse opp gamle kafemøblar frå kafeen som foreldra til Eilif dreiv, desse skal på plass der. På ein stige heng det også saueskinn til sals, dei er noko av det som er blitt med på flyttelasset frå Austevoll. - Desse blir produserte i Austevoll ja, me måtte jo ha noko med oss derifrå, seier Eilif medan han ber dei ut og danderer benkene med varme skinn. På eit eige stativ heng det også klede som er designa av Randi Elin si søster, Christel Jøsendal Tvedt, som driv klesdesignfirmaet CJT i Røldal. I tillegg til hylla med populære gåver er det blitt ein eigen butikk-krok i lokalet. For Randi Elin er det viktig å kunne stå på fleire bein, og ikkje minst at Skysstasjonen skal vere ein open restaurant der ein kan sitje ei stund, berre nyte ein kaffikopp, eller sikre seg ei vertinnegåve ein treng. Borte ved den kunstige peisen er det sett opp to flotte lenestolar i skinnstoff. - Det er ikkje nokre designstolar nei, seier Randi Elin og ler. - Desse fekk me billig, sikkert ikkje ekte skinn, men flotte og gode er dei, seier ho medan ekteparet synk ned i kvilestolane. Det skal seiast at det ikkje er ofte dei finn roen til å sitje her. Å drive Skysstasjonen med restaurant, bar, campingplass og utleigehytter er ingen enkel jobb med avklarte arbeidstider. Denne dagen kjem

Eilif med buss frå flyplassen, arbeidsperioden på båten er over, og friperioden med fire veker heime står for tur. Han legg ikkje turen heimom eingong før han står i restauranten, klar for innsats. - Det er slik det er, det ventar alltid arbeid på han når han kjem heim, slår Randi Elin fast. Sjølv drøymer Eilif om at den dagen kan kome der han og kan ha arbeidsplassen sin her og at dei dermed kan utnytte potensialet i plassen endå betre. Ekteparet har to søner, ein på 21 år og ein på 12 år. Begge er med på prosjektet i Røldal. Saman med den yngste sonen bur dei framleis i ei av dei største hyttene på campingplassen, den eldste sonen som hjelper til i drifta bur i ei hytte like ved. Dette er blitt eit familieprosjekt som dei no satsar fullt på. - Inntil vidare er det heilt greitt å bu her, då er me og tettare på drifta og kan steppe inn på kort varsel om det er noko. Etter kvart vil me truleg prøve å finne oss hus i nærleiken, men enn så lenge er dette ei god ordning for alle saman, meiner Eilif. Telefonen ringer, nokon vil bestille overnatting. Randi Elin sjekkar i boka, nikkar medan ho pratar og noterer flittig. Jo, det er mogleg å få til. Slik går dagane, ingen av dei er like og dei veit ikkje mykje om kor stor pågang det blir, om det er helg eller kvardag. Dei merkar at nederlendarane allereie har

starta på ferien, elles er det sommar og bubilsesongen som er høgsesong, både for campingen og restauranten. På campingplassen har dei 9 hytter, samt plass til 30 bubilar eller campingvogner. - Me har veldig lyst til å bygge opp Skysstasjonen som ein stoppestad der ein får ei god matoppleving langs vegen. Det er viktig å skape eit godt rykte der ute, me ser jo at både søndagsmiddagane og komlemiddagane på torsdagane er populære. Etter kvart vil me prøve oss på fleire temakveldar, som til dømes quiz-kveldar, seier Randi Elin. I tillegg til matservering i restauranten blir og utlevering av mat og catering ein stor del av drifta. Døra går opp, og mor til Randi Elin er innom og vil ha kaffi. - Eg kjem tilbake seinare i dag, seier ho og smiler i døra, medan ho overraska ropar hei til svigersonen som er komen attende frå jobb. - Folk er glade for at me satsar her, og er komne heim. Det er iallfall det me får høyre, seier Randi Elin og kikkar ut i lufta. Om dei av og til angrar? Nei, anger er det lite tid til, seier dei og skrattler. - Men om dette er mot eller galskap, det er noko heilt anna.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Fotograf Nordtveit

røldalsmagasinet 2018

7


Lagar eigne spor Kari Henrikke Myhre Gåssand (53) og Georg Gåssand (53) har funne hyttedraumen i Røldal. Det er dei slett ikkje åleine om.

Dei susar nedover fjellsida i fargerike klede, svingar og teiknar dei flottaste skispora etter seg, det er dette det handlar om: opplevinga av å vere fri, og nesten kunne fly. Slik går dagane ekteparet Gåssand har i Røldal, så lenge tida og vêret tillet det er dei ute på tur, og helst med ski på beina. Denne dagen møter me dei likevel på heimebane, i leiligheita dei har kjøpt i Håradalen. Skiltet er ikkje til å ta feil av. Kari Henrikke og ektemannen Georg bur i leiligheten Chalet Henrikke, med namn inspirert av den typiske byggeskikken i alpelandskap elles i Europa. Dei bur i Os i Bergen, men nyttar kvar ledig helg i Røldal. Denne dagen inviterer Kari Henrikke inn på tidleg morgonkaffi i ei rustikk og moderne innreia leiligheit. Gangen er prega av fargerike skiklede, inne på kjøkkenet er den eine veggen dekka av fotolerret, med motiv frå ein gamal støl i Austdalen i Røldal. - Han som eig stølen har fått sett biletet, det vart jo knalltøft her inne, og er iallfall noko ingen andre har, seier Kari Henrikke og snur seg mot kjøkkenkroken. Hyttelivet i Røldal er også sosialt. Begge er dei glade i folk, og å samle venner rundt eit bord. Ekteparet valde også å lage ei

8

røldalsmagasinet 2018

kjøkkenøy, slik at ein lettare kan halde kontakten med gjestene rundt langbordet når ein lagar mat. Den 69 m2 store leiligheita er heilt perfekt for ekteparet som har som mål å vere på ski i Røldal kvar månad gjennom heile året. Dei to barna er vaksne, dermed kan dei leve ut draumen om stadig nye naturopplevingar i Røldal så ofte dei kan. Georg reiser ein del i jobben, men så ofte dei kan og så lenge dei kan, nyttar dei dagane i skibygda. Og dei er mange som tenkjer likt, Team Røldal som dei kallar seg er blitt ein heil vennegjeng som treffest i Basecamp 689 MOH eller på Røldalsterrassen. Røldal har eit godt rykte blant potensielle hyttefolk, ikkje minst på grunn av den stabile snømengda så godt som gjennom heile året, og at det er ei roleg hyttebygd der det både er plass for dei som likar å kose seg på afterski, men og for barnefamiliane som treng rolegare kveldar. Reiselivslaget i Røldal ser og at stadig fleire oppdagar skibygda, enten for å kjøpe hytte eller leiligheit, men og for dei som ynskjer å besøkje bygda som turistar. - Me er inne i ein positiv trend i reiselivet i Røldal, ikkje

>


er sikkert litt “ Det galskap, men me

brenn for desse turane, og ikkje minst for Røldal.

Kari Henrikke Myhre Gåssand og Georg Gåssand nyt fridomen når dei kan suse nedover bakkane på ski. – Dette gir oss energi, meiner dei.

røldalsmagasinet 2018

9


Kari Henrikke Myhre Gåssand og Georg Gåssand har som mål å gå på ski i Røldal kvar månad gjennom heile året. Slikt blir det mange fine turar av.

minst på grunn av alle turistane som skal vidare til Trolltunga, det er ein av fleire turar som har skapt vekst i området her. Me ser at me har eit potensiale i å utvikle fleire reiselivsprodukt enn me har i dag, fram til no har me stort sett vore fokusert på overnatting. Det hadde vore flott om fleire unge ynskjer å satse på reiselivsnæringa, seier leiar i Røldal Reiselivslag, Jarle Sandal. Han viser til Håradalen, Bråstøl, Valldalen og området rundt YX-stasjonen på Liamyrane som populære hytteområde. - Veksten i hyttebygda Røldal er bra. Hjå oss i Håradalen Utvikling opplever me at det stadig er stor interesse for å kjøpe seg hytte. Me fekk i mars i år godkjent 19 nye tomter i nærheten av ekspressheisen i Røldal Skisenter. Dette er i tilknytning til det eksisterande S-feltet. For vår del opplever me at mange ynskjer seg hytte så nært skitrekket som mogleg, med såkalte ski-in ski-out, fortel André Botnen, dagleg leiar i Håradalen Utvikling. - Kva ein bør satse på er ikkje enkelt å spå. Men ein ting som

10

røldalsmagasinet 2018

går igjen her er at me treng meir folk utanfor sesong. Dette er sjølvsagt av interesse, men er ikkje enkelt å få til. For oss i Røldal er haust og vår typiske rolege tider. Ei gledeleg utvikling for turistnæringa i Røldal er at ein merkar at sommarturistane kjem tidlegare på våren, og held seg her lenger om hausten. For oss i Håradalen bør me i tida framover satse på å få meir folk midt i vekene om vinteren. Her er det ein marknad og potensielle kunder som bedrifter som ønskjer team-building og utanlandske turistar, meiner Botnen. - Eg er overbevist om at det er eit stort potensiale i Røldal med det me allereie har, nemleg storslått natur. Her er det egentleg uendelege moglegheiter, og det trengs ikkje dei store investeringane for å få det til. Mange har i dag fått augene opp for det enkle friluftslivet. Kari Henrikke dreg og fram Røldalsmarknaden som ein arena der hyttefolk og fastbuande treffest.


Ekteparet Gåssand nyt fine dagar i Røldal.

- Det er ein flott folkefest som gir bygda mykje, me må alltid innom der, seier Kari Henrikke og ser rundt seg i leiligheita. Kari Henrikke har eit estetisk blikk som ho gjerne nyttar, om det er som kunstmålar eller som fotograf. For henne og mannen er det viktig at lidenskapen for naturen og set sitt preg på leiligheita dei har i Røldal. Dei er bevisste på å ta naturopplevingane med seg heim. På langbordet er det lykter som ser ut som dei er pakka inn i bjørk, og Henrikke sjølv har samla konglene som tronar som bordpynt. Ho viser oss bileta på sin eigen mobil, frå turar i fjellet, av detaljar ho har møtt på sine daglege trimturar eller små underverk som har dukka opp på hennar veg. På facebooksida KH Art viser ho fram ein del av bileta ho produserer. Ho har til og med laga eit bestillingsverk som hadde avduking og overlevering i leiligheita i Røldal. Ekteparet kjøpte leiligheita for fem år sidan, noko dei aldri har angra på. Her feirar dei både jul og påske, i tillegg til at dei tar turen så fort dei får ei ledig helg.

Dei har opp mot 70 skidagar i året, og nyttar og den flotte naturen i Røldal til turar med sykkel eller fjellsko utanom vintersesongen. Dei trekk fram Saudasvingen, Holmanuten, Nakentoppen og Valldalen som gode turtips i Røldal. Kari Henrikke og Georg likar å utfordre seg sjølve, og dei likar å sjå at det umoglege er mogleg. Nett no håpar dei på fine dagar, men gjerne litt frost på nettene slik at dei når målet om å ta ein skitur kvar månad gjennom året. - Det er sikkert litt galskap, men me brenn for desse turane, og ikkje mint for Røldal, seier ekteparet før dei festar hjelmane og susar nedover Saudasvingen.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Fotograf Nordtveit

røldalsmagasinet 2018

11


Foto: Røldal Skisenter

tomter for salg Ta ta på deg skiene og gå rett ut i stolheisen i snøsikkert trekk og løypenett. Skånevikstrand Maskinstasjon AS og Håradalen Utvikling AS bygger ut ski in ski out-tomter i Røldal. Vi har noen ledige tomter igjen - kontakt oss for å sikre deg din drømmetomt.

Kontakt Håradalen utvikling ved André Botnen – 482 30 109

12

røldalsmagasinet 2017

Visualisering: Norconsult

Ski in - ski out


Tlf. 918 81 736 • post@kraakevik.no

Frå idé til magasin

Overnatting i leiligheter og hytter • Restaurant/bar • Catering • Konferanse Evént • Konfirmasjon • Dåp • Brudlaup • Konferanser • Kurs

Du treff oss på telefon: 958 50 500

nettside

filterdk.no

www.roldalsterrassen.no

magasin filterdk.no tekst

logo

medierådgjeving

hei@filterdk.no

Trenger du lift eller har du behov for å leie en av våre maskiner? Snakk med oss for hyggelige priser!

Snørike Håradalen gir gleder og inntekter for lokalsamfunnet både sommer og vinter. Terje Haugen: 900 86 367 Bjarne Sørum: 908 94 821 post@oddalift.no

HORDATUN

post@haarakraft.no www.haarakraft.no

oddalift.no

HOTEL-RØLDAL Hotel Leiligheter Cafe’ Trampoliner Trimrom Kajakker Selskapslokaler Møter/Kurs Bar m/afterski og livemusikk vinter

Hordatun Hotel ▪ Tlf: 93 45 02 93 booking@hordatun.no ▪ www.hordatun.no

* Stor kiosk * Real Hamburger * Soft Ice * Propan * Alltid nysteikte boller og brød * Vaskehall * Dekk/serviceverksted * Kaffikrok/Fri Wiifi

TELEFON: 53 64 73 70


Fakta:

Turtveitfamilien på Shell Ove Turtveit og broren Jan starta opp med bilberging i 1985, seks år seinare kjøpte Ove og Lisbeth Shell-stasjonen i Røldal. Etter den tid har dei både bygd ut stasjonen og kjøpt opp YX-stasjonen på Liamyrane. I dag er det dottera Marianne Turtveit som er dagleg leiar på Shellstasjonen. Shell-stasjonen omset for om lag 28 millionar i året, og har 5 – 6 årsverk. - Røldalsmarknaden er ei kjekk og viktig helg for heile bygda. Det er bra med besøk og mykje som skjer for små og store. Me på Shell gler oss alltid til marknadshelga, då er sommarsesongen i gong for fullt, seier dagleg leiar Marianne Turtveit.

Familien Turtveit har tru på framtida, sjølv om det kjem ny vegtrase i Røldal om ikkje så mange år.

14

røldalsmagasinet 2017


Familie med skaparglede Turtveitfamilien i Røldal veit at det alltid opnar seg ei ny dør når ei anna går i lås. Ny vegtrasé i bygda stoppar ikkje gründerfamilien frå å tenkje nytt.

- Det blir nye tider når me får ny trasé for E134, då er ikkje bensinstasjonen her like godt plassert som i dag, men det kan kome mykje godt ut av å tenkje nytt. Ove Turtveit (56) lener seg tilbake i stolen rundt det avlange møtebordet i andre etasje på Shell Røldal. Han snakkar seg varm om utvikling i Røldal, om ein ny vegtrasé som truleg kjem til å gå på utsida av det gamle sentrum, og om å sjå nye moglegheiter lenger oppe i dalen. Turtveit-familien let seg ikkje stoppe av ein veg som endrar retning. På andre sida av bordet sit kona Lisbeth Thygesen Turtveit (52) og dottera Marianne Turtveit (31), alle jobbar dei i familiebedrifta. Når vegen blir endra, er det slett ikkje første gang familien Turtveit har måtte tenkje nytt for å skape både arbeidsplassar og verdi i bygda. Ove er vaksen opp i Røldal, med ein far som dreiv med lastebilar og bilberging. Det var naturleg at han og broren Jan tok over drifta i 1985, etter at Ove hadde lufta seg ute av bygda då han utdanna seg til bilmekanikar i Odda og eit år i militæret. - Eg hugsar jo at eg ofte vart lei heile bilberginga då far dreiv på, men så blei me vaksne og fann ut at me ville satse på dette me og. Eg har ikkje angra på det, seier Ove og legg armane i kryss. Etter kvart vart bilberginga større enn dei hadde forventa, og behovet for meir plass dukka opp. - Me hadde lenge hatt lyst til å etablere oss oppe ved hovudvegen, i 1991 fekk eg og

Lisbeth sjansen til å kjøpe stasjonen her oppe. Spørsmålet om me ville kjøpe fekk me på ein søndag,, laurdagen etterpå var me på plass, det var ingenting å vente med, seier Ove og ler. Eit postkort frå tidleg 90-talet viser at tidene og storleiken på stasjonen har endra seg. Sjølve butikken var då 24 kvadratmeter stor, i dag er den 150 kvadratmeter. Det er lite i drifta som kan samanliknast, men pågangsmotet og viljen er den same. - Den gongen hadde me høyrt om ein stasjon på austlandet som omsette for heile 100 000 i berre pølser, seier Ove og utløyser latter rundt bordet. I dag omset dei for ein million, berre i pølser. I 1993 bygde dei ut butikken i front av stasjonen, i 2000 bygde dei på andre etasje, og i 2012 kjøpte dei YX-stasjonen som ligg lenger oppe i bygda, i retning austover. - Me veit at det ligg klar ein reguleringsplan for ein ny vegtrasé med tunell som kjem ut på Liamyrane, og som ikkje kjem til å gå nedom Røldal, med anleggstart i 2021 – 22, og då må me ha tenkt nytt og laga oss eit konsept som passar betre. Det er klart me hadde det i tankane då me kjøpte stasjonen der oppe, meiner Ove. I dag har og rollefordelinga i familien endra seg noko. I fjor selde Ove bilbergingverksemda i Røldal Bilberging, ei avgjersle han er trygg på at var den rette, noko vemodig er det likevel. - Det er klart det er litt vemodig når historia er lang. Men tidene endrar seg, marginane >

røldalsmagasinet 2018

15


Høyer Odda as prosjekterer og utfører det meste innen bygge- og anleggsbransjen. Vi leverer ferdigbetong fra vårt betongblandeverk til heile distriktet.

FERDIGBETONG Høyer Odda leverer ferdigbetong fra vårt blandeverk i Odda. Vi er din lokale leverandør! Kontakt oss for ein betongprat.

EITRHEIM INDUSTRIOMRÅDE – 5750 ODDA Sentralbord 53 64 80 80 | Betongblandeverk 53 64 80 70 e-post: post@hoyer-odda.no | www.hoyer-odda.no

www.folgefonni-breforarlag.no

Guided Glacier Tours

Fjord & Glacier Kayak

Online Booking

Hydro er produsent av vasskraft i Hydro ernest neststørste største Noreg, verdsleiande på aluminiumproduksjon, produsent av vasskraft i og har ambisjon om å verta karbonnøytralt Noreg, verdsleiande i 2020 og vera leiande påpå teknologi. aluminiumproduksjon, og har ambisjon om å Hydro er nest største produsentverta av vasskraft i karbonnøytralt Noreg, verdsleiande på aluminiumproduksjon, i 2020 og vera leiande på teknologi. og har ambisjon om å verta karbonnøytralt

i 2020 og vera leiande på teknologi. Hydro Energi Røldal-Suldal

www.hydro.com

HydroHydro EnergiEnergi Røldal-Suldal Røldal-Suldal

filterdk.no 16 røldalsmagasinet 2017

hei@filterdk.no

www.hydro.com www.hydro.com


Erlend Turtveit jobbar framleis i bilbergingsdelen i Røldal Bilberging, den delen som faren selde ut i fjor. Far sjølv, Ove, driv no dekkverkstad - og hotell.

vart små og det kom konkurrentar på banen, då var det på tide å endre kurs. - Eg saknar det jo somme gonger, men i vinter var eg med på brøytinga over Haukeli, så eg får vere med på vinteraction likevel. No har eg ikkje noko ansvar. Går det gale med ein maskin på ettermiddagen så kan eg berre køyre heim for å ete middag, det kunne eg ikkje før. Det er og endringar på Shell-stasjonen der Marianne tok over jobben som dagleg leiar i 2012. Ho er andre generasjon på stasjonen der dei omset for om lag 28 millionar i året, og har 5 – 6 årsverk i arbeid. Ove er no styreleiar og vaktmeister som han kallar seg sjølv. I tillegg driv han dekkverkstad og dekkhotell, med faste kundar, som til dømes Hydro. Lisbeth engasjerer seg også fullt i drifta, sjølv om den kroniske sjukdommen MS har ført til at ho ikkje klarer alt det ho klarte før, men som Ove slår fast: me er avhengige av å ha hovudet hennar på jobb. Ove og Lisbeth har tre barn, men det vart Marianne som skulle ta over arven etter foreldra. - Me har aldri pressa nokon av dei til det, dei måtte finne ut kva dei ville sjølv, seier Ove med bestemt stemme.

her. Dette blir nok framtida mi, seier ho og lener seg framover bordet medan ho smiler rundt. Halvåret i Bergen kallar ho ein omveg heimover. Ho er glad i Røldal og meiner det er kjekt det er fleire på same alderen som har flytta heim. Broren Erlend (28) bur også i bygda saman med sambuar og to barn. Han arbeider framleis i bilbergingsdelen til firmaet som overtok dette. Denne dagen er han innom dekkverkstaden for å levere noko. - Det er jo små forhold her, me veit kva alle driv med og bryr oss om korleis det går. Det er heilt naturleg, meiner familien. Nett no har også sambuaren til Erlend, Anne Kjersti Sandal, byrja på Shell. Dermed er det berre veslesøster, Tove Mette (22) som ikkje er engasjert i familiebedrifta, ho er sjukepleiar. - Det er me vel ganske trygge på, at ikkje ho har lyst til å byrje jobbe her, men det betyr ikkje at ho ikkje stiller opp. Er det noko spesielt, eller me treng nokre ekstra hender, så er ho på plass ho og, seier Marianne. - Me er ein samansveist gjeng, fortel Lisbeth. Det er ikkje alltid me snakkar så mykje jobb heime men me er mykje ilag. På tur til hytta, eller på ferie, me trivst ilag rett og slett.

Marianne hadde nok andre planar. Etter eit år skulepause etter vidaregåande, der ho rett nok jobba hjå foreldra, starta ho på barnehagelærar-utdanning. Til jul visste eg at det ikkje var dette eg skulle, eg flytta heim til Røldal og byrja

Ove på si side er klar på kven som la grunnlaget for det gode familielivet då barna var små. - Eg var nok lite heime på den tida, det var stadig nye oppgåver og mykje å nå over, det vart mykje på Lisbeth.

- Me var mykje her i helgene, me hadde ein TV og eit par stolar her oppe, seier Marianne. Dei mimrar om ei tid der barnehagen i bygda berre hadde ope seks timar til dagen, der dei hadde telefonautomat på stasjonen og der både vaksne og ungdommar kunne skrive kjøp i boka. - I dag har folk meir fritid, og ikkje minst betre økonomi, dei reiser meir og handlar meir. Me ser at salet av mat og kaffi berre aukar år for år, seier Lisbeth. Dei ser at kundane treng ein stad der dei kan lade mobiltelefonane og bruke fritt nett, difor har dei etablert ein kafekrok på stasjonen, der det heng friske bilete som sel reiselivet i Røldal. Dei må leve side om side med kundane, elles kan dei gi seg fort, meiner dei. På sommaren fungerer også Shell-stasjonen som turistinformasjon i bygda, og spørsmål om vêr og føreforhold over Haukeli må dei kunne svare raskt på heile året. - Det er viktig for oss å ha eit felles familieprosjekt. Det eldste barnebarnet på fire år har allereie hatt sine første jobbar her, då var det på plass med ei gardintrapp på kjøla, og sjølvsagt har ho fått lønn, seier Ove og ler. - Det er rekrutteringsarbeid, seier han med glimt i auga, medan den ti år gamle stasjonshunden Tina løftar på hovudet og lurer på om det er hennar tur til å få merksemd no.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Fotograf Nordtveit

røldalsmagasinet 2018

17


Foto: Fotograf Nordtveit

Foto frå1890-årene: Marthinius Skøien / Riksantikvarens arkiv

<

Jul i Bratlandsvegen. Dette fotoet frå Riksantikvarens arkiv syner ei scene frå tidleg turisme i Bratlandsdalen i Suldal i Rogaland, langs Turistrute 7 som blei etablert i 1887. Legg merke til kongemonogrammet over tunnelåpningen.

<

Røldal stavkyrkje frå om lag 1250 er ein av dei største attraksjonane i Røldal.

18

røldalsmagasinet 2018


Historisk reiseliv Reiselivet har lang historie i Røldal. I dag er truleg Røldal stavkyrkje og skibygda dei største attraksjonane.

Eit Kulturhistorisk museum I Tyssedal i Odda ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Det kulturhistoriske museet dokumenterer og formidlar industrihistorien til Odda og Tyssedal. Kraftstasjonen Tysso, er ein av hovudattraksjonane for besøkande. Denne er teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876-1940) i seinhistorisk stil og blei oppført i åra 1906-18. Her kan ein finne maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til siste aggregat blei slått av i 1989. Museet har avdelingar i Odda og i Tyssedal og det er ope heile året med utvida opningstider i sommarsesongen. På heimesida nvim.no finn du oppdatert informasjon.

Foto: Dag Endre Opedal NVIM

- På slutten av 1800- talet kom dei første hotella i Røldal, Røldal Hotell og Breifonn Hotell, i samband med at bygda fekk veg. Dette var jo og berre ein sommarveg, så på vinteren var jo bygda så godt som isolert, seier Gaute Losnegård som er historikar og forfattar av Røldal Bygdebok som kom ut i 2017. Han veit mykje om korleis Røldal har utvikla seg frå ei isolert fjellbygd der handelstrafikken var den viktigaste, via vegbygging og dei første turistane som kom, og fram til i dag der Røldal framstår som ein stabil vinterdestinasjon for alle som er glade i snø og ski. Han viser til at røldølane i mellomkrigstida så smått byrja som vertskap for tilreisande turistar frå Stavanger og Haugesund, det skulle vise seg å bli starten på reiselivsarbeidet i bygda. - Mange byrja å leige ut rom i eigne hus, og på 20 – og 30 - talet kom fleire pensjonat til i bygda. Det var den første fasen i fjellutfarten, og då helst i påskeveka, i dag har denne næringa vokse seg stor i Røldal, meiner forfattaren. Han viser og til at bygda tradisjonelt har hatt minst like mykje kontakt med Suldal som med Odda, også dette med tanke på samferdsle og vegen, lenge var vegen ned Bratlandsdalen den einaste heilårsvegen røldølane hadde. I etterkrigstida auka biltrafikken og ein fekk fleire gjennomreisande turistar. - Denne trafikken er jo mindre viktig i dag enn den var før, fordi turistane har fått det så travelt. No reiser turistane ofte meir målretta, og skal stoppe ein stad. Før måtte ein stoppe langs vegen, fordi turen tok mykje lengre tid, fortel Losnegård. - Då låg Røldal særs sentralt til, mellom aust og vest, seier han. Røldal hadde i følgje Wikipedia 359 innbyggarar 1. januar 2017. Bygda grensar til Odda og Ullensvang i Hordaland, Suldal og Sauda i Rogland og Vinje i Telemark. Kommunesenteret i Odda er viktig, også for røldølen, her er blant anna Norsk Vasskraft – og Industristadmuseum og ikkje minst Trolltunga er store attraksjonar. For Røldal er

det viktig å etablere seg som ein destinasjon mellom dei populære toppturane til Preikestolen i Forsand og Trolltunga i Odda. Røldal er også sentralt plassert i fleire reiselivsprodukt. Discovery Route langs riksveg 13 er ei unik reise langs Nasjonale turistvegar og dei norske fjordane. Den gamle ferdselsåra frå Stavanger til Bergen er blitt omstøypt til eit reiselivsprosjekt. Dei lokale bedriftene i Røldal som er med er: Hordatun Hotel og Røldal Skysstasjon. Elles er Kronen Gaard Hotel, Verkshotellet, Spa Hotell Velvære, Mo Laksegard, Energihotellet, Ullensvang Hotel og Sola Strand Hotel med. I tillegg er Røldal og Håra ein del av Nasjonal turistveg Ryfylke, som er ein av 18 nasjonale turistvegar i Noreg. I denne ruta er det også utvikla ein Arkitekturrundtur der ein kan oppleve historisk og spektakulær arkitektur i Suldal, Sauda og Røldal. Vegen frå Sauda til Røldal er både svingete og smal, men byr på fantastiske naturopplevingar i eit magisk landskap. Stavkyrkja i Røldal frå om lag 1250 blir trekt fram som ein attraksjon langs arktitekturrundturen, på den tida stavkyrkja vart bygd var truleg Røldal eit knutepunkt for transport av jernmalm frå Telemark til kysten. Kyrkja er best kjent for krusifikset sitt, som i følgje Wikipedia og legenda får sveittedropar i panna kvar midtsommarnatt. Korset vart då løfta ned slik at pilegrimane kunne tørke av dropane, som dei trudde kunne gjere dei sjuke friske igjen. I dag er stavkyrkja saman med skidestinasjonen dei største attraksjonane i bygda. - På 1970-talet byrja ein så smått og gjere skiaktivitetane om til reiselivsprodukt i Røldal, i ettertid har det vore ei rivande utvikling her, med bygging av hytter og utvikling i skitrekket og Håradalen, fortel Gaute Losnegård.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar

røldalsmagasinet 2018

19


Inspirerande gitarist Håkon Widding (42) meiner musikken er like viktig til fest som i terapi. Sjølv kjem han aldri til å gløyme den rungande applausen i salen då eleven hans, Tuva Lutro (12) song seg til siger i Norske Talenter.

Dei stolte foreldra til Tuva takka både han, Laura Buta og Gunn Gravdal og resten av kulturskulen i Odda på Facebook for motivasjon, inspirasjon og songglede. Det viser at Håkon Widding inspirerer og gler mange med si ekte musikkglede. I ein video som skal fremje kulturskulen i Odda slår Håkon fast at musikk er viktig gjennom heile livet, til både fest og terapi. Musikkinteressa til Håkon starta tidleg. Som barn drøymde han seg vekk i platesamlinga til faren, han viste tidleg eit ekstremt gehør og eit eldre søskenbarn, som var særs musikkinteressert, opna dørene til 80-talsmusikken. Dermed byrja steinen å rulle. - Eg drøymde vel ikkje om å bli artist som barn, men eg var veldig fascinert av det å kunne meistre eit instrument, det er eg framleis. At nokon av og til vil høyre på er berre bonus, seier Håkon. Det heile starta då Håkon vart trommeslagar i Hauso-Vines Skulemusikklag, der han tidleg fekk erfare gleda ved å spele saman med andre. Etterpå gjekk det slag i slag, hardingfele, trommer og orgel har han spelt, etter kvart tok gitaren over. Saman med Vidar Lynghammer frå Røldal starta han The Apples i 1991, eit band som spelte låtar frå til dømes Kiss og Beatles. Fleire vil nok også hugse banda Sølvsuper og Blind Torsk, der Håkon har hatt viktige roller. I dag er han kulturskulelærar i Odda, dermed også i Røldal. Tuva frå Norske Talenter og Røldalskameratane er nokre av elevane for tida. No får han sjansen til å føre vidare både musikk-kunnskap og ikkje minst musikkgleda. Men det er ikkje sjølvsagt at det var slik livet skulle bli. For å forstå meir må me tilbake til ein fin haustdag i 2003. Då endra livet seg totalt for Håkon. Håkon og broren ville gjerne nytte denne haustdagen til nok ein tur med paraglider. Håkon har alltid hatt ein fascinasjon for å

20

røldalsmarknaden 2016

fly, og ikkje minst for dei fantastiske naturopplevingane ein får frå eit perspektiv i lufta. Denne dagen skulle derimot flydraumen ta slutt. - Det blir 15 år sidan, eg og bror min hadde gått heile sommaren 2003 og venta på fint fly-vèr. I byrjinga av september opna det seg ein sjanse, så me reiste til den nærmaste starten frå heimen, forta oss og gjorde oss klare, og tok av utover Sørfjorden. Det er ei fantastisk utsikt innover mot Odda, og fjordsidene gløda i haustsola, fortel Håkon. - Etter berre nokre minutt merka eg at vinden endra seg; det byrja å riste i skjermen og eg såg fjorden byrja å få kvite bølger. Så jo nærare eg kom landinga, jo mindre kontroll følte eg eg hadde; det gjekk fortare og fortare, så eg byrja å vurdere eventuelle nødlandingar. På få sekund vurderte eg at både skogen og fjorden kunne vere farlege å lande i, så eg tok sjansen på å lande på beina som planlagd. Men når det berre stod att nokre meter, vart skjermen vrengd av ei vindflage, så eg gjekk rett i bakken og brakk ryggen, seier Håkon og fortel om ein kvardag som plutseleg vart snudd på hovudet. Ein kvardag som etter kvart skulle vise seg å bli lenka til ein rullestol. Men livsmotet og stå-på-viljen kunne ingen endre på. - Etter seks månadar på sjukehus, kunne eg sjølvsagt ikkje halde fram med jobben som fruktbonde og ambulansesjåfør. Og eg brukte mykje tid på å beherske den nye kvardagen som rullestolbrukar, og var på rehabilitering i lang tid. Då ulukka var eit faktum, og Håkon sakte men sikkert skulle tilbake til kvardagen i Hardanger så stilte musikkmiljøet i Odda opp, og Håkon var raskt tilbake med danse-speling i helgene. - Etter kvart gjekk kvardagen seg til, og eg hadde kapasitet til å byrje i arbeidslivet igjen. Som eg syns er veldig viktig, både for

å bidra til fellessamfunnet og for å ha ein mest mogeleg normal kvardag sjølv også. Og når ein i tillegg får drive med noko så givande som å hjelpe barn og unge inn på musikkens vegar, er det særs tilfredsstillande for meg. Han blir motivert over å tenne ein gneist hjå nokon som opplever å meistre eit instrument, og som får kjenne på den gleda sjølv. - I tillegg kan eg bli inspirert av å få lov til å bidra ved ulike sider av livet til folk med musikken, om det er bryllaup, gravferd eller minnestund. - Musikken må eg nok halde på med, omtrent om eg vil eller ikkje. Det har blitt ein så stor og viktig del av livet, både i gode og ikkje så gode stunder, at slik blir det nok. Igjen, som lærar, så er det så utruleg moro å få fram ei glede over å kunne drive med musikk, både på eiga hand og i samspel med andre. - For meg kan store høgdepunkt vere til dømes at eit band av elevar og ungdom ein har jobba med i gjerne fleire år, plutseleg kan klare å stå på eigne bein, og på ein måte «leve sitt eige liv». Kankje dei kan gjere det bra i ein konkurranse som UKM, og at nokre av dei kan leve av musikken den dag i dag. Fleire av «mine» er heiltidsmusikarar, og det blir eg veldig glad og stolt over, seier Håkon. Eigne høgdepunkt er han meir forsiktig med å snakke om. - Av og til får ein jo spele for, og helse på, kjende folk, som kongeparet. Norske Talenter med Tuva vil eg nok alltid hugse. Og av og til blir ein spurt om å vere med på å bidra på ei innspeling i studio, det er kjekt.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar


Foto: privat

Foto: privat

Musikken er viktig for Håkon Widding, den vart ikkje minst sentral då drauamen om å fly paraglider fekk ein brutal stopp.

Håkon Widding

Alder: 42 Bur: Haustveit, Grimo i Ullensvang Sivil status: Bur for meg sjølv Les: For tida musikkbiografiar, nett no om George Harrison som eg fekk til jul. Drøymer om: Å kunne reise endå litt meir rundt i verda, for å oppleve musikk og treffe folk. Som til Nashville og Memphis for country og rock, og Sør-Amerika for Bossa Nova og jazz. Høyrer på: 60 og 70-talsmusikk; Beatles, Stones, Country og Western, hardrock frå 70-talet (Kiss, Deep Purple, Accept, osv) Førebilete: Musikalsk er det Brent Mason, Jeff Beck, Mark Knopfler. Tre fantastiske gitaristar eg aldri går lei. I tillegg ein steel-gitarist frå Nashville som heiter Paul Franklin. Berre leit dei opp på YouTube!

røldalsmarknaden 2016

21


Etter 5 år med B.young Vinje, vil vi no heite "hos Lise" Velkomen til feiring fredag 23. oktober

Velkomen til Vest-Telemarks største kjøpesenter! 30% på bui, gjeld ikkje undertøysavd.

www.fristadsenteret.no Anne Lise frå Bessie kjem kl 12 Dei som handlar for kr 1000,- er med i trekning av Culture dunjakke, verdi 1999,-

Overnatting & Camping

Velkomen!

Fristadsenteret, Åmot i Vinje

Måndag - fredag 10.00 - 17.00 Laurdag 10.00 - 15.00

LITLOS HØRES UT SOM EN GRESK ØY. EKSOTISK ER DET I HVERT FALL.

ÅPENT

.09 29.06-09 SOMMER

2018

litlos.dnt.no

22

røldalsmagasinet 2017

Røldal Hyttegrend & Camping 8 nye hytter – Straumuttak for campingvogner og bubilar – Moderne sanitæranlegg – Kiosk TV-stove – Leikeplass. Badedam og grillplass ved elva. 250 m forbi kyrkja.

Familien Medhus ynskjer velkomen! www.roldal-camping.no Mobil 900 54 464 E-post: adm@roldal-camping.no

Hagaminne Camping

mogeligheitstudie Øystese

Tlf. 53 64AS 72 51 URBAN RABBE ARKITEKTAR sunn arkitektur, planlegging og design

Hytter – Sanitæranlegg Like v/E-134

Haukelivegen 90, 5760 Røldal - Strandgaten 19, 5013 Bergen tlf. 971 88 067 - tlf. 55 56 00 92 e-post: arkitekter@urbanrabbe.no - www.urbanrabbe.no ARKITEKTAR AS

R

•M

•S

•F


ALLTID ÅPEN Hytter • Sesongcamping • Camping for døgngjester hele året • Sauna Kafe med middag, lunsj, kaker • Catering Følg oss på Facebook for menyer og arrangement

Kyrkjevegen 24 • Røldal • tlf 536 47 385

Stikk innom vår målbås og kjøp deg ei Ivar Aasen trusa, eller ein sportsbehå med tekst «mellom bakkar og berg». Du får kjøpt nynorske bøker for born og vaksne, helsingskort (bryllaup, åremål og konfirmasjon). Vi har dei populære konfirmasjonskortene med motiv laga av Ragnar Grønsdal.

Røldal

Daglegvarer midt i bygda Telefon 53 64 71 26 Faks 53 64 14 86 - Mobil 938 39 378 e-post: roldal@marked.coop.no

Krus – Matboks- Lydbøker og mykje anna. Kom innom på stand og svar på spørsmål – fine premiar!

Røldalsmarknaden er basert på dugnad. tyre medlemmene har omlag 300 timar, og totalt vert det utført 1 625 timar fordelt på 281 personar.

Kjøkkenteneste: 27 pers. med 108 timar.

Billettørar: t.d. 39 pers. som totalt utfører 156 timar.

Rigging: 15 pers. med minst 16 timar kvar, 240-250 timar

VI STØTTAR NÆRINGSOG SAMFUNNSUTVIKLING I HARDANGER

Nattevakter: 8 pers., 32 timar

Dans: 15 pers., med om lag 6 timar kvar, 90 timar

SPV I generasjonar. For generasjonar.

Servering/kafe/grill m.m.: 86 pers., totalt 344 – 350 timar.


HONDA GRESSKLIPPER

14.990,-

IZY HRG 466 SK

Hondas mest solgte bioklipper! Oppsamler følger med som standard, slik at du kan velge den klippemetoden som passer deg og din hage best - bioklipp eller oppsamling. Ordinærpris 6.495,-

+ installasjonssett. inkl. mva.

HUSQVARNA AUTOMOWER® 310

5.990,- * *kampanjepris inkl. mva.

Den både klipper og lader automatisk og passer for arealer opptil maks 600 m². Når batteriet trenger opplading returnerer klipperen til ladestasjonen, lader og fortsetter deretter klippingen.

HUSQVARNA RIDER 214 TC Kraftig Rider med tosylindret motor og 94 cm klippeaggregat med førsteklasses BioClip® og bakutkast. Egnet for hus- og hageeiere som krever høy effektivitet, brukervennlighet, god manøvreringsevne og komfortabel kjøring. Oridinærpris 40.700,-

HUSQVARNA AUTOMOWER® 315

34.990,-*

En helautomatisk plenklipper laget for mindre eller mer kompliserte gressflater. Kompakt, stilig og egnet for plener på opptil maks 1500 m².

*kampanjepris inkl. mva.

17.995,+ installasjonssett. inkl. mva.

ROGALANDS STØRSTE SNØSCOOTER OG ATV FORHANDLAR FOR KVALITET OG TRYGGHET

Kjøretøyet er påmontert ekstrautstyr.

Kjøretøyet er påmontert ekstrautstyr.

**

UTSTYRSKAMPANJE - KR. 6.000,TRAKTOR REGISTRERT

OUTLANDER T3

BLI KLAR FOR VÅREN! Skreddersy din nye CAN-AM med tilbehøret til en ny årstid. Kjøp deg ny Can-Am Traxter eller ATV** nå og få gavekort på originalt Can-Am utstyr!

Fra 75.600,- inkl. mva.*

* Leveringsomkostninger tilkommer. ** Kampanjen varer ut Røldalsmarknaden 2017 og gjelder utvalgte modeller.

TRAKTOR REGISTRERT

TRAXTER

Fra 155.900,- inkl. mva.*

VÅRE KONTAKTPERSONER PÅ RØLDALSMARKNADEN GEIR BAKKA

WERNER BAKKA

Mobil: 982 85 535

Mobil: 982 85 536

www.mogedal.no | Telefaks: 52 79 25 31

24

røldalsmagasinet 2017


Foto: privat Foto: privat

RØLDAL RØDE KORS

AKTIVT IDRETTSLAG Røldal IL vart stifta 16. februar i 1902, og er det eldste idrettslaget i Odda kommune. Laget var frå starten av oppteken av vinteraktivitetar som langrenn, hopp og skøyteløp. Det vart difor skipa til konkurransar innanfor desse aktivitetane heilt frå starten av med deltakarar frå dei næraste grannebygdene. På 60-talet fekk bygda ny skule med gymsal og badebasseng. Dette vart starten på ein aktiv periode der laget kunne tilby treningsaktivitetar for alle aldersgrupper i ein ny innandørssal. Langrennsinteressa har alltid vore stor og etter kvart fekk laget bygd lysløypa som i dag er 4 km lang og vert preparert med moderne tråkkemaskin. I tilknyting til lysløypa er det ei dagløype slik at det totalt er 10 km preparerte langrennsløyper om vinteren. Utover i 80- og 90-år auka trimaktiviteten mykje og idrettsaktiviteten i dag er organisert i tre grupper: Skigruppa som organiserer alt som har med langrenn å gjera. Gruppa har i alle år arrangert landsrenn i tillegg til interne karusellar felles innanfor kommunen. I tillegg administrerar gruppa også sykkelaktivitetar. Dei arrangerer ski- og fotkarusellar sommar og vinter. Trimgruppa har ansvaret for alle trimaktivitetar som innandørs trimtilbod i gymsalen og i symjebassenget. Her er det instruktørar som har teke kurs innan barneidrett, step, bodypump, spinning, styrketrening og friskis & svettis slik at det er tilbod innanfor desse områda i skuleåret. Fotballgruppa organiserer fotballaktivitetane og me har lag i aldersbestemte klassar. Laget har lagt vekt på å ha eit tilbod for mosjon til dei aller fleste aldersgrupper. Røldalstrimmen er eit populært tilbod, der ein legg ut 7 «postar» i fjella rundt Røldal, og desse er godt besøkt i løpet av sommaren. Velkommen til aktive dagar i Røldal!

Røldal Røde Kors har vore ein aktiv del av bygda i over 50 år. Mykje har endra seg på desse åra, men sjølv om ein har fått mange tekniske hjelpemiddel, kjem ein ikkje utanom den medmenneskelege innsatsen til dei aktive hjelpekorpsarane. Kvar enkelt sin innsats er heilt uunnverleg og dei gjer ein kjempeinnsats. Når noko uønskt skjer, tek politiet/HRS eller AMK kontakt med Røde Kors og skildrar situasjonen og behovet. Røde Kors har eigne varslingsplanar og dei frivillige medlemmene rykker ut. Når alarmen går ynskjer hjelpekorpset å vere så godt trente at den som har vore uheldig skal få best mogleg hjelp. For å bli best må dei øve, og dei har etterkvart fått stor kompetanse innan fagfelt som skred, søk i vinterfjellet og operativ leiing. Dei fleste av aktivitetane føregår i vinterhalvåret, medan resten av året går med til drilling i ulike område innan førstehjelp, kart og kompass, og ikkje minst friluftsliv. Røldal Røde Kors tilbyr opplæring i bruk av hjartestartar og enkel førstehjelp til bedrifter og lag i bygda. I 2017 starta dei og eit samarbeid med Coop Røldal om å ha ein hjartestartar tilgjengeleg for folk i Røldal. Røde Kors stiller med hjartestartaren, og Coop stiller med oppbevaringsskap med varme. Skapet heng ute, på høgre sida av inngangspartiet ved Coop Røldal. Røldal Røde Kors har dei siste åra hatt ei positiv utvikling med rekruttering og ny giv, men ynskjer fleire aktive medlemmer velkomen. På denne måten kan dei stille sterkare når behovet for hjelp oppstår. Ta gjerne kontakt med laget dersom du er interessert.

røldalsmagasinet 2018

25


Smak av programmet

Foto: Gudrun K. Semons

FOLKROCK MED PAKKERS TRIO

ANSIKTSMÅLING

Pakkers Trio er ein nedstrippa og noko meir akustisk utgåve av det velkjente bandet Pakkers frå Vindafjord. Me garanterer at trioen er minst lika slagkraftige, og dei har etterkvart vorte særs velkjent for sin partyvennlege «sjømanns-folkrock». Primus motor og vokalist Sveinung Bjelland fører an med sine ramsalte songar og tekstar på dialekt. Med seg har han sine stødige kompanjongar, Kjetil Ulland på bass, og Jon Ørnes på gitar/banjo. Dette er rett og slett ekte saker. Sveitt, dampande, og knalltøft i levande live. Pakkers har halde det gåande i 20 år, og kan sjå tilbake på seks plateutgjevnadar, og ei imponerande turnéliste landet rundt. Siste full-lengdar kom i 2010, der singelen «Lykkehjulet» var A-lista på NRK P1. No feirar altså Pakkers 20-års jubileum med den nye singelen «Ut i det blå», der dei har fått med seg Karmøy sitt eldste «Boyband», shantykoret «Slogmåkene». Slikt vert det bra musikk av. Røldalsgarasjen fredag kl 22.

Aud Reidun Solberg er på plass for tredje gong. Ho har lang erfaring som ansiktsmålar, og tryllar fram dei flottaste motiv. Marknadsplassen laurdag og søndag.

GOD STEMNING MED ROTLAUS FORTELJARSTUND

for dei yngste

På Røldalsmarknaden kan dei minste la seg rive med inn i spanande historier! I lavvoen på marknadsplassen tek Else Marie Sandal barna med seg inn i si eventyrverd. Else Marie sine forteljngar passar for barn i alderen ca 4-8 år. Lavvoen på Marknadsplassen laurdag kl 13 og søndag kl 12.

26

røldalsmagasinet 2018

Rotlaus har på kort tid blitt eit av landets mest omreisande og ettertrakta liveband. Dei er så å seie fullbooka året rundt. Debutalbumet kom i 2015 og førte bandet frå Sunnmøre rett inn på VG-Lista Topp 10. Går du på konsert med Rotlaus kan du forvente deg både fest og moro, med eit band som gir alt på scena. Allsong er i fokus med desse gutane og dei elskar å få med publikum på låtane. Rotlaus brukar mykje tid saman, noko som gjenspeglar seg på scena. Det skal vere som ein familie, seier Bjørn Marius Øyehaug, vokalist i Rotlaus. Bjørn Marius er for mange kjent frå bandet Vassendgutane og har lang erfaring med turnélivet. Nå ser Rotlaus fram til mange nye live-jobbar i 2018, og gler seg til å opptre på Røldalsgarasjen under årets Røldalsmarknad. Røldalsgarasjen laurdag kl 22.


Foto: privat

Denne galskapen vil du ikkje gå glipp av!

TALKSHOW MED LOKAL VRI Oddbjørn Lynghammar får med seg tre flotte røldølar i eit heilt spesielt talkshow under marknaden. Desse er Grete Lien Metlid (biletet), som er kriminalsjef i Oslo, Kati Must Nybø som er frå Estland og no er bonde på Lono, i tillegg til Andrè Botnen som dagleg leiar i Håradalen utvikling. Grendahuset fredag kl 20.

KJELLEN FRÅ KLYPA

Foto: Gudrun K. Semons

Endeleg har Røldalsmarknden klart å sikre seg ein av Norges mest hysteriske og morosame karakterar, nemleg Kjellen Bigset som er kjent frå showet «Klypa». Fredag 22. juni er det duka for eit spektakulært «Kjellen solo show» på Grendahuset i Røldal under Røldalsmarknaden. Kva han finn på her, er neimen ikkje godt å seie så mykje om, men me kan love både raserianfall, synging, og Kjellen i godt, kjent humør som aldri før. Kjellen fortel blant anna om ting som me alle kan irritere oss over- eller er du den han irriterer seg over kanskje? Grendahuset fredag kl 20.

NY KONSERT MED RØLDALSKAMERATENE

Etter ein framifrå opptreden i 2017, får me igjen oppleva desse unge og sjarmerande kulturskuleelevane frå Røldal i fri utfolding. Dei framfører då coverlåtar frå kjente artistar. Marknadsscena søndag kl 15.

DANS MED JOSTEIN SØRTVEIT PÅ GRENDAHUSET

Bli med vitskapsartisten Heidi Ektvedt på fargeblandings-skattejakt. Ved hjelp av pipettar, kolbar og fargerik veske får publikum løyse forskjellige forskingsoppgåver. Passar for barn frå 5 år. Marknadsplassen laurdag kl 11-16, og søndag kl 12-16.

!

Jostein Sørtveit er populær musikar til dansefestar rundt omkring. Han speler trekkspill og keyboard, og lagar alltid god stemning på konsertanse sine. Målgruppa hans er gjerne den danseglade og godt vaksne generasjonen. Sørtveit som lokkar med god takt og tone spelar variert dansemusikk, med blant anna gammeldans, swing, tango og nyare dansemusikk på reportoaret. Grendahuset fredag 22. juni kl 22.

Foto: Gudrun K. Semons

SØSTRER MED FOLKEMUSIKK

Kari og Aasne Vinjerui er to søstrer frå Vinje i Telemark. Musikk har vore ein stor del av livet til dei begge i fleire år og dei har tidlegare hatt konsertar både kvar for seg og i lag. Kari har tidlegare halde seg mest i sjangrane vise, pop og country, men har i seinare tid gått meir over til kveding og norsk folkemusikk. Aasne skriv eigne låtar og held seg mest innanfor singer og songwriter - sjangeren, med innslag av country og pop. Til saman har duoen eit repertoar som spenner seg frå mjuke folketonar til melankolske viser, både eigenkomponera og cover. Marknadsscena laurdag kl 15.

VITSKAPLEG FARGEBLANDING

Bungeetrampoline: Bungeetrampoline er alltid ein suksess. Det blir høge og akrobatiske hopp og sprett på Benny si trampoline.

røldalsmagasinet 2018

27


SKARE SAGBRUK AS

Mange i tillegg til Odda Energi blir glad for at du er kunde hos oss; - Odda kommune – vår eier - Våre lokale leverandører - Lokale lag og foreninger som mottar sponsorstøtte

som kunde hos oss er det mye

å glede seg over

Vi lover deg konkurransedyktige priser og gode betingelser på strøm. Vi vet hvor viktig du er for oss, og for lokalsamfunnet. Og siden vi bor her selv, er vi like opptatt av kvalitet på leveransen som du er.

www.oddaenergi.no

Din lokale leverandør av byggevarer! Dette kan me tilby deg: • Byggesett hytter og hus • Alle typer byggevarer • Murvarer og betongvarer • Gratis tilkjøring • Tegnearbeid

Skare Sagbruk AS Sage 5763 Skare www.skaresagbruk.no

SPEKEMATBILEN Til Johannessen blir å finne RØLDALSMARKNADEN

Lørdag 23. og Søndag 24. Juni

HANDVERKSMESSA I JONDAL Fredag 29. Juni til 1. Juli

SUPER TILBUD

7 Lange/Store 500g Pølser KUN = 700,- (veil. 1100,-)

28

røldalsmagasinet 2017

Me leverer gratis til Røldal

Tlf. 53 64 51 21 post@skaresagbruk.no


!

Foto: Gudrun K. Semons

stiller ut

ØLBRYGGING

med Dalabrygg

Gutane i Dalabrygg har vore fast innslag på marknaden i 25 år. Dette vert siste året, no vil dei pensjonere seg. Men i år blir det også foredrag og demo på ølbrygging.

Møgedal Mek. Verkstad er ein av mange flotte utstillarar under Røldalsmarknaden. Dei har den aller største standen på området, på heile 120 kvadratmeter. - Me har med oss mykje varer, både butikkvarer og større varer som ATV og klipparar av ulike slag, for å nemne noko. Dette er ein flott marknad, der me alltid føler oss velkomne, seier Leif Bakka som er dagleg leiar i suldalsbedrifta Møgedal. Det var marknaden sjølv som anbefalte Møgedal og prøve stand i Røldal, no er det omlag 10 år sidan, og suldalsbedrifta er framleis med på marknaden. - Her møter me folk frå Odda, Hardanger, Etne, Ølen, Telemark og Haukeli, det er ein viktig plass for oss, her kan me vise fram varene våre og knyte gode band til potensielle kunder, slår han fast. Han legg vekt på at det er fine forhold på Røldalsmarknaden, ikkje minst med tanke på den nye flotte banen med kunstgras og asfalt. - Før var det ein del støv på marknadsområdet, det er ein heilt anna oppleving å stå der no, det er blitt flott, slår Bakka fast.

Foto: privat

EI TRIVELEG HELG Røldalsmarknaden har mange gode ambassadørar. Ein av dei er skikøyrar Kamilla Bratteteig (18) frå Røldal. Til dagleg går ho på skule i Odda, på fritida står ho mykje på ski, trenar og er saman med venner. - Denne sesongen har eg reist rundt i Noreg og køyrt norgescup. Sesongen avslutta eg som jr Norgesmeister og vinnar av Norgescupen som senior, fortel skitalentet. Ho gler seg til årets utgåve av Røldalsmarknaden. - For meg er røldalsmarknaden ei sosial og triveleg helg med gode venner. Det er kjekt å sjå at bygda er stappa full med turistar, meiner Kamilla.

røldalsmagasinet 2018

29

VARIERT STAND FRÅ MØGEDAL

Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Me får høyre om prosessen kring framstillinga av øl brygga på gamlemåten med einer, malt og humle. I tillegg blir det demo på standen til Dalabrygg. Frå scena kl 14. lørdag.


Tveit Regnskap Odda – ditt lokale regnskapskontor i Odda. Ein del av Tveit Regnskap AS

Vi har god kompetanse på mange områder: • Regnskap og lønn • Rådgivning • AS • Enkeltmannsforetak • DA • Borettslag • Sokneråd og fellesråd • Landbruksregnskap For et uforpliktende tilbud, kontakt oss på: E-post: torun@tveit.no mob: 90 98 05 26

PÅ VEG TIL ELLER FRÅ RØLDALSMARKNADEN? Kom innom for ein god middag og dessert. Dersom du vil overnatte hos oss er du hjarteleg velkommen. Tlf. 91318271 - rullestad.org

Din lokale hydraulikkspesialist

Røldal og Seljestad Hytteservice AS

-sørger for at du får rask tilgang til kvalitetshydraulikk

Oddvar Løyning - tlf. 926 23 295 rshytteservice.no

Tømrerfirma/hytteservice/brøyting/vedsalg

Hos oss reduserer du kostnadene ved å handle lokalt, og velge Parkers kvalitetsprodukter med lengre levetid. Vi holder oss oppdatert og kan gjennom vårt samarbeid med Parker tilby deg spesialisthjelp på ulike områder innenfor hydraulikk.

OMV.AS - ein allsidig samarbeidspartnar

Vi har kompetanse på m.a. hydraulikk, olje, kulelager, mekanikk og sveis, slik at du kan bruke tida på operative maskinar og utstyr.

Tlf: 53650030 Tlf. 53 64 00 40 - post@omv.as, www.omv.as

Epost: postmaster@roynstrand.no


Utstillaroversikt

!

Røldalsmarknaden 2018

Isrosa................................................................Økologisk heimelaga is

Åsne Haugan.................................................Gull, knivar, klokker

Jaktdresser.no Eivind Igland..................Jaktdresser, hansker, t-skjorter

Klokkargarden..............................................Strikka, hekla og tova produkter, bøker, boksar

Vivitex Elisebeth Bjørlo.............................Helseprodukter, ortopediske produkter m.m.

Bjørg Melve Melkeraaen...........................Oriflameprodukter

Traktor & Maskin.........................................Polaris ATV, Stihl Motorsager og utstyr

Margretha’s Hobby Bod Hunskår..........Håndstrikka produkter, syltetøygele, kurver

Domotec Nordic AS....................................Massasjebad

Benny Petersen Trampoline....................Oppskytingstrampoline for barn- og unge

Matsalg Røldalsmarknaden....................Kiosk, grillmat, brus, kaffi

Tine Sunde Hetland....................................Håndsydde og håndlaget duker, puter m.m.

Unique Import Svein O. Helgeland.......Leketøy, disneyfigurar, treting, lommebøker

Sport Outlet Odda......................................Turutstyr, sportsklær mm.

Jaime Camuendo........................................Handarbeid frå Mexico

Dalabrygg.......................................................Brygging av øl

De’Signe Botnan..........................................Sydde hatter i stort utvalg

Caspara Smykker Monica Lorentsen Håndlagde sølvsmykker og malte bilder

Lygna Sjømat AS..........................................Røykt- og grava laks og aure, krabbe, torsk

Else Marie Sokn............................................Glassarbeid, strikk, bilder, akvarellar

Etne Auto as..................................................Nye biler Ssangyong

Karsten Knutsen..........................................Nytt, brukt, leiker, klær, antikviteter m.m.

Kari Knarvik...................................................Glassfat, fusing, porselen

Kari og Henry Lauvland.............................Spillebøker, knivar, puter,smykker, strikk m.m.

Dutch Cheeseman AS................................Ost, Salami, kaker

Madsen Design AS......................................Skinnprodukter av sau, rein, bjørn, moskus osv

Spekematbilen Johannessen.................Spekemat

Røldal Geitostysteri..................................Geitost, samt andre osteprodukter

Beate M. Ekren..............................................Leker, snop, klær, hjemmelagde treprodukter

Inger Lise Engen...........................................Malte treting, decopage på glass og tre m.m.

Treleker.no.....................................................Treleker og håndstrikk

Malin Rabbe Myrheim...............................Tupperware- og Perfect Home produkter

Jaka Norge AS..............................................Saueskinn

Aud Reidun Solberg....................................Ansiktsmaling

Sølvskatten Anne Lindgren.....................Sølv- og bronse smykker, viking smykker

Skillingsbakeriet..........................................Skillingsboller, solboller, pizzaboller, kaffi.

Stig Howsmo Agenturer...........................Fix-universal, skinnprodukter

Skånevik Catering.......................................Pannekaker, sveler, softis, pølser, kaffi, brus

Mona Lisa Grismrud...................................Treprodukter, Lefser, sveler, 3D bilder, Klær

Øyvind Fjeldskår..........................................Handverk i tre, samt strikkeprodukter

Sunnhordland Solskjerming...................Produkter for solskjerming

Gunnar Lurane..............................................Fisk, Sild, poteter, grønnsaker

BlueDot av Linda Liem...............................Rakettverkstad med papirrakettar for born

Baldev Singh Royal Import.......................Klær for voksne damer

Røldal Fjellstyre...........................................Info om fjellstyre, jaktlotteri mm

Anne Karin Lothe.........................................Maleri, strikka vottar, labbar, luer, dukkeklær

Ragnvald Melaas.........................................Keramikk, skifer, antikk

Notodden Blomster & Import.................Blomster

Vaktmester & Service AS.........................Smoothies, energibarer, rawfood, økologisk

Vevstova Ranveig Lunestad....................Vev proudkter åkle, ryer, løperer mm.

Ingeborg Strand...........................................Knivamakar, glasskeramikk, skulpturar

Canal Digital First Marketing.................Canal Digital abbonement og produkter

Christian Romero Gualapuro.................Ulljakker, Ponchos, drømmefangere, smykker

All Verdas Gåver og Bruksting................Bruksting og handarbeid i frå Nepal, Afrika osv

Calvia AS.........................................................Bilpolering, håndmalt villskifer, smijern, gelelys

Bjørg Ågådt og Thorleif Djuvik...............Håndarbeid i tre, strikk, tova produkter osv

Bjørn Ragnar Jansen..................................Ballonger, klær, smykker, pynteting, kniver osv.

Hilde K Stokke..............................................Gave- og pynteartikler

John Morgan Telemark AS......................Fiske utstyr, bellyboat, turklær

Saint Elisabeth Convent...........................Ikoner, souvenirer av bark, treprodukter, lin

P&M Thaimade.............................................Thaimat

C-54 Åkre AS.................................................Interiør, småmøblar og gaveartikler

Terese Gaalaas Berg...................................Husflidsprodukt, hjemmelagde fløtekarameller

Hedersplassen AS.......................................Smultringar, potetkaker, lefser, skillingsboller

Inger Lise Ekkjestøl....................................Produkter fra Astou i Gambia, klede og vesker

Samson Øvstebø.........................................Kiper, sendingsdkorger, trearbeid

Sufi Import.....................................................Dameklær, t-shirts

Euro Cheese AS............................................Europeisk ost, Greske oliven, spekemat m.m.

Sjatå Nøff Nils Åge Sandal.......................Ekte brun- og kvit geitost frå Haslemo, skinn

Oddbjørg Lovra............................................Tankefelt-terapi, healing, Thaimassasje skuldre

Arvid Dalens Fisk og Røykeri..................Røkt sik frå Nissedal

Skattekammeret på Nes...........................Potekaka, flatbrød, røykt laks, varmrøykt aure

Lars Galdal.....................................................Måleri, biletvev og andre husflidsprodukt

Ingvild.ull AS..................................................Strikkeprodukter i merinoull

Morill................................................................Egenproduserte barneklær

Henna Fashion/Miracles May................Henna tatoveringer, drømmefangere, lamper

Torild Finsrud Velure..................................Tova hattar og sjal for damer

Danuta Lazareva..........................................Talgelys, dokker, julepynt, babyrangler

Kristin Paulsen.............................................Keramikkfat for hvitløk, ingefær og div. krydder

Geir Sørlie.......................................................Jaktkniver, våpensekk, økser, spekemat m.m.

Noble Bee Goran Opacic..........................Honning

Olav og Ragnvald Ringhus.......................Handverk, Sveiparbeid, langorv, trefuglar

Odda Mållag Solveig Grønlien................Diverse produkter frå Odda Mållag

Moi Skinnutsalg...........................................Skinnjakker, skinnvesker, skinnbelter, skinnluer

Møgedal Mek.Verkstad AS......................Salg av hagesutstyr og atv, plenklipparar osv.

Spekestua......................................................Spekemat og pølser

Signe Margot Grøtt.....................................Krotakaker, Flatbrød, potetkaker, Melkekaker

Myrdal Gard...................................................Osteprodukter, iskrem av geitemelk

Mjonøy AS......................................................Steinovnsbakst

Marknadslotteriet......................................Utlodning av flotte premiar

Mix & Match Azim Fiaz..............................Sukkertøy, leker, ballonger, gaveartikler m.m.

Bakebua..........................................................Bakst, Kludder m.m.

*Utstillaroversikt pr trykkedato, endringar kan forekomma. røldalsmagasinet 2018

31


TRADISJONS-

MARKNAD

100 UTSTILLARAR

MAT

KUNST

HANDVERK

MARKNADEN 22.-24. JUNI 2018

Åpningstale ved Ordførar Roald A.Haug

Visekonsert med

OLAV RINGHUS

KJELLEN FRÅ KLYPA + Talkshow

ØLBRYGGING

HELIKOPTERTURAR Bygdavandring

Aasne og Kari Vinjerui FORTELJARSTUND FOR BORN ANSIKTSMÅLING

Bungeetrampoline

AUKSJON

ROTLAUS Markhus Duo

Pakkers Trio

Rakettverkstad

VilVite telt for born

SKAKKEKORET Røldalskameratane + mykje meir...

Sjå fullt program på www.roldalsmarknaden.no

MOKKA DESIGN

Foredrag og demo


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.